Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Andre Kongebok

Andre Kongebok

1. kapitlet

1 Etter Ahab var dåen, reiv Moab seg laus frå Israel.

2 Ahazja låg sjuk, av di han hadde dotte ned millom handridet på loftstova si i Samaria. Han gjorde då av stad ei sendeferd og baud deim fara av og spyrja Ekronguden Ba’al-Zebub um han skulde koma seg av denne sjukdomen.

3 Herrens engel sagde då til Elia frå Tisbe: «Gakk til møtes med sendeferdi frå Samaria og seg med deim: «Finst det ingen Gud i Israel, sidan de fer av og fretter Ekronguden Ba’al-Zebub?

4 Difor, so segjer Herren: «Or sengi du er lagt i, skal du ikkje koma upp att; du skal døy.»»» Og Elia gjekk.

5 Sendeferdi snudde dermed heim att til kongen. Han spurde: «Kvifor kjem de att?»

6 Dei svara: «Det kom ein mann til møtes med oss. «Snu heim att til kongen som sende dykk,» sagde han, «og meld honom at so segjer Herren: «Finst det ingen Gud i Israel, sidan du sender bod og fretter Ekronguden Ba’al-Zebub? Difor, or sengi du er lagd i, skal du ikkje koma upp att; du skal døy.»»»

7 Kongen spurde: «Korleis såg han ut, den mannen som møtte dykk og tale soleis med dykk?»

8 «Han gjekk med hårkyrtel,» svara dei, «og hadde lerbelte kring livet.» «Det var Elia frå Tisbe,» sagde han.

9 So sende han ein femtimanns-førar med sine femti mann til honom. Han kom upp til honom der han sat øvst på fjellet, og ropa til honom: «Du gudsmann, kongen byd deg koma ned!»

10 Elia svara femtimanns-føraren: «So sant eg er ein gudsmann, so fare eld ned frå himmelen og øyde deg og dine femti mann!» Og det for ned eld frå himmelen og øydde både honom og dei femti han førde.

11 So sende han til honom ein annan femtimanns-førar med sine femti mann. Han tok til ords og sagde til honom: «Du gudsmann, so segjer kongen: «Kom ned snøggast du kann!»»

12 Elia svara: «So sant som eg er ein gudsmann, so fare eld ned frå himmelen og øyde deg og dine femti mann!» Det for då ned eld frå himmelen og øydde både honom og dei femti mann han førde.

13 Då sende han ein tridje femtimanns-førar med femti mann til. Denne tridje femtimanns-føraren drog upp og fall på kne for Elia og naudbad honom: «Du gudsmann! lat mitt liv og livet åt desse femti tenarane dine vera dyrt i dine augo!

14 Du veit at eld for ned frå himmelen og øydde båe dei fyrre førarane og deira femtimanns-tropp. Haldt no mitt liv dyrt!»

15 Då sagde Herrens engel til Elia: «Gakk med honom! Ver ikkje rædd for honom!» So stod han upp og gjekk med honom til kongen.

16 Og sagde til honom: «So segjer Herren: «Av di du gjorde av stad ei sendeferd til å fretta Ekronguden Ba’al-Zebub - nett som det ingen Gud vore i Israel til å spyrja um det - difor skal du ikkje koma upp or sengi du er lagd i; du skal døy!»»

17 Og han døydde so som Herren tala ved Elia. Og Joram vart konge etter honom; for han hadde ingen son. Dette hende i andre styringsåret åt Juda-kongen Joram Josafatsson.

18 Det som elles er å fortelja um Ahazja, det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

2. kapitlet

1 Den gongen Herren tok Elia upp til himmelen i ein storm, skulde Elia og Elisa på utferd frå Gilgal.

2 Elia sagde med Elisa: «Ver du her! Herren hev sendt meg til Betel.» Men Elisa svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So for dei ned til Betel.

3 Profetsveinarne i Betel møtte Elisa: «Veit du det,» sagde dei, «at i dag tek Herren husbonden din ifrå deg?» «Ja, eg veit det,» svara han; «de tarv ikkje nemna det.»

4 Elia sagde med honom: «Elisa, ver du her! Herren hev sendt meg til Jeriko.» Men han svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So kom dei til Jeriko.

5 Profetsveinarne i Jeriko gjekk fram til Elisa: «Veit du det,» sagde dei, «at i dag tek Herren husbonden din ifrå deg?» «Ja, vel veit eg det,» svara han; «det tarv ikkje nemna det.»

6 Elia sagde med honom: «Ver du her! Herren hev sendt meg til Jordan.» Men han svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So gjekk dei båe tvo.

7 Femti av profetsveinarne fylgde, og stod eit godt stykke undan, medan dei tvo stod attmed Jordan.

8 Elia tok kappa si, sveipte henne i hop og slo på vatnet. Då kløyvde det seg til båe kanter, so dei gjekk båe yver på turre botnen.

9 Då dei var komne yver, sagde Elias med Elisa: «Kva ynskjer du eg skal gjera for deg fyrr eg vert teken ifrå deg?» Elisa sagde: «Gjev ein dubbel lut av di ånd må falla på meg!»

10 «Det var eit storfelt ynskje,» svara han; «men fær du sjå meg medan eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»

11 Medan dei so heldt fram og talast ved, skimta det fram ei eldvogn med eldhestar og skilde deim frå einannan. Og so for Elia i stormveret upp til himmelen.

12 Elisa stod og såg på, og han ropa: «Far! far! du Israels vogner og riddarar!» So såg han ikkje meir til honom. Og han tok i klædi sine og reiv deim midt i tvo.

13 So tok han upp kappa åt Elia, som hadde falle av honom, snudde so og gjekk ned til elvebarden ved Jordan.

14 Han tok kappa åt Elia, som hadde falle av honom, og slo på vatnet med dei ordi: «Kvar er no Herren, Elias Gud?» Med same han slo på vatnet, kløyvde det seg til båe kanter, og Elisa gjekk yver.

15 Då profetsveinarne frå Jeriko såg dette langt undan, sagde dei: «Elias ånd kviler yver Elisa.» Dei kom imot honom og lagde seg å gruve for honom.

16 So sagde dei med honom: «Millom tenarane dine finn du femti sterke karar; lat deim ganga ut og leita etter herren din! Kann henda hev Herrens Ande lyft honom upp og slept honom på eitkvart fjellet eller i einkvar dalen.» Han svara: «De skal ingen senda ut.»

17 Men dei naudbad honom so lenge at han vart leid av det: «Send deim ut då!» sagde han. Dei sende ut femti mann, og dei leita i tri dagar, men fann honom ikkje.

18 Då dei kom att til honom - han heldt seg endå i Jeriko - so sagde han til deim: «Det var det eg sagde med dykk, at de skulde ikkje ganga ut.»

19 Byfolki og sagde til Elisa: «Denne byen ligg lageleg til, som du herre ser. Men vatnet er vondt, og landet lid av fosterskot.»

20 Han svara deim: «Gjev meg ei ny skål, og legg salt i henne!» Dei so gjorde.

21 Gjekk han so ut til uppkoma og kasta saltet nedi med dei ordi: «So segjer Herren: «Eg gjer dette vatnet friskt, so det aldri meir skal valda daude og fosterskot.»»

22 Og vatnet vart friskt, og er det den dag i dag, soleis som Elisa hadde sagt.

23 Derifrå drog han upp til Betel. På vegen dit upp, kom nokre smågutar ut or byen og tok til å hæda honom og kalla honom: «Upp med deg, du snaudskalle! Upp med deg, du snaudskalle!»

24 Han såg seg ikring. Og då han vart var deim, lyste han våbøn yver deim i Herrens namn. Tvo binnor kom då ut or skogen og reiv sund tvo og fyrti av borni.

25 Derifrå gjekk han til Karmelfjellet, og derifrå attende til Samaria.

3. kapitlet

1 Joram Ahabsson vart konge yver Israel i Samaria i det attande styringsåret åt Juda-kongen Josafat. Han var konge i tolv år.

2 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, men endå ikkje soleis som far og mor hans. Han fekk burt Ba’als-sula som far hans hadde sett upp.

3 Men han heldt fast på synderne åt Jerobeam Nebatsson, som han hadde fenge Israel til å gjera, deim gav han ikkje upp.

4 Moabs-kongen Mesa åtte so mykje fe. I skatt til Israels-kongen hadde han svara hundrad tusund lamb og ulli av hundrad tusund verar.

5 Men då Ahab døydde, sagde Moabs-kongen seg laus frå Israels-kongen.

6 På timen drog kong Joram ut or Samaria og mynstra heile Israels-heren.

7 Og so sende han bod til Juda-kongen Josafat med dei ordi: «Moabs-kongen hev sagt seg laus frå meg; vil du fara med meg og føra krig Moab?» «Ja,» svara han, «eg skal fara med, eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

8 Han spurde: «Kva veg skal me fara?» «Yver Edomheidarne,» svara han.

9 Gav dei seg so i veg, Israels-kongen og Juda-kongen og Edom-kongen. Men då dei hadde fare sju dagsferder, vanta dei vatn til heren og til dyri som fulgde etter.

10 «Å du, å du!» sagde Israels-kongen, «no hev Herren stemnt i hop desse tri kongarne til å gjeva deim i henderne på moabitarne.»

11 «Finst det ingen Herrens profet her?» sagde Josafat, «so me kann spyrja Herren gjenom honom!» Ein av tenarane åt Israels-kongen svara: «Jau, Elisa Safatsson er her, han som helte vatn yver henderne åt Elia.»

12 «I hans eige er Herrens ord,» sagde Josafat. Gjekk dei so ned til honom, Israels-kongen og Josafat og Edom-kongen.

13 Men Elisa svara Israels-kongen: «Kva vil du meg? Gakk du til profetarne åt far din og profeterne åt mor di!» «Seg ikkje so!» svara Israels-kongen; «du skyner Herren hev stemnt i hop desse tri kongarne til å gjeva deim i henderne på Moab.»

14 Då svara Elisa: «So sant Herren, allhers drott, liver, han som eg tener: hadde det ikkje vore for Juda-kongen Josafat skuld, nei menn um eg vilde anten vyrda eller varast deg.

15 Men no kann du henta ein harpespelar åt meg.» Då harpespelaren leika på harpa, kom Herrens Ande yver honom,

16 Og han sagde: «So segjer Herren: «Grav grop på grop i denne dalen!

17 For so segjer Herren: Ikkje ser de vind, og ikkje ser de regn; men denne dalen vert full av vatn; sjølve fær de drikka, og heren dykkar og dyri dykkar.

18 Men dette tykkjest Herren for lite; difor vil han gjeva Moab i dykkar hand.

19 Alle faste byar og kvar storby skal de taka; kvart aldetre skal de fella, kvar ei uppkoma skal de kasta att, kvar grøderik åker skal de tyna med stein.»»

20 Andre morgonen, den tid dei bar fram grjonofferet, kom det vatn frå Edom-leitet, og landet vart fullt av vatn.

21 Då alle moabitarne frette at kongarne drog i krig mot deim, baud dei ut alle våpnføre folk og vel so det, og fylkte seg attmed landskilet.

22 Tidleg um morgonen då soli rann og skein på vatnet, tykte moabitarne frå sin synsstad, at vatnet såg ut som blod.

23 «Det er blod!» ropa dei; «det er tydelegt at kongarne hev tynt kvarandre i strid innbyrdes! No er herfang å få, moabitar!»

24 Då dei kom til Israels-lægret, ruste israelitarne på og slo moabitarne, so dei tok til rømings. So fall dei inn i Moabiterlandet og slo deim heilt.

25 Byarne braut dei ned, på alle dei grøderike åkrarne kasta dei kvar sin stein og steina deim ned, kvar ei uppkoma kasta dei att, kvart eit aldetre felte dei, til dess ikkje anna var att enn steinmurarne i Kir-Hareset; og det kringsette slyngjekastarane og skaut på det.

26 Då Moab-kongen såg at han ikkje kunde standa seg i striden, tok han sju hundrad mann våpnføre mann med seg og vilde slå seg igjenom fram til Edom-kongen. Men det mislukkast.

27 Då tok han fyrstefødde son sin som skulde verta konge i staden hans, og ofra honom på muren til brennoffer. Og ein stor harm råka Israel, so dei laut brjota upp derifrå og snu heim att.

4. kapitlet

1 Ei kvinna som var gift med ein profetsvein, ropa til Elisa: «Mannen min, tenaren din er dåen. Du veit sjølv att han har age for Herren. No kjem kravsmannen og vil taka båe sønerne mine til trælar.»

2 Elisa svara til henne: «Kva kann eg gjera for deg? Seg meg, kva du hev i huset?» Ho svara: «Ingenting hev tenestkvinna di i huset anna ei krus med olje.»

3 Då sagde han: «Gakk ut til alle grannarne dine og få lånt deg kaggar, tome kaggar, di fleire di betre!

4 Gakk so inn, steng døri etter deg og sønerne dine, slå i alle desse kaggarne, og ber deim burt etter kvart dei vert fulle!»

5 Gjekk ho då frå honom, og stengde døri etter seg og sønerne sine; dei bar fram, og ho slo i.

6 Då kaggarne var fyllte, bad ho son sin koma med endå ein. «Her er ikkje fleire,» svara han. Då traut oljen.

7 Ho kom og melde til gudsmannen. «No kann du selja oljen,» sagde han, «og greida skuldi di, og resten kann du og sønerne dine liva av.»

8 Det bar so til ein dag at Elisa kom yver til Sunem. Der var ei velhaldi kona, som endeleg vilde gjeva honom mat; kvar gong han sidan kom den vegen, tok han inn der og fekk seg mat.

9 Ein gong sagde ho med mannen sin: «Sjå, eg skynar at han er ein heilag gudsmann, han som jamt kjem hit til oss.

10 Å, lat oss mura upp ei liti loftstova og setja inn til honom der seng og bord og stol og ljosestake, so han kann taka inn der når han kjem til oss.»

11 Ein dag kom han dit og tok inn i loftstova og lagde seg der.

12 Han sagde til Gehazi, drengen sin: «Ropa på Sunems-kona!» Han so gjorde, og ho kom upp.

13 Han hadde sagt til honom: «Seg med henne: «Du hev no havt all denne umsuti for oss; kva kann då me gjera for deg? Hev du nokor sak eg kann tala for kongen eller herføraren?»» «Nei,» svara ho, «eg bur midt millom folket mitt eige.»

14 «Kva kann me gjera for henne?» spurde Elisa. «Å jau,» svara Gehazi, «ho hev ingen son, og mannen hennar er gamall.»

15 «Ropa på henne!» sagde han. Han so gjorde, og ho kom i døri.

16 Då sagde Elisa: «Næste år dette bil skal du hava ein son på fanget.» Ho svara: «Å nei, gode herre og gudsmann! du må ikkje ljuga for tenestkvinna di.»

17 Men kona vart med barn, og åtte ein son på nyåret nett det bilet som Elisa hadde sagt med henne.

18 Då guten vart større, hadde han ein dag gjenge ut til far sin millom skurdfolket.

19 Der tok han til å klaga seg for far sin: «Hovudet mitt! Hovudet mitt!» «Ber honom til mori!» sagde faren til drengen sin.

