Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Evangeliet etter Mattus

Evangeliet etter Mattæus

1. kapitlet

1 Soga um Jesus Kristus. Davids son og Abrahams son.

2 Abraham fekk sonen Isak, og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob fekk Juda og brørne hans,

3 og Juda fekk sønerne Peres og Zerah med Tamar, og Peres fekk sonen Hesron, og Hesron fekk sonen Ram,

4 og Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Nahson, og Nahson fekk sonen Salmon,

5 og Salmon fekk sonen Boaz med Rahab, og Boaz fekk sonen Obed med Rut, og Obed fekk sonen Isai,

6 og Isai var far åt David, kongen. David fekk sonen Salomo med kona åt Uria,

7 og Salomo fekk sonen Rehabeam, og Rehabeam fekk sonen Abia, og Abia fekk sonen Asa,

8 og Asa fekk sonen Josafat, og Josafat fekk sonen Joram, og Joram fekk sonen Uzzia,

9 og Uzzia fekk sonen Jotam, og Jotam fekk sonen Ahaz, og Ahaz fekk sonen Hizkia,

10 og Hizkia fekk sonen Manasse, og Manasse fekk sonen Amon, og Amon fekk sonen Josia,

11 og Josia fekk Jekonja og brørne hans; dei livde i den tidi då folket vart ført til Babylon.

12 Etter dei vart førde til Babylon, fekk Jekonja sonen Sealtiel, og Sealtiel fekk sonen Zerubbabel,

13 og Zerubbabel fekk sonen Abiud, og Abiud fekk sonen Eljakim, og Eljakim fekk sonen Asor,

14 og Asor fekk sonen Sadok, og Sadok fekk sonen Akim, og Akim fekk sonen Eliud,

15 og Eliud fekk sonen Eleazar, og Eleazar fekk sonen Mattan, og Mattan fekk sonen Jakob,

16 og Jakob var far åt Josef, mannen hennar Maria som fødde Jesus til verdi, han me kallar Kristus.

17 Soleis er det i alt fjortan ættleder frå Abraham til David, og fjortan ættleder frå David til Babylon-ferdi, og fjortan ættleder frå Babylon-ferdi til Kristus.

18 Då Kristus vart fødd, gjekk det soleis til: Medan mor hans, Maria, var trulova med Josef, og fyrr dei kom i hop, synte det seg at ho var med barn av den Heilage Ande.

19 Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann, og vilde ikkje føra skam yver henne; han sette seg fyre å skiljast med henne so stilt han kunde.

20 Men best som han hadde rådt seg til det, synte Herren engel seg for honom i draume og sagde: «Josef, Davids son, ver ikkje rædd å taka Maria, festarmøyi di, heim til deg; for det ho ber under beltet, er av den Heilage Ande.

21 Ho skal eiga ein son, og honom skal du kalla Jesus; for han skal frelsa folket sitt frå synderne deira.»

22 Men alt dette hev hendt av di det laut sannast det som Herren hev tala gjenom profeten, når han segjer:

23 «Ei møy mun barnsvon bera: Ein son ho eiga skal, og namnet han skal nemnast med, er Immanuel» - det er det same som: «Gud er med oss».

24 Då Josef vakna or svevnen, gjorde han som Herrens engel hadde sagt med honom, og flutte bruri si heim.

25 Men han kom ikkje nær henne fyrr ho hadde fenge sonen sin; honom kalla han Jesus.

2. kapitlet

1 Det var i Betlehem i Judalandet Jesus kom til verdi, i kong Herodes’ dagar. Då kom det nokre vismenner frå Austerlandi til Jerusalem og sagde:

2 «Kvar er den jødekongen som nyst er fødd? Me såg stjerna hans i Austerland, og no er me komne og vil hylla honom.»

3 Då kongen, Herodes, høyrde det, vart han forfærd, og heile Jerusalem med.

4 Han kalla i hop alle dei øvste prestarne og alle skriftlærde i landet, og spurde deim kvar Messias skulde koma til verdi.

5 «I Betlehem i Judalandet,» svara dei, «for so stend det skrive hjå profeten:

6 «Du Betlehem, du Juda-bygd, av Juda-jarlarne er du visst ikkje ringaste i rang: Or deg ein fyrste skal gå fram som Israel, mitt eige folk, liksom ein hyrding gjæta skal.»»

7 Då kalla Herodes vismennerne til seg i løynd, og spurde deim ut um tidi då stjerna hadde synt seg.

8 So styrde han deim i veg til Betlehem og sagde: «Far no dit, og høyr dykk vel fyre um barnet, og når de hev funne det, so seg meg til, so eg og kann koma og hylla det!»

9 Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i vegen, og best det var, fekk dei sjå den same stjerna som dei hadde set i Austerland; ho for fyre deim, til ho kom uppyver der som barnet var; der vart ho standande.

10 Då vismennerne såg stjerna, vart dei so glade at dei aldri hadde vore so glade.

11 Dei gjekk inn i huset, og fann barnet hjå mori, Maria. Då fall dei på kne, og hyllte barnet. Og dei let upp skrini, sine og bar fram for det gåvor: gull og røykjelse og myrra.

12 Og Gud varsla deim i draume, at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og so tok dei ein annan veg heim att til landet sitt.

13 Vel dei var farne, so syner Herrens engel seg for Josef i draume og segjer: «Statt upp! Tak barnet og mori, og røm til Egyptarland, og ver der til eg segjer deg til! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil gjera ende på det.»

14 Då stod han upp, og same natti tok han barnet og mori og for til Egyptarland,

15 og der vart han verande til Herodes var avliden, so det skulde sannast det som Herren hev tala gjenom profeten, når han segjer: «Or Egyptarland kalla eg min son.»

16 Då Herodes såg at vismennerne hadde havt honom til narr, vart han brennande harm. Han sende ut folk og let dei drepa alle guteborn i Betlehem og heile grannelaget på tvo år og derunder, etter den tidi han hadde fenge vita av vismennerne.

17 Då vart det sanna det som Jeremia, profeten, hev tala, når han segjer:

18 «Dei høyrde ei røyst i Rama - gråt og øying stor: Rakel ho gret for borni sine, og ansa ’kje trøystarord; for burte er dei, burte!»

19 Då Herodes var avliden, syner Herrens engel seg i draume for Josef i Egyptarland og segjer:

20 «Statt upp! Tak barnet og mori, og far til Israelslandet! For no er dei burte dei som leita etter barnet og vilde taka livet av det.»

21 So stod han upp, og tok barnet og mori og for til Israelslandet.

22 Men då han fekk spurt at Arkelaus hadde vorte konge i Judariket etter far sin, Herodes, torde han ikkje koma dit. Han gjorde som Gud sagde til honom i draume, og for burt til Galilæa-bygderne,

23 og då han kom til ein by som heiter Nasaret, vart han buande der. Soleis skulde det koma til å sannast det som er sagt gjenom profetarne, at han skulde kallast Nasaræar.

3. kapitlet

1 I den tidi steig Johannes, døyparen, fram og tala i Judaheidi

2 og sagde: «Vend um! For himmelriket er nær.»

3 Det er honom Jesaja, profeten, talar um, når han segjer: «Høyr han som ropar i heidi: Rydje vegen åt Herren, jamne stigarne hans!»

4 Johannes gjekk med ein kjole av kamelhår, og hadde eit lerbelte kring livet, og maten hans var grashoppar og villhonning.

5 Då kom dei ut til honom frå Jerusalem og frå heile Judalandet og Jordan-kverven,

6 og han døypte deim i Jordanåi, med dei sanna synderne sine.

7 Mange av farisæarane og sadducæarane kom og til dåpen hans. Då han såg deim, sagde han: «Kven lærde dykk å røma frå den vreiden som koma skal, de orme-ungar?

8 Ber då frukt som svarar til umvendingi,

9 og tru ikkje de kann tenkja som so: «Me hev Abraham til far!» for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinarne.

10 Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.

11 Eg døyper dykk med vatn til umvending; men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg; eg er ikkje verd å bera skorne hans - han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld.

12 Han hev kasteskovlen i handi, og skal gjera av låven sin; kornet skal han samla i stabburet, men agnerne skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.»

13 So kom Jesus frå Galilæa åt Jordan, til Johannes, og vilde få honom til å døypa seg.

14 Men Johannes bar seg undan og sagde: «Eg treng dåp av deg, og so kjem du til meg!»

15 «Lat det no vera so like vel!» svara Jesus. «For soleis lyt me i eitt og alt gjera det som er rett.» Då gjorde han som Jesus vilde.

16 Med det same Jesus var døypt, steig han upp or vatnet. Då opna himmelen seg for honom, og han såg Guds Ande koma dalande nedyver seg som ei duva,

17 og ei røyst frå himmelen sagde: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i.»

4. kapitlet

1 Sidan førde Anden Jesus ut i øydemarki, so djevelen skulde freista honom.

2 Han fasta i fyrti dagar og fyrti næter, og vart hungrig då so langt leid.

3 Og freistaren kom og sagde til honom: «Er du Guds Son, so seg at desse steinarne skal verta til brød!»

4 Men han svara: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»»

5 Då tok djevelen honom med seg til den heilage byen og sette honom ytst på tempeltaket, og sagde til honom:

6 «Er du Guds Son, so kasta deg utfyre! For det stend skrive: «Han englarn’ sine bjoda skal at dei på henderne deg ber, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»»

7 Jesus svara: «Det stend og skrive: «Du skal ikkje freista Herren, din Gud.»»

8 So tok djevelen honom med seg upp på eit ovhøgt fjell, og synte honom alle verdsens rike og deira herlegdom og sagde:

9 «Alt dette gjev eg deg, dersom du fell på kne og tilbed meg.»

10 Då sagde Jesus til honom: «Gakk frå meg, Satan! For det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena.»»

11 So for djevelen ifrå honom, og med det same kom englarne og tente honom.

12 Då Jesus fekk høyra at Johannes var gjeven i henderne på uvenerne sine, drog han seg undan og for til Galilæa.

13 Sidan flutte han frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, som ligg nedmed sjøen, på Sebulons og Naftalis grunn,

14 so det skulde sannast det som er tala gjenom Jesaja, profeten, når han segjer:

15 «Sebulons og Naftalis land, som langs med sjøen ligg, og dei som burtum Jordan bur, og heidne bygdekrins -

16 det folket som i myrker sat, so stort eit ljos fekk sjå; dei sat i daudens skoddeland, då rann for deim eit ljos.»

17 Frå den tidi tok Jesus til å tala til folket og sagde: «Vend um! Himmelriket er nær!»

18 Som han no ein gong gjekk frammed Galilæasjøen, fekk han sjå tvo brør, Simon, han som kallast Peter, og Andreas, bror hans; dei heldt på og kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.

19 Han segjer til dei: «Kom og fylg meg! Eg vil gjera dykk til menneskje-fiskarar!»

20 Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde honom.

21 Då han kom lenger fram, såg han tvo andre brør, Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans: dei sat i båten hjå Sebedæus, far sin, og greidde garni sine. Han kalla deim,

22 og med ein gong gjekk dei burt frå båten og frå far sin, og fylgde honom.

23 Sidan for han ikring i heile Galilæa og lærde folket i synagogorne deira, og forkynte evangeliet um riket, og lækte all sjukdom og vanhelsa hjå deim.

24 Det gjekk gjetord um honom yver heile Syria, og dei kom til honom med alle som hadde vondt og drogst med eikor sott eller plåga, forgjorde og nedfall-sjuke og lamne, og han gjorde deim gode att.

25 Og det fylgde honom ein stor folkehop frå Galilæa og Dekapolis og Jerusalem og Judalandet og bygderne på hi sida Jordan.

5. kapitlet

1 Då Jesus såg folkehopen, gjekk han upp i fjellet; der sette han seg ned, og læresveinarne hans kom burt til honom.

2 Då tok han til ords og lærde deim og sagde:

3 «Sæle dei som er fatige i åndi! Himmelriket er deira!

4 Sæle dei som syrgjer! Dei skal verta trøysta.

5 Sæle dei tolsame! Dei skal erva jordi.

6 Sæle dei som hungrar og tyrster etter rettferd! Dei skal verta metta.

7 Sæle dei miskunnsame! Dei skal få miskunn.

8 Sæle dei som er reine i hjarta! Dei skal sjå Gud.

9 Sæle dei fredkjære! Dei skal kallast Guds born.

10 Sæle dei som vert forfylgde for rettferdi si! Himmelriket er deira.

11 Sæle er de når dei spottar dykk og forfylgjer dykk og talar berre vondt um dykk for mi skuld, og lyg det.

12 Ver glade og fegne! Stor er løni dykkar i himmelen. For soleis forfylgde dei dei profetarne som var til fyre dykk.

13 De er saltet på jordi! Vert saltet dove, kva skal so det saltast med? Det duger då ikkje til anna enn til å kastast ut og trakkast på.

14 De er ljoset i verdi. Den byen som ligg på eit fjell, kann ikkje dyljast.

15 Ingen kveikjer eit ljos og set det under skjeppa, men i staken; då lyser det for alle som er i huset.

16 Soleis skal de lata ljoset dykkar lysa for folk, so dei kann sjå dei gode gjerningarne dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

17 De må ikkje tru eg er komen for å avlysa lovi eller profetarne. Eg er ikkje komen for å avlysa, men for å fullføra.

18 For det segjer eg dykk for sant: Fyrr himmelen og jordi forgjengst, skal ikkje den minste bokstav, ikkje ein einaste prikk i lovi forgangast, fyrr alt saman er fullgjort.

19 Um då nokon bryt eit einaste av desse minste bodi, og lærer folk soleis, so skal han kallast den minste i himmelriket; men den som held deim og lærer deim ifrå seg, han skal kallast stor i himmelriket.

20 For det segjer eg dykk, at er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferdi åt dei skriftlærde og farisæarane, so kjem de aldri inn i himmelriket.

21 De hev høyrt det er sagt til dei gamle: «Du skal ikkje drepa! Den som drep, skal koma for retten.»

22 Men eg segjer dykk at den som er vond på bror sin forutan grunn, han skal koma for retten; og den som segjer til bror sin: «Din stakar!» han skal koma for rådet; og den som segjer: «Din dåre!» han skal koma i helviteselden.

23 Når du då gjeng fram til altaret med offeret ditt, og du der kjem i hug at bror din hev noko imot deg,

24 so lat offeret ditt liggja der framfor altaret - gakk fyrst burt og gjer det godt at med bror din, og kom so og ber fram offeret ditt!

25 Ver snar til å laga deg etter motparten din den stundi du er med honom på vegen! Elles stemner han deg for domaren, og domaren sender deg yver til futen, og du vert kasta i fengsel;

26 det segjer eg deg for visst: Du slepp ikkje ut att fyrr du hev greidt siste kvitten.

27 De hev høyrt det er sagt: «Du skal ikkje gjera hor!»

28 Men eg segjer dykk at den som ser på ei kvinna og lyster etter henne, han hev alt gjort hor med henne i hjarta sitt.

29 Um det høgre auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Du er betre faren du misser ein av lemerne dine, enn at heile likamen vert kasta i helvite.

30 Og um den høgre handi freistar deg, so hogg henne av og kasta henne frå deg! Du er betre faren du misser ein lem enn at heile likamen din kjem i helvite.

31 Det er sagt: «Den som skil seg frå kona si, skal gjeve henne skilsmålsbrev.»

32 Men eg segjer dykk at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, han valdar at ho gjer hor, og den som gifter seg med ei fråskild kona, han gjer hor.

