Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Fyrste Kongebok
1 Kong David var no gamall og ut i åri komen, og han kunde ikkje halda varmen i seg, endå dei bredde klæde yver honom.
2 Då sagde tenarane hans til honom: «Ein trong finna ei ung kvinna åt min herre kongen, ei ung møy som kunde vera hjå kongen og vyrdsla honom. Fekk ho liggja i fanget ditt, vart min herre kongen varm.»
3 So leita dei då i heile Israelslandet etter ei fager gjenta, og dei fann Abisag frå Sunem og for til kongen med henne.
4 Det var ei ovende væn gjenta; ho stelte for kongen og tente honom. Men elles hadde ikkje kongen umgjenge med henne.
5 Men Adonia, som var son åt Haggit, gjorde seg sjølv høg og sagde: «Eg vil vera konge.» Han fekk seg vogner og hestfolk og femti mann som skulde springa fyre honom.
6 Far hans hadde aldri såra honom noko sinn og sagt: «Kvi fer du soleis åt?» Han var attåt født ein ovvæn kar, og mor hans hadde født honom næst etter Absalom.
7 Han gjekk på råd med Joab Serujason og med presten Abjatar, og dei slo lag med Adonia og hjelpte honom.
8 Presten Sadok og Benaja Jojadason og profeten Natan, Sime’i og Re’i og stridskjemporne åt David heldt derimot ikkje med Adonia.
9 Adonia slagta småfe og uksar og gjødkalvar ved Ormsteinen, som ligg attmed Rogel-kjelda; og han bad til seg dit alle brørne sine, kongssønerne, og alle dei Juda-menner som var i tenesta hjå kongen.
10 Men profeten Natan og Benaja og stridskjemporne og Salomo, bror sin, bad han ikkje.
11 Då tala Natan til Batseba, mor åt Salomo, soleis: «Du hev vel høyrt at Adonia, son åt Haggit, er vorten konge utan at vår herre David veit noko det um det?
12 No vil eg gjeva deg ei råd, so du kann berga livet for deg sjølv og for Salomo, son din!
13 Gakk inn til kong David og seg til honom: «Herre konge, hev du ikkje lova tenestkvinna di med eid at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja i din kongsstol? Kvifor hev då Adonia vorte konge?»
14 Og medan du stend der og talar med kongen, skal eg koma inn og sanna det du segjer.»
15 Batseba gjekk då inn i sengromet til kongen. Kongen var mykje gamall no, og Abisag frå Sunem tente honom.
16 Batseba bøygde seg og kasta seg ned for kongen. Då spurde kongen: «Kva er det du vil?»
17 Ho svara honom: «Herre, ved Herren, din Gud, hev du lova tenestkvinna di med eid, at Salomo, son min, skal vera konge etter deg; han skal sitja i kongsstolen din.
18 Men sjå no er Adonia vorten konge, utan at du, herre konge, veit um det.
19 Han hev slagta uksar og gjødkalvar og småfe i mengd og bede til seg alle kongssønerne og presten Abjatar og herføraren Joab; men Salomo, tenaren din, hev han ikkje bede.
20 Heile Israel vender no augo til deg, herre konge, og ventar at du skal kunngjera kven som skal sitja i kongsstolen etter dine dagar, herre konge.
21 Utan kann det henda, at når min herre kongen hev lagt seg til kvile hjå federne sine, so vert eg og Salomo, son min, rekna for brotsmenner.»
22 Medan ho endå stod der og tala med kongen, kom profeten Natan.
23 Og dei vitra kongen um det og sagde: «Profeten Natan er her.» Han steig fram for kongen og kasta seg å gruve på jordi for honom.
24 So sagde Natan: «Herre konge, er det so du hev sagt at Adonia skal verta konge etter deg, at han skal sitja i kongsstolen din?
25 Ja, for i dag hev han fare ned og slagta uksar og gjødkalvar og sauer i mengd og hev bede til seg alle kongssønerne og herførarane og presten Abjatar, og no et dei og drikk dei i lag med honom og ropar: «Live kong Adonia!»
26 Men meg, tenaren din, og presten Sadok og Benaja Jojadason og din tenar Salomo hev han ikkje bede.
27 Kann dette vera gjort etter din vilje, herre konge, utan at du hev late tenarane dine vita kven som skal sitja i kongsstolen din etter deg, herre konge?»
28 Då svara kong David og sagde: «Ropa Batseba hit til meg!» Ho steig hitåt, og då ho stod der framfor kongen,
29 svor kongen og sagde: «So sant Herren liver, han som hev løyst meg or all trengsla:
30 liksom eg fyrr hev svore deg til ved Herren, Israels Gud, og sagt at Salomo, son din, skal verta konge etter meg og sitja i kongsstolen i min stad, so gjer eg det og i dag.»
31 Då bøygde Batseba seg med andlitet mot jordi og kasta seg ned for kongen og sagde: «Gjev herren min, kong David, må liva i all æva!»
32 Og kong David sagde: «Ropa inn til meg presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason!» Då dei kom fram for kongen,
33 sagde kongen til deim: «Tak tenarane åt herren dykkar med dykk og set Salomo, son min, på mitt eige muldyr og far med honom ned til Gihon.
34 Der skal Sadok, presten, og Natan, profeten, salva honom til konge yver Israel, og de skal blåsa i lur og ropa: «Live kong Salomo!»
35 So skal de fylgja honom upp att, og han skal koma og setja seg i kongsstolen min; og han skal vera konge i min stad. For det er honom eg hev sett til hovding yver Israel og Juda.»
36 Då svara Benaja Jojadason kongen og sagde: «Amen! Må Herren, din Gud, herre konge, segja det same!
37 Herren vere Salomo som Herren hev vore med deg, herre konge, og gjere hans kongsstol endå veldugare enn kongsstolen til min herre, kong David!»
38 So gjekk då presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason saman med livvakti av og sette Salomo på muldyret åt kong David og for med honom ned til Gihon.
39 Og presten Sadok tok oljehornet or tjeldet og salva Salomo; so blæs dei i lur, og heile lyden ropa: «Live kong Salomo!»
40 Sidan fylgde heile folkemengdi honom upp att med slik fløyteblåster og stor fagnad at jordi kunde ha rivna av ropi deira.
41 Men Adonia og alle gjesterne som var hjå honom, høyrde dette nettupp då dei var ferdige med måltidi; og då Joab høyrde lurblåsteren, sagde han: «Kva er dette for glam og ståk i byen?»
42 I same stundi kom Jonatan, son åt presten Abjatar, og Adonia sagde: «Kom hit! du er ein fagnamann, som visst hev eit gledebod å bera.»
43 Men Jonatan svara honom: «Å nei då; herren vår, kong David, hev gjort Salomo til konge.
44 Kongen sende presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason og livvakti i veg med honom, dei hev sett honom på muldyret åt kongen.
45 So hev presten Sadok og profeten Natan salva honom til konge i Gihon, og med fagnad hev dei fare upp att derifrå, og heile byen er komen på føterne. Det er det ståket de hev høyrt.
46 Salomo hev no alt og sett seg i kongsstolen.
47 Og kongsmennerne er komne og hev ynskt vår herre kong David til lukka og sagt: «Gjev no din Gud vil lata namnet åt Salomo verta endå gjævare enn ditt eige, og kongsstolen hans endå veldugare enn din kongsstol!» Og kongen heldt bøn på lega si.
48 Kongen hev og sagt: «Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag hev sett ein ettermann i kongsstolen min, so eg kann sjå det med eigne augo!»»
49 Då vart alle gjesterne hjå Adonia forstøkte, reis upp og tok ut kvar sin veg.
50 Men Adonia ræddast Salomo, so han reis upp og gjekk av og greip um altarhorni.
51 Og dei vitra Salomo um det og sagde: «Sjå, Adonia ræddast kong Salomo; difor hev han gripe um altarhorni og segjer: «Kong Salomo skal lova meg med eid i dag at han ikkje drep tenaren sin med sverd.»»
52 Då sagde Salomo: «Vil han bera seg åt som ein fagnamann, so skal ikkje eit hår av hovudet hans falla til jordi; men syner det seg at han fer med noko vondt, so skal han døy.»
53 So sende kong Salomo folk av stad, og dei førde honom ned ifrå altaret; han kom då og kasta seg ned for kong Salomo, og Salomo sagde til honom: «Gakk heim!»
1 Då det leid til at David skulde døy, gav han Salomo, son sin, fyresegner og sagde:
2 «Eg gjeng no den vegen som all verdi må fara. Ver so du sterk, og vert ein mann!
3 Tak vare på alt det som Herren, din Gud, vil du skal taka vare på, so du ferdast på hans vegar og rettar deg etter hans lover og bod og rettar og fyresegner, soleis som det er skrive i Mose lov, so du må fara vist åt i alt det du tek deg fyre, og kvar du vender deg -
4 so Herren kann halda den lovnad han gav meg og sagde: «Aldri skal du vanta ein ettermann på Israels kongsstol,» sagde han, «er so sønerne dine agtar på vegen sin, so dei ferdast for mi åsyn i truskap av alt sitt hjarta og heile si sjæl.»
5 Du og veit sjølv kva Joab, son åt Seruja, hev gjort imot meg, korleis han bar seg åt mot dei tvo herførarane i Israel, Abner Nersson og Amasa Jetersson, at han tok livet av deim og rende ut blod i fredstid plent som det hadde vore krig, og bloda ut beltet um livet sitt og skorne på føterne sine.
6 Stell deg no difor som du hev visdom til, og lat ikkje dei grå håri hans fara i fred ned i helheimen.
7 Men sønerne åt Barzillai frå Gilead skal du gjera vel imot; dei skal vera millom deim som et ved bordet ditt; for soleis møtte dei meg den gongen eg laut røma for Absalom, bror din.
8 So hev du hjå deg benjaminiten Sime’i, son åt Gera, frå Bahurim; han lyste ei rysjeleg våbøn yver meg den dagen eg gjekk til Mahanajim; men han kom meg sidan i møte nedmed Jordan, og då svor eg honom til ved Herren at eg ikkje skulde drepa honom med sverd.
9 Men no må du ikkje lata honom vera ustraffa, for du er ein vis mann, og veit korleis du skal fara åt med honom, so du let dei grå håri hans fara blodute ned i helheimen.»
10 So Lagde David seg til kvile hjå federne sine; han vart gravlagd i Davidsbyen.
11 I fyrti år hadde David vore konge yver Israel. I Hebron styrde han i sju år, og i Jerusalem styrde han i tri og tretti år.
12 Og Salomo sette i kongsstolen åt David, far sin, og kongedømet hans vart ovleg sterkt.
13 Men Adonia, son åt Haggit, gjekk inn til Batseba, mor åt Salomo. Ho spurde då: «Kjem du med fred?» Han svara: «Ja, med fred!»
14 So sagde han: «Eg hev ein ting å tala med deg um.» «Ja, tala ut!» svara ho.
15 Då sagde han: «Du veit sjølv at kongedømet høyrde meg til, og at heile Israel vona på meg til konge. Men kongedømet gjekk ifrå meg og til bror min; det vart hans, for di Herren laga det so.
16 No hev eg ei einaste bøn til deg - vis meg ikkje burt.» Ho sagde til honom: «Tala ut!»
17 Då sagde han: «Seg du til kong Salomo - for deg viser han ikkje burt - at han skal gjeva meg Abisag frå Sunem til kona!»
18 Batseba svara: «Godt, eg skal tala til kongen um deg.»
19 So gjekk Batseba inn til kong Salomo og vilde tala med honom um Adonia. Kongen reis upp, gjekk til møtes med henne og bøygde seg for henne, og han sette seg atter i kongsstolen sin. Dei laga til eit sæte for kongsmori, og ho sette seg attmed honom på høgre sida.
20 So sagde ho: «Eg hev ei einaste liti bøn til deg; seg ikkje nei!» Og kongen sagde til henne: «Kom fram med bøni di, mor! Eg skal ikkje visa deg burt.»
21 Då sagde ho: «Lat Adonia, bror din, få Abisag frå Sunem til kona!»
22 Men kong Salomo svara og sagde til mor: «Kvi bed du nettupp um Abisag frå Sunem åt Adonia? Bed heller um kongedømet åt honom - for han er då eldste bror min - ja, både åt honom og åt presten Abjatar og åt Joab Serujason.»
23 Og kong Salomo svor ved Herren og sagde: «Herren late meg bøta både no og sidan, um ikkje Adonia skal få bøta med livet sitt, for di han hev tala dette!
24 So sant Herren liver, han som hev gjeve meg ein stød sess i kongsstolen åt David, far min, og som etter lovnaden sin hev reist meg eit kongehus, so skal Adonia døy i denne dag!»
25 Og kong Salomo sende i veg Benaja Jojadason. Han slo honom ned, og han døydde.
26 Til presten Abjatar sagde kongen: «Gakk til Anatot, til garden din! for du er ein daudedømd mann! men nettupp i dag vil eg ikkje taka livet ditt, etter di du hev bore Herrens, Herrens kista framfyre David, far min, og etter di du hev lide med i alt som far min laut lida.»
27 So jaga Salomo Abjatar burt og let honom ikkje lenger vera Herrens prest, so det skulde sannast det som Herren hadde sagt um ætti åt Eli i Silo.
28 Då Joab, som hadde halde lag med Adonia, endå han ikkje hadde gjenge saman med Absalom, frette dette, rømde han inn i Herrens tjeld og fata um altarhorni.
29 Men då kong Salomo fekk vita at Joab hadde rømt til Herrens tjeld, og at han stod innmed altaret, sende Salomo Benaja Jojadason i veg og sagde: «Gakk av stad og slå honom ned!»
30 Då no Benaja kom til Herrens tjeld, sagde han til honom: «So segjer kongen: «Gakk ut!»» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.» Og Benaja melde svaret til kongen og sagde: «So hev Joab sagt, og so hev han svara meg.»
31 Kongen sagde til honom: «Gjer som han hev sagt, slå honom ned og få honom i jordi, og fria soleis meg og farshuset mitt frå det skuldlause blodet som Joab hev rent ut!
32 Og Herren skal lata blodet hans koma att yver hans eige hovud, av di han hogg ned tvo menner som var rettferdigare og betre enn han sjølv, og drap deim med sverd utan at David, far min, visste det; det var Abner Nersson, Israels herførar, og Amasa Jetersson, Judas herførar.
33 Ja, blodet deira skal koma att yver hovudet åt Joab og avkjømet hans i all æva. Men David og hans avkjøme og huset og kongsstolen hans skal Herren gjeva fred i all æva.»
34 Benaja Jojadason gjekk so upp og slo honom ned og tok livet av honom, og han vart jorda attmed huset sitt i øydemarki.
35 Og kongen sette Benaja Jojadason i hans stad yver heren, og sette presten Sadok i romet etter Abjatar.
36 Sidan sende kongen bod og kalla til seg Sime’i, og sagde til honom: «Bygg deg eit hus i Jerusalem, og gjev deg til der! Du skal ikkje ganga ut derifrå til nokon annan stad.
37 For det skal du vita, at den dagen du gjeng yver Kidronsbekken, skal du døy. Då skal blodet ditt koma yver hovudet ditt.»
38 Og Sime’i sagde til honom: «Godt; som min herre kongen hev sagt, soleis skal tenaren din gjera.» Og Sime’i budde no i Jerusalem ei tid frametter.
39 So hende det, då tri år var farne, at tvo av trælarne hjå Sime’i rømde til Akis Ma’akason, kongen i Gat. Og då Sime’i frette at trælarne hans var i Gat,
40 sala han asnet sitt og for til Gat, til Akis, og vilde leita etter deim; Sime’i tok i veg og fekk trælarne sine med seg heim frå Gat.
41 Då no Salomo fekk tiend um at Sime’i var faren ut or Jerusalem og til Gat og var komen att,
42 sende kongen bod og kalla til seg Sime’i, og sagde til honom: «Hev eg ikkje teke ein eid av deg ved Herren og åtvara deg og sagt: «Det skal du vita, at den dagen du gjeng ut og fer nokon stad av, skal du døy?» Og du sagde: «Det er godt; eg hev høyrt det.»