20 Han tok og bar honom heim til mori. Han sat på fanget hennar til middagsleite; då slokna han.

21 Ho gjekk upp og lagde honom på sengi åt gudsmannen, stengde att og gjekk.

22 So ropa ho på mannen sin: «Send ein av drengjerne med ei av asnorne,» sagde ho, «so vil eg snøggast fara åt gudsmannen og straks koma heim att.»

23 «Kvifor vil du fara åt honom i dag?» spurde han; «det er korkje nymåne eller kviledag.» «Det er det same,» svara ho.

24 So sala ho asna og baud drengen sin: «Driv på i eino! Heft meg ikkje burt på vegen! eg skal segja til når eg vil stana.»

25 So gav ho seg i veg og kom til gudsmannen på Karmelfjellet. Då gudsmannen gådde henne eit stykke burte, sagde han med Gehazi, drengen sin: «Sjå der kjem Sunems-kona!

26 Spring til møtes med henne og spør henne: «Stend det vel til med deg? Stend det vel til med mannen din? Stend det vel til med vesleguten?»» Ho svara: «Ja, det gjer det.»

27 Men då ho kom upp på fjellet til gudsmannen, tok ho um føterne hans. Gehazi for fram og vilde skuva henne burt. Men gudsmannen sagde: «Lat henne vera! Ho hev ei stor sorg. Herren hev løynt for meg kva det er, og ikkje kunngjort meg det.»

28 Då sagde ho: «Var det eg som bad deg, herre, um ein son? Bad eg deg ikkje di meir, at du ikkje skulde ljuga for meg?»

29 Han baud då Gehazi: «Gjer deg reidug, tak staven min i handi, og gakk av stad. Um einkvan møter deg, so helsa ikkje på honom! um einkvan helsar på deg, so svara honom ikkje! Og legg so staven på andlitet til vesleguten!»

30 Men mori heldt fram: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg slepper deg ikkje!» So stod han upp og fylgde henne.

31 Gehazi hadde fare i fyrevegen og hadde lagt staven på andlitet til vesleguten; men ingen ljod, inkje teikn til liv! Gjekk han då attende til møtes med Elisa, og fortalde at guten vakna ikkje.

32 Då Elisa kom inn i huset, fekk han sjå guten låg lik på sengi hans.

33 Han gjekk inn, stengde døri og bad til Herren.

34 So steig han upp og lagde seg yver guten, med sin munn mot hans munn, med sine augo mot hans augo, og med sine hender mot hans hender. Med han soleis bøygde seg yver honom, vart gutekroppen varm.

35 So gjekk han endå ein gong att og fram yver golvet, og då han so steig upp og bøygde seg yver honom, so naus guten sju gonger, og slo upp augo.

36 Han ropa på Gehazi: «Ropa på Sunems-kona!» sagde han. Han so gjorde. Ho kom upp. «Der skal du få guten din,» sagde han.

37 Ho gjekk inn, fall ned for føterne hans og lagde seg å gruve på golvet, tok so guten sin og gjekk.

38 Elisa kom att til Gilgal medan det var svolt i landet. Med han sit der millom profetsveinarne, segjer han med drengen sin: «Set den store gryta, og koka velling åt profetsveinarne!»

39 Ein av deim gjekk då ut på marki og sanka urter. Han fann ein vild-vindel og sanka av honom ville agurkar, kappa full. Då han kom inn, skar han deim upp i småskivor uppi gryta, han visste ikkje betre.

40 So auste dei upp åt kararne, so dei fekk eta. Men då dei tok til og åt av vellingen, skreik dei upp og ropa: «Dauden er i gryta, du gudsmann!» Og dei kunde ikkje eta.

41 «Kom med mjøl!» sagde han, og då han hadde havt det upp i gryta, baud han deim: «Aus upp åt folket, so dei fær eta!» Og då var det ikkje vondt i gryta.

42 Det kom ein mann frå Ba’al-Salisa med fyrstegrøda åt gudsmannen; tjuge byggbrød og nyhausta korn hadde han i posen sin. «Gjev folki å eta!» sagde han.

43 «Kor kann eg setja fram dette åt hundrad mann?» spurde tenaren. «Gjev folki å eta!» svara han; «Herren segjer: «Dei skal eta og endå leiva.»»

44 Og han sette det fram for deim, og dei åt, og dei leivde endå noko, so som Herren hadde sagt.

5. kapitlet

1 Na’aman heitte ein herførar hjå syrarkongen. Han hadde mykje å segja hjå herren sin og var høgvyrd av alle; for med han førde syrarane, hadde Herren hadde gjeve deim siger. Mannen var ei stor stridskjempa, men spillsjuk.

2 Ein gong på herjeferd i Israelslandet hadde syrarane millom krigsfangarne teke ei liti gjenta; og ho kom i teneste hjå kona åt Na’aman.

3 Ho sagde med matmor si: «Å gjev husbonden min var hjå profeten i Samaria! So skulde han nok skilja honom med spillsykja.»

4 Han gjekk til kongen og fortalde: «So og so hev gjenta frå Israelslandet sagt.»

5 Syrarkongen svara: «Far du! So skal eg senda brev med deg til Israels-kongen.» So for han og tok med seg ti talent sylv og seks tusund lodd gull og ti festklædningar.

6 Han bar brevet fram til Israels-kongen. Der stod det: «- - Og no når du fær dette brevet, skal du vita at eg sender Na’aman, tenaren min, til deg, og du skal skilja honom av med spillsykja hans.»

7 Då Israels-kongen las brevet, reiv han sund klædi sine og ropa: «Tru eg er Gud, so eg hev magt yver daude og liv, sidan han skriv til meg at eg skal skilja ein mann med spillsykja hans? De kann då skyna og sjå at han vil berre egla seg innpå meg!»

8 Då gudsmannen Elisa spurde at Israels-kongen hadde rive sund klædi sine, sende han bod til kongen med dei ordi: «Kvifor reiv du sund klædi dine? Lat honom koma til meg, so skal han få vita at det finst ein profet i Israel.»

9 Na’aman kom med hestar og vogni, og stana utanfor husdøri åt Elisa.

10 Elisa sende bod ut til honom med dei ordi: «Far av og lauga deg sju gonger i Jordan, so skal kroppen din verta like god att, so du vert rein.»

11 Na’aman vart harm, og for sin veg. «Eg tenkte han vilde koma ut til meg sjølv,» sagde han, «og stiga fram og ropa til Herren, sin Gud, og strjuka med handi yver den sjuke staden og soleis skilja meg av med spillsykja.

12 Tru ikkje Damaskus-elvarne Abana og Parpar er likare enn alt vatnet i Israel? Tru eg ikkje likso godt kunde verta rein med å lauga meg i deim?» Og han snudde, og for heim i sinne.

13 Men tenarane hans gjekk fram og tala med honom: «Du far! Hadde profeten lagt på deg ein vanskeleg ting, vilde du då ikkje gjort det? Kor mykje meir når han berre segjer til deg: «Lauga deg, so vert du rein.»»

14 Då for han ned og dukka seg i Jordan sju gonger, so som gudsmannen hadde sagt. Kroppen hans vart like god att, frisk som ein liten barnekropp; han vart rein.

15 Då snudde han attende til gudsmannen, han og heile fylgjet han. Han kom inn til honom og sagde: «Sjå no hev eg røynt at det er ingen Gud på heile jordi utan i Israel. Tak no imot ei gåva av meg, tenaren din.»

16 Han svara: «So sant Herren liver, han som eg tener: eg tek ikkje imot.» Han naudbad honom å taka imot; men han vilde ikkje.

17 Då sagde Na’aman: «Sidan du ikkje vil, so gjev meg so mykje mold som eit par muldyr kann bera; for no vil eg ikkje meir ofra brennoffer eller slagtoffer til andre gudar, men berre til Herren.

18 Men ein ting må Herren tilgjeva meg: Når herren min gjeng inn i Rimmons-templet og bøygjer seg ned og bed der, og eg lyt fylgja honom, og eg og bøygjer meg ned i Rimmons-templet samstundes som han gjer det - må då Herren tilgjeva tenaren din dette!»

19 Han svara: «Far i fred!» Og han for frå honom eit stykke veg.

20 Då tenkte Gehazi, drengen åt gudsmannen Elisa: «No hev husbond spart denne syraren Na’aman og ikkje teke imot det han hadde med seg. So sant Herren liver, eg spring etter honom og fær honom til gjeva meg eitkvart.»

21 Gehazi sette etter Na’aman. Då Na’aman ser ein koma springande etter, hoppar han ut or vogni, og gjeng imot honom og ropar: «Er noko på ferd?»

22 «Nei,» svarar han, «men husbond sender meg med dette bodet: Nett no kom det til meg tvo unge profetsveinar frå Efraimsheidi. Å, gjev deim eit talent sylv og tvo festklædningar!»

23 Na’aman svara: «Gjer vel og tak imot tvo talent.» Han nøydde han, og knytte tvo talent sylv inn i tvo pungar, og tok tvo festklædningar og gav tvo av tenarane sine, og dei bar deim fyre honom.

24 Men då dei kom til haugen, tok han det frå deim. Han gøymde det i huset og let kararne ganga sin veg.

25 Då han kom inn til husbonden sin, spurde Elisa honom: «Kvar kjem du ifrå, Gehazi?» Han svara: «Ingen stad hev tenaren din vore.»

26 Då sagde han: «Tru eg ikkje fylgde deg i åndi då ein mann snudde seg frå vogni og møtte deg? Er det no tid å taka imot sylv og få seg klæde og oljetre og vinhagar og sauer og bufe og tenarar og ternor?

27 Spillsykja hans Na’aman skal koma yver deg og ætti di for alle tider.» Og han gjekk ut frå honom, spillsjuk og kvit som snø.

6. kapitlet

1 Profetsveinarne sagde med Elisa: «Romet der me sit for di åsyn, er for lite oss.

2 Lat oss då få lov å ganga til Jordan og henta kvar sin timberstokk, so vil me byggja oss rom der me kann sitja.» «Ja, gakk de!» svara han.

3 Ein av deim bad honom: «Å, gjer vel og fylg med tenarane dine!» «Eg skal so,» sagde han.

4 Han fylgde deim. Då dei kom til Jordan, tok dei til å hogga ned trei.

5 Med ein holdt på å fella ein stokk, datt øksi i vatnet. Han skreik upp: «Å, herre! Det var lånegods!»

6 «Kvar datt ho?» spurde gudsmannen. Dei synte honom staden. Han skar av ei grein og kasta henne dit. Då fekk han øksi til å fljota upp.

7 «Tak henne!» sagde han. Og han rette ut handi og tok henne.

8 Syrarkongen låg den tid i ufred med Israel. Når han samråddest med mennerne sine og lagde yver: «Der og der vil eg lægra meg,»

9 so sende gudsmannen det bodet til Israels-kongen: «Tak deg i vare for å fara den vegen! for der for syrarane ned.»

10 Når so Israels-kongen sende folk til den staden som gudsmannen hadde peika ut og vara honom for, so tok han seg i vare nett der. Dette hende ikkje berre ein og tvo gonger.

11 Av dette kom syrarkongen radt i egse. Han kalla i hop mennerne sine og spurde deim: «Kann de ikkje segja meg kven det er av våre folk som held med Israels-kongen?»

12 Ein av mennerne svara: «Nei, herre konge! Det er profeten Elisa i Israel som segjer Israels-kongen dei ting du talar i sengkammerset ditt.»

13 Då sagde han: «Få greida på kvar han heldt seg, so skal eg senda folk og gripa honom.» Dei melde honom: «Han held seg i Dotan.»

14 Dit sende han so hestar og vogner og ein stor herstyrke. Dei kom ved natteti og kringsette byen.

15 Då tenaren åt gudsmannen reis upp og gjekk ut tidleg næste morgon, fekk han sjå ein herstyrke med hestar og vogner lægra kring byen. Drengen sagde då til honom: «Ai, ei, herre! Kva skal me gjera?»

16 «Ver ikkje rædd!» svara han; «det er fleire med oss enn med deim.»

17 Og Elisa bad og sagde: «Herre, lat upp augo hans, so han kann sjå!» Herren let upp augo på guten, og han fekk sjå fjellet fullt av eldhestar og eldvogner rundt ikring Elisa.

18 Då dei so gjekk ned, bad Elisa til Herren: «Å, slå dette folket med blindskap!» Og Herren slo deim med blindskap, so som Elisa hadde sagt.

19 Elisa sagde då til deim: «Dette er ikkje rette vegen, detter er ikkje rette byen! fylg meg, so skal eg føra dykk til den mannen de leitar etter.» So førde han deim til Samaria.

20 Då dei so var komne inn i Samaria, bad Elisa: «Herre, lat upp augo på desse, og lat deim sjå!» Herren let upp augo deira, og dei gådde at dei var midt inni Samaria.

21 Då Israels-kongen såg deim, sagde han til Elisa: «Skal eg hogga ned, hogga ned, far?»

22 «Nei,» svara han, «det skal du ikkje; plar du hogga ned deim du fangar med sverd eller boge? Set fram åt deim mat og drikka, lat deim eta og drikka, og lat deim so fara attende til herren sin!»

23 Han kosta på deim eit stort gjestebod; og då dei hadde ete og drukke, let han deim ganga. Og dei for attende til herren sin. Sidan kom det ikkje fleire syriske herjeflokkar inn i Israelslandet.

24 No hende de seg sidan at Benhadad, syrarkongen, stemnde saman heile heren sin og drog upp og kringsette Samaria.

25 Medan dei kringsette byen, vart det so stor hunger i Samaria, at eit asenhovud kosta til sist åtteti sylvdalar, og fjordeparten av ei kanna med duvemøk fem sylvdalar.

26 Ein dag Israels-kongen gjekk ikring på muren, var det ei kvinna som ropa på honom: «Hjelp, herre konge!»

27 Han svara: «Hjelper ikkje Herren deg, kvar skal då eg henta hjelpi di frå? Frå treskjarvollen? eller frå vinpersa?

28 Kva er i vegen med deg?» spurde kongen. Ho svara: «Denne kona her sagde med meg: «Kom med son din, so skal me eta honom i dag, so kann me eta son min i morgon!»

29 So koka me son min og åt honom upp. Men då eg andre dagen sagde til henne: «Kom med son din, so me kann eta honom!» då løynde ho son sin.»

30 Då kongen høyrde det kona sagde, reiv han sund klædi sine, medan han gjekk der på muren; og folk fekk sjå han gjekk med sekkjety innunder næmast kroppen.

31 Og han svor: «Gud late meg bøta no og sidan, um hovudet skal sitja på Elisa Safatsson dagen til endes!

32 Sende han so ein fyre seg til Elisa, der han sat i heimen saman med dei øvste. Men fyrr bodet kom til honom, sagde han med dei øvste: Skynar de at denne mordarsonen hev sendt ein mann hit til å taka hovudet mitt? Sjå no til og lat att døri, og haldt henne stengd når bodet kjem! Høyrer det ikkje stigi til herren hans bak honom?»

