Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Evangeliet etter Johannes

Evangeliet etter Johannes

1. kapitlet

1 I upphavet var ordet, og ordet var hjå Gud, og ordet var Gud.

2 Han var i upphavet hjå Gud.

3 All ting vart til ved honom, og utan honom vart ikkje ein einaste ting til av det som hev vorte til.

4 I honom var liv, og livet var ljoset åt menneski.

5 Og ljoset skin i myrkret, og myrkret fekk ikkje magt med det.

6 Det stod fram ein mann, send ifrå Gud; Johannes er namnet hans.

7 Den mannen kom til vitnemål, at han skulde vitna um ljoset, so alle kunde tru ved honom.

8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulde vitna um ljoset.

9 Det sanne ljoset, som lyser upp kvart menneskje, var den gongen på veg til verdi.

10 Han var i verdi, og verdi hev vorte til ved honom, og verdi kjende honom ikkje.

11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot honom.

12 Men alle som tok imot honom, deim gav han rett til å verta Guds born, deim som trur på namnet hans,

13 som ikkje er fødde av blod, og ikkje av kjøts vilje, og ikkje av manns vilje, men av Gud.

14 Og Ordet vart kjøt og feste bu hjå oss, og me skoda herlegdomen hans, ein sovoren herlegdom som ein einboren Son hev frå Far sin, full av nåde og sanning.

15 Johannes vitnar um honom og ropar ut: «Han var det eg sagde soleis um: Den som kjem etter meg, hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.»

16 Ja, av hans fullnad hev me alle fenge, og det nåde på nåde;

17 for lovi vart gjevi gjenom Moses, nåden og sanningi vart til ved Jesus Kristus.

18 Aldri hev nokon set Gud; den einborne Sonen, som er i fanget åt Faderen, han hev gjort honom kjend.

19 So var vitnemålet Johannes gav då jødarne sende prestar og levitar frå Jerusalem, som skulde spyrja honom: «Kven er du?»

20 Då sagde han beint ut, og dulde ikkje fyre det; han sagde beint ut: «Eg er ikkje Messias.»

21 «Kva er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» sagde han. «Er du profeten?» «Nei,» svara han.

22 «Kven er du?» sagde dei då - «so me hev eit svar å gjeva deim som hev sendt oss! Kva segjer du um deg sjølv?»

23 Han sagde: «Eg er røysti som ropar i heidi: «Beinka vegen åt Herren!» som profeten Jesaja segjer.»

24 Dei som var sende, høyrde til farisæarflokken.

25 So spurde dei honom: «Kvi døyper du då, når du ikkje er Messias, og ikkje Elia, og ikkje profeten?»

26 «Eg døyper med vatn,» svara Johannes; «midt ibland dykk stend ein som de ikkje kjenner:

27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skobandet åt.»

28 Dette gjekk fyre seg i Betania, på hi sida åt Jordan, der Johannes var og døypte.

29 Dagen etter ser han Jesus koma burt imot seg, og segjer: «Sjå der er Guds lamb, som tek burt verdsens synd!

30 Det er han eg sagde det um: Etter meg kjem ein mann som hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.

31 Eg kjende honom ikkje, men for di han skulde openberrast åt Israel, difor er det eg er komen og døyper med vatn.»

32 Og Johannes vitna: «Eg hev set Anden dala ned som ei duva frå himmelen, og han stana yver honom.

33 Eg kjende honom ikkje, men han som sende meg til å døypa med vatn, han sagde til meg: «Den du ser Anden dalar ned imot og stanar yver, han er den som døyper med den Heilage Ande.»

34 Og eg hev set det, og hev vitna at han er Guds Son.»

35 Andre dagen stod Johannes der atter med tvo av læresveinarne sine.

36 Då ser han Jesus, som kom gangande, og segjer: «Sjå der er Guds lamb!»

37 Dei tvo læresveinarne høyrde kva han sagde, og fylgde etter Jesus.

38 Då snudde Jesus seg, og då han såg dei fylgde etter honom, sagde han til deim: [Stu21: 39] «Kva vil de?» «Kvar bur du, rabbi?» spurde dei - rabbi tyder meister -.

39 [Stu21: 40] «Kom, so skal de sjå!» svara han. So gjekk dei med honom, og såg kvar han budde, og dei vart verande hjå honom den dagen. Det var ikring tiande timen.

40 [Stu21: 41] Andreas, bror åt Simon Peter, var ein av dei tvo som hadde høyrt ordi hans Johannes og fylgt etter Jesus.

41 [Stu21: 42] Han finn fyrst bror sin, Simon, og segjer til honom: «Me hev funne Messias!» - Messias er det same som Kristus -.

42 [Stu21: 43] Han tok honom med seg til Jesus. Jesus såg på honom og sagde: «Du er Simon Johannesson; du skal kallast Kefas!» - Kefas er det same som Peter -.

43 [Stu21: 44] Dagen etter vilde Jesus taka ut og fara til Galilæa. Han møter Filip, og segjer til honom: «Fylg meg!»

44 [Stu21: 45] Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå.

45 [Stu21: 46] Filip møter Natanael, og segjer til honom: «Me hev funne den som Moses hev skrive um i lovi, og som profetarne hev skrive um; det er Jesus Josefsson frå Nasaret.»

46 [Stu21: 47] «Kann det koma noko godt frå Nasaret?» sagde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.

47 [Stu21: 48] Jesus såg Natanael koma burt imot seg, og sagde um honom: «Sjå der er ein egte israelit, ein som det ikkje finst svik i!»

48 [Stu21: 49] Natanael segjer til honom: «Kvar kjenner du meg ifrå?» «Eg såg deg då du var under fiketreet, fyrr Filip ropa på deg,» svara Jesus.

49 [Stu21: 50] Då tok Natanael til ords og sagde til honom: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge!»

50 [Stu21: 51] «Trur du for di eg sagde deg at eg hadde set deg innunder fiketreet?» svara Jesus; «du skal få sjå større ting enn det.

51 [Stu21: 52] Det segjer eg dykk for visst og sant,» sagde han med honom: «De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga upp og stiga ned yver Menneskjesonen.»

2. kapitlet

1 Tridje dagen stod det eit brudlaup i Kana i Galilæa. Mor åt Jesus var der,

2 og Jesus og læresveinarne hans vart og bedne til brudlaupet.

3 Då vinen traut, segjer mor åt Jesus til honom: «Dei hev ikkje vin!»

4 «Kva vil du meg, kvinna?» svara Jesus; «mi tid er ikkje endå komi.»

5 «Gjer alt han segjer til dykk!» sagde mor hans til bordsveinarne.

6 Etter di no jødarne hev for vis å två seg fyre måli, stod det der seks vats-kjer av stein; kvart av deim tok tvo eller tri anker.

7 «Fyll kjeri med vatn!» segjer Jesus til bordsveinarne. Då fyllte dei kjeri heilt uppåt barden.

8 So sagde han til deim: «Aus no upp, og ber det til kjøkemeisteren!» Dei so gjorde;

9 men då kjøkemeisteren hadde smaka på vatnet som var vorte til vin, og ikkje visste kvar den vinen kom ifrå - men bordsveinarne visste det, dei som hadde aust upp vatnet - so ropa han på brudgomen, og sagde til honom:

10 «Kvar mann set fyrst fram den gode vinen, og når folk hev vorte drukne, den ringare; du hev gøymt den gode vinen til no!»

11 Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilæa, og let sin herlegdom skina fram; og læresveinarne hans trudde på honom.

12 Sidan for han ned til Kapernaum med mor si og brørne og læresveinarne sine, og der vart dei verande nokre få dagar.

13 Det leid til påskehelgi åt jødarne, og Jesus for upp til Jerusalem.

14 I templet fann han folk som selde uksar og sauer og duvor, og andre som sat og veksla pengar.

15 Då gjorde han seg ei svepa av reimar og dreiv deim alle ut or templet, og sauerne og uksarne med; småpengarne åt vekslarane kasta han utyver, og velte bordi deira,

16 og til duvekræmarane sagde han: «Burt med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ei krambud!»

17 Og læresveinarne kom i hug at det stend skrive: «Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg upp.»

18 Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Kva teikn syner du oss, sidan du gjer dette?»

19 Jesus svara: «Riv dette templet ned, og eg skal reisa det upp att på tri dagar!»

20 «I seks og fyrti år hev det vore bygt på dette templet,» sagde dei då, «og du vil reisa det upp att på tri dagar!»

21 Men det var likams-templet sitt han tala um.

22 Då han no hadde stade upp frå dei daude, kom læresveinarne hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifti og det ordet Jesus hadde sagt.

23 Medan han var i Jerusalem i påskehelgi, på høgtidi, trudde mange på namnet hans då dei såg dei teikni han gjorde.

24 Men sjølv trudde Jesus seg ikkje til deim, av di han kjende alle,

25 og ikkje trong at nokon skulde vitna um noko menneskje; for han visste sjølv kva som budde i det menneskjet.

3. kapitlet

1 Det var ein mann av farisæarflokken som heitte Nikodemus, ein av rådsherrarne åt jødarne.

2 Han kom ein gong til Jesus um natti og sagde: «Rabbi, me veit at du er ein lærar som er komen frå Gud; for ingen kann gjera desse teikni som du gjer, utan Gud er med honom.»

3 Jesus svara: «Det segjer eg deg for sant og visst: Ingen kann sjå Guds rike utan han vert fødd på nytt.»

4 Nikodemus segjer til honom: «Korleis kann ein som er gamall verta fødd? han kann då vel ikkje koma inn i livet åt mor si andre gongen, og fødast til verdi!»

5 Jesus svara: «Det segjer eg deg for sant og visst: Utan ein vert fødd av vatn og ånd, kann han ikkje koma inn i Guds rike.

6 Det som er født av kjøtet, er kjøt, og det som er født av åndi, er ånd.

7 Undrast ikkje på at eg sagde med deg: De lyt fødast på nytt!

8 Vinden blæs kvar han vil, og du høyrer han tyt, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. So er det med kvar som er fødd av åndi».

9 «Korleis kann det ganga til?» spurde Nikodemus.

10 «Du er Israels lærar, og veit ikkje det!» svara Jesus.

11 «Det segjer eg deg for visst og sant: Me talar um det me veit, og vitnar um det me hev set, men de tek ikkje imot vitnemålet vårt!

12 Når eg hev tala til dykk um det som høyrer jordi til, og de ikkje trur, korleis skal de då tru når eg talar til dykk um det som høyrer himmelen til?

13 Og ingen hev stige upp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen, Menneskjesonen, som var i himmelen.

14 Og liksom Moses lyfte upp ormen i øydemarki, soleis lyt Menneskjesonen lyftast upp,

15 so kvar den som trur, skal hava æveleg liv i honom.

16 For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv.

17 For Gud sende ikkje Son sin til verdi so han skulde døma verdi, men so verdi skulde verta frelst ved honom.

18 Den som trur på honom, vert ikkje dømd; den som ikkje trur, er alt dømd, for di han ikkje hev trutt på namnet åt Guds einborne Son.

19 Og dette er domen: Ljoset hev kome til verdi, og menneski lika myrkret betre enn ljoset, for gjerningarne deira var vonde.

20 For kvar den som driv på med det som låkt er, hatar ljoset, og kjem ikkje til ljoset; for han vil ikkje at gjerningarne hans skal koma upp i dagen, slike dei er.

21 Men den som gjer etter sanningi, kjem til ljoset, so gjerningarne hans kann verta synberre; for dei er gjorde i Gud.»

22 Sidan kom Jesus og læresveinarne hans til Juda-bygderne, og der var han ei tid med deim, og døypte.

23 Johannes døypte og då; det var i Ænon, tett med Salim, han døypte; for det var mykje vatn der; og folk kom dit og let seg døypa.

24 Den tid var Johannes endå ikkje sett i fengsel.

25 So vart det eit ordskifte millom læresveinarne åt Johannes og ein Juda-mann um reinsingi.

26 Og dei kom til Johannes og sagde: «Rabbi, han som var i hop med deg på hi sida åt Jordan, han som du hev vitna for, han døyper, og alle kjem til honom.»

27 Johannes svara: «Eit menneskje kann ikkje få noko, utan det er gjeve honom frå himmelen.

28 De er sjølve vitni mine at eg sagde: «Eg er ikkje Messias,» men: «Eg er send fyre honom.»

29 Det er brudgomen som hev bruri; men belesveinen, som stend innmed og lyder på brudgomen, gleder seg hjarteleg når han høyrer målet hans. Slik gleda hev eg no fenge, og det i fullt mål.

30 Han lyt veksa, eg lyt minka.

31 Den som kjem ovantil, er yver alle; den som er frå jordi, er av jordi, og det han talar, er av jordi. Den som kjem frå himmelen, er yver alle;

32 det han hev set og høyrt, det vitnar han um, men ingen tek imot vitnemålet hans.

33 Den som hev teke imot hans vitnemål, hev stadfest at Gud er sannordig.

34 For den som Gud sende, talar Guds ord; for Gud gjev honom Anden umælt.

35 Faderen elskar Sonen, og hev gjeve alt i hans hender.

36 Den som trur på Sonen, hev æveleg liv; men den som ikkje lyder Sonen, fær ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande yver honom».

4. kapitlet

1 Då no Jesus fekk vita at farisæarane hadde høyrt han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes

2 - endå det var ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinarne hans -

3 so tok han ut frå Judæa og for til Galilæa att.