43 Kvi hev du då ikkje agta på eiden din ved Herren, og den fyresegn eg gav deg?»
44 Og kongen heldt fram og sagde til Sime’i: «Du veit sjølv alt det vonde du hev gjort David, far min; hjarta ditt kjenner det. Herren skal no lata vondskapen din koma att yver ditt eige hovud.
45 Men kong Salomo skal verta velsigna, og Davids kongsstol standa fast for Herrens åsyn i all æva.»
46 Etter bod frå kongen gjekk so Benaja Jojadason ut og hogg honom ned, og han døydde. Og Salomo heldt kongedømet med endå fastare hand.
1 Og Salomo kom i giftarskyldskap med Farao, kongen i Egyptarland, med di han gifte seg med dotter åt Farao, og han flutte inn i Davidsbyen med henne til dess han var ferdig med byggjearbeidet på kongsgarden, på Herrens tempel og murarne rundt um Jerusalem.
2 Men folket ofra på haugarne; for det var ikkje bygt noko hus for Herrens namn fyre den tid.
3 Salomo elska Herren so han fylgde fyresegnerne åt David, far sin. Men ofra på haugarne og brende røykjelse der, gjorde han.
4 Og kongen for til Gibeon og vilde ofra der. For det var gjævaste offerhaugen. Tusund brennoffer ofra Salomo på altaret der.
5 I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum um natti, og Gud sagde: «Bed um kva du vil eg skal gjeva deg!»
6 Salomo svara: «Stor miskunn hev du vist imot tenaren din, David, far min, etter di han ferdast for di åsyn i truskap og rettvisa og med ærleg hug imot deg; og du hev halde ved lag åt honom denne store miskunn og gjeve honom ein son til ettermann i kongsstolen hans - so som det no sjåande er.
7 Ja, Herre, min Gud, no hev du gjort tenaren din til konge etter David, far min, men eg er berre barnet, og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt.
8 Og tenaren din liver her millom folket ditt, som du hev valt ut, eit stort folk som ikkje er teljande eller utreknande, so mangment det er.
9 So gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, so han kann vera domar for folket sitt og skilja millom godt og vondt! for kven er elles før til å vera domar for dette mangmente folket ditt?»
10 Det tektest Herren vel at Salomo bad um dette.
11 Og Gud sagde til honom: «Etter di hev bede um dette og ikkje bede um langt liv eller rikdom og ikkje bede um livet av fiendarne, men hev bede um vit til å agta på det som rett er,
12 so vil eg gjera som du ynskjer: eg gjeva deg so vist og vitugt eit hjarta at det hev ikkje vore din like, og skal ikkje heller verta sidan.
13 Eg vil gjeva deg det du ikkje hev bede um: rikdom og heider, so at ingen av kongerne skal vera din like i all di tid.
14 Og vil du fara på mine vegar, so du held loverne og bodi mine, liksom David, far din, gjorde, so skal eg lata livedagarne dine verta mange.»
15 Då vakna Salomo - det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens sambandskista, ofra brennoffer og bar fram takkoffer, og gjorde eit gjestebod for alle tenarane sine.
16 Då kom det tvo skjøkjor til kongen, og steig fram for honom.
17 Og den eine kvinna sagde: «Høyr meg, herre! Eg og denne kvinna bur i same huset. Og eg fekk eit barn der i huset hjå henne.
18 Tridje dagen etter at eg hadde fenge barnet, fekk denne kvinna og eit barn; og me var saman; der var ingen framand hjå oss i huset; me tvo eine.
19 Men ei natt døydde guten åt denne kvinna, av di ho hadde lagt seg på honom.
20 Då reis ho upp midt på natti og tok min gut ifrå sida mi, medan tenestkvinna di sov, og lagde honom i sitt fang, og sin eigen daude gut lagde ho i mitt fang.
21 Då eg so reis upp um morgonen og skulde gjeva guten min suga, då var han daud; men då eg skoda vel på honom um morgonen, vart eg vis med at det var ikkje den gut eg hadde født.»
22 Den andre kvinna sagde: «Det er ikkje so. Min gut er den som liver. Det er din gut som er daud.» Men den fyrste svara: «Nei, den daude er din gut, den livande er min.» Soleis trætta dei framfor kongen.
23 Då sagde kongen: «Den eine segjer: «Denne som liver, er min gut, og den daude er din.» Og den andre segjer: «Det er ikkje so; din gut er det som er daud, og min gut er den som liver.»
24 Gakk etter eit sverd åt meg!» sagde kongen. Og då dei hadde bore sverdet inn til kongen,
25 sagde han: «Hogg det livande barnet i tvo luter, og gjev denne eine helvti til den eine og den andre helvti til den andre!»
26 Men då sagde ho til kongen, den kvinna som var mor åt det livande barnet - for hjarta hennar brann for guten -: «Høyr meg, herre,» sagde ho, «lat henne få det barnet som liver, og drep det ikkje!» Men hi sagde: «Lat det vera korkje mitt eller ditt; hogg det i tvo!»
27 Då svara kongen og sagde: «Gjev henne der det livande barnet; drep det ikkje! Ho er mori.»
28 Og då denne domen som kongen hadde sagt, spurdest i heile Israel, fekk dei age for kongen; for dei såg at Guds visdom var i honom, so han kunde døma rett.
1 Kong Salomo var no konge yver heile Israel.
2 Og dei fremste menner han hadde var dette: Azarja Sadoksson var prest;
3 Elihoref og Ahia, søner åt Sisa, var riksskrivarar; Josafat Ahiludsson var kanslar;
4 Benaja Jojadason var set yver heren, og Sadok og Abjatar var prestar.
5 Azarja Natansson var set yver futarne, Zabud Natansson var prest og ven med kongen;
6 Ahisar var drottsete, og Adoniram Abdason hadde tilsyn med pliktarbeidarane.
7 Og Salomo hadde tolv bygdefutar yver heile Israel. Dei hadde på seg å forsyna kongen og kongsgarden hans; dei forsynte honom kvar sin månad um året.
8 Dette er namni deira: Son åt Hur i fjellbygdi i Efraim;
9 son åt Deker i Mahas og i Sa’albim, Bet-Semes, Elon-Bet-Hanan;
10 son åt Hesed i Arubbot, som hadde Soko og heile Heferlandet;
11 son åt Ahinadab, som hadde heile høglandet Dor, og som fekk Tafat, dotter åt Salomo, til kona;
12 Ba’ana Ahiludsson i Ta’anak og Megiddo og i heile den luten av Bet-Sean som ligg attmed Sartan nedanfor Jizre’el, frå Bet-Sean til Ahel-Mehola og burtum Jokmeam;
13 son åt Geber i Ramot i Gilead; han hadde Gileads-byarne åt Ja’ir Manasseson; han hadde Argoblandet, som ligg i Basan, seksti store byar med murar og koparslåer;
14 Ahinadab Iddoson hadde Mahanajim;
15 Ahima’as i Naftali; han og hadde teke ei dotter åt Salomo, Basmat, til kona;
16 Ba’ana Husaison i Asser og Alot;
17 Josafat Paruahsson i Issakar;
18 Sime’i Elason i Benjamin;
19 Geber Urison i Gileadlandet, det landet som amoritarkongen Sihon og kong Og i Basan hadde havt; og han var den einaste futen i den landsluten.
20 Juda og Israel var då so mangmente som sanden ved havet; og dei åt og drakk og var glade.
21 Og Salomo rådde yver alle kongeriki frå Storelvi til Filistarlandet og heilt ned til landskilet imot Egyptarland. Dei sende gåvor til Salomo, og lydde honom so lenge han livde.
22 Og dei matvaror Salomo trong for kvar dag, var nitti tunnor fint mjøl og eit hundrad og åtteti tunnor vanlegt mjøl,
23 ti gjødde uksar, tjuge utgangsuksar, hundrad sauer, umfram hjortar, gasellor, antilopar og gjødde fuglar.
24 For han rådde yver heile landet på andre sida av Storelvi, frå Tifsah og heilt til Gaza, han stod yver alle kongarne på andre sida Storelvi, og han hadde fred rundt ikring,
25 so Juda og Israel sat trygt, kvar mann under sit vintre og under sitt fiketre, ifrå Dan radt til Be’erseba, so lenge Salomo livde.
26 Og Salomo hadde fyrti tusund par vognhestar og tolv tusund ridehestar.
27 Og bygdefutarne forsynte kong Salomo og alle deim som gjekk til bords hjå kong Salomo kvar sin månad; dei let det ikkje skorta på nokon ting.
28 Bygg og halm til hestarne og tråvarane sende dei, kvar etter sin tur, til den staden der han heldt til.
29 Og Gud gav Salomo visdom og ovstor kunnskap og eit vit som femnde vidt - liksom sanden ved havet,
30 so at visdomen åt Salomo var større enn visdomen hjå austmennerne og egyptarane.
31 Han var visare enn alle andre menneskje, visare enn ezrehiten Etan, Heman og Kalkol og Darda, sønerne åt Mahol; og det gjekk gjetord av honom hjå alle folki vida ikring.
32 Han dikta tri tusund ordtøke, og songarne hans var eit tusund og fem i talet.
33 Han tala um trei, like frå cederen på Libanon til isopen som veks uppetter murveggen; han tala um firfot-dyri og fuglarne, um krypdyri og fiskarne.
34 Frå alle land kom dei og vilde høyra på visdomen åt Salomo, frå alle kongarne på jordi som høyrde gjete kor vis han var.
1 Og Hiram, kongen i Tyrus, sende tenarane sine til Salomo, då han no hadde frett at han var salva til konge etter David, far sin; for Hiram hadde alltid vore til vens med David.
2 Og Salomo sende bod til Hiram med den helsingi:
3 «Du veit at David, far min, ikkje kunde bygja noko hus for namnet åt Herren, hans Gud, av di han fekk ufred med fiendarne på alle kantar, til dess Herren lagde deim under føterne hans.
4 Men no hev Herren, min Gud, late meg få ro til alle sidor; der er ingen motmann og ingen fåre.
5 Difor hev eg sett meg fyre at eg vil byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud, etter det Herren sagde til David, far min: «Son din, som eg vil setja i kongsstolen i din stad, han skal byggja huset åt namnet mitt.»
6 Gjev no difor påbod um at dei skal fella ceder åt meg på Libanon! Arbeidsfolket mitt skal vera med arbeidsfolket ditt, og eg skal gjeva deg den løn folket ditt skal hava, plent som du vil. For du veit sjølv at det finst ingen millom oss som skynar seg so godt på skogshogster som sidoniarane.»
7 Då Hiram høyrde denne helsingi frå Salomo, vart han ovleg glad og sagde: «Lova vere Herren i dag, som hev gjeve David ein vis son til hovding yver dette mangmente folket!»
8 Og Hiram sende bod til Salomo med den helsingi: «Eg hev høyrt den buskapen du hev sendt meg; eg skal gjera alt det du ynskjer med umsyn til cedertrei og cypresstrei.
9 Arbeidsfolket mitt skal få deim ned frå Libanon til havet; so skal eg få deim lagde i hop i flotar på havet, og føra deim til den staden som du gjev meg bod um; der skal eg få deim tekne frå kvarandre, og so fær du henta deim. Men so skal du gjera meg til viljes med å forsyna huset mitt med matvaror.»
10 So let Hiram Salomo få alt han vilde hava av cedertre og cypresstre,
11 og Salomo gav Hiram seksti tusund tunnor kveite til hushaldet hans og seksti tunnor olje av sundstøytte oljebær. Dette let Salomo Hiram få kvart år.
12 Og Herren gav Salomo visdom, soleis som han hadde lova honom, og det var fred millom Hiram og Salomo; dei tvo gjorde eit samband med einannan.
13 Kong Salomo tok so ut pliktarbeidarar i heile Israel; og dei var tretti tusund mann.
14 Han sende deim til Libanon, ti tusund um månaden etter tur; ein månad var dei på Libanon, tvo månader heime. Og Adoniram hadde tilsynet med pliktarbeidarane.
15 Salomo hadde sytti tusund berarar og åtteti tusund steinhoggarar i bergi,
16 umfram dei tri tusund tri hundrad arbeidsfutar som styrde arbeidet for Salomo og rådde yver folket som gjorde arbeidet.
17 Etter bod frå kongen braut dei ut store steinar, kostesame steinar til grunnmur under huset, firhogne steinar.
18 Og bygningsmennerne til Salomo og Hiram og mennerne frå Gebal hogg til og gjorde ferdig trevyrket og steinarne til husbygningi.
1 I det fire hundrad og åttetiande året etter Israels-folket for ut or Egyptarland i månaden siv - det er den andre månaden i det fjorde året etter Salomo hadde vorte konge yver Israel - tok han til å byggja huset for Herren.
2 Huset som kong Salomo bygde for Herren, var seksti alner langt, tjuge alner breidt og tretti alner høgt.
3 Forhalli framanfor det heilage var tjuge alner lang langs etter breidsida på huset og ti alner breid framanfrå huset.
4 Han laga vindaugo på huset med fast traleverk fyre.
5 Og rundt umkring huset frammed veggen sette han upp ein tilbygnad, umkring både det heilage og det høgheilage, og reide til kovar der rundt ikring.
6 Den nedste høgdi var fem alner breid, millomhøgdi seks alner breid, og den tridje høgdi var sju alner breid; for han hadde gjort hjellar utantil rundt um på huset, so ikkje bjelkarne skulde ganga inn i husveggjerne.
7 Då huset vart reist, vart det bygt av stein som var tilhoggen i steinbrotet; difor høyrde ein korkje hamar eller øks eller noko jarnverkty i huset då det vart bygt.
8 Døri til midkoven stod på høgre sida av huset, med ei vindetropp kom ein upp i andre høgdi og frå andre høgdi upp i tridje høgdi.
9 Då han hadde bygt huset fullferdigt, tekte han det med bjelkar og cederplankar i rader.
10 Og tilbygnaden frammed heile huset sette han upp i høgder på fem alner; dei var feste til huset med cederbjelkar.
11 Og Herrens ord kom til Salomo soleis:
12 «Dette huset som du byggjer - dersom du gjeng etter mine fyresegner og held loverne mine og agtar på alle bodordi mine og fylgjer deim, so vil eg stadfesta på deg det ordet som eg tala til David, far din,
13 og eg vil bu hjå Israels-borni og ikkje slå handi av Israel, folket mitt.»
14 So bygde då Salomo huset og gjorde det fullferdigt.
15 Han klædde husveggjerne innvendes med cederbord; frå golvet i huset og like upp til loftslistarne klædde han det med bord innvendes, og golvet i huset klædde han yver med cypressplankar.
16 Tjuge alner fram ifrå baksida i templet sette han ein vegg av cederbord frå golvet og upp til loftslisterne, og dette reidde han til innvendes kor åt seg, det høgheilage.
17 Og huset - det heilage framanfor koret - var fyrti alner langt.
18 Innantil hadde huset cederklædnad med utskorne kolokvintar og blomeband; alt saman der var av cedertre; ingen stein synte.
19 Inst i huset reidde han til ein kor til å setja Herrens sambandskista i.
20 Og framanfor koren, som var tjuge alner lang og tjuge alner breid og tjuge alner høg, og som han klædde med skirt gull, sette han eit altar og klædde det med cedertre.
21 Og Salomo klædde huset innvendes med skirt gull, og han hengde gullkjedor frametter veggen framfor koren og klædde den og med gull.
22 Heile huset klædde han med gull, til det var gullklædt heilt og halde. Han klædde og med gull heile altaret som høyrde til i koren.
23 Tvo kerubar av oljetre laga han og til i koren; ti alner var deira høgd.
24 Fem alner var den eine kerubvengen fem alner var den andre, ti alner frå vengjesnipp til vengjesnipp.
25 Ti alner var den andre keruben og; båe kerubarne hadde same mål og same skap.
26 Den eine keruben var ti alner høg, og det same var den andre.
27 Og han sette kerubarne midt i inste romet i huset, og breidde ut vengjerne deira, so den eine keruben nådde burt i veggen med eine vengjen, og den andre keruben nådde veggen på hi sida med eine vengjen; og midt i huset nådde dei tvo andre vengjerne i hop.
28 Og han klædde kerubarne yver med gull.
29 Og alle veggjer i huset rundt ikring prydde han med utskorne bilæte av kerubar og palmor og utsprotne blomar både i inste romet og i det ytre romet.
