Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Femte Mosebok

Femte Mosebok

1. kapitlet

1 Dette er dei ordi Moses tala til heile Israel i øydemarki austanfor Jordan, på Moarne midt for Suf, millom Paran og Tofel og Laban og Haserot og Dizahab -

2 elleve dagsleider frå Horeb etter den vegen som ber burt imot Se’irfjelli, til Kades-Barnea.

3 Det var i det fyrtiande året, fyrste dagen i den ellevte månaden, han tala til Israels-sønerne og bar fram bodi frå Herren.

4 Då hadde han vunne yver Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon, og attmed Edre’i yver Og, Basan-kongen, som budde i Astarot.

5 Austanfor Jordan, i Moablandet, var det Moses tok til med å lesa upp desse loverne. Han sagde:

6 Herren vår Gud, tala soleis til oss ved Horeb: «Lenge nok hev de halde dykk innmed dette fjellet.

7 Tak no ut og legg vegen til Amoritarfjelli og alle dei folki som bur der attmed, på Moarne og i fjellbygderne, på sletta og i Sudlandet og på havstrandi, i heile Kana’ans-landet og på Libanon, alt burt til Storelvi, Eufratelvi.

8 Sjå, eg hev lagt landet ope for dykk. Far av stad og tak det! Det er det landet eg lova federne dykkar, Abraham og Isak og Jakob, at eg vilde gjeva deim og ætti deira.»

9 Den gongen sagde eg til dykk: «Eg kann ikkje greida dykk åleine.

10 Herren, dykkar Gud, hev auka dykk, so de no er mange som stjernorne på himmelen;

11 og gjev at han, fedreguden, vilde auka dykk endå tusund gonger og velsigna dykk, som han hev lova!

12 Men korleis kann eg åleine bera alt strevet og møda med dykk og trættorne dykkar?

13 Kom med nokre vise og vituge og velrøynde menner frå kvar ætt, so skal eg setja deim til hovdingar yver dykk!»

14 Då svara de meg: «Det er både rett og godt det du tenkjer å gjera.»

15 So tok eg ættehovdingarne dykkar, vise og velrøynde menner, og sette til styrarar yver dykk - sume yver tusund, og sume yver hundrad, og sume yver femti, og sume yver ti - og gjorde deim til formenner for ætterne dykkar.

16 Og til domarane dykkar sagde eg: «Høyr på dei sakerne folk hev med kvarandre, og døm rett millom mann og mann, anten dei båe er landsmenner eller den eine er framand.

17 Gjer ikkje mannemun i retten! Høyr på den ringaste som på den høgste, og ver ikkje rædde nokon mann! For domen høyrer Gud til. Men dei sakerne som er for vande for dykk, lyt de koma til meg med, so skal eg høyra på deim.»

18 Og same gongen sagde eg dykk fyre um alt anna de skulde gjera.

19 So tok me ut frå Horeb, og for gjenom heile den store og øgjelege villmarki som de hev set; me heldt leidi til Amoritarfjelli, soleis som Herren, vår Gud, hadde sagt oss, og kom til Kades-Barnea.

20 Då sagde eg til dykk: «No er de komne til Amoritarfjelli, som Herren, vår Gud, vil gjeva oss.

21 Sjå, han hev lagt dette landet ope for deg! Far upp og tak det, som Herren, din fedregud, hev sagt deg! Du skal ikkje ræddast og ikkje fæla!»

22 Då kom de til meg alle saman, og sagde: «Lat oss senda folk fyre, so dei kann gjera seg kjende i landet og gjeva oss greida på kva veg me skal fara og kva byar me kjem til!»

23 Det tykte eg var rett, og so valde eg ut tolv mann, ein or kvar ætt.

24 Dei tok då av stad, og for upp i fjelli, og kom til Eskoldalen. Dei endefor landet,

25 og tok noko av frukterne der var og hadde med seg heim til oss, og sagde frå um alt dei hadde set: «Det landet som Herren, vår Gud, vil gjeva oss, er eit godt land,» sagde dei.

26 Men de vilde ikkje fara dit; de sette dykk upp mot Herren, dykkar Gud,

27 og sat og mukka i tjeldbuderne dykkar: «Herren hatar oss,» sagde de, «difor førde han oss ut or Egyptarlandet, og no vil han gjeva oss i henderne på amoritarne, so dei skal tyna oss.

28 Gud betre oss, for eit land me skal fara upp til! Det var so hjarta kolna i oss då brørne våre kom att og sagde: «Det er folk som er større og sterkare enn me, og svære byar, med murar som rekk radt til himmels: og Anaks-sønerne såg me der og.»»

29 Då sagde eg til dykk: «De skal ikkje ottast og ikkje vera rædde deim.

30 Herren, dykkar Gud, gjeng fyre dykk; han skal strida for dykk, soleis som de såg han gjorde i Egyptarland,

31 og i øydemarki, der du veit han bar deg, som ein mann ber barnet sitt, heile vegen de for, til de kom hit.»

32 Men endå vilde de ikkje lita på Herren, dykkar Gud,

33 han som gjekk fyre dykk på ferdi, og såg etter lægerstad for dykk, um natti i ein eld, so de skulde sjå leidi, og um dagen i ei sky.

34 Då Herren høyrde korleis de ropa og bar dykk, vart han harm, og svor:

35 «Ingen av desse mennerne, av denne vonde ætti, skal få sjå det gilde landet eg lova federne deira,

36 ingen utan Kaleb, son åt Jefunne; han skal få sjå det; honom og borni hans vil eg gjeva det landet han var i, for di han hev heldt seg so trutt etter meg.»

37 Meg og vart Herren harm på for dykkar skuld, og sagde: «Du skal ikkje heller få koma dit.

38 Josva, son åt Nun, han som gjeng deg til handa, skal koma dit. Honom skal du styrkja! For han er det som skal vinna landet til odel åt Israel.

39 Og borni dykkar, som de spådde skulde koma i fiendehand, småsveinerne, som endå ikkje kann skilja godt ifrå vondt, dei skal koma dit; deim vil eg gjeva landet, og dei skal få eiga det.

40 Men de lyt venda, og taka ut i øydemarki etter den vegen, som ber til Raudehavet.»

41 Då sagde de til meg: «Me hev synda mot Herren! Men no vil me fara upp og strida, og gjera alt som Herren, vår Gud, hev sagt.» So batt de kring dykk sverdi kvar og ein; de tenkte det var ingen vande å fara upp i fjelli.

42 Men Herren sagde til meg: «Seg med deim at dei ikkje skal fara dit, og ikkje gjeva seg i strid; for eg er ikkje med deim, og dei kjem til å rjuka for fienden.»

43 So tala eg til dykk, men de vilde ikkje høyra; de lydde ikkje Herren og for i ovmod og uvyrdskap upp i fjelli.

44 Og amoritarne som budde på dei fjelli, tok ut imot dykk og sette etter dykk so kvast som ein biesvarm, og dei jaga dykk ifrå einannan burtyver Se’irfjelli, radt til Horma.

45 Då kom de attende, og klaga dykk for Herren; men Herren høyrde ikkje på dykk, og lydde ikkje på klagorne dykkar,

46 og de laut vera i Kades heile den lange tidi de veit.

2. kapitlet

1 So vende me oss åt øydemarki, og tok vegen til Raudehavet, som Herren hadde sagt med meg, og me for lenge og sveiv kringum Se’irfjelli.

2 Då sagde Herren til meg:

3 «Lenge nok hev de reika ikring desse fjelli; tak no leidi mot nord!

4 Og til folket skal du segja so: «No kjem de til å fara gjenom riket åt brørne dykkar, Esaus-sønerne, dom bur i Se’ir, og dei vert rædde dykk; men agta dykk vel

5 at de ikkje yppar ufred med deim; eg kann ’kje lata dykk få so mykje som ei fotbreidd av landet deira; for Se’irfjelli hev eg gjeve Esau til eigedom.

6 Den maten de treng, lyt de kjøpa av deim, og vatnet de drikk, lyt de og gjeva pengar for.

7 For Herren, din Gud, hev velsigna deg i alt du hev teke deg fyre; han hev bore umsut for deg på ferdi gjenom denne store øydemarki; i alle desse fyrti åri hev Herren, din Gud, vore med deg, og du hev ingen ting vanta.»»

8 So for me lenger frametter, burt ifrå brorfolket vårt, Esaus-sønerne, som bur i Se’ir; me tok utav den vegen som gjeng frå Eilat og Esjon-Geber gjenom Moarne, og heldt fram etter ein annan veg, som bar til Moabheidi.

9 Og Herren sagde til meg: «Du skal ikkje trengja deg inn på moabitarne, og ikkje yppa ufred med deim; eg kann ikkje lata deg få noko av landet deira; for Ar hev eg gjeve Lots-sønerne til eigedom.»

10 Der budde i gamle dagar emitarne, eit stort og mannsterkt folk; dei var høgvaksne som anakitarne,

11 og vart, liksom dei, rekna til kjempefolki, men moabitarne kallar deim emitar.

12 På Se’ir budde fyrr i tidi horitarne; men Esaus-sønerne dreiv deim burt, og øydde deim ut, og sette seg ned i staden deira, liksom Israels-folket gjorde i sitt land, det som Herren gav deim til eigedom.

13 «Gjer dykk no reiduge,» sagde Herren, «og gakk yver Zeredåi!» So gjekk me yver Zeredåi.

14 Då var det åtte og tretti år sidan me tok ut frå Kades-Barnea, og heile den ætti, alle våpnføre menner i lægret, var burtdøydde, som Herren hadde sagt med deim.

15 Herrens hand hadde råma deim, og rive deim burt or lægret, so dei alle var farne.

16 Då alle desse stridsmennerne i folket var daude og burte,

17 då tala Herren til meg og sagde:

18 «No kjem du til å fara gjenom Moabriket, gjenom Ar,

19 og so ligg vegen din frammed Ammons-sønerne; men du skal ikkje trengja deg inn på deim, og ikkje yppa ufred med dei; eg kann ikkje lata deg få noko av Ammonitarlandet; for det hev eg gjeve burt til Lots-sønerne.»

20 Det landet vert og rekna til kjempelandi; fyrr i verdi budde det kjempor der, og ammonitarne kalla deim zamzummitar.

21 Dei var eit stort og mannsterkt folk, og høgvaksne som anakitarne; men Herren rudde deim ut for Ammons-sønerne, so dei fekk landet og busette seg der.

22 Det same gjorde han for Esaus-sønerne, som bur på Se’ir; han rudde ut horitarne, so Esaus-sønerne fekk landet, og sidan hev dei butt der til denne dag.

23 Like eins gjekk det med avitarne, som sat på gardarne alt burt til Gaza; kaftorarane kom frå Kaftor, og øydde deim ut, og tok romet deira.

24 «Gjer dykk reiduge,» sagde Herren; «far i veg, og set yver Arnonåi! Eg gjev Sihon, amoriten, kongen i Hesbon, og landet hans i dine hender. Tak til med å slå det under deg, og gjev deg i strid med honom!

25 Etter denne dag skal det standa otte og rædsla av deg yver heile verdi; alle som høyrer gjete deg, skal bivra og skjelva.»

26 Frå Kedemotheidi sende eg menner til Sihon, kongen i Hesbon, med fredleg helsing, og sagde:

27 «Lat meg få fara gjenom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen, og ikkje taka utav honom, korkje til høgre eller vinstre.

28 Det eg lyt hava til mat, skal eg kjøpa av deg, og drikkevatnet du gjev meg, skal eg og leggja pengar for. Eg vil berre få fara igjenom på min fot,

29 liksom Esaus-sønerne på Se’ir og moabitarne i Ar gav meg lov til, so eg kann koma yver Jordan til det landet Herren, vår Gud, vil gjeva oss.»

30 Men Sihon, kongen i Hesbon, vilde ikkje lata oss fara gjenom landet sitt. For Herren, din Gud, hadde gjort hugen hans strid og hjarta hans hardt, av di han vilde gjeva honom i dine hender, som han longe hev gjort.

31 Og Herren sagde til meg: «No gjev eg deg magt yver Sihon og landet hans; tak no du til med å slå det under deg, so det vert ditt!»

32 So for Sihon imot oss, til Jahas, med alt herfolket sitt, og tok på oss.

33 Men Herren, vår Gud, gav honom i vårt vald, og me hogg honom ned, både han og sønerne og alt stridsfolket hans.

34 Den gongen tok me og alle byarne hans; me bannstøytte kvar byen, og drap både menner og kvinnor og born; me let ingen vera att eller sleppa undan.

35 Men bufeet eigna me til oss, og herfanget i byarne som me tok.

36 Frå Aroer, som ligg inn med Arnon, og frå byen i dalen til Gilead fanst det ikkje ei borg som var oss for sterk; Herren lagde deim alle opne for oss.

37 Men landet åt Ammons-sønerne let du vera i fred, både det som ligg frammed Jabbokåi og fjellbygderne, alt det som Herren, vår Gud, hadde meinka oss å koma inn i.

3. kapitlet

1 So tok me på ei onnor leid, og for uppetter på vegen til Basan, og Og, kongen i Basan, kom imot oss til Edre’i med alt herfolket sitt, og baud ufred.

2 Men Herren sagde til meg: «Du tarv ikkje vera rædd honom. Eg gjev honom i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med honom, som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritarne, som budde i Hesbon.»

3 So gav Herren, vår Gud, Basan-kongen Og i våre hender, både honom og alt folket hans, og me hogg deim ned, so ingen vart att eller slapp undan.

4 Den gongen tok me alle byarne hans - det fanst ikkje ein by utan me tok honom frå deim - seksti byar, som alle høyrde til Argoblandet, riket åt Og i Basan.

5 Alle desse var faste borger med høge murar og tvihurda portar med slå fyre. Umfram deim tok me og alle landsbyarne, og det var uhorveleg mange.

6 Me bannstøytte deim, som me hadde gjort med Sihon, kongen i Hesbon; kvar einaste by bannstøytte me, og drap både menner og kvinnor og born.

7 Men all buskapen og alt herfanget i byarne eigna me til oss.

8 Soleis tok me den gongen landet frå båe amoritarkongane austanfor Jordan, alt ifrå Arnonåi til Hermonfjellet

9 - det er det som sidonitarne kallar Sirjon, og amoritarne Senir -

10 alle byarne på høgsletta og heile Gilead og heile Basan radt til Salka og Edre’i, alle byarne i riket åt Og i Basan.

11 Og, kongen i Basan, var den siste som var att av kjempefolket; kista hans stend, som alle veit, i Rabba, hovudstaden åt Ammons-sønerne; ho er av jarnstein, og er ni alner lang og fire alner breid etter vanleg alnemål.

12 «Dette landet lagde me under oss då. Bygderne nordanfor Aroer, som ligg innmed Arnonåi, og helvti av Gileadfjelli med byarne som der var, let eg rubenitarne og gaditarne få.

13 Og det som var att av Gilead og heile Basan, riket åt Og, heile Argoblandet, gav eg til den halve Manasse-ætti.» Heile dette Basanriket rekna dei til kjempelandi.

14 Ja’ir, son åt Manasse, tok heile Argoblandet radt til bytet mot gesuritarne og ma’akatitarne; desse bygderne, Basanbygderne, gav han namn etter seg sjølv, og sidan hev folk kalla deim Ja’irsbygderne alt til denne dag.

15 Gilead let eg Makir få,

16 og rubenitarne og gaditarne gav eg landet frå Gilead til Arnonåi, til midt i åi, der som landskilet gjeng, og til Jabbokåi, som er landskilet mot Ammons-sønerne,

17 og Moarne nedunder Pisgaliderne austanfor Jordanåi - for ho er landskilet der - frå Kinneret til Moavatnet, det som dei kallar Saltsjøen.

18 Den gongen var det eg sagde til dykk: «Dette landet hev Herren, dykkar Gud, gjeve dykk til eigedom. No lyt de fara fram stridsbudde fyre dei andre Israels-sønerne, so mange av dykk som er våpnføre,

19 og berre konorne og borni dykkar og bufeet - for eg veit de hev mykje bufe - skal vera att i byarne som eg hev gjeve dykk;

20 men når Herren hev late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei og hev lagt under seg det landet han gjev deim på hi sida Jordan, då kann de fara heim att til eigedomarne som eg hev gjeve dykk.»

21 Same gongen sagde eg til Josva: «Du såg sjølv kva Herren, dykkar Gud, gjorde med desse tvo kongarne; so vil han gjera med alle dei riki du kjem til der du fer fram.

22 De tarv ikkje ræddast deim; for Herren, dykkar Gud, vil sjølv strida for dykk.»

23 Og same gongen bad eg so vænt til Herren, og sagde:

24 «Herre, min Gud, du hev alt synt meg so mykje av din storleik og di allmagt; for kvar finst det ein gud i himmelen eller på jordi som kann gjera slike storverk og under som du!

25 Å, lat meg få koma yver og sjå det gilde landet på hi sida åt Jordan, desse væne fjelli og Libanon!»

26 Men Herren var harm på meg for dykkar skuld; han vilde ikkje høyra på meg og sagde: «No lyt det vara nok! Tala ikkje um det til meg meir!

27 Stig upp på Pisgahøgdi, og vend augo dine mot vest, og mot nord, og mot sud, og mot aust, og sjå vel ikring deg! For denne Jordanåi kjem du aldri yver.

28 So skal du segja Josva fyre, og styrkja og stålsetja honom; for han skal føra dette folket yver og hjelpa deim til å vinna det landet du fær sjå.»

29 So lagde me oss til i dalen, midt for Bet-Peor.

4. kapitlet

1 «So høyr no, Israel, dei loverne og bodi eg lærer dykk, og haldt dykk etter deim, so de kann få liva og koma til å eiga det landet som Herren, fedreguden dykkar, vil gjeva dykk.

2 De skal ingen ting leggja attåt det som eg segjer dykk fyre, og ingen ting taka ifrå, men lyda Herrens bod, som eg no ber fram for dykk.

3 De såg sjølve kva Herren gjorde då det hende dette med Ba’al-Peor; alle deim som fylgde Ba’al-Peor, rudde Herren ut or lyden;

4 men de som heldt fast ved Herren, dykkar Gud, de hev alle fenge liva til denne dag.