4 Han laut fara gjenom Samaria,

5 og kom då til ein by i Samaria som heiter Sykar og ligg tett ved den marki som Jakob gav Josef, son sin.

6 Der var Jakobs-kjelda. Jesus var trøytt etter ferdi, og sette seg beint ned der innmed kjelda; det var ikring den sette timen.

7 Då kjem det ei kvinna frå Samaria og vil draga upp vatn. Jesus segjer til henne: «Lat meg få drikka!»

8 For læresveinarne hans hadde gjenge inn til byen og skulde kjøpa mat.

9 «Korleis hev det seg,» segjer den samaritanske kvinna, «at du, som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinna, um drikka?» - for jødarne hev ikkje nokoslag samlag med samaritanarne.

10 Jesus svara: «Dersom du kjende Guds gåva, og visste kven han er, han som bed deg um drikka, so bad du honom, og han gav deg livande vatn.»

11 «Herre,» segjer kvinna, «du hev ingen ting å draga upp med, og brunnen er djup! Kvar hev du då det livande vatnet frå?

12 Er då du større enn Jakob, ættfaren vår, som hev gjeve oss brunnen? han hev sjølv drukke av honom, og sønerne og feet hans med.»

13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att,

14 men den som drikk av det vatnet eg vil gjeva honom, vert aldri tyrst meir; for det vatnet eg gjev honom, vert i honom til ei kjelda med vatn som vell upp til ævelegt liv.»

15 «Herre,» sagde kvinna, «gjev meg det vatnet, so eg ikkje vert tyrst meir, og ikkje treng koma alt hit og draga upp vatn!»

16 Han segjer til henne: «Gakk og henta mannen din, og kom hit att!»

17 «Eg hev ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du segjer, at du ikkje hev nokon mann,» sagde Jesus;

18 «for du hev havt fem menner, og den du hev no, er ikkje din mann. No sagde du sant.»

19 «Herre, eg ser at du er ein profet!» sagde kvinna.

20 «Federne våre tilbad Gud på dette fjellet, og de segjer at det er i Jerusalem ein skal tilbeda honom.»

21 Jesus segjer til henne: «Tru meg, kvinna; det kjem ei tid då de ikkje skal tilbeda Faderen på dette fjellet og ikkje i Jerusalem heller.

22 De tilbed det de ikkje kjenner, me tilbed det me kjenner; for frelsa kjem frå jødarne.

23 Men det kjem ei tid, og ho hev alt kome, då dei rette tilbedarane skal tilbeda Faderen i ånd og sanning; for slike tilbedarar er det Faderen vil hava.

24 Gud er ånd, og dei som tilbed honom, lyt tilbeda i ånd og sanning.»

25 Kvinna segjer til honom: «Eg veit at Messias kjem» - Messias er det same som Kristus -; «når han kjem, skal han læra oss alt.»

26 Jesus segjer til henne: «Det er eg - eg som talar med deg.»

27 I det same kom læresveinarne hans. Dei undra seg yver at han tala med ei kvinna; like vel var det ingen som sagde: «Kva vil du henne?» eller: «Kvi talar du med henne?»

28 So let kvinna vatskrukka si standa, og gjekk av stad til byen og sagde til folki:

29 «Kom, so skal de sjå ein mann som hev sagt meg alt eg hev gjort! Skal tru han er Messias?»

30 Då gjekk dei ut or byen. Med dei var på vegen til honom,

31 bad læresveinarne honom: «Et, rabbi!»

32 Han svara: «Eg hev ein mat som ikkje de veit um.»

33 Då sagde læresveinarne seg imillom: «Tru nokon hev bore mat til honom?»

34 Jesus segjer til deim: «Min mat er at eg gjer det han vil som sende meg, og fullfører hans verk.

35 Segjer ikkje de: «Det er endå fire månader fyrr hausten kjem?» Men høyr kva eg segjer dykk: Lyft upp augo dykkar og skoda åkrane, korleis dei alt gulnar mot hausten.

36 Den som haustar fær løn, og samlar grøda til ævelegt liv, so dei skal få gleda seg saman både den som sår og den som haustar.

37 For her høver det ordet: «Det er ein som sår og ein annan som haustar.»

38 Eg hev sendt dykk ut til å hausta det som de ikkje hev havt noko arbeidt med; andre hev havt arbeidet, og de hev gjenge inn i arbeidet deira.»

39 Det var mange av samaritanarne frå den byen som trudde på honom for det som kvinna hadde sagt då ho vitna: «Han hev sagt meg alt eg hev gjort!»

40 Då no samaritanarne kom til honom, bad dei at han vilde vera hjå deim, og han vart verande der tvo dagar.

41 Og mange fleire trudde for skuld ordet han tala,

42 og dei sagde til kvinna: «No trur me ’kje lenger for skuld det du hev tala; for me hev sjølve høyrt honom og veit no for visst at han er den som skal frelsa verdi.»

43 Då dei tvo dagarne var lidne, tok han ut derifrå og for til Galilæa;

44 for Jesus vitna sjølv at ein profet vert ikkje æra i sitt eige fedreland.

45 Då han no kom til Galilæa, tok galilæarane vel imot honom; dei hadde set alt det han gjorde i Jerusalem på høgtidi; for dei var sjølve komne til høgtidi.

46 So kom han då atter til Kana i Galilæa, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongsmann som hadde ein sjuk son.

47 Då han fekk høyra at Jesus hadde teke ut frå Judæa og var komen til Galilæa, gjekk han til honom og bad at han vilde koma ned og lækja son hans; for han låg på det siste.

48 Jesus svara: «Ser de ’kje teikn og under, so trur de ikkje.»

49 Kongsmannen segjer til honom: «Herre, kom ned innan barnet mitt døyr!»

50 Jesus segjer til honom: «Gakk heim att! Son din liver.» Mannen trudde det Jesus sagde til honom og gjekk.

51 Då han alt var på heimvegen, kom tenarane hans imot honom og sagde at guten hans livde.

52 So spurde han deim kva tid det hadde vorte betre med honom. «I går den sjuande timen slepte sotti honom,» sagde dei.

53 Då skyna faren at det var i den same timen som Jesus hadde sagt til honom: «Son din liver,» og han trudde, både han og heile hans hus.

54 Dette var det andre teiknet Jesus gjorde då han no atter kom frå Judæa til Galilæa.

5. kapitlet

1 Ei tid etterpå var det ei av høgtiderne åt jødarne, og Jesus for upp til Jerusalem.

2 Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda, med fem sulehallar kringum;

3 i deim låg det ei heil mengd med sjuke - blinde, halte, nomne - som venta på at vatnet skulle rørast upp;

4 for ein engel for frå tid til tid ned i dammen og rørde upp vatnet, og den fyrste som då steig uti, etter at vatnet var upprørt, han vart frisk, kva sjukdom han so leid av.

5 No var det der ein mann som hadde dregest med sjukdomen sin i åtte og tretti år.

6 Då Jesus såg honom liggja der, og fekk vita at han hadde vore sjuk i lang tid, sagde han til honom: «Vil du verta frisk?»

7 «Herre,» svara den sjuke, «eg hev ingen som kann bera meg ned i dammen når vatnet tek til å rørast, og med eg er på vegen, stig ein annan ned fyre meg.»

8 Jesus segjer til honom: «Statt upp, tak sengi di og gakk!»

9 Og straks vart mannen frisk, og tok sengi si og gjekk. Det var ein kviledag dette hende;

10 difor sagde jødarne til den som hadde vorte lækt: «Det er kviledag! Du hev ikkje lov til å bera sengi.»

11 Han svara: «Den som gjorde meg frisk, han sagde til meg: «Tak sengi di og gakk!»»

12 Dei spurde honom: «Kva var det for ein mann som sagde til deg: «Tak sengi di og gakk?»»

13 Men den som hadde vorte lækt, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde drege seg undan av di det var so mykje folk der på staden.

14 Sidan fekk Jesus sjå honom i templet og sagde til honom: «No hev du fenge att helsa di. Synda no ikkje meir! elles kunde det henda deg noko verre!»

15 Mannen gjekk av stad og sagde med jødarne at det var Jesus som hadde gjort honom frisk.

16 Og difor forfylgde jødarne Jesus, sidan han gjorde slikt på ein kviledag.

17 Han svara deim: «Far min arbeider til no; eg arbeider og.»

18 Difor var jødarne endå meir huga på å drepa honom, sidan han ikkje berre braut helgi, men jamvel kalla Gud Far sin, og gjorde seg sjølv lik med Gud.

19 So tok Jesus til ords og sagde til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Sonen kann ingen ting gjera av seg sjølv, anna enn det han ser Faderen gjer; for det han gjer, det gjer Sonen og like eins.

20 For Faderen Sonen kjær, og syner honom alt det han gjer sjølv, og han skal syna honom større verk enn desse, so de skal koma til å undrast.

21 For liksom Faderen vekkjer upp dei daude og gjev deim liv, soleis gjev Sonen og liv åt kven han vil.

22 For Faderen dømer ikkje heller nokon, men hev gjeve heile domen yver til Sonen,

23 so alle skal æra Sonen som dei ærar Faderen. Den som ikkje ærar Sonen, ærar ikkje Faderen, som hev sendt honom.

24 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som høyrer mitt ord og trur den som sende meg, han hev ævelegt liv, og kjem ikkje for domen, men hev gjenge yver frå dauden til livet.

25 Det segjer eg dykk for visst og sant: Det kjem ei tid, ja, ho hev alt kome, då dei daude skal høyra røysti åt Guds Son, og dei som lyder på henne, skal liva.

26 For liksom Faderen hev liv i seg sjølv, so gav han og Sonen den gåva at han hev liv i seg sjølv;

27 og han gav honom fullmagt til å halda dom, av di han er ein menneskjeson.

28 De må ikkje undrast på det! For det kjem ein time då alle dei som ligg i graverne skal høyra hans røyst,

29 og dei skal koma ut; dei som hev gjort godt, skal standa upp til liv, og dei som hev gjort vondt, skal standa upp til dom.

30 Eg kann ikkje gjera noko av meg sjølv; eg dømer etter det eg høyrer, og domen min er rettferdig; for eg gjeng ikkje etter min eigen vilje, men etter hans vilje som sende meg.

31 Dersom eg vitnar um meg sjølv, so sæter ikkje vitnemålet mitt.

32 Det er ein annan som vitnar um meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev meg, er sant.

33 De hev sendt bod til Johannes, og han hev vitna for sanningi.

34 Men eg tek ikkje mot vitnemål av noko menneskje; dette nemner eg berre av di eg gjerne vil de skal frelsast.

35 Han var lampa som brann og skein, og de hadde hug til å gleda dykk eit bil i ljoset hans.

36 Men eg hev eit vitnemål som er større enn det frå Johannes; for dei verki som Far min hev gjeve meg, og vil eg fullføra, sjølve dei verki eg gjer, vitnar um meg at Faderen hev sendt meg.

37 Og Faderen, som sende meg, hev sjølv vitna um meg. Hans røyst hev de aldri høyrt, og hans skapnad hev de aldri set,

38 og hans ord ber de ikkje i hjarta dykkar; for den han sende, honom trur de ikkje.

39 De granskar skrifterne av di de tenkjer at de hev eit ævelegt liv i deim, og dei er det som vitnar um meg.

40 Og endå vil de ikkje koma til meg, so de kann hava liv.

41 Eg tek ikkje mot æra av menneskje,

42 men eg kjenner dykk og for at de ikkje hev kjærleiken til Gud i dykk.

43 Eg er komen i far min’s namn, og de tek ikkje imot meg; kjem ein annan i sitt eige namn - honom tek de imot!

44 Korleis kann de tru, de som tek imot æra av kvarandre, men ikkje søkjer den æra som kjem frå den einaste Gud?

45 De må ’kje tenkja eg vil klaga dykk for far min! Det er ein som klagar dykk, Moses, han som de hev sett dykkar von til.

46 For trudde de Moses, so trudde de meg; for det er meg han hev skrive um.

47 Men når de ikkje trur hans skrifter, korleis skal de då tru mine ord?»

6. kapitlet

1 Sidan for Jesus burt til hi sida av Galilæa- eller Tiberias-sjøen.

2 Og det fylgde honom mykje folk, av di dei såg dei teikni han gjorde på dei sjuke.

3 Men Jesus gjekk upp i fjellet, og der sette han seg med læresveinarne sine.

4 Det leid då mot påskehelgi åt jødarne.

5 Som no Jesus såg upp og vart var at det kom mykje folk til honom, segjer han til Filip: «Kvar skal me kjøpa brød, so desse folki kann få noko å eta?»

6 Det sagde han av di han vilde røyna honom; for han visste sjølv kva han vilde gjera.

7 «Brød for eit halvt hundrad dalar rekk ikkje til, so kvar av deim kann få eit lite stykke,» svara Filip.

8 Ein av læresveinarne hans - det var Andreas, bror åt Simon Peter - segjer til honom:

9 «Her er ein liten gut som hev fem byggbrød og tvo fiskar, men kva er det åt so mange?»

10 «Lat folket setja seg!» sagde Jesus. Det var mykje gras på den staden; so sette mennerne seg; dei var um lag fem tusund i talet.

11 Då tok Jesus brødi, og takka, og skifte deim ut til deim som sat der, og like eins av fiskarne, so mykje dei vilde hava.