33 Sameleis hev de høyrt det er sagt til dei gamle: «Du skal ikkje gjera rang eid, men svara Herren for eidarne dine!»

34 Men eg segjer dykk at de aldri skal sverja, korkje ved himmelen, for det er Guds høgsæte,

35 eller ved jordi, for det er fotbenken hans, eller ved Jerusalem, for det er staden åt den store kongen.

36 Ikkje skal du heller sverja ved hovudet ditt; for du kann ikkje gjera eit hår kvitt eller svart.

37 Når de talar, so lat det vera «Ja, ja!» og «Nei, nei!» Alt som gjeng yver det, kjem av det vonde.

38 De hev høyrt det er sagt: «Auga for auga og tonn for tonn!»

39 Men eg segjer dykk at de ikkje skal setja dykk imot den som gjer vondt. Um ein slær deg på den høgre kinni, so snu den vinstre og til honom.

40 Og vil nokon trætta til seg trøya di, so lat honom få kjolen med.

41 Og trugar nokon deg til å fylgja honom ei mil, so fylg du honom tvo mil.

42 Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av deg!

43 De hev høyrt det er sagt: «Du skal elska næsten din og hata fienden din!»

44 Men eg segjer dykk: Elska fiendarne dykkar, velsigna deim som bannar dykk, gjer vel mot deim som hatar dykk, og bed for deim som forfylgjer dykk!

45 då er de rette borni åt far dykkar i himmelen; for han let soli si skina yver vonde og gode, og let det regna yver rettferdige og urettferdige.

46 For um de elskar deim som elskar dykk, kva løn kann de venta for det? Gjer ikkje tollmennerne like eins?

47 Og um de helsar «Guds fred» berre til brørne dykkar, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningarne det same?

48 Ver då de fullkomne, som far dykkar i himmelen er!

6. kapitlet

1 Agta dykk at de ikkje gjer dei gode gjerningarne dykkar for augo på folk, so dei skal sjå kor gjæve de er! For då hev de ingi løn i vente hjå far dykkar i himmelen.

2 Vil du gjeva ei sælebotsgåva, so blås ikkje fyrst i luren um det, som hyklarane gjer i synagogorne og på gatorne, so folk skal rosa deim; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn!

3 Men når du gjev ei sælebotsgåva, so lat ’kje den vinstre handi di vita kva den høgre handi di gjer!

4 Lat gåva di vera duld, og far din som ser det som dult er, han skal løna deg upp i dagen!

5 Når de bed, so far ikkje åt som hyklarane! For dei vil helst standa i synagogorne og på gatehyrno og halda bøn, so dei kann få syna seg fram for folk; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn.

6 Men når du vil beda, då gakk inn i kammerset ditt, og lat att døri, og bed til far din som er i det dulde, og far din som ser i det dulde, skal løna deg upp i dagen.

7 Remsa ikkje upp mange ord når de bed! So gjer heidningarne - dei trur bønerne deira skal høyrast for dei mange ordi skuld.

8 Gjer då ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, fyrr de bed honom um det.

9 Soleis skal de beda: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast;

10 lat riket ditt koma; lat viljen din råda på jordi so som i himmelen;

11 gjev oss i dag vårt daglege brød;

12 og forlat oss vår skuld, som me og forlet våre skuldmenn;

13 og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og magti og æra i all æva! Amen.

14 For um de forlet andre misgjerningarne deira, so skal far dykkar i himmelen forlata dykk og;

15 men forlet de ikkje andre, so skal ikkje far dykkar heller forlata dykkar misgjerningar.

16 Når de fastar, skal de ikkje laga dykk sturne som hyklarane; for dei skaper seg til i andlitet, so folk skal sjå at dei fastar; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn.

17 Men når du fastar, då salva hovudet og två andlitet ditt,

18 so ikkje folk, men far din i det dulde, kann sjå at du fastar, og far din som ser i det dulde, skal løna deg.

19 Samla dykk ikkje skattar på jordi, der mol og makk et og øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel,

20 men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mol eller makk øydelegg, og tjuvar aldri bryt seg inn og stel!

21 For der skatten din er, der vil hjarta ditt og vera.

22 Auga er ljoset i likamen; er auga ditt klårt, so vert heile likamen ljos;

23 er auga ditt dimt, so vert heile likamen myrk. Når då ljoset inni deg er myrkt, kor stort vert ikkje myrkret då!

24 Ingen kann tena tvo herrar; for anten vil han hata den eine og halda utav den andre, eller halda seg til den eine og vanvyrda hin; de kann ikkje tena både Gud og Mammon.

25 Difor segjer eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for likamen dykkar, kva de skal klæda dykk med! Er ikkje livet meir enn maten og likamen meir enn klædi?

26 Sjå på fuglarne i lufti: Dei sår ikkje, og haustar ikkje, og samlar ikkje i hus, og far dykkar i himmelen føder deim like vel. Er ikkje de mykje meir enn dei?

27 Og kven av dykk kann leggja ei einaste aln til livsvegen sin, um han syter aldri so mykje?

28 Og kvi syter de for klædi? Sjå liljorne på marki, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje, dei spinn ikkje;

29 men eg segjer dykk at ikkje sjølve Salomo i all sin herlegdom var so klædd som ei av deim.

30 Klæder no Gud soleis graset på marki, det som stend i dag og vert kasta i omnen i morgon, skulde han då ’kje mykje heller klæda dykk, de fåtruande!

31 So må de då ikkje syta og segja: «Kva skal me eta?» eller: «Kva skal me drikka?» eller: «Kva skal me klæda oss med?»

32 For alt det spør heidningarne etter; men far dykkar i himmelen veit at alt sovore treng de um.

33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, so skal de få alt dette attpå!

34 So syt då ikkje for morgondagen! Morgondagen lyt syta for seg. Kvar dag hev nok med si møda.

7. kapitlet

1 Døm ikkje, elles vert de dømde! For den domen de dømer, skal de dømast etter,

2 og det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk i.

3 Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var?

4 Eller korleis kann du segja til bror din: Kom, lat meg taka flisi ut or auga ditt! og sjå, det sit ein bjelke i ditt eige auga!

5 Din hyklar! Drag fyrst bjelken ut or ditt auga - då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din.

6 Gjev ikkje hundarne det som heilagt er, og kasta ikkje perlorne dykkar for svini! Dei kjem berre til å trøda deim under føterne, og snu seg og riva dykk sund.

7 Bed, so skal de få, leita, so skal de finna, banka på, so skal det verta upplate for dykk!

8 For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for.

9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed honom um brød,

10 eller ein orm når han bed um ein fisk?

11 Når no de veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, de som er vonde, kor mykje meir vil so ’kje far dykkar i himmelen gjeva noko godt til deim som bed honom!

12 Alt som de då vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot deim; for so er lovi og profetarne.

13 Gakk inn igjenom den tronge porten! For vid er den porten, og breid er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som gjeng inn der.

14 Men trong er den porten, og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn honom.

15 Tak dykk i vare for dei falske profetarne! Dei kjem til dykk i saueham, men innvertes er dei gråduge ulvar.

16 På frukterne deira skal de kjenna deim; kann ein hausta druvor av klunger eller fikor av tistlar?

17 Soleis ber alle gode tre god frukt; men låke tre ber vond frukt,

18 eit godt tre kann ikkje bera vond frukt, og eit låkt tre kann ikkje bera god frukt.

19 Men kvart tre som ikkje gjev god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.

20 So skal de då kjenna deim på frukterne.

21 Ikkje alle som segjer til meg: «Herre, herre!» skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det far min i himmelen vil.

22 På den dagen skal mange segja til meg: «Herre, herre, hev me ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut djevlar i ditt namn, og gjort mange under i ditt namn?»

23 Då skal eg segja deim beint ut: «Eg hev aldri kjent dykk. Gakk ifrå meg, de illgjerdsmenner!»

24 Den som no høyrer desse ordi mine og gjer etter deim, honom vil eg likna med ein vitug mann, som bygde huset sitt på berg.

25 Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; men det stod; for det var tufta på berg.

26 Og den som høyrer desse ordi mine og ikkje gjer etter deim, han kann liknast med ein fåvis mann, som bygde huset sitt på sand.

27 Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; då fall det, og fallet vart stort.»

28 Då Jesus hadde tala desse ordi, då var folket reint upp i under yver læra hans.

29 For han lærde deim som ein som hev velde, og ikkje som deira skriftlærde.

8. kapitlet

1 Då han gjekk ned av fjellet, fylgde det mykje folk med honom.

2 Best det var, kom ein som hadde spillsykja, og fall på kne for honom og sagde: «Herre, dersom du vil, so kann du gjera meg rein.»

3 Jesus rette ut handi, og tok burt på honom og sagde: «Eg vil; vert rein!» Då vart han med ein gong fri spillsykja, og rein.

4 Og Jesus sagde til honom: «Sjå til at du ikkje segjer dette med nokon, men gakk burt og te deg for presten, og ber fram det offeret som Moses hev sagt fyre, so du kann vitna for deim!»

5 Då han so gjekk inn i Kapernaum, kom ein hovudsmann og tala til honom og sagde:

6 «Herre, drengen min ligg lam heime, og lid hardt.»

7 «Skal eg koma og lækja honom?» segjer Jesus.

8 «Herre,» svara hovudsmannen, «eg er ikkje verd at du stig inn under mitt tak. Men seg berre eit ord, so vert drengen min god att!

9 For eg er ein mann som må lyda deim som større er, og sjølv hev eg og hersveinar under meg, og segjer eg til ein av deim: «Gakk!» so gjeng han, og til ein annan: «Kom!» so kjem han, og til tenaren min: «Gjer no det!» so gjer han det.»

10 Då Jesus høyrde det, undra han seg, og sagde til deim som var med honom: «Det segjer eg dykk for sant: So stor ei tru hev eg ikkje funne hjå nokon i Israel.

11 Og det skal de vita, at mange skal koma både frå aust og frå vest og setja seg til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket;

12 men dei som riket var etla åt, skal ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»

13 So sagde han til hovudsmannen: «Gakk heim att! Det skal verta som du trudde.» Og drengen vart god att i same stundi.

14 Då Jesus kom heim til Peter, såg han at vermor hans låg sjuk og hadde hiteflagor.

15 So tok han henne i handi; då kvarv hiteflagorne burt, og ho stod upp og stelte for honom.

16 Um kvelden kom dei til honom med mange som var forgjorde og hadde vonde ånder i seg, og han dreiv ut ånderne med eit einaste ord, og alle som hadde vondt, gjorde han gode att.

17 Soleis skulde det sannast det som Jesaja, profeten, hev tala, når han segjer: «Han våre sotter på seg tok, og våre sykjor bar.»

18 Då Jesus såg at det hadde samla seg mykje folk ikring honom, sagde han til læresveinarne: «Lat oss fara yver til hi sida!»

19 I det same kom ein skriftlærd mann til honom og sagde: «Meister, eg vil fylgja deg kvar du fer.»

20 Då svara Jesus: «Revarne hev hi, og fuglarne i lufti hev reir, men Menneskjesonen hev ingen stad han kann leggja sitt hovud nedpå.»

21 Ein annan - ein av læresveinarne hans - sagde med honom: «Herre, lat meg fyrst få ganga heim og jorda far min!»

22 Men Jesus svara: «Fylg du meg, og lat dei daude jorda sine daude!»

23 So gjekk han ut i båten, og læresveinarne var med.

24 Um eit bil vart det so hard sjø at bårorne slo yver båten; men han låg og sov.

25 Då gjekk dei burt til honom og vekte honom og sagde: «Herre, hjelp! Me gjeng under!»

26 «Kvi er de so rædde?» sagde han; «kor lite tru de hev!» So stod han upp og truga vinden og sjøen, og det vart blikende stilt.

27 Og folk undra seg og sagde: «Kva mann er dette, at både vind og sjø må lyda honom?»

28 Då han kom yver på hi sida, til Gadarenarlandet, møtte han tvo forgjorde, som kom ut or gravholorne; dei var so ville og vonde at ingen kunde koma fram den vegen.

29 Og best det var, sette dei i og ropa: «Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å plåga oss fyre tidi?»

30 Eit godt stykke ifrå gjekk ein stor svineflokk på beite.

31 So bad ånderne: «Driv du oss ut, so lat oss fara i svineflokken!»

32 «Gjer so då!» svara han. Då for dei ut og for inn i svini. Og brått sette heile flokken utyver stupet og ned i sjøen og druknast.

33 Gjætarane rømde, og då dei kom til byen, fortalde dei alt saman, og sagde korleis det hadde gjenge med dei forgjorde.

34 Då gjekk alt byfolket ut imot Jesus, og då dei fekk sjå honom, bad dei at han vilde fara burt ifrå bygderne deira.

9. kapitlet

1 So gjekk han ut i båten og for yver og kom til sin eigen by.

2 Då kom dei til honom med ein lam mann, som låg i ei seng. Då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Ver hugheil, son! Syndene dine er tilgjevne.»

3 Då var det nokre av dei skriftlærde som tenkte med seg: «Denne spottar Gud!»

4 Men Jesus såg tankarne deira og sagde: «Kvi hyser de so vonde tankar i hjarta?

5 Kva er lettast å segja: «Synderne dine er tilgjevne,» eller: «Statt upp og gakk?»

6 Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi» - so segjer han til den lame: «Statt upp, tak sengi og gakk heim att!»

7 Då stod han upp og gjekk heim til seg.

8 Og då folket såg det, vart dei ottefulle, og lova Gud som hadde gjeve menneskje slik magt.

9 Då Jesus gjekk lenger fram, fekk han sjå ein mann som sat på tollbudi - Mattæus heitte han - og sagde til honom: «Fylg meg!» Og han stod upp og fylgde Jesus.

10 Då han so heldt måltid heime i huset sitt, kom mange tollmenner og syndarar og sette seg til bords med Jesus og læresveinarne hans.

11 Farisæarane såg det og sagde til læresveinarne: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollmenner og syndarar?»

12 Då Jesus høyrde det, sagde han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt.

13 Gakk burt og lær kva som ligg i det ordet: «D’er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i.» For eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

14 Då kom læresveinarne åt Johannes til honom og sagde: «Korleis hev det seg at me og farisæarane fastar so mykje, men dine læresveinar fastar ikkje?»

15 Jesus svara: «Kann bryllaupsfolket syrgja medan dei hev brudgomen hjå seg? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; då skal dei fasta.

16 Ingen set ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; for boti riv med seg noko av sjølve plagget, og rifti vert større.

17 Og ikkje hev dei ny vin i gamle lerflaskor; for då rivnar flaskorne, so vinen renn ned, og flaskorne forferst; ny vin hev dei i nye lerflaskor; då held dei seg båe.»

18 Med han tala soleis til deim, kom ein synagoge-forstandar og fall på kne for honom og sagde: «Rett no hev dotter mi slokna; men kom og legg handi di på henne, so livnar ho att!»

19 Jesus gjorde seg reidug og gjekk med honom, og læresveinarne og.

20 Då kom det ei kvinna, som hadde havt blodflod i tolv år; ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans,

21 for ho tenkte med seg: «Kann eg berre få taka i kjolen hans, so er eg berga.»

22 I det same snudde han seg og såg henne. Då sagde han: «Ver hugheil, dotter! Trui di hev hjelpt deg.» Og kvinna vart god att i same stundi.

