Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Jeremia

Jeremia

1. kapitlet

1 Ord av Jeremia Hilkiason, ein av prestarne i Anatot i Benjaminslandet.

2 Til honom kom Herrens ord i dei dagarne då Josia Amonsson var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans,

3 likeins i dei dagarne då Jojakim Josiason var konge i Juda alt til slutten av det ellevte styringsåret åt Sidkia Josiason, Juda-kongen, alt til burtføringi av Jerusalems-buarne i den femte månaden.

4 Herrens ord kom då til meg; han sagde:

5 Fyrr eg skapte deg i morsliv, kjende eg deg, og fyrr du kom ut or moderfang, helga eg deg; til profet åt folki sette eg deg.

6 Men eg sagde: «Å, Herre, Herre! Sjå, eg kann ikkje med å tala, for eg er so ung.»

7 Då sagde Herren med meg: Seg ikkje: «Eg er so ung,» men til alle som eg sender deg til, skal du ganga, og alt det eg byd deg, skal du tala.

8 Ikkje ottast deim! For eg er med deg til å berga deg, segjer Herren.

9 Og Herren rette ut si hand og tok på munnen min. So sagde Herren med meg: Sjå, eg hev lagt ordi mine i din munn.

10 Sjå, eg hev i dag sett deg yver folki og yver kongeriki til å ryskja upp og riva ned, til å tyna og brjota ned, til å byggja og til å planta.

11 Og Herrens ord kom til meg; han sagde: Kva ser du, Jeremia? Og eg svara: «Ein stav av vake-treet ser eg.»

12 Og Herren sagde med meg: Gløgt såg du no, for vaka vil eg yver mitt ord til å fullføra det.

13 So kom Herrens ord til meg andre gongen; han sagde: Kva ser du? Og eg svara: «Ei sjodande gryta ser eg, og nordantil snur ho seg hit.»

14 Då sagde Herren med meg: Frå nord kjem ulukka sendande yver alle som bur i landet.

15 For sjå, eg kallar på kvar ei ætt i riki der nord, segjer Herren. Og dei skal koma og setja kvar sin stol attmed inngangen til portarne i Jerusalem og mot alle murarne um det rundt ikring og mot alle byarne i Juda.

16 Og eg vil segja mine domar yver deim for alt deira illverk, at dei vende seg frå meg og brende røykjelse åt andre gudar og tilbad dei verk deira hender gjorde.

17 Men du - gyrd dine lender og statt upp og tala til deim alt det som eg byd deg. Ikkje ræddast for deim, so ikkje eg skal gjera deg rædd deim!

18 Og eg, sjå eg hev i dag gjort deg til ei fast borg og til ein jarnstolpe og til ein koparmur mot alt landet: mot kongarne i Juda, mot hovdingarne, mot prestarne og mot lyden i landet.

19 Dei skal strida mot deg og ikkje vinna på deg. For eg er med deg, segjer Herren, og skal berga deg.

2. kapitlet

1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

2 Gakk av stad og ropa ut for Jerusalems øyro: So segjer Herren: Eg kjem deg i hug for din elskhug i din ungdom, din kjærleik i dine festarmålsdagar, kor du fylgde meg i øydemarki, i eit land der dei inkje sår.

3 Heilagt var Israel for Herren, hans fyrstegrøda. Alle som vilde eta det, laut bøta, ulukka kom på deim, segjer Herren.

4 Høyr Herrens ord, Jakobs hus, og alle ætter i Israels hus!

5 So segjer Herren: Kva hev federne dykkar funne rangt hjå meg, sidan dei hadde seg undan meg og ferdast etter fåfenglege gudar og vart fåfenglege?

6 Og dei sagde ikkje: «Kvar er Herren som førde oss ut or Egyptarlandet, som leidde oss i øydemarki, i eit land med heidar og klufter, i eit land med turk og daudeskuggar, i eit land der ingen mann hev fare, og der inkje menneskje hev butt?»

7 Og eg let dykk koma inn i eit grøderikt land, so de fekk eta frukti og dei gode ting der. Men då de kom dit inn, sulka de landet mitt og gjorde odelen min til ein styggedom.

8 Prestane sagde ikkje: «Kvar er Herren?» Og dei som handsama lovi, kjende meg ikkje, og hyrdingarne fall ifrå meg. Og profetarne spådde ved Ba’al, og etter gagnlause gudar gjekk dei.

9 Difor vil eg framleides trætta med dykk, segjer Herren; og med barneborni dykkar vil eg trætta.

10 For far yver til Kittim-øyarne og sjå, og send bod til Kedar og høyr vel etter, og sjå um slikt er hendt!

11 Hev noko folk bytt burt gudar, endå dei ikkje er gudar? Men mitt folk hev bytt sin herlegdom burt i gagnløysa.

12 Vert forstøkte, de himlar, yver slikt, og tak fæla og stivna, segjer Herren.

13 For tvo illverk hev mitt folk gjort: dei vende seg frå meg, kjelda med livande vatn, og grov seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn.

14 Er Israel ein træl? Er han ein træleson? Kvi er han vorten eit herfang?

15 Ungløvor bura imot honom, let ljoma si røyst. Og dei gjorde hans land til ei audn, hans byar vart brende, ingen bur der.

16 Jamvel Nofs-sønerne og Tahpanhes hev gjort deg snaud i kruna.

17 Hev du ikkje sjølv valda deg dette, med di du vende deg frå Herren, din Gud, då han vilde leida deg på vegen?

18 Og no, kva hev du med Egyptarvegen å gjera for å drikka vatn or Sihor? Og kva hev du med Assur-vegen å gjera for å drikka vatn or Elvi?

19 Din vondskap agar deg, og dine fråfall refser deg: Kjenn då og sjå at det er vondt og beiskt at du vende deg frå Herren, din Gud, og at du ikkje hev otte for meg, segjer Herren, Allhers-Herren.

20 For alt longe sidan braut du sund ditt ok, sleit sund dine band og sagde: «Eg vil ikkje tena.» For på kvar ein høg haug og under kvart eit grønt tre lagde du deg ned og dreiv hor.

21 Og eg hadde då planta deg eit godt vintre, alt igjenom av egte sæde; kor kunde du då verta umskapt for meg til villvin av framandt slag?

22 For um du so vilde två deg i lut og bruka mykje såpa, so vilde di misgjerning endå vera urein for mi åsyn, segjer Herren, Herren.

23 Kor kann du segja: «Utsulka er eg ikkje, etter Ba’alarne hev eg ikkje gjenge?» Sjå på vegen din i dalen! Skyna kva du hev gjort, du lettføtte kamelfylja som løyp til og frå.

24 Som ei vill-asna, van med øydemarki, syp ho etter anden i si trå. Brund-giren hennar - kven kann døyva den? Dei som leitar etter henne, tarv ikkje renna seg trøytte; i hennar månad finn dei henne.

25 Vara foten din so han ikkje vert berr, og strupen din so du ikkje vert tyrst! Men du segjer: «Rådlaust! Nei, for eg elskar framande,» og etter deim vil eg ganga.

26 Liksom tjuven må skjemmast når han vert teken, soleis må Israels hus skjemmast, dei sjølve, kongarne deira, hovdingarne deira og prestarne deira og profetarne deira,

27 dei som segjer til treet: «Du er min far,» og til steinen: «Du hev født meg;» for dei hev snutt ryggen til meg og ikkje andlitet. Men når dei er i naud, då ropar dei: «Ris upp og hjelp oss!»

28 Kvar er då gudarne dine som du gjorde deg? Lat deim risa upp um dei kann hjelpa deg når du er i naud! For gudarne dine, Juda, er vortne likso mange som byarne dine.

29 Kvi trætter de med meg? Alle er de falne frå meg, segjer Herren.

30 Til fånyttes slo eg borni dykkar; age tok dei ikkje. Som ei herjande løva gløypte dykkar sverd profetarne dykkar.

31 Du ætt, gjev gaum etter Herrens ord! Hev eg vore ei øydemark for Israel eller eit stum-myrkt land? Kvi segjer då lyden min: «Me gjeng lause, me vil aldri meir koma til deg.»

32 Gløymer ei møy sin prydnad, ei brur sitt belte? Men lyden min hev gløymt meg i uteljande dagar.

33 Kor vel du veit å leggja vegen din til å leita etter elskhug! Difor vandest du og på dine vegar til det vonde.

34 Ja, på kjolesnipparne finst det blod av skuldlause armingar: ikkje kom du på deim i innbrot; men av di at alt dette er funne hjå deg.

35 Endå segjer du: «Eg er skuldlaus; visseleg hev vreiden hans vendt seg frå meg.» Sjå, eg vil ganga til doms med deg av di at du segjer: «Eg hev ikkje synda.»

36 Kvi fer du so langt burt i ei onnor leid? Med Egyptarland og skal du verta til skammar, likeins som du vart til skammar med Assyria.

37 Derifrå med skal du ganga ut med henderne yver ditt hovud. For Herren hev støytt burt deim du leit, og du fær ingi lukka med deim.

3. kapitlet

1 Dei segjer: Når ein mann sender frå seg kona si, og ho fer frå honom og gifter seg med ein annan mann, kann han då atter koma tilbake til henne? Vilde ikkje det landet verta vanhelga? Med du hev drive hor med mange vener - og so skulde du koma tilbake til meg! segjer Herren.

2 Lyft upp augo dine til snaudfjellkollarne og sjå: kvar var det du ikkje vart skjemd? Frammed vegarne sat du og stunda etter deim likeins som ein arab i øydemark, og du vanhelga landet med din horelivnad og vondskap.

3 So vart då regnskurerne haldne att; og vårregn kom det ikkje. Men di panna var som på ei horkona: det beid ikkje skam i deg.

4 Hev du ikkje nett no kalla på meg og sagt: «Min fader!» «Min ungdomsven er du?»

5 «Kann han vilja gøyma på vreide æveleg og harmast for ævelengdi?» Sjå, det tala du, men gjorde det vonde og kunde det med.

6 Og Herren sagde med meg i kong Josias dagar: Hev du set kva ho hev gjort, den utrue kvinna Israel? Ho gjekk upp på kvart eit høgt fjell og inn under kvart eit grønt tre og dreiv hor der.

7 Og eg sagde: Etter ho hev gjort alt dette, vil ho snu attende til meg, men ho snudde ikkje. Og det såg den utrue kvinna, hennar syster Juda.

8 Og eg såg at endå eg hadde sendt frå meg Israel, den fråfalne, og gjeve henne hennar skilsmålsbrev av di ho hadde drive hor, so ottast ikkje hennar utrue syster Juda like vel, men gjekk av stad og dreiv hor ho med.

9 Og med sin ubljuge lauslivnad vanhelga ho landet, og ho dreiv hor med stein og med tre.

10 Og med alt dette hev hennar utrue syster Juda ikkje snutt um til meg av alt sitt hjarta, men berre læst gjera det, segjer Herren.

11 Og Herren sagde med meg: Den fråfalne, Israel, tedde seg rettferdigare enn den utrue, Juda.

12 Gakk av stad og ropa ut desse ordi mot nord og seg: Snu då um, du frå falne, Israel, segjer Herren. Eg vil ikkje møta deg med harmfullt andlit, for eg er miskunnsam, segjer Herren, og gøymer ikkje æveleg på vreide.

13 Berre kannast ved di misgjerning, at du fall ifrå Herren, din Gud, og på ymse leider for etter framande gudar inn under kvart eit grønt tre, men på mi røyst hev de ikkje lydt, segjer Herren.

14 Snu um, de fråfalne born, segjer Herren, for eg er herren dykkar. Og eg vil taka dykk, ein or ein by og tvo av ei ætt, og lata dykk koma til Sion.

15 Og eg vil gjeva dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal gjæta dykk med vit og skynsemd.

16 Og når de aukar og veks i landet i dei dagarne, segjer Herren, då skal dei aldri meir tala um Herrens sambandskista, ja, ikkje koma henne i hug di heller og ikkje minnast henne og ikkje sakna henne, og dei skal ikkje heller meir gjera seg ei slik.

17 I den tidi skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol, og alle folk skal samlast dit til Herrens namn, til Jerusalem. Og aldri meir skal dei ferdast etter sitt vonde, harde hjarta.

18 I dei dagarne skal Juda-huset ganga til Israelshuset, og dei skal koma saman frå Norderlandet til det landet som eg gav federne dykkar til odel.

19 Eg sagde då: «Å, kor høgt eg vilde sessa deg millom borni og gjeva deg eit hugnadlegt land, den herlegaste odel millom folki.» Og eg sagde: «De vil ropa til meg: «Min fader!» og ikkje meir skilja lag med meg.»

20 Men liksom ei kvinna er utru mot venen sin, soleis hev de vore utrue mot meg, du Israels hus, segjer Herren.

21 Ei røyst høyrest på dei snaudfjelli, gråt og bøner frå Israels-borni; for dei hev gjenge på range vegar, dei hev gløymt Herren, sin Gud.

22 Snu um, de fråfalne born, so skal eg lækja dykk etter dykkar fråfall. Sjå her, me kjem til deg, for du er Herren, vår Gud.

23 Sanneleg, til fåfengs var voni til haugarne, ståket på heidarne. Sanneleg, i Herren, vår Gud, er Israels frelsa.

24 Og skjemdar-tinget hev ete upp det federne våre stræva i hop alt frå vår ungdom, deira sauer og kyr, deira søner og døtter.

25 Lat oss då liggja i vår skjemd, og lat skammi vår breida seg yver oss! For mot Herren, vår Gud, hev me synda, me og federne våre, alt frå ungdom og til denne dag, og me hev ikkje lydt Herren, vår Guds, røyst.

4. kapitlet

1 Um du vender um, Israel, segjer Herren, då skal du få venda attende til meg, og um du hev dine styggjor burt frå mi åsyn, skal du ikkje ljota liva i fredløysa.

2 Og um du sver: «So sant som Herren liver,» i sanning, med rett og rettferd, då skal heidningfolk velsigna seg i honom og rosa seg i honom.

3 For so segjer Herren med Juda-mennerne og med Jerusalem: Brjot dykk nybrot, og så ikkje millom klunger!

4 Umskjer dykk for Herren, og tak burt dykkar hjartans fyrehud, de Juda-menner og Jerusalems-buar, so at harmen min ikkje skal fara ut som eld og brenna so ingen kann sløkkja, for dykkar vonde verk skuld.

5 Kunngjer i Juda og send bod til Jerusalem og seg: «Blås i lur i landet!» Ropa alt med de vinn, og seg: «Samla dykk og lat oss ganga inn i dei faste borger!»

6 Set upp hermerke burtåt Sion! Fly undan, stana ikkje! For eg let ulukka koma frå nord med stort tjon.

7 Ei løva hev rise upp or kjørri si, og ein folke-tynar hev teke ut, er faren heimanfrå og vil gjera landet ditt til ei audn; byarne dine vert lagde i øyde so ingen bur der.

8 Gyrd dykk difor i sekk, barma dykk og øya dykk! For Herrens brennande vreide hev ikkje vendt seg frå oss.

9 Og den dagen, segjer Herren, skal kongen og hovdingarne standa rådlause, prestarne skal ræddast og profetarne verta vitskræmde.

10 Då sagde eg: «Å, Herre, Herre! Ille hev du svike dette folk og Jerusalem då du sagde: «Fred skal de hava» - og no gjeng sverd inn til sjæli.»

11 I den tidi skal det verta sagt med dette folk og med Jerusalem: Ein glodheit vind frå snaudkollarne i øydemarki kjem imot mitt folks dotter, ikkje til å kasta korn med og ikkje til å dryfta med.

12 Ein vind, sterkare enn til slikt, vil eg lata koma; no vil eg og segja domen mot deim.

13 Sjå, lik skyer kjem han upp farande, og lik eit stormver er hans vogner, fljotare enn ørnar er hans hestar: Usæle me! Det er ute med oss.

14 Två vondskapen av ditt hjarta, Jerusalem, so du kann verta frelst. Kor lenge skal dine synduge tankar bu i ditt brjost?

15 For ei røyst kjem med tiend frå Dan og med usæle-bod frå Efraimsheidi.

16 Lat folki få vita det, sjå til og lat Jerusalem få høyra det; umlægringsmenner kjem frå eit land langt undan og set i og ropar mot byarne i Juda.

17 Likeins som markevaktarar sit dei og gjæter på henne rundt ikring; for mot meg hev ho vore tråssug, segjer Herren.

18 Di åtferd og dine gjerningar hev valda deg dette; dette hev du for vondskapen din, at det er beiskt, at det gjeng alt inn til ditt hjarta.

19 Å bringa mi, bringa mi! Eg skjelv av verk, hjarteverk. Mitt hjarta bankar i meg, eg kann ikkje tegja. For lurljom, herrop hev du høyrt, mi sjæl.

20 Tjon på tjon vert det ropa, for alt landet er i øyde lagt; dåtteleg er tjeldi mine øydelagde, i ein augneblink tjelddukarne mine.

21 Kor lenge skal eg sjå hermerke, høyra lurljom?

22 For lyden min er fåvis, meg kjenner dei ikkje; uvituge born er dei, og dei er utan skyn; vise er dei til å gjera vondt, men dei hev ikkje vit på å gjera godt.

23 Eg såg jordi, og sjå, ho var aud og øydi, og til himmelen såg eg, og ljoset hans var kvorve.

24 Eg såg fjelli, og sjå, dei bivra, og alle haugarne rugla.

25 Eg såg, og sjå, det fanst ikkje eit menneskje, og alle himmelens fuglar hadde floge burt.

26 Eg såg, og sjå, det grøderike landet var ei øydemark, og alle byarne var nedrivne av Herren, av hans brennande harm.

27 For so segjer Herren: Ei audn skal heile landet verta, men reint audt vil eg ikkje gjera det.

28 Difor skal landet syrgja og himmelen der uppe klæda seg i svart, av di eg hev sagt det, tenkt det so, og eg angrar det ikkje og gjer det ikkje um att.

29 For gnyen av ridarar og bogeskyttarar flyr kvar ein by; dei gjeng inn i skogarne og stig upp på hamrarne. Alle byar er folketome, ingen bur i deim.

30 Og du, når du vert øydelagd, kva vil du då gjera? Endå um du klæder deg i purpur og pryder deg med gull-prydnad og gjer augo dine store med sminka, so er det fåfengt at du gjer deg fager; dine elskarar vanvyrdar deg, dei stend deg etter livet.

31 For eg høyrer rop nett som av ei kvinna i barnsnaud, naudrop som av kvinna når ho fær fyrste barnet, rop av dotteri Sion. Ho styn, ho retter ut henderne sine: Eie meg! Sjæli mi sig vanmegtig i mordar-vald.

5. kapitlet

1 Gakk kringum i gatorne i Jerusalem, og sjå etter og få vita og leita på torgi um de finn einkvar, um det er nokon som gjer rett, som legg vinn på ærlegdom, so vil eg tilgjeva byen.

2 Og endå um dei segjer: «So sant som Herren liver,» so gjer dei rang eid like vel.

3 Herre, ser ikkje augo dine etter ærlegdom? Du slo deim, men dei anka seg ikkje, du tynte deim, men dei let seg ikkje aga. Dei gjorde andlitet hardare enn stein, dei vilde ikkje venda um.

4 Då sagde eg: «Dette er berre småfolk; dei er fåvituge, for dei veit ikkje Herrens veg, sin Guds rett.

5 No vil eg ganga til storfolket og tala med deim, for dei veit Herrens veg, sin Guds rett.» Men nettupp dei, alle saman, hev brote sund oket, slite av seg bandi.

6 Difor skal løva frå skogen slå deim, vargen frå villmarkerne tyna deim. Panteren ligg og gjæter attmed byarne deira; kvar den som gjeng ut or deim, vert sundriven. For mange er deira forbrot, mangfaldige deira fråfall.

7 Kvi skulde då eg gjeva deg til? Borni dine hev vendt seg frå meg og svore ved slikt som ikkje er gud. Og eg metta deim, men dei dreiv hor og flokka seg i skjøkjehuset.

8 Som velfødde hestar er dei tidleg ute; kvar ein kneggjar dei åt grannekona si.

9 Skulde eg ikkje heimsøkja slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjæl ikkje harma seg på eit sovore folk?

10 Stig upp på hennar murar og øydelegg, men gjer ikkje reint audt. Riv av hennar vinrankor, dei høyrer ikkje Herren til.

11 For dei hev ille svike meg, både Israels hus og Judas hus, segjer Herren.

12 Dei hev neitta Herren og sagt: «Det er ikkje han, og nokor ulukka skal ikkje koma yver oss, og sverd og svolt skal me ikkje sjå.

13 Og profetarne skal verta til vind, for det er ingen som talar i deim. Soleis skal det ganga med deim sjølve.»

14 Difor, so segjer Herren, allhers drott: Sidan de talar slike ord, sjå, so gjera eg mine ord i din munn til ein eld og dette folket til ved, og han skal øyda deim.

15 Sjå, eg let eit folk frå eit land langt burte koma yver dykk, Israels hus, segjer Herren, eit sterkt folk er det, eit eldegamalt folk er det, eit folk med eit mål du ikkje kjenner, og ikkje skynar du kva dei segjer.

16 Deira pilehus er som ei opi grav, alle saman er dei kjempor.

17 Og dei skal eta upp din avle og ditt brød, dei skal tyna dine søner og dine døtter, dei skal eta upp dine sauer og dine naut, dei skal øydeleggja dine vintre og fiketre, dine faste byar, som du lit på, skal dei brjota ned med sverd.

18 Men jamvel i dei dagarne, segjer Herren, vil eg ikkje heiltupp øyda dykk ut.

19 Og når de då segjer: «Kvi hev Herren, vår Gud, gjort alt dette imot oss?» då skal du segja med deim: «Likeins som de sveik meg og tente framande gudar i dykkar land, so skal de tena framande i eit land som ikkje er dykkar land!»

20 Kunngjer dette i Jakobs hus og lat deim få høyra det i Juda og seg:

21 Høyr dette, du fåvise og vitlause lyd, som hev augo, men ikkje ser, som hev øyro, men ikkje høyrer.

22 Vil de ikkje ottast meg, segjer Herren, eller skjelva for mi åsyn? eg som sette fjøresanden til demma for havet, til eit ævelegt stengje som det ikkje kann fløda yver, som bårorne kjem dynjande imot, men ikkje vinn på, og marmar imot, men ikkje kann fløda yver.

23 Men denne lyden hev eit stridigt og tråssugt hjarta, dei hev vike undan og er burtgjengne.

24 Og dei hev ikkje sagt i sitt hjarta: «Lat oss ottast Herren, vår Gud, som gjev regn, både haustregn og vårregn, i rett tid, som tek vare på dei visse haustonne-vikorne for oss!»

25 Dykkar misgjerningar hev avlaga alt dette, og dykkar synder hev halde det gode burte frå dykk.

26 For det finst ugudlege i lyden min, dei legg seg på lur liksom fuglefangarar huker, dei set ut gildra, menneskje veider dei.

27 Nett som eit bur fullt av fuglar, so er husi deira fulle av svik; difor er dei store og rike vortne.

28 Dei er feite vortne so det skin av deim; dei er breiddfulle med vondt; dei dømer ikkje i nokor sak, hjelpar ikkje den farlause til sin rett, og i fatigmanns sak dømer dei ikkje.

29 Skulde eg ikkje heimsøkja for slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjæl ikkje hemna seg på eit sovore folk?

30 Grysjelege og gruelege ting gjeng fyre seg i landet.

31 Profetarne spår lygn, og prestarne er strenge herrar etter deira råd, og lyden min likar det. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem?

6. kapitlet

1 Fly, de Benjamins-søner, ut or Jerusalem, og blås i herlur i Tekoa, og reis upp eit merke yver Bet-Hakkerem! for ei ulukka trugar nordantil med stor øydeleggjing.

2 Den fagre og kjælne, Sions dotter, henne tyner eg.

3 Til henne skal hyrdingar koma med hjorderne sine; dei slær upp tjeld rundt kringum henne, dei beiter av kvar sitt stykke.

4 Vigsla dykk til strid mot henne! Statt upp og lat oss draga upp høgst å dag! Usæle me! For det lid på dagen, og kveldskuggarne lengjest.

5 Statt upp og lat oss draga upp um natti, og lat oss leggja hennar borghaller øyde!

6 For so segjer Herren, allhers drott: Hogg tre og kasta upp ein voll mot Jerusalem! Det er byen som skal verta heimsøkt; han er fullsett med vondskap all igjenom.

7 Likeins som brunnen let vatn vella fram, soleis let han sin vondskap vella fram. Valdsverk og tjon høyrest der, sår og slag er stødt framfor mi åsyn.

8 Lat deg segja, Jerusalem, so mi sjæl ikkje skal venda seg frå deg, so eg ikkje skal gjera deg til ei audn, til eit ubygt land.

9 So segjer Herren, allhers drott: Ei attpå-sanking, liksom på eit vintre, skal dei gjera på leivningen av Israel.Rett ut handi di, uppatt og uppatt, likeins som druvesankarar til rankorne.

10 Kven skal eg tala til og vitna for, so dei høyrer? Sjå, øyra deira er u-umskore so dei ikkje kann gjeva gaum; sjå, Herrens ord er vorte til spott bland deim, dei likar det ikkje,

11 Men eg er full av Herrens harm, eg er utmødd av å halda honom inne. Renn honom ut yver borni på gata og yver all ungdomsflokken! For mann som kvinna skal verta teken, den gamle med den utgamle.

12 Og husi deira skal koma i annan manns eige, deira jorder og konor like eins. For eg vil retta ut mi hand mot deim som bur i landet, segjer Herren.

13 For både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning; både profet og prest, kvar ein fer med svik.

14 Og dei fer lettvint åt med å lækja mitt folks skade, med di dei segjer: «Fred, fred!» endå det ingen fred er.

15 Dei skal standa til skammar; for dei hev gjort skjemdarverk. Men dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast. Difor skal dei falla med deim som fell, den tid eg heimsøkjer deim, skal dei snåva, segjer Herren.

16 So sagde Herren: Statt på vegarne og sjå etter og spør etter dei gamle stigarne, kvar vegen til det gode er, og ferdast so på den, so skal de finna kvild for sjælerne dykkar. Men dei sagde: «Me vil ikkje ferdast på honom.»

17 Og eg sette vaktmenner yver dykk og sagde: «Lyd vel etter lurljomen!» Men dei sagde: «Me vil ikkje lyda etter.»

18 Difor høyr, de folk, og få vit på, du lyd, kva som i deim bur.

19 Høyr det, du jord: sjå, eg fører ulukka yver dette folk - den grøda deira løynderåder hev bore - for dei hev ikkje gjeve gaum etter mine ord, og loverne mine mismætte dei.

20 Kva skal eg med røykjelse som kjem frå Sjeba, og med den beste kalmus frå eit land langt burte? Brennofferi dykkar er ikkje til hugnad, og slagtofferi hev eg ikkje hug på.

21 Difor, so segjer Herren: Sjå, eg legg støytesteinar for dette folket, og feder og søner saman skal snåva på deim, granne med granne skal verta tynt.

22 So segjer Herren: Sjå, eit folk kjem frå Norderlandet, ei stor tjod ris upp frå utkanten av jordi.

23 Um boge og spjot held dei traust, illharde er dei og syner ikkje miskunn. Røysti deira marmar som havet, og på hestar kjem dei ridande, budde som menner til strid mot deg, du dotter Sion.

24 Me hev fenge fretnader um deim, magtstolne seig våre hender; me tok fæla, fekk flagor som kvinna i føderider.

25 Gakk ikkje ut på marki og ferdast ikkje på vegen! For fienden hev sverd; rædsla rundt ikring.

26 Du dotter, mitt folk, gyrd deg med sekk og velt deg i oska, set i syrgjelæte som yver ein einberning, øya deg sårt! For brått kjem tynaren yver oss.

27 Eg hev sett deg til ransakar hjå mitt folk - til ei borg - so du skal kjenna og ransaka deira veg.

28 Alle saman er dei fråfalne og stridige; dei gjeng og baktalar, dei er kopar og jarn; alle saman fer dei med tyning og tjon.

29 Smidjebelgen hev blåse, men av elden kjem berre bly; til fåfengs var den reinsande smelting, og dei vonde vart ikkje utskilde.

30 «Sylv som er vanda» kallar dei deim, for Herren hev vanda deim.

7. kapitlet

1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:

2 Gakk og statt i porten til Herrens hus og ropa der ut dette ordet, og seg: Høyr Herrens ord, alt Juda, de som gjeng inn gjenom desse portarne og vil tilbeda Herren!