12 Då dei var mette, segjer han til læresveinarne: «Sanka i hop dei molarne som att er, so ingen ting vert spillt!»

13 So gjorde dei det, og dei fyllte tolv korger med molarne som var att av dei fem byggbrødi etter deim som hadde ete.

14 Då no folket såg det teiknet han hadde gjort, sagde dei: «Dette er visst og sant profeten som skal koma til verdi!»

15 Då skyna Jesus at dei vilde koma og taka honom med magt og gjera honom til konge; difor drog han seg undan og gjekk upp i fjellet att, han åleine.

16 Då det vart kveld, gjekk læresveinarne ned til sjøen;

17 dei steig ut i båten og vilde fara yver sjøen, til Kapernaum. Det var alt myrkt vorte, og Jesus var endå ikkje komen til deim.

18 Bårorne gjekk høgt; for det bles ein hard vind.

19 Då dei so hadde rott umlag ei halv mil eller halvtridje fjordung, ser dei at Jesus kjem gangande på sjøen og kjem næmare og næmare innåt båten. Dei vart rædde,

20 men han sagde: «Det er eg; ver ikkje rædde!»

21 Då vilde dei taka honom upp i båten, og straks var båten ved det landet dei skulde til.

22 Dagen etter stod det endå ein folkehop på hi sida av sjøen; dei hadde set at det ikkje var meir enn ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten med læresveinarne sine, men læresveinarne tok av stad åleine.

23 Men det kom båtar frå Tiberias, tett innmed den staden dei hadde halde måltid etterpå Herrens takkebøn.

24 Då no folket såg at Jesus ikkje var der, og ikkje læresveinarne hans heller, steig dei sjølve i båtarne og for til Kapernaum og leita etter Jesus,

25 og då dei fann han der, på hi sida av sjøen, sagde dei til honom: «Når kom du hit, meister?»

26 Jesus svara deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Det er ’kje for di de såg teikn at de leitar etter meg, men for di de åt av brødi og vart mette.

27 Vinn dykk ikkje føda som forgjengst, men føda som varer og gjev eit ævelegt liv! Den skal Menneskjesonen gjeva dykk; for honom hev Faderen, Gud, sett sitt innsigle på.»

28 Då sagde dei til honom: «Korleis skal me fara åt, so me kann gjera Guds gjerningar?»

29 Jesus svara: «Det er Guds gjerning, at de skal tru på den som han sende.»

30 Då sagde dei til honom: «Kva teikn gjer då du, so me kann sjå det og tru deg? kva for verk gjer du?

31 Federne våre åt manna i øydemarki, som skrive stend: «Han gav dei brød frå himmelen å eta.»»

32 Då sagde Jesus til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen, men Far min gjev dykk det rette brødet frå himmelen;

33 for Guds-brødet er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verdi liv.»

34 Då sagde dei til honom: «Herre, gjev oss alltid det brødet!»

35 Jesus svara: «Eg er livsens brød; den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.

36 Men eg sagde dykk at de hev set meg og endå ikkje trur.

37 Alle som Far min gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg so visst ikkje visa burt;

38 for eg hev kome ned frå himmelen, ikkje til å gjera det eg sjølv vil, men det han vil som sende meg,

39 og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av deim han hev gjeve meg, men vekkja deim upp att på den siste dag.

40 For so vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på honom, skal hava ævelegt liv, og at eg skal vekkja honom upp att på den siste dag.»

41 Då murra jødarne og fann åt honom, for di han sagde: «Eg er brødet som kom ned frå himmelen.»

42 «Er ’kje dette Jesus Josefsson? sagde dei; «me kjenner då både far hans og mor hans; korleis hev det seg at han no segjer: «Eg hev kome ned frå himmelen?»»

43 Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Haldt ikkje på å murra dykk imillom!

44 Ingen kann koma til meg utan Faderen, som sende meg, hev drege honom, og eg skal vekkja honom upp att på den siste dag.

45 Det stend skrive hjå profetarne: «Og alle skal dei vera upplærde av Gud.» Kvar som hev lydt på Faderen og lært, han kjem til meg.

46 Ikkje so at nokon hev set Faderen utan han som er frå Gud, han hev set Faderen.

47 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur, hev ævelegt liv.

48 Eg er livsens brød.

49 Federne dykkar åt manna i øydemarki og døydde;

50 her er det brødet som kjem ned frå himmelen, so den som et av det ikkje skal døy.

51 Eg er det livande brødet som kom ned frå himmelen; dersom nokon et av det brødet, skal liva i all æva; og brødet eg vil gjeva, er kjøtet mitt, som eg gjev til liv for verdi.»

52 Då trætta jødarne med kvarandre og sagde: «Korleis kann han gjeva oss kjøtet sitt å eta?»

53 Då sagde Jesus til deim: Det segjer eg dykk for visst og sant: Et de ikkje kjøtet åt Menneskjesonen, og drikk blodet hans, so hev de ikkje liv i dykk.

54 Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, hev eit ævelegt liv, og eg skal vekkja honom upp att på den siste dag.

55 For kjøtet mitt er retteleg mat, og blodet mitt er retteleg drykk.

56 Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, han vert verande i meg, og eg i honom.

57 Som den livande Faderen sende meg, og eg liver ved Faderen, so skal og den som et meg liva ved meg.

58 Det er brødet som kom ned frå himmelen; det er ’kje som det federne dykkar åt, og so døydde: den som et dette brødet, skal liva i all æva.»

59 Dette sagde han i eit synagogemøte, med han lærde i Kapernaum.

60 Mange av læresveinarne hans sagde då dei høyrde det: «Dette er stride ord, kven kann lyda på honom?»

61 Jesus visste med seg at læresveinarne hans murra um dette, og han sagde til deim: «Støyter de dykk på dette?

62 Enn um de no fær sjå Menneskjesonen fara upp dit han var fyrr!

63 Det er åndi som gjev liv; kjøtet gjer ikkje noko gagn. Dei ordi eg hev tala til dykk, er ånd, og er liv;

64 men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven det var som skulde svika honom.

65 Og han sagde: «Difor var det eg sagde dykk at ingen kann koma til meg utan det er gjeve honom av Faderen.»

66 For dette var det mange av læresveinarne hans som drog seg undan og ikkje gjekk ikring med honom lenger.

67 Då sagde Jesus til dei tolv: «Vil de og ganga dykkar veg?»

68 Simon Peter svara: «Herre, kven skulde me ganga til? Du hev det ævelege livs ord,

69 og me trur og veit at du er den Heilage frå Gud.»

70 «Hev eg ikkje sjølv valt dykk ut, alle tolv?» svara Jesus, «og ein av dykk er ein djevel!»

71 Han meinte Judas, son åt Simon Iskariot; for det var han som sidan skulde svika honom - han, ein av dei tolv.

7. kapitlet

1 Sidan for Jesus kringum i Galilæa; han vilde ikkje ferdast kring i Judæa; for jødarne sat um og vilde drepa honom.

2 So leid det fram til den jødiske høgtidi dei kallar lauvhyttehelgi.

3 Då sagde brørne hans til honom: «Flytt herifrå, og far til Judæa, so læresveinarne dine og kann få sjå dei verki du gjer!

4 For ingen som vil vera namnspurd, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, so syn deg fram for verdi!»

5 For brørne hans trudde ikkje på honom, dei heller.

6 Jesus svara: «Mi tid er endå ikkje komi; men for dykk er det allstødt lagleg tid.

7 Verdi kann ikkje hata dykk; men meg hatar ho, for di eg vitnar um henne, at gjerningarne hennar er vonde.

8 Far de upp til høgtidi! Eg fer ikkje upp til denne høgtidi; for mi tid er endå ikkje fullkomi.»

9 Dette sagde han med deim, og vart verande i Galilæa.

10 Men då brørne hans var farne upp til høgtidi, då for han og dit, ikkje berrsynt, men som i løynd.

11 Jødarne leita no etter honom på høgtidi og sagde: «Kvar er han, denne mannen?»

12 Og det vart mykje mulling um honom millom folket; sume sagde: «Det er ein god mann!» andre sagde: «Nei, han forvillar folket!»

13 Men ingen tala fritt ut um honom; for dei var rædde jødarne.

14 Då det alt leid midt uti høgtidi, gjekk Jesus upp i templet og lærde.

15 Jødarne undra seg og sagde: «Kvar hev han lærdomen sin frå, som ikkje hev gjenge på nokon skule?»

16 Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Mi læra er ’kje mi, men hans som sende meg.

17 Vil nokon gjera etter hans vilje, skal han få røyna um læra er frå Gud, eller um eg talar av meg sjølv.

18 Den som talar av seg sjølv, søkjer si eigi æra; men den som søkjer æra åt den som hev sendt honom, er sannordig, og det finst ikkje urett i honom.

19 Hev ’kje Moses gjeve dykk lovi? og ingen av dykk held lovi. Kvi tenkjer de på å drepa meg?»

20 «Du er forgjord!» svara folket, «kven tenkjer på å drepa deg?»

21 Jesus svara deim: «Eg gjorde eitt verk, som de alle undrar dykk yver.

22 Moses hev gjeve dykk umskjeringi - ja, ho er no ikkje frå Moses, men frå federne - og de umskjer eit menneskje på kviledagen.

23 Når no eit menneskje fær umskjeringi på kviledagen, so ikkje lovi åt Moses skal brjotast, er de då harme på meg for di eg gjorde eit heilt menneskje godt att på ein kviledag?

24 Døm ikkje etter det som er utvendes, men lat domen dykkar vera rettferdig!»

25 Det var nokre av Jerusalems-buarne som sagde: «Er ’kje dette den mannen som dei tenkjer på å drepa?

26 og no talar han fritt ut, og dei segjer ikkje eit ord til honom! Skulde dei styrande retteleg ha skyna at han er Messias?

27 Men um denne mannen veit me kvar han er ifrå, og når Messias kjem, veit ingen kvar han er ifrå.»

28 Difor ropa Jesus, med han lærde i templet: «Ja, de kjenner meg, og de veit og kvar eg er ifrå; og endå er eg ikkje komen av meg sjølv, men det er i røyndi ein som hev sendt meg, ein som de ikkje kjenner;

29 eg kjenner honom, for eg kjem ifrå honom, og det var han som sende meg.»

30 Då vilde dei gripa honom; men ingen lagde hand på honom; for endå var ’kje tidi hans komi.

31 Men mange av folket trudde på honom og sagde: «Når Messias kjem, tru han då gjer fleire teikn enn denne mannen hev gjort?»

32 Farisæarane høyrde at folket mulla soleis um honom, og øvsteprestarne og farisæarane sende tenarar som skulde gripa honom.

33 Då sagde Jesus: «Endå eit lite bil er eg hjå dykk, so gjeng eg til honom som hev sendt meg;

34 de skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma.»

35 So sagde jødarne seg imillom: «Kvar vil han fara av, sidan me ikkje skal finna honom? Tru han vil fara til deim som bur rundt ikring millom grækarane, og læra grækarane?

36 Kva meinte han med dei ordi han sagde: «De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma?»»

37 Den siste dagen, den største i høgtidi, stod Jesus og ropa ut: «Er det nokon som er tyrst, so lat honom koma til meg og drikka!

38 Den som trur på meg, frå hans liv skal det, som Skrifti segjer, renna elvar med livande vatn.»

39 Det sagde han um Anden som dei skulde få, dei som trudde på honom; for endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

40 Sume bland folket sagde då dei høyrde dei ordi: «Dette er visst og sant profeten.»

41 Andre sagde: «Det er Messias.» Men sume sagde: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilæa?

42 Hev ikkje Skrifti sagt at Messias er av Davids ætt, og kjem frå Betlehem, den grendi som David åtte heime i?»

43 Soleis kløyvde folket seg i flokkar for hans skuld,

44 og sume av deim var huga til å gripa honom, men ingen lagde hand på honom.

45 Då tenararne kom attende, sagde øvsteprestarne og farisæarane til deim: «Kvi tok de honom ikkje med dykk?»

46 Tenarane svara: «Aldri hev noko menneskje tala som honom!»

47 Då sagde farisæarane: «Hev de og vorte dåra?

48 Er det nokon av dei styrande som trur på honom, eller av farisæarane?

49 Men denne mugen, som ikkje kjenner lovi, er forbanna.»

50 Segjer Nikodemus, han som fyrr ein gong var komen til Jesus, og som høyrde til flokken deira:

51 «Dømer lovi vår nokon mann, fyrr dei hev høyrt på honom og fenge vita kva han gjer?»

52 «Er du og frå Galilæa, kann henda?» svara dei. «Granska etter, so fær du sjå at det aldri kjem nokon profet frå Galilæa!»

53 So gjekk kvar heim til seg.

8. kapitlet

1 Jesus gjekk til Oljeberget.

2 Andre morgonen var han atter i templet; alt folket kom til honom, og han sette seg og lærde deim.

3 Då kjem dei skriftlærde og farisæarane med ei kona som var teki i egteskapsbrot; dei stelte henne midt framfyre honom

4 og sagde: «Meister, denne kona hev dei kome yver med ho gjorde hor.

5 Moses hev sagt oss fyre i lovi at slike kvinnor skal steinast; kva segjer no du?»

6 Det sagde dei av di dei vilde freista honom, so dei kunde hava noko å klaga honom for. Jesus lutte seg ned og skreiv med fingeren på marki.

7 Då dei heldt på og spurde, rette han seg upp og sagde: «Lat den av dykk som er syndelaus kasta den fyrste steinen på henne!»

8 So lutte han seg ned att, og skreiv på marki.

9 Men då dei høyrde det, gjekk dei burt, ein etter ein - dei eldste fyrst - so Jesus vart åleine att med kona som stod der.

