Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Domarane
1 Då Josva var avliden, spurde Israels-sønerne Herren: «Kven av oss skal taka fyrst ut i striden mot kananitarne?»
2 Og Herren svara: «Juda skal taka ut. No gjev eg landet i hans hender!»
3 Då sagde Juda med Simeon, bror sin: «Ver med meg til min lut, og lat oss båe strida mot kananitarne, so skal eg vera med deg til din lut.» Og Simeon vart med honom.
4 So tok Juda-sønerne ut, og Herren gav kananitarne og perizitarne i henderne deira; dei slo deim i Bezek og felte ti tusund mann.
5 I Bezek møtte dei Adoni-Bezek, og dei stridde mot honom og slo kananitarne og perizitarne.
6 Adoni-Bezek rømde; men dei sette etter honom, og tok honom og hogg av honom tumarsfingrarne og stortærne.
7 Då sagde han: «Sytti kongar med avhogne tumarsfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. No hev Gud gjeve meg like for det eg gjorde!» So førde dei honom til Jerusalem, og der døydde han.
8 Juda-sønerne kringsette Jerusalem, og tok byen, og øydde honom med odd og egg, og sette eld i husi.
9 Sidan for dei ned og stridde mot dei kananitarne som budde i fjell-landet og i Sudlandet og i låglandet.
10 Fyrst gjekk dei mot kananitarne som budde i Hebron - Hebron heitte fyrr i tidi Kirjat-Arba - og dei slo Sesai og Ahiman og Talmai.
11 So gjekk dei mot Debir-buarne. - Debir heitte fyrr i tidi Kirjat-Sefer -
12 Då sagde Kaleb: «Den som kann taka Kirjat-Sefer, skal få Aksa, dotter mi.»
13 Otniel, son åt Kenaz, Kalebs yngre bror, tok byen, og fekk Aksa, dotter hans Kaleb.
14 Då so ho skulde flytja heim til honom, eggja ho honom til å beda far hennar um ein jordveg, og sjølv hoppa ho ned av asnet. «Kva er det du vil?» spurde Kaleb.
15 «Lat meg få ei velfargåva!» svara ho. «Du hev gift meg burt til dette turre Sudlandet; gjev meg no vatskjeldor!» So gav han henne Øvregullot og Nedregullot.
16 Etterkomarane etter keniten, verbror åt Moses, for med Juda-sønerne frå Palmestaden upp til Judaheidi som ligg sunnanfor Arad, og vart buande der saman med folket.
17 Sidan gjekk Juda med Simeon, bror sin, og dei vann yver kananitarne som budde i Sefat. Dei bannstøytte byen; difor heitar han no Horma.
18 Og Juda-mennerne tok Gaza og Askalon og Ekron med alt landet som låg til dei byarne.
19 Herren var med Juda-sønerne, og dei lagde under seg fjellbygderne; men dei var ikkje god til å driva ut slettebuararne; for dei hadde jarnvogner.
20 Dei gav Hebron til Kaleb, som Moses hadde sagt, og han dreiv dei tri Anaks-sønerne ut or bygdi.
21 Benjamins-sønerne dreiv ikkje ut jebusitarne som budde i Jerusalem; jebusitarne vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-sønerne og hev butt der til denne dag.
22 Josefs-ætti tok og ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med deim.
23 Då dei låg på vakt kring Betel - den byen heitte fyrr i tidi Luz -
24 fekk spæjarane deira sjå ein mann som kom ut or byen. Og dei sagde til honom: «Kjære, syn oss kvar me kann koma inn i byen, so skal me gjera vel mot deg!»
25 So synte han dei kvar dei kunde koma inn, og dei øydde byen med odd og egg, men mannen og heile ætti hans let dei fara sin veg.
26 Han for til Hetitarlandet, og bygde ein by; den kalla han Luz, og det namnet hev byen havt til denne dag.
27 Manasse øydde ikkje Bet-Sean og Ta’anak og Dor og Jibleam og Megiddo og bygderne som låg under dei byarne, og kananitarne var god til å halda seg der i landet.
28 Då Israels-folket vart sterkare, tvinga dei kananitarne til å træla for seg, men dreiv deim ut gjorde dei ikkje.
29 Efraim dreiv ikkje ut kananitarne som budde i Gezer; kananitarne vart buande millom Efraims-sønerne i Gezer.
30 Sebulon dreiv ikkje ut deim som budde i Kitron og i Nahalol; kananitarne vart buande millom Sebulons-sønerne, men laut gjera trælearbeid.
31 Asser dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og i Sidon, og øydde ikkje Ahlab og Akzib og Helba og Afik og Rehob;
32 asseritarne busette seg millom kananitarne som åtte heime i landet, og dreiv deim ikkje ut.
33 Naftali-sønerne dreiv ikkje ut deim som budde i Bet-Semes og i Bet-Anat; dei busette seg millom kananitarne som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Semes og Bet-Anat laut træla for deim.
34 Amoritarne trengde Dans-sønerne upp i fjelli, og let deim ikkje få koma ned på sletta.
35 Sjølve var dei god til å halda seg i Har-Heres og i Ajjalon og Sa’albim, men sidan fekk Josefs-ætti yvertaket, og nøydde deim til å træla for seg.
36 Landskilet åt amoritarne gjekk frå Skorpionskardet um Knausen og uppetter.
1 Herrens engel kom frå Gilgal upp til Bokim og sagde: «Eg henta dykk ut or Egyptarland, og fylgde dykk til det landet eg lova federne dykkar, og eg sagde: «Aldri i verdi skal eg brjota mi pakt med dykk,
2 og de skal ikkje gjera samband med deim som bur her i landet; de skal riva ned altari deira!» Men de høyrde ikkje på ordi mine. Kvi gjorde de ’kje det?
3 So segjer eg dykk: Eg vil ikkje driva deim burt for dykk; dei skal vera til broddar i sidorne dykkar, og gudarne deira skal verta ei snara for dykk.»
4 Soleis tala Herrens engel til alle Israels-sønerne. Då gret folket høgt;
5 difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra deim til Herren.
6 Då Josva hadde bede farvel med folket, og Israels-sønerne var farne heim, kvar til sin odel, for å eigna til seg landet,
7 då tente folket Herren so lenge Josva var til, og so lenge dei gamle var til, som livde etter Josva, og hadde set alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel.
8 Men då Josva Nunsson, Herrens tenar, var slokna, hundrad og ti år gamall,
9 og dei hadde gravlagt honom på hans eigen gard og grunn i Timnat-Heres i Efraimsheidi, nordanfor Ga’asfjell,
10 og då heile den ætti var fari til federne sine, og det stod fram ei ny ætt, som ikkje kjende Herren og ikkje visste kva han hadde gjort for Israel,
11 då gjorde Israels-sønerne det som var Herrens imot, og dyrka Ba’als-bilæti;
12 dei vende seg frå Herren, sin fedregud, som hadde ført deim ut or Egyptarlandet, og heldt seg til andre gudar, gudarne åt grannefolki, og låg på kne for deim, og arga Herren;
13 dei vende seg frå Herren og dyrka Ba’al og Astarte-bilæti.
14 Då vart Herren brennande harm på Israel, og gav deim i henderne på røvarar, som herja deim; han slepte deim i henderne på uvenerne deira rundt um, og dei kunde ikkje lenger standa seg mot fiendarne.
15 Kvar dei for fram, var Herrens hand imot deim, so det gjekk deim ille, som Herren hadde sagt deim, og som Herren hadde svore, og dei kom i stor naud.
16 Då vekte Herren upp domarar, som berga deim frå røvararne.
17 Men dei lydde ikkje domarane sine heller, og heldt seg med andre gudar, og låg på kne for deim; dei tok snart ut av den vegen som federne deira hadde fylgt; for dei lydde Herrens bod, men so gjorde ikkje desse.
18 Og kvar gong Herren let ein domar standa fram millom deim, so var Herren med domaren, og berga deim frå uvenerne deira so lenge domaren livde; for Herren ynkast yver deim når dei sukka og stunde for di dei vart tvinga og trælka.
19 Men ikkje fyrr var domaren burte, fyrr dei fall ifrå att, og for endå verre åt enn federne sine, heldt seg til andre gudar, og dyrka deim, og bad til deim; dei lagde ’kje ned noko av det vonde dei hadde fyre seg, eller av si tråssuge framferd.
20 Då vart Herren harm på Israel, og han sagde: «For di dette folket hev brote den pakti eg gjorde med federne deira, og ikkje hev lydt mine ord,
21 so vil ikkje eg heller hjelpa deim meir, og ikkje driva ut noko av dei folki som Josva let vera att då han døydde;
22 med deim skal Israel røynast um dei vilde halda seg etter Herrens vegar og ganga på deim, som federne deira gjorde.»
23 Soleis var det Herren let desse folki få vera, og ikkje straks dreiv deim ut, og ikkje gav deim i Josvas hender.
1 No skal me nemna dei folki som Herren let vera att til å røyna Israel med - dei Israels-mennerne som ikkje hadde vore med i nokon av Kana’ans-krigarne -
2 berre av di han vilde dei komande Israels-ætter skulde få vit på å strida, og vilde læra deim det, deim som ikkje kunde det fyrr.
3 Det var dei fem filistarfyrstarne og alle kananitarne og sidonarane og hevitarne som budde på Libanonfjelli, frå Ba’al-Hermonfjellet til Hamatvegen.
4 Deim var det Israel skulde røynast med, so det kunde syna seg um dei vilde lyda Herrens bod, som Moses hadde kunngjort federne deira.
5 So budde no Israels-sønerne midt ibland kananitarne og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne;
6 dei tok døtterne deira til konor og gav døtterne sine til sønerne deira, og dyrka gudarne deira.
7 Israels-sønerne gjorde det som var Herren imot; dei gløymde Herren, sin Gud, og dyrka Ba’als- og Astarte-bilæti.
8 Då vart Herren brennande harm på Israels-sønerne; han slepte deim i henderne på Kusan-Risatajim, kongen i Aram-Naharajim, og Israel laut tena Kusan-Risatajim i åtte år.
9 Då ropa Israels-sønerne til Herren, og Herren let ein hjelparmann standa fram hjå deim og hjelpa deim; det var Otniel, son åt Kenaz, Kalebs yngre bror.
10 Herrens Ande kom yver honom, og han tok styringi i Israel. So drog han ut i striden, og Herren gav Kusan-Risatajim, Aram-kongen, i henderne hans; han vann yver Kusan-Risatajim,
11 og sidan hadde landet fred i fyrti år. So døydde Otniel, son åt Kenaz.
12 Men Israels-sønerne gjorde på nytt det som var Herren imot, og Herren gav Eglon, Moabs-kongen, magt yver deim, for di dei gjorde det som var Herren imot.
13 Eglon fekk med seg Ammons-sønerne og amalekitarne; so drog han ut, og slo Israel, og dei tok Palmestaden.
14 Israels-sønerne laut tena Eglon, Moabs-kongen, i attan år.
15 Då ropa dei til Herren, og Herren sende dei ein hjelpar, Ehud Gerason av Benjamins-ætti, ein keivhendt mann. Israels-sønerne sende Ehud med gåvor til Eglon, kongen i Moab.
16 Då gjorde han seg eit sverd som var tvieggja og ei aln langt, og spente det på seg under klædi sine, på høgre sida;
17 so førde han gåvorne fram til Eglon, Moabs-kongen. Eglon var ein ovtjukk mann.
18 Då Ehud hadde greidt frå seg gåvorne, let han folki som hadde bore deim fara heim att;
19 men sjølv snudde han um ved gudebilæti som stod innmed Gilgal, og for attende og sagde: «Eg hev eit løyndarbod til deg, konge!» «Hyss,» sagde kongen: Då gjekk dei ut alle deim som stod kringom honom.
20 Som han no sat åleine i den svale høgstova si, gjekk Ehud fram for honom og sagde: «Eg hev eit bod til deg frå Gud!» Då reiste han seg av stolen.
21 Og Ehud rette ut vinstre handi, og greip sverdet han bar ved høgre sida, og rende det i livet på honom,
22 so handtaket for med inn etter bladet; og feittet gjekk i hop att kring bladet; for han drog ikkje sverdet ut att or livet hans. So gjekk han ut i svali.
23 Då Ehud var komen ut i svalgangen, let han høgelofts-døri att etter seg, og stengde henne vel,
24 og so gjekk han sin veg. Straks etter kom tenarane, men då dei såg at døri var læst, sagde dei: «Han er visst for seg sjølv i svalkammerset!»
25 Dei venta til dei var reint leide av seg; men han let ikkje upp døri til høgeloftet. So tok dei lykelen, og let upp; då fekk dei sjå at herren deira låg livlaus på golvet.
26 Medan dei tøvra, slapp Ehud undan, og for framum gudebilæti, og nådde Se’ira.
27 Då han kom til Efraimsheidi, bles han i luren; då for Israels-sønerne med han ned av heidi, og han gjekk fyre.
28 «Skunda dykk etter meg!» sagde han: «For Herren hev gjeve fiendarne, moabitarne, i henderne dykkar.» So fylgde dei honom ned til Jordan, og stengde vadi for moabitarne, og let ingen sleppa yver.