33 Medan han tala soleis med deim, såg dei bodet koma ned til honom med dei ordi: «Sjå for ei ulukka Herren hev sendt! kvifor skal eg då bia på Herren meir?»

7. kapitlet

1 Elisa svara: «Høyr Herrens ord! So segjer Herren: «I morgon dette bil skal dei på torget i Samaria få tvo settungar fint mjøl for ein dalar og fire settungar bygg for ein dalar.»»

2 Då tok hermannen som kongen studde seg på til ords og svara gudsmannen: «Um so Herren laga lukor på himmelen, so vilde sovore vera ugjerande!» Han svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du fær eta av det.»

3 Utanfor byporten heldt seg fire spillsjuke menner. Dei sagde med kvarandre: «Kvifor skal me sitja her til me døyr?

4 Tek me den rådi å ganga inn i byen, so er det svolt i byen, og so døyr me der. Og vert me sitjande her, so døyr me og. Kom, lat oss heller ganga ut og gjeva oss yver til syrarlægret; let dei oss liva, so liver me; drep dei oss, so døyr me.»

5 Dei gav seg på veg i skumingi ut til i syrarlægret. Då dei kom til utkanten av lægret, fekk dei sjå det var ingen der.

6 Herren hadde late syrarlægret høyra ljod av vogner og hestar og ein stor her. Dei hadde sagt med kvarandre: «Å, Israels-kongen hev leigt hetitarkongarne og egyptarkongarne til å taka på oss!»

7 Og dei hadde teke flugti i skumingi og rømt frå tjeldi sine og hestarne og asni sine og frå lægret slik som det stod; dei hadde rømt på harde livet.

8 Då desse spillsjuke kom til utkanten av lægret, gjekk dei inn i eit tjeld og åt og drakk, og tok der sylv og gull og klæde, som dei gjekk av og gøymde. Sidan kom dei att og gjekk inn i eitt anna tjeld og tok det som der var og gjekk av gøymde det.

9 Men so sagde dei med kvarandre: «Det er ikkje rett soleis som me fer åt. I dag kann me bera fram fagnadbod; me dreg skuld på oss um me tegjer og drygjer til morgons til det dagast. Kom, lat oss fortelja det i kongsgarden!»

10 Dei gjekk då og ropa til portvakti og fortalde: «Me kom ut i syrarlægret; det fanst inkje menneskje å sjå der; og ingi mannsrøyst var å høyra der; men hestarne og asni stod tjora, og tjeldi stod som dei plar standa.»

11 Portvakti ropa tidendi ut, og ho vart fortald heilt inn i kongsgarden.

12 Kongen reis då upp nattetid og sagde med mennerne sine: «Eg skal segja dykk kva syrarane hev i emning mot oss: Dei veit me svelt; so hev dei fare frå lægret og løynt seg uti marki; dei tenkjer me vil ganga ut or byen, so dei fangar oss livande og gjeng inn i byen.»

13 Då svara ein av mennerne hans: «Lat oss taka fem av dei hestarne me hev att her inne - det kann ikkje ganga deim verre enn heile hopen av israelitar som er att her, eller verre enn heile hopen av israelitar som alt hev sett livet til - lat oss so senda bod av stad og sjå etter!»

14 So tok dei tvo vogner med hestar fyre. Kongen sende deim ut etter syrarheren. «Far av stad og sjå!» sagde han.

15 Dei for etter deim alt til Jordan, og fekk sjå heile vegen strådd med klæde og våpn som syrarane hadde kasta frå seg i hurten og sturten. Sendebodi kom att og melde det til kongen.

16 Folket gjekk då ut og plundra syrarlægret. Og soleis kom tvo settungar fint mjøl til å kosta ein dalar, og fire settungar bygg ein dalar, som Herren hadde sagt.

17 Kongen sette den hermannen som han studde seg på, til å halda orden på torget. Men folket tråkka honom ned der på torget, og han døydde, soleis som gudsmannen hadde sagt, som han sagde då kongen kom ned til honom.

18 Og det gjekk so som gudsmannen hadde sagt med kongen: «Fire settungar bygg skal dei få for ein dalar, og tvo settungar fint mjøl for ein dalar, på torget i Samaria i morgon dette bilet.»

19 Det var då hermannen svara gudsmannen: «Um so Herren laga lukor på himmelen, vilde sovore vera ugjerande.» Og han svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du fær ikkje eta av det!»

20 Det gjekk honom so; folket trakka honom ned på torget, og det vart banen hans.

8. kapitlet

1 Elisa sagde med mor åt den guten han hadde gjort livande: «Ferda deg til, og far burt, du og huslyden din, og set bu kvar helst det buande er! for Herren hev sendt bod etter hungersnaudi, ho er alt komi og skal vara sju år.»

2 Kona ferda seg til, og gjorde som gudsmannen sagde. Ho og huslyden hennar for ut, og sette bu i Filistarlandet i sju år.

3 Då dei sju åri var lidne, kom ho attende frå Filistarlandet. Og gav seg i veg til kongen til å beda um å få att heimen og jordeigedomen sin.

4 Kongen heldt just på å tala med Gehazi, drengen åt gudsmannen, og bad honom fortelja um alle dei storverki Elisa hadde gjort.

5 Medan han heldt på og fortalde kongen korleis han gjorde den daude guten livande, nett i det same kom mor åt den guten og bad kongen um heimen og jordeigedomen sin. «Herre konge!» sagde Gehazi, «der er kona; og der er son hennar, som Elisa gjorde livande.»

6 Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. So let kongen henne få ein av hirdmennerne med seg og baud honom: «Hjelp henne til å få att alt som høyrer henne til, og all avlingi av eigedomen frå den dagen ho for frå landet og til no!»

7 Elisa kom til Damaskus, medan syrarkongen Benhadad låg sjuk. Då kongen spurde at gudsmannen var komen dit,

8 sagde han med Hazael: «Tak med deg gåvor, gakk til møtes med gudsmannen og spør Herren gjenom honom um eg skal koma meg av denne sjukdomen.»

9 Hazael so gjorde, tok med seg gåvor, alt det likaste som i Damaskus var, so mykje som fyrti kamelar kunde bera. Han gjekk fram for Elisa og sagde: «Son din, syrarkongen Benhadad, sender meg til deg og spør um han skal koma seg av denne sjukdomen.»

10 Elisa svara honom: «Du kann segja med honom at han skal koma seg. Men Herren syner meg at han skal døy.»

11 Medan han stod framfyre honom og nistirde, sette gudsmannen i og gret.

12 «Kvifor græt du, herre?» spurde Hazael. «For di eg veit kor mykje ilt du vil gjera mot Israels-borni,» svara han; «dei faste byarne set du eld på, unggutarne deira myrder du med sverd, småborni krasar du, og barnkonorne skjer du upp.»

13 Hazael sagde: «Korleis kann vel tenaren din, slik ein hund som eg er, gjera sovorne storverk?» Elisa svara: «Herren hev synt meg at du vert konge yver Syria.»

14 Han gjekk då frå Elisa heim att til herren sin. «Kva sagde Elisa med deg?» spurde han. «Han sagde med meg at du skal verta god att.»

15 Men so dagen etter tok han eit åklæde, duppa det i vatn og breidde det yver andlitet hans; det vart banen hans. Og Hazael vart konge etter honom.

16 I femte styringsåret åt Israels-kongen Joram Ahabssons, medan Josafat var konge i Juda, vart Joram Josafatsson konge i Jerusalem.

17 Tvo og tretti år gamall var han då han vart konge, og åtte år var han konge i Jerusalem.

18 Han for fram liksom Israels-kongarne og Ahabs hus; for han var gift med ei dotter til Ahab. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo.

19 Men Herren vilde ikkje tyna Juda for sin tenar David skuld, etter di han hadde lova honom at det alle dagar skulde lysa ei lampa for honom og sønerne hans.

20 I hans tid reiv edomitarne seg laus frå Juda og kåra seg ein konge.

21 Då drog Joram av til Sa’ir med alle stridsvognerne sine. Og han tok um natti og slo edomitarne som kringsette honom, og hovudsmennerne yver vognerne, og herfolket flydde heim.

22 So kom edomitarne seg laus frå Juda, og er frie den dag i dag. Nett samstundes reiv Libna seg og laus.

23 Det som elles er å fortelja um Joram og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

24 Joram lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine, i Davidsbyen. Ahazja, son hans, vart konge i staden hans.

25 I det tolvte året åt Israels-kongen Joram Ahabsson vart Ahazja Joramsson konge i Juda.

26 Tvo og tjuge år gamall var Ahazja då han vart konge; eitt år var han konge i Jerusalem. Mor hans heitte Atalja, dotter åt Israels-kongen Omri.

27 Han gjekk i fotefari åt Ahabs hus, og gjorde det som vondt var i Herrens augo, etter gjerdi åt Ahabs hus; for han stod i skyldskap til Ahabs hus.

28 Saman med Joram Ahabsson for han i herferd mot syrarkongen Hazael ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av syrarane.

29 Kong Joram vende då attende til Jizre’el, og vilde få lækt dei såri han hadde fenge av syrarane, i slaget ved Rama mot syrarkongen Hazael. Og Juda-kongen Ahazja Joramsson drog ned og vilde sjå um Joram Ahabsson i Jizre’el, etter di han låg sjuk.

9. kapitlet

1 Profeten Elisa kalla til seg ein av profetsveinarne: «Bitt ikring deg beltet, tak denne oljeflaska med deg og gakk til Ramot i Gilead!

2 Når du kjem dit, skal du leita upp Jehu, son åt Josafat Nimsison. Gakk burtåt honom, bed honom risa upp midt millom brørne sine, og før honom inn i det inste kammerset!

3 So skal du taka oljeflaska og renna oljen yver hovudet hans med dei ordi: «So segjer Herren: «Eg hev salva deg til konge yver Israel!»» Dermed skal du opna døri og fly på fljugande flekken.»

4 Guten, profetsveinen, gjekk til Ramot i Gilead.

5 Då han kom tid, fann han herførarane samla. «Eg kjem med eit bod til deg, herførar,» sagde han. «Til kven av oss?» spurde Jehu. «Til deg sjølv, herførar,» sagde han.

6 Han reis upp og gjekk inn i huset. Der slo han olje yver hovudet hans med dei ordi: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg hev salva deg til konge yver Herrens folk, yver Israel.

7 Slå i hel ætti åt Ahab, herren din! Eg vil hemna blodet åt profetarne, tenarane mine, ja, blodet åt alle Herrens tenarar hemnar eg på Jezabel.

8 Øydast skal heile Ahabs hus. Rydja ut vil eg kvart karmannsemne av Ahabs-ætti, ufri og fri, innan Israel.

9 Eg fer med Ahabs hus som med huset åt Jerobeam Nebatsson og med huset åt Baesa Ahiason.

10 Hundarne skal eta upp Jezabel på Jizre’els-vangen; ingen skal jorda henne.»» Dermed opna han døri og flydde.

11 Då Jehu kom ut att til hermennerne, spurde dei honom: «Er noko på ferd? Kva var det denne skrullingen vilde deg?» Han svara deim: «De kjenner då sjølve den mannen og skravlet hans!»

12 «Din ljugar!» sagde dei, «seg oss det no!» Då sagde han: «So og so tala han til meg med dei ordi: «So segjer Herren: Eg hev salva deg til konge yver Israel.»»

13 Straks tok dei kvar si kappa og breidde under honom på sjølve troppestigi. So bles dei i luren og ropa: «Jehu er konge!»

14 Soleis fekk Jehu, son åt Josafat Nimsison, i stand ei samansverjing mot Joram. Joram og heile Israel skulde verja Ramot i Gilead mot syrarkongen Hazael;

15 men sjølv hadde kong Joram fare attende til Jizre’el og vilde få lekt dei såri han hadde fenge av syrarane i slaget mot syrarkongen Hazael. Jehu sagde: «Um det tykkjer som eg, må ikkje ein einaste sleppa ut or byen og bera tiendi til Jizre’el!»

16 Dermed steig Jehu upp i vogni si og køyrde til Jizre’el; der låg Joram sjuk, og Juda-kongen Ahazja var komen dit ned og vilde sjå um Joram.

17 Då vaktmannen uppi tårnet i Jizre’el såg Jehu-skreidi koma, ropa han: «Eg ser ei skreid!» Då baud Joram: «Få tak i ein ridar, og send honom til møtes med deim, til å spyrja deim um dei kjem for det gode.»

18 Ridaren reid til møtes med honom og ropa: «Kongen spør: «Kjem du for det gode?»» «Kva skil det deg?» svara Jehu; «snu um og fylg etter meg!» Vaktmannen melde: «Sendebodet hev nått deim, og kjem ikkje attende.»

19 Han sende so ein annan ridande. Då han nådde deim, ropa han: «Kongen spør: «Kjem du for det gode?»» «Kva skil det deg?» svara Jehu; «snu um og fylg etter meg!»

20 Vaktmannen melde: «Han nådde deim og kjem ikkje attende. Køyrsla svipar på Jehu Nimsison; for han køyrer som ein galning.»

21 «Beit fyre!» sagde Joram. Dei beit fyre vogni hans. So drog Joram, Israels-kongen, ut, og Ahazja, Juda-kongen, sameleis, kvar på si vogn; dei køyrde ut til møtes med Jehu, og råka honom på odelsjordi hans Nabot frå Jizre’el.

22 Då no Joram fekk sjå Jehu, ropa han: «Kjem du for det gode, Jehu?» Han svara: «Kor kann eg koma for det gode, so lenge Jezabel, mor di, fær driva horskapen og trollskapen sin?»

23 Då snudde Joram um og rømde, med han ropa til Ahazja: «Svikferd, Ahazja!»

24 Men Jehu treiv bogen sin og skaut Joram millom herdarne, so pili gjekk ut gjenom hjarta hans, og han seig ned i vogni.

25 So sagde han til Bidkar, hermannen sin: «Tak og kasta honom på odelsmarki åt Nabot frå Jizre’el! Kom i hug den gongen eg og du reid jamsides etter Ahab, far hans, kor Herren bar upp dette domsordet yver honom:

26 «So visst som eg såg Nabots blod og blodet av sønerne hans i går, segjer Herren: sanneleg, nett på denne odelsmarki skal eg gjeva deg likt for like!» Tak då og kasta honom på odelsmarki, etter Herrens ord!»

27 Då Ahazja, kongen i Juda, såg det, rømde han på vegen til Hagehuset. Jehu sette etter honom og ropa: «Han og! skjot honom i vogni!» Dei råka honom, med han køyrde på fjellvegen til Gur, nær attmed Jibleam. Han rakk so langt som til Megiddo; der døydde han.

28 Tenarane hans køyrde honom til Jerusalem, og jorda honom i fedregravi hans i Davidsbyen.

29 I det ellevte styringsåret åt Joram Ahabsson var det Ahazja vart konge yver Juda.

30 Då Jehu kom til Jizre’el, og Jezabel spurde det, sminka ho augo og sette hovud-prydnad på seg og gav seg til å sjå ut gjenom vindauga.