10 Då rette han seg upp og sagde til henne: «Kvar er dei, kona? Hev ingen felt domen yver deg?»

11 «Ingen, Herre,» svara ho. «So dømer ikkje eg deg heller,» sagde Jesus: «Gakk heim, og synda ikkje meir!»

12 So tala Jesus atter til deim og sagde: «Eg er ljoset åt verdi. Den som fylgjer meg, skal ikkje ganga i myrkret, men hava livsens ljos.»

13 Då sagde farisæarane til honom: «Du vitnar um deg sjølv; vitnemålet ditt sæter ikkje.»

14 Jesus svara deim so: «Um eg so vitnar um meg sjølv, so er vitnemålet mitt sant; for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av, men de veit ikkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av.

15 De dømer etter kjøtet, eg dømer ingen;

16 men endå um eg dømer, so er domen min rett, for eg er ikkje einsleg, men eg og han som sende meg, er saman.

17 Og i dykkar eigi lov stend skrive at tvo manns vitnemål sæter.

18 Her er det eg som vitnar um meg sjølv, og Faderen, som sende meg, vitnar um meg.»

19 «Kvar er far din?» sagde dei då. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller far min; kjende de meg, so kjende de far min og.»

20 Desse ordi tala Jesus innmed tempelkista, med han lærde i heilagdomen, og ingen lagde hand på honom; for tidi hans var endå ikkje komi.

21 Ein annan gong sagde han til deim: «Eg gjeng burt, og de kjem til å leita etter meg, og de skal døy i syndi dykkar; dit som eg gjeng, kann ikkje de koma.»

22 «Tru han vil drepa seg sjølv?» sagde jødarne, «sidan han segjer: «Dit som eg gjeng, kann ikkje de koma?»»

23 Då sagde han til deim: «De er nedantil, eg er ovantil; de er frå denne verdi, eg er ikkje frå denne verdi;

24 difor sagde eg dykk at de skal døy i synderne dykkar; når de ikkje trur at eg er den eg er, so skal de døy i synderne dykkar.»

25 «Kven er du?» sagde dei då. «Kvi let eg ’kje heller reint vera å tala til dykk?» svara Jesus.

26 «Mykje hev eg å segja og døma um dykk; men han som sende meg, er sannordig, og eg talar ikkje anna til verdi enn det eg hev høyrt av honom.»

27 Dei skyna ikkje at det var Faderen han tala til deim um.

28 Difor sagde Jesus: «Når de fær lyft Menneskjesonen upp i høgdi, då skal de skyna at eg er den eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar dette soleis som Far min lærde meg det.

29 Og han som sende meg, er med meg; han let meg ikkje vera åleine; for eg gjer allstødt det som tekkjest honom.»

30 Då han tala so, trudde mange på honom.

31 So sagde Jesus til dei jødarne som trudde på honom: «Vert de verande i mitt ord, so er de rette læresveinarne mine,

32 og de skal læra å kjenna sanningi, og sanningi skal gjera dykk frie.»

33 «Me er Abrahams ætt,» lagde dei imot, «og hev aldri vore trælar for nokon; korleis hev det seg at du segjer: «De skal verta frie?»»

34 Jesus svara: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Kvar den som gjer synd, er træl åt syndi.

35 Men trælen vert ikkje verande i huset for all tid - sonen vert verande der for all tid.

36 Fær no Sonen frigjort dykk, so vert de retteleg frie.

37 Eg veit at de er Abrahams ætt; men de tenkjer på å drepa meg, av di ordet mitt ikkje fær rom hjå dykk.

38 Eg talar um det eg hev set hjå far min, og soleis gjer de det som de hev høyrt av far dykkar.»

39 «Vår far er Abraham,» svara dei. Jesus segjer: «Var de Abrahams born, so gjorde de som Abraham gjorde;

40 men no sit de um og vil drepe meg, ein mann som hev tala til dykk um sanningi, som eg hev høyrt av Gud. Slikt gjorde ikkje Abraham.

41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Me er ikkje fødde i hor,» sagde dei; «me hev ein far, Gud!»

42 Jesus sagde til deim: Var Gud far dykkar, so hadde de meg kjær; for eg hev gjenge ut frå Gud, og er komen frå honom; ikkje heller er eg komen av meg sjølv; det er han som hev sendt meg.

43 «Kvi skynar de ikkje min tale? Av di de ikkje toler å høyra ordi mine!

44 De hev djevelen til far, og det de vil, er å gjera det far dykkar hugast; han var ein manndråpar frå fyrste tid, og hev ’kje sitt støde i sanningi; for det finst ikkje sanning i honom. Når han talar lygn, talar han av sitt eige; for han er ein ljugar og far åt lygni.

45 Men av eg talar sanningi, trur det meg ikkje.

46 Kven av dykk kann segja meg saka i nokor synd? Men når eg talar sanning, kvi trur de meg ikkje?

47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord; de er ikkje av Gud, difor er det de ikkje høyrer.»

48 Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Er det ’kje sant som me segjer at du er ein samaritan, og er forgjord?»

49 Jesus svara: «Eg er ikkje forgjord; eg ærar Far min, og de vanærar meg.

50 Men eg søkjer ikkje mi eigi æra, det er ein som søkjer henne, og dømer.

51 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva sjå dauden.»

52 «No veit me at du er forgjord,» sagde jødarne. «Abraham hev døytt, og profetarne og, og du segjer: «Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva smaka dauden.»

53 Er då du større enn Abraham, ættfaren vår? han døydde, og profetarne døydde! Kven gjer du deg sjølv til?»

54 Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, so er æra mi ingen ting; det er Far min som ærar meg; de segjer han er dykkar Gud,

55 men de hev ikkje kjent honom, men eg kjenner honom; sagde eg at eg ikkje kjenner honom, so var eg ein ljugar som de! Men eg kjenner honom og held meg etter hans ord.

56 Abraham, ættfaren dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag; og han såg honom og var fegen.»

57 «Du er endå ikkje femti år,» sagde jødarne, «og so hev du set Abraham!»

58 Jesus sagde til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Fyrr Abraham vart til, er eg til.»

59 Då tok dei upp steinar og vilde kasta på honom; men Jesus løynde seg og gjekk ut or templet.

9. kapitlet

1 Då han gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.

2 Læresveinarne spurde honom: «Rabbi, kven er det som hev synda, han eller foreldri hans, sidan han laut koma til verdi blind?»

3 «Dei hev ikkje synda, korkje han eller foreldri hans,» svara Jesus, «men det var for di Guds verk skulde syna seg på honom.

4 So lenge det er dag, lyt me gjera hans verk som hev sendt meg; det kjem ei natt då ingen kann gjera noko verk.

5 Medan eg er i verdi, er eg ljoset åt verdi.»

6 Med so sagt sputta han på jordi og laga ei gyrma av sputtet; den gyrma smurde han på augo hans

7 og sagde til honom: «Gakk og två deg i Siloadammen!» - Siloa tyder sendemann -. So gjekk han ’stad og tvo seg, og då han kom att, kunde han sjå.

8 Då sagde grannarne og dei som jamleg hadde set honom fyrr - for han var ein tiggar: «Er ’kje det han som sat og bad seg?»

9 «Jau, det er han,» sagde andre. Endå andre sagde: «Nei, men han er lik honom.» Sjølv sagde han: «Det er eg.»

10 «Korleis vart augo dine opna?» sagde dei då.

11 Han svara: «Den mannen som dei kallar Jesus, laga ei gyrma og smurde på augo mine og sagde til meg: «Gakk til Siloa og två deg!» So gjekk eg ’stad og tvo meg, og då fekk eg syni mi.»

12 «Kvar er han, den mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje,» segjer han.

13 Dei fører honom til farisæarane, han som hadde vore blind.

14 Det var på ein kviledag Jesus laga gyrma og opna augo hans.

15 So spurde dei honom att, farisæarane og, korleis han hadde fenge syni si. «Han lagde ei gyrma på augo mine,» svara han; «so tvo eg meg, og no ser eg.»

16 Då sagde nokre av farisæarane: «Den mannen er ikkje frå Gud, sidan han ikkje held kviledagen.» Andre sagde: «Korleis kann ein syndug mann gjera slike teikn?» Og dei var usams um dette.

17 So segjer dei til den blinde att: «Kva segjer du um honom, sidan han hev opna augo dine?» «Han er ein profet,» svara han.

18 Då vilde ikkje jødarne tru det um honom at han hadde vore blind og fenge syni si, fyrr dei hadde henta foreldri åt honom som hadde fenge syni si.

19 Dei spurde deim: «Er dette son dykkar som de segjer er fødd blind? Korleis hev det seg då at han no ser?»

20 «Me veit at dette er vår son, og at han er fødd blind,» svara foreldri hans;

21 «men korleis det hev seg at han no ser, det veit me ikkje, og kven som hev opna augo hans, veit me ’kje heller. Spør honom sjølv! Han er gamall nok; han kann sjølv svara for seg.»

22 Det sagde foreldri hans av di dei var rædde jødarne; for jødarne var alt samrådde um at den som kanna honom for Messias, skulde støytast ut or synagoga;

23 difor var det foreldri hans sagde: «Han er gamall nok; spør honom sjølv!»

24 So henta dei andre gongen til seg den mannen som hadde vore blind, og sagde til honom: «Gjev Gud æra! Me veit at denne mannen er ein syndar!»

25 «Um han er ein syndar, veit eg ikkje,» svara han; «eitt veit eg: eg var blind, og no ser eg.»

26 «Kva gjorde han med deg?» sagde dei då; «korleis gjekk det til at han opna augo dine?»

27 «Eg hev alt sagt dykk det,» svara han, «og de agta ikkje på det; kvi vil de høyra det upp att? Kann henda de og vil verta læresveinarne hans?»

28 Då skjelte dei honom ut og sagde: «Du er hans læresvein, men me er Moses’ læresveinar.

29 Me veit at Gud hev tala til Moses, men um denne veit me ikkje kvar han er ifrå.»

30 «Då er det underlegt at de ikkje veit kvar han er ifrå,» svara mannen; «han hev då opna mine augo.

31 Me veit at Gud ikkje høyrer på syndarar; men den som ottast honom og gjer etter hans vilje, den høyrer han.

32 Frå ævords tid hev det ikkje vore spurt at nokon hev opna augo på ein blindfødd.

33 Var ’kje denne mannen komen frå Gud, kunde han ingen ting gjera.»

34 Då ropa dei imot honom: «I synder er du fødd og boren, og du vil læra oss!» og kasta honom ut.

35 Jesus fekk høyra at dei hadde kasta honom ut, og då han møtte honom, sagde han til honom: «Trur du på Guds Son?»

36 «Kven er det då, Herre, so eg kann tru på honom?» svara han.

37 Du hev set honom, sagde Jesus; «det er den som no talar med deg.»

38 «Eg trur, Herre!» sagde mannen og kasta seg på kne for honom.

39 Og Jesus sagde: «Til doms er eg komen til denne verdi, so dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal verta blinde.»

40 Nokre farisæarar som var innmed honom, høyrde det og sagde: «Kann henda me og er blinde?»

41 Då sagde Jesus: «Var de blinde, so hadde de ikkje synd; men no segjer de: «Me ser» - og syndi dykkar vert verande der ho var.»

10. kapitlet

1 «Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som ikkje gjeng inn i sauekvii gjenom døri, men stig yver ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar;

2 Men den som gjeng inn gjenom døri, er hyrding åt sauerne.

3 Honom let dørvaktaren upp åt, og sauerne høyrer målet hans, og han kallar sine sauer på namn, og leider deim ut.

4 Når han hev fenge ut alle sauerne sine, gjeng han fyre deim, og sauerne fylgjer honom; for dei kjenner målet hans.

5 Ein framand vilde dei aldri fylgja; dei vilde røma for honom, av di dei ikkje kjenner målet åt dei framande.»

6 Denne likningi fortalde Jesus deim, men dei skyna ikkje kva det var han tala til deim um.

7 So tala Jesus atter til deim og sagde: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Eg er døri som ber inn til sauerne.

8 Alle dei som er komne fyre meg, er tjuvar og røvarar; men sauerne høyrde ikkje på deim.

9 Eg er døri; den som gjeng inn gjenom meg, skal verta berga, og skal ganga inn og ganga ut og finna beite.

10 Tjuven kjem ikkje for anna enn for di han vilde stela og slagta og øyda; eg er komen for dei skal hava liv og hava nøgdi.

11 Eg er den gode hyrdingen; den gode hyrdingen set livet sitt til for sauerne.

12 Leigekaren, som ikkje er hyrding, og som sauerne ikkje høyrer til, ser ulven koma, men let sauerne vera der dei er, og rømer, og ulven røvar deim og jagar deim frå einannan;

13 so gjer leigekaren av di han er ein leigekar, og ikkje hev umsut for sauerne.

14 Eg er den gode hyrdingen, og eg kjenner mine, og mine kjenner meg,

15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen; og eg set livet til for sauerne.

16 Eg hev andre sauer og, som ikkje høyrer til denne kvii; deim og lyt eg leida, og dei skal lyda røysti mi, og det skal vera ei hjord og ein hyrding.

17 Difor er det Far min elskar meg, for di eg set livet mitt til so eg kann taka det att.

18 Ingen tek det frå meg, eg set det til av meg sjølv. Eg hev magt til å setja det til, og eg hev magt til å taka det att; det bodet fekk eg av far min.»

