Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Jesaja

Jesaja

1. kapitlet

1 Dette er dei syner som Jesaja, son åt Amos, fekk um Juda og Jerusalem i dei dagarne då Uzzia, Jotam, Ahaz og Hizkia var kongar i Juda.

2 Høyr, de himlar, og lyd etter, du jord! for Herren talar: Eg hev fostra born og født deim upp, men dei hev falle frå meg.

3 Ein ukse kjenner eigarmannen sin, og eit asen krubba åt herren sin; men Israel kjenner inkje, mitt folk sansar inkje!

4 Usæl er den synduge slegti, det skuldtyngde folket, eit ætt av illgjerdsmenner, rangsnudde born! Dei hev vraka Herren, vanvyrdt den Heilage og vendt honom ryggen.

5 Tolar de meir tukt, sidan de held ved med fråfall? Hovudet er som eit einaste sår, og hjarta er gjenomsjukt.

6 Frå hovud til fot finst det ikkje noko heilt, berre flengjor, flerror og nyhogne sår, som korkje er reinsa eller umbundne eller mykte med olje.

7 Ei øydemark er landet dykkar, brandtufter byarne dykkar, årsgrøda et framande upp framfor augo på dykk; alt vert lagt i øyde, soleis som berre framandfolk kann herja.

8 Berre dotteri Sion er att, liksom ei hytta i ein vinhage, eit natteskjol på ei agurkmark, som ein kringsett by.

9 Hadde ikkje Herren, allhers drott, unnt oss ein liten leivning, då hadde me vorte som Sodoma, me hadde set ut som Gomorra!

10 Høyr Herrens ord, de Sodoma-fyrstar, lyd etter vår Guds lov, du Gomorra-folk!

11 Kva skal eg med alle slagtofferi dykkar? segjer Herren. Eg leidest ved brennoffer av verar og ved feitt av gjødkalvar; og blod av uksar og lamb og bukkar hugar meg ikkje.

12 Når de kjem og vil visa dykk for mi åsyn - kven hev kravt slikt av dykk, at de skal trakka ned mine fyregardar?

13 Ber ikkje fram fleire falske grjonoffer; angen av deim styggjest eg ved. Nymåne og kviledag og tillyst møte, høgtidsferd og fanteferd hand i hand - eg toler det ikkje!

14 Dykkar nymånar og høgtider hatar mi sjæl, dei hev vorte meg ei byrd, som eg ikkje orkar bera.

15 Kor mykje de retter ut henderne dykkar, so let eg att augo, og kor mykje de bed, so høyrer eg ikkje; for henderne dykkar er fulle av blod!

16 Tvætta dykk, reinsa dykk! Slutta med dykkar vonde åtferd for augo mine, haldt upp med å gjera det som vondt er!

17 Lær å gjera godt, legg vinn på det som rett er, vis valdsmannen på betre vegar, hjelp den farlause til retten sin, før saki åt enkja!

18 Kom og lat oss føra sak med einannan, segjer Herren. Um synderne dykkar er som purpur, so skal dei verta kvite som snø. Um dei er raude som skarlak, so skal dei verta som ull.

19 Berre de er viljuge og lyder, so skal de få njota det gode i landet.

20 Men er de motviljuge og tråssuge, so skal sverdet øyda dykk ut. For Herrens munn hev tala!

21 Kor ho hev vorte ei skjøkja, den trufaste borgi! Fyrr full av rett, rettferd budde derinne, og no - mordarar.

22 Sylvet ditt hev vorte til slagg, med vatn er vinen din blanda.

23 Dine styresmenner er upprørsmenner, dei held lag med tjuvar. Alle so elskar dei mutor og jagar etter vinning. Den farlause hjelper dei ikkje til retten sin, og saki åt enkja kjem ikkje deim ved.

24 Difor segjer Herren, Herren, allhers drott, Israels Velduge: Ja, eg vil sløkkja harmen min på mine uvener, og taka hemn yver fiendarne mine.

25 Og eg vil retta mi hand imot deg og reinsa ut ditt slagg som med lut, og skilja ut alt ditt bly.

26 Og atter vil eg gjeva deg slike domarar som du hadde fyrr, og slike rådsmenner som du ein gong åtte. Og då skal du heita «rettferdsby», «den trufaste borgi».

27 Ved rett skal Sion verta utløyst og ved rettferd dei som umvender seg der.

28 Men undergang skal råka alle illgjerdsmenner og syndarar; og dei som vender seg frå Herren, skal ganga til grunnar.

29 Ja, de skal få skam av dei eiker som var dykkar hugnad; og de skal blygjast av dei hagar som var dykkar lyst.

30 For de skal verta som ei eik med visnande lauv og som ein hage utan vatn.

31 Og den sterke skal verta til stry og hans verk til ein gneiste, og dei brenn båe til saman, og ingen sløkkjer.

2. kapitlet

1 Det ordet som Jesaja, son åt Amos, såg um Juda og Jerusalem:

2 Og det skal verta soleis i dei siste dagar, at det fjellet der Herrens hus stend, skal vera grunnfest på toppen av fjelli, og høgt yver haugarne, og alle folki skal strøyma burt til det.

3 Og mange folk skal bu seg til ferd og segja: «Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, at han må læra oss um sine vegar, so at me kann ganga på hans stigar!» For lovlæra skal ganga ut frå Sion, og Herrens ord frå Jerusalem.

4 Og han skal døma imillom folki og skipa rett åt mange folkeslag. Då skal dei smida plogjarn av sverdi sine, og hagesigdar av spjoti sine. Folk skal ikkje lenger lyfta sverd mot folk, og ikkje lenger temja seg upp til krigsferd.

5 Jakobs ætt, kom, lat oss ferdast i Herrens ljos!

6 Du hev støytt frå deg folket ditt Jakobs ætt, for di dei er fulle av trolldom frå Austerland og driv med spådomskunster som filistarane, og gjer samband med framande folk.

7 Landet deira er fullt av sylv og gull, og eignaluterne tryt ikkje. Landet deira er fullt av hestar, og vognerne deira er uteljande.

8 Landet deira er fullt av avgudar, dei fell på kne for verk av sine eigne hender, for det som deira eigne fingrar hev gjort.

9 Difor vert menneskja bøygd og mannen mykt, du kann ikkje tilgjeva deim.

10 Fly inn i fjellet, gøym deg i jordi for Herrens rædsla, for hans høgvelde og herlegdom!

11 Menneskja skal slå ned sine stolte augo, og mannsens stormod skal bøygjast, og einast Herren standa høg på den dagen.

12 For ein dag hev Herren, allhers drott, sett, som skal koma yver alt det kaute og keike, og yver alt det som ris i veret, so det skal verta lite og lågt.

13 Yver alle cedrar på Libanon, dei høge og stolte, og yver alle Basaneikerne,

14 yver alle høge fjell og stolte høgder,

15 yver alle høge tårn og alle faste murar,

16 yver alle Tarsis-skip og yver alt som er fagert å skoda.

17 Då skal ovmodet i menneskja knekkjast og mannsens stormod bøygjast, og einast Herren skal standa høg på den dagen.

18 Med avgudarne er det ute for ollo.

19 Og folk skal fly inn i hellerar og jordholor for Herrens rædsla og for hans høgvelde og herlegdom, når han reiser seg og skræmer jordi.

20 På den dag skal menneskja kasta for moldvarpar og skinnvengjor avgudarne sine av sylv og gull, som dei hev gjort seg til å falla på kne for.

21 Og dei skal fly inn i fjellskortor og skard for Herrens rædsla og for hans høgvelde og herlegdom, når han reiser seg og skræmer jordi.

22 So set ikkje lenger dykkar lit til menneskja, som berre eig ein liten livspust i nosi si! Kva er ho å bry seg um?

3. kapitlet

1 For sjå Herren, Allhers-Herren, skal taka burt frå Jerusalem og Juda kvar studnad og stav, kvar studnad av mat, og kvar studnad av vatn,

2 kjempa og stridsmann, domar og profet, spåmann og styresmann,

3 femtimanns-førar og vyrdingsmann, rådsherre og handverksmeister og trollkunnig mann.

4 Og eg skal gjeva deim unggutar til styrarar, og gutehått skal råda yver deim.

5 Og folket - den eine skal plåga den andre, kvar ein sin granne. Guten skal setja seg upp imot den gamle, fanten imot fagnamannen.

6 Når det då hender, at ein fær tak i ein annan i huset åt far hans, og segjer: «Du eig då ein klædnad, ver du styraren vår! Tak då rådvelde yver dette fallande riket!»

7 då skal han svara og segja: «Eg er ingen sårlækjar, i mitt hus er korkje brød eller klæde; gjer ikkje meg til styrar yver folket!»

8 For Jerusalem snåvar og Juda fell, av di dei i ord og gjerd stend Herren imot, og er tråssuge framfor hans herlegdoms åsyn.

9 Sjølve andlitssvipen deira vitnar imot deim, og liksom i Sodoma talar dei utan dulsmål um syndi si. Ve deira sjæl! For dei valdar seg sjølv ulukka.

10 Seg um den rettferdige at det skal ganga honom godt; frukti av si gjerning skal han njota.

11 Men usæl den ugudlege! honom skal det ganga ille; hans eigne gjerningar hemnar seg på honom sjølv.

12 Styraren yver mitt folk er eit barn, og kvinnor råder yver det. Mitt folk, førarane dine fører deg vilt, og gjer vegen du skal fara til villstig.

13 Herren hev stige fram, han vil føra sak, han stend og vil døma folki.

14 Herren held rettargang med sitt folks styresmenner og hovdingar: «De hev plundra vinhagen! Ran frå fatigmannen er i husi dykkar!

15 Korleis kann de soleis skamfara mitt folk og trakka dei fatige under fot?» segjer Herren, Allhers-Herren.

16 Og Herren segjer: «Av di Sions døtter briskar seg og gjeng med bratt nakke og spelar med augo, og gjeng og trippar og ringlar med fotringarne sine,

17 so skal Herren gjera kruna skurvut på Sions døtter, og Herren skal nækja deira blygsla.

18 På den dagen tek Herren frå deim all stasen deira: Fotringar, panneband, halssylgjor,

19 øyredobbor, armband, slør,

20 hovudpryda, fotkjedor, belte, lukteflaskor, amulettar,

21 fingergull, naseringar,

22 høgtidsbunader, kåpor, kasteplagg, pungar,

23 speglar, serkjer, huvor, flor.

24 Og det skal verta illtev i staden for godange, reip i staden for belte, fleinskalle i staden for flettor, sekkjety i staden for høgtidstidsbunad og svidmerke i staden for vænleik.

25 Mennerne dine skal falla for sverd og kjemporne dine i krig.

26 Og portarne hennar skal gråta og låta, og einsleg sit ho att i gruset.»

4. kapitlet

1 Og på den dagen skal sju kvinnor triva i ein og same mann og segja: «Me vil sjølve både føda og klæda oss, berre me fær bera namnet ditt! Fri oss frå vanæra vår!»

2 På den dagen skal Herrens renning vera til pryda og herlegdom, og landsens frukt gild og fager for leivningen av Israel.

3 Og det skal vera soleis, at den som er att i Sion og etterleivd i Jerusalem, han skal kallast heilag, kvar og ein som er innskriven til liv i Jerusalem -

4 når Herren fær tvætta av ureinskapen hjå Sions døtter og reinsa blodskuldi ut or Jerusalem med doms-ande og reinsings-ande.

5 Og yver alt Sions-fjell og møtelydarne der skal Herren skapa ei sky og ein røyk um dagen og skinet av ein logande eld um natti; for yver all herlegdomen skal det vera ein kvelv.

6 Og ei hytta skal vera til livd mot dagsens hite og til vern og berging mot uver og regn.

5. kapitlet

1 Eg vil syngja um min ven, songen åt min ven um hans vinhage, min ven hadde ein vinhage på ein grøderik haug.

2 Han hakka honom upp, han reinsa honom for stein og sette gode vintre der; han bygde eit vakttårn og hogg attpå ei vinpersa. So venta han seg ein haust av egte druvor, men fekk berre villbær.

3 Og no, de Jerusalems-buar og de Juda-menner, døm no millom meg og min vinhage!

4 Kva meir var det å gjera med min vinhage enn eg hev gjort? Kvi bar han villbær, når eg venta meg egte druvor?

5 So vil eg då kunngjera dykk kva eg etlar meg til å gjera med vinhagen min: Eg vil riva ned gjerdet, so han vert avbeitt, brjota ned muren, so han vert nedtrakka.

6 Eg vil gjera honom til ei øydemark; han skal aldri verta kvista eller graven, men han skal gro full av torn og tistel, og skyerne vil eg bjoda dei skal ikkje senda regn yver honom.

7 For vinhagen åt Herren, allhers drott, er Israels hus, og Juda-folket er hans kjæraste plantning; men når han venta lov, fann han rov, og når han venta rettferd, fann han uferd.

8 Usæle dei som legg hus til hus og åker til åker, til dess det inkje meir rom finst, so de bur åleine midt i landet!

9 Frå Herren, allhers drott, kling det i øyro mine: Sanneleg, dei mange husi skal leggjast i øyde, kor store og gode dei er, skal ingen bu der.

10 For ein vinhage på ti plogland skal berre gjeva av seg eitt anker, og tri tunnor utsæde berre ei skjeppa.

11 Usæle dei som årle hastar til sterk drykk og sit utetter natti eldraude av vin!

12 Cither og harpa og trumma og fløyta og vin hev dei i drikkelagi sine, men Herrens gjerningar ansar dei ikkje, og verket av hans hender ser dei ikkje.

13 Difor lyt folket mitt fara i utlægd fyrr det varast, storkararne lida hunger, og dei skrålande skarar ormegtast av torste.

14 Difor vert helheimen dess meir grådig og spilar upp sitt gap umåteleg, og ned sturtar dei som er store i byen, dei som ståkar og bråkar, og dei som hev gaman der.

15 Då må menneskja bogna og mannen bøygjast, og dei stolte augo sjå ned.

16 Men Herren, allhers drott, vert høg ved domen, og den heilage Gud syner seg heilag ved rettferd.

17 Og lamb gjeng der på beite som på si eigi mark, og aude tufter etter rikmennerne beiter framande av.

18 Usæle dei som dreg fram syndestraff med lygnetog og syndebot liksom med vognreip,

19 dei som segjer: «Lat honom hasta og skunda seg med verket sitt, so me kann få sjå det! Lat Israels Heilage fullføra si rådgjerd, so me kann få kjenna henne!»

20 Usæle dei som kallar det vonde godt og det gode vondt, dei som gjer myrker til ljos og ljos til myrker, dei som gjer beiskt til søtt og søtt til beiskt!

21 Usæle dei som er vise i sine eigne augo og kloke i sine eigne tankar!

22 Usæle dei som er kjempor til å drikka vin, og djerve karar til å blanda sterk drykk,

23 dei som gjev den skuldige rett for gåvor skuld, og tek retten frå den rettferdige!

24 Difor, liksom eldslogen øyder strå, og halm skrøkk saman på bålet, soleis skal roti deira rotna og blomen føykjast burt som dust, for di dei vraka lovi åt Herren, allhers drott, og vanvyrde ordet åt Israels Heilage.

25 Difor hev Herrens vreide loga upp imot folket hans, og han retter handi ut imot det og slær det, so fjelli skjelv, og lik ligg som sorp og saur på gatorne. Men med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg; og endå retter han ut handi.

26 Og han reiser eit hermerke for heidningfolki langt burte og blistrar honom hit frå enden av jordi, og sjå, snart og snøgt kjem han.

27 Det finst ingen der som er trøytt eller snåvar, ingen som blundar eller søv; på ingen losnar beltet um livet, ikkje ei skoreim slitnar på nokon av deim.

28 Pilerne hans er kvasse, og bogarne hans er alle spente. Hovarne på hestarne er som flint, og vognhjuli hans likjest kvervelstorm.

29 Han burar som løva, han murrar som ungløvorne; burande grip han sitt rov og ber det burt, og det er ingen som bergar.

30 Det durar inn yver honom på den dagen som duren av havet; og skodar han på jordi, so er det myrker og naud, ljoset vert dimt under dei tunge skyer!

6. kapitlet

1 Det året då kong Uzzia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg og hæv kongsstol, og slæpet på klædnaden hans fyllte templet.

2 Serafar stod ikring honom. Kvar av deim hadde seks vengjer: med tvo gøymde dei andliti sine, med tvo gøymde dei føterne sine, og med tvo flaug dei.

3 Og den eine ropa til den andre og sagde: «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot, all jordi er full av hans æra!»

4 Grunnen under dørstokkarne riste når ropet ljoma, og huset vart fyllt med røyk.

5 Då sagde eg: «Usæl er eg, no er ute med meg! for eg er ein mann med ureine lippor, og eg bur millom eit folk med ureine lippor, og augo mine hev set kongen, Herren, allhers drott!»

6 Men ein av serafarne flaug fram til meg, han hadde i handi ein glod som han med ei tong hadde teke på altaret.

7 Med den rørde han ved munnen min, og so sagde han: «Sjå, denne hev rørt ved lipporne dine, no er di misgjerd burte, og di synd er sona.»

8 Og eg høyrde Herren tala og sagde: «Kven skal eg senda, og kven vil vera vår bodberar?» Då sagde eg: «Sjå her er eg, send meg!»

9 Og han sagde: «Gakk av stad og seg til dette folket: «Høyr og høyr, men håtta ikkje! Sjå og sjå, men skyna ikkje!»

10 Gjer hjarta hardt på dette folket, gjer øyro dauvhøyrt og gjer augo blinde, so dei ikkje ser med augo eller høyrer med øyro eller skynar med hjarta, og vender um og vert lækte.»

11 Men eg sagde: «Kor lenge, Herre?» Han sagde: «Til dess byarne ligg aude og tome, og husi stend utan folk, og landet ligg att som ei øydemark,

12 til dess Herren hev sendt folket langt burt, og øydestaderne hev vorte mange i landet.

13 Og finst det endå att ein tiandepart, so skal den og øydast ut liksom ei terebinta eller ei eik, som berre rotstuven er att av, når dei vert nedhogne. Denne stuven skal vera eit heilagt sæde.»

7. kapitlet

1 Og det bar til i dei dagarne då Ahaz, son åt Jotam, soneson åt Uzzia, var konge i Juda, at den syriske kongen, Resin, og Israels-kongen Pekah, son åt Remalja, drog upp mot Jerusalem og vilde hertaka byen, men dei greide det ikkje.

2 Og då det vart meldt til Davids hus at syrarane hadde lægra seg i Efraim, so skalv hjarta hans og hjarta åt folket hans, liksom tre i skogen skjelv i vinden.

3 Men Herren sagde til Jesaja: «Gakk ut med son din Sjear-Jasjub og møt Ahaz ved enden av vatsleidingi i den øvre dammen, på vegen til Bleikjevollen,

4 og seg til honom: Tak deg vel i vare og haldt deg i ro! Ottast ikkje og ver ikkje hugfallen for desse tvo rjukande brandarne, for blodsinnet åt Resin og Syria og Remaljasonen!

5 Etter di Syria med Efraim og Remaljasonen hev lagt upp vonde råder mot deg og sagt:

6 «Me vil fara upp imot Juda og skjota det støkk i bringa og hertaka det og setja inn ein konge der, Tab’al-sonen,»

7 difor segjer Herren, Herren: Det skal ikkje lukkast, det skal ikkje henda.

8 For hovudet åt Syria er Damaskus, og hovudet åt Damaskus er Resin, og um fem og seksti år skal Efraim vera lagt i øyde, so det ikkje meir er eit folk.

9 Og Efraims hovud er Samaria, og hovudet åt Samaria er Remaljasonen. Vil de ikkje tru, skal de ikkje trygt få bu.»

10 Og Herren heldt ved og tala til Ahaz og sagde:

11 «Krev deg eit teikn av Herren, din Gud, anten nedan or helheimsdjupet, eller ovan ifrå høgdi!»

12 Men Ahaz svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje freista Herren.»

13 Då sagde han: «So høyr då, du Davids hus: Er det dykk ikkje nok, at de set tolmodet åt menneskje på prøva? Vil de og prøva Guds tolmod?

14 So skal då Herren sjølv gjeva dykk eit teikn: Sjå, møyi vert med barn og føder ein son, og ho gjev honom namnet Immanuel.

15 Sur mjølk og honning skal vera maten hans ved det leitet då han skynar å vanda det vonde og velja det gode.

16 For innan sveinen hev skyn på å vanda det vonde og velja det gode, so skal det verta audt for folk i landi åt dei tvo kongarne som no fær deg til å fæla.

17 Og yver deg og yver folket ditt og yver farshuset ditt skal Herren lata dagar koma som det ikkje hev vore maken til alt ifrå den tid då Efraim skilde seg frå Juda: assyrarkongen.

18 For på den tidi skal Herren blistra på fluga langt burte ved elvarne i Egyptarland og på bia i Assyrialandet;

19 og dei skal koma og slå seg ned alle saman i dei aude dalarne og bergklufterne, i alle klungerrunnar og ved alle brynne-stader.

20 På den dagen skal Herren med ein rakekniv, som er tinga på hi sida av elvi, med assyrarkongen, raka av alt hår både ovantil og nedantil, jamvel skjegget vert avskrapa.

21 På den tidi skal ein mann føda ei kviga og tvo sauer.

22 Men han skal få so mykje mjølk, at han kann leva av surmjølk; ja, alle som finst att i landet, skal liva av sur mjølk og honning.

23 Og det skal verta soleis på den tidi, at der det no stend tusund vintre som er tusund sylvdalar verde, der skal det berre veksa torn og tistel.

24 Med piler og bogar skal ein ganga dit; for alt landet ber torn og tistel.

25 Og alle dei berg der dei no onnar med hakka, skal ingen meir setja sin fot på av otte for torn og tistel; dei skal verta hamnegangar åt uksar, og utmark som vert nedtrakka av sauer.»

8. kapitlet

1 Og Herren sagde til meg: «Tak deg ei stor tavla og skriv med menneskjeskrift: Brå-herfang Snøgg-ran!

2 Og eg vil taka meg pålitande vitne: presten Uria og Zakarja Jeberekjason.»

3 Og eg gjekk inn til profetkona, og ho vart umhender og fekk ein son. Og Herren sagde til meg: «Gjev han namnet: Brå-herfang, Snøgg-ran.

4 For fyrr guten kann segja «far» og «mor», skal rikdomarne i Damaskus og herfanget frå Samaria berast fram for kongen i Assyria.»

5 Og Herren tala framleides til meg og sagde:

6 «Av di dette folket vanvyrder Siloahvatnet som renn so stilt, og hev sin hugnad i Resin og Remaljasonen,

7 sjå, difor let Herren koma yver deim det stride og velduge vatnet frå Storelvi - assyrarkongen og all hans herlegdom - og ho skal stiga yver alle trømarne og fløyma yver alle strenderne sine.

8 Ho skal trengja seg fram i Juda, fløda yver og breida seg og nå folk under hoka, og med sine velduge vengjer skal ho fylla ditt land, vidt og breidt, Immanuel!»

9 Bråka berre, de folkeslag, de skal brotna. Lyd etter, alle land langt burte! Bu dykk til strid! de skal brotna.

10 Legg upp råd! ho skal verta til inkjes. Gjer avtale! han skal ikkje få framgang. For med oss er Gud.

11 For so sagde Herren til meg, då handi hans greip meg med magt, og han vara meg imot å ganga same vegen som dette folket:

12 De skal ikkje kalla samansverjing alt det som dette folket kallar samansverjing, og ikkje ottast det som det ottast, og de skal ikkje skjelva.

13 Nei, Herren, allhers drott, skal de halda heilag, honom skal de ottast, og for honom skal de skjelva.

14 Han skal verta ein heilagdom og ein støytestein og ein bergstabbe til fall for båe Israels hus, ei snare og ei gildra for Jerusalems-buarne.

15 Og mange skal snåva og falla og skamslå seg, sitja fast i fella og verta fanga.

16 Legg vitnemålet umbunde og læra forsigla i hjarta åt læresveinarne mine!

17 Eg ventar på Herren, han som løyner si åsyn for Jakobs hus; på honom vonar eg.

18 Sjå, eg og borni som Herren hev gjeve meg, me er teikn og varsel i Israel frå Herren, allhers drott, som bur på Sionsfjellet.

19 Men når dei segjer til dykk: «Søk til draugemanarar og spåvette, som kviskrar og mullar,» so svara: «Skal ikkje eit folk søkja til sin Gud? Skal dei frega ut dei daude for dei livande?»

20 «Til læra, til vitnemålet!» Segjer dei ikkje soleis, skal dei vera utan morgonrode.

