Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Hgsongen

Høgsongen

1. kapitlet

1 Høgsongen av Salomo.

2 «Han meg kysse med kyssar av sin munn. For din elsk han er betre enn vin.

3 Dine salvar angar so ljuvt, ein utrend salve er ditt namn. Difor held møyar dei elskar deg.»

4 «Drag meg etter deg. Og me spring. Kongen hev ført meg til sitt hus.» «Me vil fagnast og frygdast i deg. Me vil lova din kjærleik meir enn vin.» Med rette elskar dei deg.

5 «Eg er brun, men like vel væn, de Jerusalems døtter, som Kedars tjeld, som Salomos dørtjeld.

6 Sjå ikkje på at eg er so brun, at soli hev brent meg so. Mor sine søner harmast på meg, og meg sette til vingardsvakt. Eg hev ikkje vakta eigen gard.

7 Seg, du som leikar i min hug, kvar gjæter du no? Kvar held du middagskvild? Må eg sleppa på villa å ganga i hjordi til felagarn’ dine.»

8 «Um du ikkje det veit, du fagraste dros, du fylgje i drifti sitt spor og gjæt dine killingar fram der som hyrdingarn’ buderne hev.»

9 «Med folarn’ for Faraos vogn deg, min hugnad, eg liknar.

10 Di lekkjeprydde kinn er so væn, og din hals med perlor.

11 Lekkjor av gull skal du få med sylv-prikkar på.»

12 «Når kongen i laget sit sat, min narde han anga då.

13 Ein myrra-pung er min ven, som eg ber ved min barm.

14 Ein cyper blom-dusk er min ven meg i En-Gedis hagar.»

15 «Å, kor du er fager, mi møy, kor du er fager! Dine augo er duvor.»

16 «Å, kor du er fager, min ven, kor du er ljuv. Og vårt lægje er grønt.

17 Cedrar er bjelkarn’ i vårt hus, cypressar er himling.»

2. kapitlet

1 «Ein engblom frå Saron er eg, ei lilja frå dalom.»

2 «Ja, som ei lilja i klunger-holt millom møyar min hugnad er.»

3 «Liksom ein apall, i skogen stend er venen min millom sveinar. Eg sitje so ljuvt i skuggen hans, og søt er frukti i munn.

4 Inn i vinhuset hev han meg ført, og hans merke yver meg det er kjærleik.

5 Å, styrk meg med druvekakor, med eple meg kveik! For eg er sjuk av kjærleik.

6 Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.

7 Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, ved gasellor og hindar i skog, at ikkje de vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil!»

8 «Høyr! Min ven! Sjå der, han kjem! Yver fjelli, sjå, han sprett, yver haugarne han renn.

9 Min ven ei gasella er lik eller som ungan hjort. Sjå der! No han stend attum vår vegg. Gjenom glyttom ser han inn.

10 Han tek til min ven å tala til meg: «Du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom ut!

11 For sjå, no er vinteren slutt, regnet hev kvorve burt.

12 Du ser blomarne sprett utpå voll. D’er det bilet dei vintrei skjer, og turtelduva ho syng i vårt land.

13 Fiketreet skyt frukt, vintrei stend alt i blom med angande dåm, du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom!

14 Du, mi duva, i bergeskard, som i fjellveggen sit, lat ditt andlit meg sjå, lat meg høyra ditt mål, for ditt mål er so ljuvt, og ditt andlit so vænt.»

15 «Fare av og revarne slå, dei revarne små, som i hagom mun gå, for hagarne no, dei tek til å gro.»

16 Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter millom liljor.»

17 «Skrid du, min ven, til dagen vert sval, og skuggarne flyr, ei gasella lik eller ungan hjort uppi skardefjellom.»

3. kapitlet

1 «Eg leita på kvila um natt etter honom som leikar i min hug. Eg leita, men honom ikkje fann.

2 Eg vil upp og sviva gjenom by, fara i gator, yver torg, og søkja han som leikar i min hug. Eg leita, men honom ikkje fann.

3 Eg vaktar møtte, som i byen sveiv. «Hev de set han som leikar i min hug?»

4 Snaudt hadd’ eg kome framum deim, då eg fann han som leikar i min hug. Eg heldt han og eg slepte han ’kje laus, fyrr eg fekk han i huset hennar mor, inn i kleven hennar som meg åtte.

5 Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, ved gasellor og hindar i skog, at ikkje de vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil.»

6 «Kven er ho, som frå heidi stig upp, lik kvervlande røyk, umfløymd av angande myrra, av røykje og dåm-urter alle?

7 Sjå Salomos båra det er med seksti kjempor ikring, dei av Israels herkjempor er.

8 Dei alle er væpna med sverd og er røynde i strid. Kvar ein ber sverdet ved lend imot rædslor um natt.

9 Kong Salomo berestol fekk seg av Libanons tre.

10 Han av sylv heve stolparne gjort og karmen av gull, der er purpurlagd sess. Inni prydd - ei kjærleiksgåva frå Jerusalems døtter.

