Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Fjorde Mosebok

Fjorde Mosebok

1. kapitlet

1 So var det den fyrste dagen i den andre månaden året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, då tala Herren til Moses på Sinaiheidi, i møtetjeldet, og sagde:

2 «De skal taka tal på heile Israels-lyden etter ætter og ættgreiner, og skriva upp namni på alle karar, ein for ein,

3 alle våpnføre menner i Israel som er tjuge år gamle eller meir, skal de mynstra, flokk for flokk, du og Aron.

4 Og med dykk skal det vera ein mann av kvar ætt, den som er hovdingen for alle greinerne i ætti.

5 So heiter dei mennerne som skal vera dykk til hjelp: av Rubens-ætti: Elisur, son åt Sede’ur;

6 av Simeons-ætti: Selumiel, son åt Surisaddai;

7 av Juda-ætti: Nahson, son åt Amminadab;

8 av Issakars-ætti: Netanel, son åt Suar;

9 av Sebulons-ætti; Eliab, son åt Helon;

10 av Josefs-sønerne: Elisama, son åt Ammihud, av Efraims-ætti, og Gamliel, son åt Pedasur, av Manasse-ætti;

11 av Benjamins-ætti: Abidan, son åt Gideoni;

12 av Dans-ætti: Ahiezer, son åt Ammisaddai;

13 av Assers-ætti: Pagiel, son åt Okran;

14 av Gads-ætti: Eljasaf, son åt Re’uel;

15 av Naftali-ætti: Ahira, son åt Enan.»

16 Dette var dei som var kalla til formenner for lyden, dei høgste i fedreætterne sine, hovdingarne yver Israels-folket.

17 So henta Moses og Aron dei mennerne som var namngjevne,

18 og fyrste dagen i andre månaden kalla dei lyden i hop til eit ålmannamøte; og alle som var yver tjuge år, vart innskrivne i manntalet med namn, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

19 soleis som Herren hadde sagt; og Moses mynstra deim på Sinaiheidi.

20 Fyrst mynstra han Rubens-sønerne - deim som var ætta frå Ruben, eldste son åt Israel - og då alle våpnføre menner av Rubens-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

21 so var det seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.

22 So mynstra han Simeons-sønerne og ætterne deira, og då alle våpnføre menner av Simeons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

23 so var det ni og femti tusund og tri hundrad mann.

24 So mynstra han Gads-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Gads-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

25 so var det fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.

26 So mynstra han Juda-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Juda-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

27 so var det fire og sytti tusund og seks hundrad mann.

28 So mynstra han Issakars-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Issakars-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

29 so var det fire og femti tusund og fire hundrad mann.

30 So mynstra han Sebulons-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Sebulons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

31 so var det sju og femti tusund og fire hundrad mann.

32 So mynstra han Josefs-sønerne og ætterne deira: Då alle dei våpnføre av Efraims-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

33 so var det fyrti tusund og fem hundrad mann;

34 og då alle dei våpnføre av Manasse-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

35 so var det tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.

36 So mynstra han Benjamins-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Benjamins-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

37 so var det fem og tretti tusund og fire hundrad mann.

38 So mynstra han Dans-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Dans-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

39 so var det tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.

40 So mynstra han Assers-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Assers-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

41 so var det ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.

42 So mynstra han Naftali-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Naftali-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

43 so var det tri og femti tusund og fire hundrad mann.

44 Dette var dei som vart mynstra, dei som Moses og Aron og Israels hovdingar mynstra; og hovdingarne var tolv i talet, ein for kvar ætt.

45 Og talet på deim som vart mynstra av Israels-sønerne og ætterne deira, alle dei våpnføre av Israel, frå tjugeårsalderen og uppetter,

46 var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti; so mange var det som vart mynstra.

47 Levitarne og ætterne deira vart ikkje mynstra i hop med dei hine.

48 For Herren sagde til Moses:

49 «Levi-ætti skal du ikkje mynstra eller taka tal på saman med hitt Israels-folket.

50 Set levitarne til å stella med huset som lovi er gøymd i, og med all bunaden i det og alt som høyrer til. Dei skal føra huset og all bunaden, og dei skal taka vare på huset, og lægra seg rundt ikring det.

51 Når huset skal flytjast, so skal levitarne taka det ned, og når det skal reisast, skal levitarne setja det upp; kjem nokon framand innåt, lyt han døy.

52 Israels-sønerne skal lægra seg flokk i flokk, kvar i sitt eige læger og under sitt eige hermerke,

53 men levitarne skal lægra seg kringum gudshuset, so det ikkje skal koma vreide yver Israels-lyden; for det er levitarne som skal taka vare på gudshuset.»

54 Og Israels-borni gjorde so; dei gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt med Moses.

2. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:

2 «Israels-sønerne skal lægra seg kringum møtetjeldet, eit stykke ifrå, kvar innmed si fana og under sitt ættar-hermerke.

3 På framsida, mot aust, skal Juda-heren liggja, flokk i flokk, kring fana si. Hovdingen yver Juda-sønerne er Nahson, son åt Amminadab;

4 og flokken hans, dei som er mynstra i Juda-ætti, er fire og sytti tusund og seks hundrad mann.

5 Jamsides med deim skal Issakars-ætti lægra seg. Hovdingen yver Issakars-sønerne er Netanel, son åt Suar;

6 og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og femti tusund og fire hundrad mann.

7 Like eins Sebulons-ætti. Hovdingen yver Sebulons-sønerne er Eliab, son åt Helon;

8 og flokken hans, dei som er mynstra, er sju og femti tusund og fire hundrad mann.

9 Heile hermagti som er mynstra i Juda-lægret, er hundrad og seks og åtteti tusund og fire hundrad mann. Dei skal vera fremst i ferdi, når de tek ut.

10 Rubens-heren med fana si skal lægra på sudsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Rubens-sønerne er Elisur, son åt Sede’ur;

11 og flokken hans, dei som er mynstra, er seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.

12 Jamsides med dei skal Simeons-ætti liggja. Hovdingen yver Simeons-sønerne er Selumiel, son åt Surisaddai;

13 og flokken hans, dei som er mynstra, er ni og femti tusund og tri hundrad mann.

14 Like eins Gads-ætti. Hovdingen yver Gads-sønerne er Eljasaf, son åt Re’uel;

15 og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.

16 Heile hermagti som er mynstra i Rubens-lægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi, når de tek på vegen.

17 Møtetjeldet og Levi-flokken skal vera midt imillom herarne kvar gong de tek ut; som dei lægrar seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana.

18 Efraims-heren med fana si skal lægra seg på vestsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Efraims-sønerne er Elisama, son åt Ammihud;

19 og flokken hans, dei som er mynstra, er fyrti tusund og fem hundrad mann.

20 Jamsides med deim skal Manasse-ætti liggja. Hovdingen yver Manasse-sønerne er Gamliel, son åt Pedasur;

21 og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.

22 Like eins Benjamins-ætti. Hovdingen yver Benjamins-sønerne er Abidan, son åt Gideoni;

23 og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og tretti tusund og fire hundrad mann.

24 Heile hermagti som er mynstra i Efraims-lægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi, so ofte de fer av stad.

25 Dans-heren med fana si skal lægra seg mot nord, flokk i flokk. Hovdingen yver Dans-sønerne er Ahiezer, son åt Ammisaddai;

26 og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.

27 Jamsides med deim skal Assers-ætti liggja. Hovdingen yver Assers-sønerne er Pagiel, son åt Okran;

28 og flokken hans, dei som er mynstra, er ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.

29 Like eins Naftali-ætti. Hovdingen yver Naftali-sønerne er Ahira, son åt Enan;

30 og flokken hans, dei som er mynstra, er tri og femti tusund og fire hundrad mann.

31 Heile hermagti som er mynstra i Dans-lægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi med fanorne sine kvar gong de tek i veg.»

32 Dette var dei av Israels-sønerne som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk.

33 Men levitarne vart ikkje mynstra saman med hitt Israels-folket; for det hadde Herren sagt med Moses at han ikkje skulde gjera.

34 Og Israels-sønerne gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt med Moses; soleis lægra dei seg under fanorne sine, og soleis drog dei fram, kvar etter si ætt og med sine frendar.

3. kapitlet

1 No skal me nemna ætti åt Aron og Moses som ho var den tid Herren tala til Moses på Sinaifjellet:

2 Sønerne hans Aron heitte Nadab - han var den eldste - og Abihu og Eleazar og Itamar.

3 Det var namni på Arons-sønerne, dei som vart salva til prestar og innsette i preste-embættet.

4 Men Nadab og Abihu døydde for Herrens åsyn, då dei bar uvigd eld fram for Herren på Sinaiheidi, og dei hadde ingi søner. Sidan stod Eleazar og Itamar fyre prestetenesta, under Arons, far sin’s, augo.

5 Og Herren tala til Moses, og sagde:

6 «Lat Levi-ætti koma og ganga fram for Aron, øvstepresten; dei skal vera honom til hjelp.

7 Dei skal syta for det som han og heile lyden treng når dei stend framanfor møtetjeldet, og greida alt arbeidet i gudshuset.

8 Og dei skal taka vare på alt det som høyrer til møtetjeldet, og gjera alt som skal gjerast for Israels-folket; for det er dei som skal greida alt arbeidet i gudhuset.

9 Du skal gjeva levitarne til Aron og sønerne hans: dei skal vera ei gåva til honom frå Israels-folket.

10 Og Aron og sønerne hans skal du setja til å styra preste-embættet; kjem nokon annan innåt, so skal han lata livet.»

11 Og Herren tala meir til Moses, og sagde:

12 «Sjå no hev eg sjølv teke ut levitarne or Israels-lyden i staden for alle dei frumborne, dei som kjem fyrst frå morsliv, hjå Israels-folket: levitarne skal vera mine.

13 For mine er alle dei frumborne. Den dagen eg slo i hel alt som var frumbore i Egyptarlandet, vigde eg åt meg alt som er frumbore hjå Israel, både folk og fe; meg høyrar det til, meg, Herren.»

14 Og Herren tala atter til Moses på Sinaiheidi, og sagde:

15 «Du skal mynstra Levi-sønerne etter ætter og ættgreiner, og alle karfolk som er yver ein månad gamle, skal du skriva inn i manntalet.»

16 So mynstra Moses deim etter Herrens ord, so han var fyresagd.

17 Sønerne hans Levi heitte Gerson og Kahat og Merari.

18 Og sønerne hans Gerson med ættgreinene deira heitte Libni og Sime’i.

19 Og sønerne hans Kahat med ættgreinene deira, det var Amram og Jishar og Hebron og Uzziel.

20 Og sønerne hans Merari med ættgreinene deira, det var Mahli og Musi. Dette var Levi-ætterne med greinerne deira.

21 Frå Gerson er Libni-ætti og Some’i-ætti; det er dei me kallar Gersons-ætterne.

22 Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det sju tusund og fem hundrad mann.

23 Gersons-ætterne hadde lægret attanfor gudshuset, i vest.

24 Og hovdingen yver Gersons-greini var Eljasaf, son åt Lael.

25 Det som Gersons-ætterne skulde hava umsut med i møtetjeldet, det var sjølve tjeldet: åklædetæpi og raggetæpi og tekkjet yver deim, og tæpet til møtetjelddøri,

26 og lereftsgarden kring tunet, og tæpet i porten til tunet kring gudshuset og altaret, og togi som høyrde til, og alt som skulde gjerast med det.

27 Frå Kahat er Amrams-ætti komi, og Jishars-ætti, og Hebrons-ætti, og Uzziels-ætti; det er dei me kallar Kahats-ætterne.

28 Då dei var innskrivne i manntalet - alle karfolk yver ein månad gamle - so var dei åtte tusund og tri hundrad mann, som skulde taka vare på dei heilage tingi.

29 Kahats-ætterne hadde lægret sitt på sudsida av gudshuset.

30 Hovdingen yver Kahats-ætti og greinerne hennar var Elisafan, son åt Uzziel.

31 Og det dei skulde hava umsut med, var lovtavlekista og bordet og ljosestaken og altari og forhenget, og dei heilage gognerne som dei hadde til gudstenesta, og alt som skulde gjerast med det.

32 Den høgste hovdingen i Levi-ætti var Eleazar, son åt Aron, øvstepresten. Han hadde tilsynet med deim som gjorde alt som skulde gjerast i heilagdomen.

33 Frå Merari er Mahli-ætti og Musi-ætti komne; det er dei me kallar Merari-ætterne.

34 Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det seks tusund og tvo hundrad mann.

35 Hovdingen yver Merari-ætti og greinerne hennar var Suriel, son åt Abiha’il. Dei hadde lægret sitt på nordsida av gudshuset.

36 Det som Merari-sønerne var sette til, det var å hava umsut med plankarne i huset, og tverstokkarne og stolparne og stabbarne, og all reidskapen, og alt som skulde gjerast med det,

37 og stolparne til tungarden, med stabbarne og pålarne og togi som høyrde til.

38 Framanfor gudshuset, mot aust, midt framfor møtetjeldet, på solsida, der hadde Moses og Aron og sønerne hans lægret sitt. Dei var det som bar umsut for alt som skulde gjerast i heilagdomen, alt som skulde gjerast for Israels-sønerne; kom nokon annan innåt, so laut han lata livet.

39 Dei som vart talde i Levi-ætti, dei som Moses og Aron talde, ætt for ætt, etter Herrens ord - alle karfolk yver ein månad gamle - var i alt tvo og tjuge tusund mann.

40 Og Herren sagde til Moses: «Tel alle frumborne karfolk av Israels-lyden som er yver ein månaden gamle, og skriva deim inn i manntalet,

41 og lat so meg, Herren, få levitarne i staden for deim, og feet åt levitarne i staden for alt det frumborne feet hjå Israels-folket.»

42 So talde Moses alle dei frumborne Israels-sønerne, som Herren hadde sagt med honom.

43 Og då han hadde skrive upp namni på alle frumborne karfolk som var yver ein månad gamle, og rekna deim i hop, so var talet tvo og tjuge tusund og tvo hundrad og tri og sytti.

44 Då sagde Herren til Moses:

45 «Tak levitarne i staden for alle dei frumborne Israels-sønerne, og feet åt levitarne i staden for feet deira; og levitarne skal høyra meg til, meg, Herren.

46 Og i utløysnad for dei tvo hundrad og tri og sytti som det er fleire frumborne israelitar enn levitar,

47 skal du taka fem dalar for kvar; dei skal du taka i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren,

48 og pengarne skal du gjeva til Aron og sønerne hans i utløysnad for dei frumborne som er yver talet.»

49 So fekk Moses løysepengarne for dei som var att av dei frumborne Israels-sønerne, då dei hine var utløyste med levitarne;

50 av desse same frumborne Israels-borni fekk han pengarne - det var eit tusund og tri hundrad og fem og seksti dalar i heilag mynt -

51 og han gav deim til Aron og sønerne hans etter Herrens ord; for so hadde Herren sagt med honom.

4. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:

2 [2-3] «I Levi-ætti skal du taka tal på deim av Kahats-sønerne som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera tenesta i møtetjeldet, du skal mynstre deim etter ætter og ættgreiner.

3 [-]

4 Det som Kahats-sønerne skal stella med i møtetjeldet, det er dei høgheilage tingi.

5 Når lægret skal flytjast, so skal Aron og sønerne hans ganga inn, og taka ned forhengtæpet, og breida det yver lovtavlekista.

6 Ovanpå det skal dei leggja ein feld av markuskinn, og breida ein heilvoven purpurduk yver, og so setja berestengerne i.

7 Yver skodebrødsbordet skal dei breida eit purpurklæde, og setja fati og skålerne og bollarne og drykkofferkannorne uppå det, og det dagvisse brødet skal og liggja der.

8 Og yver alt dette skal dei breida ein karmesinraud klædesduk, og sveipa ein feld av markuskinn um det, og setja berestengerne i.

9 So skal dei taka eit purpurklæde og breida yver den bjarte ljosestaken og lamporne som høyrer til, og sakserne og saksplatorne og alle oljekopparne som dei hev når dei steller lamporne,

10 og sveipa både staken og alle desse gognerne inn i ein feld av markuskinn, og leggja det på ei berebår.

11 Yver det gullaltaret skal dei og breida eit purpurklæde, og sveipa ein feld av markuskinn um det, og so setja berestengerne i.

12 So skal dei taka alle dei gognerne som dei hev til gudstenesta i heilagdomen, og leggja deim i eit purpurklæde, og sveipa ein feld av markuskinn um deim, og leggja dei på ei bår.

13 Storaltaret skal dei reinska for oska, og breida eit skarlaksklæde yver det

14 og leggja uppå det alle gognerne som dei hev til altartenesta: glodpannorne og steikjespiti og eldskuflerne og blodbollarne, alle gognerne som høyrer til altaret, og so skal dei breida ein feld av markuskinn yver det og setja berestengene i.

15 Og når Aron og sønerne hans er ferdige og hev sveipt inn dei heilage tingi og alle dei gognerne som høyrer til heilagdomen, og heren skal taka ut, då skal dei hine Kahats-sønerne koma og bera; men dei må ikkje røra dei heilage tingi; gjer dei det, lyt dei døy. Dette er det Kahats-sønerne skal bera av det som høyrer til møtetjeldet.

16 Eleazar, son åt Aron, øvstepresten, skal hava tilsynet med lampeoljen og den angande røykjelsen og det daglege grjonofferet og salvingsoljen, og med heile gudshuset og alt som der finst av heilage ting og gogner som høyrer til.»

17 Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:

18 «Lat ikkje Kahats-ætti og greinerne hennar verta utrudd or Levi-folket!

19 Høyr no kva de skal gjera for deim, so dei kann få liva og ikkje tarv døy når dei kjem innåt dei heilage tingi: Aron og sønerne hans skal koma, og setja deim, ein for ein, til det arbeidet dei hev å gjera, og syna deim byrderne dei skal bera.

20 Men dei må ikkje ganga inn, ikkje so mykje som ein augneblink, og skoda det heilage; for då lyt dei døy.»

21 Og Herren tala meir til Moses, og sagde:

22 «Av Gersons-sønerne skal du og taka tal på deim som er millom tretti og femti år,

23 og er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet, og du skal mynstra deim etter ætter og ættgreiner.

24 Høyr no kva det er Gersons-ætterne hev å gjera, kva dei skal taka vare på, og kva dei skal føra:

25 dei skal føra åklædeveverne som høyrer til gudshuset, og møtetjeldet og taket og markuskinns-tekkjet som ligg ovanpå taket, og tæpet til møtetjelddøri,

26 og lereftsgarden, og dørtæpet til porten åt tunet kring huset og altaret, og tjeldtogi, og alle arbeidsgreidorne som høyrer til; og alt som er å gjera med det, skal dei greida.

27 Etter det som Aron og sønerne hans segjer, skal Gersons-sønerne retta seg i alle måtar, både med føringi og med alt anna arbeid dei hev, og de lyt setja deim fyre å taka vel vare på alt det dei førar.

28 Dette er det Gersons-ætterne skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skal rettleida deim i alt dei hev å gjera.

29 So skal du telja deim av Merari-sønerne

30 som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet, og du skal mynstre deim etter ætter og ættgreiner.

31 Det dei hev å føra og skal hava umsut med i møtetjeldet, det er plankarne i huset, med tverstokkarne og stolparne og stabbarne som høyrer til,

32 og stolparne i tungarden, med stabbar og pålar og tog, og all reidskapen som høyrer til, og alt som skal gjerast med det, og de skal nemna for deim kvar ting som de vil hava deim til å taka vare på og føra.

33 Dette er det Merari-ætterne skal gjera, det dei skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skal rettleida deim.»

34 Då no Moses og Aron og formennerne for lyden hadde mynstra Kahats-sønerne, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

35 so mange av deim som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,

36 so var det tvo tusund og sju hundrad og femti mann som var mynstra, kvar etter si ætt.

37 Det var talet på deim som vart mynstra i Kahats-ætterne, deim som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.

38 Då Gersons-sønerne var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

39 so mange av deim som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,

40 so var det tvo tusund og seks hundrad og tretti mann som var mynstra, kvar etter si ætt og ættgrein.

