Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Paulus andre brev til Timoteus

Paulus’ andre brev til Timoteus

1. kapitlet

1 Paulus, ved Guds vilje Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden um livet i Kristus Jesus,

2 til Timoteus, min kjære son: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!

3 Eg takkar Gud, som eg alt frå forfederne tener i eit reint samvit, liksom eg uavlatande kjem deg i hug i mine bøner natt og dag,

4 og når eg hugsar dine tåror, lengtar eg etter å sjå deg, so eg kann verta fyllt med gleda,

5 då eg er mint um den skrymtlause trui som er i deg, den som fyrst budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og som eg er viss på bur i deg og.

6 Difor minner eg deg um å kveikja upp att den Guds nådegåva som er i deg ved mi handpåleggjing.

7 For Gud gav oss ikkje ei ande som verkar modløysa, men ein som verkar kraft og kjærleik og umtanke.

8 Skjemmast difor ikkje ved vår Herres vitnemål eller ved meg, hans fange, men lid vondt med meg for evangeliet i Guds kraft!

9 han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eigi rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider,

10 men no er openberra ved vår frelsar Jesu Kristi openberring, han som gjorde dauden til inkjes og førde liv og uforgjengelegdom fram for ljoset ved evangeliet;

11 og for det vart eg sett til forkynnar og apostel og lærar for heidningar.

12 Difor lid eg og dette, men eg skjemmest ikkje ved det; for eg veit kven eg hev sett mi tru til, og eg er viss på at han er megtig til å taka vare på det som er yvergjeve til meg, til hin dagen.

13 Hav til fyredøme dei heilsame ordi som du høyrde av meg, i tru og kjærleik i Kristus Jesus!

14 Tak vare på den fagre skatt som er yvergjeven til deg, ved den Heilage Ande, som bur i oss!

15 Du veit dette, at alle dei i Asia vende seg frå meg, og millom dei er Fygelus og Hermogenes.

16 Herren vise miskunn mot Onesiforus’ hus! for han hugga meg ofte og skjemdest ikkje ved mine lekkjor.

17 Men då han var komen til Rom, leita han med stor umak etter meg og fann meg.

18 Herren gjeve at han må finna miskunn hjå Herren på hin dagen! Og kor mykje han tente meg i Efesus, det veit du best.

2. kapitlet

1 So vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus!

2 Og det som du hev høyrt av meg i nærvære av mange vitne, gjev det yver til trufaste menneskje, som er duglege til ogso å læra andre!

3 Lid vondt med meg som ein god Kristi Jesu stridsmann!

4 Ingen som gjer hertenesta, fløkjer seg inn i livsens syslor, so han kann tekkjast herføraren.

5 Men um ein og strider i tevling, so fær han då ikkje kransen dersom han ikkje strider retteleg.

6 Den bonde som arbeider, skal fyrst njota frukterne.

7 Skyna det som eg segjer! for Herren skal gjeva deg skyn på alt.

8 Kom Jesus Kristus i hug, som er uppvekt frå dei daude, av Davids ætt, etter mitt evangelium,

9 det som eg lid vondt for like til dette å vera bunden som ein illgjerdsmann; men Guds ord er ikkje bunde.

10 Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, for at dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom.

11 Det er eit sant ord; for er me daude med honom, skal me og leva med honom;

12 held me ut, skal me og styra med honom; forneittar me, skal han og forneitta oss;

13 er me trulause, so er han trufast; seg sjølv kann han ikkje forneitta.

14 Minn um dette, med di du vitnar for Herrens åsyn, at dei ikkje må liggja i ordstrid, som ikkje er til noko gagn, men til undergang for dei som høyrer på!

15 Legg vinn på å framstella deg sjølv som sannrøynd for Gud, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sannings-ordet retteleg!

16 Men haldt deg frå det vanheilage tome svall! for dei gjeng alltid lenger i gudløysa,

17 og ordi deira kjem til å eta um seg som daudkjøt; millom deim er Hymenæus og Filetus,

18 som hev fare vilt frå sanningi, med di dei segjer at uppstoda alt hev vore, og dei riv ned trui hjå sume.

19 Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsigle: «Herren kjenner sine,» og: «Kvar den som nemner Herrens namn, skal vika frå urettferd.»

20 Men i eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sylv, men og av tre og leir, og nokre til æra, andre til vanæra.

21 Um nokon då held seg rein frå desse, so skal han vera eit kjerald til æra, helga og nytlegt for husbonden, tilreidt til all god gjerning.

22 Men fly frå dei ungdomslege lyster, og trå etter rettferd, tru, kjærleik, fred med deim som påkallar Herren av eit reint hjarta!

