Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Andre Krnikebok

Andre Krønikebok

1. kapitlet

1 Salomo, son åt David, vart grunnfest i kongedømet sitt, og Herren hans Gud, var med honom, og gjorde honom overlag stor.

2 Då let Salomo bod fara yver heile Israel, til hovdingarne yver tusund og yver hundrad, til domarane og til alle hovdingarne i Israel, ættarhovdingarne.

3 Og Salomo og heile lyden drog til offerhaugen i Gibeon. For der stod Guds møtetjeld, det som Moses, Herrens tenar, hadde gjort i øydemarki.

4 Men Guds kista hadde David flutt upp ifrå Kirjat-Jearim til den staden han hadde laga til åt henne, for han hadde late reisa eit tjeld åt henne i Jerusalem.

5 Og koparaltaret som Besalel hadde gjort, son åt Uri, son åt Hur, det stod der framanfor Herrens hus, og der søkte Salomo og lyden honom.

6 Der ofra Salomo for Herrens åsyn på koparaltaret som høyrde til møtetjeldet, og han ofra tusund brennoffer der.

7 I den same natti openberra Gud seg for Salomo og sagde til honom: «Seg kva du vil eg skal gjeva deg!»

8 Salomo svara Gud: «Du hev vist stor miskunn imot David, far min, og du hev gjort meg til konge i hans stad.

9 So lat då, Herre Gud, ordet ditt til David, far min sannast! for du hev gjort meg til konge yver eit folk som er mangment som dusti på jordi.

10 Gjev meg då visdom og kunnskap, so eg kann vera leidar og førar for folket! for kven evlar døma dette store folket ditt?»

11 Då sagde Gud til Salomo: «For di hugen din hev stade til dette, og du ikkje hev bede um rikdom, skattar, æra, eller at uvenerne dine skal døy, og heller ikkje hev bede um eit langt liv, men um visdom og kunnskap til å døma folket mitt, som eg hev gjort deg til konge yver,

12 so skal du få den visdom og kunnskap, men eg gjev deg rikdom og skattar og æra og, so at ingen konge fyre deg hev ått maken, og ingen skal heller eiga maken etter deg!»

13 Sidan for Salomo frå offerhaugen i Gibeon, frå staden framanfor møtetjeldet, og til Jerusalem, og han var konge yver Israel.

14 Salomo samla krigsvogner og folk, so at han hadde fjortan hundrad vogner og tolv tusund hestfolk, og dei lagde han, sume i vognbyarne og sume hjå seg sjølv i Jerusalem.

15 Kongen gjorde sylvet og gullet i Jerusalem likso vanlegt som stein, og cedertreet likso vanlegt som morberfiketre i låglandet.

16 Hestarne sine fekk Salomo frå Egyptarland, med di kjøpmennerne åt kongen kjøpte deim der mot betaling.

17 Dei førde ut ei vogn frå Egyptarland for seks hundrad sylvdalar og ein hest for hundrad og femti. Og ved deira hjelp førde dei ut slike på same måten til alle hetitarkongarne og til syrarkongarne.

2. kapitlet

1 Salomo sette seg fyre at han vilde byggja eit hus for Herrens namn og eit hus for sitt kongedøme.

2 Difor tok han ut sytti tusund berarar og åtteti tusund steinhoggarar på fjelli og tri tusund og seks hundrad til å hava tilsyn med deim.

3 So sende han dette bodet til Huram, kongen i Tyrus: «Liksom du gjorde med David, far min, då du sende honom cedertre til å byggja seg eit hus som han kunde bu i.

4 Eg skal no til å byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud, og vil vigja det til honom soleis at ein der kann kveikja finangande røykjelse, leggja fram dei daglege skodebrødi og ofra brennoffer morgon og kveld, på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne åt Herren vår Gud; for det er skyldnaden åt Israel til æveleg tid.

5 Det huset som eg vil byggja, skal vera stort; for vår Gud er større enn alle gudar.

6 Kven magtast å byggja honom eit hus? For jamvel himlarne og himle-himlarne kann ikkje røma honom. Og kven er eg, at eg skulde byggja honom eit hus, um det ikkje vore for å kveikja offereld for hans åsyn!

7 So send meg då ein kunnig mann som er hag til å arbeida i gull og sylv og kopar og jarn og i purpurraudt og karmesinraudt og purpurblått garn, og som kann med utskurd, saman med dei kunnige folk som eg hev her i Judalandet og Jerusalem, og som far min hev tinga.

8 Og send meg cedertre, cypresstre og algummimtre frå Libanon; for eg veit at folki dine er dugelege til å hogga tre på Libanon; og folki mine skal vera med dine folk.

9 Lat meg få mykje trevyrke; for huset som eg vil byggja, skal vera stort og underfullt.

10 Til upphelde for dei timberhoggarane som høgg trei, og som er dine folk, vil eg gjeva seksti tusund tunnor kveite, seksti tusund tunnor bygg, tjuge tusund anker vin og tjuge tusund anker olje.»

11 Huram, kongen i Tyrus, svara i eit brev som han sende Salomo: «For di Herren elskar folket sitt, hev han sett deg til konge yver deim.»

12 Og Huram sagde framleides: «Lova vere Herren, Israels Gud, som hev skapt himmelen og jordi, han som hev gjeve kong David ein vis son, som hev vit og skyn til å byggja eit hus for Herren og eit hus for sitt kongedøme.

13 No sender eg deg ein vis mann med godt skyn, Huram, far min.

14 Han er son åt ei kvinna av Dans-ætti, men far hans var ein mann frå Tyrus; han er hæv til å arbeida i gull og sylv, i kopar og jarn og stein og tre, i purpurraudt og purpurblått og kvitt og karmesinraudt garn, til å skjera allslag utskurd, og skapa alle dei kunstverk som han fær til fyreloga, saman med kunstnarane dine og kunstnarane åt min herre David, far din.

15 Difor kann min herre senda trælarne sine kveiten og bygget, oljen og vinen som du hev tala um.

16 So vil me hogga so mange tre på Libanon som dei hev bruk for, og senda deim på timberflotar yver havet til Jafo; so fær du sjølv henta deim upp til Jerusalem.»

17 Salomo let då rekna upp alle dei framande mennerne som budde i Israels land, etter den teljingi som David, far hans, hadde gjort; og dei kom til at det var hundrad og tri og femti tusund og seks hundrad.

18 Av deim gjorde han sytti tusund til berarar, åtteti tusund til steinhoggarar på fjelli og tri tusund og seks hundrad til formenner som skulde halda folket i arbeid.

3. kapitlet

1 So tok Salomo til å byggja Herrens hus i Jerusalem, på Moriafjellet der Herren hadde openberra seg for David, far hans, på den staden som David hadde laga til på treskjaarvollen åt jebusiten Ornan.

2 Han tok til å byggja på den andre dagen i den andre månaden i sitt fjorde styringsår.

3 Då no Salomo skulde byggja Guds hus, lagde han grunnen soleis: Lengdi var seksti alner etter det gamle målet, og breiddi tjuge alner.

4 Forhalli som låg framanfor langhuset, framanfor breidsida, var tjuge alner lang og hundrad og tjuge alner høg, og innvendes klædde han henne med skirt gull.

5 Hovudromet klædde han med cypresstre, og han klædde det dessutan med egte gull og prydde det med palmor og kransar.

6 Han klædde romet med dyre steinar til prydnad, og gullet var kome frå Parvajim.

7 Og han klædde huset, bjelkarne, dørstokkarne og veggjerne og dørerne med gull og skar ut kerubar i veggjerne.

8 Romet for det høgheilage bygde han soleis at lengdi etter breidsida åt hovudromet var tjuge alner, og breiddi tjuge alner, og han klædde det med egte gull, som vog femtan hundrad våger.

9 Vegti på spikrarne var seksti lodd i gull; dei øvre romi klædde han med gull.

10 I det høgheilage romet gjorde han tvo kerubar i bilætskurd, og deim klædde han med gull.

11 Vengjerne på kerubarne var tjuge alner i lengd; den eine vengen på den eine keruben var fem alner lang og tok veggen i romet, og den andre vengen var og fem alner lang og tok i vengen på den andre keruben;

12 og den eine vengen på den andre keruben var fem alner lang og tok veggen i romet, og den andre vengen var og fem alner lang og nådde til vengen på den fyrste keruben.

13 Vengjerne på desse kerubarne var tjuge alner i si fulle lengd; og dei stod upprette og snudde andliti innetter.

14 Og han gjorde forhenget purpurblått og purpurraudt og karmesinraudt og kvitt garn, og han prydde det med kerubar.

15 Og han gjorde tvo sulor til å standa framanfor huset. Dei var fem og tretti alner høge, og hovudet på deim var fem alner.

16 Dessutan gjorde han hengjekransar til koren og sette deim på det øvste av sulorne; og på hjengjekransarne sette han hundrad granateple.

17 Sulorne sette han framanfor templet, ei til høgre og ei til vinstre; den som var høgre, kalla han Jakin, den vinstre Boaz.

4. kapitlet

1 Og han gjorde eit altar av kopar, tjuge alner langt, tjuge alner breidt og ti alner høgt.

2 Og han gjorde havet i støypt arbeid; det var ti alner frå den eine kanten til den andre, rundt alt ikring, fem alner høgt, og ei mælesnor på tretti alner gjekk ikring det.

3 Under kanten var det sett bilæte av uksar rundt ikring det; det var ti på kvar aln, det var tvo rader av deim rundt heile havet, og dei var støypte saman med det.

4 Det stod på tolv uksar; av deim snudde tri mot nord, tri mot vest, tri mot sud, og tri mot aust, soleis at havet var ovanpå deim, og dei snudde bakkropparne innetter.

5 Det var ei handbreidd tjukt, og kanten var som på eit staup og laga som ein liljeblom. Det tok tri tusund anker.

6 Framleides gjorde han ti tvåttebaljor, og av deim sette han fem på høgre og fem på vinstre sida; i deim skylde dei det som høyrde til brennofferi, men havet bruka prestarne til tvætte.

7 Og han gjorde ti ljosestakar av gull i samhøve med det som var fyreskrive, og sette deim i tempelbygnaden, fem på høgre og fem på vinstre sida.

8 Og han gjorde ti bord, som han sette i templet, fem på høgre og fem på vinstre sida. Han gjorde og hundrad skåler av gull.

9 Framleides gjorde han prestetunet og den store garden og dører til garden, og dørerne klædde han med kopar.

10 Havet sette han upp på høgre sida mot sudaust.

11 Huram gjorde oskefati og skuflerne og skålerne, og han fullførde det arbeidet som han gjerde for kong Salomo i Guds hus:

12 tvo sulor med dei tvo kulorne og hovudi ovanpå deim, dei tvo neti til å klæda dei tvo kulerunde hovudi på sulorne,

13 dei fire hundrad granatepli til dei tvo neti, tvo rader med granateple for kvart net til å klæda dei kulerunde hovudi på sulorne,

14 og fotstykki gjorde han, og baljorne gjorde han på fotstykki,

15 havet, eitt stykke, med dei tolv uksarne under.

16 Oskefati, skuflerne og gaflarne og alt det som høyrde til, gjorde Huram, far hans, til Herrens hus, for kong Salomo, dei var av blank kopar.

17 Kongen støypte deim nedi Jordan-kverven, i støypeformar av jord millom Sukkot og Seredata.

18 Alle desse tingi let Salomo gjera i stor mengd, for det vart ikkje røkt etter kva koparen vog.

19 Framleides gjorde Salomo alle dei tingi som skulde vera i Guds hus: gullaltaret, bordi som skodebrødi var på,

20 ljosestakarne med lamporne, som skulde kveikjast på fyreskriven måte, framfyre koren, av skirt gull,

21 med blomarne og lamporne og ljossakserne av gull, og det av det aller beste gullet,

22 knivarne og skålarne og kannorne og glodpannorne av skirt gull, og med umsyn til inngangarne til huset, so var dei indre dørerne til det høgheilage romet, og dørerne i huset, som førde til tempelsalen, av gull.

5. kapitlet

1 Då no heile det arbeidet var ferdigt som Salomo let gjera åt Herrens hus, då førde Salomo inn dit heilaggåvorne åt David, far sin: sylvet og gullet og alle gognerne lagde han ned i skattkammeri i Guds hus.

2 So kalla Salomo saman styresmennerne i Israel og alle ættarhovdingarne, formennerne for ættgreinerne åt Israels-sønerne, til Jerusalem for å føra Herrens sambandskista upp ifrå Davidsbyen, det er Sion.

3 Då samla alle Israels-mennerne seg hjå kongen i helgi; det er den sjuande månaden.

4 Og alle styresmennerne i Israel kom, og levitarne bar kista.

5 Og dei førde kista og møtetjeldet dit upp og alle dei heilaggognerne som var i tjeldet, og prestarne og levitarne bar deim.

6 Og kong Salomo og heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå honom, dei stod framfyre kista og ofra småfe og storfe, so mange at dei ikkje kunde reknast eller teljast.

7 So førde prestarne Herrens sambandskista inn på staden sin i koren i huset, i det høgheilage, under vengjerne åt kerubarne.

8 Og kerubarne breidde ut vengjerne sine yver den staden der kista stod, og soleis tekte kerubarne yver kista og berestengerne hennar.

9 Berestengerne var so lange at ein såg stongendarne som stod fram frå kista, framanfor koren; men ein såg deim ikkje utanfor. Og dei vart verande der til den dag i dag.

10 Det fanst ikkje anna i kista enn dei tvo tavlorne som Moses hadde lagt ned i henne ved Horeb, då Herren gjorde samband med Israels-borni då dei drog ut or Egyptarland.

11 Då prestarne so gjekk ut or heilagdomen, for alle dei prestarne som var der, hadde vigt seg, so det var ikkje naudsynlegt å halda seg etter skifti,

12 og alle dei levitiske songararne, både Asaf, Heman og Jedutun og sønerne og brørne deira, stod i kvite linklæde med cymblar, harpor og cithrar austanfor altaret, og hjå deim hundrad og tjuge prestar som bles i lurar,

13 og i same augneblinken då lurblåsarane og songarane sette i alle som ein med å lova og prisa Herren, og dei let lurarne og cymblarne og spelgognerne klinga, og lova Herren for han er god, og hans miskunn varer æveleg - då vart huset, Herrens hus, fyllt av ei sky,

14 so prestarne kunde ikkje standa og gjera tenesta for skuld skyi; for Herrens herlegdom fyllte Guds hus.

6. kapitlet

1 Då sagde Salomo: «Herren hev sagt at han vil bu i dimma.

2 Men eg hev bygt eit hus til bustad åt deg, og ein stad der du kann dvelja ævelegt.»

3 So snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan heile Israels-lyden stod.

4 Og han sagde: «Lova vere Herren, Israels Gud, som hev fullenda det med handi si som hans munn tala til David, far min, den gongen han sagde:

5 «Frå den tid då eg henta folket mitt ut or Egyptarland, hev eg ikkje valt ut nokon by av Israels ætter til å byggja eit hus i som namnet mitt kunde bu i, og eg hev ikkje kåra nokon mann til å vera styrar yver Israel, folket mitt;

6 men no hev eg valt Jerusalem til at namnet mitt kann bu der, og eg hev kåra David til å styra yver Israel, folket mitt.»

7 Og David, far min, var meint på å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.

8 Men Herren sagde til David, far min: «Når du hev vore meint å byggja eit hus for mitt namn, då hev du gjort vel med at du hev slikt i tanken;

9 like vel skal ikkje du byggja huset, men son din, som gjeng ut or lenderne dine, han skal byggja huset for mitt namn.»

10 No hev Herren sett i verk det ordet som han tala; og eg er komen i far min’s stad, og hev sett meg på Israels kongsstol, soleis som Herren hev sagt det, og eg hev bygt huset for namnet åt Herren, Israels Gud.

11 Og der hev eg sett den kista som gøymer Herrens samband er i, det som han gjorde med Israels-borni.»

12 So stelte han fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden og breidde ut henderne.

13 For Salomo hadde gjort ein tram av kopar, fem alner lang, fem alner breid og tri alner høg, og hadde sett honom midt i garden; på den stod han; og han fall på kne framfyre heile Israels-lyden og breidde ut henderne mot himmelen,

14 og sagde: «Herre, Israels Gud, det finst ingen Gud som du i himmelen eller på jordi, du som held uppe sambandet og nåden mot tenararne dine når dei ferdast for di åsyn med heile sitt hjarta,

15 du som hev halde det du lova tenaren din, David, far min, og som hev fullenda med handi det du tala med munnen, som det syner seg i dag.

16 So haldt no og, Herre, Israels Gud, det som du lova tenaren din, David, far min, då du sagde: «Aldri skal den tid koma at det ikkje sit ein mann av di ætt på Israels kongsstol for mi åsyn, når berre sønerne dine vil taka på vegen sin og ferdast i mi lov, liksom du hev ferdast for mi åsyn.»

17 So lat no, Herre, Israels Gud, det ordet sannast som du hev tala til tenaren din, David!

18 Men kann då Gud i røyndi bu hjå menneski på jordi? Sjå himlarne, ja himle-himlarne kann ikkje røma deg, kor mykje mindre då dette huset som eg hev bygt!