30 Golvet i huset klædde han yver med gull, både i inste romet og i det ytre.
31 For inngangen til koren sette han vengdører av oljetre. Dørkarmen med stolparne var ein femtepart av veggen.
32 Og dei tvo dørerne av oljetre prydde han med utskorne bilæte av kerubar og palmor og utsprotne blomar og klædde deim med gull. Han lagde gullet ut yver kerubarne og palmorne.
33 Sameleis sette han dørstolpar av oljetre for inngangen til det heilage, på fjordeparten av veggen,
34 og tvo vengdører av cypresstre, den eine vengdøri laga av tvo rørlege bordbreider, og den andre vengdøri laga av tvo rørlege bordbreider.
35 Og han fekk skore ut kerubar og palmor og utsprotne blomar og lagde på gull, som vart jamna utyver treskurden.
36 Den indre fyregarden gjerde han inn med tri rader hoggen stein og ei rad cederbjelkar.
37 I det fjorde året, i månaden siv, vart grunnen lagd til Herrens hus,
38 og i det ellevte året, i månaden bul - det er åttande månaden - var huset ferdigt i alle stykke og heilt som det skulde vera. I sju år var det då bygt på det.
1 Men på sitt eige hus bygde Salomo i trettan år fyrr han var ferdig med heile huset sitt.
2 Han bygde Libanonskoghuset, hundrad alner langt og femti alner breidt og tretti alner høgt, på fire rader av cederstolpar og med cederbjelkar uppå stolparne.
3 Og det var tekt med cedertre uppyver loftsromi på stolparne, fem og fyrti i talet, femtan i kvar rad.
4 Der var bjelkelag i tri rader, og sjågluggar sat midt imot kvarandre i tri umgangar.
5 Og alle dørerne og dørstolparne var firkanta av bjelkar; og sjågluggarne sat midt imot kvarandre i tri umgangar.
6 So sette han upp sulehalli, som var femti alner lang og tretti alner breid; og det var ei sval framfyre henne med stolpar og troppar framum.
7 Og han sette upp høgsæte-halli, der han sat og dømde, domshalli, og den var tilja med cederbord frå eine enden av golvet til den andre.
8 Og huset hans, som han budde i, i det andre tunet, innanfor forhalli, var bygt på same vis. Salomo bygde og eit hus, i likskap med denne forhalli, for Farao-dotteri, som han hadde teke til kona.
9 Alt dette var av kostesame steinar, tilhogne etter mål, skorne med sag på innsida og utsida, alt, like frå grunnen og til taklisterne: og sameleis alt utanfor like til den store fyregardsmuren.
10 Grunnmuren var lagd med kostesame og store steinar, steinar på ti alner og steinar på åtte alner.
11 Og ovanpå der var låg prydelege steinar, hogne til etter mål, og cederbjelkar.
12 Den store fyregardsmuren rundt um var uppsett med tri umfar med tilhogne steinar og eitt umfar med cederbjelkar, på same vis som den indre fyregardsmuren til Herrens hus og forhalli i huset.
13 Og kong Salomo sende bod og henta Hiram frå Tyrus.
14 Han var son åt ei enkja av Naftali-ætti, og far hans var ein mann frå Tyrus, ein koparsmed. Han hadde i fullt mål visdom og vit og kunnskap til å gjera alt slag arbeid i kopar. Han kom då til kong Salomo og gjorde alt arbeidet hans.
15 Han laga dei tvo koparsulorne; attan alner var høgdi på den eine sula og ein snor på tolv alner rakk rundt um den andre sula.
16 So laga han tvo sulehovud, støypte av kopar, til å setja på toppen av sulorne; fem alner var høgdi på det eine sulehovudet og fem alner høgdi på det andre.
17 På sulehovudi, som stod på toppen av sulorne, var der krot, på lag som garnmoskar, kjedor til hengjeprydnad, sju på kvart sulehovud.
18 Og han fekk til granateple, tvo rader rundt umkring attmed garnkrotet til å løyna sulehovudi, og soleis gjorde han og med det andre sulehovudet.
19 Sulehovudi på stolparne inni forhalli var på skap som liljor, fire alner.
20 På båe sulorne var det sulehovud, ovanum og, tett innmed den tjukkare parten på den andre sida av garnkrotet. Og granatepli var tvo hundrad, i rader rundt um på det andre sulehovudet.
21 Og han reiste upp sulorne ved forhalli til templet; den sula som han reiste på høgre sida, kalla han Jakin, og den vinstre sula han reiste upp, kalla han Boaz.
22 I øvste enden var sulorne som liljor på skap. So vart då arbeidet med stolparne fullført.
23 Han laga og eit støypt hav. Det var ti alner frå den eine kanten til den andre kanten, heilt rundt og fem alner høgt, og ei snor på tretti alner gjekk rundt um det.
24 Under trømen på det rundt ikring var der kolokvintar, ti på kvar aln rundt um havet. Kolokvintarne gjekk i tvo rader, støypte i hop i ei støyping med havet.
25 Det stod på tolv uksar; tri snudde mot nord, tri snudde mot vest, tri snudde mot sud, tri snudde mot aust. Havet låg uppå desse, og alle snudde bakkroppen inn.
26 Tjukkleiken på det var ei handbreidd, og kanten på det var laga som på eit staup, liksom ein liljeblom. Det tok tvo tusund anker.
27 So arbeide han dei ti fotstykki, av kopar. Fire alner var lengdi på kvart fotstykki, fire alner var breiddi, og tri alner var høgdi på det.
28 Og fotstykki var laga soleis: Dei hadde fyllingar, fyllingar millom hyrnelisterne;
29 og på fyllingarne - millom hyrnelisterne - var der løvor, uksar og kerubar, og det same på hyrnelisterne uppyver; nedunder løvorne og uksarne var der lauvverk som hekk nedetter.
30 Kvart fotstykke hadde fire hjul av kopar og åsar av kopar, og dei fire føterne på det hadde berestykke; berestykki var støypte på under balja; kvart hadde lauvverk på den andre sida.
31 Opningi på henne var inni krunestykket, som lyfte seg upp ei aln; i det var opningi rund og laga til underlag, halvonnor aln. På kanten der og var det bilæt-utskjeringar, men sidefyllingarne var firkanta, ikkje runde.
32 Dei fire hjuli sat nedunder fyllingarne, og hjultapparne stod fast i fotstykket; kvart hjul var halvonnor aln høgt.
33 Hjuli var gjorde som vognhjul elles; og tapparne, falli, tralerne og navi, alt saman var støypt.
34 Det var fire berestykke på dei fire hyrno på kvart fotstykke; berestykki gjekk i eitt med fotstykke.
35 Og uppå fotstykket var der eit anna stykke, som var ei halv aln høg og heilt rundt, og øvst på fotstykket sat handtaket og fyllingarne i eitt med det.
36 Og på flatsida av handtaki og på fyllingarne skar han ut kerubar, løvor og palmor etter som der var rom til på deim, og lauvverk rundt umkring.
37 Soleis laga han dei ti fotstykki; same støyping, same mål og same skap hadde dei alle.
38 Han arbeidde so ti koparbaljor; kvar balja rømde fyrti ankar og var fire alner vid. Det var ei balja på kvart av dei ti fotstykki.
39 Og han sette fem av fotstykki ved sida av huset til høgre, og fem ved sida huset til vinstre. Havet sette han på høgre sida åt huset, imot sudaust.
40 Hiram arbeidde og oskefati, og like eins skuflerne og skålarne, og soleis gjorde då Hiram ifrå seg alt det arbeid han ytte kong Salomo til Herrens hus; det var:
41 Tvo sulor og dei tvo kulorne på sulehovudi på toppen av sulorne, og dei tvo garnkroti til tekkje yver dei tvo kulerunde sulehovudi, som var på toppen av sulorne,
42 og dei fire hundrad granatepli til båe garnkroti, tvo rader granateple til kvart garnkrot til tekkje yver dei kulerunde sulehovudi på sulorne,
43 og dei ti fotstykki med dei ti baljorne uppå fotstykki,
44 og so havet - berre eitt - med dei tolv uksarne under havet,
45 dessutan oskefati, skuflerne og skålarne. Alle desse ting som Hiram arbeidde åt kong Salomo til Herrens hus, var av blank kopar.
46 I Jordan-kverven var det kongen fekk deim støypte, i den faste jordi millom Sukkot og Sartan.
47 Salomo let alle desse tingi vera uvegne, for di det var slik ei ovmengd. Det vart ikkje utrøynt kor mykje koparen vog.
48 Salomo laga og til alle dei andre ting som skulde vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet, som skodebrødi skulde liggja på,
49 ljosestakarne, fem på høgre og fem på vinstre sida framfyre koren, av skiraste gull, og blomarne og lamporne og ljosesakserne av gull,
50 og fati, knivarne, skålarne, kannorne og glodpannorne av skiraste gullet, dessutan gullhengslorne til dørerne inst i huset, til det høgheilage romet, og til husdørerne inn til tempelsalen.
51 Då det no var undangjort alt det arbeid kong Salomo hadde med Herrens hus, so førde Salomo inn der heilaggåvorne åt David, far sin: sylvet, gullet og gognerne; han lagde det inn i skattkammeri i Herrens hus.
1 Då stemnde Salomo saman styresmennerne i Israel, alle ættarhovdingarne, formennerne for ættgreinerne åt Israels-sønerne, til kongen i Jerusalem; dei skulde henta Herrens sambandskista upp frå Davidsbyen, det er Sion.
2 Då samla alle Israels-mennerne seg hjå kong Salomo i helgi i månaden etanim, det er sjuande månaden.
3 Då no alle styresmennerne i Israel kom, tok prestarne upp kista
4 og bar Herrens kista og møtetjeldet dit upp saman med alle dei heilaggognerne som var i tjeldet; det var prestarne og levitarne som bar deim upp.
5 Og kong Salomo stod framfor sambandskista i lag med heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå honom. Og dei ofra småfe og storfe i uteljande og ureknande mengd.
6 Prestarne flutte sambandskista inn i koren, i det høgheilage, inn under vengjerne av kerubane, der ho skulde vera.
7 For kerubarne breidde ut vengjerne yver den staden der kista stod, so at kerubarne tekte yver både kista og stengerne hennar.
8 Stengerne var so lange at ein kunne vel sjå endarne av deim ifrå det heilage framfyre koren, men ikkje lenger ute. Og der vart dei verande til denne dag.
9 Det fanst ikkje anna i kista enn dei tvo steintavlorne som Moses hadde lagt i henne der ved Horeb den gongen Herren gjorde samband med Israels-borni, då dei drog ut or Egyptarland.
10 Då no prestarne gjekk ut or heilagdomen, fyllte skyi Herrens hus,
11 so prestarne for skyi skuld kunde ikkje standa og gjera tenesta, etter di Herrens herlegdom fyllte Herrens hus.
12 Då sagde Salomo: «Herren hev sagt at han vil bu i dimma.
13 No hev eg bygt eit hus til bustad åt deg, ein stad der du kann dvelja æveleg.»
14 So snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan heile Israels-lyden stod.
15 Han sagde: «Lova vere Herren, Israels Gud! Med handi si hev han halde det som han med munnen sin lova David, far min, då han sagde:
16 «Frå den tidi då eg førde Israel, folket mitt, ut or Egyptarland, hev eg ikkje valt ut nokon by av alle Israels ætter der ein kunde byggja eit hus til bustad for namnet mitt. Men David hev eg valt ut til å råda yver Israel, folket mitt.»
17 Og David, far min, sette seg nok fyre å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.
18 Men Herren sagde til David, far min: «Når du hev sett deg fyre å byggja eit hus for namnet mitt, so hev du gjort vel i at du hev fenge sovorne i tankarne.
19 Men byggja dette huset skal ikkje du; son din, som gjeng ut av dine lender, skal byggja huset for namnet mitt.»
20 Og Herren hev sett i verk ordet sitt; eg er komen upp i romet etter David, far min, og eg hev sett meg i Israels kongsstol, soleis som Herren lova, og eg hev bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud.
21 Og der hev eg reidt til eit rom for kista som Herrens samband er i, det som han gjorde med federne våre, den gongen han leidde deim ut or Egyptarland.»
22 So stelte Salomo seg fram for Herrens altar rett imot heile Israels-lyden, rette ut henderne sine imot himmelen
23 og sagde: «Herre, Israels Gud! Ingen gud er deg lik, i himmelen der uppe eller på jordi her nede, du som held uppe sambandet og nåden mot tenarane dine når dei ferdast for di åsyn med heile sitt hjarta,
24 du som hev halde det du lova tenaren din, David, far min, og som hev fullført med handi det du tala med munnen, som det syner seg i dag.
25 So haldt no og, Herre, Israels Gud, det som du lova tenaren din, David, far min, då du sagde: «Aldri skal den tid koma at det ikkje sit ein mann av di ætt på Israels kongsstol for mi åsyn, når berre sønerne dine vaktar sin veg so dei ferdast for mi åsyn soleis som du hev gjort det.»
26 Å, Israels Gud, lat det sannast det ordet som du tala til tenaren din, David, far min!
27 Men kann då Gud i røyndi bu på jordi? Sjå, himlarne, ja himle-himlarne kann ikkje røma deg, kor mykje mindre då dette huset som eg hev bygt.
28 Men vend deg likevel til bøni åt tenaren din og hans påkalling, Herre, min Gud, so du høyrer på det ropet og den bøni som tenaren din bed for di åsyn i dag,
29 og let augo dine vera opne mot dette huset natt og dag, mot den staden som du hev sagt det um at her skal namnet ditt bu, so du høyrer på den bøni som tenaren din vender mot denne staden!
30 Ja, høyr på den påkalling som tenaren din, og Israel, folket ditt, vender mot denne staden; høyr det på den staden du bur i himmelen! Og når du høyrer, so må du tilgjeva.
31 Forsyndar einkvar seg mot næsten sin, og dei legg ein eid på honom, so ein let honom sverja, og han so kjem inn og sver framfyre altaret ditt i dette huset,
32 so må du høyra det i himmelen, og setja i verk og døma imillom tenarane dine, med di du segjer den skuldig som saka er og let honom lida for si åtferd, men frikjenner den rettferdige og let honom få etter si rettferd.
33 Når Israel, folket ditt, lid usiger mot fienden, for di dei syndar imot deg, men dei so vender um att til deg og vedkjennest ditt namn og bed og tiggar deg um nåde i dette huset,
34 so vil du høyra det i himmelen og tilgjeva Israel, folket ditt, den syndi dei gjorde, og føra deim heim att til det landet du hev gjeve federne deira!
35 Når himmelen let seg att, so det ikkje kjem regn, for di dei syndar imot deg, og dei so snur seg mot denne staden med bøn, og dei vedkjennest namnet ditt og vender um ifrå syndi si, av di du audmjuker deim,
36 so må du høyra det i himmelen og tilgjeva tenarane dine og Israel, folket ditt, syndi deira, for du lærer deim den gode vegen dei skal ganga på; og du må gjeva regn yver landet ditt, som du hev gjeve folket ditt til odel og eiga.
37 Når det kjem uår i landet, når det kjem farsott, når det kjem moldaks og rust, eller det kjem engsprettor og åmor, eller fienden trengjer folket i det landet der det hev byarne deira, eller kva for ei plåga eller sjukdom det er -
38 kvar gong det då stig upp ei bøn eller ei audmjuk påkalling frå eit menneskje i heile folket ditt, Israel, som kjenner sitt hjarte-mein og rettar ut henderne sine mot dette huset,
39 so må du høyra det i himmelen der du bur, og du må tilgjeva og setja i verk og gjeva kvar mann lika for all hans ferd, av di du kjenner hjarta hans - for einast du kjenner hjarta hjå alle folk -
40 so dei må ottast deg all den tid dei liver på den jordi som du hev gjeve federne våre.
41 Jamvel den framande, som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, men kjem frå eit land langt burte, for namnet ditt skuld
42 - for dei og kjem til å få høyra um ditt store namn, um di sterke hand og um din strake arm - når han kjem og vender bønerne sine mot dette huset,
43 so må du høyra i himmelen der du bur, og gjera alt som den framande ropar til deg um, so alle folk på jordi må læra å kjenna namnet ditt og ottast deg, liksom Israel, folket ditt, og skyna at dette huset som eg hev bygt, er uppkalla etter ditt namn.