21 Dei skal flakka umkring i landet plåga og hungrande, og i sin hunger skal dei harmast og banna sin konge og sin Gud. Og dei skal skoda upp,

22 og dei skal skoda ned på jordi; men sjå, der er naud og natt og myrker og angest. Ut i svarte natti er dei drivne.

9. kapitlet

1 Men myrker skal ikkje verta verande i det landet som no er i våde. I den tidi som gjekk, hev han late landet åt Sebulon og Naftali vera lite vyrdt, men i framtidi skal han lata vegen attmed havet koma til æra, landet på hi sida åt Jordan, heidningkrinsen.

2 Det folket som ferdast i myrkret, skal sjå eit stort ljos; yver deim som bur i daudskugge-landet, skal ljoset stråla.

3 Du aukar folket som du fyrr ikkje gav stor gleda; dei gled seg for di åsyn som ein gled seg i kornskurden, som ein frygdar seg når herfang vert utskift.

4 For det tunge oket, kjeppen til ryggen deira, staven åt drivaren deira, hev du brote sund, liksom på Midjans-dagen.

5 For kvar ein styvel som stauka i stridsgny, og kvar blodsulka klædnad skal brennast og verta mat åt elden.

6 For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven, og herreveldet kviler på hans herdar, og han heiter Underfull, Rådgjevar, Veldug Gud, Æveleg Fader, Fredsfyrste.

7 So skal herredømet verta stort og freden utan ende yver Davids kongsstol og yver riket hans; det skal reisast og stydjast med rett og rettferd frå no og til æveleg tid. Brennhugen i Herren, allhers drott, skal gjera dette.

8 Eit ord sender Herren mot Jakob, det slær ned i Israel,

9 og heile folket skal merka det, Efraim og Samaria-buarne, som i hjartans storlæte og ovmod segjer:

10 «Tiglmurar hev rundt saman, men me skal byggja upp att med hoggen stein; morbertre er felte, men me skal setja cedertre i staden.»

11 Difor reiser Herren Resins uvener mot deim og eggjar fiendarne deira,

12 syrarane frå den eine sida og filistarane frå den andre, og dei skal eta upp Israel med gløypande gap. Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.

13 Men folket vende ikkje um til honom som slær det, Herren, allhers drott, søkjer dei ikkje.

14 Difor høgg Herren både hovud og hale av Israel, palmegrein og sev, alt på ein dag.

15 Styresmann og storkar er hovudet, og ein profet som lærer lygn, er halen.

16 For dei som fører folket, fører vilt, og dei som let seg leida, gjeng til grunnar.

17 Difor kann ikkje Herren gleda seg yver ungdomarne deira og ikkje heller hava medynk med dei farlause og enkjorne; for alle saman so er dei gudlause og gjer det vonde, og kvar munn talar dårskap. Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.

18 For gudløysa brenn som eld, øyder torn og tistel og kveikjer i den tjukke skogen, so han gjeng upp i høge kvervlar av røyk.

19 Ved harmen til Herren, allhers drott, stend landet i loge, og folket vert til føda for elden; den eine sparer ikkje den andre.

20 Dei høgg til høgre og hungrar endå, dei glefser til vinstre og vert ikkje mette; kvar og ein et holdet av sin eigen arm:

21 Manasse et Efraim og Efraim Manasse; og båe tvo til saman kastar seg yver Juda. Men med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.

10. kapitlet

1 Usæle dei som gjev urettferdige lover, og som med all si skriving berre bokfører urett,

2 so dei kann trengja småfolk burt ifrå retten og rana frå armingarne i folket mitt det som deira er og gjera enkjor til sitt herfang og plundra farlause.

3 Kva vil de gjera på heimsøkjingsdagen, når undergangen kjem langt burtan ifrå? Kven vil de fly til etter hjelp, og kvar vil de gøyma skattarne dykkar?

4 Er det noko anna for enn å bøygja kne millom fangar eller å falla millom drepne? Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.

5 Usæl Assur, mitt vreideris! Min harm er staven i handi hans.

6 Mot eit gudlaust folk sender eg honom, eg byd honom fara imot eit folk som eg er harm på, at han skal plundra og rana og trakka det ned som saur på gatorne.

7 Men soleis meiner ikkje han, og hjarta hans tenkjer ikkje soleis. Nei, hans hug stend til å øyda og rydja ut folk i mengd.

8 Han segjer: «Er ikkje hovdingarne mine kongar alle i hop?

9 Hev det ikkje gjenge Kalno liksom Karkemis og Hamat liksom Arpad og Samaria liksom Damaskus?

10 Liksom mi hand hev nått kongeriki åt dei andre gudarne, endå gudebilæti var meir tallrike enn i Jerusalem og i Samaria,

11 skulde eg ikkje då magta å gjera det same med Jerusalem og gudebilæti der som eg hev gjort med Samaria og gudarne der?»

12 Men når Herren hev fullført alt sitt verk på Sionsfjellet og i Jerusalem, skal eg heimsøkja assyrarkongen for hans hjartans ovmodsfrukt og for hans høglyfte, stolte augo.

13 For han segjer: «Med mi velduge hand hev eg gjort dette og med min visdom, for eg er gløgg. Eg flutte folkegrensorne, og rana eignaluterne deira, og i mitt velde støytte eg ned deim som sat i kongsstolarne,

14 og handi mi greip etter skattarne åt folki liksom fuglereir, og liksom dei samlar egg som fuglarne er flogne av, soleis samla eg saman alle land på jordi, det fanst ingen som rørde vengen eller opna nebben til minste pip.»

15 Skal då øksi briska seg imot honom som høgg med henne? eller sagi skrøyta mot den som sagar? Rett liksom kjeppen skulde svinga den som lyfter honom! eller staven honom som ikkje er av tre!

16 Difor skal Herren, Allhers-Herren, senda tærande sott i den feite kroppen hans, og under hans herlegdom skal ein eld loga upp som eit brennande bål.

17 Israels ljos skal verta ein eld, og den Heilage i Israel til ein loge, og dei skal brenna upp og øyda hans tornar og tistlar, alt på ein dag.

18 Og han skal gjera ende på dei gilde skogarne og aldehagarne hans med rubb og stubb; han skal verta liksom ein sjukling som visnar burt.

19 Dei tre som vert att i skogen hans, skal vera lett teljande, eit barn kann skriva deim upp.

20 På den tid skal leivningen av Israel og det som er att av Jakobs hus ikkje lenger stydja seg til honom som slo deim, men trufast stydja seg til Herren, Israels Heilage.

21 Ein leivning skal venda um, ein leivning av Jakob, til Gud den velduge.

22 For um so ditt folk, Israel, var som sanden ved havet, so skal berre ein leivning av det venda um. Undergang er fastsett, og fløymer fram med rettferd.

23 For øyding og fastsett straffedom skal Herren, Allhers-Herren, lata koma yver all jordi.

24 Difor segjer Herren, Allhers-Herren, so: Folket mitt, du som bur på Sion, ottast ikkje Assur, når han slær deg med ris og lyfter staven sin imot deg, soleis som dei gjorde i Egyptarland!

25 For um ei liti stund er harmen min slokna, og min vreide vender seg til deira undergang.

26 Og Herren, allhers drott, svingar svipa si yver honom, liksom då han slo Midjan ved Ramneberget; og staven hans er utrett yver havet, og han skal lyfta honom som i Egyptarland.

27 PÅ den dag skal byrdi hans falla av herdarne dine og oket hans av halsen din, oket skal brotna for ditt aukande hold.

28 Han kjem mot Ajjat, fer framum Migron; han let etter seg trænet i Mikmas.

29 Dei fer yver skardet. «I Geba heldt me nattekvild!» Rama skjelv; Sauls Gibea flyr.

30 Skrik høgt, du dotter Gallim! Lyd etter, Laisa! Arme Anatot!

31 Madmena flyr, Gebim-buarne bergar sitt bu.

32 Endå same dagen stend han i Nob, han lyfter handi mot fjellet åt dotteri Sion, mot Jerusalems-haugen.

33 Sjå, Herren, Allhers-Herren, høgg kruna av med gruveleg kraft; dei rake stomnar er felte; dei røslege tre ligg brotne i bakken.

34 Den tjukke skogen vert nedhoggen med øksi. Libanon fell for den herlege.

11. kapitlet

1 Men ein kvist skal renna or Isaistuven, og ein renning frå hans røter skal bera frukt.

2 Og Herrens Ande skal kvila yver honom, anden med visdom og vit, anden med råd og styrke, anden med Herrens kunnskap og otte.

3 Han skal hava sin hugnad i Herrens otte, og han skal ikkje døma etter det augo ser, og ikkje skipa rett etter det øyro høyrer.

4 Han skal døma armingar med rettferd, og skipa rett med rettvisa for dei smålåtne i landet, og han skal slå jordi med riset i sin munn og drepa den gudlause med anden frå lipporne sine.

5 Rettferd skal vera beltet um lenderne og truskap beltet um mjødmarne hans.

6 Då skal ulven bu saman med lambet, og panteren liggja i lag med kidlingen; og kalven og ungløva og gjødfeet skal semjast saman, og ein smågut skal gjæta deim.

7 Kui og bjørnen skal beita saman, ungarne deira skal liggja i lag, og løva skal eta halm som ein ukse.

8 Sogbarnet skal leika seg innved bolet til hoggormen, og barnet som nyst er avvant, skal retta handi inn i hola åt basilisken.

9 Ingen skal gjera det som vondt eller skadelegt er, på heile mitt heilage fjell; for landet er fyllt av kunnskap um Herren, liksom vatnet fyller havet.

10 På den dagen skal heidningfolki søkja til rotrenningen av Isai, som stend til fana for folki; og bustaden hans skal vera herleg.

11 Og på den dagen skal Herren endå ein gong retta ut handi og vinna leivningen av folket sitt, det som er att frå Assyria og Egyptarland og Patros og Ætiopia og Elam og Sinear og Hamat og havstrenderne.

12 Og han skal reisa ei fana for folki og samla dei burtdrivne menner av Israel og sanka saman dei spreidde kvinnor av Juda frå heimsens fire hyrno.

13 Då skal Efraims ovund kverva, og uvenskapen hjå Juda vika; Efraim skal ikkje hysa ovund mot Juda og Juda ikkje visa uvenskap mot Efraim.

14 Som rovfuglar skal dei slå ned på herdarne åt filistarane i vest, og sameinte skal dei taka herfang av austerlendingarne. På Edom og Moab skal dei leggja hand, og Ammons-borni skal lyda deim.

15 Og Herren skal turka upp viki av Egyptarhavet, og i brennande harm svinga handi yver elvi, og han skal kløyva henne i sju bekkjer, so ein kann ganga turrskodd yver.

16 So skal det verta ein brøytt veg for leivningen av folket hans, som er att frå Assyria, liksom det var for Israel den dagen dei drog upp frå Egyptarland.

12. kapitlet

1 På den dagen skal du segja: «Eg takkar deg, Herre, for du var vreid på meg, men vreiden din kvarv, og du trøysta meg!

2 Sjå, Gud er mi frelsa, eg er trygg og ottast ikkje; for Herren, Herren er min styrke og min lovsong, og han vart meg til frelsa.»

3 Og med fagnad skal de ausa vatn or frelse-kjeldorne!

4 Og de skal segja på den dagen: «Takka Herren, kalla på hans namn, kunngjer bland folki hans verk, fortel at hans namn er høgt!

5 Syng lov for Herren, for storverk hev han gjort! Lat heile verdi få vita det!

6 Ropa av frygd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage hjå dykk!»

13. kapitlet

1 Framsegn um Babel, som Jesaja, son åt Amos, skoda.

2 Reis eit merke på skoglaust fjell, ropa høgt til deim, veifta med handi, at dei må koma og draga inn gjenom portarne åt valdsherrarne.

3 Eg hev bode ut dei vigde mennerne mine, ja, til å føra fram min vreide hev eg kalla kjemporne mine, dei sigerbyrge, jublande skarar.

4 Høyr, bråk på fjelli som av eit stort folk! Høyr gnyen av kongerike, av folk som strøymer i hop! Herren, allhers drott, mynstrar stridsheren sin.

5 Ifrå land langt burte kjem dei, frå himmelens ende, Herren og hans vreide-verkty, og vil herja heile jordi.

6 Jamra dykk! for Herrens dag er nær; han kjem som vald frå Allvald.

7 Difor sig alle hender, og alle mannshjarto brånar i barmen.

8 Dei skjelv, verk og ve tek deim, dei vrid seg som ei fødande kvinna. Vitskræmde stirer dei på kvarandre, raude som eldslogar er dei i andlitet.

9 Sjå, Herrens dag kjem gruveleg, full av vreide og brennande harm, og skal gjera jordi til ei øydemark, og rydja ut syndarane hennar.

10 For stjernorne og stjernebilæti på himmelen let ikkje ljoset sitt skina, myrk er soli når ho renn, og månen let ikkje ljoset sitt stråla.

11 Eg vil heimsøkja jordi for vondskapen og dei gudlause for deira misgjerningar, eg vil gjera ende på storlætet åt dei ovmodige og døyva byrgskapen hjå valdsherrarne.

12 Eg skal gjera folk meir sjeldsynte enn fint gull, menneskje meir sjeldsynte enn gull frå Ofir.

13 Difor vil eg skaka himmelen, og jordi skal fara bivrande upp frå sin stad ved harmen åt Herren, allhers drott, på den dagen vreiden hans brenn.

14 Som skræmde gasellor, som sauer som ingen sankar, skal dei snu heim, kvar til sitt folk, og fly kvar til sitt land.

15 Kvar den som vert funnen, vert gjenomstungen, og kvar den som vert gripen, skal falla for sverd.

16 Småborni deira skal krasast framfor augo deira; husi deira skal verta herja og kvinnorne deira valdtekne.

17 Sjå, eg eggjar mot deim medarane, som ikkje bryr seg um sylv eller trår etter gull.

18 Bogarne deira skal fella gutarne; med livsfrukt hev dei ingen medynk, borni sparer dei ikkje.

19 Og med Babel, kruna millom riki, den stolte kaldæar-pryda, skal det ganga som då Gud lagde Sodoma og Gomorra i øyde.

20 Aldri meir skal det byggjast att; frå ætt til ætt skal ingen bu der; ingen arab skal slå upp sitt tjeld, og ingen hyrding lægra seg der med si hjord.

21 Men villdyr skal liggja der, og husi fyllast av hubro; strutsar skal bu der, og raggetroll hoppa ikring.

22 Ulvar skal yla i borgerne og sjakalar i vellyst-slotti. Snart stundar timen til, og dagarne skal ikkje drygast ut.

14. kapitlet

1 For Herren skal miskunna Jakob og endå ein gong velja ut Israel og lata deim koma til ro i landet deira; og utlendingar skal sameina seg med deim og halda seg til Jakobs hus.

2 Og folkeslag skal taka deim og føra deim heim att; men Israels hus skal leggja deim under seg som ein arvlut i Herrens land, og skal gjera deim til trælar og trælkvinnor. Dei skal få fangevaktarane sine til fangar og råda yver valdsherrarne sine.

3 På den dagen, då Herren gjev deg kvild for di møda og din angest og frå den harde trældomen din, som vart lagd på deg,

4 då skal du syngja denne spottevisa um kongen i Babel og kveda: «Kor hev ikkje valdsherren vorte still og pinestaden tagall!

5 Herren hev brote sund staven åt dei gudlause, kongsstaven åt hardstyrarane,

6 som slo folkeslag i harm med slag på slag og bøygde folk under seg i vreide og trælka deim utan nåde.

7 All jordi nyt no kvild og ro; dei bryt ut i fagnadrop.

8 Jamvel cypressarne gled seg yver deg, cedrarne på Libanon: «Sidan du no ligg der, stig ingen hitupp og høgg oss ned.»

9 Helheim der nede vert uroa for di skuld, når han skal taka imot deg. Han vekkjer skuggarne for di skuld, alle fyrstar på jordi; alle folkekongarne reisar seg frå sine kongsstolar.

10 Alle so tek dei til ords og segjer til deg: «So er du og vorten magtlaus som me, no er du vår like!»

11 Ned til helheimen hev din herlegdom sokke med brusen frå dine harpor; du ligg på ei roti lega, hev makkar til yverbreidsla.

12 Kor er du ’kje fallen frå himmelen, du strålande morgonstjerna, kor er du ikkje felt til jordi, du som slo ned folkeslag!

13 Det var du som sagde i hjarta ditt: «Eg vil stiga til himmels, høgt yver Guds stjernor vil eg reisa kongsstolen min. Eg vil setja meg på Tingfjellet lengst uppe i nord!

14 eg vil stiga upp um skyborgi og gjera meg lik den Høgste.»

15 Ja, til helheimen laut du fara, lengst ned i svartaste hola.

16 Dei som ser deg, stirer på deg, undrast og segjer: «Er dette den mannen som skok jordi og fekk kongerike til å skjelva,

17 han som gjorde jordkringen til ei øydemark, jamna byarne med jordi, og som aldri gav fangarne heimlov?»

18 Folkekongarne dei ligg alle vyrdeleg gravlagde kvar i sitt kvilerom.

19 Men du er slengd ut, langt frå gravi di, som ei vanvyrd grein; du ligg yverbreidd med drepne, av sverdslegne menner - som vert kasta ned i ei steingrav - som ein nedtrakka daudskrott.

20 Nei, du fær ikkje vera saman med deim i gravi; for landet ditt hev du øydt og drepe ditt folk, og aldri meir skal nemnast det nidingseldet.

21 Gjev sønerne hans til dreping for misgjerdi åt deira feder! Ikkje skal dei få reisa seg og eigna til seg jordi og fylla verdi med byar!»

22 Eg vil reisa meg imot deim, segjer Herren, allhers drott, og eg skal rydja ut or Babel både namn og leivning, både born og barneborn, segjer Herren.

23 Eg gjer det til heim for bustyvelen, og vil fylla det med søkkjemyrar, eg skal sopa det burt med tynings-sopa, segjer Herren, allhers drott.

24 Herren, allhers drott, hev svore og sagt: I sanning som eg hev tenkt, soleis skal det verta, og det eg hev sett meg fyre, det skal hava framgang.

25 Eg vil krasa Assur i landet mitt og trakka honom under fot på fjelli mine. So skal oket hans verta burtteke, og byrdi hans lyft av herdarne deira.

26 Dette er den råd som Herren hev teke mot all jordi; og dette er den hand som er utrett mot alle folk.

27 For Herren, allhers drott, hev avgjort det; kven kann gjera det um inkje? Hans hand er det som er utrett; kven kann venda henne burt?

28 Det året kong Ahaz døydde, kom denne framsegni:

29 Gled deg ikkje, alt Filistarland, for di staven som slo deg er sundbroten! for or roti åt hoggormen skal det koma fram ein basilisk, og hans frukt skal verta ein fljugande eiterorm.

30 Dei armaste av dei arme skal finna rikeleg føda, og dei fatige få kvila i trygd! men di rot skal eg døyda med hunger, og leivningen av deg skal drepast.

31 Jamra deg, du port! øya deg, du by! Miss modet, alt Filistarland! For nordan ifrå kjem ein røyk! i fiendeskararne dreg ingen seg att-or.

32 Kva skal ein då svara sendemennerne frå heidningfolki? At Herren hev grunnfest Sion, og at der finn armingarne i folket hans livd.

15. kapitlet

1 Framsegn um Moab. Ja, på ei natt vert Ar-Moab øydelagt og gjort ende på! ja, på ei natt vert Kir-Moab øydelagt og gjort ende på.

2 Dei stig upp til huset og til Dibon på haugarne og vil gråta; Moab jamrar seg på Nebo og Medeba. Kvart hovud er snaudt, kvart skjegg avraka.

3 På gatorne sveiper dei sekk um seg, på tak og på torg jamrar deim alle, tårorne fløymer.

4 Hesbon og El’ale klagar høgmælt, so det høyrest radt til Jahas. Difor jamrar og hermennerne åt Moab seg! hans sjæl skjelv i honom.

5 Hjarta mitt klagar yver Moab, for rømingarne hans flyr radt til Soar, til Triårs-kviga; gråtande gjeng dei upp stigen til Luhit, og på vegen til Horonajim jamrar dei høgt yver øydeleggjingi.

6 Ja, Nimrimsvatni vert øydemarker, graset turkast upp, brodden visnar, eit grønt strå er ikkje meir å sjå.

7 Difor ber dei det som dei hev drege saman, sitt uppsparde gods, yver Vierbekken.

8 Ja, klageropi gjeng yver alt Moabs land; til Eglajim når deira våling, og til Be’er-Elim når deira våling.

9 For Dimonsvatnet er fullt av blod. Og endå meir let eg koma yver Dimon: ei løva yver deim som er berga av Moab, yver leivningen i landet.

16. kapitlet

1 «Send landsherren dei lamb han skal hava frå Sela gjenom øydemarki til fjellet åt dotteri Sion!»

2 Liksom flaksande fuglar, som skræmde fuglungar, skal Moabs døtter koma til vadi yver Arnon.

3 «Gjev råd, finn utveg åt oss! Lat skuggen din vera som natti, no midt i dagsljoset! Gjev livd åt dei burtdrivne! svik ikkje den som flyr!

4 Lat mine burtdrivne finna tilhald hjå deg, ver ein verneskjold åt Moab imot mordaren! For det er ute med valdsmannen, øydeleggjingi fær ende, og trælkaren hev fare or landet.

5 So vert kongsstolen grunnfest ved mildskap, og det skal trygt sitja der ein fyrste i Davids tjeld, ein domar som fer etter det som rett er, og som fremjar rettferd.»

6 Me hev høyrt um Moabs ovmod, det store og stolte, um hans ofse, byrgskap og ovlæte, um hans tome skryt.

7 Difor skal Moab jamrar yver Moab, alt landet skal jamra seg. Yver druvekakorne i Kir-Hareset skal dei sukka i djup ørvæna.

8 For Hesbons vinmarker hev visna, Sibma-vintrei. Soldruvorne slo folkehovdingarne til jordi. Dei nådde radt til Jazer, og vildra seg ut i øydemarki; greinerne breidde seg ut, for yver havet.

9 Difor græt eg med Jaser yver Sibma-vintrei; med tårorne mine vil eg vatna deg, Hesbon, og deg, El’ale; for yver din frukthaust og vinhaust hev vinpersarropet slege ned.

10 Gleda og fagnad er kvorve or aldehagarne, og frå vinhagarne høyrest ikkje gledesongar eller fagnadrop; ingen trakkar druvor i persorne. Eg hev late vinpersarropet deira tagna.

11 Difor bivrar mitt brjost for Moab som citherstrengjer, og mitt hjarta for Kir-Heres.

12 Og når Moab viser seg på offerhaugen og stræver der, og han kjem til heilagdomen sin og bed, so vinn han inkje med det.

13 Dette er det ordet som Herren fordom hev tala til Moab.

14 Men no talar Herren so: Innan tri år - so som ein leigekar reknar åri - skal Moabs herlegdom og all hans store folkesverm vera lite vyrd, og leivningen som er att, skal vera liten og vesall, ikkje mykje verd.

17. kapitlet

1 Framsegn um Damaskus. Damaskus skal ikkje lenger vera ein by, det skal verta ein grushaug.

2 Aroer-byarne skal verta folketome; hjorder skal få deim til heim, dei skal liggja der, og ingen skræmer deim.

3 Og det skal vera slutt med borgi i Efraim og med kongedømet i Damaskus, med leivningen av Syria. Det skal ganga med deim som med herlegdomen åt Israels-borni, segjer Herren, allhers drott.

4 På den tid vert Jakobs herlegdom vesall, og holdet hans minkar burt.

5 Det skal ganga honom liksom når skurdmannen grip i åkeren og armen hans skjer aksi. Det skal ganga liksom når dei sankar aks i Refa’imsdalen.

6 Berre ein etterhaust skal verta att, liksom når ein slær ned ber av oljetreet, tvo, tri ber uppi toppen, ei fire, fem på greinerne åt frukttreet, segjer Herren, Israels Gud.

7 På den tid skal mannen venda seg til skaparen sin og augo hans sjå upp til Israels Heilage.

8 Og han skal ikkje lenger venda si syn til dei altar hans hender hev gjort, og ikkje sjå på det fingrarne hans hev verka, korkje på Astarte-bilæti eller solstolparne.

9 På den tidi skal dei faste byarne deira verta liksom dei aude tufter i skogarne og på høgderne, dei som dei drog burt ifrå for Israels-borni skuld, og landet skal verta ei øydemark.

10 For du hev gløymt Gud, frelsaren din, og minnest ikkje ditt sterke fjell. Difor plantar du yndelege hagar og set utlendske vintre i deim.