5 Sjå, no lærar eg dykk lover og bod, soleis som Herren, min Gud, hev sagt til meg, so de skal liva etter deim i det landet de kjem til og fær i eige.

6 So ber deim i hugen, og liv etter deim! Då fær de ord for visdom og klokskap hjå alle folkeslag; når dei høyrer um alle desse bodi, kjem dei til å segja: «For eit vist og vitugt folk det må vera, dette store folket!»

7 For kvar finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev ein gud so nær seg som Herren, vår Gud, er oss, kvar gong me kallar på honom?

8 Og kvar finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev so rettvise lover og bod som heile denne lovi eg legg fram for dykk i dag?

9 Men agta deg, so sant du hev livet ditt kjært, at du ikkje gløymer det du såg for augo dine! Lat det aldri ganga deg ut or hugen so lenge du liver, og gjer det kunnigt for borni og barneborni dine!

10 Kom i hug den dagen då du stod framfor Herren, din Gud, innmed Horeb, og Herren sagde til meg: «Kalla folket i hop! Eg vil lata deim høyra bodi mine, so dei kann læra å ottast meg all den tid dei liver på jordi, og læra borni sine det same.»

11 Då kom dei innåt, og stod nedunder fjellet, og fjellet stod i ljos loge til langt upp i himmelen, men rundt ikring var myrker og sky og skodd.

12 Og Herren tala til dykk midt utor elden; de høyrde ljoden av ordi, men nokon skapnad såg de ikkje; de høyrde berre ljoden.

13 Då lyste han lovi si for dykk, og sagde de skulde halda henne, dei ti bodordi, og skreiv deim på tvo steintavlor.

14 Og meg bad Herren same gongen å læra dykk lover og bod som de skal liva etter i det landet de er på vegen til og skal leggja under dykk.

15 Tak dykk då vel i vare, so sant de hev livet kjært! for de såg ikkje nokon skapnad då Herren tala til dykk på Horeb midt utor elden.

16 Gjer ikkje so stor ei synd at de lagar dykk noko gudebilæte, noko kunstverk som likjest mann eller kvende

17 eller noko av dyri som leikar på jordi eller nokon av fuglarne som flyg uppi lufti,

18 eller noko av kreket som krabbar på marki eller nokon av fiskarne som sym i vatnet utfyre landjordi.

19 Og når du lyfter augo dine upp imot himmelen, og skodar soli og månen og stjernorne, heile himmelheren, tak deg då i vare at du ikkje let deg dåra, so du bed til deim og dyrkar deim, deim som Herren, din Gud, hev gjeve åt alle folk under heile himmelen!

20 Men dykk tok Herren og førde ut or jarnomnen, or Egyptarland, so de skulde vera hans eige folk, soleis som de no er.

21 Og Herren vart harm på meg for dykkar skuld, og svor at eg skulde ikkje sleppa yver Jordan, og ikkje koma inn i det gilde landet som han gjev deg til odel og eiga.

22 Eg lyt døy i dette landet, eg slepp ikkje yver Jordan; men de skal koma yver, og få det gilde landet til eigedom.

23 Agta dykk då at de ikkje gløymer pakti Herren hev gjort med dykk, og lagar dykk noko gudebilæte som likjest nokon ting i verdi! for det hev Herren, din Gud, forbode deg.

24 Herren, din Gud, er ein øydande eld, ein streng Gud.

25 Når du fær born og barneborn, og vert gamle i landet, og de då er so gudlause at de lagar dykk likjende av eitt eller anna og hev til gudebilæte, og soleis gjer det som Herren mislikar, og argar honom upp,

26 so tek eg i dag himmel og jord til vitne på at de snart skal verta utrudde or det landet de fær i eige når de kjem yver Jordan; de skal ikkje få liva der lenge, men verta heiltupp utøydde.

27 Herren skal spreida dykk millom folki; berre nokre få av dykk skal vera att i dei heidningriki han fører dykk til;

28 og der lyt de tena gudar som mannehender hev laga, stokk og stein, som korkje kann sjå eller høyra eller eta eller lukta.

29 Då skal du søkja Herren, din Gud, og du skal finna honom, so sant du søkjer honom av heile ditt hjarta og heile din hug.

30 Når du er i vande, og alt dette kjem yver deg, langt fram i tidi, då skal du venda deg til Herren att, og lyda etter ordi hans.

31 For Herren, din Gud, er ein mild Gud; han slepper deg ikkje, og let deg ikkje ganga til grunnar; han gløymer ikkje den pakti han gjorde med federne dine, og det han då lova.

32 For spør deg berre fyre um dei framfarne dagar, som var fyre di tid, alt ifrå den dagen då Gud skapte menneskja på jordi, spør frå den eine enden av verdi til hin, um det hev hendt eller vore spurt noko so stort som dette,

33 um noko folk hev høyrt Guds røyst midt utor elden, soleis som du hev gjort, og endå fenge liva,

34 eller um nokon gud hev bode til å vilja henta seg eit folk midt ut or eit anna folk, med plågor og teikn og under og ufred, og med fast hand og strak arm og store rædslor, soleis som du såg Herren, din Gud, gjorde med dykk i Egyptarland.

35 Men alt dette fekk du sjå, so du skulde vita at Herren er Gud, han og ingen annan.

36 Frå himmelen let han deg høyra røysti si, av di han vilde rettleida deg, og på jordi synte han deg den store elden sin, og midt utor elden høyrde du ordi hans.

37 Han hadde lagt hug til federne dine, og kåra ut ætti deira; difor henta han deg sjølv ut or Egyptarland med si store magt

38 og vil for di skuld driva ut folk som er større og sterkare enn du, so han kann føra deg inn i landet deira, og lata deg få det til odel og eige, soleis som du no ser.

39 So legg deg då i dag på hjarta og minne at Herren er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi; det finst ingen annan Gud;

40 og haldt loverne og bodi hans, som eg lærer deg no; då skal det ganga deg vel, og borni dine og, og du skal få liva lenge i det landet som Herren, din Gud, gjev deg til æveleg eiga.»

41 Den gongen skilde Moses ut tri byar austanfor Jordan,

42 so ein fredlaus kunde røma dit, når han uviljande hadde drepe nokon, og ikkje bar hat til honom frå fyrr; rømde han til ein av desse byarne, skulde han vera trygg for livet sitt.

43 Det var Beser i øydemarki, på høgsletta, for rubenitarne, og Ramot i Gilead for gaditarne, og Golan i Basan for manassitarne.

44 Her er då den lovi som Moses lagde fram for Israels-sønerne;

45 dette er dei bodi og fyresegnerne og rettarne han lyste for deim på ferdi frå Egyptarland,

46 austanfor Jordan, i dalen midt for Bet-Peor, i det landet som Sihon, amoritarkongen, hadde ått, han som budde i Hesbon, og som Moses og Israels-sønerne vann yver då dei kom frå Egyptarland;

47 då tok dei både hans land og landet åt Og, kongen i Basan, landet åt båe amoritarkongarne som budde austanfor Jordan,

48 frå Aroer, som ligg innmed Arnonåi, til Sionsfjellet, det som dei kallar Hermon,

49 og heile Moalandet austanfor Jordan alt til Moavatnet, nedunder Pisgaliderne.

5. kapitlet

1 Og Moses kalla i hop heile Israel og sagde til deim: «Høyr, Israel, dei loverne og bodi som eg lyser for dykk i dag, og lær deim, og ber deim i hugen, so de liver etter deim!

2 Herren, vår Gud, gjorde ei pakt med oss på Horeb.

3 Ikkje med federne våre gjorde han den pakti, men med oss, alle me her som liver i dag.

4 Åsyn mot åsyn tala Herren med dykk på fjellet midt utor elden.

5 Eg stod millom Herren og dykk den gongen, og bar ordi hans fram for dykk; for de var rædde elden, og våga dykk ikkje upp på fjellet. Han sagde:

6 «Eg er Herren, din Gud, som førde deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.

7 Du skal ikkje hava nokon annan gud attåt meg!

8 Du skal ikkje gjera deg noko gudebilæte, nokor likning av det som er uppi himmelen eller det som er nedpå jordi eller det som er i vatnet nedanfor landjordi!

9 Du skal ikkje bøygja kne for deim, og ikkje beda til deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud; eg hemner broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni av deim som hatar meg,

10 men imot deim som elskar meg og held bodi mine, gjer eg vel i tusund ættleder.

11 Namnet åt Herren, din Gud, skal du ikkje taka vyrdlaust på tunga! For Herren held ikkje den uskuldig som nemnar namnet hans vyrdlaust.

12 Du skal koma i hug kviledagen, og halda honom heilag, soleis som Herren, din Gud, hev sagt med deg!

13 Seks dagar må du arbeida og gjera alt det du skal.

14 Men den sjuande dagen skal vera kviledag og vigd åt Herren, din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, eller drengen din eller tenestgjenta, eller uksen eller asnet eller noko anna av dyri dine, eller den framande som held til innan portarne dine! For tenarane dine lyt kvila dei som du.

15 Kom i hug at du sjølv var tenar i Egyptarlandet, og Herren, din Gud, henta deg ut derifrå med sterk hand og strak arm; difor hev han sagt deg at du skal halda kviledagen heilag.

16 Du skal æra far din og mor di, som Herren, din Gud, hev sagt med deg; då skal du få liva lenge og vel i det landet som Herren, din Gud, gjev deg.

17 Du skal ikkje drepa!

18 Og du skal ikkje gjera hor!

19 Og du skal ikkje stela!

20 Og du skal ikkje vitna rangt imot grannen din!

21 Og du skal ikkje trå etter kona åt grannen din! Og du skal ikkje trå etter huset åt grannen din, eller garden hans, eller drengen eller tenestgjenta hans, eller uksen eller asnet hans eller noko anna som høyrer grannen din til.»

22 Desse ordi tala Herren på fjellet med høg røyst til heile lyden dykkar, midt utor elden og skyi og myrkret, og meir sagde han ikkje; og han skreiv dei på tvo steintavlor, og gav deim til meg.

23 Men då de høyrde røysti midt utor myrkret, og såg fjellet stod i ljos loge, då kom de til meg, alle ættehovdingarne og styresmennerne dykkar,

24 og sagde: «No hev Herren, vår Gud, synt oss sin herlegdom og sitt velde, og me hev høyrt røysti hans midt utor elden; i dag hev me set at ein mann kann liva um Gud hev tala med honom.

25 Og so lyt me døy like vel! For denne svære elden kjem til å tyna oss. Høyrer me no lenger på røysti åt Herren, vår Gud, so døyr me.

26 For kven finst det på jordi som hev høyrt den livande Gud tala midt utor elden, som me, og endå fenge liva?

27 Gakk du innåt, og høyr kva Herren, vår Gud, segjer! So kann du segja med oss alt det han talar til deg, og me skal høyra og lyda.»

28 Då Herren høyrde kva de tala med meg um, sagde han til meg: «Eg høyrde kva folket sagde med deg; det er rett alt det dei hev sagt.

29 Gjev dei all tid måtte hava den same hugen til å ottast meg og halda alle bodi mine, so det kann ganga deim og borni deira vel i all æva!

30 Gakk burt til deim og seg at dei kann ganga heim att til buderne sine.

31 Men du lyt vera att her hjå meg, so eg kann segja deg alle bodi og loverne og rettarne som du skal læra deim, og som dei skal liva etter i det landet eg gjev deim til eiga.»

32 So kom då i hug å gjera som Herren, dykkar Gud, hev sagt dykk! Tak ikkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre!

33 Fylg allstødt den vegen som Herren hev synt dykk! Då skal de trivast og liva både vel og lenge i det landet de fær til eiga.

6. kapitlet

1 Dette er dei bodi og loverne og rettarne som Herren, dykkar Gud, sagde eg skulde læra dykk, og som han vil de skal liva etter i det landet de er på vegen til og skal leggja under dykk.

2 Ottast du Herren, din Gud, og held du heile ditt liv alle bodi og loverne hans, som eg ber fram for deg no, du og son din og soneson din, då skal dagarne dine verta mange på jordi.

3 So høyr då bodi hans, Israel, og ber deim i hugen, og liv etter deim! Då skal det ganga deg vel, og de skal aukast og trivast i eit land som fløymer med mjølk og honning, soleis som Herren, din fedregud, hev sagt med deg.

4 Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren åleine.

5 Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av all di magt.»

6 Og desse ordi som eg lærer deg no, skal du gøyma i hjarta;

7 og du skal prenta deim inn i borni dine, og tala um deim når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att;

8 og du skal binda deim på handi di til eit merke, og bera deim som eit hovudband yver augo,

9 og skriva deim på dørskierne i huset ditt og på portarne dine.

10 No fører Herren din Gud deg inn i det landet som han lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob, at han vilde gjeva deg, til store og væne byar som du ikkje hev bygt,

11 og fulle hus, som du ikkje hev fyllt, til gravne brunnar, som du ikkje hev grave, og hagar med vin- og oljetre, som du ikkje hev sett. Når du då nyt godt av alt dette,

12 so agta deg at du ikkje gløymer Herren, som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.

13 Herren, din Gud, skal du ottast, og honom skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.

14 Far ikkje etter andre gudar, som folki rundt ikring dykkar fer etter!

15 For Herren, din Gud, som er midt imillom dykk, han er ein streng Gud; han kunde harmast på dykk, so han rudde dykk ut or verdi.

16 De må ikkje freista Herren, dykkar Gud, soleis som de gjorde i Massa.

17 Trutt skal de fylgja dei bodi og loverne og fyresegnerne som Herren, din Gud, hev gjeve deg,

18 og gjera det som er godt og rett i hans augo. Då skal det ganga deg vel; du skal få eiga det gilde landet som Herren lova federne dine,

19 og han skal driva ut alle fiendar for deg, soleis som han hev sagt.

20 Når son din sidan spør deg: «Korleis er det med desse loverne og fyresegnerne og bodi som Herren, vår Gud, hev gjeve dykk?»

21 då skal du segja med honom: «Me var trælar hjå Farao i Egyptarland; men Herren førde oss med fast hand ut or Egyptarlandet.

22 Og Herren let store og øgjelege teikn og under henda i Egyptarland, med Farao og heile folket hans, midt for augo våre.

23 Men oss førde han burt; han vilde fylgja oss til det landet han hadde lova federne våre, og gjeva oss det.

24 Då sette han oss fyre å halda alle desse bodi, og ottast Herren, vår Gud, so det skulde ganga oss vel alle dagar, og han kunde lata oss liva, som han til dessa hev gjort.

25 Og det skal reknast oss til rettferd at me held alle desse bodi og liver etter deim for Herrens augo, soleis som han hev sagt oss.»

7. kapitlet

1 Sjå no fører Herren deg inn i det landet du etlar deg til, og vil for di skuld driva ut store folkeslag: hetitarne og girgasitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, sju folk som er større og sterkare enn du;

2 men når han hev gjeve deim i di magt, og du hev vunne yver deim, då skal du bannstøyta deim; du må ikkje gjera nokor semja med deim, og ikkje gjeva deim grid;

3 du må ikkje hava nokor hopegifting med deim; ikkje må du gjeva døtterne dine til sønerne deira, og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønerne dine;

4 for dei kunde få sønerne dine til å falla frå Herren og tena andre gudar, og då kom Herren til å harmast på dykk, og rydja dykk ut, og det fort.

5 Høyr no korleis de skal fara med desse folki: Altari deira skal de riva ned, og minnesteinarne skal de slå sund; dei heilage trei deira skal de fella, og avgudsbilæti skal de brenna upp.

6 For du er eit heilagt folk, vigt åt Herren, din Gud; deg valde han ut millom alle folkeslag på jordi, og vilde du skulde vera hans eige folk.

7 Ikkje av di du var større enn alle dei andre folki, tok Herren deg åt seg og kåra deg ut; for du er det minste av alle folk.

8 Men han elska deg, og vilde halda det han hadde lova federne dine; difor førde han deg burt med fast hand og fria deg ut or slavehuset, or henderne på Farao, egyptarkongen.

9 So må du då vita at Herren, din Gud, han er den rette Gud, den trufaste Gud, som held det han lovar. Mot deim som elskar honom og held bodi hans, gjer han vel i tusunde leden,

10 og deim som hatar honom, gjev han løni på loven, og let deim ganga til grunnar; han held ikkje att løni for deim, men greider henne midt upp i handi deira.

11 So kom då i hug dei bodi og fyresegnerne og loverne som eg ber fram for deg i dag, og liv etter deim!

12 Lyder du no etter desse bodi, og kjem deim i hug, og held deim, so skal Herren, din Gud, koma i hug den truskap og nåde han lova federne dine;

13 han skal elska deg, og velsigna deg, og auka ætti di; han skal velsigna både det du avlar og det du el: kornet og druvesafti og oljen, det som fell undan storfeet og det som kjem til i småfenadflokken, på den jordi han lova federne dine å gjeva deg.

14 Velsigna skal du vera framum alle folkeslag. Hjå deg skal det aldri finnast eit liv, korkje av folk eller fe, som vantar avkjøme.

15 All sjukdom skal Herren halda burte frå deg, og alle dei vonde sotterne du kjenner frå Egyptarland, deim skal han ikkje leggja på deg, men på dine fiendar skal han leggja deim.

16 Alle dei folki Herren, din Gud, gjev deg magt yver, skal du tyna, og ikkje kvida deg for å drepa deim. Og aldri må du tena gudarne deira; for det vert ulukka di.

17 Men um du tenkjer som so: «Desse folki er sterkare enn eg! korleis kann eg driva deim ut?»

18 so ver ikkje rædd deim for det! Kom i hug kva Herren, din Gud, gjorde med Farao og alle egyptarane,

19 dei store plågorne du såg for augo dine, og teikni og underi som hende då Herren med fast hand og strak arm henta deg ut or Egyptarlandet; det same skal Herren, din Gud, gjera med alle dei folki du ræddast for.

