Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Nehemia

Nehemia

1. kapitlet

1 Fråsegni hans Nehemia, son åt Hakalja. I kislev månad, i det tjugande styringsåret, medan eg var i borg i Susan,

2 kom Hanani dit, ein av brørne mine, og med honom nokre andre frå Juda. Eg frette deim ut om jødarne, dei av fangarne som hadde sloppe heim att, og um Jerusalem.

3 Dei svara meg: «Dei av fangarne som hev sloppe heim att og er der i jarleriket, dei lid ulukkeleg skam og skade. Muren kring Jerusalem ligg nedbroten, og portarne er uppbrende.»

4 Då eg høyrde denne fretnaden, sette eg meg ned og gret og syrgde dag etter dag. Eg fasta og bad til Gud i himmelen.

5 Eg sagde: «Å kjære Herre Gud i himmelen, den store, agelege Gud, som held pakti og held uppe miskunni mot deim som elskar honom, og som held bodi hans!

6 Å, lat øyra ditt agta på bøni mi! Lat augo dine vera opne! Høyr tenaren din når eg kjem fram for deg og bed i dag! Dag og natt gjer eg bøner for Israels-borni, tenarane dine. Eg sannar synderne våre, som me Israels-borni hev gjort mot deg. Me hev synda både eg og ætti mi.

7 Ille hev me forbrote oss mot deg. Me hev ikkje halde bodi og loverne og retterne som du baud Moses, tenaren din.

8 Men kom i hug det ordet du gav Moses, tenaren din: «Fer de med svik, so vil eg spreida dykk millom folki;

9 men vender de um til meg og held bodi mine og liver etter deim, so vil eg sanka dei spreidde, um dei so var burtstøytte til himmelens ende, og eg vil føra deim til den staden eg hev valt ut til bustad åt namnet mitt.»

10 Dei er då tenarane dine og folket ditt som du fria ut med di store magt og di sterke hand.

11 Å Herre, lat øyra ditt agta på bøni frå tenaren din og bøni frå tenarane dine, dei som gjerne vil ottast ditt namn. Å, lat tenaren din hava lukka med seg i dag; lat meg finna medhug hjå denne mannen!» - Eg var den gongen skjenkjar hjå kongen.

2. kapitlet

1 I nisan månad i det tjugande styringsåret åt Artahsasta, då høvde so at vin stod framfyre honom, tok eg vinen og flidde kongen. Og eg hadde ikkje fyrr synt meg sturen for honom.

2 Då sagde kongen til meg: «Kvi er du so sturen? Du er då ikkje sjuk! Dette kann ikkje vera anna enn hjartesut.» Eg vart fælt rædd,

3 og eg sagde til kongen: «Må kongen liva æveleg! Kvi skulde ikkje eg stura når byen der federne er gravlagde, ligg i røys, og portarne der er uppbrende?»

4 Kongen sagde til meg: «Kva er det du ynskjer?» Då bad eg ei bøn til Gud i himmelen.

5 Og so sagde eg til kongen: «Um det tekkjest kongen, og um du eig godvilje for tenaren din, so ynskjer eg å verta send til Juda, til byen der federne mine er gravlagde, so eg kann byggja honom upp att.»

6 Kongen sagde til meg, medan dronningi sat ved sida: «Kor lenge vil ferdi di vara, og kva tid kjem du att?» Då det soleis tektest Kongen å lata meg fara, gjorde eg avtale med honom um ei viss tid.

7 So sagde eg til kongen: «Um det tekkjes kongen, so lat meg få med brev til jarlarne på hi sida elvi, so dei let meg fara igjenom til dess eg kjem til Juda.

8 Og lat meg få brev til Asaf, han som hev tilsyn med den kongelege skogen, so han let meg få timber til portbjelkarne i borgi som høyrer til huset, til bymuren og til huset eg skal bu i.» Kongen let meg få det, av di min Gud heldt si gode hand yver meg.

9 Då eg kom til jarlarne på hi sida elvi, flidde eg deim kongebrevi. Kongen sende ogso med meg hovudsmenner og hestfolk.

10 Men då horoniten Sanballat og den ammonitiske tenestmannen Tobia høyrde gjete dette, tykte dei det var fælt tregelegt, at det var komen ein mann og vilde søkja det som var til bate for Israels-borni.

11 Då eg kom til Jerusalem, og hadde vore der tri dagar,

12 reis eg upp um natti, eg og nokre få mann med meg. Eg hadde ikkje nemnt med noko menneskje kva min Gud hadde gjeve meg i hugen å gjera for Jerusalem. Det dyret eg reid på, var det einaste dyret eg hadde med meg.

13 Eg drog ut um natti gjenom Dalporten og burtimot Drakekjelda og Møkporten. Eg såg på murarne kring Jerusalem; dei var nedbrotne, og portarne var uppbrende.

14 So drog eg burt til Kjeldeporten og Kongedammen; men der var det ikkje råd for dyret å koma fram med meg.

15 So drog eg upp i dalen um natti og såg på muren og kom so attende gjenom Dalporten.

16 Formennerne hadde ikkje fenge visst kva veg eg hadde fare, eller kva eg emna på. Eg hadde ikkje endå nemnt noko med jødarne eller prestarne eller dei adelborne eller formennerne eller nokon annan som skulde hava med arbeidet å gjera.

17 Men no sagde eg til deim: «De ser sjølve kor ille me er stelte. Jerusalem ligg i øyde, portarne er uppbrende. Kom, lat oss byggja upp att muren kring Jerusalem, so me ikkje skal hava den skammi på oss lenger.»

18 Eg tala med deim um handi åt min Gud, kor ho hadde synt seg nådig mot meg. Like eins fortalde eg kva kongen hadde sagt med meg. Då sagde dei: «Me vil ganga i veg og byggja.» Og dei styrkte seg til det gode verket.

19 Men då horoniten Sanballat og den ammonitiske tenestmannen Tobia og arabaren Gesem spurde dette, spotta dei oss og svivyrde oss: «Kva er det de gjer på?» sagde dei. «Vil de gjera upprør mot kongen?»

20 Då gav eg deim dette svaret: «Gud i himmelen vil gjeva oss lukka. Og me, hans tenarar, vil ganga i veg og byggja. Men de hev ikkje anten lut eller rett eller minne i Jerusalem.»

3. kapitlet

1 Øvstepresten Eljasib og dei andre prestarne, frendarne hans, gjekk i veg og bygde Saueporten. Dei vigde honom, og sette inn dørerne. So bygde dei fram til Meatårnet, som dei vigde, og fram til Hananeltårnet.

2 Attmed deim bygde folk frå Jeriko. Og attmed deim bygde Zakkur Imrison.

3 Fiskeporten bygde Sena’a-borni; dei timbra honom upp og sette inn dører og lås og slåer.

4 Attmed deim arbeidde Meremot, son åt Uria Hakkosson, med å vøla muren. Attmed han Mesullam, son åt Berekja Mesezabelsson. Attmed honom arbeidde Sadok Ba’anason.

5 Og attmed honom arbeidde folket frå Tekoa; men storfolket deira bøygde ikkje nakken sin under arbeidet for Herren sin.

6 Gamleporten vølte Jojada Paseahsson og Mesullam Besodjason; dei timbra honom og sette inn dører og lås og slåer.

7 Attmed deim arbeidde gibeoniten Melatja og merononiten Jadon med folk frå Gibeon og Mispa, som låg under domsmagti åt jarlen på hi sida elvi.

8 Attmed deim arbeidde Uzziel Harhajason med gullsmedarne, og attmed honom Hananja, ein salvehandlar. Det næste stykket av Jerusalem let dei vera, burt til Breidemuren.