11 Den dagen du plantar, set du gjerde kringum, og um morgonen fær du plantningen til å bløma: avlen kverv på dagen med sjukdom og ulækjeleg pinsla.

12 Høyr brusen av mange folk! det bruser som havet bruser. Høyr dynen av folkeslag, det dyn som velduge vatn.

13 Ja, det dyn av folkeslag som når store vatn dynja. Men han trugar deim, og dei flyr langt burt; dei vert føykte som agner for vind på fjelli, dei kverv som fjom i storm.

14 Um kvelden, sjå då er det rædsla, og innan morgonen lyser, er han ikkje meir til. Soleis gjeng det deim som plundrar oss, dette er luten åt deim som ranar hjå oss.

18. kapitlet

1 Høyr, du land med dei surrande vengjer, du land burtanfor elvarne i Ætiopia,

2 du som hev sendt bodberarar yver havet, og i røyrbåtar yver vatnet! Gakk av stad, de snøgge sendemenner, til det røslege folket med glansande hud, til folket som dei ottast vida ikring, det sterke og sigersæle folket i det landet som vert gjenomskore av elvar!

3 Alle de som i heimsringen byggjer og på jordi bur: Når dei reiser merke på fjelli, so sjå til, og når luren ljomar, so høyr etter!

4 For so hev Herren sagt til meg: Logn vil eg skoda ned frå min bustad, liksom soli gløder ned um sumaren, og liksom skyi sender dogg i den heite skurdtidi.

5 For fyrr hausten er inne, just då blømingi er til ende, og blomen fer til å mognast til druva, då skal han skjera av rankorne med hagesigden og hogga renningarne burt.

6 Dei skal alle saman verta gjevne åt rovfuglarne på fjelli og åt dyri i marki; rovfuglarne skal der hava reiri sine um sumaren, og alle dyr på marki skal hava sitt tilhald der um vinteren.

7 På den tidi skal det berast gåvor fram til Herren, allhers drott, frå det røslege folket med glansande hud, frå folket som dei ottast vida ikring, det sterke og sigersæle folket i det landet som vert gjenomskore av elvar - til den staden der namnet åt Herren, allhers drott, bur, til Sionsfjellet.

19. kapitlet

1 Framsegn um Egyptarland. Sjå, Herren fer fram på lette sky og kjem til Egyptarland. Då skjelv avgudarne i Egyptarland for honom, og hjarta åt egyptarane brånar i brjostet deira.

2 Og eg vil eggja upp egyptar mot egyptar, so bror skal strida mot bror, og ven mot ven, by mot by og rike mot rike.

3 Og vitet åt egyptarane skal kverva or hjarta deira, og eg vil gjera deira råd til inkjes; dei skal fretta ut avgudarne og trollmennerne sine, og deim som manar fram draugar og spåvette.

4 Men eg skal gjeva egyptarane i handi på ein hard herre, og ein illrådig konge skal rikja yver deim, segjer Herren, Allhers-Herren.

5 Og vatnet i sjøen skal kverva, og elvi grunnast og turkast ut.

6 Elvarne skal tevja, kanalarne minka og turkast ut, røyr og sev visna.

7 Engjarne frammed Nilen på åbakken og alt åkerland langs åi skal turkast upp, øydast og kverva.

8 Fiskarane klagar, og alle dei som kastar krok i Nilen syrgjer, og dei som set ut garn i vatnet, stend handfalne av sut.

9 Dei som yrkjer med hekla lin, vert til skammar, og dei som vev fint kvitt ty.

10 Landsens grunnpilarar er nedbrotne, og lønnsarbeidarane gripne av otte.

11 Hovdingarne i Soan er som fåmar; dei visaste millom rådsmennerne åt Farao gjev berre fåvise råd. Korleis kann de då segja til Farao: «Eg er ein son åt vismenner, ein son åt kongarne frå gamle dagar?»

12 Ja, kvar er då vismennerne dine, at dei kann vitra deg um og skyna kva Herren, allhers drott, hev etla seg til å gjera med Egyptarland?

13 Nei, hovdingarne i Soan hev vorte dårar, fyrstarne i Nof hev vorte til narr, dei som var hyrnesteinar for ætterne i Egyptarland, hev ført det på villstig.

14 Herren hev gjeve deim ei svimrings-ånd, so at dei hev ført Egyptarland vilt i alle tiltak, liksom ein drukken mann ragar um i spyet sitt.

15 Egyptarland skal ikkje hava framgang med noko av sine tiltak, anten det so er hovud eller hale, palmegrein eller sev som tek seg det fyre.

16 På den tidi skal Egyptarland vera som kvinnor; det skal bivra og ræddast for den lyfte handi åt Herren, allhers drott, som han lyftar imot det.

17 Og Judalandet vert ei rædsla for egyptarane; so ofte nokon nemner det for deim, skal dei skjelva for den rådgjerd Herren, allhers drott, hev tek imot deim.

18 På den dagen skal det vera fem byar i Egyptarland som talar Kana’ans tungemål og sver ved Herren, allhers drott, ein av deim skal heita Ir-Haheres.

19 På den dagen skal det vera eit altar for Herren midt i Egyptarlandet, og ein merkestein for Herren ved landskilet.

20 Det skal vera til merke og til vitnemål i Egyptarlandet um Herren, allhers drott; når dei ropar til Herren um hjelp mot trælkarar, skal han senda deim ein frelsar og verjar og løysa deim ut.

21 Og Herren skal gjera seg kjend for Egyptarland, og egyptarane skal kjenna Herren på den dagen, og dei skal tena honom med slagtoffer og grjonoffer, og gjera lovnader til Herren og halda deim.

22 So skal då Herren skal slå Egyptarland, slå, men og lækja; og når dei vender um til Herren, skal han bønhøyra deim og lækja deim.

23 På den dagen skal det vera ein brøytt veg frå Egyptarland til Assyria, og assyrarane skal koma til Egyptarland og egyptarane til Assyria, og egyptarane skal tena Herren saman med assyrarane.

24 På den dagen skal Israel vera tridjemann i sambandet med Egyptarland og Assyria, ei velsigning midt på jordi,

25 for di Herren, allhers drott, signar deim og segjer: Signa vere du Egypt, mitt folk, og du Assyria, verket av mine hender, og du Israel, min arv.

20. kapitlet

1 Det året då Tartan kom til Asdod, den gongen Sargon, kongen i Assyria, sende honom, og han stridde mot Asdod og hertok det -

2 på den tidi tala Herren gjenom Jesaja, son åt Amos, soleis: «Upp, løys din klædnad av sekkjety av lenderne dine og drag skorne av føterne dine!» Og han gjorde soleis og gjekk naken og berrføtt.

3 Og Herren sagde: «Liksom tenaren min, Jesaja, hev gjenge naken og berrføtt, og no i tri år hev vore eit teikn og eit varsel um Egyptarland og Ætiopia,

4 soleis skal kongen i Assyria lata fangarne frå Egyptarland, dei burtførde frå Ætiopia, både unge og gamle, fara av stad nakne og berrføtte og med berr bak, til skjemsla for Egyptarland.

5 Då skal dei verta forfælte og skjemmast yver Ætiopia, som var voni deira, og yver Egyptarland, som dei rosa seg av.

6 Og dei som bur på denne strandi, skal segja på den dagen: «Soleis gjekk det med deim me studde oss til, med deim me flydde til i von um hjelp imot assyrarkongen. Korleis kann då me koma undan?»»

21. kapitlet

1 Framsegn um Hav-øydemarki. Som ein framfarande storm i Sudlandet kjem det frå øydemarki, frå det øgjelege landet.

2 Ei hard syn er meg kunngjord: «Ransmenner ranar, hermenner herjar. Drag upp, du Elam! Treng på, du Media! På kvar ein sukk vil eg gjera ende på.»

3 Difor skjelv mine lender, eg fær rider liksom ei kvinna som skal føda. Eg er fortumla so eg ikkje kann høyra, eg er forfælt so eg ikkje kann sjå.

4 Hjarta mitt er forvildra, rædsla vil kjøva meg. Kveldstundi som eg trådde etter, fyller meg med gruv.

5 Dei dukar bord, dei breider tæpet, dei et og drikk. «Statt upp, hovdingar, salva skjoldarne!»

6 For so sagde Herren til meg: Gakk og set ut vaktmannen; det han fær sjå, skal han melda.

7 Og um han ser ei skreid, ridarar par um par, ei skreid av asen, ei skreid av kamelar, so skal han merka seg det, grant merka seg det.

8 Og han ropa som ei løva: «Her stend eg på vakt so lang dagen er, og vert verande på min post natt etter natt.

9 Og sjå, no kjem her ei skreid av menner, ridarar par um par!» Og han tok til ords og sagde: «Falle, falle hev Babel! Alle avgudsbilæti deira hev han krasa og kasta til jordi.»

10 Å, du mitt treskte folk, du offer for treskjarvollen! Det eg hev høyrt av Herren, allhers drott, Israels Gud, det hev eg meldt dykk.

11 Framsegn um Duma. Dei ropar til meg frå Se’ir: «Vaktmann, kva lid det med natti? Vaktmann, kva lid det med natti?»

12 Vaktmannen svarar: «Morgonen kjem, men natti og. Vil de spyrja meir, so spør; kom att!»

13 Framsegn mot Arabia. I skogen i Arabia skal de natta, de ferdafylgje av dedanitar.

14 Kom dei tyrstande i møte med vatn, de folk frå Temalandet, kom dei rømande til hjelp med brød!

15 For dei flyr undan sverd, drege sverd, og undan spend boge og undan den tunge ufreden.

16 For soleis hev Herren sagt til meg: Um eit år, so som leigekaren reknar året, skal det vera ute med all herlegdomen åt Kedar.

17 Og lite skal det då vera att av bogarne åt kjemporne i Kedar. For Herren, Israels Gud, hev tala.

22. kapitlet

1 Framsegn um Synedalen. Kva er på ferd, sidan alt folket ditt stig upp på taki?

2 Du bråkande, du ståkande by, du jublande borg! Dine falne menner er ikkje slegne med sverd, ikkje drepne i strid.

3 Hovdingarne dine tok alle saman til rømings, utan bogeskot let dei seg taka til fanga. Dei som fanst i deg, hev vorte fanga alle saman, langt burt hev det rømt.

4 Difor segjer eg: Sjå burt ifrå meg, lat meg gråta sårt! truga ikkje trøyst på meg for at dotteri, folket mitt, hev vorte herja!

5 For ein upprivande dag med nedtrakking og forfjetring kjem frå Herren, Allhers-Herren, i Synedalen; murar vert nedbrotne, naudropet stig mot fjellet.

6 Elam tok pilehuset, han drog fram med vogn-stridsmenner og med hestfolk; Kir nækte skjoldarne.

7 Dei fagraste dalarne dine vart fyllt med stridsvogner, og hestfolk tok post framfor porten.

8 Han tok vern frå Juda. Då såg du deg um etter herbunad - i skoghuset.

9 Og de såg at Davidsbyen hadde mange rivnor, og de samlar upp vatnet i Nedredammen;

10 de talde husi i Jerusalem, og de reiv ned husi og vilde gjera muren traust.

11 Og imillom båe murarne gjorde de ein kulp for vatnet frå Gamledammen. Men på honom som hadde sett dette i verk, gav det ikkje gaum; til honom som longe sidan hadde laga dette til, såg de ikkje.

12 Herren, Allhers-Herren, kalla på den dagen til gråt og øying, til å raka hovudet og sveipa seg i syrgjeklæde.

13 Men her er gleda og gaman, ukseslagting og saueslagting, kjøteting og vindrikking. «Lat oss eta og drikka; for i morgon døyr me!»

14 Difor ljomar openberringi frå Herren, allhers drott, i øyro mine: Den syndi fer de ikkje sona til dess de døyr, segjer Herren, Allhers-Herren.

15 So sagde Herren, Allhers-Herren: «Gakk til denne drottseten Sebna, han som stend fyre huset, og seg til honom:

16 Kva hev du her å gjera, og kven tenkjer du å leggja her, sidan du her høgg deg ut ei grav? Du som høgg gravi di ut på so høg ein stad og holar deg bustad i berget,

17 du skal vita at Herren skal slengja deg langt av leid, du mann! Han skal rulla deg saman til ein klump;

18 han skal vinda deg saman til eit nysta og kasta deg som ein ball ut på vidvangen. Der skal du døy, og dit skal dei gilde vognerne dine koma, du skamflekk for huset åt herren din.

19 Eg vil støyta deg ned frå romet ditt, og frå posten din skal du verta avjaga.

20 Og på den dagen vil eg kalla på tenaren min, Eljakim, son åt Hilkia;

21 og eg vil klæda honom i din bunad, og beltet ditt vil eg binda um honom, og ditt rådvelde vil eg gjeva i hans hender. Han skal vera ein far for deim som bur i Jerusalem og for Juda-huset.

22 Og eg vil leggja lykelen til Davids hus på herdi hans, og når han let upp, skal ingen læsa att, og når han læser att, skal ingen lata upp.

23 Eg set honom som ein spikar på ein fast stad, og han skal verta eit æresete for farshuset sitt.

24 Men so framt heile tyngdi av farshuset hengjer seg på honom med alle sine ætlingar og frendar - alle småkjerald, frå fati til leirkrukkorne -

25 På den dagen, segjer Herren, allhers drott, skal spikaren i den faste veggen losna, han skal ganga av og detta ned, og byrdi som hekk på honom, skal krasast. For Herren hev tala.»

23. kapitlet

1 Framsegn um Tyrus. Jamra dykk, de Tarsis-skip! For de er lagt i øyde, utan hus og utan heimkoma. Frå Kittims land fær dei fretnad um det.

2 Sit tagalle, de som bur på havstrandi! Kjøpmenner frå Sidon, sjøfarande menner, fyllte deg;

3 av sædet i Sihor og kornet ved Nilen gjorde du deg vinning, med di du for yver store vatn og dreiv handel millom folki.

4 Men statt no der med skam, du Sidon; for so segjer havet, havborgi: «Eg hev ikkje vore barnsjuk og hev ikkje født born, ikkje ale unge menner eller fostra ungmøyar.»

5 Når dei fær høyra dette i Egyptarland, so bivrar dei ved fretnaden um Tyrus.

6 Far yver til Tarsis og jamra dykk, de som bur på havstrandi.

7 Er dette dykkar glade by, som rekna upphavet sitt frå eldegamle dagar, og som av føterne sine vert boren til land langt burte til å vera gjest der?

8 Kven hev tenkt ut dette mot Tyrus, mot henne som deilte ut kongekrunor - der som kjøpmennerne var fyrstar og kræmarane høyrde med til stormennerne på jordi?

9 Herren, allhers drott, er den som hev tenkt det ut, han vilde vanhelga all skrøytande herlegdomen og vanæra alle desse stormennerne.

10 Flød yver landet ditt, liksom Nilelvi, du dotter Tarsis! Du hev ingi demming meir.

11 Han rette ut handi si yver havet, han fekk kongeriki til å skjelva. Herren baud at borgerne i Kana’ans-landet skulde øydeleggjast.

12 Han sagde: «Du skal ikkje meir få gama deg, du valdtekne møy, dotter Sidon. Tak ut og far yver til Kittim, ikkje heller der skal du finna kvild.

13 Sjå landet åt kaldæarane, eit folk som ikkje var til, Assur gjorde grenderne deira til bustad for villdyri. Dei reiser no upp hertårni sine, dei riv ned slotti i byen og gjer honom til ein grushaug.

14 Jamra dykk, de Tarsis-skip, for borgi dykkar er lagd i øyde.»

15 På den dagen skal Tyrus gløymast i sytti år, ein kongealder; men når sytti år er lidne, skal det ganga med Tyrus som det heiter i visa um skjøkja:

16 «Tak din cither og gakk umkring i byen, du gløymde skjøkja! Spel fagert, og syng trottugt, so dei kann koma deg i hug!»

17 Når dei sytti åri er lidne, skal Herren gjesta Tyrus, og ho skal atter få fara til å taka imot skjøkjeløn og driva utukt med alle kongeriki på den vide jord.

18 Men handelsvinsten hennar og skjøkjeløni skal verta helga åt Herren. Det skal ikkje leggjast upp eller gøymast, men dei som bur for Herrens åsyn, skal av denne vinsten hava rikeleg føda og prydelege klæde.

24. kapitlet

1 Sjå, Herren tømer jordi og øyder henne, han brigder hennar skapnad, og spreider deim som bur på henne.

2 Då gjeng det presten som folket, trælen som herren hans, trælkvinna som frua hennar, kjøparen som seljaren, utlånaren som lånaren, okraren som skuldmannen hans.

3 Tømd, ja uttømd skal jordi verta og plundra, ja plundra. For Herren hev tala dette.

4 Jordi fauskast og folnar, jordheimen ormegtast og armast. Storingarne på jordi ormegtast.

5 Og jordi er vanhelga under deira føter som bur der. For dei hev brote loverne, rengt retten, brote den ævelege pakti.

6 Difor øyder forbanning jordi, og bøta lyt ibuarane. Difor vert jordbuarne brende burt, so få folk vert leivde.

7 Druvesafti tek skade, vintreet visnar; sukka lyt alle hjarteglade.

8 Det er slutt med den glade ljod av trummor og slutt med ståket av deim som jublar. Det er slutt med gleda ved klangen av cither.

9 Syngjande tømer dei ikkje vinstaupet meir; beisk er drykken for deim som drikk.

10 Nedbroten er den aude byen; stengt er kvart hus, so ingen kann ganga inn.

11 Dei skrik på gatorne yver vinen, all gleda er burte, landlyst er gaman or landet.

12 Berre øyding er leivd i byen, og porten ligg krasa i røys.

13 For soleis skal det ganga til midt millom folki på jord, liksom når oljeber vert nedslegne, som ved etterhaustingi, når det er slutt med vinbergingi.

14 Dei, dei skal lyfte røysti si og ropa med fagnad; yver Herrens herlegdom skal dei frå havet fegnast.

15 «Æra difor Herren, de i Austerland, namnet åt Herren, Israels Gud, de på havsens øyar.»

16 Frå ytste jaren åt jordi høyrer me lovsong: «Æra vere den rettferdige!» Men eg segjer: Eg gjeng til, eg gjeng til, usæl eg! Ransmenner ranar, ja ransmenner gjer ran.

17 Gruv og grav og gildra yver deg, du som bur på jordi!

18 Og det skal henda at den som flyr for det gruvelege bråket, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verte fanga i gildra. For himmelslusorne er opna, og grunnvollarne åt jordi skjelv.

19 Jordi brest og knest, jordi rivnar og klovnar, jordi skjek og skjelv.

20 Skjangla skal jordi som drukken mann, svaga som eit gjætarskjol, misgjerdi hennar skal tyngja henne ned, og ho skal falla og ikkje reisa seg meir.

21 Og det skal henda på den dagen at Herren skal heimsøkja høgheimsheren i høgdom og jordkongarne nedpå jordi,

22 og dei skal sankast som fangar i hola og setjast fast i fangehuset, og etter mange dagar skal dei få si straff.

23 Og månen skal blygjast og soli skjemmast. For Herren, allhers drott, råder på Sionsfjellet og i Jerusalem, og framfor augo på hans styresmenner er det herlegdom.

25. kapitlet

1 Herre, du er min Gud; eg vill upphøgja deg, eg vil prisa namnet ditt. For du hev gjort underverk. Dine råd frå forntidi er sanne og trufaste.

2 For du hev gjort ein by til ei steinrøys, ein fast by til ein grusdunge, framande slott, so dei ikkje meir er ein by. Aldri meir skal dei verta uppbygde.

3 Difor skal eit vilt folk æra deg, den illharde heidningbyen ottast deg.

4 For du hev vore ei vern for vesalmannen, ei vern for fatigmannen i naud, eit skjol mot skolregn, ein skugge for hiten. For valdsmenns frøsing er som skolregn mot veggen.

5 Og som hiten i ovturken, soleis døyver du bråket åt dei framande; ja, liksom hiten i skuggen av ei sky, soleis døyver du songen av valdsmenner.

6 Og Herren, allhers drott, skal på dette fjellet bu til eit gjestebod for alle folk, eit gjestebod med feite retter, eit gjestebod med gamall vin, med feite mergfulle retter, med gamall avklåra vin.

7 Og han skal på dette fjellet riva sund sløret som sveiper seg ikring alle folki, og det sveipet som ligg yver heidningfolki.

8 Han skal gjera dauden til inkjes for all æva, og Herren, Herren skal turka tårorne av alle andlit, og sitt folks vanæra skal han taka burt frå all jordi. For Herren hev tala.

9 Og den dagen skal dei segja: «Sjå der er vår Gud! Me vona på honom, at han skulde frelsa, dette er Herren som me vona på. Lat oss frygda oss og fegnast i frelsa hans.

10 For handi åt Herren skal kvila yver dette fjellet. Moab skal verta nedtrakka der han er, liksom halm vert trakka ned i mykjavatn.

11 Og han skal breida ut henderne i det liksom ein symjar breider deim ut og vil symja. Men han skal stagga storlætet hans til tråss for sløgdi av hans hender.

12 Og dei høgmura borgerne dine skal han riva ned, grunnsturta, jamna med jordi so dei ligg i dusti.»

26. kapitlet

1 På den dagen skal dei syngja denne songen i Judalandet: «Ein sterk by hev me. Frelsa set han til mur og vern.

2 Lat upp portarne, so der må få ganga inn eit rettferdigt folk, som varar truskap.

3 Åt den som er hugfast, varar du stendig fred; for på deg lit han.

4 Lit då på Herren allstødt! For Herren, Herren er eit æveleg berg.

5 For han gjer deim ringe som hev fest bu i høgddom, støyter ned den grunnfeste byen, sturtar han til jordi, heilt ned i moldi.

6 Føter trakka honom ned, føter av vesalmenn, fet av armingar.

7 Men vegen åt den rettferdige er jamn. Veg åt den rettferdige jamnar du.»

8 På dine domars veg ventar me deg, Herre. Namnet ditt og minnet ditt dreg vår sjæl.

9 Mi sjæl kjenner seg dregi til deg um natti; og åndi i meg leitar etter deg. For straks domarane dine råkar jordi, lærer jordbuarne rettferd.

10 Fær den gudlause nåde, so lærer han ikkje rettferd. Då gjer han urett i det rettvisaste landet, og Herrens høgd ser han ikkje.

11 Herre, høgt er handi di lyft, men dei ser det ikkje. Lat deim sjå brennhugen din for folket og skjemmast. Ja, eld øydde uvenerne dine!

12 Herre, du skal hjelpa oss til fred. For alle verki våre hev du verka.

13 Herre, vår Gud! Andre herrar enn du hev rådt yver oss. Einast ved deg prisar me namnet ditt.

14 Daude livnar ikkje, skuggar stend ikkje upp. Difor heimsøkjer og øydelegg du deim og gjer til inkjes minnet um deim.

15 Du auka folket, Herre! Du auka folket, og synte deg herleg. Du hev flytt alle grensesteinarne åt landet langt ut.

16 Herre, i naudi leita dei etter deg. Dei sende upp stille bøner, då refsingi kom yver deim.

17 Liksom ei kvinna som er med barn, vrid seg og skrik i riderne når ho skal føda, soleis gjekk det oss for din vreide skuld, Herre.

18 Me var med barn, me hadde rider; då me fødde, var det vind. Berging har me ikkje til landet, og jordbuar vart ikkje fødde.

19 Dine daude skal verta livande, mine lik skal standa upp. Vakna og fegnast, de som bur i moldi. For ei ljossens dogg er di dogg; og jordi føder daudingar av seg.

20 Gakk då, mitt folk, inn i kovarne dine, og lat att dørerne etter deg! Gøym deg ein augneblink, til dess vreiden gjeng yver.

21 For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin og vil heimsøkja jordbuarne for deira misgjerder skuld, og jordi skal syna fram sitt utrende blod og ikkje meir dylja sine drepne.

27. kapitlet

1 På den dagen skal Herren med sverdet sitt, det harde og store og sterke, heimsøkja Livjatan, den flogsnare ormen, og Livjatan, den krøkjande ormen, og han skal drepa sjøormen.

2 På den dagen skal de finnast ein yndeleg vingard, syng um honom:

3 «Eg, Herren, er vaktaren hans. Kvar augneblink vatnar eg honom, at ikkje nokon skal heimsøkja honom, vaktar eg honom dag og natt.

4 Vreide hev eg ikkje; men vilde tornar og tistlar reisa seg til krig, skulde eg gå laus på deim, brenna deim heilt upp -

5 utan so dei vilde fly til mi vern, gjera fred med meg, ja gjera fred med meg.»