19 Men vend deg like vel til bøni åt tenaren din, og hans påkalling, Herre, min Gud, so du høyrer på det ropet og den bøni som tenaren din bed for di åsyn,

20 og let augo dine vera opne mot dette huset dag og natt, mot den staden der du hev lova at namnet ditt skal bu, so du høyrer på den bøni som tenaren din vender mot denne staden,

21 og høyr på den påkalling som tenaren din og Israel, folket ditt, vender imot denne staden; høyr ifrå den staden der du bur, frå himmelen, høyr og tilgjev!

22 Forsyndar einkvar seg mot næsten sin, og dei legg ein eid på honom, so ein let honom sverja, og han kjem inn og sver framfyre altaret ditt i dette huset,

23 so må du høyra frå himmelen og setja i verk og døma imillom tenararne dine, med di du gjev den skuldige attergjeld, og let honom lida for si åtferd, og frikjenner den rettferdige og let honom få etter si rettferd.

24 Og um folket ditt, Israel, fær usiger mot fienden for di dei syndar imot deg, og dei so vender um og vedkjennest ditt namn, og bed og påkallar for di åsyn i dette huset,

25 so må du høyra det frå himmelen og tilgjeva Israel, folket ditt, den syndi dei gjorde, og føra deim heim att til det landet som du hev gjeve deim og federne deira.

26 Når himmelen let seg att, og regnet ikkje kjem, for di dei syndar imot deg, og dei so snur seg imot denne staden med bøn, og dei vedkjennest ditt namn og vender um frå syndi si av di du audmykjer deim,

27 so må du høyra det frå himmelen og tilgjeva tenararne dine og Israel, folket ditt, syndi deira, for du lærer deim den gode vegen dei skal ganga på, og du må gjeva regn yver landet ditt, som du hev gjeve folket ditt til odel og eiga.

28 Når det kjem uår i landet, når det kjem farsott, når det kjem moldaks og rust, eller det kjem engspettor og åmor, eller fiendarne deira trengjer deim i det landet der byarne deira er, eller kva for ei plåga eller sjukdom det er,

29 kvar gong det då stig upp ei bøn eller audmjuk påkalling frå noko menneskje eller frå heile ditt folk Israel, med di kvar og ein kjenner si plåga og pina og retter ut henderne sine mot dette huset,

30 so må du høyra frå himmelen, den staden der du bur, og tilgjeva, med di du gjev kvar mann lika for all hans ferd, av di du kjenner hjarta hans - for einast du kjenner mannehjarta -

31 so dei må ottast deg og fylgja dine vegar all den tid dei liver på den jordi som du hev gjeve federne våre.

32 Jamvel den framande, som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, men kjem frå eit land langt burte, for ditt store namn, di sterke hand og din strake arm skuld, når dei kjem og vender bønerne sine mot dette huset,

33 då må du høyra frå himmelen, frå den staden der du bur, og gjera alt som den framande ropar til deg um, so alle folk på jordi må læra å kjenna namnet ditt og ottast deg, liksom Israel, folket ditt, og skyna at dette huset som eg hev bygt, er uppkalla etter ditt namn.

34 Når folket ditt fer ut i herferd mot fiendarne sine, på den vegen som du sender deim, og dei so bed til deg med andlitet imot den byen som du hev valt ut, og det huset eg hev bygt åt namnet ditt,

35 då må du frå himmelen høyra bøni og påkallingi deira, og hjelpa deim til retten sin.

36 Og når dei syndar mot deg - for det finst ikkje noko menneskje som ikkje syndar - og du harmast på deim og let fienden få magt yver deim, so han fangar deim og fører deim burt til eit land langt av leid eller nær ved,

37 og dei so tenkjer seg um i det landet der dei er fangar, og vender um og bed deg um nåde i det landet der dei er i utlægdi si, og sannar: «Me hev synda, me hev gjort ille og vore ugudlege,»

38 og dei vender um til deg med heile sitt hjarta og all si sjæl i det landet dei er burtførde til og fangar i, og dei bed med di deg snur seg imot landet sitt, som du hev gjeve federne deira, imot den byen som du hev valt ut, og det huset eg hev bygt for namnet ditt,

39 so må du høyra på bøni og påkallingi deira frå himmelen der du bur, og hjelpa deim til sin rett og tilgjeva folket ditt det som det hev synda imot deg.

40 So vere då, min Gud, augo dine opne, og øyro dine agte på bøni på denne staden!

41 So reis deg då, Herre Gud, og kom til kvilestaden din, du med di velduge kista! Lat prestarne dine, Herre Gud, klæda seg i frelsa, og dine gudlege gleda yver det gode!

42 Herre Gud, vis ikkje ifrå deg åsyni åt den du hev salva, kom i hug nåden mot David, tenaren din!»

7. kapitlet

1 Då Salomo hadde slutta bøni si, for det eld ned frå himmelen og åt upp brennofferet og slagtofferi, og Herrens herlegdom fyllte huset.

2 Prestane kunde ikkje ganga inn i Herrens hus, for di Herrens herlegdom fyllte Herrens hus.

3 Og då alle Israels-borni såg korleis elden for ned og Herrens herlegdom kom yver huset, då kasta dei seg på kne i den steinlagde garden med andlitet mot jordi og tilbad og lova Herren, for han er god, og hans miskunn varer æveleg.

4 Og kongen og heile folket og ofra slagtoffer for Herrens åsyn.

5 Og kong Salomo ofra tvo og tjuge tusund stykke storfe og hundrad og tjuge tusund stykke småfe til slagtoffer, og soleis vigde kongen og heile folket Guds hus.

6 Og prestarne stod på sine postar, og levitarne stod med Herrens spelgogner, som kong David hadde late gjera til å lova Herren for di hans miskunn varer æveleg, og dei førde fram Davids lovprisning, medan prestarne bles i lurarne midt imot deim, og heile Israel stod.

7 Og Salomo vigde den midtre luten av tunet framfyre Herrens hus, for di han laut ofra brennoffer og feittstykki av takkofferi der; for koparaltaret som Salomo hadde gjort, kunde ikkje røma brennofferi, grjonofferi og feittstykki.

8 På den tid høgtida Salomo helgi i sju dagar saman med heile Israel; det var ein ovstor møtelyd, like frå den staden der vegen gjeng til Hamat og til Egyptarlands-bekken.

9 Og på den åttande dagen heldt dei ei stor samlingshøgtid; for dei høgtida altarvigsla i sju dagar og helgi i sju dagar.

10 Og på den tri og tjugande dagen i den sjuande månaden let han folket fara heim, glade og velnøgde yver alt det gode som Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og imot Salomo og imot Israel, folket sitt.

11 No var Salomo ferdig med å byggja Herrens hus og kongshuset; og alt det han hadde sett seg fyre at han vilde gjera med Herrens hus og sitt hus, det førde han til endes godt og vel.

12 Då synte Herren seg for Salomo um natti og sagde til honom: «Eg hev høyrt bøni di og valt meg denne staden til offerstad for meg.

13 Um eg let att himmelen, so regnet ikkje kjem, eller um eg byd engsprettorne å øyda landet, eller um eg sender farsott imot folket mitt,

14 og folket mitt, som er uppkalla etter namnet mitt, då bøygjer seg og bed og søkjer mi åsyn og vender um frå si vonde ferd, då vil eg høyra frå himmelen og tilgjeva syndi deira og lækja landet deira.

15 No skal augo mine vera opne og øyro mine agta på bøni på denne staden.

16 No hev eg valt ut og helga dette huset til at namnet mitt skal bu der til æveleg tid, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alltid.

17 Um du no ferdast for mi åsyn soleis som David, far din, ferdast, so du gjer alt det som eg hev bode deg, og held lovorne og rettarne mine,

18 so vil eg halde uppe kongsstolen din, soleis som eg hev lova David, far din det, då eg sagde: «Aldri skal det vanta deg ein mann til å råda yver Israel.»

19 Men dersom de snur meg ryggen og svik loverne og bodi mine, som eg hev lagt fram for dykk, og gjeng av stad og dyrkar framande gudar og bed til deim,

20 då vil eg jaga dykk burt ifrå landet mitt, som eg hev gjeve dykk, og dette huset, som eg hev helga til mitt namn, det vil eg føykja burt ifrå mi åsyn og gjera det til eit ordtøke og ei spott millom alle folk.

21 Og yver dette huset, som var so høgreist, skal alle verta forfærde som gjeng framum det, når dei segjer: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?»

22 då skal dei svara: «For di dei vende seg ifrå Herren, sin fedregud, som førde deim ut or Egyptarland, og heldt seg til andre gudar, og bad til deim og tente deim. Difor hev Herren late alt dette vonde koma yver deim.»»

8. kapitlet

1 Då no dei tjuge åri var ute som Salomo hadde bygt på Herrens hus og sitt hus,

2 bygde Salomo upp dei byarne som Huram hadde late frå seg til honom, og let Israels-sønerne busetja seg i deim.

3 So drog Salomo til Hamat-Soba og lagde det under sitt velde.

4 Han bygde Tadmor og, i øydemarki, og alle dei forrådsbyarne som han bygde i Hamat.

5 Sameleis bygde han Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon til festningar med murar, portar og portbommar,

6 og Ba’alat og forrådsbyarne som Salomo hadde, alle vognbyarne og hestbyarne og alt det andre som Salomo hadde hug til å byggja i Jerusalem, på Libanon og i heile sitt rike.

7 Alt det folket som fanst att av hetitarne, amoritarne, perizitarne, hevitarne og jebusitarne, som ikkje var av Israels-folket,

8 av sønerne åt deim som hadde vorte att etter deim i landet, av di Israels-sønerne ikkje hadde gjort ende på deim, av deim var baud Salomo ut til pliktarbeid, og soleis hev det vore til den dag i dag.

9 Men av Israels-sønerne gjorde Salomo ingen til arbeidstrælar, men dei vart herfolk, hovdingar for kjemporne hans og hovdingar yver stridsvognerne og hestfolket hans.

10 Av arbeidsfutar hadde kong Salomo tvo hundrad og femti, som rådde yver folket.

11 Dotter åt Farao førde kong Salomo frå Davidsbyen til det huset han hadde bygt åt henne; for han sagde: «Ingi kvinna må bu i huset åt David, Israels konge; for desse staderne er heilage, for dit hev Herrens kista kome.»

12 Den gongen ofra Salomo brennoffer til Herren på Herrens altar, som han hadde bygt framfyre forhalli.

13 Kvar dag ofra han dei offer som kravdest på den dagen etter bodet åt Moses, på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne tri gonger for året: søtebrødhelgi, sjuvikehelgi og lauvhyttehelgi.

14 Og etter fyresegni åt David, far sin, sette han prestskifti til sine tenestor, og levitarne til sine tenestor, til å lovsyngja og ganga prestarne til handa etter som det turvest for kvar dag, og sameleis dørvaktarflokkarne kvar ved sine portar; for soleis hadde gudsmannen David bode.

15 Og ikkje i nokon måte veik dei ifrå det som kongen hadde bode um frå prestarne og levitarne eller skattkamri.

16 Soleis vart det utført heile Salomos verk, fyrst til den dagen grunnvollen vart lagd til Herrens hus, og sidan til det var fullført. Og so var då Herrens hus ferdigt.

17 Den gongen drog Salomo til Esjon-Geber og til Elot ved havstrandi i Edomlandet.

18 Og Huram sende skip og sjøvant mannskap til honom med folki sine, dei siglde til Ofir saman med folki åt Salomo, og derifrå henta dei elleve hundrad våger gull, som dei førde til kong Salomo.

9. kapitlet

1 Då dronningi i Saba høyrde gjetordet um Salomo, drog ho til honom i Jerusalem og vilde røyna honom med djupe gåtor. Ho kom med eit ovstort fylgje, med kamelar som var klyvja med kryddor og gull i store mengder og glimesteinar. Og då ho var komi til Salomo, lagde ho fram for honom alt det ho hadde på hjarta.

2 Men Salomo gav henne svar på alle spurningarne hennar, og det var ingenting dult for honom, som han ikkje kunde svare på.

3 Då dronningi frå Saba såg kor vis Salomo var, og huset som han hadde bygt,

4 og retterne på bordet hans, korleis hirdmennerne hans sat der, og korleis tenarane hans varta upp og var klædde, skjenkjarsveinarne hans og deira klæde, og den uppgangen som han hadde til Herrens hus, vart ho reint ifrå seg.

5 Og ho sagde til kongen: «So var det då sant det som eg høyrde i landet mitt um deg og visdomen din!

6 Eg kunde ikkje tru det dei sagde fyrr eg kom og fekk sjå det med eigne augo; og so er det endå ikkje helvti av all visdomen din som de hev fortalt meg um; du er endå større enn det gjetordet eg hev høyrt um deg.

7 Sæle er mennerne dine, sæle er desse tenarane dine, som stødt fær standa framfyre deg og høyra visdomen din.

8 Lova vere Herren, din Gud, som hadde hugnad i deg og sette deg på sin kongsstol til konge for Herren, din Gud! For di din Gud elskar Israel, og vil halda det ved magt æveleg, difor hev han sett deg til konge yver deim til å gjera rett og rettferd.»

9 So gav ho kongen tri hundrad våger gull og kryddor i store mengder og glimesteinar; og aldri hev det funnest slike kryddor som dei dronningi frå Saba gav Salomo.

10 Dessutan kom folki åt Huram og folki åt Salomo, som henta gull frå Ofir, med algummimtre og glimesteinar.

11 Og av algummimtreet let kongen gjera tropper til Herrens hus og til huset åt kongen og cithrar og harpor til songarar; og makan til det hadde dei aldri fyrr set i Judalandet.

12 Og kong Salomo gav dronningi frå Saba alt ho hadde hug på og bad um, umfram gåvor for det som ho gav til kongen. Sidan snudde ho og drog heim att til landet sitt, ho og tenarane hennar.

13 Vegti på det gullet som kom til Salomo på eitt år, var sekstan hundrad og fem og seksti våger gull,

14 og då var det ikkje medrekna det som kjøpmennerne og kræmarane førde inn, og det som kom frå alle kongarne i Arabia og frå jarlarne i landet, som førde gull og sylv til Salomo.

15 Kong Salomo let gjera tvo hundrad store skjoldar av uthamra gull - til kvar skjold gjekk det seks hundrad lodd uthamra gull -

16 og tri hundrad små skjoldar av uthamra gull, og til kvar skjold gjekk det med tri hundrad lodd gull; og kongen sette deim upp i Libanonskoghuset.

17 Dessutan let kongen gjera ein stor kongsstol av filsbein og klædde honom med skirt gull.

18 Kongsstolen hadde seks stig og ein fotskammel av gull, som var feste til kongsstolen; på båe sidorne åt sætet var det armstyd, og på kvar side åt deim stod det tvo løvor.

19 Det stod og tolv løvor på båe sidorne på dei seks stigi. Det var ikkje laga maken i noko anna rike.

20 Alle drykkjestaupi åt kong Salomo var av gull, og alle gognerne i Libanonskoghuset var av skirt gull; sylv rekna dei slett ikkje for noko i kong Salomos dagar.

21 For kongen hadde skip som siglde til Tarsis saman med folki åt Huram; ein gong tridje kvart år kom Tarsis-skipi og førde gull og sylv og filsbein og apor og påfuglar.

22 Kong Salomo vart større enn alle andre kongar på jordi i rikdom og visdom.

23 Og alle kongarne på jordi kom og vilde sjå honom og høyra visdomen hans, som Gud hadde lagt i hjarta hans.

24 Og kvar av deim hadde med seg ei gåva; det var ymse ting av sylv eller gull, klæde, våpn, kryddor, hestar, muldyr, år etter år.

25 Salomo hadde fire tusund heste-par og stridsvogner og tolv tusund hestfolk, og deim lagde han, sume i vognbyarne og sume hjå seg sjølv i Jerusalem.

26 Han rådde yver alle kongarne frå Eufratelvi til Filistarland og egyptargrensa.

27 Kongen gjorde sylvet so vanlegt i Jerusalem som stein, og cedertre som morberfiketrei i låglandet.

28 Hestar førde dei til Salomo frå Egyptarland og frå alle landi.

29 Det som elles er å fortelja um Salomo frå fyrst til sist, det er uppskrive i profeten Natans krønika, og i spådomen åt siloniten Ahia og i syni åt sjåaren Jedi um Jeroboam Nebatsson.

30 Salomo var konge i Jerusalem yver heile Israel i fyrti år.

31 So lagde Salomo seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i far sin, Davids, by. Og Rehabeam, son hans, vart konge i staden hans.

10. kapitlet

1 Rehabeam for til Sikem, for heile Israel var kome til Sikem og vilde taka honom til konge.

2 Men då Jeroboam Nebatsson frette det - han var i Egyptarland og hadde rømt dit for kong Salomo - då snudde han heim att frå Egyptarland.

3 Då sende dei bod og kalla honom; og Jeroboam og heile Israel kom. Og dei sagde til Rehabeam:

4 «Far lagde på oss eit hardt ok; men vil no du letta på det harde strævet og det tunge oket som far din lagde på oss, so skal me tena deg.»

5 Han svara deim: «Gakk burt og bia tri dagar, og kom so til meg att!» Og folket gjekk.

6 Då rådførte kong Rehabeam seg med dei gamle, som hadde vore i tenesta hjå Salomo, far hans, medan han livde, og spurde deim: «Kva svar råder de til å gjeva dette folket?»

7 Dei svara honom: «Vil du vera venleg mot dette folket i dag og syna deg nådig imot deim og gjeva deim eit venlegt svar, då vil dei vera dine tenarar for alle tider.»