29 Den gongen felte dei ikring ti tusund moabitar, som alle var sterke og djerve menner; ikkje ein kom seg undan.
30 Moab laut den dagen bøygja seg under Israels velde, og sidan hadde landet fred i åtteti år.
31 Etter Ehud kom Samgar, son åt Anat. Han felte seks hundrad mann av filistarane, med piggstaven som han dreiv uksarne med; han og berga Israel.
1 Då Ehud var burte, gjorde Israels-sønerne atter det som var Herren imot.
2 Då slepte han deim i henderne på Jabin, kananitarkongen. Jabin hadde kongssætet sitt i Hasor. Hovdingen yver heren hans heitte Sisera; han budde i Haroset-Haggojim.
3 Og Israels-sønerne ropa til Herren; for Sisera hadde ni hundrad jarnvogner, og han trengde Israels-sønerne hardt i tjuge år.
4 I den tidi var Debora, kona åt Lappidot, domar i Israel. Ho var ei viskona,
5 og sat jamleg under eit palmetre millom Rama og Betel på Efraimsheidi - det treet vart heitande Deborapalma - og Israels-sønerne kom upp til henne, so ho skulde skifta rett millom deim.
6 Ho sende bod etter Barak, son åt Abinoam, frå Kedes i Naftalifylket, og sagde med honom: «Høyr no kva Herren, Israels Gud, segjer til deg: «Tak ut, og drag upp på Taborfjellet, og hav med deg ti tusund mann av Naftali- og Sebulons-ætterne!
7 Og eg skal draga Sisera, hovdingen yver Jabins-heren, burtåt deg til Kisonåi med vognerne og heile horgi hans, og gjeva honom i dine hender.»»
8 Då svara Barak: «Gjeng du med meg, so skal eg taka ut, men gjeng du ikkje med, so gjeng ikkje eg heller.»
9 «Visst skal eg ganga med deg,» sagde Debora, «men då fær ikkje du æra for den ferdi du tek ut på; for Herren skal gjeva Sisera i kvendehand.» So gjorde ho seg reidug og vart med Barak til Kedes.
10 Og Barak stemnde Sebulon og Naftali i hop til Kedes; ti tusund mann fylgde etter honom, og Debora var med.
11 Den gongen hadde Heber, ein av kenitarne, som var ætta frå Hobab, verbror åt Moses, skilt lag med ætti si, og no flutte han med tjeldbuderne sine alt burt til Besa’annim-eiki som stend innmed Kedes.
12 Då Sisera fekk spurt at Barak Abinoamsson var faren upp på Taborfjellet,
13 baud han ut stridsmagti si, og for med alle vognerne sine, ni hundrad jarnvogner, og alt folket han hadde med seg, frå Haroset-Haggojim til Kisonåi.
14 Då sagde Debora til Barak: «Kom no! For i dag vil Herren gjeva Sisera i dine hender. Veit du ’kje at Herren gjeng fyre deg i striden?» So for Barak ned av Taborfjellet, og det fylgde honom ti tusund mann.
15 Og Herren sette ein støkk i Sisera og alle vognkjemporne og heile heren hans, so dei ikkje kunde standa seg for Barak og sverdet hans; då steig Sisera ned av vogni, og rømde på sin fot.
16 Men Barak elte vognerne og heren alt til Haroset-Haggojim, og heile Sisera-heren fall for sverdet; det vart ’kje att ein einaste mann.
17 Sisera rømde på sin fot til tjeldbudi hennar Jael, kona åt Heber, keniten; for det var fred millom Jabin, Hasor-kongen, og ætti åt Heber.
18 Og Jael gjekk ut imot Sisera, og sagde: «Kom inn, herre, kom inn til meg! Du tarv ikkje vera rædd!» Då gjekk han inn i tjeldbudi til henne, og ho gøymde honom under felden.
19 So sagde han: «Kjære væne, gjev meg litt vatn! Eg er tyrst.» Då opna ho mjølkeflaska og gav honom drikka og breidde på honom.
20 Og han sagde til henne: «Statt i budøri, og kjem det einkvar og spør deg um her er nokon, so seg: Nei!»
21 Då var det Jael, kona åt Heber, tok ein tjeldnagle, og gjekk stilt inn til Sisera med hamaren i handi, og med han, trøytt som han var, låg i fastaste svevnen, slo ho naglen gjenom tunnvangen hans, so han gjekk ned i jordi. Soleis døydde han.
22 I same bilet kom Barak og søkte etter Sisera. Då gjekk Jael ut imot honom og sagde: «Kom, so skal eg syna deg den mannen du leitar etter!» So gjekk han inn til henne, og då fekk han sjå at Sisera låg livlaus på jordi, med naglen gjenom tunnvangen.
23 Den dagen bøygde Gud Jabin i kne for Israel;
24 og Israels hand låg tyngre og tyngre på Jabin, Kana’ans-kongen, til dei reint gjorde ende på honom.
1 Den gongen song Debora og Barak Abinoamsson dette kvædet:
2 «For fyrstarn’ fyrst i striden gjekk, og folket viljugt møtte fram, pris Herren, Israel!
3 Høyr kongar! Hovdingar, gjev gaum! For Herren eg eit kvæde kved. For Herren, Gud åt Israel, ein song eg syngja vil.
4 Då, Herre, du frå Se’ir for, frå Edomsflyerne skreid fram. Då ristest jordi, himlen draup, regnet or skyi raut.
5 For Herrens åsyn fjelli skalv - sjå Sinaifjellet der, det skalv for han, Israels Gud.
6 I Samgars, Anats-sonens old. Og Jaels, vegarn’ aude var, og ferdamennern’ fara laut på krokut fjellstig fram.
7 Ein førar fattast Israel, ein førar, alt til du steig fram, til du steig fram, Debora, som ei mor i Israel.
8 Gud valde nye styrarar; då stod det strid i portarne: Ein såg ’kje skjold og ikkje spjot hjå fyrti tusund hermenn i heile Israel.
9 Hjå hovdingarn’ i Israel er hugen min, hjå Herren som friviljug møtte fram til strid! Lov Herren, Israel!
10 De som på gulblakk gangar rid, på høgjende i stova sit, og etter jamne vegen gjeng, røyst i, og syng ein song!
11 Syng høgt som bogeskyttararn’ når dei ved brunnen sit og kved! Der prisar dei Guds vise verk, kor vist han førde Israel. Den gongen Herrens eige folk til portarne for ned.
12 Vakn upp, vakn upp, Debora, vakn upp, eit kvæde kved! Statt upp, Barak, før fangarn’ burt, son åt Abinoam!
13 Då for ein hop til fyrstarn’ ned Med kjemporn’ Herrens folk steig ned:
14 Av deg, Efraim, dei som fyrst rot feste på Amaleksfjell. Og etter deg kom Benjamins flokk med folki dine fylgje heldt; av Makir styresmenn steig ned, og ifrå Sebulon dei som gjeng fram med førarstav i hand;
15 dei fyrstar av Issakar i fylgje med Debora kom, og Barak - i hans fotfar flaug dei i dalen ned. Ved Rubensbekkjerne dei tok i tankar so raust ei råd.
16 Kvi vart du sitjande i ro på kvii di og lydde på med hjuringarn’ i fløyta let? - Ved Rubensbekkjerne dei la i tankarn’ lenge råd.
17 Gilead, burtum Jordanå gjev han seg roleg til, og Dan kvi drygjer han der skutorn’ ligg? Ved sjøsidi sit Asser still, i hamni held han seg.
18 Men Sebulon, det er ein lyd som lite vyrder livet sitt, og like eins Naftali, han som på høge heider bur.
19 Då kom kongarn’ og stridde, kananitarkongarn’ stridde i Tana’ak, ved Megiddovatnet; sylv vann dei visst ikkje.
20 Ned frå himlen stjernorn’ stridde frå dei høge skeidi sine imot Sisera dei stridde.
21 Kisonåi burt deim førde. Åi fræg frå forne dagar - Kisonåi! Stig fram, mi ånd, med styrk!
22 Hardt slo hestehovarn’ i marki, med kjemporne køyrde, køyrde av stad i strjukande tan.
23 «Bann Meroz,» Herrens engel sa, «bann deim som bur der, bann deim burt! Dei kom ’kje Herrens her til hjelp. Dei hjelpte ikkje kjemporn’ hans.»
24 Velsigna ver i kvendeflokk Jael, Hebers, kenitens, viv! Framum kvar kvinna som i buder bur, velsigna vere ho!
25 Vatn bad han um, mjølk gav ho han; i briki skål baud ho han skyr.
26 Med vinstre hand ho naglen triv, med høgre smidjehamaren; i hausen Sisera ho slog, og hamra hovudet hans sund, tunnvangen hans slo ho i knas, og naglen tvert igjenom dreiv.
27 For føtern’ hennar seig han ned, fram stupt’ han, og på jordi låg; for føtern’ hennar seig han ned; der han seig ned der låg han - daud.
28 Gjenom vindauga ser ho, Siseras mor, gjenom glaset glor ho, og kvin: «Kva ventar vogni hans etter? Kvi tøvrar tråvaran’ hans?»
29 Svarar dei klokaste fruorne hennar, og sjølv og gjev ho seg svar:
30 «Visst finn dei herfang, og skifter: Ei møy, tvo møyar til manns, farga klæde åt Sisera, farga klæde og krota; ein farga kjol, tvo krota tjeld for kvar ei herteki kvinna.»
31 Gjev, Herre, at uvenern’ dine må alle so ganga til grunnar, og dei deg elskar må vera som soli stig upp i sitt velde.» Sidan hadde landet fred i fyrti år.
1 Men Israels-sønerne gjorde det som var Herren imot. Då gav han deim i Midjans hender.
2 I sju år hadde midjanitarne yvermagti yver Israel; det var for deira skuld Israels-sønerne gjorde seg dei løyndeholi som er i åsarne, og hellerarne og fjellborgerne.
3 Kvar gong Israel hadde sått, kom Midjan yver deim, og like eins Amalek og austmennerne;
4 dei lægra seg midt imot deim og øydde grøda i landet radt burtåt Gaza, og leivde ikkje ein matbite i Israel, og ingen sau, eller ukse, eller asen.
5 For dei kom dragande med buskapen og tjeldbuderne sine, so tett som grashoppar; det var ’kje tal på deim og kamelarne deira, og kvar dei for fram, lagde dei landet i øyde.
6 Israel vart reint utarma av herjingarne deira, og Israels-sønerne ropa til Herren.
7 Då Israels-sønerne ropa til Herren for Midjans skuld,
8 då sende Herren ein profet til deim, og han sagde: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg førde dykk upp frå Egyptarland, og henta dykk ut or slavehuset,
9 og fria dykk frå egyptarane og frå alle deim som for ille med dykk; eg jaga deim burt for dykk, og gav dykk landet deira;
10 og eg sagde til dykk: «Eg er Herren, dykkar Gud; de skal ikkje ottast gudarne åt amoritarne, som åtte det landet de bur i!» Men de høyrde ikkje på ordi mine.»»
11 Og Herrens engel kom og sette seg under den eiki som stend i Ofra, der Joas av Abiezer-ætti rådde. Gideon, son åt Joas, stod då i vinpersa og banka utor noko kveite, so han kunde få berga det for midjanitarne.
12 Og Herrens engel synte seg for honom, og sagde til honom: «Herren er med deg, du djerve kjempa!»
13 «Orsaka, gode herre!» svara Gideon, «ser Herren med oss, kvi hev då alt dette hendt oss, og kvar er no alle undergjerningarne hans, som federne våre fortalde oss um? «Det var Herren som førde dei ut or Egyptarland!» sagde dei. Men no hev Herren skuva oss ifrå seg, og gjeve oss i Midjans vald.»
14 Då snudde Herren seg til honom, og sagde: «Gakk i veg so sterk som du er, so skal du berga Israel or Midjans vald. Det er eg som sender deg!»
15 «Orsaka, Herre!» svara Gideon. «Korleis kann eg berga Israel? Ætti mi er då den veikaste i Manasse, og sjølv er eg den yngste av folket mitt.»
16 «Eg skal vera med deg,» sagde Herren, «og du skal slå midjanitarne ned som ein mann.»
17 Då sagde Gideon: «Hev du noko godvilje for meg, so gjev meg eit merke på at det er du som talar med meg!
18 kjære, flyt deg ikkje herifrå fyrr eg kjem ut til deg med gåva mi og legg henne fram for deg!» Og han svara: «Eg skal bia til du kjem att.»
19 So gjekk Gideon inn, og stelte til eit kid, og tok ei skjeppa mjøl og lagde søtebrød av. Kjøtet lagde han i gryta, og sodet hadde han i ei krukka. So bar han det ut til honom under eiki og sette det fram.
20 Då sagde Guds engel til honom: «Tak kjøtet og søtebrødet, og legg det på dette berget, og slå sodet utyver!» So gjorde han det.