6 I komande dagar skal Jakob røta seg, Israel bløma og få renningar og fylla jordheimen med si frukt.

7 Hev han slege honom liksom han slo plågaren hans? Eller vart han myrd liksom mordarane hans vart det?

8 Med måte refste du henne, med du sende henne burt. Han dreiv henne burt med sitt harde ver, den dagen austanvinden bles.

9 Difor vert og misgjerdi åt Jakob utsona, og det at syndi vert burtteki, fær gjeva fullmogi frukt, når alle altarsteinarne vert krasa som kalksteinar, og Astarte-bilæti og solstolparne ikkje reiser seg meir.

10 For den faste byen ligg i øyde, ein folketom bustad, aud som øydemarki. Kalvar beiter der og hev der si lega og et av kvisterne.

11 Når greinerne hev vorte turre, bryt dei deim av, kvinnfolki nører upp eld med deim. For dette er ikkje noko vitugt folk. Difor miskunnar deira skapar deim ikkje, og han som laga deim, er deim ikkje nådig.

12 Og det skal henda på den dagen, at Herren skal halda ei frukthausting alt frå Storelvi til Egyptarlands-bekken, og de, Israels born, skal verte sanka, ein for ein.

13 Og det skal henda på den dagen at dei skal blåsa i ein stor lur, og då skal dei koma dei burtkomne i Assurs land og dei burtdrivne i Egyptarlandet, og dei skal tilbeda Herren på det heilage fjellet i Jerusalem.

28. kapitlet

1 Usæl den stolte kruna åt dei drukne i Efraim og den folnande blomen, den fagre prydnad som brikjer yver den feite dalen, der dei ligg dauddrukne av vin.

2 Sjå, ein sterk og veldug sender Herren, lik ein hagleling, ein øydande storm, lik eit fløde av velduge, yverfløymande vatn, som slær alt til jordi med magt.

3 Med føter skal ho verta nedtrakka, den stolte kruna åt dei drukne i Efraim!

4 Og den folnande blomen, den fagre prydnaden, som brikjer yver den feite dalen, skal verta som den tidlege fika, fyrr sumaren er komen - so snart ein ser henne, so set ein henne til livs medan ein endå held henne i handi.

5 På den dagen vert Herren, allhers drott, ei fager krune og ein storgild krans for leivningen av sitt folk,

6 og ei doms ande for deim som sit til doms, og styrke for deim som driv krigen attende til porten.

7 Men ogso desse ragar av vin og skjanglar av sterk drykk. Prest og profet ragar av sterk drykk, er dauddrukne av vin, skjanglar av sterk drykk. Dei ragar i syni, dei skjanglar i domen;

8 for alle bordi er fulle av ufyselegt spy, det finst ikkje ein rein flekk.

9 «Kven er det han vil læra, og kven er det han vil få til å høyra på seg? Er det born som nett er avvande, tekne frå brjostet?

10 For gnag og gnag, gnag og gnag, gnål og gnål, gnål og gnål, noko her og noko der fer han med.»

11 Ja vel, med stamande lippor og i eit framandt tungemål skal han tala til dette folket,

12 han som sagde til deim: «Dette er ro, lat den trøytte få kvila, og dette er kvila.» Men dei vilde ’kje høyra.

13 So skal då Herrens ord verta deim gnag og gnag, gnag og gnag, gnål og gnål, gnål og gnål, noko her, noko der, so dei skal ganga og detta baklenges og verta sundbrotne og bundne og fanga.

14 Difor, høyr Herrens ord, de spottarar, de herrar yver dette folket som er i Jerusalem!

15 For de segjer: «Me hev gjort ein avtale med dauden og eit samband med helheimen; når den susande svipa fer fram, skal ho ikkje nå oss; for me hev gjort lygni til livd og svikråd til skjol.»

16 Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg er den som hev grunna i Sion ein stein, ein prøvd stein, ein dyrverdig fast grunna hyrnestein; den som trur, tek det med ro.

17 Eg gjer rett til mælesnor og rettferd til lodd, og hagl skal riva burt lygnlivdi, og skylet skal vatnet skylja burt.

18 Og dykkar avtale med dauden skal verta stroken, og dykkar samband med helheimen skal ikkje standa fast. Når den susande svipa fer fram, skal de verta nedslegne.

19 Kvar gong ho fer fram, skal ho riva dykk burt. For kvar morgon skal ho fara fram, um dagen og um natti, og den reine skræma vert det når de lyt agta på bodskapen.

20 For sengi er for stutt til å strekkja seg i, og åklædet er for smalt til å sveipa seg i.

21 For Herren skal reisa seg liksom ved fjellet Perasim, han skal harmast liksom i dalen ved Gibeon; han skal gjera sitt verk, eit underlegt verk, han skal gjera sitt arbeid, eit sjeldsynt arbeid.

22 Og no, lat vera med å spotta, so bandi dykkar ikkje må verta stramare! For um øyding og fastsett straffedom hev eg høyrt frå Herren, Allhers-Herren, yver heile jordi.

23 Vend øyra til og høyr mi røyst, gjev gaum og høyr kva eg segjer!

24 Når plogmannen vil så, held han då stødt på med å pløgja og fora og horva?

25 Når han hev jamna åkeren, spreier han ikkje då svartkarve og sår kryddekarve og set kveite i rader og bygg på avmerkte stader og spelt i kantarne?

26 Hans Gud hev synt honom den rette måten, han lærde honom det.

27 For ein treskjer ikkje svartkarve med treskjeslede, rullar ikkje vognhjul yver kryddekarve; men med stav bankar ein svartkarve, og kryddekarve med kjepp.

28 Vert brødkorn krasa? Nei, ein treskjer det ikkje stødt, og når ein driv sine vogn og hestar yver det, so knusar ein det ikkje.

29 Ogso dette kjem frå Herren, allhers drott. Han er underfull i råd, stor i visdom.

29. kapitlet

1 Usæl, Ariel, Ariel, du by der David slo læger! Legg år til år, lat høgtiderne ganga sin rundgang!

2 Då vil eg gjera det trongt for Ariel, og der skal vera sorg og jammer. Men då skal det verta meg eit verkelegt Ariel.

3 Eg vil slå læger rundt ikring deg, og eg vil ringa deg inne med vaktpostar og kasta upp vollar imot deg.

4 Då skal du tala lågmælt frå jordi, og frå moldi skal du mulla fram ordi dine, og røysti di skal høyrast frå jordi liksom frå ein som manar draugar, og frå moldi skal talen din kviskra.

5 Men so skal mengdi av fiendarne dine verta som dumba, og mengdi av valdsmennerne som fjukande agner, og det skal henda i ein augneblink, dåtteleg.

6 Frå Herren, allhers drott, skal heimsøkjing koma med bulder og bråk og med veldug dyn, vindkast og storm og øydande eld.

7 Og mengdi av alle dei heidningfolki som strider mot Ariel, skal verta som ein draum, ei syn um natti, alle dei som strider mot det og borgi i det, og som trengjer seg inn på det.

8 Og det skal ganga liksom når den svoltne drøymer og tykkjer han et, men når han vaknar, då er han tom, og liksom når den tyrste drøymer og tykkjer at han drikk, men når han vaknar, sjå, då er han magtlaus, og sjæli hans ormegtast; soleis skal det ganga alle dei mange heidningfolki som strider mot Sionsfjellet.

9 Stir på kvarandre og vert øre! Gjer dykk blinde og vert blinde! De er drukne, men ikkje av vin; de ragar, men ikkje av sterk drykk.

10 For Herren hev rent ut yver dykk ein djup svevns ande, og han hev late att dykkar augo, profetarne, og sveipt yver dykkar hovud, sjåarane.

11 Og soleis hev syni av alt i hop vorte dykk som ordi i ei forsigla bok; rettar ein henne til ein som er lesekunnig og segjer: «Les dette!» so segjer han: «Eg kann ikkje, for ho er forsigla.»

12 Eller ein retter boki til ein som ikkje skynar skrift og segjer: «Les dette!» so segjer han: «Eg skynar ikkje skrift.»

13 Og Herren segjer: Etter di dette folket held seg nær til meg med munnen og ærar meg med lipporne sine, men held hjarta sitt langt burte frå meg, og deira otte for meg er eit menneskjebod som dei hev lært,

14 sjå, difor vil eg halda ved med å fara underleg åt med dette folket, underleg og ovunderleg, og visdomen åt deira vise skal forgangast, og vitet åt deira vituge menner skal løyna seg.

15 Usæle dei som vil løyna i dypti for Herren det som dei hev fyre seg, og som gjer i myrkret gjerningarne sine, og som segjer: «Kven ser oss, og kven kjenner oss?»

16 Å, kor bakvendt! Er pottemakaren å rekna lik med leiret hans, so det han hev gjort, kunde segja um honom som gjorde det: «Han hev ikkje gjort meg,» og det som er laga, segja um honom som laga det: «Han hev ikkje vit på det?»

17 Er det ikkje endå ei liti stund, so skal Libanon verta til ein frukthage og frukthagen verta rekna som skog?

18 Og på den dagen skal dei daude høyra ordi i boki, og ut frå dimma og myrker skal augo åt dei blinde sjå,

19 Og dei spaklyndte skal gleda seg dess meir i Herren, og dei fatigaste millom menneskjom fegnast i Israels Heilage.

20 For burte er valdsmannen, og ute er det med spottaren, og utrudde er alle som er årvake til å gjera urett,

21 dei som gjer folk til syndarar for eit ord skuld, og legg snaror for den som skipar rett på tinget, og som med uppdikt rengjer retten for den rettferdige.

22 Difor, so segjer Herren so til Jakobs hus, han som løyste ut Abraham: No skal Jakob ikkje verta til skammar, og no skal han sleppa verta bleik i andlitet sitt.

23 For når han og borni hans ser det mine hender hev gjort midt ibland deim, då skal dei helga namnet mitt, og dei skal helga Jakobs Heilage, og Israels Gud skal dei ottast.

24 Og dei som for vilt i si ånd, skal læra vit, og dei som knurrar, skal taka mot lærdom.

30. kapitlet

1 Usæle dei tråssuge born, segjer Herren, som fullfører råd som ikkje er frå meg, og gjer samband utan min ande, so dei legg synd til synd,

2 som fer av stad til Egyptarland, og hev ikkje spurt etter mitt ord - dei vil verna seg med Faraos vern og finna livd i skuggen av Egyptarland!

3 Men Faraos vern skal verta dykk til skam, og livdi i skuggen av Egyptarland til skjemd.

4 For fyrstarne deira er komne til Soan, og sendebodi hans når til Hanes;

5 alle vert dei til skammar ved eit folk som ikkje gagnar deim, ikkje er til hjelp og til bate, men både til skam og skjemd.

6 Framsegn um udyret i Sudlandet. Gjenom eit land med naud og trengsla, der løvemor og løva, hoggorm og fljugande eiterorm hev heimen sin, fører dei eigedomen sin på asenrygg og på kamelrugg skattarne sine til eit folk som ikkje gagnar.

7 Slett ikkje og aldri vil Egyptarland hjelpa; difor kallar eg det: «Storskrytaren som sit still».

8 Gakk no inn, skriv det på ei tavla medan dei ser på, og teikna det inn i ei bok, so det kann vera for komande dagar, for alltid, til æveleg tid!

9 For det er eit tråssugt folk, ljugarborn, born som ikkje vil høyra Herrens lov,

10 som segjer til sjåarane: «De skal ikkje sjå,» og til deim som skodar: «De skal ikkje skoda for oss det som rett er. Tala smeikjande til oss, skoda synkvervingar,

11 vik burt frå vegen, bøyg av frå råsi, få Israels Heilage burt frå augo våre!»

12 Difor, so segjer Israels Heilage: «Etter di de vandar dette ordet, og lit på vald og krokvegar og styd dykk på det,

13 difor skal denne misgjerdi verta dykk som ein falleferdig mole, som hev rivna ut or ein høg mur, og som brått kann verta nedbroten i ein augneblink.

14 Han vert krasa, liksom ein krasar krusty, som ein utan skonsel slær sund, so det millom molarne ikkje finst eit brot til å henta eld med frå gruva eller ausa vatn med av brunnen.

15 For so segjer Herren, Herren, Israels Heilage: Dersom de vender um og held dykk stille, skal de verta frelste, i stilla og i tillit skal dykkar styrke vera. Men de vilde ikkje.

16 De sagde: Nei, men på hestar vil me fljuga» - difor skal de fly - «og på snøggføtte vil me rida» - difor skal forfylgjararne dykkar verta snøgge -.

17 Eit tusund skal røma for trugsmål frå ein; og for trugsmål frå fem skal de røma, til dess dykkar leivning er lik ei flaggstong på toppen av eit fjell og eit merke på ein haug.

18 Og difor biar Herren med å vera dykk nådig, og difor held han seg langt burte i det høge med si miskunn mot dykk; for Herren er doms Gud, sæle er alle dei som biar på honom.

19 For du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du må ikkje gråta meir; han vil vera deg nådig når du ropar um hjelp; når han høyrer det, svarar han deg.

20 Herren skal gjeva dykk trengsels-brød og fengsels-vatn, og då skal lærarane dine ikkje meir løyna seg, men augo dine skal sjå lærarane dine,

21 og øyro dine skal høyra eit bak deg, soleis: «Dette er vegen, gakk på den!» - når det vik av til høgre, og når de vik av til vinstre.

22 Og du skal halda for ureint sylvplatorne på dine utskorne bilæte og gyllingi på ditt støypte bilæte, du skal kasta deim burt som skarn. «Ut med deg!» skal du segja til det.

23 Då skal han gjeva regn for ditt sæde, som du sår i jordi, og brød av grøda på jordi, og det skal vera både kraftigt og saftigt; den dagen skal bufeet ditt beita på ei vid eng.

24 Og uksarne og asni, som arbeider jordi, skal eta salta blandingsfôr, som vert kasta med skufl og kastegreip.

25 Og på kvart høgt fjell og på kvar høg bakke skal det vera bekkjer, straumar av vatn, på den store slagtedagen, når tårn fell.

26 Og måneljoset skal verta som solljoset, og solljoset skal verta sjufaldt, som ljoset for sju dagar, den dagen då Herren bind um bråtet som folket hans hev fenge, og lækjer såret av slaget det fekk.

27 Sjå, Herrens namn kjem langt burtanfrå, brennande er vreiden hans, og svær er røyken som stig upp; lipporne hans svell av harm, og tunga hans er som øydande eld,

28 og vreidepusten hans er som ei yverfløymande bekk, som når til halsen; han vil sælda heidningfolki i tyningssåldet og leggja eit vildringsbeisl i munnen åt folki.

29 Dykkar song skal ljoda som i den natti då høgtidi vert innvigd, og det skal vera hjartans gleda, som når dei gjeng med fløytespel upp til Herrens fjell, til Israels berg.

30 Og Herren skal lata si velduge røyst ljoda og syna sin nedfarande arm i vreid harm og øydande eldsloge, støytregn og sturtregn og hagl.

31 For røysti åt Herren skal Assur verta forfærd, han som slær honom med staven.

32 Og kvar gong straffestaven som Herren let falla på honom, fer ned, skal det ganga fyre seg med klang av trummor og cithrar, og i stridar mot det med svingande arm.

33 For ei brandtuft er tilbudd longe; ogso for kongen er ho tilbudd, djup og vid; bålet hennar hev eld og ved i mengd; anden åt Herren, lik ein svåvelstraum, set det i brand.

31. kapitlet

1 Usæle dei som fer ned til Egyptarland etter hjelp og stolar på hestar og lit på vogner, for di dei er so mange, og på hestfolk, for di dei er so mannsterke, men ikkje skodar etter Israels Heilage og ikkje søkjer Herren!

2 Men han og er vis og let ulukka koma, og ordi sine tek han ikkje i seg att, men han reiser seg mot huset åt dei vonde og mot deim som er hjelp for illgjerdsmenner.

3 Og egyptarane er menneskje og ikkje Gud, og deira hestar er kjøt og ikkje ånd, og Herren skal retta ut handi si, og hjelparen skal snåva, og den som hev fenge hjelp, falla, og dei skal alle saman ganga til grunns.

4 For so sagde Herren til meg: Liksom ei løva og ei ungløva burar yver rovet sitt, når ein flokk hyrdingar sankar seg imot henne, og ho skræmest ikkje av skriket deira og vert ikkje rædd for ståket, soleis skal Herren, allhers drott, fara ned og strida mot Sions fjell og mot høgdi der.

5 Liksom flaksande fuglar, soleis skal Herren, allhers drott, verja Jerusalem, verja og frelsa, ganga framum og berga.

6 Vend um til honom som de er so djupt falne frå, de Israels-born!

7 For på den dagen skal dei kasta frå seg kvar sine sylvgudar og gullgudar, som dykkar hender hev gjort dykk til synd.

8 Og Assur skal falla for eit sverd som ikkje høyrer ein mann til, og eit sverd som ikkje høyrer eit menneskje til, skal øyda honom, og han skal røma for sverdet, og hans unge menner skal verta trælar.

9 Og berget hans skal røma for rædsla, og fyrstarne hans skal skræmast burt ifrå fana si, segjer Herren, som hev elden sin i Sion og omnen sin i Jerusalem.

32. kapitlet

1 Sjå, med rettferd skal kongen råda, og hovdingarne skal styra etter rett,

2 og kvar ein av deim skal vera som eit skyle for veret og ei livd mot sturtregn, som vatsbekkjer på ein turr stad, som skuggen av eit veldugt berg i eit uppturka land.

3 Då skal augo åt deim som ser ikkje vera blinde, og øyro åt deim som høyrer, skal vera grannhøyrde,

4 hjarto åt dei tankelause skal evla skyna, og tunga åt dei stame skal hava lett for å tala klårt.

5 Dåren skal ein ikkje meir kalla gjæv, og den innfule skal ein ikkje kalla hugstor.

6 For dåren talar dårskap, og hjarta hans finn på vondt; han gjer vanheilag gjerd, og talar forvende ting um Herren, han let den hungrige svelta og let den tyrste vanta drikka.

7 Og våpni åt den innfule er vonde; han tenkjer ut meinråder, til å føra dei spaklyndte i ulukka med falske ord, og det når den fatige talar det som rett er.

8 Men gjævingen hev gjæve tankar, og han stend fast ved det som gjævt er.

9 De sorglause kvinnor, statt upp og høyr det eg segjer! De trygge døtter, vend øyra dykkar til min tale!

10 Um år og dag skal de skjelva, de trygge! For det er ute med vinhausten, frukhausten kjem ikkje.

11 Vert forfærde, de sorglause; skjelv, de trygge! Klæd dykk og næk dykk, og umgyrd dykkar lender!

12 Dei slær seg for bringa yver dei fagre marker, yver det fruktrike vintreet,

13 yver jordi åt mitt folk, der tornar og tistlar skyt upp, ja, yver alle gledehus, den morogalne byen.

14 For borgi er tom, mugen i byen er burte. Haug og vakttårn hev vorte til holor for ævelege tider, til frygd for villasen, til beite for bølingar -

15 til dess åndi vert utrend yver oss frå det høge, og øydemarki vert til ein frukthage, og frukthagen vert rekna som skog.

16 Og rett skal bu i øydemarki, og rettferd skal hava sin heim i frukthagen.

17 Og rettferds verk skal vera fred, og rettferds frukt ro og tryggleik til æveleg tid.

18 Og folket mitt skal bu i freds bustad og i tryggleiks tjeld og på sorgfrie kvilestader.

19 Men det skal hagla når skogen fell, og djupt skal byen søkka ned.

20 Sæle er de som sår attved alle vatn, som let uksen og asnet vera på frifot!

33. kapitlet

1 Usæl du tynar som ikkje sjølv hev vorte tynt, og du ransmann som ingen hev rana ifrå! Når du er ferdig med å tyna, skal du sjølv verta tynt; når du hev slutta med å rana, skal andre rana frå deg.

2 Herre, ver oss nådig! Etter deg biar me; ver armen vår kvar morgon, ja vår frelsa i nauds tid!

3 For torerøysti rømer folki; når du reiser deg, vert heidningarne spreidde.

4 Fengdi dykkar vert sanka, liksom skavaren sankar; liksom engsprettorne spring, spring dei etter det.

5 Upphøgd er Herren, for han bur i det høge; han fyller Sion med rett og rettferd.

6 Trygge tider skal koma for deg, ein fullnad av frelsa, av visdom og kunnskap; otte for Herren skal vera skatten åt det.

7 Høyr kjemporne deira skrik der ute, fredsbodi græt sårt.

8 Ålmannvegarne er aude, ferdafolk er der ’kje meir - han hev brote pakti, vanvyrdt byarne, ikkje vyrdt noko menneskje.

9 Landet folnar, visnar; Libanon stend skjemd, folnar burt; Saron er som den aude mark; og Basan og Karmel rister lauvet av seg.

10 No vil eg standa upp, segjer Herren, no vil eg reisa meg, no vil eg gjera meg høg.

11 De skal ganga umhender med strå og føda halm; dykkar frøsing er ein eld som skal øyda dykk.

12 Og folkeslag skal verta brende til kalk - avskoren klunger som vert uppbrend med eld.

13 Høyr, de som er langt undan, kva eg hev gjort, og de som er nær, kjenn min styrke!

14 Syndarar skjelv på Sion, skjelte hev teke dei vanheilage: «Kven kann bu ved ein øydande eld? Kven kann bu ved ævelege bål?»

15 Den som ferdast i rettferd og talar det som rett er, som ikkje vyrder urettferdig vinning, som held sine hender frå å taka mutor, stappar øyro att og vil ikkje høyra blodråd, og som let augo att og vil ikkje sjå på vondt,

16 han skal bu på høge stader, fjellborger er hans vern; brødet vert gjeve honom, vatnet tryt ikkje for honom.

17 Augo dine skal skoda kongen i hans fagerdom, dei skal sjå eit vidsveimt land.

18 Hjarta ditt skal minnast rædsla: «Kvar er han som skreiv upp? Kvar er han som vog pengarne? Kvar er han som talde tårni?»

19 Det ville folket skal du ikkje meir sjå, folket med det vande målet som ein ikkje kann skyna, med den stamande tunga som ein ikkje kann tyda.

20 Sjå på Sion, byen for våre høgtidsstemnor! Augo dine skal i Jerusalem sjå ein trygg bustad, eit fjell som ikkje vert flutt; pålarne vert æveleg ikkje upprykte, og ikkje ei av snorerne vert sundslitne.

21 Men der skal me hava ein veldug, Herren - i staden for breide åer og elvar; ingi rorskuta skal fara der, og ikkje noko veldugt langskip.

22 For Herren er domaren vår, Herren er vår lovgjerar, Herren er kongen vår, han skal frelsa oss.

23 Slakke heng togi dine, dei evlar ikkje stydja mastri, dei held ikkje seglet utspent - då vert herfang bytt i mengd, jamvel dei lame ranar ran.

24 Og ingen ibuar skal segja: «Eg er sjuk.» Folket som bur der, hev fenge si misgjerd forlati.

34. kapitlet

1 Kom hit, de folk, og høyr, og de folkeslag, gjev gaum! Jordi høyre og det som fyller henne, jordheimen og alt som veks der!

2 For Herrens vreide er yver alle folki, og harmen hans yver all deira her. Han bannstøyter deim, gjev deim til slagting.

3 Og deira ihelslegne skal verta burtslengde, og teven av liki deira skal stiga upp, og fjelli skal fljota av blodet deira.

4 Og heile himmelheren skal kverva, og himlarne verta ihoprulla som ei boki, og all heren deira skal visna burt, som bladet fell av vintreet og det visne lauvet av fiketreet.

5 For sverdet mitt hev vorte drukke i himmelen. Sjå, yver Edom skal det fara ned og yver mitt bannstøytte folk til dom.

6 Sverdet åt Herren er fullt av blod, gjødt med feitt, med blod av lamb og bukkar og med nyrefeitt av verar. For ei offerslagting held Herren i Bosra og ei stor nedslagting i Edomlandet.

7 Og villuksar skal sturta saman med deim, og stutar saman med sterke uksar, og landet deira skal verta drukke av blod, og jordi deira hævda med feitt.

8 For Herren held ein hemnardag og eit attergjeldsår for Sions sak.

9 Og bekkjerne i det skal verta til bik, og moldi til svåvel, og markerne i det skal verta til brennande bik.

10 Korkje natt eller dag skal det slokna, i all æva skal røyken frå det stiga upp; frå ætt til ætt skal det liggja i øyde, i all æva er det ingen som fer igjenom det.

11 Og pelikan og bustyvel skal eiga det, og kattula og ramn skal bu i det, og ein skal spana ut yver det mælesnøre til øyding, og bruka lodd til å gjera det tomt.

