Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Peters fyrste brev

Peters fyrste brev

1. kapitlet

1 Peter, Jesu Kristi apostel, til dei utlendingar som er spreidde i Pontus, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia, utvalde

2 etter Gud Faders fyrevitende ved Andens helging til lydnad og yverskvetting med Jesu Kristi blod: Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!

3 Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, han som etter si store miskunn hev atterfødt oss til ei livande von ved Jesu Kristi uppstoda frå dei daude,

4 til ein uforgjengeleg og flekklaus og uvisneleg arv, som er gøymd i himmelen åt dykk,

5 de som ved Guds magt vert upphaldne ved trui til den frelsa som er ferdig til å verta openberra i den siste tid.

6 Det gled de dykk yver, um de og no ei lita stund - når so skal vera - er sorgtyngde i ymse freistingar,

7 so dykkar prøvde tru, som er mykje kostelegare enn det forgjengelege gull, som de veit vert prøvt i eld, må verta funni til lov og pris og æra i Jesu Kristi openberring,

8 han som de ikkje hev kjent, men endå elskar, han som de no ikkje ser, men endå trur på og gled dykk med usegjeleg og herleggjord gleda,

9 når de vinn fram til målet for trui, frelsa for sjælerne.

10 Um denne frelsa var det profetarne granska og grunda, dei som spådde um den nåde de skulde få,

11 med di dei grunda på kva tid eller kva slag tid Kristi Ande som var i deim, viste fram til, når han vitna fyreåt um Kristi lidingar og um herlegdomen deretter;

12 for det var deim openberra, at dei tente ikkje seg sjølve, men oss med dette som no er kunngjort dykk ved deim som hev forkynt dykk evangeliet ved den Heilage Ande, som vart send frå himmelen - dette som englarne hev hug til å skoda inn i.

13 Difor, umgyrd dykkar hugs lender, ver ædrue og set dykkar von fullt og fast til den nåde som de fær tilførd ved Jesu Kristi openberring!

14 Som lyduge born skal de ikkje skikka dykk etter dei fyrre lysterne i dykkar vankunna,

15 men ver, etter den Heilage som kalla dykk, ogso de heilage i all dykkar ferd!

16 for det stend skrive: «De skal vera heilage, for eg er heilag!»

17 Og når de påkallar honom som Fader, som dømer utan å gjera skilnad, etter kvar manns gjerning, so ferdast med otte den tid de liver i utlendingskapen;

18 for de veit at de ikkje med forgjengelege ting, sylv eller gull, vart frikjøpte frå dykkar fåfengde ferd, som de hadde ervt ifrå federne,

19 men med Kristi dyre blod, som blodet av eit ulastelegt og lytelaust lamb.

20 Han var kjend fyreåt, fyrr verdi vart grunnlagd, men vart openberra i dei siste tider for dykkar skuld,

21 de som ved honom trur på Gud, som vekte honom upp frå dei daude og gav honom herlegdom, so trui dykkar og er von til Gud.

22 Reinsa sjælerne dykkar i lydnad mot sanningi til uskrymta broderkjærleik, og elska kvarandre inderleg av hjarta,

23 de som er atterfødde, ikkje av forgjengelegt, men uforgjengelegt sæde, ved Guds ord, som liver og varer!

24 For alt kjøt er som gras, og all herlegdomen hjå det som blom på gras. Graset visna, og blomen på det fall av.

25 Men Herrens ord varer i all æva. Dette er det ordet som er forkynt for dykk ved evangeliet.

2. kapitlet

1 Legg difor av all vondskap og alt svik og hyklarskap og ovund og all baktale,

2 og lengta liksom nyfødde born etter den åndelege, ufalska mjølk, so de kann veksa ved henne til frelsa,

3 so framt de då hev smaka at Herren er god!

4 Kom til honom, den livande steinen, som vel vart vanda av menneskje, men er utvald og dyrverdig for Gud!

5 og vert de sjølve, som livande steinar, uppbygde til eit åndelegt hus, eit heilagt presteskap, til å bera fram åndelege offer til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.

6 For det heiter i skrifti: «Sjå, eg legg i Sion ein hyrnestein, som er utvald og dyrverdig, og den som trur på honom, skal slett ikkje verta til skammar.»

7 Dykk då som trur, høyrer æra til; men for dei vantruande hev den steinen som bygningsmennerne vanda, vorte til hyrnestein og snåvestein og støyteberg,

8 dei som støyter seg med di dei ikkje trur ordet, som dei og var etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongelegt presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, so de skal forkynna hans dygder som kalla dykk ut or myrker til sitt underfulle ljos,

10 de som fyrr ikkje var eit folk, men no er Guds folk, de som ikkje hadde funne miskunn, men no hev fenge miskunn.