21 Og Herrens engel rette fram staven som han hadde i handi, og stakk burti kjøtet og søtebrødet. Då slo det eld upp or berget, og øydde kjøtet og brødet, og Herrens engel kvarv burt for augo hans.
22 Då Gideon såg at det var Herrens engel, ropa han: «Å Herre min Gud! Korleis skal det ganga meg, som hev set Herrens engel andlit til andlit!»
23 Men Herren sagde til honom: «Ver trygg! Ver ikkje rædd! Du skal ikkje døy.»
24 Då bygde Gideon der eit altar for Herren, og kalla det: «Herren er mi trygd.» Det altaret stend endå i dag i Ofra, bygdi åt Abiezer-ætti.
25 Um natti sagde Herren til Gideon: «Tak stuten åt far din, den raude, sjuårsgamle stuten, og riv ned Ba’als-altaret åt far din, og fell det heilage treet som stend innmed det!
26 Legg steinarne til rettes, og bygg av deim eit altar for Herren, din Gud, øvst uppå denne borgi! Tak so den raude stuten, og brenn honom til eit offer med veden av det treet som du skal hogga ned!»
27 Då tok Gideon ti av sveinarne sine med seg, og gjorde som Herren hadde sagt til honom; men han torde ikkje gjera det um dagen; han var rædd ætti si og bygdefolket; difor gjorde han det um natti.
28 Då mennerne i bygdi reis upp um morgonen, fekk dei sjå at Ba’als-altaret var nedrive, og at det heilage treet som stod der, var felt, og at den raude stuten var ofra på det nybygde altaret.
29 Då sagde dei seg imillom: «Kven kann ha gjort dette?» Og då dei spurde og granska etter, fekk dei vita at det var Gideon Joasson som hadde gjort det.
30 So sagde dei til Joas: «Send son din ut til oss! Han skal døy, for di han hev rive ned Ba’als-altaret, og for di han hev felt det heilage treet som stod innmed det!»
31 Men Joas sagde til alle deim som stod kringum honom: «Vil de tala Ba’als sak? Vil de hjelpa honom? Den som gjer seg til hans talsmann, skal lata livet fyrr det vert morgon. Er han Gud, so lat honom sjølv greida si sak og taka hemn yver den som hev rive ned altaret hans!»
32 Den dagen fekk Gideon namnet Jerubba’al, av di dei sagde: «Lat Ba’al hemna seg på honom for di han hev rive ned altaret hans!»
33 No hadde alle midjanitarne og amalekitarne og austmennerne samla seg i hop, og dei for yver Jordan, og lægra seg på Jizre’elsletta.
34 Då kom Herrens Ande yver Gideon; han bles i luren, og Abiezer-ætti flokka seg um honom.
35 So sende han bod ut i heile Manassefylket, og dei samla seg og, og fylgde honom. Og til Asser og Sebulon og Naftali sende han bod; og dei for til møtes med Manasse-mennerne.
36 Og Gideon sagde til Gud: «Er det so at du vil frelsa Israel ved mi hand, som du hev sagt,
37 so høyr meg: No legg eg dette sauskinnet på tråkki; kjem det so dogg berre på skinnet, og heile marki er turr, då veit eg at du vil berga Israel ved mi hand, som du hev sagt.»
38 Og soleis vart det. For då han andre morgonen reis upp og klemde i hop skinnet, vreid han utor det so mykje dogg at det vart ei heil skål full med vatn.
39 Då sagde Gideon til Gud: «Ver ikkje vond på meg, um eg talar endå ein gong! Eg vilde so gjerne få gjera ei prøve til med skinnet! Kjære, lat skinnet vera turt, med heile marki er dogga!»
40 Og natti etter gjorde Gud som han bad! Skinnet heldt seg turt, men heile marki var dogga.
1 Jerubba’al - det er den same som Gideon - og alt folket som var med honom, tok ut tidleg um morgonen, og lægra seg ved Harodkjelda, og Midjans-heren låg nordanfor, frå Morehaugen og burtetter legdi.
2 Då sagde Herren til Gideon: «Du hev for mykje folk med deg! Eg vil ’kje gjeva midjanitarne i henderne på so mange; elles kunde Israel kyta for meg og segja: «Det er mi eigi hand som hev berga meg!»
3 Ropa no ut for folket: «Den som er rædd og fælen, kann snu og fara heim att frå Gileadfjellet!»» Då var det tvo og tjuge tusund mann som snudde heim, og ti tusund vart att.
4 Men Herren sagde til Gideon: «Du hev endå for mykje folk! Lat deim ganga ned til kjelda, so skal eg røyna deim for deg der, og dei som eg segjer skal vera med deg, deim skal du taka med, men alle dei som eg segjer ikkje skal vera med deg, deim skal du ikkje hava med!»
5 So let han folket ganga ned til kjelda, og Herren sagde til han: «Alle deim som lepjar vatnet i seg med tunga liksom hunden, skal du setja for seg, og sameleis alle deim som legg seg på kne og drikk.»
6 Dei som då førde vatnet til munnen med handi og lepja, var tri hundrad i talet; alt hitt folket lagde seg på kne og drakk av vatnet.
7 Og Herren sagde til Gideon: «Med dei tri hundrad mann som drakk av handi, vil eg berga dykk og gjeva Midjan i henderne dine; alt hitt folket kann ganga heim att.»
8 So tok dei til seg ferdakosten åt folket og lurarne deira; og Gideon let alle Israels-menner fara heim so nær som dei tri hundrad; deim hadde han att hjå seg. Midjans-lægret låg nedanfor honom, i lægdi.
9 Og då det vart natt, sagde Herren til honom: «Gjer deg reidug og tak på lægret der nede! Eg gjev det i henderne dine!
10 Er du rædd, so gakk fyrst ned med Pura, sveinen din!
11 Då fær du høyra kva dei talar um, og sidan kjem du til å kjenna deg so sterk, at du torer taka på lægret.» So gjekk han og Pura, sveinen hans, ned til forpostarne i lægret.
12 Og midjanitarne og amalekitarne og alle austmennerne låg i dalen, so tett som grashoppar, og det var ikkje tal på kamelarne deira; dei var som sand på havsens strand.
13 Då Gideon kom, var der ein som fortalde felagen sin ein draum: «No skal du høyra kva eg hev drøymt!», sagde han: «Eg tykte eg såg ei byggkaka kom trillande inn i Midjans-lægret, og då ho kom til tjeldet, skuva ho til det, so det rulla i koll, og der låg det.»
14 «Dette er ’kje noko anna enn sverdet åt Gideon Joasson, israeliten,» svara hin; «Gud hev gjeve midjanitarne og heile lægret i henderne hans.»
15 Då Gideon høyrde draumen og uttydingi, lagde han seg på kne og takka Gud. Han gjekk attende til Israels-lægret og sagde: «Ris upp! Herren hev gjeve Midjans-lægret i henderne dykkar!»
16 So skifte han dei tri hundrad mann i tri flokkar, og gav deim alle lurar og tome krukkor i henderne; men inni krukkorne var det kyndlar.
17 Og han sagde til deim: «Sjå etter korleis eg fer åt, og far de like eins! So snart de ser eg er komen tett innåt lægret, skal de gjera som eg gjer!
18 Når eg blæs i luren, eg og alle deim som er med meg, so skal de og blåsa i lurarne dykkar rundt ikring heile lægret og ropa: «For Herren og for Gideon!»»
19 Gideon og hundrad mann som var med honom, kom til utkanten av lægret fyrstundes i midnattsvakti; det var so vidt midjanitarne hadde sett ut vaktpostarne. Då bles dei i lurarne, og slo sund krukkorne, som dei hadde i handi;
20 og alle tri flokkarne bles i lurarne og slo sund krukkorne; med vinstre handi greip dei kring kyndlarne, og i høgre handi heldt dei lurarne, og bles i deim og ropa: «Drag sverdet for Herren og for Gideon!»
21 alt med dei vart standande kvar på sin stad rundt ikring lægret. Då tok alt som i lægret var til å renna att og fram og hua og røma,
22 og Herren laga det so at då dei høyrde ljomen av dei tri hundrad lurarne, vende dei sverdi sine mot kvarandre. So gjekk det i heile lægret. Og heren rømde til Bet-Hassitta, burtimot Serera, til Abel-Meholastrandi framum Tabbat.
23 Men Israels-mennerne av Naftali og Asser og heile Manasse vart utbodne og sette etter midjanitarne.
24 Og yver heile Efraimsheidi sende Gideon folk som ropa ut: «Far ned og møt midjanitarne, og steng deim av frå elvi, frå Jordan, alt burt til Bet-Bara!» Då vart alle Efraims-mennerne utbodne og stengde vegen til elvi, til Jordan, alt burtåt Bet-Bara.
25 Dei tok tvo av Midjans-hovdingarne, Oreb og Ze’eb, og drap Oreb på Ramneberget, og Ze’eb ved Ulvepersa. Sidan sette dei etter midjanitarne og kom med hovudi av Oreb og Ze’eb til Gideon på hi sida Jordan.
1 Efraims-mennerne sagde til Gideon: «Korleis er det du hev bore deg imot oss! Kvi sende du ’kje bod etter oss då du tok ut i striden mot midjanitare?» Og dei tok kvast på honom.
2 Då sagde han til deim: «Kva hev eg gjort no som kann liknast med det de hev gjort? Var ’kje etterrakstren åt Efraim betre enn avlingi åt Abiezer?
3 I dykkar hender gav Gud midjanitar-hovdingarne, Oreb og Ze’eb! Og kva hev eg vunnest gjort, so eg kunde mæla meg med dykk?» Då han tala so, logna dei og var ’kje vonde på honom lenger.
4 Gideon kom til Jordan, og for yver, han og dei tri hundrad mann som var med honom, og dei var trøytte og svoltne.
5 Då sagde han til Sukkot-mennerne: «Kjære, gjev folki som fylgjer meg nokre matbitar! Dei er trøytte, og eg elter Zebah og Salmunna, Midjans-kongarne.»
6 Men hovdingarne i Sukkot sagde: «Hev du alt fenge kloi i Zebah og Salmunna, sidan me skal gjeva heren din mat?»
7 «Godt!» svara Gideon, «når Herren hev gjeve Zebah og Salmunna i henderne mine, so skal eg treskja kropparne dykkar med villtornar og tistlar.»
8 So for han upp til Penuel, og tala like eins der, og Penuels-mennerne svara honom på same vis som Sukkot-buarne hadde svara.
9 Då sagde han til deim og: «Kjem eg vel heim att, so skal eg riva ned denne borgi.»
10 Zebah og Salmunna låg i Karkor med heren sin, um lag femtan tusund mann; det var alt som var att av heile austmannheren, og hundrad og tjuge tusund våpnføre menner var falne.
11 Og Gideon for uppetter driftevegen austanfor Nobah og Jogbea og kom yver fiendeheren, med dei låg ottelause i lægret.
12 Zebah og Salmunna rømde, men han sette etter deim; han tok båe Midjans-kongarne, Zebah og Salmunna, og støkte heile heren ifrå einannan.
13 Då Gideon Joasson var komen til Solskardet, vende han heim att frå striden.
14 Han fekk tak i ein gut som høyrde heime i Sukkot, og spurde honom ut; og guten skreiv upp for honom hovdingarne og styresmennerne i Sukkot, sju og sytti mann.
15 Då han so kom til Sukkot-buarne, sagde han: «Sjå her er Zebah og Salmunna, dei som de spotta meg med då de sagde: «Hev du alt fenge kloi i Zebah og Salmunna, sidan me skal gjeva mat til dei trøytte mennerne dine?»»
16 So greip han styresmennerne i byen, og han tok villtornar og tistlar, og tukta med deim Sukkot-buarne.
17 Penuelborgi reiv han ned, og slo i hel mennerne i byen.
18 Sidan sagde han til Zebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennerne som de slo i hel på Tabor?» «Dei var like eins som du,» svara dei. «Kvar var som ein kongsson på skapnad».
19 «Då var det brørne mine,» sagde han, «sønerne åt mi eigi mor. So sant Herren liver: hadde de spart livet deira, skulde eg ikkje ha drepe dykk.»
20 So sagde han til Jeter, eldste son sin: «Gakk fram, og slå deim i hel!» Men guten drog ikkje sverdet sitt. Han torde ikkje; han var endå berre ein gut.
21 Då sagde Zebah og Salmunna: «Kom du og hogg oss ned! Det vil manns nerk til å gjera manns verk.» So gjekk Gideon fram, og slo Zebah og Salmunna i hel, og tok sylgjorne som kamelarne deira hadde kring halsen.
22 Og Israels-mennerne sagde til Gideon: «Du skal vera kongen vår, både du og son din og soneson din; for du hev berga oss frå midjanitarne!»
23 Men Gideon svara: «Ikkje vil eg vera kongen dykkar, og ikkje skal son min vera det; Herren skal vera kongen dykkar!»
24 Sidan sagde Gideon til deim: «Eg vil beda dykk um ein ting: at de alle vil gjeva meg dei ringarne de hev vunne i krigen!» For Midjans-mennerne gjekk med gullringar; dei var ismaelitar.