23 Då Jesus kom heim til synagoge-forstandaren og såg fløytelåtarane og hopen som ståka og våla, sagde han til deim:

24 «Gakk burt! Gjenta er ikkje slokna; ho søv.» Men dei berre log åt honom.

25 Då hopen var driven ut, gjekk han inn, og tok henne i handi, og gjenta stod upp.

26 Og gjetordet um dette kom ut yver alle bygderne der ikring.

27 Då Jesus gjekk burt att, fylgde tvo blinde etter honom og ropa: «Gjer sælebot på oss, du Davids son!»

28 Og då han var komen heim, gjekk dei etter han inn. Jesus sagde til deim: «Trur de at eg kann gjera det?» «Ja, herre,» svara dei.

29 Då tok han burtpå augo deira og sagde: «Det skal verta som de trur.»

30 Og med ein gong kunde dei sjå. Jesus tala strengt til deim og sagde: «Sjå til at ingen fær vita det!»

31 Men dei var ’kje fyrr komne ut, fyrr dei bar gjetordet hans ut yver alle bygder.

32 Med same dei gjekk ut, kom det nokre folk til honom med ein mållaus mann som hadde ei vond ånd i seg.

33 Då so den vonde åndi var drivi ut, tala den mållause. Og folk undra seg og sagde: «Aldri hev slikt vore set fyrr i Israel!»

34 Men farisæarane sagde: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva djevlarne ut.»

35 Sidan gjekk Jesus kring i alle byar og bygder og lærde folket i synagogorne deira, og lyste ut evangeliet um Gudsriket, og lækte all sjukdom og vanhelsa.

36 Og då han såg folkehopen, tykte han hjarteleg synd um deim; for dei var ille medfarne og nedforkomne, som ein saueflokk utan hyrding.

37 Då sagde han til læresveinarne sine: «Grøda er stor, men onnefolki er få.

38 Bed då honom som eig grøda at han vil senda arbeidsfolk til å hausta inn grøda si!»

10. kapitlet

1 So kalla han til seg dei tolv læresveinarne sine, og gav deim magt yver ureine ånder, so dei kunde driva deim ut, og kraft til å lækja all sjukdom og vanhelsa.

2 So er namni på dei tolv apostlarne: Fyrst Simon, han som kallast Peter, so Andreas, bror hans, og Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans,

3 Filip og Bartolomæus, Tomas og Mattæus, tollmannen, Jakob, son åt Alfæus, og Lebbæus,

4 Simon Kananæus og Judas Iskariot, den same som sveik honom.

5 Desse tolv var det Jesus sende ut, og han rettleidde deim og sagde: «Tak ikkje vegen til heidningarne, og gakk ikkje inn i nokon av samaritan-byarne!

6 Gakk heller til dei forkomne lambi av Israelshuset!

7 Og kvar de kjem, so gjer kunnigt at himmelriket er nær!

8 Læk helselause, vekk upp daude, gjer spillsjuke reine, driv ut djevlar! For inkje hev de fenge det, for inkje skal de gjeva det.

9 Tak ikkje med dykk gull eller sylv eller kopar i belti dykkar,

10 ikkje ferdaskreppa, ikkje tvo trøyor, ikkje skor, ikkje stav! For ein arbeidsmann er kosten sin verd.

11 Kvar gong de kjem til ein by eller ei grend, so høyr etter kven der er som er verd å taka imot dykk, og hjå honom skal de vera til de tek ut att.

12 Når de kjem inn i eit hus, so lys velsigning yver det,

13 og er huset verdt det, so skal det få den velsigningi de hev lyst, men er det ikkje verdt det, so skal velsigningi koma attende til dykk.

14 Og er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk og ikkje vil høyra på ordi dykkar, so gakk ut att or det huset eller den byen, og rist dusti av føterne dykkar!

15 det segjer eg dykk for visst: På domedag skal det ganga Sodoma- og Gomorralandet likare enn den byen.

16 Sjå no eg sender dykk liksom sauer inn i ulveflokken; ver då kloke som ormen og godtrugne som duva!

17 Tak dykk i vare for folk! For dei kjem til å gjeva dykk yver til domstolarne og hudfletta dykk i synagogorne sine,

18 og for kongar og landshovdingar skal dei føra dykk fram for mi skuld, so de skal vitna for deim og for heidningarne.

19 Men når dei dreg dykk for retten, so syt ikkje for korleis eller kva de skal tala! Ordi de skal tala, skal de få i same stundi.

20 For det er ikkje de som talar; det er åndi åt far dykkar som talar i dykk.

21 Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine, og valda at dei lyt døy.

22 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld: men den som held ut til endes, han skal verta frelst.

23 Når dei då søkjer etter dykk i ein by, so røm til ein annan! For det segjer eg dykk for visst: De vinn ikkje vitja alle byarne i Israel fyrr Menneskjesonen kjem.

24 Læresveinen er ikkje yver meisteren, og tenaren er ikkje yver husbonden sin.

25 Det lyt vera nok for læresveinen at han vert som meisteren sin, og for tenaren at han vert som husbonden. Hev dei kalla husbonden Be’elsebul, kann so husfolket venta det betre?

26 Ver då ikkje rædde deim! For ingen ting er løynt anna det ein gong kjem upp, og ingen ting dult anna det ein gong vert kjent.

27 Det som eg segjer dykk i myrkret, skal de tala i ljoset, og det som vert kviskra i øyra på dykk, skal de ropa ut på taki.

28 Ottast ikkje dei som drep likamen, men ikkje kann drepa sjæli! Ottast heller honom som kann tyna både sjæl og likam i helvite!

29 Sel dei ikkje tvo sporvar for ein skilling? Og ikkje ein av deim fell ned på jordi utan Far dykkar vil.

30 Og jamvel alle håri på hovudet dykkar er talde.

31 So ver ikkje rædde! De er meir enn mange sporvar.

32 Den som då kjennest ved meg for folk, honom skal eg og kjennast ved for far min i himmelen;

33 Men den som avneittar meg for folk, honom skal eg og avneitta for far min i himmelen.

34 De må ’kje tru eg er komen for å føra fred ned på jordi! Eg er ’kje komen med fred, men med sverd.

35 Eg er komen for å setja ufred millom far og son, og millom mor og dotter, og millom vermor og sonekona,

36 og mannen skal få sin eigen huslyd til uven.

37 Den som hev far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg, og den som hev son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg,

38 og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg.

39 Den som vinn livet sitt, skal missa det, og den som misser livet for mi skuld, skal vinna det.

40 Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot honom som sende meg.

41 Den som tek imot ein profet for di han er ein profet, skal få same løni som ein profet, og den som tek imot ein rettferdig for di han er rettferdig, skal få same løni som ein rettferdig.

42 Og den som gjev ein av desse små um det er ’kje anna enn ei skål med kaldt vatn, for di han er min læresvein, han skal på ingen måte missa løna si, det segjer eg dykk for visst.»

11. kapitlet

1 Då Jesus hadde sagt alt det han vilde leggja dei tolv læresveinarne på minne, for han burt att, og tok til å læra folk og tala for dei kring i byarne.

2 Johannes fekk høyra i fengslet um gjerningarne åt Kristus. Då sende han bod med læresveinarne sine, og spurde honom:

3 «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»

4 Jesus svara: «Gakk og seg Johannes kva de høyrer og ser:

5 Blinde fær syni si, og halte gjeng ikring, spillsjuke vert reine, og dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra evangeliet,

6 og sæl er den som ikkje styggjest ved meg.»

7 Då dei gjekk burt, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: «Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå ei røyr som svagar att og fram i vinden?

8 Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann med fine klæde? Nei, dei som gjeng i fine klæde, held til i kongsgardarne.

9 Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet.

10 Det er um honom det er skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; der du vil fara, skal han vegen rydja.»

11 Det segjer eg dykk for sant: Aldri hev det stige fram nokon større millom menneskjeborni enn Johannes døyparen; og endå er den minste i himmelriket større enn han.

12 Men frå Johannes døyparens tid og til denne stund bryt folk seg med magt inn i himmelriket, og dei som bryt seg inn, riv det til seg.

13 For alle profetarne og lovi spådde alt til Johannes kom;

14 og vil de tru det, so er han Elia som skulde koma.

15 Høyr etter, kvar som høyra kann!

16 Kven skal eg likna denne ætti med? Dei likjest born som sit på torget og ropar til andre born:

17 «Me let i fløyta for dykk, og de dansa ikkje; me song eit syrgjekvæde, og de øya ikkje.»

18 For fyrst kom Johannes, og korkje åt eller drakk; då sagde dei: «Han må vera forgjord!»

19 So kom Menneskjesonen; han et og drikk, og so segjer dei: «Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmenner og syndarar!» Men visdomen hev prova si rettferd med sine gjerningar.»

20 So tok han til å lasta dei byarne som han hadde gjort flest under i, for di dei ikkje vende um:

21 «Ve yver deg, Korasin! Ve yver deg, Betsaida! Hadde dei underi som eg gjorde i dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, so hadde dei longe angra og havt på seg sekk og oska.

22 Men det segjer eg dykk: På domedag skal det ganga Tyrus og Sidon likare enn dykk.

23 Og du, Kapernaum, som hev vore lyft upp til himmelen, til helheimen skal du støytast ned! For hadde dei underi som er gjorde i deg, vore gjorde i Sodoma, so hadde han stade til denne dag.

24 Men det segjer eg dykk: På domedag skal det ganga Sodomalandet likare enn dykk.»

25 I den same tidi tok Jesus til ords og sagde: «Eg lovar deg, Fader, du som råder yver himmelen og jordi, at du hev løynt dette for dei lærde og kloke, og openberra det for dei ulærde og barnslege!

26 Ja, Fader, for soleis tykte du det best!

27 Alt hev far min gjeve i mine hender. Og ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og hev tungt å bera! hjå meg skal de få kvila dykk ut.

29 Tak mitt ok på dykk, og lær av meg! for eg er mild og mjuk i hjarta, og de skal finna kvild for sjælerne dykkar.

30 For mitt ok er godt, og mi byrd er lett.»

12. kapitlet

1 I den tidi gjekk Jesus på ein kviledag yver åkrarne. Læresveinarne hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.

2 Då farisæarane såg det, sagde dei til honom: «Sjå læresveinarne dine! - no gjer dei noko som ingen hev lov til å gjera på ein kviledag.»

3 Han svara: «Hev de ’kje lese kva David gjorde då han var svolten, han og dei som var med honom,

4 at han gjekk inn i Guds hus, og åt skodebrødi, og dei hadde han ikkje lov til å eta, korkje han eller fylgjesmennerne hans, men berre prestarne.

5 Eller hev de ’kje lese i lovi at prestarne bryt helgi i templet på kviledagen, og er endå skuldlause?

6 Men eg segjer dykk, at her er det som er større enn templet.

7 Og hadde de visst kva som ligg i det ordet: «D’er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i,» so hadde de ikkje fordømt desse uskyldige.

8 For Menneskjesonen råder yver kviledagen.»

9 So gjekk han burt derifrå og til synagoga deira.

10 Der var det ein mann som hadde ei nomi hand. So spurde dei honom: «Tru det er rett å lækja folk på ein kviledag?» For dei vilde få noko å klaga honom for.

11 Då sagde han til deim: «Kven av dykk dreg ikkje upp att ein sau som hev dotte ned i eit dike for honom på ein kviledag?

12 Og kor mykje meir er ’kje eit menneskje enn ein sau! So må det då vera rett å gjera vel på kviledagen.»

13 So segjer han til mannen: «Rett fram handi!» Då rette han henne fram, og ho vart frisk liksom hi handi.

14 Men farisæarane gjekk ut og lagde råd um korleis dei skulde få gjort ende på honom.

15 Då Jesus vart vis med det, for han burt, og det fylgde mange med honom. Han lækte deim alle,

16 men forbaud deim strengt å gjera honom kjend.

17 Soleis skulde det sannast det som er tala gjenom Jesaja, profeten, når han segjer:

18 «Sjå sveinen unge som eg ut meg såg, han som eg elskar, han, min hjartehugnad! På honom vil eg leggja åndi mi, og rett skal for folki lysa ut.

19 Han trættar ikkje, ropar ikkje høgt. I gatorn’ ingen høyra fær hans røyst:

20 Den brotne røyri krys han ikkje sund, rjukande skaren sløkkjer han ’kje ut, fyrr retten han til siger fram hev ført.

21 Til han skal folket setja voni si.»

22 Sidan kom dei til honom med ein forgjord som var både mållaus og blind, og han gjorde honom god att, so den mållause tala og såg.

23 Då vart alt folket reint upp i under og sagde: «Dette skulde vel ikkje vera Davidssonen?»

24 Då farisæarane høyrde det, sagde dei: «Denne kunde ikkje driva ut djevlarne, fekk han ikkje hjelp av Be’elsebul, hovdingen deira.»

25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sagde til deim: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og ein by eller eit hus som er kome i strid med seg sjølv, stend ikkje lenge.

26 Er det no so at Satan driv ut Satan, so er han komen i strid med seg sjølv, og korleis kann då riket hans standa?

27 Og hjelper Be’elsebul meg til å driva ut dei djevlarne, kven hjelper då dykkar eigne folk til å driva deim ut? Difor skal dei vera domarane dykkar.

28 Men er det Guds Ande som hjelper meg til å driva ut djevlarne, so er då Gudsriket kome til dykk.

29 Eller kven kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignaluterne hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band? då kann han plundra huset.

30 Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje sankar med meg, han spreider.

31 Difor segjer eg dykk: All synd og spotting skal tilgjevast menneskja, men spott imot Anden skal ikkje tilgjevast.

32 Og den som lastar Menneskjesonen, skal få tilgjeving for det; men den som lastar den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving, korkje i dette livet eller i det som skal koma.

33 Anten lyt de segja: «Treet er godt, og frukti på det er god,» eller og: «Treet er låkt, og frukti på det er låk.» For på frukti kjenner ein treet.

34 De orme-ungar, korleis kann de tala noko godt, de som er vonde? for frå munnen kjem det som hjarta er fullt av.

35 Ein god mann ber fram gode ting av det gode han gøymer hjå seg, og ein vond mann ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på.

36 Men det segjer eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk hev tala, skal dei svara for på domedag,

37 for etter ordi dine vert du frikjend, og etter ordi dine vert du felt.»

38 Då tok nokre skriftlærde og farisæarar til ords og sagde: «Meister, me vil gjerne sjå eit teikn av deg!»

39 Han svara: «Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn det som hende Jonas, profeten.

40 For liksom Jona var tri dagar og tri næter i fiskebuken, soleis skal Menneskjesonen vera tri jamdøger under jordi.

41 Nineve-mennerne skal møta for domen saman med denne ætti og fella deim; for dei vende um då Jona tala for deim, og her er meir enn Jona.

42 Sudlands-dronningi skal standa fram for domen i hop med denne ætti og fella deim; for ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo.

43 Når den ureine åndi fer ut or eit menneskje, flakkar ho yver vatslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen.

44 So segjer ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte utor,» og når ho kjem der, finn ho det tomt, og feia og fjelga.

45 Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det menneskjet fyrr, so vert det endå verre sidan. Soleis kjem det og til å ganga med denne vonde ætti.»

46 Med han heldt på å tala til folket, var mor hans og brørne hans komne, og no stod dei utanfor og vilde finna honom.

47 Då so ein kom inn og sagde det med honom,

48 svara han: «Kven er mor mi, og kven er brørne mine?»