12 Det er ingi gjævingar der som kann ropa nokon ut til konge, det er slutt med alle hovdingarne.

13 Og klunger skal renna i slotti der, og netla og tistlar i borgerne, og det skal vera ein bustad for sjakalar og ein stad for strussar.

14 Og ulven og andre villdyr skal møtast, og raggetroll ropa til kvarandre; ja, der uner Lilit og finn seg ein kvilestad.

15 Der byggjer pilormen reir og legg egg og klekkjer ut ungar og sankar deim og gjev deim livd. Ja, der sankar gribbarne seg, den eine hjå den andre.

16 Leita etter i Herrens bok og les! Ikkje eitt av deim vantar, det eine saknar ikkje det andre. For hans munn byd det, og hans ånd sankar deim,

17 og han kastar lut for deim, og handi hans ætlar deim det med mælesnøre. Til æveleg tid skal dei eiga det, frå ætt til ætt skal dei bu i det.

35. kapitlet

1 Øydemarki og turrlendet skal gleda seg, og den aude heidi skal fegnast og bløma som ei lilja.

2 Ho skal bløma og fegnast, og fegnast og syngja med frygd. Herlegdomen åt Libanon hev ho fenge, Karmels og Sarons pryda; dei skal sjå Herrens herlegdom, vår Guds pryda.

3 Styrk dei valne hender og gjer dei skjelvande kne sterke!

4 Seg til dei urolege hjarto: «Ver frihuga, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar Gud! Hemnen kjem, vederlag frå Gud, han kjem sjølv og frelser dykk.

5 Då skal augo åt dei blinde verta opna, og øyro åt dei dauve verta upplatne;

6 då skal den lame springa som ein hjort, og tunga åt den mållause jubla. For vatn bryt fram i øydemark, og bekkjer på den aude heidi,

7 og det gloande sandhavet skal verta til ein sjø, og det tyrste landet til vatskjeldor; i bustaden åt sjakalar, der dei hadde sin kvilestad, er voksterstad for røyr og sev.

8 Og der skal det vera braut og veg, og han skal kallast den heilage vegen. Ingen urein skal ganga på honom, men han skal vera berre for deim; ingen vegfarande, ikkje dåren eingong, skal fara vilt.

9 Der skal det ingi løva vera, og inkje villdyr skal koma inn på honom, dei skal ikkje finnast der; men utløyste skal ferdast der.

10 Og Herrens frikjøpte skal snu heim att og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal røma.»

36. kapitlet

1 Og det hende seg i det fjortande styringsåret åt kong Hizkia, at assyrarkongen Sanherib drog upp imot alle faste borgar i Juda og hertok deim.

2 Og assyrarkongen sende Rabsake frå Lakis til Jerusalem mot kong Hizkia med ein stor her; og han stogga attmed vatsleidingi frå Øvredammen på allfarvegen til vaskarvollen.

3 Då gjekk drottseten Eljakim Hilkiason og riksskrivaren Sebna og kanslaren Joah Asafsson ut til honom.

4 Og Rabsake sagde til deim: «Meld til Hizkia: «So segjer storkongen, assyrarkongen: «Kva er det for tru som gjer deg so traust?

5 Du tenkjer at berre eit ord gjer råd og dåd i krig! Kven lit du på, sidan du sette upp imot meg?

6 Ja, det er sant, du lit på Egyptarland, den brotne røyrstaven som sting hol i handi på kvar som styd seg til honom! Soleis er Farao, egyptarkongen, for alle deim som lit på honom.

7 Og svarar du meg: «Me lit på Herren, vår Gud!» var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Hizkia fekk burt då han baud Juda og Jerusalem: «Framfor dette altaret skal de bøygja kne?»

8 Gjer då eit veddemål med Herren min, assyrarkongen: Eg gjev deg tvo tusund hestar um du kann skaffa folk til å rida på deim.

9 Korleis vil du slå attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Og so lit du på egyptarane, på vognerne og ridarane deira!

10 Trur du det er Herren uvitande når eg kjem hit og øydelegg dette landet? Nei, det var Herren som baud meg: «Drag upp til dette landet og legg det i øyde!»»»»

11 Då sagde Eljakim og Sebna og Joah til Rabsake: «Tala syrisk til tenarane dine! me skynar det nok; tala ikkje jødisk til oss! folket på muren høyrer på.»

12 «Nei,» svara Rabsake, «det er til herren din og til deg herren min hev sendt meg å tala desse ordi, men nettupp til det folket som sit på muren og saman med dykk lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn!»

13 So steig Rabsake fram og ropa høgmælt desse ordi på jødisk mål: «Høyr det storkongen, assyrarkongen, talar!

14 So segjer kongen: «Lat ikkje Hizkia narra dykk; han er ikkje i stand til å berga dykk!

15 Lat ikkje Hizkia få dykk til å lita på Herren, med di han segjer: «Herren hjelper oss for visst, han gjev ikkje denne byen i henderne på assyrarkongen.»

16 Høyr ikkje på Hizkia! So segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg! gjev dykk yver til meg! So skal de få eta kvar av sitt eige vintre og sitt eige fiketre og drikka vatn kvar or sin eigen brunn,

17 til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druvesaft, eit land med brød og vinhagar.

18 Lat ikkje Hizkia narra dykk og segja: «Herren bergar oss!» Tru nokon av folkegudarne hev berga sitt land for assyrarkongen?

19 Kvar er gudarne i Hamat og Arpad? Kvar er gudarne i Sefarvajim? Eller hev dei berga Samaria ut or mi hand?

20 Kven av alle gudarne i desse landi hev berga sitt land ut or mi hand, so Herren skulde berga Jerusalem ut or mi hand?»»

21 Og dei tagde og svara honom ikkje eit ord; for so var kongens bod: «Ikkje svara honom!»

22 Eljakim Hilkiason, drottseten, og Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, kanslaren, kom då attende til Hizkia med sundrivne klæde og melde honom ordi hans Rabsake.

37. kapitlet

1 Då kong Hizkia høyrde det, reiv han sund klædi sine, og sveipte syrgjebunad kring seg og gjekk inn i Herrens hus.

2 So sende han drottseten Eljakim og riksskrivaren Sebna og dei eldste av prestarne syrgjeklædde til profeten Jesaja Amosson.

3 Og dei sagde til han: «So segjer Hizkia: «Dette er ein dag full av naud og straff og skjemsla; fosteri hev nått fødsli, men det finst ikkje kraft til å føda.

4 Kann henda høyrer Herren, din Gud, det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att.»»

5 Då hirdmennerne frå kong Hizkia kom til Jesaja,

6 sagde Jesaja til deim: «So skal de svara herren dykkar: «So segjer Herren: Ver ikkje rædd for dei ordi du høyrde, då trælarne åt assyrarkongen spotta meg!

7 Eit hugskot skyt eg i hugen hans; han høyrer ei tiend, og heim att snur han; der let eg honom falla for sverd i sitt land.»»

8 Då Rabsake for burt att, fann han assyrarkongen i strid mot Libna; for han hadde høyrt at han hadde fare burt frå Lakis.

9 Då han so fekk tiend at ætiopkongen Tirhaka hadde drege ut i herferd mot honom, sende han eit nytt bod til Hizkia med dei ordi:

10 «Seg med Juda-kongen Hizkia: «Ikkje lat din Gud, som du lit på, narra deg til å tenkja at ikkje Jerusalem skal falla i henderne på assyrarkongen!

11 Du hev nok høyrt gjete sjølv kor assyrarkongarne hev fare åt med mot alle landi: at dei bannstøytte deim. Og so skulde du berga deg undan?

12 Kunde vel folkegudarne berga sine folk, som federne mine øydde ut: Gozan og Haran og Resef og Edens-sønerne som er i Telassar?

13 Kvar er Hamat-kongen eller Arpad-kongen eller kongen i Sefarvajim-byen, yver Hena og Ivva?»»

14 Hizkia tok brevet frå sendemennerne og las det; og so gjekk han upp i Herrens hus, og Hizkia breidde det ut for Herrens åsyn.

15 Og Hizkia bad til Herren og sagde:

16 «Herre, allhers drott, Israels Gud, du som tronar yver kerubarne! Einast du er Gud yver alle rike på jordi; du hev gjort himmelen og jordi.

17 Herre, legg øyra til og lyd! Herre, lat augo upp og sjå! Høyr dei ordi Sanherib sende og svivyrde den livande Gud!

18 Herre, det er sant: assyrarkongarne hev øydt ut folki og deira land,

19 og dei hev kasta gudarne deira på elden; for dei er ikkje gudar, berre manneverk utav stokk og stein, og dei hev tynt deim.

20 Men no må du, Herre, vår Gud, frelsa oss frå hans magt, so alle rike på jordi må røyna at einast du er Herren!»

21 Då sende Jesaja Amosson bod til Hizkia med dei ordi: «So segjer Herren, Israels Gud: «Med umsyn på bøni di til meg um Sanherib, assyrarkongen,

22 då er dette det ordet som Herren hev tala imot honom: Ho vanvyrder deg, ho spottar deg, ungmøyi, Sions dotter, ho rister på hovudet åt deg, Jerusalems dotter.

23 Kven hev du svivyrdt? kven hev du spotta? Kven hev røysti di ropa imot? Augo lyfte du høgt, mot Israels Heilage.

24 Ved tenarane hædde du Herren og sagde: «Med dei mange vognerne mine for eg upp på dei høgste fjelli, ja, langt burti Libanons utmark, der høgg eg ned hennar høge cedrar og dei hæve cypressorne hennar; eg tek meg fram i dei øvste heimar, inn i den tettaste hagen;

25 eg hev grave og drukke vatn; med fotsolen min eg turkar ut alle Egyptarlands elvar.»

26 Hev du ’kje høyrt at eg hev longe laga det so? Frå ævordsleg tid hev eg fyreåt fastsett dette! Og no let eg det koma i verk! Du fekk magt til å øyda sterke borgar til steinrøysar aude.

27 Folki deira vart veike og valne, skalv og stod til skammar. Det gjekk deim som graset på marki og grøne urtar, som vokstrar på taket, som kornåker fyrr han hev skote.

28 Eg veit når du sit, gjeng ut og gjeng inn, kor du slær deg vill imot meg.

29 Av di du er vill imot meg, og eg høyrer kor kaut du er, eg hektar min krok i nosi di, legg min taum i munnen din og vikjer deg heim att den vegen du kom.»

30 Og dette skal du hava til merke: I år skal de eta sjølvsått korn, næste år sjølvrunne. Men tridje året skal de så og hausta og planta vinhagar og eta frukti av deim.

31 Og leivningen som er att av Juda hus, skyt djupare røter nedantil, og ovantil ber han si frukt.

32 For ein leivning kjem frå Jerusalem, og ein rest frå Sionsfjellet. Brennhugen åt Herren, allhers drott, skal gjera dette.

33 Difor segjer Herren so um assyrarkongen: Ikkje skal han koma inn i denne byen, og ikkje skjota nokor pil der inn; ikkje skal han storma fram mot han med skjold, og ikkje byggja skansar upp imot han.

34 Den vegen han kjem, den skal han heim att fara, i denne byen slepp han ikkje inn, so segjer Herren.

35 Eg vernar denne by og bergar honom, for mi skuld og for Davids skuld, min tenar.»

36 Og Herrens engel gjekk ut og slo hundrad og fem og åtteti tusund mann i assyrarlægret. Tidleg næste morgon fann dei deim alle liggjande lik.

37 Då tok assyrarkongen Sanherib ut og drog burt og snudde heim att, og heldt seg sidan i Nineve.

38 Ein gong han heldt bøn i huset åt Nisrok, guden sin, hogg sønerne hans, Adrammelek og Sareser, honom ned med sverd. Dei kom seg undan til Araratlandet, og Asarhaddon, son hans, vart konge i staden hans.

38. kapitlet

1 I dei dagarne lagdes Hizkia i helsott; då kom profeten Jesaja Amosson til honom og sagde med honom: «So segjer Herren: «Skila for deg! for du skal døy; du vert ikkje god att.»»

2 Då snudde Hizkia seg mot veggen og bad til Herren:

3 «Å Herre! kom i hug kor eg hev ferdast ærleg og heilhjarta di åsyn og gjort det som godt var i dine augo!» Og Hizkia sette i og storgret.

4 Då kom Herrens ord til Jesaja soleis:

5 «Gakk og seg til Hizkia: «So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di og set tårorne dine. Sjå, eg aukar alderen din med femtan år.

6 Or handi på assyrarkongen bergar eg deg og denne byen; ja, eg vernar denne byen.

7 Og dette gjev Herren deg til merke på at Herren heldt det han hev lova:

8 Sjå, eg let skuggen på solskiva, som med soli hev gjenge ned på solskiva åt Ahaz, ganga ti strik attende.»» Og soli gjekk attende ti av dei striki ho hadde gjenge ned.

9 Ein skrift av Hizkia, kongen i Juda, då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen:

10 «Eg sagde: I mine beste år lyt eg fara igjenom helheimsportarne; eg lyt bøta med resten av åri mine.

11 Eg sagde: Eg fær ikkje sjå Herren, Herren i landet åt dei livande; eg fær ikkje skoda menneskje meir millom deim som bur i stilla.

12 Min bustad vert upprykt og burtførd frå meg som eit hyrdingtjeld. Eg hev rulla mitt liv i hop som ein vevar; frå varpet skjer han meg av; fyrr dag vert natt, er du ferdig med meg.

13 Eg roa meg alt til morgons; som ei løva, so bryt han alle mine bein; fyrr dag vert natt, er du ferdig med meg.

14 Som ei svala, ei trana, so sutra eg, eg kurra som ei duva; dimt såg mine augo mot høgdi: Eg er kvidefull, Herre, borga for meg!

15 Kva skal eg segja? Han hev meg sagt det, og han hev gjort det. Stilt vil eg ferdast alle mine år for all mi sjælekvida.

16 Herre, dei er til liv, og dei held uppe alt liv i mi ånd. So gjer meg då frisk og lat meg liva!

17 Det beiske, det beiske vart meg til fred, og du drog kjærleg mi sjæl or tyningsgravi; for du kasta bak din rygg alle synderne mine.

18 For ikkje prisar helheimen deg, ikkje lovar dauden deg; ikkje vonar dei som fer ned i gravi på truskapen din.

19 Den livande, den livande, han prisar deg liksom eg i dag; ein far lærer borni sine um truskapen din.

20 Herren vil frelsa meg, og på strengleikar vil me leika alle våre livedagar i Herrens hus.»

21 Jesaja sagde dei skulde taka ei fikekaka og leggja til plåster på svullen, so han skulde friskna til att.

22 Hizkia sagde: «Kva skal eg hava til merke på at eg skal ganga upp til Herrens hus?»

39. kapitlet

1 Kring den tid sende Babel-kongen Merodak Baladan Baladansson brev og gåva til Hizkia, då han høyrde at han hadde vore sjuk og vorte frisk att.

2 Hizkia var glad for dei kom, og han synte deim skattkammeret sitt, sylvet og gullet og kryddorne og den kostelege oljen, og heile våpnhuset sitt og alt som fanst i skattkammeri hans; det fanst ikkje den ting i hans hus og i heile hans rike som ikkje Hizkia synte deim.

3 Då kom profeten Jesaja til kong Hizkia og spurde honom: «Kva hev desse mennerne sagt, og kvar helst kom dei frå til deg?» Og Hizkia svara: «Frå eit land langt burte, frå Babel kom dei til meg.»

4 «Kva hev dei set i huset ditt?» spurde han. «Alt som i huset mitt finst hev dei set,» svara Hizkia; «det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte deim.»

5 Då sagde Jesaja til Hizkia: «Høyr ordet frå Herren, allhers drott:

6 Sjå, dagar kjem då alt som finst i huset ditt, det federne dine hev samla alt til i dag, det skal verta ført til Babel; aldri ein grand skal verta att, segjer Herren.

7 Og sume av sønerne dine, ætta frå deg, utstokne frå deg, skal takast, og dei skal verta hirdmenner i slottet åt Babel-kongen.»

8 Då sagde Hizkia til Jesaja: «Godt er Herrens ord som du hev tala.» Og han sagde framleides: «Det vert då fred og trygd so lenge eg liver.»

40. kapitlet

1 Trøysta, trøysta mitt folk! Segjer dykkar Gud.

2 Tala mildt til Jerusalem, og ropa til henne, at striden hennar er enda, at skuldi hennar er kvitta, at ho hev fenge av Herren tvifelt for alle sine synder.

3 Høyr, det ropar: «Brøyt i heidi veg for Herren! Jamna til i øydemarki gata for vår Gud!

4 Kvar ein dal skal hevjast, kvart eit berg og bakke jamnast, haugarne verta ei sletta, og hamrarne verta til flatland.

5 Herrens herlegdom skal te seg, alt kjøt skal det få sjå. For Herrens munn hev tala.»

6 Høyr, det segjer: «Preika!» Svarar ein: «Kva skal eg preika?» «Alt kjøt er gras, og alt dess ynde som blom på marki.

7 Graset visnar, blomen folnar, når Herrens ande blæs på deim. Ja, i sanning, folk er gras.

8 Graset visnar, blomen folnar, men ordet frå vår Gud stend æveleg.»

9 Stig upp på høge fjellet, du Sion, fagnadbod! Lat røysti ljoma sterkt, Jerusalem, du gledebod! Lat ljoma, ræddast ei! Seg det til Judas byar: «Sjå der er dykkar Gud!»

10 Sjå, Herren, Herren kjem, den sterke, og med sin arm han ter si magt. Si løn han fører med seg, og fyre gjeng dei han hev vunne.

11 Som hyrding gjæter buskap sin, han sankar deim i armen, smålambi ber ved barmen, og leider møderne vart og lint.

12 Kven hev vatnet mælt i sin love, og yver himmelen spanna, og jordmoldi mælt i kanna, og vege fjell på bismar, og haugarne lagt på skålvegt?

13 Kven hev rettleidt Herrens ande? Kven gjev honom råd og lærdom?

14 Kven tok han på råd til å gjeve seg skyn, til å lære seg rette vegen, og læra seg kunnskap og visa seg vegen til vit?

15 Nei, folki er som ein drope på vatsspann, som dust i skålvegt dei reknast, og øylandi føykjer han som fjom.

16 Libanon hev ikkje nok av ved, og ikkje offerdyr nok.

17 Som inkje er alle folki for honom, han reknar deim for tome inkjevetta.

18 Kven vil de då likna Gud med? Kva bilæte setja ved sida?

19 Bilætet, det støyper meisteren, og gullsmeden gyller det, og støyper sylvkjedor til det.

20 Er ein for arm til slik ei gåva, vel han seg tre som ikkje morknar, og leitar upp ein dugleg meister, som set eit stødigt bilæt’ upp.

21 Skynar de ikkje? Høyrer de ikkje? Er det ’kje meldt dykk frå fyrste stund? Greider de ikkje jorderiks grunnar?

22 Han sit høgt yver jordheims-kringen, dei som der bur, er som grashoppesverm. Himmelen breidde han ut som ein florduk, spana han ut som eit tjeld til å bu i.

23 Hovdingar gjer han til ingen ting, domarar på jordi til inkjevetta.

24 Knapt er dei planta, knapt er dei sådde, knapt hev dei rotfest i jordi sin stomn, fyrr han andar på deim, og dei visnar, stormen føykjer deim burt som strå.

25 Kven vil de likna meg med, so eg honom liktest? den Heilage segjer.

26 Lyft dykkar augo mot høgdi, og sjå kven hev som desse hev skapt! Han som mynstrer heren deira, nemner deim alle på namn. Stor i velde og sterk i kraft ikkje han saknar ein.

27 Kvi vil du segja, Jakob, og tala so, Israel: «Min veg er løynd for Herren, og min rett kjem burt for min Gud?»

28 Hev du ’kje skyna det? Hev du ’kje høyrt det? Herren han er ein æveleg Gud, han hev skapt den vide verdi. Han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mod, hans vit kann ingen grunda ut.

29 Han gjev den trøytte kraft og aukar styrken for magtlaus mann.

30 Gutar vert trøytte og mode, og unge karar lyt snåva.

31 Men dei som vonar på Herren, fær atter kraft, dei fær nye vengjefjører som ørnar. Dei spring og trøytnar ikkje, dei gjeng og mødest ei.

41. kapitlet

1 Høyr stilt på meg, de strender, lat folki få seg ny kraft! Lat deim so koma hit og tala! Til doms me fylgjast åt.

2 Kven vekte frå auster honom som siger fylgjer for fot? Kven gjev honom folk til eiga og kongar til rådevelde? Kven gjer deira sverd til dust, deira boge til fjukande bos?

3 Han elter deim, fer i fred ein veg som han aldri hev gjenge.

4 Kven hev gjort og fullført dette? - Han som upphavleg kalla ætterne fram. Eg, Herren, eg er den fyrste og enn hjå dei siste med same.

5 Strender såg det og ræddast, jordheims utbygder skalv, dei kom og stima i hop.

6 Den eine hjelpte den andre og sa til bror sin: «Ver sterk!»

7 Snikkaren gullsmeden mana, og platemakaren smeden; han sa um loddingi: «Ho er god!» So feste han guden med spikar so stødt.

8 Men du, min tenar Israel, du Jakob, som eg ut hev valt, du ætt av Abraham, min ven,

9 du som eg tok frå heimsens endar og kalla deg frå ytste utkant og sa til deg: Min tenar er du, eg hev deg valt og ei forsmått,

10 ver ikkje rædd, for eg er med deg, ver hugheil, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg, og hjelper deg, eg styd deg med mi rettferds hand.

11 Sjå, dei vert til spott og skam, dei som harmast på deg; dei vert til inkjes, gjeng til grunns, dei som trættar med deg.

12 Leitar du, finn du deim ikkje, dei som stridar mot deg; dei vert til null og ingen ting dei som krigar mot deg.

13 For eg er Herren, din Gud, som held deg i høgre handi og segjer til deg: Ver ikkje rædd! Eg hjelper deg.

14 Ver urædd, Jakob, arme krek, du vesle flokk av Israel! «Eg hjelper deg», er Herrens ord, og Israels Heilage deg løyser.

15 Eg gjer deg til ei treskjeslede, ein ny og kvass med mange tenner, so du skal treskja, krasa fjell og gjera haugar um til agner.

16 Du kastar deim, og vinden tek deim, og stormen spreidar deim ikring; men du skal frygda deg i Herren og rosa deg av Israels Heilage.

17 Dei arme fatigfolk, dei leitar fåfengt etter vatn, med tunga sårt av torste brenn; men deim vil eg bønhøyra, Herren, Israels Gud, vil ikkje svika deim.

18 På haugar let eg elvar renna, og midt i dalar ollor springa, eg heidi gjer til klåre sjø og turre landet til kjeldevang.

19 I heidi let eg cedrar veksa, akasja, myrt og oljetre, på snaudheid eg cypressa set i lag med alm og edelgran,

20 so folk kann sjå og vita vel og merka seg og skyna grant, at Herrens hand hev dette gjort, og Israels Heilage det skapt.

21 Kom hit med saki dykkar! segjer Herren, gjev dykkar grunnar! segjer Jakobs konge.

22 Lat deim då koma, melda oss kva som skal henda. So meld oss kva de fyrr hev spått, at me kann agta på det og sjå um det vert uppfyllt. Ell’ lat oss høyra kva som kjem.

23 Seg frå kva sidan koma skal, so me kann skyna de er gudar. Ja, gjer då noko godt ell’ vondt, so me kann sjå det alt med undring!

24 Men de er ingen ting, og dykkar verk er inkjevetta. Ufysleg den som vel seg dykk!

25 Frå nord eg vakte honom, og han kom frå auster han som på mitt namn skal kalla, han trakka skal på hovdingar som leir, som pottemakar som trør i leira.

26 Kven hev frå fyrst det kunngjort so me skyna det, frå fyrste stund so me kann segja: «Han fekk rett?» Nei, ingen hev det meldt, og ingen hev sagt frå, og ingen høyrde at de ymta noko.

27 Eg sagde fyrst til Sion: Sjå der er det! Og gav Jerusalem eit gledebod.

28 Eg ser meg um, men der er ingen, imillom deim kann ingen gjeva greida, so eg deim kunde spyrja, og dei svara.

29 Sjå, alle er dei ingen ting, og deira verk er inkjevetta, og deira bilæte er luft og vind.

42. kapitlet

1 Sjå min tenar som eg styd, min utvalde som eg elskar! Honom gjev eg anden min, rett han førar ut til folki.

2 Ikkje mun han ropa, skrika, ei på gata bruka mælet.

3 Brostne røyrstrå ei han bryt, sløkkjer ei den veik som gløder, trufast ber han retten ut.

4 Ei han veiknar, ei han brotnar fyrr han rett på jord fær setja, øyer ventar på hans lov.

5 Soleis talar Herren Gud, som hev himmeln skapt og utspent, jordi lagt med vokstrar på, gjeve folk på henne ande, andedrag åt deim der ferdast:

6 Eg, Herren, hev deg i rettferd kalla, eg tok deg i handi, eg varar deg og gjer deg til folkepakt og til ljos for heidningar,

7 til å opna blinde augo, føra fangar ut or fengsel deim som sit i myrker, or fangehus.