25 «Det skal du då visst få,» svara dei. So breidde dei ut ei kåpa, og på den kasta alle mann dei ringarne dei hadde vunne i krigen.
26 Då dei so vog gullringane som han hadde bede um, so var det halvonnor vog gull, umfram gullsylgjorne og øyredobborne og purpurklædi som midjanitarkongarne hadde havt på seg, og umfram lekkjorne som kamelarne deira hadde bore kring halsen.
27 Av gullet gjorde Gideon eit gudsbilæte. Det sette han upp i Ofra, heimbygdi si; heile Israel dyrka det der som ein avgud, og det vart til ulukka for Gideon og hans hus.
28 Soleis laut Midjan bøygja seg under Israel, og vann ikkje reisa hovudet meir, og sidan hadde landet ro i fyrti år, so lenge som Gideon livde.
29 So for Jerubba’al Joasson heim att til garden sin, og vart buande der.
30 Han, Gideon, hadde sytti søner, som var hans eigne born; for han hadde mange konor.
31 Med fylgjekona si i Sikem fekk han ein son, og kalla han Abimelek.
32 Gideon Joasson døydde i høg alder, og vart nedsett i gravstaden åt Joas, far sin, i Ofra, bygdi åt Abiezer-ætti.
33 Då Gideon var burte, tok Israels-sønerne atter til å halda seg med avgudarne, og gjorde Sambands-Ba’al til guden sin.
34 Israels-sønerne kom ikkje i hug Herren, sin Gud, som hadde berga deim frå alle fiendar rundt ikring;
35 og dei gjorde ikkje vel mot Jerubba’als, Gideons, ætt for alt det gode han hadde gjort Israel.
1 Abimelek, son åt Jerubba’al, for til Sikem, til morbrørne sine, og tala med deim og med alt morfolket sitt:
2 «Kjære dykk,» sagde han, «tala til alle Sikems-mennerne, og seg: «Kva er best for dykk: at sytti mann, alle sønerne åt Jerubba’al, styrer dykk, eller at ein mann styrer dykk?» Og kom so i hug at me er same folket!»
3 Då tala morbrørne hans um honom for alle borgarane i Sikem, og sagde alt dette; og hugen drog deim til Abimelek. «Han er ein av våre!» sagde dei.
4 So gav dei honom sytti lodd sylv av tempelskatten åt Sambands-Ba’al. For deim leigde Abimelek nokre lause uvyrdne karar, og dei fylgde honom kvar han gjekk.
5 So for han til huset åt far sin i Ofra, og drap brørne sine, sønerne åt Jerubba’al, sytti mann på ein stein; berre Jotam, den yngste sonen åt Jerubba’al, vart att; han hadde fenge løynt seg.
6 Då samla dei seg, alle borgarane i Sikem og alt folket i Millo, og dei drog ut og valde Abimelek til konge under Minnesteinseiki ved Sikem.
7 Då Jotam fekk spurt det, steig han upp på toppen av Gerizimfjellet; der stod han, og ropa til deim og sagde: «Høyr på meg, Sikems-menner, so sant de vil at Gud skal høyra på dykk!
8 Det var ein gong trei vilde kåra seg ein konge. Dei sagde til oljetreet: «Du skal vera kongen vår!»
9 Men oljetreet svara: «Skulde eg missa oljen min, som gudar og menneskje ærar meg for, og gjeva meg til å svaga att og fram yver skogen?»
10 Då sagde dei til fiketreet: «Kom du og ver kongen vår!»
11 Og Fiketreet svara: «Skulde eg missa søtleiken min og den gode frukti mi, og gjeva meg til å svaga at og fram yver skogen?»
12 So sagde dei til vintreet: «Kom du og ver kongen vår!»
13 Vintreet svara: «Skulde eg missa safti mi, som gjer gudar og menneskje glade, og gjeva meg til å svaga att og fram yver skogen?»
14 Då sagde alle trei til klungeren: «Kom so du og ver kongen vår!»
15 «Er det ålvor at de vil kåra meg til konge,» sagde klungeren, «so kom og svala dykk i skuggen min! Men er det ikkje, so skal det fara eld ut frå klungeren og øyda cedrarne på Libanon.»
16 Hev no de fare truge og ærleg fram med di de hev teke Abimelek til konge, og hev de gjort vel mot Jerubba’al og ætti hans, og hev de gjort lika for det han gjorde,
17 då han, far min, stridde for dykk, og våga livet, og berga dykk frå midjanitarne
18 - og endå hev de no reist dykk mot ætti åt far min, og drepe sønerne hans, sytti mann på ein stein, og gjort Abimelek, son åt terna hans, til konge yver Sikems-buarne, for di han er skyld dykk -
19 hev de no i dag fare truge og ærleg fram mot Jerubba’al og ætti hans, so gjev de må få gleda av Abimelek, og gjev han må få gleda av dykk!
20 Men hev de ikkje det, so gjev det må fara eld ut frå Abimelek og tyna Sikems-buarne og Millo-folket, og gjev det må fara eld ut frå Sikems-buarne og Millo-folket, og tyna Abimelek!»
21 So rømde Jotam, og kom seg undan; sidan for han til Be’er, og der slo han seg ned, so Abimelek, bror hans, ikkje kunde nå i honom.
22 I tri år rådde Abimelek i Israel.
23 Då sende Gud ei vond ånd som sette ilt millom Abimelek og Sikems-mennerne, og Sikems-mennerne sveik Abimelek;
24 for Gud vilde at valdsverket mot dei sytti sønerne åt Jerubba’al skulde hemnast, og blodet deira koma yver Abimelek, bror deira, som hadde drepe deim, og yver Sikems-mennerne, som hadde gjeve honom magt til å drepa brørne sine.
25 Sikems-mennerne sette ut vaktmenner på fjelltindarne, som skulde halda auga med Abimelek, og røva alle som for framum der på vegen, og Abimelek fekk vita det.
26 Ved det leitet kom Ga’al Ebedsson med brørne sine og flutte inn i Sikem, og Sikems-mennerne sette lit til honom.
27 Dei gjekk ut på marki, og hausta vinhagarne sine og persa druvorne; so heldt dei takkehøgtid, og gjekk inn i templet åt guden sin, og åt og drakk og banna Abimelek.
28 Og Ga’al Ebedsson sagde: «Er Abimelek slik mann, og sikemitarne slike folk, at me skulde vera tenarane hans? Hev ’kje son åt Jerubba’al og Zebul, futen hans, tent ætti åt Hemor, den gamle Sikems-kongen? Men kvi skulde me so tena honom mannen.
29 Gjev eg hadde hand yver dette folket, so skulde eg snart få Abimelek or vegen. Auka heren din, Abimelek, og kom!» kytte han.
30 Då Zebul, byhovdingen, fekk høyra kva Ga’al Ebedsson hadde sagt, vart han harm;
31 han sende i løynd bod til Abimelek og sagde: «Ga’al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem, og øser upp byen mot deg.
32 Tak no i vegen nattars tid med det folket du hev hjå deg, og legg deg på lur på marki;
33 og når det dagast, og soli sprett, so brjot upp og renn fram imot byen; då fer Ga’al og folket hans ut imot deg, og du kann gjera med honom som du fær høve til.»
34 So tok Abimelek ut um natti med alle dei folki han hadde hjå seg, og dei lagde seg på lur mot Sikem i fire flokkar.
35 No bar det so til at Ga’al Ebedsson kom ut og stod i byporten i same bilet som Abimelek og folki hans braut fram frå løynlega.
36 Ga’al såg deim, og sagde til Zebul: «Sjå! Det kjem folk ned frå fjelltindarne!» «Det er skuggen av fjelli som du tek for folk,» svara Zebul.
37 Men Ga’al heldt på og tala: «Sjå der kjem det folk ned frå Midhø’i,» sagde han, «og ein flokk kjem etter den vegen som ber til Trollmanneiki.»
38 Då sagde Zebul: «Kvar er no dei store ordi dine, du som sagde: «Er Abimelek slik mann at me skulde vera tenarane hans?» Sjå her er dei folki som du vyrde so lite! Drag no ut, og strid imot deim!»
39 Då drog Ga’al ut med Sikems-mennerne i fylgje, og stridde mot Abimelek.
40 Men Abimelek vann yver honom, og jaga han fyre seg, og det vart eit stort mannefall heilt burtåt byporten.
41 Sidan gav Abimelek seg til i Aruma, og Zebul dreiv Ga’al og brørne hans burt; dei måtte ikkje vera i Sikem.
42 Dagen etter skulde Sikems-folket ut på marki. Det fekk Abimelek vita;
43 då tok han og bytte mannskapet sitt i tri flokkar, og lagde seg på lur på marki, og då han såg at folket kom ut or byen, sette han på deim og hogg deim ned.
44 Sjølv sprang han fram, og tok støde ved byporten med den flokken som fylgde honom, og dei hine tvo flokkarne rende på alle deim som var ute på marki, og slo deim i hel.
45 Abimelek kringsette byen heile den dagen, og tok honom, og drap folket som var der; byen reiv han ned, og strådde tufti med salt.
46 Då folket i Sikemsborgi høyrde det, gjekk dei alle inn i tempelbygningen åt Sambands-Ba’al.
47 So snøgt som Abimelek fekk vita at alt folket i Sikemsborgi hadde flokka seg i hop på ein stad,
48 gjekk han med alle mennerne sine upp på Salmonfjellet. Han tok øksi si i hand, og hogg greiner av trei, tok deim upp, lagde deim på herdi, og sagde til mennerne sine: «Skunda dykk og gjer like eins som de såg eg gjorde!»
49 Då hogg alle mennerne og kvar si byrd med kvist og fylgde etter honom. So lagde dei veden uppetter tempelbygningen, og sette med den eld på bygningen. Soleis umkomst alt folket i Sikemsborgi, um lag tusund menner og kvinnor.
50 Sidan gjekk Abimelek mot Tebes; den byen kringsette han og tok.
51 Inni byen var det eit fast tårn; dit rømde alle menner og kvinnor, alt folket i byen, og dei stengde etter seg og gjekk upp på taket.
52 Då Abimelek kom til tårnet, kringsette han det; so gjekk han fram til porten og vilde setja eld på.
53 Då var det ei kvinna som kasta ein kvernstein ned på hovudet hans, so hausen brotna.
54 Abimelek ropa svint på sveinen som bar våpni hans, og sagde: «Drag sverdet ditt, og drep meg, so det ikkje skal segjast at ei kvinna slo meg i hel!» Då stakk sveinen sverdet gjenom honom, og han døydde.
55 Og då Israels-mennerne såg at han var slokna, gjekk kvar heim til sitt.
56 Soleis hemnde Gud den ugjerningi Abimelek gjorde mot far sin då han drap dei sytti brørne sine.
57 Og alt det vonde Sikems-mennerne hadde gjort, let Gud koma attyver deim; den våbøni Jotam Jerubba’alsson hadde lyst, fekk dei sanna.
1 Etter Abimelek stod Tola fram, og berga Israel. Han var son åt Pua Dodoson av Issakars-ætti, og budde i Samir på Efraimsheidi.
2 Han styrde i Israel i tri og tjuge år. So døydde han og vart gravlagd i Samir.
3 Etter han stod Ja’ir frå Gilead fram, og styrde Israel i tvo og tjuge år.
4 Han hadde tretti søner; dei reid på tretti asenfolar, og åtte tretti tjeldbyar, som endå i dag vert kalla Ja’irsbyarne; dei ligg i Gileadlandet.
5 Då Ja’ir døydde, vart han gravlagd i Kamon.
6 Men Israels-borni gjorde atter det som var Herren imot, og dyrka Ba’als- og Astarte-bilæti og Arams-gudarne og Sidons-gudarne og Moabs-gudarne og ammonitargudarne og filistargudarne; dei vende seg frå Herren, og dyrka ikkje honom.
7 Då vart Herren brennande harm på Israel. Han slepte dei i henderne på filistarane og ammonitarne,
8 og dei tok same året til å trengja og trælka Israels-sønerne; i attan år trengde dei alle Israels-sønerne som budde på hi sida Jordan, i Amoritarlandet, i Gilead;
9 dei sette jamvel yver Jordan, og stridde mot Juda og Benjamin og mot Efraims-ætti, og Israel kom i stor naud.
10 Då ropa Israels-sønerne til Herren og sagde: «Me hev synda mot deg! Me hev vendt oss frå vår Gud og dyrka Ba’als-bilæti!»
11 Og Herren sagde til Israels-sønerne: «Hev eg ’kje berga dykk frå egyptarane og frå amoritarne, frå Ammons-sønerne og frå filistarane?