41 Det var talet på deim som vart mynstra i Gersons-ætterne, deim som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter Herrens bod.

42 Då Merari-sønerne og ætterne deira var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

43 so mange av dei som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,

44 so var det tri tusund og tvo hundrad mann som var mynstra, kvar etter si ætt.

45 Det var talet på deim som vart mynstra i Merari-ætterne, deim som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.

46 Då alle levitar millom tretti og femti år var talde, alle som var føre til å gjera tenesta i møtetjeldet med bering eller anna arbeid,

47 og Moses og Aron og Israels hovdingar hadde mynstra deim etter ætter og ættgreiner,

48 so var det åtte tusund og fem hundrad og åtteti mann.

49 Dei vart no etter Herrens bod sette til å gjera kvar sitt arbeid og bera kvar si byrd og greida kvar si ærend, og Moses rettleide deim, som Herren hadde sagt med honom.

5. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

2 «Seg til Israels-sønerne at dei skal senda alle spillsjuke ut or lægret, og alle som hev flod, og alle som hev vorte ureine av lik;

3 anten det er menner eller kvende, so skal de hava deim burt; ut or lægret skal de senda deim, so dei ikkje skal sulka lægret dykkar, der eg bur midt imillom dykk.»

4 Og Israels-sønerne gjorde so, og sende deim ut or lægret. Som Herren hadde sagt med Moses, so gjorde Israels-folket.

5 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

6 «Seg til Israels-folket: «Hev ein mann eller ei kvinna gjort ei eller onnor synd, og vore utrue mot Herren, so dei ber på ei skuld,

7 so skal dei skrifta den syndi dei hev gjort, og det dei hev kome til med urett, skal dei gjeva att alt saman, og endå leggja attåt femteparten av verdet. Dei skal gjeva det til den dei gjorde urett imot;

8 liver han ikkje lenger, og finst det ingen kravsmann etter honom, som dei kann greida ut boti til, so skal den boti dei lyt leggja, gjevast åt Herren og høyra presten til, umfram soningsveren, som skal ofrast til soning for deim.

9 Og alle reidor, alle dei vigde gåvorne som Israels-sønerne kjem til presten med, dei skal vera hans.

10 Alt det som folk vigjer, skal han hava; det dei gjev presten skal høyra honom til.»»

11 Og Herren tala meir til Moses, og sagde:

12 [12-14] «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Kjem det åbryskap yver ein mann, so han mistrur kona si, og kona hev vore utru mot honom og lagt seg burt, men han ikkje veit det visst, og det ikkje kann provast at ho hev skjemt seg ut og lege med ein annan mann, etter di ingen hev kome yver deim og kann vitne imot henne - eller kjem åbryskapen yver honom, so han mistrur kona si, ho ikkje hev skjemt seg ut,

13 [-]

14 [-]

15 so skal han taka kona med seg til presten, og hava med ei offergåva for henne; det skal vera ei kanna byggmjøl; men han skal ikkje slå olje på mjølet, eller leggja røykjelse attmed; for det er eit åbryskaps-grjonoffer, eit minnings-grjonoffer: som skal minna um eit brot.

16 Presten skal leida kona fram for Herrens åsyn.

17 Han skal henta vigslevatn i ei leirskål, og taka noko av dusti som er på golvet i gudshuset og hava uppi vatnet,

18 og når han hev leidt kona fram for Herrens åsyn, skal han løysa upp håret hennar og gjeva henne minningsofferet i henderne - eit åbryskapsoffer skal det vera - og i si hand skal han halda det vonde vatnet som valdar våde.

19 So skal han lata kona gjera eiden, og segja til henne: «So sant ingen annan mann hev lege hjå deg, og so sant du ikkje hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, so skal du inkje mein hava av dette vonde vatnet som valdar våde.

20 Men er det so at du hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, og at ein annan enn din eigen mann hev lege hjå deg»

21 - no skal presten lesa upp våbøn-eiden for kona og segja til henne -: «so skal Herren gjera deg til ei våbøn og ei banna hjå folket ditt; han skal lata mjødmi di minka og buken din bolna,

22 og dette vatnet som valdar våde, skal siga ned i livet ditt, so buken din bolnar og mjødmi di minkar!» Og kona skal segja: «Ja vel! Ja vel!»

23 Presten skal skriva desse våbønerne upp på eit blad, og två deim av i det vonde vatnet.

24 Sidan skal han lata kona drikka det vonde vatnet som valdar våde, og ulukkevatnet skal siga ned i livet hennar og valda verk.

25 So skal presten taka åbryskapsofferet utor handi på kvinna og svinga det att og fram for Herrens åsyn, og bera det fram åt altaret;

26 og han skal taka ein neve av mjølet og brenna på altaret, so røyken stig upp imot himmelen til ei minning. Og når han hev gjeve kona vatnet, og ho hev drukke det,

27 då skal det henda at dersom kona hev skjemt seg ut og vore utru mot mannen sin, so skal ulukkevatnet siga ned i livet hennar og valda verk; buken hennar skal bolna og mjødmi minka; og ho skal verta til ei våbøn hjå folket sitt.

28 Men er ho rein, og ikkje hev skjemt seg ut, so skal ho vera uskadd og barnkjømd.

29 Dette de lovi um åbryskap: når ei kona hev vore utru mot mannen sin og skjemt seg ut,

30 eller når det kjem ei åbryskap yver ein mann, so han mistrur kona si, då skal han leida kona fram for Herrens åsyn, og presten skal gjera med henne so som er sagt i denne lovi.

31 Mannen skal vera fri for skuld, men kona lyt lida for brotet sitt.»»

6. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

2 «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når ein mann eller kvinna hev gjort ein heilag lovnad, og vigt seg til Herren,

3 so skal dei halda seg ifrå vin og sterke drykkjer; dei må ikkje smaka vinedik eller annan sterk edik; dei må ikkje drikka nokon drykk som er tillaga av druvor, og ikkje eta druvor, korkje friske eller turre.

4 So lenge vigsla varer, må dei ikkje eta noko som kjem frå vintreet, ikkje ein gong kart eller visar.

5 So lenge vigslingslovnaden gjeld, må det ikkje koma saks på hovudet åt den som er vigd; alt til den tidi er ute som han hev vigt til Herren, skal han vera helga; han skal lata hovudhåret sitt veksa fritt.

6 So lenge han er vigd til Herren, må han ikkje koma innåt noko lik.

7 Um far eller mor eller bror eller syster hans døyr, so må han ikkje for deira skuld gjera seg urein; for vigsla åt hans Gud er på hovudet hans.

8 Alt medan vigsla varer, er han helga åt Herren.

9 Brådøyr det nokon innmed honom, og fører ureinskap yver det vigde hovudet hans, so skal han raka hovudet sitt den dagen han vert rein att; den sjuande dagen skal han raka det;

10 og den åttande dagen skal han koma til presten, til møtetjelddøri, med tvo turtelduvor eller tvo duveungar,

11 og presten skal ofra deim, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer, so han fær soning for den syndi han førde yver seg, då han kom innåt liket. So skal han same dagen helga hovudet sitt,

12 og vigja seg for Herren for den tid han hev lova, og bera fram eit årsgamalt lamb til skuldoffer. Den fyrste vigslingstidi gjeld ikkje meir, etter di vigsla hans vart utskjemd.

13 So er lovi um den som hev vigt seg til Herren: Når vigslingstidi hans er ute, skal dei leida honom fram åt møtetjelddøri,

14 og han skal bera fram gåvorne sine for Herren: eit årsgamalt lytelaust verlamb til brennoffer, og eit årsgamalt lytelaust saulamb til syndoffer, og ein lytelaus ver til takkoffer,

15 og ei korg med søtt omnsbrød som er baka av fint mjøl, og hellekakor med olje i, og oljesmurde tunnbrødleivar, med grjonoffer og drykkoffer som høyrer til.

16 Og presten skal bera det fram for Herrens åsyn, og ofra syndofferet og brennofferet hans;

17 og av veren skal han stella til eit takkoffer åt Herren, og bera det fram saman med søtebrødkorgi, og so skal han bera fram grjonofferet og drykkofferet hans.

18 Den vigde skal raka det vigde hovudet sitt i møtetjelddøri, og taka det vigde hovudhåret sitt, og leggja det på elden som brenn under takkofferet.

19 Og presten skal taka den eine bogen av veren, kokt, og ei hellekaka av deim som er i korgi, og ein tunnbrødleiv, og leggja det i henderne på den vigde, etter han hev raka av seg det vigde håret sitt.

20 Desse gåvorne skal presten svinga for Herrens åsyn; dei er heilage, og skal høyra presten til, umfram svingebringa og lyftelåret. Sidan kann den vigde drikka vin.

21 Dette krev lovi av den som hev gjort vigslingslovnaden: desse gåvorne skal han bera fram for Herren attpå vigsla si umfram det han elles hev råd til; han skal fara åt som det høver med lovnaden han hev gjort, og fylgja dei fyresegnerne som gjeld for vigsla hans.»»

22 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

23 «Tala til Aron og sønerne hans, og seg: «So skal de segja når de velsignar Israels-borni:

24 «Herren velsigne deg og vare deg!

25 Herren late sit andlit lysa mot deg, og vere deg nådig!

26 Herren lyfte si åsyn på deg, og gjeve deg fred!»»

27 Dei skal lysa mitt namn yver Israels-borni, so vil eg velsigna deim.»

7. kapitlet

1 Då Moses hadde fenge reist gudshuset og salva og vigsla det, og hadde salva og vigt all husbunaden og altaret med alt som til høyrde,

2 då kom Israels jarlar, ættehovdingarne og fylkesstyrararne, dei som hadde stade for mynstringi,

3 og førde offergåvorne sine fram for Herrens åsyn; det var seks husvogner og tolv uksar, ei vogn frå tvo og tvo av hovdingarne og ein ukse frå kvar av deim. Det kom dei til gudshuset med,

4 og Herren sagde til Moses:

5 «Tak i mot det av deim! De skal hava det til arbeidet ved møtetjeldet, og du skal gjeva det til levitarne, etter som kvar treng det til arbeidet sitt.»

6 So tok Moses imot vognerne og uksarne, og gav deim til levitarne:

7 Gersons-sønerne gav han tvo vogner og fire uksar som dei skulde hava til å greida arbeidet sitt med.

8 Og Merari-sønerne gav han fire vogner og åtte uksar som dei skulde greida sitt arbeid med; og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skulde rettleida deim.

9 Kahats-sønerne gav han ikkje noko; for dei skulde taka vare på dei heilage tingi, og bera deim på herdarne.

10 Den dagen altaret vart salva, kom hovdingarne med vigslegåvor, og bar deim fram åt altaret.

11 Då sagde Herren til Moses: «Lat hovdingarne bera fram gåva si til altarvigsla kvar sin dag.»

12 Den som bar fram gåva si fyrste dagen, var Nahson, son åt Amminadab, av Juda-ætti.

13 Gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ein halv mork, heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

14 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,

15 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

16 og ein geitebukk til syndoffer,

17 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Nahson, son åt Amminadab.

18 Andre dagen kom Netanel, son åt Suar, hovdingen yver Issakars-ætti,

19 og bar fram gåva si: eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

20 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,

21 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

22 og ein geitebukk til syndoffer,

23 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Netanel, son åt Suar.

24 Tridje dagen kom hovdingen yver Sebulons-sønerne, Eliab, son åt Helon,

25 med gåva si, og det var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

26 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fylt med røykjelse,

27 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

28 og ein geitebukk til syndoffer,

29 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eliab, son åt Helon.

30 Fjorde dagen kom hovdingen yver Rubens-sønerne, Elisur, son åt Sede’ur.

31 Gåva han bar fram, var eit sylvfat som åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

32 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,

33 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

34 og ein geitebukk til syndoffer,

35 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisur, son åt Sede’ur.

36 Femte dagen kom hovdingen yver Simeons-sønerne, Selumiel, son åt Surisaddai.

37 Gåva han hadde med seg, var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

38 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,

39 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

40 og ein geitebukk til syndoffer,

41 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Selumiel, son åt Surisaddai.

42 Sette dagen kom hovdingen yver Gads-sønerne, Eljasaf, son åt Re’uel.

43 Og gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

44 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,

45 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

46 og ein geitebukk til syndoffer,

47 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eljasaf, son åt Re’uel.

48 Sjuande dagen kom hovdingen yver Efraims-sønerne, Elisama, son åt Ammihud.

49 Gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

50 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,

51 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

52 og ein geitebukk til syndoffer,

53 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisama, son åt Ammihud.

54 Åttande dagen kom hovdingen yver Manasse-sønerne, Gamliel, son åt Pedasur.

55 Hans gåva var og eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

56 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,

57 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

58 og ein geitebukk til syndoffer,

59 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Gamliel, son åt Pedasur.

60 Niande dagen kom hovdingen yver Benjamins-sønerne, Abidan, son åt Gideoni.

61 Han gav eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

62 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,

63 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

64 og ein geitebukk til syndoffer,

65 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Abidan, son åt Gideoni.

66 Tiande dagen kom hovdingen yver Dans-sønerne, Ahiezer, son åt Ammisaddai.

67 Det han gav var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

68 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,

69 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

70 og ein geitebukk til syndoffer,

71 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Ahiezer, son åt Ammisaddai.

72 Ellevte dagen kom hovdingen yver Assers-sønerne, Pagiel, son åt Okran.

73 Han og gav eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

74 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fylt med røykjelse,

75 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

76 og ein geitebukk til syndoffer,

77 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Pagiel, son åt Okran.

78 Tolvte dagen kom hovdingen yver Naftali-sønerne, Ahira, son åt Enan,

79 og han gav og eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,

80 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,

81 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

82 og ein geitebukk til syndoffer,

83 og til takkofferet tvo naut og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Ahira, son åt Enan.

84 Dette var vigslegåvorne frå Israels hovdingar då altaret vart salva: Tolv sylvfat var det og tolv sylvbollar og tolv gullskåler.

85 Kvart sylvfat vog åtte merker, og kvar sylvbolle fire og ei halv mork; alle sylvkopparne i hop vog hundrad og femti merker etter heilag vegt.

86 Dei tolv gullskålerne, som var fyllte med røykjelse, vog ti lodd kvar etter heilag vegt; alle gullskålerne i hop vog sju og ei halv mork.

87 Av brennoffer-fe var det i alt tolv uksar og tolv verar og tolv årsgamle verlamb, med grjonoffer som til høyrde, og tolv geitebukkar til syndoffer,

88 og av takkoffer-fe fire og tjuge uksar og seksti verar og seksti bukkar og seksti årsgamle verlamb. Det var vigslegåvorne som vart framborne då altaret var salva.

89 Då so Moses gjekk inn i møtetjeldet og skulde tala med Herren, so høyrde han ei røyst som tala til honom frå romet yver lovtavlekista millom båe kerubarne - der tala Gud til honom.

8. kapitlet

1 Og Herren sagde til Moses:

2 «Tala til Aron, og seg til honom: «Når du set upp lamporne, so skal du laga det so at alle sju lamporne kastar ljoset frametter, på romet framanfor ljosestaken.»»

3 Og Aron gjorde so: han sette upp lamporne so ljoset fall frametter, på romet framanfor ljosestaken, som Herren hadde sagt med honom.

4 Ljosestaken var av drive gull; både leggen og kruna var drive arbeid. Etter det bilætet som Herren synte Moses, hadde dei gjort ljosestaken.

5 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

6 «Du skal taka levitarne fram or Israels-folket og reinsa deim.

7 So skal du fara åt når du reinsar deim: Du skal skvetta skiringsvatn på deim, og dei skal fara yver heile likamen sin med rakekniven, og två klædi sine, so dei er reine.

8 So skal dei taka ein ung ukse og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl blanda med olje, og til syndoffer skal du taka ein annan ung ukse.

9 Du skal segja med levitarne, at dei skal koma hit til møtetjeldet, og so skal du kalla i hop heile Israels-lyden,

10 og føra levitarne fram for Herrens åsyn. So skal Israels-sønerne leggja henderne på levitarne,

11 og Aron skal vigja deim til Herren for Israels-folket på same visi som når han svinger offeret for Herrens åsyn; og sidan skal dei tena Herren; det skal vera deira kall.

12 So skal levitarne leggja henderne på hovudet åt uksarne, og du skal ofra den eine til syndoffer og den andre til brennoffer åt Herren, og gjera soning for levitarne.

13 So skal du då føra levitarne fram for Aron og sønerne hans, og vigja deim til Herren på same visi som når offeret vert svinga att og fram for Herrens åsyn.

14 Du skal skilja levitarne ut ifrå hitt Israels-folket, og dei skal høyra meg til,

15 og sidan, når du hev reinsa og vigt deim, skal dei koma og gjera tenesta i møtetjeldet.

16 For dei er ei gåva til meg, ei gåva frå heile Israels-folket; eg valde meg deim i staden for det som kjem fyrst frå morsliv, alt det som er frumbore hjå Israels-folket.

17 For mine er alle dei frumborne hjå Israels-folket, både folk og fe; den gongen eg slo i hel alt frumbore i Egyptarlandet, helga eg deim åt meg.

18 Men no hev eg teke levitarne i staden for alle dei frumborne Israels-borni;

19 eg tok deim fram or Israels-folket, og gav deim til Aron og sønerne hans, på den måten at dei skulde greida tenesta i møtetjeldet for Israels-sønerne og gjera soning for deim, so Israels-sønerne ikkje skal koma innåt heilagdomen og soleis føra ulukka yver seg.»

20 Moses og Aron og heile Israels-lyden gjorde i alle måtar so med levitarne som Herren hadde sagt med Moses.

21 Og levitarne reinsa seg med skiringsvatnet, og tvo klædi sine, og Aron vigde deim for Herrens åsyn på same visi som når eit svingeoffer vert vigt, og gjorde soning for deim, so dei vart reine,

22 og so kom dei og gjorde arbeidet sitt i møtetjeldet, for augo åt Aron og sønerne hans. Som Herren hadde sagt Moses fyre, so gjorde dei med levitarne.

23 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

24 «Dette er lovi som gjeld for levitarne: Frå dei er fem og tjuge år gamle, skal dei standa i tenesta og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet;

25 men so snart dei hev fyllt femti år, skal dei gjeva seg utor tenesta, og ikkje arbeida lenger.

26 Dei kann vera brørne sine til hjelp i møtetjeldet med eitt og anna som er å gjera der, men dei skal ikkje hava fast tenesta. Soleis skal du skipa det med levitarne og tenesta deira.»

9. kapitlet

1 Året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, i den fyrste månaden, tala Herren til Moses på Sinaiheidi, og sagde:

2 «Israels-folket skal halda påskehelg på den tid som er sett:

3 frå den fjortande dagen i denne månaden, solegladsbil, skal de høgtida påskehelgi si visse tid; alle dei lover og fyresegner som gjeld for påskehelgi, skal de fylgja.»

4 Då tala Moses til Israels-sønerne, og sagde dei skulde høgtida påskehelgi,

5 og so heldt dei påskehelg på Sinaiheidi den fjortande dagen i den fyrste månaden, solegladsbil; Israels-borni gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt med Moses.

6 Det var nokre menner som hadde vorte ureine av eit lik, og ikkje kunde halda høgtid den dagen; dei gjekk same dagen fram for Moses og Aron

7 og sagde til honom: «Me hev vorte ureine av eit lik. Skal me for den skuld verta attsette, og ikkje få bera fram gåvorne våre for Herren i rett tid saman med hitt Israels-folket?»

8 Då sagde Moses til deim: «Venta eit bil, so eg fer høyra kva Herren segjer um dette!»

9 Og Herren tala til Moses, og sagde:

10 «Tala til Israels-sønerne, og seg: «Um nokon av dykk eller etterkomarane dykkar hev vorte ureine av lik, eller er på langferd, so skal dei like fullt halda påskehelg for Herren.

11 Den fjortande dagen i den andre månaden, solegladsbil, skal dei eta påskelambet; attåt søtt brød og bitre urter skal dei eta det.

12 Dei må ikkje leiva noko av det til morgonen, og ikkje brjota noko bein i det. Alle dei fyresegnerne som gjeld for påskehelgi, skal dei fylgja.

