Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Salmarne

Salmarne

1. salmen

1 Sæl er den mann som ikkje gjeng i råd med ugudlege og ikkje stend på veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar,

2 men som hev si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt.

3 Han er lik eit tre som er planta ved vatsbekkjer, som gjev si frukt i si tid, og som lauvet ikkje visnar på; og alt det han gjer, hev han lukka med.

4 Ikkje so er det med dei ugudlege; men dei er lik agner, som vinden føykjer burt.

5 Difor skal dei ugudlege ikkje standa seg i domen, og syndarar ikkje i samlingi av dei rettferdige.

6 For Herren kjenner vegen dei rettferdige fer, men den vegen dei ugudlege fer, gjeng til grunns.

2. salmen

1 Kvi ståkar heidningarne, og kvi stilar folki på fåfengt verk?

2 Kongarne på jordi reiser seg, og herremennerne legg råd saman imot Herren og den han hev salva:

3 «Lat oss slita sund deira band og kasta deira tog av oss!»

4 Han som tronar i himmelen, lær: Herren spottar deim.

5 So talar han til deim i sin vreide, og i sin harm skræmer han deim:

6 «Og eg hev då sett inn min konge på Sion, mitt heilage fjell.»

7 Eg vil fortelja um ei rådgjerd: Herren sagde til meg: «Du er min son, eg hev født deg i dag.

8 Krev av meg, so vil eg gjeva deg heidningarne til arv og endarne av jordi til eiga.

9 Du skal knasa deim med jarnstav; som kruskjerald skal du smuldra deim.»

10 Og no, de kongar, far visleg fram! Lat dykk segja, de domarar på jordi!

11 Ten Herren med age, og fagna dykk med otte!

12 Kyss sonen, so han ikkje skal verta vreid, og de skal ganga til grunnar på vegen! For hans vreide kunde lett kveikjast. Sæle er alle dei som set si lit til honom!

3. salmen

1 Ein salme av David, då han flydde for Absalom, son sin.

2 Herre, kor mange mine fiendar er! Mange reiser seg imot meg.

3 Mange segjer til mi sjæl: «Det finst ikkje frelsa for honom hjå Gud.» Sela.

4 Men du, Herre, er min skjold, mi æra og den som lyfter mitt hovud.

5 Eg ropar høgt til Herren, og han svarar meg frå sitt heilage fjell. Sela.

6 Eg lagde meg og sovna; eg vakna upp, for Herren held meg uppe.

7 Eg ottast ikkje for ti tusund av folk, som hev lægra seg imot meg rundt ikring.

8 Statt upp, Herre, frels meg, min Gud! For du hev slege alle mine fiendar på kinni, du hev knasa tennerne på dei ugudlege.

9 Herren høyrer frelsa til. Lat di velsigning vera yver ditt folk! Sela.

4. salmen

1 Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David.

2 Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg rom; ver meg nådig og høyr mi bøn!

3 De velduge menner Kor lenge skal mi æra vera til skam? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela.

4 Vit då, at Herren fer underleg med den som er etter hans ynde! Herren høyrer, når eg ropar til honom.

5 Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på dykkar lægje, og ver stille! Sela.

6 Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren!

7 Mange segjer: «Kven vil syna oss noko godt?» Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre!

8 Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikeleg.

9 I fred vil eg både leggja meg og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.

5. salmen

1 Til songmeisteren, til Nehilot; ein salme av David.

2 Vend øyra til mine ord, Herre, gjev gaum etter min sukk!

3 Lyd til mitt rop um hjelp, min konge og min Gud! For til deg bed eg.

4 Herre, um morgonen vil du høyre mi røyst; um morgonen legg eg mi sak fram for deg og ventar.

5 For du er ikkje ein Gud som hev hugnad i ugudleg åtferd; den vonde fær ikkje bu hjå deg.

6 Dei ovmodige kann ikkje standa seg for dine augo; du hatar alle som gjer urett.

7 Du let deim som talar lygn ganga under; den blodgiruge og falske mann styggjest Herren ved.

8 Men eg vil ved di store miskunn ganga inn i ditt hus, vil med otte for deg falla ned framfyre ditt heilage tempel.

9 Herre, leid meg ved di rettferd, for deira skuld som lurar på meg, jamna din veg for meg!

10 For det finst ikkje sanning i deira munn; det indre i deim er ein avgrunn; strupen deira er ei opi grav; tunga si gjer dei hål.

11 Gud, døm dei skuldige! Lat deim falla for sine eigne meinråder, støyt deim ned for deira mange misgjerningar! for dei hev gjort upprør mot deg.

12 Men lat alle deim gleda seg, som set si lid til deg! Lat deim til æveleg tid fagna seg høgt, av di du vil verja deim; og lat deim som elskar ditt namn frygda seg i deg!

13 For du, Herre, velsignar den rettferdige; du vernar honom med nåde som med ein skjold.

6. salmen

1 Til songmeisteren, med strengleik, etter Sjeminit; ein salme av David.

2 Herre, refs meg ikkje i din vreide og tukta meg ikkje i din harm!

3 Ver meg nådig, Herre, for eg er burtvisna! Læk meg, Herre, for mine bein er skjelvande.

4 Og mi sjæl er storleg skjelvrædd. Og du, Herre, kor lenge?

5 Vend deg um att, Herre, fri ut mi sjæl, frels meg for di miskunn skuld!

6 For i dauden er det ikkje minne um deg; kven vil prisa deg i helheimen?

7 Eg er trøytt av mine sukkar; eg bløyter mi seng kvar natt, med mine tåror væter eg mitt lægje.

8 Mitt auga er upptært av hugverk; det er gamalt vorte for alle deira skuld som trengjer meg.

9 Vik ifrå meg, alle de som gjer urett! For Herren hev høyrt mitt gråtmål.

10 Herren hev høyrt mi audmjuke påkalling, Herren, tek imot mi bøn.

11 Alle mine fiendar skal verta skjemde og storleg forfærde; dei skal venda attende, verta skjemde i ein augneblink.

7. salmen

1 Ein siggajon av David, som han song for Herren på grunn av benjaminiten Kus’ ord.

2 Herre, min Gud! Eg flyr til deg; frels meg frå alle mine forfylgjarar og berga meg,

3 so han ikkje som ei løva skal riva ut mi sjæl, riva sund, og ingen som bergar!

4 Herre, min Gud! Dersom eg hev gjort dette, dersom det er urett i mine hender,

5 dersom eg hev gjort vondt imot den som heldt fred med meg, og plundra den som trengde meg utan orsak:

6 so lat fienden forfylgja mi sjæl og nå henne og trøda ned mitt liv til jordi og leggja mi æra i moldi! Sela.

7 Statt upp, Herre, i din vreide! reis deg upp imot ofsen hjå deim som trengjer meg, og vakna upp til hjelp for meg, du som hev påbode dom!

8 Og lat ei samling av folkeslag standa rundt ikring deg, og far upp att yver deim til det høge!

9 Herren held dom yver folki. Døm meg, Herre, etter mi rettferd og etter den uskyld som er hjå meg!

10 Lat då vondskapen hjå dei ugudlege få ende, og styrk den rettferdige! For du er den som prøver hjarto og nyro, ein rettferdig Gud.

11 Min skjold er hjå Gud, han frelser deim som er trugne i hjarta.

12 Gud er ein rettferdig domar, og ein Gud som harmast kvar dag.

13 So framt ein ikkje vender um, so kvesser han sitt sverd; sin boge hev han spent og gjort ferdig

14 og stelt til banevåpn til rettes imot honom; sine piler gjer han brennande.

15 Sjå, han skal til å føda misgjerning; han gjeng med ulukka og føder lygn.

16 Ei grav hev han grave og hola ut; men han fell i den greft som han gjorde.

17 Den ulukka han gjer, kjem att yver hans hovud, og yver hans kvervel fell hans valdsverk ned.

18 Eg vil prisa Herren etter hans rettferd og lovsyngja namnet åt Herren den Høgste.

8. salmen

1 Til songmeisteren, etter Gittit; ein salme av David.

2 Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi! du som hev sett din prydnad på himmelen.

3 Av munnen på småborn og sogborn hev du grunnfest ei magt for dine motstandarar skuld, so du kann tagga fienden og den hemngiruge.

4 Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand,

5 kva er då eit menneskje, at du kjem det i hug, og ein menneskjeson, at du ser til honom!

6 Du gjorde honom lite lægre enn Gud; med herlegdom og æra krynte du honom.

7 Du sette honom til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting lagde du under hans føter:

8 Småfe og storfe, alle saman, og jamvel dei ville dyr i marki,

9 fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som fer på havsens stigar.

10 Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi!

9. salmen

1 Til songmeisteren, etter Mut-labben; ein salme av David.

2 Eg vil lova Herren av alt mitt hjarta, eg vil fortelja um alle dine under.

3 Eg vil gleda og fagna meg i deg, eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste!

4 av di mine fiendar vik attende, dei snåvar og gjeng til grunnar for ditt andlit.

5 For du hev ført fram min rett og mi sak, du hev sett deg på domstolen som rettferdig domar.

6 Du hev aga heidningarne, øydt ut dei ugudlege, stroke ut deira namn æveleg og alltid.

7 Fienden er all lagd i øyde til æveleg tid, byarne hev du støytt ned til grunns, deira minne, det hev døytt ut.

8 Men Herren sit som konge til æveleg tid, han hev sett upp sin stol til doms,

9 og han dømer jordriket med rettferd, segjer dom yver folkeslag med rettvisa.

10 Og Herren er ei borg for den nedtyngde, ei borg i dei tider han er i trengd.

11 Og dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg; for du forlet ikkje deim som søkjer deg, Herre!

12 Syng lovsong til Herren som bur på Sion! forkynn millom folki hans store gjerningar!

13 For han som hemner blod, kjem deim i hug, han gløymer ikkje ropet frå dei arme.

14 Ver meg nådig, Herre! Sjå kva eg må lida av deim som meg hatar, du som lyfter meg upp frå daudens portar,

15 so eg kann forkynna all din pris, i portarne åt Sions dotter fagna meg i di frelsa.

16 Heidningarne er sokne i den grav som dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde.

17 Herren hev gjort seg kjend, han hev halde dom; han fangar den ugudlege i det verk hans eigne hender gjorde. Higgajon. Sela.

18 Dei ugudlege skal fara burt til helheimen, alle heidningar som gløymer Gud.

19 For den fatige vert ikkje gløymd for alltid, dei arme folks von ikkje spillt i all æva.

20 Statt upp, Herre, lat ikkje menneskje få magt, lat heidningarne verta dømde for di åsyn!

21 Set rædsla i deim, Herre! Lat heidningarne kjenna at dei er menneskje! Sela.

10. salmen

1 Herre, kvi stend du so langt undan, held deg løynd dei tider me er i trengd?

2 Ved ovmodet hjå dei ugudlege illhugast den arme; lat deim vert fanga i dei meinråder dei hev tenkt upp!

3 For den ugudlege rosar det hans sjæl lyster, og den vinnekjære byd farvel og spottar Herren.

4 Den ugudlege set nosi høgt og segjer: «Han heimsøkjer ikkje. Det er ingen Gud til!» det er alle hans tankar.

5 Hans vegar lukkast alle tider; langt burte frå honom i det høge er dine domar; alle sine motstandarar - deim blæs han åt.

6 Han segjer i sitt hjarta: «Eg skal ikkje verta rikka, frå ættled til ættled kjem eg ikkje i ulukka.»

7 Hans munn er full av forbanning og av svik og vald; under hans tunga er tjon og ulukka.

8 Han ligg på lur ved gardarne, på løynlege stader myrder han den uskuldige, hans augo spæjar etter den verjelause.

9 Han lurer i løyne som løva i si kjørr, han lurer etter å gripa den arme; han grip den arme, med di han dreg honom i sitt garn.

10 Han luter seg, duvar seg ned, og dei verjelause fell for hans sterke klør.

11 Han segjer i sitt hjarta: «Gud hev gløymt det, han hev løynt sitt andlit, han ser det aldri.»

12 Statt upp, Herre! Gud, lyft upp di hand, gløym ikkje dei arme!

13 Kvi skal den ugudlege vanvyrda Gud og segja i sitt hjarta: «Du heimsøkjer ikkje?»

14 Du hev set det; for du skodar naud og hjartesorg til å leggja deim i di hand; til deg yvergjev den verjelause si sak, du er ein hjelpar for dei farlause.

15 Slå armen sund på den ugudlege, og den vonde - heimsøk hans gudløysa, so du ikkje finn honom meir!

16 Herren er konge æveleg og alltid heidningarne er øydde ut or hans land.

17 Herre, du hev høyrt ynskjet frå dei arme, du styrkjer deira hjarta, du vender øyra ditt til,

18 so du gjev den farlause og nedtyngde sin rett. Ikkje lenger skal menneskjet som er av jordi halda fram med å skræma.

11. salmen

1 Til songmeisteren; av David.
Til Herren flyr eg inn; kor kann de då segja til mi sjæl: «Fly til dykkar fjell som ein fugl!

2 For sjå, dei ugudlege spenner bogen, dei hev lagt si pil på strengen til å skjota i myrkret på dei trugne i hjarta.

3 Når grunnvollarne vert nedrivne, kva kann då ein rettferdig gjera?»

4 Herren er i sitt heilage tempel, Herrens kongsstol er i himmelen, hans augo skodar, ein blink av hans augo prøver menneskjeborni.

5 Herren prøver den rettferdige; men den ugudlege og den som elskar vald, honom hatar hans sjæl.

6 Han skal lata snaror regna ned på dei ugudlege, eld og svåvel og glodheit vind vert deim tilmælt i deira staup.

7 For Herren er rettferdig, han elskar rettferd, den trugne skal skoda hans åsyn.

12. salmen

1 Til songmeisteren, etter Sjeminit; ein salme av David.

2 Frels, Herre! For det er ute med den gudlege, dei trufaste er komne burt frå menneskjeborni.

3 Lygn talar dei kvar med sin næste, med smeikjande lippa, med tvihuga hjarta talar dei.

4 Herren rydje ut alle smeikjande lippor, den tunga som talar store ord,

5 deim som segjer: «Ved vår tunga skal me sigra; våre lippor er med oss, kven er herre yver oss?»

6 «For valdsverket mot dei arme, for sukken for dei fatige vil eg no reisa meg,» segjer Herren; «eg vil hjelpa den til frelsa, som stundar deretter.»

7 Herrens ord er reine ord, eit sylv som er reinsa i verkstaden på jordi, sju gonger skirt.

8 Du, Herre, vil vakta deim, du vil verja dei mot denne ætti for alltid.

9 Rundt um vil dei ugudlege sviva ikring, når nidingskap vert sett høgt hjå menneskjeborni.

13. salmen

1 Til songmeisteren; ein salme av David.

2 Kor lenge, Herre, vil du stendigt gløyma meg? Kor lenge vil du løyna ditt andlit for meg?

3 Kor lenge skal eg hava sorger i mi sjæl, hugverk i mitt hjarta heile dagen? Kor lenge skal min fiende vera upphøgd yver meg?

4 Sjå hit, svara meg, Herre min Gud! Lys upp mine augo, so eg ikkje skal sovna inn i dauden,

5 so min fiende ikkje skal segja: «Eg hev vunne yver honom,» so mine motstandarar ikkje skal fagna seg yver at eg fell.

6 Men eg set mi lit til di miskunn, mitt hjarta skal fagna seg i di frelsa; eg vil lovsyngja Herren, for han hev gjort vel imot meg.

14. salmen

1 Til songmeisteren; av David.
Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira gjerning; det er ingen som gjer godt.

2 Herren skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um der er nokon vitug, nokon som søkjer Gud.

3 Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.

4 Veit dei då ikkje, alle dei som gjer urett? Dei et upp mitt folk, liksom dei et brød; på Herren kallar dei ikkje.

5 Der vert dei storleg rædde; for Gud er hjå den rettferdige ætt.

6 Den arme manns råd må de gjerne gjera til skammar; for Herren er hans tilhygge.

7 Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Herren vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.

15. salmen

1 Ein salme av David.
Herre, kven skal vera gjest i ditt tjeld? Kven skal bu på ditt heilage fjell?

2 Den som ferdast ulastande og gjer rettferd og talar sanning i sitt hjarta.

3 Han baktalar ikkje med si tunga, han gjer ikkje vondt imot sin næste og fører ikkje skam yver den som stend honom nær.

4 Svivyrdeleg er i hans augo den gudlause, men han ærar deim som ottast Herren. Sver han til sin eigen skade, so bryt han då aldri sin eid.

5 Han låner ikkje sine pengar ut for renta og tek ikkje mutor imot den saklause. Den som gjer dette, skal i all æva ikkje verta rikka.

16. salmen

1 Ein miktam av David.
Vakta meg, Gud! for eg flyr til deg.

2 Eg segjer til Herren: «Du er min Herre; eg hev inkje godt utan deg.

3 Og dei heilage som er i landet, dei er dei herlege som eg hev all min hugnad i.»

4 Mange sorger skal dei hava som byter åt seg ein annan; eg vil ikkje renna ut deira drykkoffer av blod og ikkje taka deira namn på mine lippor.

5 Herren er min tilmælte deil og mitt staup; du held min lut i hævd.

6 Ein lut er meg tilfallen som er av dei huglege, ja, ein arv som eg finn fager.

7 Eg vil lova Herren som gav meg råd; endå um næterne minner mine nyro meg um det.

8 Eg set alltid Herren framfyre meg; for han er ved mi høgre hand, eg skal ikkje verta rikka.

9 Difor gled mitt hjarta seg, og mi æra fagnar seg, ja, ogso mitt kjøt skal kvila i trygd.

10 For du vil ikkje yverlata mi sjæl til helheimen, du vil ikkje lata din heilage sjå undergang.

11 Du vil kunngjera meg livsens veg; ei nøgd med gleda er for di åsyn, fagnad ved di høgre hand til æveleg tid.

17. salmen

1 Ei bøn av David.
Herre, høyr på rettvis sak, lyd etter mitt rop, vend øyra til mi bøn frå saklause lippor!

2 Lat min rett ganga ut frå ditt andlit, dine augo skoda kva rett er!

3 Du prøver mitt hjarta, gjestar det um natti, du ransakar meg, du finn ingen ting; min tanke vik ikkje av frå min munn.

4 Mot det som menneskje hev gjort meg, hev eg etter ordet frå dine lippor teke meg i vare for valdsmanns stigar.

5 Mine stig heldt seg stødt til dine farvegar, mine føtar snåva ikkje.

6 Eg ropar til deg, for du svarar meg, Gud! Bøyg ditt øyra til meg, høyr mitt ord!

7 Vis di underfulle miskunn, du som frelsar deim som flyr til deg, frå deim som stend imot di høgre hand!

8 Vakta meg som din augnestein! gøym meg i skuggen av dine vengjer

9 for dei ugudlege som øydelegg meg, mine fiendar til dauden, som kringset meg!

10 Dei let sitt feite hjarta att, med sin munn talar dei i ovmod.

11 Kvar me gjeng, kringgjeng dei oss no; sine augo set dei på å støyta meg ned til jordi.

12 Han er lik ei løva som stundar etter å riva sund, og ei ungløva som ligg i løyne.

13 Statt upp, Herre, stig fram imot honom, støyt honom ned, frels mi sjæl frå den ugudlege med ditt sverd,

14 frå menner med di hand, Herre, frå menner av denne verdi, som hev sin lut i dette liv, og som du fyller buken på med dine skattar, dei som er rike på søner og let sine avleivor etter seg til sine born!

15 Eg skal i rettferd skoda ditt andlit, eg skal, når eg vaknar, mettast av di åsyn.

18. salmen

1 Til songmeisteren; av Herrens tenar David, som førde fram for Herren ordi i denne songen den dag då Herren hadde frelst honom frå alle hans fiendar og frå Saul.

2 Og han sagde:
Herre, eg hev deg hjarteleg kjær, min styrke!

3 Herren er min berggrunn og mi festning og min frelsar; min Gud er mitt berg som eg flyr til, min skjold og mitt frelsehorn, mi borg.

4 Eg kallar på Herren som er høglova, og vert frelst frå mine fiendar.

5 Daudsens reip var spente um meg, og bekkjer av vondskap skræmde meg.

6 Helheims reip var snørde um meg, daudsens snaror fanga meg.

7 I mi trengsla kalla eg på Herren, og eg ropa til min Gud; han høyrde frå sitt tempel mi røyst, og mitt rop kom for hans andlit, til hans øyro.

8 Og jordi skok og riste seg, og grunnvollarne i fjelli skalv, og dei skok seg, for han var vreid.

9 Røyk steig upp or hans nase, og eld frå hans munn åt um seg; gloande kol loga frå honom.

10 Og han lægde himmelen og steig ned, og det var kolmyrker under hans føter.

11 Og han for fram på kerub, og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden.

12 Og han gjorde myrker til sitt åklæde rundt ikring seg, til sitt tjeld myrke vatn, tjukke skyer.

13 Frå glansen for hans andlit for hans skyer fram, hagl og gloande kol.

14 Og Herren tora i himmelen, den Høgste let si røyst ljoda: hagl og gloande kol.

15 Og han sende ut sine piler og spreidde deim ikring, og eldingar i mengd og fortulla deim.

16 Då kom djupålarne i vatnom til synes, og grunnvollarne i jordi vart berrsynte ved ditt trugsmål, Herre, ved andepusten frå din nase.

17 Han rette ut handi frå det høge, han greip meg; han drog meg upp or store vatn.

18 Han frelste meg frå min megtige fiende og frå mine hatarar, for dei var meg for sterke.

19 Dei for imot meg på min motgangs dag; men Herren vart min studnad.

20 Han førde meg ut i vidt rom; han frelste meg, for han hadde hugnad i meg.

21 Herren gjorde med meg etter mi rettferd, han lønte meg etter reinleiken i mine hender.

22 For eg tok vare på Herrens vegar og fall ikkje i vondskap frå min Gud.

23 For alle hans lover hadde eg for auga, hans bodord støytte eg ikkje frå meg.

24 Og eg var ulastande for honom og tok meg i vare for mi synd.

25 Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken i mine hender for hans augo.

26 Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot ulastande mann syner du deg ulastande,

27 mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde gjer du deg rang.

28 For du frelser arme folk og tvingar høge augo ned.

29 For du let mi lampa lysa klårt, Herren, min Gud, gjer mitt myrker bjart.

30 For ved deg renner eg mot herflokkar, og ved min Gud spring eg yver murar.

31 Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle deim som flyr til honom.

32 For kven er Gud forutan Herren, og kven er eit berg utan vår Gud?

33 Den Gud som gyrder meg med kraft og gjer min veg ulastande,

34 som gjev meg føter liksom hindarne og set meg upp på mine høgder,

35 som lærer upp mine hender til strid, so mine armar spenner koparbogen.

36 Og du gav meg di frelsa til skjold, di høgre hand studde meg, og di småminking gjorde meg stor.

37 Du gjorde vidt rom åt mine stig under meg, og mine oklo vagga ikkje.

38 Eg forfylgde mine fiendar og nådde deim og vende ikkje um fyrr eg hev gjort av med deim.

39 Eg slo deim i knas, so dei vann ikkje reisa seg; dei fell under føter.

40 Og du gyrde meg med kraft til striden; du bøygde under meg deim som stod upp imot meg.

41 Du let mine fiendar snu ryggen til meg, og mine hatarar, deim rudde eg ut.

42 Dei ropa - men der var ingen frelsar - til Herren, men han svarar deim ikkje.

43 Og eg smuldrar deim som dust for vinden; som søyla på gator slo eg deim ut.

44 Du frelste meg frå folke-ufred; du sette meg til hovud for heidningar; folk som eg ikkje kjende, tente meg.

45 Ved gjetordet um meg lydde dei meg; framande folk smeikte for meg.

46 Framande folk visna av og gjekk skjelvande ut or sine borger.

47 Herren liver, og lova er han, mitt berg, og upphøgd er den Gud som meg frelser,

48 den Gud som gjev meg hemn og legg folkeslag under meg,

49 som frelser meg frå mine fiendar; ja - du lyfter meg høgt yver deim som stend imot meg, frå valdsmannen bergar du meg.

50 Difor vil eg prisa deg millom heidningarne, Herre, og lovsyngja ditt namn.

51 Han gjer frelsa stor for sin konge, og gjer miskunn mot den som er salva av honom, mot David og hans ætt til æveleg tid.

19. salmen

1 Til songmeisteren; ein salme av David.

2 Himlarne fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort.

3 Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap.

4 Der er ikkje tale, der er ikkje ord; deira røyst vert ikkje høyrd.

5 Ut yver all jordi gjeng deira mål, og til heimsens ende deira ord. Åt soli sette han eit tjeld på deim.

6 Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sitt løynrom, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid.

7 Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av honom, og ingen ting er duld for hennar hite.

8 Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjæli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis.

9 Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo.

10 Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens domar er sanning, dei er rettferdige alle saman.

11 Dei er kostelegare enn gull, ja, fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja, honning som dryp frå voks-kakorne.

12 Din tenar vert ogso åmint ved deim; når ein held deim, er det stor løn.

13 Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brester!

14 Haldt og din tenar frå skamløysor, lat deim ikkje få magt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for stor misgjerning.

15 Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!

20. salmen

1 Til songmeisteren; ein salme av David.

2 Herren bønhøyre deg på trengselsdagen, namnet åt Jakobs Gud berge deg!

3 Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen og stydja deg frå Sion!

4 Gjev han må minnast alle dine grjonoffer og finna ditt brennoffer godt! Sela.

5 Han gjeve deg etter ditt hjarta og fullføre alle dine råder!

6 Me vil fagna oss ved di frelsa og i vår Guds namn lyfta sigermerket. Herren uppfylle alle dine bøner!

7 No veit eg at Herren frelser den han salva; han svarar honom frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand.

8 Desse prisar vogner, og hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren, vår Gud.

9 Dei sig i kne og fell, men me stend og held oss uppe.

10 Herre, frels kongen! Han svare oss den dag me ropar!

21. salmen

1 Til songmeisteren; ein salme av David.

2 Herre! Kongen gled seg yver di magt, og kor høgt han fagnar seg yver di frelsa!

3 Det hans hjarta ynskte, hev du gjeve honom og ikkje neitta honom det hans lippor bad um. Sela.

4 For du kom honom til møtes med velsigning av gode ting; du sette ei kruna av gull på hans hovud.

5 Han bad deg um liv, du gav honom det, eit langt liv æveleg og alltid.

6 Stor er hans æra ved di frelsa; høgd og heider legg du på honom.

7 For du set honom til velsigning for alle tider, du hugnar honom med gleda for di åsyn.

8 For kongen set si lit til Herren, og ved miskunn frå den Høgste skal han ikkje verta rikka.

9 Di hand skal finna alle dine fiendar, di høgre hand skal finna deim som hatar deg.

10 Du skal gjera deim som ein gloande omn, når du viser di åsyn; Herren skal rydja deim ut i sin vreide, og eld fortæra deim.

11 Deira frukt skal du rydja ut av jordi og deira avkoma millom menneskjeborni.

12 For dei stila på vondt imot deg, dei lagde upp meinråder; dei kann ingen ting.

13 For du skal få deim til å snu ryggen til, med dine bogestrengjer sigtar du på deira andlit.

14 Reis deg, Herre, i di magt! So vil me lovsyngja og prisa ditt velde.

22. salmen

1 Til songmeisteren etter «Morgonraudens hind»; ein salme av David.

2 Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg? Dei ord eg skrik ut, er langt burte frå mi frelsa.

3 Min Gud! eg ropar um dagen, og du svarar meg ikkje, og um natti, og eg fær ikkje tegja.

4 Og du er då heilag, du som bur yver Israels lovsongar.

5 På deg leit våre feder; dei leit på deg, og du frelste deim.

6 Til deg ropa dei og slapp undan; på deg leit dei og vart ikkje til skammar.

7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann, ei spott for menneskje og vanvyrd av folk.

8 Alle som ser meg, spottar meg, rengjer munnen og rister på hovudet og segjer:

9 «Legg det på Herren! han frelse honom, han berge honom, sidan han hev hugnad i honom!»

10 Ja, du er den som drog meg fram frå morslivet, som let meg kvila trygt ved morsbrjostet.

11 På deg er eg kasta frå morslivet, frå morsfanget er du min Gud.

12 Ver ikkje langt burte frå meg! for trengsla er nær, for det finst ingen hjelpar.

13 Sterke uksar ringar meg inne, Basans stutar kringset meg.

14 Dei spilar upp sitt gap imot meg, som ei flengjande og burande løva.

15 Eg er runnen ut som vatn, og alle mine bein skilst frå kvarandre; mitt hjarta hev vorte voks, smolte inst i mitt liv.

16 Mi kraft er uppturka som eit krusbrot, mi tunga kleimer seg til min gom, og du legg meg ned i daudens dust.

17 For hundar hev sanka seg um meg, ein hop av illmenne kringsett meg; dei hev gjenombora mine hender og mine føter.

18 Eg kann telja alle mine bein; dei skodar til, dei ser på meg med lyst.

19 Dei skifte mine klæde millom seg og kasta lut um min kjole.

20 Men du, Herre, ver ikkje langt burte, du min styrke, skunda deg å hjelpa meg!

21 Fria mi sjæl frå sverdet, mi einaste frå hundevald!

22 Frels meg frå løvegap, og frå villukse-horn - du bønhøyrer meg!

23 Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i ålmugen vil eg lova deg.

24 De som ottast Herren, lova honom, all Jakobs ætt, æra honom, og hav age for honom, all Israels ætt!

25 For han hev ikkje vanvyrdt og ikkje stygst ved ein armings armodsdom, og ikkje løynt si åsyn for honom; men då han ropa til honom, høyrde han.

26 Frå deg kjem min lovsong i ein stor ålmuge; eg vil avgjera mine lovnader for deira augo som ottast honom.

27 Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid!

28 Alle endarne av jordi skal koma det i hug og venda um til Herren, og alle heidninge-ætter skal tilbeda for di åsyn.

29 For riket høyrer Herren til, og han råder yver alle hedningarne.

30 Alle rikmenner på jordi skal eta og tilbeda; for hans åsyn skal dei bøygja kne, alle dei som stig ned i dusti, og den som ikkje kann halda si sjæl i live.