12 Og då sidonarane og amalekitarne og maonitarne plåga dykk, og de ropa til meg, berga eg dykk frå deim og.
13 Men de vende dykk frå meg, og dyrka andre gudar; difor vil eg ikkje hjelpa dykk meir.
14 Gakk burt og kalla på dei gudarne som de hev valt! Lat deim hjelpa dykk no de er i slik naud!»
15 Då sagde Israels-sønerne til Herren: «Me hev synda! Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!»
16 So hadde dei frå seg dei framande gudarne og tente Herren; då kunde han ikkje tola å sjå på Israels naud.
17 Ammons-sønerne baud ut heren sin, og lægra seg i Gilead. Då samla Israels-sønerne seg og slo læger i Mispa.
18 Og herfolket, Gileads-fyrstarne, sagde seg imillom: «Kvar er den mannen som vil ganga fyrst i striden mot ammonitarne? Han skal vera hovding yver alle Gileads-buarne!»
1 Jefta frå Gilead var ei gjæv kjempa. Han var son åt ei skjøkja, men Gilead var far hans.
2 Med kona si hadde Gilead og søner; då dei vart vaksne, jaga dei Jefta burt, og sagde til honom: «Du fær ingen lut i arven etter far vår; for du er son åt ei framand kvinna.»
3 Då rømde Jefta for brørne sine, og sette seg ned i Tob-land, og det samla seg mange lause karar ikring honom, og var med honom på ferderne hans.
4 So leid det av ei tid; då var det ammonitarne gjorde åtak på Israel,
5 og då ammonitarne bar våpn mot Israel, tok styresmennerne i Gilead ut, og vilde henta Jefta heim frå Tob-land.
6 «Kom og ver føraren vår,» sagde dei med honom, «so vil me strida mot ammonitarne!»
7 «Var det ’kje de som hata meg, og dreiv meg burt frå heimen min?» svara Jefta; «kvi kjem de då til meg no som de er i naud?»
8 «Difor er det me no kjem att til deg,» svara styresmennerne: «Gjeng du med oss og strider mot ammonitarne, so skal du vera hovdingen vår og styra alle Gileads-buarne.»
9 Då sagde Jefta til styresmennerne i Gilead: «Vert eg med dykk heim, og strider mot ammonitarne, og Herren gjev deim i mi magt, skal eg so vera hovdingen dykkar?»
10 Og dei svara: «Herren skal vera vårt vitne at me i eit og alt vil gjera som du segjer!»
11 Då gjekk Jefta med styresmennerne; folket sette honom til sin hovding og førar, og i Mispa tok han upp att alle ordi sine for Herrens åsyn.
12 So sende han bod til ammonitarkongen, og sagde: «Hev me noko ubytt, eg og du, sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»
13 Då sagde ammonitarkongen til sendemennerne åt Jefta: «Då Israel kom frå Egyptarland, tok dei landet mitt, frå Arnon til Jabbok og til Jordan. Gjev det no att med godo!»
14 Og Jefta sende endå ein gong bod til ammonitarkongen
15 med dei ordi: «So segjer Jefta: «Israel hev ikkje teke land frå Moab eller frå Ammon.
16 På vegen frå Egyptarland for Israel igjenom øydemarki til Sevhavet og kom til Kades.
17 Då sende dei bod til kongen i Edom, og sagde: «Kjære, lat oss få fara gjenom landet ditt!» Men Edom-kongen høyrde ikkje på dei. Til Moab-kongen sende dei og bod; men han vilde ikkje heller. So gav dei seg til i Kades.
18 Sidan heldt dei fram gjenom øydemarki. Dei for utanikring Edomitarlandet og Moabitarlandet, til dei kom austanum Moab, og lægra seg på hi sida Arnon; dei kom ikkje inn på Moabs grunn; for Arnon er landskilet åt Moab.
19 So sende Israel bod til Sihon, amoritarkongen, kongen i Hesbon, og sagde: «Kjære, lat oss få fara gjenom landet ditt, so me kjem dit me skal!»
20 Men Sihon trudde ikkje Israel so vel at han torde lata dei fara gjenom riket sitt; han samla heile heren sin, og dei lægra seg i Jahsa, og gav seg i strid med Israel.
21 Og Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile heren hans i Israels hender; Israel slo deim, og lagde under seg alle amoritarbygderne der i landet;
22 heile Amoritarriket lagde dei under seg, frå Arnon til Jabbok, og frå øydemarki til Jordan.
23 So hev då Herren, Israels Gud, teke landet frå amoritarne og gjeve det til folket sitt, til Israel, og no vil du eigna det til deg!
24 Er det ’kje so at det som Kamos, guden din, let deg vinna, det eignar du til deg, og alt det som Herren, vår Gud, gjer rydigt for oss, det eignar me til oss?
25 Er då du so mykje betre enn Balak Sipporsson, Moabs-kongen? Trætta han med Israel, eller tok på deim?
26 No er det tri hundrad år sidan Israel busette seg i Hesbon og dei bygderne som ligg umkring, og i Aroer, og bygdarne der umkring og i alle byarne langsmed Arnon; kvi hev de ’kje teke deim att i all den tidi?
27 Eg hev ikkje gjort deg noko vondt; men du gjer meg stor urett med di du tek på meg. Herren, som er den øvste domaren, skal i dag døma millom Israel og Ammon.»»
28 Men ammonitarkongen vilde ikkje høyra på det bodet Jefta sende honom.
29 Då kom Herrens Ande yver Jefta, og han for gjenom Gilead og Manasse; so for han fram til Gileadvarden, og Gileadvarden for han fram imot ammonitarne.
30 Og Jefta gjorde ein lovnad til Herren, og sagde: «Gjev du ammonitarne i henderne mine,
31 då skal den som gjeng ut or husdøri mi og møter meg når eg kjem vel heim att frå ammonitarne, då skal den høyra Herren til; eg skal ofra honom til eit brennoffer.»
32 So for han fram imot ammonitarne, og stridde mot deim, og Herren gav deim i henderne hans.
33 Han slo deim, og elte deim frå Aroer til burtimot Minnit, og tok tjuge byar ifrå deim; sidan elte han deim alt til Abel-Keramim, det vart eit stort mannefall på deim. Då laut Ammons-sønerne bøygja seg under Israel.
34 Då Jefta kom heim att til garden sin i Mispa, gjekk dotter hans ut imot honom, og fagna honom med trummor og dans; ho var einaste barnet hans; umfram henne hadde han ’kje anten son eller dotter.
35 Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund klædi sine, og ropa: «Gud trøyste oss, mi dotter! for ei sorg du veld meg! for ei ulukke du fører meg i! Eg hev gjort so dyr ein lovnad til Herren, og eg kann ikkje taka att ordet mitt.»
36 Då sagde ho til honom: «Far, hev du gjort so dyr ein lovnad til Herren, so gjer det med meg som du gav ordet ditt på, sidan Herren let deg få hemn yver ammonitarne, uvenerne dine!
37 Men ein ting vilde eg gjerne skulde gjerast for meg,» sagde ho med far sin: «Lat meg vera fri tvo månader, so vil eg ganga ned på heidarne med venorne mine og gråta yver mitt unge liv, eg som lyt fara burt møy!»
38 «Gjer so!» svara han, og sagde ho kunde vera burte tvo månader. So gjekk ho med venorne sine, og gret på heidarne yver sitt unge liv.
39 Men då tvo månader var lidne, kom ho att til far sin, og då gjorde han med henne det som han hadde lova; og ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan vart det sed i Israel
40 at Israels-døtterne år for år gjeng av og syng minnekvede um dotter åt Jefta frå Gilead, fire dagar um året.
1 Efraimitarne baud ut mannskapet sitt, og for nordetter, og sagde til Jefta: «Kvi sende du ’kje bod etter oss då du for av stad og vilde strida mot ammonitarne? No vil me setja eld på husi dine og brenna deg inne.»
2 «Eg og folket mitt låg i ein hard strid med ammonitarne, svara Jefta; «då ropa eg på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot deim;
3 og då eg såg at de ikkje vilde hjelpa, våga eg livet, og for imot ammonitarne, og Herren gav deim i henderne mine. Kvi kjem de so no farande og vil slåst med meg?»
4 So samla han alle Gileads-mennerne, og stridde mot Efraim. Og Gileads-mennerne hogg efraimitarne ned, for di dei hadde sagt: De er rømingar frå Efraim! Gilead ligg midt i Efraim, midt i Manasse.»
5 Dei stengde vadi yver Jordan for efraimitarne, og kvar gong det kom ein efraimit som hadde rømt ifrå slaget og vilde sleppa yver, spurde dei: «Er du efraimit?» Han svara: «Nei.»
6 «Seg: sjibbolet!» sagde dei. Då sagde han: «Sibbolet;» for han kunde ikkje segja det rett. So greip dei honom, og drap honom innmed vadet. Den gongen fall det tvo og fyrti tusund mann av Efraims-ætti.
7 Jefta styrde Israel i seks år. So døydde Jefta frå Gilead, og vart gravlagd i ein av Gileads-byarne.
8 Etter honom var Ibsan frå Betlehem styrar i Israel.
9 Han hadde tretti søner; tretti døtter gifte han burt, og tretti sonekonor henta han heim; han styrde Israel i sju år.
10 So døydde Ibsan, og vart gravlagd i Betlehem.
11 Etter honom var Elon av Sebulons-ætti styrar i Israel. Han styrde Israel i ti år.
12 So døydde Elon av Sebulons-ætti, og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulonslandet.
13 Etter honom var Abdon Hillelsson frå Piraton styrrar i Israel.
14 Han hadde fyrti søner og tretti sonesøner; dei reid på sytti asenfolar. Han styrde Israel i åtte år.
15 So døydde Abdon Hillelsson frå Piraton, og vart gravlagd i Piraton i Efraimsland, på Amaleksfjell.
1 Men Israels-sønerne gjorde atter det som var Herren imot. Då let han filistarane få magt yver deim i fyrti år.
2 Det var ein mann av Dans-ætti som heitte Manoah. Han budde i Sora. Kona hans var ’kje barnkjømd; ho hadde aldri ått barn.
3 Og Herrens engel synte seg for kona, og sagde: «Kjære, eg veit at du er ’kje barnkjømd og aldri hev ått barn, men du skal verta umhender og eiga ein son.
4 Agta deg no, og drikk ikkje vin eller sterk drykk, og et ikkje noko ureint!
5 For no vert du umhender, og fær ein son: på hans hovud må det aldri koma saks; for sveinen skal vera vigd til Gud alt ifrå morsliv, og han skal gjera upptaket til å berga Israel frå filistarane.»
6 So gjekk kona inn, og sagde det med mannen sin: «Det kom ein gudsmann til meg,» sagde ho; «han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg; men eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sagde han meg namnet sitt.
7 «Du skal verta umhender og eiga ein son,» sagde han med meg; «drikk no ikkje vin eller sterk drykk, og et ikkje noko ureint! For sveinen skal vera vigd til Gud frå morsliv og til sin døyande dag.»»
8 Då bad Manoah til Herren, og sagde: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende koma hit att og læra oss korleis me skal fara med det barnet som skal koma til verdi!»
9 Og Gud høyrde Manoahs bøn, og Guds engel kom att til kona ein gong ho sat utpå marki, og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.
10 Då sprang ho svint heim, og sagde det med mannen sin: «No hev han synt seg for meg, den mannen som kom til meg her um dagen», sagde ho.
11 Manoah reiste seg, og fylgde kona si, og då han kom til mannen, spurde han: «Er du den mannen som hev tala til kona mi?» «Ja», svara han.
12 «Når det no gjeng fram det som du sagde, korleis skal me då stella oss med sveinen, og korleis skal me fara med honom?» sagde Manoah.
13 Då svara Herrens engel: «Alt det eg nemnde for kona, lyt ho agta seg for.
14 Ho må ikkje eta noko som kjem av vintreet, og ikkje drikka vin eller sterk drykk, og ikkje eta noko ureint; alt det eg hev sagt til henne, lyt ho halda seg etter.»
15 «Kann du ’kje bia eit bil, so me fær stella til eit kid for deg!» sagde Manoah. For han visste ikkje at det var Herrens engel.
16 «Um eg biar, so et eg like vel ikkje av maten din,» svara Herrens engel; «men vil du laga til eit brennoffer åt Herren, so gjer det!»
17 Då sagde Manoah til Herrens engel: «Kva er namnet ditt - so me kann få æra deg, når det hender det som du hev sagt!»
18 «Kvi spør du um namnet mitt?» svara han; «det er eit underleg namn!»
19 So tok Manoah kidet og grjonofferet, og ofra det på berget til Herren. Då hende eit stort under, so Manoah og kona hans såg på det:
20 Då logen steig upp frå altaret mot himmelen, då for Herrens engel upp i altarlogen. Då Manoah og kona hans såg det, kasta dei seg å gruve på jordi.
21 Herrens engel synte seg ikkje oftare for Manoah og kona hans; då skyna Manoah at det var Herrens engel,
22 og han sagde til kona si: «No lyt me døy; for me hev set Gud!»
23 Men kona svara: «Hadde Herren havt hug til å drepa oss, so hadde han ikkje teke mot brennoffer og grjonoffer av oss, og me hadde ikkje fenge set alt dette, og ikkje fenge høyrt slikt som det me høyrde no.»
