Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Daniel

Daniel

1. kapitlet

1 I det tridje styringsåret åt Jojakim, kongen i Juda, kom Nebukadnessar, kongen i Babel, til Jerusalem og kringsette byen.

2 Og Herren gav Juda-kongen Jojakim i hans vald, og likeins sume av kjeraldi i Guds hus; han førde deim til Sinearlandet, til gudshuset sitt. Og kjeraldi flutte han inn i skattkammeret åt guden sin.

3 Og kongen baud Aspenaz, den øvste hirdmannen sin, at han av Israel skulde velja ut nokre sveinar, av kongsætt og av adelsætt,

4 sveinar som var lytelause og fagre å sjå til og vituge til å leggja seg etter alt slags visdom, evnerike og lærehuga ungsveinar, som kunde verta føre til å tena i kongsgarden; og han skulde gjeva deim upplæring i kaldæisk skrift og tungemål.

5 Kongen etla til åt deim det dei skulde hava kvar dag av forkunnmaten åt kongen og av vinen som han drakk, og baud at dei skulde fostra deim upp i tri år; når den tidi var lidi, skulde dei få gjera tenesta hjå kongen.

6 Millom deim var Daniel, Hananja, Misael og Azarja av Juda-sønerne.

7 Men den øvste hirdmannen gav deim nye namn: Daniel kalla han Beltsassar, Hananja Sadrak, Misael Mesak og Azarja Abed-Nego.

8 Men Daniel sette seg fyre at han ikkje vilde gjera seg urein med kongsmaten, eller med den vinen som han drakk; og han bad den øvste hirdmannen um å sleppa å gjera seg urein.

9 Og Gud let Daniel finna nåde og miskunn hjå den øvste hirdmannen.

10 Men den øvste hirdmannen sagde til Daniel: «Eg ottast at herren min, kongen, som hev teke avgjerd um maten og drykken dykkar, skal tykkja at de er meir skrinnleitte enn dei andre sveinarne på dykkar alder, og so kjem de til å føra skuld yver hovudet mitt hjå kongen.»

11 Då sagde Daniel til hovmeisteren som den øvste hirdmannen hadde sett yver Daniel, Hananja, Misael og Azarja:

12 «Gjer ein freistnad med tenarane dine i ti dagar, og gjev oss grønt å eta og vatn å drikka.

13 So kann du sidan likna vår utsjånad i hop med utsjånaden på dei som et av kongsmaten; og so kann du gjera med tenarane dine etter det du då ser.»

14 Han laga seg etter deim i dette og gjorde ein freistnad med deim i ti dagar.

15 Då dei ti dagarne var lidne røyndest det at dei var fagrare å sjå til og betre i hold enn alle dei sveinar som hadde ete av kongsmaten.

16 Då let hovmeisteren deim sleppa den maten som kongen hadde etla åt deim, og den vinen som dei skulde ha drukke, og gav deim grønt.

17 Til desse fire sveinarne gav no Gud kunnskap og vit på alt slag skrift og visdom; og Daniel skyna seg på alle syner og draumar.

18 Og då den tidi kom då kongen hadde bode at dei skulde førast fram for honom, førde den øvste hirdmannen deim fram for Nebukadnessar.

19 Og då kongen tala med deim, fanst det ingen millom deim alle som kunde mæla seg med Daniel, Hananja, Misael og Azarja; so vart dei då tenarar hjå kongen.

20 Og stødt når kongen spurde deim til i ei sak som det skulde visdom til å skyna seg på, fann han at dei var ti gonger visare enn alle runemeistrar og manarar som fanst i heile hans rike.

21 Og Daniel heldt fram soleis til det fyrste styringsåret åt kong Kyrus.

2. kapitlet

1 I det andre styringsåret åt Nebukadnessar hadde Nebukadnessar draumar som sette uro i hugen hans, so han ikkje fekk sova.

2 Då let kongen senda bod etter runemeistrarne og manararne og trollmennerne og kaldæarane, og vilde at dei skulde fortelja kongen kva han hadde drøymt. Og dei kom og gjekk fram for kongen.

3 Og kongen sagde til deim: «Eg hev havt ein draum, og hev slik uro i hugen etter å få vita kva eg hev drøymt.»

4 Då tala kaldæarane til kongen på aramæisk: «Kongen live æveleg! Fortel tenarane dine draumen, so skal me segja deg kva han tyder.»

5 Kongen svara kaldæarane: «Nei, min vilje stend uruggeleg fast, at dersom de ikkje segjer meg draumen og uttydingi på honom, so skal de verta hoggne i sund, og husi dykkar gjorde til sorphaugar.

6 Men dersom de fortel meg draumen og uttydingi på honom, so skal de få rike gåvor og stor æra av meg. Seg meg difor draumen og uttydingi på honom!»

7 Dei svara og sagde andre gongen: «Kongen må fortelja draumen til tenarane sine, so skal me segja kva han tyder.»

8 Kongen svara og sagde: «Eg merkar grant at de vil vinna tid, sidan de ser at min vilje er uruggeleg.

9 Dersom de ikkje segjer meg draumen, kann domen yver dykk ikkje verta anna enn ein. Ja, de er vorte samde um å fara med lygn og skjemdarsvall for meg, i von um at tiderne skal snu seg. Seg meg no difor kva eg hev drøymt, so skynar eg at de og kann uttydingi på det.»

10 Då svara kaldæarane kongen og sagde: «Det finst ikkje eit menneskje på jordi som kann segja kongen det som han vil vita; aldri hev då heller nokon konge, kor stor og megtig han so hev vore, kravt noko slikt av nokon runemeister eller manar eller kaldæar.

11 For det som kongen krev, er so altfor vandt, og det finst ingen som kann fortelja kongen det, utan gudarne, og dei bur ikkje millom døyelege menneskje.»

12 Då vreidest kongen og harmast mykje, og baud at dei skulde tyna alle dei vise i Babel.

13 Då so påbodet var utferda, og dei skulde drepa dei vise, leita dei og etter Daniel og fosterbrørne hans og vilde drepa deim.

14 Daniel vende seg då med kloke og vituge ord til Arjok, hovdingen yver livvakti åt kongen, som hadde drege ut og skulde drepa dei vise i Babel.

15 Han tok til ords og spurde Arjok, hovudsmannen åt kongen: «Kvi hev kongen ferda ut dette strenge påbodet?» Då fortalde Arjok Daniel kva som var tids.

16 Og Daniel gjekk inn og bad kongen gjeva honom frest, so skulde han kunngjera kongen uttydingi.

17 Sidan gjekk Daniel heim og fortalde Hananja, Misael og Azarja, fosterbrørne sine, kva som var tids,

18 og han baud deim at dei skulde beda Gud i himmelen um miskunn, so at denne løyndomen måtte verta openberra, so ikkje Daniel og fosterbrørne hans skulde lata livet tilliks med dei andre vise i Babel.

19 Då fekk Daniel vita løyndomen i ei syn um natti. Og Daniel lova Gud i himmelen for dette.

20 Daniel tok til ords og sagde: «Lova vere Guds namn frå æva og til æva! For visdom og magt høyrer honom til!

21 Han let tider og stunder verta umskifte, set kongar av og set kongar inn, han gjev dei vise visdom og dei vituge vit.

22 Han openberrar det djupe og det dulde, han veit kva som i myrkret er, og hjå han bur ljoset.

23 Deg, min fedregud, takkar og prisar eg for di du hev gjeve meg visdom og dugleik, og no hev kunngjort meg det me bad deg um. For det som kongen vilde vita, hev du kunngjort oss.

24 Daniel gjekk so inn til Arjok, som av kongen hadde fenge påbod um å drepa dei vise i Babel; han gjekk av stad og sagde soleis til honom: «Dei vise i Babel må du ikkje tyna. Før meg inn til kongen, so skal eg kunngjera kongen uttydingi.»

25 Då skunda Arjok seg og førde Daniel inn til kongen og sagde soleis til honom: Eg hev funne ein mann millom dei jødiske fangarne som kann segja kongen uttydingi.»

26 Kongen svara og sagde til Daniel, som hadde fenge namnet Beltsassar: «Kann du segja meg den draumen eg hev havt, og uttydingi på honom?»

27 Daniel svara kongen og sagde: «Den løyndomen som kongen hev hug til å vita, er det ingen vismann eller manar eller runemeister eller stjernetydar som kann kunngjera for kongen.