8 Men han brydde seg ikkje um den rådi som dei gamle gav honom, men rådførde seg med dei unge som var uppvaksne i lag med honom og stod i hans tenesta.

9 Han sagde til deim: «Kva råder de meg til å svara dette folket, som hev tala til meg og sagt: «Lat det oket som far din hev lagt på oss verta lettare?»»

10 Dei unge kararne som var uppvaksne i lag med honom, svara honom då og sagde: «So skal du segja til dette folket som hev tala til deg og sagt: «Far lagde eit tung ok på oss, men gjer no du det lettare for oss!» - so skal du segja til deim: «Litlefingeren min er tjukkare enn mjødmarne åt far min.

11 Hev difor far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar!»»

12 So kom Jeroboam med heile folket til Rehabeam tridje dagen, so som kongen hadde sagt: «Kom til meg att tridje dagen!»

13 Då gav kongen folket eit hardt svar, for han brydde seg ikkje um den rådi dei gamle hadde gjeve honom;

14 etter rådi åt dei unge kararne sagde han til deim: «Hev far min lagt eit tungt åk på dykk, so skal eg gjera det endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar!»

15 Kongen høyrde soleis ikkje på folket, for di Gud laga det soleis, so Herrens ord skulde sannast som han hadde tala til Jeroboam Nebatsson ved siloniten Ahia.

16 Då no heile Israel såg at kongen ikkje høyrde på deim, gav folket kongen dette svaret: «Kva deil hev me i David? Ingen lut i Isaisonen! Heim att, Israel, kvar til si hytta! Sjå no sjølv til huset ditt, David!» So gjekk heile Israel kvar til sitt.

17 Berre yver dei Israels-borni som budde i byarne i Juda, vart Rehabeam konge.

18 Og då kong Rehabeam sende i veg Hadoram, som hadde øvste tilsynet med pliktarbeidet til deim, då steina Israels-sønerne honom i hel. Då skunda kong Rehabeam seg upp i vogni si og rømde til Jerusalem.

19 So reiv då Israel seg laus frå Davids hus, og soleis hev det vore til den dag i dag.

11. kapitlet

1 Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamin, hundrad og åtteti tusund utvalde stridsmenner, og vilde strida imot Israel og vinna kongedømet att for Rehabeam.

2 Men då kom Herrens ord til gudsmannen Semaja soleis:

3 «Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til heile Israel i Juda og Benjamin:

4 «So segjer Herren: De skal ikkje fara upp og strida imot brørne dykkar; snu heim att kvar til sitt hus! For det som er hendt, er kome frå meg!»» Då lydde dei ordi frå Herren og snudde heim at og drog ikkje imot Jeroboam.

5 Sidan budde Rehabeam i Jerusalem, og han bygde byar um til borger i Juda.

6 Soleis bygde han Betlehem og Etam og Tekoa

7 og Bet-Sur og Soko og Adullam

8 og Gat og Maresa og Zif

9 og Adorajim og Lakis og Azeka

10 og Sora og Ajjalon og Hebron, som låg i Juda og i Benjamin. Han gjorde deim til festningsbyar.

11 Og han gjorde borgerne sterke og sette hovdingar i deim, og gav deim forråd av matvaror og olje og vin.

12 Og kvar einskild av deim gav han skjoldar og spjot, og soleis gjorde han deim overlag sterke. Juda og Benjamin lydde honom.

13 Men prestarne og levitarne i heile Israel gjekk yver til honom frå alle bygderne.

14 For levitarne drog ifrå bumarkerne og eigedomen sin og for til Juda og Jerusalem, for di Jeroboam og sønerne hans jaga deim ut or prestetenesta for Herren,

15 og han tilsette prestar åt seg for offerhaugarne og bukketrolli og kalvarne som han hadde late gjera.

16 Og i fylgje med deim kom dei frå alle Israels ættar som lagde hugen sin på å søkja Herren, Israels Gud. Dei kom til Jerusalem og ofra til Herren, sin fedregud.

17 Dei styrkte Judariket og tryggja Rehabeam, son åt Salomo i tri år. For i tri år gjekk dei på vegen åt David og Salomo.

18 Rehabeam tok til kona Mahalat, dotter åt Jerimot, son åt David, og åt Abiha’il, dotter åt Eliab, Isais son.

19 Ho fødde honom sønerne Je’us og Semarja og Zaham.

20 Og etter henne tok han Ma’aka, dotter åt Absalom, til kona; og ho fødde honom Abia og Attai og Ziza og Selomit.

21 Rehabeam elska Ma’aka, dotter åt Absalom, meir enn dei andre konorne og fylgjekonorne sine; for han hadde attan konor og seksti fylgjekonor og vart far til åtte og tjuge søner og seksti døtter.

22 Difor sette han Abia, son åt Ma’aka, til hovding og fyrste millom brørne sine; for han var tenkt på å gjera honom til konge.

23 Og på visleg måte skifte han ut alle landsluterne og dei faste borgerne i Juda og Benjamin til alle sønerne sine, og gav deim flust til å leva av og fekk deim konor i mengd.

12. kapitlet

1 Men då Rehabeam hadde grunnfest kongedømet sitt og kjende seg sterk, då vende han seg frå Herrens lov, og heile Israel med honom.

2 Då drog egyptarkongen Sisak upp mot Jerusalem i femte styringsåret åt Rehabeam, for di dei hadde vore utrue mot Herren;

3 han kom med tolv hundrad krigsvogner, seksti tusund hestfolk, og ingen kunde rekna det folket som drog med honom frå Egyptarland, Libya-menner, sukkitar og ætiopar.

4 Og då han hadde teke dei faste borgarne i Juda, drog han mot Jerusalem.

5 Då kom profeten Semaja til Rehabeam og hovdingarne i Juda, som hadde søkt til Jerusalem for Sisak, og han sagde til deim: «So segjer Herren: «De hev vendt dykk ifrå meg, difor hev eg vendt meg ifrå dykk og gjeve dykk i handi på Sisak.»»

6 Men hovdingarne i Israel og kongen audmykte seg og sagde: «Herren er rettferdig.»

7 Og då Herren såg at dei hadde audmykt seg, kom Herrens ord til Semaja soleis: «For di dei hev audmykt seg, vil eg ikkje tyna deim, men gjeva deim ei snaud frelsa, so at vreiden min ikkje strøymer ut yver Jerusalem ved Sisak.

8 Men dei skal verta hans tenarar og læra å kjenna skilnaden på det å tena meg og tena kongeriki i heidningelandi.»

9 Då drog Sisak upp imot Jerusalem og tok skattarne i Herrens hus og skattarne i huset åt kongen; alt tok han, og han tok og dei gullskjoldarne som Salomo hadde lata gjere.

10 I staden for deim let då kong Rehabeam gjera koparskjoldar og gav deim i varveitsla til hovdingarne for livvakti, som heldt vakt ved inngangen til huset åt kongen.

11 Og kvar gong kongen gjekk til Herrens hus, bar vaktmennerne deim, og tok deim so attende til vaktstova.

12 Men då han hadde audmykt seg, snudde Herrens vreide seg ifrå honom, so han vart ikkje reint tynt; det fanst då noko godt og i Juda.

13 Soleis vart kong Rehabeam grunnfest i Jerusalem, og han heldt fram med styringi; for Rehabeam var ein og fyrti år gamall då han vart konge, og han styrde i syttan år i Jerusalem, den byen som Herren hadde valt seg ut av alle ætterne i Israel til å setja namnet sitt der. Mor hans var ei ammonitkvinna som heitte Na’ama.

14 Han gjorde det som vondt var; for han lagde ikkje hugen sin på å søkja Herren.

15 Det som er å fortelja um Rehabeam frå fyrste til sist, det er uppskrive i krønikorne åt profeten Semaja og sjåaren Iddo, der som ættartali er upprekna. Millom Rehabeam og Jeroboam var det ufred stødt.

16 Og Rehabeam lagde seg til kvile hjå federne sine, og Abia, son hans, vart konge i staden hans.

13. kapitlet

1 I det attande styringsåret åt Jeroboam vart Abia konge yver Juda;

2 tri år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Mikaja Urielsdotter og var frå Gibea. Det var ufred millom Abia og Jeroboam.

3 Abia byrja striden med ein her av djerve stridsmenner, fire hundrad tusund utvalde menner, men Jeroboam møtte honom med åtte hundrad tusund utvalde menner, som var djerve stridsmenner.

4 Men Abia gjekk upp på Semarajimberget i Efraimsfjelli og sagde: «Høyr meg Jeroboam og heile Israel!

5 De veit då vel at Herren, Israels Gud, hev gjeve kongedømet yver Israel for alle tider til David og hans søner ved ei ubrjotande semja.

6 Men Jeroboam Nebatsson, trælen åt Salomo Davidsson, reiste seg og gjorde upprør mot herren sin.

7 Og kring honom samla det seg lause karar, skamløysor, som tråssa Rehabeam, son åt Salomo, og Rehabeam var ung og veiklyndt og kunde ikkje halda seg imot deim.

8 Og no trur de at de kann tråssa Herrens kongedøme, som ligg til Davids søner, for di det er ein stor hop av dykk, og det hev hjå dykk dei gullkalvarne som Jeroboam let gjera til gudar for dykk.

9 Hev de ikkje jaga burt Herrens prestar, sønerne åt Aron, og levitarne, og rådt dykk til prestar liksom hedningfolki? Kvar den som kom med ein ung ukse og sju verar til prestevigsla, han vert prest for u-gudarne.

10 Men Herren er vår Gud, og me hev ikkje vendt oss frå honom; sønerne åt Aron er prestar for Herren, og levitarne gjer tenesta.

11 Kvar morgon og kvar kveld let dei brennofferi ganga upp i røyk med finangande røykjelse, skodebrødi ligg på gullbordet, og gull-ljosestaken med lamporne kveikjer dei kveld etter kveld; for me agtar på fyresegnerne åt Herren, vår Gud, men de hev vendt dykk frå honom.

12 Sjå, Gud er føraren hjå oss og me hev prestarne hans med alarmlurarne, og dei skal blåsa til strid mot dykk. Israels søner, gjev dykk ikkje i strid med Herren, vår fedregud, for då skal de ikkje hava lukka med dykk!»

13 Men Jeroboam hadde late deim som låg i baklur kringganga deim soleis at Juda-mennerne hadde deim fyre seg og baklur-mennerne i ryggen.

14 Då no Juda-mennerne snudde seg rundt, og såg at åtaket truga deim både framantil og attantil, då ropa deim til Herren; men prestarne bles i lurarne.

15 Og Juda-mennerne sette i med herrop. Og då Juda-mennerne sette i med herropet, då slo Gud Jeroboam og heile Israel for augo på Abia og Juda.

16 Israels-sønerne rømde for Juda, og Gud gav deim i deira vald.

17 Og Abia og folket hans gjorde stort tjon på deim, so det fall fem hundrad tusund stridsmenner av Israel.

18 På den tid vart Israels-sønerne audmjukte, men Juda-mennerne kom til magt, for dei studde seg til Herren, sin fedregud.

19 Og Abia forfylgde Jeroboam og tok ifrå honom nokre byar; det var Betel og grenderne kringum, Jesana og grenderne kringum og Efron og grenderne kringum.

20 Jeroboam kom aldri til magt meir so lenge Abia livde, og Herren slo honom, so han døydde.

21 Men Abia vart megtig. Han tok seg fire konor og vart far til tvo og tjugeto søner og sekstan døtter.

22 Det som elles er å fortelja um Abia, um hans ferd og ord, er uppskrive i utleggjingi åt profeten Iddo.

14. kapitlet

1 Og Abia lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom i Davidsbyen; Asa, son hans, vart konge i staden hans. I hans dagar hadde landet fred i ti år.

2 Asa gjorde det som var godt og rett i augo åt Herren, hans Gud.

3 Han fekk burt dei framande altari og offerhaugarne, braut sund minnesteinarne og hogg ned Astarte-bilæti.

4 Og han baud Juda-mennerne at dei skulde søkja Herren, deira fedregud, og halda lovi og bodet.

5 Og han fekk burt offerhaugarne og solsulorne frå alle byarne i Juda, og riket hadde ro so lenge han livde.

6 Han bygde borgar i Juda; for landet hadde fred, og det kom ikkje til nokon krig imot honom i dei åri, for Herren gav honom ro.

7 Han sagde til Juda: «Lat oss byggja desse byarne og setja murar og tårn ikring deim og portar og portbommar, medan me endå hev landet i vår magt, for di me hev søkt Herren, vår Gud; me hev søkt honom, og han hev gjeve oss fred til alle sidor.» So bygde dei då, og det gjekk godt.

8 Asa hadde ein her som var væpna med langskjoldar og spjot, tri hundrad tusund mann av Juda, og dessutan tvo hundrad og åtteti tusund av Benjamin, som bar rundskjoldar og spente boge. Alle desse var djerve stridsmenner.

9 Og ætiopen Zerah drog ut imot deim med ein her på tusund gonger tusund mann og tri hundrad stridsvogner, og han kom til Maresa.

10 Og Asa drog imot honom, og dei fylkte seg til strid i Sefatadalen ved Maresa.

11 Då ropa Asa til Herren, hans Gud: «Herre! det er ingen som du til å hjelpa i strid millom ein som er sterk og ein som er magtlaus. So hjelp oss, Herre, vår Gud! For til deg held me oss, og med ditt namn er me komne hit imot denne hopen. Herre, du er vår Gud; lat ikkje noko menneskje standa seg imot deg!»

12 Då slo Herren ætioparne for augo på Asa og Juda og ætioparne rømde.

13 Asa og folket som var med honom, forfylgde deim til Gerar, og det fall so mange av ætioparne, at ingen vart i live, for dei vart knustra for Herren og hans her. Folket tok ei uhorveleg mengd med herfang.

14 Og dei tok alle byarne rundt ikring Gerar, for ein støkk frå Herren hadde kome yver deim, og dei plundra alle byarne, for det var mykje herfang i deim.

15 Jamvel buskaps-tjeldi tok dei, og dei drog med seg ei mengd med småfe og kamelar, og so snudde dei heim att til Jerusalem.

15. kapitlet

1 Då kom Guds Ande yver Azarja Odedsson,

2 og han steig fram for Asa og sagde til honom: «Høyr på meg, Asa og heile Juda og Benjamin! Herren er med dykk når de er med honom, og når de søkjer honom, då let han dykk finna seg; men um de vender dykk frå honom, då vender han seg frå dykk.

3 I lange tider var Israel utan sann Gud, utan prest som lærde deim, og utan lov.

4 Men i trengsla si umvende dei seg til Herren, Israels Gud, og søkte honom, og han let deim finna seg.

5 I dei tider kunde ingen draga uskadd ut eller heim, for det var stor røra millom alle som budde i landi.

6 Då vart dei sundstøytte, folk mot folk og by mot by; for Gud skræmde deim med alle slag trengslor.

7 Men ver de frihuga og lat ikkje henderne siga; for dykkar verk skal få si løn!»

8 Då Asa høyrde desse ordi og den spådomen som Azarja, son åt Oded, sagde fram, då tok han mod til seg og fekk burt dei ufysne styggetingi frå heile Judalandet og Benjaminslandet og frå dei byarne han hadde teke på Efraimsheidi; og han sette i stand Herrens altar framfyre Herrens forhall.

9 So stemnde han saman heile Juda og Benjamin og deim ifrå Efraim, Manasse og Simeon som budde hjå deim; for ei mengd ifrå Israel hadde gjenge yver til honom då dei såg at Herren, hans Gud, var med honom.

10 Dei samla seg då i Jerusalem i den tridje månaden i det femtande styringsåret åt Asa.

11 Og den dagen slagta dei offer for Herren av det herfanget dei hadde ført med seg, sju hundrad stykke storfe og sju tusund stykke småfe.

12 Og dei gjorde ei pakt um at dei vilde søkja Herren, sin fedregud, av alt sitt hjarta og heile si sjæl,

13 og at kvar den som ikkje søkte Herren, Israels Gud, han skulde lata livet, anten han var liten eller stor, mann eller kvinna.

14 Soleis gav dei Herren eiden sin med høg røyst og med fagnadrop og med ljom av lurar og horn,

15 og heile Juda gledde seg yver den eiden, for dei hadde svore med heile sitt hjarta og søkte honom med all sin vilje; Og Herren let deim finna seg og gav landet fred til alle sidor.

16 Og jamvel Ma’aka, mor si, sette kong Asa av frå hennar dronningrang, av di ho hadde gjort eit styggjelegt bilæte for Astarte; han hogg ned det stygge bilætet, slo det i smulder og brende det i Kidronsdalen.

17 Men offerhaugarne fekk dei ikkje burt ifrå Israel; men like vel var hjarta til Asa heilstøypt so lenge han livde.

18 Heilaggåvorne åt far sin og heilaggåvorne sine eigne flutte han inn i Guds hus, sylv og gull og ymse ting.

19 Det vart ingen ufred fyrr i det fem og trettiande styringsåret åt Asa.

16. kapitlet

1 I det seks og trettiande styringsåret åt Asa drog kong Baesa i Israel upp imot Juda og bygde ei borg i Rama, av di han ville hindra at nokon drog ut eller inn hjå Asa, kongen i Juda.

2 Då tok Asa sylv og gull ut or skattkammeri i Herrens hus og i huset åt kongen og sende deim til Benhadad, kongen i Syria, som budde i Damaskus, med dei ordi:

3 «Det er eit samband millom meg og deg, sameleis som millom min far og din far, no sender eg deg sylv og gull. Gjer no vel og brjot sambandet ditt med Israels-kongen Baesa, so han lyt draga burt ifrå meg!»