13 Men den som er rein, og ikkje er ute og ferdast, og som endå let vera å halda påskehelg, han skal rydjast ut or ætti si, for di han ikkje hev bore fram gåvorne til Herren i rette tid; den mannen skal lida for syndi si.

14 Og når ein framand som held til hjå dykk, vil halda påskehelg for Herren, so skal han og fylgja dei fyresegnerne og loverne som gjeld for påskehelgi. Det skal gjelda ei lov for dykk alle, for den framande so vel som den som den som er fødd og alen i landet.»»

15 Den dagen gudshuset vart reist, sveipte skyi seg kringum huset, um tjeldet som gøymde Guds lov; men um kvelden var det som ein eld å sjå yver huset, og den heldt seg der alt til morgonen.

16 Og soleis var det stødt: um dagen låg det ei sky yver gudshuset, og um natti ein eldsljoske.

17 Og kvar gong skyi letta seg upp ifrå tjeldet, tok Israels-sønerne ut, og der som skyi let seg ned, der lægra dei seg;

18 etter Herrens ord tok dei ut, og etter Herrens ord slo dei læger; men so lenge skyi låg yver gudshuset, heldt dei seg i lægret.

19 Låg skyi lenge yver gudshuset, so retta Israels-borni seg etter det som Herren hadde sagt, og tok ikkje ut.

20 Stundom låg skyi berre nokre få dagar yver gudshuset; då heldt dei seg i ro so lenge Herren vilde, og tok ut når han vilde.

21 Stundom låg skyi der berre frå kveld til morgon; då tok dei ut um morgonen, med same skyi lyfte seg. Eller ho låg der ein dag og ei natt; når ho då hov seg upp, tok dei ut.

22 Eller ho låg der eit par dagar, eller ein månad, eller endå lenger. Når skyi drygde so lenge, og vart liggjande yver gudshuset, heldt Israels-folket seg i lægret og tok ikkje ut; men so snart ho steig til vers, tok dei ut.

23 Etter Herrens ord lægra dei seg, og etter Herrens ord tok dei ut. Dei retta seg etter Herrens vilje, soleis som Moses hadde sagt deim frå Herren.

10. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

2 «Gjer deg tvo lurar av drive sylv! Deim skal du hava til å kalla lyden i hop med, og til å varsla folket når lægret skal flytjast.

3 Blæs de i båe, so skal heile lyden samla seg hjå deg framanfor møtetjelddøri;

4 blæs de berre i ein, so skal styresmennerne, hovdingarne yver Israels-ætterne, samla seg hjå deg.

5 Blæs de alarm, so skal dei flokkarne fara i veg som hev lægret sitt i aust;

6 blæs de alarm andre venda, so skal dei som ligg i sud taka ut. Alarm skal de blåsa kvar gong de bryt upp frå lægret;

7 men når du vil kalla folket i hop til ålmannamøte, skal de låta lint i lurarne, og ikkje blåsa alarm.

8 Arons-sønerne, prestarne, er det som skal blåsa i deim. Dette skal vera ei æveleg lov hjå dykk, frå ætt til ætt.

9 Og når de fær ufred i landet, og fienden bryt på dykk, so skal de blåsa sterkt i lurarne; då skal Herren, dykkar Gud, koma dykk i hug, so de vert berga for uvenerne.

10 Og på glededagarne dykkar og høgtiderne og nymånedagarne skal de låta i lurarne til brennofferi og takkofferi dykkar, so det kann minna dykkar Gud um dykk. Eg, Herren, er dykkar Gud.»

11 Tjugande dagen i andre månaden i det andre året lyfte skyi seg upp ifrå gudshuset,

12 Då tok Israels-sønerne ut frå Sinaiheidi, flokk for flokk, etter som dei var fylkte; og skyi let seg ned att i Paranheidi.

13 Dette var fyrste gongen dei braut lægret, og det var etter Herrens bod, som Moses hadde kunngjort for deim.

14 Fyrst tok Juda-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Nahson, son åt Amminadab, som stod yver Juda-flokken;

15 yver Issakars-flokken stod Netanel, son åt Suar,

16 og yver Sebulons-flokken Eliab, son åt Helon.

17 Kvar gong gudshuset var teke ned, for Gersons-sønerne og Merari-sønerne i veg, dei som førde huset.

18 So tok Rubens-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisur, son åt Sede’ur, som stod yver Rubens-flokken;

19 yver Simeons-flokken stod Selumiel, son åt Surisaddai,

20 og yver Gads-flokken Eljasaf, son åt Re’uel.

21 So tok Kahats-sønerne i veg, dei som bar dei høgheilage tingi, og fyrr dei kom fram, hadde dei hine reist huset.

22 So tok Efraims-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisama, son åt Ammihud, som stod yver Efraims-flokken;

23 yver Manasse-flokken stod Gamliel, son åt Pedasur,

24 og yver Benjamins-flokken Abidan, son åt Gideoni.

25 So tok Dans-heren ut med fana si, flokk i flokk: Dei var attarst i fylkingi. Det var Ahiezer, son åt Ammisaddai, som stod yver Dans-flokken;

26 yver Assers-flokken stod Pagiel, son åt Okran,

27 og yver Naftali-flokken Ahira, son åt Enan.

28 Soleis var Israels-sønerne fylkte når dei for i veg, herflokk etter herflokk. Då dei skulde taka ut,

29 sagde Moses til Hobab, son åt Re’uel frå Midjan, verfar hans Moses: «No tek me på vegen til det landet som Herren hev sagt han vil gjeva oss. Kom og ver med oss, so skal me gjera vel mot deg; for Herren hev lova Israel mykje godt.»

30 «Nei,» svara Hobab, «eg vil fara heim til mitt eige land og folk.»

31 «Kjære væne, gakk ikkje frå oss!» sagde Moses. «Du veit best kvar me kann setja læger i øydemarki; du lyt vera auga vårt!

32 Gjeng du med oss, so skal me gjeva deg mykje godt, når me fær alt det gode som Herren vil gjeva oss.»

33 So for dei då frå Gudsfjellet tri dagsleider fram, og Herrens sambandskista for fyre deim alle tri dagarne, og leita etter ein kvilestad for deim.

34 Herrens sky stod yver deim um dagen, når dei for ifrå lægret.

35 Og kvar gong kista tok i veg, kvad Moses: «Reis deg, Herre, so fienden ryk og uvenern’ dine rømer for deg!»

36 Og når ho let seg ned, kvad han: «Herre, kom atter til alle dei tusund Israels-ætter!»

11. kapitlet

1 Det var ein gong folket klaga seg for Herren, liksom dei leid vondt. Då Herren høyrde det, vart han harm, og elden hans slo ned millom deim, og herja i den eine enden av lægret.

2 Då ropa folket på Moses, og Moses bad til Herren for deim; so slokna elden av.

3 Sidan kalla dei den staden Tabera, av di Herrens eld slo ned millom deim.

4 Men herkemugen, som var med deim, fyste etter annan kost; då for Israels-folket og til å jamra seg att, og sagde: «Gud gjev me hadde kjøt å eta!

5 Me saknar fisken som me fekk kostelaust i Egyptarland, og agurkarne og melonorne og purren og kvitlauken og skarlauken;

6 her turkar me reint upp; me ser ikkje anna for augo enn manna.»

7 Manna var likt korianderfrø og på lit som bedolahkvåda.

8 Folket for utyver og sanka det, og mol det på handkvern eller støytte det sund i mortlar. Sidan saud dei det i gryta, og laga kakor av det; då smaka det som sukkerbrød med olje i.

9 Når dalskoddi seig ned yver lægri um natti, fylgde det manna med.

10 Då Moses høyrde gråt frå kvart einaste hus, og såg at Herren var fælande harm, tykte han det var ilt,

11 og sagde til Herren: «Kvi hev du fare so hardt med tenaren din? Kvi hev du so lite godhug for meg at du vil leggja på meg slik ei byrd som å syta for heile dette folket?

12 Hev då eg gjeve deim livet eller sett deim inn i verdi, sidan du segjer med meg at eg skal halda deim på armen, som barnfostren held eit sugebarn, og bera deim fram til det landet du hev lova federne deira?

13 Kvar skal eg taka kjøt frå til heile dette folket? For dei heng yver meg med gråt, og segjer: «Gjev oss kjøt, so me fær eta!»

14 Ikkje kann eg åleine syta for heile dette folket; det er meir enn eg orkar.

15 Vil du fara so med meg, so drep meg heller med ein gong, so sant du vil meg vel, og lat meg ikkje sjå mi eigi ulukka.»

16 Då sagde Herren til Moses: «Kalla meg i hop sytti av dei gildaste menner i Israel, deim som du veit er dei gjævaste millom folket og formenner for deim! Tak deim so med deg til møtetjeldet og lat deim standa der hjå deg,

17 so vil eg koma ned og tala med deg der, og eg vil lata deim og få av den åndi som er yver deg, so dei kann hjelpa deg og bera all den tyngsla du hev av folket, og du ikkje tarv bera henne åleine.

18 Og til folket skal du segja: «Helga dykk til i morgon, so skal de få kjøt å eta, etter di de jamra dykk for Herren og sagde: «Gud gjeve me hadde kjøt! Å kor godt me livde i Egyptarland!» No vil Herren gjeva dykk kjøt, som de skal eta av,

19 og det ikkje ein dag, eller tvo eller fem eller ti eller tjuge dagar,

20 men ein heil månad, til de byd dykk imot, so det lyt gjeva det upp att, for di de mismætte Herren som er midt imillom dykk, og jamra dykk for honom, og sagde: «Kvi for me då frå Egyptarland?»»»

21 «Seks hundrad tusund gangføre menner er det folket som eg fylgjest med,» svara Moses, «og du segjer at du vil gjeva deim kjøt so dei hev mat for ein heil månad!

22 Skal me slagta so mange sauer og naut at det rekk til for deim, eller skal all fisken i havet sankast i hop so dei fær nok?»

23 Då sagde Herren til Moses: «Rekk ikkje Herrens arm so langt som han vil? No skal du få sjå um det ikkje gjeng som eg hev sagt.»

24 So gjekk Moses ut, og kunngjorde Herrens ord for folket, og han kalla saman sytti av dei gjævaste mennerne i lyden, og bad deim standa rundt ikring møtetjeldet.

25 Og Herren for ned i skyi, og tala til Moses, og let dei sytti gjæve mennerne få av den åndi som var yver honom. Då hende det at med same åndi let seg ned yver deim, tala dei profetord, men sidan gjorde dei det ikkje.

26 Det var tvo menner som hadde vorte att i lægret; den eine heitte Eldad og den andre Medad. På deim let åndi seg og ned; for dei høyrde til deim som var uppskrivne, men dei hadde ikkje gjenge ut til møtetjeldet, og no tala dei profetord i lægret.

27 Og ein svein kom springande med bod til Moses og sagde: «Eldad og Medad talar profetord i lægret.»

28 Då tok Josva frami, han som hadde vore fylgjesveinen åt Moses alt ifrå ungdomen, og sagde: «Herre Moses, forbyd deim dette!»

29 «Er du åbru for mi skuld?» svara Moses. «Eg vilde at heile Herrens folk kunde tala profetord, og at Herren sende sin Ande yver deim!»

30 Då Moses vel var komen attende til lægret saman med Israels hovdingar,

31 so sende Herren ein vind som førde enghønor inn ifrå havet, og støytte deim ned yver lægret og markerne rundt ikring, so vidt som ei dagsleid i firkant. Dei flaug so lågt at dei ikkje var meir enn eit par alner frå marki,

32 og folket var ute heile den dagen og heile natti og heile den andre dagen og samla deim inn; ingen sanka mindre enn eit tjug tunnor, og dei breidde deim utyver rundt ikring lægret.

33 Medan dei endå åt av kjøtet - det var ikkje ende - loga Herrens vreide upp att, og han sende ein øgjeleg manndaude yver deim.

34 Difor kallar dei den staden Kibrot-Hatta’ava; for der vart dei jorda dei som hadde vore so fysne.

35 Frå Kibrot-Hatta’ava for folket til Haserot, og der vart dei verande ei tid.

12. kapitlet

1 Mirjam, og Aron med, tala ille um Moses for den ætiopkvinna skuld, som han hadde teke til kona - for han hadde gift seg med ei ætiopisk kvinna -

2 og dei sagde: «Er det då berre Moses Herren hev tala med? Hev han ikkje tala med oss og?» Og Herren høyrde det.

3 No var Moses ein mild og tolug mann, mildare enn alle menneskje på jordi.

4 Men Herren sagde brått til Moses og til Aron og til Mirjam: «Gakk ut til møtetjeldet alle tri!» So gjekk dei dit alle tri.

5 Og Herren for ned i ein skystopul, og stod i tjelddøri og ropa: «Aron og Mirjam!» Då gjekk dei ut båe tvo.

6 Og han sagde: «Lyd no etter ordi mine: Er det ein profet millom dykk, so ter eg, Herren, meg for honom i syner, og talar med honom i draumar.

7 Men so er det ikkje med Moses, tenaren min; honom lit eg so på, at eg hev sett honom yver heile mitt hus.

8 Munn til munn talar eg med honom, klårt og ikkje i gåtor, og han fær sjå Herren i rette hamen hans skapnad. Korleis kunde de då våga å tala ille um Moses, min tenar?»

9 Og Herrens vreide loga upp imot dei, og han for burt.

10 Då skyi hadde kvorve burt frå tjeldet, då var Mirjam spillsjuk, og kvit som snø; med same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var spillsjuk.

11 Då sagde han til Moses: «Gode herre bror! Lat oss ikkje lida for mykje for syndi og dårskapen vår!

12 Lat henne ikkje verta som eit daudt foster, som er halvrote når det kjem ut or morslivet!»

13 Då ropa Moses til Herren og sagde: «Å kjære, kjære Gud, gjer henne god att!»

14 Og Herren sagde til Moses: «Hadde far hennar sputta henne i andlitet, laut ho då ikkje sitja med skam i sju dagar? No skal dei stengja henne ute frå lægret i sju dagar, so kann dei taka henne inn att!»

15 So stengde dei Mirjam ute frå lægret i sju dagar, og folket tok ikkje av stad, fyrr dei hadde teke henne inn att.

16 Sidan tok folket ut frå Haserot, og slo læger i Paranheidi.

13. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

2 «Send ut folk til å forfara Kana’ans-landet, som eg vil gjeva Israels-borni! Ein mann for kvar ætt skal de senda, og alle skal vera av dei fremste mennerne deira.»

3 So sende Moses folk ut frå Paranheidi, som Herren hadde sagt, og dei han sende var alle av dei gjævaste mennerne i Israel.

4 Dei heitte: Sammua, son åt Sakkur, av Rubens-ætti;

5 Safat, son åt Hori, av Simeons-ætti;

6 Kaleb, son åt Jefunne, av Juda-ætti;

7 Jigeal, son åt Josef, av Issakars-ætti;

8 Hosea, son åt Nun, av Efraims-ætti;

9 Palti, son åt Rafu, av Benjamins-ætti;

10 Gaddiel, son åt Sodi, av Sebulons-ætti;

11 Gaddi, son åt Susi, av Josefs-ætti, av Manasse-greini;

12 Ammiel, son åt Gemalli, av Dans-ætti;

13 Setur, son åt Mikael, av Assers-ætti;

14 Nahbi, son åt Vofsi, av Naftali-ætti;

15 Ge’uel, son åt Maki, av Gads-ætti.

16 Det var dei mennerne som Moses sende ut til å rundfara landet; men Hosea, son åt Nun, kalla han Josva.

17 Han sende dei på njosningsferd til Kana’ans-landet, og sagde til deim: «Far upp her, til Sudlandet, og tak upp i fjellet,

18 og sjå korleis landet er laga, og um folket som bur der er sterkt eller veikt, um dei er få eller mange,

19 og um landet deira er godt eller låkt, og kva slag byar dei bur i, um der er læger eller borger,

20 og um jordi er feit eller skrinn, og um der er tre eller ikkje. Ver trøystuge, og tak med dykk noko av frukti i landet!» Det var då i det bilet druvorne for til å mogna.

21 So tok dei av stad, og endefor landet, alt ifrå Sinheidi til Rehob, som ligg innmed vegen til Hamat.

22 Dei for upp til Sudlandet og kom til Hebron. Der budde Ahiman og Sesai og Talmai, Anaks-sønerne - Hebron var bygt sju år fyre Soan i Egyptarland. -

23 So kom dei til Eskoldalen. Der skar dei ei vintregrein med ein druvekrans, som tvo mann laut bera millom seg på ei stong, og so nokre granateple og fikor.

24 Den staden vart sidan heitande Eskoldalen, etter den druvekransen som Israels-sønerne skar av der.

25 Då det leid av fyrti dagar, kom dei att, og hadde endefare landet.

26 Dei fann Moses og Aron og heile Israels-lyden i Paranheidi, i Kades, og gav fråsegn um det dei hadde set, og synte deim frukterne frå Kana’ans-landet.

27 «Me kom til det landet du sende oss til,» sagde dei til Moses, «og det er visst at det landet fløymer med mjølk og honning, og her ser de frukterne som veks der.

28 Men folket som bur der, er sterkt, og byarne store, med svære murar ikring. Anaks-sønerne såg me der og,

29 og i Sudlandet bur Amalek-folket, og i fjellbygderne hetitarne og jebusitarne og amoritarne, og utmed havet og langsmed Jordan bur Kananitarne.»

30 Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga på deim, og sagde: «Jau, me vil fara dit, og leggja landet under oss; me kann godt taka det.»

31 Men dei mennerne som hadde vore med honom, sagde: «Me torer ikkje ganga imot dette folket; dei er oss for sterke.»

32 Og dei lasta burt landet for Israels-folket, og sagde: «Det landet me for igjenom og skoda, er eit land til å øyda ut folk; og alle me såg der, var kjempekarar;

33 der såg me risarne, Anaks-sønerne, som er av riseætt, og mot deim tyktest me å vera berre som engsprettor, og so tykte dei og.»

14. kapitlet

1 Då skreik alt folket yver seg, og dei gret heile natti.

2 Og alle Israels-borni, heile lyden, mukka mot Moses og Aron, og sagde: «Gud gjeve me hadde døytt i Egyptarlandet eller her i øydemarki - å Gud gjeve me hadde døytt!

3 Kvi vil Herren føra oss til dette landet, so me vert nedhogne, og konorne og borni våre vert fangar? Er det ikkje betre for oss å fara attende til Egyptarland?»

4 Og dei sagde seg imillom: «Me vil taka oss ein hovding, og fara attende til Egyptarland!»

5 Då kasta Moses og Aron seg ned på jordi for augo åt heile Israels-lyden;

6 og Josva, son åt Nun, og Kaleb, son åt Jefunne, som hadde vore med og forfare Kana’ans-landet, reiv sund klædi sine

7 og tala til heile Israels-lyden, og sagde: «Det landet som me hev fare igjenom og skoda, er eit ovgodt land.

8 Er Gud oss god, so fører han oss fram til landet, og gjev oss det; det er eit land som fløymer med mjølk og honning.

9 Set dykk berre ikkje upp mot Gud, og ver ikkje rædde folket som bur der i landet! Dei er ikkje annleis enn som eit matmål for oss. Hjelpi deira hev kvorve burt, og Herren er med oss. Ver ikkje rædde!»

10 Då vilde heile lyden steina deim; men Herrens herlegdom synte seg i møtetjeldet for heile Israels-folket.

11 Og Herren sagde til Moses: «Kor lenge vil dette folket hæda og vanvyrda meg? Kor lenge vil dei mistru meg, endå so mange teikn som eg hev gjort millom deim?

12 Men no vil eg søkja deim med sott, og rydja deim ut, og so vil eg gjera di ætt til eit større og sterkare folk enn dei er.»

13 Då sagde Moses til Herren: «Skal då egyptarane få spyrja slikt? dei som du førde dette folket burt i frå i ditt velde!

14 Skal dei få det å tala um med folk her i landet, som hev høyrt at du, Herre, er midt imillom dette folket, og syner deg for deim, andlit til andlit, du, Herre, og at skyi di held seg yver deim, og at du gjeng fyre deim i ein skystopul um dagen og i ein eldstopul um natti?