9 Attmed deim arbeidde Refaja Hursson, hovdingen yver halve heradet kring Jerusalem.

10 Attmed honom arbeidde Jedaja Harumafsson utanfor sitt eige hus. Og attmed honom Hattuh Hasabnejason.

11 Eit anna stykke vølte Malkia Harimsson og Hassub Pahat-Moabsson; burt til Omnstårnet.

12 Attmed deim arbeidde hovdingen yver det andre halve heradet kring Jerusalem, Sallum Hallohesson, saman med døtterne sine.

13 Dalporten vølte Hanun og folk frå Zanoah; dei bygde honom og sette inn dører og lås og slåer. Dei bygde og tusund alner av muren burt til Møkporten.

14 Og Møkporten vølte Malkia Rekabsson, hovdingen yver heradet Bet-Hakkerem; han bygde honom og sette inn dører og lås og slåer.

15 Kjeldeporten vølte Sallun Kol-Hozesson, hovding yver Mispaheradet; han bygde honom, tekte honom, sette inn dører og lås og slåer. Dessutan bygde han muren ved Selahdammen ved kongshagen burt åt dei tropperne som gjeng ned frå Davidsbyen.

16 Etter honom arbeidde Nehemia Azbuksson, hovding yver halve Betsurheradet, burt til midt fyre Davids-graverne, til den gravne dammen og til huset for kjemporne.

17 Etter honom arbeidde levitarne, under Rehum Banison. Attmed deim arbeidde, for sitt herad, Hasabja, hovding yver halve Ke’ilaheradet.

18 Etter honom arbeidde frendarne deira under, Bavvai Henadadsson, hovding yver den andre helvti av Ke’ilaheradet.

19 Attmed honom vølte Ezer Jesuason, hovding yver Mispa, eit anna stykke midt fyre uppgangen til våpnhuset i murkråi.

20 Etter honom vølte Baruk Zabbaison trottigt eit anna stykke frå murkråi heilt fram til husdøri åt øvstepresten Eljasib.

21 Etter honom vølte Meremot, son åt Uria Hakkosson, eit anna stykke frå husdøri åt Eljasib til enden av huset hans.

22 Og etter honom arbeidde prestarne, folk frå Jordan-kverven.

23 Etter deim arbeidde Benjamin og Hassub utanfor husi sine; etter deim Azarja, son åt Ma’aseja Ananjason, attmed sitt hus.

24 Etter honom vølte Binnui Henadadsson eit anna stykke frå huset hans Azarja til murkråi og til hyrna.

25 Palal Uzaison vølte stykket midt fyre murkråi og det øvre tårnet, som skyt fram frå kongshuset og høyrer til fangegarden. So kom Pedaja Parosson.

26 - Tempelsveinarne budde på Ofel, heilt fram til midt imot Vatsporten mot aust og Framskotstårnet, -

27 So vølte Tekoa-folket eit anna stykke frå midt imot det store framskotstårnet og til Ofelmuren.

28 Ovanfor Hesteporten arbeidde prestarne, kvar og ein midt imot sitt eige hus.

29 Etter deim arbeidde Sadok Immersson midt imot sitt hus; og etter honom Semaja Sekanjason, som hadde vakthaldet ved Austporten.

30 Etter honom vølte Hananja Selemjason og Hanun, sette son åt Salaf, eit anna stykke. Etter deim arbeidde Mesullam Berekjason midt fyre koven sin.

31 Etter honom arbeidde Malkia, ein av gullsmedarne, heilt fram til huset for tempelsveinarne og kræmarane, midt imot Mynstringsporten og fram til Hyrnesalen.

32 Og millom Hyrnesalen og Saueporten arbeidde gullsmedarne og kræmarane.

4. kapitlet

1 Då no Sanballat høyrde gjete at me dreiv på og bygde på muren, vart han brennande harm og fælt sinna. Han spotta jødarne,

2 og tala soleis til brørne sine og til stridsfolket i Samaria: «Kva er det desse visne jødarne driv på med? Skal dei hava lov til sovore? Skal dei få ofra? Kann henda dei vil få arbeidet ferdigt i dag! Kann henda dei vil blåsa liv i steinarne frå dei forbrende røysarne!»

3 Ammoniten Tobia, som stod jamsides med honom, sagde: «Lat deim byggja so mykje dei vil. Berre ein rev hoppar uppå, kjem han til å riva ned heile steinmuren!»

4 «Høyr, vår Gud, kor me er til spott og spe! Lat hædingi deira koma attende på deira eige hovud og gjev deim til plundring i eit land der dei lyt vera fangar!

5 Løyn ikkje misgjerningi deira! Lat ikkje syndi deira verta utstroki for di åsyn, av di dei hev krenkt deg medan byggjarane høyrde på det!»

6 Me bygde på muren, og heile muren vart gjort ferdig upp til halve høgdi. Og folket hadde godt mod på arbeidet.

7 Men då Sanballat og Tobia og arabararne og ammonitarne og asdoditarne høyrde at murarne i Jerusalem heldt på å heilna og rivnorne tok til å teppast, då vart dei brennande harme.

8 Dei lagde seg i hop alle saman um å koma og strida mot Jerusalem og gjera ugreida for folket.

9 Då bad me til vår Gud. Og me sette vaktpostar natt og dag til vern mot deim.

10 Men jødarne sagde: «Magti tryt hjå arbeidsfolket, og grushaugane er for store; me orkar ikkje byggja på muren!»

11 Og fiendarne våre sagde: «Inkje skal dei gå og inkje skal dei sjå fyrr me kjem midt uppi flokken og høgg deim ned og soleis gjer ende på arbeidet.»

12 Og jødarne som budde nær deim, kom frå alle kantar og sagde med oss vel ti gonger: «De lyt koma attende til oss.»

13 Då fylkte eg folket i lægderne bak muren, på dei opne plassarne; fylkte deim kvar ættgrein for seg med sine sverd og med spjot og med bogar.

14 Eg mynstra deim, gjekk so fram og tala til dei adelborne og formennerne og til hitt folket: «Ver ikkje rædde deim! Tenk på Herren, den store og skræmelege, og strid for brørne dykkar, for sønerne og døtterne dykkar, for konorne dykkar og for heimarne dykkar.»

15 Då fiendarne våre fekk spurt at me hadde full greida på det, og at Gud soleis hadde gjort rådi deira um inkje, so kunde me alle ganga attende til muren kvar til sitt arbeid.

16 Men frå den dagen dreiv berre helvti av drengjarne mine på med arbeidet; andre helvti stod væpna med spjot, med skjoldar, bogar og brynjor. Hovdingarne stod attanfor heile Judas hus.

17 Dei som bygde på muren og dei som leste på seg og bar byrdor, med eine handi gjorde dei arbeidet, med hi heldt dei verja.

18 Kvar byggjar spente sverd um seg, og dei bygde medan hornblåsaren stod jamsides med meg.

19 Og eg sagde til dei adelborne og formennerne og til hitt folket: «Arbeidet er stort og vidsveimt; og me er spreidde på muren langt frå kvarandre.

20 Der de høyrer hornet ljoda, dit skal de samla dykk til oss. Vår Gud vil strida for oss.»

21 So dreiv me då på med arbeidet, medan helvti av folket heldt spjoti, frå morgonroden rann til stjernorne synte seg.

22 Samstundes baud eg folket: «Kvar og ein med sin dreng skal vera med natti inne i Jerusalem, so me kann hava deim til vakt um natti og til arbeid um dagen.»

23 Korkje eg eller frendarne mine eller drengjerne eller vaktmennerne mine, kom or klædi. Våpni var for kvar og ein likso umissande som vatn.