4 Benhadad lydde kong Asa og sende herhovdingarne sine mot byarne i Israel, og dei herja Ijon og Dan og Abel-Majim og alle forrådshusi i Naftali-byarne.

5 Då Baesa høyrde dette, lagde han ned borgbyggjingi i Rama og slutta arbeidet.

6 Men kong Asa tok heile Juda med seg, og dei førde burt steinarne og trevyrket som Baesa hadde bruka til byggverket i Rama, og han bruka deim til å byggja Geba og Mispa.

7 På den tid kom sjåaren Hanani til Asa, kongen i Juda, og sagde til honom: «For di du studde deg til Syria-kongen og ikkje til Herren, din Gud, hev heren åt Syria-kongen sloppe or henderne dine.

8 Var ikkje ætioparne og libyararne ein stor her med ei ovmengd med vogner og hestfolk? Men då du studde deg til Herren, då gav han deim i di magt.

9 For Herrens augo fer utyver all jordi, av di han med kraft vil koma deim til hjelp som hev hjarta sitt heilt med honom. Du hev fare fåvist åt i dette; for heretter kjem du til å hava ufred stødt.»

10 Då vart Asa harm på sjåaren og kasta honom i fangehuset, so vond var han for dette. På same tid for Asa hardt fram mot andre av folket.

11 Det som er å fortelja um Asa frå fyrst til sist, er uppskrive i boki um kongarne i Juda og Israel.

12 I det ni og trettiande styringsåret sitt vart Asa sjuk i føterne, og sjukdomen hans vart svært hard. Men ikkje i sjukdomen sin heller søkte han Herren, men lækjarane.

13 Og Asa lagde seg til kvile hjå federne sine og døydde i det eitt og fyrtiande styringsåret sitt.

14 Dei gravlagde honom i gravi hans, som han hadde late hogga ut i Davidsbyen, og lagde honom på ei lega som dei hadde fyllt med kryddor av ymse slag som var tillaga i salveblanding, og dei kveikte eit ovlagt bål for honom.

17. kapitlet

1 Josafat, son hans, vart konge i staden hans. Han synte seg sterk imot Israel,

2 og lagde herfolk i alle dei faste byarne i Juda og sette inn vakter i Judalandet og i dei byarne i Efraim som Asa, far hans, hadde herteke.

3 Og Herren var med Josafat, for han fylgde dei fyrste vegarne åt David, far sin, og heldt seg ikkje til Ba’alarne,

4 men søkte til far sin’s Gud og fylgde bodi hans og gjorde ikkje soleis som Israel.

5 Difor grunnfeste Herren kongedømet i hans hand, og heile Juda gav Josafat gåvor, so at han fekk mykje rikdom og æra.

6 Då voks modet hans på Herrens vegar, og han fekk ogso burt offerhaugarne og Astarte-bilæti frå Juda.

7 I det tridje styringsåret sitt sende han hovdingarne sine Benha’il og Obadja og Zakarja og Netanel og Mikaja til å læra i Juda-byarne,

8 og saman med deim levitarne Semaja og Netanja og Zebadja og Asael og Semiramot og Jonatan og Adonja og Tobia og Tob-Adonia, levitarne, og med deim prestarne Elisama og Joram.

9 Dei lærde i Juda, for dei hadde Herrens lovbok med seg, og dei drog kringum i alle Juda-byarne og lærde folket.

10 Då kom ein støkk frå Herren yver alle riki i dei landi som låg rundt ikring Juda, so dei våga seg ikkje i krig med Josafat.

11 Nokre av filistarane førde gåvor til Josafat, og sylv til skatt, og arabarane og førde småfe til honom, sju tusund og sju hundrad verar og sju tusund sju hundrad bukkar.

12 Soleis gjekk Josafat frametter stødt til han vart overlag megtig, og han bygde borger og upplagsbyar i Juda,

13 og han store forråd i Juda-byarne og stridsdjerve herfolk i Jerusalem.

14 Dette er lista yver deim etter ættgreinerne deira: Yverhovdingarne i Juda var: Hovdingen Adna med tri hundrad tusund djerve stridsmenner;

15 jamsides honom hovdingen Johanan med tvo hundrad og åtteti tusund mann;

16 jamsides honom Amasja Zikrison, som hadde gjenge i Herrens tenesta friviljugt, og med honom var tvo hundrad tusund djerve stridsmenner;

17 framleides var det frå Benjamin den djerve kjempa Eljada med tvo hundrad tusund mann, som bar boge og skjold,

18 jamsides honom Jozabad med hundrad og åtteti tusund djerve stridsmenner.

19 Dette var dei som stod i tenesta åt kongen, umfram deim som kongen hadde lagt i borgbyarne i heile Juda.

18. kapitlet

1 Då Josafat hadde vunne seg rikdom og æra, gjekk han i mågskap med Ahab.

2 Etter nokre år var lidne, drog han ned til Ahab i Samaria, og Ahab let slagta ei mengd med småfe og storfe for honom og mannskapet han hadde med seg; so lokka han honom til å draga upp mot Ramot i Gilead.

3 For Israels-kongen Ahab sagde til Juda-kongen Josafat: «Vil du fara med meg til Ramot i Gilead?» Han svara honom: «Eg som du, og mitt folk som ditt folk, me vil vera med deg i striden.»

4 Men Josafat sagde til Israels-kongen: «Spør like vel fyrst Herrens ord til råds!»

5 Då stemde Israels-kongen saman profetarne, fire hundrad mann, og spurde deim: «Skal me draga ut og strida mot Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Gud vil gjeva byen i henderne på kongen.»

6 Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja gjenom honom?»

7 Israels-kongen sagde til Josafat: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved; men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt alle sine dagar; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis må ikkje kongen tala!»

8 Då kalla Israels-kongen på ein hirdmann og sagde: «Henta snøgt Mika Jimlason!»

9 Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud kvar på sin kongsstol, dei sat på treskjevollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim.

10 Og Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tyner deim.»»

11 Og alle profetarne spådde på same måten og sagde: «Drag upp til Ramot i Gilead, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»

12 Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat då ordi dine samstavast med deira, og lova lukka du og!»

13 Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som min Gud segjer.»

14 Då han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera?» Då sagde han: «Drag upp, so skal de få siger, og dei skal verta gjevne i dykkar vald.»

15 Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid på at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?»

16 Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt utyver fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»»

17 Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?»

18 Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod på den høgre og den vinstre sida hans.

19 Og Herren sagde: Kven vil lokka Israels-kongen Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so.

20 Men då kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?»

21 Han svara: «Eg vil ganga ut og verta ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad, og gjer so!»

22 Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg.

23 Då kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika på kinni og sagde: «Kva veg hev då Herrens ande fare ifrå meg for å tala med deg?»

24 Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen då du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»

25 Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas,

26 og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom på snaud kost, til kongen kjem heim att med heilo!»»

27 Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, då hev ikkje Herren tala gjenom meg.» Og so sagde han: «Høyr, de folk, alle saman!»

28 So drog då Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.

29 Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden, men hav du dine klæde på deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut, og so gjekk dei inn i striden.

30 Men Syria-kongen hadde gjeve det bodet til hovdingarne for stridsvognerne sine at dei ikkje skulde taka på nokon, korkje liten eller stor, men berre på Israels-kongen.

31 Då no hovdingarne fekk stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei kringsette honom og vilde strida. Men Josafat sette i eit høgt rop, og Herren frelste honom; for Gud vende dei burt ifrå honom.

32 Og då hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom.

33 Men ein mann som spente bogen og skaut på måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. Då baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren! for eg er såra.»

34 Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni si imot syrarane like til um kvelden; og ved soleglad døydde han.

19. kapitlet

1 Men Josafat, Juda-kongen, snudde heim att til Jerusalem med heilo.

2 Men då gjekk sjåaren Jehu Hananison ut imot honom og sagde til kong Josafat: «Skal ein hjelpa den gudlause, og elskar du deim som hatar Herren? For dette kviler det vreide på deg ifrå Herren.

3 Like vel er det funne noko godt hjå deg, for du hev øydt ut Astarte-bilæti or landet og hev lagt hugen din på å søkja Gud.»

4 Josafat vart no buande i Jerusalem. Og so drog han ut att bland folket ifrå Be’erseba og til Efraimsheidi, og førde deim attende til Herren, deira fedregud.

5 Og han sette inn domarar i landet i kvar ein av dei faste byarne i Juda.

6 Og han sagde til domarane: «Agta vel på det de gjer; for de feller ikkje dom for menneskje, men for Herren, og han er hjå dykk når det dømer.

7 Difor skal otte for Herren vera yver dykk! Ver varsame med det som de gjer! for hjå Herren, vår Gud, finst det ingen urett, ikkje gjer han skil på folk, og ikkje tek han mutor.»

8 I Jerusalem og sette Josafat nokre av levitarne og prestarne og ættarhovdingarne i Israel til å agta på Herrens saker og rettstrættorne; dei hadde vendt heim att til Jerusalem.

9 Og han baud deim og sagde: «Soleis skal de bera dykk åt med age for Herren, i truskap og med heilt hjarta:

10 Kvar gong det vert lagt fram for dykk ei rettstrætta frå brørne dykkar, som bur i byarne sine, anten det er dom i ei dråpssak eller eit bod, ei lov eller vedtekter og rettar, då skal de vara deim åt, so dei ikkje syndar imot Herren, og det kjem vreide yver dykk og brørne dykkar. Gjer soleis, so det ikkje skal draga skuld yver dykk!

11 I alt det som kjem ved Herren, skal øvstepresten Amarja vera formannen dykkar, og i alt det som kjem ved kongen, skal Zebadja Ismaelsson, hovdingen for Juda-ætti, vera formann; og levitarne skal vera tilsynsmenner under dykk. Tak no hugheilt fat på verket, og Herren skal vere med den som er god.»

20. kapitlet

1 Sidan hende det, at Moabs-sønerne og Ammons-sønerne og nokre av me’unitarne saman med deim drog i herferd mot Josafat.

2 Og dei kom og melde det til Josafat og sagde: «Det kjem ein stor hop imot deg frå landi på hi sida havet, frå Syria, og dei er i Haseson-Tamar, det er En-Gedi.»

3 Då vart Josafat rædd og tok til å søkja Herren, og lyste ut ei fasta yver heile Juda.

4 Då kom Juda saman og søkte hjelp hjå Herren, og dei kom frå alle Juda-byarne og søkte Herren.

5 Men Josafat stelte seg i samlingslyden frå Juda og Jerusalem i Herrens hus, framanfor den nye tunet,

6 og han sagde: «Herre, vår fedregud! Du er då Gud i himmelen, du råder yver alle heidningriki, i di hand er det kraft og velde, og imot deg kann ingen standa seg.

7 Hev ikkje du, vår Gud, jaga burt ibuarane i dette landet for Israel, folket ditt, og gjeve det til ættingarne åt Abraham, venen din, for alder og æva?

8 Og dei busette seg i det og bygde deg ein heilagdom der for ditt namn, med di dei og sagde:

9 «Um det kjem nokor ulukka yver oss, sverd, straffedom, farsott eller hungersnaud, då vil me stella oss upp framanfor dette huset for di åsyn, for namnet ditt bur i dette huset; og me vil ropa til deg i naudi vår, og so vil du høyra og hjelpa.»

10 Sjå no Ammons-sønerne og Moab og folket ifrå Se’irfjelli - du gav ikkje Israel lov til å trengja inn i deira land då dei kom frå Egyptarlandet, difor heldt dei seg burte frå deim og øyde deim ikkje -

11 sjå no korleis dei løner oss, med di dei kjem og vil jaga oss burt ifrå eigedomen din, som du hev gjeve oss til eiga.

12 Vår Gud, vil du då ikkje halda dom yver deim? for hjå oss er det ingi kraft imot denne velduge hopen, som kastar seg yver oss, og me veit ikkje kva me skal gjera, men vender augo våre imot deg.»

13 Og heile Juda stod framfor Herrens åsyn, ja, småborni og konorne og sønerne deira var med.

14 Då kom Herrens ande yver leviten Jahaziel, son åt Zakarja, son åt Benaja, son åt Je’iel, son åt Mattanja, av Asafs søner, midt i lyden,

15 og han sagde: «Lyd etter, heile Juda og de Jerusalems-buar og du kong Josafat! So segjer Herren til dykk: «Ottast ikkje og ræddast ikkje for denne megtige hopen! for striden er ikkje dykkar, men Guds sak.

16 Drag ned imot deim i morgon, då vil dei stiga upp etter vegen ved Hassis, og de skal råka deim ved enden av dalen imot Jeruel-øydemarki.

17 Men dermed er de ikkje dykkar sak å strida, men de skal stella dykk upp og standa stilt og sjå på korleis Herren frelser dykk, de frå Juda og Jerusalem. Ottast ikkje og ræddast ikkje, men drag imot deim i morgon, so skal Herren vera med dykk.»»

18 Då bøygde Josafat seg med andlitet til jordi, og heile Juda og alle Jerusalems-buarne fall ned for Herren og tilbad Herren.

19 Men levitarne av kahatitsønerne og korahitsønerne stod upp og lova Herren, Israels Gud, med overlag høg røyst.

20 Tidleg um morgonen drog dei so ut til Tekoa-øydemarki; og medan dei drog ut, stod Josafat og sagde: «Høyr meg, Juda, og de Jerusalems-buar! Tru på Herren, dykkar Gud, so stend de traust, og tru på profetarne hans, so skal de verta lukkelege!»

21 Og han gjorde avtale med folket og stelte upp songarar for Herren; dei skulde lova honom i heilagt skrud, medan dei drog ut fyre deim som var herbudde, og dei skulde segja: «Prisa Herren, for æveleg varer hans miskunn!»

22 Og straks dei tok til med fagnadropi og lovprisningarne sine, stelte Herren åtakarar som låg i løynlega imot Ammon og Moab og folket frå Se’irfjelli, som drog fram imot Juda, so dei vart slegne.

23 Ammons-sønerne og Moab stelte seg imot folket frå Se’irfjelli og hogg deim ned og øydelagde deim, og då dei var ferdige med deim, hjelptest dei åt med å tyna kvarandre.

24 Då Juda kom til utsynshaugen yver øydemarki og snudde seg imot hopen, då såg dei berre lik som låg på jordi, og ingen hadde kome seg undan.

25 Då drog Josafat og folket hans dit og plundra deim, og dei fann ei mengd med gods og lik og kostesame ting. Dei tok meir til seg enn dei kunde føra burt, og dei heldt på i tri dagar med å plundra, so stort var herfanget.

26 Den fjorde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen; for der lova dei Herren, og difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det heiter han den dag i dag.

27 So snudde dei, alle folki frå Juda og Jerusalem, med Josafat i brodden, og drog attende til Jerusalem med gleda, for Herren hadde gjeve deim gleda yver fiendarne deira.

28 Og dei drog inn i Jerusalem med harpor, cithrar og lurar til Herrens hus.

29 Og ein støkk for Gud kom yver alle dei framande riki då dei høyrde at Herren hadde stridt imot Israels fiendar.

30 Soleis fekk Josafats kongedøme fred, for hans Gud gav honom ro til alle sider.

31 So rådde Josafat yver Juda. Fem og tretti år var han då han vart konge, og fem og tjuge år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Azuba og var dotter åt Silhi.

32 Han gjekk på vegarne åt Asa, far sin, og veik ikkje ifrå deim, for han gjorde det som rett var i Herrens augo.

33 Men offerhaugarne fekk dei ikkje burt, med di folket ikkje vende hugen sin fast mot sine feders Gud.

34 Det som elles er å fortelja um Josafat frå fyrst til sist, det finst uppskrivi i krønikeboki åt Jehu Hananison, som er uppteke i boki um Israels-kongarne.

35 Sidan gjorde Josafat i Juda samlag med Ahazja, kongen i Israel, endå han for gudlaust fram.

36 Og han gjorde samlag med honom um å byggja skip som skulde sigla til Tarsis. Dei bygde skip i Esjon-Geber.

37 Men Eliezer Dodavason frå Maresa spådde mot Josafat og sagde: «For di du hev gjort samlag med Ahazja, vil Herren gjera tiltaket ditt um inkje.» Og nokre skip forliste og kunde ikkje sigla til Tarsis.

21. kapitlet

1 So lagde Josafat seg til kvile hjå federne sine, og han vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen. Og Joram, son hans, vart konge i staden hans.

2 Han hadde nokre brør, sønerne åt Josafat; det var Azarja og Jehiel og Zakarja og Azarja og Mikael og Sefatja, som alle var søner åt kong Josafat, Israels-kongen i Israel.

3 Far deira hadde gjeve deim store gåvor utav sylv, gull og kostnadting og faste byar i Juda, men kongedømet gav han til Joram, for han var den eldste.

4 Men då Joram hadde fenge under seg riket åt far sin og hadde styrkt magti si, då let han alle brørne sine drepe med sverdet, og nokre av Israels-hovdingarne ogso.

5 Tvo og tretti år gamall var Joram då han vart konge, og åtte år rådde han i Jerusalem.

6 Han gjekk på same vegarne som Israels-kongarne, og soleis som Ahabs hus hadde gjort; for han var gift med ei dotter til Ahab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.