28 Men det er ein Gud i himmelen, som openberrar løyndomar, og han hev late kong Nebukadnessar vita kva som skal henda i dagar som kjem. Dette var draumen din og den syni du hadde på lægjet ditt:

29 Då du, konge, låg på lægjet ditt, steig det tankar upp hjå deg um kva som skal henda i framtidi. Og han som openberrar løyndomar, let deg vita kva som skal henda.

30 Og for meg hev denne løyndomen vorte openberra, ikkje av di eg eig nokon visdom framfor alle andre som liver, men for at uttydingi kann verta kunngjord for kongen, so du kann få vita ditt hjartans tankar.

31 Du, konge, såg i syni di ei stor bilætstytte standa framfyre deg, og den stytta var høg, og glansen hennar var overlag stor, ho var skræmeleg å sjå til.

32 Hovudet på bilætet var av skirt gull, brjostet og armarne av sylv, buken og lenderne av kopar,

33 leggjerne av jarn, føterne var noko av jarn og noko av leir.

34 Medan du stod og såg på bilætet, vart det lausrive ein stein, men ikkje med mannehender, og den steinen råka bilætet på føterne, som var av jarn og leire, og krasa deim.

35 Då vart det krasa alt på ein gong, jarnet, leiret, koparen, sylvet og gullet, og det vart som agner på ein treskjarvoll um sumaren, og vinden føykte det burt, so ein ingen stad kunna finna det att. Men av steinen som hadde råka bilætet, vart det eit stort fjell, som fylde upp heile jordi.

36 Dette var draumen, og no vil me segja kongen uttydingi.

37 Du, konge, kongen yver kongarne, som Gud i himmelen hev gjeve rike, velde, magt og æra,

38 du, som hev gjeve mannsborni, dyri på marki og fuglarne under himmelen i henderne på, so langt som liv bur, og som han hev sett til herre yver det alt saman, du er dette gullhovudet.

39 Men etter deg skal det koma upp eit anna rike, ringare enn ditt, og etter det endå eit rike, det tridje, som er av kopar, og det skal råda yver heile jordi.

40 Det fjorde riket skal og koma upp og vera sterkt som jarn; for jarnet knusar og krasar alt, og som jarnet øyder alt anna, so skal og dette riket krasa og øyda.

41 Men når du såg at føterne og tærne var noko av krusmakarleir og noko av jarn, so tyder det at det skal vera eit sundra rike: det skal hava noko av det faste jarnet, for du såg det var jarn blanda med leira.

42 Og det at tærne på føterne var noko av jarn og noko av leir, det tyder at riket i sume måtar skal vera sterkt, i andre måtar veikt.

43 Og at du såg jarnet var blanda med leir, det tyder at det fulle skal verta ei blanding ved menneskjesæde, men at luterne like vel ikkje skal halda i hop med kvarandre, like lite som jarn kann binda seg saman med leir.

44 Men i dei dagarne dei kongarne liver, skal Gud i himmelen reisa eit rike som aldri i æva skal øydast, og magti yver det skal ikkje latast til noko anna folk. Det skal krasa og gjera ein ende på alle hine riki; men sjølv skal det æveleg standa;

45 for du såg då at det vart lausrive ein stein or fjellet, men ikkje med mannehender, og krasa jarnet, koparen, leiret, sylvet og gullet. So hev den store Gud openberra for kongen kva som skal henda i framtidi. Draumen er sann og uttydinga sætande.»

46 Då kasta kong Nebukadnessar seg å gruve og tilbad framfor Daniel, og han baud at dei skulde ofra grjonoffer og røykjelse til honom.

47 Og kongen svara Daniel og sagde: «I sanning, dykkar Gud er Gud yver gudar og herre yver kongar og ein som openberrar løynde ting, sidan du hev kunna openberra denne løyndomen.»

48 Etter dette gjorde kongen Daniel til ein stor mann, og gav honom mange dyre gåvor og sette honom til herre yver alt Babelsfylket, og til forstandar for alle dei vise i Babel.

49 Og Daniel bad kongen, og han sette Sadrak og Mesak og Abed-Nego til å styra Babelsfylket, men Daniel sjølv stana i kongsgarden.

3. kapitlet

1 Kong Nebukadnessar let gjera eit bilæte av gull, seksti alner høgt og seks alner breidt; det fekk han sett upp på Durasletta i Babelsfylket.

2 Og kong Nebukadnessar sende ut menner som skulde stemna saman satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsmennerne og skattmeistrarne og dei lovkunnige og domarane og alle andre embætsmenner i fylki, at dei skulde koma til vigsla av det bilætet som kong Nebukadnessar hadde fenge reist.

3 Då samla dei seg, satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsmennerne og skattmeistrarne og dei lovkunnige og domararne og alle andre embetsmenner i fylki og skulde vigsla det bilætet som Nebukadnessar hadde fenge reist; og då dei so stod framfor det bilætet som Nebukadnessar hadde fenge reist,

4 ropa ein herold med høg røyst: «Det vere dykk sagt, de folk og ætter og tungemål:

5 Når de høyrer ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter, sekkjepipa og alle slags andre spel, då skal de falla ned og tilbeda det gull-bilætet som kong Nebukadnessar hev fenge reist.

6 Men den som ikkje fell ned og tilbed, skal i same stundi verta kasta i ein brennande omn.»

7 So snart alt folket no høyrde ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter og alle andre slags spel, fall dei difor ned, alle folk og ættar og tungemål, og tilbed det gull-bilætet som kong Nebukadnessar hadde fenge reist.

8 Men straks etter stod nokre kaldæiske menner fram og klaga jødarne.

9 Dei tok til ords og sagde til kong Nebukadnessar: «Kongen live æveleg!

10 Konge, du hev gjeve bod um at alle menneskje skulde falla ned og tilbeda gull-bilætet når dei høyrde ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter, sekkjepipa og alle andre spel,

11 og at kvar og ein som ikkje fell ned og tilbed, skal verta kasta i ein brennande omn.

12 Men no er her nokre jødiske menner, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som du sette til å styra Babelsfylket. Desse mennerne hev ikkje agta på deg, konge. Dei dyrkar ikkje dine gudar, og ikkje tilbed dei gull-bilætet som du hev fenge reist.»

13 Då baud Nebukadnessar i vreide og harm at dei skulde føra fram Sadrak, Mesak og Abed-Nego. Og dei førde mennerne fram for kongen.

14 Nebukadnessar tala til deim og sagde: «Er det med vilje at de, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, ikkje dyrkar mine gudar og ikkje tilbed det gull-bilætet som eg hev fenge reist?

15 Ja, ja, alt skal verta godt att, so framt de er viljuge til å falla ned og tilbeda det bilætet som eg hev fenge gjort, når de høyrer ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter og sekkjepipa og alle slag andre spel. Men dersom de ikkje tilbed, so skal de i same stundi verta kasta i den brennande omn; og kven er den gud som då kann frelsa dykk or mi hand?»

16 Då svara Sadrak, Mesak og Abed-Nego og sagde til kongen: «Nebukadnessar, me tarv ikkje gjeva deg noko svar på dette.

17 Um vår Gud, han som me dyrkar, magtar å frelsa oss, so skal han og frelsa oss or den brennande omnen og or di hand, konge.

18 Men um han ikkje det vil, so skal du vita, konge, at me dyrkar ikkje dine gudar kor som er, og at me ikkje vil tilbeda det gull-bilætet som du hev fenge reist.»

19 Då rann det slikt sinne i Nebukadnessar mot Sadrak, Mesak og Abed-Nego, at han skifte liter i andlitet. Og han tok til ords og baud at dei skulde gjera omnen sju gonger so heit som elles var turvande.

20 Og nokre handfaste karar i heren hans fekk fyresegn um å binda Sadrak, Mesak og Abed-Nego og kasta deim i den brennande omnen.

21 So vart mennerne bundne i underklædi, kjolarne, kapporne og dei andre klædi sine og kasta i den brennande omnen.

22 Men etter di bodet åt kongen hadde vore so strengt, og omnen difor var vorten so uhorveleg upphita, vart dei mennerne som førde Sadrak, Mesak og Abed-Nego upp dit, sjølv drepne av eldslogarne.

23 Men dei tri mennerne, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, vart kasta bundne ned i den brennande omnen.