3 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Lat dykkar vegar og dykkar gjerningar betrast, so skal eg lata dykk bu på denne staden.

4 Lit ikkje på ljugarord, når dei segjer: «Dette er Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel.»

5 Men um de let dykkar vegar og gjerningar betrast, um de skifter rett millom mann og mann,

6 ikkje er harde mot den framande, den farlause og enkja, og ikkje renner ut skuldlaust blod på denne staden, og ikkje ferdast etter andre gudar til ulukka for dykk sjølve,

7 då vil eg lata dykk bu på denne staden, i landet som eg gav federne dykkar, frå æva og til æva.

8 Sjå, de lit på ljugarord som det ikkje er gagn i.

9 Er det ikkje so: de stel, myrder og driv hor og gjer rang eid og brenner røykjelse for Ba’al og fer etter andre gudar som de ikkje kjenner,

10 og so kjem de og stend framfor mi åsyn i dette huset som er uppkalla etter mitt namn, og segjer: «No er me berga» - so de sidan kann gjera all denne styggedomen.

11 Er då dette huset som er uppkalla etter mitt namn vorte eit røvarbol i dykkar augo? Eg med, sjå eg ser på det soleis, segjer Herren.

12 For gakk til bustaden min i Silo, der som eg i fyrstningi let namnet mitt bu, og sjå kva eg hev gjort med det for vondskapen skuld i mitt folk Israel.

13 Og no, etter di de gjer alle desse gjerningarne, segjer Herren, og eg tala jamt og samt, men de lydde ikkje, eg kalla på dykk, men de svara ikkje,

14 so vil eg gjera med det huset som er uppkalla etter mitt namn, og som de lit på, og med den staden eg gav dykk og federne dykkar, likeins som eg hev gjort med Silo.

15 Og eg vil støyta dykk burt frå mi åsyn, likeins som eg støytte frå meg alle brørne dykkar, all Efraims ætt.

16 Men du, du skal ikkje beda for dette folket og ikkje koma med klagerop eller bøn for deim og ikkje naudbeda meg, for eg høyrer deg ikkje.

17 Ser du ikkje kva dei gjer i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne?

18 Borni sankar i hop ved, og federne kveikjer elden, og kvinnorne knodar deig til å laga kakor åt himmeldronningi, og drykkoffer renner dei ut for andre gudar, til å gjera det leidt for meg.

19 Gjer dei då meg noko leidt? segjer Herren, er det ikkje seg sjølve, so skammi må liggja utanpå deim?

20 Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, min vreide og min harm vert utrend yver denne staden, yver menneskja og yver dyri og yver trei på marki og yver grøda på jordi, og han skal brenna og ikkje slokna.

21 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Legg brennofferi dykkar attåt slagtofferi og et kjøt?

22 For den dagen eg førde federne dykkar ut or Egyptarlandet, tala eg ikkje med deim um eller gav deim noko bod um brennoffer og slagtoffer.

23 Men dette baud eg deim og sagde: «Lyd mi røyst, so skal eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk, og gakk allstødt på den vegen som eg byd dykk, so det kann ganga dykk vel.»

24 Men dei lydde ikkje og lagde ikkje øyra sitt til, men ferdast etter sine eigne råder, sitt harde vonde hjarta, og dei snudde ryggen til meg og ikkje andlitet.

25 Alt ifrå den dagen då federne dykkar for ut or Egyptarlandet og heilt til denne dag hev eg dagstødt, jamt og samt, sendt alle mine tenarar, profetarne, til dykk.

26 Men dei lydde ikkje på meg og lagde ikkje øyra sitt til, men dei var hardnakka og for enn verre fram enn federne deira.

27 Og du skal tala alle desse ordi til deim, men dei vil ikkje lyda på deg, og du skal ropa åt deim, men dei vil ikkje svara deg.

28 Seg då med deim: «Dette er folket som ikkje lydde på Herren, sin Guds, røyst og ikkje let seg aga; truskapen er burt kvorven og ut-øydd or deira munn.»

29 Klypp av håret ditt og kasta det burt og set i med eit syrgjekvæde på dei snaude haugar! For Herren hev vanda og støytt frå seg denne ætti som han er harm på.

30 For Juda-sønerne hev gjort det som vondt er i mine augo, segjer Herren. Dei hev sett sine styggeting i det huset som er uppkalla etter mitt namn, og sulka det.

31 Og dei hev bygt Tofet-haugar, dei som er i Hinnomssons-dalen, til å brenna sine søner og døtter i eld på - som eg ikkje hev bode, og som ikkje var kome meg i hugen.

32 Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då ein ikkje lenger skal segja «Tofet» eller «Hinnomssons-dalen», men «Dråpsdalen», og dei skal gravleggja i Tofet, av di dei vantar rom.

33 Og liki av dette folket skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jord, og ingen skal skræma deim burt.

34 Då vil eg lata kverva burt or byarne i Juda og frå gatorne i Jerusalem fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur, for landet skal verta lagt i øyde.

8. kapitlet

1 I den tidi, segjer Herren, skal dei taka beini åt Juda-kongarne og beini åt hovdingarne og beini åt prestarne og beini åt profetarne og beini åt Jerusalems-buarne ut or graverne deira,

2 og breida deim ut for soli og for månen og heile himmelheren, som dei elska og tente, og som dei for etter, og som dei søkte, og som dei tilbad. Dei vert ikkje samla og ikkje gravlagde; til møk utyver marki skal dei verta.

3 Og all leivningen som vert leivd av denne vonde ætti, på alle stader der dei leivde, der som eg driv deim burt, skal velja dauden heller enn livet, segjer Herren, allhers drott.

4 Og du skal segja med deim: So segjer Herren: Dett ein og stend ikkje upp att? eller gjeng ein burt og snur ikkje um att?

5 Kvi hev då denne Jerusalems-lyden falle frå med eit ævelegt fråfall? Dei held fast på sitt svik og vil ikkje snu um att.

6 Eg gav gaum og lydde: dei talar det som ikkje er rett, det finst ikkje den mann som angrar sin vondskap og segjer: «Kva hev eg gjort!» Alle saman hev dei snutt seg burt i laupet, likeins som ein hest som renner av stad i strid.

7 Jamvel storken under himmelen veit sine tider, og turtelduva og svala og trana ansar på tidi når dei skal koma, men mitt folk kjenner ikkje Herrens rett.

8 Korleis kann de segja: «Me er Sise, og Herrens lov er hjå oss?» vanneleg, sjå, lygn-pennen åt dei skriftlærde hev gjort henne til lygn.

9 Dei vise vert til skammar, dei vert tekne av ræddhug og rådløysa. Sjå, Herrens ord hev dei vanda; kvar skulde dei då hava visdom ifrå?

10 Difor vil eg gjeva konorne deira til andre, jorderne deira åt landvinnarar. For både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning, både profet og prest, alle saman fer dei med svik.

11 Og dei fer lettvint åt med å lækja skaden åt dotteri, folket mitt, med di dei segjer: «Fred, fred!» endå det ingen fred er.

12 Dei skal standa til skammar, for dei hev gjort skjemdarverk. Dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast. Difor skal dei falla med deim som fell; i si heimsøkjingstid skal dei snåva, segjer Herren.

13 Eg vil gjera av med deim, segjer Herren. Det bid ikkje druvor på vintreet og ikkje fikor på fiketreet, og lauvet er visna. Og eg sender deim slike som skal koma yver deim.

14 Kvifor sit me i ro? Samla dykk og lat oss ganga inn i dei faste byarne og tynast der! for Herren, vår Gud, vil lata oss tynast og gjeva oss eitervatn å drikka, av di me hev synda imot Herren.

15 Me ventar på fred, men det kjem ikkje noko godt, på ei tid med lækjedom, og sjå - fælske.

16 Frå Dan høyrer ein frøsing av øykjerne hans, og for kneggjingi av dei spræke hestarne hans skjelv alt landet. Og dei kjem og et upp landet og det som i det er, byen og deim som i honom bur.

17 For sjå, eg sender imot dykk ormar, basiliskar, som ikkje let seg mana burt, og dei skal bita dykk, segjer Herren.

18 Å, kva kan hugsvala meg i sorgi! Hjarta er sjukt i meg.

19 Sjå, naudropi frå dotteri, folket mitt, ljomar frå eit land langt burte: «Er då ikkje Herren i Sion? eller er ikkje kongen hennar der?» - Kvi hev dei harma meg med gudebilæti sine, med fåfenglege framande gudar?

20 Skurdonni er lidi, fruktonni er ende, men me er ikkje frelste.

21 Eg er tynt for tjonet på dotteri, folket mitt, eg gjeng i syrgjeklæde, fæla hev teke meg.

22 Finst det då ikkje balsam i Gilead, eller bid det ingen lækjar der? Eller kvi hev ikkje dotteri, folket mitt, fenge bendsel på?

9. kapitlet

1 Å, um hovudet mitt var vatn og auga mitt ei tårekjelda! Då skulde eg gråta dag og natt yver deim som er ihelslegne for dotteri, folket mitt!

2 Å, um eg hadde eit herbyrge i øydemarki! Då skulde eg skiljast med folket mitt og fara burt frå deim. For alle saman er dei horkarar, ein flokk av svikarar.

3 Og dei spenner tunga som bogen sin til lygn, og ikkje på ærleg vis er dei megtige vortne i landet, men frå vondt til vondt gjeng dei fram, og meg veit dei ikkje av, segjer Herren.

4 Vara dykk, kvar og ein for sin ven, og lit ikkje på ein bror! for kvar ein bror er ein stor-svikar, og kvar ein ven fer med baktale.

5 Og kvar og ein svik sin ven, og sanning talar dei ikkje. Dei tem si tunge upp til å tala lygn, dei møder seg ut med meinkrokar.

6 Du bur midt i svik: i sitt svik vil dei ikkje vita av meg, segjer Herren.

7 Difor, so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg vil smelta deim og røyna deim, for kva anna skulde eg gjera med slik ei som dotteri, folket mitt?

8 Tunga deira er ei drepande pil, svik talar ho. Med munnen talar dei venleg med grannen sin, men i hjarta set dei upp gildra for honom.

9 Skulde eg ikkje heimsøkja deim for slikt? segjer Herren; skulde mi sjæl ikkje hemna seg på slikt eit folk?

10 Yver heidarne vil eg setja i med gråt og låt og yver beitemarkerne i audni med eit syrgjekvæde; for dei er avsvidne, so ingen fer der framum, og fe-rauting er ikkje høyrande der. Både himmelens fuglar og dyri er flydde og burtfarne.

11 Og eg vil gjera Jerusalem til steinrøysar, til sjakal-bøle, og byarne i Juda vil eg gjera til ei audn so ingen bur i deim.

12 Kven er so vis ein mann at han skynar dette, og kven hev Herrens munn tala til, so han kann kunngjera dette: Kvifor landet er i øyde lagt, avsvide som ei øydemark der ingen fer framum?

13 Og Herren sagde: Sidan dei vende seg frå lovi mi, som eg gav deim, og ikkje lydde meg og ikkje ferdast etter henne,

14 men ferdast etter sitt harde hjarta og etter Ba’alarne som federne deira hadde lært deim,

15 difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg gjev dette folket malurt å eta og eitervatn å drikka.

16 Og eg vil spreida deim ut millom folkeslag som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira, og eg vil senda sverdet etter deim til dess eg fær tynt deim.

17 So segjer Herren, allhers drott: Gjev gaum, og kalla på syrgjekvendi, at dei må koma, og send bod til dei kunnige kvinnorne, at dei kann koma!

18 Og lat deim skunda seg og setja i eit syrgjekvad yver oss, so tåror kann trilla utor augo våre og augneloki våre vatsfljuga.

19 For frå Sion høyrer ein omen av syrgjesong: «Å, kor øydelagde me er! Me er vortne ovleg til skammar; for landet laut me fly, av di at dei hev brote ned våre bustader.»

20 Ja, høyr, de kvinnor, Herrens ord, og lat øyra dykkar taka imot ordet frå hans munn, og lær døtterne dykkar syrgjesong, og den eine lære hi syrgjekvæde!

21 For dauden stig upp i vindaugo våre, er komen inn i hallerne våre. Han vil rydja ut borni på gata og ungmenni frå torgi.

22 Tala: So segjer Herren: Og manne-liki skal liggja som møk burtyver jordi og som kornband etter skjeraren, og ingen samlar deim upp.

23 So segjer Herren: Den vise rose seg ikkje av visdomen sin, og den sterke rose seg ikkje av styrken sin, den rike rose seg ikkje av rikdomen sin!

24 Men den som vil rosa seg, han rose seg av di han er vitug og kjenner meg: at eg er Herren, som gjer miskunn, rett og rettferd på jordi; for i sovore hev eg hugnad, segjer Herren.

25 Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja alle umskorne som er u-umskorne:

26 Egyptarland og Juda, Edom og Ammons-sønerne og Moab og alle med rundklypt hår, som bur i øydemarki. For alle heidningfolki er u-umskorne, og heile Israels hus er u-umskore på hjarta.

10. kapitlet

1 Høyr det ord som Herren talar til dykk, Israels hus!

2 So segjer Herren: Ven dykk ikkje til vegen åt heidningfolki, og ræddast ikkje himmelteikni, endå um heidningarne ræddast deim.

3 For dei seder folkeslagi hev, er fåfengd; for dei høgg eit tre i skogen, og treskjeraren lagar det til med øksi,

4 med sylv og med gull pryder han det, med naglar og hamar fester han det, so det ikkje skal stupa.

5 Dei er som ei svarva trelurk, og kann ikkje tala. Ein lyt bera deim, for dei kann ikkje ganga. Ikkje ottast deim! for dei kann ikkje skada, og å ganga hev dei heller ikkje magt til.

6 Ingen er din like, Herre! Du er stor, og namnet ditt er stort i velde.

7 Kven skulde ikkje ottast deg, du folkekonge! For det sømer deg, for millom alle vise hjå folki og i heile deira rike er ingen din like.

8 For alle saman er uvituge og vitlause; ei fåfengleg læra! Tre er det,

9 sylvplator, førde frå Tarsis, gull frå Ufaz, eit verk av ein treskjerar og av gullsmed-hender. Klædnaden deira er av blått og raudt purpur, eit verk av hage kunstmenner er dei alle.

10 Men Herren er Gud i sanning; han er ein livande Gud og ein æveleg konge. For hans vreide bivrar jordi, og folkeslagi herder ikkje å standa for hans harm.

11 So skal de segja med deim: Dei gudar som ikkje hev gjort himmel og jord, dei skal kverva burt frå jordi og under himmelen.

12 Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom og spana ut himmelen med sitt vit.

13 Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå enden av jordi, let eldingar laga regn, og sender vind ut or gøymslorne sine.

14 Klumsa stend kvar ein mann og hev ikkje vit på det, skjemmast lyt kvar ein gullsmed av sitt bilæte; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, det er ingi ånd i deim.

15 Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim.

16 Jakobs arvlut er ikkje deim lik, for det er han som hev skapt alt, og Israel er hans odelsætt. Herren, allhers drott, er namnet hans.

17 Sanka godset ditt utor landet, du lyd som sit umlægra!

18 For so segjer Herren: Sjå, eg vil slengja burt deim som bur i landet denne gongen, og trengja deim so dei skal få kjenna det.

19 Eie meg, kor sundbroten eg er! Ulækjande er mitt sår. Men eg segjer: «Dette er då ei liding som eg lyt bera.»

20 Tjeldet mitt er øydelagt, og alle tjeldtogi mine er avslitne. Borni mine er frå meg farne og er ikkje lenger til, ingen er til som heretter kann reisa tjeldet mitt og festa upp tjelddukarne mine.

21 For hyrdingarne var uvituge og søkte ikkje Herren. Difor for dei ikkje viseleg åt, og all hjordi deira vart spreidd.

22 Høyr, ein ljom! sjå, det kjem, og ein stor dyn frå Norderlandet - for å gjera Juda-byarne til ei audn, til sjakal-bøle.

23 Eg veit, Herre, at menneskja ikkje sjølv råder for sin veg, og at gangande mann ikkje hev magt til å styra sine stig.

24 Refs meg, Herre, men med måte, ikkje i din vreide, so du ikkje skal gjera meg reint til inkjes.

25 Renn harmen din ut yver heidningfolki som ikkje kjenner deg, og yver ætter som ikkje påkallar namnet ditt! For dei hev ete på Jakob, ja, ete honom upp og gjort ende på honom, og bustaden hans hev dei lagt i øyde.

11. kapitlet

1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:

2 Høyr ordi i denne pakti, og tala til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne!

3 Og du skal segja med deim: So segjer Herren, Israels Gud: Forbanna vere den mann som ikkje lyder på ordi i denne pakti,

4 som eg baud federne dykkar den dagen eg let deim koma ut or Egyptarlandet, ut or jarnomnen, og sagde: Høyr på mi røyst og gjer alt dette, so som eg bed dykk, då skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud,

5 so eg kann få halda den eiden som eg svor federne dykkar: å gjeva deim eit land som fløymer med mjølk og honning, so som det er enn i dag. Og eg svara og sagde: «Amen, Herre!»

6 Og Herren sagde med meg: Ropa ut alle desse ordi i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne og seg: Lyd på ordi i denne pakti og gjer etter deim!

7 For eg hev ålvorleg vara federne dykkar, då eg let deim koma ut or Egyptarlandet, og alt til denne dag, jamt og samt, og sagt: «Høyr på mi røyst!»

8 Men dei lydde ikkje og lagde ikkje øyra sitt til, men kvar og ein ferdast etter sitt vonde, harde hjarta. So let eg då koma yver deim alt det eg hadde sagt i denne pakti, som eg baud deim å halda, men som dei ikkje heldt.

9 Og Herren sagde med meg: Det er kome upp at Juda-mennerne og Jerusalems-buarne hev vore med kvarandre i ei samansverjing.

10 Dei hev snutt tilbake til misgjerningarne åt forfederne sine, som ikkje vilde høyra på ordi mine, og dei fer etter andre gudar, for å tena deim. Israels hus og Judas hus hev brote pakti mi, som eg gjorde med federne deira.

11 Difor, so segjer Herren: Sjå, eg let koma yver deim ei ulukka som dei ikkje kann koma seg undan. Då skal dei ropa på meg, men eg vil ikkje høyra på deim.

12 So skal Juda-byarne og Jerusalems-buarne ganga og ropa på gudarne som dei plar brenna røykjelse for; men dei skal ikkje frelsa deim i deira trengsletid.

13 For gudarne dine, Juda, er vortne like mange som byarne dine, og du hev reist like mange altar for skjemdi, altar til å brenna røykjelse på for Ba’al, som det er gator i Jerusalem.

14 Og du, ikkje skal du beda for dette folket og ikkje koma med klagerop eller bøn for deim. For eg vil ikkje høyra når dei ropar til meg i si naud.

15 Kva hev ho som eg elskar å gjera i mitt hus, ho som med mange gjer skjemdarverk? Kann heilagt offerkjøt fria deg? Når du gjer vondt, då fagnar du deg.

16 «Eit sigrønt oljetre, prydt med fager frukt,» so kalla Herren deg; medan eit veldugt glam ljomar, kveikjer han eld på det, og greinerne brotnar av det.

17 Og Herren, allhers drott, som planta deg, hev sagt illsegn imot deg for illgjerningi som Israels hus og Judas hus hev gjort til å harma meg upp, med å brenna røykjelse for Ba’al.

18 Og Herren let meg få vita det, so no veit eg det; då synte du meg deira framferd.

19 Men eg var som eit spakt lamb, som vert leidt til slagting, og eg visste ikkje at dei lagde løynderåder mot meg: «Lat oss øydeleggja treet og frukti og rydja honom ut or landet åt dei livande, so ein ikkje lenger kjem namnet hans i hug!»

20 Men Herren, allhers drott, er ein rettferdig domar, han ransakar nyro og hjarta. Eg fær sjå at du hemner deg på deim, for eg hev lagt saki mi fram for deg.

21 Difor, so segjer Herren um mennerne i Anatot, dei som ligg deg etter livet og segjer: «Du skal ikkje tala profetord i Herrens namn, annars skal du døy for vår hand,»

22 - difor, so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg vil heimsøkja deim dei unge menner skal falla for sverd, deira søner og døtter skal døy av svolt.

23 Og ikkje noko skal verta leivt åt deim; for eg sender ulukka på mennerne i Anatot det året dei vert heimsøkte.

12. kapitlet

1 Rettferdig er du, Herre, når eg andordast med deg, endå lyt eg tala med deg um retten. Kvi gjeng det dei ugudlege vel? Kvi er dei sutlause alle dei sviksame?

2 Du hev planta deim, dei hev røtt seg og; dei veks, dei ber frukt og; nær er du i deira munn, men langt burte frå deira nyro.

3 Men du, Herre, kjenner meg, du ser meg og røyner mitt hjartelag mot deg; skil deim frå likeins som sauer til slagting, og vigsla deim til ein dråpsdag!

4 Kor lenge skal landet syrgja og grøda på jordi alle stader torna burt? For deira vondskap skuld som der bur, er dyr og fuglar burtrivne; for dei segjer: «Han ser ikkje endelykti vår.»

5 Um du vert utmødd når du løyp med gangande mann, korleis kann du då kapprenna med hestar? I eit fredt land er du trygg, men kva vil du gjera i tjukkskogen burtmed Jordan?

6 For jamvel brørne dine og farshuset ditt, jamvel dei er utrue mot deg, jamvel dei set i illskrik attum din rygg. Tru deim ikkje, endå dei talar vænt til deg!

7 Eg hev gjenge frå huset mitt, eg hev vanda odelen min, eg hev gjeve den som mi sjæl elska i henderne på hennar fiendar.

8 Odelen min er vorten for meg som løva i skog: han hev sett i eit læte imot meg; difor hatar eg honom.

9 Er odelen min som ein spreklut rovfugl? Rovfugl er det då rundt ikring honom. Gakk av stad, samla alle dyr i skogen, lat deim koma hit og eta!

10 Hyrdingar i mengd øydelegg vinhagen min, trakkar ned odelsjordi mi; dei gjer den hugnadlege odelsjordi mi til ei øgjeleg audn.

11 Til ei øydemark gjer dei henne; syrgjande og audsleg ligg ho framfyre meg. Alt landet er i øyde lagt, for ingen legg det på hjarta.

12 Yver alle snaud-heidar i øydemarki kjem herjande hopar; for Herren hev eit sverd som øyder frå eine enden av landet til hin; alt kjøt er fredlaust.

13 Dei sår kveite og haustar inn klunger; dei møder seg ut, men reint til fånyttes. So vert då til skammar med grøda dykkar for Herrens brennande vreide!

14 So segjer Herren um alle dei vonde grannarne, som rører den odelseiga som eg hev gjeve mitt folk Israel: Sjå, eg rykkjer deim upp or landet deira, og Judas hus vil eg rykkja upp undan deim.

15 Men etter eg hev rykt deim upp, vil eg atter miskunna deim og lata dei koma tilbake til kvar sin odel og kvar til kvar sitt land.

16 Um dei då lærer seg mitt folks vegar, so dei sver ved mitt namn: «So sant som Herren liver» - liksom dei lærde mitt folk å sverja ved Ba’al, då skal dei verta uppatt-bygde midt ibland mitt folk.

17 Men um dei ikkje lyder, då vil eg rykkja upp det folket, rykkja det upp og tyna det, segjer Herren.

13. kapitlet

1 So sagde Herren med meg: Gakk og kjøp deg eit linbelte, og spenn det um lenderne dine, men lat det ikkje koma i vatn!

2 Og eg kjøpte beltet etter Herrens ord og spente det um lenderne mine.

3 Då kom Herrens ord til meg andre gongen; han sagde:

4 Tak beltet som du kjøpte, som er um lenderne dine, og statt upp og gakk til Eufrat, og gøym det der i ei bergriva!

5 Og eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, so som Herren hadde bode meg.

6 So hende det mange dager etterpå, at Herren sagde med meg: Statt upp og gakk til Eufrat, og tak derifrå det beltet som eg baud deg å gøyma der!

7 Og eg gjekk til Eufrat, og eg grov og tok beltet frå den staden der som eg hadde gøymt det. Og sjå, beltet var øydelagt, det var inkje gagn i det meir.

8 Då kom Herrens ord til meg; han sagde:

9 So segjer Herren: Soleis vil eg gjera ende på det store ovmodet i Juda og Jerusalem.

10 Denne vonde lyden, som ikkje vil høyra mine ord, som ferdast etter sitt harde hjarta og fer etter andre gudar, og tener deim og tilbed deim, han skal verta som dette beltet, som det ikkje er gagn i meir.

11 For likeins som beltet er fastgjort um mannsens lender, soleis feste eg til meg alt Israels hus og alt Judas hus, segjer Herren, so dei skulde vera mitt folk og vera meg til frægd, til fagnad og pryda; men dei høyrde ikkje.

12 Og du skal segja med deim dette ordet: So segjer Herren, Israels Gud: Kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på. Då skal dei segja med deg: «Veit me ikkje det då, at kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på?»

13 Seg då med deim: So segjer Herren: Sjå, eg fyller alle som bur i dette landet, og kongarne som sit på Davids kongsstol, og prestarne og profetarne og alle som bur i Jerusalem, so dei vert drukne.

14 Og eg vil krasa deim, kvar mot annan, både federne og borni, alle saman, segjer Herren. Eg vil ikkje spara og ikkje miskunna, og ikkje tykkja synd i deim, men tyna deim.

15 Høyr og gjev gaum! Ver ikkje ovmodige! for Herren talar.

16 Gjev Herren, dykkar Gud, æra, fyrr han let det myrkna, og fyrr føterne dykkar støyter seg på dei dimme heidar! De stundar på ljos, men han skal gjera det til daudeskugge, og lata det verta stumende myrkt.

17 Men vil de ikkje høyra på det, då lyt mi sjæl syrgja i løynd yver slikt eit ovmod, og mitt auga må gråta so tårorne trillar, av di Herrens hjord vert burtførd.

18 Seg med kongen og til kongsmori: Set dykk lågt ned! for den prydelege kruna er falli av dykkar hovud.

19 Byarne i Sudlandet er stengde, og ingen opnar deim. Alt Juda er ført burt i utlægd, ført burt til siste mannen.

20 Lat upp augo dykkar og sjå kor dei kjem nordanfrå! Kvar er no hjordi som du hadde fenge, dei væne sauerne dine?

21 Kva vil du segja, når han set til hovdingar yver deg deim som du sjølv hev vant på deg og havt til vener? Skulde du ikkje få flagor, som ei kvinna fær føderider?

22 Og um du då segjer i ditt hjarta: «Kvi lyt eg taka imot dette?» - for di store misgjerning er din kjolefald lyft upp, dine hælar nækte med vald.

23 Kann ein blåmann skifta si hud eller ein pantar sine flekkjer? Då skulde de og kunna gjera det gode, de som hev vanst til å gjera vondt.

24 So vil eg då spreida deim liksom halm som fyk for vind utor øydemarki.

25 Dette er luten din, den deilen eg hev etla åt deg, segjer Herren, av di du hev gløymt meg og lit på lygn.

26 So vil då eg og lyfta upp din kjolefald yver ditt andlit, so di skam vert synberr.

27 Hordomen din og kneggjingi di, den skamlause ulivnaden din uppå haugar på marki, all skjemdarferdi di hev eg set. Usæle Jerusalem! Kor lenge kjem det ikkje endå til å vara fyrr du vert rein!

14. kapitlet

1 Herrens ord som kom til Jeremia um turketidi:

2 Syrgjande ligg Juda, portarne ormegtast; syrgjeklædde luter dei mot jord, og naudropi stig upp frå Jerusalem.

3 Storfolket deira sender sine undergjevne etter vatn; dei kjem til brunnarne, men finn inkje vatn; deira kjerald kjem tome attende. Dei kjenner seg skjemde og vonbrotne og sveiper inn sine hovud.

4 For jordi skuld, som er forfærd vorti av di det ikkje vert regn i landet, kjenner bønderne seg skjemde, sveiper inn sine hovud.

5 For jamvel hindi i marki ber kalven, men gjeng ifrå honom, for di det ikkje finst gras.

6 Og villasni stend på snaude haugar, dei syp etter anden som sjakalar; augo deira kjenast upp, for di det ikkje finst urter.

7 Um våre misgjerningar vitnar mot oss, so gjer då miskunn for ditt namn skuld! For mange er våre fråfall, mot deg hev me synda.

8 Du Israels von, du frelsar i trengsletid! Kvi er du som ein framand i landet, og som ein ferdamann som tjeldar berre for natti?