31 Då Jehu køyrde inn gjenom porten, helsa ho: «Gjeng det vel for Zimri, som myrde herren sin?»

32 Han såg upp mot vindauga og ropa: «Kven er med meg? kven?» Då tvo, tri hirdmenner skyngde ned til honom,

33 sagde han: «Kasta henne ned!» Dei kasta henne ned, og blodet hennar spruta utyver veggen og på hestarne; og dei trakka henne ned.

34 So gjekk han inn og åt og drakk. Sidan baud han: «Sjå etter denne forbanna kvinna, og grav henne ned! Ho er då kongsdotter.»

35 Då dei skulde til å gravleggja henne, fann dei inkje att av henne anna hausen og føterne og henderne.

36 Då dei kom att og melde honom det, sagde han: «So var Herrens ord, som han tala ved tenaren sin, Elia frå Tisbe: «På Jizre’els-vangen skal hundarne eta Jezabels kjøt;

37 liket åt Jezabel vert til møk på marki på Jizre’els-vangen, so ingen kann segja: Dette er Jezabel!»»

10. kapitlet

1 Ahab hadde sytti søner i Samaria. Jehu skreiv brev og sende til Samaria, til dei øvste i Jizre’el, til styresmennerne og til dei fosterfeder Ahab hadde sett inn, og der sagde han:

2 «- - Og når de no fær dette brevet, de som hev hjå dykk sønerne åt herren dykkar, de som råder yver vognerne og hestarne, og hev festning og våpn,

3 so kåra ut den hævaste og likaste av sønerne åt herren dykkar, og set honom upp på kongsstolen åt far hans, og strid so for ætti åt herren dykkar!»

4 Men dei vart reint livrædde. «Når ikkje dei tvo kongarne stod seg mot honom,» sagde dei, «kor kann då me?»

5 Drottseten og byhovdingen og dei øvste og fosterfederne sende det svaret til Jehu: «Dine tenarar er me; alt det du byd oss, gjer me; ingen vil me kåra til konge. Gjer du som du tykkjer sjølv!»

6 Då skreiv han eit nytt brev til deim: «Er so det held med meg og lyder mine bod, so hogg hovudi av kongssønerne, og kom til meg i morgon dette bil, til Jizrael!» Dei sytti kongssønerne budde hjå stormennerne i byen, dei som fostra deim.

7 Då dei fekk brevet, tok dei kongssønerne og drap deim, alle sytti, lagde so hovudi i korger og sende deim til honom i Jizre’el.

8 Då han fekk bod at dei var komne med hovudi av kongssønerne, sagde han: «Legg dei i tvo dungar attmed byporten til i morgon!»

9 Morgonen etter for han dit ut, steig fram og tala for folket: «De er skuldlause. Det var eg som fekk i stand samansverjingi mot herren min; det var eg som drap honom; men kven hev slege i hel alle desse?

10 Skyna då at ikkje eitt av Herrens ord hev vorte til inkjes, av det Herren tala mot Ahabs hus. Herren hev gjort so som han tala ved Elia, tenaren sin.»

11 Jehu slo i hel alle som var att av Ahabs hus i Jizre’el, like eins alle stormennerne hans og venerne hans og prestarne hans, so ingen vart att eller slapp undan.

12 So tok han ut og for av stad til Samaria. På vegen dit attmed Gjætar-Bet-Eked

13 råka han på brørne til Ahazja, kongen i Juda. «Kven er de?» spurde han. Dei svara: «Brørne til Ahazja er me; me er på veg og vil helsa på kongssønerne og sønerne åt kongsmori.»

14 «Fanga deim livande!» ropa han. Dei so gjorde. Og han drap deim og kasta deim i brunnen i Bet-Eked, tvo og fyrti i talet; ikkje ein av deim vart spard.

15 På vegen derifrå møtte han på Jonadab Rekabsson. Han helsa og spurde: «Er du likso ærleg i hugen mot meg, som eg er mot deg?» «Ja,» svara Jonadab. «Er du det so gjev meg handi!» Han so gjorde, og dermed drog han honom upp til seg i vogni.

16 «Køyr med meg,» sagde han, «so skal du sjå kor brennhuga eg er for Herren!» So fekk han køyra med honom i vogni.

17 Då han kom til Samaria, slo han i hel alle som var att av Ahabs hus der i byen; han tynte deim alle, soleis som Herren hadde sagt til Elia.

18 So stemnde Jehu saman alt folket og tala til deim: «Ahab dyrka Ba’al lite, Jehu vil dyrka honom mykje.

19 Stemn no i hop til meg alle Ba’als-profetarne, alle dyrkarne hans, og alle prestarne hans, ikkje ein må vanta! for eg etlar halda ein stor offerveitsla for Ba’al; og kvar som vantar, skal bøta med livet.» Jehu gjorde det på svik, av di han vilde rydja ut Ba’als-dyrkararne.

20 Jehu baud: «Lys ut ei stor samlingshøgtid for Ba’al!» Dei lyste henne ut.

21 Jehu sende bod kring i heile Israel, og alle Ba’als-dyrkararne kom; det var ikkje ein som ikkje møtte. Dei gjekk inn i Ba’als-templet, og Ba’als-templet vart fullt frå ende til annan.

22 So baud han tilsynsmannen yver klædebui: «Tak fram bunader åt alle Ba’als-dyrkararne!» Og han tok fram bunader åt deim.

23 So gjekk Jehu og Jonadab Rekabsson inn i Ba’als-templet. Han bad Ba’als-dyrkararne agta på og sjå etter at det ikkje fanst nokon av Herrens tenarar millom deim, anna einast Ba’als-dyrkarar.

24 So gjekk dei inn og ofra slagtoffer og brennoffer. Jehu hadde sett åtteti mann utanfor og sagt: «Slepp det undan ein einaste av deim eg gjev i dykkar hende, skal de bøta liv for liv!»

25 Då han so var ferdig med å ofra brennofferet, baud Jehu livvakti og kjemporne: «Inn og slå deim i hel! Slepp ingen ut!» Dei hogg deim ned, og kasta ut liki. So trengde livvakti og kjemporne seg inn i det inste av Ba’als-templet,

26 og kasta ut stolparne i Ba’als-templet og brende deim upp.

27 Dei reiv ned Ba’als-sula, og dei reiv ned heile Ba’als-templet, og laga det um til naudturftstad, som finst den dag i dag.

28 So øydde Jehu Ba’al ut or Israel.

29 Men han gav ikkje upp synderne hans Jerobeam Nebatsson, som han hadde forført Israel til: gullkalvarne i Betel og Dan.

30 Herren tala til Jehu: «Av di du gjorde til gagns det som eg tykkjer er rett, med di du gjorde alt det eg hadde etla Ahabs-ætti, so skal barnebarns-borni dine sitja på Israels kongsstol.»

31 Men Jehu heldt seg ikkje heilt etter Herrens, Israels Guds, lov; han gav ikkje upp synderne hans Jerobeam, som han hadde forført Israel til.

32 Ved denne tid tok Herren til å skjera stykke or Israel. Hazael slo deim langs heile Israels landskil;

33 på austsida av Jordan tok han heile Gileadlandet, Gads-ætti, Rubens-ætti, Manasse-ætti, frå Aroer ved Arnonåi, heile Gilead og Basan.

34 Det som elles er å fortelja um Jehu, um alt det han gjorde og alle hans storverk, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

35 Jehu lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria. Joahaz, son hans, vart konge i staden hans.

36 Den tidi Jehu var konge yver Israel i Samaria, var åtte og tjuge år.

11. kapitlet

1 Då Atalja, mor åt Ahazja, fekk vita at son hennar var dåen, tok ho seg fyre å tyna heile kongsætti.

2 Men nett med same kongssønerne skulde lata livet, tok Joseba, dotter åt kong Joram, syster åt Ahazja, fekk taka i Joas Ahazjason og berga honom undan saman med fostermor hans, inn i sengkammerset, og soleis løynde dei honom for Atalja, so han ikkje vart drepen.

3 So var han hjå henne i Herrens hus, burtgøymd, i seks år, medan Atalja styrde landet.

4 I det sjuande året sende Jojada bod og henta hovudsmennerne for livvakti og førde deim inn til seg i Herrens hus. Og han hadde gjort ein avtale med deim og teke deim i eid der i Herrens hus, synte han deim kongssonen.

5 So baud han deim: «Høyr no korleis de skal fara åt: Den eine tridjepart av dykk som tek vakthaldet på kviledagen, skal halda vakt i kongsgarden,

6 den andre tridjeparten i Sur-porten, tridje tridjeparten i porten bak drabantarne; de skal greida vakti til vern åt huset.

7 Båe dei hine vaktskifti, alle dei av dykk som skulde verta avløyste frå vakt på kviledagen, dei skal halda vakt um kongen i Herrens hus;

8 de skal gjera manngard rundt ikring kongen, kvar mann med våpn i hand! kjem nokon innpå rekkjorne, so hogg honom ned! Soleis skal de vera med kongen både når han gjeng ut, og når han gjeng inn.»

9 Hovudsmennerne gjorde alt soleis som presten Jojada baud; kvar og ein tok sine folk, både dei som skulde taka ved vakti um kviledagen og dei som skulde ganga frå um kviledagen; dei kom til presten Jojada,

10 og presten gav hovudsmennerne dei spjoti og dei skjoldarne som kong David hadde ått, og som var i Herrens hus.

11 Livvakti tok post, kvar med våpn i hand, frå sudsida av huset til nordsida av huset, til altaret, og derifrå til huset att, i manngard kring kongen.

12 So leidde han kongssonen ut og sette på honom kruna og gav honom lovi. Dei tok honom til konge og salva honom, klappa i henderne og ropa: «Live kongen!»

13 Då Atalja høyrde ropet frå livvakti og folket, gjekk ho til Herrens hus, der folket stod.

14 Der fekk ho då sjå kongen standa på den høge tramen, som skikken var, og hovudsmennerne og lurblåsarane attmed kongen, og alt landsens folk som fegnast og bles i lur. Då reiv Atalja sund klædi sine og ropa: «Samansverjing, samansverjing!»

15 Presten Jojada baud hovudsmennerne, herførarne: «Leid henne ut millom rekkjorne!» sagde han til deim, «og er so nokon fylgjer etter henne, so hogg honom ned!» Presten vilde ikkje ho skulde verta drepi i Herrens hus.

16 Dei tok henne då og førde henne inn i kongsgarden gjenom hesteporten; og der let ho livet.

17 Jojada gjorde den pakti millom Herren og kongen og folket, at dei skulde vera Herrens folk. Ogso millom kongen og folket gjorde han semja.

18 Alt landsens folk gjekk so av stad burt til Ba’als-huset og reiv det ned, og altari hans og bilæti krasa dei i mol og mask. Mattan, Ba’als-presten, drap dei framfor altari. So sette Jojada vaktmenner ved Herrens hus.

19 Deretter tok han med seg hovudsmennerne og livvakti og alt landsens folk, og dei førde kongen frå Herrens hus inn i kongsgarden gjenom livvakt-porten. Han sette seg på kongsstolen,

20 og alt folket fegnast; og byen kom til ro. Men Atalja hadde dei hogge i hel i kongsgarden.

21 Sju år gamall var Joas då han vart konge.

12. kapitlet

1 I det sjuande styringsåret åt Jehu vart Joas konge, og fyrti år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Sibja, frå Be’erseba.

2 Joas gjorde alle sine dagar det som rett var for Herren, med di presten Jojada rettleidde honom.

3 Berre vart offerhaugarne haldne ved lag; folket heldt ved å ofra slagtoffer og røykoffer på haugarne.

4 Joas gav prestarne det bodet: «Alle pengarne som kjem til Herrens hus i heilage gåvor, ålgjengd mynt, og i løysepengar for einkvan, sameleis alle pengar som einkvan sjølvminnt gjev åt Herrens hus,

5 dei skal prestarne taka imot, kvar av sine kjenningar, og nytta det til å setja i stand det som er forfalle i huset, all stad det finn ein brest.»

6 Men i tri og tjugande styringsåret åt kong Joas hadde ikkje prestarne endå bøtt bresterne i huset.

7 Kong Joas kalla då til seg presten Jojada og dei andre prestarne: «Kvifor hev de ikkje bøtt bresterne i Herrens hus?» spurde han; «heretter fær ikkje de taka imot pengar av kjenningarne dykkar; de skal lata deim frå dykk, til å bøta på huset.»

8 Prestarne gjekk med på det, at dei skulde ikkje taka imot pengar av folket, og ikkje hava noko med å bøta huset.

9 Presten Jojada tok ei kista, bora hol i loket og sette henne jamsides altaret på høgre sida av inngangen til Herrens hus. Og der lagde då prestarne som heldt vakt på dørstokken, alle pengar folk hadde med seg til Herrens hus.

10 So snart dei såg at det var nøgdi av pengar i kista, gjekk kongens skrivar og øvstepresten dit upp, og knytte i hop alle pengarne som fanst i Herrens hus, talde deim

11 og vog deim, og flidde deim åt tilsynsmennerne for arbeidarane ved Herrens hus; dei reidde deim ut til timbremennerne og bygningsmeistrarne som arbeidde på Herrens hus,

12 og til murarane og steinhoggarane, like eins til innkjøp av trevyrke og hoggen stein, til å bøta brester i Herrens hus; stutt sagt: til alle utlogor ved hus-bøtingi.

13 Derimot laga dei ikkje sylvfat til Herrens hus for dei pengarne som kom inn i huset, ikkje heller ljosesaksar, skålar eller trompetar av sylv, eller onnor tempelgogn av gull eller sylv;

14 nei, alt vart gjeve til arbeidarane, og dei nytta det til å bøta Herrens hus.

15 Dei kravde ingen rekneskap av deim som tok imot pengarne og gav deim til arbeidarane; dei fekk gjera det på tru og æra.

16 Men pengar som kom inn for skuldoffer og syndoffer, vart ikkje lagde i Herrens hus; dei gjekk til prestarne.

17 Den tid drog syrarkongen Hazael upp og hertok Gat. Hazael etla seg jamvel til ei ferd mot Jerusalem.

18 Joas, Juda-kongen, tok då alle dei heilage gåvorne som Juda-kongarne Josafat, Joram og Ahazja, federne hans, hadde helga åt Herren, og sine eigne heilage gåvor, og alt gullet som fanst i skattkammeret i Herrens hus, og sende det til syrarkongen Hazael. Og då drog han burt frå Jerusalem.

19 Det som elles er å fortelja um Joas og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

20 Hirdmennerne hans gjorde uppreist, samansvor seg og slo i hel Joas i Millo-bygnaden, som rekk ned mot Silla.

21 Det var Jozakar Sim’atsson og Jozabad Somersson, hirdmennerne hans, som slo honom i hel. Han vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen; og Amasja, son hans, vart konge i staden hans.

13. kapitlet

1 I det tri og tjugande styringsåret åt Juda-kongen Joas Ahazjason vart Joahaz Jehuson konge yver Israel i Samaria, og han styrde i syttan år.

2 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo; han dreiv på med same synderne som Jerobeam Nebatsson, som han hadde forført Israel til; deim gav han ikkje upp.

3 Herren vart brennande harm på Israel; han gav deim i henderne på syrarkongen Hazael og Benhadad Hazaelsson, heile hans stryringstid.