24 Då stokk kong Nebukadnessar og stod svint upp og spurde rådsherrarne sine og sagde: «Var det ikkje tri menner me batt og kasta i elden?» Dei svara og sagde til kongen: «Jau visst, konge.»

25 Han heldt fram og sagde: «Og endå ser eg no fire menner som gjeng lause og leduge inne i elden, og inkje mein hev dei fenge; og den fjorde ser ut som ein gudeson.

26 Dermed steig Nebukadnessar fram til døri på den brennande omnen, tok til ords og sagde: Sadrak, Mesak og Abed-Nego, de tenarar åt den høgste Gud, kom ut her!» Då gjekk Sadrak, Mesak og Abed-Nego ut or elden.

27 Og satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsherrarne åt kongen samla seg saman der, og fekk sjå at elden ikkje hadde havt nokor magt yver likamen til desse mennerne, og at håret på hovudi deira ikkje var svidt, og at klædi deira ikkje var skadde; ja, ein kunde ikkje ein gong kjenna lukti av noko brent på deim.

28 Då tok Nebukadnessar til ords og sagde: «Lova vere Gud åt Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som sende engelen sin og frelsa tenararne sine, som trøysta seg so fast til honom at dei braut ordi åt kongen og våga livet sitt, so dei ikkje skulde nøydast til å dyrka og tilbeda nokon annan gud enn sin eigen Gud!

29 So gjev eg no det bodet at kven det so er av alle folk og ætter og tungemål som segjer noko usømelegt um Sadrak, Mesak og Abed-Negos Gud, han skal hoggast i sund, og huset hans skal gjerast til ein sorphaug; for det finst ingen gud som kann hjelpa so som han.»

30 So let kongen Sadrak, Mesak og Abed-Nego koma til stor æra og magt i Babelsfylket.

4. kapitlet

1 Kong Nebukadnessar til alle folk og ætter og tungemål som bur på heile jordi: Heil og sæl!

2 Eg hev funne for godt å kunngjera dei teikn og under som den høgste Gud hev gjort mot meg.

3 Kor store er ikkje teikni hans, og megtige hans under! Riket hans er eit æveleg rike, og veldet hans varer frå ætt til ætt.

4 Eg, Nebukadnessar, sat i god ro i huset mitt og livde lukkeleg i kongsgarden mitt.

5 Då hadde eg ein draum som skræmde meg; eg tok fæla av draumsviv i mi seng og av ei syn som eg såg.

6 Difor gav eg ut bod um at dei skulde henta alle dei vise i Babel til meg, so dei kunde segja meg uttydingi på draumen.

7 So kom då runemeistrarne, manararne, kaldæarane og stjernetydarane, og eg fortalde deim draumen; men dei kunde ikkje segja meg uttydingi på honom.

8 Til slutt kom Daniel og inn for meg, han som hadde fenge namnet Beltsassar etter namnet på guden min, og som anden åt heilage gudar er i; og eg fortalde honom draumen soleis:

9 «Beltsassar, du som er den øvste millom runemeistrarne, um deg veit eg at anden åt heilage gudar er i deg, og at ingen løyndom er for svær for deg; so seg meg kva eg såg i draumen min, og kva det tyder.

10 Dette var den syni eg hadde på lægjet mitt: Eg såg i syni mi eit tre standa midt på jordi, og det treet var ovleg høgt.

11 Ja, stort og veldugt var treet, og so høgt at det rakk til himmels og var synlegt alt til enderne av jordi.

12 Det hadde fager lauvklænad, og det bar mykje frukt, so det hadde føde åt alle. Dyri på marki fann skugge under det, og fuglarne under himmelen budde i greinerne på det, og alt kjøt fekk si føda frå det.

13 So såg eg i den syni som eg hadde på lægjet mitt, korleis ein heilag vaktar steig ned frå himmelen.

14 Han ropa med høg røyst og sagde: «Hogg ned treet, og skjer greinerne av det, riv lauvklædnaden av, og spreid frukti, so dyri som ligg under det, lyt fara sin veg, og fuglarne flyg burt ifrå greinerne på det.

15 Men lat stuven med røterne standa att i jordi, men bunden med lekkjor av jarn og kopar, midt i grøne graslendet; av doggi frå himmelen skal han vætast, og hava sin lut med dyri millom urterne på marki.

16 Hjarta hans skal skapast um, so det ikkje er eit mannehjarta meir; eit dyrehjarta skal han få, og sju tider skal skrida fram yver honom.

17 So er det skipa ved rådgjerd av vaktarane, og so hev dei heilage sagt i saki, so mykje dei levande skal sanna at det er den Høgste som råder yver manneriket og gjev det til kven han vil, ja, set den ringaste millom menneskje yver det.»

18 Soleis var draumen som eg, kong Nebukadnessar, hadde. Og no må du, Beltsassar, segja kva han tyder; for ingen av dei vise i riket mitt kann segja meg uttydingi; men du kann det vel, for anden åt heilage gudar er i deg.»

19 Då stod Daniel, han som dei og kalla Beltsassar, ei stund forfærd og full av urolege tankar. Men kongen tok atter til ords og sagde: «Beltsassar, lat ikkje draumen og det som han tyder, skræma deg!» Beltsassar svara og sagde: «Herre min, gjev draumen måtte gjelda deim som hatar deg, og tydingi på honom fiendarne dine!

20 Treet du såg, som var so stort og so veldugt, og so høgt at det rakk til himmels og var synlegt yver all jordi,

21 og som hadde so fager lauvklædnad, og bar so mykje frukt at det gav føda åt alle, treet som dyri på marki budde under, og som fuglarne under himmelen hadde reiri sine i greinerne på,

22 det er du sjølv, konge, du som er so stor og veldug; stordomen din hev vakse so han når til himmels, og veldet ditt strekkjer seg til endarne av jordi.

23 Men at kongen såg ein heilag vaktar stiga ned frå himmelen, som sagde: «Hogg ned treet og øydelegg det, men lat stuven med røterne standa att i jordi, bunden med lekkjer av jarn og kopar, midt i grøne graslendet! av doggi frå himmelen skal han vætast, og hava sin lut millom dyri på marki, til dess sju tider hev skride fram yver honom -

24 det tyder, konge, og dette er rådgjerdi åt den Høgste som råkar herren min, konge:

25 Du skal verta utstøytt frå menneski og ljota bu millom dyri på marki og eta gras som uksarne og verta vætt av doggi frå himmelen, og sju tider skal skrida fram yver deg til dess du sannar at det er den Høgste som råder yver mannariket og gjev det til kven han vil.

26 Men at det vart bode at trestuven og røterne skulde standa att, det tyder at du skal få hava riket ditt, når du hev sannkjent at himmelen hev magti.

27 Difor må du, konge, lata mitt råd tekkjast deg, og gjera deg fri frå synderne dine med di du gjer godt, og frå misgjerningarne dine med di du gjer sælebot mot dei fatige, um lukka di då kann henda kunde verta varande.»»

28 Alt dette kom yver kong Nebukadnessar.

29 Tolv månader etter gjekk kongen ein gong ikring på taket av kongsslottet i Babel.

30 Då tok kongen til ords og sagde: «Sjå, dette er det store Babel, som eg hev bygt til kongssæte med mi velduge magt, min herlegdom til æra!»

31 Fyrr ordet endå var or munnen på kongen, kom det ei røyst frå himmelen: «Deg, kong Nebukadnessar, vere det sagt: Kongedømmet hev vike frå deg;

32 du skal verta utstøytt frå menneski og ljota bu millom dyri på marki og eta gras som uksarne, og sju tider skal skrida fram yver deg, til dess du sannar at den Høgste råder yver manneriket og gjev det til kven han vil.»

33 I same stundi slo dette ordet til på Nebukadnessar; han vart utstøytt frå menneski og laut eta gras som uksarne, og kroppen hans vart vætt av doggi frå himmelen, til dess at håret hans voks og vart som ørnefjører, og til dess neglerne hans vart som fugleklør.

34 Men då tidi var lidi, lyfte eg, Nebukadnessar, augo mine upp til himmelen og fekk vitet mitt att. Då lova eg den Høgste, eg prisa og æra honom som liver æveleg, han som hev eit velde som er eit ævelegt velde, og eit rike som varer frå ætt til ætt.