7 Like vel vilde Herren ikkje tyna Davids hus for den pakti skuld som han hadde gjort med David, og etter det som han hadde lova, at det alltid skulde lysa ei lampa for honom og sønerne hans.

8 I hans tid reiv edomitarne seg laus ifrå Juda og kåra seg ein konge.

9 Då drog Joram ut med hovdingarne sine og alle stridsvognerne sine, og han tok ut um natti og slo edomitarne, som kringsette honom, og hovudsmennerne yver vognheren.

10 Soleis kom Edom seg laus ifrå Juda, og er fri den dag i dag. Den gongen reiv Libna seg laus ifrå honom, for di han hadde svike Herren, sin fedregud.

11 Han og bygde upp offerhaugar i Judafjelli og forførde Jerusalems-buarne til utukt og Juda til fråfall.

12 Då kom det eit brev til honom frå profeten Elia, og der stod det: «So segjer Herren, Gud åt far din, David: «For di du ikkje hev gjenge på vegarne åt Josafat, far din, eller åt Juda-kongen Asa,

13 men hev gjenge på vegarne åt Israels-kongarne, og hev forført Juda og Jerusalems-buarne til utukt, sameleis som Ahabs hus forførde til det, og endå til hev drepe brørne dine, frendarne dine, som var betre enn du er sjølv,

14 so vil Herren no lata eit veldugt slag råma folket ditt, sønerne dine, konorne dine og alt det som du eig.

15 Og sjølv skal du få ein fæl sjukdom i innvolarne dine, so at um år og dag skal innvolarne dine falla ut for skuld sjukdomen.»»

16 Herren øste då upp filistarane imot Joram, og dei arabarane som budde attmed med ætioparne,

17 so dei drog upp imot Juda, trengde seg inn i det og rana alt det som fanst i huset åt kongen, og dertil sønerne og konorne hans, so han hadde ikkje att nokon son so nær som den yngste av sønerne, Joahaz.

18 Og etter alt dette slo Herren honom med ein ulækjeleg sjukdom i innvolarne hans.

19 Etter år og dag, då tvo år var lidne, fall innvolarne hans fram for skuld sjukdomen hans, og han døydde med harde lidingar. Folket hans kveikte ikkje noko bål for honom, soleis som for federne hans.

20 Tvo og tretti år gamall var han då han vart konge; i åtte år rådde han i Jerusalem. Dei gravlagde honom i Davidsbyen, men ikkje i kongegraverne.

22. kapitlet

1 So tok Jerusalems-buarne Ahazja, den yngste son hans, til konge i staden hans; for dei eldste hadde røvarflokken drepe som hadde kome til lægret saman med arabarane. Soleis vart Ahazja Joramsson konge i Juda.

2 Tvo og tjuge år gamall var Ahazja då han vart konge, og eitt år var han konge i Jerusalem. Mor hans heitte Atalja og var dotter åt Omri.

3 Han gjekk på vegarne åt Ahabs hus; for mor hans forførde honom til gudløysa med råderne sine.

4 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Ahabs hus; for til hans eige tjon vart dei rådgjevarene hans etter far hans var avliden.

5 Etter deira råd for han og i herferd saman med Israels-kongen Joram Ahabsson, imot syrarkongen Hazael ved Ramot i Gilead. Men syrarane særde Joram.

6 Då snudde han attende og vilde få lækt dei såri i Jizre’el som dei hadde gjeve honom ved Rama, då han stridde med syrarkongen Hazael. Og Azarja, kongen i Juda, son åt Joram, drog ned til Jizre’el og vilde sjå um Joram Ahabsson, av di han var sjuk.

7 Men til undergang for Ahazja hadde Gud laga det so, at han skulde koma til Joram, og når han kom, skulde han draga ut med Joram imot Jehu Nimsison, som Herren hadde salva til å øyda ut Ahabs hus.

8 For då Jehu sette i verk domen yver Ahabs hus, då råka han hovdingarne i Juda og brorsønerne åt Ahazja, som gjekk Ahazja til handa, og han drap deim.

9 So leita han etter Ahazja, og dei greip honom då han gøymde seg i Samaria, og leidde honom til Jehu, som let honom drepa. Like vel gravlagde dei honom; for dei kom i hug at han var son åt Josafat, som heldt seg til Herren med heile sitt hjarta. Men det var ingen att av huset åt Ahazja som var sterk nok til å taka kongedømet.

10 Då Atalja, mor åt Ahazja, fekk vita at son hennar var dåen, tok ho seg fyre å tyna heile kongsætti i Judas hus.

11 Men Josabat, dotter åt kongen, tok Joas Ahazjason, og fekk honom burt ifrå kongssønerne, som var drepne, og fekk honom og fostermor hans inn i sengkammerset. Soleis gøymde Josabat, dotter åt kong Joram og kona åt presten Jojada - for ho var syster åt Ahazja - honom for Atalja, so ho fekk ikkje drepe honom.

12 So var han hjå deim i Guds hus burtgøymd i seks år, medan Atalja styrde i landet.

23. kapitlet

1 Men i det sjuande året tok Jojada mod til seg og gjorde eit samband med hundradhovdingarne Azarja Jerohamsson og Ismael Johanansson og Azarja Obedsson og Ma’aseja Adajason og Elisafat Zikrison.

2 Dei drog ikring i Juda og samla levitarne i hop frå alle Juda-byarne og ættarhovdingarne i Israel, og so for dei til Jerusalem.

3 So gjorde heile lyden eit samband i Guds hus med kongen, og han sagde til deim: «Kongssonen der skal vera konge, soleis som Herren hev sagt um Davids søner.

4 Og soleis skal det bera dykk åt: Den eine tridjeparten av dykk, dei prestarne og levitarne som tek vakthaldet på kviledagen, dei skal standa vakt ved dørstokkarne,

5 og den andre tridjeparten skal standa i kongsgarden, og den tridje i Grunnporten, men alt folket i tuni ved Herrens hus.

6 Men ingen må koma inn i Herrens hus so nær som prestarne og dei utav levitarne som gjer tenesta; dei kann ganga inn der; for dei er heilage. Men det andre folket skal halda seg etter Herrens fyresegner.

7 So skal levitarne gjera manngard rundt ikring kongen, kvar mann med våpn i hand. Kvar den som kjem innåt huset, skal hoggast ned; og soleis skal de vera ikring kongen når han gjeng ut, og når han gjeng inn.»

8 Levitarne og alle Juda-mennerne gjorde no plent det som presten Jojada baud deim; kvar og ein tok sine folk, både deim som skulde taka ved vakti um kviledagen og deim som skulde ganga frå um kviledagen; for presten Jojada gav ikkje skifti heimlov.

9 Og presten Jojada gav hundradhovdingarne dei spjoti og dei små skjoldarne og store skjoldarne som kong David hadde ått, og som var i Guds hus.

10 Deretter stelte han upp heile folket, kvar med sitt våpn i hand, ifrå sudsida til nordsida på huset, burt til altaret og derifrå til huset att i manngard kring kongen.

11 Og dei leidde ut kongssonen, sette kruna på honom og gav honom lovi og gjorde honom til konge; og Jojada og sønerne hans salva honom og ropa: «Live kongen!»

12 Men Atalja høyrde ståket ifrå folket, som sprang og hyllte kongen, og ho gjekk av stad til folket i Herrens hus.

13 Og då ho såg kongen stod på tramen sin ved inngangen og hovdingarne og lurblåsarane hjå kongen, og heile landslyden som gledde seg og bles i lurarne, og songarane med speli sine, som leidde fagnadropi, då reiv Atalja sund klædi sine og ropa: «Samansverjing! samansverjing!»

14 Men presten Jojada baud hundradhovdingarne, som var hovudsmenner yver heren, at dei skulde føra henne ut millom rekkjorne og hogga ned kvar den som vilde fylgja henne. «For de må ikkje drepa henne i Herrens hus,» sagde presten.

15 Då tok dei henne og førde henne dit det Hesteporten føre inn til kongsgarden, og der drap dei henne.

16 Men Jojada gjorde ei pakt millom seg, heile folket og kongen, at dei skulde vera eit Herrens folk.

17 Og alt folket drog til Ba’als-huset og braut det ned; altari og bilæti øydelagde dei reint, og Ba’als-presten Mattan drap dei framanfor altari.

18 So sette Jojada tilsyn i Herrens hus og gav det yver til dei levitiske prestarne, som David hadde tiletla Herrens hus, - til å ofra Herrens brennoffer, som det er skrive i Moselovi, med fagnad og song etter skipnad frå David.

19 Og han sette dørvaktarar ved portarne til Herrens hus, so ingen skulde ganga inn i det som var urein på einkvar måten.

20 Og han tok hundradhovdingarne og dei fornæme og dei megtigaste bland folket og heile landslyden og førde kongen ned frå Herrens hus. Og dei gjekk gjenom den øvre porten til huset åt kongen og sette kongen i kongsstolen.

21 Då gledde heile landslyden seg, og byen kom til ro; men Atalja hadde dei drepe med sverd.

24. kapitlet

1 Sju år gamall var Joas då han vart konge, og fyrti år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Sibja og var frå Be’erseba.

2 Joas gjorde det som rett var i Herrens augo so lenge presten Jojada livde.

3 Jojada tok tvo konor åt honom, og han fekk søner og døtter.

4 Sidan kom Joas på den tanken at han vilde setja i stand Herrens hus.

5 Difor stemde han saman prestarne og levitarne og sagde til deim: «Drag ut til Juda-byarne og samla i inn pengar ifrå heile Israel til å vøla på huset åt dykkar Gud, etter som det krevst år etter år. Og skunda dykk med å gjera dette!» Men levitarne skunda seg ikkje med det.

6 Då kalla kongen til seg øvstepresten Jojada og sagde til honom: «Kvifor hev du ikkje sytt for at levitarne koma med den skatten frå Juda og Jerusalem som Moses, Herrens tenar, lagde på Israels-lyden til beste for kunngjeringstjeldet?

7 For sønerne åt denne ugudlege Atalja, dei hev brote seg inn i Guds hus, ja, alt som var vigt til Herrens hus, hev dei bruka på Ba’als-gudarne.»

8 Kongen baud difor at dei skulde laga ei kista og setja upp utanfor porten til Herrens hus.

9 Og det vart lyst ut i Juda og Jerusalem at dei skulde føra den skatten til Herren som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israels-borni i øydemarki.

10 Alle hovdingarne og heile folket bar då pengarne fram med gleda, og kasta i kista til dess ho var full.

11 Og når dei såg at det var mykje sylv i henne, tok levitarne kista og førde henne til det kongelege tilsynet, og då kom den kongelege skrivaren og den tilsynsmannen som øvstepresten hadde sett til, kvar gong og tømde kista; og so tok dei henne og førde hende attende på plassen sin. Soleis gjorde dei gong etter gong, og dei samla ei stor mengd med pengar.

12 So gav kongen og Jojada deim til arbeidsformennerne ved arbeidet på Herrens hus, og dei leigde steinhoggarar og timbremenner til å setja i stand Herrens hus, og jarn- og koparsmedar til å vøla på Herrens hus.

13 Arbeidsformennerne tok fat på arbeidet, so at verket hadde framgang i deira hand, og dei bygde upp Guds hus soleis som det hadde vore planlagt, og fekk det godt i stand.

14 Då dei var ferdige med det, bar dei resten av pengarne til kongen og Jojada, og han let gjera gogner av det til Herrens hus, gogner til tenesta og offeri, og skåler og kjerald av gull og sylv. Og dei ofra brennoffer i Herrens hus stødt so lenge Jojada livde.

15 Men Jojada vart gamall og mett av dagar og døydde; hundrad og tretti år gamall var han då han døydde.

16 Dei gravlagde honom i Davidsbyen hjå kongarne, for di han hadde gjort vel imot Israel og mot Gud og hans hus.

17 Då no Jojada var avliden, kom hovdingarne i Juda og kasta seg ned for kongen; og kongen høyrde viljugt på deim.

18 Då gjekk dei ifrå huset åt Herren, sin fedregud, og dyrka Astarte-bilæti og dei andre avgudarne. Difor kom det vreide yver Juda og Jerusalem for denne syndi deira.

19 Og han sende profetar til deim til å føra deim attende til Herren, og dei tala ålvorsamt til deim, men dei høyrde ikkje på deim.

20 Då tok Guds ande presten Zakarja, son åt Jojada, so han stod fram for folket og sagde til deim: «So segjer Gud: «Kvifor gjer det imot Herrens bod og slepper ifrå dykk lukka! For di de hev gjenge ifrå honom, hev han gjenge frå dykk.»»

21 Då svor dei seg saman imot honom, og steina honom i fyregarden til Herrens hus etter bod frå kongen.

22 For kong Joas gløymde den kjærleiken som Jojada, far hans, hadde synt imot honom, og han drap son hans. Men då han døydde, ropa han: «Herren sjå og straffe!»

23 Då året var ute, drog syrarheren imot honom, og dei kom til Juda og Jerusalem og øydde ut alle hovdingarne i folket og sende heile herfanget sitt til kongen i Damaskus.

24 Endå syrarheren var fåment då han kom, so gav Herren ein ovstor her i deira vald, for di dei hadde gjenge ifrå Herren, sin fedregud, og soleis sette dei i verk domen yver Joas.

25 Og då dei drog burt ifrå honom - for dei let honom etter seg i tunge lidingar - då gjorde hirdmennerne hans ei samansverjing imot honom, for di han hadde drepe sønerne åt presten Jojada, og dei drap honom på lega hans. Soleis døydde han, og dei gravlagde honom i Davidsbyen, men ikkje i kongegraverne.

26 Dei som svor seg saman imot honom, var Zabad, son åt ammonitkvinna Simat, og Jozabad, son åt moabitkvinna Simrit.

27 Um sønerne hans og alle profetordi imot honom og grunnleggjingi av Guds hus, det finst uppskrive i utleggjingi til kongeboki. Amasja, son hans, vart konge i staden hans.

25. kapitlet

1 Fem og tjuge år gamall var Amasja då han vart konge, og ni og tjuge år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Joaddan og var ifrå Jerusalem.

2 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, endå det ikkje var med eit heilt hjarta.

3 Då han hadde vorte grunnfest i kongedømet, let han drepe dei hirdmennerne som hadde slege i hel kongen, far hans.

4 Men borni deira let han ikkje drepa, men heldt seg til det som stend skrive i lovi i Moseboki, der Herren hev bode soleis: «Foreldri skal ikkje døy for det borni deira hev gjort, og borni ikkje for det foreldri hev gjort, men kvar og ein skal døy for si eigi synd.

5 So stemnde Amasja Juda-mennerne saman og skipa deim etter ættgreinerne under tusund- og hundradhovdingarne for heile Juda og Benjamin; han mynstra deim ifrå tjugeårsalderen og uppetter, og på den måten fekk han det til tri hundrad tusund utvalde stridsføre hermenner som bar skjold og spjot.

6 Han leigde so hundrad tusund djerve stridsmenner i Israel for hundrad sylvtalent.

7 Men gudsmannen kom til honom og sagde: «Israels-heren må ikkje draga med deg, konge, for Herren er ikkje med Israel, ikkje med nokon av alle Efraims-borni.

8 Men drag du av stad, gjer det, ver hugheil til striden! Elles vil Gud føra deg til fall for fienden, for Gud hev kraft til å hjelpa og til å fella.»

9 Amasja spurde gudsmannen: «Men kva vert det då av dei hundrad sylvtalenti som eg hev gjeve til flokken ifrå Israel?» Men gudsmannen svara: «Herren er god til å gjeva deg meir enn det.»

10 Då skilde Amasja ut den flokken som hadde kome til honom ifrå Efraim, og let dei fara heim. Men yver dette vart dei brennende harme på Juda og snudde heim i storsinne.

11 Amasja tok mod til seg og førde herfolket sitt til Saltdalen, og der hogg han ned ti tusund utav Se’irs-borni.

12 Dessutan tok Juda-mennerne ti tusund krigsfanger og førde deim upp på ein bergtopp og støytte deim ned derifrå, so dei vart knasa alle saman.

13 Men folket av den flokken som Amasja hadde sendt heim, so dei ikkje drog i krigen med honom, dei gjorde innfall i Juda-byarne ifrå Samaria til Bet-Horon, hogg ned tri tusund menneskje og gjorde stort herfang.

14 Då Amasja var komen att ifrå sigeren yver edomitarne, tok han med seg gudarne åt Se’irs-borni og stelte deim upp til guder åt seg; han kasta seg ned for deim og kveikte offereld for deim.

15 Då vart Herren brennande harm på Amasja, og han sende ein profet imot honom, som sagde til honom: «Kvifor held du deg til gudarne åt dette folket, dei som ikkje hev fria ut sitt eige folk or di hand?»

16 Men då han tala soleis til honom, sagde han til honom: «Hev me gjort deg til rådgjevar for kongen? Haldt upp, so dei ikkje skal slå deg i hel!» Då heldt profeten upp og sagde: «Eg veit det er Guds råd at han vil ødeleggja deg, av di du hev gjort dette og ikkje høyrt på mi råd.»

17 Juda-kongen Amasja heldt råd, og so sende han bod til Israels-kongen Joas, son åt Joahaz, son åt Jehu, og sagde: «Kom, lat oss røyna kvarandre!»

18 Men Israels-kongen Joas sende dette svaret til Juda-kongen Amasja: «Tistelen på Libanon sende bod til cederen på Libanon og sagde: «Gjev dotter di til kona åt son min!» Men då flaug villdyri på Libanon yver tistelen og trakka honom ned.