44 Når folket ditt fer ut i herferd mot fienden sin på den vegen du sender deim, og dei so bed til Herren med andlitet mot denne byen du hev valt ut og det huset som eg hev bygt åt namnet ditt,
45 so må du i himmelen høyra bøni og påkallingi deira og hjelpa deim til retten sin.
46 Når dei syndar imot deg - for det finst ikkje noko menneskje som ikkje syndar - og du harmast på deim og let fienden få magt yver deim, so han fangar deim og fører deim burt til fiendeland langt av leid eller nær ved,
47 og dei då tenkjer seg um i det landet der dei er fangar, og vender um og bed deg um nåde i landet åt deim som held deim i band, og segjer: «Me hev synda og gjort ille, me hev vore ugudlege,»
48 og dei vender um til deg med heile sitt hjarta og all si sjæl der i fiendeland hjå deim som hev ført deim i trældom, og bed til deg med andlitet imot landet sitt, som du hev gjeve federne deira, imot den byen som du hev valt ut og det huset som eg hev bygt åt namnet ditt,
49 so må du i himmelen, der du bur, høyra bøni og påkallingi deira og hjelpa deim til retten sin,
50 og tilgjeva folket ditt det dei hev synda imot deg og all den misgjerd dei hev gjort i mot deg, og lata deim finna miskunn hjå deim som held deim i band, so dei gjer sælebot på deim;
51 for dei er ditt folk og din arv, som du leidde ut or Egyptarland, midt ut or jarnomnen.
52 Ja, gjev augo dine må vera opne for påkallingi åt tenaren din og folket ditt, Israel, so du høyrer på deim so tidt som dei ropar til deg.
53 For du hev skilt deim ut ifrå alle folk på jordi, so dei skal vera din arv soleis som du hev tala gjenom Moses, tenaren din, då du leidde federne våre ut or Egyptarland, Herre, Herre!»
54 Og då Salomo hadde enda heile denne bøn og audmjuke påkalling til Herren, reis han upp frå Herrens altar, der han hadde lege på kne med henderne utbreidde imot himmelen.
55 Og han steig fram og velsigna heile Israels-lyden med høg røyst og sagde:
56 «Lova vere Herren, som hev gjeve folket sitt, Israel, ro, plent som han hev sagt! Ikkje eitt ord hev vorte um inkje av alt det gode han hev lova ved Moses, tenaren sin.
57 Måtte Herren, vår Gud, vera med oss, som han hev vore med federne våre, og ikkje venda seg frå oss eller støyta oss burt,
58 men bøygja hjarta vårt til seg, so me gjeng på alle hans vegar og held hans bod og fyreskrifter og rettar, som han gav federne våre.
59 Og måtte desse ordi mine, som eg audmjukt hev bede for Herrens åsyn, vera nærverande for Herren, vår Gud, både dag og natt, so han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten deira etter som det trengst kvar dag,
60 so at alle folk på jordi må skyna at Herren er Gud og ingen annan.
61 Og de må gjeva dykk til Herren, vår Gud, med heile dykkar hjarta, so de ferdast i hans fyreskrifter og held hans bod som de gjer i dag.»
62 Og kongen og heile Israel med honom ofra slagtoffer for Herrens åsyn.
63 Til det takkofferet som Salomo ytte Herren, tok han tvo og tjuge tusund stykke storfe og eit hundrad og tjuge tusund stykke småfe. Soleis vigde kongen og heile Israels-lyden Herrens hus.
64 Same dagen helga Salomo den midtre luten av tunet framfyre Herrens hus; for der ofra han brennoffer, grjonoffer og feittstykke av takkofferet, etter di koparaltaret, som stod for Herrens åsyn, var for lite til å røma brennofferet og grjonofferet og feittstykki av takkofferi.
65 På den tid høgtida Salomo helgi saman med heile Israel - ein stor møtelyd like frå den staden der vegen gjeng til Hamat og til Egyptarlands-bekken - framfor Herren, vår Gud, i sju dagar og endå i sju dagar, fjortan dagar i alt.
66 Den åttande dagen let han folket fara, og dei bad velliva med kongen og tok heim kvar til seg, glade og velnøgde for alt det gode som Herren hadde gjort imot David, tenaren sin, og mot Israel, folket sitt.
1 Då Salomo no hadde gjort ifrå seg byggjearbeidet med Herrens hus og kongshuset og alt det andre som han hadde hug og lyst til å få gjort,
2 synte Herren seg for Salomo andre gongen, liksom han hadde synt seg for honom i Gibeon.
3 Og Herren sagde til honom: «Eg hev høyrt bøni di og di audmjuke påkalling som du hev sendt upp til meg; huset du hev bygt, hev eg helga til å bera namnet mitt i all æva, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alle dagar.
4 Ferdast du no for mi åsyn liksom David, far din, ferdast, i hjartans reinleik og i ærlegdom, so du gjer alt det som eg hev sagt deg fyre, held loverne og rettarne mine,
5 då skal eg halda uppe kongsstolen din i Israel æveleg, soleis som lovnaden min lydde til David, far din: «Aldri skal du vanta ein mann på Israels kongsstol.»
6 Men dersom de og borni dykkar snur meg ryggen og ikkje held bodi mine, loverne mine som eg hev lagt fram for dykk, men gjeng av stad og dyrkar andre gudar og bed til deim,
7 so vil eg rydja Israel ut or det landet eg hev gjeve deim; det huset eg hev helga for namnet mitt, vil eg føykja ifrå mi åsyn, og Israel skal verta eit ordtøke og ei spott millom alle folk.
8 Og um dette huset vert aldri so høgt, so skal kvar mann fæla og spotta når han framum fer; og spør ein: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?»
9 då skal dei svara: «For di dei vende seg ifrå Herren, sin Gud, han som hadde ført federne deira ut or Egyptarland, og heldt seg til andre gudar, bad til deim og tente deim, difor hev Herren late alt dette vonde koma yver deim.»»
10 Då no tjuge år var lidne, og Salomo hadde bygt dei tvo husi, Herrens hus og kongshuset,
11 og Hiram, kongen i Tyrus, hadde hjelpt Salomo med cedertre og cypresstre og alt det gull han ynskte, so gav kong Salomo Hiram tjuge byar i Galilæa-landet.
12 Og Hiram tok ut ifrå Tyrus, og vilde sjå på dei byarne som Salomo hadde gjeve honom; men han lika deim ikkje.
13 Og han sagde: «Kva er dette for byar du hev gjeve meg, bror min?» Og han gav deim namnet Kabulslandet, som dei og hev heitt til denne dag.
14 Men Hiram sende kongen tri hundrad vågar gull.
15 Det hadde seg soleis med det arbeidsfolk som kong Salomo tok ut til byggjearbeidet med Herrens hus og sitt eige hus og Millo og muren kring Jerusalem og Hasor og Megiddo og Geser:
16 - Farao, kongen i Egyptarland, hadde sett i veg og teke Gezer, og sett eld på det og drepe kananitarne som budde i byen og so gjeve honom i heimafylgje til dotter si, kona åt Salomo;
17 men Salomo bygde upp att Gezer og Nedre Bet-Horon
18 og Ba’alat og Tadmor i øydemarki der i landet,
19 bygde og alle dei upplagsbyar Salomo hadde, og vognbyarne og hestbyarne og elles alt som Salomo fekk hug og lyst til å få bygt i Jerusalem og på Libanon og i heile kongeriket sitt -:
20 Alt det folket som fanst att av amoritarne, hetitarne, perizitarne, hevitarne og jebusitarne, folk som ikkje var av Israels ætt,
21 sønerne deira, som var att etter deim i landet, med di Israels-sønerne ikkje hadde magta å fullføra bannstøyten imot deim, desse tok Salomo ut til pliktarbeid, og soleis hev det vore til den dag i dag.
22 Men av Israels-sønerne gjorde Salomo ingen til træl; for dei var herfolk og tenarar og hovdingar og kjempor hjå honom og hovdingar for stridsvognerne og hestfolket hans.
23 Talet på yverfutarne, som stod fyre arbeidet til Salomo, var fem hundrad og femti; dei rådde yver folket som gjorde arbeidet.
24 Nettupp på den tid dotter åt Farao hadde flutt upp ifrå Davidsbyen til huset sitt, som han hadde bygt til henne, gav han seg til å byggja Millo.
25 Tri gonger um året ofra Salomo brennoffer og takkoffer på det altaret han hadde bygt til Herren, og brende røykjelse ved alteret der framfor Herrens åsyn, og hadde no huset ferdigt.
26 Kong Salomo bygde og skip i Esjon-Geber; det ligg attmed Elot på Raudehavs-strandi i Edomlandet.
27 Og Hiram sende sjøvant mannskap av sitt folk til skipi i lag med folket åt Salomo.
28 Dei for til Ofir og henta gull derifrå, eit tusund og femti våger, som dei førde til kong Salomo.
1 Då dronningi i Saba fekk høyra gjetordet um Salomo og det han hadde gjort for Herrens namn, kom ho og vilde røyna honom med djupe gåtor.
2 Ho kom til Jerusalem med eit ovstort fylgje, med kamelar som var klyvja med kryddor og gull i store mengder og glimesteinar, og då ho var komi til Salomo, lagde ho fram for honom alt det ho hadde på hjarta.
3 Men Salomo gav henne svar på alle spurningarne hennar. For honom var ingenting dult, som han ikkje kunde svara på.
4 Då dronningi frå Saba såg all Salomos visdom og såg huset han hadde bygt,
5 og retterne på bordet hans, og korleis hirdmennerne hans sat der, og korleis tenarane hans varta upp og var klædde, og skjenkjarsveinarne hans og den uppgangen som han hadde til Herrens hus, då vart ho reint ifrå seg.
6 Og ho sagde til kongen: «So var det då sant det ordet eg høyrde i landet mitt um deg og um visdomen din!
7 Eg kunde ikkje tru det dei sagde fyrr eg sjølv kom og fekk sjå det med mine eigne augo; ikkje helvti hev dei fortalt meg, det ser eg no; i visdom og vyrdnad gjeng du yver det gjetordet eg hev høyrt um deg.
8 Sæle er mennerne dine, sæle er desse tenarane dine, som stødt fær standa framfyre deg og høyra visdomen din.
9 Lova vere Herren, din Gud, som hadde hugnad i deg og sette deg på Israels kongsstol! For di Herren elskar Israel alle dagar, sette han deg til konge, so du kann skipa rett og rettferd.»
10 So gav ho kongen tri hundrad våger gull og kryddor i store mengder og glimesteinar; so stor mengd av kryddor som den dronningi frå Saba gav kong Salomo, hev aldri vorte innførd sidan.
11 Då skipi til Hiram henta gull frå Ofir, tok dei og med almuggim-tre i stor mengd og dyre steinar frå Ofir.
12 Av almuggim-treet fekk kongen tillaga handrid til Herrens hus og til huset åt kongen, og like eins cithrar og harpor til songarane; so mykje almuggim-tre hev aldri vore innført eller set sidan til denne dag.
13 Og kong Salomo gav dronningi frå Saba alt det ho hadde hug på, og bad um, umfram det han gav henne i samhøve med Salomos kongelege vyrdnad. So snudde ho heim att til sitt land, ho sjølv og tenarane hennar.
14 Det gullet som kom inn til Salomo på eit år, vog sekstan hundrad og seks og seksti våger,
15 og då var ikkje medrekna det som kom inn frå kjøpmennerne og av kræmarhandelen og frå alle kongarne i Arabia og frå jarlarne i landet.
16 Og kong Salomo let gjera tvo hundrad store skjoldar av uthamra gull - seks hundrad lodd gull gjekk med til kvar skjold -
17 og tri hundrad små skjoldar av uthamra gull - eit hundrad og åtteti lodd gull gjekk med til kvar skjold - og kongen sette deim upp i Libanonskoghuset.
18 Kongen let og gjera ein stor kongsstol av flisbein og klædde honom med skirt gull.
19 Kongsstolen hadde seks stig, og ryggstydi på kongsstolen var avrunda ovantil; på båe sidor av sætet var der armar, og attmed armarne stod tvo løvor;
20 og tolv løvor stod det på dei seks stigi, på båe sidor. Maken til dette var ikkje laga i noko kongerike.
21 Alle drykkjestaupi åt kong Salomo var av gull, og alle gognerne i Libanonskoghuset var og av skirt gull; sylv fanst det ikkje; det var ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
22 For kongen hadde sine Tarsis-skip på havet attåt floten til Hiram. Ein gong tridje kvart år kom Tarsis-skipi heim og hadde med seg gull og sylv, og filsbein og apor og påfuglar.
23 Kong Salomo vart større enn alle kongar på jordi i rikdom og visdom.
24 Folk frå alle land vitja Salomo og vilde høyra visdomen hans, som Gud hadde lagt i hjarta hans.
25 Og då hadde kvar og ein av desse med seg gåvor: ymse ting av sylv og gull, klæde og våpn, kryddor, hestar og muldyr. Soleis gjekk det år etter år.
26 Salomo samla stridsvogner og hestfolk, so han hadde fjortan hundrad stridsvogner og tolv tusund hestfolk; og deim gav han læger i vognbyarne og i Jerusalem hjå kongen sjølv.
27 Og kongen gjorde sylvet i Jerusalem so vanleg som stein og cedertre som morberfiketre i låglandet.
28 Og hestarne som Salomo fekk seg, førde han inn frå Egyptarland; ein flokk kjøpmenner hjå kongen henta ei viss mengd til ein fastsett pris.
29 Kvar vogn som vart henta upp og utførd frå Egyptarland, kosta seks hundrad lodd sylv, og kvar hest eit hundrad og femti. På same vis vart dei, med deira hjelp, utførde til alle kongarne hjå hetitarne og i Syria.
1 Kong Salomo hadde mange utlendske kvinnor som han elska - umfram dotter åt Farao; moabitiske, ammonitiske, edomitiske, sidoniske, hetitiske,
2 kvinnor av dei heidningfolki som Herren hadde åtvara Israels-sønerne imot og sagt: «De skal ikkje hava noko med deim, og ikkje dei med dykk; elles kjem dei visseleg til å snu hjarta dykkar til sine gudar.» Salomo heldt seg til desse i elsk.
3 Han hadde sju hundrad konor av fyrsteætt og tri hundrad fylgjekonor, og konorne vende hjarta hans.
4 Ja, då Salomo vart gamall, drog dei hjarta hans til andre gudar, so hjarta hans var ikkje heilt med Herren hans Gud, soleis som hjarta åt David, far hans.
5 Og Salomo fylgde Astarte, sidoniarguden, og Milkom, styggedomen åt ammonitarne.
6 Soleis gjorde Salomo det som var vondt i Herrens augo, og fylgde ikkje Herren i eit og alt som David, far hans.
7 Salomo bygde då ein offerhaug på berget austanfor Jerusalem åt Kamos, styggedomen åt Moab, og for Molek, styggedomen åt Ammons-sønerne.
8 Og det same gjorde han for alle dei utlendske konorne sine, so dei fekk brenna røykjelse og ofra til gudarne sine.
9 Då vart Herren harm på Salomo, for di han hadde vendt hjarta sitt burt ifrå Herren, Israels Gud, som hadde openberra seg for honom tvo gonger
10 og gjeve honom eit serskilt bod um dette, at han ikkje skulde fylgja andre gudar; men han hadde ikkje agta på Herrens bod.
11 Difor sagde Herren til Salomo: «Etter di du er komen på dette, og ikkje hev halde pakti mi og loverne mine, som eg hev gjeve deg, vil eg riva riket ifrå deg og gjeva det til tenaren din.
12 Men for David, far din, skuld vil eg ikkje gjera dette i di tid; eg riv det or handi på son din.
13 Heile riket vil eg like vel ikkje riva ifrå honom. Eitt fylke vil eg gjeva son din for David, far din, skuld og for Jerusalem skuld, som eg hev valt ut.»