9 Kvi er du lik ein forstøkt mann, lik ei kjempa som ikkje vinn å hjelpa? Du er då midt ibland oss, Herre, og me er uppkalla etter ditt namn; slepp oss ikkje frå deg!

10 So segjer Herren um dette folket: Soleis likar dei å reika um; dei sparer ikkje føterne sine. So hev då Herren ikkje hugnad i deim; no vil han minnast misgjerningarne deira og heimsøkja synderne deira.

11 Og Herren sagde med meg: Du skal ikkje beda um velgang for dette folket.

12 Når dei fastar, lyder eg ikkje på deira rop, og når dei ofrar brennoffer og grjonoffer, hev eg ikkje hugnad i deim, men med sverd, svolt og sott vil eg tyna deim.

13 Då sagde eg: «Å, Herre, Herre, sjå profetarne segjer med deim: «De skal ikkje sjå sverd, og de ikkje verta ute for svolt, men fred med tryggje vil eg gjeva dykk på denne staden.»»

14 Då sagde Herren med meg: Lygn spår profetarne i mitt namn; ikkje hev eg sendt deim og ikkje bede deim og ikkje tala til deim; lygn-syner og runing og fåfengd og sitt hjartans svik, det er det dei spår åt dykk.

15 Difor, so segjer Herren um dei profetarne som spår i midt namn, endå eg ikkje hev sendt deim, og som segjer at sverd og svolt ikkje skal koma i dette landet: For sverd og svolt skal dei enda sine dagar, desse profetarne.

16 Og folket som dei spår åt, skal liggja slengt på gatorne i Jerusalem, tynt av svolten og sverdet, og ingen skal jorda deim - dei sjølve, konorne deira og sønerne deira og døtterne deira - og eg vil renna vondska deira ut yver deim.

17 Men du skal segja med deim dette ordet: Tårorne trillar or augo mine natt og dag og fær ikkje stogga; for møyi, dotteri, folket mitt, er ovleg sundbroti, hev fenge eit stort ulækjande sår.

18 Gjeng eg ut på marki, sjå, då ligg der dei som med sverd er slegne, og kjem eg inn i byen, sjå, der talmast dei av svolt. Ja, både prest og profet lyt flakka um, til eit land som dei ikkje kjenner.

19 Hev du då reint støytt Juda frå deg, eller styggjest di sjæl ved Sion? Kvi hev du slege oss so, at det ikkje bid helsebot for oss? Me ventar på fred, men det kjem ikkje noko godt, og på ei tid med helsebot, og sjå - fælske.

20 Herre, me kjennest ved vår ugudlege åtferd, misgjerningi åt federne våre, at me hev synda mot deg.

21 For ditt namn skuld støyt oss ikkje frå deg, lat ikkje din herlegdoms kongsstol verta svivyrd! Kom i hug, brjot ikkje di pakt med oss!

22 Finst det nokon av dei fåfenglege gudarne åt heidningfolki som kann gjeva regn? Eller sender himmelen regnskurer av seg sjølv? Er det ikkje du, Herre, vår Gud? Me stundar på deg, for du hev gjort alt dette.

15. kapitlet

1 Då sagde Herren med meg: Um so Moses og Samuel stod fram for mi åsyn, skulde mi sjæl ikkje venda seg til dette folket. Driv deim burt frå mi åsyn, og lat deim fara!

2 Og når dei segjer med deg: «Kvar skal me då fara?» so skal du segja med deim: So segjer Herren: Til dauden den som åt dauden er etla, og til sverdet den som åt sverdet er etla, og til svolten den som åt svolten er etla, og til utlægd den som åt utlægd er etla.

3 Fire slag heimsøkjingar byd eg då ut imot deg: Sverdet til å drepa, og hundarne til å draga deim burt, og fuglarne under himmelen og dyri på marki til å eta deim og øyda deim.

4 Og eg vil gjera deim til ei skræma for alle kongeriki på jord, for det som Manasse Hizkiason, Juda-kongen, gjorde i Jerusalem.

5 For kven vil tykkja synd i deg, Jerusalem, og kven vil syna deg medkjensla, og kven vil gjera seg ærend og spyrja um det stend vel til med deg?

6 Du støytte meg ifrå deg, segjer Herren, du gjekk din veg. Difor retter eg handi ut imot deg og tyner deg; eg er trøytt av å ynkast.

7 Og eg kastar deim med kasteskovl attmed landsens portar, eg gjer folket mitt barnlaust, eg tyner det - frå sine vegar snudde dei ikkje.

8 Enkjorne deira vert fleire enn havsens sand; yver møderne til deira unge menner let eg ein tynar koma høgstedags leite, let rædsla og fælske dåtteleg koma yver deim.

9 Ho som fødde sju søner, talmast burt og andast, hennar sol gjeng ned medan det enn er dag; ho vert skjemd og til skammar. Og det som vert att av deim, gjev eg åt sverdet framfor deira fiendar, segjer Herren.

10 Eie meg, mor mi, at du skulde føda meg, meg som alle folk i landet strider og trættar med! Ikkje hev eg lånt deim og ikkje hev dei lånt meg, og endå bannar dei meg alle i hop.

11 Herren sagde: Visseleg, eg vil fria deg, so det gjeng deg godt. Visseleg, eg vil lata fienden naudbeda deg når ulukka og naudi kjem på deim.

12 Kann ein brjota sund jarn, jarn frå Norderland, og kopar?

13 Godset ditt og skattarne dine vil eg gjeva til ran - utan betaling, og det for alle synderne dine, og innan alle dine landskil.

14 Og eg vil lata fiendarne dine føra det burt, inn i eit land som du ikkje kjenner. For ein eld er kveikt i min vreide, mot dykk skal han loga.

15 Du veit det, Herre, kom meg i hug og vitja meg, og hemn meg på deim som forfylgjer meg! Tak meg ikkje burt, langmodig som du er! Hugsa at eg tek imot svivyrda for di skuld!

16 Eg fann dine ord, og eg åt deim, og dine ord vart til frygd for meg og til fagnad for mitt hjarta; for eg er uppkalla etter ditt namn, Herre, allhers Gud.

17 Eg hev ikkje sete i lag med skjemtande menner og gama meg; gripen av di hand hev eg sete einsleg, for du fyllte meg med harm.

18 Kvi er mi liding æveleg, og kvi vil såret mitt batna? Det vil ikkje gro. Du er vorten som ein svikal bekk åt meg, som vatn ein ikkje kann lita på.

19 Difor, so segjer Herren: Um du vender um, vil eg atter lata deg standa framfor mi åsyn, og um du skil det dyre frå det verdlause, då skal eg hava deg som min munn. Dei skal då venda seg til deg, men du skal ikkje venda deg til deim.

20 Og eg vil gjera deg til ein fast koparmur mot dette folket; og dei skal strida imot deg, men ikkje vinna på deg, for eg er med deg og vil frelsa og berga deg, segjer Herren.

21 Eg vil berga deg utor henderne på dei vonde og fria deg utor nevarne på valdsmenner.

16. kapitlet

1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

2 Du skal ikkje taka deg kona og ikkje få deg søner og døtter på denne staden.

3 For so segjer Herren um dei sønerne og døtterne som vert fødde på denne staden, og um deira møder som føder deim, og um deira feder som fær deim i dette landet:

4 Ein pinefull daude skal dei lida, ingen skal gråta yver deim, og ingen skal jorda deim; til møk utyver marki skal dei verta, og av sverd og svolt skal dei verta tynte, og liki deira skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.

5 For so segjer Herren: Du skal ikkje koma i gravøl og ikkje ganga og barma deg med deim og ikkje ynkast yver deim. For eg hev teke freden min burt frå dette folket, segjer Herren, min nåde og mi miskunn.

6 Og dei skal døy, store og små, i dette landet, ingen skal jorda deim; og dei skal ikkje barma seg yver deim og rispa seg i holdet eller raka seg snaude i kruna for deira skuld.

7 Og dei skal ikkje brjota brød åt nokon til trøyst i sorgi etter ein avliden og ikkje gjeva nokon trøystestaupet å drikka yver far han eller mor hans.

8 I gjestebod skal du ikkje heller ganga og sitja der og eta og drikka.

9 For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, framfor dykkar augo og i dykkar dagar let eg på denne staden kverva burt fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur.

10 Når du då kunngjer for dette folket alle desse ordi, og dei segjer med deg: «Kvi hev Herren varsla all denne store ulukka yver oss, og kva er misgjerningi vår og kva er syndi vår som me hev forsynda oss med mot Herren, vår Gud?»

11 då skal du segja med deim: «For di federne dykkar vende seg frå meg, segjer Herren, og gjekk etter andre gudar og tente deim og tilbad deim, men meg vende dei seg ifrå, og lovi mi heldt dei ikkje.

12 Og de for verre åt enn federne dykkar; for sjå, kvar einaste av dykk ferdast etter dykkar vonde harde hjarta og høyrde ikkje på meg.

13 Difor vil eg kasta dykk ut or dette landet til eit land som de ikkje kjenner, korkje de eller federne dykkar. Og der skal de tena andre gudar dag og natt, for eg vil ikkje gjera miskunn med dykk.»

14 Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då ein ikkje lenger skal segja: «So visst som Herren liver, han som leidde Israels-borni ut or Egyptarlandet,»

15 men: «So sant som Herren liver, han som leidde Israels-borni ut or Norderlandet og ut or alle dei landi som han hadde drive deim burt til.» For eg vil leida deim attende til landet deira, det som eg gav federne deira.

16 Sjå, eg sender bod etter mange fiskarar, segjer Herren, og dei skal fiska deim. Og sidan sender eg bod etter mange veidemenner, og dei skal veida deim burt frå kvart eit fjell på kvar ein haug og i bergskortorne.

17 For eg held auga med alle vegarne deira; dei er ikkje løynde for mi åsyn, og misgjerningarne deira er ikkje dulde for mine augo.

18 Og fyrst vil eg lata deim bøta tvifelt for deira misgjerning og synd, av di dei vanhelga landet mitt med dei daude skrottarne av styggetingi sine og fyllte odelsjordi mi med ufyseskapen sin.

19 Herre, min styrke og mi vern og mi livd på naudar-dagen! Til deg skal heidningfolk koma frå endarne av jordi. Og dei skal segja: «Berre lygn fekk federne våre fenge i arv, fåfenglege avgudar, gagnløysor alle saman.

20 Kann mannen gjera seg gudar? - slikt er då ikkje gudar.»

21 Difor, sjå, eg vil lata deim kjenna det, denne gongen vil eg lata deim kjenna mi hand og mitt velde, so dei skal få vita at namnet mitt er Herren.

17. kapitlet

1 Judas synd er skrivi med jarngriffel, med demant-odd; ho er innrita på deira hjartans tavlor og på deira altarhorn,

2 likeins som borni deira kjem i hug altari deira og Astarte-bilæti deira attmed dei grøne tre på dei høge haugarne.

3 Du fjellet mitt på vollen! Godset ditt, alle skattarne dine vil eg gjeva til herfang, likeins offerhaugarne dine, for synderne innan alle dine landskil.

4 Då lyt du - og det er di eigi skuld - lata frå deg odelen din, som eg gav deg, og eg vil lata deg træla for fiendarne dine i eit land du ikkje kjenner. For ein eld hev de kveikt i min vreide, æveleg skal han loga.

5 So segjer Herren: Forbanna er den mann som lit på menneskja og gjer kjøt til sin arm og med sitt hjarta vik frå Herren!

6 Han skal verta som ein einekrake i heidi og ikkje få sjå at det kjem noko godt; men han skal bu på avsvidne stader i øydemarki, i eit saltlende der ingen annan bur.

7 Velsigna er den mann som lit på Herren, og hev Herren å lita på.

8 Han er lik eit tre som er planta attmed vatn, og som tøygjer røterne sine burt åt ein bekk, og som ikkje ræddast når hiten kjem, men hev sigrønt lauv, og som i turkår ikkje syrgjer og ikkje held upp med å bera frukt.

9 Svikfullt er hjarta framfor alt anna, og låkt, kven kjenner det?

10 Eg, Herren, ransakar hjarta og røyner nyro, og gjev so kvar og ein etter hans veg, etter frukti av hans gjerning.

11 Lik ei rapphøna som ligg på egg ho ikkje sjølv hev vorpe, er den som samlar rikdom som ikkje er rettkomen; midt i sine dagar skal han lata honom frå seg, og når han ligg på sitt siste, er han ein dåre.

12 Eit herlegdomssæte, høgreist frå gamalt, er staden åt heilagdomen vår.

13 Herre, du Israels von! Alle som vender seg frå deg, skal verta til skammar. Ja, dei som hev vike frå meg, skal verta skrivne i moldi, for dei hev vendt seg frå Herren, kjelda med det livande vatnet.

14 Læk meg, Herre, so vert eg lækt! Frels meg, so vert eg frelst! for du er min lovsong.

15 Sjå, dei segjer med meg: «Kvar vart det av Herrens ord? Lat det koma!»

16 Eg hev då ikkje drege meg undan, men fylgt deg og vore hyrding, og nokon ubøtande ulukke-dag ynskte eg ikkje, du veit det; det som gjekk ut frå lipporne mine, er synbert for di åsyn.

17 Ver ikkje til fælske for meg! Du er mi livd på ulukkedagen.

18 Lat deim verta til skammar som forfylgjer meg, og lat ikkje meg verta til skammar! Lat deim fæla, og lat ikkje meg fæla! Lat ein ulukke-dag koma yver deim, og med ei tvifelt sundkrasing krase du deim!

19 So sagde Herren med meg: Gakk og statt i Folkeporten, der som Juda-kongarne gjeng inn og der dei gjeng ut, og i alle portarne i Jerusalem!

20 Og du skal segja med deim: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og alt Juda og alle Jerusalems-buar som gjeng inn gjenom desse portarne!

21 So segjer Herren: Vara dykk for dykkar sjæler skuld, so de ikkje um kviledagen ber nokor byrd og kjem inn med gjenom Jerusalems-portarne!

22 Og de skal ikkje bera nokor byrd ut or husi dykkar på kviledagen og ikkje gjera noko slag arbeid; men de skal halda kviledagen heilag, so som eg baud federne dykkar.

23 Men dei høyrde ikkje og lagde ikkje øyra til, men gjorde seg hardnakka, so dei høyrde ikkje og tok ikkje age.

24 Men um de høyrer på meg, segjer Herren, so de ikkje um kviledagen ber nokor byrd inn gjenom portarne i denne byen, og held kviledagen heilag, so det ikkje gjer noko arbeid,

25 då skal kongar og hovdingar som sit i Davids kongsstol, koma inn gjenom portarne i denne byen på vogner og hestar, dei sjølve og deira hovdingar, Juda-mennerne og Jerusalems-buarne, og det skal æveleg bu folk i denne byen.

26 Og frå Juda-byarne og frå umkverven kring Jerusalem og frå Benjaminslandet og frå låglandet og frå heiderne og frå Sudlandet, skal dei koma og bera fram brennoffer og slagtoffer og grjonoffer og røykjelse, og bera fram takkoffer i Herrens hus.

27 Men um de ikkje høyrer på meg, so de held kviledagen heilag og ikkje kjem med nokor byrd og ber inn gjenom Jerusalems-portarne på kviledagen, då vil eg kveikja eld på portarne, og han skal øyda slotti i Jerusalem og ikkje slokna.

18. kapitlet

1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:

2 Statt upp og gakk ned til krusmakar-huset, og der skal eg lata deg høyra ordi mine.

3 Eg gjekk då ned til huset åt krusmakaren, og sjå, han gjorde arbeidet sitt på svarveskiva.

4 Vart det då ubrukande, kjeraldet som krusmakaren heldt på å gjera, so som det kann verta med leiret i handi på krusmakaren, so gjorde han det um att til eit anna kjerald, soleis som krusmakeren tykte det høvelegt.

5 Då kom Herrens ord til meg; han sagde:

6 Skulde eg ikkje kunna gjera med dykk, Israels hus, likeins som denne krusmakaren? segjer Herren. Sjå, likeins som leiret er i krusmakar-handi, so er de i mi hand, Israels hus.

7 Stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil ryskja upp og riva ned og leggja i øyde;

8 men um det folket som eg tala um, vender um frå sin vondskap, då angrar eg det vonde som eg hadde tenkt å gjera det.

9 Men stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil byggja og planta.

10 So gjer dei kann henda det som vondt er i mine augo, og høyrer ikkje på mi røyst: då angrar eg det gode som eg hadde sagt eg vilde gjera vel imot deim med.

11 Seg no då dette til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne: So segjer Herren: Sjå, eg emnar på ei ulukka åt dykk og tenkjer ut meinråder mot dykk. Vend då um, kvar og ein frå sin vonde veg, og retta på vegarne dykkar og verki dykkar!

12 Men dei segjer: «Fåfengt! for me vil fylgja våre eigne tankar, og kvar og ein vil gjera etter sitt harde vonde hjarta.»

13 Difor, so segjer Herren: Spør millom heidningfolki um nokon hev høyrt slikt. Ovleg grysjelege ting hev møyi Israel gjort.

14 Bråner då Libanon-snøen brånar burt frå Markartinden, eller minkar den vellande uppkoma burt, den svale, rennande?

15 Men mitt folk hev gløymt meg, dei brenner røykjelse åt fåfengdi; og dei fekk deim til å snåva på vegarne sine, dei gamle vegarne, so dei gjekk på stigar, på ujamne vegar,

16 so dei gjer landet sitt til ei skræma, ei æveleg spott; alle som fer der framum, vert forstøkte og rister hovudet.

17 Likeins som austanvinden vil eg spreida deim for fienden. Ryggen og ikkje andlitet skal eg syna deim på deira ulukke-dag.

18 Då sagde dei: «Kom og lat oss leggja upp råder mot Jeremia! for det tryt ikkje på lov for presten, eller på råd for den vise, eller på ord for profeten. Kom, lat oss fella honom med våre tungor og ikkje bry oss det minste um det han segjer!»

19 Gjev gaum etter meg, Herre, og høyr på kor dei trættar med meg!

20 Skal ein løna godt med vondt? For dei hev grave ei grav for mitt liv. Kom i hug at eg stod for di åsyn og tala godt for deim, til å venda harmen din burt ifrå deim!

21 Difor, gjev borni deira til svolten og lat sverdet få handsama deim, og gjer konorne deira barnlause og til enkjor, og lat mennerne deira verta drepne av sotti, og ungmenni deira slegne med sverd i striden!

22 Lat naudrop høyrast or husi deira når du let mordflokkar brått koma yver deim! For dei hev grave ei grav til å fanga meg i og lurt upp snaror for føterne mine.

23 Men du, Herre, kjenner alle deira råder imot meg til å drepa meg; gjev deim ikkje til deira misgjerning, og lat ikkje deira synd verta utstroki for di åsyn! Lat deim stupa for di åsyn; i di vreide-tid gjere du upp med deim!

19. kapitlet

1 So sagde Herren: Gakk og kjøp deg ei krukka av krusmakaren! Tak so med deg nokre av dei øvste av folket og nokre av dei øvste av prestarne,

2 og gakk ut til Hinnomssons-dalen, som er frammed Krusbrot-porten, og ropa ut der dei ord som eg vil tala til deg!

3 Du skal segja: «Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg sender ei ulukka yver denne staden, so det skal ringja for øyro på kvar den som høyrer det,

4 sidan dei vende seg frå meg og mismætte denne staden og brende røykjelse der for andre gudar, som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira eller Juda-kongarne, og fyllte denne staden med skuldlaust blod,

5 og bygde Ba’als-haugar til å brenna sønerne sine i eld på, til brennoffer åt Ba’al, slikt som eg korkje hev skipa eller tala um, og som aldri kom meg i hugen.

6 Difor, sjå, det kjem det dagar, segjer Herren, då denne staden ikkje lenger skal kallast «Tofet» eller «Hinnomssons-dalen», men «Dråpsdalen».

7 Og Juda og Jerusalem gjer eg rådlause på denne staden, og let deim falla for sverd for deira fiendar og ved deira hand som ligg deim etter livet; og liki deira vil eg gjeva til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.

8 Og eg vil gjera denne byen til ei skræma og til ei spott; alle som fer framum honom, skal verta forstøkte og hæda yver alle plågorne hans.

9 Og eg vil lata deim eta kjøtet av sønerne sine og kjøtet av døtterne sine, og dei skal eta kjøtet av kvarandre i den naud og trengsla som deira fiendar og dei som ligg deim etter livet, skal trengja deim med.»

10 Og du skal krasa krukka framanfor augo på dei menner som gjeng med deg.

11 Og du skal segja med deim: «So segjer Herren, allhers drott: Soleis vil eg krasa dette folket og denne byen som ein krasar krusty som ikkje let seg bøta, og i Tofet skal dei gravleggja med di det ikkje bid andre stader til å jorda i.

12 Soleis vil eg fara åt med denne staden, segjer Herren, og med deim som her bur, so eg gjer denne byen lik Tofet.

13 Og husi i Jerusalem og husi åt Juda-kongarne skal verta som Tofetstaden, ureine som dei er, alle dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse åt heile himmelheren og rent ut drykkoffer åt framande gudar.»

14 Og Jeremia kom frå Tofet, dit som Herren hadde sendt honom til å spå, og han stod i fyregarden til Herrens hus og sagde med alt folket:

15 «So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, yver denne byen og yver alle dei byarne som høyrer honom til, let eg koma all den ulukka som eg hev tala imot deim; for dei gjeng der hardnakka og høyrer ikkje mine ord.»

20. kapitlet

1 Og Pashur Immersson, presten, som var yver-tilsynsmann i Herrens hus, høyrde Jeremia spå dette.

2 Då slo Pashur profeten Jeremia og sette honom i stokken i den øvre Benjaminsporten i Herrens hus.

3 Men dagen etter slepte Pashur Jeremia laus or stokken. Då sagde Jeremia med honom: «Herren kallar deg ikkje Pashur, men Magor Missabib.

4 For so segjer Herren: Sjå, eg gjer deg til ei rædsla for deg sjølv og for alle venerne dine, og dei skal falla for fiendesverd midt framfor dine augo. Og alt Juda vil eg gjeva i Babel-kongens hand, og han skal føra deim i utlægd til Babel og slå deim med sverd.

5 Og eg vil gjeva alt godset i denne byen og alt dei hev stræva i hop og alle deira eignaluter og alle skattarne åt Juda-kongarne - det vil eg gjeva i henderne på deira fiendar. Og dei skal rana deim og taka deim og føra deim til Babel.

6 Og du, Pashur, og alle som bur i ditt hus skal verta fangar. Og til Babel skal du koma, og der skal du døy, og der skal du verta gravlagd, du og alle venerne dine, som du spådde lygn for.»

7 Du lokka meg, Herre, og eg let meg lokka, du bruka magti på meg og vann. Eg hev vorte til låtteløgje all dagen, alle so spottar dei meg.

8 For so ofte som eg talar, lyt eg skrika, um vald og tjon lyt eg ropa, for Herrens ord hev vorte meg til håd og spott all dagen.

9 Difor sagde eg: «Eg vil ikkje koma honom i hug og ikkje lenger tala i hans namn.» Men då vart det i hjarta mitt som ein logande eld, innestengd i mine bein, og eg møddest med å tola det, men kunde ikkje.

10 For eg høyrde mange baktala - rædsla rundt i kring: «Klaga honom, lat oss ganga og klaga honom!» Alle dei menner eg livde i fred med, gjætte på um eg ikkje skulde falla: «Kann henda let han seg lokka, so me kann vinna på honom og hemna oss på honom.»

11 Men Herren er med meg lik ei veldug kjempa, difor skal forfylgjarane mine snåva og ikkje vinna. Dei vert ovleg til skammar for di dei ikkje for visleg åt - ei æveleg, ugløymande skjemsla.

12 Og Herren, allhers drott, røyner med rettferd, han ser nyro og hjarta. Eg skal få sjå din hemn på deim; for eg hev lagt saki mi fram for deg.

13 Syng for Herren, lova Herren! For han hev fria sjæli åt armingen ut or henderne på illgjerningsmenner.

14 Forbanna vere den dagen då eg vart fødd! Den dagen mor mi fødde meg, vere ikkje velsigna!

15 Forbanna vere den mann som kom med det gledebodet til far min: «Du hev fenge ein son,» og soleis gledde honom storleg.

16 Med den mannen verte det likeins som med dei byarne Herren støytte i koll utan trege, og han høyre naudrop um morgonen og hergny ved høgstdags leite,

17 for di han ikkje drap meg alt i moderlivet, so mor mi vart mi grav, og livet hennar æveleg fremmelegt!

18 Kvi kom eg då ut or moderlivet til å sjå møda og sorg og enda mine dagar i skam?

21. kapitlet

1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren, då kong Sidkia sende honom Pashur Malkiason og presten Sefanja Ma’asejason og let segja:

2 «Spør Herren for oss, for Nebukadressar, Babel-kongen, strider mot oss. Kann henda Herren kunde gjera med oss etter alle sine underverk, so han fer burt ifrå oss.»

3 Då sagde Jeremia med deim: So skal de segja med Sidkia:

4 So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg snur attende dei stridsvåpn som er i henderne dykkar, og som de strider med utanfor muren mot Babel-kongen og kaldæarane, som kringset dykk, og eg vil samla deim midt i denne byen.

5 Og eg vil sjølv strida mot dykk med utrett hand og med sterk arm og med vreide og med harm og med stor gram.

6 Og eg vil slå deim som bur i denne byen, både folk og fe; i ei stor sott skal dei døy.

7 Og sidan, segjer Herren, vil eg gjeva Sidkia, Juda-kongen, og tenarane hans og folket og deim som er leivde i denne byen etter sotti, sverdet og svolten, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet. Og han skal slå deim med sverd-egg, han skal ikkje miskunna deim og ikkje vårkunna og ikkje tykkja synd i deim.

8 Og til dette folket skal du segja: So segjer Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til dauden:

9 Den som vert verande i denne byen, skal døy for sverd og av svolt og i sott, men den som gjeng ut og gjev seg til kaldæarane som kringset dykk, han skal liva, og han skal njota sitt liv til eit herfang.

10 For eg hev sett mi åsyn imot denne byen til det vonde og ikkje til det gode, segjer Herren; i henderne på Babel-kongen vert han gjeven, og han skal brenna honom upp i eld.

11 Og med Juda-kongens hus skal du segja: Høyr Herrens ord,

12 du Davids hus! So segjer Herren: Set retten kvar morgon, og berga utor valdsmanns hand den som er utplundra, so ikkje harmen min skal fara ut som eld, og brenna so ingen kann sløkkja! - for illgjerningarne dykkar.

13 Sjå, eg skal finna deg, du som bur i dalen, uppå berget på sletta, segjer Herren - de som segjer: «Kven kann koma ned yver oss, kven kann koma inn i bustaderne våre?»

14 Og eg vil heimsøkja dykk etter den frukti dykkar verk hev bore, segjer Herren, og setja eld i skogen deira, og han skal øyda alt der rundt ikring.

22. kapitlet

1 So sagde Herren: Gakk ned til Juda-kongens hus og tala der dette ordet,

2 og seg: Høyr Herrens ord, du Juda-konge som sit på Davids kongsstol, du sjølv og tenarane dine og folket ditt, de som gjeng inn um desse portar!

3 So segjer Herren: Gjer rett og rettferd og berga ut or valdsmanns hand den som er utplundra, og far ikkje fram med urett og vald mot den framande, den farlause og enkja, og renn ikkje ut skuldlaust blod på denne staden.

4 For um de gjer etter dette ordet, då skal kongar som sit på Davids kongsstol koma inn um portarne til dette huset på vogner og hestar - han sjølv og tenarane hans og folket hans.

5 Men um de ikkje høyrer desse ordi, då sver eg ved meg sjølv, segjer Herren, at dette huset skal verta i øyde lagt.

6 For so segjer Herren um Juda-kongens hus: Eit Gilead er du for meg, ein tind på Libanon; men i sanning, eg vil gjera deg til ei øydemark med byar der ingen bur.

7 Og eg vil vigja tynarar mot deg, kvar med sine våpn, og dei skal hogga dei gilde cedertrei dine og kasta deim på elden.

8 Og mange heidningfolk skal ganga framum denne byen, og dei skal segja med kvarandre: «Kvi hev Herren fare soleis åt med denne store byen?»

9 Og dei skal svara: «For di dei vende seg frå Herren, sin Guds pakt, og tilbad andre gudar og tente deim.»

10 Gråt ikkje yver ein avliden og barma dykk ikkje for honom; men gråt yver den som burt er faren! for han skal ikkje meir koma att og sjå sitt fødeland.

