Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Salomos Ordtke

Salomos Ordtøke

1. kapitlet

1 Ordtøke av Salomo, son til David, konge yver Israel.

2 Av deim kann ein læra visdom og age og skyna vituge ord.

3 Og få age so ein vert klok, rettferd og rett og rettvisa.

4 Dei kann gjeva dei urøynde klokskap, ungdomen kunnskap og ettertanke -

5 so den vise kann høyra og auka sin lærdom og den vituge verta rådklok.

6 Dei gjev skyn på ordtak og myrke ord, ord frå dei vise og gåtorne deira.

7 Otte for Herren er upphav til kunnskap, uvitingar vanvyrder visdom og age.

8 Høyr etter, son min, når far din deg agar, og kasta ’kje frå deg det mor di deg lærer!

9 For det er ein yndeleg krans for ditt hovud, og kjedor kring halsen din.

10 Son min, når syndarar lokkar deg, samtykk ikkje!

11 Um dei segjer: «Kom med oss! Me vil lura etter blod, setja fella for den skuldlause utan grunn;

12 Me vil gløypa deim som helheimen livande, og heile som når dei fer i gravi;

13 Me vinna oss alle slag skattar, og fyller husi våre med rov;

14 du skal få lutskifte saman med oss, alle skal me ha same pungen.» -

15 Son min, gakk ikkje då på vegen med deim, haldt foten din burte frå deira stig!

16 For føterne deira spring til vondt og er snøgge til å renna ut blod.

17 Men fåfengt breier dei netet for augo på alle fuglar.

18 Dei lurer på sitt eige blod og set eit garn for sitt eige liv.

19 So gjeng det kvar som riv til seg med ran, det drep sin eigen herre.

20 Vismøyi ropar på gata og lyfter si røyst på torgi.

21 På gatehyrna preikar ho midt i ståket, i porthallar og kring i byen ho talar:

22 «Kor lenge vil de fåkunnige elska fåkunna, og kor lenge vil spottarar ha hug til spott, og dårar hata kunnskap?

23 Snu dykk hit når eg refser! So skal åndi mi fløyma for dykk, og eg skal kunngjera dykk mine ord.

24 Eg ropa og de vilde ikkje høyra, og ingen agta på at eg rette ut handi,

25 De brydde dykk ei um all mi råd, og ansa ikkje mitt refsings ord,

26 So skal eg då læ når de ulukka fær, eg skal spotta når det som de ræddast kjem,

27 når det de ræddast kjem som eit uver, og uferdi dykkar fer hit som ein storm, når trengsla og naud kjem på dykk.

28 Då vil eg ikkje svara når de ropar på meg, dei skal naudleita etter meg, men ikkje finna meg.

29 Av di dei hata kunnskap og forsmådde otte for Herren,

30 ikkje lydde på mi råd, vanyrde all mi påminning,

31 skal dei eta frukt av si åtferd og verta mette av sine råder.

32 For einvisa drep dei einfaldne, og tryggleiken dårarne tyner.

33 Men den bur trygt, som høyrer på meg, verna um ulukke-rædsla.»

2. kapitlet

1 Son min! tek du imot mine ord og gøymer bodi mine hjå deg,

2 so du vender øyra til visdomen, bøygjer hjarta til vitet,

3 ja, når du kallar på skynet og ropar høgt på vitet,

4 leitar du etter det som vore det sylv, og grev som vore det løynde skattar,

5 då skal du skyna otte for Herren, og Guds-kunnskap skal du finna.

6 For Herren er den som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og vit.

7 Han gøymer frelsa for dei ærlege, han er ein skjold for dei som fer ulastande,

8 med di for han vaktar stigarne åt retten og varar vegen vel for sine trugne.

9 Då skal du skyna rettferd og rett og rettvisa, ja, kvar god veg.

10 For visdom koma skal i hjarta ditt, og kunnskap vera hugleg for di sjæl,

11 yver deg skal ettertanke halda vakt, vit skal vara deg

12 og fria deg ifrå den vonde åtferd, frå folk som talar fals,

13 dei som gjeng frå dei rette stigar og vil vandra på myrke vegar,

14 dei som gled seg med å gjera vondt, og fegnast yver rangt og vondt,

15 dei som gjeng på kroke-stigar og fer på range vegar. -

16 Han skal fria deg frå annanmanns kona, frå framand kvinna med sleipe ord,

17 som hev svike sin ungdoms ven og si Guds-pakt hev gløymt.

18 For ho sig ned til dauden med sitt hus, og ned til daudingarne hennar vegar ber.

19 Ingen som gjeng inn til henne, kjem attende, og dei når ikkje livsens stigar.

20 Han vil du skal ganga den vegen dei gode gjeng, og halda deg på dei stigane der rettferdige ferdast;

21 for dei ærlege skal bu i landet, og dei ulastelege der skal verta att,

22 men dei ugudlege skal rydjast ut or landet, og svikarane skal verta rivne burt frå det.

3. kapitlet

1 Son min, gløym ikkje læra mi! Lat hjarta varveitsla bodi mine!

2 For livetid lang og livs-år i mengd og velferd dei gjev deg i rikaste mål.

3 Lat ei kjærleik og truskap vika frå deg, men bitt deim um halsen på deg, skriv deim på di hjartetavla!

4 Då vinn du ynde og fær godt vit for augo på Gud og menneskje.

5 Lit på Herren av heile ditt hjarta men set ikkje lit til ditt vit!

6 Tenk på honom i all di ferd! So jamnar han dine vegar.

7 Ver ikkje vis i eigne augo, ottast Herren og vik frå det vonde.

8 Det vert til helsebot for holdet ditt, og kveik for beini dine.

9 Æra Herren med eiga di og med fyrstegrøda av all di avling.

10 Då vert dine lødor rikleg fyllte, og safti renn yver i persorne dine.

11 Son min, ei du vanvyrde Herrens age, og ver ikkje leid for hans refsing!

12 For Herren agar den han elskar, som ein far med den son han hev kjær.

13 Sæl den mann som hev funne visdom, og den mann som vinn seg vit!

14 For det er betre å kjøpa visdom enn sylv, og den vinning han gjev, er betre enn gull.

15 Dyrare er han enn perlor, av alle dine skattar er ingen som han.

16 Langt liv hev han i høgre handi, og i vinstre rikdom og æra.

17 Hans vegar er hugnads-vegar, og alle hans stigar er velferd.

18 Han er livsens tre for deim som grip han, og dei som held han fast, er sæle.

19 Med visdom hev Herren grunnfest jordi, med vit hev han laga himmelen.

20 Ved hans kunnskap fossa vatnet or djupi, og frå skyerne dryp det dogg.

21 Son min! Slepp ikkje augo av deim, tak vare på visdom og ettertanke!

22 So skal dei vera liv for sjæli di og prydnad um halsen din.

23 Då vandrar du trygt din veg og støyter ikkje din fot.

24 Når du legg deg, so kvekk du ’kje upp, men du ligg og søv so godt.

25 Du skal ikkje ottast for bråstøkk, eller uver som yver ugudlege kjem.

26 For Herren skal vera di tiltru, og han skal vara din fot frå snara.

27 Haldt ei burte det gode frå deim som treng det, når det stend i di magt å gjeva det!

28 Seg ikkje til grannen din: «Gakk og kom att! Eg skal gjeva deg i morgon» - når du hev det no!

29 Tenk ikkje på vondt mot grannen din, når han bur trygt hjå deg!

30 Trætta ikkje med nokon utan grunn, når han ei hev gjort deg vondt!

31 Ovunda ikkje ein valdsmann, og vel ikkje nokon av alle hans vegar!

32 For den falske er ei gruv for Herren, men med ærlege hev han umgang.

33 Herrens forbanning er i huset hjå den gudlause, men heimen åt rettferdige velsignar han.

34 Gjeld det spottarar, so spottar han, men dei audmjuke gjev han nåde.

35 Vismenner erver æra, men dårer ber med seg skam til løn.

4. kapitlet

1 Høyr etter, born, når far dykkar tuktar, og gjev gaum, so kann de læra å skyna!

2 For eg gjev dykk ein lærdom god; gakk ikkje frå mi upplæring!

3 For eg var og barn for far min, og mor sin einaste veslegut.

4 Då lærde han meg og sagde til meg: «Lat hjarta ditt hanga ved mine ord, tak vare på mine bod, so skal du liva.

5 Kjøp deg visdom, kjøp deg vit, Gløym ei, vik ei burt frå ordi eg segjer!

6 Gakk ei frå visdomen, so skal han vakta deg, elska han, so skal han vara deg.

7 Upphavet til visdom er: Kjøp deg visdom! Og kjøp deg vit for all di eiga!

8 Set han høgt, so skal han upphøgja deg, han fører deg til æra når du tek han i fang.

9 Han set på ditt hovud ein yndeleg krans, ei kruna so fager han gjev deg.»

10 Høyr, min son, og tak imot mine ord, so vert dine livs-år mange.

11 Eg viser deg visdoms veg, eg fører deg fram på beine stigar.

12 Når du gjeng, skal du stiga fritt, når du spring, skal du ikkje snåva.

13 Haldt fast på agen, slepp han ikkje, tak vare på han, for han er ditt liv.

14 På gudlause-stig må du ikkje koma, ei fara den vegen dei vonde fer.

15 Lat han vera, gakk ikkje på han, vik frå han og kom deg undan!

16 For dei søv ikkje, fær dei ’kje synda, dei misser svevnen, fær dei ikkje folk til å falla.

17 Gudløysa er det brødet dei et og vald er den vinen dei drikk.

18 Men den stigen rettferdige gjeng, er som morgonglima som ljosnar og ljosnar til dagen renn.

19 Den vegen dei ugudlege gjeng, er som kolmyrkret, dei veit ikkje kva dei snåvar i.

20 Son min, agta på ordi mine, vend ditt øyra til det eg segjer!

21 Lat dei ikkje vika frå augo dine, vara dei djupt i hjarta!

22 For det er liv for kvar som finn det, og lækjing for heile hans likam.

23 Framfor alt som du vaktar, tak vare på hjarta, for livet gjeng ut frå det.

24 Haldt svik med munnen ifrå deg, og burt med falske lippor!

25 Lat augo dine sjå beint fram, og augnekasti skoda ende fram for deg!

26 Jamna stigen for din fot, og lat alle dine vegar vera støde.

27 Vik ei til høgre eller vinstre, vend foten ifrå det vonde!

5. kapitlet

1 Son min, gjev agt på min visdom, lut øyra ned til mitt vit!

2 So du kann halda deg gløggtenkt, og lipporne gøyma på kunnskap.

3 For honning dryp av skjøkjelippor, og hennar gom er sleipar’ enn olje,

4 men til slutt er ho beisk som malurt, kvass som eit tvieggja sverd.