5. kapitlet

1 Men so reiste det seg eit stort skrik frå folket og frå konorne deira mot dei jødiske brørne deira.

2 Sume sagde: «Me og sønerne og døtterne våre er mange, so lat oss få korn, so me kann eta og berga livet!»

3 Og sume sagde: «Åkrarne og vinhagarne og husi våre lyt me setja i pant for å få korn i dyrtidi!»

4 Og andre sagde: «Me hev lote låne pengar på åkrarne og vinhagarne våre til å greida skatten til kongen.

5 No er då våre kroppar likso gode som kropparne åt brørne våre, og våre born er jamgode med deira born. Like vel lyt me gjera sønerne og døtterne våre til trælar. Ja, sume av døtterne våre er alt trælka; og me hev ikkje magt til å hindra det; for åkrarne og vinhagarne våre høyrer dei hine til.»

6 Eg vart brennande harm då eg høyrde skriket deira og desse ordi.

7 Då eg hadde samrådt meg med meg sjølv, skjemde eg på dei adelborne og formennerne og sagde til deim: «Oker er det de driv med brørne dykkar!» So stemde eg saman til eit stort folkemøte mot deim.

8 Og eg sagde til deim: «Etter evna hev me kjøpt frie dei jødiske brørne våre som var selde til heidningarne. Og so gjeng det burt og sel brørne dykkar, so dei lyt selja seg til oss!» Då tagde dei og fann inkje ord for seg.

9 Og eg sagde: «Det er ikkje fint å fara åt soleis som det hev gjort. De burde då ferdast i otte for vår Gud, so ikkje heidningarne, fiendarne våre, skulde få grunn til å spotta oss.

10 Eg og frendarne mine og drengjerne mine hev og pengar og korn å krevja av deim. Lat oss strukja den skuldi!

11 Og de - kjære væne, gjev attende i dag åkrane og vinhagarne og oljeplantingarne og husi deira, og gjev deim etter rentorne det kunde krevja av deim av pengarne og kornet og druvesafti og oljen!»

12 Dei svara: «Me gjev det attende og gjev upp kravi på deim. So som du hev sagt, vil me gjera.» Eg tok deim i eid, etter eg hadde kalla prestarne til, at dei skulde halda dette vedtaket.

13 Og eg skok kappelumma mi med dei ordi: «Soleis skal Gud skaka frå hus og eiga kvar ein som ikkje held dette vedtaket; ja, soleis skal han verta skjeken og tom.» Og heile lyden sagde: «Ja, ja!» Og dei lova Herren, og heile folket gjorde etter dette vedtaket.

14 Dessutan lyt eg nemna: Frå den dagen eg vart utnemnd til jarl yver Jødeland, frå det tjugande til det tvo og trettiande styringsåret åt kong Artahsasta, i tolv år, hev korkje eg eller frendarne mine ete av jarlekosten.

15 Dei fyrre jarlarne, fyre min tid, tyngde på folket, og tok brød og vin av deim til yver fyrti lodd sylv. Jamvel drengjerne deira spela meister yver folket. Av age for Gud for ikkje eg åt soleis.

16 Dessutan var eg med og bygde på muren. Og ingen åker hev me kjøpt oss. Endå alle drengjerne mine hev vore samla til byggjearbeidet.

17 Og jødarne og formennerne, eit hundrad og femti mann, åt ved mitt bord, umfram deim som kom til oss frå heidningfolki rundt ikring.

18 Og det vart tillaga på min kostnad kvar dag ein ukse og seks utvalde sauer, umfram fuglar, og tiande kvar dag mykje vin av alle slag; like vel kravde eg ikkje jarlekosten, for arbeidet låg tungt på dette folket.

19 Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg til godes alt det eg hev gjort for dette folket!

6. kapitlet

1 Då no Sanballat og Tobia og arabaren Gesem og dei hine fiendarne våre fekk spurt at eg hadde bygt upp muren, og at det ikkje fanst nokon rivna att i honom - endå hadde eg ikkje sett inn dører i portarne -

2 då sende Sanballat og Gesem bod til meg med dei ordi: «Kom, lat oss setja stemna med kvarandre i ein av landsbyarne i Onodalen!» Dei tenkte å gjera meg eitkvart ilt.

3 Eg sende bod attende og svara deim: «Eg driv på med eit stort arbeid, so eg kann ikkje koma ned. Kvi skulde arbeidet kvila, når eg gjekk frå det og kom ned til dykk?»

4 Fire gonger sende dei same bodet til meg; kvar gong gav eg deim same svaret.

5 Femte gongen sende Sanballat same bodet, og det med drengjen sin med ope brev i handi.

6 Der stod skrive: «Det ordet gjeng millom grannefolki, og Gasmu segjer det same, at du og jødarne tenkjer på upprør mot kongen, og det er difor du byggjer upp att muren; ja, at du etlar deg verta kongen deira, so segjer dei.

7 Og at du jamvel hev tinga deg profetar til å ropa ut i Jerusalem at du er konge i Juda. No vil kongen få høyra um dette. Kom då, lat oss samrådast!»

8 Då sende eg dette svaret: «Ingen ting hev hendt av det du nemner; det er noko du sjølv hev funne på.»

9 Dei tekte alle dei skulde skræma oss, so henderne våre skulde valna og arbeidet verta ugjort. Men styrk du henderne mine!

10 Eg kom inn i huset åt Semaja, son åt Delaja, soneson åt Mehetabel, medan han heldt seg inne. Han sagde: «Lat oss ganga saman til Guds hus, inn i templet, og stengja dørerne til templet; for dei kjem og vil drepa deg, ja, dei kjem um natti og vil drepa deg.»

11 Men eg svara: «Skulde ein mann som eg røma sin veg? Eller kann ein mann som eg ganga inn i heilagdomen og endå få liva? Eg gjeng ikkje.»

12 Eg skyna greidt at ikkje Gud hadde sendt honom, han tala dette profetordet yver meg berre av di Tobia og Sanballat hadde leigt honom til det.

13 Meiningi med dette var at han skulde skræma meg til å gjera so og dermed forsynda meg. Det vilde gjenge på æra mi, so dei kunde ført spott og skam yver meg.

14 Min Gud, kom i hug Tobia og Sanballat for desse verki hans, og like eins profetkvinna Noadja og dei hine profetarne som vilde skræma meg.

15 Muren vart fullt ferdig på tvo og femti dagar, den fem og tjugande dagen i månaden elul.

16 Då alle fiendarne våre spurde dette, då ottast alle grannefolki, og dei minka mykje i sine eigne augo. Dei skyna at dette arbeidet var eit verk av vår Gud.

17 I dei dagarne skreiv dei jødiske adelsmennerne mange brev som gjekk til Tobia, og frå Tobia kom det brev attende til deim.

18 Mange jødar var i svorne vener av honom; han var måg til Sekanja Arahsson; og Johanan, son hans, var gift med dotter åt Mesullam Berekjason.

19 Gong på gong tala dei med meg um dygderne hans, og mine ord bar dei fram til honom. Tobia sende ogso brev til å skræma meg.

7. kapitlet

1 Då no muren var uppbygd, sette eg inn dørerne. Og portvakti tilsett; like eins songarane og levitarne.

2 Og eg sette yver Jerusalem Hanani, bror min, og Hananja, borghovdingen; han vart halden for ein framifrå truverdig og gudleg mann.

3 Og eg sagde til deim: «Portarne i Jerusalem må ikkje verta opna fyrr soli tek til å hita. Og medan vakti endå stend på post, skal dørerne verta stengde og læste, og nye vaktfolk skal stella seg upp av borgararne i Jerusalem, kvar på post, kvar utanfor sitt hus.»

4 Byen var vid og stor, men folket i honom var fåment, og husi var ikkje uppbygde.

5 Eg fekk då den inngivnad av min Gud at eg skulde stemna i hop dei adelborne og formennerne og heile folket til uppskriving i ættarlista. Då fann eg ættarlista yver deim som fyrst hadde fare heim. Og der fann eg skrive:

6 Her kjem talet på dei fylkesbuarne som for heim or utlægdi, dei som Nebukadnessar, kongen i Babel, hadde ført burt, og som no for heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by.

