Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Paulus brev til efesarane

Paulus’ brev til efesarane

1. kapitlet

1 Paulus, Jesu Kristi apostel ved Guds vilje, til dei heilage i Efesus som trur på Kristus Jesus:

2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!

3 Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, som hev velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus,

4 liksom han valde oss ut i honom, fyrr verdi vart grunnlagd, at me skulde vera heilage og ulastelege for hans åsyn,

5 med di han i kjærleik fyreåt etla oss til barnekår hjå seg sjølv ved Jesus Kristus etter si frie vilje-rådgjerd,

6 til lov for sin herlege nåde, som han gav oss i honom som han elskar.

7 I honom hev me utløysingi ved hans blod, forlating for synderne, etter rikdomen av hans nåde,

8 som han gav oss rikleg i all visdom og vitsemd,

9 då han kunngjorde oss løyndomen um sin vilje etter si frie rådgjerd, som han fyresette seg med seg sjølv,

10 um eit hushald han vilde skipa når tiderne var fullkomne, nemleg at han atter vilde sameina alt til eitt i Kristus, både det som er i himmelen, og det som er på jordi.

11 Og i honom hev me og fenge arvlut, etter at me fyreåt var etla dertil etter hans fyresetning som verkar alt etter si vilje-rådgjerd,

12 so me skulde vera hans herlegdom til lov, me som fyreåt hadde vona på Kristus.

13 Og i honom hev de og, då de hadde høyrt sannings-ordet, evangeliet um dykkar frelsa - i honom hev de og, då de hadde teke ved trui, fenge til innsigle den Heilage Ande, som var oss lova,

14 han som er pantet på vår arv til hans eigedomsfolks utløysing, hans herlegdom til lov.

15 Difor, sidan eg høyrde um dykkar tru på Herren Jesus og um dykkar kjærleik til alle dei heilage,

16 so held eg ikkje upp med å takka for dykk når eg kjem dykk i hug i mine bøner,

17 at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Fader, må gjeva dykk visdoms og openberrings Ande til kunnskap um seg,

18 og gjeva dykkar hug upplyste augo, so de kann kjenna kva von det er han hev kalla dykk til, og kor rik på herlegdom hans arv er ibland dei heilage,

19 og kor yvervættes stor hans magt er for oss som trur, etter verknaden av hans velduge kraft,

20 som han synte på Kristus, då han vekte honom upp frå dei daude og sette honom ved si høgre hand i himmelen,

21 høgt yver all magt og yverråd og alt velde og herredøme og yver kvart namn som vert nemnt, ikkje berre i denne verdi, men og i den tilkomande,

22 og han lagde alt under hans føter og gav honom som hovud yver alle ting åt kyrkja,

23 som er hans likam, fyllt av honom som fyller alt i alle.

2. kapitlet

1 Ogso dykk hev han gjort livande, de som var daude i dykkar misgjerningar og synder,

2 som de fordom ferdast i etter tidarfaret i denne verdi, etter hovdingen yver hermagti i lufti, den åndi som no verkar i borni til vantrui,

3 og millom deim ferdast og me alle fordom i vårt kjøts lyster, då me gjorde det som kjøtet og tankarne vilde, og var av naturi vreidens born liksom dei andre.

4 Men Gud, som er rik på miskunn, hev for sin store kjærleik skuld, som han elska oss med,

5 gjort oss livande med Kristus, endå me var daude i våre misgjerningar - av nåde er de frelste! -

6 og vekt oss upp med honom og sett oss med honom i himmelen, i Kristus Jesus,

7 so han i dei komande tider kunde visa den ovstore rikdomen av sin nåde ved godleik imot oss i Kristus Jesus.

8 For av nåde er de frelste, ved tru, og det ikkje av dykk, det er Guds gåva,

9 ikkje av gjerningar, so ikkje nokon skal rosa seg.

10 For me er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar, som Gud fyreåt emna til, so me skulde ferdast i deim.

11 Kom difor i hug, at de som fordom var heidningar i kjøtet og var kalla fyrehud av det dei kallar umskjering, den på kjøtet, som vert gjord med handi,

12 at de på den tid var utan Kristus, utestengde frå Israels borgarskap og framande for pakterne med deira lovnad, utan von og utan Gud i verdi.