31 Etterkomarar skal tena honom; det skal verta fortalt um Herren til den komande ætt.

32 Dei skal koma og forkynna hans rettferd for det folk som vert født, at han hev gjort det.

23. salmen

1 Ein salme av David.
Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting.

2 Han fører meg til læger på grøne engjar; han leider meg til vatn der eg finn kvila.

3 Han kveikjer mi sjæl, han fører meg på rettferds stigar for sitt namn skuld.

4 Endå um eg gjeng i daudeskuggens dal, so ottast eg ikkje for noko vondt; for du er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg.

5 Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar, du salvar mitt hovud med olje; det fløder yver mitt staup.

6 Berre lukka og miskunn skal fylgja meg alle mine livdagar, og eg skal bu i Herrens hus i ævelengd.

24. salmen

1 Av David, ein salme.
Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur i det.

2 For han hev grunnlagt henne på havi og grunnfest henne på strøymande vatn.

3 Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad?

4 Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik.

5 Han skal bera velsigning med frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar.

6 Dette er deira ætt som spør etter honom, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. Sela.

7 De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!

8 Kven er kongen den herlege? Herren sterk og veldug, Herren veldug i strid.

9 De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!

10 Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers drott; han er kongen den herlege. Sela.

25. salmen

1 Av David.
Herre, til deg lyfter eg mi sjæl.

2 Min Gud, til deg hev eg sett mi lit; lat meg ikkje verta til skammar; lat ikkje mine fiendar gilda seg yver meg!

3 Ja, ingen av deim som ventar på deg, skal verta til skammar; men dei skal verta til skammar, som utan årsak bryt si tru.

4 Herre, lat meg kjenna dine vegar, lær meg dine stigar!

5 Leid meg fram i di sanning og lær meg! for du er Gud, min frelsar, på deg ventar eg all dagen.

6 Herre, kom i hug di miskunn og din nåde! for dei er frå æveleg tid.

7 Kom ikkje i hug min ungdoms synder og mine misgjerningar; kom meg i hug etter di miskunn for din godhug skuld, Herre!

8 Herren er god og rettvis; difor lærer han syndarar vegen.

9 Han leider dei audmjuke i det som rett er, og lærer dei audmjuke sin veg.

10 Alle Herrens stigar er nåde og sanning mot deim som held hans pakt og hans vitnemål.

11 For ditt namn skuld, Herre, forlat meg mi skuld, for ho er stor!

12 Kven er den mann som ottast Herren? Honom lærer han den veg han skal velja.

13 Hans sjæl skal stødt bu i sæla, og hans avkjøme skal erva landet.

14 Herren hev samlag med deim som ottast honom, og si pakt vil han kunngjera deim.

15 Mine augo er stendigt vende til Herren, for han dreg mine føter ut or garnet.

16 Vend deg til meg og ver meg nådig! for eg er einsleg og arm.

17 Min hjarteverk hev dei gjort stor; før meg ut or mine trengslor!

18 Sjå min armodsdom og mi møda, og forlat meg alle mine synder!

19 Sjå mine fiendar, at dei er mange! og dei hatar meg med rettarlaust hat.

20 Vara mi sjæl og frels meg! Lat meg ikkje verta til skammar! for eg flyr til deg.

21 Lat uskyld og trurøkna verja meg, for eg ventar på deg.

22 Å Gud, løys Israel ut or alle sine trengslor!

26. salmen

1 Av David.
Søm meg til min rett, Herre! for eg hev fare fram i mi uskyld, og til Herren hev eg sett mi lit uruggeleg.

2 Prøv meg, Herre, og freista meg, ransaka mine nyro og mitt hjarta!

3 For din nåde er for mine augo, og eg ferdast i di sanning.

4 Eg sit ikkje saman med falske menner og gjeng ikkje inn hjå fule folk.

5 Eg hatar samkoma av illmenne, og hjå dei ugudlege sit eg ikkje.

6 Eg tvær mine hender i uskyld og vil gjerne ferdast um ditt altar, Herre,

7 til å kveda lydt med lovsongs røyst og fortelja um alle dine under.

8 Herre, eg elskar di husvist og den stad der din herlegdom bur.

9 Rykk ikkje mi sjæl burt med syndarar eller mitt liv med blodgiruge menner,

10 som hev skamgjerd i sine hender og si høgre hand full av mutor.

11 Men eg fer fram i mi uskyld; løys meg ut og ver meg nådig!

12 Min fot stend på slettlende. I samlingarne skal eg lova Herren.

27. salmen

1 Av David.
Herren er mitt ljos og mi frelsa, kven skulde eg ottast for? Herren er verni for mitt liv, kven skulde eg ræddast for?

2 Når illmenne søkjer på meg og vil eta mitt kjøt, mine motstandarar og mine fiendar, so snåvar og fell dei sjølve.

3 Um ein her lægrar seg imot meg, so ottast ikkje mitt hjarta; um ufred reiser seg imot meg, er eg endå hugheil.

4 Eitt hev eg bede Herren um, det stundar eg etter: at eg må bu i Herrens hus alle mine livdagar, so eg kann skoda Herrens ynde og grunda i hans tempel.

5 For han gøymer meg i sitt hus på den vonde dag, han løyner meg i løynrom i sitt tjeld; han fører meg upp på eit berg.

6 Og no skal mitt hovud vera upphøgd seg yver mine fiendar rundt ikring meg, og eg vil bera fram offer med fagnadljod i hans tjeld, eg vil syngja og leika for Herren.

7 Høyr, Herre, eg ropar høgt; og ver meg nådig og svara meg!

8 Mitt hjarta ber fram for deg ditt ord: «Søk mi åsyn!» Herre, eg søkjer di åsyn.

9 Løyn ikkje di åsyn for meg, vis ikkje din tenar frå deg i vreide! Du hev vore mi hjelp. Støyt meg ikkje burt og forlat meg ikkje, du Gud som er mi frelsa!

10 For far min og mor mi hev forlate meg, men Herren tek meg upp.

11 Lær meg, Herre, din veg, og leid meg på den jamne stig for deira skuld som lurer på meg!

12 Gjev meg ikkje til deira mordhug som trengjer meg! for falske vitne stend upp imot meg, og folk som frøser av vald.

13 Å, dersom eg ikkje trudde at eg skulde få sjå Herrens godhug i livsens land -!

14 Venta på Herren, ver hugheil, og lat ditt hjarta verta sterkt. Ja, venta på Herren!

28. salmen

1 Av David. @Til deg, Herre, ropar eg: mitt berg, ver ikkje tagall imot meg, so eg ikkje, når du tegjer til meg, skal verta lik deim som fer ned i gravi!

2 Høyr røysti av mine audmjuke bøner, når eg ropar til deg, når eg lyfter mine hender til din heilage høgkor.

3 Riv meg ikkje burt med dei ugudlege og med ugjerningsmenner, dei som talar um fred med sin næste, men med vondt i sitt hjarta.

4 Gjev deim etter deira gjerning og etter vondskapen i deira verk! Gjev deim etter det deira hender hev gjort, løn deim som dei hev fortent!

5 For dei legg ikkje merke til Herrens gjerningar eller til verket av hans hender; han vil riva deim ned og ikkje byggja deim upp.

6 Lova vere Herren, for han hev høyrt røysti av mine audmjuke bøner!

7 Herren er min styrke og min skjold; på honom leit mitt hjarta, og eg fekk hjelp. Difor fagnar mitt hjarta seg høgt, og eg vil prisa honom med min song.

8 Herren er styrke for sitt folk, og ei vern til frelsa for den han hev salva.

9 Frels ditt folk og velsigna din arv, og fød deim og ber deim til æveleg tid!

29. salmen

1 Ein salme av David.
Gjev Herren, de Guds søner, gjev Herren æra og magt!

2 Gjev Herren hans namns æra, tilbed Herren i heilag prydnad!

3 Herrens røyst ljodar yver vatni, Gud den herlege torar, Herren yver dei store vatn.

4 Herrens røyst ljodar med velde, Herrens røyst med herlegdom.

5 Herrens røyst bryt sund cedertre, ja, Herren bryt sund cedertrei på Libanon.

6 Og han fær deim til å hoppa som ein kalv, Libanon og Sirjon som ein ung villukse.

7 Herrens røyst sprengjer eldslogar fram.

8 Herrens røyst fær øydemarki til å skjelva, Herren fær øydemarki ved Kades til å skjelva.

9 Herrens røyst fær hindarne til å kalva og snøyder skogarne, og i hans tempel segjer alt: «Æra!»

10 Herren sat yver storflodi, og Herren sit konge til æveleg tid.

11 Herren gjeve sitt folk styrke, Herren velsigne sitt folk med fred!

30. salmen

1 Ein salme, ein song då huset vart vigt av David.

2 Høgt vil eg lova deg, Herre, for du hev drege meg upp og ikkje late mine fiendar gleda seg yver meg.

3 Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg.

4 Herre, du hev ført meg upp frå helheimen, du hev vakt meg upp til liv frå deim som fer ned i gravi.

5 Syng lov til Herren, de hans trugne, og prisa hans heilage namn!

6 For ein augneblink varer hans vreide, ei heil levetid hans nåde; um kvelden kjem gråt til gjest, men til morgons vert det gledesong.

7 Men eg sagde i min tryggleik: «Eg skal ikkje verta rikka i all æva.»

8 Herre, ved din nåde hadde du grunnfest mitt fjell; du løynde di åsyn, då vart eg forfærd.

9 Til deg, Herre, ropa eg, og til Herren bad eg inderleg:

10 «Kva vinning er det i mitt blod, i at eg fer ned i gravi? Kann mold prisa deg, forkynna din truskap?

11 Herre, høyr og ver meg nådig! Herre, ver min hjelpar!»

12 Du vende mi sorg um til dans for meg, du klædde av meg min syrgjebunad og gyrde meg med gleda,

13 so mi æra kann lovsyngja deg og ikkje tagna. Herre, min Gud, eg vil æveleg prisa deg.

31. salmen

1 Til songmeisteren; ein salme av David.

2 Herre, eg flyr til deg; lat meg aldri i æva verta til skammar! Frels meg ved di rettferd!

3 Bøyg ditt øyra til meg, berga meg snart, ver meg eit festningsberg, ei fast borg til å frelsa meg!

4 For du er mitt berg og mi borg, og for ditt namn skuld vil du føra og leida meg.

5 Du vil føra meg ut or garnet som dei løynleg hev sett for meg; for du er mi vern.

6 I di hand yvergjev eg mi ånd; du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.

7 Eg hatar deim som dyrkar tome avgudar, men eg, eg set mi lit til Herren.

8 Eg vil fagna meg og gleda meg yver di miskunn, at du hev set min armodsdom, kjært deg um mi sjælenaud.

9 Og du hev ikkje gjeve meg i fiendehand, du hev sett mine føter på romlendt stad.

10 Ver meg nådig, Herre, for eg vert trengd! Mitt auga er upptært av hugverk, ja, mi sjæl og min likam.

11 For mitt liv kverv burt med sorg, og mine år med sukk; mi kraft fell av for mi misgjerning skuld, og mine bein er utmødde.

12 For alle mine motstandarar skuld hev eg vorte til skam, ja, til stor skam for mine grannar, og til skræma for mine kjenningar; dei som ser meg på gata, flyr undan for meg.

13 Eg er gløymd som ein daud mann, ute or hjarta; eg hev vorte som eit sundbrotnande kjerald.

14 For eg høyrer baktale av mange, rædsla rundt ikring, med di dei legg råd saman imot meg; dei lurer på å taka mitt liv.

15 Men eg, eg set mi lit til deg Herre; eg segjer: «Du er min Gud.»

16 I di hand stend mine tider; berga meg or handi på mine fiendar, og frå deim som forfylgjer meg!.

17 Lat di åsyn lysa yver din tenar, frels meg ved di miskunn!

18 Herre, lat meg ikkje verta til skammar, for eg ropar til deg; lat dei ugudlege verta til skammar og tagna i helheimen!

19 Lat lygn-lippor verta mållause som talar skamdjervt mot den rettferdige, med ovmod og uvyrdnad!

20 Kor stor er din godhug, som du hev gøymt åt deim som ottast deg, som du hev vist mot deim som flyr til deg, for augo på menneskjeborni!

21 Du løyner deim i løynrom for di åsyn mot samansvorne menner, du gøymer deim i ei bud mot kiv av tungor.

22 Lova vere Herren, for han hev gjort si miskunn underfull imot meg i ein fast by!

23 Og eg, eg sagde i mi hugsott: «Eg er burtriven frå dine augo!» men endå høyrde du røysti av mine audmjuke bøner, då eg ropa til deg.

24 Elska Herren, alle hans trugne! Herren vaktar dei trufaste, men gjev rikeleg attergjeld til den som fer med ovmod.

25 Ver hugheile og lat dykkar hjarta vera sterkt, alle de som ventar på Herren!

32. salmen

1 Av David; ein song til lærdom.
Sæl er den som hans misgjerd er forlati og hans synd yverbreidd!

2 Sælt er det menneskje som Herren ikkje tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd!

3 Då eg tagde, morkna mine bein, med di eg stunde heile dagen.

4 For dag og natt låg di hand tungt på meg, mi livssaft torna ut som i sumarturken. Sela.

5 Eg kjendest ved mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld; eg sagde: «Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren.» Og du tok burt mi syndeskuld. Sela.

6 Difor skal kvar som er trugen beda til deg den tid du er finnande; sanneleg, um store vatsfløde kjem, til honom skal dei ikkje nå.

7 Du er mi gøymsla, du vaktar meg for trengsla, du let fagnadrop um frelsa ljoda ikring meg. Sela.

8 Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal ganga; eg vil gjeva deg råd med mitt auga på deg.

9 Ver ikkje som hest og muldyr som ikkje hev vit: deira prydnad er taum og beisl til å tvinga deim, elles kjem dei ikkje nær til deg.

10 Den ugudlege hev mange pinor, men den som lit på Herren, honom kransar han med miskunn.

11 Gled dykk i Herren og fegnast, de rettferdige, og syng av fagnad, alle de trurøkne i hjarta!

33. salmen

1 Fagna dykk høgt i Herren, de rettferdige! For de trurøkne sømer seg lovsong.

2 Prisa Herren med strengeleik, lovsyng honom til tistrengja harpa!

3 Syng honom ein ny song, rør strengen fagert med fagnadljod.

4 For Herrens ord er ærleg meint, og all hans gjerning er trufast.

5 Han elskar rettferd og rett; av Herrens nåde er jordi full.

6 Himlarne er skapte ved Herrens ord, og all deira her ved hans munns ande.

7 Han samlar havsens vatn som ei muga, legg dei djupe vatn i upplagshus.

8 All jordi må ottast for Herren, for honom ræddast alle som bur i mannheimen.

9 For han tala, og so vart det; han baud, og so stod det der.

10 Herren spiller heidningefolks råd, gjer folkeslags tankar til inkjes.

11 Herrens råd stend ved lag i all æva, hans hjartans tankar frå ætt til ætt.

12 Sælt er det folk som hev Herren til sin Gud, det folk som han valde ut til sin arv.

13 Frå himmelen skodar Herren ned, han ser alle menneskjeborni.

14 Frå den staden der han bur, ser han ned til alle som bur på jordi,

15 han som lagar deira hjarto alle saman, han som merkar alle deira gjerningar.

16 Ein konge vert ikkje frelst ved sin store styrke, ei kjempa ikkje berga ved si store kraft.

17 Hesten er sviksam hjelp til frelsa, og med sin store styrke bergar han ikkje.

18 Sjå, Herrens auga ser til deim som ottast honom, som ventar på hans nåde

19 til å fria deira sjæl frå dauden og halda deim i live i hungersnaud.

20 Vår sjæl stundar på Herren; han er vår hjelp og vår skjold.

21 For i honom gled vårt hjarta seg, for me set vår lit til hans heilage namn.

22 Di nåde, Herre, vere yver oss, so som me vonar på deg!

34. salmen

1 Av David, då han gjorde seg galen hjå Abimelek, so han jaga honom av, og han gjekk burt.

2 Eg vil lova Herren alle tider, hans pris skal stendigt vera i min munn.

3 Mi sjæl skal rosa seg av Herren; dei spaklyndte skal høyra det og gleda seg.

4 Lova Herren storleg med meg, og lat oss saman upphøgja hans namn!

5 Eg søkte Herren, og han svara meg og fria meg frå alle mine rædslor.

6 Dei som skoda upp til honom, lyste av gleda, og deira andlit turvte aldri blygjast.

7 Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste honom frå alle hans trengslor.

8 Herrens englar lægrar seg rundt ikring deim som ottast honom, og han friar deim ut.

9 Smaka og sjå at Herren er god! Sæl er den mann som flyr til honom.

10 Ottast Herren, de hans heilage, for inkje vantar dei som ottast honom.

11 Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, deim vantar det inkje godt.

12 Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren.

13 Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka?

14 Vakta di tunga frå det som vondt er, og lippor for svikfull tale!

15 Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter honom!

16 Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop.

17 Herrens åsyn er imot deim som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.

18 Hine ropar, og Herren høyrer og friar deim ut or alle deira trengslor.

19 Herren er nær hjå deim som hev eit sundbrote hjarta, og frelser deim som hev ei hugsprengd ånd.

20 Mange ulukkor kjem yver den rettferdige, men Herren friar honom ut or deim alle.

21 Herren tek vare på alle hans bein, ikkje eitt av deim vert brote.

22 Ulukka drep den ugudlege, og dei som hatar den rettferdige, vert saka.

23 Herren løyser ut deira sjæl som tener honom, og av dei som flyr til honom, vert ingen saka.

35. salmen

1 Av David.
Herre, før mi sak mot deim som hev sak mot meg! Strid mot deim som strider mot meg!

2 Grip skjold og verja og reis deg til hjelp for meg!

3 Drag spjotet fram og steng vegen for deim som forfylgjer meg! Seg til mi sjæl: «Eg er di frelsa!»

4 Lat deim blygjast og skjemmast, som stend meg etter livet! Lat deim vika attende med skam, som vil meg noko vondt!

5 Lat deim verta som agner for vind, og Herrens engel støyte deim burt!

6 Lat deira veg verta myrk og hål, og Herrens engel forfylgje deim!

7 For utan orsak hev dei løynt si grav med garn åt meg, utan orsak hev dei grave ei grav for mitt liv.

8 Lat tjon koma yver honom, når han ikkje veit det, og det garn han løynde fanga honom; lat honom falla i det til sitt tjon!

9 Og mi sjæl skal gleda seg i Herren, fagna seg i hans frelsa.

10 Alle mine bein skal segja: «Herre, kven er som du, du som friar den arme frå ein som er honom for sterk, den arme og fatige frå den som plundrar honom?»

11 Det stend upp mange vitne; dei spør meg um det som eg ikkje veit.

12 Dei gjev meg vondt til løn for godt; mi sjæl er lati åleine.

13 Men eg, eg gjekk i syrgjeklæde, då dei var sjuke; eg pinte mi sjæl med fasta, og mi bøn vende att til min barm.

14 Eg gjekk ikring, som det skulde vore min ven, min bror; eg gjekk bøygd og svartklædd, som ein som syrgjer på mor si.

15 Men no, då det hallar med meg, no gled dei seg og flokkar seg saman; det flokkast mot meg fantar og folk eg ikkje kjenner; dei riv sund og kviler ikkje.

16 Liksom skamløysor som driv spott for ein brødbite, so skjer dei tenner imot meg.

17 Herre, kor lenge vil du sjå på? Drag mi sjæl undan deira herverk, mitt einaste frå unge løvor!

18 Eg vil prisa deg i ei stor samling, lova deg millom mykje folk.

19 Lat deim som utan grunn er mine fiendar ikkje gleda seg yver meg! Lat deim som hatar meg utan orsak ikkje blinka med auga!

20 For dei talar ikkje fred, men tenkjer upp svikande ord mot dei stille i landet.

21 Og dei riv sin munn vidt upp imot meg, dei segjer: «Ha, ha! Vårt auga hev set det!»

22 Du ser det, Herre, teg ikkje! Herre, ver ikkje langt ifrå meg!

23 Vakna upp og vert vaken til å gjeva meg rett, min Gud og Herre, til å føra mi sak!

24 Døm meg etter di rettferd, Herre min Gud, og lat deim ikkje gleda seg yver meg!

25 Lat deim ikkje segja i sitt hjarta: «Ha, det er vår lyst!» Lat deim ikkje segja: «Me hev gløypt honom upp!»

26 Lat deim skjemmast og blygjast alle saman som gled seg i mi ulukka; lat deim klæda seg i skam og skjemsla, dei som høgmodast yver meg!

27 Lat deim fagna seg og gleda seg, som unner meg min rett, og lat deim alltid segja: «Høglova vere Herren, som unner sin tenar at det gjeng honom godt!»

28 Og mi tunga skal kveda ut di rettferd, heile dagen din pris.

36. salmen

1 Til songmeisteren; av Herrens tenar David.

2 Dei ord som syndi gjev den ugudlege inn, kjenner eg i mitt inste hjarta. Ingen ræddhug for Gud er det for hans augo.

3 For ein høler honom i augo ved å finna hans synd, ved å hata honom.

4 Ordi i hans munn er urett og svik; han hev halde upp å fara visleg åt, å gjera godt.

5 Han tenkjer upp urett på sitt lægje; han stig ut på ein veg som ikkje er god; han styggjest ikkje frå det vonde.

6 Herre, til himmelen når di miskunn, din truskap upp til dei høge skyer.

7 Di rettferd er som Guds fjellhøgder, dine domar er ei stort havdjup; menneskje og dyr frelser du, Herre!

8 Kor dyrverdig er di miskunn, Gud! Og menneskjeborni flyr inn i skuggen av dine vengjer.

9 Dei vert mette til fullnad av det feite i ditt hus, og av din yverflødande fagnad gjev du deim å drikka.

10 For hjå deg er livsens kjelda, i ditt ljos ser me ljos.

11 Lat di miskunn vara lenge for deim som kjenner deg, og di rettferd for dei trurøkne i hjarta!

12 Lat ikkje ovmods fot koma yver meg, og hand av ugudlege ikkje jaga meg burt!

13 Der fell dei som gjer urett; dei vert støytte ned og kann ikkje standa upp.

37. salmen

1 Av David.
Vreidskast ikkje yver illgjerningsmennerne, harmast ikkje yver deim som gjer urett!

2 For liksom gras vert dei brått avskorne, og som grøne urter visnar dei burt.

3 Lit på Herren og gjer det gode, bu i landet og legg vinn på truskap!

4 Og hugnast i Herren, so skal han gjeva deg det som ditt hjarta ynskjer.

5 Gjev Herren din veg i vald, og lit på honom! Han skal gjera det;

6 og han skal lata di rettferd ganga fram som ljoset, og din rett som middagsklåren.

7 Ver still for Herren og stunda på honom! Vreidast ikkje yver den som hev lukka på sin veg, den mannen som legg upp meinråd!

8 Haldt deg frå vreide, lat harm fara, vreidast ikkje, det er berre til å gjera ilt!

9 For illgjerningsmenner skal verta utrudde, men dei som ventar på Herren, dei skal erva landet.

10 Og um ei liti stund er den ugudlege ikkje til, og legg du merke til hans stad, so er han der ikkje.

11 Men dei spaklyndte skal erva landet og hugnast ved mykjen fred.

12 Den ugudlege tenkjer upp vondt imot den rettferdige og skjer tenner imot honom.

13 Herren lær åt honom; for han ser at hans dag kjem.

14 Dei ugudlege dreg sverdet og spenner sin boge til å fella den arme og fatige og myrda deim som fer ærleg fram.

15 Deira sverd skal ganga inn i deira eige hjarta, og deira bogar verta brotne sund.

16 Betre er det vesle den rettferdige hev, enn mykje gods hjå mange ugudlege.

17 For armarne vert brotne på dei ugudlege, men Herren styd dei rettferdige.

18 Herren kjenner dei dagar dei ulastande skal liva, og deira arv skal vara til æveleg tid.

19 Dei skal ikkje verta til skammar i den vonde tid, og i hungers dagar skal dei verta mette.

20 For dei ugudlege skal ganga til grunnar, og Herrens fiendar som blomeskrud på engjar; dei kverv som røyk, kverv burt.

21 Den ugudlege låner og gjev ikkje att, men den rettferdige gjer miskunn og gjev.

22 For dei han velsignar, skal erva landet; men dei han forbannar, skal verta utrudde.

23 Herren gjer ein manns steg faste, og han hev hugnad i hans veg.

24 Når han fell, vert han ikkje støypt til marki; for Herren styd hans hand.

25 Eg hev vore ung og vorte gamall, men aldri hev eg set den rettferdige forlaten eller hans born beda um brød.

26 Heile dagen gjer han miskunn og låner ut, og hans born vert velsigna.

27 Vik frå det vonde og gjer det gode, so vert du æveleg buande i landet.

28 For Herren elskar rett og forlet ikkje sine trugne; til æveleg tid vert dei haldne uppe; men avkjøme av ugudlege vert utrudt.

29 Dei rettferdige skal erva landet og bu i det til æveleg tid.

30 Rettferdig manns munn andar visdom, og hans tunga taler det som rett er.

31 Hans Guds lov er i hans hjarta, hans stig er ikkje ustøde.

32 Dei ugudlege lurer på den rettferdige og søkjer å drepa honom.

33 Herren yvergjev honom ikkje i hans hand og fordømer honom ikkje, når han vert dømd.

34 Venta på Herren og haldt deg på hans veg! so skal han upphøgja deg til å erva landet; du skal sjå på at dei ugudlege vert utrudde.

35 Eg såg ein ugudleg ovrikjen mann, og han breidde seg ut som eit heimevakse tre med sitt grøne lauv.

36 Men han gjekk burt, og sjå, han var ikkje meir, og eg leita etter honom, men han vart ikkje funnen.

37 Merk deg den ulastande mann, og sjå på den rett-tenkte, at freds mann hev ei framtid.

38 Men dei fråfalne vert alle saman utøydde, framtidi vert avskori for dei ugudlege.

39 Og frelsa for dei rettferdige kjem frå Herren, deira sterke vern i trengsels tid.

40 Og Herren hjelper deim og friar deim ut, han friar deim frå dei ugudlege og frelser deim, for dei flyr til honom.

38. salmen

1 Ein salme av David; til minnesofferet.

2 Herre, refs meg ikkje i din vreide, og tukta meg ikkje i din harm!

3 For dine piler er farne ned i meg, og di hand hev falle tungt på meg.

4 Det finst inkje friskt i mitt kjøt for din vreide skuld; det er ikkje fred i mine bein for mi synd skuld.

5 For mine misgjerningar stig meg yver hovudet, som ei tung byrd er dei meg for tunge.

6 Det luftar ilt av mine sår, dei renn av verk for min dårskap skuld.

7 Eg er krøkt, reint samanbøygd, heile dagen gjeng eg svartklædd.

8 For mine lender er fulle av brand, og det finst inkje frisk i mitt kjøt.

9 Eg er reint valen og sundslegen, eg skrik høgt av hjartestynjing.

10 Herre, for di åsyn er alt mitt ynskje, og min sukk er ikkje løynd for deg.

11 Mitt hjarta slær hardt, mi kraft hev forlate meg, og jamvel mine augo hev mist sitt ljos for meg.

12 Mine vener og frendar held seg undan frå mi plåga, og mine næmaste stend langt burte.

13 Og dei som ligg etter mitt liv, dei legg ut snaror, og dei som søkjer mi ulukka, dei talar um undergang og tenkjer på svik heile dagen.

14 Og eg er som ein dauv, eg høyrer ikkje, og liksom ein mållaus som ikkje let upp sin munn.

15 Ja, eg er som ein mann som ikkje høyrer, og som ikkje hev motmæle i sin munn.

16 For til deg, Herre, stend mi von; du vil svara meg, Herre, min Gud!

17 For eg segjer: «Dei vil elles gleda seg yver meg; når min fot vaggar, høgmodast dei yver meg.»

18 For eg er nær på å falla, og min hugverk er stendigt framfyre meg.

19 For eg må sanna mi skuld, syrgja yver mi synd.

20 Og mine fiendar liver, dei er mannsterke, og dei er mange som hatar meg utan orsak.

21 Og dei som løner godt med vondt, stend meg imot, av di eg fer etter det gode.

22 Forlat meg ikkje, Herre! Min Gud, ver ikkje langt ifrå meg!

23 Kom meg snart til hjelp, Herre, mi frelsa!

39. salmen

1 Til songmeisteren, til Jedutun; ein salme av David.

2 Eg sagde: «Eg vil vakta mine vegar, so eg ikkje syndar med mi tunga; eg vil leggja taum på min munn, so lenge den ugudlege er meg for augo.»

3 Eg tagna og var kurende still; eg tagde utan von um lukka, men mi liding vart rørd upp.

4 Mitt hjarta brann i min barm; ved mi grunding kveiktest eld - eg tala med mi tunga.

5 Herre, lat meg få vita min ende og målet på mine dagar, kva det er; lat meg vita kor snargjengd eg er!

6 Sjå, som ei lovebreidd hev du sett mine dagar, og mi livstid er som ingen ting for deg; berre som den tome fåfengd er kvart menneskje sett her. Sela.

7 Berre som ein skugge gjeng mannen ikring, berre til fåfengs ståkar dei; han dungar i hop og veit ikkje kven som skal sanka det inn.

8 Og no, kva vonar eg, Herre? Mi von stend til deg.

9 Frels meg frå alle mine misgjerningar, set meg ikkje til spott for dåren!

10 Eg er tagna og let ikkje upp min munn; for du hev gjort det.

11 Tak di plåga burt frå meg! Ved slag av di hand er det ute med meg.

12 Tuktar du ein mann med refsing for skuld, so fortærer du hans fagerleik som motten. Berre fåfengd er kvart menneskje. Sela.

13 Høyr mi bøn, Herre, og vend øyra til mitt rop; teg ikkje til min gråt! for eg er framand hjå deg, ein gjest som alle mine feder.

14 Sjå burt frå meg, so eg kann kvikna til, fyrr eg fer herifrå og er ikkje meir!

40. salmen

1 Til songmeisteren, av David; ein salme.

2 Eg venta og venta på Herren, so bøygde han seg til meg og høyrde mitt rop.

3 Og han drog meg upp or den tynande grav, or søkkjedya, og han sette mine føter uppå berggrunn, han gjorde mine stig støde.

