Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Paulus brev til galatarane

Paulus’ brev til galatarane

1. kapitlet

1 Paulus, apostel, ikkje av menneskje og ikkje ved noko menneskje, men ved Jesus Kristus og Gud Fader, som vekte honom upp frå dei daude,

2 og alle brørne som er hjå meg - til kyrkjelydarne i Galatia:

3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud Fader og vår Herre Jesus Kristus,

4 som gav seg sjølv for våre synder, so han kunde fria oss ut or den noverande vonde verdi etter vår Gud og Faders vilje;

5 honom vere æra i all æve! Amen.

6 Eg undrast på at de so snøgt vender dykk frå honom som kalla dykk ved Kristi nåde, til eit anna evangelium,

7 endå det ikkje finst noko anna, det er berre sume som forviller dykk og vil forvenda Kristi evangelium.

8 Men um so me eller ein engel frå himmelen forkynner dykk eit anna evangelium enn det som me hev forkynt dykk, han vere bannstøytt!

9 Som me hev sagt fyrr, so segjer eg no på nytt: Um nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de tok imot, han vere bannstøytt!

10 Talar eg no menneskje eller Gud til viljes, eller søkjer eg å gjera menneskje til lags? Vilde eg enno gjera menneskje til lags, var eg ikkje Kristi tenar.

11 Eg kunngjer dykk, brør, at det evangelium som eg hev forkynt, er ikkje menneskjeverk;

12 for ikkje eg heller fekk det eller lærde det av noko menneskje, men ved Jesu Kristi openberring.

13 For de hev høyrt mi framferd fyrr, medan eg var jøde, at eg forfylgde Guds kyrkja ovleg hardt og tynte henne;

14 og i jødedomen gjekk eg lenger enn mange av jamaldringarne mine i mitt folk, med di eg var endå meir ihuga for mine fedre-lærdomar.

15 Men då det tektest honom som valde meg ut alt frå mors liv og kalla meg ved sin nåde,

16 å openberra sin Son i meg, at eg skulde forkynna evangeliet um honom millom heidningarne, då samrådde eg meg ikkje med kjøt og blod

17 og drog ikkje heller upp til Jerusalem til deim som var apostlar fyre meg; men eg for straks burt til Arabia og vende um att til Damaskus.

18 Sidan, tri år etter, for eg upp til Jerusalem og vilde verta kjend med Kefas, og hjå honom vart eg verande femtan dagar.

19 Men nokon annan av apostlarne såg eg ikkje, utan Jakob, Herrens bror.

20 Det som eg skriv til dykk - sjå, Gud veit at eg ikkje lyg det.

21 So kom eg til bygderne i Syria og Kilikia.

22 Men av åsyn var eg ukjend for dei kristne kyrkjelydarne i Judæa.

23 Dei hadde berre høyrt gjete: «Han som fyrr forfylgde oss, han forkynner no den trui som han fyrr øydde ut.»

24 Og dei lova Gud for meg.

2. kapitlet

1 Fjortan år etter drog eg upp til Jerusalem att med Barnabas og tok Titus og med.

2 Men eg gjekk upp ei openberring. Og eg lagde fram for deim, serleg for deim som galdt mest, det evangeliet som eg forkynner for heidningarne, um eg vel laupte eller hadde laupe til fåfengs.

3 Men ikkje Titus jamvel, som var med meg, vart nøydd til å lata seg umskjera, enda han var grækar -

4 og det for dei falske brørne skuld, som hadde snikt seg inn og var komne dit til å lura på den fridomen som me hev i Kristus Jesus, so dei kunde få oss under trældom.

5 Men for dei veik me ikkje ein augneblink i nokor etterlæta, for at sanningi i evangeliet skulde standa fast hjå dykk.

6 Men dei som galdt for å vera noko - kor store dei var, kjem ikkje meg ved; Gud gjer ikkje skil på folk - dei som galdt mest, lagde ikkje på meg noko meir,

7 men tvert imot, då dei såg at evangeliet for dei u-umskorne var yverlate til meg, liksom for dei umskorne til Peter

8 - for han som gav Peter kraft til aposteltenesta millom dei umskorne, han gav og meg kraft til det millom heidningarne -

9 og då dei lærde å kjenna den nåde som var meg gjeven, so gav Jakob og Kefas og Johannes, som galdt for å vera hovudstolpar, meg og Barnabas si høgre hand til samfund, at me skulde ganga til heidningarne, men dei til dei umskorne,

10 berre at me skulde hugsa på dei fatige, og det hev eg lagt vinn på å gjera.