7 Dei fylgde Zerubbabel og Jesua, Nehemia og Azarja, Ra’amja og Nahamani, Mordokai og Bilsan, Misperet og Bigvai, Nehum og Ba’ana. - Dette er manntalet yver alle mennerne i Israels-lyden:

8 Paros-sønerne, tvo tusund eit hundrad og tvo og sytti;

9 Sefatja-sønerne, tri hundrad og tvo og sytti;

10 Arahs-sønerne, seks hundrad og tvo og femti;

11 Pahat-Moabs-sønerne, av Jesua- og Joabs-sønerne, tvo tusund åtte hundrad og attan;

12 Elams-sønerne, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;

13 Zattu-sønerne, åtte hundrad og fem og fyrti;

14 Zakkai-sønerne, sju hundrad og seksti;

15 Binnui-sønerne, seks hundrad og åtte og fyrti;

16 Bebai-sønerne, seks hundrad og åtte og tjuge;

17 Azgads-sønerne, tvo tusund tri hundrad og tvo og tjuge;

18 Adonikams-sønerne, seks hundrad og sju og seksti;

19 Bigvai-sønerne, tvo tusund og sju og seksti;

20 Adins-sønerne, seks hundrad og fem og femti;

21 Aters-sønerne av Hizkia-ætti, åtte og nitti;

22 Hasums-sønerne, tri hundrad og åtte og tjuge;

23 Besai-sønerne, tri hundrad og fire og tjuge;

24 Harifs-sønerne, hundrad og tolv;

25 Gibeons-sønerne, fem og nitti;

26 mennerne frå Betlehem og Netofa, hundrad og åtte og åtteti;

27 mennerne frå Anatot, hundrad og åtte og tjuge;

28 mennerne frå Bet-Azmavet, tvo og fyrti;

29 mennerne frå Kirjat-Jearim, Kefira og Be’erot, sju hundrad og tri og fyrti;

30 mennerne frå Rama og Geba, seks hundrad og ein og tjuge;

31 mennerne frå Mikmas, hundrad og tvo og tjuge;

32 mennerne frå Betel og Aj, hundrad og tri og tjuge;

33 mennerne frå det andre Nebo, tvo og femti;

34 den andre Elam søner, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;

35 Harims-sønerne, tri hundrad og tjuge;

36 Jeriko-sønerne, tri hundrad og fem og fyrti;

37 Lods-, Hadids- og Ono-sønerne, sju hundrad og ein og tjuge;

38 Sena’a-sønerne, tri tusund ni hundrad og tretti.

39 Av prestarne: Jedaja-sønerne av Jesua-ætti, ni hundrad og tri og sytti;

40 Immers-sønerne, eit tusund og tvo og femti;

41 Pashurs-sønerne, eit tusund tvo hundrad og sju og fyrti;

42 Harims-sønerne, eit tusund og syttan.

43 Av levitarne: Jesua-sønerne av Kadmiels-ætti, av Hodeva-sønerne, fire og sytti.

44 Av songarane: Asafs-sønerne, hundrad og åtte og fyrti.

45 Av dørvaktarane: Sallums-sønerne, Aters-sønerne, Talmons-sønerne, Akkubs-sønerne, Hatita-sønerne, Sobai-sønerne, hundrad og åtte og tretti.

46 Av tempelsveinarne: Siha-sønerne, Hasufa-sønerne, Tabbaots-sønerne,

47 Keros-sønerne, Sia-sønerne, Padons-sønerne,

48 Lebana-sønerne, Hagaba-sønerne, Salmai-sønerne,

49 Hanans-sønerne, Giddels-sønerne, Gahars-sønerne,

50 Reaja-sønerne, Resins-sønerne, Nekoda-sønerne,

51 Gazzams-sønerne, Uzza-sønerne, Paseahs-sønerne,

52 Besai-sønerne, Me’unims-sønerne, Nefussims-sønerne,

53 Bakbuks-sønerne, Hakufa-sønerne, Harhurs-sønerne,

54 Basluts-sønerne, Mehida-sønerne, Harsa-sønerne,

55 Barkos-sønerne, Sisera-sønerne, Tamahs-sønerne,

56 Nesiahs-sønerne, Hatifa-sønerne.

57 Av sønerne åt Salomo-sveinarne: Sotai-sønerne, Soferets-sønerne, Perida-sønerne,

58 Ja’ala-sønerne, Darkons-sønerne, Giddels-sønerne.

59 Sefatja-sønerne, Hattils-sønerne, Pokeret-Hassebajims-sønerne, Amons-sønerne.

60 Alle tempelsveinarne og sønerne åt Salomo-sveinarne var i alt tri hundrad og tvo og nitti.

61 Frå Tel-Melah og Tel-Harsa, Kerub og Addon og Immer for dei ut dei som her skal nemnast; men dei kunde ingi greida gjeva um federne sine og ætti, - um dei i det heile høyrde Israels-folket til; det var:

62 Delaja-sønerne, Tobia-sønerne og Nekoda-sønerne, seks hundrad og tvo og fyrti,

63 og av prestarne: Habaja-sønerne, Hakkos-sønerne, sønerne åt Barzillai, han som hadde teke ei av døtterne åt Gileads-mannen Barzillai til kona og fekk namn etter deim.

64 Desse leita etter ættartavlorne sine, men kunde ikkje finna deim; difor vart dei kjende uverdige til å vera prestar.

65 Jarlen dømde at dei ikkje måtte eta av det høgheilage fyrr det stod fram ein prest med urim og tummim.

66 Heile lyden var i alt tvo og fyrti tusund tri hundrad og seksti,

67 umfram trælarne og trælkvinnorne; talet på deim var sju tusund tri hundrad og sju og tretti. Dertil kom tvo hundrad og fem og fyrti songarar, karar og kvende.

68 Dei hadde sju hundrad og seks og tretti hestar, tvo hundrad og fem og fyrti muldyr,

69 fire hundrad og fem og tretti kamelar, og seks tusund sju hundrad og tjuge asen.

70 Nokre av ættehovdingane ytte pengehjelp til arbeidet. Jarlen lagde i kassa fem tusund dalar i gull, femti skåler, og fem hundrad og tretti prestekjolar.

71 Og nokre av ættarhovdingarne lagde i byggjekassa hundrad tusund dalar i gull og seks og seksti tusund dalar i sylv.

72 Og det som hitt folket gav, var hundrad tusund dalar i gull, seksti tusund dalar i sylv, og sju og seksti prestekjolar.

73 Prestarne og levitarne og dørvaktarane og songarane, og nokre av lyden, og tempelsveinarne og heile Israel elles sette då bu i sine byar. Då den sjuande månaden kom, var Israels-sønerne i sine byar.

8. kapitlet

1 Då samla heile folket seg, alle som ein mann på torget midt for Vatsporten. Dei bad Ezra, den skriftlærde, henta boki med Moselovi som Herren hadde bode Israel.

2 Då bar presten Ezra lovi fram for lyden, for menner og kvinnor og alle som kunde skyna det dei høyrde. Det var fyrste dagen i sjuande månaden.

3 Han las upp or henne frå dagsprett til middag, ved torget framfor Vatsporten, for menner og kvinnor og deim som kunde skyna det; og alt folket lydde på lovboki.

4 Ezras, den skriftlærde, stod på ein tram av tre som dei hadde laga til det. Jamsides med honom stod Mattitja, Sema, Anaja, Uria, Hilkia og Ma’aseja på høgre sida, og på vinstre sida Pedaja, Misael, Malkia, Hasum, Hasbaddana, Zakarja og Mesullam.