4 Og han lagde ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange ser det og ottast og lit på Herren.

5 Sæl er den mann som set si lit til Herren og ikkje vender seg til dei ovlåtne og til deim som vik av til lygn.

6 Herre, min Gud, du hev gjort dine under og dine råder mangfaldige mot oss; ingen ting er liknande med deg; vil eg forkynna og tala um deim, er dei for mange til å telja.

7 Slagtoffer og grjonoffer hev du ikkje hug til - du hev bora øyro på meg - brennoffer og syndoffer krev du ikkje.

8 Då sagde eg: «Sjå, eg kjem; i bokrullen er det skrive for meg;

9 å gjera din vilje, min Gud, det er mi lyst, og di lov er inst i mitt hjarta.»

10 Eg bar det gode bod um rettferd i ei stor samling; sjå, eg let ikkje att mine lippor; Herre, du veit det.

11 Eg løynde ikkje di rettferd inne i mitt hjarta, eg tala um din truskap og di frelsa; eg dulde ikkje din nåde og di sanning for ei stor samling.

12 Du, Herre, vil ikkje lata att di miskunn for meg; din nåde og di sanning vil alltid vakta meg.

13 For trengslor utan tal hev umspent meg, mine misgjerningar hev gripe meg, og eg kan ikkje sjå; dei er fleire enn håri på mitt hovud, og mitt mod hev forlate meg.

14 Hugnast, Herre, å berga meg! Herre, kom meg snart til hjelp!

15 Lat deim verta til skam og spott alle saman som stend etter mitt liv og vil riva det burt! Lat deim vika attende og skjemnast, som hev hugnad i mi ulukka!

16 Lat dei verta forfærde yver si skjemd, dei som segjer til meg: «Ha, ha!»

17 Lat deim fegnast og gleda seg i deg alle dei som søkjer deg! Lat deim som elskar di frelsa alltid segja: «Høglova vere Herren!»

18 For eg er arm og fatig; Herren vil tenkja på meg. Du er mi hjelp og min frelsar; min Gud, dryg ikkje!

41. salmen

1 Til songmeisteren; ein salme av David.

2 Sæl er den som ser til ein vesallmann; på den vonde dag skal Herren frelsa honom.

3 Herren skal verja honom og halda honom i live; han skal verta lukkeleg i landet, og du skal visst ikkje yvergjeva honom til hans mordgiruge fiendar.

4 Herren skal stydja han på sotteseng, og vender all hans lega i hans sjukdom.

5 Eg segjer: «Herre, ver meg nådig; læk mi sjæl, for eg hev synda mot deg!»

6 Mine fiendar talar vondt um meg: «Når skal han døy, og hans namn forgangast?»

7 Og um ein kjem og vil sjå til meg, so talar han falske ord; hans hjarta sankar seg vondskap saman, so gjeng han ut og talar um det.

8 Alle som hatar meg, kviskrar saman imot meg; dei tenkjer upp imot meg slikt som gjer meg vondt:

9 «Ei illgjerning heng ved honom, og han som ligg der, skal ikkje meir standa upp.»

10 Ja, endå den som eg livde i fred med, som eg sette lit til, som åt mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.

11 Men du, Herre, ver meg nådig og hjelp meg upp! So vil eg gjeva deim vederlag.

12 På dette kjenner eg at du hev hugnad i meg, at min fiende ikkje fær setja i glederop yver meg.

13 Og meg held du uppe i mi uskyld og set meg for di åsyn til æveleg tid.

14 Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Amen, amen!

42. salmen

1 Til songmeisteren; ein song til lærdom, av Korahs born.

2 Som ein hjort styn etter vatsbekkjer, so styn mi sjæl etter deg, min Gud.

3 Mi sjæl tyrster etter Gud, etter den livande Gud. Når skal eg koma og syna meg for Guds åsyn?

4 Mine tåror er min mat dag og natt, av di dei all dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?»

5 Dette må eg koma i hug og tøma ut mi sjæl hjå meg: korleis eg drog fram i manntrongen og vandra med deim til Guds hus med fagnadrøyst og lovsong, ein høgtidleg folkestraum.

6 Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og bruser i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom for frelsa frå hans andlit.

7 Min Gud! Mi sjæl er nedbøygd i meg; difor kjem eg deg i hug frå Jordanlandet og Hermonhøgderne, frå det vesle fjell.

8 Vatsflod ropar til vatsflod ved duren av dine fossar; alle dine brotsjøar og båror slær yver meg.

9 Um dagen sender Herren sin nåde, og um natti er hans song hjå meg, bøn til mitt livs Gud.

10 Eg må segja til Gud, mitt berg: «Kvi hev du gløymt meg? Kvi skal eg ganga svartklædd under fiende-trykk?»

11 Det er som knasing i mine bein, at mine fiendar spottar meg, med di dei heile dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?»

12 Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom, mitt andlits frelsa og min Gud.

43. salmen

1 Døm meg, Gud, og før mi sak mot folk utan miskunn, frels meg frå falsk og rettarlaus mann!

2 For du er den Gud som er mi vern. Kvi hev du støytt meg burt? Kvi skal eg ganga svartklædd under fiende-trykk?

3 Send ditt ljos og di sanning, lat deim leida meg, lat deim føra meg til ditt heilage fjell og til dine bustader,

4 so eg kann koma til Guds altar, til Gud, min fagnad og mi gleda, og lova deg på cither, Gud, min Gud!

5 Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom, mitt andlits frelsa og min Gud.

44. salmen

1 Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme til lærdom.

2 Gud, me hev høyrt med våre øyro, våre feder hev fortalt oss den gjerning du gjorde i deira dagar, i forne dagar.

3 Du dreiv ut heidningarne med di hand, men deim planta du; du øydelagde folkeslag, men deim breidde du ut.

4 For ikkje med sitt sverd vann dei landet, og deira arm gav deim ikkje siger, men di høgre hand og din arm og ditt andlits ljos; for du hadde hugnad i deim.

5 Du, Gud, er min konge; byd at Jakob skal verta frelst!

6 Ved deg skal me støyta ned våre fiendar, ved ditt namn skal me treda under føter deim som reiser seg imot oss.

7 For min boge lit eg ikkje på, og mitt sverd gjev meg ikkje siger.

8 Men du gjev oss siger yver våre fiendar, og deim som hatar oss, gjer du til skammar.

9 Av Gud rosar me oss all dagen og lovar ditt namn til æveleg tid. Sela.

10 Og endå hev du støytt oss burt og gjort oss til skam, og du dreg ikkje ut med våre herar.

11 Du let oss vika attende for fienden, og dei som hatar oss, fær seg herfang.

12 Du gjev oss burt som sauer til å eta upp, og spreider oss ikring millom heidningarne.

13 Du sel ditt folk for ingen ting, og ikkje set du høg pris på deim.

14 Du gjer oss til hæding for våre grannar, til spott og spe for deim som bur ikring oss.

15 Du gjer oss til eit ordtøke millom heidningarne; dei rister på hovudet åt oss millom folki.

16 Heile dagen stend mi skam for mine augo, og blygsl breider seg yver mitt andlit,

17 ved røysti av spottaren og hædaren, ved syni av fienden og den hemngiruge.

18 Alt dette er kome yver oss, endå me ikkje hev gløymt deg og ikkje svike di pakt.

19 Vårt hjarta veik ikkje frå deg, og våre stig sveiv ikkje ut av din veg,

20 at du skulde slå oss sund der sjakalar bur, og breida oss ned i daudeskugge.

21 Hadde me gløymt vår Guds namn og rett våre hender ut til ein framand gud,

22 skulde Gud då ikkje ransaka det? for han kjenner hjartans løyndomar.

23 Men for di skuld vert me drepne all dagen, me er rekna som slagtesauer.

24 Vakna upp! Kvi søv du, Herre? Vakna då, støyt ikkje burt for alltid!

25 Kvi løyner du di åsyn, gløymer vår armodsdom og vår trengsla?

26 For vår sjæl er nedbøygd i moldi, vår likam nedtrykt til jordi.

27 Statt upp til hjelp for oss, og løys oss ut for din nåde skuld!

45. salmen

1 Til songmeisteren, etter «Liljor»; av Korahs born; ein salme til lærdom, ein song um kjærleik.

2 Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg kved den song eg hev gjort til ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars penn.

3 Du er den fagraste av menneskjeborni, ynde strøymer yver dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid.

4 Gyrd ditt sverd til di lend, du velduge, di høgd og din herlegdom!

5 Og far i din herlegdom fram med siger for sanning og spaklyndt rettferd! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk.

6 Din piler er kveste - so folk fell under deg - dei gjeng inn i hjarta på kongens fiendar.

7 Din kongsstol, Gud, stend æveleg og alltid, ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.

8 Du elskar rettferd og hatar gudløysa, difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.

9 Av myrra og aloe og kassia angar alle dine klæde; frå filsbeinshallar fagnar deg strengleik.

10 Kongsdøtter er millom dine utvalde; dronningi stend ved di høgre hand i gull frå Ofir.

11 Høyr, dotter, og sjå og bøyg øyra til, og gløym ditt folk og ditt farshus,

12 og lat kongen hava hugnad i din fagerleik! for han er din herre, og du skal hylla honom.

13 Og Tyrus’ dotter skal søkja ditt ynde med gåvor - dei rikaste av folket.

14 Ovleg prud er kongsdotteri der inne; hennar klædnad er gjenomvoven med gull.

15 I utsauma bunad vert ho leidd til kongen; møyar, hennar vener, fylgjer etter henne; dei vert førde inn til deg.

16 Dei vert leidde fram med gleda og fagnad, dei gjeng inn i kongshalli.

17 I staden for dine feder skal dine søner koma; du skal setja deim til hovdingar utyver heile jordi.

18 Eg vil setja ditt namn eit minne millom alle ætter; difor skal folki lova deg æveleg og alltid.

46. salmen

1 Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot; ein song.

2 Gud er mi hyggja og vår styrke, fullvel røynd i trengslor.

3 Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar hjarta av storhavet,

4 um havbårorne dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. Sela.

5 Der er ei å, hennar bekkjer gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur.

6 Gud er midt i honom, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper honom i morgonlysingi.

7 Folkeslag rasa, rike vart rikka, han let si røyst ljoda, jordi bråna.

8 Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.

9 Kom og sjå Herrens storverk, som gjer øydeleggjingar på jordi.

10 Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognerne brenner han upp i eld.

11 «Haldt upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.»

12 Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.

47. salmen

1 Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.

2 Klappa i henderne, alle folk! Kved høgt for Gud med fagnadrøyst!

3 For Herren, den Høgste, er ageleg, ein stor konge yver all jordi.

4 Han legg folk under oss og folkeslag under våre føter.

5 Han vel ut vår arvlut åt oss, til gilda for Jakob som han elskar. Sela.

6 Gud for upp med fagnadrop, Herren med basunljod.

7 Syng lov for Gud, syng lov! Syng lov for vår konge, syng lov!

8 For Gud er konge yver all jordi; syng til hans lov ein visleg song!

9 Gud hev teke riket yver folki, Gud hev sett seg på sin heilage kongsstol.

10 Folkedrottarne samlar seg som eit folk til Abrahams Gud; for skjoldarne på jordi høyrer Gud til, han er høgt upphøgd.

48. salmen

1 Ein song, ein salme; av Korahs born.

2 Stor er Herren og høglova i vår Guds by, på hans heilage fjell.

3 Fager i si høgd, ein fagnad for all jordi er Sions fjell, utkanten av nordheimen, staden til den store kongen.

4 Gud er i hans hallar kjend som ei fast borg.

5 For sjå, kongarne kom saman og drog fram i lag.

6 Dei såg - so vart dei forfærde, dei vart vitskræmde, flydde i bråhast.

7 Ein skjelv greip deim der, ei bivring som hjå ei barnsjuk kvinna.

8 Med austanvind bryt du sund Tarsis-skip.

9 Liksom me hev høyrt, so hev me no set det i Herren, allhers drotts by, i vår Guds by, Gud gjer honom fast til æveleg tid. Sela.

10 Me grundar på din nåde, Gud, midt i ditt tempel.

11 Som ditt namn, Gud, so er din pris alt til endarne av jordi; di høgre hand er full av rettferd.

12 Sionsfjellet gled seg, Juda døtter fagnar seg yver dine domar.

13 Gakk ikring Sion, far rundt um henne, tel hennar tårn!

14 Legg merke til hennar vollar, gakk igjenom hennar hallar, so de kann fortelja um det til den komande ætt.

15 For denne Gud er vår Gud æveleg og alltid; han skal føra oss ut yver dauden.

49. salmen

1 Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.

2 Høyr dette, alle folk, vend øyra til, alle de som bur i verdi,

3 både låge og høge, rik og fatig, alle saman!

4 Min munn skal tala visdom, og det som mitt hjarta tenkjer upp, er vit.

5 Eg vil bøygja mitt øyra til fyndord, eg vil lata upp mi gåta til harpeljod.

6 Kvi skal eg ottast i dei vonde dagar, når vondskap av mine forfylgjarar kringset meg,

7 dei som set si lit til sitt gods og rosar seg av sin store rikdom?

8 Ein mann kann ikkje løysa ut ein bror, kann ikkje gjeva Gud løysepengar for honom

9 - utløysingi av deira liv er for dyr, og han let det vera til æveleg tid -

10 so han skulde halda ved å liva for alltid og ikkje sjå gravi.

11 Nei, han må sjå: Vismenner døyr, dåre og fåviting gjeng burt alle saman og let sitt gods etter seg til andre.

12 Deira inste tanke er at deira hus skal standa æveleg, deira bustader frå ætt til ætt; dei kallar sin jorder etter sine namn.

13 Men eit menneskje i høg vyrdnad vert ikkje verande; han er lik dyri, dei må tagna.

14 So gjeng det deim som er fulle av tru til seg sjølve, og etter deim fylgjer dei som likar deira tale. Sela.

15 Som sauer vert dei førde ned i helheimen, dauden gjæter deim, og dei trurøkne tred deim ned, når morgonen renn; og deira skapnad vert øydelagd av helheimen, so dei hev ingen heimstad lenger.

16 Men Gud skal løysa ut mi sjæl or handi på helheimen; for han skal taka meg til seg. Sela.

17 Ottast ikkje når ein mann vert rik, når hans hus kjem til stor æra!

18 For han skal ingen ting taka med seg når han døyr; hans æra skal ikkje fara ned etter honom.

19 Um han og velsignar si sjæl i si livstid, og dei prisar deg for di du gjer deg gode dagar,

20 so skal du då koma til di fedreætt, dei som ikkje ser ljoset i all æva.

21 Eit menneskje i høg vyrdnad, som ikkje hev vit, vert lik dyri; dei må tagna.

50. salmen

1 Ein salme av Asaf.
Gud, Gud Herren talar og kallar på jordi frå solekoma til soleglad.

2 Frå Sion, fagerleiks kruna, strålar Gud fram.

3 Vår Gud kjem og skal ikkje tegja. For hans åsyn gjeng etande eld, og ikring honom stormar det sterkt.

4 Han kallar på himmelen ovantil og på jordi til å døma sitt folk.

5 «Samla til meg mine trugne, som hev gjort pakt med meg um offer!»

6 Og himlarne forkynner hans rettferd; for Gud er den som skal halda dom. Sela.

7 «Høyr, mitt folk, eg vil tala; Israel, eg vil vitna imot deg; Gud, din Gud er eg.

8 Ikkje for dine offer vil eg lasta deg; dine brennoffer er alltid framfyre meg.

9 Eg vil ikkje taka uksar frå ditt hus eller bukkar frå dine grindar.

10 For meg høyrer alle dyr i skogen til, fe på fjelli i tusundtal.

11 Eg kjenner alle fuglar på fjelli, og det som rører seg på marki, er meg for augo.

12 Um eg var hungrig, vilde eg ikkje segja det til deg; for meg høyrer jordriket til med alt det som fyller det.

13 Skulde eg eta kjøt av stutar og drikka blod av bukkar?

14 Ofra lov og takk til Gud og gjev den Høgste det du hev lova,

15 og kalla på meg den dag du er i naud, so vil eg frelsa deg ut, og du skal prisa meg.»

16 Men til den ugudlege segjer Gud: «Kva hev du med å fortelja um mine lover og taka mi pakt i din munn,

17 etter di du hatar tukt og kastar mine ord attum deg?

18 Når du ser ein tjuv, er du gjerne med honom, og med horkarar er du i lag.

19 Din munn slepper du laus til vondt, og di tunga spinn i hop svik.

20 Du sit og talar imot bror din, set ein skamflekk på son til mor di.

21 Dette gjorde du, og eg tagde; so tenkte du eg var liksom du sjølv; men eg vil yvertyda deg og leggja det fram for deg.

22 Gjev gaum etter dette, de som gløymer Gud, so eg ikkje skal riva burt, og ingen frelser.

23 Den som ofrar meg takk, han ærar meg, og den som gjeng den rette veg, honom vil eg lata sjå Guds frelsa!»

51. salmen

1 Til songmeisteren; ein salme av David,

2 då profeten Natan kom til honom, etter han hadde gjenge inn til Batseba.

3 Gud, ver meg nådig etter di miskunn! Sletta ut mine brot etter din store godhug!

4 Två meg vel rein frå mi skuld, og reinsa meg frå mi synd!

5 For mine misgjerningar kjenner eg, og mi synd er alltid framfyre meg.

6 Mot deg einast hev eg synda og gjort det som vondt er i dine augo, so du må vera rettferdig når du talar, vera rein når du dømer.

7 Sjå, eg er fødd i misgjerning, og mor mi hev avla meg i synd.

8 Sjå, du hev lyst til sanning i innarste; so lær meg då visdom i hjartans løynrom!

9 Reinsa meg frå synd med isop, so eg vert rein! Två meg, so eg vert kvitare enn snø!

10 Lat meg høyra fagnad og gleda, lat dei bein fagna seg som du hev slege sund!

11 Løyn di åsyn for mine synder, og sletta ut alle mine misgjerningar!

12 Gud, skap i meg eit reint hjarta, og gjev meg ei ny, stødug ånd inni meg!

13 Kasta meg ikkje burt frå di åsyn, og tak ikkje din heilage ande frå meg!

14 Gjev meg atter fagnaden av di frelsa, og haldt meg uppe med ei viljug ånd!

15 So vil eg læra lovbrjotarar dine vegar, og syndarar skal venda um til deg.

16 Gud, fria meg frå blodskuld, Gud, mine frelsar! So skal mi tunga fagna seg høgt yver di rettferd.

17 Herre, lat upp mine lippor! So skal min munn forkynna din pris.

18 For du hev ikkje lyst til slagtoffer - elles skulde eg gjeva deg det; i brennoffer hev du ikkje hugnad.

19 Offer for Gud er ei sundbroti ånd; eit sundbrote og knust hjarta vil du, Gud, ikkje forsmå.

20 Gjer vel imot Sion etter din nåde, bygg murarne åt Jerusalem!

21 Då skal du hava hugnad i rettferds offer, i brennoffer og heiloffer; då skal dei ofra uksar på ditt altar.

52. salmen

1 Til songmeisteren; ein salme til lærdom av David,

2 då edomiten Doeg kom og fortalde Saul og sagde til honom: «David er komen i Ahimeleks hus.»

3 Kvi rosar du deg av vondskap, du velduge? Guds nåde varer all dagen.

4 De tunga stilar du på tyning liksom ein kvest rakekniv, du som legg upp svikråd.

5 Du elskar det vonde framfor det gode, lygn framfor å tala sant. Sela.

6 Du elskar alle drepande ord, du svikfulle tunga!

7 So skal og Gud riva deg ned for alltid; han skal gripa deg og rykkja deg upp frå tjeldet og rydja deg ut or livsens land. Sela.

8 Og dei rettferdige skal sjå det og ottast, og dei skal læ åt honom og segja:

9 «Sjå der den mann som ikkje heldt Gud for si vern, men sette si lit til sin store rikdom og sette sin styrke i sin vondskap.»

10 Men eg er som eit grønt oljetre i Guds hus; eg set mi lit til Guds nåde æveleg og alltid.

11 Eg vil lova deg til æveleg tid, for du hev gjort det, og eg vil vona på ditt namn, for det er godt, for augo på dine trugne.

53. salmen

1 Til songmeisteren, etter Mahalat; ein salme til lærdom av David.

2 Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira misgjerning; det er ingen som gjer godt.

3 Gud skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.

4 Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det er ikkje ein einaste.

5 Veit dei det då ikkje, dei som gjer urett? Dei et mitt folk som dei et brød; på Gud kallar dei ikkje.

6 Då vert dei storleg rædde, der ingen ræddhug var; for Gud spreider beini av deim som lægrar seg mot deg; du gjer deim til skammar, for Gud hev støytt deim burt.

7 Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Gud vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.

54. salmen

1 Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David,

2 då zifitarne kom og sagde til Saul: «David held seg løynd hjå oss.»

3 Gud, frels meg ved ditt namn, og døm meg til min rett ved di kraft!

4 Gud, høyr mi bøn, vend øyra til ordi frå min munn!

5 For framande stend upp imot meg, og valdsmenner stend meg etter livet; dei hev ikkje Gud for augo. Sela.

6 Sjå, Gud hjelper meg, Herren er den som held uppe mi sjæl.

7 Det vonde skal falla tilbake på deim som lurar på meg; gjer deim til inkjes i din truskap!

8 Med viljugt hjarta vil eg ofra til deg; ditt namn vil eg prisa, Herre, for det er godt.

9 For det friar meg ut or all naud, og på mine fiendar ser mitt auga med lyst.

55. salmen

1 Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David.

2 Gud, vend øyra til mi bøn, og løyn deg ikkje for mi naudbeding!

3 Gjev gaum etter meg og svara meg! Eg er uroleg med mine sorgfyllte tankar, og eg må stynja

4 for rop frå fienden, for trykk frå den ugudlege. For dei velter vondt yver meg, og i vreide forfylgjer dei meg.

5 Mitt hjarta skjelv i meg, og daudens fæle hev falle på meg.

6 Otte og skjelving kjem yver meg og rædsla legg seg på meg.

7 Og eg segjer: «Å, hadde eg vengjer som duva, då skulde eg fljuga burt og finna ein bustad.

8 Sjå, eg vilde fly langt burt, eg vilde finna herbyrge i øydemarki. Sela.

9 Eg vilde skunda meg i livd for den føykjande vinden, for stormen.»

10 Sluk deim, Herre, kløyv deira tungemål! For eg ser vald og kiv i byen.

11 Dag og natt renner dei kringum honom på murarne, ugjerd og møda er midt i honom.

12 Tjon er midt i honom, og ikkje vik frå gatorne vald og svik.

13 For ikkje min fiende er det som hæder meg - det kunde eg tola; ikkje min uven er det som briskar seg mot meg - då kunde eg gøyma meg for honom.

14 Men du er det, du som var min likemann, min ven, min kjenning, -

15 me som hadde huglegt samråd med kvarandre, som gjekk til Guds hus med den glade hop.

16 Lat dauden koma brått på deim! Lat deim fara ned til helheimen livande! For vondskap råder i deira bustad og i deira hjarta.

17 Eg vil ropa til Gud, og Herren skal frelsa meg.

18 Kveld og morgon og middag vil eg klaga og sukka, so vil han høyra mi røyst.

19 Han løyser ut mi sjæl frå strid mot meg og gjev meg fred, for mange er dei mot meg.

20 Gud skal høyra og svara deim - han sit frå fordoms tid, sela - deim som ikkje vil verta annarleis og som ikkje ottast Gud.

21 Han legg hand på folk som held fred med honom, han bryt si pakt.

22 Ordi frå hans munn er håle som smør, men hans hjarta er fullt av strid. Hans ord er mjukare enn olje, og dei er då utdregne sverd.

23 Kasta byrdi di på Herren, og han skal halda deg uppe! han skal ikkje i all æva lata den rettferdige verta rikka.

24 Men du, Gud, skal støyta deim ned i den djupe grav; blodgiruge og falske menner skal ikkje nå til helvti av si livetid; men eg set mi lit til deg.

56. salmen

1 Til songmeisteren, etter «Den mållause duva langt burte»; av David, ein miktam, då filistarane tok honom i Gat.

2 Ver meg nådig, Gud, for menneskje vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid.

3 Dei vil sluka meg dei som lurar på meg, heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.

4 Den dagen då eg ottast, set eg mi lit til deg.

5 Ved Gud skal eg lova hans ord, til Gud set eg lit, eg ottast ikkje, kva skulde kjøt kunna gjera meg?

6 Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er.

7 Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine stig, då dei trår etter livet mitt.

8 Skulde dei med sin vondskap koma seg undan? Gud, støyt folkeslag ned i vreide!

9 Du hev talt kor ofte eg hev fare på flugt, mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok?

10 Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg, at Gud er med meg.

11 Ved Gud skal eg lova ordet; ved Herren skal eg lova ordet.

12 Til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva kann menneskje gjera meg?

13 Gud, eg hev lovnader på meg til deg; eg vil løysa deim ut med takkoffer til deg.

14 For du hev berga mi sjæl frå dauden, ja mine føter frå fall, so eg kann ferdast for Gud i ljoset åt dei livande.

57. salmen

1 Til songmeisteren, etter «tyn ikkje»; av David, ein miktam, då han flydde for Saul inn i helleren.

2 Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig! For til deg flyr mi sjæl, og i skuggen av dine vengjer søkjer eg livd, til dess ulukka gjeng yver.

3 Eg ropar til Gud, den Høgste, til den Gud som fullfører sitt verk for meg.

4 Han vil senda frå himmelen og hjelpa meg, når han som vil sluka meg, spottar. Sela. Gud vil senda si miskunn og sin truskap.

5 Mi sjæl er millom løvor, eg må liggja millom deim som spruter eld, millom menneskjeborn som til tenner hev spjot og piler, og til tunga eit kvast sverd.

6 Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!

7 Dei set garn for mine stig, mi sjæl er nedbøygd; dei grev ei grav for meg, so fell dei midt i henne sjølve. Sela.

8 Mitt hjarta er rolegt, Gud, mitt hjarta er rolegt, eg vil syngja og lovsyngja.

9 Vakna, mi æra! Vakna, harpa og cither! Eg vil vekkja morgonroden.

10 Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.

11 For di miskunn er stor til himmelen, og din truskap til dei høge skyer.

12 Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!

58. salmen

1 Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David, ein miktam.

2 Tru de verkeleg med dykkar målløysa talar det som er rettferd? Og dømer de rett, de menneskjeborn?

3 Nei, i hjarta lagar de til misgjerningar, i landet veg de ut vald som kjem frå dykkar hender.

4 Dei ugudlege gjeng på avveg alt frå morsfang, ljugarane fer vilt alt frå morsliv.

5 Eiter hev dei som orme-eiter, dei er som ein dauv orm, som dytter øyra til,

6 so han ikkje høyrer på røysti åt tauvrekallen, han som vel kann trolla.

7 Gud, slå inn tennerne i munnen deira, Herre, støyt sund jakslarne på dei unge løvor!

8 Lat deim kverva som burtrennande vatn! Legg nokon sine piler i bogen, so lat deim vera som utan odd!

9 Lat deim vera som ein snigel, som løyser seg upp medan han gjeng, og liksom ei kvinna sitt ufullborne foster som ikkje hev set soli.

10 Fyrr dykkar grytor fær kjenna klungerriset, skal han blåsa det burt, både det friske og det som brenn.

11 Den rettferdige skal gleda seg, av di han ser hemn; han skal två sine føter i blodet av den ugudlege.

12 Og folk skal segja: «Det finst då frukt for den rettferdige; der er då ein Gud som dømer på jordi.»

59. salmen

1 Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David; ein miktam, då Saul sende folk som gjætte på huset og vilde drepa honom.

2 Frels meg frå mine fiendar, min Gud, berga meg frå deim som stend upp imot meg!

3 Frels meg frå deim som gjer urett, og berga meg frå blodgiruge menner!

4 For sjå, dei ligg på lur etter mi sjæl, sterke menner slær seg saman imot meg, Herre, utan mi misgjerd og utan mi synd.

5 Utan mi skuld renner dei fram og gjer seg ferdige. Vakna og møt meg, og sjå!

6 Ja du, Herre, allhers drott, Israels Gud, vakna til å heimsøkja alle heidningar, ver ikkje nådig mot nokon av dei falske nidingar! Sela.

7 Dei kjem att um kvelden, dei hyler som hundar og renner kring i byen.

8 Sjå, dei let det gøysa ut or munnen sin, der er sverd i deira lippor, for: «Kven høyrer?»

9 Men du, Herre, lær åt deim, du spottar alle heidningar.

10 Mot hans magt vil eg venta på deg, for Gud er mi borg.

11 Min Gud vil møta meg med si nåde, Gud vil lata meg sjå med lyst på deim som lurer på meg.

12 Drep deim ikkje, at ikkje mitt folk skal gløyma det! Driv deim ikring ved di magt og støyt deim ned, du Herre, vår skjold!

13 Kvart ord på deira lippor er ei synd i deira munn; lat deim so verta fanga i sitt ovmod og for den banning og lygn som dei talar!

14 Gjer ende på deim i vreide, gjer ende på deim, so dei ikkje meir er til, og lat dei vita at Gud er Herre i Jakob, alt til endarne av jordi! Sela.

15 Og dei kjem att um kvelden, hyler som hundar og renner kring i byen.

16 Dei flakkar um etter mat, vert dei ikkje mette, nattar dei yver.

17 Men eg vil syngja um di magt og um morgonen lovsyngja di miskunn; for du er mi borg og mi livd den dag eg er i naud.

18 Min styrke! for deg vil eg syngja; for Gud er mi borg, min miskunnsame Gud.

60. salmen

1 Til songmeisteren, etter «Vitnemålslilja»; ein miktam av David til å læra,

2 då han stridde med syrarar frå Mesopotamia og syrarar frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusund edomitar i Saltdalen.

