Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Amos

Amos

1. kapitlet

1 Ord av Amos, ein av hyrdingarne frå Tekoa, som han såg i sine syner um Israel i dei dagarne då Uzzia var konge i Juda og Jeroboam Joasson konge i Israel, tvo år fyre jordskjelven.

2 Han sagde: Herren burar frå Sion, frå Jerusalem gjallar hans mål. Då sturer dei hyrding-lider, og Karmels hovud vert svidd.

3 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Damask og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei Gilead treskte med sledar av jarn,

4 so sender eg eld mot Hazaels hus, han skal øyda Benhadads borger.

5 So bryt eg bommen til Damask og tyner Bikat-Avens folk og kongsstavmannen i Bet-Eden, og Aram skal drivast burt til Kir, segjer Herren.

6 So segjer Herren: For trifald misgjerning av Gaza og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei heile grender dreiv ut og gav deim i Edoms vald,

7 So sender eg eld mot Gazas mur, han skal øyda deira borger,

8 so tyner eg Asdods folk og Askalons kongsstavs-mann. Mot Ekron eg retter mi hand, slær filistarn’ til siste mann, segjer Herren, Herren.

9 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Tyrus, for firfald eg ikkje meg attrar. For di heile grender til Edom dei dreiv og ikkje på brødrabandet gav gaum,

10 so sender eg eld mot Tyrus-muren, han skal øyda deira borgar.

11 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Edom, for firfald eg ikkje meg attrar. For di han elte bror sin med sverd og kjøvde sin samhug, men vreiden jamt i han øydde, og han æveleg gøymde sin harm,

12 so sender eg eld imot Teman, han skal øyda Bosras borger.

13 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Ammons-borni og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei i Gilead konor med barn skar upp, då dei vilde auka sitt land,

14 So kveikjer eg eld i Rabbas mur, han skal øyda deira borger, medan herropet dunar i striden, og eit hardver på stormdagen blæs,

15 og i landlysing kongen skal gå, han sjølv med hovdingarn’ saman, segjer Herren.

2. kapitlet

1 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Moab, for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei brende beini åt Edom-kongen til kalk,

2 so sender eg eld imot Moab, han skal øyda Kerijots borgar. Og i ståket Moab skal døy, med hergny og luraljod skrell.

3 Domaren deira eg tynar, alle hovdingarn’ likeins eg drep, segjer Herren.

4 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Juda, for firfald eg ikkje meg attrar. Då dei vanvyrde Herrens lov og heldt ikkje bodordi hans, men let seg av lygn-gudar dåra, som federne fyrr hadde fylgt,

5 so sender eg eld imot Juda, han skal øyda Jerusalems borger.

6 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Israel og for firfald eg ikkje meg attrar. For sylv dei sel ein skuldlaus og ein arming for eit par skor,

7 dei som helst ser mold på ein stakkars hovud, og rengjer småfolks rett. Til same gjenta gjeng far og son til vanhelging for mitt heilage namn.

8 Og på pantsette klæde ved kvart eit altar dei ligg, og skadebots-vin dei drikk i huset til sin Gud.

9 Det var då eg som dreiv amoritarne frå deim, som høge som cedertre var, og sterke som eiker, men eg tynte alda i topp og roti i jord.

10 Det var eg som dykk førde frå Egyptarland og dykk leidde i villmarki fram gjenom fyrti år til å vinna Amorit-landet.

11 Eg vekte profetar av dykkar søner, naziræarar bland dykkar ungdomar. Er det ’kje so, de Israels-born? Segjer Herren.

12 Men de gav naziræaran’ vin, og baud profetarn’ og sagde: «Profetera ikkje!»

13 Sjå no skal eg lata det dynja under dykk som under ei full-lest kornvogn.

14 Og den rappe kjem ingen stad av, og den sterke fær ’kje bruka si magt, og kjempa skal ’kje berga sitt liv.

15 Mannen med bogen er magtlaus, og lett på fot kann ’kje berga seg, og mannen på hest skal ’kje berga sitt liv.

16 Hugdjervaste kjempa ho lyt naken røma på dagen den, segjer Herren.

3. kapitlet

1 Høyre dette ordet som Herren hev tala imot dykk, de Israels søner, mot heile den ætti som eg hev ført upp frå Egyptarland:

2 Dykk einast kannast ved av alle ætter på jordi. Difor eg heimsøkjer dykk for alt det vonde de hev gjort.

3 Gjeng tvo-eine saman tru, utan dei samstelte vart?

4 Tru løva burar i skogen utan eit rov det gjeld? Let ungløva høyra sitt mål, når i hola ho ligg, utan ho fengdi fekk?

5 Tru fuglen i snara på jordi fell, utan at snara er uppsett? Tru vel at glefsa sprett att, utan at noko sit fast?

6 Eller ljomar luren i by, utan at folket fær støkk? Eller hender ulukka i by, utan at Herren hev gjort det?

7 For ikkje gjer Herren, Herren nokon ting, utan han tenarom sine, profetom, forkynner si løynråd.

8 Når løva mun bura, kven må ikkje ræddast? Når han talar Herren, Herren, kven vert ikkje då profet?

9 Rope ut yver Asdod borger og yver borger i Egyptarland: «Dykk samle på Samariafjelli og sjå kor fælt eit ståk der er, og valdsverk som der råder!»

10 Dei hev ikkje vit på framferd rett, segjer Herren, dei som haugar valdsverk og tjon i borgerne sine i hop.

11 Difor, so segjer Herren, Herren: Fiendar herset ditt land. Di magt skal støytast i knas, dine borger plundrast.

12 So segjer Herren: Som hyrdingen friar frå løvegap eit par bein ell’ ein øyrelapp, so bergast dei skal, dei Israels-søner, som i Samaria sit i sofa-krå, på putebenk.

13 Høyr og vitna mot Jakobs hus! segjer Herren, Herren, allhers Gud:

14 Den dagen eg straffar Israel brot, då straffar eg Betels altar, og altarhorni vert hogne, og dei skal falla til jordi.

15 Eg vinterstova hogg ned, sumarstova med. Filsbeinssalar skal falla, og mange hus skal verta øydde, segjer Herren.

4. kapitlet

1 Det skal høyra på dette ordet, de Basans kyr, som er på Samariafjellet, de som piner dei små og dei arme mun slå, som segjer til dykkar herrar: «Lat oss få so me kann drikka!»

2 Herren, Herren, svor ved sin heilagdom: Sjå, dagar det koma skal yver dykk då med hakar dei hentar dykk fram og resten med krokar dreg upp.

3 Gjenom sprunger i muren fer det, ei um senn, og kastar gudarne burt, segjer Herren.

4 Kom til Betel og gjer synd, til Gilgal og synda enn meir; kvar morgon slagtoffer ber fram, kvar tridje dagen tiend,

5 Til takkoffer syra brød brenn, lys ut at de fri-offer gjer. For slikt mun de lika, de Israels born, segjer Herren, Herren.

6 Det var eg som let dykk i kvar ein by vanta maten i munn, brødløysa gav eg i kvar ein heim. Og De vende ’kje um til meg, segjer Herren.

7 Det var eg som heldt regnet attende tri månader fyre skurden. Eg gav regn til den eine byen, den andre byen fekk ingen ting. Den eine åkren fekk regn, og den åkren som ikkje fekk regn, han turka burt.

8 Og tvo, tri byar gjekk til ein by til ein vatsdrykk å få, og dei fekk ikkje nok. Men de vende ’kje um til meg, segjer Herren.

9 Kornet eg slo med sotbrand og rust, og hagarne mange og vinbergi og fike- og oljetrei. Deim åt grashoppen upp. Men de vende ’kje um til meg, segjer Herren.

10 Eg sende sotti på dykk liksom i Egypt. Eg drap dykkar gutar med sverd. Hestarn’ vart herfang. Eg let dykk illtev frå valen i nasarne få. Men de vende ’kje um til meg, segjer Herren.

11 Eg gjorde ein omstøyt ibland dykk, som då Gud støytte ned Sodoma og Gomorra. Og de vart som ein brand berga or eld. Men de vende ’kje um til meg, segjer Herren.

12 Difor gjer eg med deg, Israel, so. Sidan eg gjerne vil gjera so med deg, bu deg til å møta din Gud, Israel.

13 For sjå: Han som lagar fjelli og skaper vinden, og ein mann sine tankar fortel, og myrker bryt til morgonljos, han som stig på jordheims haugar - Herren, allhers drott, er namnet hans.