5 Hennar føter stig ned til dauden, hennar fet fører radt til helheims.

6 Ho gjeng ikkje livsens stig, gålaus vinglar ho vegvill.

7 Og no, søner, høyr på meg, og vik ikkje frå det munnen min mæler!

8 Lat din veg vera langt frå henne, kom ’kje nær til husdøri hennar!

9 Annars gjev du din vænleik til andre, åt ein hardstyrar åri dine.

10 Av di eiga vil framande mettast, det du samla med stræv, kjem i annanmanns hus,

11 so du lyt stynja til slutt når ditt hold og kjøt er upptært,

12 og segja: «Kor kunde eg hata tukt, og hjarta mitt vanvyrda age?

13 Kvi høyrde eg ikkje på meistrarne mine, og lydde på deim som lærde meg?

14 Nær var eg komen ille i det midt i mengdi som sat til tings.»

15 Drikk or din eigen brunn, det som renn or di eigi kjelda!

16 Skulde kjeldorne dine renna på gata, vatsbekkjerne dine ute på torgi?

17 Lat deim vera berre for deg, og ikkje for framande med deg!

18 Kjelda di vere velsigna, gled du deg i din ungdoms viv.

19 Elskhugs-hindi, ynde-gasella - barmen hennar alltid deg kveikje, stødt vere du trylt av hennar kjærleik.

20 Kvi skulde du, son min, tryllast av onnor kona, og femna barmen på framand kvinna?

21 For Herren hev kvar manns vegar for augo, og han jamnar alle hans stigar.

22 Den gudlause vert fanga i misgjerningarne sine, hans synde-band bind honom fast.

23 Han døyr av di han ikkje let seg aga, og ved sin store dårskap tumlar han i koll.

6. kapitlet

1 Hev du borga for grannen din, son min, hev du handtekest for ein annan,

2 er du bunden ved ord av din munn, er du fanga i ord av din munn,

3 gjer då soleis, son min, og berga deg, sidan du er komen i handi på grannen: Gakk og kasta deg ned for grannen, gjer ågang på han,

4 unn ikkje dine augo svevn, eller augneloki ein blund.

5 Frels deg som ei gasella or handi hans, som ein fugl or fangarvald!

6 Gakk til mauren, du leting, sjå hans ferd og vert vis!

7 Han hev ingen hovding eller fut eller herre,

8 men lagar um sumaren maten sin til og hev um hausten sanka si føda.

9 Kor lenge vil du liggja, du leting? Når ris du upp or di svevn?

10 Endå litt svevn, endå litt blunding, endå litt kvild med henderne i kross,

11 so kjem armodi di som ein farande fant og naudi som skjoldvæpna mann.

12 Ugagns menneskje, illgjerningsmann, er den som gjeng og rengjer munnen,

13 som blinkar med augo, skrapar med foten, peikar med fingrarne,

14 med meinspel i hjarta, alltid emnar på ilt, og yppar trættor.

15 Difor kjem hans undergang brått, snøgt vert han ulækjande krasa.

16 Det er seks ting som Herrens hatar, og sju er ei gru for hans sjæl:

17 Storlåtne augo, ljugartunga, hender som renner ut skuldlaust blod,

18 hjarta som tenkjer upp vonde råder, føter som renner rapt til vondt,

19 den som lyg og vitnar falskt, den som yppar strid millom brør.

20 Son min, tak vare på bodet åt far din, og kasta ’kje frå deg læra åt mor di!

21 Bitt deim alltid til hjarta ditt, knyt deim um halsen din!

22 Når du gjeng, skal læra leida deg; når du ligg, skal ho vaka yver deg; når du vaknar, skal ho tala til deg.

23 For bodet er ei lykt og lovi er ljos, og påminning med tukt er livsens veg.

24 Dei kann vara deg frå den vonde kvinna, frå den sleipe framande tunga.

25 Ikkje trå i hjarta etter vænleiken hennar, og lat ho ’kje fanga deg med augneloki sine!

26 For skjøkja armar ut til siste brødbit, og gifte kona jagtar etter dyre livet.

27 Kann nokon taka eld i fanget og ikkje brenna klædi sine?

28 Ell’ kann ein gå på gløder og ikkje svida føterne?

29 So vert det med den som gjeng inn til kona åt grannen; ingen kjem urefst frå det, um han rører henne.

30 Vert ikkje tjuven vanvyrd, um han stel og vil stilla sin svolt?

31 Vert han teken, lyt han sjufaldt betala, alt han eig i sitt hus, lyt han gjeva.

32 Den som driv hor med ei kona, er vitlaus, den som vil tyna seg sjølv, gjer slikt.

33 Hogg og skjemsla fær han, og ingen utslettar hans skam.

34 For mannen harmast i åbryskap, på hemnsdagen sparer han ikkje.

35 Han bryr seg ikkje um nokor bot og tek ’kje imot um du gjev han mykje.

7. kapitlet

1 Son min, tak vare på ordi mine, og gøym mine bodord hjå deg!

2 Tak vare på bodordi mine, so skal du liva, og på læra mi som din augnestein!

3 Bitt deim på fingrarne dine, skriv deim på hjartetavla!

4 Seg til visdomen: «Du er mi syster», og kalla vitet din ven,

5 so dei kann deg vara frå annanmanns kona, frå ei framand kvinna med sleipe ord.

6 For gjenom vindauga mitt, gjenom rimarne glytte eg ut.

7 Då såg eg millom dei fåkunnige, eg gådde ein uviting millom dei unge,

8 som smaug um hyrna på gata, tok vegen til hennar hus,

9 i skumings-stundi, mot kvelden, i kolmyrke svarte natti.

10 Då kom kvinna imot han i skjøkjebunad og innful i hjarta -

11 bråkande er ho og vill, heime hev ho ’kje ro.

12 Snart på gata, snart på torgi, med kvart hyrna stend ho på lur -

13 Ho tok fat på han og kysste han, og med ubljug uppsyn sagde ho til han:

14 «Eg hev på meg eit gilde-offer, og eg held min lovnad i dag.

15 Difor gjekk eg ut imot deg, vilde leita deg upp, og eg fann deg.

16 Mi seng hev eg reidt med tæpe, med egyptiske roselakan.

17 Eg hev skvett utyver mi lega myrra, aloe og kanel.

18 Kom til ein kjærleiks rus alt til morgons, lat oss hyggja oss saman i elskhug!

19 For mannen er ikkje heime, han er på ferd langt burte,

20 pengepungen tok han med seg, ved fullmånetid kjem han heim.»

21 Ho fekk lokka han med all si sterke fyreteljing, forførde han med sine sleipe lippor.

22 Han fylgjer henne straks, som ein ukse gjeng til slagt, som i fotjarn til tukt for dåren,

23 til dess pili kløyver hans livr, som fuglen skundar til snara og veit ikkje at det gjeld livet.

24 Og no, søner, høyr på meg, og lyd på det munnen min talar!

25 Ei vende du hjarta til hennar vegar, vimra ikkje på hennar stigar!

26 For mange med ulivssår hev ho felt, og stort er talet på deim ho hev drepe.

27 Hennar hus er vegar til helheim, dei gjeng ned til daudens kot.

8. kapitlet

1 Høyr kor visdomsmøyi ropar, og vitet høgmælt talar!

2 Uppe på haugar ved vegen, der stigarne møtest, stend ho,

3 attmed portarne ut or byen, ved døra-inngangen ropar ho høgt:

4 «Godtfolk, eg ropar på dykk, og til mannsborni ljomar mi røyst.

5 Fåkunnige, lær dykk klokskap, og de dårar, vinn dykk vit!

6 Høyr, eg talar gjæve ord, og ærlegt er det som lipporne segjer;

7 ja, sanning talar min gom, og lipporne styggjest ved gudløysa.

8 Alle ord i min munn er rette, det finst ikkje fult eller falskt i deim.

9 Dei er alle sanne for den kloke og rette for deim som fann kunnskap.

10 Tak då min age heller enn sylv og kunnskap framfyre utvalt gull!

11 For visdom er betre enn perlor, og av alle skattar er ingen som denne.

12 Eg, visdomen, skyner meg på klokskap, og vit på rådleggjing hev eg.

13 Otte for Herren er hat til det vonde; stormod og storlæte, åtferd stygg, og ein munn full av fals eg hatar.

14 Hjå meg er råd og dug, eg er vit, hjå meg er magt.

15 Eg gjer at kongar råder, og at hovdingar dømer rett.

16 Eg gjer at styrarar styrer og fyrstar - alle domarar på jordi.

17 Eg elskar deim som meg elskar, og dei som leitar meg upp, skal meg finna.

18 Rikdom og æra er hjå meg, gamalt gods og rettferd.

19 Mi frukt er betre enn gull, ja skiraste gullet, og den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sylv.

20 Eg gjeng på rettferds veg, midt på rettvise-stigar,

21 For eg vil gjeva gods åt deim som elskar meg og fylla deira forråd.

22 Herren skapte meg til fyrste verket sitt, fordom fyrr han gjorde noko anna.

23 Alt frå æva er eg innsett, frå upphavet, fyrr jordi vart til.

24 Fyrr djupi var til, vart eg fødd, då det ei fanst kjeldor fulle med vatn,

25 fyrr fjelli var søkkte ned, fyre haugar vart eg fødd,

26 fyrr han skapte jord og mark og den fyrste moldklump i verdi.

27 Då han laga himmelen, var eg der, då han slo kvelv yver djupet.

28 Då han feste skyerne i det høge, då kjeldorne fossa fram or djupet,

29 då han sette grensa for havet, so vatnet ei gjekk lenger enn han baud, då han la grunnvollar for jordi,

30 då var eg verksmeister hjå han og var til hugnad for han dag etter dag, eg leika meg stødt for hans åsyn.

31 Eg leika på heile jordkringen hans og hadde min hugnad i manneborni.

32 Og no, born, høyr på meg! Sæle er dei som held mine vegar.

33 Høyr på tukt og vert vise, og slepp ho ikkje ifrå dykk!

34 Sæl den mann som høyrer på meg, so han dagstødt vaker ved dørerne mine og vaktar dørstokkarne mine.

35 For den som finn meg, finn livet og fær velsigning frå Herren.

36 Men den som missar meg, skader seg sjølv, og alle som hatar meg, elskar dauden.»

9. kapitlet

1 Visdomsmøyi hev bygt seg hus, hev hogge til sine stolpar sju.

2 Ho hev slagta sitt slagt og blanda sin vin og attåt duka sitt bord.

3 Sine ternor hev ho sendt ut, og ropar ovan frå haugarne i byen:

4 «Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Til den vitlause segjer ho:

5 «Kom, og et av mitt brød og drikk av den vin eg hev blanda!»