3 Gud, du hev støytt oss burt, du hev rive oss sund, du hev vore vreid, kveik oss upp att!

4 Du hev fenge landet til å skjelva og rivna; bøt du bresterne, for det stend ikkje stødt!

5 Du hev late ditt folk sjå harde ting, du hev skjenkt oss vin so me tumla.

6 Men du hev gjeve deim som ottast deg eit merke til å hevja seg for sanning skuld. Sela.

7 At dei du elskar må verta frelste, so hjelp oss no med di høgre hand, og bønhøyr oss!

8 Gud hev tala i sin heilagdom: «Eg vil gleda meg, eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla.

9 Meg høyrer Gilead til, og meg høyrer Manasse til, og Efraim er verja for mitt hovud, Juda er min førarstav.

10 Moab er mitt vaskarfat, på Edom kastar eg skoen min; ropa høgt for meg, du Filistarland!»

11 Kven vil føra meg til den faste by? Kven leider meg til Edom?

12 Hev ikkje du, Gud, støytt oss burt? og du, Gud, gjeng ikkje ut med våre herar?

13 Gjev oss hjelp imot fienden, for mannehjelp er fåfengd!

14 Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal treda ned våre fiendar.

61. salmen

1 Til songmeisteren, på strengleik; av David.

2 Gud, høyr mitt klagerop, merka mi bøn!

3 Frå enden av jordi ropar eg til deg, medan hjarta vanmegtast; på eit fjell som er for høgt for meg, må du føra meg upp.

4 For du hev vore mi livd, eit sterkt tårn mot fienden.

5 Eg vil æveleg bu i ditt tjeld, finna livd i skuggen av dine vengjer. Sela.

6 For du, Gud, hev høyrt på mine lovnader, deim som ottast ditt namn, hev du gjeve deira arv.

7 Du vil leggja dagar til kongens dagar, hans år skal vera som ætt etter ætt.

8 Han skal sitja æveleg for Guds åsyn; set miskunn og truskap til å vara honom!

9 So vil eg æveleg lovsyngja ditt namn, at eg kann løysa mine lovnader dag etter dag.

62. salmen

1 Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av David.

2 Einast hjå Gud er mi sjæl still, frå honom kjem mi frelsa.

3 Einast han er mitt fjell og mi frelsa, han er mi borg, dei skal ikkje rikka meg mykje.

4 Kor lenge vil de alle storma inn på ein mann, brjota honom ned som ein hallande mur, ein nedrapa vegg?

5 Dei samråder seg berre um å støypa honom ned frå hans høgd. Dei likar lygn. Med munnen velsignar dei, men i hjarta bannar dei. Sela.

6 Einast hjå Gud ver still, mi sjæl, for frå honom kjem mi von.

7 Einast han er mitt fjell og mi frelsa, mi borg, dei skal ikkje rikka meg.

8 Hjå Gud er mi frelsa og mi æra; mitt sterke fjell, mi livd er i Gud.

9 Lit på honom all tid, folk, renn dykkar hjarta ut for hans åsyn! Gud er livd for oss. Sela.

10 Berre fåfengd er menneskjesøner, lygn er mannesøner. I vegtskåli stig dei upp - lettare enn fåfengd alle saman.

11 Lit ikkje på vald, og set ikkje fåfengd von til ran! Når buet veks, fest ikkje hjarta ved det!

12 Ein gong hev Gud sagt, tvo gonger hev eg høyrt dette, at styrke høyrer Gud til.

13 Og hjå deg, Herre, er miskunn, for du gjev kvar ein etter hans gjerning.

63. salmen

1 Ein salme av David, då han var i Juda øydemark.

2 Gud, du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjæl tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmagt utan vatn.

3 Soleis hev eg set etter deg i heilagdomen til å sjå di kraft og di æra.

4 For di miskunn er betre enn livet, mine lippor skal prisa deg.

5 Soleis vil eg lova deg so lenge eg liver, i ditt namn vil eg lyfta upp mine hender.

6 Som av merg og feitt skal mi sjæl verta mett, og med lovsyngjande lippor skal min munn prisa deg.

7 Når eg kjem deg i hug på mitt lægje, tenkjer eg på deg i nattevakterne.

8 For du hev vore hjelp for meg, i skuggen av dine vengjer kann eg fegnast.

9 Mi sjæl heng fast ved deg; di høgre hand held meg uppe.

10 Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi.

11 Dei skal verta yvergjevne til sverdmagt, verta til ran for revar.

12 Men kongen skal gleda seg i Gud; kvar den som sver ved honom, skal prisa seg sæl, for ljugararne skal verta målbundne.

64. salmen

1 Til songmeisteren; ein salme av David.

2 Gud, høyr mi røyst når eg klagar, vara mitt liv frå fiende-skræmsla!

3 Gøym meg for løyndelaget av dei vonde, for den bråkande hop av illgjerningsmenner,

4 som kvesser si tunga som eit sverd, siktar med si pil, det beiske ord,

5 og vil skjota ned den uskuldige i løynd; brått skyt dei honom og ræddast ikkje.

6 Dei styrkjer seg i si vonde råd, dei fortel at dei vil leggja løynde snaror, dei segjer: «Kven ser deim?»

7 Dei tenkjer upp ugjerningar: «Me er ferdige, tanken er tenkt» - og det indste i mannen og hjarta er djupt.

8 Då skyt Gud deim, pili kjem brått og sårar deim.

9 Dei stupar ned, deira tunge kjem yver deim, alle som ser på deim, rister på hovudet.

10 Og alle menneskje ræddast og forkynner Guds gjerning, og hans verk skynar dei.

11 Den rettferdige gleder seg i Herren og flyr til honom, og alle ærlege av hjarta prise seg sæle.

65. salmen

1 Til songmeisteren; ein salme av David, ein song.

2 Gud, dei er stille for deg og prisar deg på Sion, og dei gjev deg det dei hev lova.

3 Du som høyrer bøner, til deg kjem alt kjøt.

4 Når misgjerningar hev vorte for sterke for meg, so forlet du våre forbrot.

5 Sæl er den som du vel ut og let koma nær, so han bur i dine fyregardar; me vil metta oss med det gode i ditt hus, ditt heilage tempel.

6 Med skræmelege gjerningar bønhøyrer du oss i rettferd, du, vår Frelse-Gud, ei livd for alle heimsens endar og havet langt burte.

7 Han gjer fjelli faste med si kraft, gyrd med velde.

8 Han døyver havsens dur, bylgjeduren og bråket av folkeslagi.

9 Og dei som bur ved endarne av jordi, ræddast for dine teikn, heimen for morgon og kveld fyller du med lovsong.

10 Du hev gjesta jordi og gjeve henne ovnøgd, du hev gjort henne ovleg rik, Guds bekk er full av vatn. Du hev laga til korn for folk, for soleis laga du jordi til.

11 Du vatna hennar plogforer, jamna dei med upp-pløgde åkrar, du bløytte henne med regnskurer, velsigna hennar grøda.

12 Du hev krynt ditt gode år, og dine fotspor dryp av feitt.

13 Beiti i øydemarki dryp, og haugarne gyrdar seg med lovsong.

14 Engjarne er klædde med sauer, og dalarne er fyllte med korn; folk fegnast og syng.

66. salmen

1 Til songmeisteren; ein song, ein salme.
Ropa fagnadrop for Gud, all jordi!

2 Syng ut hans namns æra, gjev honom æra til hans pris!

3 Seg til Gud: «Kor skræmelege dine verk er! For di store magt skuld må dine fiendar gjøla for deg.

4 All jordi skal tilbeda deg og syngja deg lov, dei skal syngja um ditt namn.» Sela.

5 Kom og sjå Guds gjerningar! Skræmeleg er han i gjerning mot menneskjeborni.

6 Han gjorde havet um til turrlende, gjenom elvi gjekk dei til fots; der gledde me oss i honom.

7 Han råder med sitt velde æveleg, hans augo gjæter heidningarne; dei tråssuge må ikkje upphøgja seg. Sela.

8 De folk, lova vår Gud, og lat røysti av hans lovsong verta høyrd!

9 han som heldt vår sjæl i live, og ikkje let vår fot vera ustød.

10 For du prøvde oss, Gud, du reinsa oss, som dei reinsar sylv.

11 Du førde oss inn i eit garn, du lagde ei tyngjande byrd på våre lender.

12 Du let menneskje fara yver vårt hovud, me kom i eld og vatn - men du førde oss ut til uppkveikjing.

13 Eg vil ganga inn i ditt hus med brennoffer; eg vil gjeva deg det eg hev lova,

14 det som gjekk yver mine lippor, og som munnen min tala ut då eg var i naud.

15 Brennoffer av feite sauer vil eg ofra til deg med eim av verar, eg vil ofra både uksar og bukkar. Sela.

16 Kom og høyr, so vil eg fortelja, alle de som ottast Gud, kva han hev gjort for mi sjæl.

17 Til honom ropa eg med min munn, og lovsong var på tunga mi.

18 Hadde eg stila på urett i mitt hjarta, vilde Herren ikkje høyra.

19 Men Gud hev høyrt, han lydde på mi bønerøyst.

20 Lova vere Gud, som ikkje viste mi bøn ifrå seg og ikkje tok frå meg si miskunn!

67. salmen

1 Til songmeisteren på strengleik; ein salme, ein song.

2 Gud vere oss nådig og velsigne oss, han late si åsyn lysa hjå oss - Sela -

3 so dei må kjenna din veg på jordi, di frelse hjå alle heidningar.

4 Folki skal prisa deg, Gud, folki skal prisa deg alle saman.

5 Folkeslagi skal gledast og fagna seg høgt; for du dømer folki med rett, og folkeslagi på jordi leider du. Sela.

6 Folki skal prisa deg, Gud, folki skal prisa deg alle saman.

7 Landet hev gjeve si grøda; Gud, vår Gud velsignar oss.

8 Gud velsignar oss, og alle heimsens endar skal ottast honom.

68. salmen

1 Til songmeisteren; av David; ein salme, ein song.

2 Gud reiser seg, hans fiendar vert spreidde, og dei som hatar honom, flyr for hans åsyn.

3 Liksom røyk driv burt, so driv du deim burt; liksom voks brånar for eld, so gjeng dei ugudlege til grunnar for Guds åsyn.

4 Og dei rettferdige gled seg, dei fagnar seg for Guds åsyn, dei frygdar seg med gleda.

5 Syng for Gud, syng lov for hans namn! Bygg veg for han som fer fram i øydemarker, Jah er namnet hans, og fegnast for hans åsyn!

6 Far for farlause og domar for enkjor er Gud i sin heilage bustad.

7 Gud gjev dei einslege hus og heim, han fører fangar ut til lukka; berre dei motstridige bur i turrlende.

8 Gud, då du drog ut framfyre folket ditt, då du skreid fram i øydemarki - Sela -

9 då skalv jordi, ja, himmelen draup for Guds åsyn, Sinai der burte skalv for Guds, Israels Guds, åsyn.

10 Rikelegt regn let du falla, Gud, du styrkte arven din då han var utmødd.

11 Ditt folk sette seg ned i landet; Gud, du var god og reidde det til for armingen.

12 Herren gjev sigersong; ein stor skare av kvinnor kjem med gledebod.

13 Kongar yver herar flyr, dei flyr, og ho som sit heime, deiler herfang.

14 Når de ligg millom felæger, er det som sylvlagde duvevengjer, og vengfjører med grøn gullglima.

15 Når den Allmegtige spreider kongar der, er det som det snøar på Salmon.

16 Eit Guds fjell er Basans fjell, eit fjell med mange kollar er Basans fjell.

17 Kvifor ser de skakt, de fjell med mange kollar, til det fjellet der Gud tekkjest å bu? Herren skal og bu der for alltid.

18 Guds vogner er tvo gonger ti tusund, tusund på tusund, Herren er imillom deim, Sinai er i heilagdomen.

19 Du for upp i det høge, førde fangar burt, tok gåvor millom menneskje, ogso av dei tråssuge, at du kunde bu der, Herre Gud.

20 Lova vere Herren dag etter dag! Legg dei byrd på oss, er Gud vår frelsa. Sela.

21 Gud er for oss ein Gud til frelsa, og hjå Herren, Herren er det utvegar frå dauden.

22 Ja, Gud krasar hovudet på sine fiendar, den hærde hovudkruna på honom som ferdast i si syndeskuld.

23 Herren segjer: «Frå Basan tek eg deim att, eg vil taka deim att frå havsens djup,

24 so foten din må trakka i blod, tunga åt hundarne dine få sin lut av fiendarne.»

25 Dei ser di sigersferd, Gud, sigersferdi der min Gud, min konge, fer inn i heilagdomen.

26 Fyre gjeng songarar, etterpå harpespelarar midt imillom møyar som slær på trummor.

27 Lova Gud i samlingarne, lova Herren, de som er av Israels kjelda!

28 Der er Benjamin, den yngste, som er herre yver deim, hovdingarne av Juda - deira hop, hovdingarne av Sebulon, hovdingarne av Naftali.

29 Din Gud hev bode at du skal vera sterk; Gud, styrk det som du hev gjort for oss!

30 For ditt tempel skuld yver Jerusalem vil kongar føra gåvor til deg.

31 Skjell på dyret i sevet, på stuteflokken og folkekalvarne, so dei kastar seg ned for deg med sylvstykke! Han spreider folk som er huga på strid.

32 Velduge menner skal koma frå Egyptarland, Ætiopia skal skunda seg og retta henderne ut til Gud.

33 De rike på jordi, syng for Gud, syng lov for Herren! Sela.

34 Han som fer fram i dei eldegamle himle-himlar! Sjå, han let si røyst høyra, ei veldug røyst.

35 Gjev Gud magt! Yver Israel er hans høgd, og hans magt i dei høge skyer.

36 Skræmeleg er du, Gud, frå dine heilagdomar; Israels Gud, han gjev folket magt og styrke. Lova vere Gud!

69. salmen

1 Til songmeisteren, etter «Liljor»; av David.

2 Frels meg, Gud! for vatni trengjer seg inn på livet.

3 Eg er sokken ned i det djupe dike der det inkje fotfeste er, eg er komen ut i ovdjupe vatn, og flodi fløymer yver meg.

4 Eg er trøytt av mi roping, det brenn i min strupe, mine augo er upptærde, med di eg ventar på min Gud.

5 Fleire enn håri på mitt hovud er dei som hatar meg utan orsak, mange er dei som vil meg tyna meg, som utan grunn er mine fiendar; det eg ikkje hev rana, skal eg no gjeva attende.

6 Gud, du kjenner min dårskap, og all mi syndeskuld er ikkje løynd for deg.

7 Lat deim ved meg ikkje verta til skammar, dei som ventar på deg, Herre, Herre, allhers drott! Lat deim ikkje ved meg verta skjemde, dei som søkjer deg, Israels Gud!

8 For di skuld ber eg hæding, skjemsla ligg yver mitt andlit.

9 Eg hev vorte framand hjå brørne mine, og ein utlending hjå borni til mor mi.

10 For brennhug for ditt hus hev ete meg upp, og deira spottord som spottar deg, hev falle på meg.

11 Då mi sjæl græt medan eg fasta, vart eg spotta for det.

12 Då eg laga ein sekk til klædde for meg, vart eg eit ordtøke for deim.

13 Dei som sit i porten, røder um meg, og drikkarane syng um meg.

14 Men eg kjem med mi bøn til deg, Herre, i nådetidi, Gud, for di store miskunn; svara meg med di trufaste hjelp!

15 Fria meg ut or søyla, og lat meg ikkje søkka! Lat meg verta utfria frå deim som hatar meg og frå dei djupe vatni!

16 Lat ikkje vatsflodi fløyma yver meg, og ikkje djupet svelgja meg, og heller ikkje brunnen lata att sitt gap yver meg!

17 Svara meg, Herre, for din nåde er god, etter di store miskunn vend deg til meg!

18 Og løyn ikkje di åsyn for tenaren din, for eg er i naud; svara meg snart!

19 Kom nær til mi sjæl, løys henne ut! Frels meg for mine fiendar skuld!

20 Du kjenner mi spott og skam og vanæra, for di åsyn stend alle dei som trengjer meg.

21 Spottord hev brote mitt hjarta sund, so eg er sjuk; eg venta på medynk, men der var ingi, og på trøystarar, men eg fann ingen.

22 Og dei gav meg gall å eta, og då eg var tyrst, gav dei meg eddik å drikka.

23 Lat bordet deira framfyre deim verta ei snara, og ei gildra for deim når dei er trygge!

24 Lat augo deira dimmast so dei ikkje ser, og lat deira lender alltid skjelva!

25 Renn ut yver deim din vreide, og lat din brennande harm nå deim!

26 Lat deira bustad verta øydd, lat det ingen vera som bur i deira tjeld!

27 For dei forfylgjer den som du hev slege, og dei fortel um pinsla åt deim som du hev gjenomstunge.

28 Lat deim leggja syndeskuld til si syndeskuld, og lat deim ikkje koma til di rettferd!

29 Lat deim verta utstrokne or livsens bok, og ikkje verta innskrivne med dei rettferdige!

30 Men eg er ein arming full av verk, Gud, lat di frelsa berga meg!

31 Eg vil lova Guds namn med song og høglova honom med takksegjing,

32 og det skal tekkjast Herren betre enn ein ung ukse med horn og klauver.

33 Når spaklyndte ser det, vil dei gleda seg; de som søkjer Gud - må dykkar hjarta liva!

34 For Herren høyrer på dei fatige, og sine fangar vanvyrder han ikkje.

35 Himmel og jord skal lova honom, havet og alt som krek i det.

36 For Gud skal frelsa Sion og byggja byarne i Juda, og dei skal bu der og eiga deim.

37 Og avkjømet til hans tenarar skal erva deim, og dei som elskar hans namn, skal bu der.

70. salmen

1 Til songmeisteren; av David; til minnesofferet.

2 Gud, ver meg til berging! Herre, kom meg snart til hjelp!

3 Lat deim verta til skam og spott, dei som stend etter mitt liv! Lat deim vika attende og skjemmast, som hev hugnad i mi ulukka!

4 Lat deim snu for si skjemd dei som segjer: «Ha, ha!»

5 Lat deim fegnast og gleda seg i deg, alle dei som søkjer deg! Lat deim som elskar di frelsa, alltid segja: «Høglova vere Gud!»

6 For eg er arm og fatig; Gud, kom snart til meg! Du er mi hjelp og min frelsar; Herre, dryg ikkje!

71. salmen

1 Til deg, Herre, flyr eg, lat meg aldri verta til skammar!

2 Fria meg ut og berga meg ved di rettferd, bøyg ditt øyra til meg og frels meg!

3 Ver meg eit berg til å bu på, der eg alltid kann koma! Du hev påbode frelsa for meg, for du er mitt fjell og mi festning.

4 Min Gud, berga meg frå handi til den ugudlege, frå hans neve som er urettferdig og gjer valdsverk!

5 For du er den eg vonar på, Herre, Herre, den eg set mi lit til alt frå ungdomen.

6 På deg hev eg studt meg alt frå morsfanget; du er den som drog meg ut or morslivet, um deg vil eg alltid syngja min lovsong.

7 Som eit under hev eg vore for mange; men du er mi sterke borg.

8 Min munn er full av ditt lov, av di æra heile dagen.

9 Kasta meg ikkje burt i min alderdom, forlat meg ikkje når mi kraft vert til inkjes!

10 For mine fiendar hev sagt um meg, og dei som lurar på mi sjæl, legg råder i hop,

11 og segjer: «Gud hev forlate honom; forfylg honom og tak honom, for det er ingen som bergar!»

12 Gud, ver ikkje langt frå meg! Min Gud, kom meg snart til hjelp!

13 Lat deim som stend etter mitt liv, verta til skammar og ganga til grunnar! Lat deim som søkjer mi ulukka, verta klædde i spott og skam!

14 Men eg vil alltid venta, og stødt vil eg lova deg meir og meir.

15 Min munn skal fortelja um di rettferd, um di frelse all dagen, for eg veit ikkje tal på deim.

16 Eg vil koma fram med Herrens, Herrens velduge verk, eg vil forkynna di rettferd, berre di.

17 Gud, du hev lært meg upp alt frå ungdomen, og til dessa kunngjer eg dine undergjerningar.

18 Forlat meg då ikkje heller når eg vert gamall og grå, du Gud, til dess eg fær forkynna um din arm til ei onnor ætt, um di magt til kvar den som skal koma.

19 Og di rettferd, Gud, når upp til det høge, du Gud, som hev gjort store ting, kven er som du?

20 Du som hev late oss sjå mange trengslor og ulukkor, du vil gjera oss livande att og draga oss upp att or dypterne i jordi.

21 Du vil lata meg veksa og vil venda um og trøysta meg.

22 So vil eg prisa deg med harpespel, din truskap, min Gud! Eg vil syngja deg lov med cither, du Israels Heilage.

23 Mine lippor skal fegnast når eg syng deg lov, og mi sjæl, som du hev løyst ut.

24 Ogso tunga mi skal heile dagen kveda ut di rettferd, for dei hev vorte til skam og spott, dei som søkjer mi ulukka.

72. salmen

1 Av Salomo.
Gud, gjev kongen dine domar og kongssonen di rettferd!

2 Han skal døma ditt folk med rettferd og dine armingar med rett.

3 Fjelli skal bera fred for folket, og like eins haugarne, ved rettferd.

4 Han skal døma armingarne i folket, han skal frelsa borni åt den fatige og knasa valdsmannen.

5 Dei skal ottast deg so lenge soli skin, og so lenge månen lyser frå ætt til ætt.

6 Han skal koma ned som regn på nyslegen voll, lik ei regnskur som væter jordi.

7 I hans dagar skal den rettferdige bløma, og det skal vera mykje fred, alt til det ingen måne er meir.

8 Og han skal hava herredom frå hav til hav, og frå elvi til endarne av jordi.

9 Dei som bur i øydemarki, skal bøygja seg for honom, og hans fiendar skal slikka mold.

10 Kongarne frå Tarsis og øyarne skal bera fram gåvor, kongarne frå Sjeba og Seba skal koma med skatt.

11 Alle kongar skal fall ned for honom, alle folkeslag skal tena honom.

12 For han skal frelsa den fatige som ropar, og armingen som ingen hjelpar hev.

13 Han skal spara vesalmannen og den fatige, og sjælerne åt dei fatige skal han frelsa.

14 Frå trykk og vald skal han løysa deira sjæl, og dyrt skal blodet deira vera i hans augo.

15 Og han skal liva, og Sjeba-gull skal han gjeva honom, og han skal alltid beda for honom, heile dagen skal han lova honom.

16 Det skal vera ei mengd med korn i landet, på fjelltopparne, grøda skal susa som Libanonskogen, og folk blømer fram i byarne som gras på jordi.

17 Hans namn skal vara i all æva, so lenge soli skin, skal hans namn setja nye renningar, og ved honom skal dei velsigna seg, alle heidningefolk skal prisa honom sæl.

18 Lova vere Gud Herren, Israels Gud, han, den einaste som gjer under!

19 Og lova vere hans herlege namn i all æva! og all jordi verte full av hans æra! Amen, amen!

20 Ende på bønerne av David, son åt Isai.

73. salmen

1 Ein salme av Asaf.
Ja, Gud er god mot Israel, mot deim som hev eit reint hjarta.

2 Men eg - mine føter hadde so nær snåva, det skilde lite at mine stig hadde skride ut.

3 For eg harmast på dei ovmodige, når eg såg at det gjekk dei gudlause godt.

4 For dei er frie frå verk til dei døyr, og deira kropp er feit.

5 Dei veit ikkje av naud som andre folk, og dei vert ikkje plåga som andre menneskje.

6 Difor er ovmod deira halsprydnad, vald sveiper seg um deim som eit klædeplagg.

7 Augo deira glytter ut or feitt, deira hjartans tankar bryt fram.

8 Dei spottar og talar i vondskap um valdsverk, frå høgdi talar dei.

9 Dei set sin munn til himmelen, og deira tunga fer fram yver jordi.

10 Difor vendar deira folk seg til, og mykje vatn syg dei inn.

11 Og dei segjer: «Korleis skulde Gud vita noko? Finst det vel kunnskap hjå den Høgste?»

12 Sjå desse er ugudlege, og æveleg trygge veks dei i magt.

13 Ja, fåfengt hev eg reinsa mitt hjarta og tvege mine hender i uskyld,

14 eg vart like vel plåga heile dagen, og kvar morgon fekk eg tukt.

15 Dersom eg hadde sagt: «Eg vil tala soleis,» då hadde eg vore utru mot ætti av dine born.

16 Og når eg tenkte etter korleis eg skulda skyna dette, vart det for mødesamt var det for meg

17 - til dess eg gjekk inn i Guds heilagdomar og agta på deira ende.

18 Ja, på hålka set du deim; du let deim falla radt til grunns.

19 Kor dei vart øydelagde i ein augneblink! Dei gjekk under, fekk ein skræmeleg ende.

20 Som ein vanvyrder ein draum når ein vaknar, soleis vanvyrder du, Herre, deira bilæte når du vert vaken.

21 Når mitt hjarta var beiskt, og eg fekk styng i nyro,

22 då var eg uvitug og skyna inkje, eit fe var eg imot deg.

23 Men eg er alltid hjå deg, du hev gripe mi høgre hand.

24 Du vil leida meg med di råd og sidan tek du meg upp til æra.

25 Kven hev eg i himmelen? Og når du er min, hev eg ingen hug til jordi.

26 Um mitt kjøt og hjarta vert til inkjes, so er Gud æveleg mitt hjartans berg og min deil.

27 For sjå, dei som er langt burte frå deg, skal ganga til grunnar; du tyner alle som i hor gjeng frå deg.

28 Men for meg er det godt å halda meg nær til Gud, eg set mi lit til Herren, Herren, at eg må fortelja alle dine gjerningar.

74. salmen

1 Ein song til lærdom av Asaf.
Kvifor hev du, Gud, støytt oss burt til æveleg tid? Kvifor ryk din vreide mot den hjord du beiter?

2 Kom i hug din lyd som du fekk deg i fordoms tid, som du løyste ut til å vera din arvs ætt, Sions fjell der du bur.

3 Stig upp til dei ævelege øydehus! Alt hev fienden brote sund i heilagdomen.

4 Dine motstandarar hev bura midt i ditt samlingshus, dei hev sett sine merke upp til merke.

5 Det såg ut som når ein lyfter øksar og høgg i tettvakse tre.

6 Og no, alt som fanst av utskurd, det slo dei sund med øks og hamar.

7 Dei hev sett eld på heilagdomen din, reint til grunnen hev dei vanhelga bustaden for ditt namn.

8 Dei hev sagt i sitt hjarta: «Lat oss tyna deim alle i hop!» Dei hev brent upp alle Guds samlingshus i landet.

9 Våre merke ser me ikkje, det finst ingen profet lenger, og ingen hjå oss som veit kor lenge.

10 Gud, kor lenge skal motstandaren spotta, fienden vanvyrda ditt namn æveleg?

11 Kvifor dreg du di hand, di høgre hand, attende? Tak henne ut or barmen, og øydelegg!

12 Gud er då min konge frå gamall tid, som skaper frelsa midt på jordi.

13 Du skilde havet ved din styrke, du krasa hovudi til drakarne på vatnet.

14 Du slo sund hovudi til Livjatan, du gjorde honom til føda for folk i øydemarki.

15 Du let kjelda og bekk renna fram, du turka ut årgangs elvar.

16 Deg høyrer dagen til, deg høyrer og natti til, du hev laga ljosi og soli.

17 Du hev sett fast alle grensor på jordi, sumar og vinter - du hev laga deim.

18 Kom i hug dette: Fiendar hev spotta Herren, og eit dårlegt folk hev vanvyrdt ditt namn.

19 Gjev ikkje turtelduva di til den mordfuse flokken, gløym ikkje æveleg flokken av dine armingar!

20 Sjå til di pakt! for løyndekrokarne i landet er fulle av valds-bøle.

21 Lat ikkje den nedtrykte snu um med skam, lat den arme og fatige lova ditt namn!

22 Statt upp, Gud! før di sak! Kom i hug at du vert spotta av dåren heile dagen!

23 Gløym ikkje røysti åt dine fiendar, ståket frå dine motstandarar som alltid stig upp!

75. salmen

1 Til songmeisteren; «tyn ikkje»; ein salme av Asaf, ein song.

2 Me prisar deg, Gud, me prisar, og nær er ditt namn, dei fortel um dine under.

3 For «eg vil gripa den fastsette tid, eg, med rettferd vil eg døma.

4 Jordi og alle som bur der, kjem i røra, eg hev sett hennar stolpar fast.» Sela.

5 Eg segjer til skrøytarane: «Skrøyt ikkje!» og til dei ugudlege: «Reis ikkje horn!

6 Reis ikkje hornet dykkar høgt, gjer ikkje nakke og tala agelaust!»

7 For ikkje frå aust eller frå vest, og ikkje heller frå fjell-øydemarki -

8 men Gud er den som dømer, den eine nedrar han, hin høgrar han.

9 For eit staup er i Herrens hand med skumande vin, det er fullt av kryddevin, og han skjenkjer av det, ja, bermen skal dei suga til seg og drikka, alle dei ugudlege på jordi.

10 Men eg vil forkynna det æveleg, eg vil lovsyngja Jakobs Gud.

11 Og alle horni på dei ugudlege vil eg hogga av; horni på den rettferdige skal reisa seg høgt.

76. salmen

1 Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av Asaf, ein song.

2 Gud er kjend i Juda, i Israel er hans namn stort.

3 Han bygde si hytta i Salem og sin bustad på Sion.

4 Der braut han sund ljoni frå bogen, skjold og sverd og ufred. Sela.

5 Strålande er du, herleg framfor rans-bergi.

6 Dei hjarte-sterke menner hev vorte plundra, dei søv sin svevn, og ingen av kjemporne fann sine hender.

7 Ved ditt trugsmål, Jakobs Gud, vart både vogn og hest djupt svævde.

8 Du - skræmeleg er du, og kven kann standa for di åsyn når du vert vreid?

9 Frå himmelen let du høyrast dom; jordi ræddast og vart still

10 då Gud stod upp til dom, til å frelsa alle spaklyndte på jordi. Sela.

11 For manne-harm må prisa deg, med endå større harm gyrder du deg.

12 Gjer lovnad og haldt det de lova til Herren, dykkar Gud! Alle kring honom skal føra gåvor til den skræmelege.

13 Han staggar stormodet hjå hovdingar, han er skræmeleg for kongarne på jordi.

77. salmen

1 Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av Asaf.