35 Alle som på jordi bur, er som inkje å agta imot honom, for han gjer kva han vil, både med himmelheren og med deim som bur på jordi, og ingen kann standa seg imot hans hand eller segja til honom: «Kva gjer du?»

36 So fekk eg då på den tidi vitet mitt att, og eg fekk att min herlegdom og glans, mitt kongedøme til æra, og rådsherrarne og stormennerne mine leita meg upp. Og eg vart innsett i kongedømet mitt att, og endå større magt vart meg gjevi.

37 Difor prisar no eg, Nebukadnessar, og høglovar og ærar kongen i himmelen; for alle hans gjerningar er sanning, og vegarne hans er rette, og han kann bøygja deim ned som ferdast i ovmod.

5. kapitlet

1 Kong Belsassar gjorde eit stort gjestebod for dei tusund stormennerne sine og heldt drykkjelag med dei tusund.

2 Då dei hadde fenge smak på vinen, baud Belsassar at dei skulde bera fram dei gullkjeraldi og sylvkjeraldi som Nebukadnessar, far hans, hadde teke or templet i Jerusalem; or deim skulde so kongen og stormennerne hans, konorne og fylgjekonorne hans drikka.

3 Dei bar då fram dei gullkjeraldi som var tekne or templet i Guds hus i Jerusalem; og kongen og stormennerne hans, konorne og fylgjekonorne hans, drakk or deim.

4 Dei drakk vin og prisa gudarne sine av gull og sylv, av kopar og jarn og tre og stein.

5 Då synte det seg i same stundi fingrar som av ei mannehand, som skreiv på den kvitkalka veggen i kongshalli, midt imot ljosestaken; og kongen såg handi som skreiv.

6 Då skifte kongen liter, og tankarne skræmde honom, og han veikna i mjødmarne, og knei hans slo imot einannan.

7 Og kongen ropa med høg røyst, og baud at dei skulde henta manarane og kaldæarane og stjernetydarane. Og kongen sagde so til dei vise i Babel: «Kven det er som kann lesa denne skrifti og gjeva meg uttydingi på henne, han skal verta klædd i purpur, ei gullkjeda skal han få um halsen, og verta den tridje mannen i riket.»

8 Då kom alle kongens vismenner til stades, men dei kunde ikkje lesa skrifti eller segja kongen kva ho tydde.

9 Då vart kong Belsassar øgjeleg forfærd, og skifte liter, og stormennerne hans stod forstøkte.

10 Men då talen åt kongen og stormennerne hans kom for øyro åt dronningi, gjekk ho til gildehalli; der tok dronningi til ords og sagde: «Kongen live æveleg! Lat ikkje tankarne skræma deg, og ikkje skal du skifta liter.

11 I riket ditt finst ein mann som anden åt heilage gudar er i. I dagarne åt far din synte det seg at han åtte både upplysning og klokskap og visdom som visdom hjå gudar; og far din, kong Nebukadnessar, sette honom til hovding yver runemeistrarne, manararne, kaldæarane og stjernetydarane; ja, dette gjorde far din, kongen,

12 etter di det hjå honom var ei makelaus ånd og kunnskap og skyn, og dugleik til å tyda draumar og gjeta gåter og greida vande flokar, hjå denne Daniel, som kongen hadde gjeve namnet Beltsassar. Send difor bod etter Daniel! So gjev nok han deg uttydingi».

13 Då so Daniel var henta til kongen, tok kongen til ords og sagde til Daniel: «Du er fulla Daniel, ein av dei jødiske fangarne som far min, kongen, førde hit frå Juda?

14 Eg hev høyrt folk segja um deg at anden åt gudar er i deg, og at det hev synt seg at du eig upplysning og skyn og makelaus visdom.

15 No er det so at dei vise og manararne hev vorte henta hit til meg til å lesa denne skrifti og segja meg uttydingi på henne; men dei kunde ikkje gjeva meg nokor uttyding.

16 Men um deg hev eg høyrt at du kann gjeva uttydingar og greida vande flokar. Kann du no lesa denne skrifti og segja meg uttydingi på henne, so skal du verta klædd i purpur, og få ei gullkjeda um halsen din, og du skal verta tridje mannen i riket.»

17 Då svara Daniel og sagde til kongen: «Gåvorne dine kann du sjølv hava eller gjeva deim til ein annan; deim forutan skal eg lesa skrifti for kongen og segja honom uttydingi:

18 Til Nebukadnessar, far din, konge, gav Gud den høgste kongemagt, stordom, æra og herlegdom;

19 og for den stordomen skuld som han hadde gjeve honom, skalv alle folk og ætter og tungemål for honom og ræddast. Kven han vilde, drap han, og kven han vilde, let han liva; kven han vilde, gjorde han stor, og kven han vilde, gjorde han liten.

20 Men då han ovmoda seg i hjarta sitt, og åndi hans vart stolt og stormodig, vart han støytt ifrå kongsstolen sin, og æra hans vart frå honom teki.

21 Han vart utstøytt frå menneski, og hjarta hans vart som hjarta hjå eit dyr, og han laut bu millom villasen og eta gras som uksarne, og av doggi frå himmelen vart kroppen hans vætt, til dess han sanna at Gud den høgste råder yver mannariket og set yver det kven han vil.

22 Men du, Belsassar, son hans, som hev visst alt dette, hev endå ikkje gjort hjarta ditt audmjukt,

23 men ovmoda deg mot Herren i himmelen og late folk bera fram for deg kjeraldi frå huset hans; og du og stormennerne dine, konorne og fylgjekonorne dine, hev drukke vin or deim, og du hev prisa dine gudar av sylv og gull, av kopar, jarn, tre og stein, som korkje ser eller høyrer eller veit noko. Men den Gud som hev åndi di og alle dine vegar i sitt vald, honom hev du ikkje æra.

24 Difor hev no denne handi vorte send frå honom, og denne skrifti rita.

25 Og so lyder den skrifti som her er rita: Mené, mené, tekél, ufarsin.

26 Og dette er uttydingi på ordi: Mené, det tyder: Gud hev talt dagarne åt riket ditt og gjort ende på det.

27 Tekél, det tyder: du er vegen på ei vegt og funnen for lett.

28 Perés, det tyder: riket ditt er sundbytt og gjeve åt medarar og persarar.»

29 Då baud Belsassar, og dei klædde Daniel i purpur, og hengde ei gullkjeda um halsen hans, og ropa ut um honom at han skulde vera tridje mannen i riket.

30 Same natti vart Belsassar, kaldæarkongen, drepen.

6. kapitlet

1 Og Darius frå Media tok imot riket då han var tvo og seksti år gamall.

2 Og Darius fann for godt å setja eit hundrad og tjuge satrapar yver riket, so det alle stadar i riket skulde vera slike å finna.

3 Og yver deim sette han tri riksrådar, og av deim var Daniel den eine; for deim skulde satraparne gjera rekneskap, so kongen ingen skade leid.

4 Men Daniel merkte seg ut framfor hine riksrådarne og satraparne, for det var ei makelaus ånd i honom, og kongen tenkte på å setja honom yver heile riket.

5 Då søkte dei andre riksrådarne og satraparne å finna ei sak imot Daniel i det som kom riksstyringi ved. Men dei kunde ingi sovore sak finna, eller noko som var rangt, med di han var trugen i tenesta si; ingi misferd og inkje rangt var å finna hjå honom.

6 Då sagde mennerne: «Me finn ikkje nokor sak imot denne Daniel, minder det skulde lata seg gjera å finna noko i gudsdyrkingi hans.»

7 Etter dette styrmde desse riksrådarne og satraparne inn til kongen og sagde soleis til honom: «Kong Darius live æveleg!

8 Alle riksrådarne og jarlarne og satraparne, rådsherrarne og landshovdingarne i riket hev samrådt seg um at eit kongelegt påbod burde verta gjeve, og eit forbod ferda ut, at kven det er som i tretti dagar heldt si bøn til nokon annan, det vere gud eller menneskje, enn til deg, konge, han skal verta kasta i løvegropi.

9 So lat det no, konge, verta ferda ut eit forbod, og lat det setja upp skriftleg, so det ikkje kann takast attende, etter ubrigdeleg lov hjå medarar og persarar.»

10 I samhøve med dette let kong Darius eit skriv setja upp og eit forbod ferda ut.

11 Men so snart Daniel hadde fenge visst at skrivet var uppsett, gjekk han inn i huset sitt; der hadde han på den øvre salen sin vindaugo som var opne mot Jerusalem. Der fall han tri gonger um dagen på kne og bad og takka Gud, soleis som han fyrr hadde vore van til å gjera.