19 Um desse ordi var det på nytt skilde meiningar millom jødarne.

20 Mange av deim sagde: «Han er forgjord, han er frå vitet! Kvi lyder de på honom?»

21 Andre sagde: «Dette er ikkje forgjord manns tale! Kann ei vond ånd opna augo på blinde?»

22 So høgtida dei tempelvigsle-helgi i Jerusalem. Det var vinter,

23 og Jesus gjekk ikring i templet i Salomons-halli.

24 Då flokka jødarne seg rundt ikring honom og sagde til honom: «Kor lenge vil du halda oss i uvissa? Er du Messias, so seg oss det beint ut!»

25 Jesus svara: «Eg hev sagt dykk det, og de trur ikkje. Dei verki eg gjer i far min’s namn, dei vitnar um meg,

26 men de trur ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.

27 Mine sauer lyder røysti mi, og eg kjenner deim, og dei fylgjer meg,

28 og eg gjev deim eit ævelegt liv; dei skal ikkje i all æve forkomast, og ingen skal riva dei ut or handi mi.

29 Far min, som hev gjeve meg deim, er større enn alle, og ingen kann riva deim ut or handi åt Far min.

30 Eg og Faderen er eitt.»

31 På nytt lag tok jødarne upp steinar og vilde steina honom.

32 Då tok Jesus til ords og sagde: «Mange gilde verk hev eg synt dykk frå far min; - kva for eitt av deim er det de steinar meg for?»

33 «For eit gildt verk steinar me deg ikkje,» svara jødarne, «men for gudsspotting, for di du som er eit menneskje, gjer deg sjølv til Gud.»

34 Jesus svara: «Stend det ’kje skrive i lovi dykkar: «Eg hev sagt: «De er gudar?»»

35 Når no lovi kallar deim som Guds ord kom til, for gudar - og Skrifti kann ikkje gjerast um inkje -

36 segjer då de til den som Faderen hev helga og sendt til verdi: «Du spottar Gud,» for di eg sagde: «Eg er Guds son?»

37 Gjer eg ikkje verki åt Far min, so tru meg ikkje!

38 Men gjer eg det, so tru verki, um de ikkje trur meg; so skal de skyna og sjå at Faderen er i meg, og eg i honom!»

39 Då freista dei atter å gripa honom, men han slapp utor henderne deira.

40 So for han attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid.

41 Og kom mange til honom, og dei sagde: «Johannes gjorde fulla ikkje noko teikn, men alt det Johannes sagde um denne mannen, var sant.»

42 Og mange trudde på honom der.

11. kapitlet

1 Det var ein som låg sjuk, Lasarus frå Betania, den vesle byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.

2 Maria var den som salva Herren med myrrasalve, og turka føterne hans med håret sitt; og det var bror hennar, Lasarus, som låg sjuk.

3 Systerne sende då bod til honom med dei ordi: «Herre, han som du hev so kjær, ligg sjuk!»

4 Då Jesus høyrde det, sagde han: «Den sotti er ’kje nokor helsott, men ho er til Guds æra; Guds son skal få æra av det.»

5 Jesus heldt mykje av Marta og syster hennar og Lasarus.

6 Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå tvo dagar på den staden han var;

7 då fyrst sagde han til læresveinarne sine: «Kom, lat oss fara til Judæa att!»

8 «Rabbi,» sagde læresveinarne, «nyst vilde jødarne steina deg, og so fer du dit att!»

9 «Er det ’kje tolv timar i dagen?» svara Jesus; «den som gjeng um dagen, snåvar ikkje; for han ser ljoset åt denne verdi;

10 men den som gjeng um natti, han snåvar, av di han ikkje hev ljoset i seg.»

11 So tala han, og um eit bil segjer han til deim: «Lasarus, venen vår, hev sovna; men no gjeng eg av og vekkjer honom.»

12 «Herre, hev han sovna, so vert han nok god att,» sagde læresveinarne.

13 Jesus hadde meint at han var slokna; men dei tenkte han tala um vanleg svevn.

14 Då sagde Jesus reint ut: «Lasarus hev slokna!

15 Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, so de kann koma til å tru. Men kom, lat oss ganga til honom!»

16 Tomas - han som me kallar Didymus - sagde då til dei andre læresveinarne: «Lat oss ganga med, so me kann døy med honom!»

17 Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i gravi.

18 Betania låg ikkje langt frå Jerusalem, berre ein fjordung på lag,

19 og mange jødar var komne til Marta og Maria, og vilde trøysta dei i sorgi yver broren.

20 Då no Marta høyrde at Jesus kom, gjekk ho til møtes med honom; men Maria sat heime.

21 Då sagde Marta til Jesus: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.

22 Men eg veit kor som er, at alt det du bed Gud um, det vil Gud gjeva deg.»

23 Jesus segjer til henne: «Bror din skal standa upp att.»

24 «Eg veit at han skal standa upp att når alle stend upp, på den siste dag,» svara Marta.

25 Då sagde Jesus til henne: «Eg er uppstoda og livet! Den som trur på meg, skal liva, um han so døyr,

26 og kvar den som liver og trur på meg, skal i all æva ikkje døy. Trur du det?»

27 «Ja, Herre,» svara ho, «eg hev trutt, og trur, at du er Messias, Guds son, han som skulde koma til verdi.»

28 Med so sagt gjekk ho av ’stad og kalla på Maria, syster si, og sagde til henne i løynd: «Meisteren er her og spør etter deg.»

29 Då ho høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til honom.

30 Jesus hadde endå ikkje kome inn i byen; han var endå på den staden der Marta hadde møtt honom.

31 Då jødarne som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, fylgde dei etter henne; dei tenkte ho gjekk ut til gravi og vilde gråta der.

32 Som no Maria kom dit som Jesus var og fekk sjå honom, kasta ho seg ned for føterne hans og sagde: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.»

33 Då Jesus såg at ho gret, og at jødarne som hadde fylgt henne gret, vart han harm i hugen og øste seg upp og sagde:

34 «Kvar hev de lagt honom?» - «Kom og sjå, Herre!» svara dei.

35 Jesus gret.

36 Då sagde jødarne: «Sjå kor kjær han hadde honom!»

37 Og sume av deim sagde: «Kunde ikkje han som opna augo på den blinde, ha gjort det so at denne mannen ikkje hadde døytt?»

38 Då vart Jesus på nytt harm inni seg og gjekk burt til gravi; det var ein heller, og det låg ein stein attfyre.

39 «Tak steinen ifrå!» segjer Jesus. Då segjer Marta, syster åt den avlidne: «Herre, det tevjar alt av honom, for han hev lege der på fjorde dagen!»

40 Jesus segjer til henne: «Sagde eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom!»

41 So tok dei steinen ifrå. Og Jesus lyfte augo mot himmelen og sagde: «Fader! eg takkar deg for di du hev høyrt meg!

42 Eg visste nok at du alltid høyrer meg; men for folket skuld som stend her kringum, segjer eg dette, so dei skal tru at det er du som hev sendt meg.»

43 Då han det hadde sagt, ropa han med høg røyst: «Lasarus, kom ut!»

44 Ut kom den daude, med føterne og henderne sveipte i lindar, og med ein sveiteduk bunden kring andlitet. «Løys honom, so han fær ganga!» sagde Jesus til deim.

45 Mange av jødarne, alle dei som var komne til Maria og hadde set det han gjorde, trudde då på honom.

46 Nokre av deim gjekk til farisæarane og sagde deim kva Jesus hadde gjort.

47 Då kalla øvsteprestarne og farisæarane det Høge Rådet i hop til eit møte og sagde: «Kva skal me gjera? Denne mannen gjer mange teikn!

48 Let me honom få halda på soleis, kjem alle til å tru på honom, og då kjem romarane og tek både landet og folket vårt.»

49 Og ein av deim, Kajafas - han var øvsteprest det året - sagde til deim:

50 «De veit ingen ting! Ikkje heller tenkjer de på at det er til bate for dykk at ein mann døyr for landslyden, so ikkje heile folket gjeng til grunns.»

51 Det sagde han ikkje av seg sjølv, men av di han var øvsteprest det året, var ordi hans ein spådom um at Jesus skulde døy for folket,

52 og ikkje berre for folket, men at han og skulde samla i hop til eitt Guds born som er spreidde ikring.

53 Frå den dagen lagde dei upp råd um å drepa honom.

54 Difor gjekk ikkje Jesus lenger fritt ikring millom jødarne, men for derifrå til dei bygderne som ligg tett med øydemarki, til ein by som heiter Efraim; der heldt han til eit bil med læresveinarne sine.

55 No leid det nær til påskehelgi åt jødarne, og mange for frå bygderne upp til Jerusalem fyre påske og skulde helga seg.

56 Då leita dei etter Jesus, og sagde seg imillom med dei stod i templet: «Kva tenkjer de? Kjem han slett ikkje til høgtidi?»

57 Men øvsteprestarne og farisæarane hadde gjeve påbod um at dersom nokon fekk vita kvar han var, skulde han segja frå, so dei kunde gripa honom.

12. kapitlet

1 Seks dagar fyre påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt upp frå dei daude.

2 Der gjorde dei eit gjestebod for honom; Marta stelte for deim, og Lasarus var ein av deim som sat til bords med honom.

3 Då tok Maria eit pund egte, dyr nardesalve og salva føterne åt Jesus, og turka føterne hans med håret sitt; og huset vart fullt av salveangen.

4 So segjer Judas Iskariot, ein av læresveinarne hans, han som sidan sveik honom:

5 «Kvi vart ikkje denne salven seld for eit halvt hundrad dalar, og gjeven til fatigfolk?»

6 Det sagde han ikkje av umsut for dei fatige, men av di han var ein tjuv; det var han som hadde kassa, og han tok jamleg av det som vart lagt ned der.

7 Då sagde Jesus: «Lat henne vera i fred! Det er som ho skulde ha gøymt det til jordferdsdagen min.

8 For dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.»

9 No fekk ei stor mengd av jødarne vita at han var der, og dei kom, ikkje berre for Jesu skuld, men og for å sjå Lasarus, som han hadde vekt upp frå dei daude.

10 Då lagde øvsteprestarne upp råd um å drepa Lasarus og;

11 for mange av jødarne gjekk for hans skuld dit og kom til å tru på Jesus.

12 Dagen etter spurdest det bland den store folkehopen som var komen til høgtidi, at Jesus var på veg til Jerusalem.

13 Då tok dei palmekvister og gjekk til møtes med honom og ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge!»

14 Jesus fann seg eit ungt asen og sette seg på det, so som skrive stend:

15 «Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, her kjem din konung ridand’ sit uppå ein asenfole.»

16 I fyrstninga skyna ikkje læresveinarne dette; men då Jesus var herleggjord, då kom dei i hug at dette var skrive um honom, og at dei hadde gjort det so for honom.

17 Folkehopen som var med honom, vitna at han hadde ropa Lasarus ut or gravi og vekt honom upp frå dei daude.

18 Difor var det og folket kom imot honom; for dei hadde høyrt at han hadde gjort det teiknet.

19 Då sagde farisæarane seg imillom: «Der ser de: det nyttar dykk inkje; heile verdi flyg etter honom!»

20 Det var nokre grækarar der, av deim som jamleg for upp og tilbad på høgtidi;

21 dei kom til Filip, han frå Betsaida i Galilæa, og bad honom: «Gode herre, me vilde so gjerne få sjå Jesus!»

22 Filip gjeng og segjer det med Andreas, og Andreas og Filip kjem og segjer det med Jesus.

23 Jesus svara deim so: «Timen er komen då Menneskjesonen skal herleggjerast!

24 Det segjer eg dykk for visst og sant: Fell ikkje kveitekornet i jordi og døyr, so er det og vert det berre eitt korn; men døyr det, gjev det stor grøda!

25 Den som elskar livet sitt, misser det, og den som hatar livet sitt i denne verdi, skal berga det til eit ævelegt liv.

26 Um nokon tener meg, so lyt han fylgja meg, og der som eg er, der skal tenaren min og vera; den som tener meg, honom skal Faderen æra.

27 No er sjæli mi full av uro, og kva skal eg segja? «Fader, frels meg frå denne stundi!» Men nei, difor er det eg hev nått til denne stundi -

28 Fader, herleggjer namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Både hev eg herleggjort det og skal eg på nytt herleggjera det.»

29 Folket som stod der og høyrde det, sagde at tora hadde slege. Andre sagde: «Det var ein engel som tala til honom.

30 Då tok Jesus til ords og sagde: «Det var ’kje for mi skuld denne røysti kom, men for dykkar skuld.

31 No gjeng det dom yver denne verdi; no skal hovdingen yver denne verdi kastast ut.

32 Og når eg vert lyft upp frå jordi, skal eg draga alle åt meg.»

33 Det sagde han for å syna kva slag avferd han skulde få.

34 Folket svara: «Me hev høyrt av lovi at Messias liver æveleg; korleis hev det seg då at du segjer Menneskjesonen skal lyftast upp? Kven er denne Menneskjesonen?»

35 Då sagde Jesus til deim: Endå ei liti stund er ljoset ibland dykk. Gakk so lenge de hev ljoset, so ikkje myrkret skal koma yver dykk! Den som gjeng i myrkret, veit ikkje kvar han kjem av.

36 So lenge de hev ljoset, so tru på ljoset, so de kann verta born åt ljoset!» Soleis tala Jesus; so gjekk han burt og løynde seg for deim.