13 Men no, i Kristus Jesus er de som fordom var langt burte, komne nær til ved Kristi blod.

14 For han er vår fred, han som gjorde dei tvo til eitt og braut ned det gjerdet som var skilveggen, fiendskapen,

15 då han ved sitt kjøt avlyste den lovi som kom med bod og fyresegner, so han ved seg sjølv kunde skapa dei tvo til eitt nytt menneskje, med di han gjorde fred,

16 og forlika deim båe tvo i ein likam med Gud ved krossen, då han på denne slo fiendskapen i hel.

17 Og han kom og forkynte fred for dykk som var langt burte, og fred for deim som var nær.

18 For ved han hev me båe tvo i ein Ande tilgjenge til Faderen.

19 So er de no ikkje lenger framande og utlendingar, men medborgarar med dei heilage og Guds husfolk,

20 uppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men Jesus Kristus er sjølv hyrnesteinen,

21 som kvar bygning vert samanbunden ved og veks upp til eit heilagt tempel i Herren,

22 og i honom vert de og uppbygde med dei andre til ein Guds bustad i Anden.

3. kapitlet

1 For den skuld bøygjer eg mine kne, eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykk heidningar -

2 um de elles hev høyrt um hushaldet med den Guds nåde som eg hev fenge for dykk,

3 at han ved openberring kunngjorde meg den løyndomen so som eg ovanfor hev skrive med få ord,

4 so de av det, når de les det, kann sjå mitt skyn på Kristi løyndom,

5 som i forne tidebolkar ikkje hev vorte kunngjord for menneskjeborni, so som han no er openberra for hans heilage apostlar og profetar ved Anden:

6 at heidningarne er medervingar og høyrer med til likamen og hev lut med i lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet,

7 det som eg vart tenar for etter den Guds nådegåva som eg hev fenge ved verknaden av hans magt.

8 Eg, den aller ringaste av alle dei heilage, fekk denne nåden, å forkynna heidningarne evangeliet um Kristi uransakelege rikdom

9 og upplysa alle um korleis hushaldet er med den løyndomen som frå ævelege tider hev vore løynd i Gud, som hev skapt alle ting,

10 for di at Guds mangfaldige visdom no gjenom kyrkja skulde verta kunngjord for magterne og herredømi i himmelen,

11 etter den fyresetning frå ævelege tider som han fullførde i Kristus Jesus, vår Herre,

12 han som me hev fenge fritt mod ved og tilgjenge med tillit ved trui på honom.

13 Difor bed eg at de ikkje må tapa modet ved dei trengslor eg lid for dykk, og som er dykkar æra. -

14 For den skuld bøygjer eg mine kne for Faderen,

15 som er den rette fader for alt som heiter barn i himmelen og på jordi,

16 at han etter rikdomen av sin herlegdom må gjeva dykk å verta styrkte med kraft ved hans Ande i dykkar indre menneskje,

17 at Kristus må bu ved trui i dykkar hjarto, [Stu21: 18] so de, rotfeste og grunnfeste i kjærleik,

18 må magtast å fata med alle dei heilage, kva breidd og lengd og dypt og høgd det er,

19 og kjenna Kristi kjærleik, som gjeng yver all kunnskap, so de kann verta fyllte til all Guds fylla.

20 Men honom som er megtig til å gjera yver alle ting, ovlangt yver det som me bed um eller skynar, etter den kraft som er verksam i oss,

21 honom vera æra i kyrkja og i Kristus Jesus gjenom alle ætter i alle ævor! Amen.

4. kapitlet

1 Eg legg dykk då på hjarta, eg den bundne i Herren, at de må ferdast so som verdigt er for det kallet som de vart kalla med,

2 med all audmykt og spaklynde, med langmod, so de toler kvarandre i kjærleik

3 og legg vinn på å halda Andens einskap i fredsens samband:

4 Ein likam og ein Ande, liksom de og er kalla med ei von i dykkar kall,

5 ein Herre, ei tru, ein dåp,

6 ein Gud og Fader til alle, han som er yver alle og gjenom alle og i alle.