2 Eg ropar til Gud, og eg vil skrika; eg ropar til Gud, og han vil venda øyra til meg.

3 Den Dagen eg er i naud, søkjer eg Herren, um natti retter eg ut handi, og ho vert ikkje trøytt, mi sjæl vil ikkje lata seg trøysta.

4 Eg vil koma Gud i hug og sukka, eg vil tenkja etter, og mi ånd vanmegtast. Sela.

5 Du held augo mine vakande, eg er uroleg og talar ikkje.

6 Eg tenkjer på fordoms dagar, på lengst framfarne år.

7 Eg vil koma i hug min strengleik um natti, i mitt hjarta vil eg grunda, og mi ånd vil ransaka.

8 Vil Herren æveleg støyta burt? vil han ikkje lenger visa nåde?

9 Er det for all tid ute med hans miskunn? Hev hans lovnad vorte upp i inkje frå ætt til ætt?

10 Hev Gud gløymt å vera nådig? Eller hev han i vreide stengt for sin godhug? Sela.

11 Eg segjer: Dette er mi plåga, det er år frå høgre handi til den Høgste.

12 Eg vil forkynna Herrens gjerningar, for eg vil minnast dine under frå fordoms tid.

13 Og eg vil tenkja etter alt ditt verk, og på dine store gjerningar vil eg grunda.

14 Gud, i heilagdom er din veg, kven er ein gud, stor som Gud?

15 Du er den Gud som gjer under; du hev kunngjort din styrke millom folkeslagi.

16 Du hev løyst ditt folk ut med velde, borni åt Jakob og Josef. Sela

17 Vatni såg deg, Gud, vatni såg deg og bivra, ja, djupi skalv.

18 Skyerne gav vatn, himmelen dunde, ja, dine piler flaug ikring.

19 Di tora dunde i kvervelstormen, eldingar lyste upp jordriket, jordi skalv og riste.

20 I havet gjekk din veg, og dine stigar gjenom store vatn, og dine fotspor vart ikkje kjende.

21 Du førde ditt folk som ei hjord ved handi åt Moses og Aron.

78. salmen

1 Ein song til lærdom av Asaf.
Lyd, mitt folk, på læra mi, legg øyra til det munnen min talar!

2 Eg vil opna min munn med fyndord, eg vil lata gåtor frå gamall tid strøyma ut.

3 Det me hev høyrt og veit, og det våre feder hev fortalt oss,

4 det vil me ikkje dylja for deira born, men fortelja Herrens pris for den komande ætti, og hans styrke og hans under, som han hev gjort.

5 Han hev sett upp eit vitnemål i Jakob, og ei lov hev han lagt i Israel, som han baud våre feder, til å kunngjera deim for borni,

6 so den komande ætti, dei born som skulde verta fødde, kunde kjenna deim, at dei kunde koma fram og fortelja um deim til sine born,

7 og setja si von til Gud, og ikkje gløyma Guds verk, men taka vare på hans bodord,

8 og ikkje vera som deira feder, ei tver og tråssug ætt, ei ætt som ikkje gjorde sitt hjarta fast, og som i si ånd ikkje var trufast mot Gud.

9 Efraims born, dei væpna bogeskyttarar, dei snudde på stridsdagen.

10 Dei heldt ikkje Guds pakt og vilde ikkje ferdast i hans lov.

11 Og dei gløymde hans storverk og hans under som han hadde synt deim.

12 For deira feder hadde han gjort under i Egyptarlandet på Soans mark.

13 Han kløyvde havet og let deim ganga igjenom, og let vatnet standa som ein haug.

14 Og han leidde deim med skyi um dagen, og heile natti ved elds ljos.

15 Han kløyvde berg i øydemarki og let deim drikka som av store vatsdjup.

16 Og han let bekkjer koma or fjellet og fekk vatn til å renna ned som elvar.

17 Men dei heldt endå på og synda imot honom, og var tråssuge mot den Høgste i øydemarki.

18 Og dei freista Gud i sitt hjarta, so dei kravde mat for si lyst.

19 Og dei tala imot Gud, dei sagde: «Kann vel Gud duka bord i øydemarki?

20 Sjå, han slo i berg, so vatn rann ut, og bekkjer fløymde. Tru han og kann gjeva brød, eller koma med kjøt til sitt folk?»

21 Difor, då Herren høyrde det, vart han harm, og eld loga upp mot Jakob, og vreide reiste seg mot Israel;

22 for dei trudde ikkje på Gud og leit ikkje på hans frelsa.

23 Og han gav skyerne ovantil, og himmelportarne let han upp.

24 Og han let manna regna yver deim til føda, og himmelkorn gav han deim.

25 Englebrød fekk menneskje eta, nista sende han deim til mette.

26 Han let austanvinden fara ut i himmelen, og han førde sunnanvinden fram ved si magt.

27 Og han let kjøt regna yver deim som dust, og fljugande fuglar som havsens sand,

28 og han let deim falla ned midt i deira læger, kringum deira bustader.

29 Og dei åt og vart ovleg mette, og det dei hadde hug på, let han deim få.

30 Dei var ikkje komne burt frå si lyst, endå hadde dei maten i munnen,

31 då steig Guds vreide upp imot deim, og han drap deira sterke menner hjå deim, og Israels ungdomar slo han ned.

32 Med alt dette synda dei endå, og dei trudde ikkje på hans under.

33 Og han let deira dagar kverva i fåfengd, og deira år i rædsla.

34 Når han slo deim ned, då spurde dei etter honom, og vende um og søkte Gud,

35 og kom i hug at Gud var deira berg og den høgste Gud var deira atterløysar.

36 Men dei gjølte for honom med sin munn, og laug for honom med si tunga.

37 Og deira hjarta hekk ikkje fast ved honom, og dei var ikkje true mot hans pakt.

38 Men han er miskunnsam, han forlet skuld og tyner ikkje, og mange gonger let han sin vreide venda um, og han vakte ikkje heile sin harm.

39 Og han kom i hug at dei var kjøt, ein andepust som kverv og ikkje kjem att.

40 Kor ofte dei tråssa honom i øydemarki og gjorde honom sorg i audni!

41 Og dei freista atter Gud og krenkte Israels Heilage.

42 Dei kom ikkje handi hans i hug, eller den dagen då han fria deim frå fienden,

43 då han gjorde sine teikn i Egyptarland, og sine undergjerningar på Soans mark.

44 Og han gjorde deira elvar til blod, og sine rennande vatn kunde dei ikkje drikka.

45 Han sende imot deim flugesvermar som åt deim upp, og froskar som tynte deim.

46 Og han gav deira grøda til gnagaren og deira arbeid til grashoppen.

47 Han slo deira vintre ned med hagl og deira morbærtre med haglsteinar.

48 Og han gav deira fe til haglet og deira hjorder til eldingarne.

49 Han sende på deim sin brennande vreide, sinne og harm og trengsla, ei sending av uferds-englar.

50 Han braut veg for sin vreide, han sparde ikkje deira sjæl for dauden, og deira liv gav han til sotti.

51 Og han slo alle fyrstefødde i Egyptarland, fyrstegrøda av dei sterke i Khams tjeld.

52 Og han let sitt folk fara av stad som sauer, og førde deim som ei hjord i øydemarki.

53 Og han leidde deim trygt, og dei ræddast ikkje, men havet løynde deira fiendar.

54 Og han førde deim til sitt heilage landmerke, det fjell som hans høgre hand hadde vunne.

55 Og han dreiv ut heidningar for deim, og let deira land falla til deim som arv, og let Israels ætter bu i deira tjeld.

56 Men dei freista Gud, den Høgste, og tråssa honom, og hans vitnemål agta dei ikkje på.

57 Og dei veik av og var utrugne som deira feder, dei vende um som ein veik boge.

58 Dei harma honom med sine haugar og eggja honom med sine avgudar.

59 Gud høyrde det og vart vreid, og han vart svært leid av Israel.

60 Og han gjekk burt frå sin bustad i Silo, det tjeld han hadde slege upp millom menneskje.

61 Og han let sin styrke verta førd burt som fange, og gav si æra i fiendehand.

62 Og han gav sitt folk til sverdet, og på sin arv harmast han.

63 Eld åt deira unge menner, og deira møyar fekk ingen bruresong.

64 Deira prestar fall for sverdet, og deira enkjor fekk ikkje syrgja

65 Då vakna Herren som ein sovande, som ei kjempa frå rus av vin.

66 Og han slo sine fiendar attende, og han førde yver deim æveleg skam.

67 Og han støytte burt Josefs tjeld, og Efraims ætt valde han ikkje ut.

68 Men han valde Judas ætt, Sions fjell som han elska.

69 Og han bygde sin heilagdom som høge fjell, liksom jordi som han hev grunnfest til æveleg tid.

70 Og han valde ut David, sin tenar, og tok honom frå sauegrindarne.

71 Han førde honom frå lambsauerne som han fylgde, til å gjæta Jakob, sitt folk, og Israel, sin arv.

72 Og han gjætte deim etter sitt ærlege hjarta, og med si kloke hand leidde han deim.

79. salmen

1 Ein salme av Asaf.
Gud, heidningar er komen inn i arven din, dei hev gjort ditt heilage tempel ureint, dei hev gjort Jerusalem til steinhaugar.

2 Dei hev gjeve liki av dine tenarar til føda for fuglarne under himmelen, kjøtet av dine trugne til landsens villdyr.

3 Dei hev rent ut deira blod som vatn kringum Jerusalem, og det var ingen som jorda deim.

4 Me hev vorte til spott for våre grannar, til hæding og lått for deim som bur ikring.

5 Kor lenge, Herre, vil du æveleg vera vreid? Kor lenge skal din brennhug loga som eld?

6 Renn din harme ut yver heidningarne som ikkje kjenner deg, og yver dei kongerike som ikkje kallar på ditt namn!

7 For dei hev ete upp Jakob, og hans bustad hev dei øydelagt.

8 Kom ikkje i hug mot oss synderne åt våre forfeder, lat di miskunn snart koma imot oss, for me er svært utmødde!

9 Hjelp oss, du vår Frelse-Gud, for ditt namns æra skuld! og frels oss og forlat oss våre synder for ditt namn skuld!

10 Kvifor skal heidningarne segja: «Kvar er deira Gud?» Lat det for våre augo verta kjent millom heidningarne, at det kjem hemn yver det utrende blodet av dine tenarar!

11 Lat sukken frå den bundne koma for di åsyn! So sterk som armen din er, spar daudens born!

12 Gjev våre grannar sjufald att i deira fang den spott som dei hev spotta deg med, Herre!

13 Og me, ditt folk og den hjord du beiter, me vil lova deg æveleg, frå ætt til ætt vil me kunngjera din pris.

80. salmen

1 Til songmeisteren, etter «Liljor»; eit vitnemål av Asaf, ein salme.

2 Du Israels hyrding, vend øyra til! du som fører Josef som ei hjord, du som tronar yver kerubarne, syn deg herleg!

3 Vekk upp ditt velde for Efraim og Benjamin og Manasse, og kom oss til hjelp!

4 Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!

5 Herre Gud, Allhers drott! Kor lenge du frøser av harm, endå folket ditt bed!

6 Du gav deim tårebrød til å eta og tåror til å drikka i fullt mål.

7 Du sette oss til eit trættemål for våre grannar, og våre fiendar spottar seg imillom.

8 Gud, allhers drott, reis oss upp att og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!

9 Eit vintre flutte du frå Egyptarland, du dreiv heidningar ut og planta det.

10 Du rudde rom for det, og det feste rot og fyllte landet.

11 Fjell vart løynde av skuggen frå det, og Guds cedrar av greinerne.

12 Det strekte sine greiner ut til havet, og sine renningar burt imot elvi.

13 Kvi hev du rive ned gardarne ikring det, so alle som gjeng framum på vegen, plukkar av det?

14 Svinet frå skogen gneg på det og dyri på marki beitar i det.

15 Gud, allhers drott, vend um att! skoda ned frå himmelen og sjå og vitja ditt vintre!

16 og verna um det som di høgre hand hev planta, og um den son du hev valt deg ut!

17 Det er brent med eld, det er avhogge, for trugsl frå ditt andlit gjeng dei til grunnar.

18 Haldt di hand yver mannen ved di høgre hand, yver menneskjesonen som du hev valt deg ut,

19 so vil me ikkje vika frå deg! Gjer oss levande att, so vil me kalla på ditt namn!

20 Herre Gud, allhers drott, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!

81. salmen

1 Til songmeisteren, etter Gittit; av Asaf.

2 Syng med fagnad for Gud, vår styrke! Ropa med gleda for Jakobs Gud!

3 Set i med song, og lat trumma høyrast, den væne cither med harpa!

4 Blås i lur ved nymåne, ved fullmåne på vår høgtidsdag!

5 For det er ei lov for Israel, ein rett for Jakobs Gud.

6 Han sette det til eit vitnemål i Josef då han drog ut gjenom Egyptarland. - Eit mål som eg ikkje kjende, høyrde eg:

7 «Eg løyste hans oksl frå byrdi, hans hender vart frie frå berekorgi.

8 I trengsla ropa du, og eg fria deg ut, eg svara deg, løynd i toresky, eg prøvde deg ved Meribavatni. Sela.

9 Høyr, mitt folk, so vil eg vitna for deg! Israel, gjev du vilde høyra på meg!

10 Det skal ikkje finnast nokon annan gud hjå deg, og du skal ikkje tilbeda ein framand gud.

11 Eg er Herren, din Gud, som førde deg upp frå Egyptarland, lat munnen vidt upp, at eg kann fylla honom!

12 Men folket mitt høyrde ikkje på mi røyst, og Israel vilde ikkje lyda meg.

13 So let eg deim fara med sitt harde hjarta, at dei kunde ganga i sine eigne råder.

14 Gjev mitt folk vilde høyra på meg, gjev Israel vilde vandra på mine vegar!

15 Snart skulde eg då bøygja deira fiendar, eg skulde venda mi hand imot deira motstandarar.

16 Dei som hatar Herren, skulde høla honom, og deira tid skulde vara æveleg.

17 Og eg skulde føda honom med den beste kveite, og frå berget skulde eg metta deg med honning.»

82. salmen

1 Ein salme av Asaf.
Gud stend i Guds samling; midt imillom gudar held han dom:

2 «Kor lenge vil de døma rangt og halda med dei ugudlege? Sela.

3 Døm den ringe og farlause! Lat armingen og den fatige få sin rett!

4 Berga den ringe og fatige, frels han frå handi åt dei ugudlege!

5 Dei veit inkje og skynar inkje, dei ferdast i myrker; alle grunnvollar til jordi ruggar.

6 Eg hev sagt: «De er gudar, søner til den Høgste er de alle.»

7 Men sanneleg, som menneskje skal de døy, og som ein av hovdingarne skal de falla.»

8 Statt upp, Gud, haldt dom yver jordi! For du eig alle heidningar.

83. salmen

1 Ein song, ein salme av Asaf.

2 Gud, teg ikkje! haldt deg ikkje still og roleg, Gud!

3 For sjå, dine fiendar bråkar, og dei som hatar deg, lyfter hovudet!

4 Mot ditt folk legg dei sløge råder, og dei samråder seg mot deim som du tek vare på.

5 Dei segjer: «Kom, lat oss rydja deim ut, so dei ikkje lenger er eit folk! og Israels namn skal ingen meir koma i hug!»

6 For dei hev av hjarta samrådt seg, mot deg gjeng dei i pakt.

7 Edoms tjeld og ismaelitarne, Moab og hagarenarne,

8 Gebal og Ammon og Amalek, Filistarland med deim som bur i Tyrus.

9 Ogso Assur hev gjenge i lag med deim, han låner sin arm til Lots søner. Sela.

10 Gjer med deim som med Midjan! som med Sisera, som med Jabin ved Kisons bekk!

11 Dei vart øydelagde ved En-Dor, dei vart til møk på marki.

12 Far med deim, deira fremste menner, som med Oreb og Ze’eb, og med alle deira hovdingar som med Zebah og Salmunna!

13 deim som segjer: «Lat oss hertaka Guds bustader!»

14 Min Gud, gjer deim som ein dustkvervel, som agner for vinden!

15 Lik ein eld som brenn ein skog, lik ein loge som set eld på fjell,

16 soleis forfylgje du deim med din storm og skræme deim med ditt uver!

17 Fyll deira andlit med skam, at dei må søkja ditt namn, Herre!

18 Lat deim skjemmast og skræmast æveleg og alltid, lat dei verta skjemde og ganga til grunnar!

19 Og lat deim få vita, at einast du hev namnet Herre, den Høgste yver heile jordi!

84. salmen

1 Til songmeisteren, etter Gittit; av Korahs born, ein salme.

2 Kor elskelege dine bustader er, Herre, allhers drott!

3 Mi sjæl lengtar, ja naudstundar etter Herrens fyregardar; mitt hjarta og mitt kjøt ropar av fagnad til den livande Gud.

4 Sporven hev og funne seg eit hus, og svala eit reir der ho hev lagt sine ungar - dine altar, Herre, allhers drott, min konge og min Gud!

5 Sæle er dei som bur i ditt hus! dei skal alltid lova deg. Sela.

6 Sæl er den mann som hev sin styrke i deg, dei som hev hug til å fara dei jamne vegar.

7 Når dei fer gjenom tåredalen, gjer dei honom til ein kjeldevang, ja, tidlegt regn legg velsigning yver honom.

8 Dei gjeng frå kraft til kraft, dei stig fram for Gud på Sion.

9 Herre Gud, allhers drott, høyr mi bøn! Vend øyra til, Jakobs Gud! Sela.

10 Gud, vår skjold, sjå hit og skoda andlitet til honom du hev salva!

11 For ein dag i dine fyregardar er betre enn tusund andre; eg vil heller standa ved dørstokken i min Guds hus enn bu i tjeldi til gudløysa.

12 For Gud Herren er sol og skjold, nåde og ære gjev Herren, han held ikkje undan noko godt frå deim som ferdast i uskyld.

13 Herre, allhers drott, sæl er den mann som set si lit til deg!

85. salmen

1 Til songmeisteren; av Korahs born, ein salme.

2 Herre, du hev vore nådig mot landet ditt, du hev gjort vending i Jakobs fangeskap.

3 Du hev teke burt ditt folks skuld, du hev breidt yver alle deira synder. Sela.

4 Du hev teke burt all din harm, du hev vendt deg frå din brennande vreide.

5 Vend um til oss, vår Frelse-Gud, og gjer ende på din uvilje imot oss!

6 Vil du æveleg vera vreid på oss? Vil du lata din vreide vara frå ætt til ætt?

7 Vil ikkje du gjera oss livande att, so ditt folk kann gleda seg i deg?

8 Herre, lat oss sjå di miskunn, og gjev oss di frelsa!

9 Eg vil høyra kva Gud Herren talar, for han talar fred til sitt folk og til sine trugne - berre dei ikkje vender um att til dårskap.

10 Ja, hans frelsa er nær deim som ottast honom, so herlegdom skal bu i vårt land.

11 Miskunn og truskap skal møta kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre.

12 Truskap skal renna upp av jordi, og rettferd skoda ned frå himmelen.

13 Herren skal og gjeva det som gode, og vårt land skal gjeva si grøda.

14 Rettferd skal ganga fyre honom og gjera hans fotspor til sin veg.

86. salmen

1 Ei bøn av David.
Herre, bøyg ditt øyra, svara meg! for arm og fatig er eg.

2 Tak vare på mi sjæl, for eg er gudleg. Frels din tenar, du min Gud, han som lit på deg!

3 Ver meg nådig, Herre! For til deg ropar eg heile dagen.

4 Gled din tenars sjæl! For til deg, Herre, lyfter eg mi sjæl.

5 For du, Herre, er god og viljug til forlating, og rik på miskunn for alle deim som kallar på deg.

6 Herre, vend øyra til mi bøn, og merka på mi bønerøyst!

7 Den dag eg er i naud, ropar eg på deg, for du svarar meg.

8 Ingen er som du millom gudarne, Herre, og ingi verk er som dine.

9 Alle heidningar som du hev skapt, skal koma og tilbeda for di åsyn, Herre, og dei skal æra ditt namn.

10 For du er stor og gjer undergjerningar, du er Gud og ingen annan.

11 Lær meg, Herre, din veg, eg vil ferdast i di sanning; sameina mitt hjarta til å ottast ditt namn!

12 Eg vil prisa deg, Herre min Gud, av alt mitt hjarta, og eg vil æra namnet ditt æveleg.

13 For di miskunn er stor yver meg, og du hev frelst mi sjæl frå den djupe helheimen.

14 Gud, stormodige hev reist seg imot meg, og ein flokk av valdsmenner stend etter livet mitt, og dei hev ikkje deg for auga.

15 Men du, Herre, er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og truskap.

16 Vend deg til meg og ver meg nådig, gjev din tenar styrken din, og frels son åt di tenestkvinna!

17 Gjer eit teikn med meg til det gode, at dei som hatar meg, må sjå det og skjemmast, av di du, Herre, hev hjelpt meg og trøysta meg.

87. salmen

1 Av Korahs born; ein salme, ein song.
Det som han hev grunnfest på dei heilage fjelli,

2 Sions portar elskar Herren mest av alle Jakobs bustader.

3 Herlege ting er sagde um deg, du Guds by. Sela.

4 «Eg vil nemna Rahab og Babel millom deim som kjenner meg; sjå Filistaren, Tyrus og Kusj: Denne er fødd der.»

5 Og um Sion skal det verta sagt: «Kvar ein er fødd der», og han, den Høgste, gjer det fast.

6 Herren skal telja soleis, når folki vert uppskrivne: «Denne er fødd der.» Sela.

7 Og dei som syng og dei som dansar, skal segja: «Alle mine kjeldor er i deg.»

88. salmen

1 Ein song, ein salme av Korahs born. Til songmeisteren; etter Mahalat leannot; ein song til lærdom av ezrahiten Heman.

2 Herre, min Frelse-Gud! Dag og natt ropar eg framfyre deg.

3 Lat mi bøn koma for di åsyn, bøyg ditt øyra til mitt klagerop!

4 For mi sjæl er mett av ulukkor, og mitt liv er kome nær til helheimen.

5 Eg er rekna lik deim som fer ned i gravi, eg er som ein mann utan livskraft.

6 Eg er forlaten millom dei daude, som dei ihelslegne som ligg i gravi, som du ikkje meir kjem i hug, då dei er avskorne frå di hand.

7 Du hev lagt meg i den djupe hola, i myrkrer, i ovdjup.

8 Din harm kvilar tungt på meg, og med alle dine bylgjor trengjer du meg. Sela.

9 Du hev drive mine kjenningar langt burt frå meg, du hev gjort meg til ein styggedom for deim, eg er innestengd og kann ikkje koma ut.

10 Mitt auga hev vanmegtast av liding, eg hev kalla på deg kvar dag, Herre, eg hev rett ut mine hender til deg.

11 Gjer du vel under for dei daude? eller vil skuggar stand upp og lova deg? Sela.

12 Tru dei i gravi fortel um di miskunn, og um di truskap i avgrunnen?

13 Vert dine under kjende i myrkret, og di rettferd i gløymelandet?

14 Men eg ropar til deg, Herre, og um morgonen kjem mi bøn imot deg.

15 Kvifor, Herre, støyter du burt mi sjæl? Kvifor løyner du ditt andlit for meg?

16 Arm er eg og døyande frå ungdomen av, eg ber dine rædslor, eg lyt gjeva meg yver.

17 Logarne av din harm hev gjenge yver meg, dine skræmor hev gjort meg til inkjes.

18 Dei hev ringa seg um meg som vatn all dagen, dei hev i samlag kringsett meg.

19 Du hev drive langt burt frå meg ven og næste, mine kjenningar er myrkret.

89. salmen

1 Ein salme til lærdom av ezrahiten Etan.

2 Um Herrens miskunns verk vil eg æveleg syngja frå ætt til ætt vil eg med min munn forkynna hans truskap.

3 For eg segjer: Æveleg vert miskunn uppbygd, i himmelen gjer du din truskap fast.

4 «Eg hev gjort ei pakt med min utvalde, eg hev svore for David, tenaren min:

5 «Æveleg vil eg grunnfesta ditt avkjøme, og eg vil byggja din kongsstol frå ætt til ætt.»» Sela.

6 Og himmelen prisar di undergjerning, Herre, og din truskap fær pris i samlingi av dei heilage.

7 For kven i dei høge skyer likjest Herren? Kven er lik Herren millom gudesøner?

8 Ein Gud som er ovskræmeleg i løynderådet til dei heilage, og til rædsla for alle som er ikring honom.

9 Herre, allhers drott, kven er sterk som du, Herre? Og din truskap er kringum deg.

10 Du råder yver havsens ovmod; når bylgjorne i det reiser seg, stiller du deim.

11 Du hev slege Rahab sund som ein ihelslegen, med din sterke arm hev du spreidt dine fiendar.

12 Himmelen er din, og jordi er di; jordriket og alt som er i det, hev du grunnlagt.

13 Nord og sud hev du skapt; Tabor og Hermon fegnast i ditt namn.

14 Du hev ein arm med velde; sterk er di hand, høg er di høgre hand.

15 Rettferd og rett er grunnvoll for din kongsstol; miskunn og truskap gjeng fyre di åsyn.

16 Sælt er det folk som kjenner til glederop; i ljoset frå ditt andlit skal dei ferdast.

17 I ditt namn fegnast dei all dagen, og ved di rettferd vert dei upphøgde.

18 For du er prydnaden i deira styrke, og ved din godhug lyfter du upp vårt horn.

19 For Herren høyrer vår skjold til, og vår konge til Israels Heilage.

20 Den gong tala du i ei syn til dine trugne og sagde: «Eg hev lagt hjelp i handi på ein veldug, eg hev upphøgt ein ungdom av folket.

21 Eg hev funne David, tenaren min, med min heilage olje hev eg salva honom.

22 Mi hand skal alltid vera med honom, og min arm skal styrkja honom.

23 Fienden skal ikkje trengja honom, og den urettferdige skal ikkje kua honom.

24 Men eg vil krasa hans motstandarar for hans åsyn, og slå deim som hatar honom.

25 Og min truskap og mi miskunn skal vera med honom, og i mitt namn skal hans horn verta upplyft.

26 Eg vil leggja hans hand på havet og hans høgre hand på elvarne.

27 Han skal ropa til meg: «Du er min far, min Gud og mitt frelse-fjell!»

28 Og eg vil setja honom til den fyrstefødde, til den høgste av kongarne på jordi.

29 Mi miskunn imot honom vil eg æveleg halda ved lag, og mi pakt skal standa fast for honom.

30 Og eg vil halda uppe hans avkjøme til æveleg tid, og hans kongsstol so lenge himmelen varer.

31 Dersom hans born forlet mi lov og ikkje vandrar etter mine domar,

32 dersom dei bryt mine bodord og ikkje held mine fyresegner,

33 då vil eg heimsøkja deira misgjerd med ris og deira skuld med plågor.

34 Men mi miskunn vil eg ikkje taka frå honom, og ikkje vil eg svika i min truskap.

35 Eg vil ikkje brjota mi pakt og ikkje brigda ordi frå mine lippor.

36 Eitt hev eg svore ved min heilagdom, sanneleg, for David vil eg ikkje ljuga.

37 Hans avkjøme skal vera til æveleg tid, og hans kongsstol som soli for mi åsyn.

38 Som månen skal han standa æveleg, og vitnet i skyi er trufast.» Sela.

39 Og du hev støytt burt og forsmått, du hev vorte harm på den du hev salva.

40 Du hev rist av deg pakti med din tenar, du hev skjemt hans kruna og kasta henne på jordi.

41 Du hev brote ned alle murarne hans, du hev gjort hans festningar til grusdungar.

42 Alle som fer fram på vegen, plundrar honom, han hev vorte til spott for grannarne sine.

43 Du hev upphøgt den høgre hand til hans motstandarar, du hev gjort alle hans fiendar glade.

44 Du hev og late og hans sverdsegg vika, og hev ikkje halde honom uppe i striden.

45 Du hev gjort ende på hans glans og kasta hans kongsstol til jordi.

46 Du hev korta av hans ungdoms dagar, du hev lagt skam yver honom. Sela.

47 Kor lenge, Herre, vil du løyna deg æveleg? Kor lenge skal din harm brenna som eld?

48 Kom då i hug kor stutt mitt liv er, og kor forgjengelege du hev skapt alle menneskjeborn.

49 Kven fær vel liva og ikkje sjå dauden? Kven friar si sjæl frå helheims vald? Sela.

50 Herre, kvar er dine nådegjerningar frå fordoms tid, som du med eid lova David i din truskap?

51 Herre, kom i hug den skam som ligg yver dine tenarar, at eg må bera i fanget alle dei mange folk,

52 at dine fiendar spottar, Herre, at dei spottar hans fotspor som du hev salva.

53 Lova vere Herren æveleg! Amen, amen!

90. salmen

1 Ei bøn av gudsmannen Moses.
Herre, du hev vore ei livd for oss frå ætt til ætt.

2 Fyrr fjelli vart til, og du skapte jordi og heimen, ja frå æva og til æva er du Gud.

3 Du let menneskja venda um til dust og segjer: «Vend um att, de menneskjeborn!»

4 For tusund år er i dine augo som dagen i går når han lid, som ei vakt um natti.

5 Du riv deim burt som i flaum, dei vert som ein svevn, um morgonen er dei som groande graset;

6 um morgonen blømer det og gror, um kvelden visnar det burt og turkast upp.

7 For me hev forgjengest ved din vreide, og ved din harm er me burtskræmde.

8 Du hev sett våre misgjerder for augo dine, vår løynde synd i ljoset frå di åsyn.

9 For alle våre dagar er framfarne i din vreide, me hev livt våre år til ende som ein sukk.

10 Vår livstid, ho varer sytti år, og når der er mykje kraft, åtteti år, og jamvel det stoltaste er møda og fåfengd, for snart er det framfare, og me flaug burt.

11 Kven kjenner styrken i din vreide og din harm, soleis som ein bør ottast deg?

12 Å telja våre dagar, det lære du oss, at me kann få visdom i hjarta.