24 Då det leid på, fekk kona ein son, og kalla honom Samson. Guten voks upp, og Herren velsigna honom.
25 Det var i Dans-lægret millom Sora og Estaol, Herrens ande fyrst tok til å driva honom.
1 Ein gong bar det so til at Samson gjekk ned til Timna; der fekk han sjå ei filistargjenta.
2 Då han kom heim att, sagde han det med far sin og mor si: «Eg såg ei filistargjenta i Timna; henne lyt de festa til kona åt meg!»
3 Då sagde foreldri hans til honom: «Finst det då ingi gjenta hjå frendarne dine eller i heile vårt folk, sidan du vil ganga av og få deg ei kona hjå dei u-umskorne filistarane?» Men Samson svara far sin: «Henne lyt du festa åt meg! Ho er den som eg likar.»
4 Foreldri hans skyna ikkje at dette kom frå Herren; for han søkte eit høve til å koma innpå filistarane - den gongen rådde filistarane i Israel.
5 So gjekk Samson og foreldri hans ned til Timna. Då dei kom til vinhagarne utanfor byen, for ei ung løva burande imot honom;
6 då kom Herrens ande yver honom, og han tok løva, og sleit henne sund med berre nevarne, som det skulde vore eit kid; men han sagde ’kje med foreldri sine kva han hadde gjort.
7 So gjekk han ned og tala med gjenta; og han lika henne framifrå godt.
8 Um ei tid for han ned att og vilde gifta seg med henne. So tok han av vegen, vilde sjå løva som han hadde drepe; då fann han eit biebol med honning i skrovet hennar.
9 Han tok honningen ut, og heldt honom i henderne og åt, med han gjekk frametter, og då han kom til foreldri sine, gav han dei og, og dei åt; men han sagde det ikkje med deim at han hadde funne honningen i løveskrovet.
10 Då far hans kom ned til bruri, gjorde Samson eit gjestebod der, som dei unge mennerne hadde for vis.
11 Og so snart dei fekk sjå honom, fann dei honom tretti fylgjesmenner; dei var stødt med honom,
12 og ein dag sagde Samson til deim: «No vil eg bjoda dykk ei gåta! Løyser de henne åt meg innan dei sju gjestebodsdagarne er ute, og løyser de henne rett, so skal eg gjeva dykk tretti fine skjortor og tretti festklædningar;
13 men kann de ikkje løysa henne, skal de gjeva meg tretti fine skjortor og tretti festklædningar.» «Seg fram gåta di, so me fær høyra henne!» svara dei.
14 Då sagde han: «Av ein etar kom etand’, av den sterke kom søtt.» So leid det tri dagar, og dei var ikkje god til å løysa gåta.
15 Den sjuande dagen sagde dei til bruri: «Få mannen din til å segja oss løysningi på gåta, elles brenner me upp både deg og folket ditt! Er det for å arma oss ut at de hev bede oss hit?»
16 Då gret bruri framfyre honom, og sagde: «Du held ikkje av meg! Du berre hatar meg! Du hev bode landsmennerne mine ei gåta, men meg hev du ikkje sagt korleis ho skal løysast!» «Eg hev ’kje sagt det med far min og mor mi; skulde eg so segja det med deg?» svara Samson.
17 Men ho hekk yver honom og gret alle dei sju dagarne som gjestebodet varde, og den sjuande dagen sagde han det med henne, av di ho plåga honom so. So løyste ho gåta for landsmennerne sine,
18 og fyrr soli gladde den sjuande dagen, kom mennerne i byen og sagde til honom: «Kva er søtar’ enn honning? Kva er sterkar’ enn løva?» Då svara Samson: «Hadde de ’kje pløgt med mi kviga, so hadde de ’kje løyst mi gåta.»
19 Og Herrens ande kom yver honom; han gjekk ned til Askalon, og slo i hel tretti filistarar, tok klædi deira, og let deim som hadde løyst gåta få deim til høgtidsklede; og harm som han var, for han heim att til garden åt far sin.
20 Men kona hans vart gjevi til den fylgjesmannen, som han hadde valt seg til brursvein.
1 Då det leid um ei tid, og dei hadde teke til med kveiteskurden, kom Samson og vilde lydast til kona si. Han hadde med seg eit kid, og sagde: «Lat meg få koma inn i kammerset til kona mi!» Men far hennar vilde ikkje gjeva honom lov til det.
2 «Eg tenkte so visst at du ikkje lika henne meir,» sagde faren, «og so gav eg henne til brursveinen din. Kann du ’kje taka den yngre systeri i staden? ho er då mykje vænare!»
3 Då sagde Samson: «Denne gongen er eg saklaus, um eg gjer filistarane vondt!»
4 Han gjekk av og fanga tri hundrad revar, fann seg tyrespikar, snudde reverovarne i hop mot kvarandre, tvo og tvo, og feste ei spik millom kvart rovepar.
5 So kveikte han eld i spikarne, og slepte revarne inn på åkrane åt filistarane. Soleis brende han upp alt kornet dei hadde ute, både skore og uskore, og alle vinhagar og oljetre.
6 Då spurde filistarane: «Kven hev gjort dette?» «Samson, mågen åt Timna-mannen,» vart det svara. «Det var for di verfaren hadde teke kona hans og gjeve til brursveinen.» So for filistarane derupp, og brende inne både kona og far hennar.
7 Då sagde Samson til deim: «Fer de soleis åt, so skal eg visst ikkje kvila fyrr eg fær hemnt meg på dykk.»
8 So slo han deim so dei stupte i kross og i krok, og det vart eit stort mannefall på deim. Sidan for han ned til Etamdjuvet, og gav seg til der.
9 Då kom filistarane upp i Judafylket, og lægra seg der, og spreidde seg utyver i Lehi.
10 Og Juda-mennerne sagde: «Kvi kjem de hit og tek på oss?» «Me vil binda Samson og gjera like eins mot honom som han hev gjort mot oss,» svara dei.
11 So for tri tusund mann av Juda-ætti ned til Etamdjuvet, og sagde til Samson: «Veit du ’kje at filistarane råder her i landet? Kvi hev du då gjort oss dette?» «Som dei gjorde mot meg, so hev eg gjort mot deim,» svara han.
12 Då sagde dei: «Me er komne hit for å binda deg og gjeva deg i henderne på filistarane.» «Lova meg at ikkje de vil slå meg i hel!» sagde Samson.
13 «Nei, me vil berre binda deg og gjeve deg i henderne deira; me vil ikkje drepa deg,» svara dei. So batt dei honom med tvo nye reip, og førde honom upp or djuvet.
14 Då han kom til Lehi, sprang filistarane imot honom med glederop. Då kom Herrens ande yver honom, og reipi på armarne hans vart som brend tråd; bandi datt av henderne hans, som dei var morkna.
15 So fann han eit friskt kjakebein av eit asen; det greip han og slo i hel tusund mann med det.
16 Då kvad han: «Med asenkjaken eg ein hop og tvo, med asenkjaken tusund mann eg slo.»
17 Då han hadde kvede dette, kasta han kjakebeinet frå seg, og sidan hev dei kalla den staden Kjakebeinshaugen.
18 Men so vart han so brennande tyrst. Då ropa han til Herren og sagde: «Du hev hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren! Skal eg no døy av torste og falla i henderne på dei u-umskorne?»
19 Då opna Gud den hola som er i Lehi, og det rann vatn utor henne, so han fekk drikka; då rådde han atti, og kvikna til. Difor kalla dei den kjelda Roparkjelda; ho er endå i Lehi.
20 Samson styrde Israel i tjuge år; det var i filistartidi.
1 Ein gong kom Samson til Gaza; der fekk han sjå ei skjøkja, og gjekk inn til henne.
2 Då det spurdest bland folket i Gaza at Samson var komen der, ringa dei honom inne, og lurde på honom innmed byporten heile natti, men heldt seg elles rolege med natti var. «Me vil bia til det dagast; då skal me slå honom i hel,» tenkte dei.
3 Samson vart liggjande til midt på natti. Midnattsbil reis han upp. Han tok tak i hurderne i byporten og i båe portstolparne, og rykte deim upp i hop med bommen, lagde deim på herdarne, og bar deim upp på toppen av det fjellet som ligg midt for Hebron.
4 Sidan lagde han hug til ei kvinna i Sorekdalen, som heitte Dalila.
5 Då kom filistarfyrstarne upp til henne og sagde: «Sjå um du kann få lokka honom til å segja deg kvar han hev den store styrken sin frå, og korleis me kann råda med honom og binda honom, so me fær døyvt honom! Då skal me gjeva deg tusund sylvdalar kvar, og meir.
6 So sagde Dalila til Samson: «Kjære, seg meg kvar du hev den store styrken din frå, og korleis du kann bindast, so ein fær døyvt deg!»
7 «Dersom dei bind meg med sju rå senestrengjer, som ikkje hev vorte turre, so veiknar eg og vert som eit anna menneskjebarn,» svara han.
8 Då kom filistarfyrstarne upp til henne med sju rå senestrengjer, som ikkje hadde vorte turre; deim batt ho honom med,
9 og i kammerset hadde ho folk sitjande og lura. So ropa ho: «filistarane er yver deg, Samson!» Då sleit han sund strengjerne, som ein strytråd brest når han kjem innåt elden, og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå.
10 So sagde ho til honom: Du hev narra meg, og loge for meg. Kjære, seg meg no korleis du kann bindast!»
11 «Dersom dei bind meg vel med nye reip som aldri hev vore bruka til noko, so veiknar eg og vert som eit anna menneskjebarn,» svara han.
12 So tok Dalila nye reip og batt honom med, og ropa: «Filistarane er yver deg, Samson!» og i kammerset sat det folk og lurde. Men han sleit reipi av armarne sine, som det var tråd.
13 Då sagde Dalila til honom: «Til dessa hev du narra meg og loge for meg! Seg no korleis du kann bindast!» «Dersom du vev dei sju hårflettorne mine inn i veven!» svara han.
14 So slo ho ått med vevskeidi, og ropa: «Filistarane er yver deg, Samson!» Då vakna han or svevnen, og rykte ut både vevskeidi og varpet.
15 So sagde ho til honom: «Korleis kann du segja du hev meg kjær, når du ikkje hev tiltru til meg? No hev du narra meg tri gonger og ikkje sagt meg kvar du hev den store styrken din frå!»
16 Som ho no tagg og truga dag etter dag, og aldri let honom få fred, vart han so leid seg at han vilde mest døy,
17 og so opna han heile sitt hjarta for henne: «Det hev aldri kome saks på mitt hovud,» sagde han; «for eg hev vore vigd til Gud alt ifrå morsliv. Vert eg raka, so fer styrken min frå meg; eg veiknar og vert som alle andre menneskjeborn.»
18 Då skyna Dalila at han hadde sagt henne heile sanningi; ho sende bod etter filistarfyrstarne, og sagde: «Kom her upp! For denne gongen hev han sagt meg heile sanningi.» Då kom filistarfyrstarne upp til henne, og hadde pengarne med seg.
19 So svævde ho Samson i fanget sitt, og ropa på ein mann ho hadde sitjande der, og let honom klyppa dei sju hårflettorne hans; då tok han til å veikna, og styrken hans for frå honom.
20 Og Dalila ropa: «Filistarane er yver deg, Samson!» Då vakna han or svevnen, og tenkte: «Eg skal gjera meg fri og rista meg laus, som so mang ein gong fyrr;» for han visste ikkje at Herren hadde vendt seg ifrå honom.
21 Filistarane tok Samson, og stakk ut augo på honom, og førde han ned til Gaza; der batt dei honom med dubbel koparlekkja, og han laut sveiva handkverni i fangehuset.
22 Men håret hans tok til å veksa sterkt med same det var klypt.
23 So kom Filistarfyrstarne i hop, og bar fram eit stort offer for Dagon, guden sin, og heldt fest; «for,» sagde dei, «vår gud hev gjeve Samson, vår uven, i vår magt.»
24 [Stu21: 25] og då folket såg honom, lova dei guden sin, og kvad: I handi vår gav guden vår uvenen vår, han som øydde landet vårt han som drap ned folket vårt.
25 [Stu21: 24] Som dei no var komne på godlag, ropa dei: «Henta Samson hit, so han kann leika for oss!» Då henta dei Samson or fangehuset, og han laut leika for deim. Dei sette honom millom stolparne.
26 Då sagde Samson til guten som leidde honom: «Slepp meg, og lat meg få halda i dei stolparne som huset kviler på, og stydja meg innåt deim!»
27 Men huset var fullt av menner og kvinnor; alle filistarfyrstarne var der, og på taket var det um lag tri tusund menner og kvinnor, som såg på med Samson leika.
28 Og Samson kalla på Herren og sagde: «Herre, min Gud, kom meg i hug, og styrk meg denne eine gongen, min Gud, so eg fær hemnt meg på filistarane for eitt av dei tvo augo mine!»