11 For so segjer Herren um Sallum Josiason, Juda-kongen, som vart konge etter Josia, far sin, og som burt er faren frå denne staden: Han skal ikkje meir koma hit att,

12 men på den staden som dei førde honom fange til, der skal han døy, og dette landet skal han ikkje meir få sjå att.

13 Usæl han som byggjer sitt hus med urett og sine salar med rangt, som let sin næste træla for inkje og ikkje gjev honom løni hans,

14 som segjer: «Eg vil byggja meg eit stort hus og rome salar,» og høgg seg ut vindaugo på det og klæder det med cedertre og målar det med raudmåling.

15 Er du konge for di du kann kappbyggja i cedertre? Far din - åt ikkje han og drakk og gjorde rett og rettferd? Då gjekk det honom vel.

16 Han hjelpte armingen og fatigmannen til sin rett, då gjekk det vel. Er ikkje slikt å kjenna meg? segjer Herren.

17 Men augo dine og hjarta ditt stend ikkje etter anna enn etter vinningi di og etter å renna ut skuldlaust blod og etter å fara med valdsverk og trælking.

18 Difor, so segjer Herren um Jojakim Josiason, Juda-kongen: Dei skal ikkje barma seg for honom: «Ai, bror min! Ai, syster mi!» Dei skal ikkje barma seg for honom: «Ai, Herre! Ai, hans herlegdom!»

19 Liksom ein jordar eit asen, skal han verta jorda; dei skal dragsa honom ut og kasta honom burt langt utanfor Jerusalems-portarne.

20 Stig upp på Libanon og ropa, og lat røysti di ljoma i Basan, og ropa frå Abarim! For alle elskarane dine er sundkrasa.

21 Eg tala til deg medan det gjekk deg vel, men du sagde: «Eg vil ikkje høyra.» Det var vegen din alt frå din ungdom, at du ikkje høyrde mi røyst.

22 Alle hyrdingarne dine skal få ein storm til hyrding, og elskarane dine skal verta fangar; ja, då skal du verta skjemd og til skammar for all vondskapen din.

23 Du som bur på Libanon, som hev reiret ditt i cedertrei, å, kor du skal stynja når du fær rider, flagor som kvinna i barnsnaud!

24 So sant som eg liver, segjer Herren, um so du Konja Jojakimsson, Juda-konge, var ein signetring på høgre handi mi, vilde eg riva deg der ifrå.

25 Og eg vil gjeva deg i henderne på deim som ligg deg etter livet, og i henderne på deim som du ræddast, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på kaldæarane.

26 Og eg vil slengja deg og mor di, som fødde deg, burt i eit anna land, der som de ikkje er fødde, og der skal de døy.

27 Men til det landet som dei stundar å koma attende til, dit-att skal dei aldri koma.

28 Er då denne mannen Konja eit vanvyrdt, sundbrote fat, eller eit kjerald som ingen hev hugnad i? Kvi er dei burtkasta, han og avkjømet hans, og slengde burt til det landet som dei ikkje kjende?

29 Land, land, land, høyr Herrens ord!

30 So segjer Herren: Skriv upp denne mannen barnlaus, ein uheppen mann all sin dag. For ingen av hans avkjøme skal få lukka til å sitja i Davids kongsstol og heretter rikja yver Juda.

23. kapitlet

1 Usæle dei hyrdingar som tyner og spreider gjætsle-hjordi mi, segjer Herren.

2 Difor, so segjer Herren, Israels Gud, um hyrdingarne som gjæter folket mitt: De hev spreidt sauerne mine og jaga deim burt og ikkje set etter deim. Sjå, eg heimsøkjer dykk for den vonde åtferdi dykkar, segjer Herren.

3 Men sjølv vil eg samla det som er att av sauerne mine or alle dei landi som eg hev drive deim til, og venda deim attende til si eigi beitemark, og dei skal veksa og aukast.

4 Og eg vil setja hyrdingar yver deim, og dei skal gjæta deim. Og dei skal ikkje lenger ræddast eller taka fæla, og ingen av deim skal verta sakna, segjer Herren.

5 Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil lata ein rettferdig renning standa fram åt David, og han skal vera konge og fara visleg åt og gjera rett og rettferd i landet.

6 I hans dagar skal Juda verta frelst og Israel bu trygt, og dette er namnet hans, det dei kallar honom: «Herren, vår rettferd».

7 Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då dei ikkje lenger skal segja: «So sant som Herren liver, som leidde Israels-borni ut or Egyptarlandet,»

8 men: «So sant som Herren liver, som leidde avkjømet åt Israels hus ut og let deim koma frå Norderland og frå alle landi som eg hadde drive deim til, so dei fær bu i landet sitt.»

9 Um profetarne. Hjarta i mitt brjost er sundkrasa, alle beini mine skjelv. Eg er lik ein drukken mann, ein mann som vinen hev magtstole, for Herren skuld, for hans heilage ord skuld.

10 For landet er fullt av horkarar - ja, under forbanning syrgjer landet, og beitelandi i øydemarki er turrbrende - og dei skundar seg til det som vondt er og er velduge i urett.

11 For både profet og prest er gudlause, jamvel i huset mitt hev eg funne vondskapen deira, segjer Herren.

12 Difor skal vegen deira verta åt deim som sleip-flekkjer i myrkret; dei skal støyta seg so dei dett på honom. For eg vil lata ulukka koma yver deim det året heimsøkjingi kjem, segjer Herren.

13 Hjå profetarne i Samaria hev eg set dårskap; dei spådde ved Ba’al og førde mitt folk Israel på villstig.

14 Men hjå profetarne i Jerusalem hev eg set gruvelege ting; dei driv hor og fer med lygn og styrkjer henderne på illgjerningsmenner, so ingen av deim vender um frå sin vondskap. Dei er alle vortne liksom Sodoma åt meg, og hine ibuarane liksom Gomorra.

15 Difor, so segjer Herren, allhers drott, um profetarne: Sjå, eg gjev deim malurt å eta og eitervatn å drikka. For ifrå profetarne i Jerusalem er gudløysa gjengi ut yver alt landet.

16 So segjer Herren, allhers drott: Lyd ikkje på ordi åt dei profetar som spår åt dykk; dei kjem berre med tomt svall åt dykk; si eigi hjartesyn taler dei, ikkje noko frå Herrens munn.

17 Jamt og samt segjer dei med deim som svivyrder meg: «Herren hev tala: Det skal ganga dykk vel.» Og med kvar og ein som ferdast etter sitt harde hjarta, segjer dei: «Nokor ulukka skal det ikkje koma yver dykk.»

18 For kven av deim hev stade i Herrens råd, so han såg og høyrde hans ord? Kven hev gjeve gaum etter mitt ord og høyrt det?

19 Sjå, ein storm frå Herren - vreide bryt fram - ein kvervelstorm; ned på hovudet åt dei ugudlege kjem han i kvervlar.

20 Herrens vreide skal ikkje halda upp fyrr enn han hev gjort og sett i verk sitt hjartans tankar; i dagarn som kjem skal de greinleg skyna det.

21 Eg sende ikkje profetarne, men dei sprang av stad; eg tala ikkje til deim, men dei spådde.

22 Og hadde dei stade i mitt råd, då vilde dei lata mitt folk høyra mine ord, og snu deim frå deira vonde veg og frå deira vonde verk.

23 Er eg ein Gud berre nær ved, segjer Herren, og ikkje ein Gud langt burte?

24 Eller kann nokon løyna seg i slike løyne, so eg ikkje kann sjå honom? segjer Herren. Fyller eg ikkje himmelen og jordi? segjer Herren.

25 Eg hev høyrt kva profetarne hev sagt, dei som spår lygn i mitt namn og segjer: «Eg drøymde, eg drøymde.»

26 Kor lenge skal dette vera so? Hev dei eitkvart på hjarta, desse profetarne som spår lygn med di dei spår sitt hjartans svik -

27 tenkjer dei kann henda å få mitt folk til å gløyma mitt namn med draumarne sine, som dei fortel kvarandre, likeins som federne deira gløymde mitt namn for Ba’al?

28 Den profet som hev ein draum, han kann fortelja ein draum, men den som hev mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning. Kva hev halmen med kornet å gjera? segjer Herren.

29 Er ikkje mitt ord som ein eld, segjer Herren, og som ein hamar som krasar berg?

30 Difor, sjå, eg skal finna profetarne, segjer Herren, dei som stel ordi mine ein frå hin.

31 Sjå, eg skal finna profetarne, segjer Herren, dei som tek sitt eige på tunga, men segjer: «So segjer Herren.»

32 Sjå, eg skal finna deim som spår lygn-draumar, segjer Herren, og fortel deim og fører mitt folk på villstig med lygnerne sine og kytet sitt, endå eg ikkje hev sendt deim eller gjeve deim noko påbod, og dei ikkje er til minste gagn for dette folket, segjer Herren.

33 Og når dette folket eller ein profet eller prest spør deg og segjer: «Kva er Herrens byrd?» då skal du segja med deim: «De er byrdi, og eg vil kasta dykk av, segjer Herren».

34 Og den profet og den prest og det folk som segjer: «Herrens byrd» - slik ein mann og hans hus vil eg heimsøkja.

35 So skal de segja kvar med sin granne og kvar med sin bror: «Kva hev Herren svara?» eller: «Kva hev Herren tala?»

36 Men «Herrens byrd» skal de ikkje nemna lenger. For åt kvar mann skal hans eige ord verta «byrdi», for di de hev rengt ordi frå den livande Gud, Herren, allhers drott, vår Gud.

37 So skal du segja med profeten: «Kva hev Herren svara deg?» eller: «Kva hev Herren tala?»

38 Men segjer de: «Herrens byrd», då segjer Herren so: Av di de segjer dette ordet: «Herrens byrd», endå at eg gjorde denne bodsendingi åt dykk: «De skal ikkje segja «Herrens byrd,»»

39 difor, sjå, so vil eg reint gløyma dykk og kasta dykk og byen som eg gav dykk og federne dykkar, burt frå mi åsyn.

40 Og eg vil leggja på dykk ei æveleg skjemd og ei æveleg skam, som aldri skal gløymast.

24. kapitlet

1 Herren let meg sjå: Tvo korger med fikor var sette framfor Herrens tempel, då Nebukadressar, Babel-kongen, hadde fanga Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og Juda-hovdingarne, og timbremennerne og smedarne, og ført deim frå Jerusalem til Babel.

2 I den eine korgi var det fikor av beste slag, like dei fyrst mogne fikorne, men i den andre korgi fikor av låkaste slag, so låke at dei ikkje var etande.

3 Då sagde Herren med meg: Kva ser du, Jeremia? Og eg svara: «Fikor; dei gode fikorne er av beste slag, men dei låke er av låkaste slag, so låke at dei ikkje er etande.»

4 Då kom Herrens ord til meg; han sagde:

5 So segjer Herren, Israels Gud: Likeins som med desse gode fikorne, soleis vil eg sjå på dei burtførde av Juda som eg hev sendt frå denne staden til Kaldæarlandet, til deira bate.

6 Eg vil retta augo mine på deim til deira bate og lata dei venda attende til dette landet. Og eg vil byggja deim upp og ikkje riva deim ned att, og planta deim og ikkje rykkja deim upp att.

7 Og eg vil gjeva deim hjarta til å kjenna meg, at eg er Herren. Og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud; for dei skal venda um til meg av alt sitt hjarta.

8 Og likeins som med låke fikor som er so låke at dei ikkje er etande, - ja so segjer Herren - soleis vil eg gjera med Sidkia, Juda-kongen, og hovdingarne hans og leivningen av Jerusalem, dei som er att i dette landet, og dei som bur i Egyptarlandet.

9 Og eg vil gjera deim til ei skræma og ein stygg for alle riki på jordi, til ei hæding og eit ordtøke, til ei spott og ei våbøn på alle dei stader som eg driv deim burt til.

10 Og eg vil senda imot deim sverdet og svolten og sotti, til dei vert reint utrudde or landet som eg gav deim og federne deira.

25. kapitlet

1 Det ordet som kom til Jeremia um all Juda-lyden i det fjorde styringsåret åt Jojakim Josiason, Juda-kongen, det er fyrste styringsåret åt Nebukadressar, Babel-kongen,

2 og som profeten Jeremia tala til heile Juda-folket og til alle Jerusalems-buarne; han sagde:

3 Frå det trettande styringsåret åt Josia Amonsson, Juda-kongen, og alt til denne dag, no i tri og tjuge år, hev Herrens ord kome til meg, og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de vilde ikkje høyra.

4 Og Herren sende til dykk alle tenararne sine, profetarne, jamt og samt, men de vilde ikkje høyra og lagde ikkje øyra til, so de kunde høyra.

5 Han sagde: Vend um, kvar og ein frå sin vonde veg og frå dykkar vonde åtferd! so skal de få bu i det landet som Herren gav dykk og federne dykkar frå æva og til æva.

6 Og ferdast ikkje etter andre gudar, so de tener og tilbed deim, og gjer meg ikkje harm med slikt som henderne dykkar hev gjort! so eg ikkje skal gjera dykk noko ilt.

7 Men de lydde ikkje på meg, segjer Herren, men de vilde harma meg med slikt som henderne dykkar hev gjort dykk sjølve til tjon.

8 Difor, so segjer Herren, allhers drott: Av di de ikkje lydde på mine ord,

9 sjå, so sender eg bod etter alle ætterne i Nordheimen og fær deim hit, segjer Herren, og etter Nebukadressar, tenaren min, og eg let deim koma yver dette landet og yver deim som bur her, og yver alle desse folki rundt ikring. Og eg bannstøyter deim og gjer deim til ein fælske og ei spott og til ævelege audner.

10 Og eg vil gjera det audt hjå deim for fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur, handkvern-dur og lampeljos.

11 Og alt dette landet skal verta til audn og øyda, og desse folki skal tena Babel-kongen i sytti år.

12 Og når sytti år er lidne, vil eg heimsøkja Babel-kongen og dette folket for deira misgjerningar, segjer Herren, og Kaldæarlandet vil eg heimsøkja og gjera det til ævelege øydemarker.

13 Og eg vil lata koma yver det landet alle ordi mine som eg hev tala um det, alt som er skrive i denne boki, det som Jeremia hev spått um alle folkeslagi.

14 For velduge folk og store kongar skal trælka deim og, og eg vil gjeva deim lika for deira verk og for det henderne deira hev gjort.

15 For so sagde Herren, Israels Gud, med meg: Tak dette staupet med vreide-vin or mi hand og lat alle folkeslagi som eg sender deg til, drikka av det!

16 Og dei skal drikka og raga og rasa for det sverdet som eg sender ibland deim.

17 Eg tok då staupet or Herrens hand og let alle dei folki drikka som han sende meg til:

18 Jerusalem og byarne i Juda og kongarne og hovdingarne der, for å gjera deim til audn og øyda, til ei spott og til ei våbøn - so som det er den dag i dag -

19 Farao, egyptarkongen, og hans tenarar og hovdingar og all landslyden hans

20 og alt blandingsfolket hans og alle kongarne i Us-landet og alle kongarne i Filistarlandet og Askalon og Gaza og Ekron og det som er att av Asdod,

21 Edom og Moab og Ammons-sønerne

22 og alle kongarne i Tyrus og alle kongarne i Sidon og kongarne på havstrenderne, burtanfor havet,

23 Dedan og Tema og Buz og alle med rundklypt hår

24 og alle kongarne i Arabia og alle kongarne yver blandingsfolket som bur i øydemarki,

25 og alle kongarne i Zimri og alle kongarne i Elam og alle kongarne i Media

26 og alle kongarne i Nordheimen, dei nærbuande og dei burtlengste, ein med hin, ja, alle riki i verdi utyver jordflata. Og Sesak-kongen skal drikka etter deim.

27 Og du skal segja med deim: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Drikk til de vert drukne og spyr, og dett so de ikkje kann standa upp att - for sverdet som eg sender ibland dykk!

28 Men vil dei ikkje taka staupet or di hand og drikka, då skal du segja med deim: So segjer Herren, allhers drott: Drikka skal de.

29 For sjå, eg let ulukka fyrst råka den byen som er uppkalla etter mitt namn - og so skulde de sleppa å umgjelda! De skal ikkje sleppa å umgjelda, for sverd byd eg ut imot alle som bur på jordi, segjer Herren, allhers drott.

30 Og du skal kunngjera for deim alle desse profetordi. Og du skal segja med deim: Herren skal bura frå høgdi og lata si røyst ljoma frå sin heilage bustad, ja, han skal stor-bura yver sitt beiteland, setja i med eit rop, liksom når dei trøder vinpersa, imot alle som bur på jordi.

31 Det omar av ein dyn alt til enden av jordi, for Herren hev ei trætta med folki, han gjeng til doms med alt kjøt; han let sverdet få dei ugudlege, segjer Herren.

32 So segjer Herren, allhers drott: Sjå, ei ulukka gjeng ut frå folk til folk, og eit brotver kjem frå dei ytste endarne av jordi.

33 Og dei som Herren hev slege den dagen, skal liggja daude frå eine enden av jordi til hin; ingen skal gråta yver deim eller samla deim i hop og jorda deim; til møk utyver marki skal dei verta.

34 Barma dykk, de hyrdingar, og ropa, og velt dykk i moldi, de gjævingar i hjordi! for tidi til å slagta dykk er komi. Og eg vil spreida dykk, og de skal detta ned liksom eit dyrverdigt kjerald.

35 Då vert det ingi livd for hyrdingarne og ingi undankoma for gjævingarne i hjordi.

36 Høyr kor hyrdingarne ropar, kor gjævingarne i hjordi øyar seg! For Herren øyder ut beitemarki deira,

37 og dei fredfulle engjarne vert aude for Herrens brennande vreide.

38 Fram stig han som ei ungløva ut or si kjørr; ja, landet deira vert til ei audn for det herjande sverdet og for hans brennande vreide.

26. kapitlet

1 I den fyrste tidi som Jojakim Josiason, Juda-kongen, styrde, kom dette ordet frå Herren; han sagde:

2 So segjer Herren: Gakk i fyregarden til Herrens hus og tala mot Juda-byarne som kjem og tilbed i Herrens hus, tala alle dei ordi som eg hev bode deg å tala til deim! Tak ikkje undan eit einaste ord!

3 Må henda dei kunde høyra og snu seg, kvar og ein frå sin vonde veg; då vil eg angra det vonde som eg tenkjer å gjera mot deim for den vonde framferdi deira.

4 Og du skal segja med deim: So segjer Herren: Um de ikkje høyrer på meg og ferdast i den lovi som eg hev lagt fram for dykk,

5 so høyrer ordi åt tenarane mine, profetarne, som eg sender dykk jamt og samt, endå de ikkje vil høyra,

6 då vil eg fara åt med dette huset likeins som med Silo, og alle folkeslag på jord bruka denne byen til ei våbøn.

7 Og prestarne og profetarne og alt folket høyrde Jeremia tala desse ordi i Herrens hus.

8 Og då Jeremia hadde tala til endes alt det som Herren hadde bode honom å tala til heile folket, då tok prestarne og profetarne og alt folket honom og sagde: «No skal du døy.

9 Kvi hev du spått i Herrens namn og sagt: «Det skal ganga med dette huset likeins som med Silo, og denne byen skal verta øydelagd so ingen bur her?»» Og alt folket samla seg imot Jeremia i Herrens hus.

10 Og då Juda-hovdingarne frette dette, gjekk dei frå kongsgarden upp til Herrens hus og sette seg i inngangen til Herrens port, den nye.

11 Då sagde prestarne og profetarne med hovdingarne og med alt folket: «Denne mannen er skuldig til å døy; for han hev spått mot denne byen, so som de hev høyrt med dykkar eigne øyro.»

12 Då sagde Jeremia med alle hovdingarne og med alt folket: «Herren hev sendt meg til å spå imot dette huset og denne byen alt det som de hev høyrt.

13 Lat då dykkar vegar og gjerningar betrast, og høyr på Herren, dykkar Guds røyst! So vil Herren angra det vonde som han hev tala imot dykk.

14 Men eg, sjå, eg er i dykkar hand: gjer med meg det de tykkjer godt og rett!

15 Men det skal de vita, at um de drep meg, so let de skuldlaust blod koma yver dykk og yver denne byen og yver deim som her bur. For Herren hev i sanning sendt meg til dykk å tala for øyro dykkar alle desse ordi.»

16 Då sagde hovdingarne og alt folket til prestarne og profetarne: «Denne mannen er ikkje skuldig til å døy, for i Herrens, vår Guds, namn hev han tala til oss.»

17 Og nokre av dei øvste i landet stod upp og sagde til heile folkehopen:

18 «Mika frå Moreset spådde i dei dagarne då Hizkia var konge i Juda, og sagde til alt folket i Juda: «So segjer Herren, allhers drott: Sion skal verta pløgt til åker, og Jerusalem skal verta til steinrøysar og tempelberget til skograbbar.»

19 Tok då Hizkia, Juda-kongen, og alt Juda og drap honom? Ottast han ikkje Herren og blidka Herren, so han angra på det vonde han hadde tala imot deim? Men me held på å koma oss i den største ulukka.»

20 Det var og ein annan mann som spådde i Herrens namn, Uria Semajason frå Kirjat-Jearim. Og han spådde mot denne byen og dette landet nett på same måten som Jeremia.

21 Men då kong Jojakim og alle hans kjempor og alle hans hovdingar høyrde ordi hans, so vilde kongen drepa honom. Men då Uria frette det, vart han rædd og flydde burt kom til Egyptarland.

22 Då sende kong Jojakim nokre menner til Egyptarland, Elnatan Akborsson og menner med honom inn i Egyptarland.

23 Og dei tok Uria ut or Egyptarlandet og for med honom til kong Jojakim, og han let drepa honom med sverd og kasta liket hans millom ålmuge-graverne.

24 Men Ahikam Safansson heldt si hand yver Jeremia, so han ikkje vart gjeven i henderne på folket og miste livet.

27. kapitlet

1 I den fyrste tidi som Sidkia Josiason, Juda-kongen, styrde, kom dette ordet til Jeremia frå Herren; han sagde:

2 So sagde Herren med meg: Gjer deg band og ok, og hav det um halsen din!

3 Send dei so til kongen i Edom og til kongen i Moab og til kongen yver Ammons-sønerne og til kongen i Tyrus og til kongen i Sidon med dei sendemennerne som kjem til Jerusalem til Sidkia, Juda-kongen.

4 Og bed deim segja med herrarne sine: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: So skal de segja med herrarne dykkar:

5 Eg hev gjort jordi, menneskja og dyri på jordi med mi store magt og min strake arm, og eg gjev dette til den eg tykkjer er den rette.

6 Og no hev eg gjeve alle desse landi i henderne på Nebukadnessar, Babel-kongen, tenaren min; jamvel dyri på marki hev eg gjeve honom, so dei kann tena honom.

7 Og alle folki skal tena honom og sonen hans og sonesonen hans, til dess tidi for hans land og er komi; då skal velduge folk og store kongar gjera honom til træl.

8 Og det folket og det riket som ikkje vil tena honom, Nebukadnessar, Babel-kongen, og som ikkje vil bøygja halsen sin under Babel-kongens ok, det folket vil eg heimsøkja med sverd og svolt og sott, segjer Herren, til eg hev gjort ende på deim ved hans hand.

9 Og de no - lyd ikkje på profetarne dykkar og spåmennerne dykkar og på draumarne dykkar og på runekallarne og tauvrekallarne dykkar, som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!»

10 For lygn er det dei spår åt dykk, for at eg skal føra dykk langt burt frå landet dykkar og driva dykk burt, so de vert tynte.

11 Men det folket som bøygjer halsen sin under Babel-kongens ok og tener honom, det vil eg lata vera i fred i landet sitt, segjer Herren, so dei kann dyrka det og bu i det.

12 Og til Sidkia, Juda-kongen, tala eg alle desse ordi og sagde: Bøyg halsen dykkar under Babel-kongens ok, og ten honom og folket hans! då skal de få liva.

13 Kvi vil de døy, du og folket ditt, for sverd, av svolt og i sott, so som Herren hev tala um det folket som ikkje vil tena Babel-kongen?

14 Lyd ikkje på ordi åt dei profetarne som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!» For lygn er det dei spår åt dykk.

15 For eg hev ikkje sendt deim, segjer Herren, men dei spår lygn i mitt namn, for at eg skal driva dykk burt, so de vert tynte, de og dei profetarne som spår åt dykk.

16 Og til prestarne og heile dette folket tala eg og sagde: So segjer Herren: Lyd ikkje på ordi åt profetarne dykkar når dei spår åt dykk og segjer: «Sjå, kjeraldi or Herrens hus vert no snart flutte heim att frå Babel!» for lygn er det dei spår åt dykk.

17 Lyd ikkje på deim, men ten Babel-kongen! So skal de få liva. Kvi skal denne byen verta til ei audn?

18 Men um dei er profetar og hev Herrens ord, so kann dei beda Herren, allhers drott, at ikkje dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem, vert førde til Babel.

19 For so segjer Herren, allhers drott, um sulorne og um havet og understelli og alle hine ting som endå er att i denne byen,

20 som Nebukadnessar, Babel-kongen, ikkje tok då han førde Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, i utlægd frå Jerusalem til Babel i lag med alt storfolket i Juda og Jerusalem -

21 ja, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, um dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem:

22 Til Babel skal dei verta flutte, og der skal dei vera alt til den dagen eg ser etter deim, segjer Herren, og fører deim upp og attende til denne staden.

28. kapitlet

1 So hende det same året, i den fyrste tidi Sidkia Josiason, Juda-kongen, styrde, i det fjorde året, i den femte månaden, at Hananja Azzursson, profeten frå Gibeon, sagde med meg i Herrens hus beint upp i augo på prestarne og alt folket:

2 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Eg hev brote sund Babel-kongens ok.

3 Um tvo år vil eg føra attende til denne staden alle dei kjeraldi som Nebukadnessar, Babel-kongen, hev teke or Herrens hus og førd frå denne staden til Babel.

4 Og Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og alle hine burtførde frå Juda som er komne til Babel, let eg koma attende til denne staden, segjer Herren; for eg bryt sund Babel-kongens ok.

5 Då svara profeten Jeremia profeten Hananja beint uppi augo på prestarne og alt folket som stod i Herrens hus,

6 og profeten Jeremia sagde: «Amen! Det gjere Herren! Herren setje i verk det som du hev spått so han fører attende frå Babel til denne staden kjeraldi or Herrens hus og alle dei burtførde!

7 Men høyr no på dette ordet som eg talar i opne øyro på deg og alt folket!

8 Dei profetarne som hev vore fyre meg og deg frå ævordsleg tid, dei spådde mot velduge land og store rike um ufred og ulukka og sott.

9 Den profeten som spår um fred - når ordi åt den profeten sannar seg, då er det skynande at Herren i sanning hev sendt den profeten.»

10 Då tok profeten Hananja oket av halsen på profeten Jeremia og braut det sund.

11 Og Hananja sagde beint uppi augo på alt folket: «So segjer Herren: Soleis vil eg, fyrr tvo år er lidne, brjota sund Nebukadnessars, Babel-kongens, ok av halsen på alle folki.» Då gjekk profeten Jeremia sin veg.

12 Men Herrens ord kom til Jeremia etter profeten Hananja hadde brote sund oket av halsen på profeten Jeremia; han sagde:

13 «Gakk og seg med Hananja: So segjer Herren: Eit tre-ok hev du brote sund, men att-istaden hev du laga eit jarn-ok.

14 For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Eit jarn-ok hev eg lagt på halsen åt alle desse folki, for at dei skal tena Nebukadnessar, Babel-kongen, so dei lyt tena honom; ja, jamvel dyri på marki hev eg gjeve honom.»

15 Då sagde profeten Jeremia med profeten Hananja: «Høyr, du Hananja! Herren hev ikkje sendt deg, men du hev fenge dette folket til å lita på lygn.

16 Difor, so segjer Herren so: Sjå, eg tek deg burt frå jordi; i dette året skal du døy, for du hev preika fråfall frå Herren.»

17 Og profeten Hananja døydde same året i den sjuande månaden.

29. kapitlet

1 Og dette er ordi i det brevet som profeten Jeremia sende frå Jerusalem til deim som endå livde att av dei øvste millom dei burtførde, og til prestarne og profetarne og alt det folket som Nebukadnessar hadde ført burt frå Jerusalem til Babel,

2 då kong Jekonja og kongsmori og hirdmennerne, dei høgste i Juda og Jerusalem og timbremennerne og smedarne var farne burt or Jerusalem.