20 Endå kvefsen skal han senda imot dei, til alle dei er burte som var att og hadde løynt seg for deg.

21 Du skal ikkje fæla deg for deim; for Herren, din Gud, er med deg, ein stor og ageleg Gud.

22 Smått um senn skal Herren driva desse folki ut for deg; du skal ikkje få øyda deim ut med ein gong; for då kom villdyri til å auka for mykje.

23 Herren, din Gud, skal gjeva deg magt yver deim; han skal fjetra deim, so dei ikkje veit anten att eller fram, og vert nedhogne.

24 Kongarne deira og skal han gjeva i ditt vald, og du skal rydja ut namni deira or verdi. Ingen skal kunna standa seg mot deg; du skal øyda deim ut for ende.

25 Gudebilæti deira skal du kasta på elden, og ikkje bry deg um sylvet og gullet på deim, eller eigna det til deg; det vilde føra deg i ulukka; for det er ein styggedom for Herren, din Gud,

26 og slik styggedom skal du ikkje hava inn i huset ditt, so du vert forbanna liksom det; du skal styggjast ved det og sky det; for det er bannstøytt.

8. kapitlet

1 Alle dei bodi eg legg fyre dykk i dag, skal de bera i hugen og liva etter deim; då skal de trivast og aukast og koma til å eiga landet Herren hev lova federne dykkar.

2 Kom i hug den lange leidi Herren, din Gud, let deg fara i øydemarki i desse fyrti åri! Han vilde gjera deg mjuk og røyna deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, um du vilde halda bodi hans eller ikkje.

3 Difor let han deg svelta og lida vondt, og so metta han deg atter med manna, som du ikkje kjende til, og federne dine ikkje heller, so du skulde vita at menneskja liver ikkje berre av brød, men at kvart ord som kjem frå Guds munn, gjev menneskja liv.

4 Klædi dine vart ikkje utslitne, og foten din trutna ikkje i desse fyrti åri.

5 So må du då skyna at Herren, din Gud, vilde tukta og rettleida deg, liksom ein far når han tuktar upp son sin.

6 Haldt då bodi åt Herren, din Gud! Gakk på hans vegar, og hav age for honom!

7 For Herren, din Gud, fører deg inn i eit godt land, eit land med bekkjer og løkjer og kjeldor, som kjem fram i dal og på fjell,

8 eit land med kveite og bygg, med vintre og fiketre og aplar, med oljetre og honning;

9 der tarv du ikkje eta brødet ditt i armod; der skal du ingen ting vanta; der er steinarne av jarn, og or fjelli kann du brjota ut kopar.

10 Når du so nyt godt av alt dette, takka då Herren, din Gud, for det gilde landet han gav deg!

11 Agta deg at du ikkje gløymer Herren, din Gud, og bodi og fyresegnerne og loverne hans, som eg legg fyre deg no!

12 Når du hev nøgdi av mat, og byggjer deg væne hus til å bu i,

13 og buskapen din økslar seg, både stort og smått, og sylv- og gullhaugen veks, og all din eigedom aukar,

14 lat ikkje då ovmod få rom i hjarta ditt, so du gløymer Herren, din Gud, han som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset,

15 han som førde deg gjenom den store, øgjelege øydemarki, millom eiterormar og skorpionar og yver vatslaust turrlende, han som let vatnet strøyma ut åt deg or harde berget,

16 han som i øydemarki fødde deg med manna, som federne dine aldri hadde høyrt gjete; og alt dette gjorde han av di han vilde mykja deg og røyna deg, og so sidan gjera vel imot deg.

17 Seg ikkje med deg sjølv: «Det er mi eigi kraft og mi sterke hand som hev vunne meg denne rikdomen.»

18 Kom i hug at det var Herren, din Gud, som gav deg kraft til å vinna rikdom, av di han vil halda det han lova federne dine, soleis som han til dessa hev gjort.

19 Men gløymer du Herren, og held deg til andre gudar, og tener deim, og bøygjer kne for deim, so er det ute med dykk, det segjer eg dykk for visst.

20 Liksom dei folki Herren no gjer ende på for dykkar skuld, soleis skal de og ganga til grunnar, for di de ikkje lyder Herren, dykkar Gud.

9. kapitlet

1 Høyr, Israel! No gjeng du yver Jordan, og skal leggja under deg folkeslag som er større og sterkare enn du, svære byar med murar som når radt til himmels,

2 eit stort kjempefolk, Anaks-sønerne, som du kjenner, og som du hev høyrt det ordet um: «Kven kann standa seg mot Anaks-sønerne?»

3 So kom då i hug at Herren, din Gud, gjeng fyre deg som ein øydande eld; han skal tyna deim, og han skal slå deim ned for deg, so du snart fær drive deim burt og rudt deim ut, soleis som Herren hev sagt deg.

4 Men når han støyter deim ned framfyre deg, må du ikkje tenkja som so: «For di eg er god og rettvis, hev Herren ført meg hit og gjeve meg dette landet.» Nei, Herren driv desse folki ut for di dei er gudlause.

5 Det er ikkje for di du er god og rettvis, eller for di du er truverdug og ærleg, at du skal koma dit og få landet deira, men for di dei er gudlause, driv Herren deim ut, og av di han vil halda det ordet han gav federne dine, Abraham og Isak og Jakob.

6 So skal du då vita at det ikkje er for di rettferd skuld Herren, din Gud, gjev deg dette gilde landet til eiga; for du er eit hardkyndt folk.

7 Kom i hug og gløym ikkje korleis du arga upp Herren, din Gud, i øydemarki! Alt ifrå den dagen de for frå Egyptarlandet og til de kom hit, hev de sett dykk upp imot Herren.

8 Attmed Horeb arga de og Herren, so han vart harm på dykk og vilde rydja dykk ut.

9 Det var den gongen eg gjekk upp på fjellet og skulde taka imot steintavlorne, deim som Herrens pakt med dykk var skrivi på; då var eg på fjellet i fyrti jamdøgar, og gjorde korkje åt eller drakk.

10 Og Herren gav meg dei tvo steintavlorne; dei hadde han sjølv skrive på med fingeren sin, og der stod alle dei ordi som han tala til dykk på fjellet, midt utor elden, samkomedagen.

11 Då dei fyrti jamdøgri var lidne, gav Herren meg dei tvo steintavlorne, sambandstavlorne,

12 og sagde til meg: «Skunda deg ned att; for folket ditt, som du fylgde ut or Egyptarland, hev bore seg stygt åt; det var ’kje lenge fyrr dei tok utav den leidi eg synte deim; dei hev støypt seg eit gudebilæte!

13 Eg hev halde auga med dette folket,» sagde Herren, «og set at det er eit hardkyndt folk.

14 Lat no meg råda, so vil eg gjera ende på deim, og rydja namnet deira ut or verdi, og so vil eg gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei.»

15 So snudde eg meg, og gjekk ned av fjellet, og fjellet stod i ljos loge; og dei tvo sambandstavlorne bar eg i henderne.

16 Då fekk eg sjå at de hadde synda mot Herren, dykkar Gud, og støypt dykk ein gullkalv; de hadde alt teke utav den leidi Herren synte dykk.

17 So tok eg og kasta båe tavlorne or henderne, og slo deim sund for augo dykkar.

18 Og sidan låg eg på kne for Herren, liksom fyrre gongen, i fyrti dagar og fyrti næter, og smaka korkje mat eller drikka, for di de hadde ført so stor ei synd yver dykk, og gjort det som Herren mislika, so han vart harm;

19 for eg ottast Herren var vorten so vill og vond på dykk at han vilde rydja dykk ut. Og Herren høyrde bøni mi den gongen og.

20 Aron og var Herren fælande harm på, og vilde tyna honom; og eg laut beda for Aron og den gongen.

21 Men syndeverket dykkar, kalven, tok eg og kasta på elden, og kruste honom, og mulde honom sund, so han vart til dust, og dusti kasta eg i bekken som renn ned frå fjellet.

22 I Tabera og Massa og Kibrot-Hatta’ava harma de og Herren.

23 Og då han vilde de skulde taka ut frå Kades-Barnea, og sagde: «Far upp og tak det landet som eg hev gjeve dykk!» då var de ulyduge mot Herren, dykkar Gud, og leit ikkje på honom, og høyrde ikkje på det han sagde;

24 ulyduge mot Herren hev de vore so lenge eg hev kjent dykk.

25 So låg eg då på kne for Herren alle dei fyrti dagarne og næterne som de veit; for Herren hadde sagt at han vilde tyna dykk.

26 Og eg bad til Herren og sagde: «Herre, min Gud, gjer ikkje ende på ditt eige folk, som du hev fria ut med di allmagt, og leidt ut or Egyptarland med di sterke hand!

27 Kom i hug tenarane dine, Abraham og Isak og Jakob, og tenk ikkje på kor hardt og gudlaust og syndugt det er, dette folket!

28 Elles kunne dei segja so som i det landet du hev ført oss utor: «Herren var ikkje god til å fylgja deim fram til det landet han hadde lova deim, og han hata deim og; difor førde han deim ut i øydemarki, og let deim døy der.»

29 Dei er då din eigen lyd, som du hev leidt ut med di store magt og din sterke arm.»

10. kapitlet

1 Då var det Herren sagde til meg: «Hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og gjer deg ei trekista, og kom upp på fjellet til meg,

2 so skal eg skriva dei same ordi på dei tavlorne som på dei fyrste, dei du slo sund, og du skal leggja deim ned i kista.»

3 Då gjorde eg ei kista av akazietre, og hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og gjekk upp på fjellet med båe tavlorne i handi,

4 og Herren skreiv på deim det same som han hadde skrive fyrre gongen: dei ti bodordi som han hadde tala til dykk på fjellet midt utor elden, samkomedagen, og han gav deim til meg.

5 So snudde eg meg, og gjekk ned av fjellet, og lagde tavlorne i den kista eg hadde gjort, og der vart dei liggjande, soleis som Herren hadde sagt.

6 Sidan tok Israels-sønerne ut frå Bene-Ja’akan-brunnarne, og kom til Mosera; der døydde Aron, og der vart han gravlagd, og Eleazar, son hans, vart prest etter honom.

7 Derifrå for dei til Gudgoda, og frå Gudgoda til Jotbata, eit land med mange bekkjer.

8 I den tidi skilde Herren ut Levi-ætti so dei skulde bera sambandskista åt Herren, og standa framfor Herrens andlit og tena honom, og lysa velsigning i hans namn, og so hev dei gjort til denne dag.

9 Difor fekk ikkje Levi nokon arvlut tilliks med brørne sine; Herren skal vera hans arv, soleis som han sjølv hev sagt med honom.

10 «So var eg då på fjellet i fyrti jamdøger, liksom fyrre venda, og Herren høyrde bøni mi den gongen og; han vilde ikkje tyna deg.

11 So sagde Herren til meg: «Tak i vegen, og før folket lenger fram, so dei kann koma til det landet eg hev lova federne deira å gjeva deim!»»

12 Og no, Israel, kva er det Herren, din Gud, krev av deg, anna enn det at du skal ottast Herren, din Gud, og allstødt ganga på hans vegar, og elska og tena honom av heile ditt hjarta og heile din hug,

13 og halda bodi og loverne hans, som eg ber fram for deg no, so det kann ganga deg vel!

14 Sjå, himmelen og alle himlar i himmelen, jordi og alt det som på henne er, høyrer Herren, din Gud, til.

15 Men endå var det berre federne dine han lagde hug til og elska, og sidan kåra han ut dykk, ætti deira, framum alle andre folkeslag, soleis som me ser det i dag.

16 So bøyg då den stride hugen dykkar, og ver ikkje lenger so hardnakka!

17 For Herren, dykkar Gud, han er Gud yver alle gudar og Herre yver alle herrar, den store, velduge, agelege Gud! Han gjer ikkje mannemun, og tek ikkje mutor;

18 han hjelper den farlause og enkja til retten sin, og syter for dei framande so dei fær mat og klæde.

19 Difor skal de og vera gode med dei framande; de var sjølve framande i Egyptarlandet.

20 Herren, din Gud, skal du ottast; honom skal du tena, og honom skal du halda deg til, og ved hans namn skal du sverja.

21 Han skal vera det gildaste du veit; han er din Gud som for di skuld hev gjort alt dette store og agelege som du hev set for augo dine.

22 Sytti i talet for federne dine ned til Egyptarland, men no hev Herren, din Gud, auka dykk so de er mange som stjernorne på himmelen.

11. kapitlet

1 So elska då Herren, din Gud, og haldt det han vil du skal halda, loverne og rettarne og bodi hans, alle dagar.

2 Kom i hug at det er dykk eg talar til no, og ikkje borni dykkar; for dei kjenner ikkje til og hev ikkje set Herrens rettleiding og tukt, hans store velde, hans sterke hand og strake arm,

3 dei under og storverk han gjorde i Egyptarland med Farao, egyptarkongen, og heile landet hans,

4 og det han gjorde med egyptarheren, med hestarne og vognerne deira, då han let Sevhavs-bylgjorne strøyma i hop yver deim, medan dei sette etter dykk, og gjorde ende på deim, so ingen hev set deim meir,

5 og det han gjorde for dykk i øydemarki alt til de kom hit,

6 og det han gjorde med Datan og Abiram, sønerne åt Eliab, son åt Ruben, då jordi let upp gapet sitt midt i Israels-lægret, og gløypte deim og huslydarne og buderne deira og kvart liv som var med deim.

7 De sjølve er det som med eigne augo hev set alle dei storverki Herren hev gjort.

8 So haldt då alle dei bodi eg lærer dykk no, so de kann verta sterke, og eigna til dykk det landet de er på vegen til og skal leggja under dykk,

9 og so de kann få liva lenge i det landet Herren lova federne dykkar at han vilde gjeva deim og ætti deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.

10 For det landet du er på vegen til og skal eigna til deg, er ikkje likt Egyptarlandet, som du kjem ifrå. Det laut du vatna som ein kålhage, kvar gong du hadde sått;

11 men det landet du no fer yver til og skal taka i eige, det er eit land med fjell og dalar: av himmelregnet drikk det seg utyrst;

12 det er eit land som Herren ber umsut for; allstødt vaktar augo hans på det, frå årsens fyrste dag til den siste.

13 «Lyder du no dei bodi eg gjev dykk i dag,» segjer Herren, «elskar og tener du Herren, din Gud, av heile ditt hjarta og heile din hug,

14 so skal gjeva landet ditt regn i rette tid, både haust og vår, og du skal samla i hus korn og olje og vin,

15 og gras skal eg lata veksa på marki for buskapen din, og du skal få nøgdi av alt.»

16 Men agta deg at ditt hjarta ikkje vert dåra, so du fell ifrå, og tener framande gudar, og legg deg på kne for deim;

17 for då vert Herren din harm, og stengjer himmelen att, so det ikkje kjem noko regn, og jordi ikkje gjev grøda, og vonom snøggare kverv du burt or det ovgilde landet som Herren gjev deg til eiga.

18 So legg dykk då desse ordi mine på hjarta og minne! Bind deim på handi til merke, og ber deim som hovudband yver augo!

19 Lær deim til borni dine, og tala um deim når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att.

20 Skriv deim på dørskierne i huset og på dine portar,

21 so du og borni dine kann festa bu i det landet som Herren sjølv hev lova å gjeva federne dine, og liva der likso lenge som soli skin yver jordi!

22 For agtar du vel på alle dei bodi eg gjev deg, og liver etter deim, elskar du Herren, din Gud, og allstødt gjeng på hans vegar og held deg til honom,

23 so skal han driva alle desse folki or landet; folk som er større og sterkare enn du er sjølv, skal du jaga;

24 kvar flekken du set foten på, skal høyra deg til; frå Øydemarki og Libanon, frå Eufratelvi til Vesterhavet skal riket ditt nå.

25 Ingen skal kunna standa seg imot deg; otte for deg og rædsla skal koma yver kvart land du stig på med foten din, soleis som Herren hev sagt deg.

26 Sjå i dag legg eg fram for deg velsigning og våbøn:

27 velsigning, so sant du lyder bodi åt Herren, din Gud, deim som eg kjem til deg med no,

28 og våbøn, so framt du ikkje lyder bodi åt Herren, din Gud, men tek utav den leidi eg segjer deg fyre, og held deg til andre gudar, som du ikkje veit noko um.

29 Når då Herren fører deg inn i det landet du skal taka i eige, so skal du lysa velsigningi på Garizim og våbøni på Ebal;

30 det er dei fjelli du veit, som ligg på hi sida Jordan, burtanfor vestervegen, i det landet som kananitarne eig, dei som bur på Moarne midt for Gilgal, tett innmed Spåmannseikerne.

31 For no gjeng du yver Jordan, og skal taka imot det landet som Herren, din Gud, gjev deg; når du so hev eigna det til deg, og bur i det,

32 sjå då til at du held alle dei loverne og bodi eg legg fyre deg i dag!

12. kapitlet

1 Dette er dei loverne og bodi de skal halda dykk etter i det landet som Herren, fedreguden dykkar, hev gjeve dykk; lat deim aldri ganga dykk or minne so lenge de liver på jordi:

2 Der som dei folki de tek landet frå, hev dyrka gudarne sine, der skal de gjera det audt, på dei høge fjell og på haugar og under sigrøne tre.

3 De skal riva ned altari deira, og slå sund minnesteinarne; dei heilage trei deira skal de brenna, og hogga sund gudebilæti, og rydja ut namni deira der dei hev vore.

4 Når de dyrkar Herren, dykkar Gud, skal de ikkje fara åt som dei folki gjorde;

5 de skal søkja til den staden som Herren, dykkar Gud, vel seg til bustad i eit av fylki dykkar; dit skal du koma,

6 og dit skal de føra brennofferi og slagtofferi dykkar, og tiendi og reidorne dykkar, og gåvorne dykkar, både deim de hev lova, og deim de gjev i godvilje, og frumsungarne av storfeet og småfeet dykkar.

7 Og der skal de halda måltid for Herrens åsyn, de og huslydarne dykkar, og gleda dykk i alt det de hev vunne med arbeidet dykkar, og som Herren, dykkar Gud, hev velsigna dykk med.

8 De må ikkje gjera so som me gjer her i dag - for no gjer kvar det han sjølv held for rett -

9 av di de endå ikkje er komne til den heimen og den odelseigni som Herren vil gjeva dykk.