12 Då styrmde mennerne inn, og dei fann Daniel, som bad og kalla på sin Gud.

13 Sidan gjekk dei til kongen og spurde honom um det kongelege forbodet: «Hev du ikkje late setja upp eit forbod, at kven det er som i tretti dagar held si bøn til nokon annan, det vere gud eller menneskje, enn til deg, konge, han skal verta kasta i løvegropi?» Kongen svara: «Jau, og det ordet stend fast etter ubrigdeleg lov hjå medarar og persarar.»

14 Då svara dei og sagde til kongen: «Daniel, ein av dei jødiske fangarne, agtar korkje på deg eller på det forbodet som du hev late setja upp, men held si bøn tri gonger um dagen.»

15 Då kongen høyrde dette, vart han svært sorgfull, og gjorde seg sut for korleis han skulde kunna berga Daniel; alt til soleglad mødde han seg med å leita etter ein utveg til å hjelpa honom.

16 Då styrmde mennerne inn til kongen og sagde til honom: «Kongen må vita at det er ei lov hjå medararne og persararne, at ikkje noko forbod eller påbod som kongen ferdar ut, kann brigdast.»

17 Då baud kongen at dei skulde henta Daniel og kasta honom i løvegropi; og kongen tala til Daniel og sagde: «Guden din, som du so ideleg dyrkar, han frelsa deg!»

18 Og dei fann fram ein stein og lagde den yver gropsmunnen, og kongen innsigla honom med sitt eige innsigle og innsiglet åt stormennerne sine, so det ikkje skulde verta gjort noko um att i det som hadde hendt med Daniel.

19 Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt, og han fasta heile natti og let ingi kvinnor koma inn til seg; og han fekk ikkje blund på augo.

20 Sidan um morgonen, i lysingi, reis kongen upp og skunda seg til løvegropi.

21 Og då han var nær burt åt gropi komen, ropa han på Daniel med sorgfull røyst. Kongen tok til ords og sagde til Daniel: «Daniel, du tenar åt den levande Gud, må tru Guden din, den som du so ideleg dyrkar, hev kunna berga deg frå løvorne?»

22 Då svara Daniel kongen: «Kongen live æveleg!

23 Min Gud hev sendt engelen sin til å lata att løvemunnarne, so dei ingen skade hev gjort meg. For eg er funnen saklaus for honom; og ikkje heller hev eg forbrote meg mot deg, konge.»

24 Då vart kongen ovleg glad, og baud at dei skulde taka Daniel upp or gropi. Og då Daniel var teken upp or gropi, kunde dei ingen skade finna på honom; for han hadde trutt på sin Gud.

25 Sida baud kongen, og dei henta dei mennerne som hadde klaga Daniel, og kasta deim og borni og konorne deira i løvegropi; og endå fyrr dei var til botnar komne, rauk løvorne på deim og krasa kvart beinet i deim.

26 Etter dette skreiv kong Darius til alle folk og ætter og tungemål som fanst på heile jordi: «Heil og sæl!

27 Hermed gjev eg det bodet at i heile mitt rike skal folk skjelva og ottast for Daniels Gud. For han er den livande Gud, som skal vera i all æva; og riket hans er eit som ikkje kann øydast, og veldet hans varer alt til enden.

28 Han frelsar og friar ut, han gjer teikn og under i himmelen og på jordi, han som hev frelst Daniel or løve-vald.»

29 Og denne Daniel steig i æra og magt i styringstidi åt Darius og persaren Kyrus.

7. kapitlet

1 I det fyrste styringsåret åt den babyloniske kongen Belsassar hadde Daniel ein draum og såg ei syn i hovudet på lægjet sitt. Sidan skreiv han upp draumen og fortalde hovudsummen av innhaldet.

2 Daniel tok til ords og sagde: Eg hadde ei syn um natti, og i den syni såg eg korleis dei fire himmelvindarne storma fram yver det store havet.

3 Og fire store dyr steig upp or havet, det eine ulikt det andre.

4 Det fyrste liktest ei løva, men det hadde vengjer som ein ørn. Medan eg såg på det, vart vengjerne rivne av dyret, og det vart lyft upp frå marki og sett på tvo føter som eit menneskje, og eit mannehjarta fekk det.

5 So fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja; det var likt ein bjørn, og det lette seg upp på den eine sida, og det hadde tri sidebein i gapet millom tennerne. Og til dyret vart det sagt: «Statt upp, og et mykje kjøt!»

6 Etter det fekk eg sjå eit anna dyr, som liktest ein pantar, men på sidorne hadde det fire fuglevengjer; og dyret hadde fire hovud, og velde vart det gjeve.

7 Etter det fekk eg i syni mi um natti sjå det fjorde dyret, øgjelegt og skræmelegt og uhorveleg sterkt; det hadde store tenner av jarn, det åt og krasa, og leivningarne trakka det sund med føterne: det var ulikt alle hine dyri og hadde ti horn.

8 Medan eg skoda på horni, fekk eg sjå korleis det skaut upp millom deim eit anna horn, eit lite, som skuva undan seg tri av hine horni; og sjå, det hornet hadde augo lik manneaugo, og ein munn som tala store ord.

9 Medan eg heldt på og såg på dette, vart det sett fram stolar, og ein som gamall var, sette seg ned. Klædnaden hans var snøkvit, og håret på hovudet hans som rein ull; stolen hans var av eldslogar, og hjuli under var av brennande eld.

10 Ei elv av eld strøymde ut frå honom; tusund gonger tusund var tenarane hans, og ti tusund gonger ti tusund stod til tenesta for honom. So vart retten sett, og bøker vart opna.

11 Medan eg heldt på og såg på dette, hende det, for dei store ord skuld som hornet tala, at medan eg heldt på og såg på dette, vart dyret drepe, og kroppen åt dyret vart tynt og kasta i elden til å brennast.

12 Veldet åt dei andre dyri vart frå deim teke; for livetidi var fastsett til tid og stund.

13 Sidan fekk eg sjå i nattsynerne korleis ein som liktest ein menneskjeson, kom med himmelskyerne; han gjekk burt til den gamle og vart ført fram for honom.

14 Og han fekk velde og æra og rike, og alle folk og ætter og tungemål skulde tena honom. Hans velde er eit ævelegt velde, som ikkje skal verta frå honom teke, og riket hans skal ikkje rikkast.

15 Då kjende eg, Daniel, åndi mi uroast i meg, og synerne i hovudet mitt skræmde meg.

16 Eg gjekk fram til ein av deim som stod der, og bad honom um ei pålitande uttyding på alt dette. Og han svara meg og sagde meg uttydingi på det:

17 «Desse fire store dyri tyder at det skal koma upp fire kongar av jordi.

18 Men sidan skal dei heilage åt den Høgste taka imot riket og hava det i eiga alt til æva, ja, til ævordoms æva.»

19 Etter dette vilde eg hava pålitande uttyding um det fjorde dyret som var ulikt alle hine, det som var so oversleg øgjelegt og hadde tenner av jarn og klør av kopar, det som åt og krasa og sidan trakka under føterne det som det leivde;

20 so og um dei ti horni på hovudet åt det og um det nye hornet, det som sidan skaut upp, og som dei tri andre fall av for, det hornet som hadde augo og ein munn som tala store ord, det som var større å sjå til enn alle hine.

21 Eg hadde set hornet føra krig mot dei heilage og sigra yver deim,

22 til dess han kom, han som gamall var, og retten vart gjeven til dei heilage åt den Høgste, og tidi var komi då dei heilage fekk riket i eiga.

23 Då svara han og sagde: «Det fjorde dyret tyder at eit fjorde rike skal koma upp på jordi og vera ulikt alle hine riki. Det skal gløypa heile jordi og trakka henne sund og krasa henne.

24 Og dei ti horni tyder at det skal koma upp ti kongar i det riket; og etter deim skal det koma upp ein annan, som skal vera dei fyrre ulik, og som skal slå ned tri kongar.

25 Og han skal tala ord mot den Høgste, og dei heilage åt den Høgste skal han øyda; han skal setja seg fyre å skifta um tider og lov; og dei skal gjevast i hans hand ei tid og tider og ei halv tid.