3 Brevet sende han med El’asa Safansson og Gemarja Hilkiason, som Sidkia, Juda-kongen, sende til Nebukadnessar, Babel-kongen, til Babel; det lydde so:

4 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, til alle dei burtførde som eg hev ført burt frå Jerusalem til Babel:

5 Bygg hus og bu i deim, planta hagar og et frukti av deim!

6 Tak dykk konor og avla søner og døtter, og tak konor åt sønerne dykkar, og gift burt døtterne dykkar, so dei kann få søner og døtter, so de kann fjølgast der og ikkje minka i tal!

7 Og stræva etter det, at det må ganga den byen vel som eg hev ført dykk burt til, og bed for honom til Herren! For når det gjeng honom vel, so gjeng det dykk vel.

8 For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Lat dykk ikkje dåra av dei profetarne som er hjå dykk og av spåmennerne dykkar, og gjev ikkje gaum etter draumarne dykkar som de drøymer!

9 For lygn er det som dei spår åt dykk i mitt namn, og eg hev ikkje sendt deim, segjer Herren.

10 For so segjer Herren: Når sytti år er lidne for Babel, vil eg vitja dykk og gjera sannrøynt på dykk det gode ordet mitt um å lata dykk koma tilbake til denne staden.

11 For eg veit kva tankar eg hev med dykk, segjer Herren, tankar til fred og ikkje til tjon, å gjeva dykk framtid og von.

12 Og de skal påkalla meg og ganga og beda til meg, og eg vil høyra på dykk.

13 Og de skal søkja meg og finna meg, når de spør etter meg av alt dykkar hjarta.

14 Eg vil då lata dykk finna meg, segjer Herren, og eg vil gjera ende på utlægdi dykkar og samla dykk frå alle dei folki og or alle dei staderne som eg hev drive dykk burt til, segjer Herren, og lata dykk venda tilbake til den staden som eg førde dykk burt ifrå.

15 For de segjer: «Herren hev reist upp profetar åt oss i Babel.»

16 For so segjer Herren um kongen som sit på Davids kongsstol og um alt folket som bur i denne byen, brørne dykkar som ikkje vart burtførde saman med dykk,

17 so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg sender imot deim sverd og svolt og sott og gjer med deim som ein gjer med dei utskjemde fikorne som er so låke at dei ikkje er etande.

18 Og eg elter deim med sverd, med svolt og med sott, og eg vil gjera deim til ei skræma for alle riki på jord, til ei våbøn og ein støkk, og til ei spott og ei hæding millom alle dei folki som eg driv deim til,

19 for di at dei lydde ikkje på mine ord, segjer Herren, då eg sende tenarane mine, profetarne, til deim, jamt og samt, men de høyrde ikkje, segjer Herren.

20 Men høyr no de Herrens ord, alle de burtførde som eg hev sendt frå Jerusalem til Babel!

21 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, um Ahab Kolajason og um Sidkia Ma’asejason som spår lygn åt dykk i mitt namn: Sjå, eg gjev deim i handi på Nebukadressar, Babel-kongen, og han skal drepa deim framfor dykkar augo.

22 Og etter deim skal dei laga ei våbøn, alle dei burtførde or Juda som er i Babel, og segja: «Herren gjere med deg likeins som med Sidkia og Ahab, som Babel-kongen steikte i elden!»

23 For dei for med skjemdarverk i Israel og dreiv hor med grannekonorne sine og for med lygne-rødor i mitt namn, slikt som eg ikkje hadde sett deim til; eg veit det då og kann vitna um det, segjer Herren.

24 Og dette skal du segja med Semaja, nehelamiten:

25 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Du hev sendt brev i ditt namn til alt folket i Jerusalem og til presten Sefanja Ma’asejason og til alle prestarne, og sagt:

26 «Herren hev sett deg til prest i staden for presten Jojada, so det skal vera tilsynsmenner i Herrens hus yver alle som er frå vitet gjengne og driv på og spår, so du kann setja deim i stokk og halsjarn.

27 Kvi hev du då ikkje refst Jeremia frå Anatot som driv og spår åt dykk?

28 For på denne måten hev han kunna gjera ordsending til oss i Babel og sagt: «Dette vert ei lang-æva; bygg hus og bu i deim, planta hagar og et frukti or deim!»»

29 Og presten Sefanja hadde lese dette brevet upp for profeten Jeremia.

30 Då kom Herrens ord til Jeremia; han sagde:

31 Gjer ordsending til alle dei burtførde og seg: So segjer Herren um Semaja, nehelamiten: Sidan Semaja hev spått åt dykk, endå eg ikkje hev sendt honom, og fenge dykk til å lita på lygn,

32 difor, so segjer Herren: Sjå, eg heimsøkjer Semaja, nehelamiten, og avkjømet hans; ingen av deim skal få bu millom dette folket, og han skal ikkje få sjå det gode som eg gjer med folket mitt, segjer Herren, for han hev preika fråfall frå Herren.

30. kapitlet

1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:

2 So segjer Herren, Israels Gud: Skriv deg upp i ei bok alle dei ordi eg hev tala til deg!

3 For sjå, dagar skal koma, segjer Herren, då eg endar utlægdi åt folket mitt, Israel og Juda, og let deim koma heim att til det landet som eg gav federne deira, so dei kann taka det til eign.

4 Og dette er dei ordi som Herren hev tala um Israel og um Juda:

5 So segjer Herren: Eit rædslerop hev me høyrt; otte og ingen fred.

6 Spør og sjå etter um ein karmann føder barn! Kvi ser eg då alle mann med henderne på lenderne liksom kvinna i barnsnaud, og kvi er alle andliti vortne nåbleike?

7 Å! Stor er den dagen, han hev ikkje sin like. Ja, ei trengsletid er det for Jakob, men han skal verta frelst derifrå.

8 Og det skal henda den dagen, segjer Herren, allhers drott, at eg vil brjota oket hans av halsen din, og bandi dine vil eg riva sund. Ja, framande skal ikkje trælka honom lenger.

9 Men dei skal tena Herren, sin Gud, og David, sin konge, som eg vil reisa upp åt deim.

10 So ottast ikkje, du min tenar Jakob, segjer Herren, og ræddast ikkje, Israel! For sjå, eg frelser deg frå det burtlengste land og avkjømet ditt frå det landet som dei var burtførde til. Og Jakob skal snu heim att og vera i ro og trygd, og ingen skal skræma honom.

11 For eg er med deg, segjer Herren, til å frelsa deg. For eg vil gjera ende på alle dei folki som eg hev spreidt deg imillom, det er berre deg eg ikkje vil gjera ende på, men eg vil aga deg med måte, men reint utan refsing kann eg ikkje lata deg vera.

12 For so segjer Herren: Ubøtande er skaden din, ulækjande såret ditt.

13 Ingen tek saki di på seg og kreistar verken ut; det bid ikkje helsebot, ikkje plåster for deg.

14 Alle elskarane dine hev gløymt deg, dei spør ikkje etter deg. For eg hev slege deg likeins som ein fiende slær, eg hev aga deg som den miskunnlause, for di at misgjerningi di er stor og synderne dine mange.

15 Kvi eiar du deg yver skaden din, yver at plåga di er ulækjande? For di at misgjerningi di er stor og synderne dine mange, hev eg gjort deg dette.

16 Difor skal alle som et på deg, verta upp-etne, og alle som er trengjer deg, verta burtførde, alle saman, og dei som herjar deg, skal verta herja, og alle som ranar frå deg, vil eg gjeva til ran.

17 For eg vil grøda såri dine og lækja deg etter slagi du hev fenge, segjer Herren, av di dei kallar deg «den burtdrivne», «Sion som ingen spør etter».

18 So segjer Herren: Sjå, eg endar utlægdi for Jakobs tjeld og miskunnar bustaderne hans, og byen skal atter verta bygd på haugen sin, og slottet skal standa på sin rette stad.

19 Og det skal ljoma av lovsangar og leikstemne-ljod frå deim. Og eg vil lata deim aukast og ikkje minka, og eg vil æra deim, og dei skal ikkje verta mismætte.

20 Og sønerne hans skal vera som fordom, og lyden hans skal standa grunnfest framfor mi åsyn, og eg vil heimsøkja alle som trengjer honom.

21 Og hans herlege skal vera utstokken frå honom sjølv, og drotten hans skal ganga fram or hans eigen flokk. Og eg vil lata honom nærra seg åt meg, so han fær koma til meg; for kven kunde elles vera so hjartug, at han kom meg nær? segjer Herren.

22 Og de skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.

23 Sjå, ein storm frå Herren - vreide bryt fram - ein rjukande storm: ned på hovudet åt dei ugudlege kjem han i kvervlar.

24 Herrens brennande vreide skal ikkje halda upp fyrr han hev gjort og sett i verk sitt hjartans tankar. I dagarne som kjem, skal de skyna det.

31. kapitlet

1 I den tidi, segjer Herren, skal eg vera Gud for alle ættgreinerne i Israel, og dei skal vera mitt folk.

2 So segjer Herren: Det folket som slapp undan sverdet, hev funne nåde i øydemarki; eg vil av og få honom, Israel, til å roa seg.

3 Langt burtanfrå hev Herren openberra seg for meg: Ja, med æveleg kjærleik hev eg elska deg, difor hev eg late mi miskunn mot deg halda ved.

4 Enn skal eg byggja deg, so du vert uppatt-bygd, du møy Israel; enn skal du pryda deg med handtrummorne og ganga ut i dansen med dei leikande.

5 Enn skal du planta vinhagar på Samaria-heidarne; dei som plantar, skal hausta og.

6 For det kjem ein dag då vaktmenner skal ropa på Efraimsfjellet: «Statt upp, og lat oss draga upp til Sion, til Herren, vår Gud.»

7 For so segjer Herren: Fagna dykk yver Jakob med gleda og set i med fagnadrop yver den fremste av folki! Gjer kunnigt, prisa og seg: «Herre, frels ditt folk, leivningen av Israel!»

8 Sjå, eg let deim koma frå Norderlandet og samlar deim frå utkantarne av jordi. Ibland deim er blinde og halte, fremmelege kvende og fødande i lag; i ein stor flokk skal dei koma hit tilbake.

9 Gråtande skal dei koma og audmjukleg bedande; eg vil fylgja dei; eg vil leida deim til vatsbekkjer på ein jamn veg, der dei ikkje skal snåva. For eg er vorten far åt Israel, og Efraim er min fyrstefødde son.

10 Høyr Herrens ord, de folk, gjer det kunnigt på øyarne langt burte og seg: Han som spreidde Israel, vil samla det og gjæta det likeins som ein hyrding hjordi si.

11 For Herren hev fria Jakob ut og løyst honom ut or henderne på den som var sterkare enn han.

12 Og dei skal koma og fagna seg på Sionshøgdi, og dei skal strøyma til dei gode ting frå Herren, til korn og til druvesaft og til olje, til unge sauer og naut. Og sjæli deira skal vera lik ein vatsrik hage, og dei skal ikkje ormegtast lenger.

13 Då skal møyar fegnast i dans, og gutar og gamlingar saman. Og eg skal venda sorgi deira til gleda og hugga deim og gleda deim etter deira sut.

14 Og eg skal kvika prestarne med feite retter, og lyden min skal mettast med mine gode ting, segjer Herren.

15 So segjer Herren: Ei røyst er høyrd i Rama, ynk, sår gråt; Rakel græt for borni sine. Ho vil ikkje lata seg trøysta for borni sine, for dei er ikkje lenger til.

16 So segjer Herren: Haldt røysti di frå gråt og augo dine frå tåror! For verket ditt skal få si løn, segjer Herren, og dei skal snu heim att frå fiendeland.

17 Ja, det er von um di framtid, segjer Herren, og borni skal snu heim att innum sine landskil.

18 Eg hev greinleg høyrt kor Efraim barmar seg: «Du hev aga meg, ja, eg er aga som ein utamd kalv. Vend du meg um, so vil eg venda um, for du er Herren, min Gud.

19 For sidan eg vende meg burt, angrar eg, og sidan eg vitrast, slær eg meg på lendi. Eg blygjest, ja, eg skjemmest, for eg lyt bera skammi frå ungdomstidi mi.»

20 Er då Efraim meg so kjær ein son eller slikt eit eigna-barn, sidan eg stødt må minnast honom, endå eg ofte hev truga honom? Difor bankar hjarta mitt for hans skuld, eg lyt miskunna honom, segjer Herren.

21 Reis deg vardar, set deg vegvisarar, gjev gaum etter kongsvegen, vegen du gjekk! Snu heim att, du møy Israel, snu heim att til desse byarne dine!

22 Kor lenge vil du reika der att og fram, du fråfalne dotter? For Herren skaper nytt i landet: Kvinna vernar mannen.

23 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Enn skal dei segja dette ordet i Judalandet og byarne der, når eg gjer ende på utlægdi deira: «Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell!»

24 Og Juda med alle sine byar skal bu der i lag; bønder og kringfarande hyrdingfolk.

25 For eg vil kveikja den utmødde sjæl, og alle ormegta sjæler vil eg metta.

26 Ved dette vakna eg og såg meg um, og svevnen min hadde vore blid.

27 Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil så Israelslandet og Judalandet med sæde av menneskje og sæde av dyr.

28 Og likeins som eg vakte yver deim til å ryskja upp og riva ned og brjota ned og øyda og plåga deim, soleis vil eg og vaka yver deim til å byggja og planta, segjer Herren.

29 I dei dagarne skal dei ikkje lenger segja: «Federne åt sure druvor, og borni vart sårtente.»

30 Men kvar og ein skal døy for si eigi misgjerd; kvar den mann som et sure druvor, skal sjølv verta sårtent.

31 Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og med Judas hus,

32 ikkje slik ei pakt som den eg gjorde med federne deira den dagen eg tok deim i handi og leidde deim ut or Egyptarlandet, den pakti med meg som dei braut, endå eg var deira rette herre, segjer Herren.

33 Men dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagarne, segjer Herren: Eg vil leggja lovi mi inni deim, og skriva henne i hjarta deira, og eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

34 Då skal dei ikkje lenger læra kvar sin granne og kvar sin bror, og segja: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store, segjer Herren; for eg skal forlata deira misgjerning og ikkje lenger minnast deira synd.

35 So segjer Herren som sette soli til å lysa um dagen, månen og stjernorne til å lysa um natti, etter ei fast lov, han som reiser upp havet so bårorne bruser - Herren, allhers drott, er namnet hans:

36 Dersom desse loverne vik for mi åsyn, segjer Herren, då skal og Israels ætt halda upp med å vera eit folk framfor mi åsyn alle dagar.

37 So segjer Herren: Dersom himlarne let seg mæla der uppe og grunnvollarne åt jordi let seg ransaka der nede, då skal eg og støyta frå meg all Israels ætt for alt det dei hev gjort, segjer Herren.

38 Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då byen skal verta bygd åt Herren frå Hananeltårnet alt til Hyrneporten,

39 og mælesnori skal ganga derifrå beint på yver Garebhaugen, og so bøygja til Goa.

40 Og heile Daudskrott- og Oskedalen og alle markerne burtåt Kidronsbekken alt aust til Hesteport-hyrna, skal vera helga åt Herren. Nokor øyding eller nedrivning skal det ikkje meir vera der i all æva.

32. kapitlet

1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren i det tiande styringsåret åt Sidkia, Juda-kongen, det er det attande året Nebukadressar var konge.

2 Det var ved det leitet at Babel-kongens her kringsette Jerusalem, og profeten Jeremia var innestengd i vaktgarden som høyrde til Juda-kongens hus.

3 Der hadde Sidkia, Juda-kongen, stengt honom inne med so falne ord: «Kvi spår du og segjer: «So segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i henderne på Babel-kongen, og han skal taka honom,

4 og Sidkia, Juda-kongen, skal ikkje sleppa or henderne på kaldæarane, men han skal til vissa verta gjeven i henderne på Babel-kongen, og tala med honom, munn mot munn, og sjå honom, auga mot auga,

5 og til Babel skal han føra Sidkia, og der skal han vera til eg vitjar honom, segjer Herren; når de strider mot kaldæarane, skal lukka ikkje fylgja dykk.»»

6 Og Jeremia sagde: «Herrens ord kom til meg; han sagde:

7 Sjå, Hanamel, son åt Sallum, farbror din, kjem til deg og segjer: «Kjøp deg jordi mi i Anatot! For du hev odelsretten til å løysa henne.»»

8 Og Hanamel, son åt farbror min, kom etter Herrens ord til meg i vaktgarden og sagde med meg: «Kjøp jordi mi som er i Anatot i Benjaminslandet! For du hev odelsretten, og du hev skyldnaden til å løysa. Kjøp då!» Då skyna eg at det var ord frå Herren.

9 Og eg kjøpte jordi av Hanamel, son åt farbror min, i Anatot, og vog sylvet åt honom, syttan sylvdalar.

10 So skreiv eg det i eit kjøpebrev og sette innsigle på og tok vitne og vog sylvet på ei skålvegt.

11 Sidan tok eg kjøpebrevet, det innsigla, med avtalen og skilordi, og det opne,

12 og eg gav kjøpebrevet til Baruk, son åt Neria Mahsejason, for augo på Hanamel, frenden min, og for augo på vitni som hadde skrive under på kjøpebrevet, og alle dei jødarne som sat i vaktgarden.

13 Og eg bad Baruk for augo på deim og sagde:

14 «So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Tak desse brevi, både kjøpebrevet med innsigle og det opne brevet, og legg deim i ei leirkrukka, so dei kann standa seg i lang tid!

15 For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Enn skal det verta kjøpt hus og jorder og vinhagar i dette landet.»

16 Då eg so hadde gjeve Baruk Neriason kjøpebrevet, bad eg til Herren og sagde:

17 Å Herre, Herre! Sjå, du hev gjort himmelen og jordi med di store magt og med din strake arm; ingen ting er for vand for deg,

18 du som gjer miskunn mot tusund på tusund, og for misgjerdi åt federne gjev du borni deira etter deim att uppi fanget, du store, velduge Gud - Herren, allhers drott, er namnet ditt -

19 stor i råd og megtig i verk, du som hev augo dine opne yver alle vegarne åt mannsborni, so du kann gjeva kvar mann etter hans veg og etter den grøda hans verk hev bore,

20 du som gjorde teikn og under i Egyptarlandet alt til denne dag, både i Israel og med andre menneskje, og gjorde deg namnfræg, so som du er enno i dag.

21 Og du førde ditt folk ut or Egyptarlandet med teikn og med under og med sterk hand og strak arm og med stor fælska.

22 Og du gav deim dette landet som du hadde svore federne deira å gjeva deim, eit land som fløymer med mjølk og honning.

23 Og dei kom og tok det til eiga, men dei høyrde ikkje på di røyst og ferdast ikkje etter loverne dine. Dei gjorde ikkje noko av det du hadde bode deim å gjera. Då let du all denne ulukka koma på deim.

24 Sjå, umlægringsvollarne er alt komne innåt byen, so dei kann taka honom, og ved sverd og svolt og sott er byen gjeven i henderne på kaldæarane, som strider imot honom. So no er det kome det du truga med, og sjå, du ser det.

25 Og like vel hev du, Herre, Herre, sagt med meg: «Kjøp deg jordi for sylv og tak vitne på det!» - endå byen er gjeven i henderne på kaldæarane.

26 Då kom Herrens ord til Jeremia; han sagde:

27 Sjå, eg er Herren, all kjøts Gud: skulde nokon ting vera for vand for meg?

28 Difor, so segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i henderne på kaldæarane og i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og han skal taka honom.

29 Og kaldæarane, som strider mot denne byen, skal koma og setja eld på denne byen og brenna honom med dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse åt Ba’al og rent ut drykkoffer for andre gudar til å harma meg med.

30 For Israels born og Judas born hev berre gjort det som vondt er framfor augo mine, alt frå si ungdomstid, ja, Israels born hev berre harma meg med dei verk deira hender hev gjort, segjer Herren.

31 For denne byen hev vore til å gjera meg vreid og harm ifrå den dagen dei bygde honom, og alt fram til denne dag, so eg lyt taka honom burt frå mi åsyn

32 for all vondskapen som Israels born og Judas born hev gjort til å harma meg med, dei sjølve, deira kongar, deira hovdingar, deira prestar og deira profetar, Juda-menner og Jerusalems-buar.

33 Og dei snudde ryggen til meg og ikkje andlitet, og endå eg lærde dei jamt og samt, so høyrde dei ikkje, so dei tok age.

34 Men dei sette sine styggeting i det huset som er uppkalla etter mitt namn, so dei sulka det ut.

35 Og dei bygde dei Ba’al-haugarne som er i Hinnomssons-dalen, for dei vilde lata sønerne og døtterne sine ganga gjenom elden for Molek - slikt hadde eg då ikkje påbode, og aldri var det kome meg i hugen at dei skulde gjera slikt eit skjemdarverk og soleis få Juda til å synda.

36 Og no, difor, segjer Herren, Israels Gud, um denne byen som de segjer sofalne ord um: «Han er gjeven i henderne på Babel-kongen ved sverd og svolt og sott»:

37 Sjå, eg samlar deim ut or alle dei landi som eg hev drive deim til i min vreide og harm og store gram, og eg vil lata deim snu attende til denne staden og bu her trygge.

38 Då skal dei vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.

39 Og eg vil gjeva deim eitt hjarta og ein veg, so dei ottast meg alle dagar, til bate for deim sjølve og sønerne deira etter deim.

40 Og eg vil gjera ei ævepakt med deim, at eg aldri skal snu ifrå deim med mine velgjerningar mot deim, og eg vil leggja otte for meg i deira hjarta, so dei ikkje skal vika frå meg.

41 Og eg vil fagna meg yver deim og gjera vel imot deim, og eg vil planta deim i dette landet med truskap, av alt mitt hjarta og av all mi sjæl.

42 For so segjer Herren: Liksom eg hev late all denne store ulukka koma yver dette folket, soleis vil eg og lata alt det gode koma yver deim, som eg hev lova deim.

43 Og jorder skal verta kjøpte i dette landet som de kallar «ei audn utan folk og fe, gjevi i henderne på kaldæarane».

44 Jorder skal dei kjøpa for sylv og skriva kjøpebrev med innsigle på og vitne til i Benjaminslandet og i umkverven kring Jerusalem og i Juda-byarne, både i fjellbyarne og i byarne på flatlendet og i Sudlandet. For eg vil gjera ende på deira utlægd, segjer Herren.

33. kapitlet

1 Og Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han endå sat innestengd i vaktgarden; han sagde:

2 So segjer Herren som gjer det, Herren som emnar det til og fullfører det - Herren er namnet hans -:

3 Ropa til meg, so skal eg svara deg og kunngjera for deg store og uskynande ting, som du ikkje hev vit på.

4 For so segjer Herren, Israels Gud, um husi i denne byen og um husi åt Juda-kongen, som er nedrivne til motråd mot umlægringsvollarne og sverdet:

5 Dei er komne og vil strida mot kaldæarane, men det vert til å fylla husi med liki av dei menner som eg hev slege i min vreide og harm, og som med sin store vondskap hev valda at eg hev løynt mi åsyn for denne byen.

6 Sjå, eg vil koma med helsebot og lækjedom og lækja deim, og eg vil syna deim ei ovnøgd med fred og trygd.

7 Og eg vil gjera ende på Judas utlægd, og Israels utlægd, og eg vil byggja deim som i fyrstningi.

8 Og eg vil reinsa deim for all misgjerningi deira, som dei hev synda mot meg med, og eg vil tilgjeva alle misgjerningarne deira, som dei hev synda mot meg med, og som dei hev forbrote seg mot meg med.

9 Og byen skal vera meg til eit fagnad-namn, til pris og til pryda hjå alle folk på jordi som frettar alt det gode som eg gjer deim, og dei skal skjelva og titra for alt det gode og all den freden som eg der lagar til.

10 So segjer Herren: På denne staden som de kallar «ein øydestad, utan folk og fe», i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne, som ligg i øyde utan folk og utan ibuarar og utan fe, her skal ein få høyra

11 fagnadljod og gledeljod, røyst av brudgom og røyst av brur og røysti av deim som segjer: «Prisa Herren, allhers drott, for Herren er god, for æveleg varar hans miskunn,» slike som ber fram takkoffer i Herrens hus. For eg endar utlægdi for landsens lyd, so han vert som i fyrstningi, segjer Herren.

12 So segjer Herren, allhers drott: Enn skal på denne staden, som no er aud, utan folk og fe, og i alle byarne her ikring vera hagelende for hyrdingar som der let sauerne roa seg.

13 I fjellbyarne, i flatlandsbyarne og i Sudlands-byarne og i Benjaminslandet og i umkverven kring Jerusalem og i Juda-byarne, skal sauerne enn renna framum den som tel deim, segjer Herren.

14 Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då eg vil gjera sannrøynt det gode ordet som eg hev tala um Israels hus og um Judas hus.

15 I dei dagarne og i den tidi vil eg lata ein rettferdig renning renna upp for David, og han skal gjera rett og rettferd i landet.

16 I dei dagarne skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt, og dei skal kalla det soleis: «Herren er vår rettferd.»

17 For so segjer Herren: David skal ikkje vanta ein ettermann som kann sitja på kongsstolen åt Israels hus.

18 Og levitprestarne skal aldri vanta ein ettermann framfor mi åsyn som kann ofra brennoffer og grjonoffer og bera fram slagtoffer alle dagar.

19 Og Herrens ord kom til Jeremia; han sagde:

20 So segjer Herren: Kann de brjota mi pakt med dagen og mi pakt med natti, so det ikkje vert dag og natt i si rette tid,

21 då skal og mi pakt med min tenar David verta broti, so han ikkje skal hava ein son til konge på sin stol, og med levitprestarne som tener meg.

22 Liksom himmelheren ikkje let seg telja, og sanden i havet ikkje let seg mæla, soleis vil eg gjera min tenar Davids ætt til ei ovmengd, og likeins levitarne som tener meg.

23 Og Herrens ord kom til Jeremia; han sagde:

24 Hev du ikkje gjeve gaum etter kva dette folket hev tala og sagt: «Båe ættgreinerne som Herren hadde utvalt, hev han støytt frå seg?» Soleis vanvyrder dei folket mitt, som det ikkje lenger var eit folk i deira augo.

25 So segjer Herren: Hev eg ikkje gjort mi pakt med dag og natt, ikkje gjeve lover for himmel og jord,

26 då vil eg støyta frå meg ætti åt Jakob og åt min tenar David, so eg ikkje av ætti hans tek styresmenner yver ætti åt Abraham og Isak og Jakob. For eg vil enda utlægdi deira og miskunna deim.

34. kapitlet

1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren då Nebukadnessar, Babel-kongen, og heile heren hans og alle riki på jordi som han rådde yver, og alle folkeslagi stridde imot Jerusalem og i mot alle hennar byar; han sagde:

2 So segjer Herren, Israels Gud: Gakk og tala til Sidkia, Juda-kongen, og seg med honom: So segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i henderne på Babel-kongen, og han skal brenna honom upp i eld.

3 Og du, du skal ikkje sleppa undan honom, men teken skal du verta, og du skal verta gjeven i hans hand, og augo dine skal sjå Babel-kongens augo, og hans munn skal tala med din munn, og til Babel skal du koma.

4 Men høyr på Herrens ord, Sidkia, Juda-konge! So segjer Herren um deg: Du skal ikkje døy for sverd.

5 I fred skal du døy, og likeins som det var likferd-brenning for federne dine, dei fyrre kongarne, dei som hev vore fyre deg, so skal dei og brenna for deg, og dei skal øya seg for deg: «Å, herre!» for det ordet hev eg tala, segjer Herren.

6 Og profeten Jeremia tala til Sidkia, Juda-kongen, alle desse ordi i Jerusalem

7 då heren åt Babel-kongen stridde imot Jerusalem og imot alle Juda-byarne som endå var att, imot Lakis og Azeka; for desse var dei faste byarne som då var att av Juda-byarne.

8 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter kong Sidkia hadde gjort ei semja med alt folket i Jerusalem um å lysa ut fridom,

9 at kvar mann skulde gjeva trælen sin og trælkvinna si fri, um dei var hebræarar, so ingen jøde skulde halda sin jødiske bror i trældom.

10 Då lydde alle hovdingarne og alt folket som hadde gjort den semja, at kvar mann skulde gjeva trælen sin og trælkvinna si frie, so dei ikkje lenger heldt deim i trældom; dei lydde og gav deim frie.