8 Eg er Herren, det er mitt namn, ingen annan fær mi æra, ikkje bilæti min pris.

9 Sjå, dei fyrste ting er komne, og eg meldar nye ting; endå fyrr dei upp hev runne, eg forkynner dykker deim.

10 Syng ny song for Herren, lova han til heimsens endar! Sjøfolk og du havsens myrja, øyland og dei folk der bur!

11 Heidi syng med sine byar, hytteby der Kedar bur. Dei som bur på berget, jublar, ropar ned frå høgste nut.

12 Dei skal gjeva Herren æra og hans pris til øyland bera.

13 Ut gjeng Herren som ei kjempa, eggjar harmen som ein stridsmann, herrop lyfter han og skrik, ter si magt mot sine motmenn.

14 Stilt eg heve tagt so lenge, mållaus hev eg halde meg. No eg styn som viv i barnsnaud, etter anden syp og pæsar.

15 Berg og haug eg legg i øyde, svider av alt grønt på deim, elvar gjer eg um til øyer, sjøar let eg turkast upp.

16 Blinde ukjend veg eg fører, so dei fer ukjende stigar, myrkt gjer eg til ljost for deim, bakkeland til flate sletta. Dette er det eg vil gjera og slett ikkje lata vera.

17 Vika lyt storleg skjemmast dei som lit på bilæt-gud, og til støypte bilæt segjer: «De er våre gudar.»

18 Dauve, høyr! Blinde, upp med augo! Sjå!

19 Kven er blind, um ei min tenar, dauv som sendebodet mitt? Kven er blind som venen min? Kven er blind som Herrens tenar?

20 Mangt du såg, men gøymer ikkje, han fekk øyra upp, men høyrer ei.

21 For si rettferd skuld vil Herren gjera lovi stor og herleg.

22 Men det er eit plundra folk, herja folk, alle bundne sit i hol og i fangehusi løynde. Herfang er dei, og hev ingen frelsar, ran, og ingen segjer: «Gjev det att!»

23 Kven av dykk gjev gaum på dette, lyder på og høyrer sidan?

24 Kven gav Jakob burt til ran og til ransmenn Israel utan Herren som me synda mot, som hans vegar dei ei fara vilde og ei høyra på hans lov?

25 So rende han yver deim sin heite harm og ein veldug krig. Det ikring deim loga, men dei skyna inkje, brende deim, men dei la ikkje det på hjarta.

43. kapitlet

1 Og no segjer Herren so, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver urædd! for eg hev løyst deg ut, eg hev ropa deg på namn, du er min.

2 Fer du gjenom vatn, so er eg med deg, gjenom elvar, so skal dei ’kje riva deg burt. Gjeng du i eld, du svidar deg ei, og logen skal ikkje brenna deg.

3 For eg, Herren, er din Gud, Israels Heilage er din frelsar. Egyptarland gjev eg til løysepeng for deg, Ætiopia og Seba til vederlag for deg.

4 For di du er dyr for meg, du er mykje verd, og eg elskar deg, difor gjev eg menneskje burt for deg og folkeslag for ditt liv.

5 Ver ikkje rædd! for eg er med deg; austanfrå vil eg føra di ætt, og vestanfrå vil eg samla deg.

6 Eg segjer til nordheimen: «Kom med deim!» Og til sudheimen: «Haldt deim ’kje att! Kom med sønerne mine langt burtanfrå og døtterne mine frå verdsens ende,

7 kvar den som heiter etter mitt namn, og som eg hev skapt til mi æra, og som eg hev laga og gjort.»

8 Før fram det blinde folk som hev augo, og dei dauve som lel hev øyro!

9 Lat alle folki samla seg og alle folkeslag møta. Kven av deim kann forkynna slikt? Lat deim melda kva dei fyrr hev spått. Lat deim møta med vitne og få rett, lat deim høyra og segja: «Det er sant!»

10 De er mine vitne, segjer Herren, og min tenar som eg hev valt ut, so de skal kjenna og tru meg og skyna at det er eg. Fyre meg vart ingen gud til, og etter meg kjem ingen.

11 Eg, ja eg er Herren, og utan meg finst det ingen frelsar.

12 Eg hev kunngjort og frelst, eg, og ingen framand gud millom dykk hev forkynt det. De er mine vitne, segjer Herren, og eg er Gud,

13 Enn i dag er eg den same, og ingen kann berga or mi hand. Det som eg gjer, kven kann gjera det ugjort?

14 So segjer Herren, dykkar utløysar, Israels Heilage: For dykkar skuld eg utbod mot Babel og alle saman driv eg på flukt, kaldæarane på sine lystskip.

15 Eg, Herren, er dykkar Heilage, Israels skapar er dykkar konge.

16 So segjer Herren, som gjorde veg i havet, ein stig i dei stride straumar,

17 som let vogner og hestar draga ut, både her og hovding - dei låg der og reiste seg ikkje, dei er sløkte, dei slokna som lampeveik -:

18 Tenk ikkje på det som fyrr hev vore, og på det framfarne gjev ikkje agt!

19 Sjå, eg gjer noko nytt, no renn det, går de det ikkje? Ja, eg vil gjera veg i heidi, elvar i øydemarki.

20 Dyri på marki skal æra meg, sjakalar og strussar, for eg gjev vatn i heidi, elvar i øydemarki, so mitt utvalde folk kann få drikka.

21 Det folk eg hev skapt meg, dei skal forkynna min pris.

22 Men på meg hev du ikkje kalla, Jakob, so du gjorde deg bry for meg, Israel.

23 Ikkje hev du gjeve meg dine brennofferlamb, og ikkje meg æra med dine slagtoffer, ikkje hev eg brytt deg med grjonoffer, og ikkje med røykjelse plåga deg.

24 Ikkje hev du for pengar kjøpt meg krydderøyr, og ikkje kveikt meg med feittet av dine slagtoffer. Nei, du hev trøytta meg med dine synder og brytt meg med dine misgjerningar.

25 Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningarne dine for mi skuld, og eg kjem ikkje synderne dine i hug.

26 Minn meg, so gjeng me saman til doms, fortel du, so du kann få rett!

27 Den fyrste far din synda, og dine målsmenn var utrue mot meg.

28 So laut eg vanhelga heilage hovdingar, lysa Jakob i bann og Israel gjeva til spott.

44. kapitlet

1 Men høyr no, Jakob, tenaren min, du Israel som eg hev valt ut!

2 So segjer Herren som skapte deg, som laga deg frå morsliv og hjelper deg: Ver ikkje rædd, du min tenar Jakob, Jesurun som eg hev valt ut.

3 For eg vil renna vatn yver det tyrste, og straumar yver det turre. Eg vil renna min ande ut yver di ætt, og yver ditt avkjøme mi velsigning.

4 Dei skal veksa upp millom graset som pilar ved bekkjefar.

5 Ein segjer: «Eg høyrer Herren til,» ein annan kallar seg med Jakob-namnet, ein skriv med si hand: «For Herren,» og brukar til ærenamn Israel.

6 So segjer Herren, Israels konge, og hans utløysar Herren, allhers drott: Eg er den fyrste og eg er den siste, og utan meg finst det ingen Gud.

7 Kven forkynte jamt og samt som eg - lat han melda og leggja det fram for meg! - frå den tid eg skapte fornalder-folket? Og lat deim melda det som i framtidi kjem!

8 Ver ikkje forstøkte og rædde! Hev eg ikkje for lenge sidan forkynt og meldt deg det? De er mine vitne; finst det nokon Gud utan meg? Nei, eg veit ikkje um noko anna berg.

9 Dei som lagar gudebilæte er alle inkjevetta, og deira kjære gudar kann ikkje hjelpa; deira vitne ser inkje og skynar inkje, difor vert dei til skammar.

10 Um nokon lagar ein gud og støyper eit bilæte, er det til unyttes.

11 Alle som held seg til det, skal verta til skammar, og meistrarne er berre menneskje, lat deim samla seg og stiga fram alle, dei skal ræddast og verta til skammar alle i hop.

12 Smeden kvesser ei øks og lagar henne til i koleld og formar henne med sleggjor, og han gjer henne ferdig med sin sterke arm. Vert han so svolten, minkar magti, og fær han ikkje drikka vatn, vert han veik.

13 Snikkaren spanar snori og ritar med gravstikka, han slettar med hyvelen og dreg ringar med passaren; so lagar han dei som eit mannslike, som ein fager mann som fær bu i eit hus.

14 Ein gjev seg til å hogga cedrar, og han tek steineik og eik og vel seg ut eit millom skogstrei. Han plantar ei fura, og regnet fær henne til å veksa.

15 Mannen brukar treet til å brenna, han tek av det og vermer seg, ja, han kveikjer på og bakar brød. So gjer han og ein gud som han bed til, han formar eit gudebilæte som han bøygjer kne for.

16 Helvti av det brenner han upp i elden, ved den helvti et han kjøt, steikjer ei steik og mettar seg. Han vermer seg og, og segjer: «Hå, eg vert varm, eg merkar eld!»

17 Resten av det gjer han til ein gud, til sin avgud som han bøygjer seg for og bed til, og han bed soleis: «Frels meg, for du er min gud!»

18 Dei er utan vit og skyn, for attklistra er augo deira, so dei ikkje ser, og hjarto deira so dei ikkje skynar.

19 Ingen tenkjer seg um, ingen hev klokskap og skyn nok til å segja med seg: «Helvti hev eg brent upp i elden, i gløderne hev eg baka brød og steikt kjøt og ete, og so skulde eg laga resten til eit ufyselegt bilæte og bøygja kne for ein trekubbe!»

20 Den som agtar på oska, honom hev eit forvilla hjarta dåra, so han ikkje kjem til å frelsa si sjæl og segja: «Det er lygn det eg held i mi høgre hand!»

21 Kom dette i hug, du Jakob, du Israel, min tenar! Eg hev skapt deg, du er min tenar, Israel, eg gløymer deg ikkje.

22 Eg hev stroke burt dine brot som ei skodda, og synderne dine som ei sky; vend um til meg, for eg hev løyst deg ut.

23 Jubla, himlar! For Herren hev sett det i verk. Ropa med frygd, de dypter i jordi! Set i med jubel, de fjell! Du skog med kvart eit tre! For Herren hev løyst ut Jakob, og syner seg herleg på Israel.

24 So segjer Herren, utløysaren din, skaparen din frå moderliv: Eg er Herren som allting gjer, himmelen spana eg ut åleine, jordi breidde eg ut utan medhjelp.

25 Eg gjer juglarteikni um inkje, og spåmenner gjer eg til fåmingar; eg let vismenner koma til kort og gjer deira vitskap til dårskap.

26 Eg stadfester ordet åt tenaren min og fullfører rådi åt sendebodi mine. Eg segjer um Jerusalem: «Der skal bu folk!» Og um Juda-byarne: «Dei skal byggjast!» Ruinarne der vil eg reisa att.

27 Eg segjer til djupet: «Torna, dine straumar turkar eg ut!»

28 Eg segjer til Kyrus: «Min hyrding!» Han skal fullføra all min vilje og til Jerusalem segja: «Vert bygd! Og templet verta grunnlagt!»

45. kapitlet

1 So segjer Herren til sin salvevigde, til Kyrus som eg held i hans høgre hand, for å kasta folk til jordi for honom og løysa beltet av kongar, for å opna dører for honom, so ingen portar vert stengde:

2 Sjølv gjeng eg fyre deg og jamnar hindringar; kopardører sprengjer eg, og jarnslåer slær eg sund.

3 Og eg gjev deg dulde skattar og burtgøymde rikdomar, so du skal vita at det var eg, Herren, som kalla deg på namn, eg, Israels Gud.

4 For min tenar Jakobs skuld og Israel, min utvalde, kalla eg deg med namnet ditt, gav deg tilnamn då du ikkje kjende meg.

5 Eg er Herren, og ingen annan, utan meg finst det ingen Gud. Eg væpna deg fyrr du kjende meg,

6 so dei skal vita frå aust til vest at det finst ingen annan enn eg. Eg er Herren, og ingen annan.

7 Skapar åt ljoset og upphav til myrkret, skapar åt velferd og upphav til uferd; eg, Herren, gjer alt dette.

8 Lat det drjupa, de himlar, ovanfrå, og skyerne renne med rettferd! Jordi late seg upp, so frelsa kann bløma og rettferd renna med same! Eg, Herren, skaper det.

9 Ve den som trættar med skaparen sin! Eit skålbrot millom dei andre av jord. Kann leiret til formaren segja: «Kva gjer du?» Eller verket ditt segja: «Han hev ikkje hender?»

10 Ve den som segjer til far sin: «Kva avlar du?» Og til kvinna: «Kva føder du?»

11 So segjer Herren, Israels Heilage og skapar: Spør meg um det som kjem! Lat meg syta for mine søner, og det verk mine hender hev gjort!

12 Det var eg som gjorde jordi, og folket der hev eg skapt; mine hender spana ut himmelen, og all hans her baud eg ut.

13 Det er eg som honom hev vekt i rettferd, og alle hans vegar jamnar eg. Han skal byggja min by og senda mine landlyste heim, og det utan vederlag, utan betaling, segjer Herren, allhers drott.

14 So segjer Herren: «Rikdomen frå Egypt og vinningi frå Ætiopia, og Saba-mennerne, røslege karar, skal koma til deg og høyra til deg; dei skal fylgja deg og ganga i lekkjor; for deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei venda si bøn: Berre hjå deg er Gud og elles ingen, ingen Gud.»

15 I sanning, du er ein løyndomsfull Gud, du Israels Gud, du frelsar.

16 Til spott og skam vert dei alle saman, gude-makaran’ gjeng med blygsla.

17 Israel vert frelst ved Herren med æveleg frelsa, de vert ikkje til spott og skam i alle ævor.

18 For so segjer Herren, himmelskaparen, han som er Gud, han som hev gjort og laga jordi, han som hev grunnfest henne; ikkje til ei audn skapte han henne, men til folkebustad laga han henne! - Eg er Herren, og ingen annan.

19 Ikkje i løyndom hev eg tala, ein stad i myrke-land; ikkje hev eg sagt til Jakobs-ætti: Leita etter meg fåfengt! Eg, Herren, talar rettferd, forkynner det som er rett.

20 Samle dykk og kome, kome saman hit, de som er att av heidningfolki! Uvituge er dei som ber på sitt trebilæte og bed til ein gud som ikkje kann frelsa.

21 Forkynn og seg frå! Ja, lat deim berre samrådast! Kven hev kunngjort slikt frå fordom, meldt det for lenge sidan? Tru det ikkje er eg, Herren? Og utan meg er det ingen Gud. Ein rettferdig og frelsande Gud finst ikkje utanum meg.

22 Vend dykk til meg, lat dykk frelsa, alle utbygder av jordi! For eg er Gud, og ingen annan.

23 Ved meg sjølv hev eg svore, or min munn er det gjenge sanning, eit ord som eg ikkje tek i meg att: For meg skal bøygja seg kvart eit kne, til meg skal kvar ei tunge sverja.

24 Berre hjå Herren, skal dei segja um meg, er rettferd og magt. Til honom skal dei koma og skjemmast alle som harmast på honom.

25 I Herren vinn dei rettferd og rosar seg alle som er av Israels ætt.

46. kapitlet

1 Bel stuper, Nebo sig. Deira bilæte kjem til dyr og fe. De bar deim i høgtid, no legg de deim på dyr som ber seg trøytte av byrdi.

2 Dei sig og stupar alle saman, dei kann ikkje berga byrdi, og sjølv lyt dei fara or landet.

3 Høyr på meg, du Jakobs hus, og heile du leivning av Israels hus! De som er borne frå moderliv og lyfte på hender frå moderfang.

4 Til dykkar alderdom er eg den same, og til dei gråe hår skal eg bera dykk. Eg hev gjort det, og eg skal lyfta, eg skal bera og berga.

5 Kven vil de likna meg med og setja meg jamsides med? Kven set de upp til jamliken min?

6 Dei rister gull utor pungen, veg upp sylv på vegti, leiger ein gullsmed til å laga ein gud, som dei bøygjer seg for og bed til.

7 Dei tek han på nakken og ber honom burt og set honom på sin plass, so stend han der og flyt seg ikkje av flekken. Ropar ein til han, so svarar han ikkje, or naudi bergar han ikkje.

8 Tenk på det, og vert støde, de fråfalne, tak det til hjarta!

9 Tenk på det fyrste frå fordoms tid, at eg er Gud og ingen annan, ein Gud som ei hev sin like,

10 eg som frå upphavet enden varslar, og frå fordom det som ikkje endå hev hendt, eg som segjer: «Mi rådgjerd skal standa, og alt det eg vil, det gjer eg!»

11 Eg som kallar ørnen frå aust, langt burtanfrå mannen som fullfører mi råd. Som eg hev sagt det, so let eg det koma, som eg hev tenkt det, eg set det i verk.

12 Høyr på meg, de stridlyndte, som er langt burte frå rettferd!

13 Eg fører hit mi rettferd, ho er ikkje langt burte, og mi frelsa skal ikkje drygja. Eg gjev frelsa i Sion og til Israel min herlegdom.

47. kapitlet

1 Stig ned og set deg i moldi, du møy Babel-dotter! Set deg på jordi utan kongsstol, du kaldæar-dotter! For ei skal du lenger kallast den kløkke og kjælne.

2 Tak handkverni og mal mjøl, legg sløret burt! lyft slæpet upp, næk leggen, vad yver elvar!

3 Lat skammi di syna seg, lat deim sjå di skjemsla! Hemn tek eg og sparer ikkje eit menneskje.

4 Vår utløysar, Allhers-Herren han heiter, Israels Heilage.

5 Set deg stilt og gøym deg i myrkret, du kaldæar-dotter! For ei skal du lenger kallast dronning yver riki.

6 Eg var harm på mitt folk, vanhelga min arvlut og gav deim i dine hender. Men du viste ikkje medynk. Jamvel på gamlingar la du ditt tunge ok.

7 Du sagde: «Eg skal alltid vera Æve-dronning,» du la ikkje det på hjarta, tenkte ikkje på endelykti.

8 So høyr no det, du kjælne, som trunar so trygt, du som segjer i ditt hjarta: «Eg og ingen annan! Eg skal ikkje sitja enkja, og aldri sjå meg barnlaus!»

9 Båe desse ulukkor skal brått koma yver deg på ein einaste dag, barnløysa og enkjestand kjem på deg i fullaste mål, tråss i dine mange trollingar og dine sterke bannlysingar.

10 Du var trygg i vondskapen din og sa: «Det er ingen som ser meg!» Visdomen din og vitskapen din hev dåra deg, so du sa i ditt hjarta: «Eg og ingen annan!»

11 So skal det då vondt koma yver deg, som du veit ’kje å venda av, ei ulukka skal falla yver deg, som du ikkje kann sona burt, og brått skal det koma yver deg tjon når du ikkje varast.

12 Kom no med dine bannlysingar, dine mange trollingar, som du hev stræva med ifrå ungdomen! Kanskje kunde du finna hjelp, kanskje skræma ulukka burt.

13 Du hev trøytta deg med dine mange råder, lat deim so møta, lat dei himmelkunnige hjelpa deg, stjernekikaran’, dei som kvar månad forkynner kva som skal hendast deg!

14 Men dei hev vorte som halm, elden brenner deim upp, dei kann ikkje berga sitt eige livet or loge-vald. Det er ikkje glod til å verma seg med, ikkje bål til å sitja attved.

15 So gjeng det deg med deim du hev stræva for, handelsvenerne dine frå ungdomen din. Dei vildrar kvar sin veg, ingen som hjelper deg.

48. kapitlet

1 Høyr dette, de av Jakobs hus, de som er nemnde med Israels-namnet og hev runne or Judas kjelda, de som sver ved Herrens namn og ærar Israels Gud - men ikkje med sanning og rett!

2 For dei kallar seg etter den heilage byen og lit på Israels Gud som heiter Allhers-Herren.

3 Dei fyrste hendingar hev eg forkynt for lenge sidan, or min munn gjekk dei ut, og eg kunngjorde deim; brått hev eg sett deim i verk, og dei kom.

4 For eg visste at du er hard, at nakken din er som ei jarnspong og panna di som kopar.

5 So forkynte eg deg det for lenge sidan, kunngjorde deg det fyrr det kom, so du ei skulde segja: «Bilætet mitt hev gjort det, mitt skorne eller støypte bilæt’ hev skipa det til.»

6 Du hev høyrt det, sjå det no alt i hop! Og de, må de ikkje sanna det? Men no eg forkynner deg nytt, dulde ting som du ikkje veit um.

7 No vert det skapt og ikkje fyrr, og du hev ’kje høyrt um det fyrr i dag, so du ikkje skulde segja: «Det visste eg!»

8 Du hev korkje høyrt eller visst det eller fyrr fenge øyra upp for det, for eg visste at du er falsk, og «utru» du heiter frå moderliv.

9 For mitt namn skuld døyver eg min harm, og for mi æra skuld ber eg yver med deg, so eg ikkje tynar deg reint.

10 Eg hev smelta deg - men vann ikkje sylv, eg hev prøvt deg i lidingsomnen.

11 For mi skuld, for mi skuld gjer eg det, for skulde eg tola at namnet mitt vert krenkt? Mi æra gjev eg ingen annan.

12 Høyr på meg, Jakob, og du Israel som eg hev kalla! Eg er det, eg, den fyrste, og eg er den siste med.

13 Mi hand hev og grunnfest jordi, og mi høgre hand spana himmelen ut. So snart eg kallar på deim, stend dei der båe.

14 Kom saman alle og høyr: Kven av deim hev kunngjort dette? Han som Herren elskar, skal gjera hans vilje mot Babel og vera hans arm mot kaldæarfolket.

15 Eg, eg hev tala, ja hev kalla honom, eg hev late han koma og få lukka på ferdi.

16 Kom hit til meg, høyr dette! Frå upphavet tala eg ei i løyndom. Frå den tid det kom, då var eg der. Og no hev Herren, Herren sendt meg og sin ande.

17 So segjer Herren, utløysaren din, Israels Heilage: Eg er Herren, din Gud, som lærer deg det som gagnar, som leider deg på vegen du skal fara.

18 Å, vilde du lyda på mine bod! Då vart din fred som elvi og di rettferd som havsens bylgjor.

19 Då vart di ætt som sanden og di livsfrukt som sandkorn; ættarnamnet vart aldri øydt eller utsletta for mi åsyn.

20 Drag ut or Babel, fly frå kaldæarland! Med fagnadrop forkynn og fortel det, spreid det ut til verdsens ende! Seg at Herren hev løyst ut sin tenar Jakob!

21 Dei tyrste ikkje; i øydemark førde han deim, vatn or berget let han sildra åt deim, han kløyvde berget, og vatnet renn.

22 Dei gudlause hev ingen fred, segjer Herren.

49. kapitlet

1 De øyland, høyre på meg, og lyde, de folk langt burte! Meg hev Herren kalla frå moderliv og nemnt meg på namn frå moderfang.

2 Min munn hev han gjort til eit sverd so kvast, i skuggen av handi si hev han meg gøymt, og meg hev han gjort til ei pil so blank og hev gøymt meg i pilehuset sitt.

3 Og han sa til meg: «Min tenar, er du Israel, som meg æra skal gjeva.»

4 Men eg sagde: «Eg hev stræva til fåfengs, til unyttes reint hev eg øydt mi kraft. Men like vel er min rett hjå Herren, og løni mi er hjå min Gud.»

5 «Men no,» segjer Herren, som hev gjort meg til tenar frå moderliv til å føra Jakob attende til han, so Israel kann samlast til han - og eg vann æra for Herrens augo, og min Gud, han vart min styrke -

6 han segjer: «D’er for lite at du er min tenar til å attreisa Jakobs ætter og Israels leivningar føra til meg. So vil eg gjera deg til heidningljos, at mi frelsa kann nå til enden av jordi.»

7 So segjer Herren, Israels løysar og Heilage, til den djupt vanvyrde som folk hev stygg for, til trælen under tyranner: Kongar skal sjå det og reisa seg upp, hovdingar med, og kasta seg ned for Herrens skuld som trufast er, Israels Heilage som valde deg ut.