5. kapitlet

1 Høyr dette ordet som eg syng yver dykk, ein syrgjesong yver Israels hus:

2 «Ho falli er, ris aldri upp meir, den møy Israel; slengd til jord i sit eige land. Ingen reiser ho upp.»

3 For so segjer Herren, Herren: Ein by sender tusund ut, fær hundrad att, sender ho hundrad ut, fær tie att til Israels hus.

4 For so segjer Herren til Israels hus: Søk meg, so skal de liva!

5 Men aldri de søkje til Betel, til Gilgal aldri kom, og gakk ikkje til Be’erseba! For Gilgal burt skal førast, og Betel vert upp i tjon.

6 Søk Herren, so skal de liva! Elles kjem han som eld yver Josefs hus; det brenn, og ingen sløkkjer for Betel.

7 De som vender retten til malurt, og kastar rettferd til jord!

8 Han som skapte Sjustjerna og Orion, og gjer kolmyrkret til morgon, gjer dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut yver jordi - Herren er hans namn.

9 Han øyder dei sterke med sitt ljon, han øyder borgi den faste!

10 Dei hatar den som refser for retten, styggjest ved den som talar sanning.

11 Difor, då småfolk de trakkar ned og kornleiga driv av deim ut - vel hev de hogt stein og bygt hus, men de skal ikkje sjølv der bu. De hev fagre vinhagar stelt, men de skal ikkje drikka deira vin.

12 For eg veit um synderne dykkar so mange og misgjerder utan tal; de trykkjer den skuldlause, tek imot mutor, ein arming for retten de svik.

13 Difor tegjer den kloke i denne tid, for ei vond tid er det.

14 Legg vinn på godt og ikkje på vondt, so de kann liva. Då vera med dykk Herren, allhers Gud, som de hev sagt.

15 Hata vondt og elska godt, haldt retten uppe på tinget! Kann henda Herren, allhers Gud, då er nådig mot Josefs leivning.

16 Difor, so segjer Herren, allhers Gud, Herren: Det er liksong på alle torg, og på alle gator dei ropar: «Ai, ai!» Bonden dei bed til gravøl, og til liksong deim som kann kveda.

17 Frå kvar vinhage liksongar stig; for eg vil millom dykk ganga, segjer Herren.

18 Ai dykk som trår etter Herrens dag! Kva er han for dykk, Herrens dag? Han er myrker og ikkje ljos.

19 Som når du undan ei løva spring og møter ein bjørn, du kjem heim og styd handi mot veggen, og so bit deg ein orm.

20 Ja, ja, myrker er Herrens dag og ikkje ljos, dimleitt, han hev ingen glans.

21 Eg hatar og vanvyrder dykkar høgtider, eg hev ingen hugnad i dykkar stemnor,

22 ja, um de meg brennoffer gjev og grjonoffer, det hugar ikkje meg. Eg gjev ikkje på gjødkalve-offer gaum.

23 Lat meg vera i fred for din buldrande song, ditt harpespel lyder eg ’kje på.

24 Men lat rett velta fram som vatn, og rettferd som rennande bekk!

25 Bar De slagtoffer, grjonoffer til meg dei fyrti åri i øydemarki, du Israels hus?

26 Og bar det då Sukkot, dykkar konge, og Kijun, dykkar bilæte, dykkar gudestjerna, som de hadde gjort dykk?

27 Eg vil føra dykk av burtanfor Damaskus, segjer han som heiter Herren, allhers Gud.

6. kapitlet

1 Ai dykk som sit trygge på Sion, utan sut på Samarias berg, dei fremste i det gjævaste folk, som fær vitjing av Israels hus!

2 Drag burt til Kalne og sjå, og endå lenger, til Stor-Hamat fram, og stig ned til Gat i Filistarland! Er dei betre enn desse riki? Er deira land større enn dykkar?

3 De som vond-dagen set på dør og valdsmannen sessar på stol.

4 På filsbeins-sæte dei ligg, og late på pallen dei heng. Av fenaden lambi dei et, og gjødkalv-bingen gjev steik.

5 Dei sullar til harpe-slått liksom David dei lagar seg spel.

6 Av bollar drikk dei vin, og med dyraste olje seg salvar, dei sturar ikkje for Josefs skade.

7 Difor skal desse vera fremst i den landlyste flokken, og letings-sullen vert slutt.

8 Herren, Herren hev svore ved seg sjølv, segjer Herren, allhers Gud: Jakobs høgferd mislikar eg, eg hatar hans slott, og by og bol gjev eg upp.