11 Men sidan gjorde dei det um-att og tok tilbake dei trælar og trælkvinnor som dei hadde slept frie, og truga deim til å vera trælar og trælkvinnor.

12 Då kom Herrens ord til Jeremia frå Herren; han sagde:

13 So segjer Herren, Israels Gud: Eg gjorde ei pakt med federne dykkar den dagen eg førde dei ut or Egyptarlandet, or trælehuset, og sagde:

14 «Når sju år er lidne, skal de gjeva kvar sin bror fri, um han er hebræar, som hev selt seg til deg. I seks år skal han tena deg, men sidan skal du lata honom fri frå deg fara. Men federne dykkar høyrde ikkje på meg og lagde ikkje øyra sitt til.

15 Men no hadde de snutt og gjort det som rett var i mine augo, med di de hadde lyst ut fridom, kvar og ein for bror sin, og de hadde gjort ei semja framfor mi åsyn i det huset som er uppkalla etter mitt namn.

16 Men so snudde de um-att og vanhelga namnet mitt og tok tilbake kvar sin træl og kvar si trælkvinna som de hadde slept frie til å fara kvar dei vilde, og de truga deim til å vera trælar og trælkvende åt dykk.

17 Difor, so segjer Herren: De hev ikkje høyrt på meg og ropa ut fridom, kvar og ein for sin bror og sin næste; sjå, eg ropar ut fridom for dykk, segjer Herren, so de vert gjevne åt sverdet, åt sotti og åt svolten, og eg vil gjera dykk til ei skræma for alle riki på jordi,

18 og eg gjev dei menner som braut pakti mi, som ikkje heldt ordi i den pakti dei gjorde framfor mi åsyn, pakti ved den kalven som dei skar i tvo og gjekk millom luterne av,

19 - hovdingarne i Juda og hovdingarne i Jerusalem, hirdmennerne og prestarne og all landslyden som gjekk millom luterne av kalven -

20 eg gjev deim i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet, og liki deira skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.

21 Og Sidkia, Juda-kongen, og hovdingarne hans gjev eg i henderne på deira fiendar og i henderne på deim som ligg deim etter livet, og i henderne på Babel-kongens her, som no er faren burt frå dykk.

22 Sjå, eg gjev deim det påbodet, segjer Herren, at dei skal snu tilbake til denne byen, og dei skal strida imot honom og taka honom og brenna honom upp i eld. Og byarne i Juda gjer eg til ei audn, der ingen bur.»

35. kapitlet

1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren i Jojakim Josiasons, Juda-kongens, dagar; han sagde:

2 Gakk til Rekabs-ætti og tala til deim og kom med deim til Herrens hus, inn i ein av kovarne, og gjev deim vin å drikka!

3 Då tok eg Ja’azanja, son åt Jeremia Habassinjason, og brørne hans og alle sønerne hans og all Rekabs-ætti

4 og hadde deim med til Herrens hus, inn i koven åt sønerne til gudsmannen Hanan Jigdaljason, den som låg jamsides med hovdingkoven, uppe yver koven åt dørstokkvaktaren Ma’aseja Sallumsson.

5 Og eg sette fram for sønerne til Rekabs-ætti skåler, fulle av vin, og staup. So sagde eg med deim: «Drikk vin!»

6 Men dei sagde: «Me drikk ikkje vin, for Jonadab Rekabsson, ættfaren vår, hev bode oss og sagt: «De skal ikkje i all æva drikka vin, korkje de eller borni dykkar.

7 De skal ikkje heller byggja hus og ikkje så sæde og ikkje planta vinhage eller eiga noko slikt, men i tjeldbuder skal de bu alle dykkar dagar, so de må liva lenge i det landet der de bur som utlendingar.»

8 Og me lydde påbodet frå vår ættfar, Jonadab Rekabsson, i alt det han bad oss um, so me aldri drikk vin, korkje me sjølve, konorne våre, sønerne våre eller døtterne våre,

9 og byggjer oss ikkje hus til å bu i og hev oss ikkje vinhagar eller åkrar eller utsæde,

10 men me hev butt i tjeldbuder, so me hev lydt og gjort alt det som vår ættfar, Jonadab, baud oss um.

11 Men då Nebukadressar, Babel-kongen, kom farande upp i landet, då sagde me: «Kom, lat oss fara til Jerusalem undan kaldæarheren og undan syrarheren!» So sette me då bu i Jerusalem.»

12 Då kom Herrens ord til Jeremia; han sagde:

13 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Gakk og seg til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne: Vil de ikkje taka age so de lyder mine ord? segjer Herren.

14 Ordi hans Jonadab Rekabsson er haldne, han baud sønerne sine at dei ikkje skulde drikka vin, og dei hev ikkje drukke vin alt til denne dag, men lydt påbodet frå ættfar sin. Og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de hev ikkje lydt meg.

15 Og jamt og samt hev eg sendt til dykk alle mine tenarar, profetarne, og sagt: «Vend um, kvar frå sin vonde veg, og lat verki dykkar betrast, og ferdast ikkje etter andre gudar til å tena deim! då skal de få bu i dette landet som eg hev gjeve dykk og federne dykkar.» Men de lagde ikkje øyra til og lydde ikkje på meg.

16 Ja, Jonadab Rekabssons born hev halde det bodet som ættfaren deira gav deim, men dette folket hev ikkje lydt meg.

17 Difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg let koma yver Juda og yver alle som bur i Jerusalem, all den ulukka som eg hev truga dei med, av di at dei ikkje høyrde når eg tala til deim, og ikkje svara når eg kalla på deim.

18 Men til Rekabs-ætti sagde Jeremia: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Av di at de hev lydt påbodet frå Jonadab, ættfaren dykkar, og halde alle bodi hans og gjort stødt som han baud dykk,

19 difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Jonadab Rekabssons skal aldri vanta ein mann som kann standa framfor mi åsyn.

36. kapitlet

1 So hende det i det fjorde styringsåret åt Juda-kongen Jojakim Josiason at dette ordet til Jeremia frå Herren:

2 Tak deg ein bokrull og skriv på honom alle dei ordi eg hev tala til deg um Israel og um Juda og um alle heidningefolki frå den dagen eg tala til deg, frå den tidi Josia rådde, og alt til denne dag!

3 Kann henda Judas hus vil lyda på all den ulukka som eg tenkjer å gjera deim, so dei kann venda um, kvar og ein frå sin vonde veg, og eg kann få tilgjeva deim deira misgjerning og synd.

4 Då kalla Jeremia til seg Baruk Neriason, og Baruk skreiv i bokrullen etter Jeremias munn alle Herrens ord som han hadde tala til honom.

5 Og Jeremia bad Baruk og sagde: «Eg sjølv er meinka, eg kann ikkje koma i Herrens hus.

6 Men gakk du dit og les or rullen som du hev skrive etter min munn, Herrens ord for folket i Herrens hus på ein fastedag! Du skal lesa deim for alt Juda, deim som er komne frå byarne sine.

7 Må henda dei kunde leggja si bøn fram for Herrens åsyn og venda seg, kvar og ein frå sin vonde veg. For stor er den vreiden og harmen som Herren hev truga dette folket med.»

8 Og Baruk Neriason gjorde plent so som profeten Jeremia hadde bede honom, og las or boki Herrens ord i Herrens hus.

9 So hende det i det femte styringsåret åt Jojakim Josiason, kongen i Juda, i den niande månaden, at dei lyste på at alt folket i Jerusalem og alt det folk som var kome frå Juda-byarne til Jerusalem, skulde fasta framfor Herrens åsyn.

10 Då las Baruk upp or boki Jeremias ord i Herrens hus, i koven åt Gemarja, son åt riksskrivaren Safan, i øvre fyregarden, attmed inngangen til den nye porten på Herrens hus, so alt folket høyrde på.

11 Men då Mikaja, son åt Gemarja Safansson, høyrde alle Herrens ord or boki,

12 gjekk han ned i kongsgarden, inn i riksskrivarkoven, og sjå, der sat alle hovdingarne: riksskrivaren Elisama og Delaja Sjemajason og Elnatan Akborsson og Gemarja Safansson og Sidkia Hananjason og alle hine hovdingarne.

13 Og Mikaja kunngjorde for deim alle dei ordi han hadde høyrt, då Baruk las upp or boki medan folket høyrde på.

14 Då sende alle hovdingarne Jehudi, son åt Netanja, son åt Selemja Kusison, til Baruk med denne ordsegni: «Tak med deg den rullen som du las upp for folket, og kom hit!» Og Baruk Neriason tok rullen med seg og kom til deim.

15 Då sagde dei med honom: «Set deg og les honom for oss!» Og Baruk las for deim.

16 Men då dei hadde høyrt alle ordi, såg dei forfærde på kvarandre og sagde til Baruk: «Me lyt melda dette til kongen.»

17 So spurde dei Baruk og sagde: «Seg oss korleis du skreiv alle desse ordi etter hans munn!»

18 Og Baruk svara deim: «Med sin munn sagde han meg alle desse ordi fyre, og eg skreiv det i boki med blekk.»

19 Då sagde hovdingarne til Baruk: «Gakk og gøym deg og Jeremia med deg, so ingen veit kvar de er!»

20 Sidan gjekk dei til kongen i fyregarden - men rullen let dei etter seg i koven åt riksskrivaren Elisama - og melde alt dette for kongen.

21 Då sende kongen Jehudi av stad etter rullen, og han tok honom ut or koven åt riksskrivaren Elisama. Sidan las Jehudi honom upp for kongen og for hovdingarne som stod hjå kongen.

22 Men kongen sat i vinterhalli - det var i den niande månaden - og det brann eld i ei glodpanna framfyre honom.

23 Og kvar gong Jehudi hadde lese tri eller fire teigar, skar kongen av rullen med ein pennekniv og kasta stykket på elden i glodpanna, til heile rullen var uppbrend i elden i glodpanna.

24 Og dei ræddast ikkje og reiv ikkje sund klædi sine, korkje kongen eller nokon av tenarane hans som høyrde alle desse ordi.

25 Og endå Elnatan og Delaja og Gemarja naudbad kongen, at han ikkje måtte brenna upp rullen, høyrde han ikkje på deim.

26 Og kongen bad Jerahme’el, kongssonen, og Seraja Azrielsson og Selemja Abde’elsson å taka skrivaren Baruk og profeten Jeremia, men Herren løynde deim.

27 Då kom Herrens ord til Jeremia, etter kongen hadde brent upp rullen med dei ordi som Baruk hadde skrive etter Jeremias munn; han sagde:

28 Tak deg atter ein annan rull og skriv på honom alle dei fyrre ordi som stod på den fyrre rullen, den som Jojakim, Juda-kongen, brende upp!

29 Men um Jojakim, Juda-kongen, skal du segja: «So segjer Herren: Du brende denne rullen og sagde: «Kvi skreiv du på honom dette: Babel-kongen skal koma og øydeleggja dette landet og rydja ut or det folk og fe?»

30 Difor, so segjer Herren um Jojakim, Juda-kongen: Han skal ingen hava som kann sitja på Davids kongsstol, og liket hans skal liggja utkasta i hiten um dagen og i kulden um natti.

31 Og eg vil heimsøkja honom og avkjømet hans og tenarane hans for deira misgjerning, og eg vil lata koma yver deim og yver Jerusalems-buarne og Juda-mennerne alle dei ulukkor som eg hev truga dei med utan at dei høyrde.»

32 Då tok Jeremia ein annan rull og gav honom til skrivaren Baruk Neriason, og han skreiv på honom etter Jeremias munn alle dei ordi som hadde stade i den boki som Jojakim, Juda-kongen, hadde brent upp i eld. Og til deim var det endå lagt mykje av same slaget.

37. kapitlet

1 Og Sidkia Josiason vart konge etter Konja Jojakimsson, som Nebukadressar, Babel-kongen, hadde gjort til konge i Judalandet.

2 Men korkje han eller tenarane hans eller landslyden høyrde på Herrens ord, som han tala ved profeten Jeremia.

3 Og kong Sidkia sende Jehukal Selemjason og presten Sefanja Ma’asejason til profeten Jeremia med denne ordsendingi: «Bed for oss til Herren, vår Gud!»

4 Jeremia gjekk den-tid ut og inn millom folket, for dei hadde endå ikkje sett honom i fangehuset.

5 Og Faraos her var då faren ut frå Egyptarland. Og då kaldæarane, som kringsette Jerusalem, frette det, for dei burt frå Jerusalem.

6 Då kom Herrens ord til profeten Jeremia; han sagde:

7 So segjer Herren, Israels Gud: So skal de segja til Juda-kongen, som sende dykk av stad til å spyrja meg: Sjå, Faraos her, som er faren ut til å hjelpa dykk, vil snu um att til landet sitt, til Egyptarland.

8 Og kaldæarane skal og koma att og strida mot denne byen. Og dei skal taka honom og brenna honom upp i eld.

9 So segjer Herren: Dåra ikkje dykk sjølve med sofalne ord: «Kaldæarane fer no burt frå oss for ollo!» for dei fer ikkje burt.

10 For um de so slo i hel heile kaldæarheren som strider imot dykk, so det berre var att hjå dei nokre særde menner, då skulde dei risa upp i kvar si tjeldbud og brenna upp denne byen i eld.

11 So hende det då kaldæarheren for burt frå Jerusalem for Faraos her,

12 at Jeremia gjekk ut or Jerusalem og vilde til Benjaminslandet. Der skulde han taka imot ein arvlut midt ibland folket.

13 Men då han kom til Benjaminsporten, so var der ein vaktmann, og han heitte Jeria, son åt Selemja Hananjason. Han treiv i profeten Jeremia og sagde: «Du vil laupa burt til kaldæarane.»

14 Men Jeremia sagde: «Det er lygn, eg vil ikkje laupa burt til kaldæarane!» Men han høyrde ikkje på honom, og Jeria treiv i Jeremia og for med honom til hovdingarne.

15 Og hovdingarne harmast på Jeremia og slo honom. So sette dei honom i fengsel i huset åt riksskrivaren Jonatan, for det hadde dei gjort til fangehus.

16 Då Jeremia var komen i fangeholet, i kjellaren, og hadde sete der ei lang tid,

17 sende kong Sidkia bod og let henta honom, og kongen spurde honom i huset sitt i løynd og sagde: «Er det kome noko ord frå Herren?» Jeremia svara: «Ja,» og so sagde han: «Du skal verta gjeven i henderne på Babel-kongen.»

18 Dinæst sagde Jeremia med kong Sidkia: «Kva hev eg synda mot deg og mot tenarane dine og mot dette folket, sidan de hev sett meg i fangehuset?

19 Og kvar er no profetarne dykkar, som spådde åt dykk og sagde: «Babel-kongen skal ikkje koma yver dykk og yver dette landet?»

20 Og høyr no, herre konge! Å, lat mi bøn koma fram for di åsyn og send meg ikkje attende til huset åt riksskrivaren Jonatan, so eg ikkje skal døy der!»

21 Sidkia gav då påbod, og so sette dei Jeremia i varveitsla i vaktgarden og gav honom ein brødleiv um dagen frå Bakargata, til alt brødet var ende i byen. Jeremia vart då verande i vaktgarden.

38. kapitlet

1 Men Sefatja Mattansson og Gedalja Pashursson og Jukal Selemjason og Pashur Malkiason høyrde dei ordi som Jeremia tala til alt folket då han sagde:

2 «So segjer Herren: Den som vert verande i denne byen, skal døy for sverd og av svolt og i sott, men den som gjeng ut til kaldæarane, skal liva, han skal njota sitt liv til herfang og liva.

3 So segjer Herren: Denne byen skal visseleg verta gjeven i henderne på heren åt Babel-kongen, og han skal taka honom.»

4 Då sagde hovdingarne med kongen: «Lat deim drepa denne mannen, etter di han gjer folket modlaust, både hermennerne som er att i denne byen og alt det andre folket, med di han talar slike ord til deim. For denne mannen søker ikkje å gagna dette folket, men å skade det.»

5 Då sagde Sidkia: «Sjå, han er i dykkar hender, for kongen magtast ikkje noko imot dykk.»

6 Då tok dei Jeremia og kasta honom i brunnen åt kongssonen Malkia, den som var i vaktgarden; dei fira Jeremia ned med tog. Men i brunnen var det ikkje vatn, berre dy, og Jeremia sokk ned i dyet.

7 Men ætiopen Ebed-Melek, ein hirdmann som var i kongsgarden, frette at dei hadde kasta Jeremia i brunnen - kongen sat då i Benjaminsporten.

8 So gjekk Ebed-Melek ut or kongsgarden og tala til kongen og sagde:

9 «Herre konge! Illverk hev desse menner fremja med alt det dei hev gjort mot profeten Jeremia som dei hev kasta i brunnen, og der lyt han døy av svolt, for det finst ikkje meir brød i byen.»

10 Då bad kongen ætiopen Ebed-Melek og sagde: «Tak med deg herifrå tretti mann og drag profeten Jeremia upp or brunnen, fyrr han døyr.»

11 Og Ebed-Melek tok mennerne med seg og gjekk inn i kongsgarden, i romet under skattkammeret, og tok der fillor av sundrivne og utslitne klæde og fira deim med tog ned i brunnen til Jeremia.

12 Sidan sagde ætiopen Ebed-Melek med Jeremia: «Legg fillorne av dei sundrivne og utslitne klædi under armarne dine, under togi!» Og Jeremia gjorde so.

13 Dei drog då Jeremia upp med togi og fekk honom upp or brunnen. Og no sat Jeremia i vaktgarden.

14 Sidan sende kong Sidkia bod og let henta profeten Jeremia til seg i den tridje inngangen til Herrens hus. Og kongen sagde med Jeremia: «Eg vil spyrja deg um noko; løyn ikkje noko for meg!»

15 Jeremia sagde med Sidkia: «Um eg segjer deg det, vil du då ikkje drepa meg? Og um eg gjev deg ei råd, so lyder du ikkje på meg.»

16 Då gjorde kong Sedekias eiden sin til Jeremia i dulsmål og sagde: «So sant som Herren liver, han som hev skapt oss i dette vårt liv, vil eg ikkje drepa deg og ikkje gjeva deg i henderne på desse menner som ligg deg etter livet.»

17 Då sagde Jeremia med Sidkia: «So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Gjeng du ut til Babel-kongens hovdingar, skal du få liva, og denne byen skal ikkje verta uppbrend i eld, men du skal få liva, du og ditt hus.

18 Men gjeng du ikkje ut til Babel-kongens hovdingar, so skal denne byen verta gjeven i henderne på kaldæarane, og dei skal brenna honom upp i eld, og du sjølv skal ikkje koma deg undan deira hender.»

19 Då sagde kong Sidkia med Jeremia: «Eg ottast dei jødarne som hev gjeve seg yver til kaldæarane, at eg kunde verta gjeven i deira hender, og dei skulde fara stygt åt med meg.»

20 Men Jeremia sagde: «Dei skal ikkje gjera det. Høyr du på Herrens røyst i det eg talar til deg, då skal det ganga deg vel, og du skal få liva!

21 Men dreg du deg undan og ikkje gjeng ut, då er dette det ordet Herren hev synt meg:

22 Sjå, alle dei kvende som er att i Juda-kongens hus, skal verta førde ut til Babel-kongens hovdingar, og sjå, dei skal segja til deg: «Dine eigne vener hev lokka deg og vunne på deg; då føterne dine sokk ned i dya, drog dei seg undan.»

23 Og alle konorne dine og borni dine skal dei leida ut til kaldæarane, og du sjølv skal ikkje sleppa undan deira hender, men Babel-kongen skal taka deg med si hand, og for di skuld skal denne byen verta uppbrend i eld.»

24 Då sagde Sidkia til Jeremia: «Lat ingen få vita av denne samrøda, elles vert det din bane!

25 Men når hovdingarne fær høyra at eg hev tala med deg, og dei so kjem til deg og segjer med deg: «Seg oss kva du hev tala med kongen! Løyn det ikkje for oss, elles drep me deg! Kva hev kongen tala til deg?»

26 då skal du segja med deim: «Eg bar mi audmjuke bøn fram for kongens åsyn, at han ikkje måtte lata meg fara tilbake til Jonatans hus og døy der.»»

27 Og alle hovdingarne kom til Jeremia og spurde honom, han svara deim med kvart det ord som kongen hadde bede honom um. Då let dei honom vera i fred, for saki hadde ikkje vorte kjend.

28 Og Jeremia sat i vaktgarden alt til den dagen då Jerusalem vart teke.

39. kapitlet

1 Men dette hende då Jerusalem var teke: I det niande styringsåret åt Juda-kongen Sidkia, i den tiande månaden, kom Nebukadnessar, Babel-kongen, og all hans her til Jerusalem og kringsette det.

2 I det ellevte styringsåret åt Sidkia, i den fjorde månaden, den niande dagen i månaden, braut dei inn i byen.

3 Og alle hovdingarne åt Babel-kongen kom og sette seg i Midporten: Nergal-Sareser, Samgar-Nebu, Sarsekim, den øvste hirdmannen, Nergal-Sareser, den øvste av vismennerne, og alle dei hine hovdingarne åt Babel-kongen.

4 Men då Sidkia, Juda-kongen, og alle hermennerne såg deim, flydde dei og for um natti ut or byen på vegen til kongshagen gjenom porten millom båe murarne, og heldt leidi til øydemarki.

5 Men kaldæarheren sette etter deim og nådde Sidkia på Jerikomoarne. Og dei tok honom og førde honom upp til Nebukadnessar, Babel-kongen, i Ribla i Hamat-bygdi, og han sagde domen yver honom.

6 Og Babel-kongen let sønerne åt Sidkia drepa i Ribla framfor augo på honom. Sameleis let Babel-kongen alle stormennerne i Juda drepa.

7 Men Sidkia let han blinda og binda med tvo koparlekkjor og føra honom til Babel.

8 Og kaldæarane brende upp i eld både kongsgarden og folkehuset, og murarne kring Jerusalem reiv dei ned.

9 Og Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, førde burt til Babel den leivningen av folket som var etter i byen, og rømingarne som hadde gjeve seg med honom, og den leivningen av folket som dessforutan var att.

10 Men av ålmugefolk som inkje åtte, let Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, nokre etter i Judalandet, og gav deim samstundes vinhagar og åkrar.

11 Og Nebukadressar, Babel-kongen, gav Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, påbod um Jeremia og sagde:

12 Tak honom og sjå til med honom og gjer honom ikkje noko ilt, men gjer med honom so som han segjer med deg!

13 Då sende Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, og Nebusazban, den øvste hirdmannen, og Nergal-Sareser, den øvste av vismennerne, og alle hine Babel-kongens hovdingar

14 - dei sende bod og let henta Jeremia frå vaktgarden og gav honom til Gedalja, son åt Ahikam Safansson, at han skulde taka honom med seg heim; soleis vart han då verande hjå folket.

15 Men til Jeremia hadde Herrens ord kome medan han sat innestengd i vaktgarden; han hadde sagt:

16 Gakk og seg til ætiopen Ebed-Melek: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg let koma det eg hev tala mot denne byen, til ulukka og ikkje til lukka, og det skal henda framfor augo dine den dagen.

17 Men deg vil eg berga den dagen, segjer Herren, og du skal ikkje verta gjeven i henderne på dei menner som du ræddast.

18 For eg vil lata deg sleppa undan, og du skal ikkje falla for sverd, men vinna ditt liv til herfang, av di du leit på meg, segjer Herren.

40. kapitlet

1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter at Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde slept honom laus frå Rama, med di han henta honom, då han var bunden med lekkjor i lag med alle hine burtførde frå Jerusalem og Juda som vart burtførde til Babel.

2 Hovdingen for livvakti henta då Jeremia. Og han sagde med honom: «Herren, din Gud, hev truga denne staden med denne ulukka.

3 Og Herren let det koma, og gjorde so som han hadde truga. For de synda mot Herren og lydde ikkje hans røyst, og so råka dette dykk.

4 Og sjå, no hev eg løyst lekkjorne av henderne dine i dag. Um du er huga på å koma med meg til Babel, so kom, og eg skal sjå til med deg; men um du er uhuga på å koma med meg til Babel, so lat vera. Sjå, alt landet ligg ope for deg; kvar du synest godt og rett å ganga, dit kann du ganga.»

5 Men då han drygde med heimferdi, sagde han: «Du må gjerne fara til Gedalja, son åt Ahikam Safansson, som Babel-kongen hev sett yver Juda-byarne, og ver med honom millom folket, eller gakk kvar du synest det er rett å ganga!» Og hovdingen for livvakti gav honom nistemat og gåvor og let honom fara.

6 Og Jeremia for til Gedalja Ahikamsson i Mispa og var med honom millom det folket som var etter i landet.

7 Då so alle herhovdingarne som var ute i bygderne, dei og mennerne deira, frette at Babel-kongen hadde sett Gedalja Ahikamsson yver landet, og at han hadde bede honom sjå til med menner og kvende og born og deim av ålmugen i landet som ikkje var burtførde til Babel,

8 so for dei til Gedalja i Mispa, både Ismael Netanjason og Johanan og Jonatan Kareahs-søner og Seraja Tanhumetsson og sønerne åt Efai frå Netofa og Jezanja, ma’akatitsonen, og mennerne deira.

9 Og Gedalja, son åt Ahikam Safansson, gjorde deim og mennerne deira eiden sin og sagde: «Det tarv ikkje ottast lydskyldnaden under kaldæarane. Ver i landet og ten Babel-kongen! so skal det ganga dykk vel!

10 Og eg, sjå, eg buar i Mispa, so eg kann taka imot dei kaldæarar som kjem til oss. Men de lyt samla vin og frukt og olje og leggja det i kjeraldi dykkar og vera i byarne dykkar, som de hev teke til eiga.»

11 Og alle jødarne som var i Moab og hjå Ammons-sønerne og i Edom og i alle andre land, dei frette og at Babel-kongen hadde late nokre av jødarne vera att, og at han hadde sett yver deim Gedalja, son åt Ahikam Safansson.

12 Alle dei jødarne vende då heim att frå alle staderne som dei var drivne burt til, og kom til Judalandet, til Gedalja i Mispa, og dei samla vin og frukt i store mengder.

13 Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var ute i bygderne, for til Gedalja i Mispa

14 og sagde med han: «Veit du at Ba’alis, kongen yver Ammons-sønerne, hev sendt Ismael Netanjason til å slå deg i hel?» Men Gedalja Ahikamsson trudde deim ikkje.

15 Og Johanan Kareahsson sagde i løynd med Gedalja i Mispa: «Lat meg ganga og drepa Ismael Netanjason! og ingen skal få vita det. Kvi skal han slå deg i hel, og alt Juda spreidast, dei som hev samla seg til deg, og leivningen av Juda tyntast?»

16 Men Gedalja Ahikamsson sagde med Johanan Kareahsson: «Gjer ikkje det! For det er lygn det du melder um Ismael.»

41. kapitlet

1 So hende det i den sjuande månaden, at Ismael, son åt Netanja Elisamason, av kongsætti, ein av kongens stormenner, og ti mann med honom, kom til Gedalja Ahikamsson i Mispa, og dei fekk seg mat saman der i Mispa.

2 Då stod Ismael Netanjason upp, og dei ti mann som var med honom, og dei slo Gedalja, son åt Ahikam Safansson, i hel med sverd, og drap honom som Babel-kongen hadde sett yver landet.

3 Ismael slo og i hel alle dei jødarne som var med Gedalja i Mispa, og dei kaldæarane, stridsmennerne som var der.

4 Men andre dagen etter han hadde drepe Gedalja, fyrr nokon visste det,

5 kom det menner frå Sikem, frå Silo og Samaria, åtteti i alt, med avraka skjegg og sundrivne klæde og med merke rispa i holdet, og dei hadde med seg grjonoffer og røykjelse til å bera fram i Herrens hus.

6 Og Ismael Netanjason gjekk ut imot deim frå Mispa, gråtande alt med han gjekk. Og då han møtte deim, sagde han med deim: «Kom til Gedalja Ahikamsson!»

7 Men då dei var komne midt inn i byen, tok Ismael Netanjason og dei mennerne som var med honom og drap deim og kasta deim i brunnen.

8 Men millom deim var det ti menner som sagde med Ismael: «Drep oss ikkje! for me hev forråd gøymde ute på marki: kveite og bygg og olje og honning.» Då let han deim vera og drap deim ikkje med brørne deira.

9 Og brunnen som Ismael kasta liki i av alle dei menner som han hadde drepe umfram Gedalja, var den som kong Asa hadde gjort til vern mot Baesa, Israels-kongen; den fyllte Ismael Netanjason med drepne menner.