10 Men når de hev gjenge yver Jordan, og sett dykk ned i det landet som Herren, dykkar Gud, gjev dykk til odel og eiga, og han hev gjeve dykk ro for alle fiendar rundt ikring, so de bur trygt,

11 då vil han kåra seg ein bustad millom dykk, og dit skal det koma med alt det eg segjer dykk fyre: brennofferi og slagtofferi dykkar, tiendi og reidorne og alle dei valde gåvorne som de hev lova Herren.

12 Og de skal gleda dykk for Herrens åsyn, de og sønerne og døtterne dykkar, og drengjerne og tenestgjentorne, og levitarne som bur hjå dykk; for dei hev ikkje fenge nokon arvlut tilliks med dykk.

13 Agta deg at du ikkje ber fram brennofferi dine kvar du kjem på det.

14 På den staden som Herren vel seg ut i eit av fylki dykkar, der skal du ofra brennofferi dine, og der skal du gjera alt anna eg segjer deg fyre.

15 Men elles kann de slagta, og eta kjøt so mykje du hev hug til, i alle heimarne dykkar, etter som Herren, dykkar Gud, gjev dykk råd til. Både ureine og reine kann eta det, liksom det var gasella eller hjort,

16 so nær som blodet; det må de ikkje eta; de skal slå det ut på marki liksom vatn.

17 Tiendi av kornet ditt og av vinen og oljen, og frumsungarne av storfeet og småfeet ditt, og loveofferi som du hev vigt, og gåvorne som du gjev i godvilje, og reidorne som du ber fram, det må du ikkje eta heime i di eigi bygd.

18 For Herrens åsyn, på den staden han vel seg ut, skal du eta det, du og son sin og dotter di, og drengen og tenestgjenta, og leviten som bur innan portarne dine, og du skal gleda deg for Herrens åsyn i alt det du hev vunne med arbeidet ditt;

19 men agta deg at du aldri gløymer leviten so lenge du liver i landet ditt!

20 Når Herren, din Gud, aukar riket ditt, soleis som han hev lova deg, og du tenkjer som so: «No vil eg eta kjøt,» av di du hev hug på kjøt, so kann du eta kjøt so mykje du vil.

21 Hev du lang veg til den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad, so må du gjera som eg hev sagt, og slagta noko av storfeet og småfeet som Herren hev gjeve deg, og eta det i bygdi di, so mykje som du hev hug til.

22 Men du må eta det liksom det var gasella eller hjort; både ureine og reine kann eta det.

23 Men kom i hug at du ikkje et blodet! For i blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet.

24 Du må ikkje eta blodet; du skal slå det ut på marki liksom vatn.

25 Et det ikkje, so skal det ganga deg vel, og borni dine og, for di du gjer det som er rett i Herrens augo.

26 Men vigslegåvorne som du vil gjeva og loveofferi, skal du taka og føra til den staden som Herren hev valt seg ut.

27 Brennofferi dine skal du ofra på Herrens altar, både kjøtet og blodet; av slagtofferi skal blodet hellast ut på altaret; men kjøtet kann du eta.

28 Lyd då etter alle desse ordi som eg segjer deg no, og ber deim i hugen, so det kann ganga deg og borni dine vel i all æva, for di du gjer det som er godt og rett i augo åt Herren, din Gud!

29 Når Herren, din Gud, hev rudt ut for deg dei folki du no fer imot og vil driva burt, og når du hev jaga deim ut og sett deg ned i landet deira,

30 agta deg då at du ikkje vert dåra og fylgjer i fotfaret deira, etter dei hev vorte utøydde for augo dine! Du skal ikkje spyrja etter gudarne deira og segja: «Korleis tente desse folki gudarne sine? Eg vil gjera som dei.»

31 Far aldri åt som dei gjer, når du dyrkar Herren, din Gud; for alt det som Herren mislikar, og som er ein styggedom hans augo, det gjer dei for gudarne sine; jamvel sønerne og døtterne sine brenner dei til æra for desse gudarne sine.

32 Alt det eg segjer dykk fyre, skal de gøyma i hjarta, og liva etter det; de må ingen ting leggja attåt, og ingen ting taka ifrå.

13. kapitlet

1 Når det stig fram ein profet millom dykk, eller ein som hev draumsyner, og han spår dykk eit teikn eller under,

2 [2-3] og segjer: «Lat oss fylgja andre gudar» - gudar som du ikkje kjenner - «og beda til deim!» so lyd ikkje etter kva slik ein profet eller draumsjåar segjer, um det so horver etter som han spådde; for Herren vil då røyna dykk og sjå um de elskar honom av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug.

3 [-]

4 Herren, dykkar Gud, skal de fylgja, og honom skal de ottast; hans bod skal de lyda, og hans ord skal de høyra; honom skal de tena, og honom skal de halda dykk til.

5 Og denne profeten eller draumsjåaren skal lata livet, for di han talde dykk til å falla frå Herren, dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet, og fria dykk ut or slavehuset, og for di han vilde lokka deg burt frå den vegen som Herren, din Gud, hev sagt du skal ganga. Soleis skal de rydja det vonde ut or lyden.

6 Um bror din, son åt di eigi mor, eller son din, eller dotter di, eller kona di, som du held i fanget, eller venen din, som du hev so kjær som ditt eige liv - um nokon av desse lokkar deg i løynd, og vil få deg til å dyrka ein annan gud, som du ikkje kjenner, og federne dine aldri hev kjent,

7 ein av gudarne åt dei folki som bur rundt ikring dykk, tett innmed eller langt undan, frå den eine enden av jordi til hin,

8 so skal du ikkje fara etter honom, og ikkje høyra på honom; du skal ikkje tykkja synd i honom, og ikkje spara honom, og ikkje dylja brotet hans,

9 men du skal drepa honom; sjølv skal du vera den fyrste som lyfter handi mot honom, og sidan skal heile folket gjera det same.

10 Du skal steina honom i hel, for di han freista å lokka deg burt frå Herren, din Gud, som førde deg utor Egyptarlandet, or slavehuset.

11 Og heile Israel skal høyra det og ræddast, so det aldri meir vert gjort so stygg ei synd millom dykk.

12 [12-13] Høyrer du gjete gudlause menner som hev stige fram millom dykk, i nokon av dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg til å bu i, og fenge folket i byen til å dyrka andre gudar, som de ikkje kjenner,

13 [-]

14 so skal du lyda etter, og spyrja deg vel fyre, og granska saki vel, og syner det seg då å vera sant, er det visst og vitnefast at det hev vore gjort slikt skjemdarverk hjå dykk,

15 so skal du bannstøyta den byen og alt som i honom er, og hogga ned både folk og fe.

16 Alt herfanget du tek der, skal du samla i hop midt på torget, og brenna upp både det og byen til eit heiloffer åt Herren, din Gud, og sidan skal byen i all æva vera ein grushaug, og må aldri byggjast upp att.

17 Du må ikkje halda att noko av det som er bannstøytt; då skal Herren stagga sin brennande vreide, og gjeva deg nåde, og hava deg kjær, og auka ætti di, som han lova federne dine -

18 so sant du lyder Herren, din Gud, og held alle bodi hans, deim som eg ber fram for deg i dag, og gjer det som rett er i hans augo.

14. kapitlet

1 De er Guds born; de må ikkje skjera dykk i holdet, eller raka dykk snaude frami skallen av di de syrgjer yver ein avliden.

2 For eit heilagt folk er du, vigt åt Herren, din Gud; deg hev Herren valt til sitt eigande folk framum alle andre folk på heile jordi.

3 Du må ikkje eta noko som er ufyselegt.

4 Dette er dei dyri de må eta: Uksen, sauen og geiti,

5 hjorten og gasella og antilopen og steinbukken og dådyret og villuksen og villgeiti.

6 Alle firføtte dyr som hev klauver, og som jortar, deim kann de eta.

7 Det er berre desse de ikkje må eta av deim som jortar og av deim som hev klauver: Kamelen og haren og bergtassen, for dei jortar, men hev ikkje klauver; dei skal vera ureine for dykk -

8 og svinet, for det hev klauver, men jortar ikkje; det skal vera ureint for dykk. Kjøtet av dei dyri må de ikkje eta, og er dei daude, so må de ikkje koma nær deim.

9 Høyr so kva de må eta av det som er i vatnet: Alt som hev uggar og reist, kann de eta.

10 Men det som ikkje hev uggar og reist, må de ikkje eta; det skal vera ureint for dykk.

11 Alle reine fuglar kann de eta.

12 Det er berre desse fuglane de ikkje må eta: Ørnen og gribben og sjøørnen

13 og glenta og heile falkeætti

14 og alle fuglar av ramneætti

15 og strussen og gauken og måsen og alle haukeslagi,

16 kattula og stunulven og kveldknarren

17 og hegren og etslegribben og kavfuglen

18 og storken og heidloi og alle andre fuglar av same ætti, og herfuglen og skinnvengja.

19 Alt flugjande krek skal vera ureint for dykk; de må ikkje eta det.

20 Men alt fljugande som er reint, kann de eta.

21 De må ikkje eta noko som er sjølvdaudt! Du kann gjeva det til dei framande som bur millom dykk, so dei kann eta det, eller og kann du selja det til utlendingar; for du er eit heilagt folk, vigt til Herren, din Gud. Du skal ikkje sjoda eit kid i mjølki åt mor si.

22 Tiendi av avlingi di, av alt det som veks på marki år etter år, skal du taka med deg

23 til den staden som Herren, din Gud, vel seg til bustad; der skal du halda måltid for hans åsyn, og eta tiendi av kornet ditt og av vinen og oljen, og frumsungarne av storfeet og småfeet ditt, so du kann læra å ottast Herren, din Gud, alle dagar.

24 Men er vegen for lang for deg, er den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad for langt burte, og hev Herren velsigna deg med so rik ei grøda at du ikkje kann føra tiendi dit,

25 so skal du gjera det i pengar, og pengarne skal du knyta inn i eit plagg og taka med deg til den staden som Herren, din Gud, hev valt seg ut.

26 For dei pengarne skal du då kjøpa alt det du hev hug til, uksar og sauer og vin og sterke drykkjer, alt det som hugen din trår etter, og so skal du halda måltid der for Herrens åsyn, og gleda deg, du og huslyden din.

27 Og leviten som bur hjå deg, må du ikkje gløyma; for han hev ikkje fenge nokon arvlut liksom du.

28 Tridje kvart år skal du taka undan heile tiendi av det du hev avla det året, og leggja det upp i byarne dine.

29 So skal levitarne koma; for dei hev ingen arvlut liksom du; og dei framande og farlause og enkjorne som bur innan portarne dykkar, skal koma, og få det dei treng. Då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt det du gjer og tek deg fyre.

15. kapitlet

1 Sjuande kvart år skal vera eit ettergjevingsår;

2 med dette hev det seg so: Den som hev eit lån til gode hjå grannen sin, skal gjeva det etter; han skal ikkje krevja ein granne eller landsmann når dei hev lyst ettergjeving i Herrens namn.

3 Dei framande kann du krevja, men det du hev hjå landsmannen din, skal du gjeva etter.

4 Med retten skulde det no ikkje finnast fatige hjå deg; for Herren, din Gud, vil velsigna deg i det landet han gjev deg til odel og eiga,

5 so sant du berre lyder honom og held desse bodi, som eg ber fram for deg no.

6 Ja Herren, din Gud, vil velsigna deg, som han hev lova, og du skal låna til mange folk, men sjølv skal du ikkje trenga noko lån, og du skal råda yver mange folk, men dei skal ikkje råda yver deg.

7 Finst det nokon fatig millom landsmennerne dine, i dei byarne som Herren, din Gud, vil gjeva deg, so ver ikkje hardhjarta, og lat ikkje att handi for den fatige bror din,

8 men opna handi di for honom, og lån honom det han vantar og treng!

9 Agta deg att det ikkje kjem upp noko vondt i hjarta ditt, når du tenkjer på at det lid nær innåt det sjuande året, ettergjevingsåret, so du ser med ublide augo på den fatige bror din, og ikkje gjev honom noko; for då kjem han til å klaga deg for Herren, og du fær synd på deg.

10 Gjev honom med godhug og tregelaust; det er for den skuld Herren, din Gud, velsignar deg i alt du gjer og tek deg fyre.

11 Fatige kjem det stødt til å finnast i landet; difor segjer eg deg: Opne handi di for bror din, for dei arme og fatige i landet ditt!

12 Når ein landsmann - ein hebræar, kar eller kvinna - hev selt til deg, so skal han tena hjå deg seks år; i det sjuande året skal du gjeva honom fri, so han kann fara kvar han vil.

13 Og når du gjev honom fri, skal du ikkje senda honom frå deg tomhendt.

14 Du skal reida honom ut vel, både med småfe og med korn og vin; i same mun som Herren, din Gud, hev velsigna deg, skal du gjeva honom.

15 Kom i hug at du sjølv var træl i Egyptarland, og at Herren, din Gud, fria deg ut; difor gjev eg deg i dag dette bodet.

16 Men segjer tenaren at han ikkje vil skiljast ifrå deg, av di han hev det godt hjå deg og held av deg og folket ditt,

17 so skal du taka ein syl og stinga gjenom øyra hans og inn i hurdi, og sidan skal han tena deg all si tid. Sameleis skal du gjera med tenestgjenta di.

18 Du skal ikkje trega på at du lyt sleppa deim frå deg; for han hev arbeidt for deg i seks år, og leigefolk hadde kosta deg tvo gonger so mykje. Kom i hug dette, so skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du gjer!

19 Alle frumborne handyr i buskapen din skal du vigja til Herren din Gud. Frumborne uksar må du ikkje hava til arbeids, og frumborne sauer må du ikkje klyppa.

20 For Herrens åsyn skal du eta deim, år etter år, du og huslyden din, på den staden som Herren hev valt seg ut.

21 Er det nokon lyte på deim, er dei halte eller blinde eller hev noko anna leidt lyte, då skal du ikkje ofra deim til Herren, din Gud;

22 men heime hjå dykk sjølve kann de eta deim anten det er reine og ureine, liksom det var gasella eller hjort,

23 so nær som blodet; det må de ikkje eta; du skal slå det ut på marki som vatn.

16. kapitlet

1 Kom i hug aksmånaden! Då skal du halda påskehelg for Herren, din Gud; for i aksmånaden førde Herren deg ut or Egyptarland, nattarstider.

2 Og du skal slagta påskeoffer åt Herren, din Gud, storfe og småfe, på den staden som Herren hev valt seg til bustad.

3 Du skal ikkje eta syrt brød attåt offerkjøtet! I sju dagar skal du eta usyrt brød attåt det, naudhjelpsbrød, av di du laut skunda det ut or Egyptarlandet. Soleis skal du heile ditt liv minnast den dagen då du for burt frå Egyptarlandet.

4 Desse sju dagarne må det ikkje finnast surdeig i ditt eige, so langt som du råder, og av det du hev slagta fyrste dagen um kvelden, må ingen ting liggja natti yver, til morgons.

5 Du må ikkje slagta påskeofferet heime, i nokon av dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg,

6 men berre på den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad; der skal du slagta påskelambet, um kvelden, solegladsbil, på same tid som då du for frå Egyptarland.

7 So skal du laga det til, og eta det på den staden som Herren, din Gud, hev valt seg ut; og um morgonen kann du venda heim att til buderne dine.

8 Seks dagar skal du eta usyrt brød; og den sjuande dagen skal du halda ei stor samlingshøgtid for Herren, din Gud; då må du ikkje gjera noko arbeid.

9 So skal du rekna sju vikor: frå sigden tek til å sveiga i kornet, skal du telja sju vikor fram,

10 og når dei er lidne, skal du halda sjuvikehelg for Herren, din Gud. Då skal du bera fram so mykje som du hev hjarta til, i same mun som Herren, din Gud, hev velsigna deg.

11 Og du skal gleda deg for Herrens åsyn, på den staden han hev valt seg til bustad, både du og son din og dotter di, og drengen og tenestgjenta, og leviten som bur innan portarne dine, og dei framande og farlause og enkjorne de hev hjå dykk.

12 De skal koma i hug at i Egyptarland var de trælar, og gøyma desse bodi i hjarta, og liva etter deim.

13 Når du hev samla inn det som kjem frå låven din og frå vinpersa, då skal du halda lauvhyttehelgi i sju dagar.

14 Og du skal gleda deg so lenge denne høgtidi varer, både du og sønerne og døtterne dine, og drengjerne og gjentorne, og levitarne og dei framande og farlause og enkjorne som bur innan portarne dine.

15 Sju dagar skal du halda pilegrimshelg for Herren, din Gud, på den staden han hev valt seg ut; for Herren, din Gud, vil velsigna deg i alt du avlar og alt du tek det fyre, og du skal vera berre glad.

16 Tri vendor um året skal alle karmennerne dykkar møta fram for Herren, din Gud, på den staden han hev valt seg ut: i søtebrødhelgi, og i sjuvikehelgi, og i lauvhyttehelgi. Men tomhendt må ingen syna seg for Herrens åsyn;

17 kvar skal koma med den gåva han kann, etter som Herren, hans Gud, hev gjeve honom råd til.

18 I alle dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg, skal du setja inn domarar og lagrettemenner, i kvar sine fylke; dei skal døma folket etter lov og rett.

19 Du skal ikkje rengja retten, og ikkje gjera mannemun, og ikkje taka mutor; for mutorne synkverver vismenner, og spiller ei rettvis sak.

20 Berre det som rett er, skal du stræva etter, so du kann få liva, og eiga det landet som Herren, din Gud, vil gjeva deg.

21 Du skal ikkje setja noko tre som er vigt til Asjera attmed altaret som du byggjer åt Herren, din Gud.

22 Og du skal ikkje reisa nokon minnestein som Herren, din Gud, mislikar.

17. kapitlet

1 Du skal ikkje ofra til Herren, din Gud, ein ukse eller sau som hev noko lyte eller mein; for det er ein styggedom for Herren, din Gud.