19 Du tenkjer: Eg hev vunne siger yver Edom!» Og det hev gjort deg ovmodig; vert roleg heime! Kvifor vil du leika med ulukka, til fall for deg sjølv og for Juda?»

20 Men Amasja vilde ikkje høyra; for Gud laga det soleis, av di han vilde gjeva deim i fiendehand for di dei hadde søkt Edom-gudarne.

21 Då for Joas, Israels-kongen, upp, og dei fekk røyna kvarandre, han og Amasja, Juda-kongen, ved Bet-Semes, som ligg i Juda.

22 Og Juda-folket tapte for Israels-folket og rømde, kvar til sitt.

23 Joas, Israels-kongen, tok Amasja, Juda-kongen, son åt Joas, son åt Joahaz, til fange ved Bet-Semes og førde honom til Jerusalem. Deretter reiv han ned eit stykke av muren kring Jerusalem frå Efraimsporten til Hyrneporten, so mykje som fire hundrad alner.

24 Og han tok alt gullet og sylvet og alle dei kjerald som fanst i Guds hus hjå Obed-Edom og i skattkamri i kongsgarden, og gislarne, og so snudde han heim att til Samaria.

25 Juda-kongen Amasja Joasson livde femtan år etter Israels-kongen Joas Joahazson var dåen.

26 Det som elles er å fortelja um Amasja frå fyrst til sist, det er uppskrive i Judas og Israels kongebok.

27 Men frå den tid då Amasja sveik Herren, skipa dei ei samansverjing imot honom i Jerusalem, og då han rømde til Lakis, sende dei folk etter honom dit, og dei drap honom der.

28 Dei lyfte honom upp på hesteryggen og gravlagde honom hjå federne i Judabyen.

26. kapitlet

1 So tok heile folket i Juda Uzzia og gjorde honom til konge i staden for Amasja, far hans; han var sekstan år gamall.

2 Det var han som bygde Elot og lagde det under Juda att, då kongen hadde lagt seg til kvile hjå federne sine.

3 Sekstan år gamall var Uzzia då han vart konge, og tvo og femti år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jekilja og var frå Jerusalem.

4 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, plent som Amasja, far hans, hadde gjort.

5 Han heldt ved med å søkja Gud so lenge Zakarja livde, han som skyna Guds syner. Og so lenge som han held seg til Herren, gav Gud honom lukka.

6 Han gjorde ei herferd imot filistarane og reiv ned bymurarne i Gat, Jabne og Asdod og bygde byar i Asdodbygderne og i Filistarlandet.

7 Gud hjelpte honom mot filistarane og mot dei arabarane som bur i Gur-Ba’al og mot me’unitarne.

8 Ammonitarne svara skatt til Uzzia, og gjetordet um honom nådde til Egyptarland; for han vart overlag megtig.

9 Uzzia bygde tårn i Jerusalem ved Hyrneporten, Dalporten og murhyrna og vigfeste deim.

10 Framleides bygde han tårn på heidi og hogg ut mange brunnar, for han hadde store buskaper både i låglandet og på høgsletta, og han hadde jordbruks- og vinhage-arbeidarar i fjellbygdi og i fruktlandet, for han var ein ihuga jordbrukar.

11 Uzzia hadde ein krigsbudd her, som drog i herferd i flokkar etter teljing og mynstring ved riksskrivaren Je’uel og tilsynsmannen Ma’aseja og tilskipning av Hananja, som var ein av hovdingarne åt kongen.

12 Det fulle talet av dei ættarhovdingarne som var stridsføre, var tvo tusund og seks hundrad.

13 Under førarskapen deira stod det ein herstyrke på tri hundrad og sju tusund og fem hundrad våpnføre mann i full kraft til å hjelpa kongen mot fienden.

14 Uzzia budde heile heren med skjoldar, spjot, hjelmar, brynjor, bogar og slyngjesteinar.

15 I Jerusalem gjorde han kunstigt uttenkte maskinor; dei vart uppsette på tårni og murtindarne og sende ut piler og store steinar. Soleis nådde gjetordet hans vida ikring, for han vart hjelpt på ein underfull måte til han vart megtig.

16 Men då han var megtig vorten, vart hjarta hans ovmodigt, so han skjemde seg ut og gjorde urett mot Herren, sin Gud; han gjekk inn i Herrens hus og vilde kveikja røykjelse på røykjelsesaltaret.

17 Då gjekk presten Azarja etter honom, og med honom åtteti av Herrens prestar, djerve menner.

18 Dei steig fram mot kong Uzzia og sagde til honom: «Du hev ingen ting med å brenna røykjelse for Herren, Uzzia, men berre prestarne, sønerne åt Aron, som er vigde til å brenna røykjelse. Gakk ut or heilagdomen, for du hev forbrote deg, og det tener ikkje til æra for deg for Herren Gud.»

19 Uzzia stod med røykjelsesskåli i handi og skulde til å kveikja i røykjelsen, og han vart harm; men då vreiden hans bar laus imot prestarne, då slo spillsykja ut på panna hans, som han stod der framfyre prestarne attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus.

20 Og då øvstepresten Azarja og alle prestarne snudde seg imot honom, såg dei at han var spillsjuk på panna. Då førde dei honom straks burt, og sjølv skunda han seg med å ganga ut, då Herren hadde slege honom.

21 Soleis vart kong Uzzia spillsjuk til sin døyande dag, og han budde i eit hus for seg sjølv i spillsykja si; for han var utestengd ifrå Herrens hus. Og Jotam, son hans, var drottsete, og heldt rettargang for folket i landet.

22 Det som elles er å fortelja um Uzzia frå fyrst til sist, hev profeten Jesaja, son åt Amos, skrive upp.

23 Og Uzzia lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravla honom hjå federne hans på den marki der kongegravarne var; for dei kom i hug at han hadde vore spillsjuk. Og Jotam, son hans, vart konge i staden hans.

27. kapitlet

1 Fem og tjuge år gamall var Jotam då han vart konge, og sekstan år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa Sadoksdotter.

2 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, plent som Uzzia, far hans, hadde gjort, so nær som at han ikkje gjekk inn i Herrens hus. Men folket heldt ved og gjorde det som vondt var.

3 Han bygde den øvre porten i Herrens hus, og bygde dessutan mykje på Ofelmuren.

4 Han bygde upp byar i Judafjelli og borger og tårn i skogarne.

5 Han hadde krig med kongen yver Ammons-borni og vann yver deim, so at Ammons-borni svara skatt til honom i det året, tvo hundrad og femti våger sylv, tretti tusund tunnar kveite og tretti tusund tunnor bygg; det same svara Ammons-borni honom året etter og det tridje året med.

6 Soleis vart Jotam megtig, av di han stødt førde si livsferd for Herren, sin Gud.

7 Det som elles er å fortelja um Jotam, um alle krigarne hans og um alle fyretaki hans, er uppskrive i Israels og Judas kongebok.

8 Fem og tjuge år var han då han vart konge, og sekstan år styrde han i Jerusalem.

9 So lagde Jotam seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom i Davidsbyen, og Ahaz, son hans, vart konge i staden hans.

28. kapitlet

1 Tjuge år gamall var Ahaz då han vart konge, og sekstan styrde han i Jerusalem. Han gjorde ikkje det som rett var i Herrens augo, soleis som David, far hans;

2 men han gjekk på vegen åt Israels-kongarne, og han laga jamvel støypte bilæte for Ba’als-gudarne.

3 Han kveikte offereld i Hinnomssonsdalen og vigde sønerne sine i elden etter den avstyggjelege seden åt dei folki som Herren hadde drive burt for Israels-borni.

4 Han slagta og kveikte offereld på offerhaugarne og bakkarne og under kvart grønt tre.

5 Difor gav Herren, hans Gud, honom i henderne på syrarkongen, og dei vann siger yver honom og tok av folket hans ei stor mengd til fangar, som dei førde til Damaskus. Sameleis vart han gjeven i handi på Israels-kongen og leid ein stor usiger.

6 Pekah, son åt Remalja, drap hundrad og tjuge tusund mann på ein dag i Juda, og det berre stridsføre folk, av di dei hadde svike Herren, sin fedregud.

7 Og Zikri, ein djerv kar frå Efraim, drap kongssonen Ma’aseja, drottseten Azrikam, og Elkana, den andre næst etter kongen.

8 Israels-sønerne førde burt med seg tvo hundrad tusund fangar, konor, søner og døtter åt landsmennerne sine, og tok ifrå deim eit stort herfang, som dei førde til Samaria.

9 Men ein av Herrens profetar som heitte Oded, og som livde der, han gjekk ut imot heren då han kom til Samaria og sagde til deim: «I harmen sin yver Juda hev Herren, dykkar fedregud, gjeve deim i dykkar vald; men de hev drepe deim med eit sinne som når til himmelen.

10 Og no tenkjer de på å kua ned under dykk folki ifrå Juda og Jerusalem og gjera deim til trælarne og trælkvinnorne dykkar. Hev de ikkje sjølve skuld nok fyrr imot Herren dykkar Gud?

11 Høyr difor på meg og send attende dei fangarne de hev teke ifrå brørne dykkar! for Herrens brennande harm er yver dykk.»

12 Då stod nokre av hovdingarne for Efraims-ætti, det var Azarja Johanansson, Berekja Mesillemotsson og Hizkia Sallumsson og Amasa Hadlaison, dei stod fram for deim som kom attende frå herferdi,

13 og sagde til deim: «De må ikkje føra fangarne hit; for de tenkjer på å auka synderne og misgjerdi vår og føra skuld frå Herren yver oss, for me hev ei stor syndeskuld, og det er brennande harm yver Israel.»

14 Då slepte herfolki ifrå seg fangarne og herfanget framfor hovdingarne og heile lyden.

15 Og dei mennerne som er nemnde, tok fangarne, klædde deim som var nakne ibland deim med det dei hadde til herfang, gav deim klæde og skor, gav deim mat og drikka, salva deim og sette deim som var utarma uppå asen og førde deim til Palmebyen, Jeriko, til brørne deira; og deretter snudde dei attende til Samaria.

16 På den tid sende kong Ahaz bod til assyrarkongen um hjelp.

17 For attåt alt anna kom edomitarne og slo Juda og førde burt krigsfangar.

18 Og filistarane fall inn i byarne i låglandet og i Sudlandet i Juda og tok Bet-Semes og Ajjalon og Gederot og Soko og bygderne kringum og Timna og bygderne kringum og Gimzo og bygderne kringum, og dei busette seg der.

19 For Herren vilde gjera Juda mjukt for Ahaz skuld, Israels-kongen, av di han gjorde Juda agelaust og var utru imot Herren.

20 Men assyrarkongen, Tilgat-Pilneser, drog imot honom og for fiendsleg fram imot honom i staden for å hjelpa honom.

21 For Ahaz plyndra Herrens hus og huset åt kongen og hovdingarne og gav det til assyrarkongen, men det hjelpte honom ingen ting.

22 Og den tid han var i naud, heldt han, kong Ahaz, fram med å vera utru imot Herren.

23 Han ofra til gudarne i Damaskus, som hadde sigra yver honom, og sagde: «Gudarne åt syrarkongarne hev då hjelpt deim; til deim vil eg ofra, so dei kann hjelpa meg.» Men dei vart til fall for honom sjølv og for heile Israel.

24 Ahaz samla dei tingi som fanst i Guds hus og slo deim sund; han stengde dørerne til Herrens hus og bygde seg altar ved kvart hyrna i Jerusalem.

25 Og i kvar einaste by i Juda bygde han upp offerhaugar til å kveikja offereld på for framande gudar, og soleis harma han Herren, sin fedregud.

26 Det som elles er å fortelja um honom og heile hans ferd frå fyrst til sist, det er uppskrive i Judas og Israels kongebok.

27 Og Ahaz lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravla honom i byen, i Jerusalem; for dei vilde ikkje gravleggja honom i graverne åt Israels-kongarne. Og Hizkia, son hans, vart konge i staden hans.

29. kapitlet

1 Hizkia vart konge då han var tjuge år gamall, og ni og tjuge år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Abia og var dotter åt Zakarja.

2 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, nett som David, far hans, hadde gjort.

3 I den fyrste månaden i det fyrste styringsåret sitt let han opna dørerne til Herrens hus og sette deim i stand.

4 So let han prestarne og levitarne koma og stemnde deim saman på den opne plassen mot aust.

5 Og han sagde til deim: «Høyr på meg, de levitar! No skal de helga dykk sjølve, og deretter skal de helga huset åt Herren, dykkar fedregud, og føra ureinskapen ut or heilagdomen.

6 For federne våre hev vore utrugne og hev gjort det som vondt var for augo åt Herren, vår Gud; dei hev gjenge burt ifrå honom, hev vendt si åsyn burt ifrå Herrens hus og snutt ryggen til det.

7 Dei hev og stengt dørerne til forhalli, hev sløkt lamporne; ikkje kveikt røykjelse eller ofra brennoffer i heilagdomen åt Israels Gud.

8 Difor kom Herrens harm yver Juda og Jerusalem, og han gjorde deim til eit skræmsel, ei fæla og eit åtløgje, som de ser med eigne augo.

9 Til straff for dette er federne våre falne for sverdet, og sønerne og døtterne og konorne våre er hertekne.

10 Difor hev eg no sett meg fyre at eg vil gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, so hans brennande harm må venda seg ifrå oss.

11 Lat det difor ikkje skorta dykk på ihuge, sønerne mine, for dykk hev Herren valt ut til å standa for hans åsyn og tena honom og vera tenarane hans og kveikja røykjelse for honom.»

12 Då reiste levitarne seg: Mahat Amasaison og Joel Azarjason av kahatitsønerne; av Merari-sønerne Kis Abdison, og Azarja Jehallelelsson, og av gersonitarne Joah Zimmason, og Eden Joahsson.

13 Av Elisafans-sønerne Simri og Je’uel, og av Asafs-sønerne Zakarja og Mattanja,

14 og av Hemans-sønerne Jehuel og Sime’i, og av Jedutuns-sønerne Semaja og Uzziel.

15 Dei samla brørne sine, og dei helga seg, og sidan gjekk dei inn for å reinsa Herrens hus, so som kongen hadde bode etter fyresegnerne frå Herren.

16 Og prestarne gjekk inn det indre av Herrens hus og reinsa det, og alt det ureine som dei fann i Herrens tempel, førde dei ut i tunet ved Herrens hus; der tok levitarne imot det og førde det ut i Kidronsdalen.

17 Den fyrste dagen i den fyrste månaden tok dei til å helga, og den åttande dagen i månaden gjekk dei inn i Herrens forhall og helga Herrens hus i åtte dagar, og den sekstande dagen i den fyrste månaden var dei ferdige med det.

18 So gjekk dei inn til kong Hizkia og sagde: «No hev me reinsa heile Herrens hus, brennofferaltaret og alt som til høyrer, og skodebrødsbordet og alt som til høyrer.

19 Alle dei reidskaparne som kong Ahaz hev vanhelga i sin utruskap medan han var konge, deim hev me sett i stand og helga, og no stend dei framfyre Herrens altar.»

20 Tidleg um morgonen samla kong Hizkia dei øvste i byen og gjekk upp til Herrens hus.

21 Og dei førde fram sju uksar, sju verar, sju lamb og sju geitebukkar til syndoffer for kongeriket og heilagdomen og Juda; og han baud Arons-sønerne, prestarne, å ofra deim på Herrens altar.

22 Dei slagta då uksane, og prestarne tok imot blodet og skvette det på altaret; so slagta dei verarne og skvette blodet på altaret, so slagta dei lambi og skvette blodet på altaret.

23 Sidan førde dei syndofferbukkarne fram for kongen og lyden, og dei lagde henderne sine på deim,

24 so slagta prestarne dei og hadde blodet deira på altaret til syndoffer, til soning for heile Israel; for kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulde vera for heile Israel.

25 Og han stelte upp levitarne i Herrens hus med cymblar, harpor og cithrar, soleis som David, Gad, sjåaren åt kongen, og profeten Natan hadde bode; for bodet um dette hadde Herren gjeve gjenom profetarne sine.

26 Levitarne stod med Davids spelgogner, og prestarne med lurarne.

27 Og Hizkia baud at brennofferet skulde ofrast på altaret, og då ofringi tok til, byrja songen for Herren, og lurarne, medan spelgognerne åt David, Israels konge, styrde songen.

28 Då kasta heile lyden seg til jordi medan songen tona og lurarne let, og alt dette varde til ofringi var til endes.

29 Då dei var ferdige med ofringi, fall kongen på kne og alle dei som var til stades med honom, og dei bad.

30 So baud kong Hizkia og hovdingarne at levitarne skulde syngja Herrens lov med ordi åt David og sjåaren Asaf, og dei song lovsongen med fagnad og bøygde seg og bad.

31 Hizkia tok då til ords og sagde: «No hev de vigt dykk til Herren; kom då fram og før slagtofferi og lovofferi til Herrens hus!» Då førde lyden fram slagtoffer og lovoffer, og kvar ein som vart driven til det i hjarta sitt, førde fram brennoffer.

32 Dei brennofferi som lyden førde fram, var sytti uksar, hundrad verar og tvo hundrad lamb; alle dei var brennoffer for Herren.

33 Og heilagofferi var seks hundrad uksar og tri tusund sauer.

34 Men det var ikkje mange nok av prestarne til å flå alle brennofferi, og brørne deira, levitarne, hjelpte deim difor med det, til arbeidet var fullgjort, og til dess alle prestarne hadde helga seg; for levitarne synte ein ærlegare vilje til å helga seg enn prestarne.