10 Og Ismael førde burt all leivningen av folket i Mispa: Kongsdøtterne og alt folket som var att i Mispa, som Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde sett Gedalja Ahikamsson yver - deim førde Ismael Netanjason burt fangar og gjekk av stad og vilde fara yver til Ammons-sønerne.

11 Men då Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, frette alle dei illverki som Ismael Netanjason hadde gjort,

12 tok dei alle mennerne og gjekk av stad og vilde strida mot Ismael Netanjason. Og dei fann honom attmed det store vatnet som er i Gibeon.

13 Men då alt folket som var med Ismael, såg Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, gleddest dei.

14 Dei snudde då, alt folket som Ismael hadde ført fangar frå Mispa, og gjekk tilbake til Johanan Kareahsson.

15 Men Ismael Netanjason slapp undan frå Johanan med åtte mann og for til Ammons-sønerne.

16 Og Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, tok med seg alle som var att av folket, deim or Mispa som han hadde vunne att frå Ismael Netanjason, etter han hadde drepe Gedalja Ahikamsson: stridsmenner og kvende og born og hirdmenner, som han hadde ført tilbake frå Gibeon.

17 Dei for då av stad, men stana i Kimham-herbyrget, som er attmed Betlehem, og vilde halda fram med ferdi til Egyptarland

18 - for kaldæarane skuld, for dei ottast deim av di Ismael Netanjason hadde drepe Gedalja Ahikamsson, som Babel-kongen hadde sett yver landet.

42. kapitlet

1 Då kom alle herhovdingarne fram, likeins Johanan Kareahsson og Jesanja Hosajason, og alt folket, både små og store,

2 og sagde til profeten Jeremia: «Unn oss å leggja bøni vår fram for di åsyn, at du må beda for oss til Herren, din Gud, for all denne leivningen - for berre nokre få er me att av mange, so som du sjølv ser på oss -

3 at Herren, din Gud, vil kunngjera for oss kva veg me skal ganga, og kva me skal gjera.»

4 Profeten Jeremia sagde til deim: «Godt og vel! Sjå, eg vil beda til Herren, dykkar Gud, so som de segjer, og alt det Herren svarar dykk, det skal eg segja dykk. Eg vil ikkje halda noko løynt for dykk.»

5 Då sagde dei med Jeremia: «Herren vere eit sant og trufast vitne mot oss, um me ikkje gjer etter kvart det ordet som Herren, din Gud, sender deg med til oss.

6 Anten det er godt eller vondt, so vil me lyda røysti åt Herren, vår Gud, som me sender deg til, so det må ganga oss vel når me lyder røysti åt Herren, vår Gud.»

7 So hende det ti dagar etterpå, at Herrens ord kom til Jeremia.

8 Og han kalla på Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom og alt folket, både små og store,

9 og sagde med deim: So segjer Herren, Israels Gud, som de sende meg til, so eg skulde leggja bøni dykkar fram for hans åsyn:

10 Um de vert buande i dette landet, so vil eg byggja dykk upp og ikkje riva ned, og planta dykk og ikkje rykkja upp. For eg angrar det vonde som eg hev gjort dykk.

11 Ottast ikkje Babel-kongen, som de no ottast, ottast ikkje honom! segjer Herren; for eg er med dykk og til å frelsa dykk ut av hans hand.

12 Og eg vil lata dykk få miskunn, so han miskunnar dykk og snu heim att til landet dykkar.

13 Men um de segjer: «Me vil ikkje vera i dette landet,» lyder de ikkje røysti åt Herren, dykkar Gud,

14 men segjer: «Nei, men me vil fara til Egyptarlandet, der me slepp å sjå herstrid og høyra omen av stridslur og hungra etter brød, og der vil me bu» -

15 so høyr no difor Herrens ord, du Juda-leivning! So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Um de til røyndar held stemneleidi til Egyptarland, og fer dit og vil bu der,

16 då skal sverdet som de ottast nå dykk der i Egyptarlandet, og svolten som de no ræddast, skal elta dykk til Egyptarland, og der skal de døy.

17 Og alle dei menner som held stemneleidi til Egyptarland og vil bu der, dei skal døy for sverd, av svolt og i sott, og ingen av deim skal sleppa frå eller komast undan den ulukka som eg let ganga yver deim.

18 For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Likeins som min vreide og harm var utrend yver Jerusalems, so skal min harm og verta utrend yver dykk når de fer til Egyptarland, so de vert til ein eid og til ei skræma og til ei våbøn og til ei hæding, og de skal aldri meir sjå denne staden.

19 Herren hev tala til dykk, du Juda-leivning: Far ikkje til Egyptarland! Vita skal de at eg hev vara dykk i dag.

20 For de dårar dykk - og her stend det um livet - for de sende meg til Herren, dykkar Gud, og sagde: «Bed for oss til Herren, vår Gud, og kunngjer oss alt det som Herren, vår Gud, segjer oss, so vil me gjera det.»

21 Og eg hev kunngjort dykk det i dag, men de hev ikkje lydt på røysti åt Herren, dykkar Gud, i noko av det som han hev sendt meg med til dykk.

22 Og vita skal de no, at de lyt døy for sverd, av svolt og i sott på den staden som de stundar etter å koma til so de kunde bu der.

43. kapitlet

1 Men då Jeremia hadde tala til folket alle Herrens, deira Guds, ord, som Herren, deira Gud, hadde sendt honom med til deim - alle desse ordi,

2 då sagde Azarja Hosajason og Johanan Kareahsson og alle dei ovmodige mennerne - dei sagde med Jeremia: «Det er lygn det du segjer; Herren, vår Gud, hev ikkje sendt deg og sagt: «De skal ikkje fara til Egyptarland og bu der.»

3 Men Baruk Neriason eggjar deg upp imot oss, so me skal verta gjevne i henderne på kaldæarane, og dei skal drepa oss eller føra oss burt til Babel.»

4 Og Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne og alt folket vilde ikkje høyra på Herrens røyst og vera i Judalandet.

5 Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne tok alle som var leivde etter av Juda, som var komne tilbake frå alle folki som dei hadde vore burtdrivne til, og vilde bu i Judalandet,

6 mennerne og kvinnorne og småborni og kongsdøtterne og kvart eit liv som Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde late vera att hjå Gedalja, son åt Ahikam Safansson, so og profeten Jeremia og Baruk Neriason,

7 og for til Egyptarland, for dei høyrde ikkje på Herrens røyst. Og dei for til Tahpanhes.

8 Og Herrens ord kom til Jeremia i Tahpanhes; han sagde:

9 Tak deg nokre store steinar i handi og gøym deim i leiret i tiglsteinsleggjingi som er i inngangen til Faraos hus i Tahpanhes, framfor augo på menner frå Juda.

10 Og du skal segja med deim: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg sender og hentar tenaren min Nebukadressar, Babel-kongen, og set kongsstolen hans uppå desse steinarne som eg hev gøymt, og han skal breida sitt glimande tæpe utyver deim.

11 Og han skal koma og slå Egyptarlandet; den som er etla åt dauden, lyt døy, den som er etla til fange, vert fange, og den som er etla åt sverdet, vert sverdslegen.

12 Og eg vil kveikja eld på gudehusi i Egyptarland, og han skal brenna deim upp og føra gudarne burt. Og han skal sveipa Egyptarlandet um seg, likeins som hyrdingen sveiper kappa si um seg. Og sidan skal han fara derifrå i fred.

13 Og han skal brjota sund sulorne i Bet-Semes, som er i Egyptarlandet, og gudehusi i Egyptarland skal han brenna upp med eld.

44. kapitlet

1 Det ordet som kom til Jeremia åt alle dei jødarne som budde i Egyptarlandet, dei som budde i Migdol og i Tahpanhes og i Nof og i Patroslandet; han sagde:

2 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: De hev set all den ulukka som eg hev late koma yver Jerusalem og yver alle Juda-byarne - og sjå, no er dei øydestader, og ingen bur i deim -

3 for vondskapen deira so dei for med til å harma meg med, med di dei gjekk og brende røykjelse og tente andre gudar som dei ikkje kjende, korkje dei eller de eller federne dykkar.

4 Og eg sende til dykk alle tenarane mine, profetarne, både jamt og samt, og sagde: Gjer då ikkje desse skræmelege ting som eg hatar!

5 Men dei høyrde ikkje og lagde ikkje øyra til, so dei snudde frå sin vondskap og heldt upp med å brenna røykjelse åt andre gudar.

6 Då vart min harm og min vreide utrend, og han brann i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne, so dei vart til ei audn, til ei øyda, so som dei er enn i dag.

7 Og no, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Kvi gjer de so stort eit tjon på dykk sjølve, so mann og kvinna, barn og brjostbarn vert utrudde for dykk midt ut or Juda, so de ikkje vert att ein leivning av dykk -

8 og harmar meg med dei verk dykkar hender gjer, med di de brenner røykjelse åt andre gudar i Egyptarlandet som de er komne til og vil bu i - so dei skal verta utrudde for dykk, og de verta til ei våbøn og ei hæding hjå alle folk på jordi?

9 Hev de gløymt det vonde som federne dykkar gjorde, og det vonde Juda-kongarne gjorde, og det vonde kvendi deira gjorde, og det vonde de sjølve gjorde, og det vonde kvendi dykkar gjorde i Judalandet og på Jerusalems-gatorne?

10 Endå hev dei ikkje audmykt seg, og ikkje hev dei ottast og ikkje hev dei ferdast etter mi lov og etter mine bodord, som eg lagde fram for dykk og for federne dykkar.

11 Difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg snur andlitet mitt mot dykk til ulukka og eg vil rydja ut alt Juda.

12 Og eg vil taka deim som er leivde etter Juda, deim som heldt stemneleidi til Egyptarlandet og for dit og vilde bu der. Og dei skal alle setja til, i Egyptarlandet skal dei falla; for sverd, av svolt skal dei setja til, både små og store; for sverd og av svolt skal dei døy. Og dei skal verta til ein eid, til ei skræma og til ei våbøn og til ei hæding.

13 Og eg vil heimsøkja deim som bur i Egyptarlandet, likeins som eg heimsøkte Jerusalem, med sverd, med svolt og med sott.

14 Og av Juda-leivningen, av deim som er komne og vil bu der i Egyptarlandet, skal ingen sleppa undan og verta att so han kann snu heim att til Judalandet som dei stundar å koma attende til, so dei kann bu der. For ingen skal koma dit att so nær som nokre få undanslopne.

15 Då svara dei Jeremia, alle dei menner som visste at konorne deira brende røykjelse åt andre gudar, og alle kvinnorne som stod der i ein stor hop, og alt folket som budde i Egyptarlandet, i Patros, og sagde:

16 «Me vil ikkje lyda på deg i det som du hev tala til oss i Herrens namn,

17 men me vil gjera etter alt det som me hev lova med vår munn; å brenna røykjelse åt himmeldronningi og renna ut drykkoffer åt henne, so som me fyrr hev gjort, me og federne våre og kongarne våre og hovdingarne våre, i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne. Då hadde me nøgdi av brød, og det gjekk oss vel, og me såg ingi ulukka kom yver oss.

18 Men sidan me heldt upp med å brenna røykjelse åt himmeldronningi og renna ut drykkoffer åt henne, hev me vanta alt, og av sverd og svolt er me tynte.

19 Og når me brenner røykjelse åt himmeldronningi og renner ut drykkoffer åt henne, er det då mennerne våre uviljande at me hev laga henne kakor og dyrka henne og rent ut drykkoffer åt henne?»

20 Då sagde Jeremia med all lyden, med mennerne og med kvinnorne og med all lyden som svara honom, han sagde:

21 «Den offer-røykjingi som de hev gjort i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne, de og federne dykkar og kongarne dykkar og hovdingarne dykkar og landslyden - skulde Herren ikkje minnast henne og koma henne i hug?

22 Og Herren kunde ikkje lenger tola det for den vonde åtferdi dykkar, for alle dei styggjorne som de hev gjort. Og soleis vart landet dykkar til ei audn og ei øyda og til ei våbøn, folketomt so som det er enn i dag.

23 For di de brende røykjelse og synda mot Herren og ikkje lydde på Herrens røyst og ikkje ferdast i hans lov, i hans bodord og vitnemål, difor kom denne ulukka yver dykk, so som det er enn i dag.»

24 Og Jeremia sagde til alt folket og til alle kvinnorne: «Høyr Herrens ord, alle de Juda-menner som er i Egyptarlandet!

25 So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: De og konorne dykkar tala det med munnen dykkar og fullførde det med henderne dykkar med di de sagde: «Me vil halda lovnaderne våre som me hev gjort: å brenna røykjelse åt himmeldronningi og renna ut drykkoffer åt henne.» So berre haldt lovnaderne dykkar, og fullfør lovnaderne dykkar!

26 Difor, høyr Herrens ord, alle de Juda-menner som bur i Egyptarlandet: Sjå, eg hev svore ved mitt store namn, segjer Herren: Sanneleg, ikkje ein einaste Juda-mann skal taka namnet mitt på tunga si i alt Egyptarlandet so han segjer: «So sant som Herren, Herren liver!»

27 Sjå, eg vil vaka yver deim til deira ulukka, og ikkje til deira lukka, og alle Juda-menner som er i Egyptarlandet, skal verta tynte av sverd og svolt til det er gjort ende på deim.

28 Men dei som kjem seg undan sverdet, skal snu heim att frå Egyptarlandet og til Judalandet, berre ein liten flokk. Og all Juda-leivningen, dei som er komne til Egyptarlandet og vil bu der, skal få vita kva ord som stend ved lag, mitt eller deira.

29 Og dette skal vera teiknet for dykk, segjer Herren, at eg vil heimsøkja dykk på denne staden, so de skal få vita at mine ord til dykk um ulukka stend ved lag:

30 So segjer Herren: Sjå, eg gjev Farao Hofra, egyptarkongen, i fiendehender og i henderne på deim som ligg honom etter livet, likeins som eg hev gjeve Sidkia, Juda-kongen, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, som var fienden hans og låg honom etter livet.»

45. kapitlet

1 Det ordet som profeten Jeremia tala til Baruk Neriason då han skreiv desse ordi i ei bok etter Jeremias munn i det fjorde styringsåret åt Juda-kongen Jojakim Josiason; han sagde:

2 So segjer Herren, Israels Gud, um deg, Baruk:

3 Du sagde: «Eie meg! For Herren hev lagt sorg til min hugverk. Eg er trøytt av sukkarne mine og finn ingi kvild.»

4 So skal du segja med honom: So segjer Herren: Sjå, det eg hev bygt upp, det riv eg ned, og det eg hev planta, det rykkjer eg upp, og dette gjeld heile jordi.

5 Og du, du trår etter store ting åt deg: ikkje trå etter deim! For sjå, eg let ulukka koma yver alt kjøt, segjer Herren. Men eg vil gjeva deg livet ditt til herfang på kvar den stad du ferdast.

46. kapitlet

1 Herrens ord som kom til profeten Jeremia um heidningefolki.

2 Um Egyptarland. Um heren til Farao Neko, Egyptarlands-kongen, som stod burtmed Fratelvi, attmed Karkemis, og som Nebukadressar, Babel-kongen, vann på i det fjorde styringsåret åt Jojakim Josiason, kongen i Juda.

3 Bu til skjoldarne, dei små og dei store, og far ut i striden!

4 Beit hestarne fyre og set dykk upp, ridarar, og fylk dykk hjelmbune! Kvet spjoti blanke, tak brynja på!

5 Kvi ser eg slikt: hugbrotne hopar dei undan, kjemporne deira vert krasa, dei flyr og ser ikkje attende; rædsla rundt ikring, segjer Herren.

6 Den lettføygde kann ikkje fly ifrå, og kjempa slepp ikkje undan. Der nord, attmed Fratelvi, snåvar dei og fell.

7 Kven er det som stig upp likeins som Nilelvi med bårande vatn som i ei å?

8 Egyptarland stig upp likeins som Nilelvi med bårande vatn som i ei å. Det segjer: «Eg vil stiga upp og breida meg utyver landi, i øyde vil eg leggja byar og dei som i deim bur.

9 Kom uppetter, de hestar, og far rasande fram, de vogner! Kjemporne skal leggja av stad: Ætiopar og putarar som ber skjoldar, og ludarar som hev bogar å spenna.

10 For dette er ein dag åt Herren, Herren, allhers drott, ein hemndag til å hemna seg på uvenerne sine. Då skal sverdet eta og verta mett og drikka seg drukke av blodet deira. For ei offerslagting held Herren, Herren, allhers drott, i Norderlandet attmed Fratelvi.

11 Far upp til Gilead og få deg balsam, du møy, Egyptarlands dotter! Til inkjes brukar du lækjeråder i mengd; det bid ikkje plåster for deg.

12 Folkeslag frettar skammi di, og jordi er full av naudropi dine. For ei kjempa snåvar i ei onnor, dei fell båe saman.»

13 Det ordet som Herren tala til profeten Jeremia um det, at Nebukadressar, Babel-kongen, skulde koma og slå Egyptarlandet:

14 Kunngjer det i Egyptarland og lat det frettast i Migdol, og lat det frettast i Nof og Tahpanhes! Seg: «Gakk fram og bu deg til! For sverdet hev ete alt ikring deg.»

15 Kvi er din sterke støypt ned? Han kunde ikkje standa seg, for Herren støytt burti honom.

16 Han fekk mange til å snåva, so den eine dett uppå den andre, og dei sagde: «Upp og lat oss snu attende til folket vårt, og til fødelandet vårt, undan det herjande sverdet!»

17 Då ropar dei: «Farao, Egyptarlands-kongen, er berre ståket; han let den høvelege tidi fara frå seg.»

18 So sant som eg liver, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans -: Lik Tabor millom fjelli og lik Karmel burtmed havet skal han koma.

19 Få deg bunad til langferd, du busitjande Egyptarlands dotter! For Nof skal verta ei audn, so ingen kann bu der.

20 Ei ovgild kviga er Egyptarland - ein klegg kjem nordanfrå, kjem gjer han.

21 Leigde hermenner, som gjødkalvar hjå henne, dei og snur og flyr alle i hop, stanar ikkje; for ulukkedagen er komen yver deim, den tidi dei vert heimsøkte.

22 Røysti hennar er liksom av skridande ormen. For med ein her skrid dei fram, og med øksar kjem dei mot henne likeins som vedhoggarar.

23 Dei høgg ned hennar skog, segjer Herren; for han er ikkje til å finna seg fram igjenom; for dei er fleire enn engsprettor, det er ikkje tal på deim.

24 Egyptarlands dotter vert til skammar; ho vert gjevi i henderne på eit norderlendskt folk.

25 Herren, allhers drott, Israels Gud, segjer: Sjå eg heimsøkjer Amon frå No og Farao og Egyptarland og gudarne og kongarne der, både Farao og dei som lit på honom,

26 Og eg gjev deim i henderne på deim som ligg deim etter livet, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på tenarane hans. Men etter det skal landet vera byggt i fred liksom i gamle dagar, segjer Herren.

27 Men ottast ikkje, du min tenar Jakob, og ræddast ikkje, Israel! For sjå, eg frelser deg ut or burtlengste land, og avkjømet ut or utlægdi. Og Jakob skal koma tilbake og liva i ro og fred, og ingen skal skræma honom.

28 Ottast ikkje, du min tenar Jakob, segjer Herren; for eg er med deg. For eg vil gjera ende på alle dei folki som eg hev drive deg til. Men deg vil eg ikkje gjera ende på, men aga deg med måte, men reint utan refsing kann eg ikkje lata deg vera.

47. kapitlet

1 Herrens ord som kom til profeten Jeremia um filistarane, fyrr Farao vann Gaza.

2 So segjer Herren: Sjå, vatn kjem upp-strøymande nordantil og vert til ei elv som fløder yver. Og dei fløder yver land og det som i deim er, yver byar og deim som i deim bur, so folket ropar høgt, og alle som bur i landet barmar seg.

3 Når det dyn av hovslagi av hans sterke hestar, når hans vogner skaldrar, når hans hjul skjell, då ser ikkje federne seg um etter borni, so hugstolne er dei.

4 Det veld den dagen som kjem og tyner alle filistarane og ryd ut for Tyrus og Sidon alle undankomne som kunde hjelpa. For Herren tyner filistarane, leivningen frå Kaftorøyi.

5 Fleinskalla er Gaza vorte, i øyde lagt er Askalon, det som er att av dalen deira; - kor lenge vil du rispa deg i holdet?

6 Ai, ei, du Herrens sverd! Kor lenge skal du hava det so annvint? Drag deg atter inn i slira di, haldt deg i ro og ver still!

7 Kor kunde du få kvila deg, sidan Herren hev gjeve deg påbod? Til Askalon og til Havstrandi, dit hev han etla deg.

48. kapitlet

1 Um Moab. So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Usæla yver Nebo, for det er øydt, Kirjatajim er vorti til skammar, er teke, borgi er vorti til skammar og er livskræmd.

2 Med Moabs frægd er det ute. I Hesbon bryggjar dei på meinråder imot det: «Kom, lat oss rydja det ut, so det ikkje lenger er eit folk!» Du og, Madmen, skal tagna, sverdet elter deg.

3 Naudrop høyrest frå Horonajim, herjing og stort tjon.

4 Moab er i øyde lagt; dei let naudropi høyrast alt til Soar.

5 For gråtande gjeng dei upp stigen til Luhit, på vegen ned til Horonajim høyrer dei naudropi yver tjonet.

6 Fly, berga livet dykkar, og vert som hjelpelause i øydemarki!

7 For av di du leit på dine verk og dine skattar, skal du og verta teken. Og Kamos lyt fara i utlægd, hans prestar og hans hovdingar i lag med kvarandre.

8 Og ein tynar skal koma yver kvar ein by, og ingen skal sleppa undan. Dalen skal forgangast og slettlendet øydeleggjast, so som Herren hev sagt.

9 Gjev Moab vengjer! for fljugande lyt han fara burt, og hans byar skal verta ei audn, so ingen bur i deim.

10 Forbanna vere den som er seinfør til å gjera Herrens verk, og forbanna vere den som held sverdet sitt att ifrå blod!

11 Moab hev livt i fred frå sin ungdom; han hev lege still på bermen sin og er ikkje tømd or eit kjer i anna, og aldri hev han fare i utlægd; difor sit dåmen hans i honom endå, og angen av honom hev ikkje brigdast.

12 Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg sender honom vintapparar, og dei skal halla på kjeri hans og tøma deim og krasa krukkorne hans.

13 Då skal Moab skjemmast av Kamos, likeins som Israels hus skjemdest av Betel, som dei leit på.

14 Kor kann de segja: «Me er kjempor og velduge hermenner?»

15 Moab er øydelagd, og dei stig upp i byarne hans, og hans druste drengjer stig ned til å verta slagta, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans.

16 Tjonet på Moab er kome nær, og ulukka hans hev bråhast.

17 Hav medynk med honom, alle de som bur kringum honom, og alle de som kjenner namnet hans! Seg: «Korleis brotna teinen den sterke, staven den prydelege?»

18 Stig ned or ditt æresæte og set deg på turre jordi, du busitjande Dibons dotter! For Moabs tynar stig upp imot deg, han legg borgerne dine i øyde.

19 Gakk ut på vegen og skygn utyver, du som bur i Aroer! Spør honom som flyr, og henne som kjem seg undan, seg: «Kva er hendt?»

20 Moab var til skammar, for han er krasa; barma dykk og ropa! Kunngjer hjå Arnon at Moab er øydelagd!

21 Ja, domen er komen yver slettelandet, yver Holon og yver Jahsa og yver Mofa’at

22 og yver Dibon og yver Nebo og yver Bet-Diblatajim

23 og yver Kirjatajim og yver Bet-Gamul og yver Bet-Meon

24 og yver Kerijot og yver Bosra og yver alle byarne i Moablandet, fjerr og nær.

25 Avhogge er Moabs horn, og armen hans er broten, segjer Herren.

26 Gjer honom drukken, for han hev ovmoda seg mot Herren. Ja, Moab skal baska seg i spya si og verta til åtløgje, han og.

27 Eller hadde du ikkje Israel til åtløgje? Eller var han gripen millom tjuvar, sidan du rister på hovudet kvar gong du talar um honom?

28 Gakk burt ifrå byarne og set bu på bergknausar, de Moabs ibuarar, og ver like duva som lagar seg reir burtum gil- gapet!

29 Me hev høyrt um Moabs ovmod - storleg ovmoda han seg - um hans storlæte og ovmod og byrgskap og hjartans ovlæte.

30 Eg kjenner, segjer Herren, hans ageløysa, det fåfengelege kytet hans, fåfengd hev han fare med.

31 Difor lyt eg barma meg yver Moab, yver heile Moab lyt eg ropa, yver mennerne i Kir-Heres lyt ein sukka.

32 Meir enn Jazer græt, lyt eg gråta yver deg, du vintre frå Sibma: kvisterne dine gjekk yver havet, dei nådde alt til Jazerhavet; midt i fruktonni di og vinonni di hev ein tynar søkt på deg.

33 Gleda og fagnad er kvorve or aldehagen og or Moablandet, og vinen let eg trjota i vinpersorne. Dei trøder vinpersa med fagnadrop; fagnadropi som ikkje er slike fagnadrop.

34 Frå det jamrande Hesbon alt til El’ale, alt til Jahas let dei røysti si ljoma, frå Soar til Horonajim, til Eglat-Selisa; for jamvel Nimrim-vatni vert til øydemarker.

35 Og eg vil rydja ut or Moab, segjer Herren, kvar og ein som stig upp på ein haug og brenner røykjelse åt gudarne sine.

36 Difor læt hjarta mitt som ei fløyta yver Moab, yver mennerne i Kir-Heres læt hjarta mitt som ei fløyta; difor misser dei det dei hev mugga i hop.

37 For kvart eit hovud er fleinskalla, og alt skjegg er avraka, på alle hender er det rispa i holdet, og um lenderne sekk.

38 Uppå alle taki i Moab og på torgi høyrest berre usælerop; for eg hev krasa Moab som eit kjerald ingen hev hugnad i, segjer Herren.

39 Å, kor forfærd han er! kor dei eiar seg! Å, kor Moab snur ryggen til skjemsla! Ja, Moab skal verta til eit åtløgje og ei skræma for alle som bur der kringum.

40 For so segjer Herren: Sjå, det kjem ein fljugande som ein ørn og breider vengjerne sine ut yver Moab.

41 Byarne vert tekne, borgerne vunne, og hjarta til kjemporne i Moab vert den dagen som hjarta til kvinna i barnsnaud.

42 Og Moab skal verta øydelagd so han ikkje lenger er eit folk, for mot Herren hev han ovmoda seg.

43 Gruv og grav og gildra åt deg som bur i Moab, segjer Herren.

44 Den som flyr undan gruvi, fell i gravi, og den som kjem seg upp or gravi, vert fanga i gildra. For eg let koma yver honom, yver Moab, eit år med heimsøkjing yver deim, segjer Herren.

45 I Hesbons skugge stend magtstolne rømingar; for eld fer ut or Hesbon og ein loge midt ut or Sihon, og han øydde Moabs tunnvange og kruna til stridsgny-sønerne.

46 Usæl du Moab! Det er ute med folket åt Kamos; for sønerne dine vert tekne til fangar og døtterne dine til herfang.

47 Men eg gjera ende på Moabs utlægd når tider er lidne, segjer Herren. So langt domen yver Moab.

49. kapitlet

1 Um Ammons-sønerne. So segjer Herren: Eig Israel ingi søner, eller hev han ingen erving? Kvi hev Malkam ervt Gad og hans folk sett seg ned i byarne hans?

2 Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg let herrop høyrast til Rabba hjå Ammons-sønerne, og det skal verta til aude steinrøysar, og døtterne skal verta brende upp med eld, og då skal Israel erva sine ervingar, segjer Herren.

3 Øya deg, Hesbon! For Aj er i øyde lagt; ropa, de Rabba-døtter! Sveip dykk i sekk, barma dykk, og renn att og fram millom kvierne! for Malkam lyt fara i utlægd, prestarne hans og hovdingarne i lag med kvarandre.

4 Kvi gildar du deg av dalarne, av din grøderike dal, du fråfalne dotter, som lit på skattarne dine og segjer: «Kven kann nå meg?»

5 Sjå, eg let fælske nå deg, segjer Herren, Herren, allhers drott, frå alle stader rundt ikring deg. Og de skal verta drivne burt, kvar til sin kant, og ingen skal samla i hop deim som flyr.

6 Men sidan vil eg gjera ende på utlægdi åt Ammons-sønerne, segjer Herren.

7 Um Edom. So segjer Herren, allhers drott: Bid det ikkje visdom lenger i Teman? Tryt det på råder for dei vituge? Er visdomen deira spillt?