9 Og um det so berre var tie mann att i eitt einaste hus, dei skal døy.

10 Og frenden og brennaren kjem til å bera beini or huset. Spør han so den som er inst inni huset: «Er det nokon att hjå deg?» Han svarar: «Nei,» so segjer han: «Hyss!» For ikkje må nemnast Herrens namn.

11 For sjå, Herren byd: det store huset skal skakast i knas, og det vesle til dess at det brest.

12 Tru hestarne spring i brattberg ikring, tru uksen på sjøen dreg plogen, sidan de til forgift brigdar retten og vender rettferd til malurt?

13 I heimløyser hev dei si frygd, dei kved: «Var me ikkje hæve, at me hev vunne oss velde?»

14 For sjå, eg reiser imot dykk, Israels hus, eit folk, segjer Herren, allhers Gud. Og det skal dykk slå, frå Hamats grensa til øydemarks å.

7. kapitlet

1 Soleis let Herren, Herren meg sjå: Det var ein som skapa grashoppar då håi for til og spratt, det var håi etter kongens slått.

2 Og då dei var ferdige reint med å eta upp grøda i landet, då sagde eg: «Herre, Herre, tilgjev! Kor gjeng det no med Jakob som liten er?»

3 Då angra Herren det. «Det skal ikkje henda,» sagde Herren.

4 Soleis let Herren, Herren, meg sjå: Til straffar kalla han elden fram, Herren, Herren, og han åt det store djupet han nærpå åt åkerlandet med.

5 Då sagde eg: «Herre, Herre, haldt upp! Kor gjeng det med Jakob som liten er?»

6 Då angra Herren det. «Ikkje dette heller skal henda», sagde Herren, Herren.

7 Soleis let han meg sjå: Eg såg Herren standa på ein loddmur med blylodd i handi.

8 Og Herren sagde til meg: «Kva er det, Amos, du ser?» Og eg svara: «Eit blylodd.» Og Herren sagde: «Ja, eg skal loddet bruka millom mitt folk Israel. Ikkje vil eg meir spara det no.

9 Isaks haugar skal tynast, og Israels heilagdomar herjast, mot Jeroboams hus eg ris upp med sverd.»

10 Men Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, Israels-kongen, med sovorne ord: «Amos emnar på uppreist imot deg midt i Israels hus. Landet kann ikkje greida all røda hans.

11 For soleis talar Amos: «Jeroboam skal døy for sverd, og Israel førast burt frå sitt land.»»

12 Og Amasja sagde til Amos: «Du sjåar, burt med deg! Far din veg til Judalandet! Der kann du tena ditt brød, og der kann du vera profet!

13 I Betel skal du ikkje driva lenger som profet, for det er kongeleg heilagdom og rikstempel her.»

14 Då svara Amos Amasja so: «Ikkje er eg profet, og ikkje profetsvein, ein hyrding er eg, og steller med morbærtre.

15 Men Herren tok meg burt frå hjordi, og Herren sagde til meg: «Gakk og ver profet for mitt folk Israel!»

16 Og no skal du høyra ordet frå Herren. So segjer du: «Ver ikkje profet for Israel. Og ikkje du preike mot Isaks hus!»

17 Difor so talar Herren: Di kona vert skjøkja i byen, dine søner og døtter skal falla for sverd, med mælesnor vert gjordet ditt bytt, du sjølv i eit ureint land skal døy, og Israel førast burt frå sitt land.»

8. kapitlet

1 Soleis let Herren, Herren meg sjå: Der stod ei korg med mogi frukt.

2 Og han sagde: «Kva er det du ser, Amos?» Eg svara: «Ei korg med mogi frukt.» Og Herren sagde: «Haust-moge er mitt folk Israel. Eg vil ’kje bera yver med det meir.