23 Og vis ifrå deg dei dårlege og fåvise stridsspursmål, då du veit at dei føder strid!

24 Men ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild imot alle, dugleg til å læra frå seg, viljug til å tola vondt,

25 so han med spaklynde tuktar dei som segjer imot, um Gud då ein gong vilde gjeva deim umvending, so dei kunde kjenna sanningi,

26 og vakna or ruset i djevelens snara, han som dei er fanga av til å gjera hans vilje.

3. kapitlet

1 Men dette skal du vita, at i dei siste dagar skal det koma vande tider.

2 For folk skal vera sjølvkjære, pengekjære, storordige, stormodige, spottsame, ulyduge mot foreldre, utakksame, vanheilage,

3 ukjærlege, upålitande, baktalande, umåtelege, umilde, utan kjærleik til det gode,

4 svikefulle, framfuse, ovmodige, slike som elskar lysterne sine meir enn Gud,

5 som hev skin av gudlegdom, men forneittar hans kraft. Vend deg frå desse!

6 For til deim høyrer dei som snikjer seg inn i husi og fangar kvinnfolk som er tyngde med synder og vert drivne av mangeslag lyster

7 og alltid lærer og aldri kann koma til å kjenna sanningi.

8 Som Jannes og Jambres stod imot Moses, so stend dei og imot sanningi, menneskje som er øydelagde i hugen, duglause i trui.

9 Men dei skal ikkje koma lenger; for deira fåvit skal verta audsynt for alle, liksom det og vart med hine.

10 Men du hev fylgt etter mi læra, mi ferd, mitt forset, mi tru, mitt langmod, min kjærleik, mitt tolmod,

11 mine forfylgjingar, mine lidingar, slike som møtte meg i Antiokia, i Ikonium, i Lystra; slike forfylgjingar hev eg halde ut, og Herren hev fria meg ut or deim alle.

12 Og alle som vil liva gudleg i Kristus Jesus, skal verta forfylgde.

13 Men vonde menneskje og slike som kverver syni på folk, gjeng fram til det som er verre, med di dei fører vilt og fer vilt.

14 Men du, vert du standande i det som du hev lært, og som du er yvertydd um, då du veit kven du hev lært det av,

15 og då du alt frå barndomen kjenner dei heilage skrifter som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus.

16 Heile skrifti er innanda av Gud og er dugleg til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd,

17 so gudsmannen kann verta fullkomen, dugleg til all god gjerning.

4. kapitlet

1 Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus, som skal døma livande og daude, og ved hans openberring og hans rike:

2 Forkynn ordet, statt nær med det i tid og i utid, yvertyd, refs, påminn med alt langmod og all læra!

3 For det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den heilsame læra, men etter sine eigne lyster taka seg sjølve lærarar i flokketal, med di dei klæjar dei i øyra,

4 og dei skal venda øyra frå sanningi og venda seg til eventyr.

5 Men ver du edru i alle ting, lid vondt, gjer ein evangeli-forkynnars gjerning, fullfør di tenesta!

6 For eg vert alt ofra, og tidi til mi avferd stundar til.

7 Eg hev stridt den gode striden, eg hev fullenda laupet, eg hev halde trui.

8 So ligg då rettferdskransen reidug til meg, den som Herren, den rettferdige domar, skal gjeva meg på hin dagen, då ikkje berre meg, men alle som hev elska hans openberring.

9 Gjer deg umak med å koma snart til meg!

10 For Demas forlet meg av kjærleik til den noverande verdi og for til Tessalonika, Kreskens til Galatia, Titus til Dalmatia.

11 Lukas er åleine hjå meg. Tak Markus og før honom med deg, for han er meg nyttug til tenesta.

12 Tykikus hev eg sendt til Efesus.

13 Når du kjem, so tak med deg den kåpa som eg let att i Troas hjå Karpus, og bøkerne, serleg skinnbøkerne!

14 Koparsmeden Aleksander gjorde meg mykje vondt. Herren kjem til å løna han etter hans gjerningar!

15 Agta deg for honom du og! for han stod hardt imot våre ord.

16 Ved mitt fyrste forsvar møtte ingen med meg, men alle forlet meg. Gjev det ikkje må verta deim tilrekna!

17 Men Herren stod med meg og styrkte meg, so forkynningi ved meg skulde verta fullførd, og alle folkeslag få høyra henne; og eg vart utfria or løvegapet.

18 Herren skal fria meg frå all vond gjerning og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Honom vere æra i all æva! Amen.

19 Helsa Priska og Akvilas og Onesiforus’ hus!

20 Erastus vart att i Korint. Trofimus let eg etter meg sjuk i Milet.

21 Gjer deg umak med å koma fyre vinteren! Eubulus og Pudens og Linus og Klaudia og alle brørne helsar deg.

22 Herren Jesus vere med di ånd! Nåden vere med dykk!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021