13 Vend um, Herre! Kor lenge? Og lat det gjera deg vondt for tenarane dine!

14 Metta oss med di miskunn når morgonen renn, so vil me fegnast og gleda oss alle våre dagar!

15 Gled oss etter dei dagar du hev bøygt oss, etter dei år me hev set ulukka!

16 Lat di gjerning syna seg for tenarane dine og din herlegdom yver deira born!

17 Og Herren, vår Guds ynde vere yver oss, og det våre hender gjer, gjeve du framgang for oss, ja, det våre hender gjer, det gjeve du framgang!

91. salmen

1 Den som sit i gøymsla hjå den Høgste, den som bur i skuggen hjå den Allmegtige,

2 han segjer til Herren: «Mi livd og mi borg, min Gud som eg set mi lit til.»

3 For han frelser deg frå snara til fuglefangaren, frå tynande sott.

4 Med sine fjører løyner han deg, og under hans vengjer finn du livd; skjold og vern er hans truskap.

5 Du skal ikkje ræddast for skræmsl um natti, for pil som flyg um dagen,

6 for pest som fer fram i myrker, for sott som tyner um middagen.

7 Um tusund fell attmed sida di, og ti tusund attmed di høgre hand, so skal det ikkje nå til deg.

8 Du skal berre skoda det med augo dine, og sjå korleis dei ugudlege fær si løn.

9 «For du, Herre, er mi livd,» segjer du. Den Høgste hev du gjort til din bustad.

10 Inkje vondt skal timast deg, og ingi plåga skal koma nær til ditt tjeld.

11 For han skal bjoda sine englar um deg, at dei skal vara deg på alle dine vegar.

12 Dei skal bera deg på hender, so du ikkje skal støyta foten din på nokon stein.

13 På løva og eiterorm skal du treda, du skal trakka ned ungløvor og drakar.

14 «Av di han heng fast ved meg, vil eg fria honom ut; eg vil frelsa honom, av di han kjenner mitt namn.

15 Han skal kalla på meg, og eg skal svara honom, eg er med honom i naud, eg vil fria honom ut og føra honom til æra.

16 Med eit langt liv vil eg metta honom og lata honom sjå mi frelsa.»

92. salmen

1 Ein salme, ein song til kviledagen.

2 Det er godt å prisa Herren, og å syngja ditt namn lov, du Høgste,

3 å kunngjera di miskunn um morgonen og din truskap um næterne,

4 med tistrengs-cither og med harpa, med tankefullt spel på cither.

5 For du hev gledt meg, Herre, med ditt verk, og eg vil fegnast yver det dine hender hev gjort.

6 Kor store dine gjerningar er, Herre! Ovdjupe er dine tankar.

7 Ein uvitug mann kjenner ikkje til det, og ein dåre skynar det ikkje.

8 Når dei ugudlege grønkar som gras, og alle illgjerningsmenner blømer, so er det til deira tyning til æveleg tid.

9 Men du, Herre, er høg i all æva.

10 For sjå dine fiendar, Herre - for sjå, dine fiendar skal forgangast, alle illgjerningsmenner vert spreidde.

11 Du lyfter upp mitt horn som hornet til villuksen, frisk olje er rent yver meg.

12 Og mitt auga skal sjå med lyst på mine fiendar, og øyro mine høyra um dei vonde som stend upp imot meg.

13 Den rettferdige skal renna upp som palmetreet, som ceder på Libanon skal han veksa.

14 Dei er planta i Herrens hus og skal grønka i Guds fyregardar.

15 Endå i høg alder skyt dei friske renningar, dei er groande og grønkande

16 til å forkynna at Herren er rettvis, han, mitt berg, og at det ingen urett er i honom.

93. salmen

1 Herren er konge, han hev klædt seg i høgd; Herren hev klædt seg, han hev gyrdt seg med styrke, jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka.

2 Fast er din kongsstol frå fordoms tid, frå æva er du.

3 Straumar hev lyft, Herre, straumar hev lyft si røyst, straumar lyfter upp sin dur.

4 Men meir enn duren av dei store vatn, dei herlege, havbroti, er Herren herleg i det høge.

5 Dine vitnemål er ovleg trufaste; heilagdom høver for huset ditt, Herre, so lenge som dagarne varer.

94. salmen

1 Herre, du hemns Gud, du hemns Gud, syn deg i herlegdom!

2 Statt upp, du domar yver jordi, lat dei ovmodige få lika for si gjerning!

3 Kor lenge skal ugudlege, Herre, kor lenge skal ugudlege fegnast?

4 Dei gøyser or seg og fører skamlaus tale; dei skrøyter, alle ugjerningsmenner.

5 Ditt folk, Herre, krasar dei, og din arv plågar dei.

6 Enkja og den framande slær dei i hel, og dei myrder dei farlause.

7 Og dei segjer: «Herren ser ikkje, og Jakobs Gud merkar det ikkje.»

8 Merka då, de uvituge i folket! Og de vitlause, når vil de taka til vitet?

9 Han som hev sett inn øyra, skulde han ikkje høyra? Han som hev laga til auga, skulde han ikkje sjå?

10 Han som tuktar heidningar, skulde han ikkje refsa, han som gjev menneski kunnskap?

11 Herren kjenner mannsens tankar, at dei er fåfengd.

12 Sæl er den mann som du, Herre, tuktar, og som du gjev lærdom or lovi di,

13 til å gjeve honom ro for vonde dagar, til dess det vert grave ei grav for den ugudlege.

14 For ikkje støyter Herren burt sitt folk, og arven sin forlet han ikkje.

15 For domen skal venda um att til rettferd, og alle ærlege i hjarta skal halda med honom.

16 Kven stend upp for meg imot dei vonde? Kven stig fram for meg mot deim som gjer urett?

17 Dersom ikkje Herren var mi hjelp, so vilde sjæli mi snart bu i stilla.

18 Når eg segjer: «Foten min er ustød, då held di miskunn meg uppe, Herre.»

19 Når det kjem mange tunge tankar i mitt hjarta, då huggar dine trøystarord mi sjæl.

20 Er vel tynings-domstolen i samlag med deg, der dei lagar urett i hop til rett?

21 Dei flokkar seg i hop mot sjæli åt den rettferdige, og dei fordømer uskuldigt blod.

22 Då vert Herren ei borg for meg, og min Gud vert eit berg som eg flyr til.

23 Og han let deira urett koma attende yver deim, og for deira vondskap skal han gjera ende på deim, ja, Herren, vår Gud, skal gjera ende på deim.

95. salmen

1 Kom, lat oss fegnast for Herren, lat oss ropa av frygd for vårt frelse-berg!

2 Lat oss stiga fram for hans åsyn med lovsong, lat oss syngja vår fagnad for honom i salmar!

3 For ein stor Gud er Herren og ein stor konge yver alle gudar,

4 han som i si hand hev det djupaste av jordi, og som eig topparne av fjelli.

5 Han eig havet, for han hev skapt det, og turrlendet hev hans hender laga.

6 Kom, lat oss falla ned og bøygja oss, lat oss bøygja kne for Herren, vår skapar!

7 For han er vår Gud, og me er det folk han føder, og den hjord som handi hans leider. Å, vilde de høyra på hans røyst i dag!

8 Forherd ikkje dykkar hjarta som ved Meriba, som på Massa-dagen i øydemarki,

9 der federne dykkar freista meg! Dei prøvde meg, endå dei hadde set mi gjerning.

10 I fyrti år var eg leid av den ætti, og eg sagde: «Dei er eit folk med villfarande hjarta, og dei kjenner ikkje vegarne mine.»

11 So svor eg i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.»

96. salmen

1 Syng Herren ein ny song, syng for Herren, all jordi!

2 Syng for Herren, lova hans namn, forkynn frå dag til dag hans frelsa!

3 Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!

4 For Herren er stor og mykje lovsungen, skræmeleg er han framfor alle gudar.

5 For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.

6 Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og prydnad i hans heilagdom.

7 Gjev Herren, de folke-ætter, gjev Herren æra og magt!

8 Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom i hans fyregardar!

9 Tilbed Herren i heilagt skrud, skjelv for hans åsyn, all jordi!

10 Seg millom heidningarne: «Herren er konge, og jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka; han dømer folki med rettvisa.»

11 Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, havet dure og alt som i det er!

12 Marki frygde seg og alt det som på marki er! Då fegnast alle tre i skogen

13 for Herrens åsyn; for han kjem, for han kjem til å døma jordi; han skal døma jordriket med rettferd og folki i sin truskap.

97. salmen

1 Herren er konge; jordi fagne seg, mange øyar glede seg!

2 Skyer og myrker er kringum honom, rettferd og rett er grunnvoll for hans kongsstol.

3 Eld gjeng framfyre honom og brenner hans motstandarar rundt ikring.

4 Hans eldingar lyser upp heimen; jordi ser det og skjelv.

5 Bergi brånar som voks for Herren, for Herren yver all jordi.

6 Himmelen forkynner hans rettferd, og alle folki hans æra.

7 Skjemde vert alle som dyrkar bilæte, som rosar seg av avgudar. Alle gudar tilbed honom.

8 Sion høyrer det og gled seg, og Judas døtter fagnar seg for dine domar skuld, Herre.

9 For du, Herre, er den høgste yver heile jordi, du er høgt upphøgd yver alle gudar.

10 De som elskar Herren, hata det vonde! Han tek vare på sjælerne åt sine trugne, frå handi til dei ugudlege frelsar han deim.

11 Ljos er utsått for den rettferdige, og gleda for dei ærlege i hjarta.

12 Gled dykk, de rettferdige, i Herren! Syng lov for hans heilage namn!

98. salmen

1 Ein salme.
Syng Herren ein ny song! For han hev gjort under, hans høgre hand hev hjelpt honom, og hans heilage arm.

2 Herren hev kunngjort si frelsa, for augo på heidningarne hev han openberra si rettferd.

3 Han hev kome i hug si miskunn og sin truskap mot Israels hus; alle heimsens endar hev set frelsa frå vår Gud.

4 Ropa med gleda for Herren, all jordi! Set i med fagnad og lovsong!

5 Syng lov for Herren med cither, med cither og med lovsongs røyst,

6 med lurar og basunklang gjev fagnadrop for kongen, Herren!

7 Havet dure og alt som i det er, heimen og alle som i heimen bur!

8 Elvarne klappe i hender, fjelli fagne seg med

9 for Herrens åsyn, for han kjem til å døma jordi, han skal døma jordriket med rettferd og folki med rettvisa.

99. salmen

1 Herren er konge, folki skjelv; han sit på kerubar, jordi ruggar.

2 Herren er stor i Sion, og høg er han yver alle folk.

3 Dei skal prisa ditt namn, det store og skræmelege, heilag er han.

4 Og i si magt elskar kongen det som rett er; du held rettvisa uppe, du hev gjort rett og rettferd i Jakob.

5 Høglova Herren, vår Gud, og fall ned for hans fotskammel! Heilag er han.

6 Moses og Aron var millom hans prestar, og Samuel millom deim som kalla på hans namn; dei ropa til Herren, og han svara deim.

7 I ein skystolpe tala han til deim, dei heldt hans vitnemål og den lov han gav deim.

8 Herre vår Gud, du svara deim, du var deim ein Gud som tilgav deim, men og ein hemnar yver deira gjerningar.

9 Høglova Herren, vår Gud! Og fall ned for hans heilage fjell! For heilag er Herren, vår Gud.

100. salmen

1 Ein lovsalme.
Ropa med frygd for Herren, all jordi!

2 Ten Herren med gleda, kom fram for hans åsyn med fagnad!

3 Vit at Herren er Gud, han hev skapt oss, og ikkje me, til sitt folk og til den hjord han føder.

4 Kom inn i hans portar med takk, i hans fyregardar med lov, prisa honom, lova hans namn!

5 For Herren er god, hans miskunn varer æveleg, og hans truskap frå ætt til ætt.

101. salmen

1 Av David; ein salme.
Um miskunn og rett vil eg syngja; deg, Herre, vil eg lova.

2 Eg vil agta på den ulastande veg - når kjem du til meg? Eg vil vandra i mitt hjartans uskyld i mitt hus.

3 Ikkje set eg meg for augo nidingsverk, å gjera misgjerd hatar eg, slikt heng ikkje ved meg.

4 Eit rangsnutt hjarta skal vika frå meg, vondt vil eg ikkje vita av.

5 Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; deim med stolte augo og ovmodigt hjarta kann eg ikkje tola.

6 Mine augo ser på dei trugne i landet, for eg vil dei skal bu hjå meg; den som vandrar på ulastande veg, han skal tena meg.

7 I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine.

8 Kvar morgon vil eg tyna alle ugudlege i landet, so eg kann rydja ut or Herrens by alle ugjerningsmenner.

102. salmen

1 Bøn av ein arming, når han vanmegtast og let sitt klagemål strøyma fram for Herren.

2 Herre, høyr mi bøn, og lat mitt rop koma fram til deg!

3 Løyn ikkje ditt andlit for meg den dagen eg er i naud! Bøyg ditt øyra til meg! Den dagen eg ropar, svara meg snart!

4 For dagarne mine hev fare burt som ein røyk, og mine bein er som glødde i eld.

5 Mitt hjarta er solstukke og visnar som gras, for eg hev gløymt å eta brødet mitt.

6 For mi høgmælte stynjing heng beini fast ved kjøtet mitt.

7 Eg likjest pelikanen i øydemarki, eg er som ula på aude stader.

8 Eg lyt vaka og vera som ein einsleg fugl på taket.

9 Heile dagen spottar mine fiendar meg, dei som reint er ville mot meg, sver ved meg.

10 For eg et oska som brød, og drykken min blandar eg med gråt

11 for din vreide og din harm skuld, for du hev teke meg upp og kasta meg burt.

12 Mine dagar er som ein skugge når han lengjest, og eg visnar som gras.

13 Men du, Herre, sit i all æva, og ditt minne varer frå ætt til ætt.

14 Du vil standa upp, du vil miskunna Sion, for det er tid til å vera nådig mot henne, ja, timen er komen.

15 For dine tenarar hev godhug for steinarne hennar, og dei ynkast yver hennar grus.

16 Og heidningar skal ottast Herrens namn, og alle kongar på jordi di æra.

17 For Herren hev bygt upp att Sion, han hev synt seg i si æra;

18 han hev vendt seg til bøni frå dei hjelpelause, og han hev ikkje vanvyrdt deira bøn.

19 Dette skal verta uppskrive for den komande ætti, og det folket som vert skapt, skal lova Herren,

20 for han hev set ned frå si heilage høgd, Herren hev frå himmelen skoda på jordi

21 og vil høyra sukken frå den bundne og løysa ut daudens born,

22 so dei i Sion skal forkynna Herrens namn og hans pris i Jerusalem,

23 når folkeslag kjem i hop og kongerike til å tena Herren.

24 Han hev bøygt mi kraft på vegen, han hev korta av mine dagar.

25 Eg segjer: Min Gud, tak meg ikkje burt midt i mine dagar! Frå ætt til ætt varer dine år.

26 Fordom grunnfeste du jordi, og himmelen er verk av dine hender.

27 Dei skal forgangast, men du stend; alle skal dei eldast som eit klæde, som ein klædnad skifter du deim, og dei vert umskifte;

28 men du er den same, og dine år tek aldri ende.

29 Borni åt dine tenarar skal bu i ro, og deira avkjøme skal standa trygt for di åsyn.

103. salmen

1 Av David.
Lova Herren, mi sjæl, og alt som i meg er, love hans heilage hamn!

2 Lova Herren, mi sjæl, og gløym ikkje alle hans velgjerningar!

3 Han som tilgjev all di skuld, han som lækjer alle dine brester,

4 han som løyser ditt liv frå gravi, han som kryner deg med nåde og miskunn,

5 han som mettar din prydnad med godt, so du vert ung att som ørnen.

6 Herren gjer rettferdsverk og rett mot alle som er under trykk.

7 Han kunngjorde sine vegar for Moses, sine gjerningar for Israels born.

8 Miskunnsam og nådig er Herren, langmodig og rik på miskunn.

9 Han trættar ikkje alltid og gøymer ikkje æveleg på vreide.

10 Han gjer ikkje med oss etter våre synder og gjev oss ikkje lika for våre misgjerningar.

11 For so høg som himmelen er yver jordi, so er hans miskunn veldug yver deim som ottast honom.

12 So langt som aust er frå vest, let han våre misgjerningar vera burte frå oss.

13 Som ein far miskunnar borni, so miskunnar Herren deim som ottast honom.

14 For han veit kva slag skapning me er, han kjem i hug at me er dust.

15 Eit menneskje, som gras er hans dagar, som blomen på marki, soleis blømer han.

16 Når vinden fer yver honom, er han ikkje meir, og staden hans veit ikkje meir av honom.

17 Men Herrens miskunn er frå æva og til æva yver deim som ottast honom, og hans rettferd er mot barneborn,

18 mot deim som held hans pakt, og som kjem i hug hans fyresegner og liver etter deim.

19 Herren hev sett sin kongsstol i himmelen, og hans rike råder yver alle ting.

20 Lova Herren, de hans englar, de velduge kjempor som set hans ord i verk, med di de lyder på røysti av hans ord!

21 Lova Herren, alle hans herar, de hans tenarar som gjer hans vilje!

22 Lova Herren alle hans verk på alle stader i hans rike! Lova Herren mi sjæl!

104. salmen

1 Lova Herren, mi sjæl! Herre min Gud, du er ovleg stor, i høgd og herlegdom er du klædd.

2 Han sveiper seg i ljos som i eit klædeplagg, han spanar ut himmelen som ein tjeldduk,

3 han som timbrar sine høgsalar i vatni, han som gjer skyerne til si vogn, han som fer fram på vengjerne åt vinden.

4 Han gjer vindar til sine englar og logande eld til sine tenarar.

5 Han grunnfeste jordi på stolparne hennar, ho skal ikkje verta rikka i all æva.

6 Djupe vatn lagde du yver henne som eit klæde, yver fjelli stod vatni.

7 For ditt trugsmål flydde dei, for ditt toremål skunda dei seg burt

8 - fjell steig, dalar sokk - til den staden som du hadde grunnfest for deim.

9 Ei grensa sette du, som dei ikkje skulde skrida yver, dei skal ikkje atter skulde leggja seg yver jordi.

10 Han sender uppkomor fram i dalarne, millom fjelli renn dei.

11 Dei vatnar alle villdyr på marki, villasni sløkkjer torsten sin.

12 Yver deim bur himmelens fuglar, millom greinerne syng dei.

13 Han vatnar fjelli frå sine høge salar, jordi vert metta av den frukt du skaper.

14 Gras let han gro for feet, og vokstrar til gagn for folk til å få brød fram or jordi,

15 og vin som gled menneskjehjarta, til å lata andlitet skina av olje, og avla brød som styrkjer menneskjehjarta.

16 Herrens tre vert metta, Libanons cedrar som han hev sett,

17 der fuglane byggjer reir, storken som hev sitt hus i cypressarne.

18 Dei høge fjelli er for steinbukkarne, bergskortorne er til livd for fjell-grevlingarne.

19 Han gjorde månen til tidarmerke; soli kjenner si nedgangstid.

20 Du sender myrker, og det vert natt, då krek alle villdyr i skogen fram.

21 Dei unge løvor burar etter ran, og dei krev si føda av Gud.

22 Soli gjeng upp, då dreg dei seg heim og legg seg inn i sine bol.

23 Menneskja gjeng ut til si gjerning, til sitt arbeid alt til kvelds.

24 Kor mange dine gjerningar er, Herre! Du gjorde deim alle med visdom, jordi er full av det du hev skapt.

25 Sjå havet, det store og vide! Der krek det i uteljande mengd av dyr både små og store.

26 Der gjeng skipi, Livjatan som du hev laga til å leika seg der.

27 Alle ventar dei på deg, at du skal gjeva deim føda i si tid.

28 Du gjev deim, dei sankar, du let upp handi, dei vert metta med godt.

29 Du løyner ditt andlit, dei vert forskræmde, du tek burt deira ande, dei døyr og dei vender attende til dusti si.

30 Du sender ut din ande, dei vert skapte, du nyar upp att skapnaden åt jordi.

31 Herrens æra vare æveleg, Herren glede seg i sine gjerningar!

32 Han som skodar på jordi og ho skjelv, han som rører fjelli og dei ryk.

33 Eg vil syngja for Herren so lenge eg liver, eg vil lovsyngja min Gud so lenge eg er til.

34 Gjev min tale kunde tekkjast honom! Eg vil gleda meg i Herren.

35 Gjev syndarar måtte kverva burt frå jordi, og ugudlege ikkje lenger finnast! Lova Herren, mi sjæl! Halleluja, lova Herren.

105. salmen

1 Prisa Herren, kalla på hans namn! Kunngjer millom folkeslagi hans storverk!

2 Syng for honom, syng honom lov! tala um alle hans under.

3 Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå deim som søkjer Herren!

4 Spør etter Herren og hans magt, søk hans åsyn alltid!

5 Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn,

6 de, etterkomarar av Abraham, hans tenar, søner åt Jakob, hans utvalde!

7 Han er Herren, vår Gud, yver all jordi gjeng hans domar.

8 Han kjem æveleg i hug si pakt, det ord han sette fast for tusund ætter,

9 den pakt han gjorde med Abraham, og sin eid til Isak;

10 og han gjorde det til ein rett for Jakob, for Israel ei æveleg pakt,

11 med di han sagde: «Deg vil eg gjeva Kana’ans land til arvlut.»

12 Då dei var ein liten flokk, få og framande der,

13 og dei vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk,

14 let han ingen mann få gjera valdsverk mot deim, og han refste kongar for deira skuld:

15 «Rør ikkje dei eg hev salva, og gjer ikkje vondt med mine profetar!»

16 Og han kalla hunger inn yver landet, kvar studnad av brød braut han sund.

17 Han sende ein mann fyre deim, til træl vart Josef seld.

18 Dei plåga hans føter i lekkjor, i jarn vart han lagd,

19 til den tid då hans ord slo til, då Herrens ord viste at han var uskuldig.

20 Då sende kongen bod og løyste honom, Herren yver folkeslag gav honom fri.

21 Han sette honom til herre yver sitt hus, til å råda yver all hans eigedom;

22 so han skulde binda hans hovdingar etter sin vilje og læra hans eldste visdom.

23 Og Israel kom til Egyptarland, og Jakob budde som gjest i Khams land.

24 Og han let folket sitt aukast mykje og gjorde det sterkare enn fiendarne.

25 Deira hjarto vende han um, so dei hata hans folk og lagde løynderåder upp mot hans tenarar.

26 Han sende Moses, sin tenar, Aron som han hadde valt ut.

27 Dei gjorde hans teikn imillom deim og under i Khams land.

28 Han sende myrker og gjorde det myrkt, og dei var ikkje ulyduge imot hans ord.

29 Han gjorde vatni deira til blod, og han drap deira fiskar.

30 Deira land kom til å kreka av froskar, jamvel i salarne til deira kongar.

31 Han tala, og det kom flugesvermar og my i heile landet deira.

32 Han gav deim hagl for regn, logande eld i landet deira,

33 og han slo ned deira vintre og fiketre og braut trei sund i landet deira.

34 Han tala, og det kom engsprettor og grashoppar i uteljande mengd,

35 og dei åt upp all grode i deira land, og dei åt upp frukti av marki deira.

36 Og han slo alt fyrstefødt i landet deira, fyrstegrøda av all deira kraft.

37 Og han førde deim ut med sylv og gull, og det var ingen i hans ætter som snåva.

38 Egyptarland gledde seg då dei drog ut; for rædsla for deim hadde falle yver deim.

39 Han breidde ut ei sky til skyggje og eld til å lysa um natti.

40 Dei kravde, og han let vaktlar koma, og med himmelbrød metta han deim.

41 Han opna berget og vatn rann ut, det gjekk som ei elv gjenom turrlendet.

42 For han kom i hug sitt heilage ord, Abraham, sin tenar,

43 og han førde sitt folk ut med gleda, sine utvalde med fagnadrop,

44 og han gav deim landi åt heidningarne, og folkeslags arbeid tok dei til eigedom,

45 at dei skulde halda hans fyresegner og taka vare på hans lover. Halleluja!

106. salmen

1 Halleluja! Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!

2 Kven kann fullt ut nemna Herrens velduge verk, forkynna all hans lov?

3 Sæle er dei som tek vare på det som rett er, den som gjer rettferd til kvar tid!

4 Herre, kom meg i hug med den godhug du hev for ditt folk, gjesta meg med di frelsa!

5 so eg kann skoda lukka åt dine utvalde, gleda meg med ditt folks gleda, rosa meg med din arv.

6 Me hev synda med våre feder, me hev gjort ille, me hev vore ugudlege.

7 Våre feder i Egyptarland agta ikkje på dine under, dei kom ikkje i hug dine mange nådegjerningar, men dei var tråssuge ved havet, ved Raudehavet.

8 Men endå frelste han deim for sitt namn skuld, av di han vilde kunngjera si magt,

9 og han truga Raudehavet so det vart turt, og han let deim ganga gjenom djupi som på slette marki,

10 og han frelste deim frå hans hand som hata deim, og løyste deim ut or fiendehand,

11 og vatn gøymde deira motstandarar, ikkje ein vart att av deim.

12 Då trudde dei på ordi hans, då song dei hans lov.

13 Men snart gløymde dei hans gjerningar, dei bia ikkje på hans råd;

14 men dei fekk ein gir i seg i øydemarki, og dei freista Gud på den ubygde stad.

15 Då gav han deim det dei vilde hava, men sende tærande sjukdom yver deira liv.

16 Og dei vart ovundsjuke på Moses i lægret, på Aron, Herrens heilage.

17 Då opna jordi seg og slukte Datan, og ho let seg att yver flokken åt Abiram,

18 og det kveiktest eld på flokken deira, ein loge brende upp dei ugudlege.

19 Dei gjorde ein kalv ved Horeb og tilbad eit støypt bilæte,

20 og dei bytte burt si æra for bilætet av ein ukse som et gras.

21 Dei gløymde Gud, sin frelsar, som hadde gjort store ting i Egyptarland,

22 undergjerningar i Khams land, skræmelege ting ved Raudehavet.

23 Og han tenktest til å tyna deim, dersom ikkje Moses, hans utvalde, hadde kasta seg imillom for hans åsyn til å avvenda hans vreide, at han ikkje skulde øydeleggja.

24 Og dei vanvyrde det herlege landet, dei trudde ikkje ordet hans,

25 og dei knurra i sine tjeld, høyrde ikkje på Herrens røyst.

26 Då lyfte han si hand imot deim til å slå deim ned i øydemarki,

27 og slå deira etterkomarar ned millom heidningarne og spreida deim kring i landi.

28 Og dei batt seg saman med Ba’al-Peor, og dei åt av offer til dei daude,

29 og dei vekte harm ved si åtferd, og ei plåga braut ut millom deim.

30 Då stod Pinehas fram og heldt dom, og plåga stilltest;

31 og det vart rekna honom til rettferd frå ætt til ætt æveleg.

32 Og dei vekte vreide ved Meribavatnet, og det gjekk Moses ille for deira skuld;

33 for dei var tråssuge mot hans ande, og han tala tankelaust med sine lippor.

34 Dei øydelagde ikkje dei folki som Herren hadde tala med deim um,

35 men dei blanda seg med heidningarne og lærde deira gjerningar,

36 og dei tente deira avgudar, og desse vart deim til ei snara,

37 og dei ofra sine søner og døtter til magterne,

38 og dei rende ut skuldlaust blod, blod av sine søner og døtter som dei ofra til Kana’ans avgudar, og landet vart vanhelga med blodskuld.

39 Og dei vart ureine ved sine gjerningar og dreiv hor ved si åtferd.

40 Då loga Herrens vreide upp imot hans folk, og han stygdest ved sin arv.

41 Og han gav deim i handi på heidningar, og dei som hata deim, vart herrar yver deim,

42 og deira fiendar trengde deim, og dei laut bøygja seg under deira hand.

43 Mange gonger fria han deim ut, men dei var tråssuge og sjølvrådige, og dei kom reint i vesaldom for si misgjerning.

44 Men han såg til deim då dei var i naud, med di han høyrde deira klagerop.

45 Og han kom i hug si pakt for deim, og han ynkast etter si store miskunn.

46 Og han let deim finna miskunn hjå alle som hadde fanga deim.

47 Frels oss, Herre vår Gud, og samla oss frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov!

48 Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Og alt folket segje: Amen. Halleluja!

107. salmen

1 Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!

2 So segjer Herrens utløyste, som han hev løyst ut or naudi,

3 som han hev sanka i hop frå landi, frå aust og frå vest, frå nord og frå havet.

4 Dei for vilt i øydemarki, i vegløysa, dei fann ingen by til å bu i.

5 Hungrige og tyrste var dei, deira sjæl vanmegtast i deim.

6 Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor fria han deim ut,

7 og han førde deim på rett veg, so dei gjekk til ein by dei kunde bu i.

8 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni,

9 for han metta den tyrste sjæl, og den hungrige sjæl fyllte han med godt.

10 Dei sat i myrker og daudeskugge, bundne i stakarsdom og jarn,

11 av di dei hadde tråssa mot Guds ord og vanvyrdt råderne frå den Høgste.

12 Og han bøygde deira hjarto med liding, dei snåva, og der var ingen hjelpar.

13 Då ropa dei til Herren i si naud, frå deira trengslor frelste han deim.

14 Han førde deim ut or myrker og daudeskugge, og deira band reiv han sund.

15 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni;

16 for han krasa koparportar og hogg sund jarnbommar.

17 Dårar var dei for sin brotsveg, og for sine misgjerningar vart dei plåga.

18 Deira sjæl vart leid av all mat, og dei kom nær til daudens portar.

19 Då ropa dei til Herren i si naud; frå deira trengslor frelste han deim.

20 Han sende sitt ord og lækte deim og berga deim frå deira graver.

21 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni

22 og ofra takkoffer og fortelja um hans verk med fagnad.

23 Dei som for ut på havet med skip, og som dreiv handel på dei store vatni,

24 dei såg Herrens gjerningar og hans underverk på djupet.

25 Han tala og let det koma ein stormvind, og denne reiste havsens bylgjor.

26 Dei for upp imot himmelen, dei for ned i djupi, deira sjæl miste modet i ulukka.

27 Dei raga og tumla som drukne, og all deira visdom vart til inkjes.

28 Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor førde han deim ut.