35 Dessutan var det ei mengd med brennoffer og attåt deim feittstykki av takkofferi og dei drykkofferi som høyrde til brennofferi. Soleis fekk dei i stand tenesta i Herrens hus.

36 Og Hizkia og heile folket gledde seg yver det som Gud hadde gjort for folket; for alt dette gjekk fyre seg med eit slag.

30. kapitlet

1 Sidan sende Hizkia bod til heile Israel og Juda og skreiv ogso brev til Efraim og Manasse um at dei skulde koma til Herrens hus i Jerusalem og halda påskehelg for Herren, Israels Gud.

2 Kongen og hovdingarne hans og heile lyden i Jerusalem hadde halde råd um å høgtida påskehelgi i den andre månaden.

3 For dei kunde ikkje halda høgtidi den gongen, av di det ikkje var nok av prestarne som hadde helga seg, og folket ikkje var samla i Jerusalem.

4 Det tykte kongen og heile lyden var rett.

5 Difor gjorde dei det vedtaket at dei sende eit upprop ikring i heile Israel ifrå Be’erseba til Dan um at dei skulde koma og halda påskehelgi for Herren, Israels Gud, i Jerusalem; for dei hadde ikkje høgtida henne so mangment som det var fyreskrive.

6 Det gjekk då snøggbod ut i heile Israel og Juda med brev frå kongen og hovdingarne hans, etter som kongen hadde bode, og sagde: «De Israels-søner, vend um att til Herren, Abrahams og Isaks og Israels Gud, so han må venda seg til den leivningen av dykk som hev kome seg undan or henderne åt assyrarkongarne!

7 Ver ikkje de som federne og brørne dykkar, som var utrogne mot Herren, deira fedregud, so han gjorde deim til ei rædsla, som det no ser.

8 Ver no ikkje slike hardnakkar som federne dykkar! Gjev Herren handi og kom til heilagdomen hans, som han hev helga for alle tider, og ten Herren dykkar Gud, so hans brennande harm må venda seg burt ifrå dykk.

9 For når de vender um til Herren, vil brørne og sønerne dykkar finna miskunn hjå deim som held deim fangar, og koma heim att til dette landet. For Herren, dykkar Gud, er nådig og miskunnsam og vil ikkje venda åsyni si burt ifrå dykk når de vender um til honom.»

10 Snøggbodi drog ikring frå by til by i Efraims- og Manasselandet og like til Sebulon, men dei log åt deim og hædde deim.

11 Like vel var det nokre i Asser og Manasse og Sebulon som audmykte seg og drog til Jerusalem.

12 I Juda og verka Guds hand til å gjeva deim ein samheldig hug, so dei gjorde det som kongen og hovdingarne hadde bode etter Herrens ord.

13 Soleis samla det seg mykje folk i Jerusalem og høgtida søtebrødhelgi i den andre månaden; ein ovleg ålmuge.

14 Dei tok seg fyre å få burt dei altari som fanst i Jerusalem, og tok burt offerstadarne og kasta deim i Kidronsdalen.

15 So slagta dei påskelambet på den fjortande dagen i den andre månaden. Prestarne og levitarne skjemdest og helga seg og førde brennoffer til Herrens hus.

16 Og dei stelte seg på plassarne sine, so som det var deim fyreskrive, etter lovi åt gudsmannen Moses, og prestarne skvette blodet, som dei fekk av levitarne.

17 For det var mange i lyden som ikkje hadde vigt seg, og difor greidde levitarne med å slagta påskelambi for alle deim som ikkje var reine, so dei kunde vigja deim til Herren.

18 For dei fleste av folket, mange ifrå Efraim, Manasse, Issakar og Sebulon, dei hadde ikkje vigt seg, men åt påske på onnor vis enn det var fyreskrive. Men Hizkia gjekk i forbøn for deim og sagde: «Herren, den gode, han tilgjeve

19 kvar den som hev lagt hugen sin på å søkja Gud Herren, sin fedregud, jamvel um han ikkje er rein, so som heilagdomen krev det.»

20 Og Herren bønhøyrde Hizkia og sparde folket.

21 Soleis høgtida dei Israels-borni som var til stades i Jerusalem søtebrødhelgi med stor fagnad i sju dagar; og kvar dag song levitarne og prestarne lovsonger med kraftige spelgogner for Herren.

22 Og Hizkia tala venleg til alle dei levitarne som hadde vore sers dugande i Herrens tenesta; og dei åt høgtidsofferi dei sju dagarne, og dei ofra takkoffer og lovprisa Herren, sin fedregud.

23 Men sidan samdest heile lyden um å høgtida endå sju dagar, og dei høgtida dei sju dagarne med fagnad.

24 For Hizkia, kongen i Juda, gav lyden tusund uksar og sju stykke småfe, og hovdingarne gav lyden tusund uksar og ti tusund stykke småfe. Og prestarne helga seg i stor mengd.

25 Og heile Juda-lyden gledde seg, og prestarne og levitarne og heile den lyden som var komen ifrå Israel og dei framande som var komne ifrå Israelslandet eller budde i Juda.

26 Og det var stor gleda i Jerusalem; for sidan dagarne åt Israels-kongen Salomo Davidsson hadde det ikkje hendt noko slikt i Jerusalem.

27 Og levitprestarne stod upp og velsigna folket, og røysti deira vart høyrd; for bøni deira nådde fram til den heilage bustaden hans, til himmelen.

31. kapitlet

1 Då dei no alt dette var slutt, drog alle dei israelitarne som var til stades ut til byarne i Juda og braut sund minnesteinarne, hogg ned Astarte-bilæti og reiv ned offerhaugarne og altari i heile Juda og Benjamin, og i Efraim og Manasse, til dei reint hadde gjort ende på deim. Og so snudde alle Israels-sønerne heim att, kvar til sin eigedom i byarne sine.

2 So skipa Hizkia preste- og levitskifti, etter som dei høyrde til i det eine eller det andre skiftet, so at kvar og ein av prestarne og levitarne fekk si tenesta med brennofferi og takkoffer, å gjera tenesta med pris og lov i portarne til Herrens læger.

3 Det som kongen gav av eiga si, vart bruka til å greida brennofferi, morgon- og kvelds-brennofferi og brennofferi på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne, soleis som skrive stend i Herrens lov.

4 Og han baud deim av folket som budde i Jerusalem at dei skulde gjeva det som prestarne og levitarne skulde hava, so dei kunde halda fast ved Herrens lov.

5 So snart dette vart kjent, kom Israels-sønerne med rikleg mengd av fyrstegrøda av korn, druvesaft, olje og honning og alt det andre avgrødet på marki, og sameleis tiend av alt i rikeleg mengd.

6 Og dei israelitarne og Juda-mennerne som budde i Juda-byarne, kom og med tiend utav storfe og småfe, og dei kom med tiend av dei heilage gåvorne som var vigde til Herren, deira Gud, og lagde deim haug ved haug.

7 I den tridje månaden tok dei til å hauga i hop, og i den sjuande månaden var dei ferdige med det.

8 Hizkia og hovdingarne kom då og såg på haugarne, og dei prisa Herren og Israel, folket hans.

9 Då so Hizkia spurde prestarne og levitarne um haugarne,

10 svara øvstepresten Azarja av Sadoks hus honom: «Sidan dei tok til å føra offergåva til Herrens hus, hev me ete oss mette og leivt mykje att, for Herren hev velsigna folket sitt, so me hev fenge leivt all denne rikdomen.»

11 Hizkia gav då det bodet at dei skulde laga til buder i Herrens hus; og då dei hadde laga slike,

12 førde dei inn der avgrødet, tiendi og heilaggåvorne, alt på tru og æra. Tilsynet med dette vart gjeve til leviten Konanja og næmast under honom Sime’i, bror hans.

13 Og Jehiel, Azazja, Nahat, Asael, Jerimot, Jozabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja var tilsynsmenner jamsides med Konanja og Sime’i, bror hans, etter påbodet kong Hizkia og Azazja, den øvste i Guds hus.

14 Leviten Kore Jimnason, som var dørvaktar på øystre sida, hadde tilsyn med dei friviljuge gåvorne til Gud, og skulde skifta ut Herrens offergåvor og dei høgheilage gåvorne.

15 Under honmom vart sett Eden, Minjamin, Jesua, Semaja, Amarja og Sekanja; dei skulde vera i prestebyarne og skifta ut på tru og æra til brørne sine, både til store og små, etter dei skifti dei høyrde til,

16 Her var frårekna dei av mannkyn som var ifrå tri år og uppetter, og som kom til Herrens hus etter som torvi var frå dag til dag og gjorde arbeidet sitt etter som tenesta deira var etter dei skifti dei høyrde til.

17 Prestarne vart upptekne i lista etter ættgreinene sine, levitarne ifrå tjugeårsalderen og uppetter etter tenestskyldnaden sin, etter dei skifti dei høyrde til.

18 Det vart gjort soleis at dei vart upptekne med alle småborni sine, konorne, sønerne og døtterne sine, so mange dei var; for på tru og æra skulde dei styra med dei heilage tingi.

19 For bymarkarne åt Arons-sønerne, prestarne, var det nokre namngjevne menner i kvar by som skifte til kvar karmann millom prestarne og deim utav levitarne som var upptekne i listorne, det som dei hadde rett til.

20 Soleis gjorde Hizkia i heile Juda, og han gjorde det som godt og rett og sant var for Herren, sin Guds åsyn.

21 Alle dei verki som han tok seg fyre i tenesta for Guds hus, i lovi og i bodet med det fyremål å søkja sin Gud, alle dei gjorde han av heile sitt hjarta, og han hadde lukka med seg.

32. kapitlet

1 Etter desse hendingar og denne truskap kom assyrarkongen Sankerib og drog inn i Juda; der lægra han seg kring dei faste borger og tenkte å leggja deim under seg.

2 Då no Hizkia vart vis med at Sankerib var komen og hadde tenkt seg til å gjera åtak på Jerusalem,

3 rådlagde han med hovdingarne og kjemporne sine um å teppa for vatnet i kjeldorne utanfor byen, og dei hjelpte honom.

4 Det samla seg då ei mengd med folk som tepte kjeldorne og bekken som renn midt igjenom landet; for dei sagde: «Kvi skulde assyrarkongarne koma og finna mykje vatn?»

5 So tok han mod og mannskap til seg og bygde upp heile den luten av muren som var nedbroten, og bygde radt upp til tårni, og ein annan mur bygde han utanfor; han vigfeste Millo i Davidsbyen og laga ei mengd kastevåpn og skjoldar.

6 Og han sette herførarar yver krigsfolket, og då han hadde stemnt deim saman på plassen ved byporten, tala han til deim og moda deim upp og sagde:

7 «Ver hugheile og modige, ottast ikkje og ræddast ikkje for assyrarkongen og heile den hopen han hev med seg; for med oss er det ein som er større enn den som er med honom!

8 Med honom er det ein arm av kjøt, men med oss er Herren, vår Gud, som vil hjelpa oss og føra krigarne våre.» Då leit folket på talen åt Juda-kongen Hizkia.

9 Assyrarkongen Sanherib kringsette sjølv Lakis med heile hermagti si, men sende tenarane sine til Juda-kongen Hizkia og til alle Juda-mennerne i Jerusalem og let deim segja:

10 «So segjer assyrarkongen Sankerib: «Kva er det de lit på, de som sit innestengde i Jerusalem?

11 Hizkia lokkar dykk til å døy av hunger og torste når han segjer: «Herren, vår Gud, skal berga oss or handi åt assyrarkongen.»

12 Hev ikkje den same Hizkia teke burt offerhaugarne og altari hans og bode Juda og Jerusalem at dei berre skal kasta seg ned for eit einaste altar og berre kveikja offereld på det?

13 Veit de då ikkje kva eg og federne mine hev gjort med folki frå alle land? hev vel folkegudarne i landi magta å berga landi sine or mi hand?

14 Kven av alle gudarne hjå desse folki, som federne mine hev bannstøytt, er det som hev kunna berga folket sitt or mi hand, so dykkar Gud skulde kunna berga dykk or mi hand!

15 Lat difor ikkje Hizkia narra dykk og dåra dykk på denne måten! Tru honom ikkje! for ingen gud hjå noko folk eller rike hev magta å berga folket sitt ut or mi hand eller or handi på federne mine; kor mykje mindre skulde då dykkar gud kunna berga dykk or mi hand!»»

16 Og tenarane hans tala endå fleire ord imot Herren Gud og imot Hizkia, tenaren hans.

17 Og han skreiv eit brev og til å hæda Herren, Israels Gud, og tala imot honom, og der stod det: «Likso lite som folkegudarne i landi hev berga folki sine or mi hand, likso lite skal Guden åt Hizkia berga sitt folk or mi hand.»

18 Og dei ropa med høg røyst på jødisk mål til folket i Jerusalem, som stod på muren; dei vilde støkkja og skræma deim, so dei kunde take byen.

19 Og dei tala um Jerusalems Gud på same måten som um folkegudar på jordi, dei som er verk av mannehender.

20 Då bad kong Hizkia og profeten Jesaja Amosson for denne saki skuld, og dei ropa til himmelen.

21 Og Herren sende ein engel som øydde ut alle stridsmennerne, fyrstarne og hovdingarne i lægret åt assyrarkongen, so han laut snu heim att til landet sitt med spott og spe. Og då han gjekk inn i huset åt guden sin, var det nokre av hans eige avkjøme som hogg honom ned med sverd.

22 Soleis frelste Herren Hizkia og Jerusalems-folket or handi åt assyrarkongen Sanherib og or handi åt alle andre, og han gav deim fred på alle kantar.

23 Og mange førde gåvor til Herren, til Jerusalem, og dyre gåvor til Juda-kongen Hizkia, og han vart høgvyrd hjå alle folki etter dette.

24 I dei dagarne lagdest Hizkia i helsott. Då bad han til Herren, og han svara honom og gav honom eit underteikn.

25 Men Hizkia lønte ikkje den velgjerningi som vart gjord imot honom, men hjarta hans vart ovmodigt, og difor kom det harm yver honom og Juda og Jerusalem.

26 Men han audmykte seg midt i sitt hjartans ovmod, og Jerusalems-folket med honom, då kom Herrens harm ikkje yver deim so lenge Hizkia livde.

27 Hizkia hadde ovstor rikdom og æra. Han bygde seg skattkammer for gull og sylv og glimesteinar og finangande kryddor og alle slags dyrverdige ting,

28 dessutan forrådshus for avgrødet av korn og druvesaft og olje, fjøs for alle slags bufe, og kvier for buskaparne.

29 Og han fekk seg byar og bufe og småfe i mengd; for Gud gav honom ovmykje gods.

30 Den same Hizkia tepte det øvre utlaupet av Gihonvatnet, og leidde vatnet ned mot vest til Davidsbyen. I alle tiltaki sine hadde Hizkia lukka med seg.

31 Soleis og då sendebodi kom frå Babels-fyrstarne, som sende bod til honom og vilde høyra um det underteiknet som hadde hendt i landet, då gjekk Gud frå honom berre soleis, at han sette honom på prøva, so han kunde få fullrøynt huglyndet hans.

32 Det som elles er å fortelja um Hizkia og godgjerningarne hans, er uppskrive i openberringi åt profeten Jesaja Amosson og i boki um Juda- og Israels-kongarne.

33 Og Hizkia lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom der som ein stig upp til graverne åt Davids-sønerne; og alle Juda-mennerne og Jerusalems-buarne synte honom stor æra ved avferdi hans. Og Manasse, son hans, vart konge i staden hans.

33. kapitlet

1 Tolv år gamall var Manasse då han vart konge, og fem og femti år styrde han i Jerusalem.

2 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, etter den avstyggjelege seden hjå dei folki som Herren hadde rudt ut for Israels-borni.

3 Han bygde upp att offerhaugarne som Hizkia, far hans, hadde rive ned, og sette upp altari for Ba’als-gudarne og gjorde Astarte-bilæte og kasta seg ned for og tente heile himmelheren.

4 Og han bygde altar i Herrens hus, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt vera æveleg.»

5 Og han bygde altar for heile himmelheren i båe tuni kring Herrens hus.

6 Han vigde sønerne sine i elden i Hinnomssons-dalen og for med spådom og trolldom og runing og fekk seg tinga folk til å mana draugar og spåvette; han gjorde mykje som vondt var i Herrens augo og harma honom.

7 Og avgudsbilætet som han hadde gjort, sette han upp i Guds hus, som Gud hadde sagt um til David og Salomo, son hans: «Til dette huset og til Jerusalem, som eg hev valt ut millom alle Israels ætter, vil eg festa namnet mitt i all æva.

8 Og eg vil ikkje meir lata Israel fara burt ifrå det landet som eg etla åt federne dykkar, berre dei agtar på å halda alt det som eg hev bode deim, etter heile lovi og bodi og rettarne som dei fekk ved Moses.»

9 Men Manasse førde Juda og Jerusalems-buarne til å stella seg verre enn dei folki som Herren hadde øydt ut for Israels-borni.

10 Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei agta ikkje på det.

11 So let Herren herførarne åt assyrarkongen koma yver deim, og dei fanga Manasse med krokar, lagde honom i koparlekkjor og førde honom til Babel.