15 Slær du no dette folket i hel, som det var ein mann, so kjem dei folki som hev høyrt ordet um deg til å segja:

16 «Herren magta ikkje å føra dette folket fram til det landet han hadde lova deim, og so drap han deim ned i øydemarki.»

17 Men syn deg no i ditt velde, Herre, som du lova då du sagde:

18 «Herren er tolug og rik på nåde. Han tilgjev brot og misgjerningar; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus: han hemner broti åt federne på borni og på barnebarns-borni og borni etter deim.»

19 Tilgjev då av di store nåde broti åt dette folket, liksom du hev havt tolmod med deim heile vegen, frå Egyptarland og hit!»

20 Då sagde Herren: «Eg skal gjeva deim til, som du bed um.

21 Men so vist som eg liver og Herrens herlegdom fyller heile jordi:

22 ingen av deim som hev set herlegdomen min og dei teikni eg gjorde i Egyptarland og i øydemarki, og som like vel hev freista meg gong på gong, og aldri vilde lyda på ordi mine -

23 ingen av deim skal sjå det landet eg hev lova federne deira; ingen av deim som hev hædt og vanvyrdt meg, skal få sjå det.

24 Men Kaleb, tenaren min, vil eg fylgja til det landet han hev vore i, og ætti hans skal få det til eiga; for honom er det ein annan hug i, og han hev halde seg trutt etter meg.

25 Amalekitarne og kananitarne bur her i dalen; difor lyt de i morgon venda um, og taka ut i øydemarki, den vegen som ber til Raudehavet.»

26 Og Herren tala meir til Moses og Aron, og sagde:

27 «Kor lenge skal denne vonde lyden halda på å mukka mot meg? Eg hev nok høyrt korleis Israels-sønerne murrar og mukkar imot meg.

28 Seg til deim: «So vist som eg liver,» segjer Herren: «det som eg høyrde de ynskte dykk, det skal de få.

29 Her i øydemarki skal beini dykkar liggja, alle de som vart mynstra, heile flokken, so mange som er yver tjuge år gamle og hev sett seg upp imot meg;

30 ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg rette handi i veret på at eg vilde gjeva dykk til bustad - ingen utan Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun.

31 Småborni dykkar, som de spådde skulde falla i fiendehand, deim vil eg fylgja dit, og dei skal verta heime i det landet som de hev vanda.

32 Men dykkar bein skal liggja her i øydemarki;

33 og sønerne dykkar skal gjæta i heiderne i fyrti år, og lida for utruskapen dykkar, til beini dykkar hev morkna i øydemarki.

34 Likso mange dagar som de for yver Kana’ans-landet, likso mange år skal de lida for broti dykkar, fyrti år, eit år for kvar dag, og de skal få kjenna korleis det er når eg vender meg frå dykk.

35 Det segjer eg, Herren: So vil eg gjera med heile denne vonde lyden, som hev slege seg i hop mot meg; i denne øydemarki skal dei enda sine dagar, her skal dei døy.»»

36 Dei mennerne som Moses hadde sendt ut til å forfara Kana’ans-landet, og som spreidde låke tiender um det då dei kom att, og fekk heile lyden til å setja seg upp imot Moses,

37 desse mennerne, som hadde lasta burt landet, dei døydde brått for Herrens åsyn.

38 Av alle deim som hadde fare på njosningsferd til Kana’ans-landet, var det berre Josva, son åt Nun, og Kaleb, son åt Jefunne, som fekk liva.

39 Og Moses bar Herrens ord fram for Israels-folket. Då angra dei sårt,

40 og dagen etter, i otta, tok dei uppetter til høgfjellet, og sagde: «Sjå her er me og vil fara upp til den staden som Herren hev sagt; for me hev synda.»

41 Då sagde Moses: «Kvi vil de då gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast.

42 Far ikkje dit! For Herren er ikkje med dykk. De kjem berre til å rjuka for fienden.

43 For der møter de amalekitarne og kananitarne, og då vert de nedhogne, etter di de hev vike frå Herren, og han ikkje er med dykk.»

44 Like vel var dei so uvyrdne at dei styrmde av stad til høgfjellet. Men Herrens sambandskista og Moses flutte seg ikkje frå lægret.

45 Og amalekitarne og kananitarne, som budde på det fjellet, kom ned, og slo deim og jaga deim frå einannan, og elte deim alt til Horma.

15. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

2 «Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Når de kjem til det landet de skal bu og byggja i, det som eg vil gjeva dykk,

3 og de lagar til offermat for Herren - brennoffer eller slagtoffer av storfe eller småfe, til godange for Herren - anten det er ein lovnad de vil løysa, eller ei gåva det gjev i godvilje, eller eit høgtidsoffer,

4 so skal det attåt offeret som de ber fram for Herren, koma med eit grjongåva, og det skal vera ei kanna fint mjøl, blanda med ei halvkanna olje,

5 og til drykkoffer skal du gjeva ei halvkanna vin attåt brenn- eller slagtofferet, dersom det er eit lamb;

6 er det ein ver, so skal du til grjonoffer gjeva tvo kannor fint mjøl, blanda med tvo pottar olje,

7 og til drykkoffer skal du bera fram tvo pottar vin; då er det eit offer som angar godt for Herren.

8 Ofrar de ein ung ukse til brennoffer eller slagtoffer, anten det er ein lovnad de vil løysa, eller eit takkoffer til Herren,

9 so skal du attåt uksen bera fram tri kannor fint mjøl, blanda med ei kanna olje, til grjonoffer,

10 og til drykkoffer ei kanna vin; då er det ein offerrett som gjev god ange for Herren.

11 Soleis skal de gjera for kvar ukse og ver og for kvart lamb eller kid

12 de ofrar, anten offerdyri er få eller mange.

13 Alle som er fødde og borne i landet, skal gjera so som eg no hev sagt, når dei vil bera fram ein offerrett til godange for Herren.

14 Er det nokon framand som held til hjå dykk, eller i framtidi kjem til å bu millom dykk, og vil bera fram ein offerrett til godange for Herren, so skal han gjera like eins som de.

15 Det gjeld same retten for heile lyden, for dykk sjølve so vel som for dei framande som bur i landet dykkar; det er ei lov som skal gjelda for alle tider at dei framande skal vera som de sjølve for Herrens åsyn.

16 Ei lov og ein rett skal vera for dykk og for dei framande som bur hjå dykk.»»

17 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

18 «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når de kjem til det landet som eg vil føra dykk til,

19 og et av den maten de avlar der, so skal de koma med ei reida til Herren:

20 Av det fyrste gropet de mel, skal de bera fram ei kaka til reida for Herren, liksom de ber fram reida frå treskjarstanden -

21 av det fyrste malingi skal de all tid gjeva Herren ei reida.

22 Fer de i mist, og gløymer noko av dei bodi som Herren hev gjeve Moses,

23 og som Moses hev kunngjort for dykk, anten no, med same Herren hev gjeve bodet, eller seinare frametter tidi,

24 og det er uviljande gjort, og lyden uvitande, so skal heile lyden bera fram ein ung ukse til brennoffer og godange for Herren, med grjonoffer og drykkoffer som til høyrer, soleis som det er fyresagt, og ein geitebukk til syndoffer,

25 og presten skal gjera soning for heile Israels-lyden; då skal dei få tilgjeving etter di det var uviljande gjort, og dei hev kome til Herren med offergåva si og bore fram syndofferet sitt til bot for si misferd.

26 Både heile Israels-lyden og dei framande som bur millom deim, skal få tilgjeving. For heile folket var saka i misferdi.

27 Er det ein einskildmann som uviljande hev synda, so skal han bera fram ei årsgamall geit til syndoffer.

28 Og presten skal beda til Herren for den som uviljande hev misfare seg og synda, og gjera soning for honom, so skal han få tilgjeving.

29 Dette gjeld både for den som er fødd og boren millom Israels-folket og for den framande som bur millom deim. Det gjeld same retten for dykk alle, når de uviljande gjer noko gale.

30 Men den som med vilje gjer noko vondt, anten det er eit heimemenneskje eller ein framand, han hæder Gud og skal rydjast ut or folket sitt;

31 for han hev vanvyrdt Herrens ord og brote bodet hans: den mannen skal rydjast ut; han skal lida for brotet sitt.»»

32 Då Israels-folket var i øydemarki, råka dei ein gong ein mann som sanka ved ein helgedag.

33 Dei som kom yver honom medan han sanka veden, førde honom fram for Moses og Aron og heile lyden.

34 Og dei sette honom fast; for det var ikkje gjeve noko serskilt bod um kva som skulde gjerast med honom.

35 Då sagde Herren til Moses: «Mannen skal lata livet: Heile lyden skal steina honom utanfor lægret.»

36 So førde heile lyden honom ut til ein stad utanfor lægret, og steina honom i hel, soleis som Herren hadde sagt til Moses.

37 Og Herren sagde til Moses:

38 «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim, at dei skal gjera seg duskar og hava i snipparne på klædi sine, både dei og etterkomarane deira, og i kvar dusk skal dei setja ei purpursnor.

39 Dei duskarne skal de hava til prydnad, og når de ser på deim, skal de minnast alle Herrens bod og halda dykk etter deim, so de ikkje fer hit og dit etter som hjarta og augo segjer dykk til; for dei lokkar dykk jamleg til utruskap.

40 Det er so de skal koma i hug å halda alle bodi mine og vera heilage for dykkar Gud.

41 Eg er Herren, dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet, og vil vera dykkar Gud. Eg, Herren, er dykkar Gud.»

16. kapitlet

1 Korah, son åt Jishar Kahatsson av Levi-ætti, og Datan og Abiram, sønerne hans Eliab, og On Peletsson av Rubens-ætti tok til å yppa seg mot Moses,

2 og saman med dei tvo hundrad og femti av dei øvste i Israels-lyden, som var kåra til tingmenner, og hadde eit godt namn.

3 Dei slo seg i hop mot Moses og Aron, og sagde til deim: «No lyt det vera nok! Heile lyden er heilag, alle saman, og Herren er midt imillom deim; kvi vil då de all tid halda dykk gildare enn Herrens lyd?»

4 Då Moses høyrde det, kasta han seg ned på jordi.

5 Og han tala til Korah og heile flokken hans, og sagde: «I morgon vil Herren syna kven som er hans folk, og kven som er heilag og kann koma inn til honom, og dei som han då vel, skal få koma inn til honom.

6 Gjer no so, du Korah og heile flokken din: Tak i morgon med dykk glodfat,

7 og hav eld i deim, og legg røykjelse på elden for Herrens åsyn, og den som Herren vel, han skal vera heilag. Lat so det vera nok, de Levi-søner!»

8 Og endå sagde Moses til Korah: «Høyr no, de Levi-søner!

9 Er de ikkje nøgde med at Israels Gud hev skilt dykk ut frå Israels-lyden, so de skulde vera næmare honom og greida arbeidet i Herrens hus, og ganga lyden til handa?

10 Han hev teke deg og alle brørne dine, Levi-sønerne, innåt seg, og no trår de etter preste-embættet og?

11 Det er mot Herren de hev slege dykk i hop, du og heile flokken din; for kva er Aron? Kann det vera verdt å setja seg upp i mot honom?»

12 So sende Moses bod etter Datan og Abiram, sønerne hans Eliab; men dei svara: «Me kjem ikkje!

13 Er det ikkje nok at du lokka oss burt frå eit land som fløymer med mjølk og honning, so me skulde døy i øydemarki? Vil du no attpå råda og rikja yver oss?

14 Ikkje heller hev du ført oss til eit land som fløymer med mjølk og honning, og gjeve oss åkrar og aldehagar til eiga! Trur du då du kann synkverva desse mennerne? Me kjem ikkje!»

15 Då vart Moses brennande harm, og han sagde til Herren: «Ansa ikkje offeret deira! Ikkje so mykje som eit asen hev eg teke frå deim, og ingen av deim hev eg gjort noko til meins.»

16 So sagde han til Korah: «Møt no fram for Herrens åsyn i morgon, du og heile flokken din! Aron skal og møta fram,

17 og de skal taka kvar sitt glodfat og leggja røykjelse på deim, og bera deim fram for Herrens åsyn, tvo hundrad og femti glodfat, og du og Aron skal og taka kvar sitt glodfat.»

18 So tok dei kvar sitt glodfat, og hadde eld i deim, og lagde røykjelse på og stod i møtetjelddøri, og det same gjorde Moses og Aron;

19 og Korah samla heile lyden imot dei framanfor møtetjelddøri. Då synte Herrens herlegdom seg for heile lyden.

20 Og Herren tala til Moses og Aron, og sagde:

21 «Skil dykk frå denne lyden, so skal eg gjera ende på deim, so fort som ein blunkar med auga.»

22 Men dei kasta seg på kne, og sagde: «Allvelduge Gud, du som råder yver alle manneliv, vert du vill på heile lyden, for di ein mann syndar?»

23 Og Herren svara Moses:

24 «Seg til folket at dei skal hava seg burt frå bustaden åt Korah og Datan og Abiram og frå alt som derikring er!»

25 So reiste Moses seg upp og gjekk burt til Datan og Abiram, og Israels hovdingar fylgde honom.

26 Og han tala til folket, og sagde: «Gakk burt frå husi åt desse gudlause mennerne, og kom ikkje innåt noko som høyrer deim til; elles kjem de og til å lida for alle synderne deira!»

27 Då flutte dei seg burt frå buderne åt Korah og Datan og Abiram og alt som var ikring um. Men Datan og Abiram kom ut og stod i buddøri med konorne sine og borni, både store og små.

28 Og Moses sagde: «Dette skal de hava til merke på at Herren hev sendt meg til å gjera alle desse verki, og at det ikkje er av meg sjølv eg gjer det:

29 dersom desse døyr på same vis som anna folk, og møter lagnaden som alle andre menneskje, so hev Herren ikkje sendt meg;

30 men dersom Herren let henda noko som aldri fyrr hev hendt, dersom jordi let upp gapet sitt, og gløyper deim og alt som deira er, so dei fer livande ned i helheimen, so veit de at desse mennerne hev spotta Herren.»

31 Ikkje fyrr hadde han sagt dei ordi, so rivna grunnen under føterne deira;

32 jordi let upp gapet sitt, og gløypte deim og husi deira og alt folket hans Korah og alt det dei åtte.

33 Dei for livande ned i helheimen med alt som deira var, jordi gøymde deim, og dei kvarv burt or lyden.

34 Og heile Israel, som stod rundt ikring, rømde då dei høyrde skriket deira; dei var rædde jordi skulde gløypa deim med.

35 So for det eld ut frå Herren, og brende upp dei tvo hundrad og femti mennerne som hadde bore fram røykjelse.

36 Då tala Herren til Moses, og sagde:

37 «Seg til Eleazar, son åt Aron, øvstepresten, at han skal taka upp glodfati som ligg att der elden hev fare, og strå glørne vidt utyver! For heilage er dei,

38 glodfati åt desse mennerne som laut lata livet for syndi si; de skal hamra dei ut til plator, og klæda altaret med deim. Dei hev vorte framborne for Herrens åsyn; difor er dei heilage, og skal vera eit varsl for Israels-borni.»

39 Og Eleazar, presten, gjorde som Moses hadde sagt honom frå Herren: han tok koparfati som dei hadde bore fram dei mennerne som brann upp, og smedarne hamra plator av deim til å klæda altaret med,

40 so Israels-borni skulde koma i hug at ingen framand, ingen som ikkje er av Arons ætt, må ganga fram og brenna røykjelse for Herrens åsyn; elles kjem han til å fara same ferdi som Korah og hans flokk.

41 Dagen etter mukka heile Israels-lyden mot Moses og Aron, og sagde: «Det er de som hev drepe Herrens folk!»

42 og ålmugen tok til å samla seg mot deim. Moses og Aron vende seg mot møtetjeldet; då såg dei at skyi låg yver tjeldet, og herlegdomen åt Herren skein fram.

43 So gjekk dei fram for møtetjeldet,

44 Og Herren tala til Moses, og sagde:

45 «Sjå til å koma dykk burt frå denne hopen, so skal eg tyna dei i ein augneblink!» Då kasta dei seg på kne,

46 og Moses sagde til Aron: «Tak glodfatet; legg i gløder frå altaret, og hav røykjelse uppå, og skunda deg so burt til lyden med det, og gjer soning for deim! For Herren hev slept harmen sin laus - sotti er komi!»

47 Aron gjorde som Moses sagde, og tok glodfatet og sprang midt inn i flokken; sotti hadde då alt teke til å herja millom folket. So lagde han røykjelsen på gløderne, og bad ei soningsbøn for folket,

48 med han stod der millom daude og livande. Då stana sotti;

49 men det var fjortan tusund og sju hundrad som døydde i den sotti, umfram deim som miste livet for Korahs skuld.

50 Då sotti hadde gjeve seg, gjekk Aron attende til Moses, til møtetjelddøri.

17. kapitlet

1 Då tala Herren til Moses, og sagde:

2 «Tala til Israels-sønerne, og få tolv stavar av deim, ein for kvar ætt; av kvar ættarhovding skal du få ein stav, og på den skal du rita namnet hans.

3 Og Arons namn skal du setja på staven åt Levi-sønerne; for ein av stavarne skal deira ættarhovding hava.

4 So skal du leggja stavarne i møtetjeldet, framfyre kunngjeringskista, der som eg er van å møtast med dykk.

5 Då skal han bløma, staven åt den eg vel ut - so fær eg vel fred for den mukkingi som Israels-borni jamleg plågar dykk med.»

6 So tala Moses til Israels-borni, og hovdingarne gav honom kvar sin stav, ein stav for kvar ætt; det var tolv stavar i alt, og millom deim var staven hans Aron.

7 Og Moses lagde stavarne ned framfor Herrens åsyn i kunngjeringstjeldet.

8 Då han so andre dagen kom inn i kunngjeringstjeldet, såg han at Arons stav, den som høyrde til Levi-ætti, hadde grønkast, og skote knuppar, og sett blom, og fenge mogne mandlar.

9 Då tok han alle stavarne, og bar deim ut or heilagdomen, og synte deim åt alle Israels-borni, og då dei hadde set deim, tok kvar sin stav.

10 Og Herren sagde til Moses: «Ber Arons stav inn att, og legg honom frammed kunngjeringskista! Der skal han gøymast til ei åtvaring for dei ulyduge; for held dei ikkje upp med å mukka imot meg, so skal dei døy.»

11 Og Moses gjorde so; som Herren hadde sagt med honom, so gjorde han.

12 Men Israels-borni sagde til Moses: «Sjå no er det ute med oss; me døyr, me døyr alle saman!

13 Kjem nokon innåt - innåt Herrens hus - so misser han livet. Er det ikkje då ute med oss alle?»

18. kapitlet

1 So sagde Herren til Aron: «Du og sønerne dine og heile farsætti di skal hava ansvaret for heilagdomen. Du og sønerne dine skal svara for preste-embættet dykkar.

2 Og frendarne dine, Levi-sønerne, farsætti di, skal du hava med deg. Dei skal halda seg attmed deg, og ganga deg til handa når du og sønerne dine stend framfyre kunngjeringstjeldet.

3 Og dei skal gjera det som du set deim til å gjera, alt det som skal gjerast i heile tjeldet; berre dei heilage tingi og altaret må dei ikkje koma innåt; for gjer dei det lyt dei døy, både dei og de.

4 Dei skal halda seg attmed deg, og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet; for ingen framand må koma innåt dykk.

5 Men de lyt gjera alt som skal gjerast i sjølve heilagdomen og innmed altaret, so det ikkje tidare skal koma vreide yver Israels-folket.

6 For det er eg som hev kåra ut levitarne, brørne dykkar, av Israels-folket; dei er ei gåva til dykk, og de skal gjeva deim åt Herren, so dei gjer det arbeidet som trengst i møtetjeldet.

7 Men du og sønerne dine skal styra preste-embættet og hava umsut for alt som høyrer til altaret og for det som er innanfor forhenget, og halda gudstenesta. Dykk gjev eg prestedømet i gåva; men kjem ein framand innåt, skal han lata livet.»