5 Ezra opna boki so alle såg det; for han stod høgare enn dei alle. Og med same han opna, reis dei alle upp.

6 Ezra lova Herren, den store Gud, og heile folket svara: «Ja, ja!» - med di dei rette upp henderne. Dei bøygde seg og kasta seg å gruve på jordi for Herren.

7 Og Jesua, Bani, Serebja, Jamin, Akkub, Sabbetai, Hodia, Ma’aseja, Kelita, Azarja, Jozabad, Hanan, Pelaja og dei hine levitarne tolka lovi for folket, medan folket vart standande kvar på sin stad.

8 Dei las tydeleg or boki, or Guds lov; og lagde ut meiningi, so folket kom til å skyna det.

9 Nehemia, jarlen, og den skriftlærde presten Ezra, og levitarne, som lærde folket, sagde til alt folket: «Denne dagen er heilag for Herren, dykkar Gud. Syrg ikkje og gråt ikkje!» For heile folket gret då dei høyrde dei ordi i lovi.

10 Og han sagde til deim: «Gakk no og et den beste mat, og drikk den søtaste vin de hev! Og send gåvor til den som inkje hev! For denne dagen er heilag for vår Herre. No skal de ikkje syta. Gleda i Herren er dykkar faste borg!»

11 Ogso levitarne hysja på alt folket og sagde: «Ver stille, dagen er heilag, de må ikkje syta!»

12 Då gjekk heile folket burt og åt og drakk og sende gåvor ikring og heldt ei stor gledehøgtid; dei hadde lagt seg på hjarta det som var sagt deim.

13 Dagen etter, då ættehovdingarne i heile folket og prestarne og levitarne samla hjå den skriftlærde Ezra og vilde få meir greida på ordi i lovi,

14 då fann dei skrive i lovi, at Herren hadde bode ved Moses at Israels-borni skulde bu i lauvhyttor på høgtidi i sjuande månaden,

15 og at dei skulde kunngjera og ropa ut i alle byarne sine og i Jerusalem: «Far til fjells og henta lauv av planta oljetre og ville oljetre, myrt og palmor og andre lauvrike tre og bygg lauvhyttor, som fyreskrive er!»

16 Då gjekk folket ut og henta, og bygde seg lauvhyttor på tak og på tun, kvar heime hjå seg, og i tuni ved Guds hus og på torgi ved Vatsporten og Efraimsporten.

17 Heile lyden, alle som var heimkomne frå utlægdi, bygde seg lauvhyttor og budde i deim. Sidan dei dagarne då Jesua Nunsson livde og like til denne dagen hadde Israels-borni ikkje gjort det. Og der var ovleg stor gleda.

18 Kvar dag las dei upp or Guds lovbok, frå fyrste dagen til siste; dei heldt høgtig i sju dagar, og på den åttande heldt dei stor samlingshøgtid, etter fastsett skikk.

9. kapitlet

1 Den fire og tjugande dagen i same månaden kom Israels-borni saman og heldt fasta. Dei hadde klædt seg i sorg og hadde mold på hovudi sine.

2 Israels-ætti skilde seg ut frå alle framandfolket, steig fram og sanna synderne sine og syndeskuldi åt federne sine.

3 So reis dei upp kvar på sin stad medan det vart fyrelese or lovboki åt Herren, deira Gud. Det var ei øykt. Ei onnor øykt sanna dei synderne og kasta seg ned for Herren, sin Gud.

4 Jesua og Bani, Kadmiel, Sebanja, Bunni, Serebja, Bani og Kenani steig upp på levittramen og ropa med høg røyst til Herren, sin Gud.

5 Og levitarne Jesua og Kadmiel, Bani, Hasabneja, Serebja, Hodia, Sebanja og Petahja sagde: «Ris upp og lova Herren, dykkar Gud, han som er frå æva og til æva! Ja, lova vere ditt heilage namn, som er upphøgt yver alt lov og pris!

6 Einast du er Herren. Du hev skapt himmelen, ja, himle-himlarne og all deira her, jordi og alt som på henne er, havi og alt som i deim er. Det er du som held liv i deim alle. Og himmelheren kastar seg ned for deg.

7 Det var du, Herre Gud, som valde ut Abram og førde honom frå Ur i Kaldæa og gav honom namnet Abraham.

8 Og du fann hjarta hans trufast for di åsyn då du gjorde du den pakti med honom at du vilde gjeva ætti hans landet åt kananiten, hetiten, amoriten, periziten, jebusiten og girgasiten. Og du heldt det du lova. For du er rettferdig.

9 Du såg kor vondt federne våre hadde det i Egyptarland, og du høyrde ropet deira ved Raudehavet.

10 Du gjorde teikn og under med Farao og alle tenarane hans og heile landslyden hans; for du visste at dei hadde fare ovmodigt åt med deim. Og soleis vann du deg eit namn som vert nemnt heilt til i dag.

11 Du kløyvde havet for deim, sog dei gjekk turrskodde gjenom havet. Men dei som elte deim, deim let du søkka i djupet som stein i velduge vatn.

12 Du leidde deim um dagen med ein skystopul, og um natti med ein eldstopul til å lysa for deim på den vegen dei skulde fara.

13 Du steig ned på Sinaifjellet og tala med deim frå himmelen. Du gav deim rettferdige rettar, pålitande lover, gode fyreskrifter og bod.

14 Du gav deim kunnskap um den heilage kviledagen din, og bod og fyreskrifter og lov ved Moses, tenaren din.

15 Brød frå himmelen gav du deim når dei var svoltne, og vatn or berget let du fløyma når dei var tyrste. Og du baud deim fara av og leggja under seg landet du med handi i veret hadde svore å gjeva deim.

16 Men federne våre, dei var kante og hardnakka, og lydde ikkje bodi dine.

17 Dei vilde ikkje lyda. Dei agta ikkje på dei underi du hadde gjort med deim, men gjorde nakken stiv, valde seg ein hovding og vilde tråssuge fara attende til trældomen sin. Men du er ein Gud som tilgjev synd, kjærleg og mild, tolug og full av nåde; du slepte deim ikkje.

18 Ja, endå dei støypte seg ein kalv og sagde: «Dette er guden din, som fylgde deg ut or Egyptarland,» endå dei spotta deg so gruvelegt,

19 so vilde du i di store miskunn ikkje sleppa deim der i øydemarki. Skystopulen veik ikkje frå deim um dagen, men leidde deim på veg; ikkje heller veik eldstopulen frå deim um natti, men lyste for deim på den vegen dei skulde fara.

20 Din gode ande sende du deim til lærar. Du meinka ikkje munnen deira i å få din manna; og når dei var tyste, gav du deim vatn.

21 Fyrti år bar du umsut for deim i øydemarki, og ingen ting vanta dei. Klædi deira vart ikkje slitne, og føterne deira trutna ikkje.

22 Kongerike og folkeslag gav du deim i gåva, og skifte ut landsluter åt deim på alle leider. Dei hertok Sihons land, det landet som høyrde til kongen i Hesbon, og landet som høyrde til Og, kongen i Basan.

23 Og du auka ætti deira som stjernorne på himmelen, og du leide deim inn i det landet du lova federne deira til odel og eiga.

24 So kom då sønerne og hertok landet. Du kua kananitarne for deim; deim som budde i landet, bøygde du under deim og gav i deira hender, både kongarne og folki der i landet, so dei kunde gjera med deim etter eige tykkje.

25 Dei hertok borgerne og reiv til seg den feite jordi, eigna til seg hus fulle av alle gode ting, tok gravne brunnar, vinhagar, oljeplantingar og aldetre i mengd. Dei åt og vart mette og feite og gjorde seg glade dagar av din store rikdom.