12 Men då han var i naud, bad han Herren, sin Gud, um nåde, og han audmykte seg djupt for fedreguden sin.

13 Og då han bad til honom, let han seg blidka og høyrde bøni hans og førde honom attende til Jerusalem til kongedømet hans. Då kom Manasse i hug at Herren er Gud.

14 Sidan bygde han ein ytre mur for Davidsstaden vestanfor Gihon i dalen og burt imot Fiskeporten, so han gjekk ikring Ofel; og gjorde honom svært høg. I alle borgbyarne i Juda sette han herførarar.

15 Han førde burt dei framande gudarne og avgudsbilætet ifrå Herrens hus og alle dei altari som han hadde bygt på det berget der Herrens hus stod og i Jerusalem, og han kasta deim utanfor byen.

16 Derimot reiste upp att Herrens altar, og han ofra takkoffer og lovoffer på det; og han baud Juda at dei skulde tena Herren, Israels Gud.

17 Men folket heldt ved med å ofra på offerhaugarne, men einast til Herren, deira Gud.

18 Det som elles er å fortelja um Manasse, um bøni hans til sin Gud og ordi åt dei sjåarane som tala til honom i namnet åt Herren, Israels Gud, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

19 Og um bøni hans, og korleis han vart bønhøyrd, og heile syndi og utruskapen hans og dei staderne der han bygde upp offerhaugar og sette upp Astarte-stolparne og avgudsbilæti fyrr han audmykte seg, det er uppskrive i krønikeboki åt Hozai.

20 Og Manasse lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom ved huset hans, og Amon, son hans, vart konge i staden hans.

21 Tvo og tjuge år gamall var Amon då han vart konge, og tvo år styrde han i Jerusalem.

22 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans; og han ofra til alle dei bilæti som Manasse, far hans, hadde gjort, og han tente deim.

23 Han audmykte seg ikkje for Herrens åsyn, soleis som Manasse, far hans, gjorde, men han, Amon, leste på seg stor skuld.

24 Tenarane hans svor seg saman mot honom og drap honom i huset hans.

25 Men landsfolket drap alle deim som hadde svore seg saman imot kong Amon, og landsfolket tok Josia, son hans, til konge i staden hans.

34. kapitlet

1 Åtte år gamall var Josia då han vart konge, og eitt og tretti år styrde han i Jerusalem.

2 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og han fylgde i fotefari åt David, far sin, og tok ikkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre.

3 I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ein ungdom, tok han til å søkja Gud åt David, far sin, og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugarne og Astarte-bilæti og dei uthogne og støypte bilæti.

4 Dei reiv ned Ba’als-altari med han såg på det; solstolparne som var ovanpå deim, hogg han ned, og Astarte-bilæti og dei uthogne og støypte bilæti slo han sund og knasa og strøydde deim ut på graverne åt deim som hadde ofra til deim.

5 Og beini åt prestarne brende han på altari deira. Soleis reinsa han Juda og Jerusalem.

6 Og i byarne i Manasse og Efraim og Simeon og radt til Naftali røkte han etter i husi deira rundt ikring,

7 og han braut ned altari, slo sund og krasa Astarte-bilæti og gudebilæti og hogg ned solstolparne i heile Israels land; so snudde han heim att til Jerusalem.

8 I det attande styringsåret sitt, medan han heldt på å reinsa landet og huset, sende han Safan Asaljason og Ma’aseja, byhovdingen, og kanslaren Joah Joahazson til å setja i stand huset åt Herren, hans Gud.

9 Då dei kom til øvstepresten Hilkia, gav dei ut det sylvet som var ført til Guds hus; det var det som levitarne, dørstokkvakti, hadde samla inn frå Manasse og Efraim og heile resten av Israel og frå heile Juda og Benjamin og Jerusalems-buarne.

10 Dei gav det til arbeidsformennerne som hadde tilsynet med Herrens hus; og arbeidsformennerne som arbeidde i Herrens hus, bruka det til å vøla på og setja i stand huset;

11 for dei gav det til timbremennerne og murarane for at dei skulde kjøpa hoggen stein og timber til bjelkar og timbra upp dei husi som Juda-kongarne hadde øydelagt.

12 Mennerne arbeidde trufast, og tilsynet med deim var gjeve til levitarne Jahat og Obadja av meraritarne, og Zakarja og Mesullam av kahatitarne, so dei skulde vera formenner, og alle dei levitar som kunde handsama spelgogner.

13 Dei hadde og tilsynet med berarane og sagde alle arbeidarne fyre ved kvart einskild arbeid. Og nokre av levitarne var skrivarar og formenner og dørvaktarar.

14 Men då dei tok fram dei pengarne som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia boki med Herrens lov, som var gjevi ved Moses.

15 Og Hilkia sagde til riksskrivaren Safan: «Eg hev funne lovboki i Herrens hus!» Og han gav boki til Safan.

16 Og Safan bar henne til kongen, og gav dessutan melding til honom og sagde: «Alt det som er pålagt tenarane dine, det gjer dei.

17 Dei hev tømt ut det sylvet som fanst i Herrens hus og gjeve det til formennerne og arbeidsfolket.»

18 So melde riksskrivaren Safan til kongen sagde: «Presten Hilkia hev gjeve meg ei bok.» Og Safan las upp av henne for kongen.

19 Men då kongen fekk høyra ordi i lovi, reiv han sund klædi sine.

20 Og kongen baud Hilkia og Ahikam Safansson og Abdon Mikason og riksskrivaren Safan og kongstenaren Asaja:

21 «Gakk og spør Herren for meg og for deim som er att i Juda og Israel um det som stend i denne boki som er funni. Stor er Herrens harm, som er utrend yver oss, av di federne våre ikkje hev lydt Herrens ord og gjort etter alt det som stend skrive i denne boki.»

22 So gjekk Hilkia og dei andre som kongen sagde til, til profetkvinna Hulda, kona åt klædehandlaren Sallum, son åt Tokhat, son åt Hasra; ho budde i ny-byen i Jerusalem, og dei tala med henne um dette.

23 Ho svara deim: «So segjer Herren, Israels Gud: Seg til den mannen som sende dykk til meg:

24 So segjer Herren: «Sjå, eg sender ulukka yver denne staden og yver folket her, alle dei forbanningarne som er skrivne i den boki som dei hev lese upp for Juda-kongen,

25 til straff for di dei hev vend seg frå meg og kveikt offereld for andre gudar og harma meg med alle sine verk; harmen min skal renna ut yver denne staden og skal ikkje slokna.

26 Men til Juda-kongen, som sende dykk til å spyrja Herren, skal de segja: So segjer Herren, Israels Gud, um dei ordi som du høyrde:

27 Av di hjarta ditt vart mjukt, og du bøygde deg for Gud då du høyrde ordi hans mot denne staden og folket her, av di du audmykte deg for mi åsyn og reiv sund klædi dine, og gret for mi åsyn, so hev eg og bønhøyrt, segjer Herren!

28 So vil eg då samla deg til federne dine, so du kann samlast med deim i gravi di i fred; og augo dine skal sleppa sjå all den ulukka som eg vil føra yver denne staden og folket som bur her.»» Og dei kom att til kongen med dette svaret.

29 Då sende kongen bod og stemnde saman alle dei øvste i Juda og Jerusalem.

30 Og kongen gjekk upp til Herrens hus, og alle Juda-mennerne og Jerusalems-buarne fylgde honom, og prestarne og levitarne og heile folket, frå den minste til den største; og han las upp for deim alt det som stod i paktboki som dei hadde funne i Herrens hus.

31 Kongen steig fram på plassen sin og gjorde den pakti for Herrens åsyn at han vilde fylgja Herren og halda bodi og fyresegnerne og loverne hans av alt sitt hjarta og all sin hug og setja i verk dei paktordi som var skrivne i denne boki.

32 Og han let deim ganga inn i pakti, som fanst i Jerusalem og Benjamin, og alle Jerusalems-buarne gjorde etter pakti med Gud, deira fedregud.

33 Og Josia fekk burt all styggedomen frå alle dei landi som høyrde til Israels-sønerne, og han nøydde alle som fanst i Israel til å tena Herren, sin Gud. So lenge som han livde, vende dei seg ikkje burt i frå Herren, deira fedregud.

35. kapitlet

1 Josia heldt påskehelg for Herren i Jerusalem, og dei slagta påskelambet på den fjortande dagen i fyrste månaden.

2 Han sette prestarne til det dei skulde taka vare på, og styrkte deim til tenesta i Herrens hus.

3 Og han sagde til levitarne, som lærde heile Israel, og som var vigde til Herren: «Set den heilage kista i det huset som Salomo bygde, son åt David, Israels konge; det tarv ikkje bera henne på herdarne. Ten difor Herren, dykkar Gud, og Israel, folket hans!

4 Gjer dykk ferdige etter ættgreinerne dykkar, i skifti dykkar, so som David, Israels konge, hev fyreskrive, og etter fyreskrifti åt Salomo, son hans.

5 Og statt i heilagdomen etter flokkarne av ættgreinerne åt brørne dykkar, lækfolket, soleis at det hvert eit skift av ei levit-ættgrein for kvar.

6 Og slagta so påskelambi og helga dykk og laga det til for brørne dykkar, so det gjer etter Herrens ord ved Moses!»

7 Josia gav tretti tusund stykke småfe til ålmugen, lamb og kid, alt saman til påskeoffer for alle deim som fanst der, og tri tusund stykke storfe; dette var av eigedomen åt kongen.

8 Og hovdingarne hans gav friviljugt til folket, til prestarne og levitarne; Hilkia og Zakarja og Jehiel, som var dei øvste i Guds hus, gav prestarne tvo tusund seks hundrad lamb og kid til påskeoffer, og tri hundrad stykke storfe.

9 Konanja og Semaja og Netanel, brørne hans, og Hasabja og Je’iel og Jozabad, levitfyrstane, gav levitarne fem tusund lamb og kid til påskeoffer og fem hundrad stykke storfe.

10 Soleis fekk dei tenesta i fast skikk, og prestarne stod på sin stad og levitarne etter sine skift, so som kongen hadde bode.

11 Dei slagta påskelambi, og prestarne skvette blodet som dei fekk av deim, og levitarne flådde dyri.

12 So skilde dei frå brennofferi og gav deim til dei ymse ættgrein-flokkarne av ålmugen, so dei kunde ofra til Herren, som det er fyreskrive i Moseboki; og sameleis med storfeet.

13 Påskelambi steikte dei i elden, som fyreskrive var, og offerstykki koka dei i grytor, kjelar og skålar og skunda seg med deim til ålmugen.

14 So laga dei åt seg sjølve og prestarne; for prestarne, Arons-sønerne, hadde arbeid like til um natti med å ofra brennofferi og feittstykki, og difor laga levitarne til åt seg sjølve og prestarne, Arons-sønerne.

15 Songarane, Asafs-sønerne, stod på plassen sin, som David, Asaf, Heman og Jedutun, sjåaren åt kongen, hadde bode, og dørvaktarane ved kvar sin port; dei turvte ikkje ganga ifrå tenesta; for levitarne, brørne deira, laga til åt deim.

16 Soleis sette dei heile tenesta for Herren fast skikk på den dagen, med di dei heldt påskehelg og ofra brennoffer på Herrens altar, so som kong Josia hadde bode.

17 Og dei Israels-borni som var tilstades, heldt den gongen påskehelgi og søtebrødhelg i sju dagar.

18 Ei sovori påskehelg som denne var det ikkje halde i Israel sidan profeten Samuels dagar, og ingen av Israels-kongarne hadde halde ei sovori påskehelg som den Josia og prestarne og levitarne og dei Juda- og Israels-mennerne som var til stades, og Jerusalems-buarne høgtida.

19 Denne påskehelgi vart haldi i det attande styringsåret åt Josia.

20 Etter alt dette, då Josias hadde fenge i stand huset, drog egyptarkongen Neko upp og vilde strida ved Karkemis ved Frat, og Josia drog ut imot honom.

21 Men han skikka sendebod til honom og sagde: «Kva hev eg med deg å gjera, Juda-konge? Det er ikkje imot deg eg kjem i dag, men mot ervefienden min; og Gud hev sagt at eg skal skunda meg. Haldt upp med å tråssa Gud som er med meg, so han ikkje skal tyna deg!»

22 Men Josia snudde ikkje ifrå honom, men klædde seg ut og vilde gjeva seg i strid med honom, han høyrde ikkje på Nekos ord ifrå Guds munn. Og det kom til strid på Megiddosletta.

23 Då råka bogeskyttarane kong Josia, og kongen sagde til tenarane: «Før meg burt! for eg er hardt såra.»

24 Tenarane hans bar honom då burt ifrå vogni og køyrde honom på den andre vogni hans og førde honom til Jerusalem, og der døydde han. Dei gravlagde honom i graverne åt federne hans, og heile Juda og Jerusalem syrgde yver Josia.

25 Jeremia song ein syrgjesong um Josia, og alle songarane og songmøyarne tala i syrgjesongarne sine um Josia, som dei gjer den dag i dag; det vart fast skikk i Israel å syngja desse kvædi, og dei finst uppskrivne millom Syrgjesongarne.

26 Det som elles er å fortelja um Josia og dei gudlege gjerningarne som han gjorde etter det som er fyreskrive i Herrens lov,

27 og soga hans frå fyrst til sist, det er uppskrive i boki um Israels- og Juda-kongarne.

36. kapitlet

1 Folket i landet tok Joahaz Josiason og gjorde honom til konge i Jerusalem i staden for far hans.

2 Tri og tjuge år gamall var Joahaz då han vart konge, og tri månader styrde han i Jerusalem.

3 Men egyptarkongen sette honom av frå styret i Jerusalem og let landet bøta tvo hundrad og femti våger sylv og tvo og ein halv våg gull.

4 Og egyptarkongen gjorde Eljakim, bror hans, til konge yver Juda og Jerusalem, og han brigda namnet hans til Jojakim, Joahaz, bror hans derimot, tok Neko og førde til Egyptarland.

5 Fem og tjuge år gamall var Jojakim då han vart konge, og elleve år styrde han i Jerusalem. Han gjorde det som vondt var for Herren, hans Gud.

6 Nebukadnessar, kongen i Babel, drog upp imot honom, og batt honom med koparlekkjor og vilde føra honom til Babel.

7 Og Nebukadnessar førde nokre av kjeraldi i Herrens hus til Babel og sette deim upp i templet sitt i Babel.

8 Det som elles er å fortelja um Jojakim og dei styggetingi som han gjorde, og anna vondt som fanst hjå honom, det er uppskrive i boki um Israels- og Juda-kongarne; Jojakin, son hans, vart konge i staden hans.

9 Attan år gamall var Jojakin då han vart konge, og tri månader og ti dagar styrde han i Jerusalem. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo.

10 Ved årsskiftet sende kong Nebukadnessar folk og førde honom til Babel saman med dei dyraste kjeraldi ifrå Herrens hus; og han gjorde Sidkia, bror hans, til konge yver Juda og Jerusalem.

11 Eitt og tjuge år gamall var Sidkia då han vart konge, og elleve år styrde han i Jerusalem.

12 Han gjorde det som var vondt i Herrens, hans Guds, augo; han audmykte seg ikkje for profeten Jeremia som tala ord frå Herrens munn.

13 Attpå gjorde han uppreist imot kong Nebukadnessar, som hadde teke honom i eid ved Gud; og han var ein stivnakke og gjorde hjarta sitt hardt, so han umvende seg ikkje til Herren, Israels Gud.

14 Alle hovdingarne bland prestarne og folket gjorde mykjen utruskap og for med same styggedomen som heidningarne og sulka til Herrens hus, som han hadde helga i Jerusalem.

15 Herren, deira fedregud, sende fyretolor til deim seint og tidleg med sendebodi sine, av di han tykte synd i folket sitt og bustaden sin.

16 Men dei spotta sendebodi for Gud, hædde ordi hans og svivyrde profetarne hans til dess Herrens harm reiste seg soleis imot folket hans, at det ikkje lenger var nokor botevon.

17 Han sende kaldæarkongen imot deim, og han drap deira unge mannskap med sverd i det heilage huset deira og sparde korkje unggut eller ungmøy, gamall eller gråhærd. Alt gav han i hans hand.

18 Alle kjeraldi i Guds hus, både store og små, skattarne i Herrens hus og skatterne åt kongen og hovdingarne hans, alt saman førde han til Babel.

19 Dei brende upp Guds hus og reiv ned Jerusalems-muren, brende upp alle slotti der og øydelagde alle dei dyrverdige tingi som fanst der.

20 Deim som sverdet hadde leivt, førde han fangar til Babel, og der vert dei trælar for honom og sønerne hans til dess Persarriket kom til magti,

21 so Herrens ord i Jeremias munn skulde verta uppfyllt, til dess landet fekk njota si kvild; alt med det låg i øyde, fekk det kvila til dess sytti år var lidne.

22 Men i det fyrste året åt Kyrus, kongen i Persia, vekte Herren hugen i persarkongen Kyrus - for Herrens ord i Jeremias munn skulde nå sitt endemål - og han let ropa ut i alt sitt rike, og sende brev ikring med sovori kunngjering:

23 «So segjer Kyrus, kongen i Persia: «Alle kongerike på jordi hev Herren, Gud i himmelen, gjeve meg, og han hev lagt på meg at eg skal byggja honom eit hus i Jerusalem i Juda. Er det nokon millom dykk av alt hans folk, so vere Herren, hans Gud, med honom, og han drage upp dit!»»

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021