29 So femnde han kringum båe midstolparne som huset kvilde på, og klemde deim innåt seg, ein med høgre, og ein med vinstre handi.
30 «Lat meg døy i hop med filistarane!» sagde han, og tok i med all si magt; då ramla huset i hop yver fyrstarne og yver alt folket som var der, og dei som han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe med han livde.
31 Men brørne hans og alt skyldfolket kom og tok honom, og førde honom heim, og sette honom ned i gravstaden åt Manoah, far hans, millom Sora og Estaol. Då hadde han styrt Israel i tjuge år.
1 Mika heitte ein mann som budde i Efraimsheidi.
2 Han sagde til mor si: «Dei elleve hundrad sylvdalarne som vart tekne frå deg - du lyste endå for den skuld ei våbøn, som eg høyrde på - dei pengarne er hjå meg; det er eg som hev teke deim; men no skal du få deim att.» «Herren velsigne deg, min son!» svara mori.
3 So gav han dei elleve hundrad sylvdalarne att til mor si. Då sagde ho: «Desse pengarne vigjer eg no til Herren, og gjev deim frå meg til bate for deg, min son, so du kann gjera eit gudebilæte med eit støypt fotstykke til.»
4 So tok ho tvo hundrad dalar av pengarne han kom att med, og gav deim til ein gullsmed, og han gjorde for deim eit gudsbilæte med eit støypt fotstykke til; det var sidan på garden hans Mika.
5 Og Mika vart slik mann at han fekk seg eit gudshus, og let gjera ei gullkåpa og husgudar, og sette ein av sønerne sine til å vera prest for seg.
6 I dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar mann gjorde som han hadde hug til.
7 Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda; han var av Levi-ætti, av den greini som åtte heime i Judafylket, og der heldt han til.
8 Den mannen flutte burt frå byen sin, frå Betlehem i Juda, og vilde finna seg ein verestad kvar det kunde høva. På ferdi si kom han til Efraimsheidi og til garden hans Mika,
9 og Mika spurde honom: «Kvar kjem du frå?» «Eg er ein levit frå Betlehem i Juda,» svara han, «og no er eg ute og ferdast, og vil finna meg ein verestad kvar det kann høva.»
10 «Gjev deg til hjå meg!» sagde Mika, «og ver far og prest for meg! Eg skal gjeva deg ti sylvdalar for året, og halda deg med kost og klæde.» So steig leviten innanfor.
11 Han gjekk med på å vera hjå mannen, og vart som ein av sønerne hans.
12 Mika feste den unge leviten til prest for seg, og han vart verande i huset hans Mika.
13 «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg,» sagde Mika, «sidan eg hev fenge ein levit til prest.»
1 I den tidi fanst det ingen konge i Israel. Og i den tidi leita Dans-ætti etter eit odelsland til å busetja seg i; for det hadde ikkje til den dag falle nokon arvlut på deim, som på dei andre Israels-ætterne.
2 Dans-sønerne sende ut fem mann av heile si ætt, djerve karar frå Sora og Estaol, som skulde endefara landet og sjå det vel yver. «Far no i veg,» sagde dei til deim, «og sjå dykk vel um i landet!» Mennerne kom til garden hans Mika i Efraimsheidi, og vart der um natti.
3 For då dei for frammed husi hans Mika, kjende dei att målet åt den unge leviten, og so tok dei av vegen, og spurde honom: «Kven hev ført deg hit? Kva gjer du her, og korleis hev du det?»
4 So sagde han deim kva Mika hadde gjort for honom, og at han hadde leigt honom til prest for seg.
5 «Kjære deg,» sagde dei då, «spør Gud for oss um den ferdi me hev fyre oss, skal lukkast!»
6 «Det kann fara trygt!» svara presten «Herren hev augo med dykk på ferdi dykkar.»
7 Då for dei sin veg, dei fem mennerne, og kom til La’is; og dei såg at folket der i bygdi livde sutlaust, på same vis som sidonarane, roleg og sutlaust; det fanst ingen i landet som gjekk deim for nær i nokon ting, ingen einvaldsherre; langt var dei frå sidonarane, og hadde ikkje noko å gjera med anna folk.
8 So kom dei heim att til frendarna sine i Sora og Estaol, og frendarne deira spurde: «Kva tidender kjem de med?»
9 «Kom, lat oss fara i veg og taka på La’is-buarne!» svara dei; «me hev skoda landet; det er eit ovgodt land. Og de sit berre og tegjer? Dryg ikkje med å taka på vegen til det landet og eigna det til dykk!
10 Når de kjem dit, kjem de til eit folk som ikkje kjem i hug nokon fåre, og landet er vidskått. Gud hev gjeve det i henderne dykkar, eit land der det ikkje vantar nokon verdeleg ting!»
11 So for dei i vegen, seks hundrad fullvæpna mann av Dans-ætti, frå Sora og Estaol.
12 Då dei var komne upp i høgdi, slo dei læger i Kirjat-Jearim i Judafylket; difor hev den staden vore kalla Dans-lægret alt til denne dag; det er vestanfor Kirjat-Jearim.
13 Derifrå for dei yver til Efraimsheidi, og kom til garden hans Mika.
14 Då tok dei til ords, dei fem mennerne som hadde vore til La’isbygdi og spæja, og dei sagde til landsmennerne sine: «Veit de at i desse husi er det ei gullkåpa og husgudar og eit gudebilæte med eit støypt fotstykke til? so veit de vel kva de lyt gjera!»
15 So tok dei av vegen der, og kom til huset åt den unge leviten på garden hans Mika, og helsa på honom.
16 Der stod no i portledet seks hundrad fullvæpna mann av Dans-ætti;
17 og dei fem mennerne som hadde vore der i landet og spæja, gjekk upp på garden og inn i gudshuset, og tok gudsbilætet og gullkåpa og husgudarne og det støypte fotstykket, med presten stod i portledet hjå dei seks hundrad fullvæpna mennerne.
18 Då no desse kararne hadde vore inn i huset hans Mika og teke gudsbilætet med gullkåpa og husgudarne og det støypte fotstykket, so sagde presten til deim: «Kva er det de gjer!»
19 «Teg deg og agta munnen din!» svara dei. «Kom heller med oss, og ver far og prest for oss! Er det ’kje mykje betre for deg å vera prest for ei heil ætt og grein av Israel enn for ein huslyd?»
20 Dette lika presten vel. Han tok gullkåpa og husgudarne og gudsbilætet, og gav seg med flokken.
21 So snudde dei seg, og for av garde, og let kvinnorne og borni og bufeet og eignaluterne sine vera fremst i ferdi.
22 Dei var alt komne langt ifrå garden fyrr mennerne i grendi hans Mika fekk samla seg og nådde deim att.
23 Dei ropa etter Dans-sønerne, og dei vende seg og sagde til Mika: «Kva er tids, med di du hev samla folki dine?»
24 «De hev teke gudarne som eg hev gjort meg, og presten, og fare av garde med,» svara han; «kva hev eg so att? Og endå spør de meg kva er tids!»
25 Då sagde dei til honom: «Lat oss ikkje høyra eit ord av deg meir! Elles kunde hug-rame karar rjuka på dykk, og då kom du til å missa livet både du og dine.»
26 So for dei sin veg, Dans-sønerne, og då Mika såg at dei var honom for sterke, snudde han um, og for heim att.
27 Då Dans-sønerne hadde teke alle dei ting som Mika hadde kosta seg, og presten som var hjå honom, kom dei brått yver La’is, yver eit folk som livde roleg og ikkje kom i hug nokon fåre; folket øydde dei med odd og egg, og byen brende dei upp.
28 Og det var ingen som hjelpte; for dei budde langt ifrå Sidon, og hadde ikkje noko å gjera med anna folk. Byen låg i Bet-Rehobdalen. Dans-sønerne bygde honom upp att og vart buande der;
29 Dei kalla byen Dan etter ættefar sin, son åt Israel; fyrr heitte han La’is.
30 Der sette dei upp att gudsbilætet, og Jonatan, son åt Gersom, Moses’ son, var prest for Dans-ætti, og so var etterkomarane hans alt til den dagen då landet vart øydt.
31 Gudsbilætet som Mika hadde gjort seg, vart standande hjå deim so lenge Guds hus var i Silo.
1 På denne tidi, den gongen då det ikkje fanst nokon konge i Israel, var det ein mann av Levi-ætti som budde lengst burte på Efraimsheidi. Han fekk seg ei fylgjekone frå Betlehem i Judafylket.
2 Men kona var utru mot honom, og for ifrå honom og heim til far sin, til Betlehem i Juda. Der var ho eit bil, fire månader på lag;
3 då for mannen hennar etter henne, og vilde tala vel med henne og få henne til å koma att; og han hadde med seg drengen sin og eit par asen. Den unge kona leidde honom inn i huset åt far sin, og då faren såg honom, vart han glad, og tok vel imot honom.
4 Og verfar hans, far åt den unge kona, heldt på honom, so han vart verande der i tri dagar, og dei åt og drakk og var der um natti.
5 Tidleg den fjorde dagen gjorde mannen seg reidug og vilde fara i veg. Då sagde far åt den unge kona til mågen sin: «Få deg fyrst ein bite mat å kveikja deg på! Sidan kann de fara.»
6 So sette dei seg ned båe tvo og åt og drakk saman, og far åt den unge kona sagde til mannen: «Kjære, gjer vel og ver til morgons, og kosa deg!»
7 Og då mannen reiste seg og vilde taka ut, nøydde verfaren honom so lenge til han gav seg og vart der um natti.
8 Morgonen etter - det var den femte dagen - var han tidleg uppe, og vilde taka av stad. Då sagde far åt den unge kona: «Kjære, få deg fyrst noko å kveikja deg på og bia so til det lid yver middag!» So åt dei i hop, dei tvo.
9 Sidan ferda mannen seg til, og vilde taka i vegen med fylgjekona si og drengen. Då sagde verfar hans, far åt den unge kona: «No lid det alt til kvelds! Kjære, bia til morgons! Sjå korleis dagen hallar! Ver her i natt, og kosa deg! I morgon kann de taka tidleg i vegen, so du kann koma heim att!»
10 Men mannen vilde ikkje gjeva seg til der um natti. Han gjorde tok ut, og for frametter til han kom midt for Jebus, det er det same som Jerusalem. Med seg hadde han eit par asen med klyv, og fylgjekona var med honom.
11 Då dei var innmed Jebus, var dagen langt liden, og drengen sagde til husbonden sin: «Kom, lat oss taka inn i jebusitarbyen her og vera der med natti!»
12 «Nei, me vil ikkje taka inn i nokon by der det berre bur framande, og ikkje israelitar; me vil halda fram til Gibea,» svara husbonden.
13 «Kom, lat oss sjå til å nå ein av dei byarne der burte, og få hus i Gibea eller Rama!» sagde han til drengen sin.
14 So heldt dei lenger fram, og då soli gladde, var dei tett ved Gibea i Benjaminsfylket.
15 Der tok dei av vegen, og gjekk inn i byen og vilde få hus um natti. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget; men det var ingen som baud seg til å gjeva dei hus for natti.
16 Då kom det ut på kvelden ein gamall mann heim frå marki, frå arbeidet sitt; han var frå Efraimsheidi, men heldt til i Gibea. Hitt folket der var benjaminitar.
17 Då han såg upp, vart han var ferdamannen på torget, og sagde til honom: «Kvar etlar du deg av, og kvar kjem du ifrå?»
18 «Me kjem frå Betlehem i Juda», svara hin, «og skal langt burt på Efraimsheidi; der er eg ifrå. Eg hev vore til Betlehem i Juda, og no er eg på vegen til Herrens hus; men her er ingen som vil hysa meg!
19 Eg hev både halm og for til asni våre, og brød og vin til meg og kona og drengen som er med oss; det vantar oss ingen ting.»
20 «Ver velkomen,» sagde den gamle mannen; «lat berre meg syta for alt det du treng! Men på torget må du ikkje vera i natt.»
21 So fylgde han den framande inn i huset sitt, og gav asni hans for, og då dei hadde tvege føterne sine, sette dei seg til bords.
22 Best dei sat og kosa seg, kom mennerne i byen, ukjor som dei var, og kringsette huset; dei dundra på døri og ropa til den gamle mannen som åtte huset: «Lat den karen som hev teke inn hjå deg koma ut, so me kann få vår vilje med honom!»
23 Då gjekk huseigaren ut til deim, og sagde: «Far ikkje so, godtfolk! Gjer ikkje vondt! Kom i hug at denne mannen er gjesten min, og gjer ikkje so stygg ei gjerning!
24 Sjå her er dotter mi, som er møy, og fylgjekona hans; deim skal eg senda ut til dykk; so fær de taka deim og gjera med deim som de synest; men denne mannen må de ikkje fara so stygt med!»
25 Men kararne vilde ikkje høyra på honom. Då tok den framande fylgjekona si, og leidde henne ut til deim, og dei låg med henne og skamfor henne heile natti, og slepte henne ikkje fyrr det leid imot morgonen og tok til å ljosna.