26 Men dei gjorde seg harde og sette upp imot deg, og kasta di lovi bak ryggen sin. Dei drap profetarne dine, som vitna for deim og vilde venda deim um til deg; dei spotta deg gruveleg.

27 Då gav du deim i fiendevald, og valdsverk fekk dei røyna. Men når dei var i verste vande, ropa dei til deg, og du høyrde på deim frå himmelen. I di store miskunn sende du deim frelsarar som fria deim ut or fiendevald.

28 Kom dei so til ro, gjorde dei atter det som vondt var for di åsyn. Då let du deim i fiendevald, so dei vart trælka. Men når dei so ropa til deg att, so høyrde du på deim frå himmelen og fria deim ut, etter di store miskunn gong på gong.

29 Du vitna for deim um at dei skulde venda um til di lov; men dei var kaute og lydde ikkje bodi dine. Og dei synda mot rettarne dine, dei som det gjeld um, at når menneskja held deim, skal ho få liva ved deim. Tråssuge snudde dei ryggen til, gjorde seg hardnakka og vilde ikkje lyda.

30 Mange år tøygde du tolmod med deim, og vitna for deim ved din ande gjenom profetarne dine. Då dei ikkje vilde høyra, gav du deim framande folk i vald.

31 Men i di store miskunn gjorde du ikkje heilt ende på deim, og gav deim ikkje upp; for du er ein mild og kjærleg Gud.

32 Og no, vår Gud, du store, velduge, skræmelege Gud, du som held pakti og held uppe miskunni, no må du ikkje tykkja det er lite alt det vonde me hev lote lida, me og kongarne våre, hovdingarne, prestarne og profetarne våre, federne våre og heile folket ditt, frå assyrarkongarne si tid og alt til i dag.

33 Du er rettferdig i alt det som hev kome yver oss. Du hev synt deg trufast. Me hev fare ugudleg åt.

34 Kongarne våre, hovdingarne våre, prestarne våre, federne våre hev ikkje halde lovi di og hev ikkje agta på bodi dine og dei åtvaringsordi du gav deim.

35 Jamvel då dei budde i sitt eige rike og i den store rikdomen som du hadde gjeve deim, og i det vide og feite landet som du hadde lagt ope for deim, tente dei deg ikkje, og vende ikkje um frå si vonde åtferd.

36 Sjå no um dagen er me trælar. I det landet du gav federne våre til å njota landsens grøda og rikdom, sjå her er me trælar.

37 Si rike grøda ber det til bate for dei kongar som du sette yver oss for våre synder skuld. Og dei råder og rikjer etter eige tykkje yver kropparne våre og buskapen vår. Me er i stor naud.»

38 På grunn av alt dette gjer me eit fast samband, som me skriv upp; og på det forsigla brevet stend: Hovdingarne, levitarne og prestarne våre.

10. kapitlet

1 På dei forsigla stykki stend: Nehemia, jarlen, son åt Hakalja, og Sidkia,

2 Seraja, Azarja, Jeremia,

3 Pashur, Amarja, Malkia,

4 Hattus, Sebanja, Malluk,

5 Harim, Meremot, Obadja,

6 Daniel, Ginneton, Baruk,

7 Mesullam, Abia, Mijjamin,

8 Ma’azja, Bilgai og Semaja; dette er prestarne.

9 Og levitarne: Jesua Azanjason, Binnui av Henadads-sønerne og Kadmiel,

10 og brørne deira: Sebanja, Hodia, Kelita, Pelaja, Hanan,

11 Mika, Rehob, Hasabja,

12 Zakkur, Serebja, Sebanja,

13 Hodia, Bani og Beninu.

14 Folkehovdingarne: Paros, Pahat-Moab, Elam, Zattu, Bani,

15 Bunni, Azgad, Bebai,

16 Adonja, Bigvai, Adin,

17 Ater, Hizkia, Azzur,

18 Hodia, Hasum, Besai,

19 Harif, Anatot, Nobai,

20 Magpias, Mesullam, Hezir,

21 Mesezabel, Sadok, Jaddua,

22 Pelatja, Hanan, Anaja,

23 Hosea, Hananja, Hassub,

24 Hallohes, Pilha, Sobek,

25 Rehum, Hasabna, Ma’aseja,

26 Ahia, Hanan, Anan,

27 Malluk, Harim og Ba’ana.

28 Og folket elles, prestarne, levitarne, portvaktarane, songarane, tempelsveinarne og alle som hev skilt seg frå dei framande folki og vendt seg til Guds lov, like eins konorne deira, sønerne og døtterne deira, alle som kann skyna det -

29 dei slær lag med stormennene og gjeng med på eiden og sver at dei vil fylgja Guds lov, som er gjevi ved Guds tenar Moses, og halda og gjera etter alle bodi og rettarne og fyreskrifterne frå Herren, vår Herre,

30 at me ikkje skal gifta døtterne våre med folki i landet eller taka døtterne deira til konor åt sønerne våre,

31 og når folki i landet kjem um kviledagen og vil selja handelsvaror og allslags korn, då skal me ikkje kjøpa av deim på kviledag eller helgedag; at me let jordi liggja og kvila kvart sjuande år, og då gjev etter allslags krav;

32 att me tek på oss skyldnaden å svara ein tridjepart av ein dalar i årleg reida til tenesta i vår Guds hus -

33 til skodebrødi, det faste grjonofferet og det faste brennofferet, til offer på kviledagarne, på nymånedagarne og i høgtiderne, til takkofferet og syndofferet til soning for Israel, og til alle tenester i vår Guds hus.

34 Um vedhaldet hev me, prestarne, levitarne og folket, drege strå, um å føra veden til vår Guds hus, etter ættgreinerne våre, kvart år på visse dagar, til brennefang på altaret åt Herren, vår Gud, som fyreskrive er i lovi.

35 Me vil års årleg føra til Herrens hus det fyrste av grøda på marki vår og dei fyrste mogne frukterne på alle slag tre,

36 og det som er frumbore av folk og fe, som skrive er i lovi, og føra det frumbore av storfe og småfe til Herrens hus, til prestarne som gjer tenesta i vår Guds hus;

37 like eins det fyrste gropet med mel, og reidorne våre, og frukti av alle tre, og druvesaft og olje vil me føra til prestarne, til kovarne i vår Guds hus; like eins tiendi av marki vår til levitarne. Levitarne samlar sjølv inn tiendi i alle jordbruksbyarne våre.

38 Ein prest, ein av Arons-sønerne, er med levitarne når dei samlar inn tiendi; og sjølve fører levitarne tiendeparten av tienden si upp til vår Guds hus, til kovarne i forrådshuset.

39 Både Israels-sønerne og Levi-sønerne føre reidorne av korn og druvesaft og olje til kovarne, der kjeraldi er som høyrer til heilagdomen, og der prestarne som gjer tenesta, og like eins portvaktarane og songarane. - Soleis vil me ikkje gløyma vår Guds hus.

11. kapitlet

1 Hovdingarne budde i Jerusalem. Hitt folket drog strå, soleis at tiande kvar mann skulde bu i Jerusalem, den heilage byen, og ni tiandepartar skulde bu i dei hine byarne.

2 Folket velsigna alle dei mennerne som friviljugt busette seg i Jerusalem.

3 Dette er dei hovdingarne i jarleriket som budde i Jerusalem; men i Juda-byarne budde kvar i sin by der han hadde sin eigedom, vanlege israelitar, prestar, levitar, tempelsveinarne og søner etter Salomos trælar.

4 I Jerusalem budde nokre av Juda-sønerne og av Benjamins-sønerne. Av Juda-sønerne: Ataja, son åt Uzzia, son åt Zakarja, son åt Amarja, son åt Sefatja, son åt Mahalalel, av Peres-sønerne,

5 og Ma’aseja, son åt Baruk, son åt Kol-Hoze, son åt Hazaja, son åt Adaja, son åt Jojarib, son åt Zakarja, son åt siloniten.