49 So rette han handi ut mot læresveinarne sine og sagde: «Sjå der er mor mi og brørne mine;

50 for den som gjer det far min i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»

13. kapitlet

1 Same dagen gjekk Jesus ut og sette seg nedmed sjøen.

2 Då samla det seg so mykje folk ikring honom, at han laut ganga ut på eit skip og setja seg der, og heile folkemengdi stod burtetter strandi.

3 Då sagde han deim mangt og mykje i likningar og tok so til ords: «Ein såmann gjekk ut og skulde så,

4 og då han sådde, fall noko av kornet frammed vegen, og fuglarne kom og åt det upp.

5 Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt;

6 men då soli steig, skein det av; for det hadde ikkje rot.

7 Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det.

8 Noko fall i god jord og gav grøda, sumt hundrad foll, og sumt seksti foll, og sumt tretti foll.

9 Høyr etter, kvar som høyra kann!»

10 Læresveinarne kom og sagde til honom: «Kvi talar du til deim i likningar?»

11 Då svara han: «De fær vita løyndomarne i himmelriket, men det gjer ikkje dei.

12 For den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som inkje hev, skal missa endå det som han hev.

13 Difor talar eg til deim i likningar; for um dei ser, so ser dei ikkje, og um dei høyrer, so høyrer dei ikkje og skynar ikkje.

14 På deim vert det sanna det som Jesaja spådde: «Ja, høyra skal de nok, men ikkje håtta, sjå skal de nok, men de skal ikkje skilja.

15 For dette folket hev so hard ein hug; tungt høyrer dei med øyro, og augo let dei att, so dei med augo inkje sjå, med øyro inkje høyra skal, og aldri med sitt hjarta skyna, og snu, so eg deim lækja fær.»

16 Men sæle dykkar augo som ser, og dykkar øyro som høyrer!

17 For det segjer eg dykk for sant: Mange profetar og rettferdige stunda etter å sjå det som de ser, og fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, og fekk ikkje høyra det.

18 So høyr no de likningi um såmannen:

19 Kvar gong nokon høyrer ordet um Gudsriket, og ikkje skynar det, so kjem den vonde og stel burt det som er sått i hjarta hans; det er det kornet som var sått frammed vegen.

20 Det som var sått på steingrunn, det er den som høyrer ordet og straks tek imot det med gleda,

21 men han hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt bilet; kjem han i naud eller fåre for ordet skuld, so leidest han snart og fell ifrå.

22 Det som var sått millom klunger, det er den som høyrer ordet, men suti for det timelege og den svikalle rikdomen kjøver ordet, so det ikkje ber frukt.

23 Det som var sått i god jord, det er dei som høyrer ordet og skynar det; dei er det som gjev grøda; ein gjev hundrad foll, og ein seksti foll, og ein tretti foll.»

24 So sette han fram ei onnor likning og sagde: «Himmelriket kann liknast med ein mann som hadde sått godt frø i åkeren sin;

25 men medan folket sov, kom uvenen hans og sådde svimling millom kveiten, og gjekk sin veg.

26 Då no åkeren voks upp og skaut aks, so kom svimlingen og til synes.

27 Då gjekk sveinarne til husbonden og sagde: «Herre, sådde du ’kje godt frø i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?»

28 «Det hev ein uven gjort,» svara han. «Vil du me skal ganga og rykkja det upp?» segjer dei.

29 «Nei,» sagde han, «for då kunde de koma til å riva upp kveiten og med det same.

30 Lat båe veksa med einannan til hausten, og når skurdonni kjem, vil eg segja til skjerarane: «Sanka fyrst svimlingen saman og bunta honom i hop til å brennast, men hav kveiten inn i løda mi!»»»

31 So sette han fram ei likning til og sagde: «Himmelriket er likt eit senapskorn som ein mann tok og sette i hagen sin.

32 Det er mindre enn alle andre frøkorn; men når det hev vakse upp, er det større enn alle hagevokstrar og vert eit heilt tre, so fuglane i lufti kjem og byggjer reir i greinerne på det.»

33 So sagde han deim ei onnor likning: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kona tok og gøymde i tri skjeppor mjøl, til alt mjølet var syrt.»

34 Alt dette tala Jesus til folket i likningar, og utan likningar tala han aldri til deim,

35 so det skulde sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer: «Med likningar so vil eg lata upp min munn, og segja fram det som var løynt frå verdi vart.»

36 So bad han farvel med folket og gjekk inn att. Då kom læresveinarne til honom og sagde: «Tyd ut for oss likningi um svimlingen i åkeren!»

37 Han svara: Den som sår det gode frøet, er Menneskjesonen;

38 åkeren er verdi; det gode frøet er dei som eig heime i Gudsriket, og svimlingen dei som høyrer under den vonde;

39 uvenen som sådde svimlingen, er djevelen; hausten er endelykti på verdi, og skurdfolket er englarne.

40 Liksom no svimlingen vert sanka i hop og uppbrend, soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi:

41 Menneskjesonen skal senda ut englarne sine, og dei skal sanka ut or riket hans alt som skjemmer ut, og alle som gjer urett,

42 og kasta deim i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.

43 Då skal dei rettferdige skina som soli i riket åt far sin. Høyr etter, kvar som høyra kann!

44 Himmelriket er likt ein skatt som var nedgraven i ein åker. Den skatten var det ein mann som fann; han grov honom ned att, og glad som han var, gjekk han burt og selde alt det han hadde, og kjøpte åkeren.

45 Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter væne perlor.

46 Då han so fann ei som var ovgild, gjekk han av og gjorde alt han åtte i pengar, og kjøpte den perla.

47 Sameleis er himmelriket likt ei not som dei kastar i sjøen og fangar alle slag fisk i;

48 når ho er full, dreg dei henne upp på strandi, og so set dei seg ned og sankar den gode fisken i koppar, men den som ikkje duger, kastar dei ut.

49 Soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi. Då skal englarne fara ut og skilja dei vonde frå dei gode

50 og kasta dei vonde i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.

51 «Skyna de alt dette?» «Ja,» svara dei.

52 «Det er godt,» sagde han; «for ein lærar som hev gjenge himmelriks-skulen, er lik ein husbond som tek fram både nytt og gamalt av det han hev gøymt.»

53 Då Jesus hadde sagt deim alle desse likningarne, for han burt att.

54 So kom han til fødesheimen sin og lærde deim i synagoga deira, so dei vart reint upp i under og sagde: «Kvar hev han fenge slik visdom frå og slike underfulle krafter?

55 Er ’kje dette timbremanns-sonen? Heiter ikkje mor hans Maria, og brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas?

56 Og systerne hans, bur dei ’kje alle her i grendi? Kvar hev so han fenge alt det frå?»

57 Og dei støyttest ved honom. Men Jesus sagde til deim: «Ein profet er ikkje vanvyrd utan i si eige grend og i si eigi ætt.»

58 Og han gjorde ikkje mange under der, for di dei var so vantrune.

14. kapitlet

1 Ved det leitet fekk Herodes, fylkeskongen, høyra gjetordet um Jesus.

2 Då sagde han til mennerne sine: «Det er Johannes, døyparen! No hev han stade upp frå dei daude; difor ter det seg so underfulle krafter i honom.»

3 Herodes hadde teke Johannes og lagt honom i bolt og jarn for Herodias skuld, kona åt Filip, bror hans.

4 For Johannes hadde sagde til honom: «Du må ikkje hava henne.»

5 Og Herodes vilde helst ha slege honom i hel, men han torde ikkje for folket; for dei heldt honom for ein profet.

6 So var det årmålsdagen åt Herodes; og dotter åt Herodias dansa for deim, og Herodes tykte so godt um henne,

7 at han lova og svor ho skulde få kva ho bad um.

8 Då fekk mori henne til å segja: «Gjev meg hovudet åt Johannes døyparen, her, på eit fat!»

9 Kongen vart ille ved, men for di han hadde svore, og for gjesterne skuld, sagde han at dei skulde lata henne få det;

10 og han sende ut folk og let dei hogga hovudet av Johannes i fengslet.

11 So kom dei med hovudet hans på eit fat og gav det til gjenta, og ho gjekk til mor si med det.

12 Og læresveinarne hans kom og tok liket og bar honom til gravi; sidan gjekk dei til Jesus med bod um det som var hendt.

13 Då Jesus høyrde det, for han i ein båt burt til ein øydestad, so han kunde få vera åleine; men folket fekk spurt det og fylgde etter honom landveges frå byarne.

14 Då han steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop, og han tykte hjarteleg synd i deim, og lækte deim som var sjuke.

15 Då det leid til kvelds, gjekk læresveinarne burt til honom og sagde: «Det er audt her, og dagen lid; send folket frå deg, so dei kann ganga burt i grenderne og kjøpa seg mat!»

16 «Dei treng ikkje ganga burt,» sagde Jesus; «gjev de deim mat!»

17 «Me hev ’kje her anna fem brødleivar og tvo fiskar,» svara dei.

18 «Kom hit til meg med det!» sagde han.

19 So bad han folket setja seg i graset, og tok dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne, og såg upp imot himmelen og velsigna deim, og so braut han brødet og gav det til læresveinarne, og læresveinarne gav det til folket.

20 Alle åt og vart mette, og då dei samla upp dei stykki som att var, so vart det tolv fulle korger.

21 Og det var um lag fem tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born.

22 Med same dette var gjort, nøydde han læresveinarne til å ganga i båten og fara fyre seg yver sjøen, med han bad farvel med folket.

23 Då han so hadde sendt folket frå seg, gjekk han upp i fjellet, so han kunde vera for seg sjølv og beda, og etter det var avdaga, var han der einsleg.

24 Båten var alt midt utpå sjøen og tevla hardt i bylgjorne; for vinden var imot.

25 Då, i den fjorde nattevakti, kom han gangande burtimot deim yver sjøen;

26 og då læresveinarne såg han ganga på sjøen, vart dei forfærde og sagde: «Det er eit skrymt!» og dei var so rædde at dei skreik.

27 Men i det same tala han til deim og sagde: «Ver hugheile! Det er eg. Ver ikkje rædde!»

28 Då tok Peter til ords og sagde: «Herre, er det du, so seg at eg skal koma til deg på vatnet!»

29 «Kom du!» svara han. So steig Peter ut or båten og gjekk burtyver vatnet og vilde møta Jesus.

30 Men då han såg det harde veret, vart han rædd, og tok til å søkka. Då ropa han: «Herre, frels meg!»

31 Og med det same rette Jesus ut handi og greip honom og sagde: «Kor lite tru du hev! Kvi tvila du?»

32 So steig dei upp i båten, og vinden lagde seg.

33 Og dei som var i båten, fall på kne for honom og sagde: «Ja, sanneleg er du Guds Son!»

34 Då dei var komne yver, lagde dei til lands i Gennesaret.

35 Folket der i bygdi kjende honom att, og sende bod kringum i heile grannelaget. Då kom dei til honom med alle som hadde vondt,

36 og dei bad um dei berre måtte få taka i falden på kjolen hans, og alle som kom nær honom, vart gode att.

15. kapitlet

1 So kom det nokre farisæarar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sagde:

2 «Kvi bryt læresveinarne dine dei skikkarne me hev etter dei gamle? dei tvær ikkje henderne fyrr dei gjeng til bords!»

3 «Og de,» svara han, «kvi bryt de Guds bod for skikkarne dykkar skuld?

4 Gud hev sagt: «Du skal æra far din og mor di!» og: «Den som bannar far sin eller mor si, skal døy!»

5 Men de segjer: «Når ein talar so til far sin eller mor si: «Det som eg kunde ha hjelpt deg med, lyt eg gjeva til templet,» so tarv han ikkje æra foreldri sine.»

6 Soleis hev de gjort Guds bod um inkje for dykkar eigi læra skuld.

7 De hyklarar! Jesaja spådde sant um dykk då han sagde:

8 «Med lipporn’ lovar dei meg, denne lyden, men hugen deira er langt ifrå meg.

9 D’er liten mun i at dei meg vil æra, når dei lærer folk det som er mannebod.»»

10 So kalla han folket hitåt seg og sagde til deim: «Høyr etter, og tenk på det eg segjer!»

11 Det er ’kje det som kjem inn i munnen som gjer menneskja urein, men det som gjeng ut or munnen, det er det som gjer menneskja urein!

12 Då gjekk læresveinarne fram og sagde til honom: «Veit du at farisæarane vart arge då dei høyrde det du sagde?»

13 Han svara: «Kvar plante som ikkje far min i himmelen hev sett, skal rivast upp med rot.

14 Bry dykk ikkje um deim! Dei er blinde vegleidarar for blinde; og når ein blind leider ein blind, so dett dei båe i grefti.»

15 Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Tyd oss den likningi di!»

16 «Hev de endå ikkje betre vit, de heller?» svara han.

17 «Skynar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, gjeng ned i magen, og fer ut der det skal?

18 Men det som gjeng ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer menneskja urein;

19 for frå hjarta kjem vonde tankar: manndråp, egteskapsbrot, lauslivnad, tjuvskap, range vitnemål, gudsspotting.

20 Det er det som gjer menneskja urein; men å eta med utvegne hender gjer ikkje menneskja urein.

21 So for Jesus derifrå, og tok vegen burt til bygderne kring Tyrus og Sidon.

22 Då kom det ei kananæisk kona ut frå dei grenderne og ropa: «Herre, Davids son, gjer sælebot på meg! Dotter mi er so ille plåga av ei vond ånd.»

23 Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinarne fram og bad honom: «Kjære, få henne frå deg! Ho ropar so etter oss.»

24 «Det er berre dei forkomne sauerne av Israelshuset eg er send til,» svara han.

25 So kom ho og fall på kne for honom og sagde: «Herre, hjelp meg!»

26 Men han svara: «Det er ’kje vænt å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungarne.»

27 «Det er sant, Herre,» sagde ho, «men hund-ungarne et då av dei molarne som fell frå bordet åt herrarne deira.»

28 Då svara Jesus: «Stor er trui di, kona! Du skal få det som du vil.» Og dotter hennar vart god att i same stundi.

29 So for Jesus burt derifrå og kom til Galilæasjøen, og han gjekk upp i fjellet og sette seg der.

30 Då kom dei til honom i store flokkar, og hadde med seg halte og blinde og mållause og kryplingar og mange andre, og lagde deim ned for føterne hans, og han gjorde dei gode att,

31 so folket undra seg då dei såg at mållause tala, og kryplingar vart friske og føre, og halte gjekk ikring, og blinde såg; og dei lova Israels Gud.

32 Då kalla Jesus læresveinarne til seg og sagde: Eg tykkjer hjarteleg synd i folket; for no hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og dei hev ’kje noko å eta; og ikkje vil eg senda deim fastande frå meg; for då kunde dei ormegtast på vegen.»

33 Læresveinarne svara: «Kor skal me her i øydemarki få brød nok til å metta so stor ein hop?»

34 «Kor mykje brød hev de?» spurde Jesus. «Sju leivar,» sagde dei, «og nokre få småfiskar.»

35 Då let han folket setja seg ned på marki,

36 og han tok dei sju leivarne og fiskarne, og takka, og bytte deim sund og gav det til læresveinarne, og læresveinarne gav det til folket.