8 Og Herren sagde til Aron: «Sjå, eg gjev deg det som skal gøymast av reidorne mine; alle dei heilage gåvorne frå Israels-folket, deim gjev eg deg og sønerne dine; det skal vera dykkar lut og rett i all framtid.

9 Høyr no kva det er du skal hava av dei høgheilage gåvorne, når det som skal brennast, er teke undan: Alt det dei ber fram av grjonoffer og syndoffer og skuldoffer som dei gjev meg i bot, det er høgheilagt, og skal høyra deg og sønerne dine til.

10 På den høgheilage staden skal du eta det; alle karar kann eta av det; heilagt skal det vera for deg.

11 Like eins skal du hava dei gåvorne som dei gjev i reidor; alt det Israels-borni svingar for Herrens åsyn, gjev eg deg og sønerne og døtterne dine; det skal de hava retten til i all framtid; alle i ætti di som er reine, kann eta av det.

12 Alt det beste av oljen og av druvesafti og kornet, det fyrste dei avlar av det, og gjev Herren, det gjev eg deg.

13 Dei fyrste mogna frukterne av alt som veks i landet deira, og som dei kjem til Herren med, skal vera dine; alle i ætti di som er reine, kann eta deim.

14 Alt som er vigsla i Israel, skal høyra deg til.

15 Alt som kjem fyrst frå morsliv, alt livande som dei ber fram for Herren, anten det er folk eller fe, skal vera ditt; men det som er frumbore av folk, skal du lata deim løysa, og det som er frumbore av ureine dyr, kann og løysast.

16 Løysepengarne for borni skal leggjast etter dei hev fyllt ein månad, og svara til det verdet som sett er: fem sylvdalar i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren.

17 Frumsungar av kyr eller sauer eller geiter må ikkje løysast; dei er heilage. Blodet deira skal du skvetta på altaret, og feittet skal du brenna; so røyken stig upp mot himmelen; det er ein angande rett for Herren.

18 Kjøtet skal du hava; liksom svingebringa og det høgre låret skal det høyra deg til.

19 Alle heilage reidor som Israels-borni kjem til Herren med, gjev eg deg og sønerne og døtterne dine; det skal de hava retten til for alle tider. Dette er ei æveleg og ubrjotande semja med deg og etterkomarane dine for Herrens åsyn.»

20 Og Herren sagde til Aron: «Du fær ingen lut i landet deira og ingi jordeign millom deim; eg skal vera din lut og di eiga millom Israels-folket.

21 Men all tiend i Israel gjev eg Levi-sønerne til eigedom for arbeidet deira, det arbeidet dei gjer i møtetjeldet.

22 Og dei hine Israels-borni skal ikkje meir koma innåt møtetjeldet; for då fører dei synd yver seg, og lyt døy.

23 Levi-sønerne åleine skal greida tenesta i møtetjeldet, og hava alt ansvaret; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar. Dei skal ingi jordeign hava millom Israels-folket;

24 men tiendi som Israels-borni kjem til Herren med, gjev eg levitarne; den skal vera deira eigedom; difor er det eg hev sagt at dei ingi jordeign skal hava millom Israels-folket.»

25 Og Herren tala til Moses, og sagde:

26 «Du skal tala til levitarne, og segja til deim: «Når de tek imot tiendi som eg hev sagt de skal få til eigedom av Israels-folket, so skal de gjeva Herren ei reida av det - tiend av tiendi.

27 Og reida dykkar skal reknast for jamgod med det kornet dei andre ber fram frå låven og den vinen dei kjem med frå persa.

28 På den måten gjev de og Herren reida av all tiendi de fær hjå Israels-borni, og den reida de hev etla åt Herren, skal de gjeva Aron, øvstepresten.

29 Av alle gåvor de fær, skal de fyrst taka ut alt det de vil gjeva Herren, og det de vigjer honom, lyt all tid vera av det beste.»

30 Og du skal segja til deim: «Når de ofrar det beste av det, so skal det reknast likt med det som kjem inn ifrå låven og ifrå vinpersa;

31 de kann eta det kvar de vil, både de og folket dykkar; for det er løni de skal hava for arbeidet i møtetjeldet.

32 De ber ingi synd for det, når det berre gjev frå dykk det beste, og de vanhelgar ikkje dei heilage gåvorne frå Israels-folket, og skal ikkje lata livet.»»

19. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:

2 «Høyr no eit lovbod som Herren hev gjeve! Han sagde: «Seg til Israels-sønerne at dei skal koma til deg med ei raud kviga, som ikkje hev vank eller veila, og aldri hev vore under åket.

3 Den skal de gjeva til Eleazar, presten, og dei skal leida henne utanfor lægret og slagta henne for augo hans.

4 Og han - Eleazar, presten - skal taka noko av blodet hennar på fingeren og skvetta sju gonger burt imot framsida av møtetjeldet.

5 So skal dei brenna kviga for augo hans; både hudi og kjøtet og blodet, og møki med, skal dei brenna.

6 Og presten skal taka cedertre og bergmynta og karmesin og kasta på elden som kviga brenn i.

7 Sidan skal han två klædi sine, og lauga likamen sin i vatn, so kann han koma inn i lægret; men han skal vera urein alt til kvelds.

8 Den som brende kviga, skal og två klædi sine og lauga likamen sin i vatn, og er urein til kvelds.

9 Og ein som er rein, skal samla i hop oska av kviga, og leggja henne på ein rein stad utanfor lægret, so ho kann gøymast åt Israels-lyden til skiringsvatn; ho hev soningskraft.

10 Men den som samla oska av kviga, lyt två klædi sine, og er urein til kvelds. Og dette skal vera ei æveleg lov både for Israels-folket og dei framande som bur millom deim.

11 Den som kjem nær ein avliden, kven det so er, er urein sju dagar.

12 Den tridje og den sjuande dagen skal han reinsa seg for synd med skiringsvatnet; so vert han rein att; men reinsar han seg ikkje den tridje og den sjuande dagen, so vert han ikkje rein.

13 Kven som kjem nær ein avliden, eit mannelik, og ikkje reinsar seg, han sulkar Herrens hus, og skal rydjast ut or Israel; han er urein; so lenge det ikkje er skvett skiringsvatn på honom, fylgjer det ureinska med honom.

14 So lyder lovi: Når ein døyr i eit hus, so skal alle som er i huset, og alle som kjem inn, vera ureine sju dagar.

15 Og alle opne koppar, alle som det ikkje er lok på eller bundne yver, vert ureine.

16 Og den som ute på marki kjem nær ein som er ihelslegen, eller eit anna lik, eller mannebein, eller ei grav, er urein i sju dagar.

17 Er det ein som soleis hev vorte urein, so skal dei taka noko av oska etter det uppbrende syndofferet og ausa rennande vatn på i eit fat.

18 Og ein som er rein, skal taka bergmynte og duppa i vatnet, og skvetta på huset og på alle dei ting og alle dei folk som er der, og på den som hev kome nær mannebein eller ein mann som er ihelslegen eller eit anna lik eller ei grav.

19 Den tridje og den sjuande dagen skal dei reine skvetta på den som hev vorte urein; og den sjuande dagen skal han segja honom fri for synd; so skal han två klædi sine og lauga seg i vatn, og vert då rein att same kvelden.

20 Men den som vert urein, og ikkje reinsar seg for synd, han skal rydjast ut or lyden, for di han hev sulka Herrens heilagdom - det hev ikkje kome skiringsvatn på honom: han er urein.

21 Dette skal vera ei æveleg lov hjå deim. Den som skvette skiringsvatnet, skal tvo klædi sine, og den som kjem nær skiringsvatnet, er urein alt til kvelds.

22 Alt det den ureine kjem nær, vert ureint, og alle som kjem innåt honom, er ureine til kvelds.»»

20. kapitlet

1 I den fyrste månaden kom Israels-sønerne, heile lyden, til Sinheidi, og dei gav seg til i Kades. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.

2 Men der var ikkje vatn åt folket, og dei flokka seg i hop mot Moses og Aron,

3 og trætta med Moses, og sagde: «Gud gjeve me og hadde roke med då brørne våre let livet for Herrens åsyn!

4 Kvi hev de havt Herrens folk ut i denne øydemarki, so me lyt døy her, både me og feet vårt?

5 Kvi lokka de oss burt frå Egyptarland, og førde oss hit til denne fæle staden, der det ikkje veks anten korn eller fikor eller vintre eller aplar og ikkje finst drikkevatn?»

6 Moses og Aron hadde seg undan flokken, og gjekk fram i møtetjelddøri og kasta seg på kne. Då synte Herrens herlegdom seg for deim.

7 Og Herren tala til Moses, og sagde:

8 «Du skal taka staven, og du og Aron, bror din, skal kalla lyden i hop og tala til berget for augo deira, so skal det gjeva vatn utor seg. Lat det koma vatn utor berget for deim, og gjev deim og feet deira drikka!»

9 Moses gjorde som Herren sagde: han tok staven som låg framfor Herrens åsyn,

10 og han og Aron kalla lyden i hop framfyre berget; so sagde han til deim: «Høyr no, stridnakkar! Skal me lata det koma vatn åt dykk ut or dette berget?»

11 So lyfte han handi, og slo på berget med staven sin tvo gonger; då strøymde det ut mykje vatn, og folket og feet deira fekk drikka.

12 Men Herren sagde til Moses og Aron: «Sidan de ikkje trudde på meg, og ikkje let Israels-borni sjå mi guddomsmagt, so skal de ikkje få føra denne lyden inn i det landet eg hev gjeve deim.»

13 Det var denne kjelda som vart kalla Meribavatnet; der var det Israels-sønerne tretta med Herren, og han synte deim si guddomsmagt.

14 Frå Kades sende Moses dette bodet til kongen i Edom: «So segjer Israel, bror din: «Du veit kor mykje vondt me hev lide.

15 Federne våre for ned til Egyptarland, og der budde me mange, mange år, og egyptarane var harde med oss og federne våre;

16 då ropa me til Herren, og han høyrde bønerne våre, og sende oss ein engel, som førde oss ut or Egyptarland, og sjå no er me i Kadesbygdi, innmed landskilet ditt.

17 Snilde deg, lat oss få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje ganga yver åkrarne eller vinhagarne, og ikkje taka vatn or brunnarne; me skal fara etter kongsvegen og ikkje taka av, korkje til høgre eller vinstre, fyrr me er komne igjenom landet ditt.»»

18 Men Edom svara: «Du må ’kje fara fram her; gjer du det, so møter eg deg med sverd i hand.»

19 «Eg skal fylgja storvegen,» sagde Israel, «og dersom eg drikk av vatnet ditt, eg eller buskapen min, so skal eg gjeva deg like for det. Det kann då ’kje gjera noko um eg gjeng etter vegen.»

20 «Nei, du slepp ikkje fram her,» svara Edom, og gjekk imot deim med mykje folk og våpn.

21 Edom vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara igjenom landet sitt, og Israel laut taka ei onnor leid.

22 So tok dei ut ifrå Kades, heile Israels-lyden, og kom til Horfjellet.

23 Og der, ved Horfjellet, i landskilet åt Edom, sagde Herren til Moses og Aron:

24 «No skal Aron fara til federne sine. De var ulyduge mot meg ved Meribabrunnen; difor skal han ikkje koma inn i det landet eg hev gjeve Israels-sønerne.

25 Hav Aron og Eleazar, son hans, med deg upp på Horfjellet;

26 og tak av Aron presteklædi, og hav deim på Eleazar, son hans! So skal Aron døy der, og fara til federne sine.»

27 Moses gjorde som Herren sagde, og dei steig upp på Horfjellet for augo åt alt folket,

28 og Moses tok av Aron presteklædi, og hadde deim på Eleazar, son hans. So døydde Aron der uppå fjellet, og då Moses og Eleazar kom ned av fjellet,

29 og folket såg at Aron var burte, då syrgde alle Israels-ætterne yver honom i tretti dagar.

21. kapitlet

1 Då den kananitiske kongen som budde i Arad i Sudlandet, høyrde at Israel kom farande etter ålmannvegen, tok han på deim, og fanga nokre av deim.

2 Då gjorde Israel ein lovnad til Herren, og sagde: «Gjev du dette folket i våre hender, so skal me bannstøyta byarne deira.»

3 Og Herren høyrde bøni, og gav kananitarne i Israels hender, og Israel bannstøytte deim og byarne deira; sidan kalla dei den staden Horma.

4 Frå Horfjellet tok dei leidi burt imot Raudehavet, og vilde fara ikring Edomlandet. Men på vegen vart folket utoluge;

5 dei lasta Gud og Moses, og sagde: «Kvi hadde de oss burt frå Egyptarland? No lyt me døy her i øydemarki; for her finst det korkje brød eller vatn, og me er hjarteleide av denne veike maten.»

6 Då sende Herren eiterormar, som for inn imillom folket og hogg deim, so mange av deim døydde.

7 So kom dei til Moses, og sagde: «Me synda då me lasta Herren og deg. Bed Herren at han vil fria oss frå ormarne!» Då bad Moses for folket.

8 Og Herren sagde til Moses: «Gjer deg ein eitarorm, og set honom upp på ei stong, so skal kvar ein som er ormhoggen og ser burt på honom få liva.»

9 So gjorde Moses ein koparorm, og sette honom på ei stong, og kvar gong ormarne hadde hogge nokon og han såg burt på koparormen, fekk han liva.

10 Sidan tok Israels-sønerne i vegen att, og lægra seg i Obot.

11 So tok dei ut frå Obot, og lægra seg ved Ijje-ha-Abarim i øydemarki austanfor Moab.

12 So for dei derifrå, og slo læger i Zereddalen.

13 So for dei lenger, og slo læger på hi sida av Arnonelvi, der som ho kjem utor Amoritarlandet og renn igjenom øydemarki. Arnon er landskilet åt Moab, og byte millom Moab og amoritarne;

14 difor stend det i boki um Herrens herferder: «Vaheb vann me snøgge som vinden, åern’ alle, ja sjølve Arnon -

15 elvelidi som heldt til Arheim og hallar seg uppåt Moabs-eigni.»

16 So for dei til Be’er. Der er den brunnen som Herren tala um då han sagde til Moses: «Kalla i hop folket, so skal eg gjeva deim vatn!»

17 Då song Israel denne songen: «Vell upp, du klåre olla! Ein song me vil deg syngja!

18 Du brunn som jarlar bora, og hovdingarne hola med styrarstavarn’ sine - frå aude grunn ei gåva.»

19 Frå Mattana for dei so til Nahaliel, og frå Nahaliel til Bamot,

20 og frå Bamot til den dalen som ligg i Moabmarki, tett med toppen av Pisgafjellet, og hallar ned imot Øydemoen.

21 Israel sende bod til Sihon, kongen yver amoritarne, og sagde:

22 «Lat meg få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje koma inn på åkrarne eller vingardarne, og ikkje drikka av brunnarne; me skal halda oss etter kongsvegen, til me er komne gjenom landet ditt.»

23 Men Sihon vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara gjenom landet; han samla alt herfolket sitt, og for ut i øydemarki mot Israel. Då han kom til Jahas, møtte han deim, og rauk på deim.

24 Men Israel hogg honom ned med kvasse sverd, og tok landet hans, frå Arnon til Jabbok til Ammonriket; men landskilet åt Ammons-sønerne var tettsett med borger.

25 Og Israel lagde under seg alle byarne åt amoritarne, og vart buande der, i Hesbon og alle dei byarne som høyrde til.

26 For Hesbon var hovudstaden åt Sihon, amoritarkongen; han hadde slegest med den fyrre kongen i Moab, og teke frå honom alt landet heilt til Arnon.

27 Difor segjer skalden: «Kom hit, kom hit til Hesbon, bygg upp att Sihons borg!

28 For eld for ut frå Hesbon, frå Sihons stad ein loge, som øydde Ar i Moab og herja deim som hyste på Arnonhøgdene.

29 Ai ei, no er det ute med ætti åt Kamos! Han sønern’ sine sender som rømingar or riket, og sine døtter driv han til amoritardrotten Sihon i fangeferd.

30 Me skot på skot deim sende; Hesbon vart lagd i grus og heile landet herja med odd og egg, til Dibon. Me øydde alt ikring oss, og kveikte ufredselden alt burt åt Medeba.»

31 Israels-sønerne slo seg ned i Amoritarlandet,

32 og Moses sende njosnarar til Jazer; siden lagde dei under seg alle bygderne der ikring, og dreiv ut amoritarne som budde der.

33 So tok dei på ei onnor leid, og for uppetter til Basan; og Og, kongen i Basan, for i mot deim til Edre’i med alt herfolket sitt, og baud ufred.

34 Men Herren sagde til Moses: «Du treng ikkje vera rædd honom! Eg gjev honom i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med honom som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritarne, som budde i Hesbon.»

35 So hogg dei honom ned, både honom og sønerne og folket hans, so ingen vart att eller slapp undan, og sidan eigna dei åt seg landet.

22. kapitlet

1 So tok Israels-sønerne ut att, og lægra seg på Moabmoarne, på hi sida av Jordanelvi der ho renn frammed Jeriko.

2 Då Balak, son åt Sippor, fekk spurt kva Israel hadde gjort med amoritarne,

3 då var rædsla stor i Moab. Moabitarne fælte seg for dette folket som var so mannsterkt,

4 og sagde til hovdingarne i Midjan: «No kjem denne store hopen til å snøyda alt ikring oss, liksom uksarne når dei gneg snaudt på bøen.» Og Balak Sipporson - han var konge i Moab den tid -

5 sende menner til Bileam, son åt Beor, som åtte heime i Petor ved Storelvi; dei skulde beda honom koma, og segja honom det frå kongen: «Det hev kome eit folk frå Egyptarland; dei er so mange at dei fyller heile landet, og dei hev slege seg ned midt fyre meg.

6 Kjære deg, kom og bed ei våbøn yver det folket for meg; for dei er meg for sterke - då trur eg me skal vinna yver deim, so eg fær drive deim ut or landet; for eg veit at den du signar, er velsigna, og den du bannar, er forbanna.»

7 Sendemennerne var av det gjævaste folket i Moab og Midjan; dei hadde spåmannsløn med seg, og då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak.

8 Då sagde han til deim: «Ver her i natt, so skal eg gjeva dykk svar, etter det som Herren segjer meg fyre.» So gav dei seg til hjå Bileam.

9 Då kom Gud til Bileam, og sagde: «Kva er det for folk som er hjå deg?»

10 Bileam svara: «Balak, son åt Sippor, Moabs konge, sender bod til meg og segjer:

11 «Her hev kome eit folk frå Egyptarland, og dei er so mange at dei fyller alt landet. Kom og les ei våbøn yver deim, so trur eg visst eg skal råda med deim og jaga deim ut.»»

12 Då sagde Gud til Bileam: «Gakk ikkje med deim! Du skal ikkje banna det folket; for dei er velsigna.»

13 Um morgonen sagde Bileam til hovdingarne som Balak hadde sendt til honom: «Far heim att! Herren vil ikkje gjeva meg lov til å fylgja med dykk.»

14 So tok Moabs-hovdingarne av stad, og då dei kom heim att til Balak, sagde dei: «Bileam vilde ikkje vera med oss.»

15 Då sende Balak andre hovdingar, fleire og gjævare enn fyrste gongen.

16 Då dei kom til Bileam, sagde dei til honom: «Balak, son åt Sippor, helsar deg, og segjer: «Gode deg, kom! Seg ikkje nei!

17 Eg skal løna deg vel, og gjera alt det du segjer, berre du vil koma og banna dette folket for meg.»»

18 Bileam svara kongsmennerne so: «Um Balak gjev meg huset fullt med sylv og gull, so kann eg ikkje gjera Herren, min Gud, imot, korkje i smått eller stort.

19 Men ver no de og her natti yver, so fær eg høyra kva meir Herren hev å segja meg.»

20 Då kom Gud um natti til Bileam, og sagde til honom: «Er desse mennerne komne her på den måten at dei vil få deg med seg, so kann du ferda deg til og fylgja deim; men gjer ikkje anna enn som eg segjer til deg.»