11 Gakk ut og sjå, de Sions døtter, på kong Salomo, med kruna han fekk av si mor på sin brudlaupsdag, på sin hjarte-fagnads dag.»

4. kapitlet

1 «Å, kor du er fager, min hugnad, kor du er fager! Dine augo er duvor, glytter fram attum slør. Ditt hår er ein geiteflokk likt, ned Gilead renn.

2 Dine tenner som nyklypte sauer, nett komne frå laug. Tvillingar alle dei hev, og utan lamb er ingen.

3 Dine lippor ei purpursnor er, og so ljuv er din munn. Som eit granateple-brot er din tinning glytter fram attum slør.

4 Som Davids-tårnet din hals, for stridsfolk bygt; tusund skjoldar på det heng, alle skjoldar åt kjemporne.

5 Eit killingpar barmen, tvillingar til ei gasella som beiter millom liljor.

6 Til dess dagen vert sval, og skuggarne flyr, til Myrra-berg skrid eg min veg og til røykjelse-haugen.

7 Alt ved deg er fagert, min hugnad, du lytelaus er.»

8 «Med meg frå Libanon, brur, med meg frå Libanon kom! Stig fram frå Amanas tind, frå Senir og Hermons topp, frå løveheimar og panterfjell.

9 Du hev trylt meg, mi syster, mi brur, du trylt meg med eit einaste augnekast, med ei einaste lekk i din halsring.

10 Kor fager er din elskhug, mi syster, mi brur, kor tjuvleg din elskhug framum vin, kor dei angar dine salvar framum balsam all.

11 Av honning dryp dine lippor, mi brur, tunga di gøymer honning og mjølk, dine klæde hev ein dåm som frå Libanon sjølv.

12 Ein avstengd hage er mi syster, mi brur, ei avstengd olla, ei attsigla kjelda,

13 som ein granattre-park skyt du upp med gildaste frukt, med cyper og nardeblom,

14 med narde, safran, kalmus, kanel og dåmurt av alle slag, myrra og aloe og dei beste av alle slag kryddor,

15 som ei hagekjelda, ein brunn med rennande vatn, med tilsig frå Libanon.»

16 «Vakna, nordanvind, kom, du sunnanvind, gjenom hagen min blås, so angen fær strøyma, og venen til hagen sin kjem og et si kostelege frukt!»

5. kapitlet

1 «Ja, eg kjem til min hage, mi syster, mi brur, min myrra og balsam eg plukkar, mitt brød og min honning eg et og drikk min vin og mi mjølk. Ete lagsbrør, drikk dykkar nøgd, vener.»

2 «Eg låg og sov. Men mitt hjarta vakte, høyr! Der bankar min ven: Mi syster, min hugnad, lat upp, du mi duva, mi frægd! Mitt hovud er vått, av nattedogg lokkarne dryp.»

3 «Eg hev teke av meg kjolen, skal eg klæda på meg att? Eg hev tvege mine føter, skal eg sulka deim til att?»

4 Min ven rette handi gjenom loka inn, då kløkktest mitt hjarta for hans skuld.

5 So reis eg upp, vilde opna for min ven, av handi mi myrra det draup, av fingrarne rennande myrra det flaut og på dørlåset rann.

6 So opna eg døri for min ven - då venen var kvorven burt. Og hugsprengd eg tenkte på hans ord. Eg søkte, men ikkje honom fann. Eg ropa på han, men ikkje gav han svar.

7 Meg vaktaran’ møtte som i byen sveiv, dei meg slo, gav meg sår, og sløret ifrå meg dei tok, vaktaran’ på murom.

8 Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, um de skulde finna min ven, - ja, kva skal de honom segja? - At sjuk av kjærleik eg er.

9 «Kva er din ven framom andre vener, du fagraste dros? Kva er din ven framum andre, når du naudbed oss so?»

10 «Min ven er ljosleitt og raud, utmerkt framum ti tusund.

11 Hovudet skiraste gull, palmegreiner er lokkarn’, svarte som ein ramn.

12 Augo som duvor ved rennande å, dei som laugar seg i mjølk ved braddfull sjø.

13 Kinni som balsam-sengjer, som dåmurt-skrin. Lipporne liljor, som dryp av rennande myrra.

14 Henderne teiner av gull med krysolitar sette, midja av filsbein med safirar prydd.

15 Føterne marmor-stolpar på fine gull-stettar. Som Libanon er han å sjå, som ein ceder traust.

16 Hans munn er søt, hugnad er han all. Slik er venen og felagen min, de Jerusalems døtter.»

6. kapitlet

1 «Kvar helst er han gjengen, din ven, du fagraste dros? Kvar helst hev din ven svive av, so me kann leita med deg?»