37 Men endå han hadde gjort so mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på honom;

38 det skulde sannast det ordet som profeten Jesaja hev tala: «Herre, kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?»

39 Difor kunde dei ikkje tru; for ein annan stad hev Jesaja sagt:

40 «Han hev gjort augo deira blinde, og hev gjort hugen deira hard, so dei med augo inkje sjå med hjarta inkje skyna skal, og snu so eg deim lækja fær.»

41 So sagde Jesaja då han såg hans herlegdom og tala um honom.

42 Like vel var det då mange, jamvel av styresmennerne, som trudde på honom; men dei vilde ikkje kjennast ved det for farisæarane skuld; dei var rædde dei kunde verta utstøytte or synagoga;

43 for dei heldt æra hjå menneski gjævare enn æra hjå Gud.

44 Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på honom som sende meg,

45 og den som ser meg, ser honom som sende meg.

46 Eg er komen til verdi - eit ljos, so ingen som trur på meg, skal verta verande i myrkret.

47 Um nokon høyrer ordi mine og ikkje tek vare på deim, so dømer ikkje eg honom; for eg er ’kje komen på den måten at eg skal døma verdi, men at eg skal frelsa verdi.

48 Den som vandar meg og ikkje tek imot ordi mine, hev den som dømer honom: det ordet eg hev tala, det skal døma honom på den siste dag.

49 For eg hev ikkje tala av meg sjølv; men Faderen, som sende meg, han hev sagt meg fyre kva eg skal segja og kva eg skal tala;

50 og eg veit at hans fyresegn er eit ævelegt liv. So talar eg då det som eg talar heiltupp so som Faderen hev sagt meg.»

13. kapitlet

1 Det var straks fyre påskehøgtidi: Jesus visste at hans time var komen då han skulde fara burt frå denne verdi og heim til Faderen, og som han hadde elska sine eigne, som var i verdi, so elska han deim til enden.

2 Då dei heldt kveldverd, og djevelen alt hadde skote det i hugen på Judas Simonsson Iskariot at han skulde svika honom,

3 og då Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hender, og at han var komen frå Gud og gjekk til Gud,

4 so reiser han seg frå bordet og legg av seg kjolen sin, og tek eit handklæde og batt um seg;

5 so slær han vatn i vaskarfatet og tok til å två føterne åt læresveinarne og turka dei med handklædet som han hadde bunde kring livet.

6 Han kjem då til Simon Peter, og han segjer til honom: «Herre, tvær du mine føter?»

7 Jesus svara honom so: «Kva det er eg gjer, veit du ikkje no, men du skal skyna det sidan.»

8 «Aldri i verdi skal du två mine føter,» segjer Peter. «Dersom eg ikkje tvær deg, hev du ingen ting i hop med meg,» svara Jesus.

9 Simon Peter segjer til honom: «Herre, ikkje berre føterne, men henderne og hovudet med!»

10 «Den som hev lauga seg, treng ikkje två anna enn føterne; elles er han heiltupp rein,» segjer Jesus; «og de er reine, men ikkje alle.»

11 Han visste kven som skulde svika honom; difor var det han sagde: «De er ’kje reine alle.»

12 Då han no hadde tvege føterne deira og teke på seg kjolen sin og sett seg til bords att, sagde han til deim: «Skynar de kva det er eg hev gjort med dykk?

13 De kallar meg «Meister» og «Herre,» og det segjer sant; for det er eg.

14 Hev no eg, herren og meisteren, tvege føterne dykkar, so lyt de og två føterne åt kvarandre.

15 Det er eit mynster eg hev synt dykk; som eg gjorde med dykk, so skal de og gjera.

16 Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein ærendsvein er ikkje større enn den som hev sendt honom.

17 Veit de det, so er de sæle, so sant de gjer etter det.

18 Eg talar ikkje um dykk alle; eg veit kven eg valde ut; men det var so Skrifti skulde sannast: «Den som et mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.»

19 Eg segjer dykk det alt no, fyrr det hev hendt, so de, når det hender, skal tru at eg er den eg er.

20 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg.»

21 Då Jesus hadde sagt det, vart han uppøst i åndi, og sagde sterkt og ålvorsamt: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein av dykk kjem til å svika meg!»

22 Læresveinarne såg på kvarandre og kunde ikkje skyna kven det var han meinte.

23 Ein av læresveinarne - den som Jesus elska - sat ved hans høgre sida.

24 Honom gjer Simon Peter eit teikn til, og segjer til honom: «Seg kven det er han meiner!»

25 Han bøygde seg då næmare innåt Jesus, og segjer til honom: «Herre, kven er det?»

26 «Det er han som eg gjev den biten eg no duppar i fatet,» svara Jesus. So duppar han biten, og tek og gjev honom til Judas Simonsson Iskariot.

27 Og då han hadde fenge biten, då for Satan i honom. So segjer Jesus til honom: «Gjer det snart, det du vil gjera!»

28 Men ingen av deim som sat med til bords, skyna kva han meinte med det han sagde til honom.

29 Sidan det var Judas som hadde kassa, tenkte sume at Jesus vilde segja som so: «Kjøp det me treng til høgtidi!» eller at han skulde gjeva noko til dei fatige.

30 Med det same Judas hadde teke mot biten, gjekk han ut. Det var natt.

31 Då han var gjengen, sagde Jesus: «No er Menneskjesonen herleggjord, og Gud er herleggjord i honom.

32 Er Gud herleggjord i honom, so skal Gud og herleggjera honom i seg sjølv, og han skal herleggjera honom snart.

33 Berre ei liti stund er eg endå hjå dykk, borni mine. De kjem til å leita etter meg, og som eg sagde til jødarne: «Dit eg gjeng, kann ikkje de koma,» so segjer eg no til dykk og.

34 Eit nytt bod gjev eg dykk: at de skal elska kvarandre; liksom eg hev elska dykk, so skal de og elska kvarandre.

35 På det skal alle skyna at de er mine læresveinar - på det at de hev kjærleik til kvarandre.»

36 Simon Peter segjer til honom: «Herre, kvar gjeng du av?» Jesus svara: «Dit eg gjeng, kann du ikkje fylgja meg no, men du skal fylgja meg sidan.»

37 «Kvi kann eg ikkje fylgja deg straks, Herre?» segjer Peter; «eg vil gjeva mitt liv for deg!»

38 «Vil du gjeva ditt liv for meg?» svara Jesus; «det segjer eg deg for visst og sant: Hanen skal ikkje gala fyrr du hev avneitta meg tri gonger.»

14. kapitlet

1 «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!

2 I huset åt Far min er det mange rom; var det ’kje so, vilde eg vel då sagt dykk det; for eg gjeng burt og vil stella til ein verestad åt dykk.

3 Og når eg hev gjenge burt og stelt til ein verestad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, so de og skal vera der eg er.

4 Og vegen dit eg gjeng, den veit de.»

5 Tomas segjer til honom: «Herre, me veit ’kje kvar du gjeng av; korleis kann me då vita vegen?»

6 Jesus svarar: «Eg er vegen og sanningi og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjenom meg;

7 hadde de kjent meg, so hadde de kjent far min og, og frå denne stund kjenner de honom, og hev set honom.»

8 Filip segjer til honom: «Herre, lat oss få sjå Faderen, so hev me nok!»

9 Jesus svarar: «No hev eg vore so lang ei tid i hop med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som hev set meg, hev set Faderen; korleis kann du då segja: «Lat oss få sjå Faderen?»

10 Trur du ikkje at eg er i Faderen, og Faderen er i meg? Dei ordi eg talar til dykk, talar eg ikkje av meg sjølv; men Faderen, som bur i meg, han er det som gjer sine verk.

11 Tru meg, når eg segjer at eg er i Faderen, og Faderen i meg! Um ikkje det, so tru meg for sjølve verki skuld!

12 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur på meg, han skal gjera dei same verki som eg gjer, og han skal gjera større verk enn dei. For eg gjeng til Faderen,

13 og alt de bed um i mitt namn, det vil eg gjera, so Faderen kann verta herleggjord i Sonen.

14 Bed de meg um noko i mitt namn, so skal eg gjera det.

15 Elskar de meg, so held de bodi mine;

16 då skal eg beda Faderen, so gjev han dykk ein annan målsmann, som skal vera hjå dykk i all æva,

17 Sannings-Anden, som verdi ikkje kann få, for ho ser honom ikkje og kjenner honom ikkje. De kjenner honom; for han bur hjå dykk og skal vera inni dykk.

18 Eg vil ’kje lata dykk vera att åleine som foreldrelause born; eg kjem til dykk.

19 Um ei liti stund ser verdi meg ikkje lenger; men de ser meg; for eg liver, og de skal liva.

20 Den dagen skal de skyna at eg er i far min, og de er i meg, og eg i dykk.

21 Den som hev bodi mine og held deim, han er den som elskar meg, og den som elskar meg, honom skal far min elska, og eg skal elska honom og openberra meg for honom.»

22 Judas - ikkje Iskariot - segjer til honom: «Herre, kva hev hendt, sidan du vil syna deg for oss og ikkje for verdi?»

23 Jesus svara so: «Um nokon elskar meg, held han seg etter ordet mitt, og far min skal elska honom; og me skal koma til honom og taka vår bustad hjå honom.

24 Den som ikkje elskar meg, held seg ikkje etter ordi mine; og ordet de høyrer, er ikkje mitt, men far min’s, som sende meg.

25 Dette hev eg tala til dykk medan eg endå er hjå dykk.

26 Men målsmannen, den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg hev sagt dykk.

27 Fred leiver eg åt dykk, min fred gjev eg dykk; eg gjev dykk ikkje fred på den måten som verdi gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast og ikkje ræddast!

28 De høyrde eg sagde til dykk: «Eg gjeng burt og kjem til dykk att;» elska de meg, so gledde de dykk for di eg gjeng til Faderen, for Faderen er større enn eg.

29 Og no hev eg sagt dykk det fyrr det hev hendt, so de skal tru når det hender.

30 Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for no kjem hovdingen yver verdi. I meg eig han ingen ting,

31 men eg vil verdi skal sjå at eg elskar Faderen, og gjer so som Faderen hev sagt til meg! Reis dykk, og lat oss ganga ifrå her!»

15. kapitlet

1 «Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen.

2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han burt, og kvar som ber frukt, reinskar han, so ho skal bera meir frukt.

3 De er alt reine for skuld ordet som eg hev tala til dykk.

4 Ver i meg, so er eg i dykk! Som greini ikkje kann bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, so kann ikkje de heller, utan de er i meg.

5 Eg er vintreet, de er greinerne. Den som er i meg og eg i honom, han ber mykje frukt; for utan meg kann de ingen ting gjera.

6 Um nokon ikkje vert verande i meg, vert han kasta ut som ei grein, og visnar; folk sankar deim i hop og kastar deim på elden, og dei brenn.

7 Vert de verande i meg, og vert ordi mine verande i dykk, so bed um kva de vil, og de skal få det!

8 På den måten vert far min herleggjord, at de ber mykje frukt, og de vert mine læresveinar.

9 Som Faderen hev elska meg, so hev eg elska dykk; ver i min kjærleik!

10 Held de bodi mine, so er de i min kjærleik, liksom eg hev halde bodi åt far min, og er i hans kjærleik.

11 Dette hev eg tala til dykk so mi gleda kann vera i dykk, og dykkar gleda kann verta fullkomi.

12 Det er bodet mitt, at de skal elska kvarandre, som eg hev elska dykk.

13 Ingen hev større kjærleik enn at han gjev livet sitt for venerne sine.

14 De er venerne mine, so sant de gjer det eg segjer til dykk.

15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger; for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer, men dykk kallar eg vener, for alt eg hev høyrt av far min, hev eg sagt med dykk.

16 De hev ikkje valt ut meg, men eg hev valt ut dykk, og sett dykk til å ganga ut og bera frukt - frukt som varer ved, so Faderen kann gjeva dykk alt de bed um i mitt namn.

17 Det er det eg legg dykk på hjarta, at de skal elska kvarandre.

18 Um verdi hatar dykk, so må de vita at ho hev hata meg fyre dykk.

19 Var de av verdi, so vilde verdi elska sitt eige. Men for di de ikkje er av verdi, men eg hev valt dykk ut or verdi, difor hatar verdi dykk.

20 Kom i hug det ordet eg sagde dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin; hev dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk og; hev dei halde seg etter mitt ord, vil dei halda seg etter dykkar ord og.

21 Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, av di dei ikkje kjenner den som sende meg.

22 Var eg ikkje komen og hadde tala til deim, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei ingen ting å orsaka syndi si med.

23 Den som hatar meg, hatar og far min.

24 Hadde eg ’kje gjort slike verk bland deim som ingen annan hev gjort, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei set deim, og like vel hatar dei både meg og far min.

25 Men det er av di det laut sannast det ordet som er skrive i lovi deira: «Utan orsak hata dei meg.»

26 Når målsmannen kjem, han som eg vilde senda dykk frå Faderen, Sannings-Anden, som gjeng ut frå Faderen, so skal han vitna um meg.

27 Men de og skal vitna; for de hev vore med meg frå det fyrste.»

16. kapitlet

1 «Dette hev eg tala til dykk, av di eg vil at de ikkje skal koma til å styggjast.

2 Dei kjem til å støyta dykk ut or synagogorne; ja, det kjem ei tid då kvar den som drep dykk, trur at han tener Gud med det,

3 og det gjer dei av di dei ikkje kjenner Faderen og ikkje meg heller.