37 Då alle hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som att var; det var sju fulle korger.

38 Og det var fire tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born.

39 Sidan bad Jesus farvel med folket, og steig ut i båten og for til Magadanbygdi.

16. kapitlet

1 Då kom farisæarane og sadducæarane og freista honom, og bad at han vilde lata deim få sjå eit teikn frå himmelen.

2 Han svara: «Um kvelden segjer de: «Det vert godt ver; for himmelen er raud,»

3 og um morgonen: «I dag vert det uver; for himmelen er raud og myrk.» Himmelsbragdi veit de å døma um, men tidarteikni kann de ikkje tyda.

4 Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg ifrå deim og gjekk burt.

5 Då dei so for yver til hi sida, gløymde læresveinarne å taka brød med seg.

6 So sagde Jesus til deim: «Sjå til at de tek dykk i vare for farisæar- og sadducæar-surdeigen!»

7 Då sagde dei seg imillom: «Det er av di me ikkje tok brød med oss!»

8 Jesus gådde det og sagde: «Kvi talar de dykk imillom um det at de ikkje hev brød med, de fåtruande?

9 Hev de endå so lite vit? Kjem de ikkje i hug dei fem brødleivarne til dei fem tusund mann, og kor mange korger de fekk att,

10 og ikkje dei sju leivarne til dei fire tusund, og kor mange korger de då fekk att?

11 Kann de då ’kje skyna at det ikkje var brød eg tala til dykk um? Men agta dykk for farisæar- og sadducæar-surdeigen!»

12 Då skyna dei at det ikkje var surdeigen i brødet han hadde meint, men læra åt farisæarane og sadducæarane.

13 Då Jesus var komen til bygderne kring Cæsarea Filippi, spurde han læresveinarne sine: «Kven segjer folk at Menneskjesonen er?»

14 Dei svara: «Sume segjer: «Johannes døyparen,» andre: «Elia», endå andre: «Jeremia eller ein annan av profetarne.»»

15 «Kven segjer då de at eg er?» spurde han.

16 Då tok Simon Peter til ords og sagde: «Du er Messias, den livande Guds Son.»

17 Og Jesus sagde til honom: «Sæl er du, Simon Jonason! for det er ikkje kjøt og blod som hev lært deg det, men far min i himmelen.

18 Og no segjer eg deg at du er Peter; yver den steinen vil eg byggja mi kyrkja, og helheimsportarne skal ikkje vinna yver henne.

19 Eg vil gjeva deg lyklarne til himmelriket; det som du bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og det som du løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.»

20 So forbaud han læresveinarne å segja det med nokon at han var Messias.

21 Frå den tidi tok Jesus til å syna læresveinarne at han laut fara til Jerusalem og tola mykje vondt av styresmennerne og dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og at dei kom til å drepa honom, men tridje dagen skulde han standa upp att.

22 Peter tok honom til sides og for til å telja for honom og sagde: «Hjelpe deg Gud, Herre! Slikt må aldri henda deg!»

23 Då snudde han seg imot Peter og sagde: «Gakk utor augo mine, Satan! Du er meg eit styggje, for du hev ’kje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskjevilje.»

24 Same gongen sagde Jesus til læresveinarne sine: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv, og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.

25 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, skal finna det.

26 Kva batar det eit menneskje, um han vinn heile verdi, men taper sjæli si? Eller kva hev menneskjet å gjeva i byte for sjæli si?

27 For Menneskjesonen skal koma i herlegdomen åt far sin med englarne sine, og då skal han gjeva kvar og ein lika for det dei hev gjort.

28 Det segjer eg dykk for visst: Sume av dei som stend her, skal ikkje smaka dauden fyrr dei hev set Menneskjesonen koma i sitt kongelege velde.»

17. kapitlet

1 Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes, bror hans, med seg upp på eit høgt fjell, og der var dei åleine.

2 Då vart han forklåra for augo deira: andlitet hans skein som soli, og klædi var kvite som ljoset.

3 Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med honom.

4 Då tok Peter til ords og sagde til Jesus: «Herre, det er godt at me er her! Vil du, so skal eg gjera tri hyttor her, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia.»

5 Fyrr han hadde tala ut, kom det ei ljos sky og skygde yver deim, og or skyi kom det ei røyst som sagde: «Dette er son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i. Høyr på honom!»

6 Då læresveinarne høyrde det, kasta dei seg å gruve og var ovleg rædde.

7 Jesus gjekk burt åt deim og tok i deim og sagde: «Reis dykk upp, og ver ikkje rædde!»

8 Men då dei såg upp, vart dei ’kje vare nokon utan Jesus åleine.

9 So gjekk dei ned av fjellet, og Jesus sagde til deim: «Tala ikkje til nokon um den syni de hev havt, fyrr Menneskjesonen hev stade upp frå dei daude!»

10 Då spurde læresveinarne: «Kvi segjer då dei skriftlærde at fyrst lyt Elia koma?»

11 Han svara: «Elia kjem nok, og skal setja alt i rett lag att,

12 men eg segjer dykk: Elia er alt komen, og dei kjendest ikkje ved honom, men for åt med honom som dei vilde; like eins kjem dei til å fara med Menneskjesonen.»

13 Då skyna dei at det var Johannes døyparen han tala til deim um.

14 Då dei hadde nått fram til folket, kom det ein mann og fall på kne for honom og sagde:

15 «Herre, gjer sælebot på son min! Han hev nedfallsotti og lid mykje vondt; tidt fell han i elden, og tidt i vatnet.

16 Eg hev vore til læresveinarne dine med honom, men dei kunde ikkje gjera honom god att.»

17 Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune og rangsnudde ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med honom!»

18 So tala Jesus strengt til honom; då for den vonde åndi utor guten, og han vart god att i same stundi.

19 Då Jesus hadde vorte åleine, kom læresveinarne til honom og sagde: «Kvi kunde ikkje me driva den åndi ut?»

20 «Av di de er so vantrune,» svara han; «for det segjer eg dykk for sant: Hev de tru, um ho ikkje er større enn eit senapskorn, so kann de segja til dette fjellet: «Flyt deg herifrå og dit!» - då skal det flytja seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk.

21 Men dette slaget gjeng ikkje ut, utan med bøn og fasta.»

22 Med dei ferdast kring i Galilæa, sagde Jesus til deim: «Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender,

23 og dei skal drepa honom, men tridje dagen skal han standa upp att.» Då vart dei ovleg sorgfulle.

24 Då dei var komne til Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, til Peter og sagde: «Legg ikkje meisteren dykkar skatt til templet?»

25 «Jau,» segjer han. So gjekk han inn i huset, og fyrr han fekk sagt noko, spurde Jesus: «Kva meiner du, Simon? Kven tek kongarne på jordi toll eller skatt av - av borni sine eller av framande?»

26 «Av framande,» svara Peter. «So er borni skattefrie då,» sagde Jesus.

27 «Men me vil ikkje arga deim - gakk ned til sjøen og kasta ut kroken, og grip den fyrste fisken som kjem upp! Når du so opnar gapet på honom, skal du finna ein stater; tak den og gjev deim for meg og deg!»

18. kapitlet

1 I same bilet kom læresveinarne til Jesus og spurde: «Kven er no den største i himmelriket?»

2 Då kalla han til seg eit lite barn, og sette det midt imillom deim

3 og sagde: «Det segjer eg dykk for sant: Vender de ’kje um, og vert som borni, so kjem de aldri inn i himmelriket.

4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket;

5 og den som tek imot eitt sovore barn i mitt namn, han tek imot meg.

6 Men den som freistar nokon av desse små som trur på meg, han var betre faren dei hadde hengt ein kvernstein um halsen på honom og søkkt honom ned i djupaste havet.

7 Ve yver verdi for freistingarne hennar! Freistingar lyt det koma, men ve yver den som freistingi kjem frå!

8 Um handi di eller foten din freistar deg, so hogg deim av og kasta deim frå deg! Det er betre for deg å ganga einhendt eller halt inn til livet enn å hava tvo hender og tvo føter og kastast i den ævelege elden.

9 Og um auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Det er betre for deg å ganga einøygd inn til livet enn å hava tvo augo og kastast i helveteselden.

10 Agta dykk at de ikkje vanvyrder nokon av desse små! for eg segjer dykk at englarne deira i himmelen allstødt fær sjå åsyni åt far min i himmelen.

11 For Menneskjesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

12 Kva trur de? - Um ein mann hev hundrad sauer, og ein av deim villar seg burt, let han ’kje då dei ni og nitti ganga lause i fjellet og tek ut og leitar etter den som fer vilt?

13 og hender det at han finn honom, då segjer eg dykk for visst: Han gleder seg meir yver honom enn yver dei ni og nitti som ikkje hev villa seg burt.

14 Soleis vil ikkje heller far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.

15 Hev bror din synda imot deg, so gakk til honom og tala honom til rettes på tvomannshand! Høyrer han på deg, so hev du vunne bror din;

16 men vil han ikkje høyra, so tak med deg endå ein eller tvo, so kvar ting kann provast med tvo eller tri manns vitnemål.

17 Høyrer han ikkje på deim, so seg det til kyrkjelyden! Og høyrer han ikkje på kyrkjelyden heller, då skal han vera som ein heidning og tollmann for deg.

18 Det segjer eg dykk for sant: Alt det de bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.

19 Sameleis segjer eg dykk: Alt det som tvo av dykk her på jordi er samde um å beda um, det skal dei få av far min i himmelen.

20 For der som tvo eller tri er samla i mitt namn, der er eg midt imillom deim.»

21 Då gjekk Peter fram og sagde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgjeva bror min når han hev synda imot meg - so mykje som sju gonger?»

22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, segjer eg deg, men sytti gonger sju gonger.»

23 For himmelriket kann liknast med ein konge som vilde gjera upp rekneskapen med tenarane sine.

24 Då han no tok til med uppgjerdi, førde dei fram for honom ein som var skuldig ti millionar dalar.

25 Men han hadde ’kje noko å greida det med. So sagde herren hans at han skulde seljast, både han og kona hans og borni og alt det han åtte, so gjelda kunde greidast.

26 Då fall tenaren på kne for honom og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det alt saman!»

27 Og herren tykte synd i tenaren sin og gav honom fri, og ettergav honom skuldi.

28 Då den same tenaren kom ut att, møtte han ein av dei andre tenarane, som var skuldig honom tjuge dalar, og han greip honom og vilde strøypa honom, og sagde: «Kom med det du er skuldig!»

29 Då fall den andre på kne og bad for seg og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det!»

30 Men han vilde ikkje; han tok og sette medtenaren sin i fengsel; der skulde han sitja til skuldi var greidd.

31 Då dei andre tenarane såg kva som gjekk fyre seg, vart dei ille ved; og dei gjekk til herren sin, og fortalde honom alt det som var hendt.

32 Då kalla herren honom fyre seg og sagde til honom: «Du vonde tenar! Heile den store skuldi di gav eg deg etter då du bad meg!

33 Skulde so ’kje du og ha vore mild imot medtenaren din, som eg var imot deg!»

34 Og herren hans vart harm og gav honom yver til fangevaktarane, so dei skulde pina honom til han hadde greidt all skuldi.

35 So skal og far min i himmelen gjera med dykk, når de ikkje av hjarta tilgjev kvarandre.

19. kapitlet

1 Då Jesus hadde tala desse ordi, bar det so til at han tok ut frå Galilæa og for til Juda-bygderne. Han lagde vegen gjenom landet på hi sida Jordan;

2 mykje folk fylgde honom der, og han lækte deim.

3 Då kom farisæarane til honom, og vilde freista honom og sagde: «Tru ein mann hev lov til å skilja seg frå kona si, kva orsak han tykkjest hava?»

4 Han svara: «Hev de ’kje lese at skaparen alt ifrå det fyrste skapte deim mann og kvinna,

5 og sagde: «Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt?»

6 So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt, og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja.»

7 Segjer dei til honom: «Kvi sagde då Moses at mannen skulde gjeva kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?»

8 «For dykkar harde hjarto skuld gav Moses dykk lov til å skiljast frå konorne dykkar,» svara han, «men frå det fyrste hev det ikkje vore so.

9 Og det segjer eg dykk, at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, og gifter seg med ei onnor, han gjer hor.»

10 Då sagde læresveinarne til honom: «Er det den retten som gjeld millom mann og kona, då er det ikkje godt å gifta seg.»

11 Han svara: «Det er noko som ikkje alle kann læra, men berre dei som hev fenge gåva til det;

12 for det finst gjeldingar som er fødde so av morsliv, og det finst gjeldingar som folk hev gjeldt, og det finst gjeldingar som hev gjeldt seg sjølve for himmelriket skuld. Lat deim skyna det dei som kann!»

13 So bar dei småborn til honom, og bad han vilde leggja henderne på deim og beda for deim. Læresveinarne truga deim,

14 men Jesus sagde: «Lat småborni vera, og hindra deim ikkje å koma til meg! For himmelriket høyrer sovorne til.»

15 Og han lagde henderne på deim, og for so derifrå.

16 Då kom det ein til honom og sagde: «Meister, kva godt skal eg gjera so eg kann få eit æveleg liv?»

17 «Kvi spør du meg um det som er godt?» svara han. «Det er berre ein som er god. Men vil du ganga inn til livet, so haldt bodi!»

18 «Kva for bod?» spurde han. «Desse,» svara Jesus: «Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt!

19 Du skal æra far din og mor di! Du skal elska grannen din som deg sjølv!»

20 «Alt det hev eg halde,» segjer den unge mannen; «kva er det då som vantar meg?»

21 Jesus svara: «Vil du vera fullkomen, so tak og sel det du eig, og gjev det til dei fatige! då skal du få ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!»

22 Då den unge mannen høyrde det, vart han ille ved, og gjekk burt; for han hadde mykje gods.

23 Då sagde Jesus til læresveinarne sine: «Det segjer eg dykk for sant: Det er vandt for ein rik å koma inn i himmelriket.

24 Ja, eg segjer dykk: Ein kamel kjem lettare gjenom eit nålauga enn ein rik kjem inn i Guds rike.»

25 Då læresveinarne høyrde det, vart dei reint forfærde og sagde: «Kven kann då verta frelst?»

26 Jesus såg på deim og sagde: «For menneskje er det umogelegt, men for Gud er alt mogelegt.»

27 Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Sjå, me hev gjeve ifrå oss alt og fylgt deg; kva skal då me få?»

28 Og Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Når alt vert nytt, og Menneskjesonen sit i sin glimande kongsstol, då skal de og, som hev fylgt meg, sitja i tolv høgsete og styra dei tolv Israels-ætterne.

29 Og kvar som hev skilt seg med hus eller brør eller syster eller far eller mor eller born eller gardar for mitt namn skuld, han skal få det att mange gonger og erva eit ævelegt liv.

30 Men mange av dei fyrste skal vera dei siste, og mange av dei siste dei fyrste.

20. kapitlet

1 For himmelriket kann liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg um morgonen og vilde leiga arbeidsfolk til vingarden sin.

2 Han vart samd med arbeidsfolki um ei mark for dagen, og sende deim burt i vingarden.

3 So gjekk han ut ikring den tridje timen, og fekk sjå nokre andre som stod gjerandslause på torget.

4 Han sagde til deim: «Gakk de og burt i vingarden, og det som rett er, skal de få.» So gjekk dei.

5 Sidan gjekk han ut ikring den sette og niande timen og gjorde like eins.

6 Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att, og fann endå nokre som stod der. Han segjer til dei: «Kvi stend de her arbeidslause heile dagen?»

7 «Av di ingen hev leigt oss,» svara dei. «Gakk de og burt i vingarden!» sagde han då.