6 Lat fåkunna fara so de kann liva og vandra på vegen til vit!

7 Den som refser ein spottar, fær skam yver seg, den som lastar ein gudlaus, fær seg ein flekk.

8 Lasta ’kje spottaren, han vil hata deg! Lasta den vise, han vil elska deg!

9 Gjev ein vismann, so aukar hans visdom, lær ein rettferdig, so lærar han meir.

10 Otte for Herren er upphav til visdom, og vit er å kjenna den Heilage.

11 «For ved meg dine dagar skal aukast, og fleire livs-år fær du.»

12 Er du vis, so gagnar det deg sjølv, spottar du, so lyt du bera det åleine.

13 Fru dårskap fer med ståk, fåkunnig som ho er og ingen ting veit.

14 Ho sit attmed husdøri si, på ein stol høgt uppe i byen,

15 og bed inn dei som ferdast på vegen, som gjeng sine stigar beint fram:

16 «Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Ja, til den vitlause segjer ho:

17 «Stole vatn er søtt, og ljuvlegt er løyn-ete brød.»

18 Og han veit ’kje at der bur daudingar, at hennar gjester er i helheims djup.

10. kapitlet

1 Ordtøke av Salomo.
Ein vis son er til gleda for far sin, men ein dårleg son er mor si til sorg.

2 Ragn-fegne skattar gagnar inkje, men rettferd frelser frå dauden.

3 Herren let ikkje rettferdig mann hungra, men giren hjå gudlause viser han burt.

4 Lat-hand skaper armod, men strevsam hand gjer rik.

5 Ein klok son sankar um sumaren, ein skjemdar-son søv um hausten.

6 Velsigningar kjem yver hovudet på den rettferdige, men munnen åt dei gudlause gøymer vald.

7 Minnet um den rettferdige ert til velsigning, men namnet åt dei gudlause morknar.

8 Den vise tek imot påbod, men gapen gjeng til grunns,

9 den som ferdast i uskyld, ferdast trygt, men den som gjeng krokvegar, skal verta kjend.

10 Den som blinkar med auga, valdar vondt, men gapkjeften gjeng til grunns.

11 Rettferdig manns munn er ei livsens kjelda, men munnen åt gudlause gøymar vald.

12 Hat yppar trætta, men kjærleik breider yver alle brot.

13 På vitug manns lippor er visdom å finna, men riset høver åt ryggen på dåren.

14 Dei vise gøymer kunnskapen sin, men or narremunn kann ein venta fåre.

15 Rikmanns eiga er hans faste by; fatigfolks ulukka er deira armod.

16 Det den rettferdige tener, gjeng til liv, det den gudlause vinn, gjeng til synd.

17 Den som på tukt tek vare, gjeng til livet, men den fer vilt som ikkje agtar age.

18 Den som løyner hat, hev ljugarlippor, og den som breider ut baktale, er ein dåre.

19 Der d’er mange ord, vil synd ikkje vanta, men den som set lås for lipporn’, er klok.

20 Rettferdig manns tunga er utvalt sylv, men gudløysings vit er lite verdt.

21 Rettferdig manns lippor læskar mange, men dårarne døyr for dei vantar vit.

22 D’er Herrens velsigning som gjer rik, og eige stræv legg inkje til.

23 Dåren finn moro i skjemdarverk, men den vituge mannen i visdom.

24 Det den ugudlege gruar for, kjem yver han, og det rettferdige ynskjer, vert deim gjeve.

25 Der stormen hev fare, er den gudlause burte, men den rettvise stend på æveleg grunn.

26 Som edik er for tennerne og røyk for augo, so er letingen for den som sender han.

27 Otte for Herren lengjer livet, men gudløysings år vert stytte.

28 Rettferdige kann venta gleda, men voni åt gudlause vert til inkjes.

29 Herrens veg er vern for den skuldfri, men øydeleggjing for illgjerningsmenner.

30 Rettferdig mann skal aldri rikkast, men gudlause skal ei få bu i landet.

31 Rettferdig manns munn ber visdoms frukt, men avskori vert den falske tunga.

32 Rettferdig manns lippor søkjer hugnad, men munnen på gudlause berre fals.

11. kapitlet

1 Falsk vegt er fæl for Herren, men full vegt likar han godt.

2 Kjem stormod, so kjem og skam, men smålåtne, dei hev visdom.

3 Dei ærlege hev si uskyld til førar, men fals slær sin herre på hals.

4 Gods hjelper ikkje på vreidens dag, men rettferd frelser frå dauden.

5 Ærleg manns rettferd jamnar hans veg, men den gudlause stuper ved gudløysa si.

6 Ærlege folk ved si rettferd vert frelste, men dei falske vert fanga i eigen gir.

7 Når ugudleg mann døyr, er det ute med voni; og vondskaps venting til inkjes vert.

8 Rettferdig vert fria or trengsla, og ugudleg kjem i hans stad.

9 Den skamlause tyner sin granne med munnen, men rettferdige friar seg ut med sin kunnskap.

10 Gjeng det godt med rettferdige, fegnast byen, vert gudlause tynte, syng folk av gleda.

11 Med velsigning frå ærlege folk kjem byen seg upp, men gudlause munn bryt han ned.

12 Vitlaus er den som vanvyrdar sin granne, men vitug mann tegjer stilt.

13 Den som fer med drøs, ber løynråd ut, men den hjarte-trugne løyner saki.

14 Der inkje styre er, lyt folket falla, men der dei rådvise er mange, der er frelsa.

15 Borgar du for framand, er du ille faren, men han er trygg som hatar handtak.

16 Ei yndefull kvinna vinn æra, og valdsmenner vinn seg rikdom.

17 Ein godhjarta mann gjer vel mot si sjæl, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt.

18 Den ugudlege vinn seg ei sviksam løn, men den som rettferd sår, fær varig løn.

19 Stend du fast i rettferd, vinn du liv, men fer du etter vondt, då fær du daude.

20 Dei range i hugen hev Herren ein stygg til, men han likar deim som ulastande ferdast.

21 Det kann du gjeva handi på, den vonde vert ’kje urefst, men ætti åt rettferdige slepp undan.

22 Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinna utan vit.