4 Men dette hev eg tala til dykk, so de, når den tidi kjem, skal koma i hug eg hev sagt dykk det; eg sagde det ikkje med dykk frå det fyrste, av di eg var hjå dykk.

5 Men no gjeng eg til den som hev sendt meg, og ingen av dykk spør meg: «Kvar gjeng du av?»

6 men for di eg hev tala dette til dykk, er hjarta dykkar fullt av sorg.

7 Men eg segjer dykk som sant er: Det er til bate for dykk at eg gjeng burt. For gjeng eg ikkje burt, kjem målsmannen ikkje til dykk; men gjeng eg burt, so skal eg senda honom til dykk.

8 Og når han kjem, skal han yvertyda verdi um synd og um rettferd og um dom.

9 Um synd av di dei ikkje trur på meg;

10 um rettferd av di eg gjeng til Faderen, og de ikkje ser meg meir;

11 um dom av di hovdingen yver denne verdi er dømd.

12 Endå hev eg mykje å segja dykk, men de kann ikkje bera det no.

13 Men når han kjem, Sannings-Anden, skal han leida dykk fram til heile sanningi; for han skal ikkje tala av seg sjølv, men alt det han høyrer, skal han tala, og det som skal koma, skal han gjera kunnigt for dykk.

14 Han skal herleggjera meg; for det er av mitt han tek og lærer dykk.

15 Alt det Faderen hev, er mitt; difor sagde eg, at han tek av mitt og lærer dykk.

16 Um ei lita stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg.»

17 Då sagde nokre av læresveinarne seg imillom: «Kva meiner han med dette som han segjer til oss: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg,» og: «Eg gjeng til Faderen?»

18 Kva meiner han med det: ei liti stund,» sagde dei; «me veit ikkje kva han talar um.»

19 Jesus skyna at dei vilde spyrja honom, og han sagde til deim: «Er det det de dryfter med kvarandre, at eg sagde: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg?»

20 Det segjer eg dykk for visst og sant: De skal gråta og øya, men verdi skal gleda seg. De skal syrgja, men sorgi dykkar skal vendast til gleda.

21 Når ei kona skal eiga barn, er ho sutfull av di timen hennar er komen; men når ho hev fenge barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hev lide, so glad er ho for di eit menneskje er født til verdi.

22 Soleis er de og sutfulle no; men eg skal sjå dykk att; då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda dykkar frå dykk.

23 Den dagen skal de ikkje spyrja meg um noko. Det segjer eg dykk for visst og sant: Bed de Faderen um noko, so skal han gjeva dykk det i mitt namn.

24 Til dessa hev de ikkje bede um noko i mitt namn - bed, so skal de få, so gleda dykkar kann vera fullkomi!

25 Dette hev eg tala til dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala til dykk i likningar lenger, men fortelja dykk ope og endefram um Faderen.

26 Den dagen skal de beda i mitt namn, og eg segjer dykk ikkje at eg vil beda Faderen for dykk;

27 for Faderen sjølv elskar dykk for di de hev elska meg og trutt at eg hev gjenge ut frå Gud.

28 Eg hev gjenge ut frå Faderen og er komen hit til verdi; no fer eg burt frå verdi att og gjeng til Faderen.»

29 Segjer so læresveinarne: «Sjå, no talar du endefram, og segjer ingi likning.

30 No veit me at du veit alt, og ikkje treng at nokon skal spyrja deg; difor trur me at du er komen frå Gud.»

31 «No trur de!» svara Jesus;

32 «sjå, det kjem ei stund - ja, ho er alt komi - då de skal spreidast, kvar til sin heim, og lata meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; far min er med meg.

33 Dette hev eg tala til dykk, so de skal hava fred i meg. I verdi hev de trengsel; men ver hugheile! eg hev vunne yver verdi.»

17. kapitlet

1 Soleis tala Jesus; so lyfte han augo mot himmelen og sagde: «Fader, timen er komen! Herleggjer son din, so son din kann herleggjera deg!

2 etter di du gav honom magt yver alt kjøt, so han kann lata alle deim du hev gjeve honom få ævelegt liv,

3 og det er det ævelege livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og den du sende, Jesus Kristus.

4 Eg hev herleggjort deg på jordi, og fullført det verket du gav meg å gjera;

5 herleggjer no du meg, Fader, hjå deg med den herlegdomen eg hadde hjå deg fyrr verdi var til!

6 Eg hev openberra ditt namn for dei menneski du gav meg av verdi. Dei var dine, og du gav meg deim, og dei hev halde seg etter ordet ditt.

7 No veit dei at alt det du hev gjeve meg, er frå deg!

8 for dei ordi du gav meg, hev eg gjeve deim, og dei hev teke imot deim og sanna fullt ut at eg er komen frå deg, og dei trur at du hev sendt meg.

9 Eg bed for deim; eg bed ikkje for verdi, men for deim som du hev gjeve meg; for dei er dine,

10 og alt som mitt er, er ditt, og det som ditt er, er mitt, og eg er herleggjord i deim.

11 Og eg er ikkje lenger i verdi, men dei er i verdi, og eg kjem til deg. Heilage Fader, haldt deim fast i ditt namn, som du hev gjeve meg, so dei kann vera eitt liksom me!

12 Då eg var hjå deim, heldt eg deim fast i ditt namn, som du hev gjeve meg, og vara deim, og ingen av deim gjekk til grunns so nær som den eine som laut ganga til grunns, so skrifti skulde sannast.

13 Men no kjem eg til deg, og dette talar eg med eg er i verdi, so dei skal hava mi gleda i seg i fullt mål.

14 Eg hev gjeve deim ditt ord, og verdi hev lagt deim for hat, for di dei ikkje er av verdi, som eg ikkje er av verdi.

15 Eg bed ikkje at du skal taka deim burt or verdi, men at du skal vara deim for det vonde.

16 Av verdi er dei ikkje, som eg ikkje er av verdi.

17 Helga dei i sanningi! Ditt ord er sanning.

18 Som du hev sendt meg til verdi, so hev eg og sendt deim til verdi;

19 og eg helgar meg for deim, so dei og skal vera helga i sanning.

20 Og eg bed ikkje einast for desse men og for deim som kjem til å tru på meg for deira ord skuld,

21 at dei alle må vera eitt, som du, Fader, er i meg, og eg er i deg - at dei og må vera i oss - so verdi kann tru at du hev sendt meg.

22 Eg hev gjeve deim den herlegdomen som du hev gjeve meg, so dei skal vera eitt, liksom me er eitt,

23 eg i deim og du i meg, so dei skal vera fullkomeleg eitt - so verdi kann skyna at du hev sendt meg og elska deim som du hev elska meg.

24 Fader, eg vil at dei du hev gjeve meg, dei skal og vera der eg er, vera hjå meg, so dei fær skoda min herlegdom, som du hev gjeve meg av di du hev elska meg fyrr verdi vart grunnlagd.

25 Rettferdige Fader, verdi kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse hev kanna at du hev sendt meg;

26 eg hev gjort namnet ditt kunnigt for deim og skal gjera det kunnigt, so den kjærleiken du hev havt til meg, kann vera i deim, og eg sjølv kann vera i deim.»

18. kapitlet

1 Då Jesus hadde tala desse ordi, gjekk han ut med læresveinarne sine og yver til hi sida av Kedronsbekken. Der var det ein hage; den gjekk han og læresveinarne inn i.

2 Men Judas, svikaren, kjende og den staden; for der kom Jesus ofte saman med læresveinarne sine.

3 Judas hadde fenge med seg vaktmannskapet og nokre av sveinarne åt øvsteprestarne og farisæarane, og no kom han dit med kyndlar og lampor og våpn.

4 Som no Jesus visste alt som skulde koma yver honom, gjekk han fram og sagde til deim: «Kven leitar de etter?»

5 «Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Det er eg,» segjer han. Judas, svikaren, stod der og saman med deim.

6 Då han no sagde til deim: «Det er eg», for dei attende og fall til jordi.

7 So spurde han deim endå ein gong: «Kven leitar de etter?» - «Jesus frå Nasaret,» sagde dei.

8 «Eg hev alt sagt dykk at det er eg,» svara Jesus; «er det då meg de leitar etter, so lat desse få ganga!»

9 Soleis skulde det sannast det ordet som han hadde sagt: «Eg hev ikkje mist nokon av deim du gav meg.»

10 Simon Peter hadde eit sverd; han drog det og hogg til tenaren åt øvstepresten, og sneidde av honom det høgre øyra. Tenaren heitte Malkus.

11 Då sagde Jesus til Peter: «Stikk sverdet ditt i slira! Lyt eg ’kje drikka den skåli som Far min hev gjeve meg?»

12 So tok dei og batt Jesus - det var vaktmannskapet og hovdingen deira og sveinarne åt jødarne.

13 Dei førde honom fyrst til Annas; for han var verfar åt Kajafas, som var øvsteprest det året.

14 Det var Kajafas som hadde gjeve jødarne den rådi, at det var best ein mann døydde for folket.

15 Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Den læresveinen var kjend med øvstepresten, og kom med Jesus inn i garden åt øvstepresten;

16 men Peter vart standande utanfor, ved døri. Den andre læresveinen, han som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med gjenta som vakta porten, og fekk Peter inn.

17 So segjer portnargjenta til Peter: «Du skulde vel ikkje og vera ein av læresveinarne åt denne mannen?» «Nei,» svara han.

18 Huskararne og sveinarne hadde gjort upp ein koleld og stod og vermde seg; for det var kaldt. Og Peter stod og hjå deim og vermde seg.

19 Øvstepresten spurde no Jesus um læresveinarne hans og um læra hans.

20 Jesus svara: «Eg hev tala fritt og ope for all verdi; eg lærde allstødt i synagoga og i templet, der alle jødarne kjem saman, og eg hev aldri tala i løynd.

21 Kvi spør du meg? Spør deim som hev høyrt meg, kva det er eg hev tala til deim! Dei veit kva eg hev sagt.»

22 Då han sagde det, gav ein av sveinarne som stod innmed, Jesus eit slag i andlitet og sagde: «Svarar du øvstepresten so?»

23 «Hev eg sagt noko urett,» svara Jesus, «so prova at det er urett; men var det rett det eg sagde, kvi slær du meg då?»

24 So sende Annas han bunden av stad til Kajafas, øvstepresten.

25 Medan stod Simon Peter og vermde seg. Då sagde dei til honom: «Du skulde vel ikkje vera ein av læresveinarne hans, du og?» Han neitta det og sagde: «Nei, det er eg ikkje.»

26 So segjer ein av huskararne åt øvstepresten - han var skyld den som Peter hadde hogge øyra av -: «Såg eg deg ikkje sjølv i lag med honom i hagen?»

27 Då neitta Peter att. Og med det same gol hanen.

28 Frå Kajafas fører dei Jesus til borgi. Det var tidleg på morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borgi; for dei vilde ikkje gjera seg ureine, so dei ikkje kunde eta påskematen.

29 So gjekk Pilatus ut til deim og sagde: «Kva er det for klagemål de fører mot denne mannen?»

30 «Var han ikkje ein illgjerdsmann, so hadde me ikkje gjeve honom yver til deg,» svara dei.

31 Då sagde Pilatus til deim: «Tak de honom og døm honom etter lovi dykkar!» «Me hev ikkje lov til å taka livet av nokon,» svara jødarne.

32 Soleis skulde det sannast det ordet Jesus hadde sagt då han vitra um kva slag avferd han skulde få.

33 So gjekk Pilatus inn i borgi att; han kalla Jesus fyre seg og sagde til honom: «Er du kongen yver jødarne?»

34 Jesus svara: «Segjer du det av deg sjølv, eller hev andre tala soleis til deg um meg?»

35 «Er då eg ein jøde?» svara Pilatus; «folket ditt og øvsteprestarne hev gjeve deg yver til meg. Kva hev du gjort?»

36 Jesus svara: «Mitt rike er ikkje av denne verdi; var riket mitt av denne verdi, so vilde sveinarne mine strida for meg, so eg ikkje skulde koma i henderne på jødarne. Men no er ’kje riket mitt av denne verdi.»

37 «Men so er du då ein konge?» sagde Pilatus. Jesus svara: «Det er som du segjer; eg er ein konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verdi, at eg skal vitna for sanningi. Kvar den som er av sanningi, lyder på mi røyst.»

38 «Kva er sanning?» svara Pilatus, og med so sagt gjekk han ut att til jødarne og sagde til deim: «Eg finn ingi skuld hjå honom;

39 men de er vane med at eg gjev dykk ein fri på påskehøgtidi - vil de då at eg skal gjeva dykk kongen yver jødarne fri?»

40 Men dei ropa alle på nytt: «Ikkje han, men Barabbas!» Barabbas, det var ein røvar.

19. kapitlet

1 Då tok Pilatus og let deim hudfletta Jesus.

2 Og hermennerne fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans og kasta ei purpurkåpe um honom, og gjekk fram for honom og sagde:

3 «Heil, konge yver jødarne!» og slo til honom i andlitet.

4 Pilatus gjekk ut att og sagde til deim: «Her kjem eg ut til dykk med honom, so de skal vita at eg ikkje finn nokor skuld hjå honom.»

5 So kom Jesus ut med klungerkransen på og purpurkåpa, og Pilatus segjer til deim: «Sjå det menneskjet!»

6 Med det same dei fekk sjå honom, øvsteprestarne og sveinarne deira, skreik dei: «Krossfest, krossfest!» Pilatus segjer til deim: «Tak de og krossfest honom! Eg finn ingi skuld hjå honom.»