7 Men kvar og ein av oss hev fenge nåden etter det målet som Kristi gåva vert mælt med.

8 Difor segjer Skrifti: «Han for upp i det høge og førde burt fangar og gav menneski gåvor.»

9 Men det at han for upp, kva er det, utan at han og fyrst for ned til lægderne på jordi?

10 Han som for ned, han er den same som for upp yver alle himlar, for at han skulde fylla alt.

11 Og det er han som gav oss sume til apostlar, sume til profetar, sume til evangelistar, sume til hyrdingar og lærarar,

12 so dei heilage kunde verta fullt tilbudde til å gjera tenesta, til å byggja upp Kristi likam,

13 til dess me alle saman når fram til einskapen i trui og i kjennskapen til Guds Son, til mogen manndom, til aldersmålet for Kristi fylla,

14 so me ikkje lenger skal vera umynduge og lata oss kasta og driva um av kvar lærdoms vind ved meinspel av menneski, ved sløgd i illråder som dei villfarande finn på,

15 men at me, true mot sanningi i kjærleik, i alle måtar skal veksa upp til honom som er hovudet, Kristus,

16 so heile likamen, samanknytt og samanfest ved kvart band som han gjev, veks sin vokster som likam ut ifrå honom til si uppbyggjing i kjærleik, alt etter den verksemd som er tilmælt kvar lem.

17 Dette segjer eg då og vitnar i Herren, at de ikkje lenger må ferdast som heidningarne ferdast i sin hugs fåfengd,

18 formyrkte i sin tanke, framande vortne for Guds liv ved den vankunna som er i deim for deira forherde hjarto skuld,

19 med di dei hev vorte tykkjelause og hev gjeve seg til ulivnad, til all ureinskaps gjerd med havesykja.

20 Men de hev ikkje lært soleis um Kristus,

21 um de elles hev høyrt um honom og er upplærde i honom, so som sanning er i Jesus:

22 at de etter dykkar fyrre livsferd skal leggja av det gamle menneskje, som vert tynt ved dei dårande lyster,

23 men verta uppnya ved Anden i dykkar hug

24 og klæda dykk i det nye menneskje, som er skapt etter Gud med den rettferd og heilagdom som sanningi verkar.

25 Legg difor av lygni og tala sanning kvar med sin næste, av di me er kvarannans lemer.

26 Vert de vreide, so synda ikkje! Lat ikkje soli ganga ned yver dykkar harm!

27 Og gjev ikkje djevelen rom!

28 Den som stal, stele ikkje lenger, men arbeide heller og gjere noko godt med sine hender, so han kann hava noko å gjeva til dei trengande.

29 Ingen roten tale koma ut or dykkar munn, men slik tale som er god til naudsynleg uppbyggjing, so det må vera til gagn for deim som høyrer på,

30 og gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, han som de hev fenge til innsigle til utløysingsdagen!

31 All illska og villska og vreide og skriking og spotting vere langt ifrå dykk liksom all vondskap!

32 Men ver gode mot kvarandre, miskunnsame, so de tilgjev kvarandre, liksom og Gud hev tilgjeve dykk i Kristus.

5. kapitlet

1 Vert difor Guds etterfylgjarar som hans kjære born,

2 og ferdast i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss til ei gåva og eit offer, Gud til ein hugleg ange!

3 Men utukt og all ureinskap eller havesykja må ikkje eingong verta nemnde millom dykk, so som det sømer seg for heilage,

4 og skjemdarferd og dårlegt svall og lauslyndt skjemt, som alt saman er usømelegt, men heller takksegjing!

5 For dette veit de og skynar, at ingen horkar eller urein eller girug - som er ein avgudsdyrkar - hev arv i Kristi og Guds rike.

6 Lat ingen dåra dykk med tome ord! for av slike ting kjem Guds vreide yver dei vantruande!

7 Hav difor ingen ting saman med deim!

8 For de var fordom myrker, men no er de ljos i Herren; ferdast som born av ljoset

9 - for frukti av ljoset syner seg i all godleik og rettferd og sanning -

10 so de prøver kva som er Herren til hugnad,

11 og hav inkje samlag med dei fruktlause gjerningar av myrkret; men refs deim heller!

12 For det som løynlegt vert gjort av deim, er det skamlegt endå berre å tala um;

13 men når det vert refst, vert det alt saman openberra av ljoset; for alt som vert openberra, er ljos.

14 Difor segjer skrifti: «Vakna, du som søv, og statt upp frå dei daude, og Kristus skal lysa for deg!»

15 Sjå difor til korleis de kann ferdast varleg, ikkje som uvise, men som vise,

16 so de kjøper den laglege tid; for dagarne er vonde!