2 «Min ven gjekk til hagen sin ned, til balsam-sengjer, til å gjæta i hagom og liljor sanka.»

3 «Min ven er min og eg er hans, han som gjæter millom liljor.»

4 «Du er fager, du min hugnad, som Tirsa, som Jerusalem er du frid, som herfylgje ageleg.

5 Snu augo dine ifrå meg, for dei magtstel meg. Ditt hår er ein geiteflokk likt, ned Gilead renn.

6 Dine tenner ein flokk med sauer, komne upp or laug, med tvillingar alle, utan lamb er ingen.

7 Som eit granateple-brot din tinning glytter fram attum slør.

8 Seksti dronningar, åtteti fylgjekvende, av møyar ein endelaus lyd.

9 Men ei einast’ mi duva, mi frægd, einaste barnet til mor, brikna hennar som henne åtte. Ho vert sælka av møyar, henne ser, av dronningar og fylgjekvende lova.»

10 «Kven er ho som lik morgonroden gloser, som fullmånen fager, brikjeleg som sol, som herfylgje ageleg?»

11 «Eg gjekk ned i natahagen, vilde sjå kor det grønkast i dale, vilde sjå um vintreet spratt, um granateple-treet bar blom.

12 Eg visste ’kje av, fyrr hugen meg drog og meg sette på mitt gjæve folks vogn.»

13 «Å, snu deg, snu deg, Sulammit! Snu deg, snu deg, so me deg ser.» «Kva er det å sjå på Sulammit?» «Ein dans som i Mahanajim.»

7. kapitlet

1 «Kor fagert din fot stig på skoen, du gjævings møy. Dine lender er bogne som ei sylgja, smidd av ei kunstnarhand.

2 Fanget som skåli rund, ho aldri vante vin. Livet ein kveitehaug med liljor ikring.

3 Eit killingpar barmen, tvillingar til ei gasella.

4 Din hals som eit filsbeinstårn, augo som Hesbons tjørner ved Bat-rabbims port. Nasen som Libanons tårn, som vender imot Damaskus.

5 Ditt hovudet som Karmel ris upp, og lokkarne purpur er, ein konge i flettom er fanga.»

6 «Å, kor fager, kor frid du er, du kjærleik so hugnadrik!

7 Som ei palma er du i vokster, som druvor din barm.

8 Eg meiner upp i palmen eg stig, i stylkerne tek eg tak, din barm skal vera som druvor, din ande er som dåm av eple.

9 Og munnen som ljuvaste vin.» «Som lett glid ned for min ven og kveikjer sovandes lippor.

10 Til min ven høyrer eg, og til meg stend hans trå.»

11 «Kom so min ven, ut på marki lat oss gå og i byom oss kvara!

12 Og i otta inni vingardom sjå, um vintreet sprett, um knupparne spring, um granattreet blømer! Der vil eg gjeva min elsk til deg.

13 Frå kjærleiks-epli strøymer ein fræn, alle slag frukt er ved dørom. Nye og gamle, min ven, hev eg gøymt til deg.

8. kapitlet

1 Å, gjev at du var som ein bror for meg, hadde soge mor sitt brjost. Um eg då fann deg der ute, eg deg kysste, og ingen meg neiste for det.

2 Eg leidde deg, førde deg til mor sitt hus, og du lærde meg, eg kryddevin gav deg, saft frå mitt granattre.

3 Hans vinstre er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.

4 Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, at de ikkje vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil.»

5 «Kven er ho som frå heidi stig upp, studd til sin ven?» «Under apallen vekte eg deg. Der åtte ho deg di mor, der fekk ho deg ho som deg fødde.»

6 «Ved hjarta meg hav som eit segl, som eit segl på din arm. Kjærleik som dauden er sterk, som helheimen strid i si trå. Ho logar som logande eld, gneisten frå Herren.

7 Kor store vatni so er, dei aldri fær kjærleik sløkt, ingi elvar kann fløyma han burt. Um du alt som du åtte for kjærleik baud, so vart du berre til narr.»

8 «Ei liti syster me eig, ho hev ingen barm. Kva skal me med syster gjera, den tidi når belarar kjem?»

9 «Er ho ein mur, me byggjer på den ein murkrans av sylv. Men er ho ei dør, me stengjer ho att med eit cederspjeld.»

10 «Eg er ein mur, og min barm som tårni på den. Då vart eg i augo hans ei som finn fred.

11 I Ba’al-Hamon ein vingard hev Salomo ått. Han garden til vaktarar gav. Kvar mann for dråtten fekk dei tusund sekel sylv.

12 Min vingard den hev eg sjølv, dine tusund du Salomo tak, tvo hundrad på vaktaran’ fell.

13 Du som bur inni hagom, felager lyder, lat meg høyra ditt mål!»

14 «Å fly, du min ven, ei gasella lik eller ungan hjort på dei angande fjellom!»

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021