2 Finst det i nokon av dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg, ein mann eller ei kvinna av lyden som gjer det Herren mislikar, og bryt sambandet med honom,

3 og, tvert imot det eg hev sagt, gjeng av og tener andre gudar, og bøygjer kne for deim, eller for soli eller månen eller heile himmelheren,

4 og dette vert sagt deg, so skal du høyra deg fyre, og granska saki vel, og syner det seg då å vera sant, er det visst og vitnefast at slikt skjemdarverk er gjort i Israel,

5 då skal den mannen eller kvinna som hev gjort det brotet, førast ut til tingstaden, og steinast i hel, anten det er mann eller kvinna.

6 Etter vitnemål frå tvo eller tri mann lyt den vera dømd som skal lata livet; ingen skal ikkje missa livet etter ein manns vitnemål.

7 Vitni skal fyrst lyfta handi til å drepa honom, og sidan heile folket. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.

8 Er ei sak for vand for deg å døma i, anten det er ei dråpssak, eller ei eigedomstrætta, eller eit søksmål for helseskade, eller kva det elles er for saker som kann koma upp i by eller bygd, so skal du gjera deg reidug, og fara upptil den staden som Herren, din Gud, hev valt seg ut.

9 Der skal du ganga til Levi-prestarne og til den domaren som då er, og spyrja deg fyre, og dei skal segja deg korleis domen retteleg skal vera.

10 Og du skal fylgja den fyresegni dei gjev deg frå den staden som Herren hev valt seg ut; du skal i alle måtar gjera soleis som dei hev lært deg.

11 Den lovbodi dei lærer deg og den domen dei segjer deg, skal du halda deg etter, og ikkje gjera noko avbrøyte i det dei segjer deg fyre.

12 Men den mannen som er so vyrdlaus at han ikkje vil høyra på presten, som stend der i Herrens tenesta, eller på domaren, han skal døy. Soleis skal du rydja det vonde ut or Israel.

13 Og heile folket skal høyre det, og ottast, so dei ikkje fer so vyrdlaust åt meir.

14 Når du er komen inn i det landet som Herren, din Gud, vil gjeva deg, og hev lagt det under deg, og fest bu der, og du då kjem på at du vil få deg ein konge, liksom alle folki rundt ikring deg,

15 so skal du taka til konge den som Herren, din Gud, kårar ut. Ein av dine eigne landsmenner skal du taka til konge; du må ikkje taka ein framand, ein som ikkje høyrer til ditt eige folk.

16 Men han skal ikkje halda mange hestar, og ikkje senda folket attende til Egyptarland, so han kann få seg mange hestar; for Herren hev sagt dykk: «Den vegen skal de ikkje fara meir!»

17 Og han skal ikkje taka seg mange konor, so hugen hans kjem på avveg. Ikkje heller skal han draga i hop mykje sylv og gull.

18 Når han hev stige upp på kongsstolen, skal han få denne lovi hjå Levi-prestarne og skrive henne av åt seg i ei bok;

19 og den skal han hava hjå seg og lesa i alle sine livedagar, so han kann læra å ottast Herren, sin Gud, og bera alle desse lovbodi og fyresegnerne i hugen og liva etter deim,

20 og so han ikkje skal ovmoda seg yver brørne sine og koma burt ifrå lovi; då skal han liva lenge i riket sitt i Israel, både han og borni hans.

18. kapitlet

1 Ingen av Levi-prestarne, ingen av deim som høyrer til Levi-ætti, skal få nokon arvlut liksom dei andre Israels-sønerne. Dei skal liva av Herrens offerrettar og alt anna som høyrer honom til,

2 og ikkje få nokon arv tilliks med brørne sine; Herren skal vera arven deira, soleis som han hev sagt deim.

3 Høyr no kva prestarne hev rett til å krevja av folket: Dei som ofrar slagtoffer, anten det er ukse eller sau, skal gjeva presten den eine bogen og båe kjakarne og vinstri.

4 Det fyrste av kornet du avlar og av vinen og oljen, og den fyrste ulli av sauerne skal du gjeva honom.

5 For honom og sønerne hans hev Herren, din Gud, valt seg ut millom alle ætterne dine, so dei skal standa framfor Herren og gjera tenesta i hans namn alle dagar.

6 Når ein levit som held til i nokon av byarne i Israel, kjem til den staden som Herren hev valt seg ut, so skal han vera velkomen:

7 Han kann gjera tenesta i Herrens namn, liksom dei andre levitarne, brørne hans, som stend der framfor Herrens åsyn,

8 og han skal få sin lut av offergåvorne tilliks med deim, umfram dei pengarne han fær når han sel det han hev rett til etter federne sine.

9 Når du kjem til det landet som Herren, din Gud, gjev deg, so skal du ikkje taka etter dei folki som bur der, og fara med slik styggedom som dei fer med.

10 Hjå deg må ingen finnast som vigjer barnet sitt i elden, ingen spåmann eller viskall, ingen som fer med å leggja ut teikn, ingen trollmann

11 eller åndemanar, ingen som spør daudingar og hamar, eller søkjer råd hjå dei avlidne.

12 For dei som gjer sovore, er avstyggjelege i Herrens augo, og for slik styggedom skuld er det Herren driv deim ut for dykk.

13 Trufast og ærleg skal du vera mot Herren, din Gud.

14 For desse folki som du skal driva ut, dei lyder etter runekallar og spåmenner, men deg hev Herren, din Gud, forbode alt slikt.

15 Ein profet som eg, av ditt eige folk, skal Herren reisa upp millom dykk; honom skal de lyda.

16 Herren skal gjera det som du bad honom um attmed Horeb, samkomedagen, då du sagde: «Eg torer ikkje høyra på Herrens røyst lenger, og denne store elden toler eg ikkje å sjå på meir; for då lyt eg døy.»

17 Då sagde Herren til meg: «Det er rett det dei segjer.

18 Ein profet vil eg reisa upp for deim av deira eige folk, ein som du, og leggja ordi mine i munnen hans, og han skal tala til deim alt det eg segjer honom fyre.

19 Og den som ikkje høyrer på ordi mine, deim som han talar i mitt namn, han skal få svara for det.

20 Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn, og eg ikkje hev sett honom til det, eller talar han i namnet åt andre gudar, so skal han døy.»

21 Og um du tenkjer med deg: «Korleis kann me vita um eit ord kjem frå Herren eller ikkje?»

22 so høyr her: Når ein profet talar i Herrens namn, og det han hev sagt ikkje hender og ikkje gjeng fram, so hev det ordet ikkje kome frå Herren; då er det noko profeten hev våga seg til å tala på eigi hand, og du tarv ikkje vera rædd honom.

19. kapitlet

1 Når Herren, din Gud, hev rudt ut alle folk i det landet han gjev deg, og du hev eigna det til deg, og bur i byarne og husi deira,

2 so skal du skifta heile det riket Herren, din Gud, hev gjeve deg, i tri luter, og so skal du skilja ut tri byar i landet,

3 og halda vegen dit godt i stand, so dei fredlause kann få røma dit.

4 Det er den som uviljande hev drepe nokon, og ikkje bar hat til honom frå fyrr, som skal få røma dit, og då vera trygg for livet sitt -

5 som når ein gjeng med grannen sin ut i skogen og skal hogga timber, og han svingar øksi og vil fella eit tre, men øksi fer av skaftet og råkar grannen so han døyr, då kann han røma til ein av desse byarne og vera trygg for livet.

6 For blodhemnaren kunde i sin heite harm setja etter dråpsmannen, og var vegen lang, kunde han nå honom att og slå honom i hel, endå han ikkje var skuldig til å døy, sidan han ikkje hadde bore hat til den han drap.

7 Difor er det eg segjer med deg at du skal skilja ut tri byar.

8 Og når Herren, din Gud, aukar riket ditt, som han lova federne dine, og gjev deg heile det landet han tala um å gjeva deim -

9 so framt du då agtar vel på alle desse bodi og liver etter deim, soleis som eg segjer med deg i dag, so du elskar Herren, din Gud, og alle dagar gjeng på hans vegar - då skal du leggja endå tri byar attåt desse tri;

10 for det må ikkje renna uskuldigt blod i det landet Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, so du fær blodskuld yver deg.

11 Men når ein hev lagt hat til grannen sin, og lurer seg innpå honom, og slær honom til ulivs, og so rømer til ein av desse byarne,

12 då skal styresmennerne i heimbygdi hans senda folk, og henta honom heim att, og gjeva honom i henderne på blodhemnaren, og han skal lata livet.

13 Du skal ikkje spara honom, men reinsa Israel for blodskuldi, so sant du vil det skal ganga deg vel.

14 Du skal ikkje flytja merkesteinarne millom deg og grannen din, deim som dei gamle hev sett kring garden du fær til odel og eiga i det landet Herren, din Gud, vil gjeva dykk.

15 Eitt vitne er ikkje nok til å fella ein mann som er skulda for eit brot eller ei misgjerning, kva det so er for ei misgjerning han kann hava gjort. Tvo eller tri manns vitnemål skal det til fyrr det kann dømast i ei sak.

16 Når det kjem fram eit vondkynt vitne og skuldar ein mann for lovbrot,

17 so skal båe tvo møtast for Herrens åsyn, for dei prestarne og domarane som då er;

18 og domarane skal granska saki vel. Syner det seg då at vitnet er ein ljugar og hev vitna rangt mot den andre,

19 so skal de gjera det same med honom som han hadde tenkt å gjera med hin. Soleis skal de rydja ut det vonde ut or lyden.

20 Og dei andre skal høyra det og ræddast, so det aldri meir vert gjort slik ei ugjerning millom dykk.

21 Du skal ingen spara, men krevja liv for liv, auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot.

20. kapitlet

1 Når du fer ut i strid mot fienden, og ser hestar og vogner og fleire herfolk enn du hev sjølv, so ver ikkje rædd deim! Herren, din Gud, er med deg, han som førde deg ut or Egyptarlandet.

2 Når de bur dykk til strid, skal presten stiga fram og tala til folket

3 og segja til deim: «Høyr, Israel, i dag bur de dykk til strid mot fienden! Tap ikkje modet! Ver ikkje rædde eller hugfalne eller forstøkte!

4 For Herren, dykkar Gud, gjeng med dykk, og vil strida for dykk mot fienden og hjelpa dykk.»

5 So skal formennerne tala til folket og segja: «Er her nokon som hev bygt seg nytt hus, men endå ikkje vigsla det, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan vigsla huset.

6 Og er her nokon som hev stelt seg til ein vinhage, men endå ikkje havt noko gagn av honom, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan hausta hagen.

7 Og er her nokon som hev fest seg ei brur, men endå ikkje halde brudlaup, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan få bruri.»

8 Dette skal og formennerne segja til folket: «Er her nokon som er rædd og hugfallen, då kann han fara heim att, so ikkje brørne hans skal missa modet liksom han.»

9 Og når formennerne er ferdige med det dei hev å segja til folket, skal de setja hovdingar yver heren.

10 Når du gjeng fram mot ein by og vil taka honom, skal du fyrst bjoda fred.

11 Tek dei då imot tilbodet, og opnar portarne for deg, so skal alt folket i byen vera dine tenarar og arbeida for deg.

12 Vil dei ikkje gjera fred, men vil stridast med deg, so skal du kringsetja byen;

13 og når Herren, din Gud, gjev honom i dine hender, skal du hogga ned alle karmenner;

14 men kvinnor og born og bufe og alt anna som finst i byen, alt herfanget, kann du eigna til deg; du kann nøyta herfanget du tek frå fiendarne, og som Herren, din Gud, hev gjeve deg.

15 Soleis skal du gjera med alle byar som ligg langt burte, og ikkje høyrer desse folki til.

16 Men i dei byarne som høyrer desse folki til, og som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, der skal du ikkje spara eit einaste liv.

17 Du skal bannstøyta deim og rydja deim ut, både hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, soleis som Herren, din Gud, hev sagt deg;

18 elles kunde dei læra dykk å gjera alt det stygge dei sjølve gjer til æra for gudarne sine, og då vilde de synda mot Herren, dykkar Gud.

19 Når du hev kringsett ein by og lyt liggja der lenge fyrr du fær teke honom, so skal du ikkje skamføra trei som veks der, og setja øks i deim. Du kann eta av deim, men du skal ikkje skadehogga deim. Trei på marki er då ikkje folk, so du tarv stridast med deim?

20 Men dei trei som du veit ikkje ber etande frukt, deim kann du øyda og hogga ned, og byggja kringsetjingsverk mot byen du ligg i strid med, til han lyt gjeva seg.

21. kapitlet

1 Finn de ein mann som ligg drepen på marki i det landet Herren, dykkar Gud, gjev dykk til eigedom, og ingen veit kven hev slege honom i hel,

2 so skal styresmennerne og domarane dykkar ganga ut og mæla kor langt det er frå liket til dei byarne som ligg der ikring;

3 og styresmennerne i den byen som er næmast liket, skal taka ei kviga som aldri hev vore bruka til arbeids og aldri havt sele på seg,

4 og leida henne ned i ein bekkjedal som korkje vert pløgd eller sådd, og i den dalen skal dei brjota halsen på kviga.

5 So skal prestarne koma, Levi-sønerne; for deim hev Herren, din Gud, kåra til å tena seg og til å velsigna i Herrens namn; og etter deira ord skal kvar trætta jamnast og kvar skade bøtast.

6 Og alle styresmennerne i byen, dei som bur næmast der liket vart funne, skal två henderne sine uppyver kviga som dei hev brote halsen på i dalen,

7 og so skal dei taka soleis til ords: «Våre hender hev ikkje rent ut dette blodet, og våre augo hev ikkje set kven som gjorde det.

8 Herre, tak burt skuldi frå Israel, folket ditt, som du hev løyst ut, og lat ikkje Israel, ditt eige folk, lida for dråpet på ein skuldlaus mann!» Då får dei soning for blodskuldi.

9 Soleis reinsar du deg for blodskuld, og gjer det som er rett i Herrens augo.

10 Når du tek ut i strid mot fienden, og Herren, din Gud, gjev honom i dine hender, so du tek fangar,

11 og du millom fangarne fær sjå ei fager kvinna, som du legg hug til og vil hava til kona,

12 då skal du leida henne inn i huset ditt; ho skal klyppa håret og skjera neglerne

13 og leggja av seg dei klædi ho gjekk med då ho vart teki, og so skal ho vera i huset ditt og syrgja yver far sin og mor si ein heil månad; sidan kann du taka henne til deg og gifta deg med henne, og ho skal vera kona di.

14 Men vert det til det at du ikkje likar henne lenger, so skal du gjeva henne fri, so ho kann fara kvar ho vil; selja henne skal du ikkje og ikkje fara vanvyrdeleg med henne, sidan du hev livt i hop med henne.

15 Når ein mann hev tvo konor, ei som han elskar og ei som han ikkje bryr seg um, og dei fær kvar sin son, men son åt den han ikkje held av er den eldste,

16 og han so, når den tid kjem, vil skifta det han eig millom sønerne sine, då må han ikkje lata sonen åt den kona han elskar verta odelsmannen, til meins for den sonen som er eldst.

17 Han skal kanna den eldste for odelsboren, endå han er son til den kona han ikkje likar, og gjeva honom dobbel lut av alt som finst i hans eige; for han er blomen av manndomen hans, han er det som eig odelsretten.

18 Hev nokon ein son som er stridig og tråssug, og ikkje vil lyda foreldri sine, og ikkje høyra på deim når dei tel for honom,

19 so skal foreldri taka honom med seg på tinget, til styresmennerne der i byen,

20 og segja til deim: «Denne sonen vår er stridig og tråssug, og vil ikkje lyda oss; han er ein øydar og ein drikkar.»

21 Då skal alle mennerne i byen steina honom i hel. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden. Og det skal spyrjast yver heile Israel, so alle vert ottefulle.

22 Hev nokon gjort eit brot som det er sett livsstraff for, og han so hev vorte avretta og hengd upp på eit tre,

23 so må ikkje liket hans verta hangande på treet natti yver, men du skal jorda honom same dagen; for Guds forbanning ligg på den som er upphengd, og du skal ikkje gjera landet ditt ureint, det som Herren, din Gud, hev gjeve deg til odel og eiga.

22. kapitlet

1 Ser du ein framand ukse eller sau som hev kome på vidåtta, so skal du ikkje slengje deg undan; du skal hava deim attende til den som eig deim;

2 men bur ikkje han tett attmed deg, eller veit du ikkje kven det er, so skal du taka deim heim til deg sjølv, og hava deim der, til eigaren kjem og spør etter deim, so du kann få gjeve honom deim att.

3 Det same skal du gjera når du finn eit asen eller eit klædeplagg, eller kva det elles kann vera, som ein annan hev mist, eller som hev kome burt for honom; du må ikkje slengja deg undan.

4 Ser du annan manns asen eller ukse liggjande i ålvelta på vegen, so må du ikkje slengja deg undan, men hjelpa mannen å reisa deim upp att.

5 Eit kvende må ikkje ganga i karmannsbunad, og ein kar må ikkje klæda seg i kvendeklæde; for dei som det gjer, er avstyggjelege for Herren, din Gud.

6 Når du fer etter ein veg, og fær sjå eit fuglereir med ungar eller egg i eit tre eller på marki, og mori ligg på reiret, so skal du ikkje taka både mori og ungarne;

7 du skal lata mori fljuga, men ungarne kann du taka. Då skal du få liva både vel og lenge.

8 Når du byggjer deg nytt hus, skal du setja eit handriv kring taket; elles kunde einkvar detta ned, og då kom du til å føra blodskuld yver huset ditt.

9 Du skal ikkje så noko i vinhagen din; gjer du det, so fell heile avlingi under heilagdomen, både av det du hev sått, og av vintrei.

10 Du skal ikkje setja ein ukse og eit asen i hop for plogen

11 Du skal ikkje ganga med klæde som er gjorde av tvo slag vyrke, ull og lin i hop.

12 Du skal gjera deg duskar i alle fire snipparne på kjolen du gjeng med.

13 Når ein mann tek seg ei kona, men fær uhug til henne etter dei hev kome i hop,

14 og so kjem med skuldingar mot kona, og set ut eit stygt ord um henne, og segjer: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då me kom i hop, skyna eg at ho hadde mist møydomen,»

15 so skal foreldri åt den unge kona taka møydomsmerki hennar, og fara til tings,

16 og faren skal segja so til styresmennerne: «Eg let denne mannen få dotter mi, men no hev han fenge uhug til henne,

17 og so kjem han med skuldingar mot henne, og segjer: «Eg fann ikkje møydom hjå dotter di;» men sjå her er møydomsmerki hennar.» Dermed skal dei breida ut brurelakanet for augo åt styresmennerne.