21 Um morgonen gjorde Bileam seg reidug, og sala asna si, og for so i veg saman med Moabs-hovdingarne.

22 Men Gud vart harm for di han tok ut, og Herrens engel kom imot honom, og stod på vegen som ein fiende, då han kom ridande på asna i lag med båe sveinarne sine.

23 Og asna såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi; då tok ho av vegen, og ut på marki; men Bileam slo henne, so ho skulde halda vegen.

24 Sidan møtte Herrens engel i ei geil millom vinhagarne. På båe sidor var det steingard,

25 og då asna såg Herrens engel, strauk ho seg innåt garden, og klemde foten åt Bileam mot steinarne. Då slo han henne att.

26 So gjekk Herrens engel framum endå ein gong, og stod i eit trongt klemstre; der var det ikkje råd å vika undan, korkje til høgre eller vinstre,

27 og med same asna fekk sjå Herrens engel, lagde ho seg ned under Bileam. Då vart han harm, og slo henne med staven.

28 Men Herren gav asna mål, og ho sagde til Bileam: «Kva hev eg gjort deg? No er det tridje gongen du slær meg.»

29 «Du hev havt meg til narr,» svara Bileam. «Hadde eg havt eit sverd i handi, so hadde eg slege deg i hel med det same.»

30 Då sagde asna: «Er ’kje eg asna di, som du hev ride på alt du hev vore til? Hev eg då havt for vis å fara soleis med deg?» «Nei,» sagde Bileam,

31 og i det same opna Herren augo hans, so han såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi. Då kasta han seg på kne, og bøygde hovudet.

32 Og Herrens engel sagde til honom: «Kvi hev du fare so, og slege asna di tri gonger? Det var eg som møtte deg som ein fiende, av di eg tykte denne ferdi var for brå.

33 Og asna såg meg, og tok av vegen for meg alle tri gongerne. Hadde ikkje ho teke av vegen, so hadde eg no drepe deg, men asna hadde eg spart.»

34 Då sagde Bileam til Herrens engel: «Eg hev synda; men eg visste ikkje at du stod framfyre meg på vegen; er dette deg imot, so skal eg venda heim att.»

35 «Nei, far no du med mennerne,» svara Herrens engel, «men seg ikkje eit ord anna enn det som eg segjer deg fyre.» So tok Bileam i vegen att med kongsmennerne.

36 Då Balak fekk høyra at Bileam kom, for han til møtes med honom til den byen som låg nørdst i Moabriket, ved Arnon, ytst utmed landskilet.

37 Og han sagde til Bileam: «Sende eg ikkje einkom bod og bad deg til meg? Kvi vilde du ikkje koma? Trur du ikkje eg er god til å løna deg for umaken?»

38 «No ser du eg er komen,» svara Bileam. «Men det er vandt um eg kann segja noko; berre dei ordi som Gud legg meg i munnen, kann eg tala.»

39 So fylgde han med Balak, og dei kom til Kirjat-Husot.

40 Der slagta Balak storfe og småfe, og sende til Bileam og dei hovdingarne som var med honom.

41 Morgonen etter tok kongen Bileam med seg upp på Bamot-Ba’al; derifrå kunde han sjå enden av Israels-lægret.

23. kapitlet

1 So sagde Bileam til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og få meg hit sju uksar og sju verar!»

2 Balak gjorde som Bileam sagde, og Balak og Bileam ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.

3 So sagde Bileam til Balak: «Statt her innmed brennofferet ditt, med eg gjeng burt eit bil; kann henda Herren kjem til møtes med meg; kva han då let meg sjå, det skal eg segja med deg.» So gjekk han burt på ei treberr høgd;

4 der kom Gud til møtes med honom, og Bileam sagde til honom: «No hev eg stelt til sju altar, og ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.»

5 Då lagde Herren eit ord i munnen på honom, og sagde: «Gakk attende til Balak, og tala so som eg no hev lært deg.»

6 Då han kom attende, såg han Balak stod ved brennofferet sitt med alle Moabs hovdingar.

7 Då bar han fram spådomsordet sitt, og kvad: «Or Aram Balak hit meg baud, or austerfjelli Moabs drott: «Kom! Yver Jakob våbøn lys, og vreide vond yv’ Israel!»

8 Koss kann eg beda vondt yv’ den som Gud vil vel og ikkje vondt, og lysa heitan harm yv’ ein som Herren ikkje harmast på?

9 Frå høgste nuten ser eg han, frå haugarn’ eg augna kann: Ein lyd som liver for seg sjølv. Med heidningfolk held han ’kje lag.

10 Kven kann upprekna Jakobs ætt, og taka tal på Israel? Det vøre telja sand i strand og gyvet som på jordi fyk. Mått’ eg som desse gode døy, og få ei endelykt som dei!»

11 «Kva er det du gjer?» ropa Balak. «Til å banna fiendarne mine fekk eg deg hit, og so velsignar du deim!»

12 «Lyt eg ikkje halda meg etter dei ordi som Herren legg meg i munnen?» svara Bileam.

13 Då sagde Balak: «Kjære, kom og ver med meg til ein annan stad, so du kann sjå deim betre - her ser du berre enden av lægret; heile lægret ser du ikkje - og bed so ei våbøn yver deim der.»

14 So tok han Bileam med seg til vardehaugen på toppen av Pisga; der bygde han sju altar og ofra ein ung ukse og ein ver på kvart altar.

15 Og Bileam sagde til honom: «Statt her innmed brennofferet ditt, med eg gjeng der burt til eit møte.»

16 So kom Herren til møtes med Bileam, og lagde eit ord i munnen hans, og sagde: «So skal du tala når du kjem attende til Balak!»

17 Då han kom attende, stod Balak endå ved brennofferet, og Moabs hovdingar med honom. «Kva sagde Herren?» spurde han.

18 Då bar Bileam upp spådomsordet sitt, og kvad: «Kom, Balak, og mitt kvede høyr, lyd på min song, son åt Sippor!

19 Rett aldri munde Gud sitt ord mishalla som eit menneskje ell’ angra som eit mannebarn. Det han hev sagt, set han i verk det han hev lova, held han og.

20 Velsigning send’ han - signar han, so kann eg ikkje venda det.

21 Aldri hjå Jakob naud du såg, ell’ ulukka hjå Israel; Herren, hans Gud, er med han stødt, og kongeluren hjå han læt.

22 Gud leidd han or Egyptarland, ein urukse med sterke horn.

23 Jakob treng ingi trolldomskunst, og ingen spådom i Israel; når stundi er der, vert det sagt åt Jakob og åt Israel kva Gud vil gjera til kvar tid.

24 Sjå, lyden som ei løva ris, som løva lyfter seg til sprang, og ikkje lyster leggja seg, fyrr ho hev metta seg med rov og drukke blod av deim ho drap.»

25 Då sagde Balak til Bileam: «Um du ikkje vil banna deim, so tarv du då ikkje velsigna deim.»

26 «Hev eg ikkje sagt deg at eg i eitt og alt lyt gjera som Herren segjer med meg?» svara Bileam.

27 «Kjære, kom,» sagde kongen, «so skal eg fylgja deg til ein annan stad; kann henda Herren ikkje hev noko imot at du bannar deim der.»

28 So tok han Bileam med seg upp på toppen av Peorfjellet, som skodar ned på Øydemoen.

29 Då sagde Bileam til honom: «Bygg sju altar for meg her, og få meg hit sju unge uksar og sju verar!»

30 Og Balak gjorde som Bileam sagde, og på kvart alter ein ukse og ein ver.

24. kapitlet

1 Men no tyktest Bileam sjå at det var Herrens vilje å velsigna Israel, og han gjekk ikkje burt og søkte teikn, som han fyrr hadde gjort; han vende andlitet mot øydemarki,

2 og såg utyver til han fekk auga på Israels-ætterne, som låg der sida um sida. Då kom Guds ande yver honom,

3 og han kvad: «Segjer Bileam, Beors son, mæler mannen med augo att,

4 han som høyrer ord i frå Gud, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned:

5 Kor gilde buder Jakob hev, kor gjæv ein bustad Israel!

6 Som bekkjedalar breider seg, som aldehagar kring ei å, aloetrei Herren ol, og cedrarn’, attmed vatnet veks.

7 Utor hans byttor strøymer vatn, og vel hans åker vatna er. Hans konge yver Agag gjeng, og høgt hans rike hevjar seg.

8 Gud leid’ han or Egyptarland, ein urokse med sterke horn. Fiendefolki upp han et, og knokarn’ deira knasar han, med sine kolvar sund deim skyt.

9 Som løva legg han seg til ro; kven vågar vel å vekkj’ han upp? Gud signe den som signar deg, og banne den som bannar deg!»

10 Då vart Balak brennande harm på Bileam; han slo i hop henderne, og sagde til honom: «Eg kalla deg hit so du skulde beda vondt yver uvenerne mine, og no hev du velsigna deim tri gonger!

11 Far no heim med deg so fort du kann! Eg hadde tenkt å løna deg vel, men Herren hev meinka deg løni.»

12 Bileam svara: «Sagde eg det ikkje straks åt dei mennerne du sende til meg? -

13 «Um Balak gjev meg huset sitt fullt av sylv og gull,» sagde eg, «so kann eg ikkje brjota Herrens bod og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt; berre det Herren vil, kann eg tala.»

14 No fer eg heim att til folket mitt, men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera men ditt folk i komande dagar.»

15 So bar han upp spådomen sin, og kvad: «Segjer Bileam, Beors son, mæler mannen med augo att,

16 han som høyrer ord ifrå Gud, vita fær det den Høgste veit, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned:

17 Eg skodar han, men ikkje no, eg augnar han, men ikkje nær - ei stjerna som or Jakob stig, eit spir som sprett or Israel! - Moabs tunnvangar trør han sund, og øyder ufredsætti ut.

18 Edom vert eigedomen hans, og Se’ir slær han under seg, det uvenern’ hans åtte fyrr; stort velde vinn seg Israel.

19 Av Jakob ris den råda skal; han ryd ut or byarn’ ut deim som frå bardagen hev berga seg.»

20 So såg han amalekitane. Då kvad han dette verset: «Fyrst utav folk er Amalek, men ein gong gjeng han og til grunns.»

21 Og han såg kenitarne, og kvad: «Din bustad er ei borg so fast, på nuten hev ditt reir du bygt.

22 Men endå vert det øydelagt snart fører Assur deg av stad.»

23 So kvad han atter: «Ai, ei, kven vert vel etter då, når Gud let dette ganga fram?

24 Med skip frå Kittimleidi kjem; dei døyver Assur, døyver deim som burtanfyre elvi bur, so dei og utor heimen kverv.»

25 So gjorde Bileam seg reidug, og for heim att, og Balak tok og på si leid.

25. kapitlet

1 Med Israels-folket heldt til i Sittim, tok folket til å fljuga etter kvinnorne i Moab.

2 Og Moabs-kvinnorne bad deim til blotveitslorne åt guden sin; so åt dei med deim og bøygde kne for guden deira;

3 Israel tydde seg til Ba’al-Peor. Då vart Herren brennande harm på Israel,

4 og Herren sagde til Moses: «Tak med deg alle Israels hovdingar, og legg desse mennerne på stegl for Guds og alle manns augo, so Herrens brennande vreide kann vendast burt frå Israel!»

5 Og Moses sagde til styresmennerne i Israel: «Kvar av dykk skal slå i hel deim av folki sine som hev halde seg til Ba’al-Peor!»

6 Best det var, kom ein av Israels-sønerne med ei kvinna frå Midjan, og leidde henne heim til sitt eige folk midt for augo på Moses og heile Israels-lyden, med dei sat og syrgde i møtetjelddøri.

7 Då Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, øvstepresten, såg det, steig han fram or lyden, og treiv eit spjot

8 og gjekk etter mannen inn i koven, og rende spjotet gjenom deim båe, mannen og kvinna, so det gjekk inn i livet hennar. Då stanna sotti som herja Israels-folket.

9 Men talet på deim som døydde i sotti, var fire og tjuge tusund.

10 Og Herren tala til Moses, og sagde:

11 «Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, øvstepresten, hev vendt vreiden min burt frå Israels-folket; etter di han stod so strengt på min rett, vilde ikkje eg vera so streng at eg gjorde ende på Israels-borni.

12 Difor skal du segja honom at eg vil gjera samband med honom, so det skal ganga honom vel;

13 ævelegt prestedøme lovar eg honom og ætti hans etter honom, for di han var so vyrk for æra åt sin Gud og gjorde soning for Israels-folket.»

14 Den drepne israeliten, han som vart drepen i hop med den midjanitiske kvinna, heitte Zimri Saluson; han var formann for ei grein av Simeons-ætti.

15 Og midjanitkvinna som vart drepi, heitte Kozbi; ho var dotter åt Sur, som var hovding yver ei ættgrein av midjanitarne.

16 Og Herren tala til Moses, og sagde:

17 «De skal søkja åt midjanitarne og slå deim ned;

18 for dei sat um dykk og lagde svikråder mot dykk då det hende, dette med Peor og Kozbi, frenka deira, hovdingdotteri frå Midjan, som vart drepi den gongen sotti kom yver dykk for Peors skuld.»

26. kapitlet

1 Då sotti var yver, tala Herren so til Moses og Eleazar, son åt Aron, øvstepresten:

2 «Tak tal på heile Israels-lyden, ættgrein for ættgrein, alle dei våpnføre i Israel som hev fyllt tjuge år!»

3 So tala Moses og Eleazar, øvstepresten, åt deim på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde:

4 «Stig fram, alle menner som hev fyllt tjuge år!» - soleis som Herren hadde sagt med Moses. Israels-sønerne som for frå Egyptarland, det var.

5 Ætti etter Ruben, eldste son åt Israel. Og Rubens-sønerne det var: Hanokitarne, ætti etter Hanok, pallu’itarne, ætti etter Pallu,

6 hesronitarne, ætti etter Hesron, karamitarne, ætti etter Karmi.

7 Dette var Rubens-ætterne, og av deim var det tri og fyrti tusund og sju hundrad og tretti mann som vart innskrivne i manntalet.

8 Son åt Pallu heitte Eliab.

9 Og borni åt Eliab heitte Nemuel og Datan og Abiram. Men Datan og Abiram, det var dei same som var valde til folketinget, og var med og yppa strid mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg upp mot Herren,

10 og jordi let upp gapet sitt og gløypte både deim og Korah, og elden gjorde ende på dei tvo hundrad og femti mennerne, so heile flokken umkomst og vart til eit varsl.

11 Men sønerne åt Korah miste ikkje livet.

12 Simeons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Nemuelitarne, ætti etter Nemuel, jaminitarne, ætti etter Jamin, jakinitarne, ætti etter Jakin,

13 zerahitarne, ætti etter Zerah, sa’ulitarne, ætti etter Sa’ul.

14 Dette var Simeons-ætterne, tvo og tjuge tusund og tvo hundrad mann.

15 Gads-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sefonitarne, ætti etter Sefon, haggitarne, ætti etter Haggi, sunitarne, ætti etter Suni,

16 oznitarne, ætti etter Ozni, eritarne, ætti etter Eri,

17 aroditarne, ætti etter Arod, arelitarne, ætti etter Areli.

18 Dette var Gads-ætterne; dei var etter manntalet fyrti tusund og fem hundrad mann.

19 Av borni åt Juda døydde tvo i Kana’ans-landet; dei heitte Er og Onan.

20 Dei hine Juda-sønerne det var, etter ætterne deira: Selanitarne, ætti etter Sela, parsitarne, ætti etter Peres, zerahitarne, ætti etter Zerah.

21 Og Peres-sønerne det var, etter ætterne deira: Hesronitarne, ætti etter Hesron, hamulitarne, ætti etter Hamul.

22 Dette var Juda-ætterne. Av deim vart seks og sytti tusund og fem hundrad mann skrivne i rullorne.

23 Issakars-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Tola’itarne, ætti etter Tola, punitarne, ætti etter Puvva,

24 jasubitarne, ætti etter Jasub, simronitarne, ætti etter Simron.

25 Dette var Issakars-ætterne. Av deim var det fire og seksti tusund og tri hundrad mann som vart mynstra.

26 Sebulons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sarditarne, ætti etter Sered, elonitarne, ætti etter Elon, jahle’elitarne, ætti etter Jahle’el.

27 Dette var Sebulons-ætterne. Av deim vart det mynstra seksti tusund og fem hundrad mann.

28 Sønerne åt Josef med ætterne sine var Manasse og Efraim.

29 Manasse-sønerne det var: Makiritarne, ætti etter Makir. Makir fekk sonen Gilead; frå honom var gileaditarne ætta.

30 Gileads-sønerne det var: I’ezritarne, ætti etter I’ezer, helkitarne, ætti etter Helek,

31 asrielitarne, ætti etter Asriel, sikmitarne, ætti etter Sekem,

32 semida’itarne, ætti etter Semida, hefritarne, ætti etter Hefer.

33 Men Selofhad, son åt Hefer, hadde ingi søner, berre døtter, og namni på døtterne hans var Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa.

34 Dette var Manasse-ætterne. Av deim var det tvo og femti tusund og sju hundrad mann som vart innskrivne.

35 Efraims-sønerne det var, etter ætterne deira: Sutalhitarne, ætti etter Sutelah, bakritarne, ætti etter Beker, tahanitarne, ætti etter Tahan.

36 Og Sutelah-sønerne det var: Eranitarne, ætti etter Eran.

37 Dette var Efraims-ætterne; dei var tvo og tretti tusund og fem hundrad mann som vart skrivne. Det var Josefs-sønerne etter ætterne deira.

38 Benjamins-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Balitarne, ætti etter Bela, asbelitarne, ætti etter Asbel, ahiramitarne, ætti etter Ahiram,

39 sufamitarne, ætti etter Sefufam, hufamitarne, ætti etter Hufam.

40 Og Bela-sønerne var: Arditarne og na’amanitarne; ætterne etter Ard og Na’aman.

41 Dette var Benjamins-sønerne etter ætterne deira; av deim var det fem og fyrti tusund og seks hundrad mann som stod i manntalet.

42 Dans-sønerne det var, etter ætterne deira: Suhamitarne, ætti etter Suham. Dette var Dans-ætterne etter ættetavla deira;

43 Suhamit-ætterne var etter manntalet i alt fire og seksti tusund og fire hundrad mann.

44 Assers-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jimnitarne, ætti etter Jimna, jisvitarne, ætti etter Jisvi, beri’itarne, ætti etter Beria.

45 Og Beria-sønerne det var: Hebritarne, ætti etter Heber, malkielitarne, ætti etter Malkiel.

46 Dotter åt Asser heitte Serah.

47 Dette var Assers-ætterne; av deim stod det tri og femti tusund og fire hundrad mann i rullorne.

48 Naftali-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jahse’elitarne, ætti etter Jahse’el, gunitarne, ætti etter Guni,

49 jisritarne, ætti etter Jeser, sillemitarne, ætti etter Sillem.

50 Dette var Naftali-ætterne etter ættetalet deira; av deim vart det innskrive fem og fyrti tusund og fire hundrad mann.

51 So mange var det som vart mynstra av Israels-sønerne, seks hundrad og eitt tusund og sju hundrad og tretti mann.

52 Og Herren sagde til Moses:

53 «Åt desse skal landet skiftast ut til eigedom, etter folketalet.

54 Den som hev mykje folk, skal du gjeva mykje land, og den som hev lite folk mindre; kvar ætt skal få so mykje land som han hev våpnføre menner.

55 Landet skal skiftast på den måten at dei dreg strå um bygderne, og alle som hev same ættarnamnet, skal få sin eigedom i same bygdelaget.

56 Kvar skal få det som fell på honom etter strået, men den som hev mykje folk, skal få meir enn den som hev lite; soleis skal landet bytast millom deim.»

57 Levi-ætterne det var etter manntalet: Gersonitarne, ætti etter Gerson, kahatitarne, ætti etter Kahat, meraritarne, ætti etter Merari.

58 Desse ættgreinerne var det i Levi-ætti: Libnitarne, hebronitarne, mahlitarne, musitarne, korahitarne. Kahat var far åt Amram.

59 Kona åt Amram heitte Jokebed; ho var dotter åt Levi og fødd i Egyptarland. Amram fekk med henne sønerne Aron og Moses, og Mirjam, syster deira.