11 Men då Kefas kom til Antiokia, sagde eg honom imot beint upp i opne augo, av di det var klaga på honom.

12 For fyrr det kom nokre frå Jakob, åt han i lag med heidningarne; men då dei kom, heldt han seg undan og skilde seg ifrå, av di han var rædd for dei umskorne.

13 Og med honom hykla dei andre jødarne og, so jamvel Barnabas vart dregen med inn i hyklingi deira.

14 Men då eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanningi i evangeliet, då sagde eg til Kefas so alle høyrde på: «Når du som er jøde, liver som heidning og ikkje som jøde, kvi nøydar du so heidningarne til å liva som jødar?»

15 Me er fødde jødar og ikkje syndarar, fødde heidningar.

16 Men då me skyna at eit menneskje ikkje vert rettferdiggjort ved lovgjerningar, men ved tru på Kristus Jesus, so trudde me og på Kristus Jesus, so me kunde verta rettferdiggjorde av tru på Kristus og ikkje av lovgjerningar; for ved lovgjerningar vert inkje kjøt rettferdiggjort.

17 Men dersom me, då me freista å verta rettferdiggjorde i Kristus, ogso sjølve vart funne som syndarar - skulde so Kristus vera ein tenar for synd? Nei, langt ifrå!

18 For dersom eg byggjer upp att det same som eg reiv ned, so syner eg meg sjølv som ein lovbrjotar.

19 For eg er ved lovi daud for lovi, so eg kann liva for Gud.

20 Eg er krossfest med Kristus, eg liver ikkje sjølv meir, men Kristus liver i meg, og det livet eg no liver i kjøtet, det liver eg i trui på Guds son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.

21 Eg mismæter ikkje Guds nåde; for dersom rettferd er å vinna ved lovi, so døydde Kristus utan grunn.

3. kapitlet

1 Å, de uvituge galatarar! kven hev trylt dykk, de som hev fenge Jesus Kristus måla for augo som krossfest?

2 Berre det vil eg få vita av dykk: Fekk det Anden ved lovgjerningar eller ved å høyra trui forkynt?

3 Er de so uvituge? De tok til i ånd; vil de no fullenda i kjøt?

4 So mykje hev de røynt til unyttes? - um det då elles er til unyttes.

5 Og han som gjev dykk Anden og gjer kraftverk millom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved å forkynna trui?

6 Liksom Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd.

7 Difor skal de vita, at dei som hev tru, dei er Abrahams born.

8 Men Skrifti såg fyreåt at Gud vilde gjera heidningarne rettferdige ved tru, og gav so Abraham fyreåt det fagnadbodet: «I deg skal alle folkeslag verta velsigna.»

9 So vert då dei som hev tru, velsigna med den truande Abraham.

10 For so mange som held seg til lovgjerningar, dei er under forbanning; for det stend skrive: «Forbanna er kvar den som ikkje held ved i alt det som stend skrive i lovboki, so han gjer etter det.»

11 Men at ingen vert rettferdiggjord for Gud ved lovi, det er audsynlegt; for «den rettferdige, ved tru skal han liva.»

12 Men lovi hev ingen ting med trui å gjera, men «den som gjer so, skal liva ved det.»

13 Kristus kjøpte oss frie frå forbanningi av lovi, då han vart ei forbanning for oss - for det er skrive: «Forbanna er kvar den som heng på eit tre» -

14 so velsigningi åt Abraham kunde koma yver heidningarne i Kristus Jesus, so me ved trui kunde få Anden, som var oss lova.

15 Brør! eg talar på menneskjevis. Ingen gjer då ei pakt av eit menneskje ugild eller legg noko til etter ho er stadfest.

16 Men lovnaderne vart gjevne til Abraham og hans ætt; han segjer ikkje: «Og ættingarne» liksom um mange, men som um ein: «Og di ætt», og det er Kristus.

17 Det eg vil segja, er dette: Ei pakt som fyreåt er stadfest av Gud, henne kann lovi, som vart gjevi fire hundrad og tretti år seinare, ikkje gjera ugild, so ho skulde gjera lovnaden til inkjes.

18 For er arven av lov, so er han ikkje meir av lovnad; men Gud gav Abraham honom ved lovnad.

19 Kva skulde so lovi til? Ho vart sett attåt for misgjerderne skuld, til dess den ætti kom som lovnaden galdt um - tilskipa av englar, ved ein millommanns hand;

20 men ein millommann er ikkje berre for ein; men Gud er ein.

21 Er so lovi imot Guds lovnader? Langt ifrå! for var det gjeve ei lov som hadde magt til å gjera livande, so kom rettferdi verkeleg av lovi.