7 Jødarne svara: «Me hev ei lov; etter den lyt han døy, for di han hev gjeve seg ut for Guds Son.»

8 Då Pilatus høyrde det ordet, vart han endå ræddare;

9 han gjekk inn att i borgi og spurde Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar.

10 Pilatus segjer til honom: «Svarar du meg ikkje? Veit du ’kje at eg hev magt til å gjeva deg fri og hev magt til å krossfesta deg?»

11 Jesus svara: «Du hadde ingi magt yver meg, var det ’kje gjeve deg ovantil. Difor hev han større synd den som gav meg yver til deg.»

12 Frå den stundi vilde Pilatus gjerne gjeva honom fri. Men jødarne ropa: «Gjev du honom fri, er du ikkje ven med keisaren. Kvar den som gjer seg sjølv til konge, set seg upp imot keisaren.»

13 Då Pilatus høyrde dei ordi, førde han Jesus ut og sette seg i domarsætet, på den staden dei kallar Tavletilet - på hebraisk heiter det Gabbata -.

14 Det var då fyrebuingsdagen i påskehelgi, og var um lag den sette timen. So segjer han til jødarne: «Sjå her er kongen dykkar!»

15 Då ropa dei: «Burt, burt med honom! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» segjer Pilatus. «Me hev ingen konge utan keisaren,» svara øvsteprestarne.

16 Då gav han Jesus yver til deim, so han skulde krossfestast.

17 So tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin, og gjekk ut til Skallestaden dei kallar - på hebraisk kallast det Golgata -.

18 Der feste dei honom til krossen, og saman med honom tvo andre, ein på kvar sida, og Jesus midt imillom.

19 Pilatus skreiv og ei innskrift og sette på krossen; ho lydde so: Jesus frå Nasaret, kongen yver jødarne.

20 Den innskrifti las då mange av jødarne; for staden der Jesus vart krossfest, var tett utmed byen, og det var skrive på hebraisk og latin og gresk.

21 Då sagde øvsteprestarne åt jødarne til Pilatus: «Skriv ikkje: Kongen yver jødarne, men: Han sagde: «Eg er konge yver jødarne!»»

22 «Det eg hev skrive, hev eg skrive,» svara Pilatus.

23 Då hermennerne hadde fest Jesus til krossen, tok dei klædi hans og skifte i fire luter, ein for kvar hermann. Kjolen tok dei og. Kjolen var usauma og heilvoven alt ovantil;

24 difor sagde dei seg imillom: «Lat oss ikkje riva honom sund, men draga strå um kven som skal hava honom!» Soleis skulde skrifti sannast: «Dei skifte klædi mine millom seg, og kasta lut um kjolen min.» So gjorde no hermennerne.

25 Men innmed krossen åt Jesus stod mor hans og morsyster hans, Maria, kona hans Klopas, og Maria Magdalena.

26 Og då Jesus såg mor si, og såg at den læresveinen som han elska, stod der innmed, segjer han til mori: «Kvinna, der er son din!»

27 So segjer han til læresveinen: «Der er mor di!» Og frå den stundi tok læresveinen henne heim til seg.

28 Då visste Jesus at no var alt fullført, so skrifti skulde sannast; so segjer han: «Eg er tyrst.»

29 Det stod eit kjer der som var fullt av vineddik; so fyllte dei ein svamp med den ediken, og sette honom på ein bergmynte-stylk og heldt honom upp til munnen hans.

30 Då Jesus hadde fenge ediken, sagde han: «Det er fullført!» og han bøygde hovudet og gav andi si yver til Gud.

31 Etter di det no var fyrebuingsdagen, og liki ikkje måtte verta hangande på krossen um kviledagen - for den kviledagen var storheilag - so bad jødarne Pilatus at beini måtte brjotast sund på deim, og at dei måtte takast ned.

32 Då kom hermennerne og braut sund beini, både på den fyrste og den andre som hadde vorte krossfeste i hop med honom.

33 Då dei kom til Jesus, og såg at han alt var slokna, braut dei ikkje hans bein sund;

34 men ein av hermennerne stakk honom i sida med eit spjot, og straks kom det ut blod og vatn.

35 Dette vitnar ein som hev set det, og vitnemålet hans er sætande; han veit sjølv at han segjer sant, so de og må tru.

36 For dette hende av di Skrifti laut sannast: «Det skal ’kje brjotast sund eit bein på honom.»

37 Og eit anna skriftord att lyder so: «Dei skal sjå burt på honom som dei hev gjenomstunge.»

38 Sidan kom Josef frå Arimatæa, som var ein av læresveinarne åt Jesus, men dulde for det, av di han var rædd jødarne; han bad Pilatus um han måtte få taka likamen åt Jesus, og Pilatus gav honom lov til det. So kom han og henta likamen hans.

39 Nikodemus, han som fyrst var komen til honom um natti, kom og, og hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, um lag hundrad pund.

40 So tok dei likamen åt Jesus og sveipte honom med lindar og lagde dei angande kryddorne imillom, soleis som jødarne hev for vis når dei bur ein til likferd.

41 På den staden han vart krossfest var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som det endå aldri hadde vorte sett ned nokon i.

42 Der lagde dei då Jesus, av di det var fyrebuingsdagen åt jødarne, og gravi var nær innmed.

20. kapitlet

1 Tidleg den fyrste dagen i vika, medan det endå var myrkt, kjem Maria Magdalena til gravi, og ser at steinen er teken burt frå gravi.

2 Ho spring av stad, og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus elska, og segjer til deim: «Dei hev teke Herren ut or gravi, og me veit ikkje kvar dei hev lagt honom.»

3 Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på vegen til gravi.

4 Dei sprang båe saman; so sprang den andre læresveinen fyre, forare enn Peter, og kom fyrst til gravi.

5 Han lutte seg ned og glytte inn; då såg han at lindarne låg der; men han gjekk ikkje inn.

6 So kjem Simon Peter etter, og gjekk inn i gravi. Han ser lindarne liggja der;

7 men sveiteduken, som Jesus hadde havt kring hovudet, låg ikkje saman med lindarne, men på ein stad for seg sjølv, og var balla i hop.

8 Då gjekk den andre læresveinen og inn, han som var komen fyrst til gravi, og han såg og trudde.

9 For dei skyna endå ikkje skrifti, at han skulde standa upp frå dei daude.

10 So gjekk læresveinarne heim att.

11 Men Maria stod utanfor ved gravi og gret. Som ho no gråtande lutte seg ned og glytte inn i gravi,

12 fær ho sjå tvo kvitklædde englar sitja der, ein ved hovudet og ein ved føterne, der likamen åt Jesu hadde lege.

13 Dei segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna?» Ho svarar: «For di dei hev teke Herren min burt, og eg veit ikkje kvar dei hev lagt honom.»

14 Med so sagt snudde ho seg, og då ser ho Jesus stend der, men ho visste ikkje at det var han.

15 Jesus segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna? Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var hagemeisteren, og segjer til honom: «Herre, er det du som hev bore han burt, so seg meg kvar du hev lagt honom; då vil eg henta honom.»

16 «Maria!» segjer Jesus. Då snur ho seg, og segjer til honom på hebraisk: «Rabbuni!» det er på vårt mål: «Meister!»

17 «Kom ikkje nær meg!» segjer Jesus; «for endå hev eg ikkje fare upp til far min. Men gakk til brørne mine, og seg deim frå meg: No fer eg upp til honom som er min Fader og dykkar Fader, og min Gud og dykkar Gud!»

18 Maria Magdalena kjem og segjer til læresveinarne: «Eg hev set Herren,» og at han hadde sagt dette til henne.

19 Då det vart kveld same dagen - den fyrste i vika - og dørerne var stengde der læresveinarne var, av di dei var rædde jødarne, kom Jesus og stod midt ibland deim og segjer: «Fred vere med dykk!»

20 og då han hadde sagt det, synte han deim henderne sine og sida si. Læresveinarne vart glade då dei såg Herren.

21 Og han sagde endå ein gong: «Fred vere med dykk! Som Faderen hev sendt meg, so sender eg dykk.»

22 Med desse ordi anda han på deim og sagde til deim: «Tak imot den Heilage Ande!

23 Tilgjev de nokon synderne deira, so er dei tilgjevne; held de dei att for nokon, so er dei atthaldne.»

24 Tomas, ein av dei tolv, han som me kallar Didymus, var ikkje saman med deim då Jesus kom.

25 So sagde dei andre læresveinarne med honom: «Me hev set Herren.» Han svara: «Det trur eg ikkje fyrr eg fær sjå naglemerket i henderne hans og fær stinga fingeren min i nagleholet og fær stinga handi mi i sida hans.»

26 Åtte dagar etter var læresveinarne hans inne att, og Tomas var med deim. Dørerne var stengde. Då kom Jesus og stod midt ibland deim og sagde: «Fred vere med dykk!»

27 So segjer han til Tomas: «Kom hit med fingeren din, og sjå på henderne mine, og kom hit med handi di og stikk henne i sida mi, og ver ikkje vantruen, men truande!»

28 «Min Herre og min Gud!» svara Tomas.

29 Jesus segjer til honom: «Sidan du hev set meg, trur du! Sæle dei som ikkje ser og endå trur!»

30 Endå mange andre teikn gjorde Jesus for augo åt læresveinarne sine, teikn som ikkje er skrive i denne boki.

31 Men desse er skrivne so de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og so de som trur skal hava liv i hans namn.

21. kapitlet

1 Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinarne ved Tiberiassjøen. Med det gjekk det soleis til:

2 Simon Peter og Tomas - han som me kallar Didymus - og Natanael - han frå Kana i Galilæa - og Sebedæus-sønerne og tvo andre av læresveinarne var der i hop.

3 Då segjer Simon Peter til deim: «Eg gjeng ’stad å fiska.» «Me vil og med,» segjer dei. So tok dei ut og steig i båten; men den natti fekk dei ’kje noko.

4 I det bilet det tok til å dagast, stod Jesus med ein gong på strandi; men læresveinarne visste ikkje at det var han.

5 Jesus segjer til deim: «De hev vel ikkje noko å eta, born?» «Nei,» svara dei.

6 «Kasta garnet på høgre sida av båten, so fær de fisk,» sagde han. Dei so gjorde, og då var dei ikkje god til å draga garnet, so mykje fisk var der i det.

7 Då segjer den læresveinen som Jesus elska, til Peter: «Det er Herren!» Med det same Simon Peter fekk høyra at det var Herren, tok han kjolen sin på seg - for han hadde lagt honom av - og kasta seg i sjøen.

8 Og dei andre læresveinarne kom med båten, og slæpte garnet med fiskarne etter seg; for dei var ikkje langt ifrå land, berre tvo hundrad alner på lag.

9 Då dei steig i land, ser dei ein glohaug som ligg der med fisk på og brød.

10 «Kom hit med noko av den fisken de fekk!» segjer Jesus.

11 Då steig Simon Peter ut i båten og drog garnet på land; det var fullt av store fiskar, hundrad og tri og femti; men endå det var so mange, gjekk ikkje garnet sund.

12 «Kom hit og få dykk ein morgonbite!» segjer Jesus. Ingen av læresveinarne våga å spyrja honom: «Kven er du?» dei visste at det var Herren.

13 Då kom Jesus, og tok brødet og gav deim, og like eins fisken.

14 Dette var no tridje gongen Jesus openberra seg for læresveinarne etter at han hadde stade upp frå dei daude.

15 Som dei no hadde ete morgonverden, segjer Jesus til Simon Peter: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre,» svarar han; «du veit at eg held av deg.» «Fød lambi mine!» segjer Jesus.

16 So segjer han til honom att, andre gongen: «Simon Johannesson, elskar du meg?» Han svarar: «Ja, Herre, du veit eg held av deg.» «Gjæt sauerne mine» segjer Jesus.

17 So segjer han til honom tridje gongen: «Simon Johannesson, held du av meg?» Peter tykte det leidt at han spurde honom tridje gongen: «Held du av meg?» Han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg held av deg.» Jesus segjer til han: «Fød sauerne mine!»

18 «Det segjer eg deg for visst og sant: Då du var yngre, batt du sjølv livgjordi um deg og gjekk dit du vilde; men når du vert gamall, skal du retta ut henderne dine, og ein annan skal binda livgjordi um deg og føra deg dit du ikkje vil.»

19 Det sagde han for å vitra um kvaslags daude han skulde koma til å æra Gud med. Då han hadde sagt det, segjer han til honom: «Fylg meg!»

20 Då Peter snudde seg, ser han at den læresveinen som Jesus elska, fylgde med, han som hadde sete tett innmed honom då dei heldt nattverd, og spurt: «Herre, kven er den som svik deg?»

21 Då Peter såg honom, segjer han til Jesus: «Herre, korleis skal det so ganga honom?»

22 Jesus svarar: «Um eg vil at han skal liva til eg kjem, kva hev so du med det? Fylg du meg!»

23 Soleis kom det ordet ut bland brørne: «Den læresveinen døyr ikkje.» Men Jesus sagde ikkje til honom at han ikkje skulde døy; det han sagde var: «Um eg vil at han skal liva til eg kjem, kva hev so du med det?»

24 Det er den læresveinen som vitnar um desse ting og hev skrive dette, og me veit at vitnemålet hans er sant.

25 Det er endå mykje anna som Jesus hev gjort. Skulde det skrivast upp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verdi vilde røma dei bøkerne som då laut skrivast.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021