8 Fly, snu dykk, gøym dykk djupt nede, de som bur i Dedan! For Esaus ulukka let eg koma yver honom den tid eg heimsøkjer honom.

9 Um druvehentarar kjem yver deg, so leiver dei ikkje noko til attpåhenting. Um tjuvar kjem med natti, vil dei tyna til dei hev fengje sitt nøgje.

10 For eg vil sjølv draga hamen av Esau, eg legg gøymslorne hans i berrsyni, so han ikkje kann løyna seg. Avkjømet hans og brørne hans og grannarne hans vert tynte, og det er ute med honom.

11 Bry deg ikkje um dine faderlause! eg vil halda liv i deim, og enkjorne dine kann lita på meg.

12 For so segjer Herren: Sjå, dei som med rette ikkje skulde ha drukke or staupet, dei lyt drikka, og so skulde du sleppa urefst! Du skal ikkje sleppa urefst, men drikka skal du.

13 For eg hev svore ved meg sjølv, segjer Herren, at Bosra skal verta til ei fælska, til ei hæding, til ei audn og til ei våbøn, og alle byarne som høyrer til, skal æveleg liggja i røysar.

14 Ei tidend hev eg høyrt frå Herren, og ein bodberar er send millom folkeslagi: «Sanka dykk og far imot honom, bu dykk til bardage!»

15 For sjå, eg gjer deg liten millom folki, svivyrd millom menner.

16 Rædsla kome yver deg! Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som bur i bergklypor, som klengjer deg fast til fjelltinden. Um du bygde reiret ditt so høgt som ørnen, so skulde eg støypa deg ned derifrå, segjer Herren.

17 Og Edom skal verta til ei skræma; alle som fer der framum, skal ræddast og spotta yver alle plågorne hans.

18 Liksom då Sodoma og Gomorra med grannebyar vart lagde i øyde, segjer Herren, so skal ingen mann bu der, og ikkje noko mannsbarn halda til der.

19 Sjå, det kjem ein upp stigande, som løva ut or tjukkskogen attmed Jordan, og inn på den sigrøne eng; for i ein augneblink vil eg jaga det burt derifrå, og den som er utvald, vil eg setja yver det. For kven er min like, og kven vil stemna meg? Og kven er den hyrdingen som stend seg for meg?

20 Difor, høyr den rådgjerdi Herren hev teke um Edom, og dei tankarne han hev tenkt um Teman-buarne: Sanneleg, dei skal dragsa deim burt, dei små lambi, sanneleg, hagelendet deira skal taka fæla av deim.

21 Av dynen av deira fall bivrar jordi, naudropet - omen av det høyrer ein radt til Raudehavet.

22 Sjå, ein lik ein ørn stig upp og flyg fram og breider ut vengjerne sine yver Bosra. Og hjarta til Edom-kjemporne vert den dagen som hjarta til kvinna i barnsnaud.

23 Um Damaskus. Hamat og Arpad er skjemde, for dei hev spurt ei låk tidend, dei er reint vitskræmde; i havet er uro, det kann ikkje vera stilt.

24 Damaskus er hugfalle, det snur seg og flyr, otte hev gripe det; angest og rider hev gripe det liksom kvinna med fødeflagor.

25 Kvi fekk han ikkje vera, byen den namnfræge, fagnad-byen min?

26 Difor skal hans sveinar falla på gatorne hans og alle hermennerne verta tynte den dagen, segjer Herren, allhers drott.

27 Og eg vil kveikja eld i Damaskus-murarne, og han skal øyda Benhadad-slotti.

28 Um Kedar og Hasor-riki, som Nebukadressar, Babel-kongen, vann. So segjer Herren: Statt upp, far mot Kedar og tyn Austheims-sønerne!

29 Tjeldi deira og sauerne deira skal dei taka, tjelddukarne deira og all bunaden deira og kamelarne deira skal dei føra burt med seg, og dei skal ropa til dei: «Rædsla rundt ikring!»

30 «Fly, røm undan mest de vinn, gøym dykk djupt nede, de Hasor-buar, segjer Herren; for Nebukadressar, Babel-kongen, hev teke ei rådgjerd mot dykk og tenkt ut løynråd imot dykk.

31 Statt upp, far upp imot eit fredleg folk som bur trygt, segjer Herren; portar og bommar vantar dei, for seg sjølve bur dei.

32 Og kamelarne deira skal verta til ran, og dei store bølingarne deira til herfang; og eg vil spreida deim for alle vindar, mennerne med rundklypt hår; og frå alle leider let eg ulukka koma yver deim, segjer Herren.

33 Og Hasor skal verta til sjakal-bøle, ei audn um alder og æva; ingen mann skal bu der, og inkje mannsbarn skal halda til der.»

34 Herrens ord som kom til profeten Jeremia um Elam i den fyrste tidi Sidkia, Juda-kongen, styrde; han sagde:

35 So segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg bryt sund for Elam hans boge, den likaste magti deira.

36 Og eg sender mot Elam fire vindar frå dei fire himmelætterne og spreider deim for alle desse vindarne. Og det skal ikkje finnast det folket som ikkje burtdrivne frå Elam skal koma til.

37 Og eg vil gjera Elam forfærd for uvenerne sine og for deim som ligg deim etter livet, og eg vil lata ulukka koma yver deim, min brennande harm, segjer Herren, og eg vil senda sverd etter deim, til eg fær gjort ende på deim.

38 Og eg vil setja kongsstolen min i Elam, og eg vil tyna der både konge og hovdingar, segjer Herren.

39 Men når tider er lidne, vil eg gjera ende på Elams utlægd, segjer Herren.

50. kapitlet

1 Det ordet som Herren tala um Babel, um Kaldæarlandet, ved profeten Jeremia.

2 Kunngjer det millom folki, og lat det frettast og set upp hermerke! Lat det frettast, dyl det ikkje! Seg: Babel er teki, Bel hev vorte til skammar, Merodak er livskræmd, hennar gudebilæte er vortne til skammar, hennar ufysne avgudar er livskræmde.

3 For eit folk kjem imot det nordantil, det gjer hennar land til ei øydemark, so ingen bur i det: både folk og fe er flydde, er burte.

4 I dei dagarne og i den tidi, segjer Herren, skal Israels-borni koma, dei og Juda-borni i lag med einannan; gråtande skal dei ganga og søkja Herren, sin Gud.

5 Etter Sion skal dei spyrja, den vegen stemner dei: «Kom, lat oss halda oss til Herren med ei ævepakt som ikkje skal gløymast!»

6 Burtkomne sauer var mitt folk. Hyrdingarne deira hadde ført deim på villstig, snutt deim upp i fjelli; frå hamar til haug gjekk dei, gløymde legebolet sitt.

7 Alle som fann deim, åt på deim, og uvenerne deira sagde: «Me fær ikkje skuld på oss for det,» - for di dei hadde synda mot Herren, bustaden åt rettferdi, og voni åt federne deira, Herren.

8 Fly ut or Babel, far burt or Kaldæarlandet, og ver som bukkar framfyre hjordi!

9 For sjå, eg vekkjer upp frå Norderlandet ein skare av store folk og let deim fara mot Babel, og dei skal fylkja seg imot henne; derifrå vert ho teki. Pilerne deira er som frå ei viss-høv kjempa, dei vender ikkje attende med ugjort.

10 Og Kaldæa skal verta til herfang; alle som ranar henne, skal få sitt nøgje, segjer Herren.

11 Gled dykk berre, fagna dykk berre, de som ranar odelen min! Berre hoppa i veret som kviga når ho treskjer, og kneggja som velduge hestar.

12 Mor dykkar vert ovleg til skammar, ho som fødde dykk, skal blygjast; sjå, den siste millom folki vert ho, ei øydemark, eit turt land og ei vill heid.

13 Ubygd skal ho verta, ei audn all med seg, av di Herren er vreid; alle som fer framum Babel, skal ræddast og spotta yver alle hennar plågor.

14 Fylk dykk mot Babel, rundt ikring, alle de bogeskyttarar! Skjot på henne, spar ikkje på pilerne! For mot Herren hev ho synda.

15 Set i herrop mot henne, rundt ikring: «Ho laut gjeva seg; falne er hennar pilarar, nedrivne hennar murar.» For det er Herrens hemn. Hemn dykk på henne! Gjer med henne likeins som ho hev gjort!

16 Ryd ut or Babel både såmannen og den som brukar sigden i skurdonni! For det herjande sverdet skal kvar og ein snu attende til sitt folk, og kvar og ein fly til sitt land.

17 Israel er ein buvill sau; løva hev jaga honom av; Assur-kongen åt fyrst på honom, og no sist hev Nebukadnessar, Babel-kongen, togge hans bein.

18 Difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg heimsøkjer Babel-kongen og landet hans, likeins som eg heimsøkte Assur-kongen.

19 Og eg vil snu Israel attende til hans beitemark, og han skal ganga og beita på Karmel og i Basan; og på Efraimsfjelli og i Gilead skal han få eta sitt nøgje.

20 I dei dagarne og i den tidi, segjer Herren, vert det leita etter Israels misgjerning, men ho skal ikkje lenger vera til, og etter Judas synder, men dei skal ikkje finnast; for deim som eg let vera att, gjev eg til.

21 Mot Meratajim-landet - far upp mot det og mot deim som bur i Pekod! Øyd deim og bannstøyt deim, når du set etter deim, segjer Herren, og gjer i heilt upp som eg hev bode deg!

22 Det er stridsgny i landet og stort tjon.

23 Kor er hamaren som slo all jordi sundbroten og sundknasa! Kor er Babel vorti ei skræma millom folki!

24 Eg sette snara for deg, og du gjekk deg fast, Babel, og visste ikkje av det. Du vart funni, og gripi med; for du hadde gjeve deg i strid med Herren.

25 Herren hev late upp våpnhuset sitt og teke ut sine vreidevåpn; for Herren, Herren, allhers drott, hev eit arbeid å gjera i Kaldæarlandet.

26 Kom imot det frå alle leider! Lat upp forrådshusi, kasta det i ein dunge likeins som kornband, og bannstøyt det! Lat ikkje noko verta leivt!

27 Tyn alle uksarne, før deim ned til slagting! Usæla yver deim! for dagen deira er komen, den tid dei skal verta heimsøkte.

28 Høyr omen av deim som flyr og kjem seg undan frå Babellandet til å forkynna i Sion at Herren, vår Gud hemner, hemner for templet sitt!

29 Bjod skyttarar ut mot Babel, alle deim som boge kann spenna! Slå læger rundt ikring henne, lat ingen koma seg undan! Lat henne få lika for sine gjerningar, gjer med henne heiltupp som ho sjølv hev gjort! For ho hev ovmoda seg mot Herren, mot Israels Heilage.

30 Difor skal hennar drengjer falla på hennar gator og alle hennar hermenner verta tynte den dagen, segjer Herren.

31 Sjå, eg kjem yver deg, Ovmod, segjer Herren, Herren, allhers drott; for dagen din er komen, tidi då eg vil heimsøkja deg.

32 Og Ovmodet skal snåva og falla, og ingen skal reisa det upp att. Og eg vil kveikja eld på byarne, og han skal øyda alt kringum det.

33 So segjer Herren, allhers drott: Trælka er Israels-sønerne og Juda-sønerne i lag med kvarandre; og alle som hertok deim, held deim faste, vil ikkje sleppa deim lause.

34 Utløysaren deira er sterk, Herren, allhers drott, er namnet hans. Han skal føra saki deira med fynd so han roar jordi, men uroar Babel-buarne.

35 Sverd yver Kaldæa, segjer Herren, yver Babel-buarne og yver hennar hovdingar og vismenner!

36 Sverd yver pjåtre-kallarne, so dei stend der som dårar! Sverd yver hennar kjempor, so dei vert hugbrotne!

37 Sverd yver hennar hestar og vogner og yver alt blandingsfolket hjå henne, so dei vert kvende! Sverd yver hennar skattar so dei vert rana!

38 Turk yver hennar vatn so dei turkast upp! For det er eit land med avgudsbilæte, og dei ber seg som galne med dei skræmelege gudarne sine.

39 Difor skal røysekatter med sjakaler halda til der, og strutsar skal hava sitt tilhelde der. Og der skal aldri meir verta bygt, men audt frå ætt til ætt.

40 Likeins som då Gud lagde i øyde Sodoma og Gomorra med grannebyar, segjer Herren, so skal ingen mann bu der, og ikkje noko mannsbarn halda til der.

41 Sjå, eit folk kjem nordanfrå, eit stort folk og velduge kongar ris upp frå utkantarne på jordi.

42 Boge og spjot ber dei, meinharde er dei og miskunnlause; dunen av deim er som havmarm, og på hestar rid dei, budde som ein mann til bardage mot deg, Babels dotter.

43 Babel-kongen hev fenge fretnad av deim, og hans hender er magtstolne; angest hev gripe honom, rider liksom kvinna med fødeflagor.

44 Sjå det kjem ein upp stigande, som løva ut or tjukkskogen attmed Jordan, og inn på den sigrøne eng; for i ein augneblink vil eg jaga deim burt derifrå, og den som er utvald, vil eg setja yver henne. For kven er min like, og kven vil stemna meg? Og kven er den hyrdingen som stend seg for meg?

45 Difor, høyr den rådgjerdi Herren hev teke um Babel, og dei tankarne han hev tenkt um Kaldæarlandet: Sanneleg, dei skal dragsa deim burt, dei små lambi, sanneleg, beitemarki deira skal taka fæla av deim.

46 Av ropet: «Babel er teki!» bivrar jordi, og millom folki skrik dei ende yver seg.

51. kapitlet

1 So segjer Herren: Sjå, eg vekkjer eit skadever imot Babel og imot ibuarane i Leb-Kamai.

2 Og eg sender framande mot Babel, og dei skal dryfta henne og dei skal tøma landet hennar. For dei skal setja på henne frå alle leider på ulukkedagen.

3 Lat bogeskyttaren spenna boge mot den som boge spenner og mot den som briskar seg i brynja, og spar ikkje hennar drengjer, bannstøyt all hennar her!

4 Då skal daudslegne menner falla i Kaldæarlandet og stungne menner på gatorne.

5 For Israel og Juda er ikkje enkjor, gløymde av sin Gud, av Herren, allhers drott, endå landet deira var fullt av skuld mot Israels Heilage.

6 Fly ut or Babel, og kvar og ein berge sitt liv so de ikkje tynest ved hennar misgjerning! For dette er ei hemne-tid for Herren; han vil gjeva henne lika for det ho hev gjort.

7 Eit gullstaup i Herrens hand var Babel, som gjorde all jordi drukki; av vinen hennar drakk folki, difor vart folki reint rasande.

8 Dåtteleg datt Babel og vart krasa. Barma dykk yver henne! Henta balsam for hennar plåga! Kann henda det kunde verta lækt.

9 «Me etla å lækja Babel, men ho var ulækjande. Lat oss skilja lag med henne, so me kann fara kvar til sitt land! For domen yver henne rekk upp til himmelen og når radt upp i skyerne.

10 Herren hev late vår rettvise sak koma upp i ljoset; kom, lat oss fortelja i Sion Herrens, vår Guds verk!»

11 Kvet pilerne blanke, grip skjoldarne! Herren hev vekt upp åndi til kongen i Media; for mot Babel hev han vendt sine tankar til å øydeleggja henne; for det er Herrens hemn, hemnen for templet hans.

12 Reis hermerke mot Babel-murarne, haldt sterk vakt, set ut vaktmenner, skipa til umsåtmenner! For Herren hev både tenkt ut og sett i verk det han hev tala mot Babel-buarne.

13 Du som bur attmed mykje vatn, rik på skattar, komen er din ende, di låke vinning hev nått sitt mål.

14 Herren, allhers drott, hev svore ved seg sjølv: Endå eg hadde fyllt deg med menneskje som engsprettor i mengd, skal det like vel lyftast sigerrop yver deg.

15 Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom, spana ut himlarne med sitt vit.

16 Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå utkantarne på jordi, let eldingar laga regn og sender vind ut or gøymslorne sine.

17 Kvar ein mann stend klumsa og hev ikkje vit på det, kvar ein gullsmed lyt skjemmast av bilæti sine; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, og det er ingi ånd i deim.

18 Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim.

19 Jakobs arvlut er ikkje deim lik, for det er han som hev skapt alt og fenge seg si odelsrætt. Herren, allhers drott, er namnet hans.

20 Du var hamaren min, stridsvåpnet, so eg med deg krasa folkeslag og med deg øyda kongerike.

21 Og med deg krasa eg hest og ridar, og med deg krasa eg vogn og køyrar.

22 Og med deg krasa eg mann og kvinna, og med deg krasa eg gamall og ung, og med deg krasa eg svein og møy.

23 Og med deg krasa eg hyrding og hjordi hans, og med deg krasa eg pløgjar og pløgje-uksarne hans, og med deg krasa eg jarlar og landshovdingar.

24 Men no gjev eg Babel og alle som bur i Kaldæa lika for alt vondt som dei hev gjort Sion, framfor augo dykkar, segjer Herren.

25 Sjå, eg kjem yver deg, du Tynefjell, segjer Herren, du som tyner all jordi; og eg vil retta ut handi ut imot deg og velta deg ned frå hamrarne og gjera deg til eit forbrent fjell.

26 Av deg kann ein då korkje taka hyrnestein eller grunnstein, men til ævelege audner skal du verta, segjer Herren.

27 Reis hermerke i landet, blås i lur millom folki, vig folkeslag til strid imot henne, kalla imot det kongeriki Ararat, Minni og Askenaz, set inn herhovdingar imot henne, før fram hestar som bustute engsprettor!

28 Vig folkeslag til strid imot henne, kongarne or Media, jarlarne og landshovdingarne der, og alt det land dei råder yver!

29 Då dirrar jordi og bivrar, for no vert Herrens tankar mot Babel sette i verk: å gjera Babellandet til ei øydemark, so ingen bur der.

30 Kjemporne i Babel hev halde upp med striden, dei sit i ro i borgerne. Deira kraft er kvorvi, kvende er dei vortne. Det er kveikt eld på hennar bustader, hennar bommar er brotne sunder.

31 Lauparsvein løyp mot lauparsvein og sendebod mot sendebod, med bod til Babel-kongen at byen hans er teken frå ende til annan,

32 at vadi er hersette, vatsdemmorne turrbrende med eld og hermennerne forfærde.

33 For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Babels dotter likjest ein treskjevoll når han vert tiltrakka; endå ei liti rid, og skurdonni vil koma for henne.

34 «Nebukadressar, Babel-kongen, hev ete oss, hev øydt oss, hev sett oss burt som eit tomt kjerald, hev gløypt oss som ein hav-drake, hev fyllt buken sin med forkunnmaten min, burt hev han drive oss.

35 Valdsverki mot meg, ja, mot mitt kjøt, koma yver Babel!» segje Sion-buarne, «og mitt blod yver Kaldæa-folket! segje Jerusalem.

36 Difor, so segjer Herren: Sjå, eg fører saki og hemnar meg for deg, og eg let hennar hav turkast upp og hennar kjelda torna.

37 Og Babel skal verta til steinrøysar, eit sjakal-bøle, ei skræma og ei hæding; ingen skal bu der.

38 Alle burar dei som ungløvor, gnaldrar som løve-kvelpar.

39 Når dei då er upp-øste, vil eg gjera eit drykkjelag åt deim og gjera deim drukne, so dei fagnar seg og sovnar i ein æveleg svevn og ikkje vaknar, segjer Herren.

40 Eg vil føra deim ned til slagting som lamb, som verar og bukkar.

41 Kor er Sesak vorte teke, og «fagnaden for all jordi» herteken! Kor er Babel hev vorte til ei skræma millom folki!

42 Havet gjekk yver Babel, ho vart løynt av dei marmande båror.

43 Byarne hennar er vorte til ei audn, eit turt land og ei øydemark, eit land som ingen mann bur i, og som inkje mannsbarn fer framum.

44 Og eg heimsøkjer Bel i Babel, og tek det han hev gløypt i seg ut or munnen hans, og folkeslag skal ikkje lenger strøyma til honom. Babel-murarne skal rynja, dei og.

45 Far ut derifrå, mitt folk, so dei kann berga kvar sitt liv for Herrens brennande vreide!

46 Og ver ikkje hugfalne og rædde for dei tiender som spørst i landet! For det vil koma ei tiend eitt året og ei onnor eit anna år, og urett vil råda på jordi, drott vil risa mot drott.

47 Difor, sjå, dei dagar skal koma då eg heimsøkjer gudebilæti hjå Babel, og alt landet hennar skal verta til skammar; og alle skal falla daudslegne hjå henne.

48 Då skal himmel og jord fagna seg yver Babel, for nordanfrå skal tynaren koma yver henne, segjer Herren.

49 Babel skal og falla, dei slegne menner av Israel, liksom det og for Babel hev falle slegne menner på heile jordi.

50 De som slapp undan frå sverdet, far av stad, stana ikkje! Minnest Herren frå burtlengste land, og kom Jerusalem i hug.

51 Me vart til skammar, for me laut høyra på svivyrding; skammi breidde seg yver våre andlit, for framande hadde kome seg inn yver heilagdomarne i Herrens hus.

52 Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja gudebilæti hennar, og i alt hennar land skal slegne menner stynja.

53 Um so Babel vil hevja seg til himmelen, og um ho gjer si høge festning u-klivande, so skal frå meg tynarar koma yver henne, segjer Herren.

54 Naudrop er høyrande frå Babel og stort tjon frå Kaldæarlandet.

55 For Herren tyner Babel og stoggar det store ståket hjå henne. Og bårorne deira skal dynja som store vatn, si dunande røyst skal dei lata ljoma.

56 For ein tynar kjem yver henne, yver Babel, og kjemporne hennar vert fanga, bogarne deira sundbrotne. For Herren er ein Gud som gjev attergjeld, han gjev full løn.

57 Og eg gjer deim drukne, hennar hovdingar og vismenner, hennar jarlar og landshovdingar og kjempor, og dei skal sovna av i ein æveleg svevn og ikkje vakna, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans.

58 So segjer Herren, allhers drott: Babel-muren, den breide, skal verta nedriven til grunnen, og portarne, dei høge, brende med eld, so folk skal ha mødt seg for inkje og folkeslag for elden, og stræva seg trøytte.

59 Den fyresegni som profeten Jeremia gav Seraja, son åt Neria Mahsejason, då han for til Babel med Sidkia, Juda-kongen, i det fjorde året han var konge. Men Seraja var kvartermeister.

60 Og Jeremia skreiv i ei bok, all den ulukka som skulde koma yver Babel - alle desse ordi som er skrivne um Babel.

61 Og Jeremia sagde med Seraja: «Når du kjem til Babel, då sjå til at du les alle desse ordi!»

62 Og du skal segja: «Herre, du hev sjølv tala um denne staden at du vil rydja honom ut, so ingen skal bu der meir, korkje folk eller fe, for til ævelege audner skal han verta.»

63 Og når du hev lese upp denne boki til endes, skal du binda ein stein til henne og kasta henne midt ut i Frat

64 og segja: «Soleis skal Babel søkka og ikkje koma upp att,» for den ulukka som eg let koma yver byen, og trøytte skal dei verta.» Hit når Jeremia-ordi.

52. kapitlet

1 Eitt og tjuge år gamall var Sidkia då vart konge, og elleve år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hamital Jeremiadotter, frå Libna.

2 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som Jojakim.

3 Det var for Herrens harm skuld det gjekk so med Jerusalem og Juda, til dess han støytte deim burt frå si åsyn. Sidkia fall ifrå Babel-kongen.

4 I det niande styringsåret hans, den tiande dagen i den tiande månaden, kom Nebukadressar, Babel-kongen, med heile heren sin til Jerusalem, lægra seg utanfor byen og bygde skansar rundt ikring honom.

5 Byen vart kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår.

6 I den fjorde månaden, den niande dagen i månaden, røynde svolten hardt på i byen, og landsfolket hadde inkje mat.

7 Då vart bymuren gjenombroten, og alt stridsfolket rømde og for ut or byen um natti gjenom porten i dubbelmuren ved kongshagen, medan kaldæarane låg rundt ikring byen. Dei tok leidi til Moarne.

8 Men kaldæarheren sette etter kongen og nådde Sidkia att på Moarne ved Jeriko. Alt herfolket sprang frå honom og spreiddest.

9 Dei fanga då kongen og førde honom upp til Babel-kongen, til Ribla i Hamatlandet, og han sagde upp domen yver honom.

10 Og Babel-kongen drap sønerne åt Sidkia medan han såg på det; sameleis drap han alle hovdingarne i Juda der i Ribla.

11 So stakk han ut augo på Sidkia, batt honom med tvo koparlekkjor og førde honom til Babel og sette honom i fangehus, der var han til sin døyande dag.

12 Og i den femte månaden, den tiande dagen i månaden, i det nittande styringsåret åt Babel-kongen Nebukadressar, kom livvakthovdingen Nebuzaradan, som stod for Babel-kongens åsyn, til Jerusalem.

13 Han brende upp Herrens hus og kongsgarden, ja, alle husi i Jerusalem og alle storfolk-hus sette han eld på.

14 Og heile kaldæarheren som var med livvakthovdingen, reiv ned alle murarne ikring Jerusalem.

15 Og sume av ålmugen og resten av folket som var att i byen, og rømingarne som hadde gjenge yver til Babel-kongen, og den flokken som var att dessforutan, førde livvakthovdingen Nebuzaradan burt.

16 Nokre av fatigfolket let livvakthovdingen Nebuzaradan vera att til å arbeida i vinhagarne og på åkrarne.

17 Koparsulorne som høyrde til Herrens hus, og fotstykki og koparhavet som var i Herrens hus, braut kaldæarane sund, og førde all koparen av deim til Babel.

18 Og dei tok oskefati og eldskuflerne og ljossakserne og blodbollarne og skålerne og alle kopargognere som dei hadde til gudstenesta.

19 Og livvakthovdingen tok fati og glodpannorne og blodbollarne og oskefati og ljosestakarne og fati og bollarne, alt som var av gull og sylv.

20 Tvo sulor og eit hav og dei tolv koparuksarne som var under fotstykki, som kong Salomo hadde laga åt Herrens hus - koparen i alle desse gognerne var ikkje vegande.

21 Um sulorne er å segja: Den eine sula var attan alner høg, og ein tråd på tolv alner gjekk ikring henne, og ho var fire fingrar tjukk og innhol.

22 Og det var eit sulehovud på henne av kopar, og det eine sulehovudet var fem alner høgt, og det var krot og granateple rundt ikring på sulehovudet, alt av kopar. Og likeins var det på den andre sula og granateple.

23 Og granatepli var seks og nitti utetter; alle granatepli på krotverket var eit hundrad rundt ikring.

24 Livvakthovdingen tok øvstepresten Seraja og den næst øvste presten Sefanja og dei tri dørstokkvaktarane,

25 og frå byen tok han ein hirdmann som var uppsynsmann yver herfolket, og sju mann som han råka på i byen av næmaste lagsfolket hjå kongen, dessutan skrivaren til herhovdingen, han som skreiv ut landsfolket til hertenesta, og seksti mann av landsfolket som han råka på i byen;

26 deim tok livvakthovdingen Nebuzaradan og førde deim til Babel-kongen i Ribla.

27 Og Babel-kongen slo deim i hel der i Ribla i Hamatlandet. Soleis vart Juda burtført frå landet sitt.

28 Dette er det folket som Nebukadressar førde burt: I det sjuande året tri tusund og tri og tjuge jødar;

29 i Nebukadressars attande år åtte hundrad og tvo og tretti sjæler frå Jerusalem;

30 i Nebukadressars tri og tjugande år førde Nebuzaradan, livvakthovdingen, burt av jødarne sju hundrad og fem og fyrti sjæler; fire tusund og seks hundrad sjæler i alt.

31 I det sju og trettiande året etter Juda-kongen Jojakin var burtførd, den fem og tjugande dagen i den tolvte månaden, gav Evil-Merodak, Babel-kongen - same året som han vart konge - Jojakin, Juda-kongen, uppreisnad og tok honom ut or fangehuset.

32 Han helsa honom venleg og gav honom fremste sessen millom dei kongarne som var hjå honom i Babel.

33 Han fekk leggja av seg fangebunaden, og gjekk kvar dag til kongens bord, so lenge han livde.

34 Kost og tæring naut han dagvisst på kongens kostnad til kvar dag det han trong for dagen, alt til sin døyande dag, heile si livetid.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021