14 Og Herren vekte upp ein motmann imot Salomo; edomiten Hadad; han var av kongsætti i Edom.
15 Då David var i Edom, og herhovdingen Joab for upp og skulde gravleggja dei falne og med det same slo i hel alt som mann var i Edom
16 - for Joab og heile Israel vart verande der i seks månader, til dess han hadde rudt ut alt som mann var i Edom -
17 då rømde denne Hadad, han sjølv og nokre edomitiske menner, som hadde vore i tenesta hjå far hans, og tok vegen til Egyptarland. Hadad var den gong ein liten gut.
18 Og dei drog ut frå Midjan og kom til Paran; frå Paran tok dei med seg nokre menner og kom til Egyptarland til Farao, egyptarkongen; han gav honom eit hus og rettleide honom med upphald og let honom få jord.
19 Hadad fann stor godvilje hjå Farao, so han gav honom til kona syster åt kona si, syster åt dronning Tahpenes.
20 Og denne syster åt Tahpenes fødde sonen Genubat åt honom; Tahpenes vande honom av i huset åt Farao, og Genubat vart verande i huset der med sønerne åt Farao.
21 Men då Hadad høyrde i Egyptarland, at David hadde lagt seg til kvile hjå federne sine, og at Joab, stridshovdingen, var avliden, so sagde Hadad til Farao: «Slepp meg no, so eg kann fara heim til landet mitt!»
22 Farao sagde til honom: «Kva saknar du her hjå meg, sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting; men du må plent lata meg fara.»
23 Gud vekte upp ein motmann til imot Salomo: Rezon Eljadason; han var rømd ifrå herren sin, Hadadezer, kongen i Soba.
24 Der samla han ein flokk um seg, den gong David slo folket i hel, og vart røvarhovding; dei drog av til Damaskus, slo seg ned der og styrde i Damaskus.
25 Han vart ein motmann imot Israel so lenge Salomo livde, og skadde det, både han og Hadad; han hata Israel og vart konge yver Syria.
26 Ein av mennerne åt Salomo heitte Jerobeam; han var son åt Nebat, ein efraimit frå Sereda; mor hans heitte Serua og var enkja. Og han gjorde uppreist mot kongen.
27 Grunnen til at han lyfte hand imot kongen, var dette: Salomo bygde Millo og sette stengsla for opningi til byen åt David, far sin.
28 No var Jerobeam ein dugande kar, og då Salomo såg at han var drivande i arbeidet sitt, sette han honom til tilsynsmann yver alt arbeidet som Josefs hus hadde på seg.
29 So hende det ein gong ved det leitet, at Jerobeam var gjengen ut or Jerusalem, og at profeten Ahia frå Silo råka honom på vegen. Han hadde på seg ei ny kåpa, og dei var tvo-eine på marki.
30 Då tok Ahia den nye kåpa han hadde på seg, og reiv henne i tolv stykke.
31 Og han sagde til Jerobeam: «Tak deg ti stykke! For so segjer Herren, Israels Gud: «Sjå, eg vil riva riket ut or handi på Salomo og gjeva deg ti av ætterne;
32 men den eine ætti skal han få hava for David skuld, tenaren min, og for Jerusalem skuld, den byen eg hev valt millom alle Israels fylke.
33 Det skal ganga so, for di dei hev vike ifrå meg og bede til Astarte, sidonarguden, til Kamos, Moabs-guden, og til Milkom, ammonitarguden, og ikkje gjenge mine vegar, ikkje gjort det som rett er i mine augo, eller halde loverne mine og bodi mine, soleis som David, far hans, gjorde.
34 Eg vil like vel ikkje taka noko av riket ifrå honom sjølv, men lata honom vera fyrste so lenge han liver, for David skuld, tenaren min, han som eg valde ut, og som agta på bodi og loverne mine.
35 Men ifrå son hans vil eg taka riket, og gjeva deg det, dei ti ætterne, meiner eg;
36 son hans vil eg gjeva ein av ætterne, so tenaren min, David, alle dagar må hava ei lampa framfor mi åsyn i Jerusalem, den byen som eg hev valt meg ut til bustad for namnet mitt.
37 Deg vil eg då kåra, du skal råda yver alt du hev hug til, og vera konge yver Israel.
38 Og lyder du alt som eg byd deg, og gjeng mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, so du held loverne mine og bodi mine, soleis som David, tenaren min, gjorde, so vil eg vera med deg og byggja deg eit hus som stend fast, soleis som eg bygde for David, og gjeva deg Israel.
39 Og Davids ætt vil eg mykja for dette, men like vel ikkje for alltid.»»
40 Salomo freista å taka livet av Jerobeam; men Jerobeam reis upp og rømde undan til Egyptarland til egyptarkongen Sisak, og han vart verande i Egyptarland til Salomo døydde.
41 Det som elles er å fortelja um Salomo og alt det han gjorde, og um visdomen hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Salomo.
42 Den tid Salomo var konge i Jerusalem yver heile Israel, var fyrti år.
43 So lagde Salomo seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin, og Rehabeam, son hans, vart konge i staden hans.
1 Og Rehabeam for til Sikem; for heile Israels var kome til Sikem og vilde taka honom til konge.
2 Men då Jerobeam Nebatsson frette det - han var endå i Egyptarland; han hadde rømt dit for kong Salomo, og Jerobeam budde soleis i Egyptarland,
3 og dei sende bod dit og bad honom heim att - då kom Jerobeam og heile Israels-lyden og tala med Rehabeam og sagde:
4 «Far din lagde på oss eit hardt ok; men vil du no letta på harde strævet og det tunge oket som far din lagde på oss, so vil me tena deg.»
5 Han svara deim: «Gakk burt og bia tri dagar og kom so til meg att!» Og folket gjekk.
6 Då rådførde kong Rehabeam seg med dei gamle, som hadde vore i tenesta hjå Salomo, far hans, medan han livde, og spurde deim: «Kva svar råder de meg til å gjeva dette folket?»
7 Dei svara honom og sagde: «Bøygjer du deg for dette folket i dag og er deim til tenesta og gjev deim gode ord til svar, so vil dei verta tenarane dine alle dagar.»
8 Men han brydde seg ikkje um den rådi som dei gamle gav honom; men rådførde seg med dei unge, som var uppvaksne upp i lag med honom og no stod i hans tenesta.
9 Han sagde til deim: «Kva råder de meg til å svara dette folket som hev tala til meg og sagt: «Lat det oket som far din hev lagt på oss verta lettare?»»
10 Dei unge kararne som var uppvaksne i lag med honom, svara honom då og sagde: «So skal du segja til dette folket som hev tala til deg og sagt: «Far din lagde eit tungt ok på oss, men gjer no du det lettare for oss!» - So skal du segja til deim: Litlefingeren min er tjukkare enn mjødmane åt far min.
11 Hev difor far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg skal tukta dykk med skorpionar.»
12 So kom Jerobeam og heile folket til Rehabeam tridje dagen, so som kongen hadde sagt: «Kom hit til meg att tridje dagen!»
13 Då gav kongen folket eit hardt svar; for han brydde seg ikkje um den rådi dei gamle hadde gjeve honom.
14 Etter rådi åt dei unge kararne sagde han til deim: «Hev far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre. Hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar.»
15 Kongen høyrde soleis ikkje på folket, for di Herren laga det soleis, so det ordet skulde sannast som Herren hadde tala til Jerobeam Nebatsson ved siloniten Ahia.
16 Då no heile Israel såg at kongen ikkje høyrde på deim, gav folket dette svaret: «Kva deil hev me i David? Ingen lut i Isaisonen! Heim til hyttorne, Israel! Sjå no sjølv til huset ditt, David!» So for Israel heim kvar til sitt.
17 Berre yver dei Israels-borni som budde i byarne i Juda, vart Rehabeam konge.
18 Og då kong Rehabeam sende i veg Adoram som hadde øvste tilsynet med pliktarbeidet, so steina heile Israel honom i hel. Då skunda kong Rehabeam seg upp i vogni si og rømde til Jerusalem.
19 So reiv då Israel seg laus ifrå Davids hus, og soleis hev det vore til denne dag.
20 Men då heile Israel frette at Jerobeam var komen att, sende dei bod og bad honom til tings og kåra honom til konge yver heile Israel; det var ingen som heldt fast på Davids hus, so nær som Juda-ætti åleine.
21 Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamins-ætti, hundrad og åtteti tusund utvalde stridsmenner, og vilde strida imot Israels hus og vinna kongedømet att for Rehabeam Salomoson.
22 Men då kom Guds ord til gudsmannen Semaja soleis:
23 «Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til heile Judas og Benjamins hus og til resten av folket:
24 So segjer Herren: «De skal ikkje fara upp og strida mot brørne dykkar, Israels-sønerne. Snu heim att, kvar til sitt hus! For det som hev hendt, er kome frå meg.»» Då lydde dei Herrens ord og snudde og gjekk sin veg, som Herren hadde sagt.
25 Jerobeam bygde upp Sikem på Efraimsfjellet og busette seg der. Derifrå tok han ut og bygde upp Penuel.
26 Og Jerobeam sagde med seg sjølv: «Riket kann snart ganga attende til Davids hus.
27 Dersom dette folket fær fara upp til Herrens hus i Jerusalem og ofra, so kann folkehugen venda attende til hovdingen deira, Rehabeam, kongen i Juda; ja då drep dei gjerne meg og vender attende til Rehabeam, kongen i Juda.»
28 Og då kongen hadde tenkt yver dette, laga han tvo gullkalvar, og han sagde til folket: «No lyt de vera nok med ferder upp til Jerusalem. Sjå her er guden din, Israel som førde deg upp or Egyptarlandet.»
29 Og han sette upp den eine i Betel, den andre sette han i Dan.
30 Dette vart orsak til synd; folket gjekk radt til Dan og steig fram for den eine av deim.
31 Og han bygde hus på offerhaugarne og sette til prestar likt og ulikt, folk som ikkje var av Levi-sønerne.
32 Og Jerobeam skipa til ei høgtid i den åttande månaden, på den femtande dagen i månaden, i likskap med høgtidi i Juda, og han ofra på altaret. So gjorde han i Betel, med di han ofra til kalvarne som han hadde laga, og dei som han hadde sett til offerhaug-prestar, let han gjera tenesta i Betel.
33 Og han ofra på det altaret han hadde laga i Betel, den femtande dagen i åttande månaden, den månaden som han hadde valt ut etter sitt eige hovud. Han skipa då til ei høgtid for Israels-borni og steig upp til altaret og vilde kveikja offereld.
1 Men nettupp då Jerobeam stod ved altaret og vilde kveikja offereld, kom det på Herrens bod ein gudsmann frå Juda til Betel.
2 Og etter Herrens fyresegn ropa han imot altaret og sagde: «Altar, altar! So segjer Herren: «Ein son skal verta fødd åt Davids hus; Josia skal han heita, på deg skal han ofra offerhaug-prestarne som kveikjer offereld på deg; mannebein skal dei då brenna på deg.»»
3 Same gongen nemnde han eit teikn og sagde: «Dette er teiknet på at Herren hev tala: Sjå, altaret skal rivna, og oska som er på det, skal renna utyver.»
4 Då kong Jerobeam høyrde det som gudsmannen ropa imot altaret i Betel, rette han ut handi frå altaret og sagde: «Tak honom!» Men handi som han hadde rett ut imot honom visna, og han kunde ikkje taka henne til seg att.
5 Og altaret rivna, og oska rann ut frå altaret; det var teiknet som gudsmannen hadde nemnt, etter Herrens bod.
6 Då svara kongen og sagde til gudsmannen: «Vil du naudbeda Herren, din Gud, at eg må kunna taka handi til meg att?» Og gudsmannen naudbad Herren, og kongen kunde då taka handi til seg att, og ho vart som ho hadde vore fyrr.
7 Då sagde kongen til gudsmannen: «Kom heim med meg og styrk deg, og lat meg få gjeva deg ei gåva!»
8 Men gudsmannen sagde til kongen: «Um du gav meg helti av huset ditt, vilde eg ikkje ganga inn med deg like vel; her vil eg korkje eta eller drikka.
9 For det bodet eg fekk av Herren: «Du skal ikkje eta brød og ikkje drikka vatn, og ikkje skal du fara den same vegen attende som du gjekk av stad.»»
10 Og so for han av ei annan veg og vende ikkje heim att den vegen han var komen.
11 Men i Betel budde ein gamall profet, og son hans kom og fortalde honom alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Og då dei hadde fortalt dette til far sin,
12 sagde far deira til deim: «Kva veg gjekk han?» Sønerne hadde set kva veg gudsmannen hadde fare, han som var komen frå Juda.
13 Då sagde han til sønerne sine: «Sala asnet åt meg!» Då dei so hadde sala asnet åt honom, sette han seg på det
14 og tok ut etter gudsmannen og fann honom; han under eiki; og han spurde honom: «Er du den gudsmannen som er komen frå Juda?» Han svara: «Ja, det er eg.»
15 Då sagde han til honom: «Fylg meg heim, og et med meg!»
16 Men han svara: «Eg kann ikkje ganga attende med deg eller stiga innum hjå deg, og eg kann korkje eta eller drikka med deg her;
17 for det kom eit ord til meg frå Herren: «Du skal korkje eta eller drikka der; du skal ikkje heller fara attende same vegen som du gjekk dit.»»
18 Han sagde til honom: «Eg og er profet liksom du, og ein engel hev tala til meg på Herrens bod og sagt: «Få honom attende med deg og gjev honom mat og drikka!»» Men det laug han for honom.
19 So snudde han um att med honom og åt i huset hans og drakk.
20 Men medan dei sat ved bordet, kom Herrens ord til profeten som hadde fenge honom attende.
21 Og han ropa til gudsmannen som var komen frå Juda, og sagde: «So segjer Herren: «For di du hev vore motstridig mot Herrens ord og ikkje lydt det bodet som Herren, din Gud, gav deg,
22 men snudde um att og ete og drukke på den staden der han hadde forbode deg å gjera det, so skal liket ditt ikkje koma i fedregravi di.»»
23 Då han no hadde ete og drukke, sala han asnet åt honom, åt profeten, som han hadde fenge attende.
24 Og han tok i veg, men ei løva råka honom på vegen og drap honom. Sidan låg liket hans slengt på vegen; men asnet gav seg til å standa attmed det, og løva stod like eins attmed liket.
25 Då no folk som gjekk framum der, fekk sjå liket hans slengt på vegen, og løva standande attmed det, gjekk dei inn i byen der den gamle profeten budde, og tala um det.
26 Då profeten som hadde fenge honom attende frå vegen, høyrde det, sagde han: «Det er gudsmannen som var motstridig imot Herrens ord; difor hev Herren gjeve honom løva i vald, og ho hev rive honom sund og drepe honom, etter det ord som Herren hadde tala til honom.»
27 Og han sagde til sønerne sine: «Legg sal på asnet åt meg!» Og dei sala det.
28 So tok han ut og fann liket liggjande slengt på vegen, og løva og asnet standane attmed liket; løva hadde ikkje ete av liket og ikkje rive sund asnet heller.
29 Og profeten tok upp liket av gudsmannen og lagde honom på asnet og tok honom med seg attende; og den gamle profeten gjekk inn i byen sin og vilde halda syrgjehøgtid og gravleggja honom.
30 Og han lagde liket hans i si eigi grav, og dei heldt syrgjehøgtid og ropa: «Eie, eie meg, bror min!»
31 Då han no hadde gravlagt honom, sagde han til sønerne sine: «Når eg døyr, skal de leggja meg i den gravi som gudsmannen ligg i; legg beini mine attmed hans bein.
32 For det skal sanna seg, det som han, etter Herrens ord, sagde imot altaret i Betel og imot alle offerhaughusi i byarne i Samaria.»
33 Jerobeam vende like vel ikkje um ifrå sin vonde veg etter denne hendingi, men heldt fram med å gjera til prestar ved offerhaugarne både likt og ulikt. Den som berre hadde hug til det, fekk av honom handi fyllt, so dei kunde verta prestar ved haugarne.
34 På denne vis vart Jerobeam upphavsmann til synd i ætti si og orsak til at huset hans vart utrudt og utstroke av jordi.