8 So segjer Herren: I nådestundi eg bønhøyrer deg, og på frelsedagen hjelper eg deg, og eg varar deg og gjer deg til folkepakt, til å attreisa landet og utskifta øydelagd odelsgrunn.

9 Du skal segja til fangar: «Gakk ut!» Til deim i myrkret: «Kom fram!» Attmed vegarne skal dei få beita og hava kvar snaudheid til beite.

10 Dei skal ikkje svelta, skal ikkje tyrsta, og ikkje skal sandglod og solsteik deim skada, for deira miskunnar skal føra deim og leida deim lint til uppkomevatn,

11 og alle mine fjell vil eg gjera til veg, og mine stigar skal byggjast høge.

12 Sjå, dei kjem langt burtanfrå! sume frå nord og sume frå vest og sume frå sinesar-landet.

13 Jubla himmel, og fegnast jord, de berg set i med glederop! For Herren trøystar sitt folk og miskunnar armingarn’ sine.

14 Men Sion segjer: «Herren hev forlate meg, Herren hev gløymt meg.»

15 Gløymer vel ei kvinna sogbarnet sitt, so ho ikkje miskunnar den ho bar under hjarta? Um endå dei kunde gløyma, so gløymer eg ikkje deg.

16 Sjå her, eg hev teikna deg på henderne mine, murarne dine hev eg alltid for augo.

17 Sønerne dine skundar seg hit, dei som braut deg i grus, fer burt frå deg.

18 Upp med augo og sjå deg ikring! Alle samlar seg hit til deg. So sant eg liver, segjer Herren, du skal hava deim alle på deg til prydnad og binda deim um deg til brurebelte.

19 For ruinarne dine og grushaugarne og ditt herja land - jau, no vert du for trong for borgarane, og burte er dei som gløypte deg.

20 Endå skal du få høyra borni frå barnløyse segja: «Romet er meg for trongt. Flyt deg, so eg kann få bu!»

21 Då tenkjer du med deg sjølv: «Kven hev født meg desse borni? For eg var barnlaus og ufør til føding, utlæg og heimlaus, kven hev fostra desse? Eg sat eismall att, kvar var då dei?»

22 So segjer Herren, Herren: Sjå, eg lyftar mi hand for heidningarne, og reisar mitt merke for folkeslagi, so kjem dei med sønerne dine i fanget, og døtterne dine ber dei på herdi.

23 Kongar vert fosterfeder for deg og deira dronningar ammor åt deg. Dei kastar seg ned på jordi for deg og slikkar moldi av føterne dine. Då fær du røyna at eg er Herren, at dei ikkje vert svikne som vonar på meg.

24 Kann ein taka herfanget frå ei kjempa? Eller fangarne sleppa frå den som hev siger-retten?

25 Ja! for so segjer Herren: Både skal dei taka fangar frå kjempa, og valdsmanns herfang skal sleppa undan, og eg vil strida med motparten din og frelsa sønerne dine.

26 Eg let dine trælkarar eta sitt eige kjøt og drikka sitt blod som druvesaft. Og alt kjøt skal kjenna at det er eg, Herren, som frelsar deg, og at Jakobs Velduge løyser deg ut.

50. kapitlet

1 So segjer Herren: Kvar er skilsmålsbrevet åt dykkar mor som eg hev sendt henne burt med? Eller hev eg nokon kravsmann som eg hev selt dykk til? Nei, for synderne dykkar er de selde, og for dykkar brot er mor dykkar burtsend.

2 Kvifor fann eg ingen då eg kom? Kvifor svara ingen då eg ropa? Er mi hand for stutt til utløysing, hev eg ingi kraft til å hjelpa? Med mitt trugsmål legg eg havet turt, elvarne gjer eg til øydemark, so fiskarne rotnar for vatnet er burte, og dei daudar av torste.

3 Eg klæder himmelen i svart og sveiper honom i syrgjebunad.

4 Herren, Herren hev gjeve meg ei læresveins-tunga, so eg kann vita å kveikja den trøytte med ord. Han vekkjer kvar morgon, han vekkjer mitt øyra til å høyra på læresveins vis.

5 Herren, Herren hev opna mitt øyra, eg var ikkje strid og drog meg ’kje undan.

6 Min rygg baud eg fram åt deim som slo, og kinni åt deim som i skjegget reiv. Eg løynde ikkje mitt andlit for hæding og sputt.

7 Men Herren, Herren, han hjelpar, di turvte eg ikkje skjemmast. Difor gjorde eg andlitet hardt som stein, og eg veit eg vert ei til skammar.

8 Min målsmann er nær, kven strider mot meg? Kom, lat oss berre møtast! Er nokon motparten min, so lat honom koma hit!

9 Sjå, Herren, Herren, han hjelpar meg, kven er det som domfeller meg? Sjå, alle skal morkna som klædeplagg, mol skal eta deim upp.

10 Kven er det av dykk som ottast Herren, og høyrer på røysti åt tenaren hans? Um han ferdast i myrker, og ikkje ser minste ljos, skal han lita lel på Herrens namn og stydja seg på sin Gud.

11 Men alle de som kveikjer eld, som væpnar dykk med brennande piler! Inn med dykk i logen av elden dykkar, og under dei brandpiler de hev kveikt! Frå mi hand skal det koma yver dykk, i pinsla skal de få liggja.

51. kapitlet

1 Høyr på meg, de som jagar etter rettferd, de som søkjer Herren! Sjå på det fjell de er hogne utor, brunnen som de er gravne utor!

2 Sjå på Abraham, dykkar far, og på Sara som fødde dykk! Ein han var då eg kalla honom, og eg signa honom so han vart mange.

3 For trøyst vil Herren gjeva til Sion, trøyst til alle ruinarne hennar. Audheidi hennar gjer han til Eden, og øydemarki til Herrens hage. Gleda og frygd skal finnast der, lovsong og jubeltonar.

4 Høyr på meg, du mitt folk, og lyd på meg, du min lyd! For lov gjeng ut ifrå meg, og min rett eg set til ljos for folki.

5 Nær er alt mi rettferd, til synes kjem mi frelsa, og mine armar hjelpar folki til rett. Øyland ventar på meg, og på min arm dei stundar.

6 Lyft augo upp til himmelen, og sjå på jordi her nede! For himmelen skal kverva som røyk, og jordi skal morkna som klædeplagg, dei som bur der, døy som my. Men æveleg varer mi frelsa, og aldri tryt mi rettferd.

7 Høyr på meg, de som kjenner rettferd, du folk med mi lov i ditt hjarta! Ottast ikkje for menneskjespott, og ræddast ikkje deira hæding.

8 For mol skal deim eta som klæde, og åt skal deim eta som ull. Men æveleg varer mi rettferd, og mi frelsa frå ætt til ætt.

9 Vakna, vakna, klæd deg i kraft, du Herrens arm! Vakna upp som i fordoms tid, som i gamle dagar! Var det ’kje du som ubeistet hogg, og sjøormen stakk i hel?

10 Var det ikkje du som turrlagde havet, vatnet i store-djupet, havbotnen gjorde til veg, so dei utløyste der kunde fara?

11 Dei som Herren hev frikjøpt, skal snu heim og koma til Sion med jubelsong, med æveleg gleda til hovudkrans. Gleda og frygd skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.

12 Ja, eg er dykkar trøystar. Kven er då du som ræddast for menneskje som skal døy, for mannsborn som kverv som gras?

13 Og du gløymer Herren, din skapar, himmel-utspanaren, jord-grunnfestaren, og ræddast stødt all dagen for valdsmanns vreide! Når han siktar på øydeleggjing, kvar er då valdsmanns vreide?

14 Snart skal han verta løyst, han som ligg bøygd i band, og han skal ikkje døy og ganga i gravi, og ikkje skal han vanta brød.

15 Og eg er Herren, din Gud, som rører upp havet so bylgjorne bruser. Allhers-Herren er namnet mitt.

16 Og eg lagde ordi mine i munnen din og løynde deg i skuggen av handi mi, so eg kunde planta ein himmel og grunna ei jord og segja til Sion: Du er mitt folk!

17 Råd or, råd or, reis deg, Jerusalem! Du drakk av Herrens hand hans vreide-staup! Tumleskåli laut du tøma til botnar.

18 Det er ingen som leider henne av alle dei borni ho fødde, og ingen tek henne i handi av alle dei borni ho fostra.

19 Tvo ting var det som hendest deg - kven ynkar deg? - vald og våde, svolt og sverd - kven trøystar deg?

20 Sønerne dine seig ned og låg på alle gatehyrno som ein hjort i garnet, dei var metta med Herrens brennande harm, med refsingsord frå din Gud.

21 Difor høyr då dette, du arming, du som er full, um ikkje av vin.

22 So segjer herren din, Herren, din Gud som forsvarer sitt folk: No tek eg tumleskåli or handi på deg, mitt vreide-staup skal du ikkje tøma meir.

23 Og eg gjev det i handi på plagaran’ dine, dei som sagde til deg: «Legg deg ned, so me kann få trøda på deg!» og du gjorde din rygg lik flate marki, som ei gata for ferdafolk.

52. kapitlet

1 Vakna, vakna! klæd deg i di kraft, du Sion! Klæd deg i ditt høgtidsskrud, Jerusalem, du heilage by! For aldri meir skal det koma i deg ein u-umskoren eller urein.

2 Rist av deg dusti og reis deg, og kom deg til sætes, Jerusalem! Løys deg frå lekkjorne um din hals, du fanga Sions-dotter!

3 For so segjer Herren: For inkje vart de selde, og utan pengar skal de verta utløyste.

4 For so segjer Herren, Herren: Fyrr drog folket mitt ned til Egyptarland og vilde vera gjester der, og Assur var hard imot det utan grunn.

5 Og no, kva skal eg vel gjera her? segjer Herren, då folket mitt er burtrive for inkje, valdsherrarne uler, segjer Herren, og alltid, heile dagen, vert namnet mitt spotta.

6 Difor skal folket mitt læra å kjenna namnet mitt; difor skal de merka den dagen at det er eg som taler: ja, her er eg.

7 Kor fagre er på fjelli hans føter som ber gledebod, som forkynner fred, som ber godt bod, som forkynner frelsa, som segjer til Sion: «Din Gud er no konge!»

8 Høyr, dine vaktmenn ropar! Dei jublar alle i hop. For dei ser med eigne augo at Herren kjem heim att til Sion.

9 Set alle i med jubelrop, de grushaugar i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk, løyser ut Jerusalem.

10 Herren syner sin heilage arm for augo på alle folk, og alle utbygder på jordi ser frelsa frå vår Gud.

11 Burt, burt, drag ut derifrå! Ikkje rør noko ureint! Drag ut derifrå og reinsa dykk, de som ber Herrens kjerald!

12 For de skal ikkje fara hovudstup, ikkje heller renna i flog. For Herren gjeng fyre dykk, og Israels Gud fer sist i ferdi.

13 Sjå, vist ber min tenar seg åt, han stig og veks, vert umåteleg stor.

14 Som dei fælte av deg mange - so umenneskjeleg skamførd såg han ut og ei som mannsborn hans skapnad var -

15 so fær han mange folkeslag til å furda, yver honom skal kongar tagna; for dei ser det som ei var fortalt deim, og dei ansar på det som dei aldri hev høyrt.

53. kapitlet

1 Kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?

2 Han rann som ein renning for augo hans, som ein teinung or turre jordi. Uskapleg var han og lite sjåleg. Me såg han, men ei såg han hugnadleg ut.

3 Vanvyrd var han, so folk heldt seg undan, ein mann i pinslor og velkjend med sjukdom, som ein som ingen vil sjå på, vanvyrd, og me honom rekna for inkje.

4 Men våre sjukdomar var det han bar, og våre pinslor som han tok på seg, medan me trudde Gud hadde råka og slege og plåga honom.

5 Ja, han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Refsing til fred for oss låg på honom, og ved hans sår fann me lækjedom.

6 Alle for me vilt som sauer, vende oss kvar sin veg; men Herren let råka honom det som me hadde skuld i alle.

7 Skamfaren vart han, men leid so viljug og let ikkje upp sin munn, som lambet dei fører til slagting, og sauen som tegjer når han vert klypt - han let ikkje upp sin munn.

8 Med vald og dom vart han teken burt, men kven i hans samtid tenkte då: «Burtriven vart han or livandelandet, for mitt folks brot fekk han ulivssår?»

9 Millom gudlause gav dei han grav, men hjå rikmann var han i dauden; for ingen urett hadde han gjort, og det fanst ikkje svik i hans munn.

10 Men Herren vilde med sott honom krasa. Når hans sjæl eit skuldoffer bar, skulde han avkjøme sjå og langt liv, og Herrens vilje ved honom lukkast.

11 For si sjæle-møda skal han sjå det og mettast, ved sin kunnskap gjev han rettferd, min rettvise tenar, til mange, med di han ber deira skuld.

12 Difor gjev eg honom mange til lut, og sterke fær han til herfang, for han tømde si sjæl til dauden og vart millom brotsmenner rekna, medan han bar syndi åt mange, og han for brotsmenner bad.

54. kapitlet

1 Fagna deg, du barnlause, du som ikkje fødde! Set i med fagnadrop og jubla, du som ei hadde rider! For den einslege hev fleire born enn den gifte kona, segjer Herren.

2 Vida ut tjeldromet ditt, lat deim spana ut tjeldet du bur i, hindra det ikkje! Tøyg tjeldsnorerne dine, og slå pålarne fast!

3 For du skal breida deg til høgre og vinstre, og di ætt skal taka heidningfolk til eiga og folka upp att øydelagde byar.

4 Ottast ikkje, for du skal ikkje turva skjemmast, ver ikkje skamfull, for du skal ikkje turva raudna. Nei, skammi frå ungdomen skal du gløyma, og spotti frå enkjestandet skal du ’kje minnast meir.

5 For mannen din er skaparen din, Allhers-Herren er namnet hans, og Israels Heilage er din utløysar. Han heitar Gud for all jordi.

6 Då du var ei burtstøytt kvinna med hjartesorg, kalla Herren deg. Kor kann ein forsmå sitt ungdomsviv? Segjer din Gud.

7 Ei liti stund gjekk eg frå deg, men i miskunn stor vil eg samla deg.

8 I ei harmflaga løynde eg mi åsyn for deg ei stund, men med æveleg nåde miskunnar eg deg, segjer Herren, utløysaren din.

9 For som Noah-flaumen er dette for meg. Som eg svor at Noah-flaumen ikkje meir skal koma yver jordi, so hev eg svore at eg ikkje meir vil harmast på deg eller skjenna på deg.

10 Ja, um fjelli vik og haugarne svigtar, so skal ikkje nåden min vika frå deg, og mi fredspakt skal ikkje svigta, segjer Herren som miskunnar deg.

11 Du arme stormdrivne, trøystarlause, sjå, eg legg dine steinar i antimon, byggjer grunnmuren din med safirar.

12 Eg gjer dine murtindar av rubinar og portarne av karfunkel og heile din ringmur av dyre steinar.

13 Og alle dine søner skal vera upplærde av Herren, og stor fred skal sønerne dine hava.

14 Ved rettferd skal du standa fast, ver trygg for vald, du hev inkje å ottast, og for rædsla, ho når deg ikkje.

15 Yppar nokon til strid, kjem det ikkje frå meg, den som tek på deg, skal falla i striden mot deg.

16 Sjå, eg hev skapt smeden som blæs i kolelden og lagar våpn til sitt bruk, og eg hev skapt tynaren til å øyda det.

17 Alle våpn dei smider mot deg, skal vanheppast; og kvar tunga som yppar strider med deg, skal du få domfelt. Det er den arv som Herrens tenarar fær, og deira rettferd frå meg, segjer Herren.

55. kapitlet

1 Å, alle de tyrste, kom til vatnet! Og de som ikkje hev pengar, kom, kjøp korn og et! Ja, kom og kjøp korn utan pengar, og utan betaling vin og mjølk!

2 Kvi gjev de pengar ut for det som ikkje er brød? Og dykkar vinning for det som ikkje kann metta? Å, høyr på meg og et det som godt er, og dykkar sjæl skal njota feitemat!

3 Vend øyra hit og kom til meg! Høyr, so skal dykkar sjæl få liva! So gjer eg med dykk ei æveleg pakt, og gjev dykk Davids usviklege nåde.

4 Sjå, eg hev sett han til vitne for folki, til hovding og styrar for folkeslagi.

5 Ja, du skal kalla på eit folk som du ikkje kjenner, og folk som ikkje kjenner deg, skal skunda seg til deg, for Herrens skuld, din Gud, for Israels Heilage skuld, for han hev herleggjort deg.

6 Søk Herren medan han er å finna, kalla på honom den stund han er nær!

7 Den gudlause vende seg frå sin veg, og den urettferdige frå sine tankar, og vende seg um til Herren, so skal han miskunna honom, og til vår Gud, for han skal rikleg forlata.

8 For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, segjer Herren.

9 Nei, so høg som himmelen er yver jordi, so er mine vegar høgre enn dykkar vegar og mine tankar høgre enn dykkar tankar.

10 For liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer upp att dit fyrr det hev vatna jordi og gjeve henne grokraft og grøda, ja, gjeve såkorn og brødkorn,

11 so skal det vera med ordet mitt som gjeng ut or munnen min, det skal ikkje koma att til meg tomt, men verka det som eg vil, og fullføra det som eg sende det til.

12 Ja, med gleda skal de draga ut og verta førde i fred. Fjell og haugar skal setja i med fagnadrop fyre dykk, og alle tre på marki skal klappa i hender.

13 I staden for tornar skal det veksa cypressor, i staden for tistlar veksa myrt. Dermed fær Herren eit ærenamn, eit ævemerke, som aldri vert øydt.

56. kapitlet

1 So segjer Herren: Tak vare på rett og gjer rettferd! For mi frelsa er alt i kjømdi, og mi rettferd skal syna seg snart.

2 Sæl er den mann som gjerer dette, den menneskja som held fast på det, som held kviledagen utan vanhelging og varar si hand frå vonde verk.

3 Den framande må ikkje segja, han som held seg til Herren: «Herren vil skilja meg frå sitt folk!» Og gjeldingen må ikkje segja: «Sjå, eg er eit turka tre!»

4 For so segjer Herren: Dei gjeldingar som held mine kviledagar, som vel det som er min vilje, og som held fast på mi pakt,

5 åt deim skal eg i mitt hus og innanfor mine murar gjeva eit namn og eit minne som er betre enn søner og døtter; eit æveleg namn gjev eg deim, eit namn som aldri øydest.

6 Og dei framandfødde som held seg til Herren og vil tena honom og elska Herrens namn, og vil vera hans tenarar, kvar som held kviledagen utan vanhelging, og held fast på mi pakt,

7 deim vil eg føra til mitt heilage berg og gleda deim i mitt bønehus, deira brennoffer og slagtoffer skal vera til hugnad på altaret mitt! For mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk.

8 So segjer Herren, Herren, som samlar dei spreidde av Israel: Endå fleire samlar eg til han attåt deim som er samla.

9 Alle villdyr i marki, kom og et, ja, alle villdyr i skogen!

10 Vaktmennerne her er alle blinde, dei skyner ingen ting. Alle er dei mållause hundar som ikkje kann gøy, dei ligg og drøymer, likar å sova;

11 dei er hækne hundar, vert aldri mette, og slike folk er hyrdingar, som ikkje veit å gjeva gaum! Dei vender seg alle sin eigen veg, kvar til si eigi vinning, alle som ein.

12 «Kom, eg skal henta vin, so vil me drikka rusdrykk; som i dag skal morgondagen vera, me skal hava det herlegt.»

57. kapitlet

1 Den rettferdige set livet til, og ingen legg seg det på hjarta, og hjartevarme menneskje vert rivne burt, men ingen ansar det. For den rettferdige vert riven burt av ulukka.

2 Han gjeng inn til fred; dei kvila på sine lægje dei som hev ferdast beint fram.

3 Men de, kom her hit, de trollkjerringsøner, du ætt av horkar og skjøkja!

4 Kven hev de til låtteløgje? Kven geipar de åt, og retter ut tunga? Er ikkje de brots-ungar, ei ljugar-ætt?

5 De som brenn av lystnad ved eikarne, under kvart eit lauvrikt tre, de som slagtar born i dalarne, i skortor og skard!

6 Håle steinar i dalen held du deg til, dei, ja dei er din lut. For deim hev du og rent drykkoffer ut og bore grjonoffer fram. Skulde eg vera nøgd med det?

7 På kvart eit høgrise fjell reidde du lega di; der og steig du upp og ofra slagtoffer.

8 Og bakum døri og dørskia sette du ditt minnesmerke, du snudde ryggen til meg, klædde av deg og steig upp og laga di lega til, du tinga med deim, lika å liggja med deim, såg deira skam.

9 Du drog til kongen med olje, med mykje kryddesalve, du sende dine bod langt burt, steig ned til helheim.

10 Um du enn vart trøytt på den lange ferdi, so sagde du ikkje: «Eg gjev meg yver!» Du samla atter di kraft, difor vart du ikkje veik.

11 Kven var du rædd og ottast, sidan du var so utru og ikkje tenkte på meg og ikkje brydde deg um meg? Er det ikkje so: Eg hev tagt i lange tider, difor ottast du ikkje meg?

12 Eg vil forkynna di rettferd og dine verk, dei kann ikkje hjelpa deg.

13 Når du skrik, so lat avgudsflokken din berga deg! Nei, ein vind skal føykja deim alle burt, ei vindgufs taka deim med seg. Men den som flyr til meg, skal erva landet og få til eiga mitt heilage berg.

14 Og det skal verta sagt: «Brøyt, brøyt, jamna veg, tak kvar støytestein burt frå vegen åt mitt folk!»

15 For so segjer han som er høgt upphøgd, han som trunar æveleg og heiter «Heilag»: I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er broten og nedbøygd i åndi, for eg vil vekkja åndi til liv hjå dei bøygde, og hjarta til liv hjå dei brotne.

16 For eg trættar ikkje til æveleg tid, og er ikkje stødt og stendigt harm, for då laut åndi ormegtast for meg, dei sjæler som eg hev skapt.

17 Eg harmast for hans girugsskapssynd, eg slo han og løynde meg i min harm, han fylgde i fråfall sin hjartans veg.

18 Hans vegar hev eg sett, men no vil eg lækja honom, eg vil leida honom og gjeva honom og hans syrgjande trøyst.

19 Herren skaper frukt av lippor fred, fred for fjerr og nær, segjer Herren, og eg vil lækja honom.

20 Men dei gudlause er som det bårande havet, det kann ikkje halda seg stilt, og bylgjorne rotar upp søyla og skarn.

21 Dei gudlause hev ingen fred, segjer min Gud.

58. kapitlet

1 Ropa av full hals, ikkje spar! Lyft di røyst som ein lur! Forkynn mitt folk deira brot, og Jakobs hus deira synder!

2 Meg spør dei dag for dag, mine vegar vil dei vita, som eit folk som hev livt i rettferd og ei vendt seg frå sin Guds rett, krev dei av meg rettferdige domar, dei vil at Gud skal koma.

3 «Kvi fastar me, og du ser det ikkje? Kvi spekjer me oss, og du agtar ’kje på det?» - Jau, på fastedagen finn de forretning og driv til arbeid alle dykkar folk.

4 Sjå, de fastar med kiv og strid, med hogg og slag av gudlause nevar, ikkje fastar de i dag, so røysti dykkar kann høyrast i det høge.

5 Er det ei faste eg likar, ein dag då menneskja spekjer seg? Å bøygja hovudet som eit sev, å reider seg seng i sekk og oska - kallar du det ei faste, og ein dag som er Herren til hugnad?

6 Er ikkje det ei faste eg likar, urettferdige lekkjor løysa, sprengja bandi på oket, gjeva dei nedtyngde fridom, og knekkja kvart eit ok?

7 Ja, at du bryt ditt brød åt den svoltne, tek heimlause stakarar til deg, at du klæder den nakne du ser, og ei dreg deg burt frå ditt kjøt og blod?

8 Då skal ljoset ditt renna som morgonroden, og din lækjedom koma brått, og di rettferd skal ganga fyre deg, og Herrens herlegdom sist i ferdi.

9 Då svarar Herren når du kallar, når du ropar, segjer han: «Sjå, her er eg!» Fær du burt ifrå deg tyngjing med ok, sluttar å peika med fingen’ og tala vondt,

10 og gjev den hungrige etter din hug og mettar ei nedbøygd sjæl, då skal ljoset ditt stråla i myrkret, og di natt skal verta som middag.

11 Då skal Herren leida deg alltid, han skal metta di sjæl i øydemarker, han skal styrkja beini dine, og du vert som ein velvatna hage, som ei rennande kjelda der vatnet aldri tryt.