11 Kjære, eg legg dykk på hjarta som framande og utledningar, at de skal halda dykk ifrå dei kjøtlege lyster, som strider imot sjæli,

12 og lata dykkar ferd millom heidningarne vera god, so dei, medan dei baktalar dykk som illgjerdsmenner, må sjå dykkar gode gjerningar og for deira skuld prisa Gud på tilsynsdagen!

13 Ver difor all menneskjeleg skipnad undergjevne for Herrens skuld, anten det er kongen som den høgste,

14 eller landshovdingar som utsendingar frå honom til refsing for deim som gjer vondt, men til ros for deim som gjer godt!

15 For soleis er det Guds vilje, at de med å gjera det gode skal målbinda vankunna hjå uvituge menneskje,

16 so som frie, og ikkje slike som hev fridomen til vondskaps skyle, men som Guds tenarar.

17 Æra alle, elska broderlaget, ottast Gud, æra kongen!

18 De tenarar, ver dykkar herrar undergjevne i all age, ikkje berre dei gode og milde, men og dei rangvise!

19 For det finn nåde, um nokon av samvit for Gud toler harmingar som han lid uretteleg.

20 For kva er det for ei ros, um de tek det med tolmod når de syndar og fær refsing for det? Men um de tek det med tolmod når de gjer godt og endå lyt lida, det finn nåde hjå Gud.

21 For til det vart de kalla, av di Kristus og leid for dykk og let etter for dykk eit fyredøme, so de skal fylgja hans fotfar.

22 Han gjorde ikkje synd, og det fanst ikkje heller svik i hans munn;

23 han skjelte ikkje att når han vart utskjelt, ikkje truga ham når han leid, men gav det yver til honom som dømer rettferdigt;

24 han bar synderne våre på likamen sin upp på treet, so me skal døy av frå synderne våre og liva for rettferdi, då de er lækte ved hans sår.

25 For de var villfarande som sauer, men hev no vendt um til hyrdingen og tilsynsmannen for sjælerne dykkar.

3. kapitlet

1 Like eins de konor: De skal vera dykkar eigne menner undergjevne, so endå slike som ikkje trur ordet, må verta vunne utan ord ved den ferd konorne deira syner,

2 når dei ser for augo dykkar reine ferd i otte.

3 Deira prydnad skal ikkje vera utanpå, med hårflettingar eller påhengt gull eller klædebunad,

4 men hjartans løynde menneskje i den uforgjengelege prydnad med den mjuke og stille ånd, som er gjæv for Gud.

5 For soleis prydde fordom dei heilage kvinnorne seg, dei som sette si von til Gud og var sine eigne menner undergjevne,

6 liksom Sara lydde Abraham og kalla honom herre; hennar døtter hev de vorte når de gjer godt og ikkje ottast for nokor skræmsla.

7 Like eins de menner: De skal liva vitugt saman med konorne som det veikare kjerald, og visa deim æra, sidan dei og er medervingar til livsens nåde, so dykkar bøner ikkje skal verta hindra!

8 Og til slutt: Ver alle samhuga, medlidande, kjærlege mot brørne, miskunnsame, audmjuke!

9 Løn ikkje vondt med vondt eller skjelling med skjelling, men tvertimot velsigna! for det vart de kalla til, at de skal erva velsigning.

10 For «den som vil elska livet og sjå gode dagar, han skal halda tunga frå det som vondt er og lipporne frå svikfull tale;

11 han vike frå vondt og gjere godt, han søkje fred og trå etter honom!

12 For Herrens augo er yver dei rettferdige, og hans øyro vende til deira bøn; men Herrens åsyn er yver deim som gjer vondt.»

13 Og kven er det som kann gjera dykk vondt når de stræver etter det gode?

14 Men um de og skulde lida for rettferds skuld, so er de sæle. Men ottast ikkje for deim og ræddast ikkje; men helga Kristus til herre i hjarto dykkar!

15 Og ver alltid ferdige til å forsvara dykk for kvar ein som krev rekneskap av dykk for den voni som bur i dykk, men med spaklynde og age!

16 Og hav eit godt samvit, so dei som lastar dykkar gode ferd i Kristus, må verta til skammar i det som dei baktalar dykk for som illgjerdsmenner.

