Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Paulus fyrste brev til tessalonikarane

Paulus’ fyrste brev til tessalonikarane

1. kapitlet

1 Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud Fader og Herren Jesus Kristus: Nåde vere med dykk og fred!

2 Me takkar alltid Gud for dykk alle, når me kjem dykk i hug i bønerne våre,

3 med di me uavlatande minnest dykkar verksemd i trui og arbeid i kjærleiken og tolmod i voni på vår Herre Jesus Kristus for vår Gud og Faders åsyn,

4 då me er visse på at de er utvalde, brør, de som er elska av Gud.

5 For vårt evangelium kom ikkje til dykk berre i ord, men og i kraft og i den Heilage Ande og i stor fullvissa, liksom de veit korleis me var millom dykk for dykkar skuld;

6 og de vart etterfylgjarar til oss og til Herren då de tok imot ordet i myki trengsla med gleda i den Heilage Ande,

7 so de vart eit fyredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.

8 For ifrå dykk hev Herrens ord ljoda ut, ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader er dykkar tru på Gud komi ut, so me ikkje treng til å tala noko um det;

9 for dei fortel sjølve um oss, kva inngang me fann hjå dykk, og korleis de vende dykk til Gud frå avgudarne, til å tena den livande og sanne Gud

10 og venta på hans son frå himmelen, honom som han vekte upp frå dei daude, Jesus, som frelsar oss frå den komande vreiden.

2. kapitlet

1 For de veit sjølve, brør, um vår inngang hjå dykk, at han ikkje hev vore til fåfengs.

2 Men endå me fyreåt hadde lide og vorte ille medfarne i Filippi, som de veit, fekk me då frimod i vår Gud til å tala Guds evangelium til dykk i stor strid.

3 For vår forkynning kjem ikkje av villfaring eller av urein hug eller med svik.

4 Men liksom me er haldne verdige av Gud til å få evangeliet yverlate, soleis talar me, ikkje som dei som vil tekkjast menneskje, men Gud, han som prøver hjarto våre.

5 For korkje kom me noko sinn med smeikjande ord, som de veit, eller med fyrebering for havesykja, Gud er vitne,

6 og ikkje heller søkte me æra av menneskje, korkje av dykk eller av andre, endå me kunde ha kravt vyrdnad som Kristi apostlar.

7 Men me var milde millom dykk: Som ei mor vermer borni ved barmen,

8 soleis var me i inderleg kjærleik til dykk viljuge til å gjeva dykk ikkje berre Guds evangelium, men og vårt eige liv med, av di de vart oss kjære.

9 For de minnest då, brør, vårt stræv og vår møda: Medan me arbeidde natt og dag, so me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla, forkynte me Guds evangelium for dykk.

10 De er vitne, og Gud med, kor heilagt og rettferdigt og ulastande me ferdast hjå dykk, de truande!

11 liksom de veit kor me påminte kvar og ein av dykk, som ein far borni sine, og lagde dykk på hjarta

12 og bad dykk inderleg at de skulde ferdast so som verdigt er for Gud, som hev kalla dykk til sitt rike og sin herlegdom.

13 Difor takkar me og uavlatande Gud for, at då de fekk det Guds ord me forkynte, so tok de imot det, ikkje som eit menneskje-ord, men - som det i sanning er - som eit Guds ord, som og ter seg verksamt i dykk som trur.

14 For de, brør, hev vorte etterfylgjarar til dei Guds kyrkjelydar som er i Kristus Jesus i Judæa; for de hev og lide det same av dykkar eigne samættingar som dei hev lide av jødarne,

15 som og slo Herren Jesus og profetarne i hel og forfylgde oss og ikkje er Gud til hugnad og stend alle menneskje imot,

16 då dei meinkar oss i å tala til heidningarne, at dei kann verta frelste - so dei alltid må fylla sitt syndemål. Men vreiden hev endeleg nått deim.

17 Men då me, brør, ei liti stund hadde vore skilde frå dykk med åsyn, ikkje med hjarta, so hev me i vår store lengting gjort oss so mykje større umak for å få sjå dykkar åsyn;

18 for me hev vilja koma til dykk - eg, Paulus, både ein gong og tvo gonger - men Satan hindra oss derifrå.

19 For kven er vel vår von eller gleda eller heiderskrans? Er ikkje de det og for vår Herre Jesu Kristi åsyn i hans tilkoma?

20 For de er vår æra og gleda.

3. kapitlet

1 Difor, då me ikkje lenger kunde halda det ut, rådde me oss til å verta åleine att i Aten,

2 og me sende Timoteus, vår bror og Guds tenar i Kristi evangelium, til å styrkja dykk og påminna dykk um dykkar tru,

3 at ikkje nokon skulde verta ustød i desse trengslor. De veit sjølve at me er sette til det;

4 for då me var hjå dykk, sagde me dykk fyreåt at me skulde lida trengslor, so som det og gjekk, og som de veit.

5 Difor sende eg og bod, då eg ikkje lenger kunde halda det ut, so eg kunde få vita um dykkar tru, um freistaren skulde ha freista dykk, og vårt arbeid skulde verta til unyttes.

6 Men no, då Timoteus er komen til oss frå dykk og hev bore oss godt bod um dykkar tru og kjærleik, og at de alltid hev oss i venlegt minne og lengtar etter å sjå oss, liksom me etter dykk,

7 so er me dermed trøysta yver dykk, brør, i all vår trengsla og naud, ved dykkar tru.