1 Ved det bilet vart Abia, son åt Jerobeam, sjuk.
2 Då sagde Jerobeam til kona si: «Tak og klæd deg ut, so ingen vert vis med at du er kona åt Jerobeam, og gakk so til Silo! Der bur profeten Ahia, han som tala um at eg skulde verta konge yver dette folket.
3 Tak med deg ti brød og kakor og ei krukka med honning og gakk inn til honom! Han skal vitra deg um korleis det skal ganga med guten.»
4 Og kona åt Jerobeam gjorde so; ho tok ut til Silo og kom til huset åt Ahia. Men Ahia kunde ikkje sjå; for augo hans var star-blinde av alderdom.
5 Men Herren hadde sagt til Ahia: «Kona åt Jerobeam kjem og vil spyrja deg ut um son sin, for han er sjuk. Det og det skal du segja med henne. Når ho kjem, vil ho bera seg åt liksom ho var framand.»
6 Då no Ahia høyrde fotstigi hennar i det same ho kom inn døri, sagde han: «Kom inn, du kona åt Jerobeam! Kvi ber du deg åt liksom du var framand? Eg er send til deg med eit hardt bod.
7 Gakk og seg til Jerobeam: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg hev lyft deg upp or folket og sett deg til fyrste yver folket mitt, Israel,
8 og rive riket ifrå Davids hus og gav det til deg. Men du hev ikkje stelt deg som tenaren min, David; han heldt bodi mine og fylgde meg av alt sitt hjarta, so han gjorde einast det som rett var i mine augo;
9 men du hev gjort meir vondt enn alle som hev vore fyre deg; du hev gjenge av og laga deg andre gudar, støypte bilæte, for å harma meg, og meg hev du kasta attum ryggen din.
10 Difor vil eg lata ulukka koma yver Jerobeams hus og rydja ut kvar ein karmann av ætti hans både, både ufri og fri i Israel, og eg skal sopa etter Jerobeams hus plent som ein sopar burt skarn, til dess det ingen ting er att av det.
11 Den av Jerobeams hus som døyr i byen, skal hundarne eta upp, og den som døyr utpå marki, skal fuglane under himmelen eta upp. For soleis hev Herren tala.»»
12 Gakk no du heim att! Når føterne stig inn i byen, so døyr barnet.
13 Og heile Israel skal halda syrgjehøgtid for honom, og dei skal gravleggja honom; for av Jerobeams hus er han den einaste som skal koma i ei grav, etter di han var den einaste i Jerobeams hus som det var noko godt hjå imot Herren, Israels Gud.
14 Men Herren skal setja seg ein konge yver Israel, som skal rydja ut Jerobeams hus. Dette er dagen, og no skal det henda.
15 Herren skal slå Israel som sevet voggar i vatnet, og han skal rykkja Israel upp or dette gode landet, som han gav federne deira, og strøya deim på andre sida åt Storelvi, for di dei hev laga seg asjeror og vekt Herrens harm.
16 Og han skal ofra Israel for dei synder skuld som Jerobeam gjorde, og som han fekk Israel til å gjera.»
17 Då reis kona åt Jerobeam upp og gjekk sin veg og kom til Tirsa, og med same ho steig yver dørstokken i huset, døydde guten.
18 Og dei gravlagde honom, og heile Israel heldt syrgjehøgtid for honom, etter det ord som Herren hadde tala ved tenaren sin, profeten Ahia.
19 Det som elles er å fortelja um Jerobeam, um krigerne hans og styringi hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
20 Styringstidi åt Jerobeam var tvo og tjuge år. So lagde han seg til kvile hjå federne sine, og Nadab, son hans, vart konge i staden hans.
21 Men Rehabeam, son åt Salomo, var konge i Juda; ein og fyrti år var Rehabeam då han vart konge, og syttan år styrde han i Jerusalem, den byen som Herren hadde valt ut av alle Israels ætter til bustad for namnet sitt. Mor hans var ei ammonitkvinna som heitte Na’ama.
22 Og Juda gjorde det som vondt var i Herrens augo; med dei synder dei gjorde, vekte dei brennhugen hans meir enn federne deira hadde gjort.
23 Dei og bygde seg offerhaugar og laga til stolpar og asjeror på kvar ein høg bakke og under kvart eit grønt tre;
24 ja, det var jamvel utukt-sveinar i landet. Dei heldt på med all styggedomen hjå dei folki som Herren hadde jaga undan for Israels-sønerne.
25 I femte styringsåret åt Rehabeam drog egyptarkongen Sisak upp imot Jerusalem.
26 Og han tok skattarne i Herrens hus og skattarne i kongshuset; alt saman tok han. Han tok alle gullskjoldarne og, som Salomo hadde late gjera.
27 I deira stad fekk kong Rehabeam gjort koparskjoldar og gav deim i varveitsla til hovdingarne for livvakti, dei som heldt vakt ved inngangen til kongshuset;
28 og kvar gong kongen gjekk til Herrens hus, bar vaktmennerne deim og tok deim so attende til vaktstova.
29 Det som elles er å fortelja um Rehabeam, um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
30 Millom Rehabeam og Jerobeam var det ufred stødt.
31 Og Rehabeam lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen. Mor hans heitte Na’ama, ammonitkvinna. Og Abiam, son hans, vart konge i staden hans.
1 I det attande styringsåret åt Jerobeam Nebatsson vart Abiam konge yver Juda.
2 Tri år styrde han i Jerusalem; mor hans heitte Ma’aka Abisalomsdotter.
3 Og han fylgde far sin i alle dei syndar som han hadde gjort fyre honom, og hjarta hans var ikkje heilt med Herren, hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore.
4 Men for David skuld gav Herren, hans Gud, honom ei lampa i Jerusalem, med di han lyfta upp son hans etter honom og let Jerusalem få standa,
5 for di David hadde gjort det som rett var i Herrens augo og ikkje vike ifrå noko av det han hadde bode honom, so lenge han livde, so nær som i saki med hetiten Uria.
6 Millom Rehabeam og Jerobeam var det ufred so lenge han livde.
7 Det som elles er å fortelja um Abiam og um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. Abiam og Jerobeam låg i ufred med kvarandre.
8 Og Abiam lagde seg til kvila hjå federne sine, og dei gravlagde honom i Davidsbyen; og Asa, son hans, vart konge i staden hans.
9 I tjugande året åt Jerobeam, kongen i Israel, vart Asa konge i Juda.
10 Han styrde eitt og fyrti år i Jerusalem. Hans mor heitte Ma’aka Abisalomsdotter.
11 Og Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans.
12 Han jaga utukt-sveinarne ut or landet, og fekk burt alle dei skarnsgudarne som far hans hadde laga.
13 Og jamvel mor si, Ma’aka, sette han ifrå hennar dronningrang, for di ho hadde late gjera eit styggjelegt bilæte for Asjera; Asa hogg ned det stygge bilætet hennar og brende det i Kidronsdalen.
14 Men offerhaugarne fekk dei ikkje burt; like vel var hjarta åt Asa heilt med Herren, so lenge han livde.
15 Heilaggåvorne åt far sin og heilaggåvorne sine eigne flutte han inn i Herrens hus, sylv og gull og ymse ting.
16 Millom Asa og Basea, kongen i Israel, var det ufred so lenge dei livde.
17 Basea, Israels-kongen, drog upp imot Juda og bygde ei borg i Rama, av di han vilde hindra at nokon drog ut eller inn hjå Asa, kongen i Juda.
18 Då tok Asa alt det sylv og gull som var att i skattkammeri i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden og lagde det i handi åt tenarane sine; so sende han dei til Benhadad, son åt Tabrimmon Hezjonsson, syrarkongen, som budde i Damaskus, med dei ordi:
19 «Det er eit samband millom meg og deg, sameleis som millom far min og far din. Her sender eg deg ei gåva i sylv og gull. Gjer no vel og brjot sambandet ditt med Basea, Israels-kongen, so han lyt draga burt ifrå meg!»
20 Og Benhadad lydde kong Asa og sende herførarane sine imot byarne i Israel og herja Ijon, Dan, Abel-Bet-Ma’aka og heile Kinnerot umfram heile Naftalilandet.
21 Då Basea no høyrde det, slutta han med borgbyggjingi i Rama og heldt seg sidan i ro i Tirsa.
22 Men kong Asa baud ut heile Juda - ikkje ein var friteken - og dei tok burt steinar og trevyrke som Basea hadde bruka til byggverket i Rama; og med det gjorde no kong Asa Geba i Benjamin og Mispa til borgbyar.
23 Det som elles er å fortelja um Asa, um alle storverki hans og alt han gjorde, um byarne som han bygde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. Men på sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føterne.
24 Og Asa lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far sin. Og Josafat, son hans, vart konge i staden hans.
25 Nadab Jerobeamsson vart konge i Israel i det andre styringsåret åt Juda-kongen Asa og rådde yver Israel i tvo år.
26 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo og stemnde fram på vegen til far sin og i den synd som han hadde fenge Israel til å gjera.
27 Men Basea Ahiason av Issakars hus fekk til ei samansverjing imot honom, og Basea slo honom i hel ved Gibbeton, som høyrde filistarane til; Nadab med heile Israel heldt då på å kringsette Gibbeton.
28 Basea drap honom i det tridje styringsåret åt Juda-kongen Asa, og han vart so konge i staden hans.
29 Og då han var konge vorten, slo han i hel heile Jerobeams hus; han let det ikkje vera att ei livande sjæl av Jerobeams hus, men gjorde ende på, etter det ord som Herren hadde tala ved tenaren sin, siloniten Ahia;
30 det var for dei synder skuld som Jerobeam hadde gjort, og som han hadde fenge Israel til å gjera, og for di han soleis hadde harma Herren, Israels Gud.
31 Det som elles er å fortelja um Nadab og um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
32 Millom Asa og Basea, kongen i Israel, var det ufred so lenge dei livde.
33 I det tridje styringsåret åt Juda-kongen Asa vart Basea Ahiason konge yver heile Israel i Tirsa, og det var han i fire og tjuge år.
34 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og stemnde fram på Jerobeams veg og i den synd som han hadde fenge Israel til å gjera.
1 Og Herrens ord kom til Jehu Hananison um Baesa, soleis:
2 «Eg hev lyft deg upp or moldi og sett deg til hovding yver Israel, folket mitt. Men du hev fare der Jerobeam for, og fenge Israel, folket mitt, til å synda, so dei hev harma meg med synderne sine.
3 Difor vil eg sopa etter Baesa og huset hans; eg vil gjera med ditt hus som eg gjorde med huset åt Jerobeam Nebatsson.
4 Den av huset åt Baesa som døyr i byen, skal hundarne eta upp, og den av huset hans som døyr utpå marki, skal fuglarne under himmelen eta upp.»
5 Det som elles er å fortelja um Baesa og um det han gjorde, um storverki hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
6 Og Baesa lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge i staden hans.
7 Men gjenom profeten Jehu Hananison var Herrens ord kome til Baesa og huset hans både for alt det han gjorde som Herren mislika, då han harma honom med det som henderne hans gjorde i likskap med Jerobeams hus, og for det at han hadde slege dette i hel.
8 I det seks og tjugande året åt Juda-kongen Asa vart Ela Baesason konge yver Israel i Tirsa, og det var han i tvo år.
9 Då fekk ein av tenarane hans, Zimri, hovdingen for helvti av vognerne, til ei samansverjing imot honom, og ein gong han hadde teke seg eit rus i Tirsa, i huset åt Arsa, drottseten i Tirsa,
10 kom Zimri dit og slo han i hel - det var i sju og tjugande året åt Juda-kongen Asa - og so vart han sjølv konge i staden hans.
11 Og då han hadde vorte konge og var komen på kongsstolen sin, tynte han heile huset åt Baesa; han let det ikkje vera att nokon karmann, men drap jamvel skyldfolk og vener til honom.
12 So rudde Zimri ut heile huset åt Baesa, etter det ord som Herren hadde tala til Baesa gjenom profeten Jehu,
13 for alle dei synder skuld som Baesa og Ela, son hans, hadde gjort, og som dei hadde fenge Israel til å gjera, so dei harma Herren, Israels Gud, med dei fånyttige avgudarne sine.
14 Det som elles er å fortelja um Ela og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
15 I det sju og tjugande året åt Juda-kongen Asa vart Zimri konge i sju dagar i Tirsa, den gongen folket kringsette Gibbeton, som tilhøyrde filistarane.
16 Då folket som låg i lægret, høyrde at Zimri hadde fenge til ei samansverjing og jamvel slege kongen i hel, gjorde heile Israel den israelitiske herføraren Omri til konge i lægret same dagen.
17 Og Omri tok upp ifrå Gibbeton og heile Israel med honom, og dei kringsette Tirsa.
18 Og då Zimri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgi i kongsgarden og sette eld på kongsgarden yver seg og døydde soleis,
19 for dei synder han hadde gjort, med di han gjorde det som vondt var i Herrens augo og stemnde fram på Jerobeams veg og i den synd som han hadde gjort og fenge Israel til å gjera.
20 Det som elles er å fortelja um Zimri og um den samansverjingi som han fekk til, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
21 No kløydest Israels-folket seg i tvo flokkar; den eine helvti av folket heldt med Tibni Ginatsson og gjorde honom til konge, men den andre helvti heldt seg til Omri.
22 Og den flokken som heldt med Omri, vart for sterk for deim som heldt med Tibni Ginatsson, og då Tibni døydde, vart Omri konge.
23 I det eitt og trettiande året åt Juda-kongen Asa vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrde han i seks år.
24 Han kjøpte berget Samaria av Semer for fem våger sylv, og han bygde på berget og kalla byen som han bygde der Samaria, etter Semer, som hadde ått berget.
25 Men Omri gjorde det som vondt var i Herrens augo; ja, han bar seg verre åt enn alle som hadde vore fyre honom.
26 Han fylgde Jerobeam Nebatsson etter på alle hans vegar og i alle dei synder som han hadde fenge Israel til å gjera, so dei harma Herren, Israels Gud, med sine fånyttige avgudar.
27 Det som elles er å fortelja um Omri, um det han gjorde og um storverki hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
28 Og Omri lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria, og Ahab, son hans, vart konge i staden hans.
29 Ahab Omrison vart konge yver Israel i det åtte og trettiande året åt Juda-kongen Asa, og Ahab Omrison styrde Israel tvo og tjuge år i Samaria.
30 Ahab Omrison gjorde det som vondt var i Herrens augo, meir enn alle som hadde vore fyre honom.
31 Det var ikkje nok for honom at han livde i synderne til Jerobeam Nebatsson, men han tok jamvel og gifte seg med Jezabel, dotter åt sidonarkongen Etba’al, og gjekk so av stad og tente Ba’al og tilbad honom.
32 Og han reiste eit altar for Ba’al i det Ba’als-huset som han hadde bygt i Samaria.
33 Ahab fekk ei Asjera tillaga og gjorde meir til å harma Herren, Israels Gud, enn alle Israels-kongarne som hadde vore fyre honom.
34 I hans tid bygde beteliten Hiel upp att Jeriko. Men det kosta honom eldste son hans, Abiram, å leggja grunnen; og det kosta honom yngste son hans, Segub, å setja upp portarne, etter det ord Herren hadde tala gjenom Josva Nunsson.
1 Og Elia frå Tisbe, ein av deim som hadde flutt inn ifrå Gilead, sagde til Ahab: «So sant Herren, Israels Gud, liver, han som eg er i tenesta hjå, so skal det ikkje koma regn eller dogg i desse åri utan eg segjer det.»
2 Og Herrens ord kom til honom soleis:
3 «Gakk herifrå og tak austetter og gøym deg attmed bekken Kerit på hi sida Jordan!
4 Av bekken skal du drikka, og føda til deg hev eg bode ramnarne syte for.»
5 Då tok han ut og gjorde som Herren hadde sagt; han gjekk av stad og vart verande attmed bekken Kerit, som er austanfor Jordan.
6 Og ramnarne bar brød og kjøt til honom um morgonen og brød og kjøt um kvelden, og av bekken drakk han.
7 Men då ei tid var lidi, torna bekken, for det kom ikkje regn i landet.
8 Då kom Herrens ord til honom; han sagde:
9 «Set i veg til Sarefat, som høyrer til Sidon, og gjev deg til der! Eg hev bede ei enkja syta for deg med føda.»