6 Peres-sønerne i Jerusalem, var i alt fire hundrad og åtte og seksti stridsmenner.

7 Og dette var Benjamins-sønerne: Sallu, son åt Mesullam, son åt Joed, son åt Pedaja, son åt Kolaja, son åt Ma’aseja, son åt Itiel, son åt Jesaja,

8 og etter honom Gabbai-Sallai, i alt ni hundrad og åtte og tjuge.

9 Joel Zikrison var formannen deira, og Juda Hassenuason var den næst øvste i byen.

10 Av prestarne: Jedaja Jojaribsson, Jakin

11 og Seraja, son åt Hilkia, son åt Mesullam, son åt Sadok, son åt Merajot, son åt Ahitub, den øvste i Guds hus,

12 og brørne deira, som gjorde tenesta i Guds hus, åtte hundrad og tvo og tjuge i alt, og Adaja, son åt Jeroham, son åt Pelalja, son åt Amsi, son åt Zakarja, son åt Pashur, son åt Malkia,

13 og brørne hans, ættehovdingar, tvo hundrad og tvo og fyrti, og Amassai, son åt Azarel, son åt Ahzai, son åt Mesillemot, son åt Immer,

14 og brørne deira, hundrad og åtte og tjuge dugande menner. Formannen deira var Zabdiel, son åt Haggedolim.

15 Av levitarne: Semaja, son åt Hassub, son åt Azrikam, son åt Hasabja, son åt Bunni,

16 og Sabbetai og Jozabad, levithøvdingar som styrde med utearbeidet ved Guds hus,

17 og Mattanja, son åt Mika, son åt Zabdi, son åt Asaf, fyresongaren, han som tok i med lovsongen i bøni, og Bakbukja, næst-høgst av brørne hans, og Abda, son åt Sammua, son åt Galal, son åt Jedutun.

18 Levitarne i den heilage byen var i alt tvo hundrad og fire og åtteti.

19 Og portvaktarane: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portarne, i alt hundrad og tvo og sytti.

20 Dei andre israelitarne, prestarne og levitarne budde i alle dei andre byarne i Juda, kvar på sin eigedom.

21 Men tempelsveinarne budde på Ofel, og Siha og Gispa var formennerne deira.

22 Levit-formannen i Jerusalem, ved tenesta i Guds hus, var Uzzi, son åt Bani, son åt Hasabja, son åt Mattanja, son åt Mika, av Asafs-sønerne, songarane.

23 Eit kongebod var gjeve um deim, og ein fast skipnad sett åt songarane for kvar dag.

24 Petahja, son åt Mesezabel, av sønerne åt Zerah Judason, målbar for kongen alle saker som galdt folket.

25 Og ute på landsbygdi budde og ein part av Juda-ætti: i Kirjat-Arba og bygderne der ikring, i Dibon og bygderne der ikring, og i Jekabse’el med sine grender,

26 i Jesua og Molada og Bet-Pelet,

27 i Hasar-Sual, i Be’erseba med sine bygder,

28 og i Siklag, og i Mekona med sine bygder,

29 i En-Rimmon og Sora og Jarmut,

30 Zanoah, Adullam og bygderne ikring deim, i Lakis og bumarki som høyrde til, og i Azeka med sine bygder. Dei busette seg frå Be’erseba til Hinnomsdalen.

31 Benjamins-sønerne hadde sine bustader frå Geba: i Mikmas og Ajja, i Betel med sine bygder,

32 i Anatot, Nob, Ananja,

33 Hasor, Rama, Gittajim,

34 Hadid, Sebojim, Neballat,

35 Lod og Ono, Handverkardalen.

36 Nokre skift av levitarne som høyrde til Juda, busette seg i Benjamin.

12. kapitlet

1 Dette er dei prestarne og levitarne som for heim med Zerubbabel Sealtielsson og Jesua: Seraja, Jirmeja, Ezra,

2 Amarja, Malluk, Hattus,

3 Sekanja, Rehum, Meremot,

4 Iddo, Ginnetoi, Abia,

5 Mijjamin, Ma’adja, Bilga,

6 Semaja, Jojarib, Jedaja,

7 Sallu, Amok, Hilkia og Jedaja. Dette var hovdingarne for prestarne og for brørne sine på Jesuas tid.

8 Og levitarne var: Jesua, Binnui, Kadmiel, Serebja, Juda, Mattanja, som saman med brørne sine styrde med lovsongen,

9 medan Bakbukja og Unno, brørne deira, stod midt fyre deim etter vaktskift.

10 Jesua fekk sonen Jojakim, Jojakim fekk sonen Eljasib, og Eljasib Jojada.

11 Jojada fekk sonen Jonatan, og Jonatan Jaddua.

12 På Jojakims tid var desse hovdingar for preste-ættarne: For Seraja Meraja, for Jeremia Hananja,

13 for Ezra Mesullam, for Amarja Johanan,

14 for Meluki Jonatan, for Sebanja Josef,

15 for Harim Adna, for Merajot Helkai,

16 for Iddo Zakarja, for Ginneton Mesullam,

17 for Abia Zikri, for Minjamin, for Moadja Piltai,

18 for Bilga Sammua, for Semaja Jonatan,

19 for Jojarib Mattenai, for Jedaja Uzzi,

20 for Sallai Kallai, for Amok Eber,

21 for Hilkia Hasabja, for Jedaja Netanel.

22 I Eljasibs, i Jojada og Johanan og Jaddua si tid, vart hovdingarne for levitættgreinerne uppskrivne; like eins prestarne i styringstidi åt persaren Darius.

23 Levi-sønerne, ættarhovdingarne, er uppskrivne i krønikeboki heilt fram til dagarne hans Johanan Eljasibsson.

24 Levithovdingarne var: Hasabja, Serebja og Jesua Kadmielsson og brørne deira, som stod midt imot deim og song lovsongen og takkesongen, etter som gudsmannen David hadde bode, ein songarflokk attmed hin.

25 Mattanja, Bakbukja, Obadja, Mesullam, Talmon og Akkub var portvaktarar og heldt vakt ved upplagsromi ved portarne.

26 Dette var ættarhovdingarne i dagarne hans Jojakim, son åt Jesua Josadaksson, og i jarlen Nehemia og den skriftlærde presten Ezra si tid.

27 Då muren kring Jerusalem skulde verta vigd, henta dei levitarne frå alle bustaderne deira og førde deim til Jerusalem, til å halda vigsla og gledehøgtid med lov og song, med cymblar og harpor og cithrar.

28 Då samla songar-sønerne seg frå kverven kring Jerusalem og frå netofatitgardarne,

29 frå Bet-Haggilgal og frå landet kring Geba og Azmavet; songarane hadde bygt seg gardar rundt ikring Jerusalem.

30 Prestarne og levitarne reinsa seg, og dei reinsa folket og portarne og muren.

31 Eg let hovdingarne i Juda stiga upp på muren. So skipa eg tvo store songkorar og festferder. Den eine gjekk til høgre uppå muren fram mot Møkporten.

32 Etter dei gjekk Hosaja og den eine helvti av Juda-hovdingarne,

33 og so Azarja, Ezra, Mesullam,

34 Juda, Benjamin, Semaja og Jeremia,

35 like eins nokre av prestesønerne med lurar; dinæst Zakarja, son åt Jonatan, son åt Semaja, son åt Mattanja, son åt Mikaja, son åt Zakkur, son åt Asaf,

36 og so brørne hans: Semaja, Azarel, Milalai, Gilalai, Ma’ai, Netanel, Juda, og Hanani med spelgognerne åt gudsmannen David. Den skriftlærde Ezra gjekk fyre deim.