23 Det rettferdige ynskjer, vert berre godt, det som gudlause vonar, vert til vreide.

24 Ein strår ut og fær endå meir, ein annan vert arm av usømeleg sparing.

25 Den som velsignar, skal trivast, og kveikjer du andre, vert sjølv du kveikt.

26 Ein kornflår, honom bannar folket, men signing kjem yver den som sel korn.

27 Den som strævar etter godt, han søkjer hugnad, men den som leitar etter vondt, han fær det yver seg.

28 Den som lit på sin rikdom, han skal stupa, men rettferdige grønkar som lauv.

29 Den som øydar sitt hus, skal erva vind, og narren vert træl åt den kloke.

30 Rettferdig manns frukt er eit livsens tre, og sjæler vinn den vise.

31 Du ser rettferdig mann fær vederlag på jordi, kor mykje meir då den ugudlege og syndaren!

12. kapitlet

1 Den som elskar age, elskar kunnskap, men den som hatar refsing, han er fåvis.

2 Den gode vinn seg hugnad hjå Herren, men den meinsløge fordømer han.

3 Ingen mann vert stød av gudløysa, men roti åt rettferdige kann ingen rikka.

4 Ei fagna kona er ein krans for mannen sin, eit skjemda ting er fæl som ròt i beini hans.

5 Tankar hjå rettferdige tenkjer er det som rett er, dei råder som ugudlege legg upp, er svik.

6 Ordi hjå ugudlege gjeng ut på luring etter blod, men ærlege vert berga ved sin munn.

7 Ugudlege vert kasta i koll, og so er det ute med deim, men rettferdige folks hus stend fast.

8 Ein mann fær ros alt etter som vitet hans er, men den ranglyndte kjem i vanvyrdnad.

9 Betre småmann med ein tenar enn låst vera storkar og ikkje ha mat.

10 Den rettferdige veit korleis buskapen har det, men hardt er hjarta hjå ugudlege folk.

11 Den som dyrkar si jord, fær mette av brød, den som fer etter fåfengde ting, er fåvis.

12 Ein gudlaus hev hug til vonde folks garn, men roti åt rettferdige gjev frukt.

13 Lippe-synd er snara vond, men den rettferdige slepp ut or trengsla.

14 Av sin munns frukt fær ein mann sin gode mette, og eit menneskje fær att det han hev gjort med sine hender.

15 Uvitingen held sin eigen veg for den rette, men den vise høyrer på råd.

16 Når uvitingen er vreid, vert det kjent same dagen, men den kloke løyner skjemsla.

17 Den som andar ærlegskap, segjer det som rett er, men det falske vitnet talar svik.

18 Mang ein fer med svall som sverdstyng; men tunga åt dei vise, ho er lækjedom.

19 Sanningslippa held seg æveleg, men falske tunga berre i ein augneblink.

20 Svik er i deira hjarta som smider vondt i hop, men dei som rå’r til fred, hev gleda.

21 Inkje vondt den rettferdige råkar, men gudlause fær ulukka i fullaste mål.

22 Ei stygja for Herren er ljugarlippor, men han likar deim som fer fram med truskap.

23 Ein klok mann løynar kunnskap, men dåre-hjarta ropar ut vitløysa.

24 Strævsam hand kjem upp til herrevelde, men leta fører til trældom.

25 Sorg i mannens hjarta bøygjer det ned, men eit godt ord gjev det gleda.

26 Den rettferdige rettleider næsten sin, men vegen åt gudlause fører deim vilt.

27 Letingen steikjer ikkje si veidn, men annsemd er rikdom so dyr for menneskja.

28 På rettferds stig er liv, og gonga på vegen gjeng ikkje til dauden.

13. kapitlet

1 Den vise son let seg aga av far sin, men spottaren høyrer ikkje på skjenn.

2 Sjølv fær ein godt av den frukt som munnen ber, men hugen åt svikarar stend etter vald.

3 Den som agtar munnen sin, varar si sjæl, men gapen fær seg ei ulukka.

4 Hugen i letingen lyster og fær ikkje noko, hugen i strævsame folk fær rikleg mette.

5 Den rettferdige hatar ljugarord, men den gudlause fer stygt og skamleg åt.

6 Rettferd varar den som fer ulastande, men gudløysa feller den som gjer synd.

7 Mang ein ter seg rik og eig då inkje, ein annan ter seg fatig og eig mykje.

8 Mannsens rikdom er ein løysepeng for livet hans, men fatigmannen fær inkje trugsmål høyra.

9 Ljoset åt dei rettferdige brenn lystigt, men lampa åt ugudlege vil slokna.

10 Med ovmod veld ein berre trætta, men hjå deim som tek mot råd, er visdom.

11 Lettfengen rikdom minkar, men sankar du smått um senn, fær du meir og meir.

12 Langdrøg von gjer hjarta sjukt, men uppfyllt ynskje er eit livsens tre.

13 Den som vanvyrder ordet, tyner seg sjølv, men den som ottast bodordet, fær løn.

14 Vismanns læra er livsens kjelda, so ein slepp undan frå daudesnaror.

15 Godt vit gjev manntekkje, men hard er vegen som svikarar gjeng.

16 Kvar som er klok, fer fram med vit, men ein dåre briskar seg med dårskap.

17 Ein gudlaus sendemann fell i ulukka, men trufast bodberar er lækjedom.

18 Armod og skam fær den som viser age ifrå seg, men den som agtar på refsing, vinn æra.

19 Uppfyllt ynskje er søtt for sjæli, men å vika frå vondt er ei gruv for dårar.

20 Gakk saman med dei vise, so vert du vis, men ilag med dårar gjeng det deg ille.

21 Ulukka forfylgjer syndarar, men rettferdige fær godt til løn.

22 Den gode let etter seg arv til barneborn, men det syndaren eig, er gøymt åt den rettferdige.

23 Fatigfolks nybrot gjev rikeleg føda, men mang ein vert tynt ved urettferd.

24 Den som sparer riset sitt, hatar son sin, men den som elskar han, tuktar honom tidleg.

25 Rettferdige hev mat til å metta seg på, men gudlause gjeng med magen tom.

14. kapitlet

1 Kvinnevisdom byggjer huset sitt, men dårskap riv det ned med henderne.

2 Den som ottast Herren, fer ærleg fram, men krokvegar gjeng den som vanvyrder honom.

3 I narrens munn er ovmods ris, men dei vise hev lipporne sine til vern.

4 Utan uksar er krubba tom, men når stuten er sterk, vert innkoma stor.

5 Ikkje lyg eit ærlegt vitne, men det falske vitne andar lygn.

6 Spottaren søkjer visdom, men fåfengt, men lett finn den skynsame kunnskap.

7 Gakk burt frå ein dåre, ei fekk du der merka lippor med kunnskap.

8 Klok manns visdom er: han skynar vegen sin, men dåre-narreskapen er: dei svik seg sjølv.

9 Dårar fær spott av sitt eige skuldoffer, men millom ærlege folk er godhug.

10 Hjarta kjenner si eigi sorg, og gleda legg ingen framand seg uppi.

11 Gudlause folk fær sitt hus lagt i øyde, men ærlege folk ser tjeldet sitt bløma.

12 Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på honom er vegar til dauden.

13 Jamvel midt i låtten kjenner hjarta vondt, og enden på gleda er sorg.

14 Av åtferdi si skal den fråfalne mettast, og ein god mann held seg burte frå han.

15 Den einfalde trur kvart ordet, men den kloke agtar på sine stig.

16 Den vise ottast og held seg frå vondt, men dåren er brålyndt og trygg.

17 Bråsinna mann gjer narreverk, og meinsløg mann vert hata.

18 Einfalde erver dårskap, men dei kloke fær kunnskap til krans.

19 Vonde skal bøygja seg for dei gode, og gudlause ved portarne til den rettferdige.

20 Ein fatig vert hata av venen sin jamvel, men ein rik vert elska av mange.

21 Vanvyrder du næsten din, syndar du, men sæl den som ynkast yver armingar.

22 Skal ikkje dei fara vilt som finn på vondt, og miskunn og truskap timast deim som finn på godt?

23 Alt stræv fører vinning med seg, men tome ord gjev berre tap.

24 Rikdomen er for dei vise ei krans, men narreskapen hjå dårar er narreskap.

25 Eit sanningsvitne bergar liv, men den som andar lygn, er full av svik.

26 Den som ottast Herren, hev ei borg so fast, og for hans born det finnast skal ei livd.

27 Otte for Herren er livsens kjelda, so ein slepp undan daudesnaror.

28 Mykje folk er konungs prydnad, men folkemink er hovdings fall.

29 Langmodig mann hev mykje vit, men bråhuga mann syner narreskap.

30 Spaklyndt hjarta er likamens liv, men ilska er ròt i beini.

31 Trykkjer du armingen, spottar du skaparen hans, men du ærar skaparen når du er mild mot fatigmann.

32 I ulukka si lyt den gudlause stupa, men den rettferdige hev trygd når han skal døy.

33 I hjarta på den vituge held visdomen seg still, men hjå dårar ter han seg fram.

34 Rettferd upphøgjer eit folk, men syndi er skam for folki.

35 Kongen likar godt den kloke tenar, men harmast på den som skjemmer seg ut.

15. kapitlet

1 Mildt svar døyver harm, men eit kvast ord vekkjer vreide.

2 Tunga åt vismenner gjev god kunnskap, men narreskap gøyser or munnen på dårar.

3 Allstad hev Herren augo sine, dei ser etter vonde og gode.

4 Linnmælt tunga er livsens tre, men range tunga gjev hjartesår.

5 Ein uviting vanvyrder far sin’s age, men den som agtar på refsing, vert klok.

6 Rettferdig manns hus eig stor rikdom, men d’er ugreida med ugudleg manns inntekt.

7 Vismanns-lippor strår ut kunnskap, men so er ei med dårehjarta.

8 Gudløysings offer er ei gruv for Herren, men bøn frå ærlege han likar godt.

9 Gudløysings veg er ei gruv for Herren, men han elskar den som renner etter rettferd.

10 Hard refsing fær den som gjeng ut av vegen, den som hatar age, skal døy.

11 Helheim og avgrunn ligg i dagen for Herren, kor mykje meir då menneskje-hjarto.

12 Spottaren likar ikkje at ein lastar honom, til vismenner gjeng han ikkje.

13 Gladværugt hjarta gjer andlitet ljost, men modet vert brote i hjartesorg.

14 Vitug manns hjarta søkjer kunnskap, men dåremunn fer berre med narreskap.

15 Alle ein armings dagar er vonde, men den glade i hjarta hev gjestebod alltid.

16 Betre er lite med otte for Herren enn eigedom stor med uro attåt.

17 Betre ei nista av kål med kjærleik til enn gjødde uksen med hat attåt.

18 Brålyndt mann valdar trætta, men den toluge stiller kiv.

19 Vegen for letingen er som eit klungergjerde, men stigen er brøytt for dei ærlege.

20 Ein vis son gjer far sin gleda, men eit dårlegt menneskje vanvyrder mor si.

21 Dårskap er gleda for vitlaus mann, men ein vitug mann gjeng beint fram.

22 Råder vert til inkjes utan rådleggjing, men med mange rådgjevarar kjem dei i stand.

23 Mannen gled seg når munnen kann svara, og eit ord i rette tid, kor godt det er!

24 Den vituge gjeng livsens veg uppetter, for han vil sleppa burt frå helheimen der nede.

25 Herren riv huset ned for dei ovmodige, men for enkja let han merkesteinen standa.

26 Vonde tankar er ei gruv for Herren, men milde ord er reine.

27 Den vinnekjære fær sitt hus i ulag, men den som hatar mutor, han skal liva.

28 Rettferdig tenkjer i sitt hjarta korleis han skal svara, men gudlause let vondskap gøysa ut or munnen.

29 Langt er Herren burte frå dei gudlause, men bøni frå rettferdige han høyrer.

30 Ljos i augo hjarta gled, tidend god gjev merg i beini.

31 Det øyra som høyrer på rettleiding til livet, held seg gjerne med vismenn i lag.

32 Den som vandar age, vanvyrder si sjæl, den som høyrer på rettleiding, vinn seg vit.

33 Otte for Herren er age til visdom, og fyre æra gjeng andmykt.

16. kapitlet

1 Hjartans rådleggjing høyrer menneskja til, men tunga fær svaret frå Herren.

2 Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rein, men det er Herren som prøver ånderne.

3 Legg verki dine på Herren, so skal tankarne dine få framgang.

4 Herren hev gjort kvar ting til sitt endemål, ogso den ugudlege til uferdsdagen.

5 Kvar ovmodig er ei gruv for Herren, du kann vera viss, han skal ’kje verta urefst.

6 Med kjærleik og truskap vert misgjerning sona ut, med otte for Herren flyr ein frå det vonde.

7 Når Herren likar ferdi åt ein mann, so let han jamvel fiendarne halda fred med honom.

8 Betre er lite med rettferd enn innkomor store med urett.

9 Mannsens hjarta tenkjer ut sin veg, men Herren styrer hans stig.

10 Gudsord er på konungs lippor, i domen skal hans munn ei gjera mistak.

11 Rett vegt og rette vegtskåler høyrer Herren til, hans verk er alle lodd i pungen.

12 Ugudleg åtferd er ein styggedom for kongar, for truna stend trygt ved rettferd.

13 Kongen likar rettferdige lippor, dei elskar den som segjer det som er rett.

14 Konungs vreide er daude-bod, men ein vismann stiller vreiden.

15 I ljos frå konungs åsyn er det liv, og hans godhug er som ei regnsky um våren.

16 Å vinna visdom - kor mykje betre er det ei enn gull! Å vinna vit er meire verdt enn sylv.

17 Den vegen dei ærlege gjeng, er å fly frå vondt, den som agtar på sin veg, han varar si sjæl.

18 Fyre undergang gjeng ovmod, og stormod fyre fall.

19 Betre er med armingar å vera audmjuk enn skifta herfang med ovmodige.

20 Den som agtar på ordet, skal finna lukka, den som lit på Herren - sæl er han!

21 Den vise i hjarta vert kalla vitug, og søtleik på lipporne aukar lærdom.

22 Klokskap er livsens kjelda for deim som eig han, men fåvit er refsing for fåvise folk.

23 Vismanns hjarta gjer munnen hans vitug og aukar læra på lipporne hans.

24 Milde ord er honningdropar, søte for sjæli og lækjedom for beini.

25 Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på honom er vegar til dauden.