18 Og styresmennerne skal taka mannen og gjeva honom hogg,

19 og leggja honom ei bot på hundrad sylvdalar; deim skal dei gjeva til far åt den unge kona. Det skal den mannen hava for di han sette ut eit stygt ord um ei møy i Israel; og ho skal vera kona hans som ho hev vore; han skal aldri hava lov til å skilja seg med henne.

20 Men er skuldingi sann, hadde ikkje ho møydomen sin,

21 so skal dei føra henne burt til døri til farshuset hennar, og mennerne der i byen skal steina henne i hel, for di ho hev gjort eit skjemdarverk og fare åt som ei skjøkja i huset åt far sin. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.

22 Kjem de yver ein mann som ligg hjå ei gift kona, so skal dei døy båe tvo, både mannen og kona han låg hjå; soleis skal du rydja det vonde ut or Israel.

23 Er ei ungmøy trulova med ein mann, og ein annan mann råkar henne i byen, og ligg hjå henne,

24 so skal de stemna båe tvo for retten, og so steina deim i hel, gjenta for di ho ikkje ropa på hjelp, endå det var i byen dette hende, og mannen for di han hev skjemt ut annan manns festarmøy; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.

25 Men er det ute på marki ein mann råkar ei gjenta som er trulova, og han tek henne med magt, og ligg hjå henne, so skal berre mannen lata livet;

26 gjenta skal du ikkje gjera noko; ho hev ingi synd gjort som ho skulde missa livet for. For med dette er det som når ein mann ryk på ein annan og slær honom i hel.

27 Mannen råka gjenta ute på marki, og ho skreik, men der var ingen til å hjelpa henne.

28 Når ein mann råkar på ei ungmøy som ikkje er trulova, og han tek henne og ligg hjå henne, og folk kjem yver deim,

29 so skal mannen gjeva far åt gjenta eit halvt hundrad sylvdalar, og ho skal verta kona hans, for di han hev skjemt henne ut, og han må aldri skilja seg med henne.

30 Ingen må taka stykmor si til kona, eller søkja seng med henne.

23. kapitlet

1 Den som er klakka eller skoren på blygsli, må ikkje vera med i Herrens lyd.

2 Den som er av urein ætt, må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane hans, radt til tiande leden, skal vera utestengde frå Herrens lyd.

3 Ein ammonit eller moabit må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane deira radt til tiande leden skal allstødt vera utestengde frå Herrens lyd,

4 for di dei ikkje møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egyptarland, og for di dei leigde Bileam, son åt Beor frå Petor i Mesopotamia til å lysa våbøn yver deg,

5 men Herren, din Gud, vilde ikkje høyra på Bileam; han vende våbøni um til velsigning for deg, av di han hadde deg kjær.

6 Aldri i dine livedagar skal du syta for deira velferd og lukka.

7 Edomitarne skal du ikkje hava stygg til; for dei er skyldfolket ditt. Egyptarane skal du heller ikkje hava stygg til; for du hev havt tilhald i landet deira.

8 Etterkomarane deira i tridje leden kann få vera med i Herrens lyd.

9 Når du tek ut i strid med fienden, og slær læger, so skal du agta deg for alt som er usømelegt.

10 Er ein av dykk urein etter noko som hev hendt honom um natti, so skal han ganga ut or lægret og må ikkje koma inn att

11 fyrr det lid mot kvelden; då skal han lauga seg, og når soli hev gladt, kann han koma inn i lægret.

12 Utanfor lægret skal du hava ein stad som ligg for seg sjølv; dit skal du ganga dine ærender.

13 Og millom tølorne dine skal du hava ei hakka; med den skal du grava attyver det som kjem ifrå deg når du sit der ute.

14 For Herren, din Gud, er med deg i lægret; han vil hjelpa deg, og gjeva fienden i di magt; difor skal lægret ditt vera helga; han må ikkje sjå noko ufyse der; for då vender han ryggen til, og gjeng ifrå deg.

15 Ein træl som hev rømt frå herren sin, og tydt seg til deg, skal du ikkje senda attende til herren hans.

16 Lat honom få bu kvar han vil i landet ditt, i ein av byarne dine, der han likar seg best, og ver ikkje hard imot honom!

17 Det må ikkje finnast møy eller svein i Israel som vigjer seg til skjøkjelivnad.

18 Kom ikkje med skjøkjeløn eller tevepengar inn i huset åt Herren, din Gud, um du so skulle ha lova sovore! For alle slike pengar er ein styggedom for Herren, din Gud.

19 Du skal ikkje taka renta av ein landsmann, korkje for pengar eller matvaror eller noko anna som dei tek renta for.

20 Ein utlending kann du taka renta av, men av ein landsmann må du ikkje taka renta; då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du tek deg fyre i det landet du kjem til å eiga.

21 Når du hev gjort ein lovnad til Herren, din Gud, so må du ikkje drygja med å halda det du hev lova; elles kjem Herren til å krevja deg etter det, og du fær synd på deg.

22 Um du let vera å gjera nokon lovnad, so hev du ingi synd på deg for det;

23 men ordet du hev gjeve, det skal du koma i hug, og halda det, soleis som du av fri vilje og med din eigen munn hev lova Herren, din Gud.

24 Kjem du inn i annan manns vinhage, so kann du eta druvor, so mykje du vil, til du er nøgd; men du må ikkje henta i kopp.

25 Kjem du inn i annan manns åker, so kann du taka aks med handi; men sigd må du ikkje koma med i annan manns åker.

24. kapitlet

1 Når ein mann hev teke seg ei kona og ført henne heim, hender det at han ikkje kann lika henne, av di han hev funne noko ufyse hjå henne. Då skriv han kann henda eit skilsmålsbrev og gjev henne i hand, og sender henne or huset.

2 Dersom no ho, etter ho hev flutt ifrå honom, gjeng stad og gifter seg med ein annan,

3 og denne andre og fær uhug til henne, og gjev henne skilsmålsbrev, og sender henne frå seg, eller dersom den andre mannen hennar døyr,

4 so må ikkje den fyrste mannen, som hadde skilt seg med henne, taka henne til kona att, etter ho hev vorte urein; for slikt er avstyggjelegt i Herrens augo, og du skal ikkje føra synd yver det landet som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga.

5 Ein nygift mann skal ikkje fara ut i strid, og det må ikkje leggjast andre tyngslor på honom heller; han skal vera fri eit heilt år, til gagn for heimen sin og til hyggja for kona som han hev fenge.

6 Ingen må taka ei handkvern eller ein kvernstein i vissa; for då tek han livet i vissa.

7 Kjem de yver ein mann som hev rana burt nokon av landsmennerne sine, av Israels-folket, og fer ille med honom eller sel honom, so skal ransmannen døy; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.

8 Tak dykk i vare for spillsykja! tak dykk vel i vare, og gjer som Levi-prestarne lærer dykk! Soleis som eg hev sagt deim fyre, lyt de leggja dykk vinn um å gjera.

9 Kom i hug kva Herren, din Gud, gjorde med Mirjam då de var på vegen frå Egyptarland!

10 Når du låner ein noko, må du ikkje ganga inn i huset hans og taka det du skal hava i vissa.

11 Du skal standa utanfor, og den du gjev lånet, skal sjølv koma ut til deg med vissa.

12 Er det ein fatigmann, so må du ikkje hava vissa hans hjå deg um natti;

13 du skal lata honom få henne att når soli glader, so han kann sova i kjolen sin; då vil han takka og velsigna deg, og Herren, din Gud, vil rekna deg det til rettferd.

14 Du skal ikkje vera hard mot ein arbeidsmann som lid naud og er fatig, anten han høyrer til ditt eige folk, eller det er ein av dei framande som held til hjå dykk, i by eller bygd.

15 Du skal gjeva honom løni si på dagen, og fyrr enn soli glader; for han er fatig, og stundar etter løni. Elles kunde han klaga deg for Herren, og du fekk synd på deg.

16 Foreldre skal ikkje lata livet for det borni hev gjort, og born ikkje for det foreldri hev gjort; ingen skal lata livet for anna enn sine eige brot.

17 Du skal ikkje rengja retten for ein framand eller farlaus, og ikkje taka klædi åt ei enkja i vissa.

18 Kom i hug at du var træl i Egyptarland, men Herren, din Gud, fria deg ut derifrå. Difor forbyd eg deg å gjera sovore.

19 Når du køyrer inn lodi og gløymer att eit rauk på åkeren, skal du ikkje ganga attende etter det; du skal lata dei framande og farlause og enkjorne hava det; då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du tek deg fyre.

20 Når du hev rist oljetrei, skal du ikkje leita etter frukt som kann ha vorte hangande på greinerne; den lyt dei framande og dei farlause og enkjorne få.

21 Når du hev hausta vinhagen, skal du ikkje henta dei druvorne som att er; dei skal vera åt dei framande og dei farlause og enkjorne.

22 Kom i hug at du var træl i Egyptarlandet! Difor er det eg segjer deg at du skal fara so.

25. kapitlet

1 Når folk som ligg i trætta med kvarandre, møter fram for retten, og fær dom i saki, og domen lyder so, at den eine hev rett og den andre hev urett,

2 og at den som hev urett, skal hava hogg, so skal dei leggja honom ned, og domaren skal sjå på at dei gjev honom so mange slag som svarar til brotet han hev gjort.

3 Fyrti slag kann dei slå honom, ikkje fleire; for gjev dei honom mange fleire slag, vert han ærelaus for dykk.

4 Du skal ikkje setja muleband på ein ukse som du treskjer med.

5 Når brør bur i hop, og ein av deim døyr sonlaus, då må ikkje enkja etter den avlidne gifta seg ut or ætti og taka ein framand til mann; men verbror hennar skal festa henne, og taka henne til kona, og bu i hop med henne i staden for bror sin.

6 Og den fyrste sonen ho fær, skal kallast for son åt den avlidne broren, so ikkje namnet hans skal døy ut i Israel.

7 Men hev ikkje verbroren hug til å gifta seg med enkja, so skal ho ganga fram på tinget for styresmennerne og segja: «Verbror min neittar å reisa upp att namnet åt bror sin i Israel; han vil ikkje gifta seg med meg.»

8 Då skal styresmennerne i heimbygdi hans kalla honom fyre seg, og telja for honom; og stend han endå på det at han ikkje vil hava brorkona si,

9 so skal ho ganga burt til honom so styresmennerne ser på det, og draga skoen av foten hans, og sputta honom i andlitet og segja desse ordi: «So skal ein fara åt med den som ikkje vil byggja upp att huset åt bror sin.»

10 Og sidan skal dei i Israel kalla ætti hans «Skolausarne».

11 Når menner ryk i hop og slæst, og kona åt ein av dei spring burtåt og vil hjelpa mannen sin, og so grip den som slær honom, i blygsli,

12 då skal du hogga av henne handi, og ikkje tykkja synd i henne.

13 Du skal ikkje hava tvo slag vegtlodd i taska di, sume større og sume mindre.

14 Du skal ikkje hava tvo slag skjeppemål i huset ditt, eit større og eit mindre.

15 Rett og gild vegt og rett og gildt mål skal du hava. Då skal du få liva lenge i det landet som Herren, din Gud, gjev deg.

16 For Herren, din Gud hev stygg til alle som gjer sovore, alle som gjer urett.

17 Kom i hug korleis amalekitarne for åt med dykk då de var på ferdi frå Egyptarland,

18 korleis dei kom yver dykk på vegen, medan de var trøytte og mode, og hogg ned deim som for attarst i heren dykkar, alle deim som var veike og hadde gjeve seg etter; so lite ottast dei Gud!

19 Og når du er komen til det landet som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, og han hev gjeve deg fred for alle fiendar dine rundt ikring, då skal du rydja ut or verdi alt som Amalek heitar; gløym ikkje det!

26. kapitlet

1 Når du er komen til det landet som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, og hev lagt det under deg og fest bu der,

2 då skal du taka noko av fyrstegrøda av alt som du avlar på der i landet, og leggja i ei korg, og fara til den staden Herren, din Gud, hev valt seg til bustad.

3 Der skal du ganga fram for den presten som då er, og segja til honom: «Eg vitnar i dag framfor Herren, din Gud, at eg er komen til det landet han lova federne våre å gjeva oss.»

4 Og presten skal taka imot korgi, og setja henne ned framfor altaret åt Herren, din Gud.

5 So skal du taka soleis til ords for Herrens åsyn: «Ættefar min var ein heimlaus aramæar; han for ned til Egyptarland, og heldt til der med ein liten flokk, der vart han til eit stort og sterkt og fjølment folk.

6 Men egyptarane for ille med oss, og plåga oss, og lagde tungt arbeid på oss.

7 Då ropa me til Herren, vår fedregud, og Herren høyrde oss og såg møda og naudi og plåga vår.

8 Og Herren henta oss ut or Egyptarland med sterk hand og strak arm, og med store og øgjelege under og teikn,

9 og han førde oss hit, og gav oss dette landet, eit land som fløymer med mjølk og honning.

10 Og sjå no kjem eg med fyrstegrøda av den jordi du hev gjeve meg, Herre!» So skal du leggja det ned for Herrens åsyn, og kasta deg på kne for Herren, din Gud;

11 og du skal gleda deg i alt det gode Herren, din Gud, hev gjeve deg og huset ditt, både du og levitarne og dei framande som bur millom dykk.

12 Når du i det tridje året, tiendåret, hev reidt ut heile tiendi av avlingi di, og gjeve levitarne og dei framande og dei farlause og enkjorne som bur millom dykk, so dei hev fenge sitt nøgje,

13 då skal du tala so framfor Herren, din Gud: «No hev eg bore det heilage ut or huset, og gjeve det til levitarne og dei framande, dei farlause og enkjorne, heiltupp soleis som du hev sagt meg fyre; eg hev ikkje brote noko av bodi dine, og ikkje gløymt noko av deim.

14 Ikkje hev eg ete noko av tiendi medan eg hadde sorg, og ikkje bore burt noko, medan eg var urein, og ikkje sendt noko til eit gravøl. Eg hev vore lydug mot Herren, min Gud, og i alle måtar gjort soleis som du sagde med meg.

15 Sjå ned frå den heilage bustaden din i himmelen, og signa Israel, folket ditt, og det landet du hev gjeve oss, soleis som du lova federne våre, det landet som fløymer med mjølk og honning.»

16 «I dag segjer Herren deg det at du skal halda desse bodi og loverne. So legg deim då på minne, og liv etter deim med heile ditt hjarta og heile din hug.

17 Av Herren hev du i dag teke imot den lovnaden at han vil vera din Gud; so vil du ganga på hans vegar, og halda fyresegnerne og bodi og loverne hans og vera honom lydug.

18 Og Herren hev i dag teke imot den lovnaden av deg at du vil vera hans eige folk, soleis som han hev sagt deg; og halda alle bodi hans,

19 og då vil han gjera deg til det høgste av alle folk han hev skapt, til æra og gjetord og pryd, og du skal vera eit heilagt folk, vigt til Herren, din Gud, soleis som han hev sagt.»

27. kapitlet

1 Og Moses og styresmennerne i Israel tala til folket og sagde: «Legg dykk på minne alle dei bodi eg lærer dykk i dag;

2 og når du hev gjenge yver Jordan, inn i det landet som Herren, din Gud, vil gjeva deg, då skal du reisa upp nokre store steinar og kalka deim;

3 på deim skal du, når du er komen yver, skriva alle bodi i denne lovi, so sant du då vil inn i det landet Herren, din Gud, gjev deg, det landet som fløymer med mjølk og honning, soleis som Herren, din fedregud, hev sagt deg.

4 På Ebalfjellet skal du reisa upp desse steinarne, som eg talar til deg um no, og kvita deim med kalk, og det skal de gjera med same de hev kome yver Jordan.

5 Og du skal byggja eit altar der åt Herren, din Gud, eit steinaltar; men du må ikkje bruka bitjarn på steinarne;

6 av heile steinar skal du byggja altaret, og du skal ofra eit brennoffer på det til Herren, din Gud.

7 Og takkoffer skal du ofra, og halda eit høgtidsmål der, og gleda deg for augo åt Herren, din Gud.

8 Og so skal du skriva alle bodi i denne lovi på steinarne, klårt og greidt.»

9 Og Moses og Levi-prestarne tala til heile Israel, og sagde: «Gjev gaum og høyr Israel! På denne dag hev du vorte folket åt Herren, din Gud.

10 So ver då lydug mot Herren, din Gud, og haldt bodi og loverne hans som eg lærer deg i dag!»

11 Og same dagen sagde Moses til folket:

12 «Når de er komne yver Jordan, då skal Simeon og Levi og Juda og Issakar og Josef og Benjamin stiga upp på Gerizimfjellet, og lysa velsigning yver folket.

13 Og Ruben, Gad og Asser og Sebulon, Dan og Naftali skal sdtiga upp på Ebalfjellet, og lysa våbøn.

14 Og levitarne skal taka til ords og segja so høgt at kvar mann i Israel høyrer det:

15 «Forbanna vere den som hev ein kunstmann til å gjera seg eit gudebilæte, støypt eller utskore, og set det upp i løynd, det som er ein styggedom for Herren!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

16 «Forbanna vere den som vanvyrder foreldri sine!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

17 «Forbanna vere den som flyt merkesteinarne millom seg og grannen!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

18 «Forbanna vere den som fører ein blind på galen veg!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

19 «Forbanna vere den som rengjer retten for ein framand eller ein farlaus eller ei enkja!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

20 «Forbanna vere den, som ligg hjå stykmor si! Han sulkar lega åt far sin!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

21 «Forbanna vere den som blandar seg med fe!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

22 «Forbanna vere den som ligg hjå syster si, anten det er heilsyster eller halvsyster!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

23 «Forbanna vere den som ligg hjå vermor si!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

24 «Forbanna vere den som slær nokon i hel i løynd!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

25 «Forbanna vere den som tek mutor, og valdar at ein uskuldig let livet!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

26 «Forbanna vere den som ikkje held alle bodi i denne lovi, og ikkje liver etter deim!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»

28. kapitlet

1 Høyr du no med åthug på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du alle dei bodi eg gjev deg i dag, so skal han hevja deg høgt yver alle lydar på jordi.