26 Men so vert retten sett, og veldet hans skal verta frå honom teke, spillt og avøydt alt til endes.

27 Men herredøme og veldet og stordom yver alle rike under himmelen skal verta gjeve til lyden av dei heilage åt den Høgste. Hans rike skal vera eit ævelegt rike, og alle herrevelde skal tena og lyda det.»

28 Her sluttar fråsegni. Men eg, Daniel, vart full av mange urolege tankar, og eg skifte liter i andlitet; men eg gøymde i hjarta mitt det som hadde hendt.

8. kapitlet

1 I det tridje styringsåret åt Belsassar såg eg, Daniel, ei syn, ei som kom etter den eg fyrr hadde set.

2 Då eg no i denne syni skulde til å sjå, syntest det meg at eg var i Susanborgi i Elamfylket; og då eg såg meir til i syni, fann eg at eg var ved elvi Ulai.

3 Og då eg såg upp, fekk eg sjå ein ver framved elvi, og han hadde tvo horn; og båe horni var høge; men det eine var høgre enn hitt, og det som var høgre, skaut sist upp.

4 Eg såg veren stanga med horni vestetter og nordetter og sudetter, og inkje dyr kunde standa honom imot, og ingen kunde berga or hans vald; han for fram som han vilde, og tok seg store ting til.

5 Og då eg gav meir gaum, fekk eg sjå ein bukk koma vestantil og fara fram yver all jordi, men han kom ikkje nær marki; og bukken hadde eit drustelegt horn i skallen.

6 Og han kom burt til veren med dei tvo horni, den som eg hadde set standa framved elvi, og for imot honom i veldug vreide.

7 Eg såg honom koma radt inn på veren og drusa til honom i illska, og han stanga til veren og braut sund båe horni hans, so at veren ingi magt hadde til å standa imot honom; og han kasta honom til jordi og trakka på honom, og det beid ingen som kunde berga veren or hans vald.

8 Og bukken briska seg storleg. Men då han stod i si beste magt, brotna det store hornet hans, og fire andre drustelege horn skaut upp i staden, ut mot dei fire himmelætterne.

9 Frå eitt av deim gjekk det ut eit nytt horn, lite i fyrstningi, og det voks oversleg sudetter og austetter og mot det herlege landet.

10 Og det voks ende upp til himmelheren og kasta nokre av denne heren, av stjernorne, ned til jordi og trakka på deim.

11 Ja, jamvel mot hovdingen yver heren briska det seg; han tok burt det daglege offeret, og hans heilagdoms bustad vart nedriven.

12 Saman med det daglege offeret vart og ein herskare gjeven til pris for brot skuld. Og det slo sanningi ned til jordi, og det lukkast vel, alt det tok seg til.

13 Sidan høyrde eg ein heilag som tala, og ein annan heilag spurde honom som tala: «Kor lang tid sigtar ho på, syni um det daglege offeret og um brotet som valdar øyding, og um nedtrakkingi av både heilagdom og her?»

14 Då svara han meg: «Tvo tusund og tri hundrad kveldar og morgnar; etter det skal heilagdomen koma til retten sin att.»

15 Då eg, Daniel, no hadde set denne syni og freista skyna henne, fekk eg sjå at det stod noko framfyre meg, som liktest ein mann.

16 Og midt yver Ulai høyrde eg ei mannerøyst, som ropa og sagde: «Gabriel, tyd syni for denne mannen!»

17 Då kom han innåt staden der eg stod; men eg vart rædd då han kom, og kasta meg å gruve. Og han sagde til meg: «Gjev gaum på dette, du menneskjeson; for syni sigtar på endetidi.»

18 Medan han soleis tala med meg, seig eg i uvit med andlitet mot jordi; men han rørde ved meg og reiste meg upp att.

19 So sagde han: «Sjå, eg vil kunngjera deg kva som skal henda når det lid til endes med vreiden; for på endetidi sigtar dette.

20 Den tvihyrnte veren som du såg, tyder kongarne i Media og Persia.

21 Men den raggute bukken er Javan-kongen, og det store hornet i skallen hans er den fyrste kongen.

22 Men at det brotna, og at det kom fire andre att i staden, det tyder at folket hans skal verta fire rike, men ikkje med hans kraft.

23 Og ved slutten på veldet deira, når illgjerdsmennerne hev fyllt sitt mål, skal det koma upp ein konge, ubljug og meinsløg.

24 Veldet hans skal verta stort, men ikkje med hans kraft; og han skal gjera utruleg stor skade og hava heppa med seg i verket sitt; megtige skal han tyna, og eit folk av heilage.

25 Med di han er so klok, skal han hava slik heppa med seg i svikarferdi si; han skal setja seg store ting fyre, og uventande skal han tyna mange. Ja, mot hovdingen yver hovdingarne skal han setja seg upp; men utan manns hand skal han då verta krasa.

26 Og sanning er syni um kveldarne og morgnarne, som no er umtala. Men gøym du denne syni, for ho peikar langt fram i tidi.»

27 Men eg, Daniel, vart reint utav det og låg sjuk ei tid. Sidan kom eg meg på føterne att og gjorde mi tenesta hjå kongen; og eg var forstøkt yver syni; men det var ingen som merka det.

9. kapitlet

1 I det fyrste styringsåret åt Darius, son åt Ahasverus - han som var av medisk ætt, og var sett til konge yver Kaldæar-riket -

2 i det fyrste styringsåret hans kom eg, Daniel, i bøkerne til å gjeva ans på det åretalet som Herren hadde nemnt for profeten Jeremia, då han sagde at han vilde lata sytti år lida til endes, medan Jerusalem låg i røys.

3 Då vende eg andlitet mot Herren Gud med inderleg bøn og påkalling, og attåt det fasta eg i sekk og oska.

4 Eg bad til Herren, min Gud, og skrifta og sagde: «Å, Herre, du store og skræmelege Gud, du som held uppe samband og nåde mot deim som elskar deg og held bodi dine!

5 Me hev synda og gjort ille og vore gudlause og tråssuge; me hev vike av ifrå bodi dine og loverne dine.

6 Me hev ikkje høyrt på tenarane dine, profetarne, som tala i ditt namn til kongarne våre og hovdingarne og federne og heile landslyden.

7 Du, Herre, er rettferdig, men me lyt blygjast, som me og gjer no, me Juda-menner og Jerusalems-buar og alt Israel, både dei som er nær og som bur langt burte i framande land, dit du hev drive deim burt, av di dei var utrue imot deg.

8 Ja, Herre, me må blygjast med kongarne og hovdingarne og federne våre, av di me hev synda imot deg.

9 Men hjå Herren, vår Gud, er miskunn og forlating. For me var tråssuge imot honom,

10 og høyrde ikkje på røysti åt Herren, vår Gud, um å leva etter loverne hans, som han lagde fram for oss ved tenarane sine, profetarne.

11 Nei, alt Israel braut di lov og veik av og høyrde ikkje på di røyst. Difor vart ho og utrend yver oss, den forbanningi som han hadde svore å senda, og som stend skrivi i lovi åt Guds tenar Moses; for me hadde synda imot honom.

12 Han heldt ordi sine, som han hadde tala imot oss og imot domarane som dømde oss; og han let so stor ei ulukka koma yver oss, at det ingen stad under himmelen hev hendt noko slikt som hev hendt i Jerusalem.

13 Etter det som stend skrive i Moselovi, kom all denne ulukka yver oss; men endå gjorde me inkje til å blidka Herren, vår Gud, med å vende um ifrå misgjerningarne våre og agta på sanningi di.

14 Difor vakte og Herren yver ulukka og let henne koma yver oss; for Herren, vår Gud, er rettferdig i alle dei gjerningar han gjer; men me høyrde ikkje på røysti hans.

15 Og no, Herre, vår Gud, du som førde folket ditt ut or Egyptarland med sterk hand og soleis gjorde deg eit namn som er det same endå i dag! Me hev synda, me hev vore gudlause.

16 Men Herre, for all di rettferd skuld, lat vreiden og harmen din venda seg ifrå Jerusalem, ditt heilage fjell! for ved synderne våre og misgjerningarne åt federne våre hev Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle som bur ikring oss.

17 Og høyr no, vår Gud, bøni og påkallingi åt tenaren din, og lat di åsyn lysa yver den øydelagde heilagdomen din, for Herrens skuld.