22 Men Skrifti hev stengt alt inn under synd, so det som var lova, skulde ved tru på Jesus Kristus verta gjeve deim som trur.

23 Men fyrr trui kom, vart me haldne innestengde i varetekt under lovi til den tru som skulde openberrast.

24 So hev då lovi vorte vår tuktemeister til Kristus, so me skulde verta rettferdiggjorde av tru.

25 Men no, då trui er komi, er me ikkje lenger under tuktemeisteren;

26 for de er alle Guds born ved trui på Kristus Jesus.

27 For de, so mange som er døypte til Kristus, de hev iklædt dykk Kristus.

28 Her er ikkje jøde eller grækar, her er ikkje træl eller fri mann, her er ikkje mann og kvinna; for de er alle ein i Kristus Jesus.

29 Men høyrer de Kristus til, so er de og Abrahams ætt, ervingar etter lovnaden.

4. kapitlet

1 Men eg segjer: So lenge ervingen er barn, er det ingen skilnad på honom og trælen, endå han er herre yver alt saman;

2 men han er under uppsynsmenner og rådsmenner til den tidi faren fyreåt hev fastsett.

3 Soleis var me og, so lenge me var born, trælbundne under barnelærdomen til verdi.

4 Men då tidi var fullkomi, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinna, fødd under lovi,

5 so han kunde kjøpa deim frie, som var under lovi, so me kunde få barneretten.

6 Men av di de er søner, hev Gud sendt inn i hjarto våre sin sons Ande, som ropar: «Abba, Fader!»

7 So er du då ikkje lenger træl, men son. Men er du son, so er du og erving ved Gud.

8 Men den tid de ikkje kjende Gud, træla de under dei gudar som i røyndi ikkje er gudar.

9 Men no, då de kjenner Gud og - det som meir er - er kjende av Gud, kor kann de då venda atter til den veike og fatige barnelærdomen? Vil de atter å nyo træla under honom?

10 De tek vare på dagar og månader og tider og år;

11 eg ottast for dykk, at eg kann henda fåfengt hev gjort meg møda med dykk.

12 Vert liksom eg, for eg er liksom de; brør! eg bed dykk; de hev ingen urett gjort meg.

13 Men de veit at det var på grunn av ei vanhelsa i kjøtet, at eg fyrste gongen kom til å forkynna dykk evangeliet,

14 og endå mitt kjøt kunde freista dykk til det, vanvyrde de meg ikkje og støytte meg ikkje burt; men de fagna meg som ein Guds engel, ja, som Kristus Jesus.

15 Kor de prisa dykk sæle den gongen! for det vitnar eg um dykk, at um det hadde vore mogelegt, so hadde de rive ut augo dykkar og gjeve meg.

16 Og so hev eg vorte dykkar fiende ved å segja dykk sanningi!

17 Dei syner ein ihuge for dykk som ikkje er god; men dei vil stengja dykk ute, so de skal vera ihuga for deim.

18 Men det er godt å vera ihuga for det gode alltid, og ikkje berre når eg er hjå dykk.

19 Mine born, som eg atter føder med sår verk, til dess Kristus fær skapnad i dykk!

20 Eg skulde ynskja eg var hjå dykk no og kunde brigda mi røyst; for eg er i vanråd med dykk.

21 Seg meg, de som vil vera under lovi, høyrer de ikkje lovi?

22 For det stend skrive at Abraham hadde tvo søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna.

23 Men son åt trælkvinna er fødd etter kjøtet, men son åt den frie kvinna etter lovnaden.

24 I dette ligg det ei djupare meining under; for desse kvinnorne er tvo pakter: den eine frå Sinaifjellet, som føder til trældom, dette er Hagar;

25 for «Hagar» er Sinaifjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er; for det er i trældom med borni sine.

26 Men det Jerusalem som er der uppe, er fritt, og det er mor vår.

27 For det stend skrive: «Ver glad, du barnlause, som ikkje føder; kved i og ropa, du som ikkje hev barnerider! for borni hennar som er einsleg, er mange fleire enn hennar som hev mannen.»

28 Men me, brør, er born etter lovnaden, liksom Isak.

29 Men liksom den gongen han som var fødd etter kjøtet, forfylgde honom som var fødd etter åndi, soleis er det no og.

30 Men kva segjer Skrifti? «Driv ut trælkvinna og son hennar; for son åt trælkvinna skal slett ikkje taka arv med son åt den frie kvinna.»