2 Kvar velsigning eg nemner, skal nå deg og taka deg att, so sant som du vil høyra på røysti åt Herren, din Gud:

3 Velsigna vere du i by! Velsigna vere du på land!

4 Velsigna barnet i ditt fang! Velsigna avlen av di jord! Velsigna buskapen du el, Velsigna kalv og lamb og kid!

5 Velsigna hjå deg korg og trog!

6 Velsigna ver du når du kjem inn! Velsigna ver du når du gjeng ut!

7 Når fiendarne reiser seg mot deg, skal Herren fella deim ned for din fot; på ein veg kjem dei farande imot deg, men på sju vegar skal dei ljota fly.

8 Til lukka skal din Herre senda bod at ho skal bu hjå deg i buderne dine og fylgja deg i all di ferd og gjerd; for Herren vil at du skal liva sæl uti det landet han hev etla deg.

9 Ja, til eit heilagt folk vil Herren gjera deg, vigt åt honom sjølv, som han hev lova deg, so framt du held hans bod og ferdast på hans veg;

10 og alle folk på jordi skal få sjå at du med rette heiter Herrens lyd, og dei skal ræddast deg.

11 Nøgdi av alt som godt er skal Herren senda deg, av born og buskap og av alt som marki ber, og du skal bu og byggja i det land han lova federne å gjeva deg.

12 Si rike bud i himmelen skal han lata upp for deg, so landet ditt i tidom fær det regn som trengst, og alt vert signa som du tek deg til; og du skal låna burt til mange folk, men aldri skal du turva låna sjølv.

13 Til hovud skal Herren setja deg, og aldri skal du verta hale. Høgre og høgre skal du stiga upp, og aldri meir skal du siga ned, so sant du berre lyder Herrens bod - deim som eg no legg fram for deg, so du skal halda deim og liva etter deim -

14 og aldri tek utav den rette leid, og gløymer ordi som eg lærde deg, og fylgjer nokon annan Gud, og bed til honom.

15 Men vil du ikkje høyra på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du ’kje alle bodi og loverne hans, deim som eg legg fram for deg i dag, skal det ganga deg so at kvar våbøn eg nemner, skal nå deg og taka deg att:

16 Forbanna vere du i by! Forbanna vere du på land!

17 Forbanna hjå deg korg og trog!

18 Forbanna borni som du fær! Forbanna avlen av di jord! Forbanna buskapen du el, forbanna kalv og lamb og kid!

19 Forbanna ver når du kjem inn! Forbanna ver når du gjeng ut!

20 Forbanning, støkk og trugsmål sender Herren yver deg, kva du so tek deg til og gjer, til du vert tynt og vonom fyrr kverv burt, for di du jamt hev gjort so mykje vondt og falle frå din Gud.

21 Farangar skal han lata hanga atti deg, til han hev rudt deg ut or landet som du er på vegen til og skal slå under deg.

22 Med sott som syg og brenn skal han søkja deg, med hiteflagor og med verk og svull, med turkår og med moldaks og med rust, og dei skal elta deg til du er kvitt.

23 Himmelen uppyver deg skal vera som eit kopartak, og jordi under føterne dine som av jarn.

24 Regnet i landet ditt skal verta dust og sand, som fell nedyver deg til du vert kjøvd.

25 For fiendarne skal du rjuka: på ein veg skal du fara imot deim; og på sju vegar skal du fly. Ei skræma vert du for kvart rike jordi rundt.

26 Til mat for fuglarne i lufti vert ditt lik, og for dei ville dyri; ingen jagar deim.

27 Egyptarsotti sender Herren yver deg, kaunar og skabb og sårke, utan lækjevon;

28 vitløysa, hjartestøkk og blindskap sender han;

29 då lyt du trivla deg fram midt i dagsens ljos, den blinde lik som all tid gjeng i myrkrer, og aldri når du målet som du stemnar mot. Plåga og plundra vert du dag for dag, og ingen finst det som kann hjelpa deg.

30 Ein annan mann tek bruri di i fang; i huset du hev bygt, fær du ’kje bu; av hagen du hev stelt, fær du ’kje frukt.

31 Slagta vert uksarna dine med du ser på det; men du fær ikkje smaka deira kjøt; asni vert rana frå deg, og kjem aldri att; og fienden tek sauerne - ingen hjelper deg.

32 Borni vert gjevne til eit framandt folk, og augo dine skodar det, og græt seg såre etter deim all dagen lang; men det er ingi magt i handi di.

33 Eit folk du ikkje kjenner, et upp det som du hev avla på di fedrejord, og alt som du hev vunne med ditt stræv; trælka og trådd på vert du jamt og samt.

34 Du kjem til å missa vitet av den syn som du lyt sjå for augo dine stødt.

35 Med vonde verker søkjer Herren deg, på kne og legg, frå hovud og til fot, og aldri fær du att helsa meir.

36 Deg og den kongen du set yver deg, skal Herren føra langt burt til eit folk som korkje du eller federne hev kjent; der lyt du tena andre gudar, stokk og stein;

37 ein spegel, eit ordtøke og ei spott vert du for alle folk som Herren let deg koma til.

38 På åkrarne sår du ut mykje korn, men lite er det du fær samla inn; for grashopparne gneg brodden av.

39 Vinhagar kostar du, og dyrkar deim; men aldri fær du drukke eller lagt vin; for makken et upp både blom og blad.

40 I heile landet er det oljetre; men endå fær du aldri salva deg; det kastar karten, oljetreet ditt.

41 Born fær du, men du må ’kje hava deim; for dei vert hertekne og førde burt.

42 Avåtet legg seg tett på alle tre og grøda som veks upp av jordi di.

43 Den framande som bur hjå deg stig upp, høgre og høgre, yver deg, og du sig allstødt djupare og djupare.

44 Han hev so han kann låna burt til deg, men du hev inkje å låna honom; han vert til hovud, og du vert til hale.

45 Og alle desse våbønerne kjem yver deg og råmar deg, so du vert øydelagd, for di du ikkje lydde Herrens ord, og ikkje heldt hans bod og loverne han gav.

46 Og dei skal verta til eit bisn og teikn, som allstødt fylgjer deg og ætti di.

47 For di du ikkje tente Herren din med gleda og av hjartans hug den gongen du hadde flust av alt,

48 so skal du svolten, tyrst og klædelaus og aud for all ting tena fienden som Herren sender mot deg, og eit jarnok skal han leggja på din hals, til du vert kverkt.

49 Herren skal bjoda ut mot deg eit folk langt burtantil, frå verdsens ytste land; brått, liksom ørnen slær ned, kjem dei yver deg, og ikkje kann du skyna deira mål -

50 eit hardleitt folk, som ingen age hev for den som gamall er, og ingen medynk med den som er ung;

51 dei et upp alt du fær av buskapen, og all di avling, til du svelt i hel, av di dei ikkje leiver anten korn eller vin eller olje, anten kalv eller lamb, fyrr dei hev fenge øydt og snøydt deg reint.

52 Dei kringset deg i kvar ein by du hev, til dess dei høge, sterke murarne du lit på, fell i heile riket ditt; dei kringset deg i alle byarne i heile landet Gud hev gjeve deg.

53 Då skal du eta eige kjøt og blod, dei borni som din Gud hev gjeve deg, so stor ei trengsla og so hard ei naud kjem fienden til å føra yver deg.

54 Den kjælnaste og vandaste av menn skal sjå med ovundsauga på sin bror, og på si kona, som han held i fang, og på dei siste borni han hev att,

55 og ikkje nennast gjeva deim ein grand av kjøtet av dei borni som han et, av di han ingen annan ting hev att til å berga seg med i den naud og trong som fiendarne fører yver honom når dei kringset dykk i kvar borg og by.

56 Den kjælnaste og mest forvande dros som aldri baud til å setja fot på jordi for berre blautlæte og kjælenskap, ho ser med ovundsauga på sin mann, han som fekk kvila innmed hennar barm, og på sin eigen son, og dotter si,

57 og gjev deim ikkje av si etterferd, eller av det vesle barnet som ho fekk, men, snøydd for alt, et ho det sjølv i løynd, til å berga livet i den naud og trong som fiendarne fører henne i når han kringset dykk i kvar by og borg.

58 Held du ’kje alle bod i denne lov, deim som stend skrivne her i denne bok, ottast du ikkje det høgheilage og agelege namnet åt din Gud,

59 skal Herren senda fæle ulukkor yver deg sjølv og yver ætti di, svære og endelause ulukkor og endelause vonde sjukdomar.

60 Egyptar-sjukarne som du er so rædd, deim skal han føra yver deg på ny, og dei skal alle hanga atti deg.

61 Og kvar ei sott og kvar ei ulukka som er unemnd i denne lovboki, skal Herren lata koma yver deg, til du er heiltupp tynt og øydelagd,

62 og de som fyrr var liksom stjernorne på himmelen i tal, skal minka burt, so de er att berre tvo, tri mann, for di du ikkje lydde Herrens bod.

63 Og liksom Herren fyrr hev gledt seg i å gjera vel mot dykk og auka dykk, so skal han sidan gleda seg når han let dykk forkomast fort og øydast ut, og de skal rykkjast upp utor det land de no vil inn i og slå under dykk.

64 Herren skal spreida dykk bland alle folk, frå heimsens eine ende og til hin; der lyt du tena avgudar, som du og federne dine aldri hev kjent til, gudar av stokk og stein,

65 og aldri fær du ro hjå desse folki, aldri finn du nokon kvilestad for foten din. Herren skal gjeva deg ei sjæl som skjelv, innsokne augo og ein visna hug;

66 då tykkjer du ditt liv heng etter eit hår; du bivrar natt og dag, og aldri er du trygg for livet ditt.

67 Kvar morgon segjer du: «Gjev det var kveld!» og vert det kveld: «Gjev det var morgon att!» Slik rædsla kjenner du i hugen din, og slik ei syn lyt augo dine sjå.

68 På skip skal Herren senda dykk attende til Egyptarland, den vegen som eg sagde deg at du aldri meir skulde sjå; der skal de verta bodne ut i mengd åt dykkar fiendar til trælar og til trælkvende, men ingen idest kjøpa dykk.»

29. kapitlet

1 Dette er ordi i den pakti som Herren let Moses gjera med Israels-sønerne i Moablandet, umfram den pakti han hadde gjort med deim ved Horeb.

2 Moses kalla i hop heile Israel, og sagde til deim: «De såg det for augo dykkar alt det som Herren gjorde i Egyptarland med Farao og alle mennerne og heile landet hans,

3 med eigne augo såg de dei svære plågorne, dei store teikni og underi.

4 Men endå hev Herren ikkje fenge gjeva dykk vit til å skyna eller augo til å sjå eller øyro til å høyra med.

5 «Eg førde dykk fyrti år i øydemarki,» segjer Herren; «klædi dykkar vart ikkje utslitne, og skoen sleitst ikkje undan foten din.

6 Ikkje hadde de brød å eta, og ikkje vin eller anna sterkt å drikka; for eg vilde de skulde sjå at eg, Herren, er dykkar Gud.»

7 So kom de hit til dette landet, og Sihon, kongen i Hesbon, og Og, kongen i Basan, kom imot dykk og baud ufred, men me slo deim,

8 og tok landet deira, og let rubenitarne og gaditarne og den halve Manasse-ætti få det til odel og eiga.

9 So kom då i hug å halda dykk etter kvart ord i denne pakti, so de fer visleg åt i alt det de gjer!

10 Her stend de i dag alle framfor Herrens åsyn, hovdingarne dykkar, ætterne, styresmennerne og formennerne, kvar mann i Israel,

11 borni og konorne dykkar, og dei framande i lægret, både vedhoggaren og vatsberaren,

12 og skal ganga inn i sambandet med Herren, dykkar Gud, og den pakti han gjer med dykk i dag;

13 for i dag vil han gjera deg til sitt folk, og sjølv vil han vera din Gud, soleis som han hev sagt deg, og soleis som han hev lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob.

14 Og ikkje berre med dykk gjer han dette sambandet og denne pakti,

15 men både med deim som i dag stend her med oss for Herrens åsyn, og med deim som ikkje er her hjå oss i dag.

16 For de minnest vel at me budde i Egyptarlandet, og at me for fram millom alle dei folki de veit.

17 Og de såg dei ufysne styggetingi av stokk og stein, av sylv og gull, som dei hadde til gudar.

18 Lat det då ikkje finnast hjå dykk mann eller kvinna, ætt eller ættgrein som i dag vender hjarta sitt burt frå Herren, vår Gud, og gjeng av og tener gudarne åt desse folki! Lat det ’kje finnast nokon som er rot til trollber og malurt,

19 og som tenkjer med seg, når han høyrer ordi i denne pakti: «Eg er like sæl; det gjeng meg like godt, um eg trassar og fer etter min eigen hug!» For slike kjem til å føra ulukka yver bygd og by.

20 Herren skal aldri gjeva deim til. Herrens vreide og harm skal loga imot deim som ein eld, og alle dei våbøner som er skrivne i denne boki, skal kvila på deim. Herren skal rydja namnet deira ut or verdi.

21 Herren skal skilja deim ut frå alle Israels ætter, og det skal ganga deim so ille som spått er i alle våbønerne i den pakti som er skrivi i denne lovboki.

22 Og når dei komande ætter, borni som veks upp etter dykk, og den framande som kjem frå eit land langt burte, ser dei ulukkor som hev råma dette landet, og dei sjukdomar som Herren hev heimsøkt det med,

23 ser heile marki strådd med svåvel og salt, og uppbrend so ho ikkje kann såast og ingen ting gjeva av seg, og det ikkje kann veksa gras på henne - som den gongen Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim vart lagde i øyde, dei byarne som Herren gjorde ende på i sin vreide og harm -

24 då kjem dei til å spyrja, alle kjem til å spyrja: «Kvi hev Herren fare soleis åt med dette landet? Kva var det som valda denne svære vreideselden?»

25 Og dei fær til svar: «Det var av di dei braut pakti som Herren, fedreguden deira, gjorde med deim då han henta deim ut or Egyptarlandet,

26 og av di dei gjekk av og tente andre gudar, og bad til deim, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve deim lov til å dyrka.

27 Difor loga Herrens vreide upp imot dette landet, so han let alle dei våbøner koma yver det som er skrivne i denne boki.

28 Han rykte deim upp or landet deira i harm og vreide og græe, og slengde deim burt til eit anna land, og der hev dei lote vera til denne dag.»

29 Det dulde høyrer Herren, vår Gud, til, men det som er openberra, gjeld for oss og borni våre i all æva; di skal me halda alle bodi i denne lovi.

30. kapitlet

1 Når då alt dette kjem yver deg, velsigningi og våbøni som eg no hev lagt fyre deg, og du tek det til hjarta i dei framande landi som Herren, din Gud, hev drive deg burt til,

2 og du so vender um til Herren, din Gud, og lyder honom av heile ditt hjarta og heile din hug i alt det eg segjer med deg i dag, både du og borni dine,

3 då skal Herren, din Gud, ynkast yver deg og venda lagnaden din, og sanka dykk i hop att or alle dei landi som han hadde spreidt dykk utyver.

4 Um de so var burtstøytte til verdsens ende, so skal Herren, dykkar Gud, samla dykk og henta dykk derifrå.

5 Han skal føra deg heim att til det landet federne dine hev ått, og du skal få eiga det, og han skal gjera vel mot deg, og auka dykk, so de vert endå mannsterkare enn federne dykkar.

6 Og han skal gjeva deg og ætti di ein ny og skir hug, so du elskar Herren, din Gud, av heile ditt hjarta og heile di sjæl, og då skal du få liva.

7 Då skal Herren, din Gud, lata alle desse våbønerne koma yver fiendarne dine og yver deim som hev hata og sete etter deg;

8 og du skal på nytt lag lyda Herren, din Gud, og halda alle bodi hans, som eg lærer deg i dag.

9 Og Herren, din Gud, skal velsigna deg i alt du tek deg til; du skal hava lukka både med born og buskap og avling, so du vert sæl; for Herren skal då gleda seg yver deg og gjera vel imot deg, liksom han fyrr gledde seg yver federne dine,

10 so sant du lyder Herren, din Gud, og held bodi og fyresegnerne hans, alt det som er skrive denne lovboki, og so sant du vender um til Herren, din Gud, av heile ditt hjarta og heile din hug.

11 For dette bodet, som eg legg fyre deg i dag, det er ikkje for høgt for deg, og ikkje for langt burte;

12 det er ikkje uppi himmelen, so du lyt segja: «Kven vil fara upp til himmelen og henta det, og lata oss få høyra det, so me kann liva etter det?»

13 Og det er ikkje på hi sida av havet, so du lyt segja: «Kven vil fara yver havet og henta det åt oss, so me kann få høyra det og liva etter det?»

14 Bodet er deg næmare enn so: det er i din eigen munn og i ditt eige hjarta, so du vel kann liva etter det.

15 Sjå, i dag legg eg fram for deg livet og det gode, og dauden og det vonde.

16 Gjer du som eg segjer med deg i dag, elskar du Herren, din Gud, og gjeng på hans vegar, og held bodi og fyresegnerne og loverne hans, då skal du liva og veksa, og Herren, din Gud, skal velsigna deg i det landet du kjem til å eiga.

17 Men vender du hugen din burt, og ikkje vil lyda, og let du deg lokka til å dyrka andre gudar og tena deim,

18 so segjer eg dykk i dag beint ut at de skal verta utrudde; de skal ikkje få liva lenge i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.

19 Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg hev lagt fram for deg liv og daude, velsigning og våbøn! Vel då livet, so skal du få liva, både du og ætti di!