12 Og dine søner skal byggja gamle grushaugar upp att, du skal reisa upp tufter som lenge låg i øyde, og dei skal kalla deg «Murbrot-bøtar», «vegnybyggjar til busetjing».

13 Held du foten din att frå kviledagen, so du ei driv ditt yrke på min heilagdag, kallar du kviledagen «ei lyst», Herrens heilagdag «høgvyrd», ærar du honom og held deg frå dine tiltak, ikkje driv med ditt yrke eller prat -

14 då skal du frygda deg i Herren, yver haugarne i landet let eg deg fara og let deg njota arven åt Jakob, far din; for Herrens munn hev tala.

59. kapitlet

1 Sjå, Herrens hand er ikkje so stutt, at han ikkje kann frelsa, og øyra hans er ikkje so tunghøyrt, at det ikkje kann høyra.

2 Men skuldi dykkar er det som skil millom dykk og dykkar Gud, og synderne dykkar hev dult hans åsyn for dykk, so han ikkje høyrer.

3 For henderne dykkar er sulka med blod, og fingrarne dykkar med misgjerd; lipporne dykkar talar lygn, tunga mullar på vondt.

4 Ingen ropar til doms for rettferd, ingen hev ærleg rettargang. Dei lit på fåfengd og talar fals, umhender med ulukka føder dei tjon.

5 Orme-egg klekkjer dei ut, og kongurvev vev dei; den som et deira egg, lyt døy, og krasar du eit, kjem det fram ein orm.

6 Deira vevnad vert aldri til klæde, ein kann ikkje hylja seg i deira verk; deira verk er vondskaps verk, og valdsverk er i deira hender.

7 Deira føter er snare til vondt og snøgge til å renna ut skuldlaust blod, deira tankar er vondskaps tankar, det er vald og uferd kvar dei fer.

8 Fredsveg kjenner dei ikkje, det finst ingen rett i deira spor. Dei fer på krokute stigar, kvar som fer soleis, veit ikkje av fred.

9 Difor er retten langt burte frå oss, og rettferd vil ikkje koma til oss; me ventar på ljos, og so finn me myrker - på solskin, men ferdast i skugge.

10 Me trivlar som blinde langs vegen, me trivlar som folk utan augo; midt på dagen me snåvar som i skumingi, millom friske er me som døyande.

11 Me gryler alle som bjørnar, og som duvor me sukkar; me ventar på retten, men ikkje han kjem, på frelsa, men ho er langt burte frå oss.

12 For synderne våre mot deg er mange, og våre misgjerningar vitnar imot oss; ja, synderne våre hev me i minne, og våre misgjerningar veit me um:

13 Me hev falle ifrå og neitta Herren, me hev gjenge burt frå vår Gud; me hev tala um trælking og fråfall, hev teke upp og sagt ut or hjarta ljugarord.

14 Retten vert undantrengd, og rettferdi stend langt burte; for sanning hev snåva på tinget, og det rette vinn ikkje fram,

15 og sanningi vart burte, den som held seg frå vondt, vert plundra. Og Herren såg det og harmast for det ikkje fanst nokon rett.

16 Han såg at det ingen fanst, og han undrast at ingen greip inn. Då hjelpte honom hans arm, og hans rettferd var honom til studnad.

17 Han tok rettferd på seg til brynja og frelse-hjelm på sitt hovud, hemn-klæde tok han til klædnad, sveipte um seg brennhug til kåpa.

18 Han gjev deim att etter gjerningar, harm yver sine motmenner, attergjeld for sine fiendar, ja, øylandi skal få det att.

19 Og i vesterland skal dei ottast Herrens namn og i austerland hans herlegdom, for han kjem som ein innestengd foss som Herrens storm driv fram.

20 Og han kjem som utløysar for Sion, og for deim som snur seg frå synd i Jakob, so er Herrens ord.

21 Og dette er den pakt som eg på mi sida gjer med deim, segjer Herren: Min ande som er yver deg, og mine ord som eg hev lagt deg i munnen, dei skal ikkje vika frå din munn, og ikkje frå munnen åt borni dine, og ikkje heller frå munnen åt barneborni dine, segjer Herren, frå no og i all æva.

60. kapitlet

1 Statt upp, vert ljos! for ljoset ditt kjem, og Herrens herlegdom renn upp yver deg.

2 Sjå, myrker ligg yver jordi, og skydimma yver folki, men yver deg renn Herren upp, yver deg hans herlegdom syner seg.

3 Og folkeslag fer til ditt ljos, og kongar til din strålande glans.

4 Lyft augo upp, og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle, dei kjem til deg. Dine søner kjem langt burtanfrå, dine døtter vert borne på armen.

5 Då skal du sjå det og stråla av gleda, og hjarta skal bivra og vida seg ut; for havsens rikdom skal venda seg til deg, folke-midelen koma til deg.

6 Mengdi av kamelar skal dekkja deg, kamelfolar frå Midjan og Efa; alle skal dei koma frå Saba; gull og røykjelse skal dei bera, og forkynna Herrens pris.

7 Alle sauer frå Kedar skal samlast til deg, verar frå Nebajot tena deg, dei stig som eg vil på mitt altar, og mitt herlege hus vil eg herleggjera.

8 Kven er det som flyg som skyer, som duvor til sine hus?

9 For øyland ventar på meg, og fremst gjeng Tarsis-skipi med borni dine langt burtanfrå, deira sylv og gull kjem med deim, for namnet åt Herren din Gud, for Israels Heilage, for han vil gjera deg herleg.

10 Utlendingar skal dine murar byggja, deira kongar skal tena deg; for i min harm hev eg slege deg, men i min nåde miskunnar eg deg.

11 Dine portar skal stødt standa opne, korkje dag eller natt skal dei stengjast, so eiga åt folki kann førast til deg, og kongarne deira i sigerferdi;

12 For det folk og det rike som ikkje vil tena deg, skal ganga til grunns, og folki verta reint tynte.

13 Libanons herlegdom skal koma til deg, cypressa, alm og gran i saman, til å pryda min heilagdoms stad, eg vil heilaggjera min fotstad.

14 Bøygde kjem til deg borni åt trælkaran’ dine, dei som vanvyrde deg, skal kasta seg ned for føterne dine, og dei skal kalla deg «Herrens by», «Sion åt Israels Heilage».

15 Medan du fyrr var forlati og hata, og ingi ferdsla hadde, vil eg gjera deg æveleg gild, til ei gleda frå ætt til ætt.

16 Du skal suga mjølk ifrå folki, ja, kongebrjost skal du suga, du skal merka at Herren, eg, er din frelsar, og Jakobs Velduge din utløysar.

17 Gull let eg koma i staden for kopar, sylv let eg koma i staden for jarn, kopar i staden for tre, og jarn i staden for steinar, fred set eg til styremagt yver deg, og rettferd til futar åt deg.

18 Ikkje meir skal ein høyra um vald i ditt land, avøyding og snøyding innum grensorne dine. Du skal kalla frelsa murarne dine, og lovsong portarne dine.

19 Ikkje skal soli lenger vera deg til ljos um dagen, og ikkje skal månen skina og lysa for deg; men Herren skal vera deg ævelegt ljos, og din Gud vera din herlegdom.

20 Ikkje lenger skal soli di glada, og ikkje månen din missa sin glans; for Herren skal vera deg ævelegt ljos, dine syrgjedagar er enda.

21 Og ditt folk, dei er alle rettferdige, æveleg skal dei landet eiga, dei er renningen av mi planting, verket av mine hender til mi æra.

22 Den minste skal verta til tusund, den ringaste til eit veldugt folk. Eg er Herren, i si tid set eg det brått i verk.

61. kapitlet

1 Herrens, Herrens ande er yver meg, for Herren hev salva meg til å bera fagnadbod til dei smålåtne, han hev sendt meg til å binda um dei hugbrotne, til å ropa ut fridom for fangar, og for dei bundne utløysing,

2 ropa ut eit nåde-år for Herren og ein hemnedag frå vår Gud, til å trøysta alle dei syrgjande,

3 til å gjeva dei syrgjande i Sion høgtidskruna for syrgjebunad, gledeolje i staden for sorg, lovsongs-klæde for vanmoda ånd, og dei skal heita rettferds eiker, Herrens plantning til herleggjering.

4 Dei skal byggja upp att gamle grushaugar, reisa upp att ruinar frå federne, nya upp att nedbrotne byar, øydegarder frå ætt til ætt.

5 Framande skal gjæta smalen dykkar, utlendingar dyrka åt dykk både åker og vingard.

6 Men de skal heita Guds prestar, tenarar åt vår Gud skal dei kalla dykk; folke-eiga skal de njota, og deira herlegdom skal de få.

7 For dykkar skam fær de dobbelt att, dei som leid skjemsla, skal prisa sin lut. Difor fær dei dobbel lut i sitt land, æveleg gleda skal dei få.

8 For eg, Herren, elskar retten, eg hatar urett ran, og trufast gjev eg deim løni deira og gjer med deim ei æveleg pakt.

9 Namngjeti vert deira ætt millom folki og avkjømet deira bland tjoderne; alle som ser deim, skal kjenna deim, at dei er ei ætt som Herren hev signa.

10 Eg gled meg storleg i Herren, sjæli mi fegnast i min Gud. For han hev klædt meg i frelse-klæde, sveipt meg i rettferds-kåpa, som ein brudgom seg pryder med prestehuva og ei brur tek på seg sin prydnad.

11 For som jordi sin grode let renna, og hagen sitt sæde let veksa, so let Herren, Herren rettferd renna og lovsong for alle folks åsyn.

62. kapitlet

1 For Sions skuld vil eg ikkje tegja; for Jerusalems skuld vil eg ei vera still, fyrr hennar rettferd kjem fram som solskin og hennar frelsa som brennande kyndel.

2 Og folki skal sjå di rettferd og alle kongar din herlegdom, dei skal kalla deg med eit nytt namn, som Herrens munn skal nemna.

3 Du skal vera ei herleg krans i handi åt Herren, ei kongekruna i handi åt din Gud.

4 Du skal ikkje heita «den forlatne» lenger, og ditt land ikkje heita «øydeland», men du skal heita «ho eg hev huglagt», og landet ditt «egtevivet»; for Herren hev hugnad i deg, og landet ditt skal verta egtevigt.

5 Som ein ungdom giftar ei gjenta, so skal dine søner deg gifta, og som brudgomen gled seg i bruri, skal din Gud gleda seg i deg.

6 På murarne dine, Jerusalem, hev eg vaktmenner sett; heile dagen og heile natti skal dei aldri tegja. De som maner på Herren, unn dykk ingi ro!

7 Og gjev ikkje honom ro fyrr han grunnar Jerusalem og let det verta til emne for lovsong på jordi!

8 Herren hev svore ved si høgre hand og ved sin velduge arm: Eg skal ikkje lenger gjeva ditt korn til føda for fiendarn’ dine, og ei skal utlendingar drikka di saft, som du hev havt møda med;

9 nei, dei som hausta, skal eta og prisa Herren, og dei som sankar druvorne, skal drikka i mine heilage tun.

10 Drag ut, drag ut gjenom portarne, ryd vegen for folket, brøyt, brøyt brauti, reinsa burt steinen, lyft eit merke upp yver folki!

11 Høyr, Herren let det ljoma til heimsens ende: Seg til Sions dotter: Sjå, di frelsa kjem! Sjå, si løn hev han med seg, og hans vederlag gjeng fyre honom.

12 Og dei skal kallast «det heilage folket», «Herrens løyste»; og du sjølv skal heita «den søkte», «byen som ikkje er aud».

63. kapitlet

1 Kven er dette som kjem frå Edom, frå Bosra i raude klæde, so brikjen i bunaden sin, so staut i si store kraft? «Det er eg, eg som talar rettferd, som er megtig til å frelsa.»

2 Kvifor er bunaden din so raud, og klædi som trødde du vinpersa?

3 «Eg trødde persa åleine, og ingen av folki var med meg. So trødde eg på deim i vreide og trakka deim sund i min harm. Då skvatt deira blod på klædi mine, og eg sulka heile min klædnad.

4 For ein hemnedag var i min hug, og mitt utløysingsår var kome.

5 Eg såg meg um, det var ingen som hjelpte, og eg undrast på at ingen meg studde, då hjelpte meg min arm, og min harm var meg til studnad,

6 og eg trakka ned folkeslag i min vreide og gjorde deim drukne i min harm, deira blod let eg renna på jordi.»

7 Herrens miskunn vil eg prisa, Herrens storverk, etter alt det Herren hev gjort oss og hans store godleik mot Israels hus, som han viste deim i si miskunn og sin store nåde.

8 Han sagde: «Dei er mitt folk, trufaste borni.» Og han vart deira frelsar.

9 I all deira trengsla var ingi trengsla, hans åsyns engel frelste deim; i sin kjærleik og si milda han løyste deim ut, han tok deim upp, og han bar deim alle fordoms dagar.

10 Men dei var stride og harma hans heilage ande, då gjordest han um til fiend’, sjølv stridde han mot deim.

11 Då fordoms dagar då tenkte hans folk på Moses: Kvar er han som deim førde or havet med sin buskaps hyrding? Kvar er han som gav deim i barmen sin heilage ande,

12 som let fara ved Mose sida sin herlege arm, som kløyvde vatnet framfor deim, so han skapte seg eit æveleg namn,

13 han som førde deim gjenom djupet som ein hest yver heidi, so ikkje dei snåva?

14 Liksom buskapen gjeng ned i dalen, førde Herrens ande deim til ro; ja, so hev du ført ditt folk og skapt deg eit herleg namn.

15 Skoda ned frå himmelen, sjå, frå din heilage, herlege bustad! Kvar er din brennhug, di kraft? Di rørsla i barmen, di miskunn held seg att imot meg.

16 For du er vår fader, for Abraham veit ikkje um oss, og Israel kjenner oss ikkje. Men du, Herre, er vår fader, «Vår utløysar» du heiter frå gamalt.

17 Kvi let du oss vildra, Herre, frå dine vegar? Kvi gjer du vårt hjarta hardt, so me ikkje ottast deg? Vend att for dine tenarar skuld, for ætterne i din arvlut!

18 Eit lite bil hev ditt heilage folk havt si eiga, so trakka våre uvener ned din heilagdom.

19 Det hev vorte med oss som du aldri hadde rådt yver oss, som ditt namn hadde ei vore nemnt yver oss.

64. kapitlet

1 Gjev du reiv himmelen sund og steig ned, so fjelli skalv for di åsyn, som elden fatar i risved, elden set vatnet i kok, - til å kunngjera namnet ditt for dine motmenn, so folki laut skjelva for di åsyn,

2 når du gjorde skræmeverk, som me ikkje venta - å, steig du ned, so fjelli skalv for di åsyn!

3 Aldri hev nokon spurt eller høyrt, aldri hev auga set nokon annan gud enn du gjera soleis med deim som ventar på honom.

4 Du kjem imot dei som gjer rettferd med gleda, dei som kjem deg i hug på vegarne dine. Sjå, du vart harm, og me synda; so var det med oss frå gamalt, kann me verta frelste?

5 Me vart alle i hop som ein urein, og all vår rettferd som eit tilsulka plagg, som lauvet visna me alle saman, og våre skuld bles oss burt som vinden.

6 Det var ingen som kallar på namnet ditt, som manna seg upp til å gripa deg; for du hadde løynt di åsyn for oss og late oss skjelva under vår skuld.

7 Men no, Herre, er du vår fader; me er leiret og du vår formar, eit verk av di hand er me alle.

8 Herre, ver ikkje so ovleg harm, og tenk ikkje ævleg på skuldi. Sjå no på me alle er ditt folk!

9 Dine heilage byar vart øydemark, Sion vart til ei øydemark, Jerusalem til ei audn.

10 Vårt heilage hus, det herlege, der federne våre deg lova, hev vorte uppbrent med eld, og all vår hugnad hev vorte grushaugar.

11 Kann du halda deg att med alt dette, Herre? Vil du tegja og trykkja oss so tungt?

65. kapitlet

1 Eg baud meg fram der ingen spurde, eg var å finna der ingen søkte meg; eg sagde: «Her er eg, her er eg!» Til eit folk som ei bar mitt namn.

2 Eg rette all dagen ut mine hender til eit tråssugt folk, som fer den vonde vegen etter sine eigne tankar,

3 til eit folk som sårar meg alltid midt i syni, som ofrar i hagarne, kveikjer offereld på tiglstein,

4 som set seg ned i graver, og nattar i løyndarhol, som et svinekjøt, hev ufyseleg mat i skålerne sine,

5 som segjer: «Haldt deg undan! Ikkje rør meg, for eg er heilag for deg!» Dei folk er som røyk i nasen min, ein eld som logar all dagen.

6 Sjå, det stend skrive for augo mine: Eg vil ikkje tegja fyrr eg gjev att, ja gjev deim att i fanget,

7 både for dykkar eigne brot, segjer Herren, og broti åt federne dykkar, at dei offereld kveikte på bergi og svivyrde meg på haugarne; fyrst vil eg mæla upp løni deira og gjeva deim upp i fanget.

8 So segjer Herren: Liksom dei segjer når det finst saft i druva: «Skamfar ho ikkje, for det er signing i henne!» So gjer eg for mine tenarar skuld, eg skal ikkje tyna alle saman.

9 Men let avkjøme koma frå Jakob, frå Juda ein erving til fjelli mine, mine utvalde skal erva landet, og der skal mine tenarar bu.

10 Og Saron skal verta til saue-beite og Akorsdalen til læger for fe, til gagn for mitt folk som søkjer meg.

11 Men de som gjeng burt ifrå Herren, de som gløymer mitt heilage fjell, de som dukar bord for Gad og blandar drykk for Meni,

12 dykkar lagnad skal vera sverdet, de skal alle dykk bøygja til slagting, for de svara ei då eg ropa, og høyrde ei då eg tala, men gjorde det vonde i mine augo, og valde det som eg ikkje lika.

13 Difor segjer Herren, Herren so: Sjå, tenaran’ mine skal eta, men de skal svelta; sjå, tenaran’ mine skal drikka, men de skal tyrsta; sjå, tenaran’ mine skal fegnast, men de skal skjemmast;

14 sjå, tenaran’ mine skal jubla av hjartans lyst, men de skal skrika av hjarteverk, og hugbrotne skal de hyla.

15 Dykkar namn skal de lata etter til ein eid for mine utvalde. «So drepe deg Herren, Herren!» Men tenaran sine skal han gjeva eit anna namn.

16 Den som signar seg i landet, skal signa seg med truskaps Gud, og den som sver i landet, skal sverja ved truskaps Gud, for dei fyrre trengslor er gløymde og løynde for augo mine.

17 For sjå, eg skaper ein ny himmel og ei ny jord, det gamle skal ikkje hugsast meir og ikkje renna nokon i hugen.

18 Nei, fegnast og frygdast til æveleg tid for det som eg skaper! For Jerusalem skaper eg um til frygd og folket til fagnad.

19 Og eg vil frygda meg yver Jerusalem og fegnast yver mitt folk, ingen gråt skal meir høyrast der eller klagerop.

20 Det skal ikkje lenger finnast der eit barn som berre liver nokre dagar, eller ein gamall mann som ikkje fyller dagetalet sitt. Nei, den som døyr ung, skal døy hundrad år gamall, og den som ikkje når hundrad år, skal gjelda for å vera forbanna.

21 Dei husi dei byggjar, skal dei sjølv få bu i, og dei vinhagarne dei plantar, skal dei sjølv eta frukti av.

22 Ikkje skal dei byggja og ein annan bu, ikkje skal dei planta og ein annan eta; for folket mitt skal nå same alder som treet, og mine utvalde skal få njota det dei sjølv hev verka med sine eigne hender.

23 Dei skal ikkje stræva til fåfengs og ikkje få born som brått skal døy; for dei er Herrens velsigna ætt, og sitt avkjøme hev dei hjå seg.

24 Og det skal vera so, at fyrr dei ropar, vil eg svara, og medan dei endå talar, vil eg høyra.

25 Ulv og lamb skal beita i saman, og løva skal eta halm som uksen, og ormen skal hava mold til mat. Ingen skal gjera vondt eller ugagn på heile mitt heilage fjell, segjer Herren.

66. kapitlet

1 So segjer Herren: Himmelen er min stol, og jordi mi fotskor. Kva hus vil de då byggja åt meg, og kvar skulde vera min kvilestad?

2 Alt dette skapte eg med mi hand, og soleis vart alt dette til, segjer Herren. Den som eg vil sjå til, er den arme og hugbrotne, og den som skjelv for mitt ord.

3 Slagta ein stut er som drep ein mann, ofra eit lamb som å tyna ein hund, ofra grjonoffer som ofra svineblod, brenna røykjelse som hylla ein avgud. Som dei hev valt sine eigne vegar, og dei likar si ufysna,

4 so vil eg og velja deira vanlukka og føra yver deim det som dei ræddast, for di ingen svara då eg ropa, og dei høyrde ikkje då eg tala, men gjorde det vonde i mine augo og valde det som eg ikkje lika.

5 Høyr då Herrens ord, de som skjelv for hans ord! Dykkar brøder som hatar dykk, segjer, dei som støyter dykk burt for mitt namn skuld: «Lat Herren syna seg herleg, so me kan sjå dykkar gleda!» Men dei skal verta til skammar.

6 Høyr gnyen frå byen! Høyr omen frå templet! Høyr, Herren gjev sine fiendar lika for deira verk!

7 Fyrr ho vert barnsjuk, hev ho født, fyrr riderne kjem, hev ho fenge ein gut.

8 Kven hev høyrt um slikt? Kven hev sovore set? Kjem eit land til verdi på ein einaste dag? Kann eit folk verta født med ein einaste gong? For Sion vart barnsjuk og fødde med same sønerne sine.

9 Skuld’ eg opna morsliv og ei gjeva føding? segjer Herren. Eller gjeva føding, og so halda fosteret att? segjer din Gud.

10 Gled dykk med Jerusalem og jubla yver henne, alle som hev henne kjær! Fegnast storleg med henne, alle de som ber sorg for henne!

11 So kann de suga og mettast av hennar hugsvalande barm, so de kann drikka og kveikjast av hennar herlege rikdom.

12 For so segjer Herren: Sjå, eg leider fred til henne som ei elv, og herlegdomen hjå folki som ein fløymande bekk, og de skal få suga; dei skal bera dykk på armen, setja dykk på fanget og kjæla med dykk.

13 Som mori trøystar sin son, soleis skal eg trøysta dykk, ja, i Jerusalem skal de få trøyst.

14 De skal sjå det, og hjarta dykkar skal fegnast, og beini dykkar skal friskna som graset, og merkast skal Herrens hand hjå hans tenarar, men hans harm er yver hans fiendar.

15 For sjå, Herren kjem i eld, og hans vogner er som ein storm, hans vreide skal råka med brennande harm, hans trugsmål med logande eld.

16 For Herren held dom med eld, og med sverdet sitt yver alt kjøt, og mange vert dei som Herren hev drepe.

17 Dei som helgar og reinsar seg for hagarne etter ein som er midt millom deim, dei som svinekjøt et og ufysne dyr, ja myser, dei skal tynast alle i hop, segjer Herren.

18 Eg kjenner deira gjerningar og deira tankar. Den tid kjem då eg samlar alle folk og tungemål, og dei skal koma og sjå min herlegdom.

19 Eg vil gjera eit teikn imillom deim, og nokre av deim som vert berga, vil eg senda til heidningfolki, til Tarsis og Pul og Lud, bogeskyttarane, til Tubal og Javan, til øylandi langt burte, som ikkje hev høyrt gjetordet um meg og ikkje hev set min herlegdom, og dei skal kunngjera min herlegdom millom folki.

20 Og dei skal koma med alle brørne dykkar frå alle folkeslagi til offergåva åt Herren, på hesteryggen, på vogner, i berestolar, på muldyr og på kamelar, upp til mitt heilage fjell i Jerusalem, segjer Herren, liksom Israels-borni kjem med offergåva i reine skåler til Herrens hus.

21 Og jamvel av deim vil eg taka ut levitiske prestar, segjer Herren.

22 For liksom den nye himmelen og den nye jordi som eg skaper, skal standa for mi åsyn, segjer Herren, so skal og dykkar ætt og dykkar namn standa.

23 Kvar månad på nymånedagen og kvar vika på kviledagen skal alt kjøt koma og kasta seg ned for mi åsyn, segjer Herren.

24 Og dei skal ganga ut og sjå på liki åt dei menner som hev falle frå meg; for makken deira skal ikkje dauda, og elden deira skal ikkje slokna, og dei skal vera ei gruv for alt kjøt.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021