60 Og Aron fekk sønerne Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.

61 Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigd eld fram for Herrens åsyn.

62 Av levitarne vart tri og tjuge tusund innskrivne i manntalet, alle karfolk som var yver ein månad gamle. Dei vart ikkje talde saman med dei hine Israels-borni, av di dei ikkje fekk nokon odel millom deim.

63 Dette var dei som Moses og Eleazer, øvstepresten, talde då dei mynstra Israels-sønerne på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko.

64 Millom deim fanst det ingen som Moses og Aron, øvstepresten, hadde skrive inn i manntalet då dei mynstra Israels-sønerne i Sinaiheidi.

65 For Herren hadde sagt at dei skulde døy i øydemarki, og no var det ingen annan att enn Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun.

27. kapitlet

1 Men døtterne åt Selofhad - dei heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa, og var ætta frå Manasse, Josefs son; for Selofhad, far deira, var son åt Hefer, son åt Gilead, son åt Makir, son åt Manasse -

2 dei gjekk fram i møtetjelddøri, og stod framfor Moses og Eleazer, øvstepresten, og alle hovdingarne og heile lyden, og sagde:

3 «Far vår døydde i øydemarki, men han var ikkje med i den flokken som sette seg upp mot Herren - i Korah-flokken - han døydde for si synd skuld, og han hadde ingi søner.

4 Skal no namnet åt far vår ganga ut or ætti av di han ingen son hadde? Gjev oss odel tilliks med farbrørne våre!»

5 Moses bar saki deira fram for Herren.

6 Og Herren sagde til Moses:

7 «Det er rett som døtterne åt Selofhad segjer. Du skal gjeva deim odel tilliks med farbrørne deira, og lata farsgarden ganga i arv til deim.

8 Og til Israels-folket skal du segja: «Når ein mann døyr, og ikkje hev nokon son, so skal de lata garden hans ganga i arv til dotteri.

9 Hev han ingi dotter, so skal de gjeva brørne hans garden;

10 og hev han ikkje brør, so skal de lata farbrørne hans få garden;

11 men hadde ikkje faren nokon bror, so skal den næmaste skyldingen i ætti få garden til odel og eiga. Dette skal gjelda for rett hjå Israels-folket, soleis som Herren hev sagt med Moses.»»

12 Sidan sagde Herren til Moses: «Stig upp på Abarimfjellet her, og sjå utyver landet som eg hev gjeve Israels-sønerne.

13 Og når du hev set det, skal du og fara til federne dine, som Aron, bror din, fyre deg,

14 av di de var ulyduge mot meg i Sinheidi, då lyden trætta, og de ikkje vilde syna deim mi guddomsmagt og lata vatnet strøyma fram for augo deira.» - Av det hev Meribavatnet ved Kades i Sinheidi fenge namn.

15 Då tala Moses til Herren og sagde:

16 «Herre, du som kjenner kvar manns hug, vil ikkje du setja ein mann yver lyden,

17 som kann ganga fyre deim både heime og burte og fylgja deim både ut og inn, so ikkje lyden din skal vera som ein saueflokk utan hyrding!»

18 Og Herren sagde til Moses: «Tak Josva, son åt Nun! Han er ein heilag mann. Legg handi på hovudet hans,

19 og leid honom fram for Eleazar, øvstepresten, og for heile lyden, og set honom inn til styresmann framfor augo deira,

20 og gjev honom noko av den vyrdnaden du hev med deg, so kjem heile Israels-lyden til å høyra på honom.

21 Og han skal ganga fram for Eleazar, øvstepresten, og Eleazar skal for Herrens åsyn spyrja urim-oraklet for honom, og etter hans ord skal dei retta seg i alt dei tek seg fyre, både Josva og heile Israels-borni og heile lyden.»

22 Moses gjorde som Moses sagde; han tok og leidde Josva fram for Eleazar, øvstepresten, og heile lyden,

23 og Eleazar lagde henderne på honom, og sette honom inn til styresmann, som Herren hadde havt Moses til å segja med honom.

28. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

2 «So skal du segja til Israels-sønerne: «Offeri mine, maten min, dei angande retterne mine lyt de koma i hug å bera fram for meg på si visse tid.»

3 Seg til deim: «So skal dei rettarne vera som de ber fram for Herren: Tvo årsgamle lytelause lamb um dagen, til fast brennoffer.

4 Eitt lamb skal du ofra um morgonen, og eitt solegladsbil,

5 og til grjonoffer ei kanna fint mjøl, blanda med ei halvkanna av den beste beroljen.

6 Det skal vera det faste brennofferet, so som det vart frambore på Sinaifjellet til ein kveikjande ange, ein rjukande rett for Herren.

7 Og drykkofferet som høyrer til det eine lambet, skal vera ei halvkanna vin; den skal de skjenkja ut i heilagdomen til kryddedrykk for Herren.

8 Det andre lambet skal du ofra solegladsbil; med same grjonofferet som um morgonen, og same drykkofferet, skal du bera det fram, då er det ein god offerrett, som angar søtt for Herren.

9 Um kviledagen skal du ofra tvo årsgamle lamb utan lyte, og til grjonoffer tvo kannor fint mjøl, blanda med olje, og drykkofferet som høyrer til.

10 Det er kviledags-brennofferet som skal berast fram kvar helg, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til.

11 Den fyrste dagen i kvar månad skal de bera fram eit brennoffer for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb utan lyte,

12 og til grjonoffer tri kannor fint mjøl, blanda med olje, for kvar ukse, og tvo kannor fint mjøl, blanda med olje, for kvar ver,

13 og ei kanna fint mjøl, blanda med olje, for kvart lamb; då er det eit rett brennoffer som angar godt, ein god offerrett for Herren.

14 Og drykkofferet skal vera ei kanna vin for kvar ukse, og tvo pottar for kvar ver, og ei halvkanna for kvart lamb. Dette er månads-brennofferet som de skal bera fram kvar nymånedag i året.

15 Då skal de og ofra ein geitebukk til syndoffer åt Herren, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til.

16 Den fjortande dagen i den fyrste månaden er det påskehelg for Herren.

17 Og den femtande dagen i den same månaden er det pilegrimshelg; då skal de eta usyrt brød sju dagar.

18 Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid.

19 Og de skal bera fram for Herren ein rjukande brennofferrett: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -

20 og til grjonoffer attåt dei fint mjøl, blanda med olje: tri kannor for kvar ukse og tvo kannor attåt veren,

21 og ei kanna for kvart av dei sju lambi,

22 og so ein syndofferbukk til soning for dykk.

23 Dette skal de ofra umfram morgon-brennofferet, som høyrer til den daglege offergåva.

24 Sovorne gåvor skal de bera fram kvar av dei sju dagarne: det er offermat som angar godt for Herren; attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drykkofferet som høyrer til.

25 Den sjuande dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då.

26 Nygrødedagen, når de ber fram eit nytt grjonoffer for Herren, og høgtidar sjuvikehelgi, då skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid.

27 Og de skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb,

28 og til grjonoffer fint mjøl, blanda med olje, tri kannor for kvar ukse, og tvo kannor for kvar ver,

29 og ei kanna for kvart av dei sju lambi,

30 og so ein geitebukk til soning for dykk.

31 Det skal de ofra umfram det daglege brennofferet og grjonofferet som høyrer til. Offeri skal vera lytelause, og dei vanlege drykkofferi skal fylgja med.

29. kapitlet

1 Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; den dagen skal lurarne ljoma,

2 og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,

3 og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren,

4 og ei kanna for kvart av dei sju lambi,

5 og so ein syndofferbukk til soning for dykk,

6 umfram månads-brennofferet og grjonofferet som høyrer til det, og umfram det faste brennofferet med sitt grjonoffer og dei vanlege drykkofferi; då er det ein god offerrett, som angar søtt for Herren.

7 Tiande dagen i den same sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte. Då skal de fasta og ikkje gjera noko arbeid;

8 og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -

9 og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren,

10 og ei kanna for kvart av dei sju lambi,

11 og so ein geitebukk til syndoffer, umfram sonings-syndofferet og det daglege brennofferet med grjonofferet og drykkofferi som høyrer til.

12 Femtande dagen i den sjuande månaden skal de samlast til eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; og de skal halda pilegrimshelg for Herren i sju dagar.

13 Då skal de bera fram for Herren ein brennofferrett, som angar godt for Herren: trettan unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -

14 og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor for kvar av dei trettan uksarne, og tvo kannor for kvar av dei tvo verarne,

15 og ei kanna for kvart av dei fjortan lambi,

16 og so ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.

17 Andre dagen skal de bera fram tolv unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,

18 og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,

19 og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og sine drykkoffer;

20 tridje dagen elleve uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,

21 og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,

22 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;

23 fjorde dagen ti uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,

24 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,

25 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;

26 femte dagen ni uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,

27 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,

28 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;

29 sette dagen åtte uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,

30 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,

31 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;

32 sjuande dagen sju uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,

33 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,

34 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.

35 Åttande dagen skal de halda ei stor samlingshøgtid, og må ikkje gjera noko utearbeid;

36 og de skal bera fram ein brennofferrett som angar godt: ein ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,

37 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksen og veren og lambi etter talet,

38 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.

39 Dette er det de skal ofra Herren på høgtiderne dykkar, umfram det de hev lova eller gjev i godvilje, anten det er brennoffer eller grjonoffer eller drykkoffer eller takkoffer.»»

30. kapitlet

1 Og Moses sagde alt dette med Israels-folket, heiltupp soleis som Herren hadde sagt honom fyre.

2 Sidan tala Moses til hovdingarne yver Israels-ætterne, og sagde: «Høyr no eit anna bod som Herren hev gjeve:

3 Når ein mann hev gjort ein lovnad til Herren, eller svore ein eid, at han vil halda seg ifrå ymse ting, so skal han ikkje brjota ordet sitt; det han hev lova, skal han halda.

4 Når ei ung kvinna, som endå er heime hjå far sin, hev gjort ein lovnad til Herren, og svore at ho vil halda seg ifrå ymse ting,

5 og far hennar fær høyra um lovnaden hennar og eiden ho hev bunde seg med, og tegjer til det, so skal det gjelda alt det ho hev lova, og kvar eid ho hev bunde seg med, skal gjelda.

6 Men dersom far hennar same dagen som han fær høyra um nokon lovnad ho hev gjort, eller nokon eid ho hev bunde seg med, forbyd henne å halda sitt ord, so skal det vera um inkje, og Herren skal gjeva henne til, etter di det var faren som meinka henne.

7 Vert ho gift, og hev ein lovnad på seg, eller hev bunde seg med eit tankelaust ord, og sagt at ho vil halda seg ifrå ymse ting,

8 og mannen hennar fyrr eller sidan fær vita det, og ikkje segjer noko imot, då skal det gjelda det ho hev lova, og det ordet ho hev bunde seg med, skal gjelda.

9 Men dersom mannen hennar same dagen som han fær vita det, forbyd henne å halda sitt ord, so gjer han lovnaden ho hev på seg um inkje, og det tankelause ordet ho hev bunde seg med, og Herren skal gjeva henne til.

10 Hev ei enkja eller fråskild kona gjort ein lovnad, og nemnt noko ho vil halda seg ifrå, so skal ho halda ord.

11 Når ei kona etter ho er gift hev lova noko, eller bunde seg med eid til å halda seg ifrå eitt eller anna,

12 og mannen hennar fær vita det, men tegjer og ikkje forbyd henne å halda sitt ord, so skal det gjelda alt det ho hev lova, og kvar eid ho hev bunde seg med, skal gjelda.

13 Men dersom mannen hennar gjer det um inkje same dagen som han fær høyra um det, so gjeld ikkje noko av dei ordi ho soleis hev slept av munnen, anten det er ein lovnad ho hev gjort, eller det er noko ho hev svore seg ifrå: Mannen hennar hev gjort det um inkje, og Herren skal gjeva henne til.

14 Kvar lovnad ho hev gjort og kvar eid ho hev svore um å halda seg ifrå eitt eller hitt og spekja seg, kann mannen hennar anten stadfesta eller gjera um inkje.

15 Men tegjer han um det til andre dagen, so hev han stadfest alt det ho hev lova eller bunde seg til; han hev stadfest det med di han tagde då han fekk vita det.

16 Og gjer han det fyrst um inkje ei tid etter han fekk høyra um det, so ber han ansvaret for brotet hennar.»

17 Dette er dei fyresegnerne Herren gav Moses um den retten ein mann hev yver kona si, og ein far yver dotter si, so lenge ho er ung og er heime hjå faren.

31. kapitlet

1 Og Herren tala til Moses, og sagde:

2 «Du skal taka hemn for det som midjanitarne hev gjort Israels-borni; sidan skal du fara til federne dine.»

3 Då tala Moses til folket, og sagde: «Lat nokre av mannskapet dykkar bu seg til herferd! Dei skal koma yver midjanitarne, og føra Herrens hemn yver Midjan.

4 Tusund mann frå kvar av Israels-ætterne skal de senda ut i herferd.»

5 Av dei mange tusund i Israel baud dei då ut tusund mann frå kvar ætt, tolv tusund herbudde menner.

6 Deim sende Moses ut i herferd, tusund mann frå kvar ætt, og med deim sende han Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten; han hadde med seg dei heilage gognerne og stridslurarne.

7 Og dei gjorde ei herferd mot Midjan, so som Herren hadde sagt med Moses, og slo i hel alle karmenner.

8 Og millom deim som dei drap, var kongarne i Midjan, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, dei fem Midjans-kongarne; og Bileam, son åt Beor, fall og for sverdet deira.

9 So tok dei konorne og borni åt midjanitarne og klyvdyri og bufeet deira og alt det dei åtte;

10 og alle borgarne i det landet dei hadde slege seg ned i og alle tjeldlægri deira, sette dei eld på.

11 Og alt herfanget og alt folket og feet dei hadde teke,

12 førde dei dit som Moses og Eleazar, øvstepresten, og heile Israels-lyden var - til lægret på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko - både fangarne og feet og alt det andre herfanget.

13 Og Moses og Eleazar, øvstepresten, og alle dei høgste i lyden gjekk til møtes med deim utanfor lægret.

14 Men Moses var vond på hovdingarne som kom heim frå stridsferdi, både dei som stod yver tusund og dei som stod yver hundrad mann,

15 og han sagde til deim: «Hev de spart alle kvinnorne?

16 Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka Israels-sønerne til å svika Herren for Peors skuld, so sotti kom yver Herrens lyd.

17 Slå no i hel alle sveinborn, og alle kvinnor som hev ått mann eller havt med karfolk å gjera!

18 Men alle ungmøyar som ikkje hev havt med karfolk å gjera, skal de spara, og dei skal høyra dykk til.

19 Og so lyt de halda dykk utanfor lægret i sju dagar, og alle som hev slege nokon i hel eller kome nær nokon som er i helslegen, lyt reinsa seg for synd den tridje og den sjuande dagen, både dei og fangarne deira.

20 Og alle klæde, og alt som er gjort av ler eller geiteragg, og alle trekjerald lyt de reinsa.»

21 Og Eleazar, øvstepresten, sagde til dei mennerne som hadde vore med i herferdi: «Denne fyresegni hev Herren gjeve Moses:

22 Gull og sylv, kopar og jarn, tin og bly,

23 alt som toler eld, skal de hava i elden, so vert det reint; de lyt berre etterpå skira det med vigslevatn; men alt som ikkje toler eld, skal de hava i vatn.

24 Og den sjuande dagen skal de två klædi dykkar, so vert de reine, og sidan kann de koma inn i lægret.»

25 Og Herren sagde til Moses:

26 «Du og Eleazar, øvstepresten, og ættehovdingarne i lyden skal taka tal på alt folket og feet som er fanga,

27 og skifta det likt millom stridsmennerne som var med i herferdi og alt hitt folket.

28 Og du skal taka ei avgift av stridsmennerne: eitt liv for kvart femhundrad, både av folk og av storfe og asen og småfe;

29 det skal de taka av den helvti som fell på herfolket, og gjeva det til Eleazar, øvstepresten; det skal vera ei reida til Herren.

30 Og av den helvti som fell på dei hine Israels-sønerne, skal du taka ut eit liv for kvart halvhundrad, både av folk og av kyr og asen og sauer - av alt feet - og gjeva deim til levitarne som hev umsut med alt det som skal gjerast i Herrens hus.»

31 Moses og Eleazar, øvstepresten, gjorde som Herren hadde sagt til Moses.

32 Og herfanget, det som var att av alt det stridsfolket hadde teke, det var: sauer og geiter: seks hundrad og fem og sytti tusund;

33 uksar og kyr: tvo og sytti tusund;

34 asen: ein og seksti tusund;

35 av folk - kvinnor som ikkje hadde vore nær nokon karmann - var det i alt tvo og tretti tusund.

36 Helvti av dette, den luten som fall på hermennerne, var då: småfe: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad i talet,

37 so avgifti til Herren av sauerne og geiterne vart seks hundrad og fem og sytti;

38 uksar og kyr: seks og tretti tusund; av deim var avgifti til Herren tvo og sytti;

39 asen: tretti tusund og fem hundrad, og avgifti av deim til Herren ein og seksti;

40 fangar: sekstan tusund, og av deim i avgift til Herren tvo og tretti ungmøyar.

41 Og Moses gav avgifti, det som skulde vera reida åt Herren, til Eleazar, øvstepresten, som Herren hadde sagt med honom.

42 Den helvti som kom på dei hine Israels-sønerne, og som Moses hadde skift ifrå hermennerne,

43 den helvti som lyden fekk, det var: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad sauer og geiter,

44 og seks og tretti tusund uksar og kyr,

45 og tretti tusund og fem hundrad asen,

46 og sekstan tusund fangar.

47 Av denne helvti - den som fall på Israels-sønerne - tok Moses ut eit liv for kvart halvhundrad av både folk og fe, og gav deim til levitarne som greidde det som skulde gjerast i Herrens hus, soleis som Herren hadde sagt med honom.

48 So gjekk hovdingarne yver herflokkarne, både dei yver tusund og dei yver hundrad mann, fram for Moses

49 og sagde til honom: «Me hev teke tal på stridsmennerne som me hadde under oss, og det vantar ikkje ein mann.

50 Difor kjem me no kvar med det gullet me hev vunne: armringar og armband og fingerringar og øyreringar og kulelekkjor; det skal vera ei gåva til Herren og ein løysepening for livet vårt.»

51 Og Moses og Eleazar, øvstepresten, tok imot gullet dei kom med; alt saman var det fint arbeidde ting.

52 Gullet som dei vigde åt Herren, var i alt elleve hundrad merker; det var gåva frå hovdingarne.

53 Men mannskapet hadde og vunne mykje gull, kvar åt seg.

54 Då Moses og Eleazar, øvstepresten, hadde teke imot gullet av hovdingarne, bar dei det inn i møtetjeldet og gøymde det der til ei minning for Herren um Israels-folket.

32. kapitlet

1 Rubens-sønerne og Gads-sønerne hadde mykje bufe - uhorveleg mykje. Då dei no såg dei gode beitemarkerne i landet kring Jazer og i Gileadlandet,

2 kom dei og sagde til Moses og Eleazar, øvstepresten, og hovdingarne i lyden:

3 «Atarot og Dibon og Jazer og Nimra og Hesbon og Elale og Sebam og Nebo og Beon,

4 dei bygderne som Herren hev vunne for Israels-lyden, det er gode febygder, og me hev mykje fe.

5 «Vil du gjera vel mot oss», sagde dei, so lat oss få det landet til odel og eiga, og før oss ikkje yver Jordan!»

6 Då sagde Moses til Gads-sønerne og Rubens-sønerne: «Skal brørne dykkar ganga i striden, og de setja dykk til her?

7 Vil de då gjera Israels-sønerne uhuga til å fara yver åt det landet som Herren hev gjeve deim?

8 Det var det federne dykkar gjorde då eg sende deim ut frå Kades-Barnea til å skoda landet:

9 dei for upp til Eskoldalen og såg på landet, og so skræmde dei Israels-sønerne, so dei miste hugen til å koma inn i det landet som Herren hadde gjeve deim.