29 Han let storm verta til stilla, og bylgjorne kringum deim tagna.

30 Og dei vart glade då dei lagde seg, og han førde deim til den hamni dei ynskte.

31 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni

32 og høglova honom i folkesamling og lovsyngja honom der dei gamle sit saman.

33 Han gjorde elvar til ei øydemark og vatskjeldor til eit turrlende,

34 fruktsamt land til ei saltheid, for deira vondskap skuld, som budde der.

35 Han gjorde øydemark til innsjø og turrlende til vatskjeldor.

36 Og han let hungrige bu der, og dei bygde ein by til å bu i.

37 Og dei sådde åkrar og planta vinhagar, og dei fekk grøda til å hausta.

38 Og han velsigna deim, og dei auka mykje, og av fe gav han deim ikkje lite.

39 So minka dei att og vart nedbøygde av trykk og trengsla og sorg.

40 Han som renner ut vanvyrdnad yver hovdingar og let deim villast i veglaus øydemark,

41 han lyfte upp den fatige or vesaldomen og auka ætterne som ei hjord.

42 Dei ærlege ser det og gled seg, og all vondskap let att sin munn.

43 Den som er vis, han gjeve gaum etter dette, og dei må merke Herrens nådegjerningar.

108. salmen

1 Ein song, ein salme av David.

2 Mitt hjarta er roleg, Gud, eg vil syngja og lovsyngja, ja, det skal mi æra.

3 Vakna, harpa og cither! eg vil vekkja morgonroden.

4 Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.

5 For di miskunn er stor yver himmelen, og din truskap til dei høge skyer.

6 Gud, syn deg høg yver himmelen, og di æra yver heile jordi!

7 At dei du elskar må verta frelste, hjelp oss med di høgre hand og bønhøyr oss!

8 Gud hev tala i sin heilagdom. «Eg vil gleda meg, eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla.

9 Meg høyrer Gilead til, meg høyrer Manasse til, og Efraim er verja for mitt hovud, Juda er min førarstav.

10 Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg skoen min, for Filistarland set eg i med fagnadrop.»

11 Kven vil føra meg til den faste by? Kven leider meg til Edom?

12 Hev ikkje du, Gud, støytt oss burt? og du, Gud, gjeng ikkje ut med våre herar.

13 Gjev oss hjelp mot fienden! for mannehjelp er fåfengd.

14 Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal treda ned våre fiendar.

109. salmen

1 Til songmeisteren; av David, ein salme.
Min lovsongs Gud, teg ikkje!

2 For dei hev late upp sin ugudlege og falske munn imot meg, dei hev tala imot meg med ljugartunga.

3 Med hatfulle ord hev dei kringsett meg og ført strid imot meg utan årsak.

4 Til løn for min kjærleik stod dei imot meg, endå eg berre bed,

5 dei hev lagt vondt yver meg til løn for godt og hat til løn for min kjærleik.

6 Set ein ugudleg yver honom, og lat ein klagar standa ved hans høgre hand!

7 Når han vert dømd, lat honom ganga skuldig ut, og lat hans bøn verta til synd!

8 Lat hans dagar verta få, lat ein annan få hans embætte!

9 Lat hans born verta farlause og kona hans enkja!

10 Lat hans born flakka ikring og beda seg, lat deim ganga som tiggarar frå sin øydelagde heim!

11 Lat okerkallen leggja snara um all hans eigedom, og framande plundra hans avling!

12 Lat ingen finnast som hyser miskunn imot honom, og ingen som ynkast yver hans farlause born!

13 Lat hans etterkomarar ganga til grunnar og deira namn verta utstroke i næste ættled!

14 Hans fedra skuld vere i minne hjå Herren, og syndi åt mor hans verte ikkje utstroki!

15 Dei vere alltid for Herrens åsyn, og han rydje deira minne ut av jordi,

16 av di han ikkje kom i hug å gjera miskunn, men forfylgde ein arm og fatig mann, og ein hjarteskræmd og vilde drepa honom.

17 Han elska forbanning, og denne kom yver honom, han lika ikkje velsigning, og denne kom langt burt frå honom.

18 Han klædde seg i forbanning som sitt klædeplagg, og ho trengde som vatn inn i hans liv, og som olje i hans bein.

19 Lat henne verta honom til ei kåpa som han sveiper seg i, og til eit belte som han alltid bind um seg!

20 Dette vere løni frå Herren åt mine motstandarar, og åt deim som talar vondt imot mi sjæl!

21 Og du, Herre, Herre, gjer vel imot meg for ditt namn skuld, etter som di miskunn er god, so berga meg!

22 For arm og fatig er eg, og mitt hjarta er gjenomstunge i meg.

23 Som ein skugge når han lengjest, kverv eg burt, eg vert jaga burt som ein grashopp.

24 Mine kne er ustøde av fasta, og holdet mitt misser feita.

25 Og eg hev vorte til spott for deim; når dei ser meg, rister dei på hovudet.

26 Hjelp meg, Herre min Gud, frels meg etter di miskunn!

27 so dei må kjenna, at dette er di hand, at du, Herre, hev gjort det.

28 Dei forbannar, men du velsignar, dei stend upp, men vert skjemde, og din tenar gled seg.

29 Mine motstandarar skal klæda seg i skjemsla og sveipa seg i si skam som i ei kåpa.

30 Eg vil takka Herren storleg med min munn, og midt imillom mange vil eg lova honom.

31 For han stend på høgre sida åt den fatige til å frelsa honom frå deim som dømer hans sjæl.

110. salmen

1 Av David, ein salme.
Herren sagde til min herre: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel for dine føter!»

2 Ditt veldes kongsstav skal Herren retta ut frå Sion; ver herre midt imillom dine fiendar!

3 Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg som dogg or fanget på morgonroden.

4 Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»

5 Herren ved di høgre hand knasar kongar den dag han vreidest.

6 Han dømer millom heidningarne, fyller upp med lik, han knasar hovud utyver den vide jord.

7 Or bekken drikk han på vegen, difor lyfter han hovudet høgt.

111. salmen

1 Halleluja! Eg vil prisa Herren av alt mitt hjarta i råd og samling av ærlege.

2 Store er Herrens verk, gjenomtenkte etter alle sine fyremål.

3 Høgd og herlegdom er hans gjerning, og hans rettferd stend æveleg fast.

4 Han hev sett eit minne for sine under, nådig og miskunnsam er Herren.

5 Mat hev han gjeve deim som ottast honom; han kjem æveleg i hug si pakt.

6 Krafti av sine verk hev han kunngjort for sitt folk, då han gav deim arven til heidningarne.

7 Det hans hender gjer, er sanning og rett, alle hans fyresegner er trufaste,

8 fast stend dei æveleg og alltid, dei er gjorde i sanning og rettvisa.

9 Han hev sendt sitt folk utløysing, han hev skipa si pakt æveleg, hans namn er heilagt og skræmelegt.

10 Otte for Herren er upphav til visdom, godt vit hev alle som gjer etter det. Hans pris varer æveleg.

112. salmen

1 Halleluja! Sæl er den mann som ottast Herren, som hev si store lyst i hans bodord.

2 Hans avkjøme skal vera veldugt på jordi, ætti av dei ærlege skal verta velsigna.

3 Det er velstand og rikdom i hans hus, og hans rettferd stend æveleg fast.

4 Det renn upp eit ljos i myrker for dei ærlege, nådig, miskunnsam og rettferdig er han.

5 Vel gjeng det den mann som er miskunnsam og gjev lån, han held uppe si sak i retten.

6 For dei skal ikkje rikka honom i all æva, den rettferdige skal vera i ævelegt minne.

7 For vond tidend skal han ikkje ræddast; hans hjarta er fast, det lit på Herren.

8 Hans hjarta er trygt; han ræddast ikkje, til dess han ser med lyst på sine fiendar.

9 Han strår ut, gjev til dei fatige, hans rettferd stend alltid, hans horn skal verta upplyft med æra.

10 Den ugudlege skal sjå det og harmast, han skal skjera tenner og tærast upp, det dei ugudlege hev lyst til, vert upp i inkje.

113. salmen

1 Halleluja! Lova, de Herrens tenarar, lova Herrens namn!

2 Herrens namn vere lova frå no og til æveleg tid!

3 Frå solekoma og til soleglad er Herrens namn høglova.

4 Høg yver alle heidningar er Herren, yver himmelen er hans æra.

5 Kven er som Herren, vår Gud? han som sit so høgt,

6 han som ser so djupt i himmelen og på jordi,

7 han som reiser den ringe or moldi og lyfter den fatige or skarnet

8 til å setja honom hjå hovdingar, hjå sitt folks hovdingar;

9 han som let ufruktsame bu heime som ei glad barnemor. Halleluja!

114. salmen

1 Då Israel drog ut or Egyptarland, Jakobs hus frå eit folk med framand tunga,

2 då vart Juda hans heilagdom, Israel hans rike.

3 Havet såg det og flydde, Jordan drog seg attende.

4 Fjelli hoppa som verar, haugarne som lamb.

5 Kva hev hendt deg, hav, at du flyr? du Jordan, at du dreg deg attende?

6 de fjell, at de hoppar som verar, de haugar som lamb?

7 For Herrens åsyn må du skjelva, jord, for Jakobs Guds åsyn!

8 Han som gjer berget til ein sjø, harde steinen til ei vatskjelda.

115. salmen

1 Ikkje oss, Herre, ikkje oss, men ditt namn gjeve du æra for di miskunn, for din truskap skuld!

2 Kvifor skal heidningarne segja: «Kvar er no deira Gud?»

3 Vår Gud er då i himmelen, alt det han vil, gjer han.

4 Deira avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender.

5 Dei hev munn, men talar ikkje, dei hev augo, men ser ikkje;

6 dei hev øyro, men høyrer ikkje, dei hev nos, men luktar ikkje.

7 Med sine hender grip dei ikkje, med sine føter gjeng dei ikkje, dei hev ikkje mål i strupen.

8 Som desse er, vert dei som lagar deim, alle som set si lit til deim.

9 Israel, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.

10 Arons hus, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.

11 De som ottast Herren, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.

12 Herren kom oss i hug, han skal velsigna, han skal velsigna Israels hus, han skal velsigna Arons hus,

13 han skal velsigna deim som ottast Herren, dei små med dei store.

14 Herren late dykk auka, dykk og dykkar born!

15 Velsigna er de av Herren, han som skapte himmel og jord.

16 Himmelen er himmel for Herren, men jordi hev han gjeve menneskjeborni.

17 Dei daude lovar ikkje Herren, ingen av deim som stig ned i stilla.

18 Men me skal lova Herren frå no og til æveleg tid. Halleluja!

116. salmen

1 Eg elskar Herren, for han høyrer mi røyst, mine bøner.

2 For han hev bøygt sitt øyra til meg, og alle mine dagar vil eg kalla på honom.

3 Daude-band hadde spent seg um meg, helheims trengsla hadde funne meg; naud og sorg fann eg.

4 Men eg kalla på Herrens namn: «Å Herre, berga mi sjæl!»

5 Herren er nådig og rettferdig, og vår Gud er miskunnsam.

6 Herren varar dei einfalde, eg var ein arming, og han frelste meg.

7 Kom attende, mi sjæl, til di ro! for Herren hev gjort vel imot deg.

8 Ja, du fria mi sjæl frå dauden, mitt auga frå tåror, min fot frå fall.

9 Eg skal vandra for Herrens åsyn i landi åt dei livande.

10 Eg trudde, for eg tala; eg var i stor plåga.

11 Eg sagde i min ræddhug: «Kvar mann er ein ljugar!»

12 Kva skal eg gjeva Herren att for alle hans velgjerningar imot meg?

13 Eg vil lyfta frelse-staupet, og Herrens namn vil eg påkalla.

14 Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk.

15 Dyr er i Herrens augo dauden åt hans heilage.

16 Å Herre, eg er din tenar, veit du, eg er din tenar, son åt di tenestkvinna; du hev løyst mine band.

17 Til deg vil eg ofra takkoffer, og Herrens namn vil eg påkalla.

18 Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk,

19 i fyregardarne til Herrens hus, midt i deg, Jerusalem. Halleluja!

117. salmen

1 Lova Herren, alle heidningar, prisa honom alle folk!

2 For megtig er hans miskunn yver oss, og Herrens truskap varer i all æva. Halleluja!

118. salmen

1 Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!

2 Israel segje: «Æveleg varer hans miskunn!»

3 Arons hus segje: «Æveleg varer hans miskunn!»

4 Dei som ottast Herren, segje: «Æveleg varer hans miskunn!»

5 Ut or trengsla ropa eg på Herren, Herren svara meg og førde meg ut i det frie.

6 Herren er med meg, eg ræddast inkje, kva kann menneskje gjera meg?

7 Herren er med meg og hjelper meg, og eg skal sjå med lyst på deim som hatar meg.

8 Det er betre å fly til Herren enn å lita på menneskje.

9 Det er betre å fly til Herren enn å lita på hovdingar.

10 Alle heidningar kringset meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned.

11 Dei kringset, ja, kringrenner meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned.

12 Dei kringset meg som bior; dei sloknar som eld i klunger, i Herrens namn skal eg hogga deim ned.

13 Hardt støytte du meg, at eg skulde falla; men Herren hjelpte meg.

14 Min styrke og lovsong er Herren, og han vart meg til frelsa.

15 Rop av fagnad og frelsa er å høyra i tjeldi åt dei rettferdige; Herrens høgre hand gjer storverk.

16 Herrens høgre hand upphøgjer, Herrens høgre hand gjer storverk.

17 Eg skal ikkje døy, men liva og fortelja Herrens gjerningar.

18 Hardt tukta Herren meg, men til dauden gav han meg ikkje.

19 Lat upp for meg rettferds portar! Eg vil ganga inn gjenom deim, eg vil prisa Herren.

20 Dette er Herrens port, dei rettferdige skal ganga der.

21 Eg takkar deg av di du svara meg og vart meg til frelsa.

22 Den steinen som bygningsmennerne skaut ut, hev vorte ein hyrnestein.

23 Frå Herren er det kome, dette, det er underlegt for våre augo.

24 Dette er dagen som Herren hev gjort, lat oss fegnast og gleda oss no!

25 Å Herre, frels då! Å Herre, lat det då lukkast!

26 Velsigna vere den som kjem i Herrens namn! Me velsignar dykk frå Herrens hus.

27 Herren er Gud, og han let det verta ljost for oss. Bitt høgtidsofferet med reip alt inn til horni på altaret!

28 Min Gud er du, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg.

29 Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!

119. salmen

1. Alef

1 Sæle er dei som gjeng ein ulastande veg, dei som ferdast i Herrens lov!

2 Sæle er dei som tek vare på hans vitnemål, som søkjer honom av alt sitt hjarta,

3 dei som ikkje gjer urett, men vandrar på hans vegar.

4 Du hev gjeve dine fyresegner, at ein skal halda deim vel.

5 Å, kunde vegarne mine verta faste, so eg heldt dine fyreskrifter!

6 Då skal eg ikkje verta til skammar når eg gjev gaum etter alle dine bodord.

7 Eg vil takka deg av eit ærlegt hjarta når eg lærer dine rettferdsdomar.

8 Dine fyreskrifter vil eg halda, du må ikkje reint forlata meg.

2. Bet.

9 Korleis skal ein ungdom halda stigen sin rein? Når han held seg etter ditt ord.

10 Av alt mitt hjarta hev eg søkt deg, lat meg ikkje villast burt frå dine bodord!

11 I hjarta mitt hev eg gøymt ditt ord, so eg ikkje skal synda imot deg.

12 Lova vere du, Herre! Lær meg dine fyreskrifter!

13 Med lipporne mine hev eg forkynt alle rettar frå din munn.

14 Eg er glad i vegen etter dine vitnemål som i all rikdom.

15 På dine fyresegner vil eg grunda og skoda på dine stigar.

16 I dine fyreskrifter vil eg hava hugnad, og ikkje vil eg gløyma ditt ord.

3. Gimel.

17 Gjer vel imot din tenar, at eg må liva! so vil eg halda ditt ord.

18 Lat upp augo mine, at eg kann skoda underlege ting i di lov!

19 Ein gjest er eg på jordi, løyn ikkje dine bodord for meg!

20 Mi sjæl er sunderknasa av lengting etter dine rettar all tid.

21 Du hev truga dei stormodige, dei forbanna, som fer vilt frå dine bodord.

22 Tak burt frå meg skam og vanvyrdnad! for dine vitnemål hev eg teke vare på.

23 Jamvel hovdingar hev sete i samrøda mot meg; din tenar grundar på dine fyreskrifter.

24 Dine vitnemål er og min hugnad, dei er mine rådgjevarar.

4. Dalet.

25 Mi sjæl ligg nedi dusti, haldt meg i live etter ditt ord!

26 Eg fortalde um mine vegar, og du svara meg; lær meg dine fyreskrifter!

27 Lat meg få skyna vegen etter dine fyresegner! So vil eg grunda på dine under.

28 Mi sjæl græt av sorg; reis meg upp etter ditt ord!

29 Snu lygnevegen burt frå meg, og unn meg di lov!

30 Truskaps veg hev eg valt, dine rettar hev eg sett framfyre meg.

31 Eg heng fast ved dine vitnemål, Herre, lat meg ikkje verta til skammar!

32 Vegen etter dine bodord vil eg springa, for du trøystar mitt hjarta.

5. He.

33 Herre, vis meg vegen etter dine fyreskrifter! so vil eg fara honom alt til endes.

34 Gjev meg skyn, so vil eg taka vare på di lov og halda henne av alt mitt hjarta.

35 Leid meg på dine bodords stig, for han er til hugnad for meg.

36 Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning!

37 Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg!

38 Uppfyll for din tenar ordet ditt, som gjer at ein ottast deg!

39 Tak burt ifrå meg mi skjemsla som eg er rædd, for dine rettar er gode.

40 Sjå, eg lengtar etter dine fyresegner, haldt meg i live ved di rettferd.

6. Vav.

41 Lat di miskunn, Herre, koma yver meg, di frelsa etter ditt ord!

42 Eg vil gjeva svar til honom som spottar meg; for eg lit på ditt ord.

43 Riv ikkje sannings ord so reint or munnen min, for på dine domar ventar eg.

44 Stødt vil eg halda di lov, æveleg og alltid.

45 Lat meg ferdast i det frie, for eg spør etter dine fyresegner!

46 Eg vil tala um dine vitnemål for kongar, og eg skal ikkje verta til skammar.

47 Eg vil frygda meg ved dine bodord, som eg elskar.

48 Eg vil lyfta mine hender til dine bodord som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter.

7. Zajin.

49 Kom i hug ditt ord til din tenar, med di du hev gjeve meg von!

50 Det er mi trøyst i min vesaldom, at ditt ord hev halde meg i live.

51 Ovmodige hev spotta meg mykje, frå di lov hev eg ikkje vike.

52 Eg kom i hug, Herre, dine domar frå gamle dagar, og eg vart trøysta.

53 Brennande harm hev eg vorte på dei ugudlege som forlet di lov.

54 Dine fyreskrifter hev vorte mine lovsongar i det hus der eg bur som framand.

55 Um natti kom eg ditt namn i hug, Herre, og eg heldt di lov.

56 Dette timdest meg, at eg fekk taka vare på dine fyreskrifter.

8. Het.

57 Herren er min lut, sagde eg, med di eg heldt dine ord.

58 Eg naudbad deg av alt mitt hjarta: «Ver miskunnsam imot meg etter ditt ord!»

59 Eg tenkte på mine vegar og vende mine føter til dine vitnemål.

60 Eg skunda meg og tøvra ikkje med å halda dine bodord.

61 Bandi til dei ugudlege hev snørt meg inn, di lov hev eg ikkje gløymt.

62 Midt på natti stend eg upp og vil takka deg for dine rettferdslover.

63 Eg held meg til alle deim som ottast deg, og som held dine fyresegner.

64 Av di miskunn, Herre, er jordi full; lær meg dine fyreskrifter!

9. Tet.

65 Tenaren din hev du gjort vel imot, Herre, etter ditt ord.

66 Lær meg god skynsemd og kunnskap! for eg trur på dine bodord.

67 Fyrr eg vart nedbøygd, for eg vilt, men no held eg ditt ord.

68 Du er god og gjer godt, lær meg dine fyreskrifter!

69 Dei ovmodige hev spunne i hop lygn imot meg, av alt mitt hjarta held eg dine fyresegner.

70 Deira hjarta er feitt som talg; eg fegnast ved di lov.

71 Det var godt for meg at eg vart nedbøygd, so eg kunde læra dine fyreskrifter.

72 Lovi frå din munn er betre for meg enn tusund stykke gull og sylv.

10. Jod.

73 Dine hender hev gjort meg og laga meg til, gjev meg skyn, so eg kann læra dine bodord!

74 Dei som ottast deg, skal sjå meg og gleda seg, for på ditt ord ventar eg.

75 Eg veit, Herre, at dine domar er rettferd, og at du i truskap hev bøygt meg ned.

76 Lat di miskunn vera til trøyst for meg, etter det du hev sagt til din tenar!

77 Lat di miskunn koma yver meg so eg kann liva! for di lov er mi lyst.

78 Lat dei ovmodige verta skjemde! for dei hev trykt meg utan årsak. Eg grundar på dine fyresegner.

79 Lat deim snu seg til meg, dei som ottast deg, og kjenner dine vitnemål!

80 Lat mitt hjarta vera fullkome i dine fyreskrifter, so eg ikkje skal verta til skammar!

11. Kaf.

81 Mi sjæl naudstundar etter di frelsa, eg ventar på ditt ord.

82 Mine augo naudstundar etter ditt ord, og eg segjer: «Når vil du trøysta meg?»

83 For eg er som ei lerflaska i røyk; dine fyreskrifter gløymer eg ikkje.

84 Kor mange er vel dagarne for din tenar? Når vil du halda dom yver deim som forfylgjer meg?

85 Dei ovmodige hev grave graver for meg, dei som ikkje liver etter di lov.

86 Alle dine bodord er trufaste; med lygn forfylgjer dei meg; hjelp meg!

87 Dei hadde so nær tynt meg i landet, men eg hev ikkje forlate dine fyresegner.

88 Haldt meg i live etter di miskunn! So vil eg taka vare på vitnemålet frå din munn.

12. Lamed.

89 Til æveleg tid, Herre, stend ditt ord fast i himmelen.

90 Frå ætt til ætt varer din truskap, du hev grunnfest jordi, og ho stend.

91 Til å setja dine domar i verk stend dei der i dag; for alle ting er dine tenarar.

92 Dersom ikkje di lov hadde vore mi lyst, so hadde eg forgjengest i mi djupe naud.

93 I all æva skal eg ikkje gløyma dine fyresegner, for ved deim hev du halde meg i live.

94 Din er eg, frels meg! for dine fyresegner hev eg spurt etter.

95 På meg hev dei ugudlege venta og vil tyna meg; på dine vitnemål agtar eg.

96 På alt det fullkomne hev eg set ein ende; men dine bodord rekk ovleg vidt.

13. Mem.

97 Kor eg hev lovi di kjær! Heile dagen er ho i min tanke.

98 Dine bodord gjer meg visare enn mine fiendar, for æveleg eig eg deim.

99 Eg hev vorte klokare enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine vitnemål.

100 Eg er vitugare enn dei gamle, for dine fyresegner hev eg teke vare på.

101 Frå kvar vond stig hev eg halde mine føter burte, so eg kunde halda ditt ord.

102 Frå dine lover hev eg ikkje vike, for du hev lært meg upp.

103 Kor søt din tale er for gomen min, betre enn honning for munnen min.

104 Av dine fyresegner fær eg vit, difor hatar eg kvar lygnestig.

14. Nun.

105 Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos for min stig.

106 Eg hev svore og hev halde det, å taka vare på dine rettferdslover.

107 Eg er ovleg nedbøygd; Herre, haldt meg i live etter ditt ord!

108 Lat min munns offer tekkjast deg, Herre, og lær meg dine rettar!

109 Eg gjeng alltid med livet i neven, men di lov hev eg ikkje gløymt.

110 Dei ugudlege hev lagt snara for meg; men frå dine fyresegner hev eg ikkje villa meg burt.

111 Til æveleg eiga hev eg fenge dine vitnemål, for dei er mi hjartans gleda.

112 Eg hev bøygt mitt hjarta til å gjera etter dine fyreskrifter, æveleg og til endes.

15. Samek.

113 Dei tvihuga hatar eg, men di lov elskar eg.

114 Du er mi livd og min skjold, og på ditt ord ventar eg.

115 Vik frå meg, de som gjer vondt, at eg kann halda min Guds bodord!

116 Haldt meg uppe etter ditt ord, so eg kann liva, og lat meg ikkje verta til skammar med mi von!

117 Haldt meg uppe, so eg kann verta frelst! So vil eg alltid sjå med lyst på dine fyreskrifter.

118 Du agtar for inkje alle deim som fer vilt frå dine fyreskrifter; for deira svik er fåfengd.

119 Som slagg kastar du burt alle ugudlege på jordi; difor elskar eg dine vitnemål.

120 Eg rys i holdet av rædsla for deg, og for dine domar ottast eg.

16. Ajin.

121 Eg hev gjort rett og rettferd, du vil ikkje gjeva meg yver til deim som trykkjer meg.

122 Gakk i borg for tenaren din, so det må ganga honom vel! lat ikkje dei ovmodige trykkja meg!

123 Augo mine naudstundar etter di frelsa og etter ditt rettferdsord.

124 Gjer med din tenar etter di miskunn og lær meg dine fyreskrifter!

125 Eg er din tenar; gjev meg vit, so eg kann kjenna dine vitnemål!

126 Det er tid for Herren til å gripa inn, dei hev brote di lov.

127 Difor elskar eg dine bodord meir enn gull, ja, meir enn fint gull.

128 Difor held eg alle fyresegner um alle ting for rette; eg hatar kvar lygnestig.

17. Pe.

129 Underfulle er dine vitnemål, difor tek mi sjæl vare på deim.

130 Når ordi dine opnar seg, gjev dei ljos, og dei gjer dei einfalde kloke.

131 Eg let munnen upp og sukka av lengting; for etter dine bodord stunda eg.

132 Vend deg til meg og ver meg nådig, som rett er mot deim som elskar ditt namn!

133 Gjer mine stig faste ved ditt ord, og lat ingen urett råda yver meg!

134 Løys du meg ut or menneskjevald! So vil eg halda dine fyresegner.

135 Lat di åsyn lysa på din tenar, og lær meg dine fyreskrifter!

136 Vatsbekkjer renn or augo mine, av di folk ikkje held di lov.

18. Sade.

137 Rettferdig er du, Herre, og rette er dine domar.

138 Du hev fyreskrive dine vitnemål i rettferd og i stor truskap.

139 Min brennhug hev tært meg upp, av di mine motstandarar hev gløymt dine ord.

140 Ditt ord er vel reinsa, og din tenar elskar det.

141 Liten er eg og vanvyrd; dine fyresegner hev eg ikkje gløymt.

142 Di rettferd er ei æveleg rettferd, og di lov er sanning.

143 Naud og trengsla fann meg; dine bodord er mi lyst.

144 Rettferdige er dine vitnemål til æveleg tid; gjev meg skyn, so eg kann liva!

19. Kof.

145 Eg ropar av alt mitt hjarta, svara meg, Herre! Dine fyreskrifter vil eg taka vare på.

146 Eg ropar til deg, frels meg! so vil eg halda dine vitnemål.

147 Tidleg i dagningi var eg uppe og ropa um hjelp; eg venta på ditt ord.

148 Mine augo var uppe fyre nattevakterne, so eg kunde grunda på ditt ord.

149 Høyr mi røyst etter di miskunn, Herre, haldt meg i live etter dine domar!

150 Dei er nær som renner etter ugjerning; frå di lov er dei langt burte.

151 Du er nær, Herre, og alle dine bodord er sanning.

152 Longe sidan veit eg av dine vitnemål, at du hev grunnfest deim i all æva.

20. Resch.

153 Sjå til mi djupe naud og fria meg ut! For di lov hev eg ikkje gløymt.

154 Før mi sak, og løys meg ut, haldt meg i live etter ditt ord!

155 Frelsa er langt frå dei ugudlege, for dine fyreskrifter spør dei ikkje etter.

156 Di miskunn er stor, Herre; haldt meg i live etter dine domar!

157 Mange er dei som forfylgjer meg og stend meg imot; frå dine vitnemål hev eg ikkje vike.

158 Eg såg dei utrue og fekk uhug, av di dei ikkje heldt ditt ord.

159 Sjå at eg hev elska dine fyresegner! Herre, haldt meg i live etter di miskunn!

160 Summen av ditt ord er sanning, og æveleg stend all di rettferds lov.

21. Sin.

161 Hovdingar forfylgde meg utan orsak, men mitt hjarta ottast dine ord.

162 Eg gled meg yver ditt ord, som når ein finn mykje herfang.

163 Lygn hev eg hata og havt stygg til; di lov hev eg elska.

164 Sju gonger um dagen hev eg lova deg for dine rettferdige domar.

165 Mykje fred hev dei som elskar di lov, og ingen støyt fær deim til fall.

166 Eg hev venta på di frelsa, Herre, og dine bodord hev eg halde.

167 Mi sjæl hev halde dine vitnemål, og eg elska deim mykje.

168 Eg hev halde dine fyresegner og dine vitnemål, for alle mine vegar er for di åsyn.

22. Tav.

169 Lat mitt klagerop koma fram for di åsyn, Herre! Gjev meg skyn etter ditt ord.

170 Lat mi bøn koma for di åsyn! Frels meg etter ditt ord!

171 Mine lippor skal fløda yver av lovsong, for du lærer meg dine fyreskrifter;

172 Mi tunga skal syngja um ditt ord; for alle dine bodord er rettferd.

173 Lat di hand vera meg til hjelp! for dine fyresegner hev eg valt ut.

174 Eg lengtar etter di frelsa, Herre, og di lov er mi lyst.

175 Lat mi sjæl leva og lova deg, og lat dine domar hjelpa meg!

176 Eg hev fare vilt; leita upp din tenar som ein burtkomen sau! for dine bodord hev eg ikkje gløymt.

120. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne.
Til Herren ropa eg i mi naud, og han svara meg.