20 Elska Herren, din Gud, og lyd bodi hans, og haldt deg til honom! for då vinn du livet, og når ein høg alder, og fær bu i det landet som Herren lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob.»

31. kapitlet

1 Og Moses gjekk fram, og tala til heile Israel,

2 og sagde desse ordi: «No er eg hundrad og tjuge år gamall; eg er ikkje so nøytug som eg hev vore, og Herren hev sagt meg at eg ikkje skal koma yver Jordanåi.

3 Herren, din Gud, vil sjølv ganga fyre deg; han vil rydja ut desse folki for deg, og du skal leggja under deg landet deira; men Josva skal føra deg yver, soleis som Herren hev sagt.

4 Og Herren skal gjera med deim som han gjorde med Sihon og Og, amoritarkongarne, då han rudde deim ut, og lagde landet deira i øyde.

5 Han skal gjeva deim i dykkar magt, og de skal fara med deim i eitt og alt soleis som eg hev sagt dykk.

6 Ver sterke og djerve! Ræddast ikkje, og skjelv ikkje for deim! For Herren, din Gud, gjeng sjølv med deg; han vil ikkje sleppa deg, og ikkje slå handi av deg.»

7 Og Moses kalla Josva åt seg, og sagde til honom, medan heile Israel stod ikring: «Ver sterk og stød! for du skal føra dette folket inn i det landet som Herren hev lova federne deira, og du skal hjelpa deim til å vinna det.

8 Og Herren skal sjølv ganga fyre deg; han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg, og ikkje slå handi av deg. Du skal ikkje ræddast og ikkje fæla!»

9 So skreiv Moses upp denne lovi, og gav henne til prestarne, Levi-sønerne, dei som bar Herrens sambandskista, og til alle styresmennerne i Israel,

10 og sagde til deim: «Kvart sjuande år, i ettergjevingsåret, når de held lauvhyttehelg,

11 og heile Israel møter fram for Herrens åsyn på den staden han hev valt seg ut, då skal du lesa upp denne lovi for Israels-lyden.

12 Heile folket skal de kalla i hop, både menner og kvende og born og dei framande som bur innan portane dykkar, so dei fær høyra lovi og kann læra å ottast Herren, dykkar Gud, og koma i hug å halda alle desse bodi.

13 Og borni deira, som ikkje kjenner bodi, lyt og få høyra deim, so dei kann læra å ottast Herren, dykkar Gud, so lenge de liver i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.»

14 Og Herren sagde til Moses: «No lid det til at du skal fara or verdi; kalla Josva hit, og stig fram åt møtetjeldet, både du og han, so skal eg segja honom fyre kva han skal gjera.» So gjekk Moses og Josva fram åt møtetjeldet, og vart standande der.

15 Då synte Herren seg for deim i ein skystopul, og skystopulen stod i tjelddøri.

16 Og Herren sagde til Moses: «Når du kviler hjå federne dine, då kjem dette folket til å halda seg med avgudarne i det landet dei skal til; dei kjem til å venda seg ifrå meg, og brjota den pakti eg hev gjort med deim.

17 Den dagen skal harmen min loga upp; eg skal venda meg frå deim, og løyna andlitet mitt for deim; dei skal tynast burt, og koma i stor naud og ulukka. Då skal dei segja: «Det er visst av di vår Gud ikkje er hjå oss, at desse ulukkorne kjem yver oss.»

18 Men endå skal eg løyna andlitet mitt, for di dei hev gjort so mykje vondt og vendt seg til andre gudar.

19 Skriv no upp denne songen! Lat Israels-borni læra honom, og legg honom i munnen deira! Han skal vera meg til eit vitnemål imot deim.

20 For no fører eg deim inn i det landet eg lova federne deira, der som mjølki og honningen fløymer; men når dei hev ete seg mette og feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og tena deim, og vanvyrda meg, og brjota sambandet med meg.

21 Når då mange ulukkor møter deim, og dei kjem i stor vande og naud, då skal denne songen ljoda som eit vitnemål for øyro deira; han skal ikkje vera gløymd hjå deim som etter kjem, og ikkje døy på munnen deira. For eg veit kva tankar dei gjeng med alt no, fyrr eg hev ført deim inn i det landet eg lova deim.»

22 Same dagen skreiv Moses upp denne songen, og let Israels-sønerne læra honom.

23 Og Herren sagde til Josva Nunsson: «Ver sterk og stød! For du skal føra Israels-sønerne inn i det landet eg hev lova deim, og eg skal vera med deg.»

24 Då Moses hadde skrive inn i ei bok alle ordi i denne lovi, heilt til endes,

25 so sagde han til levitarne som bar Herrens sambandskista:

26 «Tak denne lovboki og legg henne ned innmed sambandskista åt Herren, dykkar Gud; der skal ho liggja og vera eit vitne imot dykk.

27 For eg veit kor tråssuge og stride de er. Hev de ’kje alt no, medan eg liver og er hjå dykk, vore ulyduge mot Herren! Korleis vil det då verta når eg er burte?

28 Kalla no i hop alle styresmennerne fot ætterne dykkar og alle formennerne, so vil eg kveda desse versi for deim, og taka himmelen og jordi til vitne mot deim.

29 For eg veit vel at når eg er burte, kjem de til å forsynda dykk storleg, og taka utav den vegen eg hev synt dykk; men ulukka skal koma yver dykk fyrr leidi lyktar, når de gjer det som Herren mislikar og argar honom upp med framferdi dykkar.»

30 So kvad Moses dette kvædet frå ende til annan, for heile Israels-lyden:

32. kapitlet

1 «Høyr himmel, på meg, med eg talar, lyd du jord, på ordi frå min munn!

2 Som regnet rislar mitt kvæde, som doggi dryp mine ord, som skurer på grønan grode, som el på urter og gras;

3 For Herrens namn vil eg prisa; høgt love de Herren, vår Gud!

4 Eit fjell er han, stød i si framferd; for rett fylgjer alle hans fet - ein trufast Gud og truverdig; rettferdig og rettvis er han.

5 Men borni hans dei var ’kje hans born; dei synda imot ham stygt, seg sjølve til skam og vanæra, ei rang og svikefull ætt.

6 Er det soleis de løner Herren, du dårlege, fåvise folk! Er ’kje han din far og din fostrar? Han laga deg og gav deg liv.

7 Hugs etter ævordoms dagar, gransk åri, ætt etter ætt! Spør far din, han gjev deg fråsegn, dine gamle, av deim fær du grein.

8 Då den Høgste skifte ut heimen, og gav folki eiga og arv, då manneborni vart skilde og spreidde til kvar sin stad, då laga han landskili etter talet på Israels lyd;

9 For Herrens folk er hans odel, Jakob er hans eiga og arv.

10 Han fann han på aude viddi, med det ylte i villande heid; han verna han, og han vakta han vart, som ein augnestein.

11 Som ørnen vekkjer sitt elde, og yver ungarne sviv, so breidd’ han ut flogfjørern’ sine, og bar han uppå sin veng.

12 Det var Herren eine som førd’ han; ingen framand gud fylgde med.

13 Då for du fram yver høgdern’, fekk eta av landsens avl; utor berget tappa du honning, og olje or hardaste stein;

14 søtrjomen og sauemjølki saup du; lambe- og verefeitt, kjøt av uksar i Basan alne åt du og ungbukkekjøt, attåt feitaste kveitemergen, og druveblod drakk du, vin.

15 Jesjurun vart feit, og slo bakut, feit vart han, foreten og stinn; han skaut ifrå seg sin skapar, mismætte sitt frelsande fjell.

16 Dei arga han med avgudar, med ufryskje harma dei han.

17 Dei blota til vonde vette, til gudar dei vankjende fyrr, nye og nyst uppkomne, som federne ikkje visst’ um.

18 Du ansa ikkje fjellet, ditt upphav, du gløymde din skapar og Gud.

19 Og Herren såg det, og støytte deim burt ifrå seg, sine born;

20 og i sin harm sagde han dette: «Eg skal løyna mitt andlit for deim; eg undrast korleis det vil ganga, undrast kva ende dei fær; for dei er ei ætt av uvyrdor, born som ein aldri kann tru.

21 Dei arga meg upp med u-gudar, eggja meg med sine skrymt; eg skal eggja deim med eit u-folk, ei uvitug heidningeborg.

22 For ein eld er kveikt av min ande, og logar til djupt under jord; han øyder grunnen og grøda og fatar i fastaste fjell.

23 Eg skal sanka i hop ulukkor og sleppa nedyver deim; kvar ei pil eg hev i mi eiga skal eg skjota av imot deim.

24 Når svolt og svidande sotter hev soge mergen or deim, sender eg mot deim udyrtonni og eitr av krjupande orm.

25 Ute herjar den kalde odden, og inne rædsla og støkk, tyner sveinar og tynar møyar, sylvherde og sugarborn.

26 Eg hadde vilja blåse deim burt, so ingen mintest deim meir,

27 ottast eg ikkje min eigen harm, når uvenern’ tydde det rangt, når valdsmennern’ sagde: «Stor er vår magt, dette er ikkje Herrens verk.»»

28 For dei er eit folk forutan visdom; dei vantar båd’ klokskap og vit.

29 Var det vit i deim, vara dei seg; for då visste dei kvar det bar av.

30 Koss kunde ein mann elta tusund, og tvo slå ti tusund på flog, hadd’ ikkje hjelpi gjenge frå deim og Herren gjeve deim upp?

31 For deira vern er ’kje som vår vern; det vitnar fienden sjølv.

32 I Sodoma voks deira vintre, skaut upp av Gomorras grunn; druvorn’ dei ber, det er trollber, og beisk er kvar einaste krans;

33 Vinen av deim er orme-eiter og øgjeleg drakefraud.

34 «Ligg ’kje dette gøymt i mi stova, forsegla i mine skrin?

35 Eg råder for hemn og for attgjeld når foten deira skrid ut. Alt lid det mot undergangsdagen, og forloga deira kjem fort.»

36 Sine tenarar tykkjer Gud synd um, og tek deira sak i si hand, når han ser det er ende på magti og ute med gamall og ung.

37 Han spør: «Kvar tru er deira gudar, den hjelpi dei trygde seg til,

38 som slauk deira slagtofferfeita, og saup deira drykkoffervin? - Bed dei reinsa seg og dykk berga, bed deim vera vervegg for dykk!

39 Ser de no at eg er sjølv eine: Det er ingen Gud utan eg! Eg drep, og eg vekkjer til live, eg helseslær og eg gjer heil; og ingen i vide verdi kann fria dykk or mitt vald.

40 Sjå, eg lyfter handi mot himmelen: So visst eg hev ævelegt liv:

41 Hev eg slipa det ljonande sverdet, og stend med domen i hand, tek eg hemn yver deim som meg hatar, valdsmannen fær det han er verd.

42 Med kjøt vert sverdet mitt metta, mine piler drukne av blod - blodet av falne og fangar, av fiendehovdingen sjølv.»

43 Love hans tenarar, lydar! Hemna vil han deira blod; mot valdsmannen vender han våpni, og løyser sitt land og sin lyd.»

44 Då Moses hadde kvede alle versi i denne songen for folket, han og Hosea Nunsson,

45 og hadde tala alle desse ordi til heile Israel,

46 so sagde han til deim: «Agta no vel på alle dei ordi eg lysar for dykk i dag, so de kann læra borni dykkar å halda alle bodi i denne lovi og liva etter deim!

47 For dette er ikkje noko tomt ord, som ikkje gjeld for dykk; livet dykkar ligg i dette ordet, og held de dykk etter det, so skal de få liva lenge i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.»

48 Denne same dagen tala Herren til Moses, og sagde:

49 «Stig upp på Abarimfjellet her, på Nebotinden, som ligg i Moablandet, midt for Jeriko, so skal du få skoda Kana’ans-landet, som eg gjev Israels-borni til eigedom,

50 og der uppå fjellet skal du døy og fara til federne dine, soleis som Aron, døydde på Horfjellet og for til federne sine,

51 for di de ikkje for ærleg fram mot meg millom Israels-sønerne ved Meribakjelda i Kades i Sinøydemarki, og ikkje synte Israels-sønerne allmagti mi.

52 Du skal få sjå landet framfyre deg, men inn skal du ikkje koma i det landet som eg vil gjeva Israels-sønerne.»

33. kapitlet

1 Dette er den velsigningi som gudsmannen Moses lyste yver Israels-sønerne fyrr han døydde.

2 Han kvad: «Herren frå Sinai kom, steig upp for oss ifrå Se’ir, skein ifrå Parans heid, gjekk fram or dei heilage herar, og strålar frå handi hans strøymde.

3 Ja, han elskar ætterne høgt, og vel sine heilage vardar; dei flokkar seg kring hans fot, dei lyder trutt på hans tale.

4 Moses lærd’ oss ei lov, ein arv for lyden åt Jakob;

5 og Jesjurun kåra ein konung, då hovdingarn’ slo seg i hop, og Israels-ætterne eintest.

6 «Lat Ruben liva og aldri døy ut, um mennern’ hans ikkje er mange!»

7 Og um Juda kvad han dette: «Høyr, Herre, ropi frå Juda, og før han heim til sitt folk, som han strider veldeleg fyre; ver imot valdsmenn hans hjelp!»

8 Og um Levi kvad han: «Ditt «ljos» og «di sanning» gjev lyden åt den som hev vore deg lydug, han som du røynde i Massa, og rengdest med ved Meriba!

9 Dei segjer um far sin og mor si: «Eg hev ikkje sett desse folki;» dei bryr seg ikkje um brødern’ og kjendest ikkje ved borni, men agtar på ordi dine, og gøymer di pakt i sitt hjarta.

10 Dei lærer Jakob di lov og Israels lyd dine bod, dei legg røykjelse for ditt andlit, og offerfe på ditt altar.

11 Velsigna, herre, hans velde, hav hugnad i alt hans verk! Brjot ryggen på deim som renn på han, so dei aldri vinn reisa seg meir!»

12 Um Benjamin kvad han: Hjartebarnet åt Herren hev seg so trygg ei heim han kviler imillom hans herdar; stødt held Gud si hand yver han.»

13 Og um Josef kvad han: «Med doggi, dyre himmelgåva, velsignar Herren landet hans, med vatn utor det store djupet, som gøymt innunder jordi ligg.

14 Med alt det beste soli el, med frukti månarne driv fram.

15 Alt godt ifrå dei gamle fjelli, alt hævt frå ævelege haug,

16 alt gjævt og gildt som fyller jordi, hans blida som i klungeren bur, det kome yver Josefs hovud, det kryne kvervelen åt han, som konung er bland sine brøder!

17 Ovgild er hans frumborne ukse! hans horn er som uruksehorn; med deim stangar han alle folki til verdsens ytste endemark. Det er Efraims store herar, det er Manasses sterke hop.»

18 Og um Sebulon kvad han: «Gled deg, Sebulon, i di utferd, og du Issakar, i ditt tjeld!

19 Til fjellet bed dei folki koma - rettuge forner ber dei fram; for utor sjøen syg dei rikdom og skattar gøymd’ i havsens sand.

20 Og um Gad kvad han: «Lova vere han som gav Gad romt land! Der ligg han og lurer som løva og riv sund herdar og hovud.

21 Han såg seg ut fyrste luten, etla åt den som var førar, so for han fram fyre folket, og saman med Israels-sønern’ gjord’ han alt det Herren sa fyre, alt det som var rett i Guds augo.»

22 Og um Dan kvad han: «Dan er ein løveunge lik som ifrå Basan byksar fram.»

23 Og um Naftali kvad han: «Naftali, metta med nåde og nørd med Herrens velsigning, søk landet ditt sud med sjøen!»

24 Og um Asser kvad han: «Sælaste sonen vert Asser, bestebarn bland sine brøder; i olje fær han duppa foten.

25 Av kopar og jarn er ditt lås, og di kvild so lang som ditt liv!»

26 Det finst ingen som Gud, Jesjurun! Han fer deg til hjelp yver himmelen og ek i si allmagt på skyerne.

27 Ei borg er den eld’-gamle Gud; hit ned når hans evige arm. Dine uvener driv han burt, og segjer åt deg: «Øyd ut!»

28 So bur då Israel trygt, og Jakobs-ætti åleine, i eit land fullt av druvor og korn, og doggi dryp frå hans himmel!

29 Å, Israel, kor du er sæl! Kven er vel som du? - eit folk som hev Herren til frelsar, din verjande skjold og ditt velduge sverd! Sjå, fiendarne smeikjer for deg, med du yver høgderne deira skrid fram!»

34. kapitlet

1 So gjekk Moses frå Moabmoarne upp på Nebo, som er den høgste tinden på Pisgafjellet, og ligg midt for Jeriko, og Herren synte honom heile landet: Gilead alt til Dan,

2 og heile Naftali og Efraims- og Manasselandet, og heile Judalandet radt til Vesterhavet,

3 og Sudlandet og Jordan-kverven, dalen kring Jeriko, som dei kallar Palmebyen, alt til Soar;

4 Og Herren sagde til honom: «Dette er det landet eg lova Abraham og Isak og Jakob at eg vilde gjeva ætti deira. No hev du set det for augo dine, men sjølv skal ikkje få koma dit.»

5 So døydde Moses, Herrens tenar, der i Moablandet, som Herren hadde sagt.

6 Han jorda honom i dalen midt for Bet-Peor, i Moablandet, og ingen hev til denne dag visst um gravi hans.

7 Moses var hundrad og tjuge år gamall då han døydde; men endå hadde han ikkje dimst på syni eller veikna i åndi.

8 Israels-sønerne gret yver honom på Moabmoarne i tretti dagar; då fyrst var det ende på syrgjehøgtidi.

9 Moses hadde lagt henderne på Josva, son åt Nun, so han og var full av visdomsånd, og Israels-sønerne lydde honom, og gjorde som Herren hadde sagt med Moses.

10 Men aldri sidan steig det fram i Israel ein profet som Moses, som var so vel kjend med Herren at dei talast ved andlit til andlit.

11 Kom i hug alle dei teikn og under Herren sette honom til å gjera i Egyptarland med Farao og alle mennarne og heile landet hans,

12 og kom i hug alle dei store verk og agelege gjerningar han gjorde for augo åt heile Israel!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021