4 Joahaz freista å blidka Herren, og Herren bønhøyrde honom, av di han såg den naudi syrarkongen førde Israel upp i.

5 Herren gav då Israel ein frelsar, so dei slapp ut or syrarveldet, og Israels-borni fekk bu i hyttorne sine som fyrr.

6 Like vel gav dei ikkje upp dei synderne som Jerobeams hus hadde forført Israel til; dei dreiv på sameleis; jamvel Astarte-bilætet fekk standa i fred i Samaria.

7 Hazael hadde ikkje leivt meir folk åt Joahaz enn femti hestfolk, ti vogner, og ti tusund mann fotfolk. So ille hadde syrarkongen øydt deim ut, knasa deim som gov ved treskjingi.

8 Det som elles er å fortelja um Joahaz, um alt det han gjorde og um hans storverk, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

9 Joahaz lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria. Joas, son hans, vart konge i staden hans.

10 I det sju og trettiande styringsåret åt Joas, kongen i Juda, vart Joas Joahazson konge yver Israel, og han rådde i Samaria i sekstan år.

11 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han gav ikkje upp nokor av dei synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til; han dreiv på sameleis.

12 Det som elles er å fortelja um Joas, um alt det han gjorde og um hans storverk, soleis um krigen han førde mot Amasja, kongen i Juda, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

13 Joas lagde seg til kvile hjå federne sine, og Jerobeam steig upp i kongsstolen hans. Joas vart gravlagd i Samaria saman med Israels-kongarne.

14 Då Elisa hadde fenge helsotti, gjekk Joas, kongen i Israel, ned til honom. Han bøygde seg yver honom, gret og ropa: «Far, far! du Israels vogner og ridarar!»

15 Elisa sagde med honom: «Henta ein boge og piler!» Han henta deim til honom.

16 Baud han so Israels-kongen: «Legg handi di på bogen!» Han so gjorde, og Elisa lagde sine hender på kongens hender.

17 So sagde han: «Lat upp vindauga mot aust!» Då han det hadde gjort, sagde Elisa: «Skjot!» Og han skaut. Då sagde han: «Ei sigers-pil frå Herren! ei sigers-pil mot syrarane! Du skal slå syrarane i Afek og tyna deim heilt.»

18 So sagde han: «Tak pilerne!» Då Israels-kongen hadde teke deim, sagde han til honom: «Slå på jordi!» Han slo tri gonger, og so slutta han.

19 Då vart gudsmannen harm på honom. «Du skulde ha slege fem eller seks gonger,» sagde han; «so vilde du ha tynt syrarane heilt; no kjem du til å slå syrarane tri gonger.»

20 Elisa døydde og vart gravlagd. Moabitarflokkar gjorde jamt røvarferder i landet ved nyårsbil.

21 No hende det just som dei skulde jorda ein mann, at dei fekk sjå ein røvarflokk; so kasta dei mannen i Elisas grav. Og då mannen datt ned og kom innpå beini åt Elisa, so vart han livande att og reis upp på føterne.

22 Syrarkongen Hazael heldt Israel i trælldom so lenge Joahaz livde.

23 Men Herren miskunna deim og ynkast yver deim, og vende seg til deim for den pakt skuld som han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob; han vilde ikkje øyda deim ut og hadde ikkje endå kasta deim burt frå seg.

24 Syrarkongen Hazael døydde, og Benhadad, son hans, vart konge i staden hans.

25 Då tok Joas Joahazson att frå Benhadad Hazaelsson dei byarne som han hadde teke frå Joahaz, far hans. Tri gonger slo Joas deim, og tok soleis att Israels byar.

14. kapitlet

1 I det andre styringsåret åt Israels-kongen Joas Joahazson vart Amasja Joasson konge i Juda.

2 Fem og tjuge år gamall var han då han tok styret, og ni og tjuge år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Joaddan, frå Jerusalem.

3 Han gjorde det som rett var for Herren; um ikkje so heilt som David, ættarfar hans, so liktest han i alt på Joas, far sin.

4 Offerhaugarne vart like vel haldne ved lag; folket heldt på og ofra slagtoffer og brende røykjelse på haugarne.

5 So snart han kjende seg trygg på magti, let han drepa dei hirdmennerne som hadde slege i hel kongen, far hans.

6 Men borni åt dråpsmennerne drap han ikkje, etter fyreskrifti i Mose-lovboki, der Herren hev gjeve dette bodet: «Foreldre skal ikkje lata livet for det borni hev gjort; og born ikkje for det foreldri hev gjort; kvar og ein skal døy for si eigi synd.»

7 Han slo edomitarne i Saltdalen, ti tusund mann, og hertok Sela, som han kalla Jokte’el, eit namn det ber den dag i dag.

8 Ved dette leitet sende Amasja bod til Israels-kongen Joas Joahazson, soneson åt Jehu, med dei ordi: «Kom, lat oss røyna kvarandre!»

9 Men Joas, kongen i Israel, sende det svaret Amasja, kongen i Juda: «Tistelen på Libanon sende bod til cederen på Libanon: Gjev dotter di til kona åt sonen min!» Men då flaug villdyri på Libanon yver tistelen og trakka honom ned.

10 Visst hev du vunne på edomitarne, og dermed vert du kaut i hugen. Men njot no æra di og sit heime! Kvifor vil du leika med ulukka, til fall for deg sjølv og for folket ditt.

11 Men Amasja vilde ikkje høyra. So drog Israels-kongen Joas upp. Og dei fekk røyna kvarandre, han og Juda-kongen Amasja, ved Bet-Semes i Judalandet.

12 Juda-folket tapte for Israels-folket og rømde kvar til sitt.

13 Og Juda-kongen Amasja Joasson, soneson åt Ahazja, vart teken til fange der ved Bet-Semes av Israels-kongen Joas. Då dei kom til Jerusalem, reiv han ned fire hundrad alner av bymuren, frå Efraimsporten til Hyrneporten.

14 So tok han alt gullet og sylvet og alle kjerald som fanst i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden, og dessutan gislar. Dermed snudde han heim att til Samaria.

15 Det som elles er å fortelja um Joas, um det han gjorde og um hans storverk, um krigen han førde mot Juda-kongen Amasja, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

16 Joas lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria saman med Israels-kongarne. Og Jerobeam, son hans, vart konge i staden hans.

17 Juda-kongen Amasja Joasson livde femtan år etter Israels-kongen Joas Joahazson var dåen.

18 Det som elles er å fortelja um Amasja, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

19 Dei svor seg saman mot honom i Jerusalem, og han rømde til Lakis, men dei sende folk etter honom dit, og dei drap honom der.

20 Dei førde liket på hesteryggen, og gravlagde honom i Jerusalem, i Davidsbyen, saman med federne hans.

21 So tok heile Juda-folket Azarja, ein sekstan års gut, til konge i staden for Amasja, far hans.

22 Han var det som bygde upp att Elat og lagde det under Juda att, etter far hans hadde lagt seg til kvile hjå federne sine.

23 I det femtande styringsåret åt Juda-kongen Amasja Joasson vart Jerobeam Joasson konge yver Israel, og rådde i Samaria i eitt og fyrti år.

24 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje upp dei synderne Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til.

25 Han var det som vann att for Israel landviddi frå Hamatvegen til Øydemark-havet i samhøve med det ordet Herren, Israels Gud, hadde tala ved tenaren sin, profeten Jona Amittaison frå Gat-Hefer.

26 For Herren hadde set at Israels naud var ovleg beisk; det var ute med både ufri og fri, og det var ingen som hjelpte Israel.

27 Herren hadde ikkje sagt at han vilde strjuka ut Israels namn under himmelen; difor hjelpte han deim ved Jerobeam Joasson.

28 Det som elles er å fortelja um Jerobeam, um alt det han gjorde og um hans storverk, um krigarne han førde og landevinningi for Israel som han vann att frå Damaskus og Hamat, det som fyrr hadde høyrt til Juda, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

29 Jerobeam lagde seg til kvile hjå federne sine, hjå Israels-kongarne, og Zakarja, son hans, vart konge i staden hans.

15. kapitlet

1 I det sju og tjugande styringsåret åt Israels-kongen Jerobeam vart Azarja Amasjason konge i Juda.

2 Sekstan år gamall var han då han vart konge, og tvo og femti år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jekolja, frå Jerusalem.

3 Han gjorde det som rett var for Herren, plent som Amasja, far hans, hadde gjort.

4 Like vel vart offerhaugarne halde ved lag; folket held ved å ofra slagtoffer og brenna røykjelse på haugarne.

5 Herren hemsøkte kongen, so han vart spillsjuk til sin døydande dag; og han budde i eit hus for seg sjølv. Jotam, kongssonen, stod fyre kongehuset og styrde landslyden.

6 Det som elles er å fortelja um Azarja og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

7 Azarja lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen. Jotam, son hans, vart konge i staden hans.

8 I det åtte og trettiande styringsåret åt Juda-kongen Azarja vart Zakarja Jerobeamsson konge yver Israel, og rådde i Samaria i seks månader.

9 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom federne hans; han gav ikkje upp dei synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til.

10 Sallum Jabesson fekk i stand ei samansverjing mot honom, og slo honom i hel medan folket såg på; so vart han konge i staden hans.

11 Det som elles er å fortelja um Zakarja, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

12 Uppfyllt vart soleis det ordet som Herren tala til Jehu: «Sønerne dine i fjorde ættleden skal sitja på Israels kongssæte.» So gjekk det.

13 Sallum frå Jabes vart konge i det ni og trettiande styringsåret åt Uzzia, Juda-kongen, og rådde ein månads tid i Samaria.

14 Då drog Menahem Gadison upp frå Tirsa til Samaria, og slo der i hel Sallum Jabesson og vart so konge i staden hans.

15 Det som elles er å fortelja um Sallum, og samansverjingi han fekk i stand, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

16 Ved den tid herja Menahem Tifsah og alt folket der i heile landviddi deira, frå Tirsa; han herja deim, av di dei ikkje hadde uppna portarne for honom; alle barnkonorne skar han upp.

17 I det ni og trettiande styringsåret åt Azarja, kongen i Juda, vart Menahem Gadison konge yver Israel. Ti år rådde han i Samaria.

18 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo alle sine dagar, og gav ikkje upp synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til.

19 Då assyrarkongen Pul fall inn i landet, gav Menahem Pul tvo og eit halvt tusund vågar sylv for at han skulde hjelpa honom og tryggja kongedømet hans.

20 Dei pengarne Menahem gav assyrarkongen, fekk han inn ved skatt på alle rikmennerne i Israel: femti lodd sylv på kvar og ein. So snudde assyrarkongen att og heldt seg ikkje meir der i landet.

21 Det som elles er å fortelja um Menahem og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

22 Menahem lagde seg til kvile hjå federne sine, og Pekahja, son hans, vart konge i staden hans.

23 I det femtiande styringsåret åt Azarja, kongen i Juda, vart Pekahja Menahemsson konge yver Israel, og rådde tvo år i Samaria.

24 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og heldt ved med synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til.

25 Pekah Remaljason, hovudsmannen hans, fekk i stand ei samansverjing mot honom, og drap honom og Argob og Arje i Samaria, i sjølve kongsborgi. Han hadde femti Gileads-menner med seg; og då han hadde drepe honom, vart han konge i staden hans.

26 Det som elles er å fortelja um Pekahja og alt det han gjorde, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

27 I det tvo og femtiande styringsåret åt Azarja, kongen i Juda, vart Pekah Remaljason konge yver Israel, og rådde i Samaria i tjuge år.

28 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo og heldt ved med synderne åt Jerobeam Nebatsson, som han hadde forført Israel til.

29 I dei dagarne Pekah var konge i Israel, kom assyrarkongen Tiglat-Pileser og hertok Ijon, Abel-Bet-Ma’aka, Janoah, Kedes, Hasor, Gilead og Galilæa, heile Naftalilandet, og førde folket burt til Assyria.

30 Hosea Elason fekk i stand ei samansverjing mot Pekah Remaljason og slo honom i hel; so vart han konge i staden hans, i det tjugande styringsåret åt Jotam Uzziason.

31 Det som elles er å fortelja um Pekah og alt det han gjorde, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

32 I det andre styringsåret åt Israels-kongen Pekah Remaljason vart Jotam Uzziason konge i Juda.

33 Fem og tjuge år gamall var han då han vart konge, og sekstan år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa Sadoksdotter.

34 Han gjorde det som rett var for Herren liktest i all sin ferd på Uzzia, far sin.

35 Like vel vart offerhaugarne halde ved lag; endå ofra folket slagtoffer og brende røykjelse på haugarne. Han var det som bygde øvre porten i Herrens hus.

36 Det som elles er å fortelja um Jotam og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

37 Ved den tid tok Herren til å senda syrerkongen Resin og Pekah Remaljason inn i Juda.

38 Jotam lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far sin. Og Ahaz, son hans, vart konge i staden hans.

16. kapitlet

1 I det syttande styringsåret åt Pekah Remaljason vart Ahaz Jotamsson konge i Juda.

2 Tjuge år gamall var Ahaz då han vart konge, og sekstan år rådde han i Jerusalem. Han gjorde ikkje det som rett var for Herren, hans Gud, som David, far hans.

3 Han gjekk i fotefari til Israels-kongarne, ja, han vigde jamvel son sin i elden, likt med dei avstyggjelege skikkarne hjå dei folki Herren hadde rudt ut for Israels-sønerne.

4 Han ofra slagtoffer, brende røykjelse på haugarne og på bakkarne, og under kvart grønt tre.

5 På den tid drog syrarkongen Resin og Israels-kongen Pekah Remaljason upp og vilde hertaka Jerusalem. Dei kringsette Ahaz, men vann ikkje taka byen.

6 Samstundes vann syrarkongen Resin Elat attende til Syria. Då han hadde kasta Juda-folki ut or Elat, kom syrarfolk kom og busette seg der, og der bur dei den dag i dag.

7 Ahaz sende bod til assyrarkongen Tiglat-Pileser med dei ordi: «Eg er din træl og din son. Kom upp, og frels meg frå syrarkongen og Israels-kongen, som hev teke på meg!»

8 Ahaz tok det sylvet og gullet som fanst i Herrens hus og skattkammeret i kongsgarden og sende det til gåva åt assyrarkongen.

9 Assyrarkongen lydde honom, og assyrarkongen drog upp mot Damaskus, hertok byen og førde folket burt til Kir; og Resin slo han i hel.

10 Kong Ahaz for til Damaskus til møtes med assyrarkongen Tiglat-Pileser. Då han fekk sjå altaret i Damaskus, sende kong Ahaz bilæte av altaret og eit fullkome mynster av det til presten Uria.

11 Og presten Uria bygde altaret; heilt etter den fyreskrift kong Ahaz hadde sendt frå Damaskus, soleis gjorde presten Uria det ferdigt, til dess kong Ahaz kom heim.

12 Då kongen kom heim frå Damaskus og fekk sjå altaret, gjekk han innåt, steig upp på det,

13 brende brennofferet og grjonofferet sitt, helte ut drykkofferet sitt og skvette blodet av takkofferi sine på altaret.