2 Herre, frels mi sjæl frå ljugarlippa, frå den falske tunga!

3 Kva skal han gjeva deg, og kva meir skal han gjeva deg, du falske tunga?

4 Kveste piler til ei kjempa og gløder av einebuska.

5 Usæl eg, som framand er imillom Mesek, og bur ved Kedars tjeld!

6 Lenge nok hev sjæli mi butt hjå deim som hatar fred.

7 Eg er berre fred, men når eg talar, er dei ferdige til strid.

121. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne.
Eg lyfter augo mine upp til fjelli, kvar kjem mi hjelp ifrå?

2 Mi hjelp kjem ifrå Herren, han som hev skapa himmelen og jordi.

3 Han skal ikkje lata foten din vera ustød, han blundar ikkje din vaktar.

4 Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar.

5 Herren er din vaktar, Herren er din skugge ved di høgre hand.

6 Um dagen skal ikkje soli stikka deg, og ikkje månen um natti.

7 Herren skal vara deg frå alt vondt, han skal vara di sjæl.

8 Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til æveleg tid.

122. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne; av David.
Glad vart eg då dei sagde til meg: «Me vil ganga til Herrens hus.»

2 Våre føter fekk standa i dine portar, Jerusalem.

3 Jerusalem, du velbygde by, ein by som heng vel i hop.

4 Der ætterne fer upp, Herrens ætter, etter Israels lov, til å prisa Herrens namn.

5 For der er stolar sette til domstolar for Davids hus.

6 Bed um fred for Jerusalem! det gange deim vel som elskar deg!

7 Fred vere innanfor dine murar og ro i dine salar!

8 For mine brør og vener skuld vil eg segja: «Fred vere i deg!»

9 For Herrens, vår Guds, hus skuld vil eg søkja det som er godt for deg.

123. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne.
Til deg lyfter eg augo mine, du som sit i himmelen.

2 Sjå, som augo til tenarar skodar på handi åt herrarne sine, som augo til tenestgjenta på handi åt frua si, soleis skodar våre augo upp til Herren, vår Gud, til dess han vert oss nådig.

3 Ver oss nådig, Herre, ver oss nådig! for me er ovleg metta med vanvyrdnad.

4 Ovleg metta er vår sjæl med spott ifrå dei kaute, med vanvyrdnad frå valdsmenner.

124. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne; av David.
Hadde ikkje Herren vore med oss, - so segje Israel -

2 hadde ikkje Herren vore med oss, då menneskje stod upp imot oss,

3 so hadde dei slukt oss livande, då deira vreide loga imot oss,

4 so hadde vatni flødt yver oss, ei elv gjenge yver vår sjæl,

5 so hadde dei gjenge yver vår sjæl, dei storlåtne vatni.

6 Lova vere Herren, som ikkje gav oss til åt for deira tenner!

7 Vår sjæl slapp undan som ein fugl or fangarsnara. Snara rivna sund, og me slapp undan.

8 Vår hjelp er i Herrens namn, han som gjorde himmel og jord.

125. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne.
Dei som lit på Herren, er som Sionsfjellet, som ikkje vert rikka, men æveleg stend fast.

2 Jerusalem - fjell er kringum det, og Herren er ikring sitt folk frå no og i all æva.

3 For ikkje skal ugudleg kongsstav kvila på arvluten åt dei rettferdige, at ikkje dei rettferdige skal retta ut til urett sine hender.

4 Gjer godt, Herre, mot dei gode, og imot deim som hev eit ærlegt hjarta!

5 Men deim som vender seg burt til sine krokute vegar, skal Herren lata fara med illgjerningsmenner. Fred vere yver Israel!

126. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne.
Då Herren førde Sions fangar heim att, då var me som drøymande.

2 Då fylltest vår munn med lått, og vår tunga med fagnadrop. Då sagde dei millom heidningarne: «Store ting hev Herren gjort mot desse.»

3 Store ting hev Herren gjort mot oss, og me vart glade.

4 Herre, før du våre fangar heim att som bekkjer i Sudlandet!

5 Dei som sår med tåror, skal hausta med glederop.

6 Dei gjeng av stad og græt og ber sitt såkorn. So kjem dei att med fagnadrop og ber sine kornband.

127. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne; av Salomo.
Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider dei fåfengt som byggjer på det. Dersom Herren ikkje vaktar byen, so vaker vakti fåfengt.

2 Fåfengt stend de tidleg upp og sit til seint på kvelden og et det mødsame brød; det same gjev han venen sin som søv.

3 Sjå, born er Herrens gåva, livsfrukt er ei løn.

4 Som piler i kjempehand, soleis er ungdoms søner.

5 Sæl er den mann som hev sitt pilehus fullt av deim! Ikkje skal dei verta til skammar, når dei talar med fiendar i porten.

128. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne.
Sæl er kvar den som ottast Herren, som ferdast på hans vegar!

2 Det dine hender avlar, skal du njota, sæl er du, og det gjeng deg vel.

3 Kona di er som eit fruktrikt vintre inne i ditt hus; borni dine er som oljekvister kringum bordet ditt.

4 Sjå, soleis vert den mann velsigna, som ottast Herren.

5 Herren signe deg frå Sion! sjå med lyst på Jerusalems lukka alle dine livedagar!

6 Og måtte du sjå born av dine born! Fred vere yver Israel!

129. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne.
Mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom - so segje Israel -

2 mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom; men dei hev ikkje fenge bugt med meg.

3 På min rygg hev pløgjarar pløgt, dei hev gjort sine forer lange.

4 Herren er rettferdig, han hev hogge av reipi til dei ugudlege.

5 Dei skal skjemmast og vika attende alle som hatar Sion.

6 Dei skal verta som gras på taki, som visnar fyrr det fær veksa;

7 slåttaren fær ikkje handi full, og bundelbindaren ikkje eit fang.

8 Og dei som gjeng framum, segjer ikkje: «Herrens velsigning vere yver dykk, me velsignar dykk i Herrens namn!»

130. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne.
Or djupet ropar eg på deg, Herre!

2 Herre, høyr på mi røyst, lat dine øyro merka mi bønerøyst!

3 Dersom du, Herre, vil gøyma på misgjerningar, Herre, kven kann då standa?

4 For hjå deg er forlatingi, at dei skal ottast deg.

5 Eg vonar på Herren, mi sjæl vonar, og eg ventar på hans ord.

6 Mi sjæl ventar på Herren meir enn vaktmenner på morgonen, vaktmenner på morgonen.

7 Venta, Israel, på Herren! for hjå Herren er nåden, og stor utløysing er hjå honom.

8 Og han skal løysa Israel frå alle deira misgjerningar.

131. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne; av David.
Herre, ikkje er mitt hjarta stolt og ikkje augo mine storlåtne, og ikkje gjeng eg med tankar som er altfor underlege for meg.

2 Nei, eg hev fenge sjæli til å vera still og tegja som avvant barn hjå mor si, som avvant barn er sjæli mi hjå meg.

3 Venta, Israel, på Herren, frå no og i all æva!

132. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne.
Herre, kom i hug for David all hans møda!

2 Han som svor for Herren, lova Jakobs velduge:

3 «Ikkje gjeng eg inn i mitt heimetjeld, ikkje stig eg upp på lega i mi seng,

4 ikkje unner eg augo svevn, ikkje augneloki ein blund,

5 fyrr eg finn ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs velduge.»

6 Sjå, me høyrde um henne i Efrata, so fann me henne i skogbygdi.

7 Lat oss ganga til hans bustad, lat oss tilbeda for hans fotskammel!

8 Statt upp, Herre, og kom til din kvilestad, du og ditt veldes kista!

9 Prestarne dine klæde seg i rettferd, og dine trugne ropa med fagnad!

10 For David, din tenars skuld vis ikkje frå deg åsyni åt den du hev salva!

11 Herren hev svore David ein sann eid, den gjeng han ikkje ifrå: «Av di livsfrukt vil eg setja kongar på din stol.

12 Dersom dine søner held mi pakt og mine vitnemål som eg skal læra deim, so skal og deira søner æveleg og alltid sitja på din kongsstol.»

13 For Herren hev valt seg Sion, han ynskte det til sin bustad:

14 «Dette er min kvilestad for all tid, her vil eg bu, for det hev eg ynskt.

15 Maten her vil eg rikleg signa, dei fatige vil eg metta med brød,

16 og prestarne vil eg klæda med frelsa, og dei gudlege skal ropa høgt av fagnad.

17 Der vil eg lata veksa upp eit horn for David, der hev eg stelt til ei lampa for den eg hev salva.

18 Hans fiendar vil eg klæda med skam, men yver honom skal hans kruna stråla.»

133. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne; av David.
Sjå kor godt det er og yndelegt at brør ogso bur i saman!

2 Det er liksom den gode olje uppå hovudet, som renn ned yver skjegget, Arons skjegg, og som renn ned på saumen av hans klædnad,

3 som dogg frå Hermon, som renn ned på Sions fjell. For der hev Herren laga til velsigningi, liv i all æva.

134. salmen

1 Ein song til høgtidsferderne.
Upp, og lova Herren, alle Herrens tenarar, de som stend i Herrens hus um næterne!

2 Lyft dykkar hender upp til heilagdomen og lova Herren!

3 Herren signe deg frå Sion, han som gjorde himmel og jord!

135. salmen

1 Halleluja! Lova Herrens namn, lova, de Herrens tenarar,

2 de som stend i Herrens hus, i fyregardarne til vår Guds hus!

3 Lova Herren, for Herren er god! Syng lov for hans namn, for det er yndelegt.

4 For Jakob hev Herren valt seg ut, Israel til sin eigedom.

5 For eg veit at Herren er stor, og vår Herre er meir enn alle gudar.

6 Herren gjer alt det han vil i himmelen og på jordi, i havi og i alle djup,

7 han som let eim stiga upp frå enden av jordi, gjer eldingar til regn, som fører ut or sine gøymslor vind,

8 han som slo dei fyrstefødde i Egyptarland både av folk og fe,

9 som sende teikn og under midt i deg, Egyptarland, mot Farao og alle hans tenarar.

10 Han som slo mange heidningefolk og drap megtige kongar,

11 Sihon, amoritarkongen, og Basans konge Og, og alle Kana’ans kongerike,

12 og gav deira land til arv, til arv for Israel, sitt folk.

13 Herre, ditt namn varer æveleg, Herre, ditt minne frå ætt til ætt.

14 For Herren skal døma sitt folk og ynkast yver sine tenarar.

15 Heidninge-avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender.

16 Dei hev munn, men talar ikkje, dei hev augo, men ser ikkje,

17 dei hev øyro, men høyrer ikkje, og ingen ande er i deira munn.

18 Som desse er, vert dei som lagar deim, alle som set si lit til deim.

19 Israels hus, lova Herren! Arons hus, lova Herren!

20 Levis hus, lova Herren! De som ottast Herren, lova Herren!

21 Lova vere Herren frå Sion, han som bur i Jerusalem! Halleluja!

136. salmen

1 Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn.

2 Prisa Guden yver gudar, for æveleg varer hans miskunn.

3 Prisa Herren yver herrar, for æveleg varer hans miskunn.

4 Han, den einaste som gjer store under, for æveleg varer hans miskunn.

5 Han som gjorde himmelen med vit, for æveleg varer hans miskunn.

6 Han som strakte jordi yver vatni, for æveleg varer hans miskunn.

7 Han som gjorde dei store ljos, for æveleg varer hans miskunn,

8 soli til å råda yver dagen, for æveleg varer hans miskunn,

9 månen og stjernorne til å råda yver natti, for æveleg varer hans miskunn.

10 Han som slo egyptarane gjenom deira fyrstefødde, for æveleg varer hans miskunn,

11 og førde Israel ut frå deim, for æveleg varer hans miskunn,

12 med sterk hand og strak arm, for æveleg varer hans miskunn.

13 Han som skar i sund Raudehavet, for æveleg varer hans miskunn,

14 og førde Israel midt igjenom, for æveleg varer hans miskunn,

15 og kasta Farao og heren hans i Raudehavet, for æveleg varer hans miskunn.

16 Han som førde sitt folk i øydemarki, for æveleg varer hans miskunn.

17 Han som felte store kongar, for æveleg varer hans miskunn,

18 og som slo herlege kongar i hel, for æveleg varer hans miskunn,

19 Sihon, amoritarkongen, for æveleg varer hans miskunn,

20 og kongen yver Basan, Og, for æveleg varer hans miskunn,

21 og gav deira land til arv, for æveleg varer hans miskunn,

22 til arv for sin tenar Israel, for æveleg varer hans miskunn.

23 Han som kom oss i hug i vår stakarsdom, for æveleg varer hans miskunn,

24 og reiv oss ut or fiendevald, for æveleg varer hans miskunn.

25 Han som gjev alt som liver brød, for æveleg varer hans miskunn.

26 Prisa Gud i himmelen, for æveleg varer hans miskunn!

137. salmen

1 Ved Babels elvar, der sat me og gret, når me kom Sion i hug.

2 På vier-runnarne der i landet hengde me harporne våre.

3 For der kravde dei som heldt oss fanga song av oss, og våre plågarar kravde gleda: «Syng åt oss av Sions songar!»

4 Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord?

5 Um eg gløymer deg, Jerusalem, so gjev mi høgre hand må gløyma seg burt!

6 Gjev tunga må hanga fast ved gomen min, dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda.

7 Herre, hugsa Edoms søner Jerusalems dag! dei som sagde: «Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!»

8 Babels dotter, du øydelagde! sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss!

9 Sæl er den som tek og krasar dine småborn imot berget!

138. salmen

1 Av David.
Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudarne vil eg syngja deg lov.

2 Eg vil kasta meg ned framfyre ditt heilage tempel, eg vil takka ditt namn for di miskunn og for din truskap; for du hev gjort ditt ord herlegt yver alt ditt namn.

3 Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg frihuga, styrkte mi sjæl.

4 Herre, alle kongar på jordi skal prisa deg, når dei fær høyra ordi av din munn.

5 Og dei skal syngja um Herrens vegar; for Herrens æra er stor,

6 for Herren er høg og ser til den låge, og den stormodige kjenner han langan veg.

7 Um eg ferdast midt i naudi, held du meg i live, mot harmen til mine fiendar retter du ut di hand, og ho frelser meg, di høgre hand.

8 Herren vil fullføra sitt verk for meg. Herre, di miskunn varer æveleg; det verk dine hender hev gjort, må du ikkje gjeva upp!

139. salmen

1 Til songmeisteren; av David; ein salme.
Herre, du ransakar meg og kjenner meg.

2 Um eg sit eller stend upp, so veit du det, du skynar min tanke langan veg.

3 Mi gonga og lega røyner du ut, og alle mine vegar kjenner du grant.

4 For det er inkje ord på mi tunga - sjå, Herre, du kjenner det alt til fullnads.

5 Bak og framme held du ikring meg, og du legg di hand på meg.

6 Slik kunnskap er meg for underleg, han er for høg, eg kann ikkje greida honom.

7 Kvar skal eg fara frå din ande, og kvar skal eg fly ifrå ditt andlit?

8 For eg upp til himmelen, so er du der, og reidde eg seng i helheimen, sjå, der er du og.

9 Tek eg vengjerne til morgonroden, slo eg meg ned ved ytste havet,

10 di hand vilde leida meg ogso der, og di høgre hand vilde halda meg fast.

11 Og sagde eg: «Myrker løyne meg, og ljoset verte natt ikringum meg,»

12 so vilde ikkje heller myrkret gjera noko myrkt for deg, og natti vilde vera ljos som dagen, myrkret vilde vera som ljoset.

13 For du hev skapt mine nyro, du hev verka meg i morsliv.

14 Eg takkar deg, av di eg er laga på øgjeleg underfull vis; underfulle er dine verk, og mi sjæl veit det so vel.

15 Mine bein var ikkje dulde for deg då eg vart laga i løynd, då eg med kunst vart verka djupt i jordi.

16 Då eg var eit foster, såg dine augo meg, og i di bok vart dei alle uppskrivne, dei dagar som vart fastsette, då ikkje ein av deim var komen.

17 Og kor dyre dine tankar er for meg, du Gud, kor store summarne er av deim!

18 Vil eg telja deim, so er dei fleire enn sand; eg vaknar, og endå er eg hjå deg.

19 Gud, gjev du vilde drepa den ugudlege! og de, blodfuse menner, vik burt frå meg -

20 dei som nemner deg med fulskap, brukar ditt namn til lygn - dine fiendar!

21 Skulde eg ikkje, Herre, hata deim som hatar deg, og styggjast ved deim som stend deg imot?

22 Med det sterkaste hatet hatar eg deim, fiendar er dei for meg.

23 Ransaka meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine tankar!

24 Og sjå um eg er på veg til pinsla, og leid meg på æveleg veg!

140. salmen

1 Til songmeisteren; ein salme av David.

2 Herre, fria meg ut frå vonde folk, vara meg ifrå valdsmenner

3 som tenkjer vondt i hjarta, som kvar dag samlar seg til strid!

4 Dei kvesser tunga si som ein orm, orme-eiter er under lipporne deira. Sela.

5 Vakta meg, Herre, for henderne til dei ugudlege, vara meg ifrå valdsmenner, som tenkjest til å få mine fet til fall.

6 Dei ovmodige gøymer snara til meg og reip, dei strekkjer garn ved vegen, gildror set dei snaror for meg. Sela.

7 Eg segjer til Herren: «Min Gud er du.» Lyd, Herre, på mi bønerøyst!

8 Herre, Herre, du mi sterke frelsa, du vernar mitt hovud på væpningsdagen.

9 Herre, lat ikkje den ugudlege få si lyst, lat ikkje hans vonde råd få framgang! Dei vilde elles upphøgja seg. Sela.

10 Yver hovudet på deim som kringset meg, skal den ulukka falla som deira lippor valdar.

11 Brennande kol skal ein rista ned yver deim, i elden skal han kasta deim, i djupe vatn, so dei ikkje kann koma upp.

12 Ein munnkåt mann skal ikkje trygt på jordi, den vonde valdsmann skal dei jaga til han sturtar.

13 Eg veit at Herren skal greida saki for armingen, og retten for dei fatige.

14 Ja, dei rettferdige skal prisa namnet ditt, dei ærlege skal bu for di åsyn.

141. salmen

1 Ein salme av David.
Herre, eg ropar på deg, skunda deg til meg! Vend øyra til mi røyst når eg ropar til deg!

2 Lat bøni mi gjelda som røykoffer for ditt andlit, mi hand-upplyfting som kvelds-grjonoffer!

3 Herre, set vakt for munnen min, vara mi lippe-dør!

4 Bøyg ikkje mitt hjarta til noko vondt til å gjera ugudlege gjerningar saman med menner som gjer urett, og ikkje lat meg eta av deira lostemat!

5 Lat ein rettferdig slå meg i kjærleik og tukta meg! Slik hovudsalve skal ikkje mitt hovud forsmå! Um det varer, so set eg mi bøn mot deira vondskap.

6 Deira domarar vert sturta utfyre fjellveggen, og sjølv skal dei høyra mine ord, at dei er yndelege.

7 Som når ein pløgjer og rotar i jordi, so ligg beini våre spreidde kring ved døri til helheimen.

8 For upp til deg, Herre, Herre, ser mine augo, til deg flyr eg, tøm ikkje ut mi sjæl!

9 Vara meg ifrå fella dei hev sett for meg, og snarorne til deim som gjer urett!

10 Lat dei ugudlege falla i sine eigne garn, medan eg gjeng uskadd framum!

142. salmen

1 Ein salme til lærdom av David då han var i helleren, ei bøn.

2 Med røysti mi ropar eg til Herren, med røysti bed eg inderleg til Herren.

3 Eg renner ut mi sorg for hans åsyn, for hans åsyn segjer eg fram mi naud.

4 Når mi ånd vanmegtast i meg, so kjenner då du min stig; på den veg eg skal ferdast, hev dei løynt snaror for meg.

5 Skoda til mi høgre sida og sjå! Det er ingen som kjennest ved meg; all livd er burte frå meg, ingen spør etter mi sjæl.

6 Eg ropar til deg, Herre! Eg segjer: «Du er mi livd, min lut i landet åt dei livande.»

7 Agta på mitt klagerop, for eg er ovleg arm! Fria meg frå mine forfylgjarar, for dei er meg for sterke.

8 Før mi sjæl or fengslet, so eg kann lova ditt namn! Kring meg skal dei rettferdige samla seg, når du gjer vel imot meg.

143. salmen

1 Ein salme av David.
Herre, høyr mi bøn og vend øyra til mine inderlege bøner! Svara meg i din truskap, i di rettferd,

2 og gakk ikkje til doms med din tenar; for ingen som liver, er rettferdig for di åsyn.

3 For fienden hev forfylgt mi sjæl, han hev krasa mitt liv til jordi, han hev sett meg av i myrkrer som dei æveleg daude.

4 Og mi ånd er vanmegtig i meg, mitt hjarta i meg er forskræmt.

5 Fordoms dagar kjem eg i hug, eg tenkjer på alt ditt verk og grundar på det dine hender hev gjort.

6 Mine hender retter eg til deg, som turre landet tyrster mi sjæl etter deg. Sela.

7 Herre, svara meg snart, mi ånd forgjengst! Løyn ikkje ditt andlit for meg, so eg skulde likjast deim som fer ned i gravi.

8 Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal vandra, for eg lyfter mi sjæl til deg!

9 Fria meg, Herre, frå mine fiendar, eg søkjer livd hjå deg.

10 Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Din gode ande leide meg på jamne lendet.

11 For ditt namn skuld, Herre, haldt meg i live! I di rettferd før mi sjæl ut or trengsla!

12 Og ryd i di miskunn ut mine fiendar, og øydelegg alle som trengjer mi sjæl, for eg er din tenar.

144. salmen

1 Av David.
Lova vere Herren, mitt berg, som lærde mine hender strid og mine fingrar ufred,

2 mi miskunn og mi festning, mi borg og min bergar, min skjold og den eg flyr til, han som tvingar mitt folk under meg!

3 Herre, kva er ein mann, at du kjenner honom, eit menneskjebarn, at du agtar på det?

4 Mannen likjest ein pust, hans dagar er som ein kvervande skugge.

5 Herre, bøyg din himmel, og stig ned, rør du fjelli so dei ryk!

6 Lat ljonet lyna, og spreid deim, send dine piler, og skræm deim!

7 Rett henderne ned frå det høge, frels meg og fria meg ut frå dei store vatni, frå handi åt framande,

8 dei som med munnen talar svik, og deira høgre hand er lygne-hand.

9 Gud, ein ny song vil eg syngja deg, til tistrengs-harpa vil eg syngja deg lov,

10 du som gjev kongar frelsa, som friar David, tenaren din, frå det vonde sverd.

11 Frels meg og fria meg ut frå handi åt framande, dei som med munnen talar svik, og deira høgre hand er lygne-hand!

12 So våre søner kann vera i sin ungdom som høgvaksne vokstrar, våre døtter som hyrnestolpar, hogne som til eit slott,

13 so våre bur kann vera fulle og gjeva av alle slag, so våre sauer kann auka seg i tusundtal, ja, ti tusundtal på våre marker,

14 so våre kyr kann hava kalv, og der ikkje må vera brot og ikkje tap, og inkje klagerop på våre gator.

15 Sælt er det folk som hev det soleis; sælt er det folk som hev Herren til Gud.

145. salmen

1 Ein lovsong av David.
Eg vil upphøgja deg, min Gud, du konge, og eg vil lova namnet ditt æveleg og alltid.

2 Kvar dag vil eg lova deg, og eg vil prisa namnet ditt æveleg og alltid.

3 Stor er Herren og mykje lovsungen, og hans storleik er uransakleg.

4 Ei ætt skal lova dine verk for ei onnor, og dine storverk skal dei forkynna.

5 Di høge og herlege æra og dine underverk vil eg grunda på.

6 Um dine sterke, skræmelege gjerningar skal dei tala, og dine storverk vil eg fortelja um.

7 Minne-ord um din store godleik skal dei lata strøyma ut, og di rettferd skal dei lovsyngja.

8 Nådig og miskunnsam er Herren, langmodig og stor i miskunn.

9 Herren er god imot alle, og han miskunnar alle sine verk.

10 Alle dine verk skal prisa deg, Herre, og dine trugne lova deg.

11 Um herlegdomen i ditt rike skal dei tala, og ditt velde skal dei forkynna,

12 til å kunngjera dine velduge verk for menneskjeborni, og den strålande herlegdom i ditt rike.

13 Ditt rike er eit rike for alle ævor, og ditt herredøme varer gjenom alle ætter.

14 Herren er stydjar alle som fell, og han reiser alle som er nedbøygde.

15 Alle vender augo sine ventande til deg, og du gjev deim deira føda i si tid.

16 Du let upp handi og mettar alt levande med hugnad.

17 Herren er rettferdig på alle sine vegar og miskunnsam i alle sine verk.

18 Herren er nær hjå alle deim som kallar på honom, alle som kallar på honom i sanning.

19 Han gjer etter deira ynskje som ottast honom, og han høyrer deira rop og frelser deim.

20 Herren varar alle deim som elskar honom, men alle ugudlege tyner han.

21 Min munn skal mæla um Herrens pris, og alt kjøt skal lova hans heilage namn i all æva og alltid.

146. salmen

1 Halleluja! Mi sjæl, lova Herren!

2 Eg vil lova Herren so lenge eg liver, syngja lov for min Gud medan eg er til.

3 Set ikkje lit til hovdingar, til ein menneskjeson som ikkje kann hjelpa.

4 Fer hans ande ut, so vender han attende til si jord, den dagen er det ute med hans tankar.

5 Sæl er den som hev Jakobs Gud til hjelp, som vonar på Herren, sin Gud!

6 han som hev skapa himmel og jord, havet og alt som i deim er, han som er trufast til æveleg tid,

7 han som gjev dei nedtyngde rett, han som gjev dei hungrige brød. Herren løyser dei bundne.

8 Herren opnar augo på dei blinde, Herren reiser dei nedbøygde, Herren elskar dei rettferdige,

9 Herren varar dei framande, farlause og enkjor held han uppe, men han villar vegen for dei ugudlege.

10 Herren skal vera konge æveleg, din Gud, Sion, frå ætt til ætt. Halleluja!

147. salmen

1 Halleluja! For det er godt å lovsyngja vår Gud, for yndelegt er det, og lovsong høver vel.

2 Herren byggjer upp Jerusalem, han samlar dei burtdrivne israelitar.

3 Han lækjer deim som hev sundbrote hjarta, og bind um deira verkjande sår.

4 Han set tal på stjernorne, han nemner deim alle med namn.

5 Stor er vår Herre og veldug i magt, på hans vit er det ikkje mål.

6 Herren held dei spaklyndte uppe, dei ugudlege bøygjer han ned til jordi.

7 Syng for Herren med takkesong, syng lov for vår Gud med cither!

8 han som tekkjer himmelen med skyer, han som lagar regn for jordi, han som let det veksa gras på fjelli.

9 Han gjev feet for, ramn-ungarne som ropar.

10 Han hev ikkje hug til hestens styrke, han hev ikkje hugnad i mannsens leggjer.

11 Herren hev hugnad i deim som ottast han, deim som ventar på hans miskunn.

12 Jerusalem, prisa Herren, Sion, lova din Gud!

13 For stengerne på dine portar hev han gjort faste, han hev velsigna dine born i deg.

14 Han gjev dine grensor fred, han mettar deg med den feitaste kveite.

15 Han sender sin tale til jordi, fort spring hans ord.

16 Han som gjev snø som ull, han strår ut rim som oska.

17 Han kastar sin is som småe stykke; kven kann standa for hans kulde?

18 Han sender sitt ord og smeltar deim, han let vinden sin blåsa, då renn vatn.

19 Han hev kunngjort sitt ord for Jakob, sine fyresegner og rettar for Israel.

20 Soleis hev han ikkje gjort med noko folk, og hans rettar - deim kjenner dei ikkje. Halleluja!

148. salmen

1 Halleluja! Lova Herren frå himmelen, lova honom i det høge!

2 Lova honom, alle hans englar, lova honom, all hans her!

3 Lova honom, sol og måne, lova honom, alle lysande stjernor!

4 Lova honom, de himle-himlar, og de vatn ovanfor himlarne!

5 Dei skal lova Herrens namn, for han baud, og dei vart skapte,

6 og han stelte deim upp for alltid og æveleg, han gav ei lov som ingen bryt.

7 Lova Herren frå jordi, de store sjødyr og alle djup,

8 Eld og hagl, snø og eim, du storm som set hans ord i verk,

9 de fjell og alle haugar, aldetre og alle cedrar,

10 de ville dyr og alt fe, krekande dyr og fljugande fuglar;

11 de kongar på jordi og alle folk, de hovdingar og alle domarar på jordi,

12 de unge gutar og gjentor, de gamle med dei unge!

13 Dei skal lova Herrens namn, for berre hans namn er høgt, hans herlegdom er yver jord og himmel,

14 og han hev lyft upp eit horn for sitt folk, til ein lovsong for alle sine trugne, for Israels born, det folk som er honom nær. Halleluja!

149. salmen

1 Halleluja! Syng Herren ein ny song, hans lov i samlingi av dei gudlege!

2 Israel glede seg i sin skapar, Sions søner frygde seg for sin konge!

3 Dei skal lova hans namn med dans, syngja for honom til pauka og cither.

4 For Herren hev hugnad i sitt folk, han pryder spaklyndte med frelsa.

5 Dei gudlege frygdar seg i herlegdom, dei ropar av fagnad på sine lægje.

6 Lovsong for Gud er i deira munn, og eit tvieggja sverd i deira hand,

7 til å fullføra hemn yver heidningarne, refsing yver folkeslagi,

8 til å binda deira kongar med lekkjor og deira storfolk med jarnband,

9 til å fullføra fyreskriven dom yver deim. Æra er dette for alle hans trugne. Halleluja!

150. salmen

1 Halleluja! Lova Gud i hans heilagdom, lova honom i hans sterke kvelv!

2 Lova honom for hans storverk, lova honom etter hans fulle storleik!

3 Lova honom med lurljom, lova honom med harpa og cither!

4 Lova honom med trumma og dans lova honom med strengleik og fløyta!

5 Lova honom med klingande cymblar, lova honom med ljomande cymblar!

6 Alt som hev ande, love Herren! Halleluja!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021