26 Vinne-kars hunger onnar for honom, for hans eigen munn driv på.

27 Ein låk mann grev ei ulukke-grav, og det logar som eld på lipporne hans.

28 Ein ranglyndt mann yppar trætta, og den som ber drøs, skil ven frå ven.

29 Ein valdsmann lokkar næsten sin, og leider han inn på ein veg som ei er god.

30 Den som let augo att, vil tenkja range tankar, den som knip lipporne i hop, set vondt i verk.

31 Grå hår er fager krans! Han er å vinna på rettferds veg.

32 Ein tolug mann er betre enn ei kjempa, og den som styrer hugen sin, stend yver den som tek ein by.

33 Dei kastar terningen i fanget, men all hans avgjerd kjem frå Herren.

17. kapitlet

1 Betre er ein turr brødmole med ro attåt enn huset fullt av høgtidskost med trætta til.

2 Den kloke tenar skal råda yver ein uvisleg son, og millom brøder fær han skifta arv.

3 Diglen røyner sylvet og omnen gullet, men den som røyner hjarto, det er Herren.

4 Den vonde lyder på vondskapslippa, ljugaren lyder på tyningstunga.

5 Spear du den fatige, so spottar du hans skapar, den som gled seg yver ulukka, skal få si refsing.

6 Ein krans for dei gamle er barneborn, og ei æra for borni er federne deira.

7 Det høver ikkje for ein dåre å tala store ord, enn mindre for ein fagnamann å ljuga.

8 Gåva er ein glimestein for den som fær ho; kvar ho vender seg, der fær ho framgang.

9 Søkjer du kjærleik, skyler du misgjerd, men riv du upp att ei sak, skil ven frå ven.

10 Vondord gjer meir på den vituge enn hundrad hogg på dåren.

11 Berre upprør søkjer den vonde, men ein hard bodberar vert send imot han.

12 Møt heller ei binna som hev mist sine ungar enn ein dåre med narreskapen hans!

13 Den som løner godt med vondt, frå hans hus skal ikkje det vonde vika.

14 Å taka til med strid er som å sleppa vatn ut, haldt difor upp med trætta fyrr nokon gliser med tennerne!

15 Den som frikjenner ein ugudleg og den som domfeller ein rettferdig, dei er båe tvo ein styggedom for Herren.

16 Kva skal pengar i handi på dåren? Å kjøpa visdom hev han ’kje vit til.

17 Venen elskar alltid, og bror vert fødd til hjelp i naud.

18 Ein vitlaus mann er den som handtekst, som gjeng i borg hjå grannen sin.

19 Den som elskar trætta, elskar misgjerning, den som byggjer døri si høg, søkjer fall.

20 Den som hev eit rangt hjarta, vinn ikkje lukka, og den som forvender tunga si, fell i ulukka.

21 Den som avlar eit narr, fær sorg, og ikkje gled seg far til ein dåre.

22 Gladværugt hjarta gjev lækjedom god, men nedslege mod fær beini te visna.

23 Gudlaus mann tek gåva i løynd til å bøygja rettargangen.

24 Den vituge hev visdom for augo, men dåren hev augo ved heimsens ende.

25 Uvitug son er til gremme for far sin, og beisk sorg for henne som fødde’n.

26 Det er ’kje godt at og rettferdige fær refsing, og ei at fagna folk fær slag for det som rett er.

27 Den skynsame sparer på ordi, og den vituge mann er kald i hugen.

28 Um dåren tagde, gjekk han og for vismann, og for ein vitug mann når han heldt munn.

18. kapitlet

1 Einstødingen søkjer det han sjølv er huga på, mot alle kloke råder glefser han.

2 Dåren bryr seg ikkje um å vera vitug, men vil berre visa kva som bur i honom.

3 Kjem ein ugudleg, so kjem og vanvyrdnad, og med skam fylgjer spott.

4 Ordi i ein manns munn er djupe vatn, fløymande bekkjer, visdoms kjelda.

5 D’er ’kje godt når ein gjev den gudlause medhald og rengjer rettferdig manns rett.

6 Dåre-lippor kjem uppi trætta, og munnen hans ropar etter slag.

7 Dåre-munn er til ulukka for han sjølv, og lipporne er ei snara for hans sjæl.

8 Baktalar-ord er som lostemat, dei glid so godt ned i livet.

9 Den som er lat i arbeidet sitt, han er og bror til øydaren.

10 Herrens namn er eit tårn so sterkt, der flyg den rettferdige inn og vert berga.

11 Rikmanns eiga er hans faste by, som høge muren i hans eigne tankar.

12 Fyre fall er mannsens hjarta stolt, men fyre æra gjeng audmykt.

13 Um nokon svarar fyrr han høyrer, vert det til narreskap og til skam for honom.

14 Manns mod ber uppe i sjukdom, men brote mod, kven kann bera det?

15 Vitug manns hjarta kjøper kunnskap, og øyra åt vismenner søkjer kunnskap.

16 Gåva opnar mannen veg og fører han fram til storfolk.

17 Den som fyrst legg fram si sak, fær rett, men so kjem motparten og granskar honom.

18 Lutkasting endar trettor og skil millom megtige menner.

19 Hev ein bror lide urett, er han verre å vinna enn ein festningsby, og trættor er som stengsa for eit slott.

20 Mannen fær magen sin mett av frukti or munnen sin, av grøda frå lipporne vert han mett.

21 Tunga hev daude og liv i sitt vald, dei som elskar henne, skal eta hennar frukt.

22 Den som hev funne ei kona, hev funne lukka og hev fenge ei nådegåva av Herren.

23 Den fatige bed og barmar seg, men den rike svarar med harde ord.

24 Ein mann med mange vener gjeng det ille, men ven kann vera trugnare enn nokon bror.

19. kapitlet

1 Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust enn ein mann med range lippor som attpå er ein dåre.

2 Den som er tankelaus i hugen, gjeng det gale, og den som stig for fort med føterne, han stig i miss.

3 Mannsens eigi vitløysa fører til fall, men han harmast i sitt hjarta på Herren.

4 Velstand samla mange vener, men fatigmann vert skild frå venen sin.

5 Det falske vitnet skal ’kje verta urefst, og den som andar lygn, skal ikkje sleppa undan.

6 Mange smeikjer den gjæve, og kvar mann er ven med den rauste.

7 Fatigmanns brør hatar honom alle, enn meir dreg hans vener seg burt frå honom. Han fer etter ord som er inkjevetta.

8 Den som elskar si sjæl, han vinn seg vit, den som vaktar sitt skyn, skal finna lukka.

9 Det falske vitnet skal ’kje verta urefst, og den som andar lygn, skal tynast.

10 Det høver ei for dåren å hava gode dagar, enn mindre for ein træl å råda yver hovdingar.

11 Mannsens klokskap gjev honom tol, og det er hans æra å tilgjeva brot.

12 Konungs harm er som når løva burar, men godhugen hans er som dogg i graset.

13 Ein dårleg son er reint ei ulukka for far sin, og kjerringtrætta er som si-drop frå taket.

14 Hus og gods er fedre-arv, men frå Herren kjem ei vitug kona.

15 Leta svæver tungt i svevn, og letingen skal svelta.

16 Den som tek vare på bodet, tek vare på sitt liv, den som ei ansar si åtferd, skal missa livet.

17 Den som gjer miskunn mot armingen, låner til Herren, og av honom fær han vederlag for si velgjerning.

18 Aga son din, for endå er det von, men lat deg ikkje driva til å drepa honom.

19 Den som er svært sinna, lyt bøta for det, for um du hjelper han, du gjer vondt verre.

20 Høyr på råd og lat deg aga, so du til slutt kann verta vis.

21 Mange tankar er i mannsens hjarta, men Herrens råd fær framgang.

22 Mannsens miskunn er hans gode vilje, og fatig man er betre enn ein som lyg.

23 Otte for Herren fører til liv, mett fær ein kvila og vert ikkje heimsøkt med vondt.

24 Stikk den late si hand i fatet, so idest han ei ta ho upp att til munnen.

25 Slær du spottaren, so vert uvitingen klok, og agar du den vituge, so fær han vit på kunnskap.

26 Den som er vond med far sin og jagar mor si burt, han er ein son til skam og skjemd.

27 Høyr ikkje soleis på refsing, son min, at du villar deg burt frå kunnskaps ord!

28 Eit nidings-vitne spottar det som rett er, og munnen på gudlause gløyper urett.

29 Refsingsdomar er ferdige for spottaren og slag for ryggen på dårar.

20. kapitlet

1 Vinen er ein spottar, rusdrykken ein ståkar, ingen som tumlar av honom, er vis.

2 Den rædsla kongen vekkjer, er som løveburing, den som fær hans vreide på seg, set livet sitt på spel.

3 Mannsens æra er å halda seg frå trætta, men kvar uviting glefser til.

4 Letingen pløgjer ikkje um hausten, i skurdonni leitar han fåfengt etter grøda.

5 Råd i mannsens hjarta er som vatn i djupet, men ein skynsam mann kann draga det upp.

6 Mest kvar mann råkar ein som elskar honom, men kven finn ein som er å lita på?

7 Den som ferdast ulastande og er rettferdig, sæle er borni hans etter honom.

8 Ein konge som sit på domarstol, skil ut alt vondt med augo sine.

9 Kven kann segja: «Eg hev halda hjarta reint og er fri frå syndi mi?»

10 Tvo slag vegt og tvo slag mål er båe tvo ein styggedom for Herren.

11 Alt guten syner i si gjerd um ferdi hans vert rein og rett.

12 Øyra som høyrer og auga som ser - Herren hev skapt deim båe tvo.

13 Elska ikkje svevn, for då vert du fatig, haldt augo uppe, so fær du brød til mette.

14 «Klent, klent!» segjer kjøparen, men når han gjeng burt, so rosar han seg.

15 Vel finst det gull og mange perlor, men dyraste gogni er lippor med kunnskap.

16 Tak klædi hans! for han hev borga for ein annan, og panta honom for framande!

17 Søtt er for mannen det brød han hev fenge med fals, men sidan vert munnen hans full av småstein.

18 Råder vert stødige med rådleggjing, få då klok styring når du fører krig!

19 Den som fer med drøs, ber løynråd ut, og gapen skal du ikkje hava noko med.

20 Den som bannar far og mor, hans lampa skal slokna i kolmyrkret.

21 Ein arv som ein i fyrstundes er for fus på, vert på slutten utan velsigning.

22 Seg ikkje: «Eg vil løna med vondt!» Venta på Herren, han vil hjelpa deg.

23 Tvo slag vegt er ein styggedom for Herren, og den falske skålvegt er ikkje god.

24 Frå Herren kjem mannsens stig, og kor kann eit menneskje skyna sin veg?

25 Fårlegt er det for eit menneskje å vigsla eitkvart tankelaust, og fyrst granska lovnaden etterpå.

26 Ein vis konge skil ut dei gudlause og let hjulet ganga yver deim.

27 Menneskjens ånd er Herrens lampa, og ho ransakar alle rom i hjarta.

28 Kjærleik og truskap er vakt um kongen, og han styd sin kongsstol på kjærleik.

29 Ei æra for ungdomar er deira kraft, og ein prydnad for dei gamle er grått hår.

30 Svidande sår reinser burt det vonde, ja, slag reinsar hjartans inste rom.

21. kapitlet

1 Konungs hjarta er i Herrens hand som bekkjer, han vender det kvar helst han vil.

2 Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rett, men det er Herren som prøver hjarto.