8 Um kvelden sagde vingardseigaren til hushaldaren sin: «Ropa inn arbeidsfolket, og lat deim få løni si! Tak til med dei siste, og haldt fram til dei fyrste!»

9 So kom dei som var leigde kring den ellevte timen, og fekk ei mark kvar.

10 Då dei fyrste kom, tenkte dei at dei skulde få meir; men dei fekk og kvar si mark;

11 då dei fekk den, mukka dei mot husbonden og sagde:

12 «Desse siste hev ’kje arbeidt meir enn ein time, og so gjev du deim likt med oss, som hev slite og sveitta heile dagen!»

13 Då svara han ein av deim: «Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var me ’kje samde um ei mark?

14 Tak du ditt og gakk! Men eg hev hug til å gjeva denne siste likso mykje som deg.

15 Hev eg ’kje lov til å gjera med mitt som eg vil? Eller ser du ilt til det at eg gjer vel?»

16 Soleis skal dei siste vera dei fyrste, og dei fyrste dei siste; for mange er kalla, men få utvalde.»

17 Med Jesus var på vegen til Jerusalem, tok han dei tolv læresveinarne til sides og sagde til deim:

18 «No fer me upp til Jerusalem, og Menneskjesonen skal gjevast i henderne på dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og dei kjem til å døma honom frå livet

19 og gjeva honom yver til heidningarne, so dei skal spotta og hudfletta og krossfesta honom; men tridje dagen skal han standa upp att.»

20 Då kom mor åt Sebedæus-sønerne til honom med sønerne sine, og fall på kne og bad honom um noko.

21 «Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Seg at desse tvo sønerne mine skal få sitja innmed deg i riket ditt, den eine på di høgre og den andre på di vinstre sida!»

22 «De veit ikkje kva de bed um,» sagde Jesus. «Kann de drikka den skåli som eg lyt drikka?» «Ja, det kann me,» svara dei.

23 Då sagde han: «Mi skål skal de nok drikka, men sæte ved mi høgre og vinstre sida kann ikkje eg gjeva nokon; det lyt dei få som far min hev etla det åt.»

24 Då dei ti høyrde det, vart dei harme på dei tvo brørne.

25 Då kalla Jesus deim kring seg og sagde: «De veit at fyrstarne råder yver folki sine, og dei store hev velde yver deim.

26 Men so skal det ikkje vera hjå dykk; den som vil verta stor millom dykk, lyt tena dei andre,

27 og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dei andre.

28 Menneskjesonen er ’kje heller komen for å tenast, men for å tena og gjeva livet sitt til løysepening for mange.»

29 Då dei tok ut frå Jeriko, fylgde det mykje folk med honom.

30 Attmed vegen sat det tvo blinde, og då dei høyrde at Jesus for framum, ropa dei: «Gjer sælebot på oss, Herre, du Davids son!»

31 Folket truga deim, og sagde dei skulde tegja; men dei ropa endå meir: «Herre, gjer sælebot på oss, du som er Davids son!»

32 Då stana Jesus og ropa på deim og sagde: «Kva vil de eg skal gjera for dykk?»

33 «Herre, lat oss få att syni!» svara dei.

34 Jesus tykte synd i deim og tok burtpå augo deira; og med ein gong kunde dei sjå, og dei fylgde honom.

21. kapitlet

1 Då dei var komne til Betfage, til Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, då sende Jesus tvo læresveinar i veg og sagde til deim:

2 «Gakk inn i den grendi som ligg beint framfor dykk! Der finn de straks ei asna som stend bundi, og ein fole attmed henne; dei skal de løysa og leida hit til meg.

3 Og er det nokon som talar til dykk, so seg: «Herren treng um deim;» då sender han deim hit med ein gong.»

4 Dette hende av di det laut sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer:

5 «Seg til Sions dotter: Sjå, her kjem din konge til deg. Mjuk i åndi rid han på eit asen, folen åt eit klyvdyr.»

6 Læresveinarne gjekk og gjorde som Jesus hadde sagt.

7 Dei henta asna og folen, og lagde kjolarne sine på deim, og so sette han seg uppå.

8 Og størsteparten av folket breidde klædi sine på vegen; andre braut kvister av trei og strådde på vegen.

9 Og folkehoparne som gjekk fyre og fylgde etter, ropa: «Hosianna Davids son! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!»

10 Då han so drog inn i Jerusalem, vart det eit heilt oppstyr i byen; dei spurde: «Kven er dette?»

11 Og folkehoparne svara: «Det er profeten, Jesus frå Nasaret i Galilæa.»

12 So gjekk Jesus inn i Guds tempel og dreiv ut alle som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkarne åt deim som selde duvor,

13 og sagde til deim: «Det stend skrive: «Mitt hus skal kallast eit bønehus,» men de gjer det til eit røvarbol.»

14 I templet kom det blinde og halte til honom, og han gjorde deim gode att.

15 Men då dei øvste prestarne og dei skriftlærde såg underi han gjorde, og høyrde borni som ropa i templet: «Hosianna Davids son!» so vart dei arge og sagde til honom:

16 «Høyrer du kva desse segjer?» «Ja!» svara han. «Hev de aldri lese: «Av småsveins mål og sogbarns låt hev du ein lovsong laga deg?»»

17 So gjekk han frå deim og ut or byen, til Betania, og var der med natti.

18 Då han gjekk inn til byen att um morgonen, vart han svolten.

19 Då fekk han sjå eit einsleg fiketre attmed vegen. Han gjekk der burt, men fann ’kje anna på treet enn lauv. Då sagde han til det: «Aldri i verdi skal det koma frukt på deg meir.» Og straks turka fiketreet.

20 Då læresveinarne såg det, undra dei seg og sagde: «Korleis kunde det hava seg at fiketreet turka so brått?»

21 Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Dersom de trur og ikkje tvilar, so skal de gjera større ting enn det med fiketreet, ja, um de so segjer til dette fjellet: «Lyft deg upp og kasta deg ut i havet!» so skal det verta so.

22 Og alt de bed um, skal de få, so sant de trur.»

23 So gjekk han inn i templet, og med han lærde folket, kom dei øvste prestarne og styresmennerne for lyden burt til honom og sagde: «Kva rett hev du til å gjera dette, og kven gav deg den retten?»

24 «No vil eg og spyrja dykk um ein ting,» sagde Jesus; «svarar de meg på det, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette:

25 Kvar var dåpen åt Johannes ifrå - frå himmelen eller frå menneskje?» Då sagde dei seg imillom: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom då ikkje?»

26 Og svarar me: «Frå menneskje,» då må me ræddast folket; for alle held Johannes for ein profet.»

27 So svara dei: «Det veit me ikkje.» «Då vil ikkje eg heller segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette,» svara Jesus.

28 «Men kva meiner de um det: Det var ein mann som hadde tvo søner. Han kom til den eine og sagde: «Gakk burt i vingarden, og arbeid der i dag, son min!»

29 «Nei, eg vil ikkje,» svara han, men sidan angra han på det og gjekk.

30 So kom faren til den andre, og sagde det same med honom. «Ja, herre, det skal eg,» svara han, men han gjekk ikkje.

31 Kven av dei tvo gjorde no det faren vilde?» «Den fyrste,» svara dei. Då sagde Jesus til deim: «Det segjer eg dykk for sant: Tollmenner og skjøkjor kjem fyrr inn i Gudsrike enn de.

32 For Johannes kom til dykk på rettferdsvegen, men de trudde honom ikkje. Tollmennerne og skjøkjorne dei trudde honom; men endå de såg det, kom de ikkje på andre tankar, og trudde honom ikkje då heller.

33 Høyr no ei onnor likning: Det var ein gong ein husbonde, som laga ein vingard, og sette gjerde kringum, og stelte til ei vinpersa, og bygde eit tårn; so leigde han hagen burt til brukarar og for ut or landet.

34 Då det no leid til at dei skulde hausta av hagen, sende han sveinarne sine til brukarane etter avlingi han skulde hava.

35 Men brukarane greip sveinarne hans: ein skamslo dei, og ein drap dei, og ein steina dei.

36 So sende han andre sveinar, fleire enn fyrste gongen; men dei gjorde like eins med deim.

37 Sist so sende han son sin til deim og sagde: «Dei hev no vel age for son min!»

38 Men då brukarane såg sonen, sagde dei seg imillom: «Sjå der er ervingen! Kom, lat oss slå honom i hel og eigna til oss arven hans!»

39 So tok dei honom og støytte honom ut or vingarden og slo honom i hel.

40 Når no vingardseigaren kjem, kva skal han då gjera med desse brukarane?»

41 «Med vondt skal han løna desse vonde mennerne,» svara dei; «han skal gjera ende på deim, og vingarden skal han leiga burt til andre brukarar, som gjev han avlingi i rette tid.»

42 Då sagde Jesus til dei: «Hev de aldri lese i skrifterne: «Den steinen som byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein; D’er Herren sjølv som so hev gjort det; for oss er det eit under stort?»

43 Difor segjer eg dykk at Gudsriket skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei frukterne som høyrer til der.

44 Og den som fell på steinen, han skal slå seg sund, men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.»

45 Då dei øvste prestarne og farisæarane høyrde likningarne hans, skyna dei at det var deim han tala um.

46 Og dei tenkte på å gripa honom, men torde ikkje for folket; for dei heldt honom for ein profet.

22. kapitlet

1 So tok Jesus til ords att og sagde dei ei onnor likning:

2 «Himmelriket kann liknast med ein konge som gjorde bryllaup åt son sin.

3 Han sende ut sveinarne sine, og kalla deim som var bedne til bryllaups; men dei vilde ikkje koma.

4 So sende han andre sveinar og sagde: «Seg til deim som er bedne: «No hev eg stelt til bryllaupsmaten; uksane mine og gjødfeet er slagta, og alt er ferdigt. Kom no til bryllaups!»»

5 Men dei brydde seg ikkje um det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambudi si;

6 og dei hine greip sveinarne hans, og skamførde deim og drap deim.

7 Då vart kongen harm. Han sende ut herarne sine og gjorde ende på dråpsmennerne og brende upp byen deira.

8 So sagde han til sveinarne sine: «Alt er ferdigt til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det.

9 Gakk no ut på vegar og vegskil og bed til bryllaups alle deim de finn!»

10 So gjekk sveinarne ut på vegarne og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaups-stova vart full av gjester.

11 Då so kongen kom inn og vilde sjå gjesterne, vart han var ein som ikkje var bryllaupsklædd.

12 Han segjer til honom: «Kjære, korleis hev du kome inn her og er ikkje bryllaupsklædd?» Men han kunde ingen ting svara.

13 Då sagde kongen til bordsveinarne: «Bitt hender og føter på honom, og kasta honom ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!»

14 For mange er kalla, men få er utvalde.»

15 Då gjekk farisæarane burt og lagde råd um korleis dei skulde få fanga honom i ord.

16 Dei sende læresveinarne sine til honom i lag med Herodes-mennerne og let deim segja: «Meister, me veit du er ærleg, og det er sanning det du lærer oss um Guds veg, og du bryr deg ikkje um nokon; for du gjer ikkje skil på folk.

17 Seg oss no: Kva meiner du? Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»

18 Men Jesus skyna den vonde meiningi deira og sagde: «Kvi freistar de meg, hyklarar?

19 Lat meg sjå skattemynti!» So flidde dei honom ein sylvpening.

20 «Kva er dette for eit bilæte og namn?» spurde han.

21 «Det er keisarens,» svara dei. Då sagde han til deim: «So gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!»

22 Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk burt ifrå honom.

23 Same dagen kom det nokre sadducæarar til honom - det er dei som segjer at det ikkje er nokor uppstoda - dei sette fram eit spursmål for honom og sagde:

24 «Meister, Moses hev sagt: «Når ein mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.»

25 No var det sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, og døydde; han hadde ikkje born, og let etter seg kona si til broren.

26 Like eins den andre og den tridje, radt til den sjuande.

27 Etter deim alle døydde kona.

28 Kven av dei sju skal no ho høyra til i eit anna liv? For dei hev havt henne alle.»

29 Jesus svara: «De fer vilt, av di de ikkje kjenner skrifterne og ikkje Guds magt.

30 For i eit anna liv er det ingen som gifter seg eller vert burtgift; dei er som Guds englar i himmelen.

31 Men at dei avlidne skal standa upp att, hev de ’kje lese kva Gud hev tala til dykk um det, når han segjer:

32 «Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud?» Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande.»

33 Då folket høyrde det, vart dei reint upp i under yver læra hans.

34 So snøgt som farisæarane fekk høyra at han hadde målbunde sadducæarane, samla dei seg kringum honom,

35 og ein av deim, som var kunnig i lovi, vilde freista honom og spurde:

36 «Meister, kva bod er det største i lovi?»

37 Han svara: «»Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av alt ditt vit!»

38 Det er det største og fyrste bodet.

39 Men det er eit anna som likjest det, og det er: «Du skal elska næsten din som deg sjølv!»

40 På desse tvo bodi kviler heile lovi og profetarne.»

41 Med farisæarane var samla, spurde Jesus deim åt:

42 «Kva trur de um Messias? Kven er han son åt?» «Åt David,» svara dei.

43 Då sagde han: «Korleis kann då David i Anden kalla honom herre, når han segjer:

44 «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi, til eg dine fiendar fær for dine føter lagt!»»

45 Kallar no David honom herre, korleis kann han då vera son hans?»

46 Men ingen kunde svara honom eit ord. Og ingen torde etter den dag koma med fleire spursmål til honom.

23. kapitlet

1 Sidan tala Jesus til folket og til læresveinarne sine og sagde:

2 «På Moses’ stol sit dei skriftlærde og farisæarane.

3 Alt det dei segjer til dykk, lyt de gjera og halda, men etter gjerningarne deira skal de ikkje fara! For dei segjer det, men dei gjer det ikkje.

4 Dei bind i hop tunge byrder og legg på herdarne åt folk, men sjølve vil dei ikkje leda deim med ein finger.

5 Alt det dei gjer, gjer dei so folk skal sjå kor gjæve dei er. Dei gjer sine bøneband breide og duskarne på kjolen sin store.

6 Dei trår etter dei høgste sæti i gjestebodi og dei fremste sessarne i synagogorne,

7 og vil at folk skal helsa deim på torget og kalla dei rabbi.

8 Men de skal ikkje lata nokon kalla dykk rabbi; for det er ein som er meisteren dykkar, og de er alle brør.

9 Og far skal de ikkje kalla nokon på jordi; for de hev ein far, han i himmelen.

10 Ikkje skal de heller lata nokon kalla dykk lærar; for de hev ein lærar, Kristus.

11 Den største av dykk skal vera den som tener dei andre.

12 For den som gjer seg sjølv stor, han skal gjerast liten, og den som gjer seg sjølv liten, han skal gjerast stor.

13 Men ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de stengjer himmelriket for folk; sjølve gjeng de ikkje inn, og deim som gjerne vilde, let de ikkje få koma inn.

14 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de et upp husi for enkjor og gjer lange bøner for ei syn skuld; for dette skal de få strengare dom.

15 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de fer land og strand og leitar etter ein fylgjesvein, og finn de ein, so gjer de honom til eit helvitesbarn, tvo gonger verre enn de er sjølve.

16 Ve yver dykk, blinde vegleidarar! de som segjer: «Um ein sver ved templet, so er det ’kje noko, men sver han ved gullet i templet, då er han bunden.»