17 For det er betre, um so er Guds vilje, å lida når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt.

18 For Kristus leid og ein gong for synder, ein rettferdig for urettferdige, for å føra oss fram til Gud, han som leid dauden i kjøtet, men vart livandegjord i åndi,

19 og i denne gjekk han og burt og preika for ånderne som var i varetekt,

20 dei som fordom hadde vore stride, den gong Guds langmod venta i Noahs dagar, då arki vart bygd, der nokre få, det er åtte sjæler, vart frelste gjenom vatn,

21 det som no og frelser oss i motbilætet dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda,

22 han som er uppfaren til himmelen og er ved Guds høgre hand, der englar og magter og krafter er honom underlagde.

4. kapitlet

1 Sidan no Kristus hev lide i kjøtet, so væpna og de dykk med den same tanken, at den som hev lide i kjøtet, er ferdig med syndi,

2 so de ikkje lenger skal liva etter menneskje-lyster, men etter Guds vilje, den tid de endå skal vera i kjøtet.

3 For det er nok at de i den framfarne livstid hev gjort det som heidningarne vil, med di de ferdast i used, lyster, fullskap, svir, drykk og usømeleg avgudsdyrking;

4 difor undrast dei når de ikkje renner med deim ut i den same straum av skamløysa, og dei spottar dykk.

5 Men dei skal gjera rekneskap for honom som held seg ferdig til å døma livande og daude.

6 For dertil vart evangeliet forkynt ogso for daude, at dei vel skulde verta dømde som menneskje i kjøt, men liva so som Gud i ånd.

7 Men enden på alle ting er komen nær. Ver difor vislege og ædrue til bøner!

8 Og hav framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre! for kjærleiken løyner ei mengd med synder.

9 Ver gjestmilde mot kvarandre utan murring!

10 Etter som kvar hev fenge ei nådegåva, so ten kvarandre med henne som gode hushaldarar yver Guds mangfaldige nåde!

11 Um nokon talar, han tale som Guds ord, um nokon tener i kyrkjelyden, han tene som av den kraft Gud gjev, so Gud må verta æra i alle ting ved Jesus Kristus, som æra og magti høyrer til i all æva. Amen.

12 De kjære! Undra dykk ikkje yver den elden som kjem yver dykk til prøving, som um det hende dykk noko underlegt!

13 Men i same mun som de hev lut i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, so de og kann gleda dykk med fagnad når hans herlegdom vert openberra.

14 Dersom de vert hædde for Kristi namn skuld, er de sæle; for Herlegdoms-Anden og Guds Ande kviler yver dykk.

15 For ingen av dykk må lida av di han er mordar eller tjuv eller illgjerningsmann, eller av di han blandar seg i framande målemne.

16 Men lid han av di han er ein kristen, so skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.

17 For det er no den tid då domen skal taka til med Guds hus; men tek det til med oss, kva vert då enden for deim som ikkje vil tru Guds evangelium?

18 Og dersom den rettferdige vandt vert frelst, kvar skal det då verta av den ugudlege og syndaren?

19 Difor skal og dei som lid etter Guds vilje, gjeva yver sjælerne sine til den trufaste skaparen, med di dei gjer det gode.

5. kapitlet

1 Dei eldste millom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er med-eldste og vitne um Kristi lidingar, som og hev lut i den herlegdomen som skal openberrast:

2 Gjæt den Guds hjord som er hjå dykk, og hav tilsyn med henne, ikkje av tvang, men sjølvminnt, ikkje for ei skamleg vinning, men med hug,

3 ikkje heller so at de vil vera herrar yver kyrkjelydarne, men so at de vert fyredøme for hjordi.

4 Når yverhyrdingen openberrast, då skal de få den uvisnelege ærekransen.

5 Like eins skal de yngre vera dei eldre undergjevne, og alle skal de klæda dykk i audmykt mot kvarandre; for Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.

6 So audmyk dykk då under Guds velduge hand, so han kann upphøgja dykk i si tid!

7 Kasta all dykkar sut på honom; for han hev umsut for dykk!

8 Ver ædrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa;

9 statt honom imot, trauste i trui, sidan de veit at dei same lidingar er lagde på brørne dykkar i verdi!

10 Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus etter ei stuttvarug liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk.

11 Honom høyrer magti til i all æva. Amen.

12 Med Silvanus, den trufaste broren - det meiner eg han er - skriv eg stutt til dykk og påminner og vitnar at dette er Guds sanne nåde, som de stend i.

13 Den medutvalde kyrkjelyden i Babylon helsar dykk, like eins Markus, son min.

14 Helsa kvarandre med kjærleiks kyss! Fred vere med alle dykk som er i Kristus!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2021