31 So er me då, brør, ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.

5. kapitlet

1 Til fridom hev Kristus frigjort oss; statt difor faste og lat deim ikkje få dykk inn att under trældoms ok!

2 Sjå, eg, Paulus, segjer dykk, at um de let dykk umskjera, so vil Kristus inkje gagna dykk.

3 Atter vitnar eg for kvart menneskje som let seg umskjera, at han er skuldig til å halda heile lovi.

4 De som vil verta rettferdiggjorde ved lovi, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden.

5 For i trui ventar me i Anden på det som rettferdi gjev oss von um;

6 for i Kristus Jesus gjeld korkje umskjering eller fyrehud noko, men berre tru som er verksam i kjærleik.

7 De heldt godt fram; kven hindra dykk frå å lyda sanningi?

8 Denne yverteljingi er ikkje frå honom som kalla dykk.

9 Ein liten surdeig syrer heile deigen.

10 Eg hev den tiltru til dykk i Herren, at de inkje anna vil tenkja. Men den som forviller dykk, han skal få sin dom, kven han so er.

11 Men eg, brør, um eg enno forkynner umskjering, kvi vert eg endå forfylgd? då er vel krossens støytestein burtteken.

12 Gjev dei måtte skjera seg sjølve sund, dei som eggjar dykk upp!

13 For de, brør, er kalla til fridom. Bruk berre ikkje fridomen til høve for kjøtet; men ten kvarandre i kjærleik!

14 for heile lovi er uppfyllt i eitt bod, i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv!»

15 Men dersom de bit og et kvarandre, so sjå til at de ikkje et kvarandre upp!

16 Men eg segjer: Ferdast i Anden, so skal de ikkje fullføra kjøtsens lyst!

17 For kjøtet er huga tvert imot Anden, men Anden imot kjøtet; for desse stend imot kvarandre, so de ikkje skal gjera det som de vil.

18 Men dersom de vert drivne av Anden, då er de ikkje under lovi.

19 Men kjøtsens gjerningar er openberre, slike som: Utukt, ureinskap, lauslivnad,

20 avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, kiv, ovund, vreide, stridssykja, tvidrag, sundringar,

21 misunning, mord, drykk, svir og meir slikt; um dette segjer eg dykk fyreåt, likesom eg fyrr hev sagt, at dei som fer med slikt, skal ikkje erva Guds rike.

22 Men Andens frukt er kjærleik, gleda, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap,

23 [Stu21: 22] spaklynde, fråhald. [Stu21: 23] Mot slike er ikkje lovi.

24 Men dei som høyrer Kristus Jesus til, dei hev krossfest kjøtet med fysnorne og lysterne.

25 Liver me i Anden, so lat oss og ferdast i Anden!

26 Lat oss ikkje søkja fåfengd æra, so me eggjar kvarandre og ovundar kvarandre!

6. kapitlet

1 Brør! um og eit menneskje vert fanga av nokor synd, so må de som er åndelege, retta på honom med spaklyndes ånd; men sjå deg sjølv fyre, at ikkje du og skal vert freista!

2 Ber byrderne for kvarandre, og uppfyll soleis Kristi lov!

3 For dersom nokon tykkjest vera noko og er då ingen ting, so dårar han seg sjølv.

4 Men kvar skal prøva si eigi gjerning, og so skal han hava ros etter det han sjølv er, og ikkje etter likning med den andre;

5 for kvar skal bera si eigi byrd.

6 Den som vert upplærd i ordet, skal gjeva den som lærer honom alt godt saman med seg!

7 Far ikkje vilt! Gud let seg ikkje spotta; for det som eit menneskje sår; det skal han og hausta.

8 For den som sår i sitt kjød, skal hausta tjon av kjøtet; men den som sår i Anden, han skal hausta ævelegt liv av Anden.

9 Men lat oss ikkje verta trøytte av å gjera det gode! for i si tid skal me hausta, berre me ikkje trøytnar.

10 Lat oss då, medan me hev høve til det, gjera det gode mot alle, men mest mot brørne i trui!

11 Sjå kor store bokstavar eg skriv med til dykk med mi eigi hand!

12 So mange som vil synast gode etter kjøtet, dei nøyder dykk til å verta umskorne, berre for di at dei ikkje skal verta forfylgde for Kristi kross.

13 For ikkje ein gong dei som vert umskorne, held lovi sjølve; men dei vil at de skal verta umskorne, so dei kann rosa seg av dykkar kjøt.

14 Men det vere langt ifrå meg å rosa meg av anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross; for honom er verdi krossfest for meg, og eg for verdi.

15 For korkje umskjering eller fyrehud er noko, men berre ein ny skapning.

16 Og so mange som gjeng fram etter denne rettesnor, fred og miskunn vere yver deim og yver Guds Israel!

17 Heretter må ingen gjera meg bry! for eg ber Jesu merke på min likam.

18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021