10 Den dagen vart Herren brennande harm, og han svor:

11 «Ingen av dei mennerne som for upp frå Egyptarland, og er yver tjuge år gamle, skal få sjå det landet eg hev lova Abraham og Isak og Jakob; for dei hev ikkje lydt meg som dei skulde -

12 ingen utan Kaleb Jefunneson av Kenaz-ætti og Josva Nunsson; dei hev vore trugne til å fylgja Herren.»

13 Herren vart harm på Israel og let deim flakka ikring i øydemarki i fyrti år, til det var ende på heile den ætti som hadde gjort Herren imot.

14 Og no hev de stige i staden åt federne dykkar, eit elde av synduge menner, og aukar endå meir Herrens harm imot Israel.

15 For slær de dykk ifrå og ikkje vil fylgja honom, so kjem han til å halda deim endå lenger i øydemarki, og de fører ulukka yver heile dette folket.»

16 Då gjekk dei fram for Moses og sagde: «Me vil gjera kvier for feet vårt her og byggja borgar for konorne og borni våre;

17 og so vil me væpna oss snøggast me vinn og fara fyre dei hine Israels-sønerne, til me hev ført deim dit dei skal; men konorne og borni våre skal sitja att i borgerne, so dei er trygge for folket her i landet.

18 Me skal ikkje venda heim att, fyrr Israels-borni hev fenge kvar sin eigedom;

19 for me vil ikkje taka land saman med dei andre på hi sida Jordan og lenger undan, når me fær vårt land på denne sida, austanfor Jordan.»

20 «Ja, gjer de det,» sagde Moses, «væpnar de dykk til striden for Herrens augo,

21 og alle stridsmennerne dykkar fer yver Jordan for Herrens augo, til han hev drive fiendarne sine or syne,

22 og vender de ’kje heim att fyrr landet er vunne for Herrens augo, so hev de ingi skuld på dykk, korkje mot Herren eller Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom med Herrens vilje.

23 Men gjer de det ikkje, då syndar de imot Herren, og skal få kjenna at syndi finn dykk att.

24 Bygg borgar for konorne og borni dykkar, og stell til kvier for småfeet, og gjer som de hev lova!»

25 «Me vil gjera som du segjer, herre,» svara dei;

26 «borni og konorne våre og feet og alle klyvdyri skal vera her i Gileads-borgerne;

27 men sjølve vil me ganga yver Jordan for Herrens augo til strid, kvar våpnfør mann, soleis som du hev sagt.»

28 So tala Moses um det til Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver alle Israels-ætterne,

29 og sagde: «Gjeng Gads-sønerne og Rubens-sønerne, so mange som er våpnføre, med dykk yver Jordan for Herrens augo, og landet vert teke, so skal de gjeva deim Gileadlandet til eigedom.

30 Men gjeng dei ikkje stridsbudde med dykk yver, so skal dei få eigedomen sin i Kana’ans-landet, saman med dykk andre.»

31 Og Gads-sønerne og Rubens-sønerne svara: «Det som Herren hev sagt til oss, det vil me gjera:

32 me vil fara stridsbudde yver til Kana’ans-landet for Herrens augo, men odelseiga vår skal vera her på denne sida av Jordan.»

33 Då gav Moses Gads- og Rubens-ætterne og halve Manasse-ætti dei riki som Sihon, amoritarkongen, og Og, kongen i Basan, hadde ått, heile landet med alle byarne rundt ikring og markerne som høyrde til.

34 Og Gads-sønerne bygde upp att Dibon og Atarot og Aroer

35 og Atrot-Sofan og Jazer og Jogbeha

36 og Bet-Nimra og Bet-Haran - faste borger og fekvier.

37 Og Rubens-sønerne bygde upp att Hesbon og Elale og Kirjatajim

38 og Nebo og Sibma og Ba’al-Meon, den siste vende dei namnet på; elles let dei borgerne hava dei gamle namni.

39 Sønerne åt Makir, Manasses son, for til Gileadlandet, og tok det, og dreiv ut amoritarne som budde der.

40 Og Moses gav Makirs-ætti Gilead, og dei sette seg ned der.

41 Ja’ir, son åt Manasse, for av stad og tok tjeldbyarne deira, og kalla deim Ja’irsbyarne.

42 Og Nobah for av, og tok Kenatborgi og grenderne der ikring og gav borgi sitt eige namn, Nobah.

33. kapitlet

1 No skal eg nemna dei staderne der Israels-folket tok læger på ferdi si, då Moses og Aron førde flokkarne deira burt frå Egyptarland.

2 For kvar gong dei tok ut ifrå lægret, skreiv Moses upp kvar dei var, so som Herren hadde sagt med honom, og her er namni på lægerstaderne deira etter som dei for fram.

3 Femtande dagen i fyrste månaden tok Israels-sønerne ut frå Ra’amses, påskedagen for dei i veg med tråss i hugen, midt for augo på alle egyptarane;

4 egyptarane heldt då på og jorda alle sine frumborne, deim som Herren hadde slege i hel; for Herren hadde halde dom yver gudarne deira.

5 Då Israels-sønerne hadde fare frå Ramses, lægra dei seg fyrst i Sukkot.

6 So tok dei ut frå Sukkot, og lægra seg i Etam, ytst utmed øydemarki.

7 So tok dei ut frå Etam, men sidan snudde dei um, og tok vegen til Pi-Hakhirot, som ligg midt imot Ba’al-Sefon, og dei lægra seg framanfor Migdol.

8 So tok dei ut frå Pi-Hakhirot, og for tvert igjenom havet til øydemarki, og då dei hadde fare tri dagar i Etammarki, lægra dei seg i Mara.

9 So tok dei ut frå Mara, og kom til Elim. I Elim var det tolv vatskjeldor og sytti palmetre, og dei lægra seg der.

10 So tok dei ut frå Elim, og lægra seg ved Raudehavet.

11 So tok dei ut frå Raudehavet, og lægra seg i Sinheidi.

12 So tok dei ut frå Sinheidi, og lægra seg i Dofka.

13 So tok dei ut frå Dofka, og lægra seg i Alus.

14 So tok dei ut frå Alus, og lægra seg i Refidim; men der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.

15 So tok dei ut frå Refidim, og lægra seg i Sinaiheidi.

16 So tok dei ut frå Sinaiheidi, og lægra seg i Kibrot-Hatta’ava.

17 So tok dei ut frå Kibrot-Hatta’ava, og lægra seg i Haserot.

18 So tok dei ut frå Haserot, og lægra seg i Ritma.

19 So tok dei ut frå Ritma, og lægra seg i Rimmon-Peres.

20 So tok dei ut frå Rimmon-Peres, og lægra seg i Libna.

21 So tok dei ut frå Libna, og lægra seg i Rissa.

22 So tok dei ut frå Rissa, og lægra seg i Kehelata.

23 So tok dei ut frå Kehelata, og lægra seg innmed Seferfjellet.

24 So tok dei ut frå Seferfjellet, og lægra seg i Harada.

25 So tok dei ut frå Harada, og lægra seg i Makhelot.

26 So tok dei ut frå Makhelot, og lægra seg i Tahat.

27 So tok dei ut frå Tahat, og lægra seg i Tarah.

28 So tok dei ut frå Tarah, og lægra seg i Mitka.

29 So tok dei ut frå Mitka, og lægra seg i Hasmona.

30 So tok dei ut frå Hasmona, og lægra seg i Moserot.

31 So tok dei ut frå Moserot, og lægra seg i Bene-Ja’akan.

32 So tok dei ut frå Bene-Ja’akan, og lægra seg i Hor-Hagidgad.

33 So tok dei ut frå Hor-Hagidgad, og lægra seg i Jotbata.

34 So tok dei ut frå Jotbata, og lægra seg i Abrona.

35 So tok dei ut frå Abrona, og lægra seg i Esjon-Geber.

36 So tok dei ut frå Esjon-Geber, og lægra seg i Sinheidi, i Kades.

37 So tok dei ut frå Kades, og lægra seg attmed Horfjellet, i landskilet med Edom.

38 Og Aron, øvstepresten, gjekk upp på Horfjellet, som Herren hadde sagt med honom, og der døydde han i det fyrtiande året etter Israels-sønerne hadde teke ut frå Egyptarlandet, fyrste dagen i femte månaden.

39 Aron var hundrad og tri og tjuge år gamall då han døydde på Horfjellet.

40 Men den kananitiske kongen som budde i Arad, i sørluten av Kana’an, fekk høyra at Israels-sønerne kom;

41 då tok dei ut frå Horfjellet, og lægra seg i Salmona.

42 So tok dei ut frå Salmona, og lægra seg i Punon.

43 So tok dei ut frå Punon, og lægra seg i Obot.

44 So tok dei ut frå Obot, og lægra seg i Ijje-ha-Abarim i landskilet med Moab.

45 So tok dei ut frå Ijjim, og lægra seg i Dibon-Gad.

46 So tok dei ut frå Dibon-Gad, og lægra seg i Almon-Diblataima.

47 So tok dei ut frå Almon-Diblataima, og lægra seg i Abarimfjelli, austanfor Nebo.

48 So tok dei ut frå Abarimfjelli, og lægra seg på Moabmoarne ved Jordanelvi der ho renn frammed Jeriko;

49 lægret deira låg langs med Jordan, og rakk frå Bet-ha-Jesjimot til Abel-hasj-sjittim på Moabmoarne.

50 Og Herren tala til Moses på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde:

51 «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når de fer yver Jordan og kjem til Kana’ans-landet,

52 so skal de driva ut deim som bur der i landet, og knasa alle bilætsteinarne deira, og slå sund alle gudelikjendi dei hev støypt seg, riva ned alle hovi.

53 De skal eigna til dykk landet, og setja dykk ned der; for dykk hev eg gjeve det landet til odel og eiga.

54 De skal skifta det millom dykk etter ætter, og draga strå um bygderne. Den som hev mykje folk, skal de gjeva mykje jord, og den som hev lite folk mindre. Kvar skal få den eigedomen som strået hans kjem ut med. Etter ætterne de høyrer til skal landet bytast millom dykk.

55 Men driv de deim ikkje ut, dei som no bur i landet, so skal dei som de sparer verta tornar i augo og broddar i sidorne dykkar, og dei skal plåga dykk i dykkar eige land.

56 Og det som eg hadde sett meg fyre å gjera med deim, det skal eg då gjera med dykk.»»

34. kapitlet

1 Og Herren tala meir til Moses, og sagde:

2 «Seg til Israels-sønerne: «Når de kjem inn i Kana’ans-landet - det er det landet de skal hava og eiga, heile Kana’ans-landet so vidt som det er -

3 so skal landeskilet dykkar på sudsida ganga frå Sinheidi langs med Edom, den søre bytestrengen skal i aust ganga ut ifrå enden av Saltsjøen,

4 og svinga sudum Skorpionskardet, og so taka yver til Sin; so skal han ganga fram sunnanfor Kades-Barnea, til han når Hasar-Addar, og so taka yver til Asmon;

5 frå Asmon skal bytet svinga burt til Egyptarlands-bekken, og so ganga i havet.

6 I vest skal landet støyta til Storhavet; det skal vera landskilet dykkar mot vest.

7 På nordsida skal landskilet ganga soleis. Frå Storhavet skal de draga skiftelina til Horfjellet

8 og frå Horfjellet dit som vegen ber til Hamat; der skal bytet ganga ut ved Sedad;

9 sidan skal det halda fram til Zifron, og so enda ved Hasar-Enan. Dette skal vera landskilet dykkar mot nord.

10 I aust skal de setja landskilet etter ei lina som gjeng frå Hasar-Enan til Sefam.

11 Frå Sefam skal bytet ganga nedetter til Ha-ribla, i aust for Ajin, og so lenger ned, til det når berghallet austanfor Kinneretsjøen;

12 so skal det ganga nedåt Jordan, og ut i Saltsjøen. Det skal vera landet dykkar, etter bytemerki sine rundt ikring.»»

13 Og Moses sagde til Israels-sønerne: «Dette er det landet som de skal få til odel og eiga; de skal skifta det i luter, og draga strå um luterne; det er det landet som Herren hev sagt skal gjevast åt dei ni ætterne og den eine halve ætti.

14 For Rubens-ætti med greinerne sine og Gads-ætti med sine greiner og den halve Manasse-ætti hev fenge dei eigorne dei skal hava;

15 desse tvo ætterne og den halve ætti hev fenge sin eigedom på denne sida av Jordanelvi, som renn frammed Jeriko - i aust, der soli kjem upp.»

16 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

17 «Høyr no kva dei er for menner som skal skifta ut landet millom dykk; Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson,

18 og so ein hovding frå kvar ætt, som de skal taka til utskiftingsmann;

19 det er av Juda-ætti Kaleb, son åt Jefunne;

20 og av Simeons-ætti Semuel, son åt Ammihud;

21 og av Benjamins-ætti Elidad, son åt Kislon;

22 so ein hovding av Dans-ætti: Bukki, son åt Jogli;

23 og av Josefs-sønerne ein hovding av Manasse-ætti: Hanniel, son åt Efod,

24 og ein hovding av Efraims-ætti: Kemuel, son åt Siftan;

25 so ein hovding av Sebulons-ætti: Elisafan, son åt Parnak;

26 og ein hovding av Issakars-ætti: Paltiel, son åt Azzan;

27 og ein hovding av Assers-ætti: Akhihud, son åt Selomi;

28 og ein hovding av Naftali-ætti: Pedael, son åt Ammihud.»

29 Desse mennerne var det som Herren sagde skulde skifta eigedomarne millom Israels-sønerne i Kana’ans-landet.

35. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde:

2 «Seg til Israels-sønerne: «De skal gjeva levitarne byar til bustad i det landet de kjem til å eiga, og utmarki som ligg ikring, skal de og lata levitarne få.

3 Byarne skal dei hava til å bu i, og utmarki som høyrer til, skal vera til beite for klyvdyri og feet og all buskapen deira.

4 Utmarki som de gjev levitarne, skal nå tusund alner ut ifrå bymuren rundt ikring.

5 Utanfor byen skal de mæla upp tvo tusund alner på austsida, og tvo tusund alner på sudsida, og tvo tusund alner på vestsida, og tvo tusund alner på nordsida, og byen skal liggja midt i; det skal vera bymarkerne deira.

6 Dei byarne som de gjev levitarne, skal vera dei seks fredstaderne, som dråpsmenner kann røma til, og attåt deim skal de gjeva tvo og fyrti andre byar.

7 I alt skal de gjeva levitarne åtte og fyrti byar med beitemarkerne som høyrer til.

8 Og av dei byarne som de gjev deim av eigedomen åt Israels-sønerne, skal dei taka fleire frå den som hev mykje land, og færre frå den som hev lite. Kvar skal gjeva levitarne byar etter som han hev fenge land til.»»

9 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

10 «Tala til Israels-sønerne og seg til deim: «Når de fer yver Jordan og til Kana’ans-landet,

11 so lyt de velja dykk ut nokre byar som de skal hava til fredstader, so ein dråpsmann som uviljande hev drepe nokon, kann røma dit.

12 Dei byarne skal vera dykk til ei trygd mot den som vil hemna dråpet, so dråpsmannen ikkje skal lata livet, fyrr han hev stade til doms for lyden.

13 Dei byarne som de tek til fredstader, skal vera seks i talet.

14 Tri av deim skal vera på austsida av Jordan og tri i Kana’ans-landet; fredstader skal dei vera.

15 Både for Israels-borni og for dei framande og innflutte som bur millom deim, skal desse seks byarne vera til ei livd, so den som uviljande hev drepe nokon, kann søkja dit.

16 Den som slær ein med eit jarnhandyvle, so han døyr, han er ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.

17 Tek nokon ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og slær ein med so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.

18 Tek nokon eit trehandyvle som dei kann drepa folk med, og slær ein med det, so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.

19 Det er blodhemnaren kann slå manndråparen i hel; so snøgt som han finn honom, skal han slå honom i hel.

20 Dersom nokon støyter til ein av hat, eller kastar noko på honom med vilje, so han døyr,

21 eller av fiendskap slær ein med neven, so han døyr, so skal den som gjorde det lata livet; han er ein manndråpar: og blodhemnaren skal slå honom i hel so snøgt han finn honom.

22 Men dersom nokon støyter til ein av vanvare, utan fiendskap, eller kastar einkvar tingen på honom mot sin vilje,

23 eller råmar honom med ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og ikkje ser honom, og han døyr av det, men dråpsmannen ikkje var hans uven eller vilde honom vondt,

24 då skal lyden døma millom dråpsmannen og blodhemnaren etter desse loverne.

25 Og lyden skal verja dråpsmannen for blodhemnaren, og føra honom attende til fredstaden som han hadde søkt til, og der skal han vera til øvstepresten, han som er salva med den heilage oljen, er avliden.

26 Men kjem han utum fredstaden som han hev tydt til,

27 og blodhemnaren råkar honom der - utanfor fredstaden - so kann hemnaren slå honom i hel, og det skal ikkje reknast for manndråp;

28 for dråpsmannen lyt halda seg i fredstaden sin, til øvstepresten er avliden; då fyrst kann han fara heim att til si eigi bygd og sin eigedom.

29 Dette skal gjelda for lov og rett hjå dykk alle tider og alle stader.

30 Hev nokon gjort manndråp, so skal han lata livet, so framt det er meir enn eitt vitne mot honom; etter ein manns vitnemål må ingen dømast frå livet.

31 De må ikkje taka imot løysepengar for ein som er saka i manndråp og dømt til dauden, han skal lata livet.

32 Og de må ikkje taka imot løysepengar for ein som hev tydt til ein fredstad, og lata honom koma ut att og bu ein annan stad i landet, fyrr øvstepresten er avliden.

33 De skal ikkje vanhelga det landet de bur i; for blodet vanhelgar landet, og landet fær ikkje soning for blodet som hev runne der utan med blodet av den som rende det ut.

34 Difor skal du ikkje sulka det landet de bur i, og som eg hev min bustad i; for eg Herren, hev bustaden min millom Israels-folket.»»

36. kapitlet

1 Husfederne åt Gileads-folket, som var ætta frå Makir, son åt Manasse, og høyrde til Josefs-ætterne, gjekk fram og tala so til Moses og styresmennerne, ættehovdingarne åt Israels-folket:

2 «Herren sagde, at du skulle byta landet i luter og lata Israels-sønerne draga strå um luterne, og han sagde at du skulde lata døtterne åt Selofhad, frenden vår, få eigedomen etter far sin.

3 Men vert no dei gifte med menner av dei andre Israels-ætterne, so gjeng eigedomen deira ifrå vår ætt, og jordi åt den ætti dei kjem inn i aukar, men vår ættarjord minkar.

4 Og når jubelåret kjem hjå Israels-folket, so vert eigedomen åt desse gjentorne lagd til den ætti som dei hev kome inn i, og teken ifrå vår ætt.»

5 Då tala Moses til Israels-sønerne, so som Herren hadde sagt honom fyre: «Det er rett som Josefs-sønerne segjer;

6 Høyr no kva Herrens vilje er med døtterne åt Selofhad: dei kann gifta seg med kven dei vil, men det lyt vera innan fedreætti deira.

7 For ingen eigedom må hjå Israels-folket ganga yver frå ei ætt til ei onnor. Alle Israels-sønerne skal halda på eigedomen åt fedreætti si.

8 Og kvar ei dotter som erver jord i eit av Israelsfylki, lyt gifta seg med ein frå same fylket, so kvar Israelsson kann erva odelsjordi etter federne sine,

9 og ingen eigedom skal ganga yver frå ei ætt til ei onnor, men alle Israels-ætterne halda på eigedomen sin.»

10 Og døtterne åt Selofhad gjorde som Herren hadde sagt til Moses.

11 Mahla og Tirsa og Hogla og Milka og Noa, alle døtterne åt Selofhad, gifte seg med frendar;

12 med menner som var ætta frå Manasse, son åt Josef, gifte dei seg, so odelen deira kom til å fylgja den ætti dei høyrde til.

13 Dette var dei bodi og loverne som Herren let Moses kunngjera for Israels-folket på Moabmoarne ved Jordanelvi der ho renn frammed Jeriko.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021