Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Jona

Jona

1. kapitlet

1 Herrens ord kom til Jona, son åt Amittai; han sagde:

2 «Statt upp og gakk til den store byen Nineve, og ropa ut yver honom at vondskapen hans er stigen upp for mi åsyn!»

3 Men Jona stod upp og vilde fly til Tarsis, burt frå Herrens åsyn; og han for ned til Joppe, og fann eit skip som skulde ganga til Tarsis, og han betala ferdapengarne og gjekk um bord og vilde fara med til Tarsis, burt frå Herrens åsyn.

4 Men Herren sende ein sterk vind ut yver havet, og reiste slik ein storm på havet at skipet so nær hadde gjenge under.

5 Då vart skipsfolki rædde og ropa kvar til sin gud; og til å letta skipet kasta dei på sjøen alt tarvende som fanst um bord. Men Jona hadde gjenge ned i skipsromet; der låg han og sov fast.

6 Då gjekk skiperen til honom og sagde: «Korleis kann du sova so fast? Statt upp og ropa til guden din! Kann henda vil den guden tenkja på oss, so me ikkje gjeng under.»

7 Og dei sagde til kvarandre: «Kom, lat oss kasta lut, so me fær vita kven som er skuld i at denne ulukka er komi yver oss!» So kasta dei lut, og luten fall på Jona.

8 Då sagde dei til honom: «Seg kven som er skuld i at denne naudi er komi yver oss! Kva er di ærend, kvar kjem du ifrå? Kva land er du frå, og kva folk er du av?»

9 Han svara deim: «Hebræar er eg, Herren, himmelens Gud, ottast eg, han som hev skapt havet og det turre land.»

10 Då vart mennerne ovleg rædde, og dei sagde til honom: «Kor kunde du gjera dette?» For dei skyna av det han fortalde deim at han flydde frå Herrens åsyn.

11 Og dei sagde til han: «Kva skal me gjera med deg, so havet kann leggja seg for oss?» For det vart meir og meir upprørt.

12 Han svara: «Tak meg og kasta meg i havet! so skal det stilna for dykk. For eg veit det er for mi skuld denne store stormen er komen yver dykk.»

13 Mennerne freista no å ro tilbake til lands, men dei magta det ikkje; for sjøen bar meir og meir imot.

14 Då ropa dei til Herren og sagde: «Å Herre, lat oss ikkje ganga under, for di denne mannen skal døy, og lat ikkje skuldlaust blod koma yver oss! for du, Herre, hev gjort som du vilde.»

15 Og dei tok Jona og kasta honom i havet, og straks heldt havet upp å rasa.

16 Då fekk mennerne fekk stor age for Herren, og dei ofra slagtoffer til honom og gjorde lovnader.

2. kapitlet

1 Men Herren sende ein stor fisk, som gløypte Jona; og Jona var i buken åt fisken i tri dagar og tri næter.

2 Og Jona bad til Herren, sin Gud, frå buken åt fisken;

3 han sagde: «Eg ropa til Herren i mi naud, og han svara meg. Frå helheims buk ropa eg, og du høyrde mi røyst.

4 Du kasta meg i djupet, midt i havet, og straumar kringsette meg, alle dine bylgjor og brot gjekk yver meg.

5 Eg tenkte då: «Burt frå dine augo er eg støytt. Like vel, ditt heilage tempel skal eg atter få sjå.»

6 Vatni kringa seg um meg like til sjæli. Djupet kringsette meg; tang sveipte seg um hovudet mitt.

7 Like til bergbotnarne sokk eg ned. Slåerne til jordi stengdest bak meg for alltid. Men du førde mitt liv upp or gravi, Herre, min Gud!

8 Då mi sjæl ormegtast i meg, kom eg Herren i hug, og mi bøn kom til deg i ditt heilage tempel.

9 Dei som tek vare på tome avgudar, gjeng frå si miskunn.

10 Men med lovsongs tonar vil eg ofra til deg, det eg lova, vil eg halda. Hjå Herren er frelsa!»

11 Då baud Herren fisken, og han spydde Jona upp på land.

3. kapitlet

1 Då kom Herrens ord til Jonas andre gongen; han sagde:

2 «Statt upp og gakk til Nineve, den store byen, og ropa ut yver honom dei ordi eg vil tala til deg!»

3 Og Jona stod upp og gjekk til Nineve, som Herren hadde sagt. Nineve var ein stor by for Gud, tri dagsleider lang.

4 Og Jona gjekk ei dagslei inn i byen og ropa og sagde: «Um fyrti dagar skal Nineve verta lagd i grus.»

5 Då trudde ninevitarne på Gud, lyste ut ei fasta og klædde seg i sekk både store og små.

6 Då saki kom for kongen i Nineve, reiste han seg frå sin kongsstol, lagde kappa av seg og sveipte seg i sekk og sette seg i oska.

7 Han let ropa ut i Nineve og segja: «Etter bod frå kongen og hans stormenner må korkje menneskje eller dyr, storfe eller småfe, smaka noko, beita eller drikka vatn.

8 Men dei skal sveipa seg i sekk, menneski med dyri, og ropa til Gud av all kraft og umvenda seg, kvar frå sin vonde veg og frå den urett som er i deira hender.

9 Kven veit? Gud kunde då venda um og angra det, venda um frå den brennande vreide sin, so me ikkje gjeng under.»

10 Då no Gud såg det dei gjorde, at dei vende um frå sin vonde veg, angra han det vonde han hadde sagt han vilde gjera mot deim, og han gjorde det ikkje.

4. kapitlet

1 Dette gjorde Jona ovleg vondt, og han vart brennande harm.

2 Han bad då til Herren og sagde: «Å Herre, var det ikkje dette eg tenkte, då eg endå var i mitt land? Difor flydde eg so snøgt til Tarsis; for eg visste du er ein nådig og miskunnsam Gud, langmodig og rik på miskunn, og angrar det vonde.

3 So tak no, Herre, livet mitt ifrå meg! For eg vil heller døy enn liva.»

4 Då sagde Herren: «Hev du grunn til å harmast?»

5 Og Jona gjekk ut or byen og sette seg austanfor byen. Der gjorde han seg ei hytta og sette seg der i skuggen, og vilde sjå korleis det gjekk med byen.

6 Då let Herren Gud ein kikajon veksa upp yver Jona, til å skyggja yver hovudet hans og fria honom ifrå hans mismod; og Jona fann stor gleda i kikajonen.

7 Men næste dag, då morgonroden rann, sende Gud ein makk, som stakk kikajonen so han visna.

8 Då soli rann, sende Gud ein brennande austanvind, og soli stakk Jona på hovudet so han ormegtast. Han ynskte då å få døy og sagde: «Eg vil heller døy enn liva.»

9 Men Gud sagde til Jona: «Hev du grunn til å harmast for kikajonen skuld?» Han svara: «Eg hev grunn til å harmast til dauden.»

10 Då sagde Herren: «Du ynkast yver kikajonen, som du ikkje hev havt møda med og ikkje hev ale upp, som kom til på ei natt og gjekk til grunns etter ei natt;

11 og so skulde ikkje eg ynkast yver Nineve, den store byen, der det finst meir enn eit hundrad og tjuge tusund menneskje som ikkje kann skilja millom høgre og vinstre, og mange dyr!»

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021