26 I dagrenningi kom kona, og seig i hop framfyre døri til det huset der husbonden hennar var; der vart ho liggjande til det var ljost.
27 Då husbonden hennar reis upp um morgonen, og let upp husdøri og gjekk ut, vilde fara sin veg, då låg kvinna, fylgjekona hans, framfyre husdøri, med henderne på dørstokken.
28 «Reis deg upp, og lat oss fara i veg!» sagde han. Men han fekk inkje svar. Då lyfte han henne upp på asnet, og tok ut, og for til si bygd.
29 Og då han kom heim, treiv han ein kniv, og tok fylgjekona si, og lema henne sund i tolv luter, og deim sende han kring i heile Israelsriket.
30 Og alle som såg det, sagde: «Slikt hev aldri hendt og aldri vore spurt, alt ifrå den dagen då Israels-sønerne for frå Egyptarland og til denne dag. Tenk etter, legg råd, og tala!»
1 Då tok alle Israels-sønerne ut, og heile lyden, frå Dan til Be’erseba og frå Gileadlandet, samla seg alle som ein mann framfor Herren i Mispa.
2 Og dei gjævaste av heile folket, av alle Israels ætter, steig fram der Guds folk heldt møte, fire hundrad tusund i talet, alle gangføre og våpnføre menner.
3 Men Benjamins-sønerne fekk spurt at Israels-sønerne var farne upp til Mispa. Då sagde Israels-sønerne: «Seg frå korleis denne ugjerningi hev gjenge til!»
4 Og leviten, mannen åt den kona som var drept, tok til ords og sagde: «Eg og fylgjekona mi kom til Gibea i Benjamin, og vilde få hus der med natti.
5 Men Gibea-mennerne baud vondt, og kringsette um natti huset eg var i; meg tenkte dei å drepa, og fylgjekona mi valdtok dei, so ho døydde.
6 Då tok eg fylgjekona mi, og lema henne sund, og sende luterne kring i heile Israels land og rike; for dei hadde gjort eit illverk og ei ugjerning i Israel.
7 No er de samla her, alle Israels menner! Kom no fram med dykkar meining og råd!»
8 Då reiste folket seg, alle som ein mann, og sagde: «Ingen av oss skal draga burt til sitt tjeld, og ingen fara heim til sitt hus!
9 Og so vil me gjera med Gibea: Byen skal under lutkast!
10 No tek me ut ti mann for kvart hundrad av alle Israels ætter, og hundrad for kvart tusund, og tusund for kvart titusund; dei skal henta mat til hermennerne, so dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kann gjeva folket der like for den store ugjerningi dei hev gjort i Israel.»
11 So samla dei seg, alle Israels menner, og drog imot byen, sameinte som ein mann.
12 Og Israels-ætterne sende bod kring til alle ættgreiner i Benjamin og sagde: «Kva er dette for ei ugjerning som er gjord hjå dykk!
13 Send ut til oss dei ukjurorne i Gibea, so me kann slå deim i hel og rydja det vonde ut or Israel!» Men Benjamins-sønerne vilde ikkje høyra på Israels-sønerne, brørne sine.
14 Dei kom i hop til Gibea frå alle bygderne sine, og vilde draga i strid mot Israels-sønerne.
15 Den dagen vart folket i Benjamins-bygderne mynstra: det var seks og tjuge tusund våpnføre mann, umfram Gibea-buarne; dei vart mynstra for seg, og var sju hundrad i talet, alle saman utvalde hermenner.
16 Millom alt det folket fanst det sju hundrad utvalde hermenner som var keivhendte; alle desse høvde på eit hår med slyngja; ingen kasta i mist.
17 Benjamin frårekna, mynstra Israels-sønerne fire hundrad tusund våpnføre mann som alle var herfolk.
18 Dei gjorde seg reiduge, og gjekk upp til Betel, og spurde Gud: «Kven av oss skal taka fyrst ut i striden mot Benjamins-sønerne?» «Juda skal fyrst,» svara Herren.
19 Um morgonen braut Israels-sønerne upp, og lægra seg midt imot Gibea.
20 So gjekk dei fram til strid mot Benjamin, og fylkte heren sin imot deim burtåt Gibea.
21 Då braut Benjamins-sønerne fram frå Gibea, og lagde den dagen tvo og tjuge tusund Israels-menner i marki.
22 [Stu21: 23] Og folket, Israels-mennerne, herde seg til, og fylkte seg atter på same staden som dei hadde fylkt seg fyrste gongen;
23 [Stu21: 22] Israels-sønerne gjekk upp, og gret for Herrens åsyn heilt til kvelds, og dei spurde Herren: «Skal me ganga fram att og strida mot Benjamin, bror vår?» «Far imot honom!» svara Herren.
24 men då dei dagen etter gjekk fram imot Benjamins-sønerne,
25 for Benjamin andre gongen ut imot deim frå Gibea, og lagde endå attan tusund israelitar i marki, alle saman våpnføre menner.
26 Då gjekk alle Israels-sønerne, heile folket, upp til Betel; der sat dei gråtande for Herrens åsyn, og fasta heile den dagen, alt til kvelds; og dei ofra brennoffer og fredsoffer for Herrens åsyn,
27 og spurde Herren. For den gongen stod Guds sambandskista der,
28 Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, gjorde den tid tenesta framfyr henne, og Israels-sønerne spurde: Skal me endå ein gong draga ut i striden mot Benjamin, bror vår, eller skal me lata vera? «Drag ut! I morgon vil eg gjeva honom i henderne dykkar,» svara Herren.
29 Då lagde Israel folk i umsåt rundt ikring Gibea,
30 og so for dei tridje venda mot Benjamins-sønerne, og fylkte seg burtåt Gibea, liksom dei fyrre gongerne.
31 Benjamins-sønerne for ut imot deim, og vart dregne burt ifrå byen; og liksom dei fyrre gongerne felte dei i fyrstningi nokre av folket på ålmannvegarne som ber uppetter, den eine til Betel og den andre yver marki til Gibea; det var um lag tretti Israels-menner dei fekk felt.
32 Då sagde Benjamins-sønerne: «Dei ryk for oss no som fyrr!» Men Israels-sønerne sagde: «Lat oss røma, so me fær drege deim burt frå byen og ut på ålmannvegarne!»
33 So tok alle Israels-mennerne ut frå stødet sitt og fylkte seg i Ba’al-Tamar, med umsåtmennerne braut fram frå sitt støde vestanfor Geba.
34 Og ti tusund utbladde stridsmenner av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Då vart det ein hard strid; men Benjamins-sønerne visste ikkje at ulukka var tett innpå deim.
35 Og Herren laga det so at Benjamin rauk for Israel; Israels-sønerne felte den dagen fem og tjuge tusund og eitt hundrad mann av Benjamins-ætti; alle desse var våpnføre.
36 Benjamins-sønerne trudde fyrst at Israels-mennerne var slegne; for dei drog seg undan for Benjamin, men det var berre av di dei leit på umsåti dei hadde sett mot Gibea.
37 Og no brårende umsåtmennerne fram mot Gibea, og trengde seg inn, og øydde heile byen med odd og egg.
38 Israels-sønerne hadde gjort den avtalen med umsåtmennerne at dei skulde lata ein tett røyk stiga upp ifrå byen.
39 Då no Israels-sønerne snudde ryggen til i striden, og Benjamins-sønerne i fyrstningi felte nokre av deim - um lag tretti mann - og sagde: «Dei ryk for oss, som i den fyrste ota!»
40 då tok røyken til å stiga upp frå byen som ein stor stopul, og då benjaminitarne såg attum seg, fekk dei sjå at heile byen stod i ein loge, som slo upp mot himmelen.
41 I det same snudde Israels-mennerne um. Då vart Benjamins-mennerne forfærde; for dei såg at ulukka hadde nått deim.
42 Dei vende seg og tok vegen til øydemarki for å koma undan Israels-mennerne; men striden fylgde deim fot og fet, og jamvel midt i byarne vart dei nedhogne, dei som åtte heime der.
43 Israels-mennerne ringa Benjamin inne, elte honom, og trakka honom ned der han kvilde, alt til dei var beint i aust for Gibea.
44 Og det fall attan tusund mann av Benjamins-ætti; alle desse var djerve stridsmenner.
45 So snudde dei um, og rømde til øydemarki, burtimot Rimmonshøgdi. Og Israels-mennerne felte på ålmannvegarne endå fem tusund mann; sidan sette dei etter deim til Gideon og felte tvo tusund til.
46 I alt var det fem og tjuge tusund våpnføre mann av Benjamins-ætti som fall den dagen; alle desse var djerve stridsmenner.
47 Då snudde dei um, og rømde ut i øydemarki, til Rimmonshøgdi, seks hundrad mann, og dei vart verande på Rimmonshøgdi i fire månader.
48 Men Israels-mennerne for attende til Benjaminslandet, og øydde det med odd og egg; både byarne med sine folk, og bufeet, og alt det dei fann, og alle byarne som fanst der, sette dei eld på.
1 I Mispa hadde Israels-mennerne svore: «Ingen av oss skal gjeva dotter si til nokon benjaminit!»
2 Men då folket kom til Betel, sat dei der for Guds åsyn alt til det vart kveld, og dei storgret,
3 og sagde: «Herre, Israels Gud, kvi skulde dette henda i Israel at me i dag lyt sakna ei heil ætt av Israel?»
4 Tidleg den andre morgonen bygde folket eit altar der, og bar fram brennoffer og takkoffer.
5 Då sagde Israels-sønerne: «Var det millom heile Israels-folket nokon mann som ikkje kom upp til møtet hjå Herren?» For dei hadde svore sin dyraste eid at den som ikkje kom upp til Herren, til Mispa, han skulde lata livet.
6 Israels-sønerne syrgde yver Benjamin, bror sin, og sagde: «I dag er det hoggi burt ei heil grein av Israel!
7 Kva skal me gjera for dei som att er, so dei kann få seg konor, når me hev svore ved Herren at me ikkje vil gjeva dei nokor av døtterne våre?»
8 So spurde dei att: «Var det nokon mann av Israels-folket som ikkje kom upp til Herren i Mispa?» Då fekk dei vita at frå Jabes i Gilead var ingen komen til lægret eller til møtet;
9 folket vart mynstra, og då synte det seg at ingen av Jabes-buarne frå Gilead var der.
10 So sende lyden tolv tusund stridsmenner dit, og sagde til deim: «Far av stad og hogg ned Jabes-buarne i Gilead med konor og born!
11 Høyr no kva de skal gjera: Kvar karmann, og kvar kvinna som hev vore nær nokon karmann og havt samlega med honom, skal de bannstøyta og rydja ut!»
12 Då fann dei millom Jabes-buarne i Gilead fire hundrad ungmøyar som aldri hadde vore nær nokon mann og havt samlega med honom, og deim tok dei med seg til lægret i Silo i Kana’ans-land.
13 Og heile lyden sende bod til Benjamins-sønerne som var på Rimmonshøgdi, og lova deim fred.
14 Då kom benjaminitarne att med ein gong, og Israels-mennerne let deim få dei kvinnorne som dei hadde spart etter av Jabes-folket i Gilead; men det rakk ikkje til for deim.
15 Og folket syrgde endå yver Benjamin; for Herren hadde hogge eit skard i Israels-folket.
16 Og styresmennerne for lyden sagde: «Kva skal me gjera for deim som att er, so dei kann få seg konor, sidan alle kvinnor i Benjamins-ætti er utrudde?
17 Dei som liver etter av Benjamin, skal få det som ætti hev ått,» sagde dei; «for ei ætt av Israel må ikkje ganga til grunnar.
18 Men me kann ikkje gjeva deim nokor av døtterne våre.» For Israels-sønerne hadde lyst ei våbøn, og sagt: «Forbanna vere den som gjev dotter si til ein benjaminit!»
19 «Men høyr no!» sagde dei: «År um anna held dei ei høgtid for Herren i Silo, som ligg nordanfor Betel, austanfor storvegen som ber frå Betel upp til Sikem, og sunnanfor Lebona.
20 Far dit», sagde dei til Benjamins-sønerne, «og legg dykk på lur i vinhagarne!
21 Når de då ser at Silo-møyarne kjem ut og trør dansen, skal de springa fram or vinhagarne og rana dykk kvar si kona millom Silo-møyarne, og so fara heim til Benjaminslandet!
22 Og når federne eller brørne deira kjem og kjærer seg for oss, so skal me segja til deim: «Unn oss desse møyarne! For me vann ikkje konor åt deim alle i striden. Og det er ikkje de som hev gjeve deim møyarne; elles hadde de no havt skuld på dykk.»»
23 Og Benjamins-sønerne gjorde so, og henta seg kvar si kona millom møyarne som dei rana på dansarvollen. So for dei heim att til odelslandet sitt, og bygde upp att byarne og vart buande der.
24 På same tid drog Israels-sønerne og burt derifrå, kvar til si bygd og si ætt; kvar for heim til sin odelsgard.
25 I dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar gjorde som han hadde hug til.