18 Bøyg, min Gud, øyra ditt hit og høyr! Lat upp augo dine og sjå røysarne våre og byen som er uppkalla etter ditt namn! For me lit ikkje på våre rettferdsverk når me ber fram våre påkallingar for di åsyn, men me lit på di store miskunn.

19 Herre, høyr! Herre, forlat! Herre, gjev gaum, gjer ditt verk, og dryg ikkje - for di skuld, min Gud! for byen din og folket ditt er då uppkalla etter ditt namn.»

20 Endå medan eg tala soleis og bad og sanna mi eigi synd og syndi åt Israel, folket mitt, og for Herren, min Gud, bar fram mi forbøn for min Guds heilage fjell,

21 endå medan eg tala soleis i bøn, kom Gabriel til meg, den mannen som eg fyrr hadde set i syni, den gongen eg seig i uvit; og det var ved det bilet då kveldsofferet vart frambore.

22 Han greidde ut for meg og tala til meg og sagde: «Daniel, eg er no utgjengen og skal læra deg å skyna.

23 Då du tok til å beda, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil gjeva deg melding, for du er sers gjæv. So gjev då agt på ordet, og agta på syni!

24 Sytti vikor er fastsette for folket ditt og for den heilage byen din, innan brotet vert fullenda, og synderne tek slutt, og misgjerningarne vert sona, og ei æveleg rettferd førd fram, og innan syn og profetord vert stadfeste, og ein høgheilag heilagdom vert salva.

25 Og du skal vita og skyna: Frå den tidi då ordet gjekk ut um atterreising av Jerusalem, til dess det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal sju vikor lida av, og i tvo og seksti vikor byen skal det verta atterreist med gator og vollgraver, endå um tiderne er tronge.

26 Men etter dei tvo og seksti vikorne skal ein som er salva, verta utrudd og inkje hava. Og byen og heilagdomen skal verta øydde av folket åt ein fyrste som kjem, og han skal enda i ein storflaum; Og alt til enden skal det vera strid. Øyding er urikkeleg avgjord.

27 Og han skal gjera eit sterkt samband med mange for ei vika, og ved honom skal slagtoffer og grjonoffer vera avteke for ei halv vika; og på styggedoms veng skal øydaren koma. Detta skal ganga fyre seg, til dess øyding og urikkeleg avgjord straffedom strøymer ut yver øydaren.»

10. kapitlet

1 I det tridje styringsåret åt persarkongen Kyrus fekk Daniel, som dei og kalla Beltsassar, ei openberring; den openberringi er sanning og spår mykje trengsla. Og han merkte openberringi og gav agt på syni.

2 Eg, Daniel, hadde då gjenge og syrgt ei tri vikor.

3 Eg åt ikkje noko slag forkunnmat, kjøt og vin kom ikkje i min munn, ikkje heller salva eg meg med olje, fyrr dei tri vikorne var avlidne.

4 Den fire og tjugande dagen i fyrste månaden, då eg var ved strandi åt den store elvi Hiddekel,

5 såg eg upp, og då fekk eg sjå ein mann som stod der klædd i linklæde og gyrd kring lenderne med eit belte av Ufaz-gull.

6 Likamen hans var som krysolit, andlitet hans liktest ljoneld, augo hans var som eldslogar, armarne og føterne hans som skinande kopar; og ljomen av talen hans var som ein veldug dun.

7 Og eg, Daniel, var den einaste som såg syni; dei mennerne som var med meg, dei såg ikkje syni; men ei stor rædsla kom yver deim, so dei flaug av og gøymde seg.

8 So vart eg åleine etter, og då eg såg denne store syni, vart eg reint magtstolen; skifte liter i andlitet so eg vart nåbleik, og eg åtte ingi magt meir.

9 Då høyrde eg ljomen av talen hans; og då eg høyrde ljomen av talen hans, seig eg i uvit å gruve med andlitet mot jordi.

10 Sjå, då var det ei hand som tok i meg, so mykje eg skjelvande vann meg uppå kne og hender.

11 Sidan sagde han til meg: «Daniel, du gjæve mann, gjev agt på dei ordi som eg vil tala til deg, og ris upp og statt; for no er eg send til deg.» Då han sagde dette til meg, reis eg skjelvande upp.

12 Og han sagde til meg: «Ottast ikkje, Daniel, for alt frå den fyrste dagen då vende hjarta ditt til å vinna skyn og å audmykja deg for Gud, hev ordi dine vore høyrde; og for ordi dine skuld er eg komen no.

13 Hovdingen yver persarriket stod meg imot i ein og tjuge dagar; men då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingarne, og hjelpte meg, medan eg fyrr hadde stade der åleine mot persarkongarne.

14 Og no er eg komen og vil segja deg kva som skal hendast folket ditt i endetidi; for dette er og ei syn som sigtar på framtidi.»

15 Medan han soleis tala til meg, vende eg andlitet mitt mot jordi og tagde.

16 Men sjå, ein som var lik eit menneskje, tok på lipporne mine. Då let eg upp munnen min og tala og sagde til honom som stod framfyre meg: «Herre min, ved den syni eg hev set, hev det kome slik verk yver meg, at eg eig ingi magt meir.

17 Kor skulde og tenaren til herren min, ein sovoren som eg, kunna tala med ein slik ein som herren min er? Og ingi magt er det i meg meir, eg evlar no ikkje å anda.»

18 Han som såg ut som eit menneskje, tok då atter i meg og styrkte meg. Han sagde: «Ottast ikkje, du gjæve mann! Fred vere med deg! Ver sterk, ja, ver sterk!» Då han tala med meg soleis, kjende eg kor eg styrktest, og eg sagde: «Tala, herre min, for no hev du styrkt meg.»

19 Då sagde han: «Kann du skyna kvifor eg er komen til deg? Men eg lyt straks venda attende og strida mot hovdingen yver Persia, og når eg dreg ut, kjem Javan-hovdingen.

20 Like vel vil eg kunngjera deg kva som er skrive i sanningsboki. Og det er ikkje ein som hjelper meg mot desse utan Mikael, hovdingen dykkar.

11. kapitlet

1 Og eg stod og ved hans sida til hjelp og til vern det fyrste styringsåret åt medaren Darius.»

2 Og no skal eg kunngjera deg det som visst er. Sjå, endå skal tri kongar standa fram i Persia, og den fjorde skal vinna seg større rikdom enn nokon av dei andre, og når han er vorten sterk ved rikdomen sin, skal han bjoda ut alt mot Javanriket.

3 Sidan skal det standa fram ein veldug konge, og han skal rikja med stor magt og gjera som han vil.

4 Men han skal ikkje for vel vera komen, fyrr riket hans skal rivna og verta sundbytt etter dei fire himmelætterne; og det skal ikkje falla hans ætt til eller verta so megtigt som det var då han rådde; for riket hans skal rivast og falla andre til enn deim.

5 Og kongen i Sudlandet skal verta veldug, og ein av hovdingarne hans og; ja, denne hovdingen skal verta ein endå veldugare hovding enn han sjølv er, og veldet hans skal verta stort.

6 Og um nokre år skal dei gjera ei semja seg imillom, og dotter åt Sudlands-kongen skal draga avstad til kongen i Norderlandet og freista å få deim forlikte. Men magti ho vinn, skal ho ikkje eiga lenge, ikkje heller skal han og hans magt verta varande; men ho skal verta gjevi til pris, ho tilliks med deim som let henne draga dit, både far hennar og den mannen som i si tid tok henne til seg.

7 Men av renningar frå hennar rot skal ein stiga upp i hans stad. Han skal fara fram imot heren åt kongen i Norderlandet og brotja inn i festningarne hans og gjera med deim som han vil, og han fær yvermagt.

8 Gudarne deira og bilæti og dei dyrverdige kjeraldi deira, både sylv og gull, skal han føra til herfang til Egyptarland. Sidan skal han i nokre år lata kongen i Norderlandet vera i fred.

9 Men han skal trengja inn i riket åt Sudlands-kongen; men han skal venda heim att til landet sitt.

10 Og sønerne hans skal bu seg til strid og samla velduge herar; og ein av deim skal fara fram og fløyma yver og breida seg ut; og han skal koma att, og striden skal dei føra fram alt til festingi hans.

11 Då skal kongen i Sudlandet reisa seg i harm og draga ut og strida mot kongen i Norderlandet, og han skal fylkja ein stor her; men den heren skal verta gjeven i hans hender.