10 Han tok i veg til Sarefat, og då han kom til byporten, fekk han auga på ei enkja som sanka ved. Og han ropa til: «Henta ein liten grand vatn åt meg i ei skål, so eg fær drikka!»
11 Då ho no gjekk og skulde henta det, ropa han etter henne, og sagde: «Tak med deg eit stykke brød åt meg!»
12 Men ho svara: So sant Herren, din Gud, liver; eg eig ikkje ein brødleiv; ein neve mjøl i krukka og ein grand olje i krusi er det einaste; og no sankar eg saman eit par vedkjeppar og gjeng inn og lagar det til åt meg og son min; so fær me eta det og sidan døy.
13 Då sagde Elia til henne: «Ottast ikkje, gakk inn og gjer som du hev sagt! Men laga fyrst ei liti kaka åt meg og ber ut åt meg! Sidan kann du få laga til åt deg sjølv og son din.
14 For so segjer Herren, Israels Gud: «Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og ikkje skal det skorta på olje i krusi, til dess Herren let det regna på jordi.»»
15 Då gjekk ho av stad og gjorde som Elia hadde sagt; og dei åt, både han og ho og husfolket hennar, ei heil tid frametter.
16 Mjølkrukka vart ikkje tom, og det skorta ikkje på olje i krusi; det gjekk som Herren hadde tala gjenom Elia.
17 Men ei tid etter desse hendingarne vart son åt kvinna, ho som åtte huset, sjuk; og sjukdomen hans vart ovleg tung, og til slutt andast han.
18 Då sagde ho til Elia: «Kva hev du, gudsmann, å gjera hjå meg? Du er komen til meg for å draga synda mi fram i minnet, so son min måtte døy.»
19 Men han sagde til henne: «Lat meg få guten din hit.» Og han tok honom or fanget hennar og bar honom upp på salen der han budde, og lagde honom på sengi si.
20 Og han ropa til Herren og sagde: «Herre, min Gud! At du kunde senda slik ulukka yver denne enkja som gjev meg herbyrge, og late son hennar døy!»
21 Og han lutte seg burtyver barnet tri gongar og ropa til Herren og sagde: «Herre, min Gud! Lat sjæli til guten koma attende til honom!»
22 Og Herren høyrde Elia; guten fekk sjæli attende og vart livande.
23 Og Elia tok barnet ifrå salen og hadde det nedatt i huset og gav det til mori, og Elia sagde: «Sjå, son din liver!»
24 Då sagde kvinna til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.»
1 Ei lang tid deretter, det var tridje året, kom Herrens ord til Elia, soleis: «Gakk av stad og stig fram for Ahab, so skal eg sidan lata det regna yver jordi.»
2 Og Elia tok i veg og vilde stiga fram for Ahab. Men svolten var stor i Samaria.
3 Då kalla Ahab til seg Obadja, som var drottsete. Obadja ottast Herren av heil hug;
4 den gongen då Jezabel rudde ut Herrens profetar, hadde Obadja teke og gøymt hundrad profetar i tvo hellerar, femti mann i kvar heller, og sytt for deim med brød og vatn.
5 Ahab sagde då til Obadja: «Far igjenom landet til alle vatskjeldor og bekkjer! Kann henda me kann finna gras, so me kann halda liv i hestar og muldyr og sleppa slagta noko av buskapen.»
6 Og dei skifte landet millom seg og for igjenom det; Ahab for ein veg for seg, og Obadja tok ein annan veg for seg.
7 Då no Obadja var på ferdi, kom Elia til møtes med honom. Og han kjende honom og kasta seg å gruve og sagde: «Er du her, min herre Elia?»
8 Han svara honom: «Ja; gakk og seg til herren din at Elia er her!»
9 Då sagde han: «Kva hev eg forsynda meg med, sidan du vil gjeva tenaren din i handi på Ahab, so han kann taka livet av meg?
10 So sant Herren, din Gud, liver, det finst ikkje det folk eller det rike utan at herren min hev sendt bod til det og leita etter deg; og når dei sagde: «Her er han ikkje,» so let han det riket eller det folket sverja på at dei ikkje kunde finna deg.
11 Og no segjer du: «Gakk og seg herren din at Elia er her!»
12 Um det no gjeng so, når eg er gjengen ifrå deg, at Herrens Ande tek deg burt til ein stad eg ikkje kjennar, og eg like vel kjem til Ahab med bod um det, so drep han meg, når han ikkje finn deg. Og tenaren din hev då ottast Herren like frå ungdomen.
13 Hev dei ikkje fortalt deg, herre, kva eg gjorde då Jezabel drap Herrens profetar? Då gøymde eg hundrad mann av Herrens profetar i tvo hellerar, femti mann i kvar heller, og sytte for deim med brød og vatn.
14 Og no segjer du: «Gakk og seg til herren din: Elia er her» - so at han få livet av meg.»
15 Då sagde Elia: «So sant Herren, allhers drott, liver, han som hev meg i tenesta, so skal eg i dag stiga fram for kongen.»
16 Obadja gjekk då til møtes med Ahab og fortalde dette med honom, og Ahab gjekk til møtes med Elia.
17 Då Ahab såg Elia, sagde Ahab til honom: «Er du her, du som dreg ulukka yver Israel?»
18 Han svara: «Det er ikkje eg som dreg ulukka yver Israel, men du og farshuset ditt, med di de hev vendt dykk frå Herrens bod og fylgt Ba’alarne.
19 Men send no bod og lat heile Israel stemna saman til meg på Karmelfjellet, og like eins dei fire hundrad og femti Ba’als-profetarne og dei fire hundrad Asjera-profetarne som gjeng til bords hjå Jezabel!
20 Og Ahab sende bod ikring til alle Israels-sønerne, og samla profetarne på Karmelfjellet.
21 Då steig Elia fram for folkemengdi og sagde: Kor lenge vil de halda på å halta til båe sidor? Er det Herren som er Gud, so ten honom; men er det Ba’al som er Gud, so ten honom!» Folket svara ikkje eit ord.
22 Då sagde Elia til folket: «Eg er no den einaste som er att av Herrens profetar; men Ba’als-profetarne er fire hundrad og femtimann.
23 Lat oss no få tvo uksar, og lat deim velja seg ut den eine uksen og hogga honom i stykke og leggja honom på offerveden, men ikkje kveikja eld på, og eg skal laga til den andre uksen og leggja den på offerveden, men ikkje kveikja eld på.
24 So kann de kalla på namnet åt dykkar gud, og eg skal kalla på Herrens namn. Og lat det då vera so, at den gud som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folkemengdi svara: «Det framlegget er godt.»
25 Og Elia sagde til Ba’als-profetarne: «Vel dykk ut den eine av uksen og laga til den fyrst, etter di de er dei fleste, og ropa so på guden dykkar, men kveik ikkje eld på!»
26 Då tok dei den uksen som han hadde gjeve deim, og laga honom til og ropa på Ba’al frå morgon til middag og sagde: «Ba’al, svara oss!» Men det kom ingen ljod, og ingen svara. Dei hinka kringum altaret som dei hadde sett upp.
27 Ved middagsleite tok Elia på å gjøra narr av deim og sagde: «Ropa med sterkare mål! For han er då Gud, må vita; han sit vel og grundar på eitkvart, eller og er han gjengen til sides eller er ute på ferd; eller kann henda han søv, då vaknar han vel.»
28 Og dei ropa med sterkt mål og flengde seg med sverd og spjot som deira vis var, til dess blodet flaut nedetter deim.
29 Då det leid yver middag, rasa dei til fram imot grjonoffer-tidi; men det kom ingen ljod, og ingen svara, og ingen brydde seg um deim.
30 Då sagde Elia til folkemengdi: «Kom hit til meg!» Og folkemengdi gjekk burt til honom. Då bygde han upp att Herrens altar, som hadde vorte nedrive.
31 Elia tok tolv steinar, etter talet på ættarne av Jakobs-sønerne, han som Herren hadde tala til soleis: «Israel skal namnet ditt vera.»
32 Og av steinarne bygde han eit altar i Herrens namn, og grov ei veit umkring altaret um lag so stor som til tvo halvskjeppor sæde.
33 So lagde han offerveden til rettes og hogg uksen i stykke og lagde han ovanpå veden.
34 Og han sagde: «Fyll i fire krukkor med vatn, og aus det ut yver brennofferet og veden!» Og han sagde: «Gjer det ein gong til!» Og dei gjorde det andre gongen. Men han sagde: «Gjer det tridje gongen!» Og dei gjorde det tridje gongen.
35 Vatnet flaut rundt umkring altaret, og han fyllte veiti med vatn.
36 Og ved grjonoffer-tidi steig Elia, profeten, fram og sagde: «Herre, Abrahams og Isaks og Israels Gud! Lat det verta ålkjent i dag at du er Gud i Israel, og at eg er tenaren din, og at eg hev gjort alt dette etter bod ifrå deg!
37 Svara meg, Herre, svara meg, so dette folket kann få kjenna at du, Herre, er Gud, og vender hugen deira attende til deg!»
38 Då rann Herrens eld ned og åt upp brennofferet og veden og steinarne og moldi og sleikte upp vatnet som var i veiti.
39 Og folkemengdi såg det, og dei kasta seg å gruve og sagde: «Det er Herren som er Gud! Det er Herren som er Gud!»
40 Då sagde Elia til deim: «Tak Ba’als-profetarne, lat ingen av deim sleppa undan!» Og dei tok dem, og Elia styrde deim ned til Kisonbekken og let deim drepa der.
41 Og Elia sagde til Ahab: «Far no upp att og et og drikk! For eg høyrer sus av regn.»
42 Då for Ahab upp og vilde eta og drikka. Men Elia steig upp på toppen av Karmel, lutte seg ned mot jordi og lagde andlitet millom knei sine.
43 Og han sagde til drengen sin: «Gakk upp og skoda utåt havet!» Drengen gjekk upp og skoda ut, men sagde: «Eg ser ingenting.» Sju gonger bad han honom ganga upp att.
44 Då han so kom dit sjuande gongen, sagde han: «No ser eg det stig upp av havet ei liti sky; ho er ikkje større enn neven på ein mann.» Då sagde han: «Gakk upp og seg til Ahab: «Beit fyre og far ned, so ikkje regnet skal hefta deg!»»
45 Og i ei handevending myrkna himmelen til med skyer og storm, og snart silregnde det. Men Ahab køyrde av stad og for til Jizre’el.
46 Og Herrens hand kom yver Elia, so at han sette livgjord ikring seg og sprang fyre Ahab like til Jizre’el.
1 Ahab fortalde Jezabel alt det som Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetarne med sverd.
2 Då sende Jezabel eit bod til Elia med dei ordi: «Gudarne late meg bøta både no og sidan, um eg ikkje i morgon ved denne tid skal lata ditt liv få same lagnad som kvar av hine.»
3 Og då han fekk den greida, tok han ut og rømde for livet, og han kom til Be’erseba, som høyrer til Juda; der let han drengen sin vera att.
4 Men sjølv gjekk han ei dagsleid ut i øydemarki. Der sette han seg under ein einerunne, og han ynskte at han måtte få døy, og sagde: «No er det nok; Herre, tak no livet mitt, for eg er ikkje betre enn federne mine.»
5 So lagde han seg til å sovna under ein einerunne. Men då tok ein engel i honom og sagde: «Statt upp og et!»
6 Og då han skulde sjå til, so låg det ved hovudgjerdi hans ei kaka steikt på gloande steinar, og det stod ei krukke med vatn; og han åt og drakk og lagde seg att.
7 Då kom Herrens engel att andre gongen og tok i honom og sagde: «Statt upp og et! For elles vert vegen for lang for deg.»
8 Og han stod upp og åt og drakk, og styrkt av denne maten gjekk han i fyrti dagar og fyrti netter alt til Gudsfjellet Horeb.
9 Der gjekk han inn i ein heller og var der um natti. Då kom Herrens ord til honom; han sagde til honom: «Kva vil du her, Elia?»
10 Og han svara: «Eg hev brunne av brennhug for Herren, allhers Gud; for Israels-borni hev vendt seg burt ifrå sambandet ditt; altari dine hev dei rive ned, og profetarne dine hev dei drepe med sverd; eg er att åleine, og dei stend meg etter livet.»
11 Då sagde han: «Gakk ut og statt på fjellet for Herrens åsyn!» Og so gjekk Herren framum der. Fyre Herren kom det ein stor og veldug storm, so fjell rivna og klettar klovna; Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det ein jordskjelv; Herren var ikkje i jordskjelven.
12 Etter jordskjelven kom det eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden høyrdest ei mild susing.
13 So snart Elia høyrde det, sveipte han andlitet inn i kappa si og gjekk ut og stod ved inngangen til helleren. Då tala ei røyst til honom og sagde: «Kva vil du her, Elia?»
14 Og han svara: «Eg hev brunne av brennhug for Herren, Allhers Gud; for Israels-borni hev vendt seg burt frå sambandet ditt; altari dine hev dei rive ned, og profetarne dine hev dei drepe med sverd; eg er att åleine, og dei stend meg etter livet.»
15 Herren sagde til honom: «Far no attende og tak vegen til Damaskusheidi, og gakk inn i byen og salva Hazael til konge yver Syria!
16 Og Jehu Nimsison skal du salva til konge yver Israel, og Elisa Safatsson frå Abel-Mehola, skal du salva til profet i din stad.
17 Då skal det ganga so: Den som slepp undan Hazael-sverdet, honom skal Jehu drepa, og den som slepp undan Jehu-sverdet, skal Elisa drepa.
18 Men eg vil lata sju tusund vera att i Israel, alle dei kne som ikkje hev bøygt seg for Ba’al, og kvar munn som ikkje hev gjeve honom hyllingskyss.»
19 Då han gjekk derifrå, råka han på Elisa Safatsson, som heldt på og pløgde; tolv par uksar gjekk fyre honom, og sjølv køyrde han det tolvte paret. Og Elia gjekk burt til honom og kasta kappa si på honom.
20 Då slepte han uksarne og sprang etter Elia og sagde: «Lat meg få kyssa far min og mor mi, so skal eg fylgja deg!» Han sagde til honom: «Snu heim att då! Men kom i hug kva eg hev gjort med deg!»
21 So gjekk han ifrå honom att og tok dei tvo uksarne og slagta deim, og med oket åt uksarne koka han kjøtet deira og gav folket, og dei åt. Sidan tok han ut og fylgde Elia og vart tenaren hans.
1 Benhadad, kongen i Syria, samla heile heren sin, og han hadde med seg tvo og tretti kongar, og hestar og vogner; han drog upp og kringsette Samaria og gjorde åtak på byen.
2 Og han sende bod inn i byen til Ahab, Israels-kongen,
3 med dei ordi: «So segjer Benhadad: «Sylvet ditt og gullet ditt høyrer meg til, og dei vænaste av konorne og borni dine, høyrer meg til.»»
4 Israels-kongen svara og sagde: «Det er som du segjer, herre konge. Eg høyrer deg til med alt som mitt er.»
5 Men sendebodi kom att og sagde: «So segjer Benhadad: «Eg sende bod til deg med dei ordi: «Sylvet ditt og gullet ditt og konorne og borni dine skal du gjeva meg.»
6 I morgon ved dette bilet sender eg tenarane mine til deg, og dei skal ransaka ditt hus og husi åt tenarane dine, og alt det augo dine hev likar best, skal dei taka med seg og føra burt.»»
7 Då kalla Israels-kongen til seg alle styresmennerne i landet og sagde: «De må skyna og sjå at han vil oss vondt. For han sende bod til meg um konorne og borni mine og um sylvet og gullet mitt, og eg neitta ikkje å gjeva honom det.»
8 Då sagde alle styresmennerne og alt folket: «Du må ikkje høyra på honom og ikkje gjera honom til viljes.»
9 Då sagde han til sendebodi frå Benhadad: «Seg til min herre kongen: «Eg skal gjera alt det som du fyrste gongen sende bod um til tenaren din; men dette kann eg ikkje gjera.»» So gjekk sendebodi burt og bar svaret fram.
10 Då sende Benhadad bod til honom med dei ordi: «Gudarne late meg bøta no og sidan, um gruset i Samaria skal rekka til å fylla nevarne på alt det folket som eg hev med meg.»