8 For no liver me, so framt de stend faste i Herren.

9 For kva takk kann me gjeva Gud att for dykk, for all den gleda som me kjenner yver dykk for vår Guds åsyn,

10 medan me natt og dag naudbed um å få sjå dykkar åsyn og bøta på det som endå vantar i dykkar tru?

11 Men han, vår Gud og Fader, og vår Herre Jesus styre vår veg til dykk!

12 Og dykk gjere Herren fullrådde og ovrike på kjærleik til kvarandre og til alle, liksom me er det mot dykk,

13 for at han kann styrkja hjarto dykkar, so de vert ulastelege i heilagdom for vår Gud og Faders åsyn, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage!

4. kapitlet

1 Elles no, brør, bed og påminner me dykk i Herren Jesus, at liksom de hev lært av oss korleis de skal ferdast og tekkjast Gud, som de og gjer, so må de alt meir fremdast deri.

2 For de veit kva bod me gav dykk ved Herren Jesus.

3 Dette er Guds vilje, dykkar helging: at de skal halda dykk frå utukt;

4 at kvar og ein av dykk veit å vinna seg sin eigen make i helging og æra,

5 ikkje med ovhug i lyst, so som heidningarne som ikkje kjenner Gud;

6 at ingen skal gjera bror sin uskil eller svik i det som han hev å gjera med honom; for Herren er hemnar for alt slikt, som me og fyrr hev sagt og vitna for dykk.

7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til helging.

8 Den som då mismæter dette, han mismæter ikkje eit menneskje, men Gud, som og gjev sin Heilage Ande i dykk.

9 Men um broderkjærleiken treng de ikkje til at nokon skriv til dykk; for de er sjølve lærde av Gud til å elska kvarandre;

10 for de gjer det og mot alle brørne i heile Makedonia. Men me legg dykk på hjarta, brør, at de alt meir må fremdast deri

11 og setja dykkar æra i å liva stilt og taka vare på dykkar eigne saker og arbeida med henderne, som me hev bode dykk,

12 so de må ferdast sømeleg med deim som er utanfor, og ikkje trenga til nokon.

13 Men eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um deim som er avsovna, so de ikkje skal syrgja liksom dei andre, som ikkje hev nokor von.

14 So sant som me trur at Jesus døydde og stod upp, so skal og Gud ved Jesus føra deim som er avsovna saman med honom.

15 For dette segjer me dykk med eit ord av Herren, at me som liver, som vert att til dess Herren kjem, ikkje skal koma i fyrevegen for deim som er avsovna;

16 for Herren sjølv skal koma ned frå himmelen med bjodande rop, med yverengels røyst og med Guds basun, for dei som er avlidne i Kristus, skal fyrst standa upp;

17 so skal me som liver, som vert att, saman med deim verta rykte i skyer upp i lufti til å møta Herren, og so skal me alltid vera med Herren.

18 So trøysta då kvarandre med desse ord!

5. kapitlet

1 Men um tiderne og stunderne treng de, brør, ikkje til at me skriv til dykk;

2 for de veit sjølve grant at Herrens dag kjem som ein tjuv um natti.

3 Når dei segjer: «Fred og ingen f re!» då kjem ein brå undergang yver deim, liksom føderidi yver den som er med barn, og dei skal slett ikkje sleppa undan.

4 Men de, brør, er ikkje i myrkret, so dagen skulde koma på dykk som ein tjuv;

5 for de er alle born av ljoset og born av dagen; me høyrer ikkje natti eller myrkret til.

6 Lat oss difor ikkje sova som dei andre, men lat oss vaka og vera ædrue!

7 For dei som søv, dei søv um natti, og dei som drikk seg drukne, dei er drukne um natti;

8 men me som høyrer dagen til, lat oss vera ædrue, klædde med den brynja som er tru og kjærleik, og med voni um frelsa som ein hjelm!

9 For Gud etla oss ikkje til vreide, men til å vinna frelsa ved vår Herre Jesus Kristus,

10 han som døydde for oss, so me, anten me vaker eller søv, skal liva saman med honom.

11 Påminn difor kvarandre, og uppbygg einannan innbyrdes, so som de og gjer!

12 Men me bed dykk, brør, at de skynar på deim som arbeider ibland dykk og er dykkar forstandarar i Herren og påminner dykk,

13 og at de vyrder deim storleg høgt i kjærleik for deira gjerning skuld! Haldt fred med kvarandre!

14 Og me legg dykk på hjarta, brør: Påminn dei uskipelege, trøysta dei vanmodige, hjelp dei veike, ver langmodige mot alle!

15 Sjå til at ingen gjev nokon vondt att for vondt, men stræva alltid etter det som godt er, både mot kvarandre og mot alle!

16 Ver alltid glade!

17 Bed uavlatande!

18 Takka for alle ting! for dette er Guds vilje i Kristus Jesus til dykk.

19 Sløkk ikkje ut Anden!

20 Mismæt ikkje profetord!

21 men prøv alt, hald fast på det gode!

22 Haldt dykk frå vondt av alle slag!

23 Men han sjølv, fredsens Gud, helga dykk heilt ut, og gjev at dykkar ånd og sjæl og likam må verta haldne fullkomne, ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem!

24 Han som hev kalla dykk, er trufast, han skal og gjera det.

25 Brør, bed for oss!

26 Helsa alle brørne med ein heilag kyss!

27 Eg manar dykk ved Herren, at de let brevet verta lese for alle dei heilage brørne.

28 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021