12 Når so heren er sprengd, aukar ovmodet hans; men um han so hev felt titusund, fær han då ikkje magti.

13 Kongen i Norderlandet skal fylkja ein ny her, større enn hin; og um nokre års tid skal han koma med ein stor krigsher og stort træn.

14 På same tid skal mange reisa seg mot kongen i Sudlandet; og valdsmenner av ditt eige folk skal og reisa seg, so syni skal sanna seg.

15 Og kongen i Norderlandet skal fara fram og setja upp vollar og taka ein borgby, og Sudlands-magti skal ikkje kunna standa seg, og det utvalde herfolket hans skal ikkje eiga magt til motstand.

16 Han som fer imot honom, skal fara åt som han vil, og ingen skal kunna standa seg imot honom; han skal setja seg fast i det herlege landet, og øyding skal handi hans valda.

17 Og han skal etla seg til å koma med heile magti i riket sitt; like vel er han huga på semja, og det skal han og få til. Ei av døtterne sine skal han gjeva honom til kona, til tjon for landet. Men det skal ikkje koma i stand og ikkje verta av.

18 Etterpå skal han snu seg mot øylandi og taka mange; men ein herførar skal gjera ende på svivyrdingi hans, ja, lata svivyrdingi hans koma yver honom sjølv.

19 Då skal han snu seg mot borgerne i sitt eige land; men han skal snåva og falla og sidan ikkje verta funnen att meir.

20 Og i hans stad skal det standa fram ein annan, og han skal lata ein skattefut fara gjenom riksens prydnad, men um nokre dagar skal han verta tynt, men ikkje i vreide, ei heller i krig.

21 Og i hans stad skal det standa fram ein stakar, som det ikkje var etla kongedøme åt; uventande skal han koma og eigna til seg riket med meinråder.

22 Og yverfløymde herar skal skolast burt framfyre honom og krasast, og sambandsfyrsten sameleis.

23 Frå den stund dei gjer samband med honom, skal han fara med svik. Og han skal fara fram og få yvermagti med lite folk.

24 Uventande skal han koma inn i dei grøderikaste bygder av landet og gjera ting som korkje far hans eller forfederne hans hev gjort; herfang og rov og gods skal han strå ut til folket sitt; og mot borgerne skal han hava rådgjerder fyre, til ei viss tid.

25 All si magt og alt sitt mod skal han bruka mot Sudlands-kongen og koma med ein stor her; men Sudlands-kongen skal og bu seg til strid med ein ovleg stor og mannsterk her; like vel skal han ikkje kunna standa seg, for det vert lagt meinråder mot honom.

26 Dei som er i bordsamlag med honom, skal fella honom. Og heren hans skal fløyma utyver, og mange skal verta slegne og falla.

27 Båe kongarne skal vera meinte på vondt; der dei sit ved same bord, skal dei tala lygn; men det skal ingen framgang hava; for endå dryger det med enden, til den fastsette tidi kjem.

28 Han skal venda heim att til landet sitt med stort herfang, og han skal leggja upp råder mot det heilage sambandet; og når han hev fullført deim, skal han snu heim att til landet sitt.

29 Til fastsett tid skal han fara imot Sudlandet; men det skal ikkje ganga denne gongen som det gjekk gongen fyrr.

30 For skip frå Kittim skal koma imot honom, og modet skal han missa. Då skal han snu um og venda vreiden sin mot det heilage sambandet og sleppa sinnet sitt laust. Og når han er heimkomen, skal han merka seg deim som vender seg ifrå det heilage sambandet.

31 Og herar som han sender ut, skal koma og skamfara heilagdomsborgi og taka burt det daglege offeret, og den øydande styggedomen skal dei setja upp.

32 Og deim som hev krenkt sambandet, skal han med håle ord få gjort heilt ut til heidningar; men dei av folket som kjenner sin Gud, skal standa støduge og halda ut.

33 Og dei vituge millom folket skal læra mange; men ei tid skal dei verta heimsøkte med sverd og bål, med fangekår og herjing.

34 Like vel skal dei i si heimsøkjing få ei liti hjelp, og mange skal då fylkja seg til flokken deira på skrymt.

35 Heimsøkjingi skal råma sume av dei vituge, so det kann verta ei skiring millom deim, so dei vert reinsa og tvegne til endetidi; for endå drygjer det med den til den fastsette tidi kjem.

36 Og kongen skal fara åt som han vil, hevja og briska seg mot alt som Gud er; ja, mot Gud yver gudarne skal han tala utruleg kaute ord. Og alt skal lukkast honom vel, til dess vreidetidi er ute, då det hev hendt som er urikkeleg avgjort.

37 På fedregudarne sine skal han ikkje agta, ikkje heller skal han agta grumguden åt kvinnorne, ikkje heller på nokon annan gud; men han skal ovmoda seg imot deim alle.

38 Men borgguden skal han æra i staden; ein gud som federne hans ikkje hev kjent, skal han heidra med gull og sylv og dyrverdige steinar og andre kostnadting.

39 Og mot sterke borger skal han med ein framand guds hjelp gjera som han lyster; deim som kannar denne guden, skal han syna stor æra; han skal setja deim til å råda yver mange, og han skal skifta ut jord åt deim til løn.

40 Men i endetidi skal kongen i Sudlandet til å stangast med honom; og kongen i Norderlandet skal storma fram mot honom med vogner og hestfolk og mange skip og falla inn i landi og fløyma yver og breida seg ut.

41 Han skal og draga inn i det herlege landet, og mange andre land skal verta heimsøkte; men desse skal koma seg undan henderne hans: Edom og Moab og storluten av ammonitarne.

42 Ja, han skal retta handi ut mot framande land, og Egyptarland skal sleppa undan.

43 Han skal eigna til seg skattar av gull og sylv og alle slag kostnadting i Egyptarlandet; og libyarar og ætiopar skal fylgja i hans far.

44 Då skal han frå aust og nord høyra tidender som støkkjer honom; og han skal draga ut i stor vreide til å øyda og tyna mange.

45 Og slottstjeldi sine skal han setja upp millom havet og det herlege heilagdoms-fjellet. Men so ber det til enden med honom, og ingen skal hjelpa honom.

12. kapitlet

1 «På den tidi skal Mikael stiga fram, den store hovdingen som stend verja for borni åt folket ditt; og det kjem ei trengsletid som det ikkje hev vore makan til alt frå den dagen då det vart folk til, og like til den tidi. Men på den tidi skal alle dei av folket ditt verta frelste som finst skrivne i boki.

2 Og mange av deim som søv i moldi, skal vakna upp, sume til æveleg liv sume til skam og æveleg stygg.

3 Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin, og dei som hev ført mange til rettferd, som stjernor æveleg og alltid.

4 Men du, Daniel, må gøyma ordi og forsigla boki alt til endetidi; mange skal granska henne, og kunnskapen skal auka.»

5 Då eg, Daniel, no såg til, fekk eg sjå tvo andre som stod der, ein på den eine elvebakken og ein på den andre elvebakken.

6 Og ein av deim sagde til mannen som var klædd i linklæde, og som stod ovanfor vatnet i elvi: «Kor lenge drygjer det fyrr enden kjem med desse underfulle hende?»

7 Og eg høyrde på mannen som var klædd i linklæde, og som stod ovanfor vatnet i elvi; han lyfte høgre handi si og vinstre handi si upp imot himmelen og svor ved honom som liver æveleg: «Ei tid og tider og ei halv tid; og når magti åt det heilage folket er krasa, då skal alt dette fullendast.»

8 Og eg høyrde det, men eg skyna det ikkje, og eg spurde: «Herre min, kva er endelykti på dette?»

9 Då sagde han: «Gakk du, Daniel; for desse ordi er løynde og forsigla alt til endetidi.

10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirde; men dei gudlause skal driva på med si gudløysa, og ingen gudlaus skal skyna det; men dei vituge skal skyna det.

11 Og frå den tid då det daglege offeret vert avteke og den øydande styggedomen sett upp, skal det ganga eit tusund tvo hundrad og nitti dagar.

12 Sæl er den som biar og når fram til eit tusund tvo hundrad og fem og tretti dagar.

13 Men gakk du av stad til endelykti! Når du hev kvilt, skal du standa upp og få din lut, når dagarne fær ende.»

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021