17 Dårar og blinde! Kva er størst, gullet, eller templet som gav gullet si vigsla?

18 og: «Um ein sver ved altaret, so er det ’kje noko, men sver han ved offeret som er på det, då er han bunden.»

19 Blindingar! Kva er då størst, offeret, eller altaret som vigslar offeret?

20 For den som då sver ved altaret, sver både ved det og alt som er på det;

21 og den som sver ved templet, sver både ved det og ved honom som bur i det;

22 og den som sver ved himmelen, sver ved Guds høgsæte og ved honom som sit der.

23 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de gjev tiend av mynta og anis og karve, men ansar ikkje det som veg meir i lovi, rettferd og miskunn og truskap. Det skulde ein gjera, og ikkje lata vera hitt heller.

24 Blinde vegleidarar, som silar av myhanken, men svelgjer kamelen!

25 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de reinskar skåler og fat utanpå, men inni er dei fulle av ran og måteløysa.

26 Blinde farisæarar! Gjer fyrst skåli og fatet reine inni, so vert ho rein utanpå og.

27 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de likjest kalka graver; utanpå er dei væne å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.

28 Soleis er de og utanpå rettferdige å sjå til for folk, men inni dykk er de fulle av hyklarskap og urett.

29 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de byggjer minnesmerke yver profetarne og pryder graverne åt dei rettferdige og segjer:

30 «Hadde me vore til då federne våre livde, so hadde me ikkje vore med deim og drepe profetarne.»

31 So vitnar de då um dykk sjølve at de er born åt deim som slo profetarne i hel.

32 Haldt no fram på same vis som federne dykkar, til målet er fullt!

33 De eiterormar, de slange-ungar, korleis kann de sleppa undan helvitesdomen?

34 Sjå, difor sender eg til dykk profetar og vismenner og skriftlærde; sume av dei kjem de til å drepa og krossfesta, og sume til å hudfletta i synagogorne dykkar og jaga frå by til by,

35 so det skal koma yver dykk alt det skuldlause blodet som hev runne på jordi, frå den skuldlause Abel og til Zakarja, son åt Barakias, han som de drap millom templet og altaret.

36 Det segjer eg dykk for visst: Yver denne ætti skal det koma alt saman.

37 Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetarne, og steinar deim som er sende til deg, kor tidt hev eg ’kje vilja samla borni dine kring meg, liksom ein fugl samlar ungarne sine under vengjerne! Men de vilde ikkje.

38 Sjå no skal de få hava huset dykkar audt.

39 For eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg meir fyrr de ropar: «Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!»»

24. kapitlet

1 Då Jesus steig ut or templet og tok til å ganga burtetter vegen, gjekk læresveinarne fram og vilde syna honom tempelbygningarne.

2 «Ja, ser de ’kje alt dette!» svara han. «Det segjer eg dykk for sant: Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast ned.»

3 Sidan, då han sat på Oljeberget, og ingen annan var med, gjekk læresveinarne fram til honom og sagde: «Seg oss: Når skal alt dette henda, og kva merke skal me hava på koma di og enden på verdi!»

4 Då svara Jesus: «Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk!

5 For mange skal taka mitt namn og segja: «Eg er Messias», og føra mange på avveg.

6 De skal få høyra ufred og gjetord um ufred; sjå til at de ikkje vert skræmde! For dette lyt henda; men endå er ikkje enden komen.

7 Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike, og det skal vera uår og jordskjelv kring i landi;

8 men alt det er berre upptaket til føderiderne.

9 Då skal dei driva dykk ut i naud og fåre og slå dykk i hel, og alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.

10 Mange skal då falla ifrå, og svika og hata kvarandre,

11 og mange falske profetar skal stiga fram og føra mange på avveg;

12 og av di uretten hev vorte so stor, skal kjærleiken kolna hjå mengdi.

13 Men den som held ut til endes, han skal verta frelst.

14 Og dette evangeliet um Gudsriket skal kunngjerast yver heile mannaheimen, so alle folkeslag fær vita um det, og då skal enden koma.

15 Når de då ser at den øydande styggedomen som Daniel, profeten, hev tala um, stend på den heilage staden» - agta vel på dette du som les! -

16 då lyt dei som er i Judalandet røma til fjells,

17 og den som er uppå taket, må ikkje stiga ned og henta noko i huset sitt,

18 og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim att etter kjolen sin!

19 Stakars deim som gjeng med barn eller gjev brjost i dei dagarne!

20 Men bed at det ikkje må vera um vinteren eller på ein kviledag de lyt røma!

21 For då skal det vera slik hard naud at det aldri hev vore slik naud frå verdi vart til og til no, og vert ikkje sidan heller.

22 Og vart ikkje den tidi stutt, so fanst det ’kje liv som vart berga; men for dei utvalde skuld skal den tidi vera stutt.

23 Um nokon då segjer til dykk: «Sjå her er Messias,» eller «der,» so må de ikkje tru det.

24 For det skal standa fram falske Messias’ar og falske profetar og gjera store teikn og under, so jamvel dei utvalde kunde forvillast, um det var råd.

25 Kom i hug: Eg hev sagt dykk det fyreåt.

26 Segjer dei no med dykk: «Han er ute i øydemarki,» so gakk ikkje der ut! eller: «Han er inni koven,» so tru det ikkje!

27 For liksom ljonet gjeng ut ifrå aust og skin radt til vest, so skal det vera når Menneskjesonen kjem.

28 Der åta er, vil ørnarne sankast.

29 Men straks etter dei dagarne og trengslorne deira skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos; stjernorne skal falla ned frå himmelen, og himmelkrafterne skakast.

30 Då skal teiknet åt Menneskjesonen syna seg på himmelen, og alle ætter på jordi skal øya og gråta, og dei skal sjå Menneskjesonen koma i himmelskyerne med velde og stor herlegdom.

31 Med luren ljomar, skal han senda ut englarne sine, og dei skal sanka i hop dei han hev valt seg ut, frå heimsens fire hyrno, frå himmelbrun til himmelbrun.

32 Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinerne, og lauvet tek til å spretta, då veit de at sumaren er nær.

33 Like eins når de ser alt dette; då veit de at han er utfor døri.

34 Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt.

35 Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.

36 Men den dagen og timen veit ingen, ikkje englarne i himmelen - ingen utan Faderen åleine.

37 For som det var i Noahs dagar, so skal det vera når Menneskjesonen kjem:

38 liksom dei i dagarne fyre storflodi åt og drakk, og gifte seg og vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki,

39 og ingen visste ordet av fyrr storflodi kom og tok deim alle burt, so skal det vera når Menneskjesonen kjem.

40 Då er tvo menner ute på marki; den eine vert henta, og den andre vert att.

41 Tvo kvinnor mel på kverni; den eine vert henta, og den andre vert att.

42 So vak då! For de veit ikkje kva dag herren dykkar kjem.

43 Men det skynar de, at dersom husbonden visste kva tid på natti tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset.

44 Difor lyt de og vera ferdige! Menneskjesonen kjem på ei tid de ikkje ventar honom.

45 Kvar er no den trugne og vituge drengen som husbonden hev sett yver tenestfolket, so han skal gjeva deim mat i rett tid?

46 Sæl er den drengen som husbonden ser gjera so når han kjem.

47 Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja honom yver alt det han eig.

48 Men er drengen ein skarv, og segjer med seg: «Husbonden min vert lenge burte,»

49 og han so tek til å slå dei hine tenarane, og et og drikk i lag med drikkarar,

50 då skal husbonden hans koma på ein dag han ikkje ventar det, og i ein time han ikkje veit av,

51 og skjera honom midt i tvo, og lata honom få sin lut med hyklarane, der dei græt og skjer tenner.

25. kapitlet

1 Då kann himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lamporne sine og gjekk til møtes med brudgomen.

2 Fem av dei var dårlege og fem vituge.

3 Då dei dårlege tok lamporne sine, tok dei ikkje olje med seg,

4 men dei vituge tok olje med seg i krukkor attåt lamporne sine.

5 Då det no drygde fyrr brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.

6 Men midt på natti høyrdest eit rop: No kjem brudgomen! Gakk ut og tak imot honom!

7 Då vakna alle brurmøyarne og stelte lamporne sine.

8 Og dei dårlege sagde til dei vituge: «Lat oss få noko olje hjå dykk! Lamporne våre sloknar.»

9 «Nei,» svara dei vituge, «det rekk ikkje til både åt oss og dykk. De lyt heller ganga til kræmaren og kjøpa dykk noko.»

10 Med dei då var burte og vilde kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk med honom inn til bryllaupet, og døri vart stengd.

11 Då det leid um eit bil, kom dei hine møyarne og, og sagde: «Herre, herre, lat upp for oss!»

12 Men han svara: «Det segjer eg dykk for sant: Eg kjenner dykk ikkje.»

13 So vak då! For de veit korkje dag eller time.

14 Det er liksom med ein mann som vilde fara utanlands. Han kalla tenarane sine inn, og flidde deim midelen sin:

15 ein gav han fem tusund dalar, ein annan tvo tusund, og den tridje eitt tusund, etter som kvar dugde til, og so for han or landet.

16 Den som fekk fem tusund dalar, tok straks til å handla med deim, og vann seg fem tusund til.

17 Sameleis den som fekk tvo tusund; han og vann tvo tusund til.

18 Men den som fekk eitt tusund, gjekk burt og grov eit hol i jordi og gøymde pengarne åt husbonden sin.

19 So leid det ei lang tid, då kom husbonden heim att og kravde rekneskap av tenarane sine.

20 Og han som hadde fenge fem tusund dalar, gjekk fram og hadde med seg fem tusund til og sagde: «Herre, du gav meg fem tusund dalar; sjå her, eg hev vunne fem tusund til!»

21 Då sagde husbonden til honom: «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!»

22 So gjekk han fram han som hadde fenge tvo tusund dalar, og sagde: «Herre, du gav meg tvo tusund dalar. Sjå her, eg hev vunne tvo tusund til!»

23 «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!»

24 Sidan kom han som hadde fenge eitt tusund dalar, og sagde: «Herre, eg kjende deg for ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde.

25 Difor vart eg rædd, og so gjekk eg burt og gøymde pengarne dine i jordi. Sjå her hev du ditt!»

26 Då svara husbonden: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde!

27 Skulde du ’kje då ha sett pengarne mine i banken! so hadde eg fenge mine att med rentor når eg kom heim.

28 Tak ifrå honom dei tusund dalarne, og gjev deim til den som hev ti tusund!

29 For kvar den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.

30 Og kasta den duglause tenaren ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!»

31 Men når Menneskjesonen kjem i sin herlegdom, og alle englarne med honom, då skal han sitja i den glimande kongsstolen;

32 alle folkeslag skal samlast framfyre honom, og han skal skilja deim åt, liksom hyrdingen skil sauerne frå geiterne,

33 og setja sauerne på si høgre sida, og geiterne på den vinstre.

34 So skal kongen segja til deim på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borni åt far min, og tak det riket i eige som var etla åt dykk alt ifrå verdi var skapt!

35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikka; eg var heimlaus, og de hyste meg;

36 eg var naken, og de klædde meg; eg var sjuk, og de såg um meg; eg var i fengsel, og de lydde til meg.»

37 Då tek dei rettferdige til ords og segjer til honom: «Herre, når hev me set deg svolten, og metta deg, eller tyrst, og kveikt deg?

38 Når hev me set deg heimlaus, og hyst deg, eller naken, og klædt deg?

39 Når hev me set deg sjuk eller i fengsel, og lydt til deg?»

40 Og kongen svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brørne mine, det hev de gjort imot meg.»

41 So segjer han til deim på vinstre sida: «Gakk burt frå meg, de bannstøytte, til den ævelege elden, som er tilbudd åt djevelen og englarne hans!

42 For eg var svolten, og de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, og de gav meg ikkje drikka;

43 eg var heimlaus, og de hyste meg ikkje; eg var naken, og de klædde meg ikkje; eg var sjuk, og i fengsel, og de såg ikkje um meg.»

44 Då tek dei og til ords og segjer: «Herre, når hev me set deg svolten, eller tyrst, eller heimlaus, eller naken, eller sjuk, eller i fengsel, og hev ikkje tent deg?»

45 Og han svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de ikkje hev gjort mot ein av desse minste, det hev de ’kje gjort mot meg heller.»

46 So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit ævelegt liv.

26. kapitlet

1 Då Jesus hadde tala alle desse ordi, sagde han til læresveinarne:

2 «De veit at um tvo dagar er det påske; då skal Menneskjesonen gjevast i henderne på uvenerne sine, og dei skal krossfesta honom.»

3 Då var det dei øvste prestarne og styresmennerne for folket kom saman i garden åt øvstepresten - han heitte Kajafas -

4 og lagde yver at dei vilde gripa Jesus med list og slå honom i hel.

5 «Men ikkje med helgi!» sagde dei; «elles kunde det verta upplaup millom folket.»

6 Medan Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon,

7 kom det ei kvinna burt til honom med ei alabaster-krukka full av kosteleg salve; den helte ho ut på hovudet hans då han sat til bords.

8 Då læresveinarne såg det, vart dei harme og sagde: «Kva skal slik øyding vera til?

9 Dette kunde vore selt for mange pengar og gjeve til dei fatige.»

10 Jesus gådde det og sagde til deim: «Kvi er de leide med henne? Ho hev då gjort ei god gjerning mot meg.

11 Dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.

12 Då ho slo denne salven ut yver likamen min, då vilde ho bu meg til jordferdi mi.

13 Det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi dette evangeliet vert kunngjort, der skal dei og tala um det ho hev gjort, so alle skal minnast henne.»

14 Då gjekk ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, til dei øvste prestarne

15 og sagde: «Kva vil de gjeva meg, so skal eg laga det so at de fær honom i dykkar magt?» Då talde dei upp tretti sylvdalar til honom.

16 Og frå den stundi søkte han eit høve til å gjeva Jesus i henderne deira.

17 Den fyrste dagen i søtebrødhelgi kom læresveinarne til Jesus og sagde: «Kvar vil du me skal laga til påskemålet åt deg?»

18 Han svara: «Gakk inn i byen til den mannen de veit, og seg med honom: «Meisteren segjer: Det lid innpå tidi for meg; eg vil halda påske hjå deg med læresveinarne mine.»»

19 Og læresveinarne gjorde som Jesus sagde, og laga til påskemålet.

20 Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv.

21 Og med dei sat og åt, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg.»

22 Då vart dei reint ille ved, og tok til å spyrja honom, kvar for seg: «Det er då vel ikkje eg, Herre?»

23 «Den som duppa med meg i fatet, han er det som vil svika meg,» svara Jesus.

24 «Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som svik Menneskjesonen! Det var betre for den mannen um han aldri var fødd.»

25 Då tok Judas, svikaren, til ords og sagde: «Det er då vel ikkje eg, rabbi?» «No sagde du det sjølv,» svara han.

26 Med dei sat til bords, tok Jesus brødet, og signa det og braut det, og gav læresveinarne og sagde: «Tak, og et! Dette er likamen min.»

27 Og han tok kalken, og takka, og gav deim og sagde: «Drikk av det alle!

28 Dette er blodet mitt, paktblodet, som renn for mange til forlating for synderne.

29 Eg segjer dykk, at heretter skal eg ’kje drikka av denne druvesafti, fyrr den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt far min.»

30 Då dei so hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

31 Då segjer Jesus til deim: «I denne natti kjem de alle til å styggjast ved meg og forlata meg. For det stend skrive: «Hyrdingen slær eg i hel, og saueflokken skal spreidast.»