14 Men koparaltaret som stod framfor Herrens åsyn, flutte han frå staden sin framfyre huset, millom Herrens hus og det nye altaret, og sette det på nordsida av dette altaret.

15 Kong Ahaz baud presten Uria: «På storaltaret skal du brenna brennofferet um morgonen og grjonofferet um kvelden, kongens brennoffer og grjonoffer, og brennofferet for heile landslyden og grjonofferet deira og drykkofferet deira; alt blod av brennoffer og alt blod av slagtoffer skal du hella ut der. Kva eg vil gjera med koparaltaret, skal eg tenkja næmare etter.»

16 Presten Uria gjorde plent som kong Ahaz baud.

17 Kong Ahaz braut laus listerne på fotstykki og tok baljorne ned derifrå; havet lyfte han ned frå koparuksarne som stod under, og sette det på eit steingolv.

18 Kviledags-svalgangen som dei hadde bygt i huset, og den ytre konge-inngangen lagde han inn i Herrens hus for assyrarkongen skuld.

19 Det som elles er å fortelja um Ahaz, det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

20 Ahaz lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen. Og Hizkia, son hans, vart konge i staden hans.

17. kapitlet

1 I det tolvte styringsåret åt Ahaz, kongen i Juda, vart Hosea Elason konge yver Israel, og han rådde i ni år.

2 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, då ikkje so ille som Israels-kongarne fyre honom.

3 Mot honom drog assyrarkongen Salmanassar upp. Hosea vart lydkonge under honom og laut leggja skatt åt honom.

4 Men då assyrarkongen vart vis med at Hosea for med svik, med di han sende bod til egyptarkongen So, og slutta greida ut den årvisse skatten til assyrarkongen, tok assyrarkongen honom til fange og kasta honom i fengsel.

5 Og assyrarkongen drog upp mot heile landet, og drog upp og kringsette Samaria i tri år.

6 I niande styringsåret åt Hosea tok han Samaria og førde Israel burt til Assyria og busette deim i Halah, ved Gozanåi Habor, og i byarne i Media.

7 Soleis gjekk det, av di Israels-borni synda mot Herren, sin Gud, han som hadde ført deim upp frå Egyptarlandet og fria deim ut or handi åt Farao, egyptarkongen; dei ottast andre gudar,

8 og for etter sed og skikk hjå dei folki Herren hadde drive ut for Israels-borni, og etter dei skikkarne som Israels-kongarne hadde skipa.

9 Ja, Israels-borni gjorde mangt uhøvelegt mot Herren, sin Gud; dei bygde seg offerhaugar i alle byarne sine, frå det minste vakttårn til fastaste borgi;

10 dei reiste upp minnesteinar og Astarte-stolpar på kvar ein høg haug og under kvart grønt tre.

11 På alle haugarne brende dei røykjelse, liksom dei folki Herren hadde drive burt for deim, og dei harma Herren med si illferd.

12 Dei tente steingudarne, det som Herren hadde sagt dei ikkje måtte gjera.

13 Herren vara både Israel og Juda ved alle profetarne og sjåarane sine: «Vend um frå dei vonde vegarne dykkar og haldt mine bod og mine fyreskrifter etter heile den lovi som eg baud federne dykkar, og som eg sende til dykk ved tenarane mine, profetarne!»

14 Men dei lydde ikkje. Dei var likso hardnakka som federne sine, som ikkje trudde på Herren, sin Gud.

15 Dei vanda lovarne hans, brydde seg ikkje um den pakti han hadde skipa med federne deira, og dei fyresegnerne han hadde gjeve deim. Dei gjekk etter fåfengde avgudar og for med det som fåfengt er, liksom grannefolki, endå Herren hadde bode deim at dei skulde ikkje fara soleis åt.

16 Dei vende seg frå alle bodi som Herren, deira Gud, hadde gjeve, og laga seg støypte gudebilæte, tvo kalvar. Dei laga Astarte-stolpar, dei bøygde kne for himmelheren og tente Ba’al.

17 Attåt dette vigde dei sønerne og døtterne sine i elden, og for med spådomskunster og trollkunster. Dei selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, so dei harma honom.

18 Difor vart Herren ovleg harm på Israel og støytte deim frå seg. Det vart inkje att einast Juda-ætti.

19 Ikkje heller Juda heldt Herrens, sin Guds bod, men for etter Israels skikkar, som dei hadde skipa seg.

20 Då støytte Herren frå seg heile Israels-ætti, og tukta deim og gav deim i henderne på røvarar, til dess han kasta deim burt frå si åsyn.

21 Han hadde rive Israel laus frå Davids hus; dei tok Jerobeam Nebatsson til konge; og Jeroboam fekk Israel til å falle frå Herren og forførde deim til stor synd;

22 og israelitarne dreiv på med alle dei synderne Jerobeam gjorde; dei gav deim ikkje upp.

23 På resten støytte Herren Israel frå seg, som han hadde sagt ved alle tenarane sine, profetarne. Israel laut fara burt frå landet sitt til Assyria. Der er dei den dag i dag.

24 Assyrarkongen flutte folk frå Babel og Kuta og Avva og Hamat og Sefarvajim, og busette deim i Samaria-byarne i staden for Israels-borni. Dei tok då Samaria i eige og sette bu i byarne der.

25 Og det hende seg, at i fyrstningi dei budde der, hadde dei ingen age for Herren. Herren sende då løvor som herja millom deim.

26 Det vart meldt åt assyrarkongen: «Dei folki som du flutte burt og busette i Samaria-byarne, dei kjenner ikkje rette måten å dyrka landsens gud; difor hev han sendt løvor millom deim; og dei drep folket ned, av di dei ikkje kjenner rette måten å dyrka landsens gud.»

27 Assyrarkongen gav då det bodet: «Lat ein av dei burtførde prestarne fara dit heim att og busetja seg der og læra folket å dyrka landsens gud på rette måten!»

28 Ein av prestarne som var burtførde frå Samaria, kom då og sette bu i Betel. Han lærde deim korleis dei skulde ottast Herren.

29 Det var nok so at kvart folk laga seg sin gud og sette upp på haugarne i dei husi som Samaria-folki hadde bygt, kvart folk i sin by, der dei hadde busett seg;

30 folk frå Babel laga seg ein Sukkot-Benot, folk frå Kut ein Nergal, folk frå Hamat ein Asima,

31 avvitarne laga seg ein Nibhaz og ein Tartak, og sefarvitarne brende borni sine i eld for Adrammelek og Anammelek, Sefarvajim-gudarne.

32 Men dei bar og age for Herren. Dei valde seg ut offerhaug-prestar kvar or sin flokk, og dei ofra for deim i husi på haugarne.

33 Dei bar age for Herren; men dei tente samstundes sine eigne gudar, etter skikken hjå dei folki som dei var burtførde frå.

34 Den dag i dag fer dei etter dei same gamle skikkarne sine; dei ber ikkje age for Herren, so dei fer etter sine fyreskrifter og rettar, og etter den lov og det bod som Herren gav borni åt Jakob, han som fekk namnet Israel.

35 Herren gjorde ei pakt og gav deim sovore bod: «Andre gudar skal det ikkje hava age for, og ikkje bøygja kne for deim eller tena deim eller ofra til deim.

36 Men Herren, som førde dykk upp frå Egyptarlandet med stor kraft og med strak arm, honom skal de bera age for, honom skal de bøygja kne for, honom skal de ofra til.

37 Og dei fyreskrifter og rettar, og den lov og det bod som han let skriva for dykk - deim skal de taka vare på og halda alle dagar; men de skal ikkje bera age for andre gudar.

38 Den pakti eg gjorde med dykk, må de ikkje gløyma. De må ikkje bera age for andre gudar.

39 Nei, ber age for Herren, dykkar Gud, so skal han fria dykk frå alle dykkar fiendar.»

40 Men dei vilde ikkje høyra, men for fram på same vis som fyrr.

41 So bar desse folki age for Herren, men tente samstundes gudebilæti sine. Og borni og barneborni deira gjer den dag i dag so som federne deira gjorde.

18. kapitlet

1 I det tridje styringsåret åt Israels-kongen Hosea Elason vart Hizkia Ahasson konge i Juda.

2 Fem og tjuge år gamall var han då han vart konge, og ni og tjuge år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Abi Zakarjadotter.

3 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt so som David, far hans, hadde gjort.

4 Han fekk burt offerhaugarne, slo sund minnesteinarne, hogg ned Astarte-stolparne, og knasa koparormen som Moses hadde laga; for alt til den tid hadde Israels-borni brent røykjelse for honom, og dei kalla honom Nehustan.

5 På Herren, Israels Gud, leit han. Millom alle Juda-kongarne fanst ikkje maken hans, korkje fyre eller etter honom.

6 Han heldt seg til Herren, veik ikkje frå honom, men heldt hans bod, som Herren hadde bode Moses.

7 Og Herren var med honom so han hadde framgang i alt han tok seg fyre. Han fall ifrå assyrarkongen og vilde ikkje vera tenaren hans.

8 Og so vann han filistarane og tok landet alt til Gaza og bygdi derikring, frå minste vakttårnet til fastaste borgi.

9 I fjorde styringsåret åt kong Hizkia - det var sjuande styringsåret åt Israels-kongen Hosea Elason - drog assyrarkongen Salmanassar upp og kringsette Samaria.

10 Dei tok byen då tri år var lidne; i det sette styringsåret åt Hizkia og det niande styringsåret åt Hosea, kongen i Israel, vart Samaria teken.

11 Assyrarkongen førde Israel burt til Assyria og busette deim i Halah og ved Gozanåi Habor, og i byarne i Media.

12 Det var av di dei ikkje høyrde på Herren, sin Gud, men braut hans pakt, alt det som Moses, Herrens tenar, hadde bode; dei korkje høyrde eller livde etter deim.

13 I det fjortande styringsåret åt kong Hizkia drog assyrarkongen Sankerib upp og hertok alle faste borger i Juda.

14 Juda-kongen Hizkia sende då bod til Lakis til assyrarkongen med dei ordi: «Eg hev synda; snu um att frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera:» Assyrarkongen lagde då på Hizkia, Juda-kongen, åtte hundrad vågar sylv og åtteti vågar gull.

15 Hizkia gav ut alt sylvet som fanst i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden.

16 Samstundes braut Hizkia laus gullet på dørerne i Herrens tempel og av dørstolparne som Hizkia, Juda-kongen, hadde klædt med gull, og gav det til assyrarkongen.

17 Men so sende assyrarkongen Tartan og Rabsaris og Rabsake med ein stor her frå Lakis mot kong Hizkia i Jerusalem, og dei drog upp og kom til Jerusalem. Då dei hadde fare upp og var komne dit, stana dei attmed vatsleidingi frå Øvredammen på allfarvegen til vaskarvollen.

18 Då dei kravde å få tala med kongen, gjekk drottseten Eljakim Hilkiason og riksskrivaren Sebna og kanslaren Joah Asafsson ut til deim.

19 Rabsake sagde med deim: «Meld til Hizkia: «So segjer storkongen, assyrarkongen: Kva er det for tru som gjer deg so traust?

20 du tenkjer at berre eit ord gjer råd og dåd i krig! Kven lit du på, sidan du sette upp imot meg?

21 Ja, det er sant: du lit på Egyptarland, den brotna røyrstaven, som sting hol i handi på kvar som styd seg til honom! Soleis er Farao, egyptarkongen, for alle som lit på honom.

22 Og svarar de meg: «Me lit på Herren, vår Gud!» var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Hizkia fekk burt, då han baud Juda og Jerusalem: «Framfor dette altaret skal de bøygja kne i Jerusalem.»

23 Gjer då eit veddemål med herren min, assyrarkongen: Eg gjev deg tvo tusund hestar, um du kann skaffa folk til å rida på deim.

24 Korleis vil du slå attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Og so lit du på egyptarane, på vognerne og ridarane deira!

25 Trur de det er Herrens uvitande, når eg kjem hit og øydelegg denne staden? Nei, det var Herren som baud meg: «Drag upp til dette landet og legg det i øyde!»»»

26 Eljakim Hilkiason og Sebna og Joah sagde då til Rabsake: «Tala syrisk til tenarane dine! me skynar det nok; tala ikkje jødisk til oss! folket på muren høyrer på.»

27 «Nei,» svara Rabsake; «det er ikkje til herren din og til deg herren min hev sendt meg å tala desse ordi, men nettupp til dei folki som sit på muren og saman med dykk lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn!»

28 So steig Rabsake fram og ropa høgmælt desse ordi på jødisk mål: «Høyr det storkongen, assyrarkongen, talar!

29 So segjer kongen: «Lat ikkje Hizkia narra dykk; han er ikkje i stand til å hjelpa dykk ut or mi hand!

30 Lat ikkje Hizkia få dykk til å lita på Herren, med di han segjer: «Herren hjelpar oss for visst; han gjev ikkje denne byen i henderne på assyrarkongen.»

31 Høyr ikkje på Hizkia! So segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg! gjev dykk yver til meg! So skal de få eta kvar av sitt eige vintre og sitt eige fiketre, og drikka vatn kvar or sin eigen brunn,

32 til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druvesaft, eit land med brød og vinhagar, eit land med oljetre og honning. So skal de liva og sleppa døy. Høyr ikkje på Hizkia! Han narrar dykk når han segjer: «Herren bergar oss.»

33 Tru nokon av folke-gudarne berga sitt land for assyrarkongen?

34 Kvar er gudarne i Hamat og Arpad? kvar er gudarne åt Sefarvajim og Hena og Ivva, eller hev dei berga Samaria ut or mi hand?

35 Kven av alle gudarne i alle land hev berga sitt land or mi hand? Skulde då Herren berga Jerusalem ut or mi hand?»»

36 Folket tagde, svara honom ikkje eit ord: for so var kongens bod: «Ikkje svara honom!»

37 Eljakim Hilkiason, drottseten, og Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, kanslaren, kom då attende til Hizkia med sundrivne klæde, og melde honom ordi hans Rabsake.

19. kapitlet

1 Då kong Hizkia høyrde det, reiv han sund klædi sine, sveipte syrgjebunad kring seg og gjekk inn i Herrens hus.

2 Han sende drottseten Eljakim og riksskrivaren Sebna og dei eldste prestarne syrgjeklædde til profeten Jesaja Amosson,

3 med dei ordi: «So segjer Hizkia: «Dette er ein dag full av naud og straff og skjemsla; fosteri hev nått fødsli, men det finst ikkje kraft til å føda.

4 Kann henda høyrer Herren, din Gud, alt det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att!»»

5 Då hirdmennerne frå Hizkia kom til Jesaja,

6 sagde Jesaja til deim: «So skal de svara herren dykkar: «So segjer Herren: Ver ikkje rædd for dei ordi du høyrde då trælarne åt assyrarkongen spotta meg!

7 Eit hugskot skyt eg i hugen hans; han høyrer ei tiend, og heim att snur han; der let eg honom falla for sverd i sitt land.»»

8 Då Rabsake for burt att, fann han assyrarkongen i strid mot Libna; for han hadde høyrt at han hadde fare burt frå Lakis.