37 Dei gjekk yver Kjeldeporten og beint upp tropperne til Davidsbyen, der ein stig upp på muren ovanfor Davidshuset, heilt fram til Vatsporten i aust.

38 Den andre songkoren gjekk til vinstre, og der fylgde eg og den andre helvti av folket uppå muren, yver Omnstårnet burt til den breide muren,

39 yver Efraimsporten, Gamleporten og Fiskeporten, gjenom Hananeltårnet og Hammeatårnet, heilt fram til Saueporten. Dei stana ved Fengselsporten.

40 So stelte dei seg upp i Guds hus båe songkorarne; like eins eg og helvti av formennerne med meg,

41 og prestarne Eljakim, Ma’aseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Zakarja og Hananja med lurar,

42 og Ma’aseja, Semaja, Eleazar, Uzzi, Johanan, Malkia, Elam og Ezer. Og songarane let songen ljoma, og føraren deira var Jizrahja.

43 Dei ofra den dagen store offer og gledde seg; for Gud hadde kveikt gleda hjå folket; ogso kvinnorne og borni gledde seg. Og gleda frå Jerusalem høyrdest langan leid.

44 Samstundes vart det uppnemt menner til å hava tilsyn med upplagsromi for reidorne, fyrstegrøda og tiendi, til å gøyma der det som lovi heimla prestarne og levitarne frå bymarkerne. Dei var fegne i Juda for at prestarne og levitarne gjorde tenesta.

45 Og dei tok vare på det som var til å taka vare på ved gudstenesta og reinsingarne. Like eins gjorde songarane og portvaktarane sine tenestor, soleis som David og Salomo, son hans, hadde bode;

46 for alt i gamall tid, i Davids dagar, og songarhovdingen Asafs dagar, ljoda lovsongar og takkesongar til Gud.

47 Og i Zerubbabels og Nehemias dagar gav heile Israel songarane og portvaktarane dei reidorne dei skulde hava frå dag til annan. Levitarne fekk sine heilage gåvor, og dei reidde ut heilage gåvor til Arons-sønerne.

13. kapitlet

1 På den tidi las dei upp for folket or Moseboki, og dei fann det skrive der at ingen ammonit eller moabit nokon sinn måtte vera med i Guds lyd,

2 for di dei ikkje hadde kome imot Israels-borni med brød og vatn, og for di dei hadde leigt imot deim Bileam til å lysa våbøn yver deim; endå vår Gud vende våbøni um til velsigning.

3 Då dei høyrde lovi, skilde dei ut frå Israel allslag framandfolk.

4 Men fyrr dette hende, hadde presten Eljasib, som stod i skyldskap til Tobia, fenge tilsynet med kovarne i Guds hus.

5 Og han hadde innreidt ein stor kove åt honom der dei fyrr hadde gøymt grjonofferet, røykjelsen, kjeraldi, tiendi, korn, druvesaft og olje, dei lovheimla avgifterne til levitarne og songarane og portvaktarane, og prestereidorne.

6 Då alt dette gjekk fyre seg, var ikkje eg i Jerusalem; i det tvo og trettiande styringsåret åt Babel-kongen Artahsasta var eg attkomen til kongen. Men då ei tid var lidi, bad eg kongen um heimlov.

7 Då eg so kom til Jerusalem, gådde eg det vonde Eljasib hadde gjort, med å reida inn åt Tobia ein kove i tuni ved Guds hus.

8 Eg tykte fælt ille um det, og eg kasta ut or koven all husbunaden hans Tobia.

9 Eg baud at dei skulde reinsa kovarne. Og so fekk eg inn att gognerne til Guds hus, grjonofferet og røykjelsen.

10 Framleides fekk eg greida på at levitarne ikkje fekk avgifterne sine, og at difor levitarne og songarane hadde flutt ut på landet til kvar sin eigedom, i staden for å gjera tempeltenesta.

11 Då skjemde eg på formennerne og sagde: «Kvifor hev Guds hus vorte gløymt?» Eg stemnde deim saman og sette deim inn att kvar på sin stad.

12 Og heile Juda førde fram til upplagsromi tiendi av korn og druvesaft og olje.

13 Tilsynet med upplagsromi gav eg til presten Selemja og den skriftlærde Sadok og ein levit, Pedaja; til hjelpesmann gav eg deim Hanan, son åt Zakkur Mattanjason; for dei vart haldne for pålitande. Til deim låg det no å skifta ut til brørne sine.

14 Kom meg i hug for dette, min Gud, og lat ikkje dei kjærleiksgjerningar verta gløymde som eg hev gjort for min Guds hus og tenesta der!

15 Samstundes såg eg i Juda kor dei trødde vinpersa um kviledagen, kor dei bar heim kornbandi og klyvja deim på asni, like eins vin, druvor, fikor og allslags varor, og førde til Jerusalem um kviledagen. Eg vara deim åt den dagen dei selde desse matvaror.

16 Tyrus-folk som hadde busett seg der, kom ogso med fisk og allslag varor og selde til jødarne um kviledagen, og det i Jerusalem.

17 Då skjemde eg på adelsmennerne i Juda, og sagde til deim: «Korleis kann de fara so ille og vanhelga kviledagen?

18 Var det ikkje av di federne dykkar for åt like eins, at vår Gud førde all denne ulukka yver oss og yver denne byen? Og no aukar de endå meir harmen hans mot Israel, med å vanhelga kviledagen!»

19 So snart det tok til å myrkna i portarne i Jerusalem fyre kviledagen, gav eg bod um å læsa portarne, og ikkje opna deim att fyrr kviledagen var liden. Eg sette nokre av drengjerne mine på vakt ved portarne, so ingen skulde føra inn nokor byrd um kviledagen.

20 Kjøpmenner og handlarar med allslags torgvaror natta utanfor Jerusalem både ein og tvo gonger.

21 Men eg vara deim åt og sagde: «Kva skal det vera til at de nattar utanfor muren? Gjer de det ein gong til, so skal de få kjenna neven min.» Frå den tidi kom dei ikkje meir um kviledagen.

22 Eg baud levitarne reinsa seg og so koma og halda vakt ved portarne, so kviledagen kunde haldast heilag. Ogso for dette må du koma meg i hug, min Gud, og miskunna meg etter din store nåde.

23 Samstundes såg eg kor jødarne hadde gift seg med asdoditiske, ammonitiske og moabitiske kvinnor.

24 Helvti av borni deira tala Asdod-mål eller tungemålet til dei andre folki, og kunde ikkje tala jødisk.

25 Eg skjemde på deim og banna deim, ja, eg slog og lugga sume av deim. Og eg tok deim i eid ved Gud og sagde: «Ikkje må det gifta døtterne dykkar med sønerne deira og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønerne dykkar eller åt dykk sjølve.

26 Var det ikkje for deira skuld at Salomo, Israels konge, synda? Det fanst ikkje makan til konge millom dei mange folki. Hans Gud elska honom, og Gud sette honom til konge yver heile Israel. Jamvel honom fekk dei framande kvinnorne til å synda.

27 Skal det verkeleg verta spurt at de hev gjort all denne store vondskap og vore utrue mot vår Gud og gift dykk med framande kvinnor?»

28 Ein av sønerne åt Jojada, son åt øvstepresten Eljasib, var mågen åt horoniten Sanballat; honom jaga eg burt frå meg.

29 Kom deim i hug, min Gud, for di dei hev sulka til prestedømet og pakti um prestarne og levitarne!

30 Soleis reinsa eg deim for alt framandt. Eg fastsette tenestorne for prestarne og levitarne, det kvar skulde ha umsut med i sitt arbeid,

31 og korleis det skulde vera med vedofferet til visse tider og med fyrstegrøda. Kom meg i hug for dette, min Gud, og rekna meg det til godes!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021