3 At folk gjer rett og skil, er meir verdt for Herren enn offer.

4 Ovmods augo og sjølvgodt hjarta - lampa åt gudlause folk er synd.

5 Umtanke hjå den annsame er berre til vinning, men hastverk berre til tap.

6 Skattevinning med ljugartunga er ein kvervande pust av deim som søkjer dauden.

7 Den vald dei gudlause gjer, skal riva deim sjølve burt, for det som er, vil dei ikkje gjera.

8 Skuldig mann gjeng krokut veg, men den reine - han gjer si gjerning beint fram.

9 Betre å bu i ei krå på taket enn å ha sams hus med trettekjær kvinna.

10 Ugudleg manns sjæl hev hug til det vonde, hans næste finn ikkje miskunn hjå honom.

11 Refser du spottaren, vert uvitingen vis, og lærer du vismannen, tek han mot kunnskap.

12 Ein rettferdig agtar på gudlause-hus, han støyter dei gudlause ned i ulukka.

13 Dytter du øyra til for armings rop, skal sjølv du ropa og ikkje få svar.

14 Gåva i løyndom stiller vreide, og gjeving i barmen stiller største harmen.

15 Det er ei gleda for rettferdig mann å gjera rett, men ei rædsla for illgjerningsmenner.

16 Den som viller seg burt frå klokskaps veg, han skal hamna i skuggeheimen.

17 Ein fatigmann vert den som elskar moro, ei vert han rik som elskar vin og olje.

18 Den gudlause vert løysepeng for den rettferdige, og utru kjem i staden for den ærlege.

19 Betre å bu i eit øydeland enn hjå arg og trættekjær kvinna.

20 Vismann hev dyre skattar og olje i huset, men uvitingen øyder det upp.

21 Den som strævar etter rettferd og miskunn, han skal finna liv og rettferd og æra.

22 Ein by med kjempor tek vismannen inn, og han bryt ned den borgi som byen lit på.

23 Den som varar sin munn og si tunga, han varar si sjæl frå trengslor.

24 Ein ovmodig og ubljug kallar me spottar, ein som fer fram med ofselegt ovmod.

25 Lysti åt letingen drep honom sjølv, for henderne hans vil inkje gjera.

26 Heile dagen snikjer den snikne, men ein rettferdig gjev og sparer inkje.

27 Offer frå gudlause er ei gruv, og endå meir når dei samstundes emnar på ilt.

28 Eit ljugar-vitne skal ganga til grunns, men ein mann som lyder etter, skal få tala alltid.

29 Gudlaus mann ter seg skamlaus, men den ærlege gjeng sine vegar stødigt.

30 Det finst ingen visdom og inkje vit og ingi råd imot Herren.

31 Hesten vert budd til herferdsdagen, men sigeren kjem ifrå Herren.

22. kapitlet

1 Eit godt namn er meir verdt enn rikdom stor, og manntekkje betre enn sylv og gull.

2 Rik og fatig råkast, Herren hev skapt deim alle.

3 Den kloke ser fåren og gøymer seg, men fåmingar renner fram og lyt bøta for det.

4 Løn for spaklynde og otte for Herren er rikdom og æra og liv.

5 Klunger og snaror er på den vegen den falske gjeng, den som agtar si sjæl, held seg burte frå deim.

6 Lær guten etter som guten er, so vik han ikkje ifrå det, um han vert gamall.

7 Rikmann rå’r yver fatigfolk, og den som fær lån, vert træl for den som gjev.

8 Den som sår urett, skal hausta vondt, og hans ovmods ris fær ein ende.

9 Den godhjarta vert velsigna, for han gjev sitt brød til armingen.

10 Jaga spottaren ut, so gjeng trætta med, og for skjemsla og kiv fær du fred.

11 Den som elskar hjartans reinleik, den som talar vænt, han hev kongen til ven.

12 Herrens augo vaktar kunnskap, men ord frå den utrue støyter han um.

13 Letingen segjer: «Det er ei løva der ute, eg kunde verta drepen midt på gata.»

14 Ei djup grav er skjøkjemunn, den som Herren er harm på, skal falla nedi.

15 Vitløysa heng fast ved hjarta hjå guten, men tukteriset driv henne burt frå han.

16 Trykkjer du armingen, vert det honom til vinning, gjev du den rike, vert det berre til tap.

17 Lut øyra ned og høyr på ord av vismenn vend hjarta til min kunnskap!

18 For det er vænt at du deim varar i ditt hjarta; gjev dei må vera reiduge på dine lippor!

19 Av di du skal lita på Herren, lærer eg deg i dag, just deg.

20 Hev eg ’kje skrive fyndord til deg med råder og kunnskap

21 til å kunngjera deg det som rett er, sannings ord, so du med sannings ord kann svara deim som sender deg?

22 Plundra ikkje ein fatigmann av di han er fatig, og tred ikkje armingen ned i porten!

23 For Herren skal føra saki deira og taka livet deira som tek ifrå deim.

24 Gjev deg ikkje i lag med ein som snart vert vreid, og gakk ikkje med ein bråsinna mann,

25 at du ikkje skal venja deg til hans vegar og få sett ei snara for livet ditt!

26 Ver ei millom deim som gjev handtak, millom deim som borgar for skuld!

27 Når du inkje hev å betala med, kvifor skal dei taka sengi di burt under deg?

28 Flyt ikkje gamall merkestein som federne dine hev sett!

29 Ser du ein mann som er dugleg i arbeidet, han skal tena hjå kongar og ikkje hjå småfolk.

23. kapitlet

1 Når du sit til bords hjå ein hovding, so agta vel på kven du hev fyre deg,

2 og set ein kniv på strupen din, um mathugen din er stor.

3 Fys ikkje etter hans lostemat, for det er dårande føda.

4 Mød deg ei med å verta rik, lat fara den klokskapen din!

5 Lat ei augo fljuga til det som kverv, for det gjer seg vengjer, det er visst, som ein ørn som flyg til himmels.

6 Et ikkje brød hjå den som misunner deg, og fys ikkje etter hans lostemat!

7 For som han reknar ut i sjæli si, soleis er han. «Et og drikk!» han segjer til deg, men hjarta hans er ikkje med deg.

8 For biten din som du hev ete, lyt du spy upp att, og du hev spilt dine fagre ord.

9 For øyro på dåren skal du ikkje tala, for han vanvyrder visdommen i dine ord.

10 Flyt ikkje gamall merkestein, og kom ei inn på åkrane åt faderlause.

11 For deira målsmann er sterk, han skal føra saki deira imot deg.

12 Vend hjarta ditt til age og øyro dine til kunnskaps ord!

13 Lat ikkje guten vera utan age! Slær du han med riset, skal han ikkje døy.

14 Du slær han med riset, og sjæli hans bergar du frå helheim.

15 Son min, vert hjarta ditt vist, so gled seg og mitt hjarta,

16 og nyro mine fegnast når lipporn’ dine talar det som rett er.

17 Lat ikkje hjarta ditt misunna syndarar, men stræva stødt etter gudlegdom.

18 For då er du viss på ei framtid, og di von skal ei verta til inkjes.

19 Høyr du, son min, og vert vis, og lat hjarta ditt ganga beint fram på vegen.

20 Ver ikkje med millom vindrikkarar, millom deim som foret seg på kjøt.

21 For drikkar og storetar fatig vert, og svevn gjev fillor for klæde.

22 Høyr på far din som avla deg, og vanvyrd ei mor di når ho vert gamall!

23 Kjøp sanning og sel henne ikkje, visdom og age og vit.

24 Storleg fegnast far til den rettferdige, og den som fær ein vis son, skal få gleda av han.

25 Lat far din og mor di gleda seg, og ho som fødde deg, fegnast.

26 Son min, gjev meg hjarta ditt, og lat dine augo lika vegarne mine.

27 For skjøkja er som djupe gravi og den framande kona som tronge brunnen,

28 ja, ho ligg på lur som ein ransmann, og ho aukar talet på utrue folk.

29 Kven hev sorg? Kven hev sut? Kven hev dragsmål? Kven hev klagemål? Kven hev sjølvvalde sår? Kven hev dimsynte augo?

30 Dei som drygjer lenge hjå vinen, dei som kjem og smakar på mjøden.

31 Sjå ikkje på vinen kor han raudnar, kor vænt han smiler i staupet! lett renn han ned.

32 Men sidan han sting som ein slange og høgg som ein orm.

33 Då skal augo dine sjå rare syner, og hjarta ditt talar tull og tøv.

34 Du vert som låg du i havsens djup, eller låg i toppen av mastri.

35 «Dei slo meg, men det gjorde ’kje vondt, dei banka meg, men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna? Eg vil få tak i endå meir.»

24. kapitlet

1 Misunn ikkje vonde menneskje, og hav ikkje hug til å vera med deim.

2 For hjarta deira tenkjer på vald, og um ulukka talar lipporne deira.

3 Med visdom byggjer ein hus, og med vit grunngfester ein det,

4 og med kunnskap fær ein romi fulle av alle slag dyre og gilde ting.

5 Ein vis mann er sterk, og ein kunnig er veldug i kraft.

6 Klok styring skal du bruka når du fører krig, hev du mange rådvise menn gjeng det godt.

7 Visdom heng for høgt for fåmingen, i porten let han ikkje upp sin munn.

8 Den som tenkjer på å gjere vondt, honom kallar me ein fuling.

9 Synd er dårskaps råd, og spottaren er ei gruv for folk.

10 Misser du modet når trengsla kjem, då er di kraft for trong.

11 Berga deim som dei fører til dauden, og dei som vinglar til rettarstaden, haldt deim att!

12 Um du segjer: «Me visste det ikkje, ser du,» tru ikkje han som veg hjarto, skynar det, og han som agtar på sjæli di, veit det, og han løner mannen etter hans gjerning?