9 Då han fekk tiend at ætiopkongen Tirhaka hadde drege ut på herferd mot honom, sende han eit nytt bod til Hizkia med dei ordi:

10 «Seg so med Hizkia, Juda-kongen: «Ikkje lat din Gud, som du lit på, narra deg til å tenkja at ikkje Jerusalem skal falla i henderne på assyrarkongen!

11 Du hev nok høyrt gjete sjølv kor assyrarkongarne hev fare åt mot alle landi; at dei bannstøytte deim. Og so skulde du berga deg undan?

12 Kunde folke-gudarne berga sine folk, som federne mine øydde ut: Gozan, Haran, Resef eller Edens-folki i Telassar?

13 Kvar er Hamat-kongen eller Arpad-kongen eller kongen yver Sefarvajimbyen, yver Hena og Ivva?»»

14 Hizkia tok brevet frå sendebodi og las det; og so gjekk han upp i Herrens hus, og Hizkia breidde det ut for Herrens åsyn.

15 Og Hizkia bad for Herrens åsyn, og sagde: «Herre, du Israels Gud! du som sit yver kerubarne! Einast du er Gud yver alle rike på jordi! du hev gjort himmelen og jordi.

16 Herre, legg øyra til og lyd! Herre, lat augo upp og sjå! Høyr dei ordi Sanherib sende, og svivyrde den livande Gud!

17 Herre, det er sant: assyrarkongen hev øydt ut folki og deira land,

18 kasta gudarne deira på elden; for dei er ikkje gudar, berre manneverk utav stokk og stein; difor kunde dei øydast.

19 Men no må du, Herre, vår Gud, frelsa oss frå hans magt, so alle rike på jordi må røyna: du, Herre, einast er Gud!»

20 Då sende Jesaja Amosson bod til Hizkia med dei ordi: «So segjer Herren, Israels Gud: «Bøni di hev eg høyrt um hjelp mot Sanherib, Assur-kongen.

21 So lyder Herrens ord, som Herren hev tala imot honom: «Ho vanvyrder deg, ho spottar deg, ungmøyi, Sions dotter, ho rister på hovudet åt deg, Jerusalems dotter.

22 Kven hev du svivyrdt? kven hev du spotta? Kven hev røysti di ropa imot? Augo lyfte du høgt, mot Israels Heilage.

23 Ved sendebodi hædde du Herren og sagde: Med dei mange vognerne mine for eg upp på dei høgste fjelli, ja, langt burti Libanons utmark, der høgg eg ned hennar høge cedrar og dei hæve cypressarne hennar; eg tek meg fram i dei øvste heimar, inn i den tettaste skogen;

24 eg borar meg brunnar og vatn drikk eg hjå framande folk; med fotsolen min turkar eg ut alle Egyptarlands elvar.»

25 Hev du ’kje høyrt at eg hev longe laga det so? Frå ævordsleg tid hev eg fyreåt fastsett dette! Og no let eg det koma i verk! Du fekk magt til å øyda sterke borgar til steinrøysar aude.

26 Folki deira vart veike og valne, skalv og stod til skammar. Det gjekk deim som gras på marki og grøne urter, som vokstrar på taket som moldaks i bryddande åker.

27 Eg veit når du sit, og gjeng ut og gjeng inn, kor du slær deg vill imot meg.

28 Av di du er vill imot meg, og eg høyrer kor kaut du er, eg hektar min krok i nosi di, legg min taum i munnen din, og vikjer deg heim att den vegen du kom.

29 Og dette skal du hava til merke: I år skal de eta sjølvsått korn, næste år sjølvrunne, men tridje året skal de så og hausta og planta vinhagar og eta frukti av deim.

30 Og leivningen som er att av Juda hus, skyt djupare røter nedantil og ovantil ber han si frukt.

31 For ein leivning kjem frå Jerusalem, og ein rest frå Sionsfjellet. Herrens brennhug skal gjera dette.

32 Difor segjer Herren so um assyrarkongen: Ikkje skal han koma inn i denne byen, og ikkje skal han skjota nokor pil der inn. Ikkje skal han storma fram mot han med skjold, og ikkje byggja skansar upp imot han.

33 Den vegen som han kjem, den skal han heim att fara, i denne byen kjem han ikkje inn, so segjer Herren.

34 Eg vernar denne by og bergar honom, for mi skuld og for Davids skuld, min tenar.»»

35 Det hende seg den natti at Herrens engel gjekk ut og slo hundrad og fem og åtteti tusund i assyrarlægret. Tidleg næste morgon fann dei deim alle ligjande lik.

36 Då tok assyrarkongen Sankerib ut og drog burt og snudde heim att, og heldt seg sidan i Nineve.

37 Ein gong han heldt bøn i huset åt Nisrok, guden sin, hogg Adrammelek og Sareser honom ned med sverd; dei kom seg undan til Araratslandet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge i staden hans.

20. kapitlet

1 I dei dagarne lagdest Hizkia i helsott; då kom profeten Jesaja Amosson til honom og sagde med honom: «So segjer Herren; «Skila for deg! for du skal døy; du vert ikkje god att.»»

2 Då snudde han seg mot veggen og bad til Herren:

3 «Å Herre, kom i hug kor eg hev ferdast ærleg og heilhjarta for di åsyn og gjort det som godt var i dine augo!» Og Hizkia sette i og storgret.

4 Fyrr Jesaja var nådd ut or den indre byen, kom Herrens ord til honom soleis:

5 «Gakk inn att, og seg til Hizkia, fyrsten yver folket mitt: «So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di, og set tårorne dine. Sjå, eg gjer deg god att; i yvermorgon skal du ganga upp til Herrens hus.

6 Eg aukar alderen din med femtan år. Or handi åt assyrarkongen bergar eg deg og denne byen. Ja, denne byen vernar eg for mi skuld og for David skuld, tenaren min.»»

7 Då sagde Jesaja: «Henta ei fikekaka!» Dei so gjorde, og lagde henne på verken. Og han friskna til att.

8 Hizkia sagde til Jesaja: «Kva skal eg hava til merke på at Herren gjer meg god att, so eg i yvermorgon kann ganga upp til Herrens hus?»

9 Jesaja svara: «Dette gjev Herren deg til merke på at Herren held det han lovar: Skal skuggen ganga ti strik fram, eller skal han no ganga ti strik attende?»

10 Hizkia svara: «Lett er det for skuggen å tøygja seg ti strik fram; nei, lat skuggen ganga attende ti strik!»

11 Profeten Jesaja ropa til Herren, og han let skuggen på solskiva åt Ahaz ganga attlenges dei ti striki som han nett hadde gjenge fram.

12 Kring den tid sende Babel-kongen Berodak Baladan Baladansson brev og gåva til Hizkia; for han hadde spurt at Hizkia hadde vore sjuk.

13 Då Hizkia hadde høyrt på deim, synte han deim heile forrådshuset sitt, sylvet og gullet, og angande kryddor og kosteleg olje, og våpnhuset alt som fanst i skattkammeri hans; det fanst ikkje den ting i hans hus og i heile hans rike som ikkje Hizkia synte deim.

14 Då kom profeten Jesaja til kong Hizkia og spurde honom: «Kva hev desse mennerne sagt, og kvar helst kom dei frå til deg?» Hizkia svara: «Frå eit land langt burte, frå Babel kom dei.»

15 «Kva hev dei set i huset ditt?» spurde han. «Alt som i huset mitt finst, hev dei set,» svara Hizkia; «det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte deim.»

16 Då sagde Jesaja til Hizkia: «Høyr Herrens ord!

17 Dagar kjem då alt som finst i huset ditt, det federne dine hev samla alt til i dag, det skal verta ført til Babel; aldri ein grand skal verta att, segjer Herren.

18 Og sume av sønerne dine, ætta frå deg, utstokne frå deg, skal takast, og dei skal verta hirdmenner i slottet åt Babel-kongen.»

19 Hizkia svara Jesaja: «Godt er Herrens ord som du hev tala.» Han tenkte: «Berre det vert fred og trygd so lenge eg liver!»

20 Det som elles er å fortelja um Hizkia og alle hans storverk, kor han bygde dammen og vatsleidingi, og førde vatnet til byen, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

21 Hizkia lagde seg til kvile hjå federne sine, og Manasse, son hans, vart konge i staden hans.

21. kapitlet

1 Tolv år gamall var Manasse då han vart konge, fem og femti år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hefsiba.

2 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, likt med dei avstyggjelege skikkarne hjå dei folki Herren hadde rudt ut for Israels-borni.

3 Han bygde upp att dei offerhaugarne som Hizkia, far hans, hadde lagt i øyde, og reiste altar for Ba’al og laga Astarte-bilæte, liksom Ahab, Israels-kongen, hadde gjort, og kasta seg ned for og tente heile himmelheren.

4 Ja, han bygde altar i Herrens hus, der som Herren hadde sagt: «Til Jerusalem vil eg festa namnet mitt.»

5 I båe tuni kring Herrens hus bygde han altar for heile himmelheren.

6 Han vigde son sin i elden og for med spådom og trolldom, og tinga folk til å mana fram draugar og spåvette. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og harma honom.

7 Astarte-bilætet som han hadde laga, sette han i det huset som Herren hadde sagt um til David og Salomo, son hans: «Til dette huset og til Jerusalem, som eg hev valt ut millom alle Israels ætter, vil eg festa namnet mitt i all æva.

8 Eg vil ikkje meir lata Israel flakka heimlaus burt frå landet eg gav federne deira. Berre dei gjer og heldt seg etter alle mine bod og etter heile lovi som Moses, tenaren min, gav deim!»

9 Men dei lydde ikkje. Manasse forførde deim, so dei stelte seg verre enn dei folki Herren hadde øydt ut for Israels-borni.

10 Då tala Herren ved tenarane sine, profetarne, soleis:

11 «Av di Manasse, Juda-kongen, hev drive med desse avstyggjelege skikkarne, verre enn alt det amoritarne gjorde fyre hans tid, og forført med sine steingudar ogso Juda til å synda,

12 so segjer Herren, Israels Gud: «Sjå, eg sendar ulukka yver Jerusalem og Juda, so det skal ringja for båe øyro på alle som høyrer det.

13 Eg spanar same mælesnori yver Jerusalem som yver Samaria, og nyttar same vegtloddet som yver Ahabs hus. Eg turkar burt Jerusalem, liksom ein turkar av eit fat og so snur det upp ned.

14 Eg støyter ifrå meg deim som er att av arvluten min, og gjev deim i fiendevald, so dei vert til ran og til herfang for alle sine fiendar.

15 Og det av di dei hev gjort det som vondt er i mine augo, og jamt harma meg frå den dagen federne deira drog ut or Egyptarland og til den dag i dag.»»

16 Manasse let og skuldlaust blod renna, i so stor mengd at Jerusalem vart fyllt av det frå ende til annan, umfram den syndi at han forførde Juda til å gjera det som vondt var i Herrens augo.

17 Det som elles er å fortelja um Manasse, um det han gjorde og um hans synd, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

18 Manasse lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd i slottshagen, i Uzzas hage. Og Amon, son hans, vart konge i staden hans.

19 Tvo og tjuge år gamall var Amon då han vart konge; tvo år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Mesullemet Harusdotter, frå Jotba.

20 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans;

21 han fylgde i alt fotefari til far sin, og tente steingudarne som far hans hadde tent, og bad til deim.

22 Han vende seg frå Herren, sin fedregud, og gjekk ikkje på Herrens veg.

23 Amons hirdmenner samansvor seg og drap kongen i huset hans.

24 Landsfolket slo i hel deim som hadde samansvore seg saman mot Amon, og tok Josia, son hans, til konge i staden hans.

25 Det som elles er å fortelja um Amon, det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

26 Han vart gravlagd i gravi i Uzzias hage. Josia, son hans, vart konge i staden hans.

22. kapitlet

1 Åtte år gamall var Josia då han vart konge; eitt og tretti år rådde i Jerusalem. Mor hans heitte Jedida Adajadotter, frå Boskat.

2 Han gjorde det som rett for Herren, og fylgde i alt fotefari til David, far sin. Han tok ikkje or leidi, anten til høgre eller vinstre.

3 I attande styringsåret åt kong Josia sende kongen riksskrivaren Safan, son åt Asalja Mesullamsson, upp til Herrens hus og sagde:

4 «Gakk upp til øvstepresten Hilkia, og bed honom rekna i hop dei pengarne som er innkomne i Herrens hus, som dørstokkvakti hev samla inn hjå folket;

5 og fli deim åt tilsynsmennerne for arbeidarane ved Herrens hus, so dei som arbeider i Herrens hus må få deim til å bøta bresterne i huset:

6 timbremennerne, byggsmeistrarne og murarane, til innkjøp av trevyrke og hoggen stein til å setja huset i stand.

7 Dei skal ikkje krevja rekneskap av deim for pengarne dei tek imot; dei skal få gjera det på tru og æra.»

8 Då sagde øvstepresten Hilkia til riksskrivaren Safan: «Eg hev funne lovboki i Herrens hus.» Og Hilkia gav boki til Safan, og han las henne.

9 So gjekk Safan, riksskrivaren, til kongen og gav kongen melding og sagde: «Tenarane dine hev tømt ut alle pengarne som fanst i huset, og gjeve demi til tilsynmennerne for arbeidet i Herrens hus.»

10 Og so fortalde riksskrivaren Safan kongen: «Presten Hilkia gav meg ei bok.» Og Safan las henne upp for kongen.

11 Då kongen fekk høyra ordi i lovboki, reiv han sund klædi sine.

12 Og kongen baud presten Hilkia og Ahikam Safansson og Akbor Mikajason og riksskrivaren Safan og kongstenaren Asaja:

13 «Gakk og spør Herren for meg og folket og heile Juda um det som stend i denne boki som er funni! Stor er Herrens harm, som hev loga upp mot oss, av di federne ikkje hev vore lyduge mot ordi i denne boki og ikkje hev gjort etter alt det som er fyreskrive.»

14 So gjekk presten Hilkia og Ahikam og Akbor og Safan og Asaja og spurde profetkvinna Hukda, kona åt klædevaktaren Sallum, son åt Tikva Harhasson; ho budde i nybyen i Jerusalem.

15 Ho svara deim: «So segjer Herren, Israels Gud: «Seg med honom som sende dykk til meg:

16 So segjer Herren: Sjå, eg sender ulukka yver denne staden og yver folket her, alt det som stend i boki som Juda-kongen las,

17 til straff for at dei hev vendt seg frå meg og brent røykjelse for andre gudar og harma meg med alle sine verk; harmen min logar mot denne staden og sloknar ikkje.

18 Men med Juda-kongen, som sende dykk til å spyrja Herren, skal de segja so: So segjer Herren, Israels Gud, um dei ordi du høyrde:

19 Av di hjarta ditt vart mjukt, og du bøygde deg for Herrens åsyn då du høyrde det eg hev tala mot denne staden og folket her, at dei skal verta til rædsla og forbanning, av di du reiv sund klædi dine og gret for mi åsyn, so hev eg og høyrt, segjer Herren.