3 Og slotts-songarn’ yling vert på dagen den,» segjer Herren, Herren. Lik er i mengd kvar ein stad stilt slengde av.

4 Høyr dette, de som snikjer etter fatigmann, de som tynar småfolk i landet,

5 De som segjer: «Når er nymåne-helgi slutt, so me kann få kornet vårt selja, og sabbaten, so me inn i kornburet slepp og kann minka vårt mål og auka vår pris og driva fusk med vegti,

6 Og armingen kjøpa for gull og stakaren for eit par skor, og so lata deim lettkornet få?»

7 Ved Jakobs byrgskap Herren svor: Aldri skal alt dykkar verk verta gløymt.

8 Skulde ’kje for slikt då skjelva jordi og heile mannheimen syrgja, og reint gå i flaum som Nilen, stiga og falla som Egyptarelvi?

9 Og det hender på dagen den, segjer Herren, Herren, ved høgstdags bil let eg sol gå ned, og jordi skal myrkna på ljosan dag.

10 Dykkar helgar eg vendar til sorg, alle visor til syrgjesongar. Og sekk eg sveipar um kvar ei lend, gjer fleinskallut kvar ein haus, veld sorg som for einaste barn, gjer enden til ein uheils dag.

11 Sjå, dagar det koma skal, segjer Herren, Herren, då eg sender hunger i landet, ikkje hunger etter brød, ikkje torste etter vatn, men etter å høyra Herrens ord.

12 Og dei fer ifrå hav til hav, og dei sviv ifrå nord til aust, og dei leitar etter Herrens ord, men dei finn det ikkje.

13 På den dagen skal fagre møyar og unge menn av torsten tynast,

14 Dei som sver ved Samarias synd, og som segjer: «So sant din Gud liver, Dan, og so sant Be’ersebas vis liver.» Dei sig ned og ris aldri upp meir.

9. kapitlet

1 Ved alteret såg eg at Herren stod. Han sagde: Støyt til stolpen, so gåtterne skrell, lat det ramla nedyver kvar ein haus. Eg let deim som att er falla for sverd, ingen skal koma seg av, berga seg skal ikkje ein.

2 Bryt dei seg inn i helheim, mi hand tek deim derifrå ut, stig dei til himmelen upp, derifrå driv eg deim ned.

3 Um dei gøymer seg burt på Karmels topp, eg finn deim og hentar deim heim. Um frå augo mine dei løyner seg av på havsens botn, derifrå byd eg ormen fram, og han skal deim bita.

4 Um dei ver burtførde fangar under fiendehand, der skal eg bjoda sverd at det skal deim slå og augo mitt på deim skal sjå ilt og aldri mildt.

5 Herren, Allhers-Herren, han rører jordi so ho brånar, og heile mannheimen syrgjer, når all jordi stig som Nilen og fell som Egyptarelvi.

6 Han hev i himlom sine høgsalar bygt, yver jordi reist sin kvelv. Han kallar vatnet or hav og auser det ned yver jord. Herren er hans namn.

7 Er de meir for meg enn kusitarne, de Israels born? segjer Herren. Hev eg ikkje ført Israel frå Egypt, filistaran’ frå Kaftor, og syraran’ frå Kir?

8 Sjå augo til Herren, Herren ser ned på dette syndsens rike: Eg øyder deim burt frå mannaheim; men ikkje heilt eg øydar Jakobs hus, segjer Herren.

9 For sjå, eg sender ut bod: Eg Israels hus millom folki skjek, liksom du ristar eit såld, og ikkje eit korn på bakken fell.

10 Men for sverd skal døy kvar syndarar i mitt folk som kved: «Aldri oss skal ulukka koma og slå.»

11 På dagen den vil eg reisa upp att Davids nedfalne hytta og sprungorne tetta og att-stødor lyfta, byggja upp som i fordoms tid,

12 for at dei skal erva det som av Edom er att, og alle dei folk som kallast med mitt namn, segjer Herren som fullfører dette.

13 Ja, dagar dei koma skal, segjer Herren, då pløgjaren skurdmannen når; den som vindruvor tred, ser mannen som sår, på fjellom dryp det med saft, etter bakkom bekkjerne renn.

14 Og eg lagnaden snur for mitt folk Israel. Dei skal øydegardar byggja og bu der sjølv, dei skal vinberg planta og drikka deira vin, de skal stella seg hagar og eta deira frukt.

15 Eg let deim bu i sitt land, og dei skal ikkje meir rivast upp frå sin heim, som eg deim gav, segjer Herren, din Gud.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021