13 Et honning, son min, for den er god, og sjølvrunnen honning er søt for din gom.

14 Lær sameleis visdom for sjæli di! Finn du honom, so hev du ei framtid, og di von skal ikkje verta til inkjes.

15 Lur ikkje, du gudlause, på rettferdig manns bustad, legg ikkje heimen hans i øyde!

16 For sju gonger dett den rettferdige og stend upp att, men dei gudlause stuper når ulukka kjem.

17 Når din fiend’ fell, so gled deg ikkje, og når han stupar, fegnast ei ditt hjarta!

18 Elles vil Herren sjå det og mislika det og venda frå honom vreiden sin.

19 Harmast ei yver illgjerdsmenner, misunn ikkje dei gudlause!

20 For den vonde hev ingi framtid; lampa åt gudlause sloknar.

21 Ottast Herren, son min, og kongen! Gakk ikkje i lag med upprørsmenner!

22 For brått kjem ulukka yver deim, og kven veit når åri deira fær ein usæl ende?

23 Desse ordi er og av vismenner. Det er ikkje godt når ein gjer mannemun i domen.

24 Den som segjer til den skuldige: «Du er uskuldig.» Honom vil folkeslag banna og folk forbanna;

25 men deim som refsar han, gjeng det vel, og velsigning av godt kjem yver deim.

26 Ein kyss på lipporne er det når einkvan gjev det rette svaret.

27 Fullfør yrket ditt ute, og gjer det ferdigt for deg på marki! Sidan kann du byggja deg hus

28 ver ikkje vitne mot næsten din utan grunn, for du vil vel ’kje svika med lipporne dine?

29 Seg ikkje: «Som han hev gjort med meg, so vil eg gjera med han. Eg vil løna mannen etter hans gjerning.»

30 Eg gjekk framum ein lat manns mark, og vinhagen til eit vitlaust menneskje,

31 og sjå, han var vaksen full av tistlar, grunnen var yvergrodd med netlor, og steingarden kringom var riven ned.

32 Og eg skygnde på det og agta på det, eg såg det, og denne lærdomen tok eg:

33 «Endå litt soving, endå litt blunding, endå litt kvild med henderne i kross!

34 So kjem armodi di som ein farande fant, og naudi som skjoldvæpna mann.»

25. kapitlet

1 Dette er og ordtøke av Salomo, og mennerne åt Hizkia, kongen i Juda, hev samla deim.

2 Guds æra er å dylja ei sak, og kongars æra å granska ei sak.

3 Himmel-høgd og jord-dypt og konge-hjarto kann ingen granska ut.

4 Burt med slagget or sylvet! So fær gullsmeden ei skål av det.

5 Burt med gudlaus mann frå kongen! So vert hans kongsstol fast ved rettferd.

6 Briska deg ikkje for kongen, og stell deg ikkje på storfolks plass.

7 For betre er at dei segjer med deg: «Stig her upp!» Enn at du vert nedflutt for augo på fyrsten.
Kva so augo dine hev set.

8 Ver ikkje for snar til å reisa sak; for kva vil du gjera til slutt, når motparten gjer deg til skammar?

9 Før di sak med grannen din, men ber ikkje ut ein annan manns løyndom,

10 For elles vil den som høyrer det, skjella deg ut, og du vil alltid få låkt ord på deg.

11 Som eple av gull i skåler av sylv er eit ord som ein talar i rette tid.

12 Som ein gullring i øyra og sylgja av gull er ein vismann som refser for høyrande øyra.

13 Som svalande snø ein skurdonne-dag er ein tru bodberar for deim som sender han, han kveikjer sjæli åt herren sin.

14 Som skyer og vind utan regn er ein mann som kyter av gåvor han ikkje gjev.

15 Tolmod fær domaren yvertald, og den linne tunga bryt bein.

16 Finn du honning, so et det du treng, so du ikkje vert ovmett og spyr han ut.

17 Set sjeldan din fot i huset åt grannen, so han ikkje vert leid deg og hatar deg.

18 Hamar og sverd og kvasse pil er den som vitnar falskt mot sin næste.

19 Som roti tonn og ustød fot, so er lit til utru mann på trengselsdagen.

20 Som kastar du klædi ein frostdag, som eddik på natron, so er den som syng visor for sorgfullt hjarta.

21 Er din fiend’ svolten, gjev honom mat, er han tyrst, so gjev honom drikka.

22 For då hopar du gloande kol på hovudet hans, og Herren skal løna deg att for det.

23 Nordanvind føder regn, og ei kviskrande tunga sure andlit.

24 Betre å bu i ei krå på taket enn ha sams hus med trættekjær kvinna.

25 Som friske vatnet for den trøytte, so er god tidend frå eit land langt burte.

26 Som gruggi kjelda og ein utskjemd brunn, so er rettferdig mann som vinglar medan gudlaus ser det.

27 Eta for mykje honning er ikkje godt, men å granska det vandaste er ei æra.

28 Som ein by med murarne brotne og burte er mannen som ikkje kann styra sin hug.

26. kapitlet

1 Som snø um sumaren og regn i skurden, so høver ikkje æra for ein dåre.

2 Som sporven flaksar burt og svala flyg, so råkar ikkje grunnlaus forbanning.

3 Svipa til hesten, taum til asnet, og ris til ryggen på dårar.

4 Svar ikkje dåren etter hans dårskap, so du ei skal verta lik han, du og!

5 Svara dåren etter hans dårskap, so han ei skal tykkja han sjølv er vis!

6 Føterne høgg han av seg, og vald fær han drikka, han som sender bod med ein dåre.

7 Visne heng vanfør manns føter, so og ordtak i munnen på dårar

8 som å binda ein stein i slyngja, soleis er det å gjeva ein dåre æra.

9 Som klungergrein i handi på drukken mann, so er ordtak i munnen på dårar.

10 Som ein skyttar som sårar alle, so er den som leiger dåren og kvar som fer framum.

11 Som hund som snur seg til si eigi spya, so er ein dåre som kjem att til narreskapen sin.

12 Ser du ein mann som tykkjer sjølv at han er vis, då er det større von for dåren enn for honom.

13 Letingen segjer: «D’er villdyr på vegen, ei løva i gatorne.»

14 Døri snur seg på gjengi, og letingen snur seg i sengi.

15 Stikk den late si hand i fatet, han evast med å ta ho upp til munnen att.

16 Letingen tykkjest visare vera enn sju som gjev vituge svar.

17 Han triv i øyro på framumfarande hund, han som ryk upp i sinne for trætta som ikkje kjem han ved.

18 Som ein galen som skyt med brennende pilar - drepande skot -

19 so er ein mann som svik sin næste og segjer: «Eg gjorde det berre på gaman.»

20 Når veden tryt, so sloknar elden, er baktalar burte, stoggar striden.

21 Som kol vert til gløder og ved til eld, so kveikjer kranglaren kiv.

22 Baktalar-ord er som lostemat, dei glid so godt ned i livet.

23 Som sylv-glasering på skålbrot er brennande lippor når hjarta er vondt.

24 Med lipporne skaper ein uven seg til, men inni seg gøymer han svik.

25 Gjer han seg blidmælt, tru honom ei, for sju slag styggedom bur i hans hjarta.

26 Hatet dyl seg i svik, men lyt syna sin vondskap i folkemugen.

27 Den som grev ei grav, skal stupa nedi, den som velter ein stein, skal få han yver seg att.

28 Den falske tunga hatar deim som ho hev krasa, og den sleipe munnen fører til fall.

27. kapitlet

1 Rosa deg ikkje av morgondagen, for du veit ikkje kva ein dag ber i fang.

2 Lat ein annan rosa deg; ikkje din eigen munn, ein framand og ei dine eigne lippor!

3 Stein er tung, og sand veg mykje, men tyngre enn båe er dåreharm.

4 Sinne er fælslegt, og vreide ein flaum, men kven kann standa seg mot åbryskap?

5 Betre er openberrleg refsing enn kjærleik som held seg duld.

6 Trugne er slag av venehand, og mange er uvens kyssar.

7 Den mette trakkar på honning, men den svoltne tykkjer alt beiskt er søtt.

8 Som ein fugl som rømer frå reiret sitt, er ein mann som rømer frå heimen sin.

9 Olje og røykjelse hjarta gled, og søte venar-ord frå rådvis sjæl.

10 Slepp ikkje frå deg venen din og far din’s ven, so du lyt heim til bror din når du er i naud! Ein granne nær attmed er betre enn ein bror langt burte.

11 Vert vis, min son, og gled mitt hjarta, so eg kann svara den som spottar meg!

12 Den kloke ser fåren, gøymer seg; fåmingar renner fram og lyt bøta for det.

13 Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta honom for ei framand kvinna!

14 Den som høgmælt signar sin ven um morgonen tidleg, han skal få det tilrekna som ei forbanning.

15 Si-drop frå taket ein regndag og ei trættekjær kvinna likjest kvarandre.

16 Den som held på henne, held på vind, og handi hans triv i olje.

17 Jarn sliper jarn, og den eine mannen sliper den andre.

18 Den som agtar fiketreet sitt, fær eta frukti av det, den som tek vare på sin herre, skal få æra.

19 Som andlit seg speglar mot andlit i vatnet, so menneskjehjarta mot menneskje.

20 Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskjeaugo vert ikkje mette.

21 Diglen røyner sylvet og omnen gullet, og ein mann vert røynd av sin ros.

22 Um du støyte uvitingen i mortelen med støytaren i hop med gryn, so vilde ikkje vitløysa vika ifrå han.

23 God greide lyt du hava på koss sauerne dine ser ut, og agta vel på buskapen din!

24 For velstand varer ikkje æveleg, og ikkje ei kruna frå ætt til ætt.

25 Men er høyet burte og håi kjem att, og fjellgras vert sanka i hop,

26 då hev du lamb til klæde, og bukkar til å kjøpa deg åker for,

27 og geitemjølk nok til mat for deg, til mat for huset ditt og til livsupphald for gjentorne dine.

28. kapitlet

1 Dei gudlause flyr um ingen deim elter, dei rettferdige er som ungløva trygge.

2 Syndar eit land, fær det mange herrar, men hev folket mykje vit, varer retten lenge.

3 Ein fatig herre som trykkjer dei arme, er eit regn som herjar og ikkje gjev brød.

4 Dei som gjeng ifrå lovi, prisar dei gudlause, men dei som held lovi, harmast på deim.

5 Vonde folk skynar ikkje kva rett er, men dei som søkjer Herren, skynar alt.

6 Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust, enn ein rikmann som er rang og gjeng tvo vegar.

7 Den som agtar på rettleiding, er ein vitug son, men den som hev lag med øydarar, fører skam yver far sin.

8 Den som aukar si eiga med renta og oker, han sankar åt den som er god mot dei arme.

9 Um ein vil venda øyra burt og ikkje høyra lovi, er jamvel bøni hans ein styggedom.

10 Den som villar ærlegt folk inn på ein vond veg, han skal stupa i si eigi grav, men dei lytelause skal erva det som godt er.

11 Ein rikmann tykkjer han er vis, men ein fatigmann med vit granskar honom ut.

12 Held dei rettferdige høgtid, stend det herleg til, men når gudlause kjem seg upp, lyt ein leita etter folk.

13 Den som dyl misgjerningarne sine, hev ikkje lukka med seg, men den som sannar deim og vender seg ifrå deim, han finn miskunn.