20 Difor let eg deg samlast til federne dine og koma i fred i gravi di, og augo dine skal sleppa å sjå all den ulukka eg sender yver denne staden.»» Og dei kom att til kongen med dette svaret.

23. kapitlet

1 Då sende kongen bod og stemnde saman til seg alle dei øvste i Juda og Jerusalem.

2 Og kongen gjekk upp til Herrens hus, og alle Juda-mennerne og alt Jerusalems folk fylgde honom, og prestarne, og profetarne og heile folket, unge og gamle. Han las upp for deim alt det som stod i paktboki som dei hadde funne i Herrens hus.

3 Kongen steig fram på tramen og gjorde den pakti for Herrens åsyn, at dei skulde fylgja Herren og halda hans bod og fyresegner og lover av alt sitt hjarta og all sin hug, og setja i verk dei paktordi som var skrivne i denne boki. Heile folket gjekk med på pakti.

4 Sidan baud kongen øvstepresten Hilkia og dei næst-øvste prestarne og dørstokkvakti å få ut or Herrens tempel alle dei gognerne som var laga åt Ba’al og Astarte og heile himmelheren; og dei vart uppbrende utanfor Jerusalem på Kidrons-vollarne, og oska vart bori til Betel.

5 Avgudsprestarne som Juda-kongarne hadde sett inn, fekk avskil, dei som hadde brent røykjelse på haugarne i Juda-byarne og ikring Jerusalem, og dei som hadde brent røykjelse for Ba’al, for soli og månen og stjernorne i dyreringen og for heile himmelheren.

6 Astarte-bilætet fekk han ut or Herrens hus, til Kidronsdalen utanfor Jerusalem, og brende det der i Kidronsdalen, mol det til dust, og dusti kasta han på den ålmenne gravstaden.

7 Han reiv ned utukt-husi i Herrens hus, der som kvende vov tjeld til Astarte.

8 Han flutte alle prestarne inn frå byarne i Juda; og frå Geba til Be’erseba vanhelga han offerhaugarne der prestarne hadde brent røykjelse. Han reiv ned offerhaugarne ved portarne, den som var utanfor porten åt byhovdingen Josva, og den som var på vinstre sida når ein gjekk inn byporten.

9 Men hauga-prestarne fekk ikkje stiga upp til Herrens altar i Jerusalem; dei fekk berre vera med når brørne deira åt søtebrød.

10 Han vanhelga Tofet i Hinnomssons-dalen, so ingen skulde vigja son eller dotter i elden, til Molok.

11 Han fekk burt dei hestarne som Juda-kongarne hadde sett upp til æra for soli ved inngangen til Herrens hus, ved kammerset til hirdmannen Netan-Melek i Parvarim; og solvognerne brende han upp.

12 Altari på taket ved høgeloftet til Ahaz, dei som Juda-kongarne hadde sett upp, og altari som Manasse hadde bygt upp i båe tuni kring Herrens hus, reiv kongen ned, og han smuldra deim og førde deim burt og kasta dusti i Kidronsdalen.

13 Og kongen vanhelga offerhaugarne aust for Jerusalem på sørsida av Tyningsbjerget, og som Salomo, Israels konge, hadde bygt åt Astarte, styggedomen frå Sidon, og åt Kamos, Moabs styggedom, og åt Milkom, den avstyggjelege guden åt ammonitarne.

14 Han braut og sund minnesteinarne og hogg ned Astarte-bilæti, og fyllte tufti deira med mannebein.

15 Sameleis altaret i Betel, offerhaugen Jerobeam Nebatsson hadde bygt upp, der som han forførde Israel til å synda - ogso det altaret og den haugen reiv han ned; og han brende upp haugen og mol honom til dust, og han brende upp Astarte-bilætet.

16 Då Josia såg seg um og gådde graverne der på fjellet, sende han folk som tok beini ut or graverne, og brende deim upp på altaret, og vanhelga det soleis, etter Herrens ord, som han gudsmannen hadde ropa ut, som ropa at dette skulde henda.

17 «Kva er det for ein gravstein eg ser her?» spurde han. Bymennene svara honom: «Det er gravi åt den gudsmannen som kom frå Juda og ropa ut yver altaret i Betel at det skulde henda som du no hev sett i verk.»

18 Då sagde han: «Lat honom kvila i fred! Ingen skal røra beini hans.» Soleis berga dei hans bein, og sameleis beini til profeten som kom frå Samaria.

19 Dessutan rudde Josia burt alle hauga-husi i Samaria-byarne, som Israels-kongarne hadde bygt til harm for Herren; og han for med deim i alle måtar sameleis som i Betel.

20 Og han drap ned alle hauga-prestarne der ved altari, og brende mannebein på deim. So snudde han heim att til Jerusalem.

21 Kongen gav heile folket det bodet: «Haldt påske for Herren, dykkar Gud, etter fyreskrifterne i denne paktboki!»

22 Sovori påskehelg hadde dei ikkje halde frå den tid då domarane styrde Israel, og ut gjenom heile kongetidi i Israel og Juda.

23 Fyrst i attande styringsåret åt kong Josia heldt dei sovori påskehelg for Herren i Jerusalem.

24 Josia øydde og ut alle som mana draugar og spåvette, og husgudarne og steingudarne og all styggedomen som hadde synt seg i Judalandet og i Jerusalem. Soleis sette han i verk lov-ordi som var skrivne i den boki presten Hilkia fann i Herrens hus.

25 Maken til konge hadde ikkje vore fyre honom; det var ingen som soleis hadde vendt seg til Herren av alt sitt hjarta og all sin hug og all sin styrke etter heile Moselovi; og maken hans kom aldri meir.

26 Like vel gav ikkje Herren upp den store brennande harmen som hadde loga upp mot Juda for alle dei harmelege synder Manasse hadde harma honom med.

27 Herren sagde: «Ogso Juda støyter eg burt frå meg, liksom eg støyte Israel burt. Ja, eg vandar denne byen som eg valde ut, Jerusalem og huset som eg sagde um: «Mitt namn skal vera der.»»

28 Det som elles er å fortelja um Josia og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

29 I hans tid drog egyptarkongen Farao Neko upp til elvi Frat mot assyrarkongen. Kong Josia drog imot honom, men han drap honom ved Megiddo, so snart han fekk sjå honom.

30 Folket hans køyrde liket frå Megiddo til Jerusalem og gravlagde honom i hans eigi grav. Og folket i landet tok Joahaz Josiason og salva honom til konge i staden for faren.

31 Tri og tjuge år gamall var Joahaz då han vart konge, og tri månader rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hamutal Jeremiadotter, frå Libna.

32 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som federne hans.

33 Farao Neko fengsla honom i Ribla i Hamatlandet, og gjorde soleis ende på styringi hans i Jerusalem. Han lagde skatt på landet: tvo hundrad og femti våger sylv og tvo og ein halv våg gull.

34 Farao Neko gjorde Eljakim Josiason til konge i staden for Josia, far hans, og brigda namnet hans til Jojakim. Men Joahaz tok han med seg til Egyptarland, og der døydde han.

35 Jojakim reidde ut sylvet og gullet til Farao. Men han laut leggja skatt på landet for å reida ut dei pengarne Farao kravde. Etter so som kvar var likna, dreiv han inn sylvet og gullet av landsfolket og reidde det ut til Farao Neko.

36 Fem og tjuge år gamall var Jojakim då han vart konge, og han elleve år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Zebida Pedajadotter, frå Ruma.

37 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som federne hans.

24. kapitlet

1 I hans tid drog Babel-kongen Nebukadnessar upp, og Jojakim vart lydkongen hans. Men tri år etter fall han ifrå honom att.

2 Herren sende då imot honom kaldæiske, syriske, moabitiske og ammonitiske røvarflokkar. Han sende deim mot Juda til å øyda landet, etter Herrens ord, som han hadde tala ved tenarane sine, profetarne.

3 Ja, på Herrens bod gjekk det so med Juda at dei vart burtstøytte frå hans åsyn, for Manasses synder skuld, for alt det han hadde gjort,

4 soleis og for det skuldlause blodet han let renna, då han fyllte Jerusalem med skuldlaust blod; det vilde Herren ikkje tilgjeva.

5 Det som elles er å fortelja um Jojakim og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

6 Jojakim lagde seg til kvile hjå federne sine, og Jojakin, son hans, vart konge i staden hans.

7 No for ikkje egyptarkongen ut frå landet sitt meir; for Babel-kongen hadde teke alt det landet egyptarkongen åtte frå Egyptarlands-bekken til elvi Frat.

8 Attan år gamall var Jojakin då han vart konge, tri månader rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Nehusta Elnatansdotter, frå Jerusalem.

9 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som far hans.

10 På den tid drog Babel-kongen Nebukadnessars folk upp mot Jerusalem, og byen vart kringsett.

11 Kong Nebukadnessar kom sjølv til byen, medan herfolket hans kringsette honom.

12 Juda-kongen Jojakin gav seg då yver til Babel-kongen med mor si og tenarane og hovdingarne og hirdmennerne sine; og Babel-kongen tok honom til fange i åttande styringsår.

13 Han førde burt derifrå alle skattar i Herrens hus og i kongsgarden. Han braut laust gullet av alle gognerne som Salomo, Israels konge, hadde laga åt Herrens tempel, soleis som Herren hadde sagt.

14 Han førde burt heile Jerusalem, alle hovdingarne og godseigarne, ti tusund fangar, og alle grovsmedar og låssmedar. Det vart ikkje att anna enn fatigfolk i landet.

15 Han førde Jojakin burt til Babel; og kongsmori og kongskonorne og hirdmennerne hans og storfolket i landet førde han fangar frå Jerusalem til Babel;

16 og alle godseigarane: sju tusund, grovsmedar og låssmedar: eit tusund, alle i hop djerve hermenner, deim førde Babel-kongen burt til Babel.

17 Og Babel-kongen sette Mattanja, farbror hans, til konge i staden hans, og brigda namnet hans til Sidkia.

18 Eitt og tjuge år gamall var Sidkia då han vart konge; elleve år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hamital Jirmejadotter, frå Libna.

19 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som Jojakim.

20 Det var for Herrens harm skuld det gjekk so med Jerusalem og Juda, til dess han støytte deim burt frå si åsyn. Sidkia fall ifrå Babel-kongen.

25. kapitlet

1 I det niande styringsåret hans, tiande dagen i tiande månaden, kom Nebukadnessar, Babel-kongen, med heile heren sin til Jerusalem, lægra seg utanfor byen og bygde skansar rundt ikring honom.

2 Byen vart kringsett til Sidkias ellevte styringsår.

3 Den niande dagen i månaden røynde svolten hardt på i byen, og landsfolket hadde inkje mat.

4 Då vart byen teken. Og alt stridsfolket rømde um natti gjenom porten i dubbelmuren ved kongshagen, medan kaldæarane låg rundt ikring byen. Dei tok leidi til Moarne.

5 Men kaldæarheren forfylgde kongen og nådde honom att på Moarne ved Jeriko. Alt herfolket sprang frå honom og spreiddest.

6 Dei fanga då kongen og førde honom upp til Ribla til Babel-kongen. Der fekk han sin dom.

7 Sønerne åt Sidkia drap dei medan han såg på det; so stakk han ut augo på Sidkia, batt honom med koparlekkjor og førde honom til Babel.

8 Sjuande dagen i den femte månaden i det nittande styringsåret åt Nebukadnessar, Babel-kongen, kom ein av tenarane åt Babel-kongen, livvakthovdingen Nebuzaradan, til Jerusalem.

9 Han brende upp Herrens hus og kongsgarden. Ja, alle husi i Jerusalem, serleg alle storfolk-hus, sette han eld på.

10 Og murarne ikring Jerusalem vart nedrivne av heile den kaldæarheren som livvakthovdingen hadde med seg.

11 Resten av folket som var att i byen, og svikararne som hadde gjenge yver til Babel-kongen, og resten av ålmugen, vart burtførd av Nebuzaradan, livvakthovdingen.

12 Nokre av fatigfolket i landet let han vera att til å arbeida i vinhagarne og på åkrarne.

13 Koparsulorne i Herrens hus, fotstykki og koparhavet i Herrens hus, braut kaldæarane sund, og tok koparen med seg til Babel.

14 Og dei tok oskefati og eldskuflerne og ljossakserne og skålerne og alle kopargogner som dei hadde til gudstenesta.

15 Livvakthovdingen tok og glodpannorne og blodbollarne, og alt som var av skirt gull og av skirt sylv.

16 Tvo sulor og eit hav og fotstykki som Salomo hadde laga åt Herrens hus - koparen i alle desse gognerne var ikkje vegande.

17 Den eine sula var attan alner høg, og ovanpå den var det eit koparhovud, og hovudet var tri alner høgt; rundt ikring hovudet var det eit net og granateple, alt av kopar; og sameleis var det med netet på den andre sula.

18 Livvakthovdingen tok øvstepresten Seraja og næst-øvste presten Sefanja og dei tri dørstokkvaktarane,

19 og frå byen tok han ein hirdmann som uppsynsmann yver herfolket, og fem som han råka på i byen av næmaste lagsfolket hjå kongen, dessutan skrivaren åt herhovdingen, han som skreiv ut landsfolket til hertenesta, og seksti andre landsfolk han råka på i byen.

20 Alle desse tok livvakthovdingen Nebuzaradan med seg til Ribla til Babel-kongen.

21 Og Babel-kongen slo deim i hel der i Ribla i Hamatlandet. Soleis vart Juda burtført frå landet sitt.

22 Babel-kongen Nebukadnessar sette Gedalja, son åt Ahikam Safansson, til jarl yver det folket som var att i Judalandet, dei som han let vera att.

23 Då alle herhovdingarne og hermennerne deira fekk greida på at Babel-kongen hadde sett inn Gedalja, kom dei til Gedalja i Mispa: Ismael Netanjason, og Johanan Kareahsson og Seraja Tanhumetson frå Netofa og Ja’asanja, son åt ein mann frå Ma’aka, dei og mennerne deira.

24 Gedalja gjorde eid til deim og hermennerne deira, og sagde med deim: «Ver ikkje rædde for kaldæartenarane! Set bu i landet, og gjev dykk under Babel-kongen, so vil det ganga dykk vel.»

25 Men i den sjuande månaden kom Ismael, son åt Netanja Elisamason, ein mann av kongsætti, med ti mann og slo i hel Gedalja og dei jødar og kaldæarar som var hjå honom i Mispa.

26 So tok herhovdingarne og heile folket, unge og gamle, og gav seg på veg ut til Egyptarland; dei var rædde for kaldæarane.

27 I det sju og trettiande året etter Juda-kongen Jojakin var burtførd, sju og tjugande dagen i tolvte månaden, gav Evil-Merodak, Babel-kongen - same året som han vart konge - Jojakin, Juda-kongen, uppreisnad og fria honom or fangehuset.

28 Han helsa honom venleg med han og gav honom fremste sessen millom dei kongarne som var hjå honom i Babel.

29 Han fekk leggja av seg fangebunaden, og gjekk kvar dag til kongens bord, so lenge han livde.

30 Kost og tæring naut han dagvisst på kongens kostnad, til kvar dag det han trong for dagen, heile si livetid.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021