17 Ver difor ikkje uvituge, men skyna kva Herrens vilje er!

18 Og fyll dykk ikkje med vin, som det er skamløysa i, men vert fyllte med Anden,

19 so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren,

20 og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn,

21 og er kvarandre undergjevne i age for Kristus!

22 De konor, ver dykkar eigne menn undergjevne som Herren!

23 For mannen er hovudet for kona, liksom Kristus er hovudet for kyrkja, han som er frelsaren for sin likam.

24 Men liksom kyrkja er Kristus undergjevi, so skal og konorne vera sine eigne menner undergjevne i alle ting.

25 De menner, elska konorne dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,

26 so han kunde helga henne, med di han reinsa henne ved vatsbadet i ordet,

27 so han kunde framstella kyrkja for seg i herlegdom, utan flekk eller rukka eller noko slikt, men so ho kunde vera heilag og ulasteleg.

28 Soleis er mennerne skuldige til å elska konorne sine som sine eigne likamar. Den som elskar si kona, elskar seg sjølv.

29 For aldri hev nokon hata sitt eige kjøt, men han føder og fjelgar det, liksom Kristus gjer med kyrkja;

30 for me er lemer på hans likam.

31 Difor skal mannen skiljast med far og mor og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt.

32 Denne løyndomen er stor - men eg tenkjer på Kristus og kyrkja.

33 Men de og skal elska kvar si kona som seg sjølv, og kona hava age for mannen.

6. kapitlet

1 De born, lyd dykkar foreldre i Herren, for det er rett!

2 «Heidra far din og mor di» - dette er det fyrste bodet med lovnad -

3 «at det må ganga deg vel, og du må leva lenge i landet.»

4 Og de feder, arga ikkje dykkar born, men fostra deim upp i Herrens tukt og påminning!

5 De tenarar, ver lyduge mot dykkar herrar etter kjøtet med age og otte i dykkar hjartans einfelde som mot Kristus,

6 ikkje med augnetenesta, liksom dei som vil tekkjast menneskje, men som Kristi tenarar, so de gjer Guds vilje av hjarta

7 og godviljugt tener som for Herren og ikkje som for menneskje,

8 då de veit, at kva godt kvar gjer, det skal han få att av Herren, anten han so er tenar eller fri mann.

9 Og de herrar, gjer det same mot deim, so de let vera å truga; for de veit at både deira og dykkar Herre er i himmelen, og han gjer ikkje skil på folk.

10 Elles, vert sterke i Herren og i hans veldes kraft!

11 Klæd dykk i Guds fulle herbunad, so de kann standa dykk imot djevelens svikråder!

12 For me hev ikkje strid mot blod og kjøt, men mot herrevelde, mot magter, mot heimsens herrar, som råder i myrkret i denne tid, mot vondskaps åndeher i himmelrømdi.

13 Tak difor Guds fulle herbunad på, so de kann standa imot på den vonde dag og verta standande når de hev vunne yver alt.

14 So statt då umgyrde um dykkar lend med sanning og klædde i rettferds-brynja,

15 og umbundne på føterne med den tilbunad som evangeliet um freden gjev.

16 Og tak attåt alt dette tru-skjolden, so de dermed kann sløkkja alle gloande piler frå den vonde!

17 og tak frelse-hjelmen, og Andens sverd, som er Guds ord,

18 medan de alltid bed i Anden med all bøn og påkalling og er årvakne deri med all trott og bøn for alle dei heilage,

19 og for meg med, at det må verta gjeve meg ord når eg opnar min munn, til å forkynna fritt mod løyndomen i evangeliet,

20 den som eg er sendebod for i lekkjor, at eg må tala med frimod um det, soleis som eg bør tala.

21 Men at de og kann få vita um mitt tilstand, korleis det gjeng meg, skal Tykikus kunngjera dykk alt, han den kjære bror og true tenar i Herren,

22 som eg just difor sender til dykk at de skal få vita korleis det er med oss, og at han kann trøysta dykkar hjarto.

23 Fred vere med brørne og kjærleik med tru frå Gud Fader og Herren Jesus Kristus!

24 Nåde vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus med uforgjengeleg kjærleik!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021