14 Sæl den mannen som alltid ottast, men den som gjer hjarta sitt hardt, han fell i ulukka.

15 Burande løva og ein grådig bjørn er gudlaus hovding yver fatigt folk.

16 Du hovding fatig på vit og rik på vald! Dei som hatar urett vinning, skal liva lenge.

17 Ein mann med blodskuld yver seg er på flugt alt til gravi, ingen må hjelpa honom.

18 Den som ferdast lytelaust, vert frelst, men den range tvivegs-farar fell på den eine.

19 Den som dyrkar si jord, fær nøgdi av brød, men den som fer etter fåfengt, fær nøgdi av armod.

20 Ein trufast mann fær rik velsigning, men den som renner etter rikdom, vert ei urefst.

21 Det er ’kje godt når ein gjer mannemun, men mang ein mann vert brotsmann for ein brødbit.

22 I bråhast vil den ovundsjuke verta rik, og han veit ’kje at vanråd vil koma på han.

23 Den som refser ein mann, vinn seg takk til slutt meir enn den som smeikjer med tunga si.

24 Den som plundrar far sin og mor si og segjer: «Det er ikkje synd,» han er øydelands lagsbror.

25 Den vinnekjære valdar trætta, men den som lit på Herren, fær kveikjing.

26 Den som lit på vitet sitt, han er ein dåre, men den som vandrar i visdom, vert frelst.

27 Den som gjev den fatige, vantar inkje, men den som let att augo, fær mykje banning yver seg.

28 Når gudlause kjem seg upp, då gøymer folk seg, men når dei gjeng til grunns, då aukar dei rettferdige.

29. kapitlet

1 Ein mann som etter mykje refsing endå er ein stivnakke, vil brått verta broten ulækjeleg sund.

2 Når rettferdige aukar i tal, då gled seg folket, men når gudlaus mann kjem til styre, sukkar folket.

3 Den som elskar visdom, gled sin far, men den som gjeng i lag med skjøkjor, øyder eiga si.

4 Ein konge held landet sitt uppe med rett, men ein skattekrevjar legg det i øyde.

5 Ein mann som smeikjer for næsten sin, breider ut eit net for føterne hans.

6 Ein vond manns misgjerd er snara for honom, men rettferdig mann fegnast og gled seg.

7 Den rettferdige syter for stakarens sak, den gudlause hev ikkje greida på noko.

8 Spottarar øser upp ein by, men vismenner stiller vreiden.

9 Når vismann fører sak mot dåren, vert dåren sinna og lær, og kann ’kje vera still.

10 Dei blodfuse hatar ein skuldlaus mann, og stend dei ærlege etter livet.

11 Alt sitt sinne slepper dåren ut, men vismannen døyver det til slutt.

12 Agtar ein hovding på lygneord, er alle hans tenarar nidingar.

13 Fatigmann og valdsmann råkast, Herren gjev deim båe augneljos.

14 Ein konge som dømer småfolk rett, hans kongsstol stend æveleg fast.

15 Ris og age gjev visdom, men ein agelaus gut fører skam yver mor si.

16 Når dei gudlause aukar, so aukar syndi, men dei rettferdige skal sjå med lyst på deira fall.

17 Aga son din, so vil han vera deg til hugnad og gjeva lostemat til sjæli di.

18 Utan profetsyn vert folket vilt, men sæl er den som held lovi.

19 Med ord let trælen seg ikkje tukta, for han skynar deim vel, men bryr seg ’kje um deim.

20 Ser du ein mann som er snar til å tala, dåren gjev større von enn han.

21 Kjæler du trælen upp frå hans ungdom, vil han vanvyrda deg til slutt.

22 Sinna mann valdar trætta, og brålyndt mann gjer mang ei misgjerd.

23 Mannsens ovmod fører til fall, men den audmjuke vinn seg æra.

24 Den som helar med tjuven, hatar sitt liv, han høyrer dei tek han i eid, men gjev ingi vitring.

25 Manne-rædsla legg snaror, men den som lit på Herren, vert berga.

26 Mange vil te seg fram for ein styrar, men frå Herren fær kvar mann sin rett.

27 Ein styggedom for rettferdige er ein urettferdig mann, og ein styggedom for den gudlause er den som fer ærleg fram.

30. kapitlet

1 Ord av Agur, son åt Jake, profetordet. Mannen segjer so til Itiel, til Itiel og Ukal:

2 For fåvis er eg til å heita mann, og ikkje hev eg manne-vit.

3 Visdom hev eg ikkje lært, til kunnskap um den Heilage.

4 Kven hev stige upp til himmelen og stige ned? Kven hev samla vinden inn i nevarne? Kven hev bunde vatnet i eit klædeplagg? Kven hev alle enderne av jordi sett? Kva heiter han, kva heiter son hans - um du veit det?

5 Alt Guds ord er skirt, han er ein skjold for deim som flyr til honom.

6 Legg ikkje noko til hans ord, elles lyt han refsa deg, og du stend der ein ljugar.

7 Tvo ting hev eg bede deg um, neitta meg deim ikkje, fyrr eg døyr:

8 Lat fals og lygn vera langt frå meg! Gjev meg ikkje armod og ikkje rikdom! Lat meg få eta mitt tiletla brød!

9 Elles kunde eg neitta deg når eg var mett, og segja: «Kven er Herren?» Eller um eg vart fatig, kunde eg stela, ja, forgripa meg på min Guds namn.

10 Baktala ei ein tenar for hans herre, elles vil han banna deg, og du få bøta.

11 Ei ætt som bannar far sin og ikkje signar mor si,

12 ei ætt som tykkjer ho er rein, endå ho ei hev tvætta av sitt eige skarn,

13 ei ætt - kor stolte augo hev ho ikkje, og kor ho lyfter augneloki!

14 ei ætt som heve sverd til tenner og jakslar reint som knivar, so ho et armingar or landet og fatige or folkesamfund.

15 Blodiglen hev tvo døtter: Gjev! Gjev! Tri finst det som aldri vert mette, fire som ei segjer: «Nok!»

16 Helheim og barnlaust moderfang, jordi som aldri vert mett av vatn, og elden som ei segjer: «Nok!»

17 Eit auga som spottar far og vanvyrder lydnad mot mor, det skal bekkje-ramnarne hakka ut og ørnungar eta upp.

18 Tri ting er meg for underlege, og fire finst som eg ikkje skynar:

19 Ørns veg på himmelen, orms veg på berget, skips veg på havet og manns veg til møy.

20 Soleis ber utru kona seg åt: Ho et og turkar seg um munnen og segjer: «Eg hev ikkje gjort noko vondt.»

21 Under tri skjelv jordi, under fire kann ho ’kje herda:

22 under trælen når han vert konge, og dåren når han fær eta seg mett,

23 under attergløyma når ho vert gift, og trælkvinna når ho erver si frua.

24 Fire finst det som er små på jordi, og endå hev dei fenge visdom stor:

25 Mauren er ’kje noko sterkt folk, og endå lagar han sin mat um sumaren.

26 Fjellgrevlingarne er ’kje noko veldugt folk, og endå byggjer dei seg hus i berget.

27 Grashopparne hev ingen konge, og endå fær dei alle ut i fylking.

28 Fjorføtla kann du ta med henderne, og endå bur ho inni kongeslott.

29 Tri finst det som stig med staute stig, og fire hev ei fager gonga:

30 Løva ei kjempa millom dyri, og som ikkje snur seg for nokon,

31 hesten mjå um midja, eller bukken, og ein konge med leidingheren.

32 Gjer du deg stor, anten narr eller klårtenkt, so legg handi på munnen!

33 For trykk på mjølk gjev smør, og trykk på nase gjev blod, og trykk på vreide gjev strid.

31. kapitlet

1 Ord av kong Lemuel, profetord som mor hans prenta inn i honom:

2 Kva skal eg segja, son min, ja kva, du mitt livs son, ja kva, du min lovnads-son?

3 Gjev ikkje kvende di kraft, og far ikkje vegar som tynar kongar!

4 Ei sømer det seg, Lemuel, for kongar, ei kongar sømer det seg å drikka vin, og ei for hovdingar å spyrja etter rusdrykk.

5 For drikk han, vil han gløyma kva som lov er, og venda retten fyre alle arminger.

6 Lat han få rusdrykk som er åt å gå til grunns, og han få vin som gjeng med sorg i sjæli.

7 At han kann drikka og si armod gløyma, og ikkje lenger minnast møda si.

8 Lat upp din munn for mållaus mann, for alle deira sak som gjeng mot undergang!

9 Lat upp din munn og rettvist døm, lat armingen og fatigmannen få sin rett!

10 Ei dugande kona, kven finn vel ei slik? Høgre stend ho i pris enn perlor.

11 Mannsens hjarta lit på henne, og vinning vantar ikkje.

12 Ho gjer honom godt og inkje vondt alle sine livedagar.

13 Ho syter for ull og lin, og henderne strævar med hugnad.

14 Ho er som kaupmanna-skip, langt burtantil fær ho si føda.

15 Og uppe er ho i otta, og gjev sin huslyd mat og etlar åt ternone ut.

16 Ho stilar på ein åker og fær han, for det ho med henderne tener ho plantar ein vingard.

17 Kraft ho bind seg til belte um livet og gjer sine armar sterke.

18 Ho merkar at hushaldet hennar gjeng godt, då sloknar ’kje lampa hennar um natti.

19 Ho retter henderne ut etter rokken, og fingrarne tek til teinen.

20 Ho opnar handi for armingen, retter ho ut til fatigmannen.

21 Ei ræddast ho snø for huset sitt, for alt hennar hus er klædt i skarlaks-ty.

22 Ho gjer seg tæpe og klær seg i finaste lin og purpur.

23 Hennar mann er kjend i portarne, der han sit til tings med dei fremste i landet.

24 Linskjortor gjer ho og sel, og belte gjev ho til kramkaren.

25 Kraft og vyrdnad er klædnaden hennar, og ho lær åt dagen som kjem.

26 Ho let upp munnen med visdom, mild upplæring ho gjev med si tunga.

27 Koss det gjeng i huset agtar ho på, og ei et ho brød i letingskap.

28 Fram stig hennar søner og prisar ho sæl, og mannen syng henne lov:

29 «Mange kvende stod høgt i dugleik, men du gjeng yver deim alle.»

30 Vænleik er fals og fagerskap fåfengd; ei kona som ottast Herren, skal prisast.

31 Lat ho få det ho vann med henderne sine, og pris i portarne av sine verk.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021