11 Men Israels-kongen svara og sagde: «So skal de segja: «Ei rose seg den som bind sverdet um seg, som den som løyser det av seg!»»
12 Då Benhadad høyrde det svaret, medan han og kongarne sat og drakk i lauvhyttorne, sagde han til tenarane sine: «Ferdig til åtak!» Og dei gjorde seg ferdige til å setja inn på byen.
13 Med same kom det ein profet burt til Ahab, Israels-kongen, og sagde: «So segjer Herren: «Ser du heile denne store hopen? I dag skal du sjå eg gjev honom i di hand, so du skal skyna at eg er Herren.»»
14 Men Ahab spurde: «Kven skal vera reidskap?» Han svara: «So segjer Herren: «Jarlesveinarne.»» Og han spurde: «Kven skal taka til med striden?» Og han svara: «Det skal du.»
15 So mynstra han jarlesveinarne, og dei var tvo hundrad og tvo og tretti, og etter deim mynstra han heile folket, alle Israels-sønerne, sju tusund i talet.
16 Dei drog ut ved middagsbil, medan Benhadad drakk seg eit rus i lauvhyttorne saman med dei tvo og tretti kongarne som skulde hjelpa honom.
17 Fyrst drog jarlesveinar ut, og dei bodi Benhadad sende, melde honom at det kom folk ut frå Samaria.
18 Då sagde han: «Hev dei drege ut til fred, so grip deim livande, og hev dei drege ut til strid, so grip deim livande!»
19 Men dei drog ut or byen, jarlesveinarne og heren som fylgde deim,
20 og dei hogg ned kvar sin mann, og syrarane rømde, og Israel sette etter deim, og Benhadad, syrarkongen, slapp undan på ein hest saman med nokre riddarar.
21 So drog Israels-kongen ut og slo hestfolket og vognheren, so syrarane leid stor usiger.
22 Då steig profeten fram for Israels-kongen og sagde til honom: «Gakk og samla krafti di, og tenk vel etter kva du vil gjera! For næste år dreg syrarkongen upp i mot deg att.»
23 Men tenarane åt syrarkongen sagde til honom: «Guden deira er ein fjellgud, difor vann dei yver oss, lat oss strida imot deim på sletta, so skal me visseleg vinna yver deim.
24 Og dette skal du gjera: Set kvar og ein av kongarne av frå hans post, og set jarlar i staden deira.
25 Få deg so sjølv ein her, likso stor som den du hev mist, og likso mange hestar og vogner, og lat oss so strida imot deim på sletta, då skal me visseleg vinna yver deim.» Han høyrde på det dei sagde, og gjorde so.
26 Året etter mynstra Benhadad syrarane og drog upp til Afek, til strid imot Israel.
27 Og Israels-sønerne vart mynstra og utnista, og dei drog imot deim; og Israels-sønerne lægra seg midt imot deim som tvo små geiteflokkar, men syrarane fyllte landet.
28 Då steig gudsmannen fram og sagde til Israels-kongen: «So segjer Herren: «For di syrarane hev sagt at Herren er ein fjellgud og ikkje ein dalgud, so vil eg gjeva heile denne store hopen i henderne dine, og de skal skyna at eg er Herren.»»
29 So låg dei lægra imot kvarandre i sju dagar; men på den sjuande dagen kom det til strid, og Israels-sønerne hogg ned syrarane, hundrad tusund fotfolk på ein dag.
30 Dei som var att, rømde inn i byen Afek, men bymuren ramla ned yver dei sju og tjuge tusund mann som var att. Og Benhadad rømde og kom inn i byen og sprang frå kove til kove.
31 Då sagde mennerne hans til honom: «Høyr no her!» Me hev frett at kongarne av Israels hus er milde kongar; lat oss binda sekkjety um lenderne og reip um hovudet og ganga ut til Israels-kongen! Kann henda han let deg få liva.
32 So batt dei sekkjety um lenderne og reip um hovudet og gjekk til Israels-kongen, og sagde: «Tenaren din Benhadad segjer: «Lat meg få liva!»» Og han svara: «Er han endå i live? Han er bror min.»
33 Og mennerne tok det for eit godt varsel, og dei skunda seg og tok honom på ordet og sagde: «Ja, Benhadad er bror din.» Då sagde han: «Gakk og henta honom!» Og Benhadad kom ut til honom, og han let honom stiga upp på vogni.
34 Då sagde Benhadad til honom: «Dei byarne som far min tok frå far din, skal eg gjeva deg att, og du kann gjera deg gator i Damaskus, liksom far min gjorde i Samaria.» «Ja vel,» (svara Ahab) «på dei vilkåri skal eg gjeva deg fri». So gjorde han samband med honom og let honom fara.
35 Men ein av profetsveinarne sagde til ein annan etter Herrens fyresegn: «Slå meg!» Men mannen vilde ikkje slå honom.
36 Då sagde han til honom: «Av di du ikkje lydde Herrens røyst, so skal ei løva slå deg når du gjeng burt ifrå meg.» Og då han gjekk ifrå honom, råka ei løva på honom og slo honom ned.
37 Sidan råka han ein annan mann og sagde: «Slå meg!» Og mannen slo honom so han fekk ei flengja.
38 So gjekk profeten og stelte seg på vegen der kongen skulde koma; men han batt eitt plagg for augo, so ingen kunde kjenna honom.
39 Då kongen so kom framum der, ropa han til kongen: «Tenaren din hadde gjeve seg inn i striden; då kom det ein mann ut or fylkingi og førde til meg ein mann og sagde: «Tak vare på denne mannen! Slepp han burt, skal du svara for honom med ditt liv eller vega ut tvo og ei halv våg sylv.»
40 Men medan tenaren din hadde eitt og anna å gjera her og der, so slapp han burt.» Israels-kongen sagde til honom: «So hev du domen som du sjølv hev felt.»
41 Då skunda han seg og tok plagget burt frå augo sine, og Israels-kongen kjende honom, at han var ein av profetarne.
42 Han sagde til honom: «So segjer Herren: «Sidan du hev slept or henderne den mannen som eg hev bannstøytt, so skal ditt liv svara for hans liv, og ditt folk for hans folk.»»
43 Og Israels-kongen for heim, mismodig og harm, og kom til Samaria.
1 Sidan hende denne tilburden: Jizre’eliten Nabot, hadde ein vinhage som låg i Jizre’el innåt slottet til Ahab, kongen i Samaria.
2 Og Ahab tala med Nabot og sagde: «Lat meg få vinhagen din, so eg kann hava honom til kålhage, for han ligg so nær innåt huset mitt. Eg skal gjeva deg ein betre vingard i staden, eller um du so tykkjer, skal eg greida verdet ut i reide pengar.»
3 Men Nabot sagde til Ahab: «Aldri i verdi vil eg gjeva deg fedrearven min!»
4 Då gjekk Ahab heim, mismodig og harm for det svaret jisre’eliten Nabot hadde gjeve honom då han sagde: «Eg vil ikkje gjeva deg fedrearven min.» Og han lagde seg i sengi og snudde seg burt og vilde ikkje eta.
5 Då kom Jezabel, kona hans, inn til honom og sagde til honom: «Kvi er du so stur i hugen, so du ikkje vil eta?»
6 Han svara henne: «Eg tala med jizre’eliten Nabot og sagde til honom: «Lat meg få vinhagen din for pengar, eller um du so tykkjer, skal eg gjeva deg ein annan vinhage i staden.» Men han svara: «Eg vil ikkje gjeva deg vinhagen min.»»
7 Då sagde Jezabel, kona hans, til honom: «Er det du som no hev kongevelde i Israel? Statt upp, et og ver i godlag! Eg skal gjeva deg vinhagen åt jizre’eliten Nabot.»
8 Og ho skreiv eit brev i namnet åt Ahab og sette innsigle under med hans seglring og sende brevet til styresmennerne og storfolket i byen hans Nabot, dei som budde saman med honom.
9 Ho skreiv soleis i brevet: «Lys til ei fasta, og set so Nabot øvst millom folket,
10 og set tvo uvyrdne karar midt imot honom, og lat deim vitna imot honom og segja: «Du hev banna Gud og kongen!» Før so honom ut og steina honom i hel!»
11 Mennerne i byen hans, styresmennerne og storfolket, dei som budde der i byen hans, gjorde etter det bodet som Jezabel hadde sendt deim, so som det var skrive i brevet ho hadde sendt til deim.
12 Dei lyste til ei fasta og sette Nabot øvst millom folket;
13 og dei tvo uvyrdne kararne kom og sette seg midt imot honom, og uvyrdorne vitna imot Nabot for folket og sagde: «Nabot hev banna Gud og kongen.» So førde dei honom utanfor byen og kasta stein på honom til han døydde.
14 Og dei sende bod til Jezabel med dei ordi: «Nabot er steina i hel.»
15 Då Jezabel høyrde at Nabot var steina i hel, sagde Jezabel til Ahab: «Statt upp, eigna til deg vinhagen åt jizre’eliten Nabot, den som han ikkje vilde gjeva deg for pengar! For Nabot er ikkje lenger i live, han er dåen.»
16 Då Ahab høyrde at Nabot var dåen, stod Ahab upp og gav seg på vegen til vinhagen åt jizre’eliten Nabot og vilde eigna honom til seg.
17 Men Herrens ord kom til Elia frå Tisbe soleis:
18 «Statt upp, og far ned og møt Ahab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vinhagen åt Nabot, han hev gjenge ned og vil eigna til seg.
19 Du skal tala med honom og segja: «So segjer Herren: Hev du no både drepe og eigna til deg arven?» Og du skal tala med honom og segja: «So segjer Herren: På same staden som hundarne hev slikka blodet åt Nabot, skal hundarne slikka blodet ditt og.»»
20 Ahab sagde til Elia: «Hev du funne meg, du fienden min?» Han svara: «Ja, eg hev funne deg. Sidan du hev selt deg til å gjera det som vondt er i Herrens augo,
21 so fører eg ulukka yver deg, og eg skal sopa etter deg og rydja ut or Ahabs-ætti kvar ein karmann, både ufri og fri i Israel.
22 Og eg skal fara med ditt hus som eg for med huset åt Jerobeam Nebatsson og huset åt Baesa Ahiason, for di du hev harma meg so mykje og forført Israel til synd.
23 Um Jezabel og hev Herren tala og sagt: «Hundarne skal eta upp Jezabel attmed Jisre’elsmuren.
24 Den av Ahabs-ætti som døyr i byen, skal hundarne eta upp, og den som døyr ute på marki, skal fuglarne eta upp.»»
25 Aldri hev det vore nokon slik som Ahab, som selde seg sjølv til å gjera det som vondt var i Herrens augo, av di Jezabel, kona hans, eggja honom.
26 Mykje stygt gjorde han, med di han for etter dei ufyselege avgudarne, plent som amoritarne hadde gjort, dei som Herren dreiv burt for Israels-borni.
27 Men då Ahab høyrde dei ordi, reiv han sund klædi sine og sveipte sekk um kroppen og fasta; og han sov i sekkjetyet og for stilt fram.
28 Då kom Herrens ord til Elia frå Tisbe soleis:
29 «Hev du set korleis Ahab audmykjer seg for meg? For di han audmykjer seg, skal eg ikkje lata ulukka koma i hans livstid; men i hans sons tid skal eg lata ulukka koma yver huset hans.»
1 No heldt dei seg rolege i tri år; det var ingen ufred millom Syria og Israel.
2 Men i det tridje året bar det so til at Josafat, Juda-kongen, drog ned til Israels-kongen.
3 Då sagde Israels-kongen til mennerne sine: «Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Men me sit rolege og tek ikkje byen ifrå syrarkongen.»
4 Og han sagde til Josafat: «Vil du draga med meg til strid um Ramot i Gilead?» Og Josafat sagde til Israels-kongen: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»
5 Men Josafat sagde til Israels-kongen: «Spør like vel fyrst Herrens ord til råds!»
6 Då stemnde Israels-kongen saman profetarne, kring fire hundrad mann, og spurde dei: «Skal eg draga ut og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
7 Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja Herren gjenom honom?»
8 Israels-kongen svara: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved, men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis må ikkje kongen tala!»
9 Då kalla Israels-kongen på ein hirdmann og sagde: «Henta snøgt Mika Jimlason!»
10 Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud på kvar sin kongsstol, på treskjarvollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim.
11 Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tynar deim.»»
12 Og alle profetarne spådde på same måten og sagde: «Drag upp til Ramot, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
13 Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat då ordi dine samstavas med deira, og lova lukka du og!»
14 Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som Herren segjer til meg.»
15 Då han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal me lata det vera?» Då sagde han: «Drag upp, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
16 Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid på at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?»
17 Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt i fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»»
18 Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje, at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?»
19 Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod der hjå honom på den høgre og den vinstre sida.
20 Og Herren sagde: «Kven vil dåra Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so.
21 Men då kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?»
22 Han svara: Eg vil ganga ut og vera ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad og gjer so!»
23 Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på alle desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg.
24 Då kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika på kinni og sagde: «Kva veg hev då Herrens ande fare frå meg for å tala med deg?»
25 Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»
26 Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas,
27 og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom på snaud kost til kongen kjem heim att med heilo!»»
28 Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, då hev ikkje Herren tala gjenom meg!» Og so sagde han: «Høyr de folk, alle saman!»
29 So drog då Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.
30 Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden; men hav du dine klæde på deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut og gjekk inn i striden.
31 Men syrarkongen hadde gjeve det bodet til sine tvo og tretti hovdingar for stidsvognarne, at dei ikkje skulde taka på nokon, korkje liten eller stor, men berre Israels-kongen.
32 Då no hovdingarne for stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei vende seg til åtak på honom. Då sette Josafat i eit høgt rop.
33 Og då hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom.
34 Men ein mann som spende bogen og skaut på måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. Då baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren; for eg er såra!»
35 Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni imot syrarane; men um kvelden døydde han. Og blodet frå såret hadde runne ned i vogni.
36 Ved soleglad gjekk det ropet gjenom heren: «Kvar mann heim til sin by! og kvar mann til sitt land!»
37 So døydde då kongen og vart førd til Samaria, og dei jorda kongen i Samaria.
38 Då dei skylde vogni ved dammen i Samaria, slikka hundarne blodet hans, og skjøkjorne lauga seg i det, etter Herrens ord som han hadde tala.
39 Det som elles er å fortelja um Ahab og alt det han gjorde, og um flisbeinhuset han bygde, og um alle dei byarne han bygde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
40 So lagde Ahab seg til kvile hjå federne sine, og Ahazja, son hans, vart konge i staden hans.
41 Josafat Asason vart konge yver Juda i det fjorde styringsåret åt Ahab, Israels-kongen.
42 Fem og tretti år gamall var Josafat då han vart konge, og fem og tjuge år rådde han i Jerusalem; mor hans heitte Azuba og var dotter åt Silhi.
43 Og han for heilt i same faret som Asa, far sin; han veik ikkje av frå det, med di han gjorde det som rett var i Herrens augo.
44 Men offerhaugarne vart ikkje burttekne, folket heldt ved og ofra slagtoffer og brende røykoffer på haugarne.
45 Og Josafat heldt fred med Israels-kongen.
46 Det som elles er å fortelja um Josafat, og dei storverki han gjorde og dei krigarne han førde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
47 Han rudde ut or landet dei utukt-sveinarne som hadde vorte att den tid Asa, far hans, styrde.
48 Det var ingen konge i Edom; ein jarl var konge.
49 Josafat hadde ti Tarsis-skip som skulde fara til Ofir etter gull; men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.
50 Då sagde Ahazja Ahabsson til Josafat: «Lat mine menner fara med dine på skipi!» Men Josafat vilde ikkje.
51 Og Josafat lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far hans, og Joram, son hans, vart konge i staden hans.
52 Ahazja Ahabsson vart konge yver Israel i det syttande styringsåret åt Juda-kongen Josafat, og han rådde yver Israel i tvo år.
53 Og han gjorde det som vondt var i Herrens augo og for fram i fotefari åt far sin og mor si og Jerobeam Nebatsson, han som fekk Israel til å synda.
54 Og han tente Ba’al og bad til honom, og harma Herren, Israels Gud, plent som far hans hadde gjort.