32 Men når eg hev stade upp att, skal eg fara fyre dykk til Galilæa.»

33 Då tok Peter til ords og sagde: «Um alle styggjest ved deg, so skal eg aldri styggjast.»

34 «Det segjer eg deg for sant,» svara Jesus: «Fyrr hanen gjel i natt, kjem du til å avneitta meg tri gonger.»

35 Men Peter sagde: «Um eg so lyt døy med deg, skal eg aldri avneitta deg.» Like eins sagde alle læresveinarne.

36 So kom Jesus med læresveinarne til ein stad som heiter Getsemane. Då sagde han til deim: «Sit her med eg gjeng der burt og bed!»

37 Og han tok med seg Peter og båe Sebedæus-sønerne, og tok til å syrgja og kvidast.

38 So segjer han til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg - det er som det vilde bresta. Ver her og vak med meg!»

39 Og han gjekk eit lite stykke fram, og lagde seg ned på kne og bad: «Far, er det råd, so lat denne skåli takast ifrå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»

40 Då han kom attende til læresveinarne, såg han at dei sov. Då sagde han til Peter: «So var de ’kje god til å vaka ein time med meg!

41 Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.»

42 So gjekk han burt att andre gongen og bad: «Far, kann ikkje dette takast ifrå meg, og lyt eg tøma skåli, so lat det vera som du vil!»

43 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn.

44 Då let han dei vera og gjekk burt att og bad tridje gongen same bøni.

45 So kom han att og sagde til læresveinarne: «De søv og kviler, de! Sjå no er stundi komi, og Menneskjesonen skal gjevast yver i syndarhender.

46 Statt upp, og lat oss ganga! Svikaren er ikkje langt undan.»

47 Fyrr han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med honom ein stor flokk med sverd og stavar; dei kom frå dei øvste prestarne og styresmennerne.

48 Svikaren hadde avtala eit teikn med deim og sagt: «Han som eg kysser, han er det; honom skal de taka!»

49 Og med det same gjekk han fram til Jesus og sagde: «Heil og sæl, rabbi!» og kysste honom.

50 Jesus sagde til honom: «Kvi er du her, venen min?» So gjekk dei innåt og lagde hand på Jesus og greip honom.

51 Men ein av deim som var med honom, tok og drog sverdet sitt, og hogg av øyra på tenaren åt øvstepresten.

52 Då sagde Jesus til honom: «Stikk sverdet ditt i slira! for alle som grip til sverdet, skal falla for sverdet.

53 Eller trur du ’kje eg kunde beda far min, og han i denne stundi vilde senda meg meir enn tolv herar med englar?

54 Men korleis skulde då skrifterne sannast, dei som segjer at dette lyt henda?»

55 I same stundi sagde Jesus til flokken: «De kjem med sverd og stavar og grip meg, som eg skulde vera ein røvar. Dag etter dag sat eg i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje.

56 Men alt dette hev hendt av di det laut sannast det som profetarne hev skrive.» Då tok alle læresveinarne ut, og rømde ifrå honom.

57 Dei som hadde gripe Jesus, førde honom til Kajafas, øvstepresten; der var dei skriftlærde og styresmennerne samla.

58 Peter fylgde eit langt stykke etter, og då han kom til garden åt øvstepresten, gjekk han inn og sette seg hjå tenarane - han vilde sjå korleis det gjekk.

59 Dei øvste prestarne og heile det Store Rådet leita etter range vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt honom frå livet;

60 men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på honom. Endeleg kom det tvo som sagde:

61 «Denne mannen hev sagt: «Eg kann riva ned Guds tempel og byggja det upp att på tri dagar.»»

62 Og øvstepresten reiste seg og sagde til honom: «Svarar du inkje? Kva er det desse vitnar imot deg?»

63 Men Jesus tagde. Då tok øvstepresten til ords og sagde: «Ved den livande Gud - seg oss: Er du Messias, Guds Son?»

64 Og Jesus svara: «Du hev sjølv sagt det. Men det segjer eg dykk: Frå denne stundi skal de sjå Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Allmagti og koma i himmelskyerne.»

65 Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sagde: «Han hev spotta Gud! Kva skal me med fleire vitne? No høyrde de gudsspottingi.

66 Kva meiner no de?» «Han er skuldig til å døy,» svara dei.

67 So sputta dei honom i andlitet og slo honom, sume med nevarne og sume med stavar,

68 og sagde: «Seg oss, Messias: Kven var det som slo deg?»

69 Medan sat Peter utanfor, i gardsromet. Då kom det ei tenestgjenta burt til honom og sagde: «Du var og med Jesus, galilæaren.»

70 Men han neitta so alle høyrde det, og sagde: «Eg veit ikkje kva du talar um.»

71 So gjekk han ut i portromet. Der fekk ei onnor gjenta sjå honom, og sagde til deim som var der: «Han var og med Jesus, nasaræaren.»

72 Då neitta han atter, og sagde med ein eid: «Eg kjenner ikkje den mannen.»

73 Eit lite bil etter kom dei som stod der innåt, og sagde til Peter: «Ja menn er du og ein av deim! Det kann ein høyra på målet ditt.»

74 Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen!» Og med det same gol hanen.

75 Då kom Peter i hug dei ordi Jesus hadde sagt til honom: «Fyrr hanen gjel, skal du hava avneitta meg tri gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.

27. kapitlet

1 Det var morgon vorte då alle dei øvste prestarne og styresmennerne sagde daudedomen yver Jesus.

2 So batt dei honom og førde honom burt og gav honom yver til Pilatus, landshovdingen.

3 Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus frå livet, angra han på det han hadde gjort. Han bar dei tretti sylvdalarne attende til dei øvste prestarne og styresmennerne og sagde:

4 «Eg hev synda! Det var skuldlaust blod eg gav yver til dykk.» «Kva skil det oss? Det vert di eigi sak,» svara dei.

5 Då kasta han pengarne frå seg i templet og tok ut; og sidan gjekk han burt og hengde seg upp.

6 Dei øvste prestarne tok pengarne og sagde: «Det er ’kje rett å leggja deim i tempelkista; for det er blodpengar.»

7 So tok dei den rådi at dei for desse pengarne kjøpte Pottemakaråkeren til gravstad for framande.

8 Difor hev den åkeren vore kalla Blodåkeren alt til denne dag.

9 Då vart det sanna det som Jeremia, profeten, hev tala, når han segjer: «So tok dei desse tretti sylvdalarn’ - det var det verd dei hadde sett han i, han som dei verdsette for Israel -

10 for Pottemakargården dei det gav, soleis som Herren hadde sagt meg til.»

11 So vart då Jesus førd fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde honom: «Er det du som er konge yver jødarne?» «Du segjer det sjølv,» sagde Jesus.

12 Men då dei øvste prestarne og styresmennerne kom med klagemåli sine, svara han ingen ting.

13 Då sagde Pilatus til honom: «Høyrer du ikkje alt det dei skuldar deg for?»

14 Men han svara honom ikkje på eit einaste ord, so landshovdingen undra seg storleg.

15 Kvar høgtid hadde landshovdingen for vis å gjeva folket ein fange fri, kven dei vilde.

16 Den gongen hadde dei ein ordgjeten fange som heitte Barabbas.

17 Då dei no hadde samla seg, sagde Pilatus til deim: «Kven vil de eg skal gjeva dykk fri, Barabbas eller Jesus, han som dei kallar Messias?»

18 For han visste at det var av ovund dei hadde gjeve Jesus yver til honom.

19 Og med han sat i domarsætet, sende kona hans bod til honom og sagde: «Du skal ikkje hava noko med saki mot denne rettferdige mannen! Eg hev drøymt so vondt i natt for hans skuld.»

20 Men dei øvste prestarne og styresmennerne talde folket til å beda Barabbas fri og lata Jesus drepast.

21 Og då landshovdingen tok til ords att og spurde: «Kven av desse tvo vil de eg skal gjeva dykk fri?» svara dei: «Barabbas!»

22 «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som dei kallar Messias?» sagde han. Då svara deim alle: «Lat honom verta krossfest!»

23 «Kva vondt hev han då gjort?» sagde Pilatus. Men dei ropa berre sterkare og sterkare: «Lat honom verta krossfest!»

24 Då Pilatus såg at han ingen ting kunde gjera, men ståket heller vart verre, tok han vatn og tvo henderne sine midt for augo på folkehopen og sagde: «Eg hev ingi skuld i blodet åt denne rettferdige mannen. Dette lyt de svara for!»

25 Då svara heile folket: «Blodet hans må koma yver oss og yver borni våre!»

26 So gav han deim Barabbas fri, men Jesus let han piska, og gav honom yver til hermennerne sine, so dei skulde krossfesta honom.

27 Hermennerne åt landshovdingen tok Jesus med seg inn i borgi og samla heile vakti kringum honom.

28 So klædde dei av honom, og hengde på honom ei skarlakskåpa,

29 og dei fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans, og gav honom ein røyrstav i høgre handi. Med so gjort, fall dei på kne for honom spotta honom og sagde: «Heil deg, jødekonge!»

30 So sputta dei på honom, og tok røyrstaven og slo honom i hovudet med,

31 og då dei hadde spotta honom det dei vilde, tok dei av honom kåpa og hadde på honom hans eigne klæde, og so førde dei honom burt og skulde krossfesta honom.

32 På vegen møtte dei ein mann frå Kyrene som heitte Simon. Honom nøydde dei til å bera krossen hans.

33 Då dei so kom til ein stad som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -

34 gav dei honom vin blanda med gall; men då han hadde smaka på det, vilde han ikkje drikka.

35 So feste dei honom til krossen. Klædi hans bytte dei millom seg, og drog strå um deim,

36 og so vart dei sitjande der og heldt vakt yver honom.

37 Og uppyver hovudet hans hadde dei skrive klagemålet mot honom; det lydde so: Dette er Jesus, kongen yver jødarne.

38 Saman med honom vart tvo røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på vinstre sida.

39 Dei som gjekk framum, hædde honom og riste på hovudet og sagde:

40 «Du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar, hjelp deg no sjølv! Er du Guds Son, so stig ned av krossen!»

41 Sameleis spotta dei honom, både dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne, og sagde:

42 «Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa! Han er konge i Israel! Lat honom no stiga ned av krossen, so skal me tru på honom.

43 Han leit på Gud; lat no Gud berga honom, dersom han bryr seg um honom! Han hev då sagt: «Eg er Guds Son!»»

44 Jamvel røvarane som var krossfeste saman med honom, spotta på same visi.

45 Frå den sette timen vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen.

46 Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst og sagde: «Eli, Eli, lama sabaktani!» Det er det same som: «Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?»

47 Då sagde nokre av deim som stod der og høyrde det: «Han ropar på Elia.»

48 Og med det same sprang ein av deim fram og tok ein svamp og fyllte med vineddik og sette på ein tein, og let honom få drikka.

49 Men dei hine sagde: «Venta! Lat oss sjå um Elia kjem og hjelper honom!»

50 Og Jesus ropa endå ein gong med høg røyst, og gav ut åndi.

51 Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og heilt ned, og jordi skalv og bergi brast,

52 og graverne opna seg, og mange avlidne heilagmenne stod livs livande upp

53 og dei gjekk fram or graverne, og etter Jesus hadde stade upp att, kom dei inn i den heilage staden og synte seg for mange.

54 Då hovudsmannen og dei som var med honom og heldt vakt yver Jesus, såg jordskjelven og alt det som hende, vart dei fulle av otte og sagde: «Dette var sanneleg Guds Son!»

55 Det var og mange kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på; dei hadde fylgt Jesus frå Galilæa og tent honom.

56 Millom deim var Maria Magdalena, og Maria, mor åt Jakob og Josef, og mor åt Sebedæus-sønerne.

57 Um kvelden kom det ein rik mann som heitte Josef, og var frå Arimatæa; han hadde og vorte ein læresvein åt Jesus.

58 Han gjekk til Pilatus og bad um han måtte få likamen åt Jesus; og Pilatus sende bod at dei skulde lata honom få han.

59 Då tok Josef likamen og sveipte honom inn i eit reint linty,

60 og lagde honom i den nye gravi som han hadde hogge ut åt seg i berget. So velte han ein stor stein attfor gravopningi og gjekk burt.

61 Maria Magdalena og den andre Maria var der og; dei sat midt fyre gravi.

62 Den andre dagen - det var den som kjem etter fyrebuingsdagen - gjekk dei øvste prestarne og farisæarane saman til Pilatus

63 og sagde: «Herre, me kjem i hug at denne folkedåraren sagde med han livde: «Tri dagar etter stend eg upp att.»

64 Set no folk til å vakta vel på gravi til tridje dagen! Elles kunde læresveinarne hans koma og stela honom burt, og segja til folket: «Han hev stade upp frå dei daude,» og då vert den siste dåringi verre enn den fyrste.»

65 Då sagde Pilatus: «Her hev de vakt! Gakk no og tak vare på gravi som de best kann!»

66 So gjekk dei og sette vakti til å varveitsla gravi, etter dei hadde forsigla steinen.

28. kapitlet

1 Då kviledagen var liden, og det tok til å ljosna den fyrste dagen i vika, kom Maria Magdalena og den andre Maria og vilde sjå til gravi.

2 Då vart det brått ein sterk jordskjelv; for ein Herrens engel for ned frå himmelen, og gjekk innåt og velte steinen ifrå og sette seg på honom.

3 Han var som ein elding å sjå til, og klædi hans var kvite som snø.

4 Vaktarane skalv av rædsla for honom, og vart liggjande som dei var daude.

5 Og engelen tala til kvinnorne og sagde: «Ver ikkje rædde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest.

6 Han er ikkje her; han hev stade upp, som han sagde. Kom og sjå staden der han låg!

7 Og skunda dykk so av stad, og seg med læresveinarne hans: «Han hev stade upp frå dei daude, og no gjeng han fyre dykk til Galilæa; der skal de få sjå honom!» Sjå no hev eg sagt dykk det.»

8 Då skunda dei seg burt ifrå gravi med otte og stor gleda, og sprang av stad, vilde bera bod um det til læresveinarne hans.

9 Men best det var, fekk dei sjå Jesus; han kom imot deim og sagde: «Guds fred!» Då gjekk dei innåt og fall på kne for honom og tok kringum føterne hans.

10 Og Jesus sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Gakk og seg med brørne mine at dei skal fara til Galilæa! Der skal dei sjå meg.»

11 Med dei var på vegen, kom nokre av vaktarane inn til byen, og fortalde dei øvste prestarne alt det som hadde hendt.

12 Då kom dei og styresmennerne i hop og samrådde seg; og dei gav hermennerne nok av pengar

13 og sagde: «Seg at læresveinarne hans kom um natti og stal honom burt medan de sov.

14 Og skulde det koma att for landshovdingen, so skal me tala vel med honom, og laga det so at de kann vera trygge.»

15 So tok dei mot pengarne og gjorde som dei var fyresagde. Soleis kom det ordet ut millom jødarne, og hev halde seg alt til denne dag.

16 Dei elleve læresveinarne for til Galilæa, til det fjellet der Jesus hadde sagt deim til å møtast med honom.

17 Då dei fekk sjå honom, fall dei på kne for honom, men sume tvila.

18 Og Jesus steig fram og tala til deim og sagde: «Eg hev fenge all magt i himmelen og på jordi.

19 Gakk då ut, og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper deim til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande,

20 og lærer deim å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!»

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021